8 Forholdet til målet om hurtigare handsaming av straffesaker
8.1 Innleiing
Det arbeidast for tida med å redusere tida det tar å handsame saker i alle ledd av straffesakskjeda. Moglegheita for oppklåring av og domfelling i ei sak betrast ved ei rask handsaming. Vidare er det grunn til å tru at ei hurtig handsaming av straffesaker styrkar verknaden av straffa. Dette er av verdi både for samfunnet som heile og for den fornærma. Og ei raskare handsaming kan dempe påkjenninga for den fornærma og dei pårørande av di dei hurtigare kan leggje saka bak seg.
8.2 Høyringsnotatet
Departementet peika på at ynsket om nye rettar for mellom anna dei pårørande burde sjåast i samband med målet om hurtigare handsaming av straffesaker og uttala (høyringsnotatet side 10):
«Hvis den fornærmede eller de pårørende gis vidtgående deltagerrettigheter i straffesaken, er det fare for at prosessen forlenges og fordyres. Hensynene som taler for å sikre disse gruppene økte rettigheter bør derfor veies opp mot ulempene ved at straffesaken kan forlenges.»
8.3 Høyringsinstansane sitt syn
Mange høyringsinstansar har uttala seg om forholdet mellom framlegga i høyringsnotatet og målet om hurtigare handsaming av straffesaker. Problemstillinga blei reist generelt for spørsmål om nye rettar til dei fornærma og dei pårørande. Dei fleste instansane sondrar difor ikkje mellom konsekvensane av å gje dei pårørande og/eller dei fornærma nye rettar.
Ni høyringsinstansar uttalar at dei tiltaka som det er gjort framlegg om, ikkje vil forseinke avviklinga av straffesaker i vesentleg mon. Desse er: Barne- og familiedepartementet, Borgarting lagmannsrett, med tilslutning frå Frostating lagmannsrett, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembete og advokat Anne Kristine Bohinen, med tilslutning frå advokat Venil Katharina Thiis, advokat Anne Rita Meberg, advokat Hilde G. Guldbakke og advokat Marit Thorvaldsen. Advokat Bohinen uttalar til dømes:
«En rekke av forslagene innebærer kun at bistandsadvokat/fornærmede automatisk blir satt opp som kopiadressat, for eksempel for så vidt gjelder vedtak om henleggelse, ankefrist osv.»
Barneombodet, Kompetansesenter for voldsofferarbeid, Politiets Fellesforbund og Stine Sofies Stiftelse meiner at omsynet til ei hurtigare handsaming av straffesaker må vike for omsynet til dei pårørande.
Norges kvinne- og familieforbund meiner at i dei straffesakene det her er tale om, vil handsaminga ta lang tid same kva for stilling dei fornærma og pårørande har.
Asker og Bærum politidistrikt meiner at det er ein fare for at prosessen blir lengre og dyrare, men peikar på at det gjeld ei lita mengd saker som utgjer ei stor påkjenning for dei pårørande, og uttalar:
«I denne sammenhengen må faren for en forlenget/fordyret prosess etter vår oppfatning vike.»
Oslo statsadvokatembete uttalar:
«I forhold til rettigheter for enkelte pårørende, særlig spørsmålet om underretning og dokumentinnsyn, vil vi peke på at selv om mange forslag er gitt i den gode saks tjeneste, påføres politi og påtalemyndighet belastninger som samlet sett påvirker muligheten for en rask straffesaksbehandling i sin alminnelighet på en negativ måte.
Dette gjelder også i forhold til ulike lovendringer som er innført i de senere år. Politi og påtalemyndighet er satt under et ikke ubetydelig press for å gjennomføre straffesaksbehandlingen raskere. Det er et spørsmål om det på den bakgrunn ikke er et behov for å gjennomgå straffeprosessloven for å se om man ikke heller bør søke forenklinger slik at politi og påtalemyndighet gis bedre muligheter til å gjennomføre målet om rask saksbehandling.»
8.4 Departementet sitt syn no
Departementet legg til grunn at framlegget om økonomisk godtgjersle til foreldre til barn under 18 år som er døde som følgje av ei straffbar handling, ikkje påverkar handsaminga av straffesaka i nokon mon. Det er framlegga om endringar i straffeprosesslova som reiser spørsmål i forhold til målet om ei raskare handsaming av straffesaker.
Departementet trur ikkje framlegga til endringar i proposisjonen her vil seinke avviklinga av straffesakene i særleg mon, og viser til at det òg er den rådande oppfatninga i høyringa. Framlegga er langt på veg ei synleggjering av eksisterande rettar, og forslaga gjeld ei svært lita mengd med saker.
I alle høve meiner departementet at omsynet til foreldra må vege tyngre enn omsynet til hurtigare handsaming av straffesaker i desse sakene.