2 Gjeldande rett
2.1 Oversikt
Føresegner som regulerer miljøforhold i skolen, finst fleire stader i lovverket, mellom anna i skolelovgivinga, helselovgivinga, plan- og bygningslovgivinga og arbeidsmiljølovgivinga. Ulike offentlege organ fører tilsyn etter dei respektive lovene.
Forskrift 01.12.1995 nr. 928 om miljørettet helsevern i barnehager og skoler er blitt kalla «barnas arbeidsmiljølov». Forskrifta er heimla i kommunehelsetenestelova, kapittel 4a, om miljøretta helsevern. Forskrifta inneheld krav til det fysiske og psykososiale miljøet, og har føresegner om mellom anna ansvarsforhold, internkontroll, opplysnings- og informasjonsplikt, tilsyn, sanksjonar og klage. Formålet med forskrifta er å medverke til at miljøet i barnehagar og skolar skal fremje helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggje sjukdom og skade, jf. § 1.
Opplæringslova har fleire føresegner med verknad for skolemiljøet. I følgje formålsparagrafen skal det «leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar, mellom lærlingar, lærekandidatar og bedrifter, mellom skole og heim, og mellom skole og arbeidsliv. Alle som er knytte til skolen eller til lærebedriftene, skal arbeide for å hindre at elevar, lærlingar og lærekandidatar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar». Etter § 9-5 om skoleanlegga skal kommunen «sørgje for tenlege grunnskolar». Lova har også føresegner om tilpassa arbeidsplass (§ 9-3) og om organisert brukarmedverknad (kapittel 11).
Vidare har forskrift 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova i § 12-1 føresegner om tryggleiken til elevane. Her er det mellom anna særlege føresegner om tilsyn ved symjing og bading og om skolepatruljar, og ei generell føresegn om at tilsynet med elevane skal vere forsvarleg. Skolen er også gitt høve til å ta inn føresegner om ulike førebyggjande tiltak i ordensreglementet.
Arbeidsmiljølova gjeld arbeidsmiljøet for dei tilsette, og så lenge elevane oppheld seg i dei same lokala, vil arbeidsmiljølova kunne gi elevane indirekte vern. Men arbeidsmiljølova gjeld også direkte for elevane i visse tilfelle.
For det første er lærlingar og lærekandidatar i bedrift rekna som arbeidstakarar i lærebedrifta etter § 4-2 første ledd i opplæringslova, jf. arbeidsmiljølova § 3 nr. 2 bokstav f, og forskrift 14. mai 1993, som ser lærlingane og lærekandidatane som arbeidstakarar etter arbeidsmiljølova i høve til følgjande kapittel eller delar av dei: kap. I til og med X, kap. XIII og kap. XIV med unntak av § 86 (straffeansvar for arbeidstakar).
For det andre skal elevane i alle høve vere underlagde tilsyn etter arbeidsmiljølova når dei deltek i praktisk opplæring som kan innebere fare for liv eller helse, jf. arbeidsmiljølova § 3 nr. 2 bokstav a, jf. forskrift av 17 juni 1977 nr. 9383 pkt. C. Dette vil særleg vere aktuelt i praktisk opplæring på farlege maskinar i vidaregåande skole, men også i samband med fysikk-, kjemi- og visse formingstimar. Skolen må i desse tilfella oppfylle krav i arbeidsmiljølova om utføring av arbeidet, om tekniske hjelpemiddel, stoff og materiale. Regelen dekkjer berre tilsyn; elevane er ikkje gitt rett til å velje verneombod eller delta i arbeidsmiljøutvalet.
Plan- og bygningslova med byggforskrifta inneheld krav til det fysiske innemiljøet (inneklimaet) og utemiljøet. Dette lovverket er mest praktisk i samband med planlegging og oppføring av bygg og byggtekniske installasjonar. I 1993 fekk likevel plan- og bygningslova i § 89 ei føresegn om den plikt eigaren har til «å holde byggverk og installasjoner i slik stand at fare eller vesentlig ulempe ikke oppstår», og etter byggforskrifta § 8-62 pliktar eigaren å halde bygget ved like slik at det oppfyller forskrifta.
Sentrale faginstansar for dei ovannemnde lovene er i same rekkjefølgje Sosial- og helsedirektoratet/Statens helsetilsyn/Statens folkehelseinstitutt, Læringssenteret, Direktoratet for arbeidstilsynet og Statens byggtekniske etat.
Departementet vil også nemne lov om produktkontroll, som gjeld utstyr som skal brukast i skolen. Med heimel i lova er det gitt forskrift om tryggleik i samband med leikeplassutstyr; denne gjeld også for skolar.
Andre lover som kan ha verknad for tryggleiken til elevane, er lov av 5. juni 1987 nr. 26 om brannvern og lov av 24. mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr .
Med heimel i mellom anna dei sistnemnde lovene og arbeidsmiljølova er det gitt forskrift 6. desember 1996 nr. 1127 om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften). Denne forskrifta vil dessutan vere relevant for å bestemme innhaldet i kravet om internkontroll i forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar.
2.2 Materielle krav
2.2.1 Krav til det fysiske miljøet
Hovudkravet i forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar § 7 er at skolen skal vere helsemessig tilfredsstillande. Dette blir utdjupa med krav til mellom anna lokalisering, utforming og innreiing, inneklima og reinhald. Krava er gjennomgåande gitt i form av skjønnsmessige, rettslege standardar som «hygienisk betryggende», «allment akseptert måte» og «tilfredsstillende». Om til dømes inneklimaet er «tilfredsstillende», blir avgjort etter ei skjønnsmessig vurdering av kva verknad inneklimaet har eller kan antakast å ha på helsa, trivselen og læringa hos elevane. Standardar som «allment akseptert måte» viser mellom anna til krav i anna lovgiving som ikkje direkte gjeld skoleelevane, slik som til dømes arbeidsmiljølova. Krava må, sameleis som «fullt forsvarlig» i arbeidsmiljølova, vere minimumskrav som skal oppfyllast utan økonomiske omsyn. Talfesta normer og nærmare omtale av kva som skal til for å oppfylle forskrifta, er gitt i rettleiingar.
Tilsvarande standardar er brukte i dei andre lovene. Til dømes krev forskrift 16.02.1995 til arbeidsmiljølova om arbeidsplassar og arbeidslokale § 8 at inneklimaet skal vere «tilfredsstillende», og byggforskrifta § 8-3 seier at inneklimaet skal «oppleves tilfredsstillende». Når dei rettleiande normene frå dei ulike sentrale styremaktene så å seie er identiske, tyder det på at standardane kan tolkast nokså likt.
Krav til det fysiske miljøet finst også i opplæringslova § 9-3, som gir alle elevar «rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira». Retten er særleg aktuell for elevar som på grunn av funksjonshemmingar treng arbeidsplassar som er tilpassa dei særlege behova den enkelte eleven har. For elevar utan nedsett funksjonsevne gir regelen rett til generelt tilpassa arbeidsplassar, slik at dei kan delta i den opplæringa læreplanen fastset.
Både forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar og byggforskrifta til plan- og bygningslova har føresegner som pålegg skolen å vareta behova til funksjonshemma.
2.2.2 Det psykososiale miljøet
Etter opplæringslova § 1-2 siste ledd skal det «leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar, mellom lærlingar og bedrifter, mellom skole og heim, og mellom skole og arbeidsliv. Alle som er knytte til skolen eller til lærebedriftene, skal arbeide for å hindre at elevar og lærlingar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar».
Ei føresegn om det psykososiale miljøet finst også i forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar: Etter § 12 skal skolen «fremme trivsel og gode psykososiale forhold». I og med at forskrifta har krav om internkontroll, må det mellom anna kunne krevjast at skolen har rutinar for å førebyggje mobbing og vald.
Kravet i arbeidsmiljølova om fullt forsvarleg arbeidsmiljø gjeld også dei miljøtilhøva som kan ha innverknad på den psykiske helsa og velferda hos arbeidstakarane, jf. § 7. Departementet viser her også til § 1 nr. 2, som seier at lova mellom anna har til formål å «sikre (...) en meningsfylt arbeidssituasjon for den enkelte arbeidstaker».
2.3 Ansvarsforhold
2.3.1 Skoleeigaren og leiinga for den enkelte skolen
Hovudansvaret for skolemiljøet ligg hos skoleeigaren. Sjølv om til dømes forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar i § 4 gir rektor eit sjølvstendig ansvar for å halde forskrifta og pålegg gitt etter den, er det eigaren som har ansvaret for at dette er mogleg, økonomisk og organisatorisk, jf. § 4 andre ledd. Også etter opplæringslova har skoleeigaren primæransvaret, sjølv om rektor og personalet elles er gitt direkte ansvar. Ot.prp. nr. 46 (1997-98) understrekar at ansvaret for rektor og personalet ikkje rekk lenger enn det som er mogleg innanfor dei organisatoriske og ressursmessige rammene skolen har fått av skoleeigaren (s. 155).
Nemninga skoleeigaren må forståast som den som er ansvarleg for verksemda. For offentlege grunnskolar vil dette normalt vere kommunen, for vidaregåande skolar fylkeskommunen, for private skolar den verksemda (det rettssubjektet) som driv skolen. Etter helselovgivinga er den som driv skolen «eigar» også i dei tilfella da skolen blir driven i leigde lokale. Men etter plan- og bygningslova rettar krava seg også direkte mot den som eig sjølve bygget. Her vil eigaren av bygget, i tillegg til sitt kontraktsrettslege ansvar overfor skolen, også ha eit sjølvstendig ansvar for å oppfylle krava etter plan- og bygningslova, med mellom anna plikt til å halde byggverk og installasjonar ved like, jf. § 89.
Etter opplæringslova § 9-5 skal kommunen «sørgje for tenlege grunnskolar». Etter forarbeida gjeld «tenlege» her både kvaliteten i opplæringa og skolemiljøet. Lova har ikkje noka tilsvarande føresegn om dei vidaregåande skolane.
Ansvaret for skolemiljøet er straffsanksjonert, sjå pkt. 2.6. Straffansvar og erstatningsansvar vil etter omstenda kunne gjerast gjeldande mot skoleeigaren og skoleleiaren.
2.3.2 Dei tilsette
Lærarar og andre tilsette har alminneleg omsorgsplikt overfor elevane, jf. opplæringslova § 1-2. Under dette hører mellom anna plikt til å gripe inn for å hindre at elevar skader andre elevar, og plikt til å varsle leiinga om forhold som kan ha negativ verknad for skolemiljøet. Elles har også dei tilsette plikt til å avbryte arbeidet, dersom dette ikkje kan halde fram utan at det medfører fare for liv eller helse, jf. arbeidsmiljølova § 16 nr. l. Dersom denne retten blir brukt, vil han kunne vere eit indirekte vern også for elevar.
2.4 Internkontroll, opplysningsplikt m.m.
Forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar pålegg i § 4 skoleeigaren å sørgje for at skolen etablerer eit internkontrollsystem. Rektor har ansvaret for å drive den daglege internkontrollen. Ein må elles anta at innhaldet i internkontrollplikta tilsvarer føresegner om internkontroll i anna lovverk.
Etter forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar § 5 skal rektor sørgje for at det uoppmoda blir gitt relevant informasjon til føresette og/eller elevar om tilhøve ved verksemda som kan ha negativ innverknad på helsa. Rektor skal også leggje fram nødvendige opplysningar for den som har tilsynsansvaret.
2.5 Tilsyn, påleggs- og sanksjonskompetanse
Ulike offentlege organ fører tilsyn med miljøtilhøva i skolen.
Kommunestyret har tilsyns- og godkjenningsansvar etter forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar, medan fylkeslegen fører tilsyn med den kommunale tilsyns- og godkjenningsmyndigheita etter lov 30.03.1984 nr. 15 om statleg tilsyn med helsetenesta.
Kommunen kan gi pålegg om gransking, retting, tvangsmulkt og stenging etter kommunehelsetenestelova kap. 4a. Det er også kommunen som godkjenner skolane etter forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. Godkjenning krevst også dersom verksemda blir utvida eller endra. Kommunestyret kan «i særskilte tilfelle» gi dispensasjon frå krava i forskrifta. Dårleg økonomi blir ikkje rekna som «særskilt tilfelle». Vedtaket i kommunestyret kan klagast til fylkesmannen.
Kommunen fører også tilsyn med miljøkrava i plan- og bygningslova, med fylkesmannen som klageinstans.
Statlege etatar fører direkte tilsyn: statens utdanningskontor etter opplæringslova, arbeidstilsynet etter arbeidsmiljølova. Det sistnemnde har Direktoratet for arbeidstilsynet som klageinstans.
Etter opplæringslova § 14-1 tredje ledd er det heimel for å gi pålegg dersom det blir avdekt tilhøve som er i strid med opplæringslova eller forskrift gitt med heimel i denne. Ei avgrensing er at det ikkje er mogleg å følgje opp påleggskompetansen med noka form for vidare sanksjonar mot kommunar og fylkeskommunar som ikkje følgjer eventuelle pålegg.
2.6 Straff
Å overtre forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar, eller pålegg som er gitt med heimel i den, forsettleg eller aktlaust, blir straffa med bøter eller fengsel i inntil 3 månader eller begge delar, jf. § 28, jf. kommunehelsetenestelova § 4a-11. Medverknad blir straffa på same måten. Føresegna har likevel ei avgrensing i tredje ledd: Har det ikkje medført helseskade eller berre ubetydeleg fare for helseskade, skjer offentleg påtale berre når kommunestyret krev det.
Føresegner om straffeansvar finst også i arbeidsmiljølova kapittel XIV og i plan- og bygningslova kapittel XVIII, sjå særleg § 111 nr. 3 om bøtestraff for den som «tross skriftlig pålegg ikke oppfyller plikten etter § 89 første ledd første punktum til å holde byggverk og installasjoner i stand».
2.7 Brukarmedverknad. Klage
2.7.1 Opplæringslova
Etter opplæringslova § 11-1 andre ledd har samarbeidsutvalet, og etter § 11-5 andre ledd skoleutvalet, «rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen». Etter § 11-2 skal elevrådet i grunnskolen kunne uttale seg og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane. Dette må ein anta gjeld tilsvarande for elevråd i den vidaregåande skolen, jf. § 11-6. I § 11-3 om klasseråd heiter det at klasserådet saman med lærarane og foreldra skal arbeide for å skape godt miljø i klassen.
§ 11-1 og § 11-5 i lova sikrar også foreldrerepresentasjon og elevrepresentasjon i styret for skolen. Etter § 11-8 har representantar for elevane i vidaregåande opplæring møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder etter tilsvarande reglar som gjeld tilsette, jf. § 26 i kommunelova.
2.7.2 Helselovgivinga
Vedtak som kommunen gjer etter forskrifta om miljøretta helsevern, kan klagast til fylkesmannen. Elevane vil særleg kunne ha interesse av å klage over vedtak om godkjenning eller dispensasjon der dei meiner vedtaka er ulovlege, eller over vedtak som seier at pålegg ikkje vil bli gitt.
For elevane vil det at tilsynsorganet ikkje grip inn, i praksis vere til like stor belastning som om tilsynsorganet hadde gjort vedtak i deira disfavør, for eksempel om dispensasjon. Det har derfor vore hevda at passivitet frå tilsynsorganet i slike tilfelle må kunne likestillast med enkeltvedtak, slik at ein formelt kan klage over det til eit høgare organ. Rettstilstanden her er ikkje avklart.
2.7.3 Plan- og bygningslovgivinga
I kgl. res. 01.09.1989 er det gitt rikspolitiske retningslinjer for å vareta interessene til barn og unge i planlegginga.