Ot.prp. nr. 61 (1998-99)

Om lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova)

Til innhaldsliste

6 Oppheving av kapittel 2 om handelsrett

6.1 Innleiing

Som nemnt under punkt 2.3 blei departementet sitt forslaget om å oppheve reglane i kapittel 2 sendt på ny høring 21. desember 1998 med høringsfrist 1. februar 1999. Forslaget blei sendt til dei same høringsinstansane som første gong, med unnatak av Dagligvareforbundet som den 1. januar 1998 gjekk inn i Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon.

I denne høringsrunden har departementet motteke høringssvar frå:

Sosial- og helsedepartementet, Landbruksdepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Fiskeridepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Finans- og tolldepartementet, Utanriksdepartementet, Justisdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Fylkesmannen i Oppland, Fylkesmannen i Vestfold, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Vest-Agder, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Næringslivet Hovedorganisasjon, Norsk Kooperative Landsforening og Troms politidistrikt.

Kommunenes Sentralforbund ønskjer som sist ikkje å gi noko høringsvar. Dei andre høringsinstansane har ikkje gitt høringssvar.

Høringsinstansane blei bedne om å vurdere om forslaget frå departementet skulle leggjast fram for underliggjande instansar. Departementet har såleis òg teke imot høringssvar frå Konkurransetilsynet og Forbrukarrådet.

Berre Norsk Kooperative Landsforening, Forbrukarrådet og Barne- og familiedepartementet gir uttrykk for ein viss skepsis til forslaget. Dei øvrige høringsinstansane støttar forslaget eller har ikkje merknader til det. Merknadene blir kommentert nedanfor under dei relevante punkta.

6.2 Gjeldande rett

Kravet om handelsrett er relatert til omgrepet «handel med varer i næring» (handelsverksemd). Som handelsverksemd blir etter lova § 1-1 andre ledd rekna handel med varer i næring så vel for eiga som for framand rekning og så vel i eige som i framand namn. Å ta opp bestilling av varer i næring for seinare levering blir òg rekna som handelsverksemd. Grensa for når handel med varer blir rekna for å foregå i næring, byggjer på ei skjønnsvurdering der blant anna beløpsgrensa i meirverdiavgiftslova, som for tida er 30 000 kroner, spelar inn.

Handelsrett i enkeltmannsfirma blir oppnådd, jf § 2-1, ved at eigaren er myndig, at eigaren ikkje er under konkursbehandling, og at eigaren er busett og har vore busett her i riket eller i eit EØS-land dei siste to åra. I selskap, stiftelse eller anna samanslutning må alle styremedlemmene oppfylle kravet om myndigheit der deltakarane har avgrensa ansvar, mens deltakarar med uavgrensa ansvar i tillegg må oppfylle kravet om at vedkomande ikkje er under konkursbehandling. I tillegg må minst halvparten av medlemmene i styret eller fullt ansvarlege deltakarar oppfylle kravet om butid og bustad. Nærings- og handelsdepartementet har dispensasjonsmyndigheit når det gjeld kravet om butid og bustad når særlege grunnar taler for det.

6.3 Bakgrunnen for ny høringsrunde

Næringslovutvalet hevda at reglane om handelsrett var overflødige, fordi kravet om myndigheit følgjer av lov om verjemål for umyndige, og at kravet til bustad følgjer av utlendingslova § 7. Vidare hevdar Næringslovutvalet at høvet til å drive handelsverksemd mens ein er under konkursbehandling, bør bli regulert i konkurslova. Utvalet foreslår derfor at det blir teke inn ei lovføresegn som avgrensar høvet til å drive handelsverksemd mens ein er under behandling etter konkurslova, og at kapittel 2 i handelslova blir oppheva.

I høringsbrevet av 10. oktober 1997 ba Nærings- og handelsdepartementet særskilt om synspunkt på Næringslovutvalet sitt forslag om at høve til å drive handelsverksemd mens ein er under konkursbehandling bør bli regulert av konkurslova. Svært få av høringsinstansane har kommentert Næringslovutvalet sitt forslag både når det gjeld dette punktet spesielt og vilkåra for handelsrett generelt.

Desse høringsinstansane hadde kommentarer knytt til vilkåra for handelsrett:

Arbeids- og administrasjonsdepartementet gav støtte til forslaget om at konkurslova bør regulere høve til å drive handelsverksemd, mens ein er under konkursbehandling. Oslo politidistrikt hadde ingen merknader til reglane om handelsrett og viste til at endringane som var foreslått ikkje hadde noko å seie sett frå politiet sin ståstad. Kristiansand politidistrikt sa seg samd i at reglane om handelsrett blir oppheva. Konkurransetilsynet gav uttrykk for å vere samd i at det ville vere ei naturleg løysing at høve til å drive handelsverksemd under konkursbehandling bør bli regulert av konkurslova dersom handelslova fell bort. Også Næringslivets Hovedorganisasjon var einig i dette. Konkursrådet uttalte at:

«Etter Konkursrådets oppfatning motvirker neppe de gjeldende bestemmelsene i handelsloven uønsket handelsvirksomhet eller økonomisk kriminalitet. Det er også vanskelig å se noen grunn til å ha særbestemmelser av denne type som gjelder bare for handelsnæringen. Konkursrådet har derfor ikke innvendinger mot at man opphever reglene om adgangen til å drive handel mens man er under konkursbehandling, i handelsloven».

Konkursrådet fann det heller ikkje føremålstenleg at desse særreglane blei ført vidare i konkurslova.

Justisdepartementet sa i høringssvaret at det ikkje er naturleg at konkurslova regulerer høvet ein skyldnar har til å drive handelsverksemd under konkursbehandlinga. Det er grunngitt med at:

«konkursloven inneholder regler om skyldnerens stilling under konkurs og om konkurskarantene. Loven inneholder imidlertid ikke spesielle regler om skyldnerens adgang til å drive bestemte former for virksomhet under bobehandlingen. Dette er i stedet overlatt til den lovgivningen som særskilt regulerer den formen for virksomhet det dreier seg om....»

Justisdepartementet etterlyste ei nærare grunngiving for standpunktet til Næringslovutvalet. Dei sakna òg ei nærare vurdering av konsekvensane av å oppheve lovføresegna om handelsrett i forhold til lov om verjemål for umyndige. Verjemålslova §§ 46-48 tek utgangspunkt i den umyndige og høvet hans til å involvere seg i næringsverksemd, mens handelslova tek utgangspunkt i dei enkelte samanslutningane og høvet deira til å drive handelsverksemd. Justisdepartementet seier vidare:

«Den ulike innfallsvinkelen fører til at regelsettene ikke er helt sammenfallende, noe som i enkelte tilfeller kan få betydning. ... En opphevelse av kravene til myndighet mm i handelsloven som vilkår for å ha handelsrett vil derfor innebære en endring i rettstilstanden.»

Nærings- og handelsdepartementet fann å måtte legge stor vekt på fråsegna frå Justisdepartementet, som ikkje delte Næringslovutvalet si oppfatning av at vilkåra om handelsrett var tilsvarande dekka av anna lovverk. Nærings- og handelsdepartementet tok utsegna frå Justisdepartementet til etterretning, men har i den vidare behandlinga vurdert om ikkje reglane om handelsrett uansett bør falle bort. Dette var ikkje presentert som eit alternativ under høringa. Departementet var vidare samd med Justisdepartementet i at grunngivinga til Næringslovutvalet ikkje var tilstrekkeleg til å gjennomføre ei lovendringa på dette punkt. Departementet fann det derfor riktig at høringsinstansane i ei ny høring fekk moglegheit til å vurdere spørsmålet om oppheving på nytt.

6.4 Departementets grunngiving for å oppheve kapittel 2 i handelslova

6.4.1 Innleiing

Nærings- og handelsdepartementet foreslår at vilkåra for handelsrett blir oppheva. Ut frå eit prinsipielt standpunkt bør det etter departementet sitt syn ikkje gjelde andre reglar for handelsverksemd enn for anna verksemd. Departementet kan ikkje sjå at det på generelt grunnlag er sterke grunnar for å oppretthalde vilkåra spesielt for handelsnæringa. Så langt departementet kjenner til er det ikkje grunn til å tru at ei oppheving av vilkåra om handelsrett vil føre med seg større ulemper enn i andre næringar. Vilkåra er i hovudsak ført vidare frå handelslova av 1935, og har ikkje vore endra sidan siste revisjon i 1980 og 1983. På desse åra har den teknologiske utviklinga gitt handelsnæringa nye moglegheiter i forhold til måten verksemda vert driven på, f eks handel via nettet. Vidare har det innanfor andre næringar skjedd ei avregulering, samstundes som nye «næringar» ikkje er blitt særskilt regulert utover kva som generelt gjeld utøving av næringsverksemd. I denne samanheng kan ein trekkje fram avreguleringa i handverk- og entreprenørnæringa gjennom opphevinga av handverkslova og entreprenørlova. Vidare har framveksten av ulike aktørar innanfor IT-bransjen ikkje resultert i innføring av spesielle vilkår for denne næringa.

Nedanfor vil det bli gått nærare inn på dei tre vilkåra for handelsrett med ei grunngiving for at reglane bør bli oppheva.

Når det gjeld høringssvara har Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD), Konkurransetilsynet, HSH og NHO uttalt at dei er samde med Nærings- og handelsdepartementet og støttar derfor at reglane om handelsrett vert oppheva.

6.4.2 Vilkåret om ikkje å vere under konkursbehandling

6.4.2.1 Grunngiving

Det følgjer av handelslova § 2-1 nr 2 at eit enkeltmannsfirma har handelsrett dersom eigaren ikkje er under konkursbehandling og ikkje er fullt ansvarleg deltakar i eit ansvarleg selskap som er under konbehandling. Dette er likevel ikkje til hinder for handelsrett når det er gått meir enn to år etter konkursopninga.

I § 2-2 går det fram at selskap, stiftelse eller annan samanslutning har handelsrett når alle fullt ansvarlege deltakarar i ansvarlege selskap eller kommandittselskap oppfyller vilkåra i § 2-1 nr 2.

Det følgjer av § 2-3 at dersom firma nemnt i §§ 2-1 og 2-2 har dagleg leiar, må også denne oppfylle vilkåra i § 2-1. Vidare går det fram at for høvet til å vere dagleg leiar i selskap som nemnt i konkurslova § 142 femte ledd, gjeld likevel ikkje § 2-1 nr 2, men konkurslova §§ 142 og 143. Selskap som er nemnt i § 142 femte ledd er aksjeselskap, forretningsavdeling av utanlandsk selskap, næringsdrivande stiftelse, bustadbyggjelag, burettslag, samvirkelag, statsforetak, Postbanken BA, statens postselskap og statens jernbanetrafikkselskap.

Slik vilkåret er formulert i handelslova inneber det ei automatisk karantene på maksimum to år. Departementet kan likevel etter § 2-5 siste ledd i særlege tilfelle gjere unnatak frå regelen. Sidan 1980 er det berre søkt om dispensasjon frå § 2-5 siste ledd i eitt tilfelle. Dette viser at regelen i praksis har vore lite aktuell. Kva som er grunnen til at det på 18 år berre har vore ei sak er det vanskeleg å ha noko sikker meining om, men det er grunn til å tru at det er andre grunnar enn reglane i handelslova som hindrar oppstart av ny handelsverksemd etter konkurs.

Etter departementet sitt syn er det vanskeleg å sjå noka god grunngiving for at det skal vere vanskelegare å starte opp handelsverksemd etter konkurs enn anna verksemd.

Ei oppheving av vilkåret vil føre til at ein står att med dei generelle reglane i konkurslova, med høve til å ileggje konkurskarantene dersom vilkåra for det er oppfylt, jf konkurslova §§ 142 og 143. Konkurskarantene vil ikkje hindre konkursskyldnaren i å drive næringsverksemd gjennom enkeltmannsfirma eller i ansvarleg selskap. Etter departementet si oppfatning må reglane i konkurslova med dei avgrensingar som ligg i reglane om karantene vere tilstrekkeleg også for handelsverksemd. Departementet kan ikkje sjå at det er trong for at det for handelsnæringa skal vere ei automatisk karantenetid på inntil to år. Departementet er samd med Konkursrådet si fråsegn i første høring om at reglane i handelslova neppe motverkar uønskt handelsverksemd eller økonomisk kriminalitet. I den grad det finst i handelsnæringa, må det bli regulert av dei same reglane som gjeld for andre næringar. Departementet kan ikkje sjå at det er grunnlag for å stigmatisere ei heil næring ved å ha spesialreglar på dette området.

Ei konkursbehandling vil ofte ta forholdsvis lang tid, sjølv for ordinære konkursbu. I dei fleste tilfelle vil det ikkje vere aktuelt å ileggje konkurskarantene, fordi det ikkje er noko å klandre konkursskyldnaren for. Dette gjer det endå meir urimeleg at ein som utgangspunkt uansett ikkje kan starte opp handelsverksemd før etter at konkursbehandlinga er ferdig. Det kan derfor ikkje forsvarast at det for handelsnæringa, men ikkje for andre næringar, skal vere ei automatisk karantenetid. Det er ikkje sterke grunnar for å oppretthalde denne forskjellen. Det er ikkje grunn til å tru at handelsnæringa er verre enn andre næringar. Tal frå Brønnøysundregistra viser at konkurskarantene ikkje blir ilagt i særleg mange konkursar. I 1995 blei det registrert 514 konkurskarantener, i 1996 499 og i 1997 441. Talet på konkursar var i dei same åra 3899, 3791 og 3691. Dette er tal for all verksemd, ikkje berre handelsverksemd. Uansett gir tala ein peikepinn på at konkurskarantene relativt sjeldan blir ilagt i høve til talet på konkursar.

I samband med at det ofte tek tid før skifteretten kan ileggje konkurskarantene, har departementet stilt spørsmålet om det vil vere formålstenleg med ein ny regel i konkurslova som pålegg skifteretten så tidleg som mogleg etter konkursopninga å ta stilling til om det er grunnlag for å ileggje konkursskyldnaren karantene. Ein slik regel må i så fall gjelde for alle, ikkje berre dei som driv handelsverksemd.

6.4.2.2 Høringsinstansane sitt syn

Forbrukarrådetuttaler at:

«En opphevelse av vilkåret vil allikevel medføre at man står igjen med konkurslovens generelle regler, herunder muligheten til å ilegge konkurskarantene. Forbrukerrådet mener denne vurderingen bør foretas så tidlig som mulig. Departementet anser dette tilstrekkelig, selv om disse reglene ikke hindrer skyldneren i å drive næringsvirksomhet gjennom enkeltmannsforetak/ansvarlig foretak. Forbrukerrådet deler til en viss grad denne vurderingen, men ser også at det i enkelte tilfeller kan oppstå uheldige situasjoner. Vi har sett tilfeller hvor enkeltbransjeforetak går konkurs og etter en tid kommer tilbake som annet firma. Hvorvidt gjeldende bestemmelse i handelsloven motvirker uønsket handelsvirksomhet eller økonomisk kriminalitet fremstår for Forbrukerrådet noe uklart, men det er viktig at disse interessene ivaretas på en tilfredsstillende måte for at forbrukerne skal sikres».

NHO er einig i at skyldnaren si stilling under konkurs bør vere regulert av konkurslova både når det gjeld handelsføretak og andre føretak.

Justisdepartementet gjer i høringssvaret merksam på at skifteretten har høve til å ileggje konkurskarantene forholdsvis raskt etter at konkurs er opna. Det er ikkje nødvendig å vente til konkursbehandlinga er avslutta. Justisdepartementet gjer vidare merksam på at så vel buet som påtalemakta etter konkurslova § 143 andre ledd første punktum, i dag har høve til å opptre som part i sak om å ileggje konkurskarantene. Dette inneber at det er mogleg å tvinge fram ei forholdsvis rask avgjerd.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet og Konkurransetilsynet er i all hovudsak samde i Nærings- og handelsdepartementet sine vurderingar, men peiker òg på at det ut i frå ein konkurransemessig ståstad vil vere ein fordel om reglane i handelslova kapittel 2 blir oppheva.

6.4.2.3 Departementets vurdering

Departementet legg etter dette til grunn at det ikkje er avgjerande grunnar som tilseier at dette vilkåret bør oppretthaldast.

6.4.3 Kravet om bustad- og butid

6.4.3.1 Grunngiving

Det følgjer av handelslova § 2-1 nr 3 at eigaren av eit enkeltmannsfirma skal vere busett i Noreg og ha budd her dei to siste åra. Kravet om bustad og to års butid gjeld ikkje statsborgarar i statar som er part i EØS-avtala når dei er busett i ein slik stat. Departementet kan gjere unnatak frå krava når det ligg føre særlege grunnar. Kravet om bustad og butid gjeld òg for dagleg leiar og minst halvparten av medlemmene i styret eller fullt ansvarlege deltakarar.

Bakgrunnen for regelen er at ein skal ha eit visst kjennskap til norske forhold og norsk lovgiving og at ansvarlege personar i firmaet er lett tilgjengelege.

Departementet set spørsmålsteikn ved om det i dag er trong for å oppretthalde vilkåret for handelsverksemd. I dag får vilkåret berre noko å seie for personer utanfor EØS-området. For aksjeselskap vil ei oppheving ikkje få noko å seie, då aksjelova hadde eit tilsvarande krav. Det har her vore ei dobbeltregulering. I lov av 13. juni 1997 nr 44 om aksjeselskaper § 6-11 og lov av 13. juni 1997 nr 45 om almennaksjeselskaper § 6-11, som tok til å gjelde frå 1. januar 1999, er vilkåret om at dagleg leiar og fleirtalet av medlemmene i styret skal vere busett i riket ført vidare, medan vilkåret om to års butid er oppheva. Unnataket for statsborgarar frå EØS-land gjeld framleis. Det same er òg tilfelle når det gjeld høve til å dispensere for statsborgarar utanfor EØS-området.

Vi vil peike på at tradisjonell handelsverksemd krev nærleik til kundane, noko som taler for at ein som oftast likevel vil vere busett i Noreg. Dette vil særleg vere tilfelle når enkeltmannsfirma driv handelsverksemd.

Utviklinga innan IT med blant anna handel via nettet kan/vil føre til ein «grenselaus» handel, uten at kravet til bustad vil ha noko å seia.

Før EØS-avtala behandla departementet forholdsvis mange dispensasjonssøknader etter handelslova. I dag behandlar departementet svært få saker. Dessutan har dispensasjon frå vilkåret berre i svært få tilfelle blitt nekta.

6.4.3.2 Høringsinstansane sitt syn

Av dei som har gitt høringssvar er det berre Barne- og familiedepartementet (BFD) og Forbrukarrådet som har innvendingar. BFD meiner at ei oppheving av vilkåret kan ha uheldige sider for forbrukarane i reklamasjonstilfella. Det blir peikt på at det vil bli mykje vanskelegare for forbrukarane å nå fram med reklamasjonar når seljaren ikkje oppheld seg her i landet. Både BFD og Forbrukarrådet ber om at det blir nærare utgreidd om forbrukarane sit att med eit dårlegare reklamasjonsvern om vilkåret fell bort.

AAD, Konkurransetilsynet, HSH og NHO støttar ei oppheving av vilkåret og er einig i departementet si grunngiving for å oppheve det. Også Kommunal- og regionaldepartementet er einig og seier at det er positivt at det blir ei rettsleg jamstelling blant alle utanlandske statsborgarar. Utanriksdepartementet uttaler at forslaget er i tråd med den utanlandske utviklinga på handel- og distribusjonsområdet. Vidare blir det peikt på at desse restriksjonane er nedfelt i Noreg si bindingsliste i GATS (WTO) og at det er godt mogleg at andre WTO-land i dei komande drøftingane vil krevje at Noreg opphever dei.

6.4.3.3 Departementets vurdering

Nærings- og handelsdepartementet ser at ei oppheving av vilkåret i enkelte tilfelle kan føre til at forbrukarane får svekt sine moglegheiter til å reklamere som følgje av at det kan vera vanskeleg å koma i kontakt med seljaren. Departementet er likevel av den oppfatning at dette ikkje kan tilleggjast slik vekt at vilkåret framleis bør gjelde. Med dei unnatak som i dag gjeld kan ein ikkje sjå at moglegheitene for forbrukarane til å reklamere vert svekt i nemneverdig grad om vilkåret blir oppheva.

Etter dette kan ikkje departementet sjå at det er kome fram synspunkt som tilseier at vilkåret framleis bør gjelde. På bakgrunn av departementet si grunngiving og dei mottekne høringssvara blir det gjort framlegg om at vilkåret om bustad og butid blir oppheva. I denne samanheng har departementet òg lagt vekt på omsynet til ei jamstelling mellom alle utanlandske statsborgarar og dei pliktene som Noreg har etter internasjonale avtalar.

6.4.4 Krav om å vere myndig

6.4.4.1 Grunngiving

For å ha handelsrett etter handelslova § 2-1 nr 1 må ein vere myndig eller ha rett til å drive næring i samsvar med lov av 22. april 1927 nr 3 om vergemål for umyndige §§ 46 til 48. Vilkåret gjeld for eigaren av enkeltmannsfirma, dagleg leiar i eit firma og alle medlemmene i styret i eit aksjeselskap eller annan samanslutning med avgrensa ansvar.

Ved revisjonen av handelslova i 1980 var grunngivinga for å oppretthalde kravet til myndigheit for det første at det skulle hindre personar som generelt blei sett på som uskikka til å ivareta si eiga tarv frå å aude sine ressursar på slett handelsdrift. For det andre skulle regelen vere eit forsøk på å sikre at dei personar som driv handel, har oppnådd ein slik grad av mognad at dei er i stand til å drive ei fornuftig og lovmessig verksemd ut i frå omsynet til medkontrahentar og det offentlege. Departementet gav den gongen uttrykk for at ein regel om å vere myndig for å drive handelsverksemd har den klare fordel at kreditorar og kundane normalt vil kunne stole på at næringsdrivande er kompetente til å inngå avtalar, og at desse vanlegvis blir oppfylt.

Departementet si vurdering i dag er at utviklinga generelt og plikta til registrering som alle næringsdrivande må oppfylle, tilseier at grunngivinga i 1980 for dei praktiske formål ikkje lenger verkar å vere til stades i samme grad. I praksis vil anna regelverk vere til hinder for at mindreårige driv næringsverksemd. I verjemålslova § 2 går det fram at den som er umyndig ikkje sjølv kan rå over sine midlar eller binde seg ved rettshandel med mindre anna særleg er bestemt. Vidare vil det generelle regelverket som gjeld for alle næringsdrivande i prinsippet vere til hinder for at mindreårige driv næringsverksemd, fordi det vil ha til føresetnad at ein må binde seg ved rettshandel. Sidan 1980 er det kome til lover om registreringsplikt. Ein kan nemne lov av 21. juni 1985 nr 78 om registrering av firma og lov av 3. juni 1994 nr 15 om Enhetsregisteret. Etter sistnemnde lov er alle næringsdrivande verksemder registreringspliktige uavhengig av organisasjonsform. Ved registreringa vil alle registrerte firma få eit organisasjonsnummer som ein er pliktig til å føre på brevark og faktura etc. Det gjer at kven som helst enkelt vil kunne ta kontakt med Brønnøysundregistra for å få greie på kva opplysningar som er registrert på firmaet, blant anna om ein har med mindreårige å gjere.

For øvrig vil departementet peike på at i lov av 13. juni 1997 nr 44 om aksjeselskaper, som tok til å gjelde frå 1. januar 1999, er vilkåret om at ingen av stiftarane av eit aksjeselskap, styremedlemmene eller administrerande direktør (dagleg leiar) skal vere umyndig, oppheva.

Etter departementet si oppfatning er det ikkje avgjerande grunnar for å oppretthalde vilkåret om å vere myndig for å drive handelsverksemd. Vi kan ikkje sjå at ei oppheving av vilkåret vil føre til særlege skadeverknader. I den grad det viser seg at mindreårige likevel driv handelsverksemd er det grunn til å tru at det i så fall vil vere verksemd i liten målestokk. Ein konsekvens av at vilkåret blir oppheva er at det ikkje er mogleg å ileggje straff etter kapittel 5, men dette er det ikkje grunn til å tru vil innebere vesentlege negative konsekvensar. Departementet er ikkje kjent med at det er tatt ut tiltale der grunnlaget berre har vore brot på reglane i handelslova. I dei særs få tilfella vi kjenner til, så har det vore i samband med brukthandelverksemd, jfr kapittel 4 i handelslova, men utan at mindreårige har vore involvert. Dessutan er det normalt lite aktuelt å setje i verk straffeforfølging mot mindreårige.

6.4.4.2 Høringsinstansane sitt syn

Med unnatak av to høringsinstansar er det ingen som har kommentert dette vilkåret spesielt. Dei andre uttaler at dei er samde i departementet si vurdering eller at dei ikkje har merknader til framlegget. Forbrukarrådet peiker på at det ein sjeldan gong kan hende at mindreårige opptrer til dømes i samband med dørsal. Norsk Kooperative Landsforening (NKL) rår til at kravet om at den som skal drive handel skal vere over 18 år framleis må gjelde. NKL seier at ei oppheving av regelen truleg ikkje er noko stort problem i tradisjonell handelsverksemd, men at det vil vere annleis når det gjeld dei meir «upersonlege» handelsformene som postordre og netthandel. NKL peikar på at netthandel vil auke sterkt i framtida. Mindreårige som driv handelsverksemd på nettet kan derfor representere ein ekstra risiko, og i den grad eit forbod kan verne mot dette, kan det ha ein verdi.

Som for dei to andre vilkåra er AAD, Konkurransetilsynet, HSH og NHO einige i departementet si grunngiving og støttar derfor at vilkåret blir oppheva.

6.4.4.3 Departementets vurdering

Departementet kan ikkje sjå at synspunkta frå NKL og Forbrukarrådet gir grunnlag for departementet til å endre standpunkt. Departementet ser problemet med mindreårige som eventuelt driv netthandel, men meiner at dette er ei problemstilling som må løysast gjennom den utgreiinga som er i gang når det gjeld elektronisk handel generelt.

6.5 Oppsummering

Dei mottekne høyringssvara gjev i all hovudsak støtte til dei vurderingar som departementet har gjort, eller ein har ikkje merknader til framlegget. Frå politiet si side er det uttalt at ei oppheving ikkje vil ha noko å seia for politiet sitt arbeid.

Ein konsekvens av at vilkåra for handelsrett blir oppheva er at ordninga med handelsrett fell vekk. Dette inneber at heile kapittel 2 blir oppheva fordi reglane i §§ 2-2 til 2-5 byggjer på § 2-1 der vilkåra for handelsrett går fram.

Dessutan er omgrepet handelsrett misvisande og kan gi inntrykk av at det er eit løyve ein må søkje styresmaktene om for å kunne drive handelsverksemd. Omgrepet kom inn i handelslova ved revisjonen i 1980, og heng att frå den tid då handelsbrev var eit vilkår for å drive handelsverksemd. I dag har det ikkje noko sjølvstendig meiningsinnhald utover å vere ei samla nemning på dei tre vilkåra. Følgjeleg fyller ikkje handelsretten aleine noko praktisk formål som det er grunn til å oppretthalde.

Med bakgrunn i vår grunngiving og støtta frå høringsinstansane går departementet derfor inn for at kapittel 2 i handelslova blir oppheva.

Til forsida