1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Samferdselsdepartementet gjer her framlegg om endringar i lov av 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova) og i lov av 11. juni 1993 om anlegg og drift av jernbane, herunder sporvei, tunnelbane og forstadsbane m.m. (jernbaneloven) om tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse i kollektivtransportsektoren.
Samferdselsdepartementet gjer vidare framlegg om endringar i yrkestransportlova om å heve aldersgrensa på kjøresetel og andre einskilde endringar.
Tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse i kollektivtransportsektoren - framlegg til endring i yrkestransportlova og jernbaneloven
Reglane om overdraging av verksemd i kapittel 16 i lov av 17. juni 2005 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern (arbeidsmiljøloven), skal etter framlegget gjelde ved bruk av konkurranse ved tildeling av kontrakt om plikt til offentleg teneste i innanlands kollektivtransport på veg, til sjøs og med jernbane. Reglane om tilsette sine rettar skal gjelde sjølv om krava til overdraging av verksemd i arbeidsmiljøloven § 16-1 ikkje er oppfylte.
Framlegget blir gjort med bakgrunn i utsegna i plattforma for regjeringssamarbeidet (regjeringserklæringa Soria Moria) om at arbeidstakarar hos leverandørar som driv kollektivtransport, skal sikrast same rettar ved anbodsoverdraging som ved overdraging av verksemd.
Etter arbeid frå Noreg og andre land, vart innhaldet i kollektivtransportforordninga endra. Departementet si tolking av endringa er at nasjonale styresmaktar kan stille slike krav.
Målet med framlegget er å styrkje dei tilsette sine rettar i kollektivtransportsektoren ved at reglane i arbeidsmiljøloven om arbeidstakarane sine rettar ved overdraging av verksemd skal gjelde tilsvarande i alle situasjonar med bruk av konkurranse. Innsparingar gjennom konkurranse skal ikkje skje som følgje av at ein svekkjer lønns- og arbeidsvilkåra for tilsette. Spesielt er det ønskjeleg å hindre at eldre og sjuke arbeidstakarar blir utstøtte frå arbeidsmarknaden som følgje av bruk av konkurranse.
Grunngjevinga for å innføre særreglar for kollektivtransportsektoren er ønsket om å motverke uheldige verknader av innføring av konkurranse i denne sektoren, og sikre at dei tilsette etter bruk av konkurranse får vern mot oppseiing som følgje av anbodsoverdraginga, rett til å behalde vilkår i arbeidsavtala o.a.
For å motverke at eksisterande leverandørar får ein utilsikta fordel i konkurransen, foreslår Samferdselsdepartementet at oppdragsgivaren får heimel til å krevje nødvendige opplysningar om tilsette som får rett til overføring, slik at opplysningane kan gjerast kjent for andre leverandørar.
Det blir òg gjort framlegg om lovfesting av forbod mot sosial dumping ved bruk av konkurranse i kollektivtransporten. I dag er det eit forbod mot sosial dumping i veg- og sjøtransportsektorane som er fastsett i forskrift. For jernbanesektoren vil eit slikt forbod vere nytt.
Heving av aldersgrensa for kjøresetel frå 70 til 75 år
Aldersgrensa for kjøresetel vart sist vurdert i 1979. I samråd med helsestyresmaktane har Samferdselsdepartementet no gjort ei ny vurdering av aldersgrensa for kjøresetel. Ut frå ei generell betring i helsetilstanden i aldersgruppa opp til 75 år, finn ein det rimeleg å foreslå at den øvre aldersgrensa for å ha kjøresetel blir heva frå 70 til 75 år.
Framlegget inneber at innehavaren etter fylte 70 år må ha med seg gyldig legeattest som ikkje er eldre enn eitt år gamal. Helsekrava for kjøresetel vil vere dei same som i dag, dvs. dei som gjeld for førarkort klasse D.
Andre endringar i yrkestransportlova
Samferdselsdepartementet fremjar samstundes andre mindre endringar i yrkestransportlova. Dette gjeld:
Gebyr for mindre alvorlege brot på yrkestransportlova
Fjerning av ordninga med eigentransporterklæring
Innføring av løyveplikt for visse kjøretøykombinasjonar
Endringar av omgrep i lova (endringar utan materielle konsekvensar)
Oppbygging av proposisjonen
Kapittel 2 inneheld ei omtale av bakgrunn for proposisjonen og av høyringa.
Kapittel 3 til 8 inneheld omtaler av hovudspørsmåla det blir gjort framlegg om. Under kvart spørsmål er det omtale av gjeldande rett, høyringsframlegg frå Samferdselsdepartementet, eventuelle høyringsutsegn, Samferdselsdepartementet si vurdering, og eventuelle økonomiske og administrative konsekvensar.
Kapitel 9 inneheld merknader til føresegnene i lovframlegget.