Forslag til lov om mellombels tillegg til lov av 6. juni 1975 nr. 29. om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)
I
For skatteåret 2001 skal eigedomsskatten på anlegg som nemnt i skatteloven § 18-5 første leden reknast ut etter det verdet (taksten) som fylgjer av reglane i denne slik den lyder 30. juni 2000. Ved fastsetjing av grunnlaget gjeld reglane i ligningsloven om fastsetjing av grunnlaget og klage over dette så langt dei passer.
II
Denne lova tek til å gjelda straks.