1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Det offentlege som oppdragsgivar har eit særskilt ansvar for å opptre seriøst og motverke sosial dumping. I Regjeringas handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentleg sektor har ein blant anna understreka at det er viktig at det offentlege som oppdragsgivar stiller krav til arbeidsstandarder og til arbeidsmiljøet til arbeidstakarane.
Som ei oppfølging av regjeringas handlingsplan mot sosial dumping, jf. revidert nasjonalbudsjett for 2006, foreslår departementet ei føresegn i lov om offentlige anskaffelser som gir regjeringa høve til å påleggje offentlege oppdragsgivarar å nytte kontraktsklausular som skal sikre lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar som ikkje er dårlegare enn det som følgjer av gjeldande tariffavtale, regulativ eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke. Føresegna gir òg regjeringa fullmakt til å påleggje oppdragsgivarar å føre tilsyn med at klausulane blir overhaldne, og å setje i verk tiltak overfor leverandørane ved manglande etterleving av klausulane. Ei slik ordning er allereie gjennomført for sentrale statlege styresmakter gjennom departementsrundskriv frå juni 2005. Rundskrivet er ei gjennomføring av ILO-konvensjon nr. 94 om arbeidarklausular i offentlege kontraktar, som Noreg ratifiserte i 1996. Forslaget til lovendring utvidar ordninga til òg å omfatte offentlegrettslege organ og kommunal sektor. For sentrale statlege styresmakter vil den lovbestemte ordninga erstatte rundskrivet.
Forslaget til lovføresegn er ein overordna fullmaktsheimel. Den nærmare utforminga av pliktene til oppdragsgivaren blir fastsette i forskrift.