9 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovforslaga
Forslaget om å utvide retten til vidaregåande opplæring for vaksne
Departementet reknar med at den foreslåtte lovendringa på lengre sikt vil føre til at mellom 800 og 1 000 fleire vaksne enn i dag vil vere i vidaregåande opplæring kvart år. Departementet legg derfor til grunn at lovendringa vil innebere ei meirutgift for fylkeskommunane på om lag 50 mill. kroner per år. Hausteffekten i 2008, dvs. 21 mill. kroner, er lagd inn i rammetilskottet til fylkeskommunane, jf. kap. 572 post 60 på budsjettet for Kommunal- og regionaldepartementet for 2008.
Forslaget om endra plassering av føresegna om tilpassa opplæring
Forslaget er berre ei lovteknisk justering i form av at føresegna om tilpassa opplæring blir flytta frå formålsparagrafen til ei særskild lovføresegn, og har derfor verken økonomiske eller administrative konsekvensar.
Forslaget om å innføre rett til særskild språkopplæring for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring
Etter departementet si vurdering vil forslaget om å innføre ei eiga føresegn om rett til særskild språkopplæring for elevar i vidaregåande opplæring, ikkje leggje nye økonomiske plikter på fylkeskommunen. Elevar i vidaregåande skolar har rett til spesialundervisning dersom dei ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. Retten til spesialundervisning kan innebere rett til særskilt tilrettelagd språkopplæring dersom eleven har behov for det. Kostnadene knytte til høvesvis spesialundervisning og særskild språkopplæring for desse elevane vil etter departementet si vurdering i stor grad vere av same storleik. Ein reduksjon i talet på elevar som får spesialundervisning og ein samtidig auke i talet på elevar som får særskild språkopplæring, vil derfor ikkje utgjere noka endring i kostnadene for kommunane, og tiltaket er derfor ikkje rekna for å ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
Forslaget om å utvide mandatet til Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)
Departementet ser det ikkje som nødvendig å utvide talet på medlemmer i FUG sjølv om mandatet blir utvida til også å gjelde første året i vidaregåande opplæring. Ved oppnemninga av nye medlemmer i FUG f.o.m. 1. januar 2008 vart det lagt til grunn at det blant medlemmene i FUG skal finnast kompetanse knytt til det første året av vidaregåande opplæring. Departementet meiner at forslaget til utvida mandat for FUG på denne bakgrunn ikkje vil innebere økonomiske eller administrative konsekvensar.
Forslaget om å utvide retten til teiknspråkopplæring i grunnskolen
Etter departementet si vurdering vil forslaget om å gi elevar i grunnskolen som etter sakkunnig vurdering har behov for grunnskoleopplæring i og på teiknspråk, rett til dette, ikkje leggje nye økonomiske plikter på kommunane. Elevar som i dag har behov for teiknspråkleg opplæring, men ikkje har rett til slik opplæring, vil ha rett til slik opplæring som spesialundervisning for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Kostnadene knytte til høvesvis spesialundervisning og opplæring i og på teiknspråk for desse elevane vil etter departementet si vurdering i stor grad ha same storleik. Ein reduksjon i talet på elevar som får spesialundervisning og ein samtidig auke i talet på elevar som får teiknspråkopplæring vil derfor ikkje utgjere noka endring i kostnadene for kommunane, og tiltaket blir derfor ikkje rekna for å ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
Forslaget om lovfesting av plikt for skoleeigaren til å gi elevar gratis frukt og grønsaker
Forslaget om plikt til å gi elevar gratis frukt og grønsaker er foreslått lovfesta i opplæringslova og privatskolelova, og presisert nærmare i forskrift. I utrekninga av kostnaden for denne ordninga i 2008 er det lagt til grunn at ordninga skal omfatte alle elevar i skolar med ungdomstrinn, det vil seie både reine ungdomsskolar (8. - 10. trinn) og kombinerte skolar (1. - 10. trinn). I 2008 er det derfor løyvd til saman 218 mill. kroner til frukt og grønsaker. I underkant av 210 mill. kroner vart lagt inn i rammetilskottet til kommunane, medan resten av midlane er fordelte til statlege skolar og private grunnskolar godkjende etter privatskolelova. I utrekninga av kostnadene for 2008 er det teke omsyn til at det vil vere administrative kostnader knytte til ordninga.