3 Andre spørsmål
Departementet foreslår å føye til kortforma (matrikkellova) i den fulle tittelen til lova. Kortforma blei introdusert i Ot.prp. nr. 70 (2004-2005), og er mykje brukt i profesjonelle relasjonar. Det vil vere opplysande for alle brukarar av lova om kortforma òg går direkte fram av tittelen til lova.
Departementet meiner det kan vere behov for å presisere nærare når ein eigedom offisielt blir danna. § 5 andre ledd slår fast at ei ny matrikkeleining blir danna i det eininga blir ført inn i matrikkelen. Matrikuleringa blir likevel først fullført når kommunen har fått melding om at tinglysinga er utført som føresett, og kommunen har stadfesta dette ved å utferde matrikkelbrev, jf. 24 tredje ledd. For å sikre best samsvar mellom matrikkelen og grunnboka, foreslår departementet å setje det endelege danningstidspunktet i saker som krev tinglysing, lik tinglysingstidspunktet, dvs. tidspunktet for oppretting av grunnboksbladet. Det same skiljet mellom føring i matrikkelen og endeleg gjennomføring må òg gjelde ved andre tilsvarande saker, f.eks. arealoverføring og samanslåing. I saker som ikkje krev tinglysing, foreslår departementet å setje det endelege danningstidspunktet lik tidspunktet for opprettinga av eininga i matrikkelen. Departementet foreslår å ta inn presiseringa i form av ei tilføying til § 24 tredje ledd.
Noverande lov om eigedomsregistrering gir Kongen heimel til å påleggje kommunar å inngå interkommunalt samarbeid. Etter uttale frå Kommunal- og regionaldepartementet, foreslår Miljøverndepartementet å ikkje vidareføre denne føresegna, jf. merknadane til ny § 5 a andre ledd. Spørsmålet om lovpålagt interkommunalt samarbeid er nærare drøfta i kap. 4.4 i Ot.prp. nr. 95 (2005–2006) om lov om endringar i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (interkommunalt samarbeid) .
Etter gjeldande rett vil tinglysingsstyresmakta nekte å tinglyse dokument som endrar grenser, dersom ikkje systemet for eigedomsregistrering etter delingslova er følgt. Departementet meiner det vil vere opplysande om dette blir uttrykt direkte i regelverket, og foreslår derfor ei tilføying til tinglysingslova § 12a om at dokument som endrar grenser, ikkje kan tinglysast før endringa er matrikkelført.
Nokre høyringsinstansar uttalte i samband med høyring av forslag til forskrifter, at forholdet mellom innsyn i matrikkelen og utlevering av opplysningar frå matrikkelen i praksis kan vere uklart. Departementet foreslår på bakgrunn av dette ei presisering av forholdet mellom innsyn og utlevering, jf. merknadane til § 29.
Departementet foreslår i tillegg nokre mindre presiseringar bl.a. om høvet til å gi forskrifter, og i tilpassingane til plan- og bygningslova og eigarseksjonslova.