8 Økonomiske og administrative konsekvensar
8.1 Økonomiske og administrative konsekvensar for kommunane og fylkesmennene
Ei oppheving av kapittel 2 om vilkåra for handelsrett vil ikkje få særlege konsekvensar. Departementet vil sleppa å behandle dispensasjonssøknader frå bustad- og butidskravet, men som nemnd ovanfor har det vore særs få slike søknader etter at EØS-avtala tok til å gjelde for Noreg.
Ei oppheving av forbodet mot oppsøkjande handelsverksemd med daglegvarer knyter seg først og fremst til privatrettslege forhold, og vil derfor i utgangspunktet ha forholdsvis små økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.
Likevel vil det vere ei innsparing for kommunane i den forstand at dei vil sleppe dispensasjonssøknader etter § 3-2.
Gjennom ei oppheving av § 3-1 i handelslova vil dessutan fylkesmannen bli friteken for arbeidet med registreringsordninga. Talet på verksemder som driv direktesal retta mot forbrukar her i landet, varierer mykje frå fylke til fylke. I nokre fylke er det i periodar stor pågang for å bli registrert, i andre fylke er det liten pågang.
Departementet vil såleis tru at det er svært varierande kva kommunane og fylkesmennene har brukt av tid og ressursar på arbeidet med dispensasjonssøknader og registreringsordninga. Det er derfor vanskeleg å gi konkrete overslag over dei administrative og økonomiske konsekvensane som lovframlegget vil få når det gjeld dette forholdet.
Bortfallet av lovføresegna om torghandel vil etter departementet si meining ikkje bli merkbar, ettersom kommunen likevel kan regulere denne typen verksemd ut frå andre heimelsgrunnlag.
8.2 Økonomiske konsekvensar for dei næringsdrivande
For dei næringsdrivande som etter gjeldande lov må søkje om dispensasjon frå bustad- og butidskravet og søkje kvar enkelt kommune om dispensasjon for å kunne drive direktesal med daglegvarer, vil lovendringa føre til redusert arbeid. På den andre sida kan vi ikkje sjå bort frå at eventuelt auka omfang av omførselshandel med daglegvarer kan føre til ein viss reduksjon i omsetninga for butikkhandelen. Omfanget av desse moglege konsekvensane og eventuelle samfunnsmessige kostnader i den samanhengen er det svært vanskeleg å seie noko sikkert om på førehand.