2 Bakgrunn for lovforslaget
2.1 Sosial dumping
Etter EØS-utvidinga 1. mai 2004 har det vore ein sterk auke i arbeidsinnvandringa til Noreg. Det er brei semje blant partane i arbeidslivet og styresmaktene om at veksten i talet på arbeidsinnvandrarar så langt har medverka positivt til norsk økonomi ved å avhjelpe mangel på arbeidskraft i fleire bransjar, særleg i byggjebransjen. Det er likevel rapportert om aukande problem med useriøsitet og sosial dumping. Det ligg føre ei rekkje eksempel på at utanlandske arbeidstakarar har fått uakseptable lønns- og arbeidsvilkår, særleg i byggjebransjen. Problema ser først og fremst ut til å vere knytte til tenesteverksemd.
I følgje St. meld. nr. 2 (2005-2006) Revidert nasjonalbudsjett for 2006 kap. 3.6, definerer regjeringa det som sosial dumping når utanlandske arbeidstakarar
«utsettes for brudd på helse- miljø- og sikkerhetsregler, herunder regler om arbeidstid og krav til bostandard, og/eller når de tilbys lønn og andre ytelser som er uakseptabelt lave sammenlignet med hva norske arbeidstakere normalt tjener eller som ikke er i tråd med allmenngjøringsforskrifter, der slike gjelder.»
Det ligg ikkje føre eksakte opplysningar om omfanget av problema med sosial dumping. Det er likevel grunn til å tro at arbeids- og tenesteinnvandringa framleis vil vere vesentleg i åra som kjem. Det er derfor viktig at ein har eit regelverk som varetek dei seriøse aktørane og sikrar òg dei utanlandske arbeidstakarane akseptable vilkår på den norske arbeidsmarknaden. Dersom ein ikkje lykkast med dette, risikerer ein å få eit todelt arbeidsliv der arbeidsinnvandrarane jobbar meir eller mindre uregistrert og på uakseptable lønns- og arbeidsvilkår. Det er òg ein føresetnad for ei rask avvikling av overgangsreglane for arbeidstakarane frå dei nye EØS-landa at ein får på plass eit godt regelverk og eit robust kontroll- og sanksjonssystem.
Overgangsordningane for arbeidstakarar frå dei nye EØS-landa er blitt forlengde, jf. St.meld. nr. 9 (2005-2006). Det er òg bestemt å innføre tilsvarande overgangsordningar for arbeidstakarar frå Romania og Bulgaria, jf. Ot.prp. nr. 12 (2006-2007). Bakgrunnen er at overgangsordningane medverkar til ryddige forhold for individuelle arbeidstakarar, samtidig som dei er så fleksible at dei ikkje hindrar tilgang på nødvendig arbeidskraft. I utgangspunktet blei ordningane for dei åtte nye EØS-landa frå 2004 vidareførte for ein treårsperiode frå 1. mai 2006, men det er lagt til grunn at det skal gjerast ei ny vurdering i løpet av denne perioden, blant anna på bakgrunn av utsiktene til ein strammare arbeidsmarknad, betre tryggleik for ordna lønns- og arbeidsvilkår og endringar i overgangsordningane i andre nordiske land som kan føre til at konkurransen om arbeidskraft aukar.
Overgangsordningane gjeld ikkje for leverandørar av tenester. For verksemder som tek med seg eigne arbeidstakarar til Noreg for å utføre tenester for ein avgrensa periode, blir det per i dag ikkje stilt spesielle krav til lønns- og arbeidsvilkår, utover dei som følgjer av utsendingsreglane i arbeidsmiljøloven, og eventuelle allmenngjorde tariffavtalar. Når overgangsreglane blir avvikla, vil det same regelverket gjelde både for individuelle og utsende arbeidstakarar. Før avvikling må det derfor setjast i verk tiltak som på best mogleg måte kan sikre likeverdige og ordna forhold på den norske arbeidsmarknaden. Dette var ei viktig grunngiving for at det blei lagt fram ein handlingsplan mot sosial dumping i St. meld. nr. 2 (2005-2006) Revidert nasjonalbudsjett 2006, jf. kapittel 3.6. I handlingsplanen står det blant anna:
«Regjeringen uttalte i Soria-Moria-erklæringen at den ville stille krav om norske lønns- og arbeidsvilkår i alle offentlige anbudsprosesser. ILO-konvensjon nr. 94 om arbeiderklausuler i offentlige arbeidskontrakter er gjennomført i norsk rett og gjort gjeldende for statlig sektor. Det innebærer at det skal stilles krav om norske lønns- og arbeidsvilkår i alle kontrakter om levering av tjenester og bygge- og anleggsarbeid over en viss størrelse. Regjeringen vil, i lys av erfaringene i statlig sektor, vurdere hvordan en ordning for kommunene kan utformes, med sikte på iverksetting i 2007.»
2.2 Omfang av arbeidsinnvandring frå dei nye EØS-landa
Lovforslaget er aktualisert av den auka arbeidsinnvandringa frå dei nye EØS-landa etter 2004. Utvidinga av EU/EØS med ti nye medlemsland frå 1. mai 2004 innebar at Noreg gjennom EØS blei ein del av ein marknad som har vel 300 millionar arbeidstakarar. Ein del av dei nye landa, som Polen og dei baltiske statane, ligg geografisk nær Noreg og mange arbeidstakarar frå desse landa har i fleire år hatt tradisjon for sesongarbeid i Noreg. Samtidig var det gjennomsnittlege lønnsnivået i desse landa ein femdel av Noregs i 2004. Saman med ein oppgangskonjunktur i Noreg har dette medverka til at det har lege godt til rette for ein stor mobilitet av arbeidssøkjarar frå dei nye EØS-landa til Noreg. Arbeidstakarane kan komme hit som individuelle arbeidsinnvandrarar som skal tilsetjast i norske verksemder på vanleg måte, eller som tenesteytarar, det vil si sjølvstendig næringsdrivande eller utsende arbeidstakarar på mellombels tenesteoppdrag (irekna utleigde arbeidstakarar frå utanlandsk verksemd).
Det har vist seg vanskeleg å få fullstendig oversikt over omfanget av arbeidsinnvandringa. Spesielt er det manglande oversikt over dei arbeidstakarane som ikkje er tilsette direkte i norske verksemder. For ei nærmare utgreiing om arbeidsinnvandringa, sjå Ot.prp. nr. 56 (2006-2007) Om lov om endringer i arbeidsmiljøloven og allmenngjøringsloven.
2.3 Høyringa
Høyringsbrev og høyringsnotat med forslag til lovendring blei sendt på høyring til følgjande instansar den 26. mars 2007:
Departementa
Departementas Servicesenter
Dei regionale helseføretaka
Klagenemnda for offentlige anskaffelser
Konkurransetilsynet
Regjeringsadvokaten
Riksrevisjonen
Statsbygg
Aust-Agder fylkeskommune
Bergen kommune
Bærum kommune
Fitjar kommune
Fredrikstad kommune
Hamar kommune
Kristiansand kommune
Lillehammer kommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nordland fylkeskommune
Oppegård kommune
Oppland fylkeskommune
Oslo kommune
Ringerike kommune
Sandefjord kommune
Stavanger kommune
Steinkjer kommune
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Tromsø kommune
Trondheim kommune
Vestfold fylkeskommune
Østfold fylkeskommune
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter (tidlegare NAVO)
Bedriftsforbundet
Byggenæringens Landsforening
Den Norske Advokatforening
Den Norske Dommerforening
GRIP
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon
Landsorganisasjonen
NIMA
NITO – Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon
Norges Juristforbund
Norges Praktiserende Arkitekter
Norske Arkitekters Landsforbund
Norsk Havneforbund
Norvar
Næringslivets Hovedorganisasjon
Resource-Partner AS
Rådgivende ingeniørers forening
Småbedriftsforbundet
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Høyringsfristen var den 21. mai 2007. Følgjande instansar hadde realitetsmerknader til lovforslaget:
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Justisdepartementet
Kystverket
Regjeringsadvokaten
Bergen kommune
Hamar kommune
Oppland fylkeskommune
Oslo kommune
Arbeidsgiverforeningen Spekter (tidlegare NAVO)
Den Norske Advokatforening
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon
Landsorganisasjonen
NIMA
NITO – Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon
Næringslivets Hovedorganisasjon
Følgjande instansar hadde ikkje realitetsmerknader til lovforslaget:
Departementas Servicesenter
Fiskeri- og kystdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Klagenemnda for offentlige anskaffelser
Kommunal- og regionaldepartementet
Konkurransetilsynet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Statsbygg
Utanriksdepartementet
Høgskolen i Agder
Høgskolen i Telemark
Universitetet i Bergen
Bedriftsforbundet
Fleire av desse instansane kom likevel med synspunkt og forslag til utforming av forskrift til den føreslåtte lovføresegna. Departementet har merka seg desse, som vil bli vurderte i samband med forskriftsarbeidet. Desse innspela blir ikkje kommenterte i proposisjonen.