1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Justisdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om endringar i lova om godtgjersle til vitne og sakkunnige og i straffeprosesslova. Føremålet med forslaga er å styrkje og synleggjere den rettslege stoda for einskilde pårørande i saker der barn er døde som følgje av ei straffbar handling.
Departementet foreslår at reglar i lov 21. juni 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse, òg skal omfatte foreldre som følgjer hovudforhandlinga i straffesaker der barn er døde som følgje av ei straffbar handling. Forslaget inneber at foreldra kan få dekt reiseutgifter etter reiseregulativet i staten, samt at retten kan tilkjenne foreldre dekning for dokumenterte utlegg og tapt arbeidsforteneste så langt det er rimeleg. Med foreldre meinast i denne samanhengen den som har foreldreansvaret etter barnelova. Er det ingen som har foreldreansvaret, får etter forslaget verja retten til godtgjersle.
I straffesaker der barn er døde som følgje av ei straffbar handling, foreslår departementet vidare at den same personkrinsen får nokre nye og uttrykkjelege straffeprosessuelle rettar:
For det første foreslår departementet at foreldra får ein klår rett til bistandsadvokat dersom dei ynskjer det, og uavhengig av om dei fremjar borgarlege krav i saka eller ikkje.
For det andre foreslår departementet at påtalemakta påleggjast ein uttrykkjeleg plikt til å underrette foreldra om at tiltale er teken ut i saka.
For det tredje foreslår departementet at foreldra får den same retten til dokumentinnsyn som ein fornærma har.
Endeleg foreslår departementet at retten får moglegheit til å påleggje den sikta eller andre å forlate rettssalen når foreldra forklarer seg - sjølv om det er grunn til å tru at vitnet i alle høve vil gje ei forklaring utan atterhald.
Departementet har vedteke å setje ned eit utval til å sjå nærare på dei fornærma si prosessuelle stilling. Utvalet blir omtala i proposisjonen her.