Forslag til lov om endring i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)
I lov av 6. juni 1975 nr 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) blir det gjort denne endringa:
I
§ 8 nytt fjerde ledd skal lyde:
Verdet (taksten) av anlegg som nemnt i skatteloven § 18-5 første leden skal ikkje setjast lågare enn kr. 0,50/kWh av grunnlaget for naturressursskatten for anlegget sett ved likninga året før skatteåret.
II
Endringane under I tek til å gjelda straks, med verknad frå og med skatteåret 2001.