9 Merknader til føresegna i lovutkastet
Føresegna gir regjeringa høve til å påleggje offentlege oppdragsgivarar å nytte kontraktsklausular som skal sikre lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar om kjøp av tenester og byggje- og anleggsarbeid, som ikkje er dårlegare enn det som følgjer av gjeldande tariffavtale, regulativ eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke. Regjeringa får òg fullmakt til å påleggje oppdragsgivarar å føre tilsyn med at klausulane blir overhaldne, og å setje i verk tiltak overfor leverandørane ved manglande etterleving av klausulane.
Formålet med føresegna er å unngå at offentlege oppdragsgivarar inngår kontraktar med verksemder som driv med sosial dumping. Sosial dumping ligg føre for eksempel når lønns- og arbeidsvilkåra er dårlegare enn det minimumsnivået som følgjer av ein aktuell tariffavtale, eller når ytingane til arbeidstakarane er låge samanlikna med kva norske arbeidstakarar normalt tener for samamenliknbart arbeid. Utanfor område for aktuelle tariffavtaler må oppdragsgivaren i den konkrete situasjonen gjere ei skjønnsmessig vurdering av om lønns- og arbeidsvilkåra i den aktuelle verksemda kan seiast å falle innanfor det som blir rekna som normalt.
Nærmare krav til kontraktsklausulane vil bli regulerte i forskrift, irekna at klausulane òg skal gjelde for arbeid som blir utført av underentreprenørar. Det same gjeld krav til tilsyn, kontroll og sanksjonar.