2 Bakgrunnen for lovforslaga
2.1 Dei pårørande sin situasjon
Spørsmålet om dei pårørande sin situasjon i straffesaker har vore omtala i samfunnsdebatten i den siste tida. Pårørande som har mista barna sine som følgje av ei straffbar handling, har sjølv vore aktive meiningsytrarar. Til dømes hadde 15 pårørande ei samling i Grimstad i mars 2002. Stine Sofies Stiftelse arbeider òg med desse spørsmåla. Desse pårørande har mellom anna fremja krav om bistandsadvokat, partsrettar, økonomisk godtgjersle under straffesaka som for vitne og jurymedlem, og betre informasjon om rettsprosessen.
Departementet har allereie sett i verk tiltak for å styrke stillinga til pårørande som kjem i ein særleg vanskeleg situasjon: Departementet løyvde i 2002 for 2003 kr. 500 000 til etableringa av ei mellombels ordning som skal gje støtte til enkelte pårørande etter nærare fastsette kriterium. Stine Sofies Stiftelse administrer ordninga. Støtte kan gjevast til nære pårørande av barn til og med 20 år når barnet har vore utsett for grov vald. Støtta kan vere tilskot for å få dekt utgifter og andre tiltak for å gje den enkelte auka tryggleik i kvardagen. Det krevjast vanlegvis at vedkomande har uttømt andre ordningar for økonomisk støtte (til dømes valdsoffererstatning). Departementet har vedteke å vidareføre ordninga i 2004.
2.2 Hovudpunkta i høyringsnotatet
1. februar 2002 leverte dr. juris. Anne Robberstad utgreiinga Kontradiksjon og verdighet (Rapport 2002), som ho skreiv på oppdrag frå Justisdepartementet. Rapporten tek føre seg den straffeprosessuelle stillinga til den fornærma. Robberstad samanliknar i rapporten prosessordningane i dei nordiske landa, og ho gjer framlegg om endringar i straffeprosesslova. Mellom anna foreslår ho at den fornærma skal vere part i saka om ho eller han ynskjer det. Rapporten tek ikkje føre seg stoda til dei pårørande.
På bakgrunn av debatten om dei pårørande, ynskte Justisdepartementet - då rapporten blei send på høyring - å få høyringsfråsegner òg om nokre spørsmål knytt til rettsstillinga til dei pårørande.
Departementet la til grunn at det ikkje var aktuelt å gje alle pårørande i ein kvar straffesak nye rettar. Saker der born og unge er døde som følgje av ei straffbar handling, peika seg etter departementet sitt syn ut.
Departementet foreslo for det første ei endring i lova om godtgjersle for vitne og sakkunnige. Der nokon under 18 år er død som følgje av ei straffbar handling, skulle etter framlegget foreldre som følgjer hovudforhandlinga, ha krav på same godtgjersle som vitne. Høyringsinstansane blei spesielt bedne om å uttale seg om aldersgrensa, og om kva for pårørande som burde få godtgjersle.
For det andre foreslo departementet ei endring i straffeprosesslova §§ 107 a og 107 b som inneber at foreldre får utvida rett til hjelp frå advokat dersom dei ynskjer det.
I tillegg reiste departementet spørsmål om foreldra til dei under 18 år som er døde som følgje av ei straffbar handling, bør får fleire prosessuelle rettar. Høyringsinstansane blei inviterte til å uttale seg om desse pårørande bør få ein uttrykkjeleg og absolutt rett til dokumentinnsyn (jf. straffeprosesslova §§ 28, 242 og 264 a), rett til underretting om einskilde påtalevedtak (jf. straffeprosesslova § 264 a) og rett til å påklage påtalevedtak (jf. straffeprosesslova § 59 a). Endeleg blei høyringsinstansane bedne om å uttale seg om retten skal kunne påleggje den sikta eller andre å forlate rettssalen når foreldra forklarer seg (jf. straffeprosesslova §§ 245 og 284).
På vilkår av at den fornærma får utvida rettar, blei høyringsinstansane òg bedne om å vurdere om dei pårørande bør får dei same eller nokre av rettane.
2.3 Oppfølginga av utgreiinga Kontradiksjon og verdighet (Rapport 2002)
Høyringsuttalene synte at det er svært delte meiningar om dei prinsipielle spørsmåla som Robberstad tek opp i Rapport 2002: Kontradiksjon og verdighet. Departementet er difor kome til at dette viktige spørsmålet bør utredast nærare, av eit breitt samansett utval. Utvalet vil bli sett ned om kort tid. Det kan òg vere aktuelt å be utvalet sjå på nokre spørsmål om dei pårørande.
Samstundes synte høyringa at ein ikkje berre må sjå nærare på lovgjevinga, men òg på korleis den fornærma blir handsama reint praktisk i ei straffesak. Dette spørsmålet er ikkje omstridd. Departementet vil difor allereie no setje i gong eit arbeid for å betre desse høva, og tek sikte på - saman med Domstolsadministrasjonen og Politidirektoratet - å sjå nærare på korleis ein kan utvikle betre praktiske rutinar for handsaminga av dei fornærma og deira pårørande.
2.4 Høyringa
Justisdepartementet sende 7. juni 2002 forslaga om endringar i lova om godtgjersle til vitne og sakkunnige og i straffeprosesslova på høyring til følgjande institusjonar og organisasjonar:
Departementa
Høgsterett
Lagmannsrettane
Tingrettane
Riksadvokaten
Regjeringsadvokaten
Statsadvokatane
Politidirektoratet
Politidistrikta
Barneombodet
Likestillingsombodet
Likestillingssenteret
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø
Alternativ til Vold
Barnepsykiatrisk forening
Bergen forsvarerforening
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
DIXI RessurssenterForsvarergruppen av 1977
Incestsenteret for menn (IFM)
Innvandrerkontoret
Institutt for menneskerettigheter
Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)
Jusshjelpa i Nord-Norge
Juss-Buss
Jussformidlinga i Bergen
Kirkens Ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep
Kompetansesenter for voldsofferarbeid
Krisesentersekretariatet
Kvinnefronten
Kvinnegruppa Ottar
Kvinneuniversitetet
Kvinneuniversitetet Nord
Landsforeningen for Voldsofre
MIRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner
Nasjonalt ressurssenter for seksuelt misbrukte barn
Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforskning
Norges Kvinne- og familieforbund
Norges Juristforbund
Norges Lensmannslag
Norsk forening for kriminalreform (KROM)
Norsk forbund for voldsofre
Norsk Krisesenterforbund
Norske kvinnelige juristers forening
Politiembetsmennenes Landsforening (PEL)
Politiets fellesforbund (PF)
Politihøgskolen
Rettspolitisk forening
Selvhjelp for innvandrere og flyktninger
Senter for kvinneforskning
Stiftelsen Landsforeningen Rettferd for taperne
Stine Sofies Stiftelse
Straffedes organisasjon i Norge (SON)
Støtteforeningen for seksuelt misbrukte barn
Støttesenteret mot incest
Høyringsfristen blei sett til 1. november 2002. Følgjande instansar har gjeve melding om at dei ikkje vil kome med fråsegn i saka, eller at dei ikkje har merknader til spørsmålet om å gje pårørande nye rettar:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Fiskeridepartementet
Forsvarsdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Landbruksdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Utdannings- og forskingsdepartementet
Utanriksdepartementet
Høgsterett
Oslo tingrett
Politihøgskolen
Agder statsadvokatembete
Rogaland statsadvokatembete
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo
Kvinneuniversitetet Nord
Norges Juristforbund
Rettspolitisk forening
Stiftelsen Fellesskap mot seksuelle overgrep
Støtteforeningen for seksuelt misbrukte barn
Støttesenteret mot incest
Departementet har òg fått uttaler frå Sysselmannen på Svalbard og Eiendomsmeglerforetakenes Forening, som seier at dei ikkje har merknader.
Desse høyringsinstansane hadde merknader til forslaga:
Barne- og familiedepartementet
Finansdepartementet
Borgarting lagmannsrett
Frostating lagmannsrett
Trondheim tingrett
Riksadvokaten
Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembete
Oslo statsadvokatembete
Troms og Finnmark statsadvokatembete
Trøndelag statsadvokatembete
Politidirektoratet
Kripos
Agder politidistrikt
Asker og Bærum politidistrikt
Gudbrandsdal politidistrikt
Oslo politidistrikt
Romerike politidistrikt
Barneombodet
Likestillingsombodet
Den Norske Advokatforening
Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)
Kompetansesenter for voldsofferarbeid
Krisesentersekretariatet
Norges Kvinne- og familieforbund
Norsk forening for kriminalreform (KROM) (har gjeve to fråsegner)
Norsk krisesenterforbund
Politiembetsmennenes Landsforening (PEL)
Politiets fellesforbund
Stine Sofies Stiftelse
Departementet har òg fått uttaler frå advokatane Anne Kristine Bohinen, Hilde G. Guldbakke, Anne Rita Meberg, Venil Katharina Thiis og Marit Thorvaldsen, Kristelig Folkepartis Ungdom (KrFU), Norsk Kvinnesaksforening og Redd Barna. Etter dette er det 37 høyringsinstansar som har hatt merknader til forslaga om å gi nokre pårørande nye rettar.
Innhaldet i høyringsfråsegnene vil bli tatt opp nærare i tilknyting til dei enkelte forslaga. Hovudinntrykket etter høyringa er at eit stort fleirtal av høyringsinstansane ynskjer at dei pårørande skal få nye og uttrykkjelege rettar i straffesaka. Høyringsinstansane er derimot meir splitta i synet på kven av dei pårørande rettane skal gjelde for, og i kva for saker. Det er òg ulike syn på kva for rettar dei pårørande bør få, og den nærare utforminga av reglane.