5 Oppheving av registreringsordninga
5.1 Gjeldande rett, § 3-1
Det blir kravd at alle som skal drive oppsøkjande salsverksemd utanom fast utsalsstad overfor forbrukar, skal melde frå om det til fylkesmannen i det fylket der føretaket har forretningsstaden sin. Meldinga skal innehalde namnet og adressa til verksemda og opplyse om dei varegruppene som verksemda ønskjer å selje på denne måten. Fylkesmannen skal utferde ei registreringsstadfesting som seljaren uoppfordra skal vise ved alle salsbesøka sine.
Registreringsordninga blei innført i handelslova ved lovendringa i 1983. Ordninga blei sett på som fordelaktig ut frå interessene til forbrukarane. I Ot prp nr 44 (1982-83) skriv Handels- og skipsfartsdepartementet:
«Registrering og legitimasjon gir en indikasjon på seriøsitet, og kjøperne har mulighet for å henvende seg til registreringsinstansen for nærmere opplysninger om selgeren ved for eksempel reklamasjon dersom disse ikke er gitt i kjøpssituasjonen. Registeret vil dessuten kunne være hensiktsmessig i saker som er under forfølging for mulige brudd på forbrukerlovgivningen (...), handelsloven eller annen lovgivning. ... Registreringsplikt vil også gi en viss oversikt over omfanget av og varesortimentet for direktesalget innen regionen, som kan være fordelaktig blant annet for den lokale og regionale varehandelsplanlegging, myndighetens varehandelspolitikk og for statistiske formål.»
5.2 Næringslovutvalets forslag
Næringslovutvaletpeiker på at registreringsordninga ikkje fungerer etter intensjonane. Utvalet seier òg at dei enkelte etatane som kunne ha gjort bruk av denne registreringsordninga, ser ut til å vere dårleg informerte om at ho finst. Verken Oslo likningskontor eller Oslo og Akershus fylkesskattekontor bruker registreringsordninga i kontrollarbeidet sitt.
Næringslovutvalet seier vidare at registreringsordninga heller ikkje ser ut til å ha hatt ein positiv effekt på graden av seriøsitet i bransjen. Utvalet peiker på at det skinet av seriøsitet som eit dokument som er utferda av ei offentleg styresmakt kan gi, snarare må vurderast som ein negativ effekt.
Næringslovutvalet ser ikkje behov for ei eiga registreringsordning for denne forma for handelsverksemd ut over dei registreringsordningane som gjeld for næringsdrivande generelt. Einingsregisteret/Føretaksregisteret vil i denne samanhengen fange opp den viktigaste delen av handelsføretak.
Når det gjeld forbrukarane sitt behov for å kunne identifisere seljaren med tanke på reklamasjonar osv, meiner utvalet at det bør følgje av prinsippet om god marknadsføringsskikk, som er nedfelt i marknadsføringslova § 1, at ein seljar legitimerer føretaket sitt på ein ordentleg måte når han byr fram varer for sal. Næringslovutvaletforeslår derfor å oppheve reglane om registreringsplikt.
5.3 Høringsinstansane sitt syn
Fylkesmannen i Hedmark, Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Vest-Agder, Fylkesmannen i Vestfold, Fylkesmannen i Østfold, politimeisteren i Oslo og NHO støttar forslaget.
LOstøttar ikkje forslaget, men ønskjer at registreringsordninga blir stramma inn. LO ønskjer alternativt at det blir innført ei ordning med en type offentlig godkjent sertifikat, som inneholder en minimumskompetanse, sammen med en strengere konkurskarantene.
Forbrukarrådetstøttar ikkje forslaget om å oppheve registreringsplikta og seier at sjølv om ordninga ikkje er ei godkjenningsordning, vil ho kunne ha positiv effekt overfor forbrukarane ved at registreringsstadfestinga gir kjøparen tilgang til namnet og adressa til seljaren. Forbrukarrådet foreslår såleis at registreringsordninga blir forbetra og styrkt, for eksempel ved å stille vilkår om skatteattest ved registreringa. Forbrukarrådet stiller seg dessutan tvilande til Næringslovutvalet si meining om at marknadsføringslova § 1 vil fungere som ein formålstenleg sanksjonsregel og ein fullgod erstattar for sanksjonsregelen i § 5-1 i handelslova. Vidare ønskjer Forbrukarrådetat registreringsordninga blir utvida til også å gjelde oppsøkjande handel med tenester, og at departementet vurderer å opprette ei sentral registreringsordning, for eksempel knytt til Brønnøysundregisteret.
Politimeisteren i Kristiansandstøttar ikkje forslaget og ønskjer at ordningane blir utvida når det gjeld kontrollen av dei aktuelle opplysningane frå fylkesmannen si side.
Tysnes kommune støttar heller ikkje forslaget og seier at sjølv om registreringsordninga ikkje gir nokon garanti mot uønskt handelsverksemd, er dette den einaste måten ein kan kontrollere og følgje opp personar som driv denne forma for verksemd.
5.4 Departementets vurdering
Grunngivinga for registreringsordninga var altså blant anna å sikre forbrukarane informasjon om kvar dei kan vende seg ved eventuelle reklamasjonar. Det blei òg rekna med at ordninga kunne medverke til meir seriøse forhold i bransjen. I tillegg blei det lagt vekt på at ordninga hadde fordelar for skattestyresmaktene ved å vere eit eigna verkemiddel i arbeidet med å krevje inn skattar og avgifter.
Departementet vil i denne samanhengen seie at registreringsføresegna ikkje fungerer som noka godkjenningsordning. Føretaket skal berre melde frå til fylkesmannen som utferdar ei registreringsstadfesting påført dei innmelde opplysningane. Fylkesmannen gjer altså inga vurdering av kor eigna den enkelte seljaren er til å drive oppsøkjande handelsverksemd. Stadfestinga framstår derfor ikkje som nokon garanti verken for kvaliteten på dei varene som blir selde, eller for seriøsiteten til føretaket. Ved ein kjøpsavtale skal kjøparen få ein kopi av registreringsstadfestinga, blant anna for at kunden skal kunne identifisere seljaren.
Nærings- og handelsdepartementet har fått innspel frå fleire fylkesmenn om uheldige sider ved registreringsordninga. Fylkesmennene peiker på forhold som at seljaren ikkje er registrert i meirverdiavgiftsregisteret, at mange av dei personane som er registrerte ikkje lèt seg etterspore, og at ein del av namna ikkje finst i Folkeregisteret.
Effekten av ordninga med registrering hos fylkesmannen står etter Nærings- og handelsdepartementetsi meining ikkje i forhold til dei administrative ressursane som ordninga legg beslag på hos styresmakter og næringsdrivande. Ordninga ser heller ikkje ut til å ha så stor gevinst for forbrukarane at det rettferdiggjer å halde på henne. Departementethar inntrykk av at registreringsordninga fungerer dårleg i praksis, og kan vanskeleg sjå at ordninga kan bli forbetra i nemneverdig grad utan å bli enda meir ressurskrevjande enn ho er i dag.
Departementetser ikkje behov for ei eiga registreringsordning for handelsverksemd ut over dei registreringsordningane som gjeld for næringsdrivande generelt. Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret vil fange opp den største delen av handelsføretak. I og med at departementet foreslår å oppheve forbodet mot omførselshandel med daglegvarer, må eventuelt berre ei lita gruppe registrere seg i dette registeret. Det vil vere enkeltmannsføretak som handlar med sjølvproduserte varer og har færre enn seks tilsette og dessutan har ei omsetning på under 30 000 kroner. Alle andre føretak skal registrerast i Einingsregisteret eller Føretaksregisteret. Det vil truleg vere att svært få føretak som må registrere seg hos fylkesmannen.
På denne bakgrunn foreslår Nærings- og handelsdepartementetat registreringsordninga hos fylkesmannen blir oppheva.