1 Innleiing og samandrag
Denne proposisjonen inneheld framlegg til endringar i opplæringslova. Framlegget inneber at lova får eit eige kapittel om elevane sitt skolemiljø.
Tilhøvet til privatskulelova vil bli behandla i ei særskild lovsak.
Lovframlegget frå departementet er eit svar på vedtaket i Stortinget 18. mai 2000 (oppmodingsvedtak nr. 335):
«Stortinget ber Regjeringen i løpet av høsten 2000 å fremme forslag om å lovfeste arbeidsmiljøbestemmelser for elever og studenter.»
Departementet vil gjere merksam på at Ot.prp. nr. 40 (2001-2002), om lov om endringer i lov 12. mai 1995 nr. 22 om universiteter og høgskoler og lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell, som er lagd fram for Stortinget, inneheld forslag til føresegner om læringsmiljøet til studentane.
Framlegget i denne proposisjonen vidarefører gjeldande krav til skolemiljøet i anna lovverk. I tillegg blir brukarmedverknaden styrkt. Forslaget inneber at skolemiljøet blir underlagt statleg tilsyn.