4 Forslag om endringar i føresegnene om saksbehandlinga for spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp
4.1 Bakgrunnen for lovforslaget
I St.meld. nr. 16 (2006-2007) står det at departementet vil vurdere å foreslå ei endring av opplæringslova § 5-3 om sakkunnig vurdering, slik at skolen i visse tilfelle kan tilby spesialundervisning etter enkeltvedtak utan at det ligg føre sakkunnig vurdering. Formålet med eit slikt tiltak er å leggje til rette for at den samla utgreiingskapasiteten i skolen og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) kan bli brukt optimalt og målretta for den ordinære opplæringa gjennom systemretta arbeid mot skolane. På denne måten kan kvaliteten av den ordinære opplæringa hevast. Dagens krav om sakkunnig vurdering i alle enkeltsaker om spesialundervisning kan binde ressursar som kunne bli brukte på ein meir formålstenleg måte. Derfor vil større fleksibilitet i saksbehandlingsreglane kunne setje PP-tenesta i stand til å arbeide meir systemretta og leggje til rette for at skolen får utvida sin kompetanse til å støtte elevane tidleg. Dette vil også kunne vere eit bidrag til sosial utjamning.
I meldinga er dette uttrykt slik:
«Departementet foreslår å forenkle regelverket slik at skolene i noen tilfeller selv skal kunne fatte vedtak om spesialundervisning i tilfeller der skolene selv har kompetanse til å vurdere saken. Dette vil kunne frigjøre ressurser i kommunen til å styrke tidlig innsats i skolen.»
Forsking viser at god kvalitet i den ordinære opplæringa reduserer behovet for spesialpedagogiske tiltak. I eit slikt perspektiv blir det viktig å styrkje det høvet PP-tenesta har til å drive såkalla systemretta arbeid overfor skolane. Fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen stilte seg under behandlinga av meldinga positivt til at eit slikt lovendringstiltak skulle vurderast nærmare.
4.2 Gjeldande rett
Etter gjeldande rett skal det alltid liggje føre sakkunnig vurdering før det blir gjort vedtak om spesialundervisning i grunnopplæringa eller spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder. Vilkåret følgjer av opplæringslova § 5-3 og uttrykkjer eit strengare krav til utgreiinga av saka før vedtak blir gjort enn det som følgjer av den generelle utgreiings- og informasjonsplikta forvaltningsorganet har etter forvaltningslova § 17. Det følgjer av opplæringslova § 5-3 at ansvaret for at det ligg føre sakkunnig vurdering før det blir gjort vedtak, ligg på skoleeigaren som vedtaksmyndigheit. PP-tenesta har det faglege ansvaret for å utarbeide sakkunnig vurdering i desse tilfella, og for at vurderinga er i samsvar med dei lovfesta krava til innhaldet, jf. opplæringslova § 5-6. I den sakkunnige vurderinga skal det vere utgreidd og konkret teke stilling til om eleven har behov for spesialundervisning, og kva slags opplæringstilbod som bør givast. Dette er formulert slik i opplæringslova § 5-3 andre ledd:
«Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til
eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa
realistiske opplæringsmål for eleven
om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet
kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.»
Det følgjer vidare av opplæringslova § 5-3 siste ledd at dersom eit enkeltvedtak avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket m.a. vise kvifor vedtaksorganet meiner at eleven eller barnet i førskolealder likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller rettane etter opplæringslova § 5-1 eller § 5-7. PP-tenesta har, i tillegg til ansvaret for sakkunnige vurderingar, lovfesta ansvar for å drive systemretta arbeid, jf. opplæringslova § 5-6 andre ledd. I lova er dette arbeidet definert som kompetanse- og organisasjonsutvikling med føremål å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov.
4.3 Høringa
4.3.1 Høringsforslaget frå departementet
Departementet foreslo at opplæringslova § 5-3 blir endra slik at sakkunnig vurdering ikkje lenger skal vere eit ufråvikeleg og absolutt krav før det kan gjerast vedtak om spesialundervisning, men berre når det er nødvendig for at saka skal bli godt nok opplyst. Forslaget inneber å ta bort det kravet som i dag er uttalt i opplæringslova § 5-3, og la spørsmålet om sakkunnig vurdering er nødvendig, følgje av dei generelle føresegnene i forvaltningslova, jf. forvaltningslova § 17. Dagens ufråvikelege og absolutte krav om sakkunnig vurdering før det blir gjort vedtak, er i forslaget ført vidare for alle dei tilfella der elev eller føresette ber om det.
I høringsforslaget vart det lagt til grunn at det ved ei forenkling av dei saksbehandlingsreglane som gjeld for vedtak etter opplæringslova § 5-1 om spesialundervisning i «ordinær» grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, ville vere naturleg å gjere ei tilsvarande endring i reglane for saksbehandlinga for vedtak etter opplæringslova § 5-7 om spesialpedagogisk hjelp til barn under opplæringspliktig alder, og for vedtak etter opplæringslova § 4A-2 om spesialundervisning på grunnskolens område for vaksne.
4.3.2 Synspunkta frå høringsinstansane
Det er 87 høringsinstansar som har uttalt seg om forslaget. Av desse støttar 19 forslaget utan nærmare grunngiving, medan 16 støttar det på bestemte vilkår. 52 høringsinstansar støttar ikkje forslaget. 44 av desse har grunngitt standpunktet sitt nærmare.
Mellom dei høringsinstansane som støttar forslaget utan nærmare grunngiving, er Helse- og omsorgsdepartementet, KS, 3 fylkeskommunar og 11 kommunar, Handelsnæringens hovedorganisasjon, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) og Gjennestad vidaregåande skole. Dei som støttar forslaget på bestemte vilkår, er Fylkesmannen i Østfold, 4 fylkeskommunar, 7 kommunar, Skolenes Landsforbund, Kristne Friskolers Forbund, Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring og Aglo vidaregåande skole.
Enkelte av høringsinstansane støttar forslaget på det vilkår at det følgjer med statlege midlar. Vestfold fylkeskommune uttaler:
«Vi forutsetter at eventuelle økte kostnader som følge av endringene kompenseres.»
Andre forhold som blir nemnde, er at det må utarbeidast eit system ved skolane som sikrar kvalifisert kartlegging og vurdering, at ikkje berre elevar og foreldre, men også det skolefaglege nivået i kommunen bør få rett til å krevje sakkunnig vurdering, og at det alltid må innhentast sakkunnig vurdering ved første gongs utgreiing, ikkje ved seinare utgreiingar.
Dei høringsinstansane som går imot forslaget utan nærmare grunngiving, er tre fylkeskommunar, tre kommunar, Bredtvedt kompetansesenter og Handikappede barns foreldreforening.
Mellom dei høringsinstansane som ikkje støttar forslaget og grunngir dette nærmare er Utdanningsdirektoratet, Fylkesmannen i Aust-Agder, Fylkesmannen i Buskerud, Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Fylkesmannen i Vest-Agder, 3 fylkeskommunar, 13 kommunar, Barneombudet, Utdanningsforbundet, Norsk Skolelederforbund, Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG), Likestillings- og diskrimineringsombodet, Norsk lærerakademi Lærerhøgskolen, Norsk Forbund for Utviklingshemmede, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, PP-tjenesten for Indre Østfold, Cerebral Parese-foreningen, Oslo og Akershus fylkesavdeling av Cerebral Parese-foreningen, Norges Handikapforbund, Dysleksiforbundet, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Samfunnsviternes fagforening for PPT i Oslo, Universitetet i Oslo, Møller kompetansesenter og Åkra ungdomsskole i Karmøy kommune.
Dei ovannemnde høringsinstansane har ulike grunngivingar for standpunkta mot høringsforslaget. I det følgjande vil sentrale argument som kom fram i høringa, bli omtalte.
Enkelte instansar viser til at enkeltvedtak om spesialundervisning utan sakkunnig vurdering vil føre til både meirarbeid og dårlegare vedtaksgrunnlag. I denne samanheng blir det hevda at kvaliteten av sakkunnigarbeidet i PP-tenesta og rettstryggleiken for elevane vil bli redusert, trass i at foreldre og elevar etter forslaget vil ha rett til å krevje sakkunnig vurdering utarbeidd før vedtak blir gjort. Høringsinstansane uttaler at det er ein føresetnad at foreldra anten kjenner til lovgivinga på området eller får informasjon om rettane frå skolane for å kunne vareta dei rettane barna har etter forslaget. Det blir hevda at slik informasjon i dag blir gitt i varierande grad og med varierande kvalitet. Dette blir peika på som eit problem allereie i dag, og som eit problem som vil bli forsterka gjennom forslaget. Konsekvensen vil ifølgje høringsinstansane vere ulik behandling av elevar og dårlegare rettstryggleik for den enkelte.
Det blir vidare påpeika av enkelte instansar at få skolar vil ha tilstrekkeleg kompetanse til å gjere dei vurderingar som må gjerast i kvart enkelt tilfelle, under dette om det er nødvendig å innhente sakkunnig vurdering utanfrå. Ifølgje enkelte instansar vil det også vere usikkert kven som skal vurdere om ein skole er kompetent til å bestemme at sakkunnig vurdering i ei konkret sak ikkje er nødvendig. Somme instansar spør kva kriterium som skal leggjast til grunn i ei slik vurdering. Andre hevdar at det alltid må utarbeidast sakkunnig vurdering dersom skolen sjølv ikkje har kompetanse til det, ikkje berre dersom elev/foreldre krev det.
I høringsfråsegnene blir det vidare hevda at forslaget vil kunne forsterke sosiale forskjellar og ikkje verke sosialt utjamnande, slik departementet legg til grunn i St.meld. nr. 16 (2006-2007). I argumentasjonen for dette standpunktet viser somme høringsinstansar til at berre ressurssterke foreldre vil krevje sakkunnig vurdering i dei tilfella der skolane meiner dette ikkje er nødvendig. Samtidig blir det hevda at forslaget kan auke presset på foreldra, som etter forslaget i enda større grad enn i dag blir tvinga til sjølv å vurdere både dei undervisningstilboda barna deira får, og om skolen sitt vedtak skal overprøvast i form av klage til fylkesmannen. Fleire påpeikar at dette ikkje vil gagne ressurssvake elevar og foreldre, men tvert imot kunne medføre dårlegare samarbeidsforhold mellom foreldra og skolen.
Somme av høringsinstansane hevdar vidare at forslaget i realiteten vil redusere klageretten, og at det vil oppstå ulike grunnlag for klagebehandling, fordi det berre i enkelte saker vil liggje ei sakkunnig utgreiing i vurderingsgrunnlaget før vedtak blir gjort. Andre trekkjer fram at mange klagesaker nettopp omhandlar avviket mellom den sakkunnige vurderinga og kommunen sitt vedtak, og at det vil bli vanskeleg å oppdage om det er teke utanforliggjande omsyn der sakkunnig vurdering ikkje er innhenta. I denne samanheng blir det samtidig vist til at kravet i opplæringslova § 5-3 siste ledd om grunngiving i saker med avvik vil få mykje mindre å seie.
Ei anna innvending frå fleire høringsinstansar er at skolane vil kunne bruke forslaget som økonomisk sparetiltak. Frå fleire blir det vist til at forslaget kan føre til at den økonomiske situasjonen for skolen blir utslagsgivande for om det blir gitt spesialundervisning, ikkje behova hjå elevane slik lova krev.
Mange av høringsinstansane uttaler at det på grunn av forslaget kan oppstå eit habilitetsproblem for leiinga ved skolen, sidan leiinga, etter forslaget, skal styre både dei økonomiske disposisjonane for skolen og vurdere retten til spesialundervisning for elevane. Det blir også trekt fram at leiinga ved skolen vil bli sett i ei vanskeleg dobbeltrolle sidan ho først må vurdere behovet for sakkunnig vurdering, deretter gjere enkeltvedtak på bakgrunn av vurderinga. Det blir vidare peika på at dei færraste foreldre vil stille spørsmål til innhaldet i vedtaka frå skolen så lenge skolen har gjort eit formelt vedtak, og at forslaget på denne bakgrunnen kan bli ei «sovepute» for skolane og føre til ulik behandling av elevar, også i den enkelte kommunen. Det blir peika på at PP-tenesta i den enkelte kommunen medverkar til einsarta praksis, og at det ved å leggje heile vurderinga av behovet for spesialundervisning til kvar enkelt skole, kan bli monalege ulikskapar elevar imellom, m.a. styrte av kva kompetanse kvar enkelt skole har på området, og av økonomiske rammevilkår.
Mange høringsinstansar peikar på at det er eit klart behov for å ha ein uavhengig ekstern instans som PP-tenesta til å vurdere og ta stilling til kva tiltak som bør setjast i verk for ein elev. Det blir vist til at PP-tenesta har betydeleg kunnskap om og erfaring med barn med spesielle behov, og at medverknad frå PP-tenesta i slike saker er nødvendig som del av ein heilt nødvendig kvalitetssikringsmekanisme. For den enkelte eleven er vedtaket svært inngripande, og det får avgjerande påverknad på innhaldet i undervisningstilbodet til eleven. Mange instansar vurderer det derfor slik at det er svært viktig å halde fast ved ei slik kvalitetssikring frå PP-tenesta.
Fleire høringsinstansar stiller seg tvilande til at forslaget vil frigjere ressursar i PP-tenesta til systemretta arbeid, slik departementet legg til grunn i høringsnotatet. Det blir m.a. vist til at dette er ein annan type arbeid enn sakkunnige individuelle vurderingar. I denne samanheng held fleire også fram at nettopp arbeidet med individuelle saker er det beste grunnlaget for det systemretta arbeidet i PP-tenesta, og at forslaget på denne måten tvert imot vil svekkje dette overordna systemretta arbeidet. Dei to oppgåvene for PP-tenesta bør etter mange si meining ikkje setjast opp mot kvarandre, men begge bør styrkjast og i større grad sjåast i samanheng. Fleire grunngir skepsisen med at PP-tenesta etter forslaget tvert imot vil bli ein slags «ankeinstans» når enkeltvedtak blir gjorde utan sakkunnig vurdering, og at tenesta på grunn av forslaget vil bli enda meir belasta enn tilfellet er i dag. Vidare uttaler enkelte at skolane vil bli tvinga til å bruke større ressursar når dei skal vurdere saker og gjere vedtak der PP-tenesta ikkje har gitt noka innleiande sakkunnig vurdering.
Somme høringsinstansar uttaler at det må stillast dei same krav til skolen si vurdering som dei krav lova stiller til den sakkunnige vurderinga frå PP-tenesta, og hevdar at det er ein mangel at dette ikkje kjem til uttrykk i forslaget.
Vidare blir det hevda at rettstryggleiken generelt blir dårlegare når ein må be om ei sakkunnig vurdering, i motsetnad til i dag der dette er eit vilkårslaust krav i alle saker. Fleire instansar vurderer det som ei tryggare løysing for elevane å ha eit lovfesta krav om obligatorisk sakkunnig vurdering i den ordinære saksgangen.
Enkelte høringsinstansar finn det underleg at forslaget om å endre innhaldet i saksbehandlingsreglane blir lagt fram no, all den stund Utvalet for betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov (Midtlyngutvalet) nyleg er nedsett. Fram til 1. juli 2009 skal utvalet gå grundig igjennom den plass spesialundervisninga har i norsk skole, under dette organisering, ressursbruk og resultat. Det blir hevda at forslag frå departementet bør vente til utgreiinga frå dette utvalet er lagd fram og behandla. Andre uttaler at resultata frå det nasjonale tilsynet i 2008 bør liggje føre før det blir teke stilling til eit forslag om slike endringar i lovverket.
I høringsfråsegna frå Levanger kommune står det:
«Endringsforslaget om at man kan fatte et enkeltvedtak uten at det foreligger en sakkyndig vurdering, vil medføre en svekkelse av den enkeltes rettigheter, sammenlignet med dagens lovtekst.
Vi tror at dette kan føre til ulik behandling og vurdering av elever. Hvordan skal man foreta et skille mellom hvem som skal ha vedtak uten sakkyndig vurdering og ikke? Her blir det de foreldrene som krever det, som får.
I dag er det mange rektorer som fatter enkeltvedtak, og vi vet gjennom tilsynet Fylkesmannen har hatt på dette området, at dagens kvalitet og kompetanse er variabel.
Vi synes også at dette endringsforslaget er et skritt i helt feil retning, jfr samme tilsyn som går på kvalitet i rutiner for spesialundervisning, der det i år har blitt omtalt at mange sakkyndige vurderinger ikke holder mål, og at kvaliteten må heves, da dette har stor betydning for elevenes opplæringstilbud. Betydningen av den nære sammenheng på innhold i sakkyndig vurdering og elevens individuelle opplæringsplan, er understreket. Mange har i etterkant av tilsynene sett på hvordan man kan bedre rutiner og kompetanse på dette, nettopp for å kvalitetssikre elvenes rettigheter. Det blir en stor svekkelse av individets rettighet å ikke kreve sakkyndig vurdering i alle saker før det fattes enkeltvedtak om spesialundervisning. Målet med nasjonalt tilsyn på området spesialundervisning, var å bedre kvaliteten. Dette krever at sakkyndige vurderinger/tilrådinger, enkeltvedtak og individuelle opplæringsplaner sees i sammenheng. (...)
En sakkyndig vurdering er pr i dag en «slags rettsgaranti» dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning avviker fra den sakkyndige vurderingen. Pr. i dag skal det begrunnes dersom enkeltvedtaket avviker fra den sakkyndige vurderingen. Denne «rettsgarantien» vil falle bort hos de som har fått enkeltvedtak uten sakkyndig vurdering!
I høringsnotatet står det at siktemålet med denne lovendringen er at elevenes eller foreldrenes rettssikkerhet ikke skal svekkes. Vi mener det er akkurat det som vil skje, og at retten til spesialundervisning blir enda mer variabel skolene i mellom enn den er i dag.
Vi finner det også betenkelig at dette lovforslaget kommer nå, da flere skoler i lengre perioder har opplevd ressursnedgang. Vi vet at desto færre ressurser, desto mindre fleksibilitet i opplæringen, som igjen fører til større behov for spesialundervisning. <...>»
Samfunnsviternes fagforening for PPT i Oslo seier m.a. i høringsfråsegna:
«Slik lovteksten er foreslått, vil resultatet medføre vilkårlighet i saksbehandlingen og vi vil sannsynlig oppleve store individuelle forskjeller i tilbudet om spesialundervisning, og tilpasset opplæring. Sakkyndige tilrådinger fra PPT er i loven, i dag, gitt en særlig stor betydning ved at kravet til kommunens begrunnelse for vedtak er betraktelig skjerpet dersom en tilråding fra PP-tjenesten ikke følges. Resultatet av forvaltningens gjennomføring av tilsyn med spesialundervisningen i norske skoler dokumenterer et alvorlig rettsikkerhetsproblem. Fylkesmennene og Sivilombudsmannen (2007) viser til at skolene har for lite kompetanse når det gjelder forvaltningsrett og skolelovgivning.
Rektor/skolen vil med stor sannsynlighet komme i en konflikt med forvaltningsprinsippet om at saksbehandlingen må være forutsigbar og ikke gjenstand for vilkårlighet. Det er klart elevenes rettsikkerhet reduseres ved en slik form for saksbehandling hvor en og samme person (rektor) skal utrede vansker og behov, fatte vedtak og i tillegg likeverdighetsvurdere og vurdere forsvarligheten i sine egne vedtak. I dag er det PPT som likeverdighetsvurderer elevens individuelle opplæringsplan i henhold til den sakkyndige vurderingen/ uttalelsen (tilrådingen). <...>
Stortingsmelding 16 hadde sosial utjevning som hovedfokus. Formuleringen «når eleven/foreldra ber om det» vil antakelig ikke virke sosialt utjevnende. Det er høyst sannsynlig ikke de ressurssvake foreldrene som vil be om en sakkyndig vurdering. Retten til sakkyndig vurdering må derfor gjelde alle og ikke noen.
Dersom et vedtak om spesialundervisning er fattet uten at det foreligger en sakkyndig vurdering av faglig ekspertise, vil dokumentasjonen av elevens opplæringsbehov spesielt i forbindelse med overganger (førskole/skole, grunnskole/ungdomsskole og ungdomsskole/videregående opplæring) sannsynligvis i mange tilfeller bli mangelfull eller feilaktig. <...>
Samfunnsviterne mener det er et problem at departementet setter systemrettet praksis opp mot individuell tilrettelegging og utredning, og reduserer enkeltelevers muligheter for å få sine vansker og behov utredet. Departementet bør vise vilje til å styrke begge disse områdene. En vurdering av skolens læringsmiljø og sakkyndig vurdering av enkeltelever bør ikke utelukke hverandre, men heller utfylle hverandre og gi en mer helhetlig oversikt over tiltaksrekken i skolens arbeid med læringsmiljø. (...)
Departementets forslag om å «frigjøre» ressurser i PP-tjenesten må ikke gå på bekostning av viktigheten av sakkyndige utredninger og sakkyndige vurderinger av hva elevene faktisk har behov for. PP-tjenesten trenger økte ressurser for å imøtegå behovet for både utføre grundige utredninger samt bistå skolene i annet type arbeid med tanke på å legge til rette for elever med spesielle behov.»
I høringsfråsegna frå Fylkesmannen i Hordaland heiter det:
«Fylkesmannen i Hordaland ser at ei fjerning av det absolutte kravet om sakkunnig vurdering vil kunne frigjere ressursar slik at PPT kan konsentrere seg meir om systemretta verksemd. Rettstryggleiken for elevane er søkt tryggja ved å gi foreldre som ber om det rett til sakkunnig vurdering. I dei fleste tilfelle vil det vere tilstrekkeleg.
Fylkesmannen i Hordaland er likevel uroa for at nokre foreldre ikkje vil nytte denne retten. Vi er og redd desse foreldra i mindre grad vil nytta klageretten enn dei meir ressurssterke vil gjere. Endringa kan såleis skape økte skilnader på sosialt grunnlag.
Dersom det absolutte kravet om sakkunnig vurdering blir fjerna frå § 5-3, stiller vi oss spørsmål om kva krav som skal stillast til sakshandsaminga, herunder vurderingsgrunnlaget, før rektor (som er delegert slik mynde i dei fleste kommunar) gjer vedtak.
I framlegget er det ikkje vurdert om kva endringa vil innebere for sakshandsaminga der det er barn i førskolealder som har rett til spesialpedagogisk hjelp. Føresegna i § 5-6 (Pedagogisk-psykologisk teneste) andre ledd 1. punktum (krav om systemarbeid) er retta mot skolen. Høyringsutkastet drøftar ikkje korleis framlegget vil slå ut for førskolebarn. Vi spør oss kven som skal dokumentere om eit barn har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp og kva skal leggjast til grunn.
Vi ser elles at det i praksis gjerne vil bli henta inn sakkunnig vurdering der det vert klaga på eit avslag. Dette kan vere fordi klagar blir gjort merksam på retten sin til å be om sakkunnig vurdering, eller fordi fylkesmannen finn det «nødvendig for å opplyst saka». Dette vil kunne innebere forskjellsbehandling av dei som klagar og dei som ikkje gjer det.»
Somme høringsinstansar peikar på uheldige forhold for privatskolane. Kristne Friskolers Forbund (KFF) uttaler m.a. dette:
«KFF forstår bakgrunnen for forslaget og er enig i det, men det skaper en del utfordringer i forhold til privatskolene som dessverre ikke er omtalt. Saken hadde styrket seg ved en slik omtale og det ville betydd en viss klargjøring for privatskolene. Det som er viktigere, er at praksis i forvaltningen senere ville blitt styrket og saksbehandlerne kjent med dette, om lovforarbeidene omtalte saken.»
4.4 Vurderingar og forslag frå departementet
I høringsnotatet foreslo departementet at opplæringslova § 5-3 blir endra slik at kravet om sakkunnig vurdering ikkje skal vere eit ufråvikeleg og absolutt krav før vedtak om spesialundervisning blir gjort. Berre når det er nødvendig for at saka skal bli godt nok opplyst, vurdert etter den generelle utgreiings- og informasjonsplikta forvaltningsorganet har etter forvaltningslova § 17, skal det etter forslaget vere eit slikt krav. Forslaget er grunngitt med at ei slik endring vil leggje til rette for at den samla kompetansen i skolen og PP-tenesta kan bli brukt mest mogleg optimalt og målretta for elevar med særskilde behov. Ved å frigjere ressursar til systemretta arbeid i skolen kan den ordinære opplæringa i større grad dekkje det generelle behovet for tilpassa opplæring, og behovet for spesialundervisning og spesialpedagogiske tiltak bli redusert.
Departementet sende eit tilsvarande forslag til høring hausten 2004. Også den gongen møtte forslaget ein del motstand i høringa. Forslaget vart halde oppe i Ot.prp. nr. 57 (2004-2005), men forkasta av eit fleirtal i stortingsbehandlinga. I Innst. O. nr. 105 (2004-2005) vart det uttalt følgjande:
«Dette flertallet mener at elevenes rett til en individuell opplæringsplan, og skolens plikt til å utarbeide en slik plan, er nært knyttet til at det skal foreligge en sakkyndig vurdering før det blir gjort vedtak om spesialundervisning. Den individuelle opplæringsplanen skal legge til grunn vurderingene i den sakkyndige utredningen. Dette flertallet viser til at den individuelle opplæringsplanen er «kontrakten» mellom skolen og elevene/foreldrene. Den skal legges til grunn for samarbeidet om den enkelte elev og gi grunnlag for organisering og evaluering av opplæringen.»
Vidare heiter det same stad:
«Stortinget ber Regjeringen legge frem en grundig gjennomgang av spesialundervisningens plass i norsk skole, herunder en vurdering av ressursbruk og resultater samt det statlige støttesystemets organisering og virksomhet.»
Denne oppmodinga har regjeringa følgt opp gjennom oppnemninga av Midtlyngutvalet. Utvalet har eit breitt mandat og skal m.a. på bakgrunn av analysar og vurderingar leggje fram konkrete forslag til betre organisering av og effektiv ressursbruk i ei framtidig heilskapleg tiltakskjede for barn, unge og vaksne med behov for spesialpedagogisk hjelp.
Målsetjinga med høringsforslaget var, som nemnt framanfor, i all hovudsak å frigjere ressursar som kunne brukast meir målretta for elevar med særlege behov. Høringsfråsegnene viser at det kan vere grunnlag for å stille spørsmål ved om denne målsetjinga kan nåast gjennom lovforslaget. Forslaget har fått relativt lite tilslutning i høringa, og departementet vel derfor å leggje avgjerande vekt på dei innvendingane som har komme frå høringsinstansane.
Departementet er komme til at forslaget om endring i føresegnene om saksbehandling for spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp ikkje skal haldast oppe. Det blir derfor ikkje fremja i denne proposisjonen.