5 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
5.1 Merknader til endringar i lov om eigedomsregistrering
Til tittelen til lova
Kortforma «matrikkellova» blir føydd til, jf. omtale i motiva kapittel 3 første avsnitt.
Til § 3 Definisjonar
Bokstav h definerer oppmålingsforretning. Proposisjonen inneber at kommunen har ansvaret både for oppmålingsforretninga og matrikkelføringa jf. § 5 a andre ledd og omtale i motiva kapittel 2.6. Forretning og føring blir to steg i ei samla styresmaktoppgåve. Kommunen skal matrikkelføre oppmålingsforretninga straks forretninga er fullførd utan at det blir sett fram eit særskilt krav om matrikkelføring, jf. § 35 første ledd.
Definisjonane av landmålarføretak og ansvarleg landmålar i noverande bokstav i og j går ut.
Til kapittel 2 Matrikkelen og innhaldet i den o.a.
Kapittel 2 omfattar no òg ny § 5 a om matrikkelstyresmaktene. Det er derfor teke inn eit «og anna» i kapitteloverskrifta.
Til § 5 a Matrikkelstyresmaktene
Første ledd gjeld den sentrale matrikkelstyresmakta. Føresegna tilsvarar noverande § 22 første ledd. Statens kartverk er sentral matrikkelstyresmakt. Heimelen til å gi forskrifter til lova er lagt til departementet. Når det gjeld meir tekniske eller detaljerte tilhøve, kan det vere aktuelt at Statens kartverk gir utfyllande reglar i form av forskrift eller instruks.
Andre ledd gjeld den lokale matrikkelstyresmakta, jf. omtale i motiva kapittel 2.6. Kommunen vel sjølv korleis den lokale matrikkelstyresmakta skal organiserast. Kommunen kan under dette kjøpe tenester frå konsulentar eller andre tenesteleverandørar. Føresegna vidarefører i prinsippet gjeldande delingslov § 1-2 om oppmålingsstyresmakta. Første punktum tilsvarar noverande § 22 andre ledd første punktum, men med ei presisering om at kommunen som lokal matrikkelstyresmakt er ansvarleg både for oppmålingsforretningane og for matrikkelføringa. Andre punktum slår fast at kommunen, på same måte som etter gjeldande delingslov, etter avtale kan overlate til andre å utføre oppmålingsforretningar. Kommunen kan òg delegere oppmålingsoppgåver til anna styresmakt. Kommunen kan under dette vidareføre ordningar mange kommunar har i lag med Statens vegvesen, om at Vegvesenet kan utføre oppmålingsforretningar over veggrunn på vegner av kommunen, eller inngå nye liknande ordningar. Tilsvarande ordningar kan òg vere aktuelt for Jernbaneverket. Kommunen vil i alle tilfelle vere ansvarleg for dei oppmålingsforretningane andre utfører på vegner av kommunen. Kommunen må f.eks. behandle eventuelle klager på slike forretningar. Tredje punktum tilsvarar noverande § 22 andre ledd andre punktum. I mange tilfelle kan det liggje godt til rette for at fleire kommunar inngår avtale om felles matrikkelføring. Føresegna er endra i samsvar med dei nye føresegnene om interkommunalt samarbeid i kommunelova, jf. Ot. prp. nr. 95 (2005-2006). Kommunen kan både etter andre og tredje punktum delegere oppgåver til vertskommune for interkommunalt samarbeid, jf. kommunelova kapittel 5. Ordlyden «annan kommune» i tredje punktum omfattar såleis vertskommunesamarbeid både med og utan felles folkevalt nemnd. Klager på oppgåver som er delegerte til vertskommune med felles folkevalt nemnd, skal etter kommunelova behandlast av ei felles klagenemnd.
Noverande § 22 andre ledd tredje punktum gir Kongen heimel til å påleggje kommunar å inngå interkommunalt samarbeid. Føresegna blir ikkje vidareført, jf. motiva kapittel 3 tredje avsnitt.
Tredje ledd gir heimel for å gi nærare reglar om matrikkelstyresmaktene i forskrift.
Til kapittel 3 Vilkår for matrikulering og andre føringar som gjeld matrikkeleiningar
Nytt kapittel 3 omfattar §§ 6 til 20, dvs. noverande kapittel 3 Saker som krev oppmålingsforretning og kapittel 4 Vilkår for matrikkelføring med unnatak av § 21 om fastsetjing av adresse. Nytt kapittel 3 reknar opp saker som krev oppmålingsforretning, og fastset materielle vilkår for matrikkelføring i desse og andre tilgrensande saker som nemnt i § 6. Endringa er av redaksjonell karakter.
Til § 6 Krav om oppmålingsforretning før matrikkelføring
Første ledd er uendra.
Nytt andre ledd tilsvarar noverande § 10 femte ledd første punktum om høvet til å føre ny matrikkeleining inn i matrikkelen utan at oppmålingsforretninga er avslutta. Slik matrikkelføring set særlege krav til utforminga av delingsløyvet. Det kan vere behov for at partane møter i marka for å kunne ta stilling til ei førebels merking av grensene.
Noverande andre ledd blir nytt tredje ledd .
Nytt fjerde ledd gir heimel til å fastsetje nærare reglar i forskrift om matrikkelføring av ny matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning, under dette fastsetje vilkår for slik føring, og eventuelt utfyllande forskrifter til § 34 femte ledd om førebels merking og beskriving av grensene. Reglar om fullføring av oppmålingsforretning er gitt i § 35.
Til § 7 Krav om klarlagt grense før tinglysing av heimelsovergang
Noverande femte ledd slår fast at oppmålingsforretning skal vere halden og matrikkelført før ny festekontrakt til eksisterande festegrunn kan tinglysast, når kontrakten omfattar grunn utanfor dei eksisterande grensene. Føresegna blir flytta til tinglysingslova. Den nye føresegna i tinglysingslova § 12a første ledd tredje punktum dekkjer òg denne typen dokument.
Til § 8 Krav om matrikkelføring
Den noverande føresegna gjeld krav om matrikkelføring av oppmålingsforretning. Når kommunen har ansvaret både for oppmålingsforretninga og matrikkelføringa, skal det ikkje setjast fram særskilt krav om matrikkelføring. Kommunen skal i slike saker matrikkelføre oppmålingsforretninga straks forretninga er fullført, jf. § 35 første ledd. Noverande første ledd som omhandlar utferding av krav om matrikkelføring etter fullført oppmålingsforretning, blir derfor oppheva. Noverande andre ledd om kven som kan krevje oppmålingsforretning som endrar grenser for festerett, blir flytta til § 12 nytt fjerde ledd.
I saker som ikkje krev rekvisisjon av oppmålingsforretning, skal det framleis setjast fram krav om matrikkelføring, bl.a. gjeld det saker frå jordskifteretten. Krav til dokumentasjon i slike saker blir vidareført i første ledd første punktum som tilsvarar noverande tredje ledd, og andre ledd om forskrifter som tilsvarar noverande fjerde ledd. Føresegna er av redaksjonelle grunnar òg gjort gjeldande for andre saker der det ikkje skal rekvirerast oppmålingsforretning, jf. §§ 18, 19, 20 og 22. Første ledd andre punktum presiserer at det ikkje skal setjast fram særskilt krav om matrikkelføring når det er rekvirert oppmålingsforretning. Krav til dokumentasjon i slike saker blir gitt i forskrift med heimel i § 33, jf. §§ 10, 14, 15, 16 og 17.
Til § 9 Kven som kan krevje matrikkelføring av ny matrikkeleining
Noverande tredje ledd gir heimel til å gi forskrifter vedrørande krav om nytt jordsameige. Departementet foreslår å utvide heimelen til alle typar matrikkeleiningar i form av eit nytt fjerde ledd . Det kan bl.a. vere aktuelt å gi nærare reglar om kven som skal stå bak krav om matrikkelføring når grunnboksheimelen ligg til ulike former for sameige. Under høyringa av forslag til forskrifter kom det fram at eit vilkårslaust krav om samtykkje frå alle sameigarane ikkje vil vere like føremålsteneleg for alle typar sameige. Det kan òg vere aktuelt å presisere at verje i visse høve kan handle på vegner av umyndig, jf. verjemålslova § 38.
Til § 10 Felles vilkår for å matrikkelføre ny matrikkeleining (matrikulering)
Noverande tredje og fjerde ledd krev at det blir utferda særskilt søknad for å kunne opprette matrikkeleining med delar frå fleire eksisterande einingar, og for å kunne opprette matrikkeleining utan at alle eksisterande grenser er målte. Føresegnene byggjer på den vedtekne rollefordelinga mellom eit utførande landmålarføretak på den eine sida og kommunen som kontrollerande styresmakt på den andre sida. Når kommunen etter proposisjonen blir ståande ansvarleg for begge oppgåvene, er det ikkje nødvendig med nokon slik særskilt søknad. Tilvisinga til slik søknad i tredje og fjerde ledd er derfor teken bort. Kommunen bestemmer ut i frå sitt faglege skjønn om denne typen registreringar kan gjennomførast.
Føresegnene i noverande femte ledd om matrikkelføring utan at oppmålingsforretninga er fullført, er overført til andre føresegner. Første punktum om vilkår for slik føring, er flytta til § 6 andre ledd. Føresegna i andre punktum om førebels merking og beskriving av grensene, vil bli dekt med forskrifter til §§ 6 og 34. Føresegnene i andre og tredje punktum om tidsfristar og plikta kommunen har til å fullføre oppmålingsforretninga, går fram av § 35.
Til § 12 Særskilt om matrikkelføring av festegrunn
Nytt fjerde ledd fastset at oppmålingsforretning som endrar grensene for festerett, berre kan matrikkelførast når det ligg føre samtykkje frå festaren. Føresegna tilsvarar noverande § 8 andre ledd. Nemninga «matrikulering» i overskrifta til paragrafen er derfor endra til «matrikkelføring».
Til § 15 Arealoverføring
Endringa er ei redaksjonell presisering.
Til § 17 Klarlegging av eksisterande grense
Proposisjonen inneber at det ikkje skal setjast fram eit særskilt krav om matrikkelføring etter at oppmålingsforretninga er fullført, jf. merknad til § 3. Tilvisinga til eit slikt krav i første ledd fell derfor bort.
Nytt andre ledd gir heimel for forskrifter om klarlegging av eksisterande grense. Når kommunen etter proposisjonen skal stå ansvarleg for oppmålingsdelen, kan det under dette vere aktuelt å vidareføre tilsvarande reglar om fritak frå krav om oppmålingsforretning som etter gjeldande forskrift 19. oktober 1979 nr. 4 til delingslova kap. 21 om utsetjing og påvising av grenser ut frå utferda målebrev.
Til § 18 Samanslåing av eksisterande matrikkeleiningar
Det blir i første ledd nytt tredje punktum presisert at samanslåing ikkje må skape forhold som kjem i strid med anna lovgiving, under dette rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova, jf. § 16 første ledd andre punktum om grensejustering.
Endringa i andre ledd er ei språkleg forenkling. Endringa er ein språkleg parallell til den endra ordlyden i § 17.
Lova legg opp til at reglar om samanslåing først og fremst blir gitt i forskrift, jf. merknadane til § 18 i Ot.prp. nr. 70 (2004-2005). I tredje ledd om heimelen til å gi forskrift, blir det presisert at det kan vere aktuelt å gi reglar som innskrenkar eller utvidar høvet til samanslåing.
Til § 19 Avtale om eksisterande grense
I utgangspunktet bør alle avtaler om eksisterande grenser kunne få ein referanse i matrikkelen, men departementet kan ikkje sjå bort frå at nokre dokument vil kunne vere av ei slik art at det vil vere i strid med formålet med matrikkelen å ta inn ein referanse til dokumentet. Kommunen bør derfor kunne avgjere på matrikkelfagleg grunnlag at dokumentet ikkje skal refererast. Kommunen skal etter proposisjonen ha tilgang til både oppmålingsteknisk og matrikkelfagleg kompetanse, og vil såleis ha eit godt fagleg grunnlag for å kunne avgjere kva for opplysningar som bør takast inn i matrikkelen. Kommunen bør ikkje referere til ei avtale dersom det ikkje er tilfredsstillande godtgjort at avtala gjeld eksisterande grense. Det at ein referanse blir teken inn i matrikkelen medfører likevel inga form for kommunal «godkjenning» av avtala. Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om slike avtaler, under dette nærare reglar om kva for avtaler som kan få slik referanse, og om krav til form og innhald i avtala.
Til § 20 Fastsetjing av samla fast eigedom
Departementet har i fjerde ledd presisert at forskrifter òg kan omfatte reglar som innskrenkar eller utvidar høvet til å fastsetje samla fast eigedom.
Til kapittel 4 Adresser til eigedommar og bygningar
Reglar om fastsetjing av offisiell adresse for eigedommar og bygningar går fram av § 21, og er av ein noko annan karakter enn dei føregåande føresegnene. Redaksjonelt passar derfor § 21 betre under eiga kapitteloverskrift.
Til § 21 Fastsetjing av offisiell adresse
Det blir presisert at departementet òg kan gi reglar om skilting av offisiell adresse, jf. delingslova § 4-1 femte ledd. Departementet kan delegere til kommunane å gi utfyllande reglar, under dette om plassering og utforming av nummerskilt.
Til § 22 Generelt om føring av matrikkelen
Noverande første ledd om sentral matrikkelstyresmakt er flytta til ny § 5 a første ledd. Noverande andre ledd om lokal matrikkelstyresmakt, blir erstatta av føresegnene i ny § 5 a andre ledd.
Noverande tredje ledd blir nytt første ledd . Føresegna fastset reglar for saksbehandling av krav om matrikkelføring. Rekvisisjon av oppmålingsforretning inneber implisitt òg eit krav om matrikkelføring, jf. merknad til § 3. Kommunen skal derfor matrikkelføre slike saker utan at det blir sett fram eit særskilt krav om matrikkelføring, jf. § 35 første ledd. Departementet foreslår likevel å behalde den noverande ordlyden då føresegna òg relaterer seg til saker som ikkje krev oppmålingsforretning. Føresegna presiserer at kommunen skal behandle krav om matrikkelføring utan unødig opphald. Dersom det er vesentlege manglar ved kravet, skal kommunen returnere saka. Den som kan krevje saka matrikkelført, må deretter setje fram nytt krav. Dersom mangelen er uvesentleg, kan kommunen matrikkelføre saka. Mindre vesentlege manglar bør ikkje føre til at det tiltaket som saka skal leggje grunnlag for, f.eks. ei byggjesak, blir unødig seinka. Dersom saka krev at det er fatta bestemte vedtak på førehand, bør kommunen i regelen ikkje matrikkelføre saka før klagefristane for slike vedtak er gått ut og eventuelle klager er avgjort, jf. merknad til § 35.
Noverande sjuande ledd fastset at ansvarleg landmålar ikkje samtidig kan vere matrikkelførar. Føresegna passer ikkje når kommunen står for både oppmåling og registerføring. Departementet foreslår derfor å oppheve føresegna.
Til § 24 Tinglysing og utferding av matrikkelbrev
I første ledd er «samanslåing» og «endring av eigarseksjon» føydd til i opprekninga av saker kommunen skal sende til tinglysing. Endringa er ei presisering av redaksjonell art.
I andre ledd er eit komma føydd til etter «grunnboka». Endringa er av språkleg art.
Tredje ledd første punktum presiserer at saker som krev tinglysing, ikkje er fullført før kommunen har fått melding om at tinglysinga er utført som føresett, og kommunen har stadfesta dette ved å utferde matrikkelbrev . For å sikre best samsvar mellom matrikkelen og grunnboka, foreslår departementet å presisere i nytt andre punktum at det formelle gjennomføringstidspunktet i slike saker er lik tinglysingstidspunktet. Sjå òg omtale i motiva kapittel 3 andre avsnitt. Dette endrar ikkje at ei matrikkeleining må reknast som oppretta i matrikkelen, når eininga blir ført inn i matrikkelen og får eige matrikkelnummer, jf. §§ 5 andre ledd og 23 første ledd. Departementet understrekar at nytt andre punktum berre gjeld saker der tinglysing er obligatorisk. I saker som ikkje krev tinglysing, men der tinglysing er kravd særskilt, jf. § 24 fjerde og femte ledd, blir matrikuleringstidspunktet såleis lik tidspunktet for opprettinga av eininga i matrikkelen.
Nytt tredje punktum (noverande andre punktum) fastset at kommunen skal sende det ferdige matrikkelbrevet til landmålarføretaket. I staden må kommunen no sende brevet direkte til rekvirenten, jf. merknad til § 35. Når heimelsforholda inneber at fleire står bak rekvisisjonen, må kommunen sende matrikkelbrevet til alle desse.
I fjerde punktum (noverande tredje punktum) om utferding av matrikkelbrev til naboeigedommar blir det presisert at kommunen i slike tilfelle skal utferdige relevant matrikkelbrev for vedkommande einingar.
Fjerde til sjette ledd er uendra.
Sjuande ledd gir heimel til å fastsetje forskrifter. Det kan bl.a. vere aktuelt å fastsetje rutinar som sikrar nødvendig samsvar mellom matrikkelen og grunnboka for andre typar matrikkelføringar enn dei som er nemnt i første ledd. Det kan under dette vere aktuelt å gi forskrifter om utferding av matrikkelbrev i saker som ikkje krev oppmålingsforretning og kven kommunen då skal sende matrikkelbrevet til.
Til § 25 Matrikkelføring av opplysningar om bygningar, adresser, eigarseksjonar, kommunale pålegg o.a.
I fjerde ledd er eit komma føydd til etter «bygningar». Endringa er av språkleg art.
Matrikkelsystemet er lagt opp slik at den einskilde kommunen ut frå lokale behov i noko monn kan vedta å føre eigne kommunale opplysningar i matrikkelen. Det kan f.eks. vere aktuelt for kommunar å føre fleire typar kommunale pålegg enn det som det frå starten blir lagt opp til frå sentralt hald. Departementet foreslår å føye til ei presisering om dette i sjette ledd .
Til § 26 Retting av opplysningar i matrikkelen og sletting av matrikkeleining
Endringa i femte ledd er av redaksjonell art. Departementet meiner likevel det kan vere behov for å knytte nokre utdjupande merknadar til føresegna. Paragrafen gir føresegner om retting av opplysningar i matrikkelen, under dette sletting av matrikkeleining som er urett oppretta eller som fysisk ikkje lengre eksisterer. For slik retting gjeld òg føresegnene i arkivlova, jf. arkivlova § 9 bokstav d om at arkivmateriale ikkje må rettast på ein slik måte at tidlegare urette eller ufullstendige opplysningar blir sletta. Ved sletting av matrikkeleining må derfor dei registrerte opplysningane takast vare på i systemet, men det blir markert at den aktuelle matrikkeleininga ikkje lenger inngår som ei eining i registeret.
Dei atterhalda i arkivlova og personopplysningslova som gjeld retting av personopplysningar, gjeld òg for matrikkelen. Det inneber bl.a. at Datatilsynet i ei konkret sak kan vedta at retting skal skje ved å slette eller sperre opplysningar i matrikkelen dersom tungtvegande personvernomsyn tilseier dette, jf. personopplysningslova § 27 tredje ledd. Når femte ledd fastset at reglane om retting i lov om eigedomsregistrering går framom personopplysningslova § 27, er dette først og fremst knytt til at ein part ikkje einsidig kan krevje retting av opplysningar som òg kan gjelde andre partar, og at retting av opplysningar i matrikkelen bl.a. må følgje dei saksbehandlingsreglane som lov om eigedomsregistrering set opp, f.eks. krav om oppmålingsforretning, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004-2005) kap. 25.4.3 s. 135.
I sjette ledd om forskrifter blir det presisert at departementet òg kan gi nærare reglar om korleis underretting om retting skal skje. Når det gjeld rettingar av meir registerteknisk karakter, f.eks. retting av bygningskoordinatar, kan det vere aktuelt å sløyfe kravet om særskilt underretting.
Til § 29 Innsyn i matrikkelen
Noverande andre ledd slår fast at kommunen skal utlevere utskrift av matrikkelen med opplysningar om ei bestemt matrikkeleining når nokon krev det. Departementet ønskjer å presisere at ulevering av slik utskrift skal behandlast etter reglane om utlevering av opplysningar frå matrikkelen, jf. § 30. Dette er i tråd med Ot.prp. nr. 70 (2004-2005) som la til grunn at reglane om innsyn i det som er registrert om framande eigedommar skulle sjåast i samanheng med føresegnene om utlevering, jf. merknadane til § 29. Departementet foreslår derfor å oppheve noverande andre ledd. Endringa innskrenkar ikkje retten til innsyn i opplysningar om eigne eigedommar.
Til § 32 Offentlege gebyr og betaling for matrikkelopplysningar
Departementet foreslår å endre første ledd om gebyr. Proposisjonen inneber at oppmålingsforretning vil inngå som eit integrert ledd i matrikkelføring av saker som krev slik forretning. Departementet foreslår derfor at kommunen i slike saker skal fastsetje eit samla gebyr for heile saka. Omfanget av ei oppmålingsforretning kan variere mykje. Departementet vil derfor ikkje lengre ha eit tilstrekkeleg sikkert grunnlag for å kunne setje brukande maksimalsatsar i slike saker. Gebyra bør i utgangspunktet fastsetjast på bakgrunn av kostnadane i den enkelte saka, men det er ikkje noko krav om eksakte berekningar. Kommunen kan til ein viss grad la enkelte typar saker subsidiere andre typar saker.
Høgsterett tok 26. oktober 2004 stilling til kva som kan reknast som ugyldig oppmålingsgebyr etter delingslova, jf. Rt-2004 s. 1603. Saka gjaldt eit stort utbyggingsareal på ca. 356 dekar. Kommunen hadde brukt ca. 200 timer på arbeidet. Basert på ei timesats på kr. 940 ville dette gitt eit gebyr på i underkant av kr. 200.000. Kommunen berekna i staden eit gebyr basert på storleiken av arealet, og kom til ca. 1,1 mill. kr.
Eit fleirtal på tre dommarar meinte at eit slikt gebyr var ugyldig. Fleirtalet aksepterte at kommunen baserte gebyrberekninga på arealet, men meinte at kommunen i så fall måtte bruke satsar som tok større omsyn til dei gjennomsnittlege kostnadane slik at gebyret kom nærare dei faktiske kostnadane òg for så store areal. Mindretalet på to dommarar viste til at dei samla kostnadane til kommunen med kart- og delingsforretningane oversteig dei samla gebyrinntektene. Mindretalet meinte at delingslova gir kommunen stor fridom til å basere gebyrregulativet på ulike berekningsmåtar så lenge dei samla gebyrinntektene ikkje overstig dei samla kostnadane, og at gebyret i den konkrete saka derfor ikkje kunne dømmast for ugyldig.
Departementet foreslår å vidareføre dei rammene som fleirtalet i Høgsterett her kom fram til, òg etter lov om eigedomsregistrering. Kommunane skal, innafor desse rammene, likevel ha stor fridom til korleis dei vil byggje opp eigne gebyrregulativ. Det må såleis liggje føre ein vesentleg beløpsdifferanse i forhold til dei faktiske kostnadane før eit gebyr skal reknast som ugyldig. Departementet oppfordrar Kommunanes sentralforbund til å vidareføre arbeidet med rettleiande gebyrnormalar. Det vil i så fall vere naturleg at kommunane i regelen følgjer denne rettleiinga.
Departementet vil i forskrift fastsetje nærare reglar om når gebyret skal vere betalt, og om reduserte gebyr når kommunen ikkje held tidsfristar. Det kan òg vere aktuelt at departementet i forskrift fastset maksimalsatsar for enkelte reine føringssaker som ikkje omfattar oppmålingsforretning og som er av standardisert karakter landet sett under eitt. Det kan under dette vere aktuelt at enkelte slike saker skal vere gebyrfrie når gebyr kan ha uheldige avsilingseffektar.
Til kapittel 7 Oppmålingsforretning
Noverande kapittel 7 omfattar reglar om både oppmålingsforretning og godkjenning av landmålarføretak. Proposisjonen inneber at godkjenningsordninga for landmålarføretak fell bort. Endringa av ordlyden i overskrifta til kapittel 7 er ein redaksjonell konsekvens av dette.
Til § 33 Oppmålingsforretning
Føresegnene i §§ 33 Oppmålingsforretning og 36 Utføringa av oppdraget, varsling, o.a. er slått saman.
Første ledd. Første punktum om kva oppmålingsforretninga går ut på, tilsvarar noverande § 33 første ledd. Andre punktum om korleis oppmålingsforretninga skal utførast, tilsvarar noverande § 36 første ledd. Ordlyden er endra i samsvar med at kommunen etter proposisjonen blir ansvarleg for utføringa av oppmålingsforretninga. Kommunen kan etter avtale overlate til andre å utføre oppmålingsforretningar på sine vegner, jf. § 5 a andre ledd. Det vil framleis vere jordskifteretten som er ansvarleg for forretninga når jordskifteretten utfører oppmålingsforretning etter jordskiftelova, jf. femte ledd og jordskiftelova § 86.
Oppmålingsforretninga blir etter proposisjonen meir ei offentleg styresmaktoppgåve enn ei teneste. Det får følgjer for rolla til den som utfører forretninga, både leiaren av forretninga og eventuelle assistentar. Vedkommande må halde seg til forvaltningslova, og kan ikkje opptre som rådgivar for ein part meir enn andre. Utføringa av sjølve oppmålingsforretninga reknast likevel ikkje som noko enkeltvedtak. Utføringa vil i stor grad vere fastlagd gjennom tekniske standardar og faglege krav, det som i sum blir kalla god landmålarskikk.
Det treng etter omstenda ikkje vere noko i vegen for at ein kommunalt tilsett landmålar utfører ei forretning over kommunal grunn. Det er likevel viktig at partane straks får opplysning om forhold som kan svekkje tilliten til den som utfører forretninga. Når kommunen er part i saka, bør kommunen vere representert som part med ein annan person enn den som utfører forretninga.
Kravet til utføring og dokumentasjon av oppmålingsforretning blir ikkje endra. Kommunen må syte for at oppmålingsforretningane kan utførast med nødvendige krav til kvalitet, tryggleik og tillit, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004-2005) kapittel 11.
Andre ledd er uendra.
Noverande tredje ledd andre punktum er endra. Føresegna vidarefører reglane i delingslova § 3–2 første ledd om utføring av delingsforretning. Hovudregelen er at ny grense skal merkjast i samsvar med løyvet til kommunen. Dersom tilhøva i terrenget talar for det, kan den som utfører forretninga, etter ønske frå rekvirenten, likevel gjere mindre avvik. Etter omstenda kan dette òg krevje samtykke frå eventuelle andre partar, f.eks. kjøpar av ei involvert eining. Kva som er meint med mindre avvik vil vere avhengig av korleis delingsløyvet er utforma, dei gjeldande arealplanføresegnene, og storleiken på og lovleg arealbruk for dei involverte einingane. Departementet legg til grunn at mindre avvik etter denne føresegna som regel vil omfatte mindre areal enn det som kan overførast etter § 16 om grensejustering, og aldri kan gå ut over skrankane for grensejustering.
Fjerde ledd. Ordlyden i første punktum om tilgang til grunn er endra slik at den viser direkte til den som utfører forretninga. Noverande andre punktum om legitimering blir stroke. Føresegna blir i staden dekt av generelle reglar for korleis representantar for kommunen skal legitimere seg.
Femte ledd er uendra.
Nytt sjette ledd gir heimel for forskrifter om oppmålingsforretning, under dette tilsvarande heimel som etter noverande § 8 om nødvendig dokumentasjon for føring av matrikkel og grunnbok, § 36 om varsling og proklama, og § 38 femte ledd om utføring av kommunale oppmålingsforretningar. Sjølv om det ikkje skal setjast fram eit særskilt krav om matrikkelføring av oppmålingsforretninga, ligg det til rette for at kommunen organiserer oppmåling og matrikkelføring slik at det kan gjennomførast ein sjølvstendig kontroll av oppmålingsforretninga før den blir matrikkelført. Departementet vil i forskrift gi tilsvarande føresegner som noverande § 36 andre ledd om varsling av oppmålingsforretning. Det vil vere kommunen som no blir ansvarleg for å varsle partane. Departementet vil vurdere å forlengje varslingsfristen som i dag er ei veke.
Til § 35 Rekvisisjon og fullføring av oppmålingsforretning
Føresegna erstattar noverande § 35 om bestilling av oppmålingsforretning.
Første ledd. Rekvisisjon av oppmålingsforretning skal setjast fram overfor den kommunen som skal matrikkelføre forretninga. Kven som kan rekvirere forretninga, går fram av §§ 9, 14, 15, 16 og 17. Kommunen har plikt til å utføre alle oppdrag om oppmålingsforretning sett fram av nokon som har krav på å få oppmålingsforretninga matrikkelført i kommunen. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett, jf. delingslova § 1-2. Departementet viser elles til Ot.prp. nr. 70 (2004-2005) kapittel 10.1.4 andre og tredje avsnitt om kven som er partar i ei oppmålingsforretning.
Rekvisisjon av oppmålingsforretning inneber implisitt òg eit krav om matrikkelføring, jf. merknad til § 3. Krava i § 22 nytt første ledd kjem såleis òg til bruk i forhold til rekvisisjon av oppmålingsforretning. Det betyr at rekvisisjon som ikkje tilfredsstiller vilkåra etter denne lova, skal avvisast og returnerast til rekvirenten. Avvisinga skal vere skriftleg og grunngitt. Dersom rekvisisjonen har mindre manglar, kan kommunen likevel utføre forretninga. Kommunen skal i så fall setje ein frist for å rette mangelen.
Kommunen skal gjennomføre og matrikkelføre forretninga utan unødig opphald, jf. merknad til § 22. Det kan vere aktuelt å setje ein øvre frist i forskrift, f.eks. 12 veker, men fristen kan måtte gjerast avhengig av årstida. Kommunen og rekvirenten kan avtale lengre frist, men ikkje lengre enn to år. Forretninga kan godt haldast utan at det er gitt endeleg løyve etter plan- og bygningslova § 93 første ledd bokstav h, men kommunen kan under ingen omstende matrikkelføre forretninga før løyvet er rettskraftig, jf. §§ 10 og 15. Kommunen bør i tillegg vere forsiktig med å matrikkelføre forretninga før klagefristane er gått ut og eventuelle klager er avgjort. Fristen kommunen har for å gjennomføre og matrikkelføre forretninga, blir å rekne frå alle vilkåra er endeleg avklart.
Andre ledd gir kommunen høve til å avvise å ta opp sak som gjeld klarlegging av eksisterande grense på nytt dersom grensa allereie er kartlagt. Føresegna tilsvarar delingslova § 2-1 fjerde ledd. Dersom rekvirenten kan vise til at det er komme nye opplysningar i saka, bør kommunen vere varsam med å avvise eit krav om ny forretning. Partane vil i alle høve kunne bringe saka inn for retten.
Tredje ledd om rolla til fylkesmannen tilsvarer i prinsippet føresegnene i delingslova § 2-6 andre ledd. Nærare reglar om slikt vedtak og gjennomføring av slik forretning kan gis i forskrift.
Til oppheva § 36
Noverande første ledd om utføring av oppmålingsforretning er flytta til § 33 første ledd.
Departementet foreslår å flytte føresegnene i noverande andre ledd om varsling av oppmålingsforretning til forskrift, jf. merknadane til § 33 sjette ledd.
Føresegnene i noverande tredje ledd om habilitet blir oppheva. Oppmålingsforretninga blir no dekt av dei generelle reglane om habilitet i forvaltningslova.
Forskriftsheimelen i noverande fjerde ledd er flytta til § 33 sjette ledd.
Til oppheva § 37
Noverande føresegner om journalføring og arkivering fell bort. Slike forhold blir no dekte av generelle reglar om offentlege arkiv, jf. lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv.
Til oppheva § 38
Noverande føresegner om godkjenning av landmålarføretak, og om kommunal einerett etter særskilt vedtak, fell bort.
Til § 39 Geodetisk grunnlag, jf. oppheva § 40
Noverande § 40 pålegg kommunen å føre eit register over alle fastmerka i kommunen. Når kommunen får det fulle ansvaret for oppmålingsforretningane, vil det vere mindre behov for å regulere etablering og drift av kommunale fastmerkeregister i form av lov. I tillegg fører den tekniske utviklinga til at kommunane i større grad kan nytte data frå det nasjonale grunnlaget direkte i eiga verksemd, under dette overvakingsdata om globale og regionale endringar i jordkloten. Fastmerkeregister vil i hovudsak vere eit internt hjelpemiddel for kommunen. Departementet foreslår derfor å oppheve § 40, og i staden ta inn eit nytt andre ledd i § 39 som på eit meir generelt grunnlag slår fast plikta kommunen har for geodetiske data i den grad nasjonale data ikkje dekkjer behovet til kommunen. Kommunen må under dette vedlikehalde eksisterande kommunale grunnlag, og utarbeide transformasjonsformlar der dette er nødvendig. Overskrifta til § 39 er endra tilsvarande.
Til § 41 Rett til å utføre oppmålingsarbeid på offentleg og privat grunn
Noverande første ledd tredje punktum reknar opp landmålarføretak blant dei som har rett til å utføre oppmålingsarbeid på offentleg og privat grunn. Då landmålarføretak etter proposisjonen ikkje lengre blir noko omgrep etter lova, går denne tilvisinga ut.
Til § 46 Klage
Noverande første ledd bokstav a gir klagerett på matrikkelføring som skjer på grunnlag av oppmålingsforretning etter § 6. Departementet foreslår at klage på matrikkelføringa òg skal kunne gjelde forhold knytt til varslinga og utføringa av forretninga, under dette om forretninga er utført i samsvar med god landmålarskikk, jf. § 33. Oppmålingsforretninga er i seg sjølv ikkje noko enkeltvedtak. Er forretninga utført i samsvar med god landmålarskikk, og det ikkje er gjort sannsynleg at det hefter feil ved forretninga som får verknad for matrikkelføringa, vil klagaren derfor ikkje ha krav på ny realitetsavgjerd om landmålingstekniske og andre forhold som fell inn under det faglege skjønnet til landmålaren.
Sjølv om klagen gjeld utføringa av forretninga, vil gjenstanden for klagen vere matrikkelføringa. Klagefristen blir såleis å rekne frå det tidspunktet som underretninga om matrikkelføringa kjem fram til parten. Det er ikkje til hinder for at kommunen kan ta i mot klagen på eit tidlegare tidspunkt. Etter omstenda kan dette gi kommunen høve til å rette opp eventuelle feil undervegs i prosessen.
Eit eksempel på forhold som det kan klagast på, er når landmålaren ikkje utfører ei grensejustering i samsvar med ønsket til partane. Det same gjeld avgjerd om å matrikkelføre oppmålingsforretning som ikkje er fullført, jf. § 6 andre ledd. Den motsette avgjerda, når kommunen bestemmer at oppmålingsforretninga skal fullførast på ordinær måte, vil derimot vere ei prosessleiande avgjerd som det ikkje kan klagast på. Når det gjeld avgjerd om å gjere mindre avvik frå delingsløyvet ved fastsetjing av ny grense, jf. § 33 fjerde ledd, kan ein part klage på at eit avvik er for stort eller ikkje samsvarar med ønsket til partane. Partane har ikkje krav på å få gjennomført eit bestemt avvik. Avgjer landmålar at det ikkje skal gjerast noko avvik, kan dette ikkje klagast på. Rekvirenten må i så fall be om at forretninga blir avbroten, og sende ny søknad om deling. Det kan heller ikkje klagast på privatrettslege forhold.
Ny bokstav k gir klagerett på fastsetjing av gebyr for oppmålingsforretning og anna arbeid etter lova. I saker som ikkje inneheld ei oppmålingsforretning, og der det ikkje blir fastset noko særskilt gebyr i den konkrete saka, men gebyret i staden går eintydig fram av forskrift eller gyldig kommunalt regulativ, vil det ikkje vere klagerett på storleiken av gebyret.
Ny bokstav l gir klagerett når nokon får avslag på rekvisisjon av oppmålingsforretning.
Ny bokstav k og l erstattar noverande bokstav m om klage på gebyr og avslag på å utføre kommunale oppmålingsforretningar.
Noverande første ledd bokstavane c, l og n blir oppheva sidan føresegnene dei viser til blir oppheva, dvs. dei noverande føresegnene § 10 femte ledd om fullføring av oppmålingsforretning for heimelshavar si rekning, § 38 om godkjenning av landmålarføretak, og § 40 om fastmerkeregister. Tilsvarande gjeld i forhold til andre ledd fjerde punktum om utlevering av opplysningar frå fastmerkeregister, og tredje ledd om at underretning i klagesak skal sendast til landmålarføretaket.
Til § 50 Iverksetjing
Endringa er ein redaksjonell konsekvens av forslaget om å oppheve § 7 femte ledd.
Til § 51 Overgangsreglar
Noverande andre til fjerde ledd gir føresegner om overgang frå gjeldande organisering etter delingslova til ny organisering etter den vedtekne lova. Kommunane skal etter proposisjonen i staden vidareføre dagens organisering. Overgangsføresegnene i andre til fjerde ledd kan derfor opphevast. Andre overgangsreglar som det kan bli behov for, kan gis i forskrift. Dette blir presisert i forslag til tredje ledd . Det er bl.a. viktig å sikre at alle tidlegare forretningar etter delingslova blir fullførte innan rimeleg tid, jf. gjeldande treårsfrist.
5.2 Merknader til endring i tinglysingslova § 12a
Jf. lov om eigedomsregistrering § 52 nr. 4, og omtale i motiva kapittel 3 fjerde avsnitt
Det går fram av noverande første og andre punktum at det ikkje kan opprettast grunnboksblad for matrikkeleining før eininga er oppretta i matrikkelen. Nytt tredje punktum presiserer at dette òg gjeld andre dokument som endrar grenser for matrikkeleining. Presiseringa er i samsvar med gjeldande rett, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004-2005) kapittel 10.1.5. Ordlyden dekkjer òg § 7 femte ledd i noverande lov om eigedomsregistrering som krev at oppmålingsforretning skal vere matrikkelført før det kan tinglysast festekontrakt til eksisterande festegrunn dersom festeforholdet omfattar grunn utanfor dei eksisterande grensene for festegrunnen.
Retten, under dette jordskifteretten og forliksrådet, kan gjere unntak frå kravet om matrikkelføring før tinglysing når den finn det formålsteneleg. Det er i så fall viktig at forholdet blir matrikkelført i ettertid, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004-2005) kapittel 24.
5.3 Merknader til endring i jordskiftelova § 88a
Jf. lov om eigedomsregistrering § 52 nr. 9.
Ordlyden er i samsvar med forslag til endringar i Ot.prp. nr. 25 (2006-2007) om lov om reindrift (reindriftsloven), jf. § 83 nr. 7. Føresegna er teken med her for å sikre at endringa i jordskiftelova ved reindriftslova ikkje fell bort dersom lov om eigedomsregistrering trer i kraft etter den nye reinsdriftslova.
5.4 Merknader til endringar i plan- og bygningslova
Endringane gjeld §§ 63, 93 første ledd bokstav h, 93b nr. 1 andre ledd, 94 nr. 1 tredje ledd og 96 fjerde ledd, jf. lov om eigedomsregistrering § 52 nr. 11.
Til plan- og bygningslova § 63
Føresegna fastset materielle reglar for dei tiltaka som i gjeldande lov går under omgrepet «deling av eiendom», som i noverande § 63 blei endra til «opprettelse og endring av matrikkelenhet». Departementet foreslår å bruke same omgrepet som i kapitteloverskrifta, dvs. «opprettelse og endring av eiendom». Departementet foreslår vidare å endre ordlyden slik at den betre samsvarar med opprekninga av eigedomsdanningstiltaka i § 93 første ledd bokstav h, dvs. oppretting av ny grunneigedom, ny anleggseigedom eller nytt jordsameige, eller ny festegrunn for bortfeste som kan gjelde i meir enn 10 år. Føresegna gjeld tilsvarande ved endring av eksisterande eigedomsgrenser. Endringane er av redaksjonell art. Departementet legg til grunn at det i samband med vedtaket om lov om eigedomsregistrering i 2005, ikkje var intensjonen til lovgjevar at § 63 òg skulle gjelde bruksrettsgrenser mellom eigarseksjonar.
Til plan- og bygningslova § 93 første ledd bokstav h
Ordet «samt» i oppregninga i første punktum er endra til «eller» for betre språkleg konsistens. Andre punktum gjeld dei same tiltaka som i første punktum, dvs. oppretting av ny grunneigedom, ny anleggseigedom eller nytt jordsameige, eller oppretting av ny festegrunn for bortfeste som kan gjelde i meir enn 10 år, eller arealoverføring. Ordet «deling» er derfor endra til «tiltak». Endringane er av redaksjonell art.
Til plan- og bygningslova §§ 93b nr. 1 andre ledd og 94 nr. 1 tredje ledd
Departementet foreslår å oppheve føresegna i noverande § 93b nr. 1 andre ledd andre punktum som gir kommunen høve til å krevje at søknad om deling blir utforma av eit godkjent landmålarføretak. Dette er ein konsekvens av at ordninga med godkjente landmålarføretak etter lov om eigedomsregistrering no fell bort. Spørsmålet om ansvarleg søkjar i delingssaker kan eventuelt vurderast nærare i samband med kommande endringar i plan- og bygningslova.
Reglane i gjeldande plan- og bygningslov om kven som kan søkje om deling, blir med dette uendra. Departementet foreslår derfor å behalde gjeldande redaksjon på dette punktet. Det inneber at føresegna i noverande § 93b nr. 1 andre ledd første punktum om kven som kan søkje om oppretting av ny grunneigedom o.a., blir å flytte tilbake til § 94 nr. 1 tredje ledd. Forslaget inneber inga endring når det gjeld rekkevidda av saksbehandlingsreglane i delingssaker, slik dette forholdet blei presisert i Ot.prp. nr. 70 (2004-2005) kap. 27.1 sjette avsnitt s. 145 andre sp.
Til plan- og bygningslova § 96 fjerde ledd
Etter noverande første punktum fell delingsløyvet bort etter tre år dersom det ikkje blir sett fram krav om matrikkelføring . Departementet foreslår at tida, i samsvar med prinsippa bak denne proposisjonen, skal reknast til tidspunktet for rekvisisjon av oppmålingsforretning. Departementet foreslår i tillegg ei forenkling i ordlyden av redaksjonell art.
5.5 Merknader til endringar i eigarseksjonslova
Endringane gjeld §§ 5, 7, 9, 11 og 12, jf. lov om eigedomsregistrering § 52 nr. 15.
Til eigarseksjonslova § 5
Departementet viser til forslag om å presisere at det formelle gjennomføringstidspunktet for saker som krev tinglysing, skal reknast samstundes med tinglysinga, jf. forslag til endring i lov om eigedomsregistrering § 24 tredje ledd og omtale i motiva kapittel 3 andre avsnitt. Departementet foreslår at dette òg skal gjelde ved oppretting og endring av eigarseksjonar. Det inneber at endeleg seksjonering eller reseksjonering skjer ved tinglysing. Dette er i samsvar med gjeldande eigarseksjonslov. Endringa i eigarseksjonslova som blei vedteken samstundes med ny lov om eigedomsregistrering, men som ikkje er sett i verk, må derfor reverserast på dette punktet.
Til eigarseksjonslova § 7
Etter noverande andre ledd må det setjast fram eit krav om matrikkelføring når seksjonen omfattar eige uteareal. Departementet foreslår, i samsvar med prinsippa i denne proposisjonen, å endre dette til rekvisisjon av oppmålingsforretning.
Endringa i femte ledd presiserer at kommunen kan ta gebyr for oppmålingsforretninga når slik forretning er nødvendig. Presiseringa inneber inga realitetsendring. Rekvirenten måtte òg etter lov om eigedomsregistrering slik den var vedteken, betale for forretninga, men då på forretningsmessig grunnlag og ikkje som offentleg gebyr.
Til eigarseksjonslova § 9
Ved tilvising til andre lover, bruker eigarseksjonslova gjennomgåande lova si kortform. Departementet foreslår ei konsekvent gjennomføring av dette òg ved tilvising til lov om eigedomsregistrering (matrikkellova).
Til eigarseksjonslova § 11
Endringa i første ledd er ei redaksjonell presisering. Kravet om tinglysing går fram av både eigarseksjonslova og lov om eigedomsregistrering.
Endringa i andre ledd er ei tilpassing til endringa i § 5.
Til eigarseksjonslova § 12
Endringa er ei tilpassing til endringa i § 5.