4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringane medfører ingen vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunane, staten, brukarane eller andre i forhold til gjeldande delingslov.
Lov om eigedomsregistrering set i fleire samanhengar større krav til kompetanse enn gjeldande delingslov. Dette blir ikkje endra med proposisjonen her. Det knyter seg bl.a. til dei nye sakstypane anleggseigedom, jordsameige og arealoverføring. Det knyter seg òg til at klarlegging av rettar til eigedom i større grad vil vere tema for oppmålingsforretninga enn i dag. Kommunar som ikkje har slik kompetanse, må syte for å skaffe seg dette, anten ved etterutdanning av eigne tilsette, nytilsetjingar eller ved å leige inn kompetent hjelp til denne type forretningar. Det ligg vel til rette for å organisere den kommunale eigedomsregistreringa gjennom interkommunalt samarbeid.
Kommunane kan på same måten som etter delingslova leige inn private tenesteleverandørar til å utføre ulike delar av eigedomsregistreringa. Kommunen kan også etter avtale delegere oppgåver til andre styresmakter, f.eks. interkommunal styresmakt eller Statens vegvesen.
Proposisjonen inneber at oppmålingsforretning vil inngå som eit integrert ledd i matrikkelføringa av saker som krev slik forretning. Kommunen skal normalt krevje eit samla gebyr for alt arbeide etter lova, jf. § 32. Det skal ikkje bereknast meirverdiavgift for slikt gebyr, jf. meirverdiavgiftslova § 5b første ledd nr. 7 om unntak for tenester som er ledd i offentleg styresmaktutøving. Dette er i samsvar med gjeldande delingslov.
Når det gjeld konsekvensar i forhold til lov om eigedomsregistrering, slik lova opphavleg var vedteken, må det skiljast mellom konsekvensar på kort og lengre sikt. På kort sikt hadde nokre utøvarar og utdanningsinstitusjonar i noko monn allereie begynt arbeidet med å tilpasse seg den nye lova, då forslaget om å endre lova blei offentleg. Etter vurderinga til departementet, blei desse konsekvensane likevel små, bl.a. fordi aktiviteten i bransjen i alle tilfelle er særs høg. Dei fleste førebuingane var i tillegg ikkje komne særleg langt då forskrifter, godkjenningsordning o.l. ikkje var endeleg utforma. På lengre sikt vil marknaden for private tenester auke langsamare enn den elles ville ha gjort, og kommunane må oppretthalde ansvaret for både oppmåling og registerføring. Statens kartverk vil spare kostnadar til etablering og drift av godkjenningsordninga for landmålarføretak. Dette inneber likevel inga netto innsparing då det var lagt til grunn at ordninga skulle vere sjølvfinansiert med gebyr. Statens kartverk må dessutan halde oppe, og i noko mon styrkje, den faglege rettleiinga av kommunane.