10 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
10.1 Endringar i opplæringslova
Til ny overskrift over kapittel 1
Overskrifta er endra for å få fram at kapittel 1 omfattar blant anna føresegner om formål, verkeområde og tilpassa opplæring.
§ 1-2 noverande femte ledd blir oppheva. Føresegna blir ført vidare i § 1-3.
§ 1-2 noverande sjette ledd blir femte ledd.
Til § 1-3
Føresegna fører vidare lovføresegna om tilpassa opplæring som i dag er regulert i § 1-2 femte ledd. Flyttinga av føresegna inneber inga realitetsendring. Departementet viser elles til kapittel 3.4.
Noverande § 1-3 blir ny § 1-5.
Til § 2-5 sjuande ledd
Det er gjort endringar i tilvisinga til vallova.
Endringa har samanheng med at lov 1. mars 1985 nr. 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (valgloven) er oppheva og erstatta av lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven).
Til § 2-6
Endringa inneber at elevar i grunnskolen som etter sakkunnig vurdering har eit reelt behov for det, får rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk. Om ein elev «har behov for slik opplæring» er ei skjønnsmessig vurdering, der vurderingstemaet er om eleven har behov for opplæring i og på teiknspråk for å få gjennomført ei forsvarleg grunnskoleopplæring.
Elevar som har rett til opplæring i og på teiknspråk, og som gjer bruk av denne retten, skal følgje læreplanen for norsk for døve og stert tunghørte, læreplanen for norsk teiknspråk, læreplanen for engelsk for døve og sterkt tunghørte og læreplanen for drama og rytmikk for døve og sterkt tunghørte.
Vedtak som tek stilling til rettane ein elev har etter § 2-6 er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta har ansvaret for å utarbeide sakkunnig vurdering etter fjerde leddet i føresegna, jf. opplæringslova § 5-6 andre ledd. Sakkunnige vurderingar etter opplæringslova § 2-6 er ikkje bundne av reglane om sakkunnig vurdering i opplæringslova § 5-3. Dersom den pedagogisk-psykologiske tenesta ikkje sjølv har tilstrekkeleg fagkompetanse, må det utarbeidast sakkunnig vurdering med hjelp utanfrå.
Departementet viser elles til kapittel 7.4.
Til overskrifta i § 3-1
Endringa presiserer at den retten som blir lovfesta i paragrafen, gjeld ungdom, («ungdomsretten») i motsetning til § 4A-3 som gjeld vaksne («vaksenretten»). Endringa inneber inga realitetsendring.
Til § 3-1 nytt tiande ledd
Etter forslaget til nytt tiande ledd vil unge med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 etter søknad i staden kunne få rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3. Det er eit vilkår at det ligg føre særlege grunnar. Eksempel på særlege grunnar kan vere alderen til den det gjeld, at vedkommande er i arbeid og derfor har vanskeleg for å gjennomføre opplæring etter opplæringslova § 3-1. Eit sentralt moment i vurderinga av om det ligg føre særlege grunnar, er om søkjaren har behov for eit meir tilpassa opplegg enn det som følgjer av opplæringslova § 3-1.
Departementet understrekar at hovudregelen framleis er at dei unge gjennomfører vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1, medan vaksne tek vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3.
Departementet viser elles til kapittel 2.4.
Til ny § 3-12
Føresegna er ny og slår fast at minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring med anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.
Føresegna fastset også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar i tillegg til den særskilde norskopplæringa, men her er det eit vilkår at slik opplæring er nødvendig. Departementet legg til grunn at dette vil gjelde nykomne og andre minoritetselevar som har så dårleg dugleik i norsk at dei ikkje kan følgje undervisning gitt på norsk.
Elevar som har rett til særskild norskopplæring, skal få opplæring etter læreplanen for norsk med tilpassingar eller læreplanen for grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.
Særskild norskopplæring og tospråkleg fagopplæring skal tilbydast ved den skolen der eleven går til vanleg. Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den skolen eleven går på.
Innanfor dei rammene som er gitt i lova, er det opp til dei enkelte fylkeskommunane og skolane å bestemme korleis dei vil tilby særskild språkopplæring etter føresegna. Målet med både særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring er å sikre minoritetsspråklege elevar så god dugleik i norsk som mogleg. I valet av opplæringsmetode må det takast utgangspunkt i dei behov den enkelte eleven har, tilpassa til dei praktiske føresetnadene som finst i fylkeskommunen.
Elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-12 kan også ha rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1. Dette blir ei konkret vurdering som må gjerast i det enkelte tilfellet. På same måten som med spesialundervisning er særskild språkopplæring ein rett men ikkje ei plikt for den enkelte eleven.
Når fylkeskommunen tek stilling til dei rettane ein elev har etter opplæringslova § 3-12, er det eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2.
Departementet viser elles til kapittel 5.4.
Til § 4A-3 første ledd
Endringa i andre punktum inneber at retten til vidaregåande opplæring for vaksne blir utvida og gjeld frå og med det året dei fyller 25 år.
Vedtak som tek stilling til søknad om å få vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3, er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2, og føresegnene i forvaltningslova kap. III - IV gjeld. Søknader blir avgjorde av fylkeskommunen etter konkret vurdering.
Departementet viser elles til kapittel 2.4.
Til ny § 4A-12
Føresegna presiserer at lovføresegna med prinsippet om tilpassa opplæring gjeld for opplæring etter opplæringslova kapittel 4A. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett, og det er ein inkurie at prinsippet i dag ikkje er direkte uttala i kapittel 4A.
Departementet finn grunn til å understreke at kravet om tilpassing av opplæringa til den enkelte i § 4A-1 første ledd ikkje har same innhald som prinsippet om tilpassa opplæring som blir foreslått lovfesta i ny § 4A-12. Kravet om tilpassing i § 4A-1 første ledd siktar til at opplæringstilbodet skal tilpassast livssituasjonen som den enkelte vaksne står i, og ikkje til prinsippet om tilpassa opplæring.
Til § 5-3 første ledd
Endringa inneber at «§ 5-2» går ut. Dette er ein konsekvens av at § 5-2 vart oppheva ved ei endring i opplæringslova som var sett i kraft 1. august 2002. Ved ein inkurie vart ikkje dette samstundes følgd opp med ei endring i denne paragrafen. Departementet foreslår at dette blir retta.
Til § 5-3 fjerde ledd
Endringa inneber at «§ 5-2» går ut. Det vises elles til merknadene til § 5-3 første ledd.
Til § 7-1 første ledd
Endringa inneber at omgrepet klasse er retta til årstrinn. Dette er ein konsekvens av at omgrepa klasse og klassetrinn vart oppheva ved ei endring i opplæringslova som var sett i kraft 1. august 2003. Ved ein inkurie vart ikkje dette samstundes følgd opp med ei endring i denne paragrafen. Departementet foreslår at dette blir retta.
Til § 11-9
Overskrifta er endra i samsvar med innhaldet.
Endringa av lovteksten gir lovheimel for at FUG kan ha oppgåver også innanfor første året i vidaregåande opplæring, ikkje berre grunnskolesektoren som hittil. Endringa i forskriftsheimelen vil bli følgd opp av departementet med nødvendig endring i forskrifta til opplæringslova kapittel 20, slik at mandatet for FUG blir utvida til å omfatte det første året i vidaregåande opplæring.
Departementet viser elles til kapittel 6.4.
Til ny § 13-5
Føresegna er ny og lovfestar plikt for offentlege skoleeigarar til å gi elevane gratis frukt og grønsaker. Plikta vil bli vidare regulert i forskrift til opplæringslova.
Til § 16-2 tredje ledd
Endringa inneber at omgrepet klasse er endra til årstrinn. Det vises elles til merknaden til § 7-1 første ledd.
10.2 Endringar i privatskolelova
Til § 3-5
Endringa inneber at retten til særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar også gjeld elevar i vidaregåande opplæring. Departementet viser elles til merknader til opplæringslova § 3-12 og til vurderingane frå departementet under kapittel 5.4.
Til § 7-1c
Føresegna er ny og lovfestar plikt for private grunnskolar med rett til statstilskott til å gi elevane gratis frukt og grønsaker. Plikta vil bli vidare regulert i forskrift til privatskolelova. Departementet viser elles til kapittel 8.4.
Merknad til romertall III om iverksetting
Departementet tek sikte på at lovendringane trer i kraft 1. august 2008, unnateke forslaget om utviding av mandatet for Foreldreutvalet for grunnskolen. Denne lovendringa tek departementet sikte på at skal tre i kraft 1. januar 2009.