Ot.prp. nr. 5 (1996-97)

Om lov om endringer i lov 10. juli 1936 nr 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror og i lov 25. juni 1936 nr 4 om enkelte bestemmelser angående meieriselskaper (Ny markedsordning for melk)

Til innholdsfortegnelse

I

I lov av 10. juli 1936 nr 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror gjøres følgende endringer:

§ 2 annet ledd skal lyde:

Landbruksdepartementet oppnemner medlemer med personlege varamedlemer for kvar av desse:

Norges Bondelag

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Forbrukerrådet

Handelens og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Norges Kooperative Landsforening

Norske Melkeprodusenters Landsforbund

Norsk Kjøttsamvirke

Norske Eggsentraler

Norges Pelsdyralslag

Gartnerhallen A/ L

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund

Barne- og familiedepartementet

Administrasjonsdepartementet

Norske Potetindustrier

Landbruksdepartementet

§ 5 tredje ledd skal lyde:

Avgiftene skal produsentane svara når dei sel, leverer eller fær uppgjerd for vara.

Nåværende § 5 tredje ledd blir nytt fjerde ledd.

Ny § 5 a skal lyde:

For å setja i verk produksjonsregulerande tiltak for mjølk som er fastsette i medhald av jordbruksavtalen eller Stortinget sitt vedtak, kan Kongen leggje ei avgift på omsetnaden av mjølk ut over tildelt part av den totale produksjonen (kvote).

§ 6 skal lyde:

For å utjamna prisskilnader som har si årsak i ulik bruk av mjølk og geografisk lokalisering av produksjonen, kan departementet fastsetja ei utjamningsavgift på einskilde mjølkeprodukt. Herunder kan departementet gje nærmare føresegner om kva for mjølkeprodukt det skal svarast avgift for og kor store dei ulike avgiftene skal vera.

§ 7 første ledd oppheves. Någjeldende annet ledd blir nytt første ledd og skal lyde:

Departementet gjev føresegner um utrekning, betaling og uppkrevjing av avgiftene og um rekneskapsførsla og tilsynet med at avgiftene kjem inn. I fyresegnene kan departementet fastsetja at avgiftene kan krevjast upp hjå handlarar, større forbrukarar og verksemder som kjøper avgiftspliktig vare, tek imot den til sal, lagring, kontroll, foredling eller annan handsaming eller som på vegne av produsenten tek imot uppgjerd for dei leverte varone.

§ 10 oppheves.

§ 11 skal lyde:

Dei pengane som kjem inn etter § 5 og § 5 agår til eit serskild fond for kvar avgift og kan berre nyttast etter vedtak av Omsetningsrådet til å fremja umsetnaden av vedkomande varor. Pengane vert styrde av rådet.

Dei pengane som kjem inn etter § 6 kan berre nyttast til å utjamna prisskilnader som har si årsak i ulik bruk av mjølk og geografisk lokalisering av produksjonen.

Departementet kan fastsetja tilskotssatsar og gje nærmare reglar for bruk av avgiftspengane etter andre ledd, herunder reglar om opplysningsplikt og kontroll. Departementet kan også oppnemna eit rådgjevande utval som skal gje innstilling om praktiseringa av utjamningsordninga.

Departementet kan gjera om Omsetningsrådet sine vedtak om bruk av avgiftspengar etter fyrste ledddersom vedtaket er i strid med lov, føresegner, eller gjeldande jordbruksavtale. Kongen kan gjere om vedtak dersom vedtaket er i strid med samfunnsinteresser.

§ 12 siste ledd oppheves. Første ledd skal lyde:

Vedkomande departement nemner upp eit utval på 4 medlemer som skal føre tilsyn med arbeidet og rekneskapene til rådet og dei institusjonane som får tilskot av avgiftene etter § 11 fyrste ledd.Utvalet vert uppnemnt for 4 år um gongen.

§ 17 skal lyde:

Departementet kan fastsetja at tilskotsordningar og andre tiltak som er fastsette i jordbruksavtalen, skal administrerast av Omsetningsrådet etter dei reglar som framgår av avtalen.

Til forsiden