Ot.prp. nr. 45 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. og i straffeprosesslova

Til innhaldsliste

6 Kva for rettar bør foreldra få?

6.1 Økonomisk godtgjersle til foreldre som følgjer straffesaka

6.1.1 Gjeldande rett

Pårørande som følgjer hovudforhandlinga i straffesaker der barn og unge er døde som følgje av ei straffbar handling, har i dag ikkje krav på å få dekt reiseutgifter eller tapt arbeidsforteneste.

Vitne har derimot etter lov 21. juni 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. krav på reisegodtgjersle etter staten sitt reiseregulativ. Retten kan òg, når økonomisk tap er godtgjort, dekkje dei utlegga og den tapte arbeidsfortenesta vitnet har hatt så langt det er rimeleg, jf. lova § 5. Godtgjersle kan bli gjeven for dei dagane som går med til å følgje hovudforhandlinga og ankeforhandlinga, inkludert tap i reisetida og under opphaldet på staden.

6.1.2 Høyringsnotatet

Departementet foreslo i høyringsnotatet at dei pårørande skulle få dei same rettane som vitne på dette punktet, og grunngav framlegget slik på side 4:

«Gode grunner kan tale for at den samme ordningen bør gjelde for pårørende i straffesaker der barn og unge er drept. Det er ikke rimelig at disse pårørende selv bærer den økonomiske belastningen ved å følge straffesaken. Ikke minst gjelder dette i langvarige saker, hvor det kan dreie seg om relativt store beløp, særlig hvis rettsstedet ligger så langt fra hjemstedet at pårørende må bo på hotell.»

6.1.3 Høyringsinstansane sitt syn

Alle dei høyringsinstansane som er generelt positive til at pårørande får nye rettar i straffesaker (sjå punkt 4.3), støttar framlegget om at pårørande skal få dekt utgiftene sine på lik line med vitne.

Barne- og familiedepartementet uttalar såleis:

«I likhet med Justisdepartementet er departementet av den oppfatning at det ikke er rimelig at disse pårørende selv skal bære den økonomiske belastningen ved å følge straffesaken.»

Barneombodet støttar framlegget på vilkår av at den fornærma sjølv får den same retten i straffesaker.

6.1.4 Departementet sitt syn no

Høyringsfråsegnene har vist at det er brei semje om departementet sitt framlegg om at foreldre som følgjer hovudforhandlinga i straffesaker der barnet deira er død som følgje av ei straffbar handling, skal få dekt reiseutgiftene og tapt arbeidsforteneste på line med vitne, og departementet held fast ved framlegget.

Til Barneombodet sin merknad om dei fornærma, vil departementet peike på at proposisjonen her berre tek føre seg dei pårørande. Departementet tek med seg innspelet i det vidare arbeidet med rettane til dei fornærma.

I kva saker, og for kven, utvidinga av retten til godtgjersle vil gjelde, er handsama i punkt 5.3.

Framlegget reiser ikkje spørsmål i høve til målet om hurtigare handsaming av straffesaker, jf. punkt 8.

Departementet viser elles til utkastet til endring i § 1 i lova om godtgjersle til vitne og sakkunnige, og til merknadene til føresegna.

6.2 Straffeprosessuelle rettar

6.2.1 Generelt om pårørande sine rettar

Bortsett frå retten til bistandsadvokat har ikkje dei pårørande etter gjeldande rett prosessuelle rettar i straffesaker i kraft av å vere pårørande, slik dei fornærma har. Men dei pårørande kan vere skadelidne i straffeprosesslova si meining, og dimed ha mange av dei same rettane som den fornærma, jf. straffeprosesslova § 3 fjerde ledd. Det kan òg vere at dei som føresette kan handle på vegner av ein mindreårig, men dette spørsmålet lèt departementet liggje.

Straffeprosesslova § 3 fjerde ledd lyder:

«Med uttrykket fornærmede forstås i denne lov også andre skadelidte som nevnt i første ledd. Dette gjelder likevel ikke §§ 72, 80, 229, 273 og 295 og ikke kapitlene 9 a og 28.»

Føremålet med denne føresegna var å klargjere at andre skadelidne har dei same rettane som ein fornærma når rettane har å gjere med moglegheita til å fremje borgarlege rettskrav i straffesaka, jf. Ot.prp. nr. 53 (1983-1984) side 150, sjå òg Ot.prp. nr. 35 (1978-1979) side 100-101.

Skadebotlova § 3-5 andre ledd fastset at den som forsettleg eller grovt aktlaust har valda nokon sin død, kan påleggjast å betale oppreising til den avlidne sin ektemake, sambuar, barn eller foreldre.

Pårørande som fremjar krav om skadebot eller oppreising, kan såleis gjere gjeldande nokre straffeprosessuelle rettar og ha krav på bistandsadvokat. Personkrinsen av pårørande som kan ha desse rettane, kan vere vidare enn han som forslaga i proposisjonen her gjeld, til dømes kan ektemaken til den avlidne og foreldra til vaksne barn vere «andre skadelidte».

På eit tidleg stadium i prosessen kan det vere uklårt om dei pårørande vil forfølgje eit borgarleg krav. Det må likevel leggjast til grunn at dei pårørande til dømes har rett til dokumentinnsyn når innsynet har noko å seie for moglegheita til å fremje krav i saka, jf. punkt 6.2.4.1. Og påtalemakta har truleg òg ei plikt til å underrette dei pårørande om påtalevedtak som har noko å seie for moglegheita til å fremje krav i saka, jf. punkt 6.2.3.1.

Nokre pårørande ynskjer kan hende ikkje å fremje krav på eit eller fleire stadium i saka. Saka kan óg liggje slik til at kravet ikkje skal handsamast i saka - det er til dømes endeleg avgjort i første instans og er difor ikkje tema i ei ankesak. Eller den pårørande kan ynskje å få dokumentinnsyn eller å bli underretta utover det handsaminga av det borgarlege kravet krev. I desse tilfella kan det vere tvilsamt i kva mon dei pårørande kan krevje rettar i medhald av straffeprosessloven § 3 fjerde ledd.

Departementet meiner på denne bakgrunnen at det trengst å endre straffeprosesslova sjølv om pårørande kan ha rettar etter straffeprosesslova § 3 fjerde ledd i kraft av å vere skadelidne i lova si forstand. For det første er det uklårt i kva for omfang pårørande som er skadelidne i straffeprosesslova si tyding, har rettar og gjer bruk av dei rettane dei måtte ha i medhald av lova § 3 fjerde ledd. Det kan difor vere naudsynt å synleggjere nokre rettar. For det andre talar gode grunnar for at rettane ikkje berre skal tilkome dei pårørande som har eit skadebot- eller oppreisingskrav. Det kan vere ulike grunnar til at foreldra ikkje fremjar krav. Og då er det uvisst i kva mon dei kan krevje rettar etter straffeprosesslova § 3 fjerde ledd.

6.2.2 Pårørande sin rett til advokat

6.2.2.1 Gjeldande rett

Av omsyn til samanhengen mellom den fornærma sin rett til advokat og den retten dei pårørande har, er det naudsynt først å seie noko om retten til den fornærma.

Den fornærma har rett til hjelp frå advokat i saker om seksuallovbrot (saker om brot på straffelova §§ 192-197, 199 og 200 tredje ledd) dersom vedkomande ynskjer det (straffeprosesslova § 107 a første ledd). I andre saker kan retten nemne opp advokat for den fornærma om det er grunn til å tru at den fornærma som følgje av den straffbare handlinga får monaleg skade på lekam eller helse og det reknast for naudsynt med advokat. Ordet bistandsadvokat nyttast i praksis som nemning på ein advokat som er nemnt opp etter reglane i straffeprosesslova kapittel 9 a.

Bistandsadvokaten kostast av det offentlege. Advokaten skal take i vare den fornærma sine interesser i samband med etterforskinga og hovudforhandlinga i saka, jf. straffeprosesslova § 107 c første ledd. Advokaten skal òg gje den fornærma slik anna hjelp og støtte som er naturleg og rimeleg i samband med saka.

Bistandsadvokaten har ein del prosessuelle rettar. Blant anna har advokaten rett til å vere til stades under hovudforhandlinga. Advokaten har rett til å protestere mot spørsmål om den fornærma som ikkje kjem saka ved, eller som er stilte på ein utilbørleg måte, jf. straffeprosesslova § 107 c tredje ledd. Bistandsadvokaten skal få moglegheit til å uttale seg om prosessuelle spørsmål som gjeld den fornærma og til å uttale seg om skadebotkrav og andre borgarlege rettskrav som den fornærma har gjort gjeldande, jf. fjerde ledd.

Dersom den fornærma er død eller av andre grunnar ikkje er i stand til å krevje advokat nemnt opp, kan retten i særlege tilfelle nemne opp ein bistandsadvokat til å take i vare omsynet til den fornærma og den fornærma sine næraste, jf. straffeprosesslova § 107 b fjerde ledd. I forarbeida er det lagt til grunn at retten må avgjere spørsmålet om oppnemning etter ei konkret vurdering av moglegheita for at forhold som kunne skade den avlidne sitt ettermæle, vil bli gjort gjeldande, jf. Ot.prp. nr. 53 (1983-84) side 73-74. Høgsteretts kjæremålsutval uttala i orskurden i Rt. 1996 side 291 at «også behovet for bistand ved mulige erstatningskrav omfattes av ordningen - selv om slik oppnevning er begrenset til 'særlige tilfelle'». Sjå òg Rt. 2000 side 1399.

Den fornærma sine pårørande som samstundes må reknast som «andre skadelidte» etter straffeprosesslova § 3 fjerde ledd, er ikkje jamstelte med den fornærma på dette punktet (sjå 6.2.1).

6.2.2.2 Høyringsnotatet

Departementet reiste i høyringsnotatet spørsmål om ikkje foreldre til barn som er døde ved ei straffbar handling, bør få krav på å få nemnt opp bistandsadvokat, uavhengig av om retten meiner det gjeld «særlige tilfelle» som nemnt i straffeprosesslova § 107 b fjerde ledd. Departementet grunngav framlegget slik (høyringsnotatet side 6):

«Straffesaken vil kunne være en så stor belastning for dem at de kan ha behov for hjelp og støtte fra en bistandsadvokat selv om det verken er fare for at den avdødes ettermæle vil bli skadet eller behov for bistand i forbindelse med et erstatningskrav.»

Departementet foreslo å føre vidare den gjeldande regelen om pårørande sin rett til advokat for andre tilfelle enn dei det nye framlegget gjeld, og uttala (høyringsnotatet side 6):

«Annet ledd annet punktum vil regulere retten til bistandsadvokat for andre nærstående enn foreldrene når en mindreårig er død, for eksempel besteforeldre. Dessuten vil den regulere retten for alle de nærmeste når den avdøde var fylt 18 år og når den fornærmede er i live, men er ute av stand til selv å begjære oppnevnt bistandsadvokat.»

Om forståinga av den gjeldande regelen om rett til advokat for dei pårørande, uttala departementet (høyringsnotatet side 5):

«Bestemmelsen må forstås slik at bistandsadvokat for den fornærmedes nærmeste bare kan oppnevnes i de typer av saker hvor den fornærmede selv kunne fått oppnevnt advokat. Paragraf 107 a trekker følgelig også opp rammene for når det kan oppnevnes bistandsadvokat for pårørende. Men retten gjelder altså bare i 'særlige tilfeller'.»

Departementet drøfta òg same staden i høyringsnotatet kva for lovteknisk utforming nye reglar kunne få:

«Det kan være naturlig å samle reglene om rett til bistandsadvokat for den fornærmede og for pårørende i § 107 a. En eventuell endring kan skje ved at § 107 a får et nytt annet ledd første punktum, som kan lyde:

'I saker hvor noen under 18 år er død som følge av en straffbar handling, har den fornærmedes foreldre rett til hjelp fra advokat dersom de ønsker det.'

Nåværende § 107 b fjerde punktum kan flyttes til § 107 a, og blir i tilfelle nytt annet ledd annet punktum. Innledningen må endres, og kan lyde slik:

'I andre tilfeller som nevnt i første ledd hvor den fornærmede er død eller av andre grunner ikke er i stand til å begjære oppnevnt advokat, kan retten i særlige tilfelle oppnevne advokat til å vareta hensynet til fornærmede og fornærmedes nærmeste.'

Nåværende annet og tredje ledd blir i tilfelle tredje og fjerde ledd

(....)

Det er et spørsmål om ikke også overskriften i kapittel 9 a bør endres. Kapitteloverskriften lyder i dag slik: 'Fornærmedes rett til advokat'. 'Advokat for fornærmede eller pårørende' vil synliggjøre at også de pårørende kan ha rett til bistandsadvokat. Et argument mot en slik endring kan være at overskriften kan gi inntrykk av at pårørende flest har en mer omfattende rett til bistandsadvokat enn tilfellet er.»

6.2.2.3 Høyringsinstansane sitt syn

Mest alle dei høyringsinstansane som er generelt positive til at pårørande får nye rettar i straffesaker (sjå punkt 4.3), støttar med reine ord framlegget om å gje dei pårørande ein utvida og absolutt rett til advokat.

Dei fleste sluttar seg òg til departementet si grunngjeving. Til dømes uttalar Politidirektoratet:

«Når et barn er død som følge av en straffbar handling, påføres foreldrene stor sorg, smerte og sinne. I de fleste tilfeller vil nok foreldrene føle et sterkt behov for å la seg bistå av en advokat i forbindelse med saken. Foreldrene vil som oftest ha behov for hjelp og støtte fra en bistandsadvokat uavhengig av om det blir fremsatt erstatningskrav eller den avdødes ettermæle vil bli skadet. Adgangen til å la seg bistå av en advokat bør heller ikke være avhengig av om foreldrene har økonomisk mulighet til å la seg bistå eller ikke. Her bør de samme regler gjelde som fornærmede selv.»

Politiets fellesforbund peikar særleg på at domstolen kan verke framand for dei pårørande:

«Manglende språk- og systemforståelse innenfor domstolens virke, kan ytterligere forsterke en emosjonelt belastende situasjon for pårørende.»

Berre Trøndelag statsadvokatembete går imot framlegget om endringar:

«Domstolen er gitt en skjønnsmessig adgang til å oppnevne bistandsadvokat til pårørende. Denne praktiseres slik i dag at pårørendes erstatningskrav er nok til å oppnevne bistandsadvokat. En antar derved at behovet er dekket med denne adgangen.»

Trondheim tingrett er i tvil om retten til advokat bør utvidast og uttalar:

«Spørsmål om utvidelse av pårørendes rett til bistandsadvokat er både et politisk spørsmål (økonomi) og blant annet et spørsmål om hvordan dette vil påvirke prosessen. Det er tingrettens oppfatning at pårørende i visse alvorlige saker bare bør ha en slik rett dersom det foreligger rettslig interesse i forhold til andre krav enn straffekrav og inndragning til fordel for staten, og uavhengig av om vilkårene for fri rettshjelp foreligger... Utgangspunktet er at aktor vil fungere som 'prosessfullmektig' i forhold til slike krav, slik at det normalt ikke bør være behov for egen prosessfullmektig. I den forbindelse bør det innskjerpes at påtalemyndigheten i langt større utstrekning enn det som praktiseres, bør ha fokus på sin rolle som 'prosessfullmektig' i forhold til disse kravene.»

Dei fleste høyringsinstansane synest òg å støtte departementet sitt forslag til lovteknisk utforming.

Politimesteren i Agder ynskjer på si side ei anna overskrift i kapittel 9 a:

«Et mulig alternativ i relasjon til de problemene som påpekes kan være følgende tekst: 'Fornærmede eller fornærmedes nærmeste etterlattes rett til advokat'.»

Politiembetsmennenes Landsforening meiner kapitteloverskrifta ikkje bør endrast. Barneombodet ynskjer fleire endringar:

«Barneombudet mener videre at endringen må gjøres konsekvent gjennom hele kapittel 9a. Der det i dag står 'fornærmede' i lovteksten, må etter lovendringen lyde 'fornærmede eller pårørende(s advokat)'.»

Krisesentersekretariatet tek opp eit anna spørsmål og foreslår at bustadstilknytinga i straffeprosesslova § 107 d skal fjernast:

«Bistandsadvokater skal kunne velges fritt på linje med forsvarer. Saker hvor bistandsadvokater kan oppnevnes er av en slik karakter at det er av den største viktighet for fornærmede og eventuelt pårørende at de har full tillit til, og kommuniserer bra med den advokat som skal bistå i saken.»

6.2.2.4 Departementet sitt syn no

Departementet foreslår at dei pårørande som framlegga i denne proposisjonen gjeld, får ein rett til bistandsadvokat dersom dei ynskjer det, og viser til grunngjevinga i høyringsnotatet. Høyringa har synt at det er brei støtte til framlegget.

Framlegget inneber at desse pårørande får rett til advokat i alle saker der barn og unge er døde som følgje av ei straffbar handling.

Dei pårørande som framlegget gjeld, får såleis same rett som ein fornærma i saker om seksuallovbrot og i saker om besøksforbod, jf. straffeprosesslova § 107 a første ledd første punktum og andre ledd første punktum.

Til opplysninga frå Trøndelag statsadvokatembete om at retten i praksis alltid nemner opp bistandsadvokat når pårørande fremjar krav på skadebot, vil departementet peike på at det ligg ei grense i «særlige tilfelle» .

I alle høve bør det gå klårt fram av lovteksta at dei pårørande har eit rettskrav på å få nemnt opp advokat. I tillegg bør ikkje retten til advokat vere knytt til om dei pårørande har fremja borgarlege rettskrav eller ikkje. Nokre pårørande vel ikkje å setje fram slikt krav, eller kravet er kan hende ikkje tema i ei ankesak.

Departementet foreslår at den regelen som følgjer av gjeldande § 107 b fjerde ledd første punktum førast vidare for andre tilfelle enn dei det nye framlegget gjeld for. Departementet ynskjer såleis at retten framleis skal kunne nemne opp advokat for å take i vare dei ideelle interessene som er knytt til den avlidne sitt minne og den fornærma sine næraste. Retten kan til dømes nemne opp advokat mot foreldra sitt ynskje av omsyn til den avlidne sitt ettermæle. Og personkrinsen er ikkje den same i dei to reglane: Uttrykket «fornærmedes nærmeste» kan til dømes omfatte den avlidne sin sambuar, jf. Rt. 2000 side 1399. Endeleg gjeld den vidareførte regelen når den avlidne var fylt 18 år og ikkje fell inn under unnataket om høgre alder, eller når den fornærma er i live, men er ute av stand til sjølv å be om bistandsadvokat.

Framlegget reiser spørsmål i forhold til målet om hurtigare handsaming av straffesaker, sjå kapittel 8.

Departementet held i hovudsak fast på framlegget om den lovtekniske utforminga frå høyringsnotatet.

Departementet ynskjer dimed å samle reglane om rett til bistandsadvokat for den fornærma og for foreldra til barn som er døde ved ei straffbar handling, i straffeprosesslova § 107 a og viser til at ei slik samling har fått brei støtte i høyringa.

Det har vore ulike syn blant høyringsinstansane på om, og korleis, kapitteloverskrifta bør endrast. Og Barneombodet har foreslått at dei andre paragrafane i kapitlet endrast på same viset.

Departementet har på denne bakgrunnen vurdert om framlegget til endring i § 107 a bør få lovtekniske konsekvensar for kapitteloverskrifta og dei andre paragrafane i kapitlet.

Departementet har kome til at kapitteloverskrifta bør endrast for å gje eit betre bilete av kva kapitlet handlar om, men finn at dei pårørande ikkje bør nemnast særskilt. Det kjem dels av at det kan gje eit inntrykk av at dei pårørande har ein større rett til advokat enn det tilfellet er, og dels av at kapitlet òg gjeld rett til advokat for den eit besøksforbod skal verne. Departementet foreslår i staden å føye til «mv.» i overskrifta.

Departementet finn det noko tungvint å endre alle reglane i kapitlet som kan gjelde dei pårørande, slik Barneombodet ber om. I staden gjer departementet framlegg om ein generell regel som seier at dei andre reglane i kapitlet skal gjelde tilsvarande for ein advokat for dei pårørande, sjå framlegget til ny § 107 a andre ledd femte punktum i straffeprosesslova og merknaden til føresegna.

6.2.3 Underretning til foreldre

6.2.3.1 Gjeldande rett

Pårørande har i utgangspunktet ikkje den same retten til underretning som den fornærma har etter straffeprosesslova:

Etter § 264 a første ledd, jf. påtaleinstruksen § 25-8, skal påtalemakta underrette den fornærma om at tiltale er teken ut i saka.

Vidare skal ein fornærma som har meldt forholdet, underrettast om at ei sak er lagd bort, jf. påtaleinstruksen § 17-2 første ledd, og om at det er gjeve påtaleunnlating, jf. påtaleinstruksen § 18-5 første ledd. Denne retten til å bli underretta om påtalevedtaka har òg andre som har meldt forholdet og som har rettsleg klageinteresse.

I dei tilfella der den fornærma sine pårørande samstundes må reknast som «andre skadelidte» etter straffeprosesslova § 3 fjerde ledd, har vedkomande same retten som den fornærma når underretninga har noko å seie for moglegheita til å fremje krav i saka, sjå punkt 6.2.1.

6.2.3.2 Høyringsnotatet

Departementet bad i høyringsnotatet om høyringsinstansane sitt syn på om påtalemakta bør påleggjast å underrette foreldre til barn under 18 år som er døde ved ei straffbar handling om at det er teke ut tiltale, gjeve påtaleunnlating, eller at saka er lagd bort. Departementet grunngav framlegget slik (høyringsnotatet side 8):

«Foreldre til barn under 18 år kan ha behov for å holde seg orientert, jf. ovenfor. Dette hensynet taler for å underrette disse pårørende om enkelte påtalevedtak. Et slikt tiltak vil kreve få ressurser, samtidig som informasjonen kan ha stor betydning for de pårørende.»

6.2.3.3 Høyringsinstansane sitt syn

Mest alle dei høyringsinstansane som er generelt positive til at pårørande får nye rettar i straffesaker (sjå punkt 4.3), støttar med reine ord framlegget om at pårørande skal bli underretta om somme påtalevedtak.

Barneombodet uttalar til dømes:

«Departementets spørsmål om påtalemyndighetens plikt til å informere den fornærmede om tiltale, henleggelse og påtaleunnlatelse også bør gjelde for pårørende, besvares med et ubetinget ja. Dersom vi først skal styrke denne gruppes rettigheter ved rett til bistandsadvokat og godtgjørelse for å følge straffesaken, vil det bli helt galt ikke å innrømme dem de naturlige og selvfølgelige rettigheter som nevnes her.»

Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembete seier det slik:

«Behovet for foreldre for å bli kjent med påtalevedtak når et barn er død etter en straffbar handling er helt åpenbart. Slik underretning bør pålegges.»

KrFU, som i likhet med Kripos ikke ønsker å gi pårørende ytterligere rettigheter, uttalar på si side:

«KrFU er opptatt av at reglene i straffeprosessen bygger opp under ideologiske prinsipper som prevensjon og rehabilitering. Straffeprosessen må ikke gi legitimitet til hevn- og gjengjeldelsesmotivet som straffegrunn.

- - -

Forslagene om [...] underrettelse om påtalevedtak innebærer nettopp en tilrettelegging for en slik privat straffeforfølgning. Vi er derfor skeptiske til disse forslagene.»

Agder politidistrikt går imot underretning på eit anna grunnlag:

«Som følge av at vi foreslår at pårørende automatisk får oppnevnt bistandsadvokat i de definerte sakene, bør det ikke gis pålegg om utvidet underretningsplikt til pårørende om de påtalevedtak som fattes underveis i saksbehandlingen. Her vil bistandsadvokatene bli underrettet, og deres oppgave blir da bl.a. å gi videre orienteringer til de pårørende.»

Òg Politidirektoratet meiner underretning til bistandsadvokaten er nok.

6.2.3.4 Departementet sitt syn no

Høyringsrunda har styrkt departementet i synet på at påtalemakta bør påleggjast å underrette foreldre til barn under 18 år som er død som følgje av ei straffbar handling om at det er teke ut tiltale, at saka er lagd bort eller at det er gjeve påtaleunnlating. Ein slik rett bør desse pårørande ha uavhengig av om dei fremjar borgarlege krav i saka, jf. punkt 6.2.1, av di ei økonomisk interesse i saka ikkje bør vere avgjerande. Departementet er under arbeidet blitt gjort kjent med at heller ikkje alle som kan ha rett til underretning i kraft av å ha borgarlege rettskrav, blir underretta. Det kan difor vere naudsynt å synleggjere foreldra sine rettar på området. Ein klår underretningsplikt vil krevje få ressursar, samstundes som retten til informasjon kan ha mykje å seie for dei pårørande. Framlegget har likevel ei side til målet om hurtigare handsaming av straffesaker, sjå kapittel 8.

Blir framlegget om å gje foreldre ein rett til bistandsadvokat vedteke, vil bistandsadvokaten etter gjeldande reglar bli orientert om påtalevedtaka, jf. påtaleinstruksen §§ 17-2 og 18-5, samt straffeprosesslova § 264 a tredje ledd jf. påtaleinstruksen § 25-7. Departementet er difor eit stykke på veg samd med dei høyringsinstansane som peikar på at det ikkje er naudsynt òg å underrette dei pårørande. Departementet finn det likevel mest naturleg at påtalemakta påleggjast å underrette foreldra på same vis som den fornærma. For det første kan det tenkjast saker der dei pårørande vel ikkje å nytte seg av retten til å ha advokat. For det andre kan det vere viktig for dei pårørande å få underretning direkte, og så tidleg som mogleg.

Departementet viser elles til forslaget til endring i straffeprosesslova § 264 a og merknaden til føresegna. Departementet vil sørgje for naudsynte endringar i påtaleinstruksen om framlegget til lovendring blir vedteke.

6.2.4 Rett til dokumentinnsyn

6.2.4.1 Gjeldande rett

Dei pårørande har i utgangspunktet ikkje den same retten til dokumentinnsyn som den fornærma har etter straffeprosesslova: Den fornærma har for det første rett til innsyn i dokumenta under etterforskinga, uavhengig av om dokumenta er lagde fram for retten eller ikkje (straffeprosesslova § 242 første ledd første punktum), så framt innsyn kan skje utan skade eller fare for etterforskinga eller for ein tredjeperson. Etter påtaleinstruksen § 16-4 første ledd kan den fornærma og den som har fremja eit borgarleg krav i saka, få kopi av saksdokumenta under etterforskinga så langt det er naudsynt for at vedkomande skal kunne take i vare interessene sine i saka, og det elles er rådeleg.

For det andre har den fornærma rett til dokumentinnsyn når det er teke ut tiltale, jf. straffeprosesslova § 264 a. Den fornærma skal opplysast om retten til dokumentinnsyn når han eller ho får underretning om at tiltale er teken ut, jf. punkt 6.2.3.1. Den fornærma skal få gjere seg kjend med dokumenta såframt det kan skje utan skade eller fare for handsaminga av saka for retten eller for ein tredjeperson. Òg på dette stadiet i saka kan den fornærma få kopi av saksdokumenta, jf. påtaleinstruksen § 25-9 andre punktum. Føresegna nemner ikkje den som har fremja eit borgarleg krav.

For det tredje gir straffeprosesslova § 28 einskilde grupper rett til utskrift av rettsbøker og andre dokument i straffesaka. Utskrift kan krevjast av den fornærma og personar med rettsleg interesse i å få slik utskrift.

I dei tilfella der den fornærma sine pårørande, medrekna foreldra, må reknast som «andre skadelidte» etter straffeprosesslova § 3 fjerde ledd, står vedkomande i tilsvarande stilling som den fornærma i denne samanhengen når dokumentinnsyn har noko å seie for moglegheita til å fremje krav i saka. Departementet viser til drøftinga under punkt 6.2.1.

I andre tilfelle vil dei pårørande kunne reknast for å ha rettsleg interesse, men dei har ingen absolutt rett til å få utskrift av dokumenta i saka.

6.2.4.2 Høyringsnotatet

Departementet bad høyringsinstansane om å uttale seg om foreldre til barn under 18 år som er døde ved ei straffbar handling, bør få same rett til dokumentinnsyn som den fornærma og grunngav framlegget slik (høyringsnotatet side 7):

«Innsyn i dokumenter er grunnleggende for å kunne påvirke det som skjer under behandlingen av straffesaken, og kan minske en eventuell følelse av fremmedgjøring. Også foreldre til barn som er drept ved en straffbar handling, kan ha en interesse i å få innsyn i dokumentene. Å holde seg orientert om saken kan for eksempel være et ledd i å bearbeide tapet. Et mothensyn kan være merarbeid for de organene som behandler innsynsbegjæringene. Men siden det gjelder en liten gruppe pårørende, vil merarbeidet bli lite. Et annet mothensyn kan være hensynet til saken, partene eller tredjepersoner. Som det fremgår av de ulike reglene om dokumentinnsyn for den fornærmede, er ikke retten til innsyn ubegrenset. Det nevnte mothensynet vil dermed kunne bli ivaretatt gjennom unntaksregler.»

6.2.4.3 Høyringsinstansane sitt syn

Fleirtalet av dei høyringsinstansane som uttalar seg om spørsmålet, er samde i at dei pårørande bør få same rett til dokumentinnsyn som den fornærma har. Dette gjeld Barne- og familiedepartementet, Borgarting lagmannsrett med tilslutning frå Frostating lagmannsrett, riksadvokaten, Troms og Finnmark statsadvokatembete, Trøndelag statsadvokatembete, Politidirektoratet, Agder politidistrikt, Asker og Bærum politidistrikt, Gudbrandsdal politidistrikt, Romerike politidistrikt, Barneombodet, Likestillingsombodet, Den Norske Advokatforening, JURK, Kompetansesenter for voldsofferarbeid, Krisesentersekretariatet, KROM, Norsk Krisesenterforbund, Norsk Kvinnesaksforening, Politiets Fellesforbund, Stine Sofies stiftelse og advokat Anne Kristine Bohinen, med tilslutning frå advokat Venil Katharina Thiis, advokat Anne Rita Meberg, advokat Hilde G. Guldbakke og advokat Marit Thorvaldsen. Høyringsinstansane peikar på same argument som departementet gjorde i høyringsnotatet. Nokre framhevar at retten til innsyn ikkje gjeld uavkorta. Til dømes uttalar riksadvokaten:

«En legger til grunn at innsynsretten på vanlig måte kan begrenses, og i mange sammenhenger må begrenses av hensyn til etterforskningen. Saker i den aktuelle kategori tiltrekker seg gjerne stor medieinteresse, og dess flere som får tilgang til informasjonen jo større blir faren for lekkasjer av opplysninger som ikke burde kommet ut. I tillegg kommer at sakene det er snakk [om] ofte vil være meget omfangsrike, og utarbeidet og redigert for et annet formål enn å informere de pårørende. En del informasjon er det kanskje heller ikke hensiktsmessig å gjøre kjent for de pårørende i den form de ligger i saken - i alle fall ikke like etter at handlingen har skjedd. Adgangen til å oppfylle dokumentinnsyn ved at informasjon formidles via politiet på en mer skånsom måte enn bare å se straffesaksdokumenter med fotomapper etc., bør derfor fremgå av lovteksten, eller i alle fall av forarbeidene.»

Oslo politidistrikt peikar på mange av dei same forholda som riksadvokaten, men konkluderer slik:

«Oslo politidistrikt er på denne bakgrunn skeptisk til å gi de etterlatte en ubetinget rett til utskrift.»

Òg Barne- og familiedepartementet er oppteke av den moglege påkjenninga for dei pårørande:

«Et alternativ er at bistandsadvokaten først får innsyn i dokumentene og således kan forberede de etterlatte på hvilke opplysninger dokumentene vil inneholde. I en slik situasjon kan bistandsadvokaten eventuelt fraråde de etterlatte å se alle dokumentene. En mulighet er også at det kan etableres rutiner ved de enkelte politikamrene som sikrer mot at etterlatte får tilgang på opplysninger, bilder osv. uten først å være forberedt. Det kan for eksempel vurderes om familievoldskoordinatorene kan ivareta en slik funksjon.»

Følgjande høyringsinstansar går imot å gje dei pårørande den same retten til dokumentinnsyn som den fornærma: Barneombodet, Møre- og Romsdal statsadvokatembete, Norges Kvinne- og familieforbund, Oslo statsadvokatembete, Politiembetsmennenes Landsforening og Trondheim tingrett.

Norges Kvinne- og familieforbund seier det slik:

«Det kan imidlertid tenkes at det foreligger slike momenter i saken som taler mot at foreldrene får innsyn i visse deler av saken. Det kan for eksempel gjelde særlig grufulle detaljer som politiet vurderer å være skadelig for de gjenlevendes psykiske helse på et gitt tidspunkt. Det bør derfor være opp til politiet - gjerne i samråd med behandlende lege og psykolog - hvordan og i hvilken grad innsynet bør skje. En ubetinget rett til dokumentinnsyn kan dermed være til skade for de pårørende.»

Barneombodet reiser følgjande spørsmål:

«I de sakene som behandles her, vil en del av straffesakens dokumenter (kunne) inneholde obduksjonsrapporter, bilder fra åstedet etc. En bistandsadvokat kan komme til en konklusjon om at dette er noe de etterlatte bør skånes fra å få innsyn i, mens de etterlatte krever innsyn. Her vil det kunne oppstå en konflikt mellom bistandsadvokat som ønsker det beste for de etterlatte og de etterlatte som mener de har stort behov for å se og få vite. I denne anledning vil det kunne være til stor hjelp å få en profesjonell uttalelse, for eksempel fra en psykiatrisk sykepleier. Dersom bistandsadvokaten kommer til at denne hjelpen er uunngåelig og av stor betydning for de etterlatte, burde utgifter til den profesjonelle dekkes av det offentlige. Det bes om at departementet vurderer også dette i sitt videre arbeid.»

Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembete meiner unnataka ikkje er omfattande nok, og reiser òg spørsmål om teieplikt:

«For de som har avgitt en politiforklaring, eller samtykket i innhenting av legeerklæringer, vil det ofte være en belastning å vite at andre kan lese forklaringen eller legeerklæringen. Innsyn for andre bør derfor begrenses mest mulig. Unntakene om skade for tredjemann (strpl. §§ 242 og 264 a) eller frykt for urettmessig bruk (påtaleinstruksen § 4-1) vil bare fange opp få tilfeller og ikke de tilfeller hvor innsyn føles som en belastning. Vi har i denne region eksempler på personlige opplysninger som er gjengitt i pressen og hvor kilden med sikkerhet er en som har benyttet seg av sin innsynsrett.

Dersom retten til innsyn skal utvides til flere personer, bør adgangen til å begrense hvilke dokumenter innsynet skal omfatte også utvides. En adgang til å pålegge taushetsplikt etter innsyn (slik vi har i forvaltningsloven § 13 b siste avsnitt) bør også vurderes.»

Kripos, som er generelt negativ til å gje dei pårørande fleire rettar, uttalar seg særskilt om retten til dokumentinnsyn:

«Hensynet til fornærmedes pårørende tilsier ikke at man skal akseptere risikoen denne utvidelsen av innsynsretten representerer. Risikoen vil trolig være stor for at man kan få en uheldig spredning av viktige opplysninger.»

6.2.4.4 Departementet sitt syn no

Foreldre som samstundes reknast som «andre skadelidte» etter straffeprosesslova § 3 fjerde ledd, har i nokon mon ein rett til dokumentinnsyn på ulike stadium i saka (sjå drøftinga i punkt 6.2.1). Departementet har fått eit inntrykk av at denne moglegheita nyttast lite i praksis.

Departementet held fast ved framlegget om at foreldre bør få same retten til dokumentinnsyn som den fornærma har, og viser til grunngjevinga i høyringsnotatet. Departementet legg til at retten bør gjelde same om foreldra fremjar borgarlege rettskrav i saka eller ikkje. Og sjølv om dei fremjar slike krav, har departementet funne at det er naudsynt å klargjere retten til dokumentinnsyn for denne gruppa.

Departementet foreslår òg at ein advokat som blir nemnd opp for foreldra får same retten som ein fornærma sin advokat har til kopiar av dokument i saka. Foreldre som ikkje krev advokat, kan likevel ynskje å halde seg orienterte i saka.

Departementet er samd med mellom anna riksadvokaten og Oslo politidistrikt i at pårørande bør få innsyn på eit mest mogleg skånsamt vis. Departementet meiner likevel at dette omsynet kan takast i vare sjølv om foreldra har krav på innsyn. Politiet kan til dømes på førehand seie noko om dokumentet sitt innhald, og kan sjølvsagt etter omstenda rå foreldra frå å sjå nokre dokument. Men valet bør vere dei pårørande sitt.

Departementet er merksam på faren for spreiing av opplysningar til uvedkomande. Slik departementet ser det, er dette eit generelt spørsmål: Problemstillinga er like aktuell med omsyn til den fornærma sin rett til innsyn, som gjeld i langt fleire saker enn dei framlegget her gjeld. Det vil difor ikkje bli noka stor endring frå i dag på dette punktet. Departementet vil dessutan peike på at faren for spreiing reduserast gjennom dei unnataka som kan gjerast i retten til innsyn.

Departementet viser til framlegg til endringar i straffeprosesslova §§ 28, 242 og 264 a og til merknadene til føresegnene.

Framlegget reiser spørsmål i forhold til målet om hurtigare handsaming av straffesaker, som blir omtala i punkt 8.

6.2.5 Rett til å klage på påtalevedtak

6.2.5.1 Gjeldande rett

Etter straffeprosesslova § 59 a andre ledd første punktum nr. 2 kan den som har rettsleg klageinteresse, klage på påtalevedtak. Rettsleg klageinteresse har mellom anna den fornærma og andre skadelidne ved den straffbare handlinga, jf. § 3 fjerde ledd.

Om pårørande som ikkje samstundes er skadelidne i straffeprosesslova si meining, kan ha rettsleg klageinteresse, er ikkje drøfta i forarbeida eller i litteraturen. Departementet kjenner heller ikkje til relevant rettspraksis.

I forarbeida til straffeprosesslova § 59 a heiter det om forståinga av omgrepet «rettslig klageinteresse»:

«Begrepet rettslig klageinteresse må forstås på samme måte som etter forvaltningsloven § 28 første ledd, jf. tvistemålsloven § 54. Departementet legger til grunn at praksis som har utviklet seg omkring disse bestemmelsene, vil kunne anvendes ved vurderingen av om en person har klagerett over et påtalevedtak.

(...)

Begrepet rettslig klageinteresse kan bl.a. gi klagerett til fornærmede og andre som direkte har lidt skade ved den handling som påtalevedtaket gjelder.»

Etter tvistemålslova må det vurderast om vedkomande har ei reell og rimeleg interesse i at forholdet prøvast. Det kan vere naturleg å seie at foreldra til barn som er døde som følgje av ei straffbar handling, har ei slik reell og rimeleg interesse av å kunne påklage påtalevedtak.

Ved tolkinga av omgrepet «rettslig klageinteresse» i straffeprosesslova § 59 a andre ledd første punktum nr. 2, er det òg naturleg å sjå hen til kven som har kompetanse til å krevje påtale, jf. straffelova § 78. Her er mellom anna slektningar i same line nemnde.

6.2.5.2 Høyringsnotatet

Departementet la til grunn at mellom anna foreldra til barn som er døde som følgje av ei straffbar handling, truleg allereie har «rettsleg klageinteresse» i straffeprosesslova § 59 a si meining, og dimed har rett til å klage på påtalevedtak.

I tillegg uttala departementet dette om praktiseringa av regelen (høyringsnotatet side 9):

«Departementet kjenner ikke til at foreldre til barn under 18 år som er drept ved en straffbar handling, er blitt nektet klagebehandling. Etter det departementet har fått opplyst fra riksadvokatembetet, gir ikke praktiseringen av reglene grunn til å foreslå lovendringer.»

Departementet gjorde ikkje framlegg om endring, men ba likevel om høyringsinstansane sitt syn.

6.2.5.3 Høyringsinstansane sitt syn

Åtte instansar støttar departementet i at lova ikkje trengst å endrast. Desse er Trondheim tingrett, riksadvokaten, Oslo statsadvokatembete, Politidirektoratet, Agder politidistrikt, Oslo politidistrikt, Romerike politidistrikt og Politiembetsmennenes Landsforening. Riksadvokaten uttalar:

«Spørsmålet om de pårørende skal anses å ha klagerett har så vidt vites ikke voldt problemer i praksis, selv om de strengt tatt ikke alltid vil ha rettslig klageinteresse. Riksadvokaten er således enig med departementet i at det neppe er behov for lovendring på dette punkt.»

Fire høyringsinstansar meiner at det bør klårgjerast at pårørande kan ha rettsleg klageinteresse. Det gjeld Barne- og familiedepartementet, Barneombodet, Den Norske Advokatforening og Krisesentersekretariatet. Barne- og familiedepartementet uttalar:

«Når det gjelder spørsmålet om rettslig klageinteresse for etterlatte fremhever Justisdepartementet at det ikke er behov for lovendring. Barne- og familiedepartementet vil likevel foreslå endring av § 59 a slik at det klart fremgår at også etterlatte har klagerett i disse sakene. Selv om problemstillingen i praksis ikke har reist problemer, vil en lovendring på dette punkt tydeliggjøre etterlattes klagerett og dermed ivareta rettspedagogiske hensyn. En unngår videre at det reises tvil om fortolkningen av § 59 a slik den i dag lyder. Alternativt bør denne retten klart fremgå av lovens forarbeider.»

6.2.5.4 Departementet sitt syn no

Høyringa har styrkt departementet i synet på at det ikkje er naudsynt å gjere framlegg om endringar i straffeprosesslova § 59 a.

Departementet er samd med Barne- og familiedepartementet i at rettspedagogiske grunnar kan tale for ei presisering. Departementet sine andre framlegg i proposisjonen her er eit stykke på veg grunna i eit ynske om synleggjering, så omsynet til heilskap kunne òg tale for ei klårgjering. Departementet held likevel fast ved at det i alle fall ikkje no er naudsynt med ei lovendring på dette punktet, og har særleg lagt vekt på to forhold. For det første forstår departementet straffeprosesslova § 59 a andre ledd første punktum nr. 2 slik at dei pårørande som denne proposisjonen tek føre seg, truleg vil vere omfatta av omgrepet «rettslig klageinteresse». Retten til å påklage påtalevedtak har såleis eit klårare fundament enn dei rettane det elles er tale om å synleggjere i proposisjonen her. For det andre vil ei endring av straffeprosesslova § 59 a andre ledd nr. 2 på dette punktet, til dømes ved at desse pårørande blir særleg nemnde, reise spørsmål om ikkje òg dei fornærma bør nemnast særskilt. Det blir i så fall eit spørsmål utvalet som skal sjå på den fornærma si stilling, kan take nærare føre seg.

6.2.6 Moglegheit til å påleggje den sikta eller andre å forlate rettssalen når den pårørande blir avhøyrd som vitne

6.2.6.1 Gjeldande rett

Retten kan avgjere at den sikta/tiltalte skal forlate rettssalen medan eit vitne blir avhøyrt, dersom det er særleg grunn til å frykte at forklaringa elles ikkje vil bli gjeven utan atterhald, jf. straffeprosesslova § 245 første ledd første punktum (etterforskingsstadiet) og § 284 første ledd første punktum (hovudforhandlinga). Denne regelen gjeld òg for den fornærma sine pårørande som gir vitneforklaring.

Ved avhøyr av den fornærma, kan retten avgjere at den sikta/tiltalte eller andre skal forlate rettssalen òg om særlege grunnar gjer at omsynet til den fornærma tilseier det, jf. straffeprosesslova § 245 første ledd fjerde punktum og § 284 første ledd femte punktum. Desse reglane kom inn i straffeprosesslova ved lov 1. juli 1994 nr. 50. Grunngjevinga var at det kan vere ei stor påkjenning for den fornærma å forklare seg med den sikta/tiltalte til stades.

«Særlige grunner» kan vere den fornærma sitt forhold til gjerningspersonen, den fornærma sin alder, arten på overgrepet, eller den fornærma sin psykiske situasjon. Retten må avgjere spørsmålet ut frå eit konkret skjøn, der òg omsynet til den sikta må tilleggjast vekt. Etter forarbeida er det ikkje nok at den fornærma sjølv ynskjer å gje forklaring utan at den sikta er til stades, og det må krevjast meir enn at den fornærma føler seg i ulag ved dette, jf. Ot.prp. nr. 33 (1993-94) s. 51.

Når den fornærma sine pårørande må reknast som «andre skadelidte» etter straffeprosesslova § 3 fjerde ledd, står vedkomande i same stilling som den fornærma så langt det at den sikta eller andre forlèt rettssalen har noko å seie for den pårørande si moglegheit til å fremje borgarlege rettskrav i straffesaka. Departementet viser til drøftinga i punkt 6.2.1.

6.2.6.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet blei høyringsinstansane bedne om å uttale seg om straffeprosesslova § 245 og § 284 bør endrast (høyringsnotatet side 10):

«..., slik at retten gis adgang til å pålegge den siktede eller andre å forlate rettssalen når foreldre til barn under 18 år som er drept ved en straffbar handling, forklarer seg - selv om det er grunn til å tro at vitnet uansett vil gi en uforbeholden forklaring. Departementet antar at denne gruppen pårørende kan oppleve det belastende å avgi forklaring med den siktede/tiltalte til stede, og at de forhold som forarbeidene nevner som 'særlige grunner' for fornærmede, antakelig vil være relevante også for disse pårørende. Hensynet til de pårørende må imidlertid veies mot siktedes krav på et effektivt forsvar.»

6.2.6.3 Høyringsinstansane sitt syn

De fleste høyringsinstansane meiner at moglegheita til å påleggje den sikta eller andre å forlate rettssalen når foreldra til barn under 18 år som er døde som følgje av ei straffbar handling, vitnar, bør vere den same som for den fornærma. Dette gjeld Barne- og familiedepartementet, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembete (på vilkår av at lyd og bilete frå vitneforklaringa overførast til eit rom der den tiltalte er), Asker og Bærum politidistrikt, Gudbrandsdal politidistrikt, Romerike politidistrikt, Barneombodet, Likestillingsombodet, Den norske Advokatforening, JURK, Kompetansesenter for voldsofferarbeid, ein del av KROM, Norges Kvinne- og familieforbund og Politiets Fellesforbund.

Tre instansar er meir skeptiske, men godtek ei slik ordning så lenge forklaringa ikkje gjeld skyldspørsmålet. Desse er riksadvokaten, Oslo statsadvokatembete og Oslo politidistrikt. Oslo statsadvokatembete uttalar:

«I de tilfeller der forklaringen er vesentlig for avgjørelsen av skyldspørsmålet, bør den tiltalte i utgangspunktet ha adgang til å være til stede når den avgis. I mange tilfeller er slike forklaringer perifere i forhold til avgjørelsen av skyldspørsmålet, og da er betenkelighetene mindre. Selv om vi i utgangspunktet er skeptiske til forslaget, går vi ikke imot det. Det forutsettes at domstolen avgjør spørsmålet etter et konkret skjønn.»

Høyringsinstansane Borgarting lagmannsrett med tilslutning frå Frostating, Trondheim tingrett, Agder politidistrikt, Krisesentersekretariatet, deler av KROM og Politiembetsmennenes Landsforening ynskjer inga lovendring. Agder politidistrikt grunngjev synet sitt med at det gjeldande unnataket «særlige grunner» er tilstrekkeleg. Borgarting lagmannsrett og Krisesentersekretariatet peikar på at omsynet til den tiltalte bør vege tyngst. Borgarting lagmannsrett seier det slik:

«Tiltaltes rett til å følge egen sak er så sentral at det bør utvises den største forsiktighet med å uthule den.»

6.2.6.4 Departementet sitt syn no

Pårørande som samstundes må reknast som «andre skadelidte» etter straffeprosesslova § 3 fjerde ledd, kjem etter ordlyden allereie inn under straffeprosesslova §§ 245 og 284. Men dette gjeld berre så langt det å vise bort den sikta eller andre medan den pårørande blir avhøyrd, har noko å seie for den pårørande si moglegheit til å fremje borgarlege rettskrav i straffesaka (sjå punkt 6.2.1). Grunngjevinga for å påleggje den sikta eller andre å forlate rettssalen, er omsynet til den som blir avhøyrd. Pårørande som har fremja borgarlege rettskrav, kjem difor ikkje utan vidare inn under denne føresegna.

I alle høve meiner departementet at det ikkje bør vere eit krav at dei pårørande fremjar borgarlege rettskrav for å kome inn under desse reglane.

Departementet er samd i at omsynet til kontradiksjon veg tungt, slik somme høyringsinstansar peikar på. På den andre sida er det tale om ein «kan-regel» som domstolane må handheve med fornuft. Departementet har kome til at det bør gjerast framlegg om endringar i §§ 245 og 284, og har lagt avgjerande vekt på omsynet til dei pårørande. Departementet viser til framlegget om endringar i straffeprosesslova §§ 245 og 284, og til merknadene til paragrafane. Blir endringane vedtekne, må påtaleinstruksen endrast. Departementet vil syte for dei naudsynte endringane i instruksen.

Departementet har elles merka seg høyringsfråsegnene om at den tiltalte bør høyre forklaringa - direkte - i eit anna rom. Dette opnar første ledd siste punktum for.

6.2.7 Andre rettar?

Departementet har vurdert om òg andre rettar bør synleggjerast eller utvidast, til dømes om det bør gå uttrykkjeleg fram av straffeprosesslova § 236 andre punktum at òg foreldre til barn som er drepne skal gjerast kjende med moglegheita til å fremje krav i samband med straffesaka. Departementet meiner det ikkje trengst noka presisering i lova, sidan påtaleinstruksen § 8-7 andre ledd tredje punktum pålegg påtalemakta ei plikt til å opplyse om dette.

Til forsida