Ot.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting

Til innhaldsliste

6 Utviding av verkeområdet for lova

6.1 Elektroniske medium

6.1.1 Høyringsnotatet

Medieeigarskapslova gjeld i dag ikkje for elektroniske medium, men Kongen kan utvide lova til også å gjelde slike medium, sjå § 3 i lova. Sjølv om tilsynet i dag ikkje kan gripe inn mot oppkjøp av elektroniske medium, vil eigarskap i slike medium vere eit moment i vurderinga av om ein aktør har ei sterk eigarstilling etter § 9.

I høyringsnotatet viste departementet til veksten i bruken av Internett som kjelde for nyhende- og aktualitetsstoff dei seinare åra. Departementet meinte difor at Internett - og særleg nettavisene - representerer ein viktig kanal for meiningsberande innhald til publikum og at det difor ikkje lenger er naturleg å trekkje eit skilje mellom informasjon formidla via tradisjonelle medium og informasjon formidla elektronisk.

Medieeigarskapslova kan omfatte elektroniske medium på to måtar, anten som ein eigen mediemarknad (d.t. at lova gjev tilsynet heimel til å gripe inn mot eigarskapskonsentrasjon innanfor marknaden for elektroniske medium), eller som ein distribusjonskanal (d.t. at bruken av nettutgåver vert tekne med i vurderinga av gjennomslaget til ei avis eller ein kringkastingskanal).

I høyringsnotatet konkluderte departementet med at elektroniske medium førebels først og fremst fungerer som ein distribusjonsmåte, og at det difor ikkje er grunnlag for å rekne elektroniske medium som ein sjølvstendig mediemarknad etter medieeigarskapslova. Departementet viste mellom anna til at det hovudsakleg er nettutgåvene av etablerte avis- eller kringkastingsmedium som speler ei reell rolle i den allmenne nyhendeformidlinga.

Departementet foreslo difor å utvide verkeområdet for lova til å omfatte elektroniske medium, men førebels utan å fastsetje eigne grenser for eigarskap eller opne for inngrep mot oppkjøp i slike medium. I praksis vil endringa innebere at det vert ei oppgåve for tilsynet å halde oppsikt med utviklinga av ein marknad for elektroniske medium og eventuelle oppkjøp i denne marknaden. Departementet meinte likevel at den raske utviklinga på området tilseier at departementet - som i dag - bør ha høve til å utvide inngrepsheimelen i forskrift.

Departementet la til grunn at ei utviding av lova bør avgrensast til elektroniske medium som spelar ei reell rolle i høve til lovføremålet, med andre ord dei «meiningsberande» media. Mediet må ha eit visst minimum av redaksjonelt sjølvstende og eigenproduksjon for å spele noka reell rolle som berar av meiningsinnhald og ytringar. Departementet la difor til grunn at det saklege verkeområdet for lova i høve til elektroniske medium må fastsetjast av tilsynet etter ei vurdering av lovføremålet i kvart enkelt tilfelle, jf lova § 1. Dette er i tråd med framlegget frå Konvergensutvalet (jf. NOU 1999:26).

Trass i at nettmedia i dag hovudsakleg fungerer som ein alternativ distribusjonskanal for aviser og kringkastarar, gjorde departementet ikkje framlegg om å rekne bruken av nettutgåvene inn i avis- eller kringkastingsmarknadene. Departementet viste til at ein modell som krev omrekning og samanlikning av publikumsdekning i tradisjonelle medium og elektroniske medium ikkje vil vere praktikabel.

6.1.2 Høyringsfråsegnene

Eit fleirtal av høyringsinstansane (Samferdselsdepartementet, Justisdepartementet, Konkurransetilsynet, Eigarskapstilsynet, Norsk journalistlag, Norsk medieforskerlag og Kristent radioforum) stør i prinsippet framlegget om å utvide lova til å gjelde for elektroniske medium. Samferdselsdepartementet viser til at: «Den stadig sterkere utviklingen mot konvergens i de tidligere atskilte tele-, it- og kringkastingssektorene tilsier [...] at en så langt som mulig bør søke å oppnå et mest mulig likt eller sammenfallende regelverk.» Norsk medieforskerlag er «... enig med både Departementets vurdering av at internettjenester er i ferd med å bli en svært viktig informasjonskanal, og Departementets beskrivelse av eiersituasjonen i internettbransjen, der så godt som alle viktige nettsteder eies og drives av aktører som også er store innen presse- og kringkasting.» A-pressen og Telenor avviser heller ikkje ei utviding av verkeområdet, sjølv om dei ikkje er samde i den modellen som vert foreslått.

Statens medieforvaltning, MBL, Norsk redaktørforening, Schibsted og TV 2 går imot framlegget om å utvide verkeområdet til lova. Fleire viser til departementets vurdering av at det per i dag ikkje finst nokon reell marknad for elektroniske medium. MBL viser til at nettaviser framleis er «... en kanal med i beste fall helt marginale overskudd», og at det derfor ikkje vil «... bidra til mangfold å legge hindringer i veien for at mediebedriftene også fremover kan satse på elektroniske medier, samtidig som man satser på andre medier.» Statens medieforvaltning peiker på at framlegget «... vil få liten betydning og vil være problemfylt å håndheve».

Når det gjeld reguleringsmodellen (d.t. utviding av verkeområdet for lova, men ikkje inngrepsheimelen)er eit fleirtal av dei som uttaler seg negative. Norsk journalistlag meiner at det bør fastsetjast ei eigarskapsgrense også for elektroniske medium. Eigarskapstilsynet går ikkje inn for særskilte grenser for elektroniske medium, men meiner likevel at inngrepsheimelen bør utvidast: «En slik hjemmel sikrer at medieeierskapsloven også kan fungere som et effektivt redskap for å sikre mediemangfold også i fremtidens mediemarked. I motsetning til de øvrige mediemarkeder vil slike inngrep ikke være basert på faste region- og terskelgrenser, men bygge på en skjønnsmessig vurdering av om lovens to hovedvilkår er oppfylt.» Konkurransetilsynet meiner at fråværet av ein inngrepsheimel kan «... føre til en mer aggressiv oppkjøpspolitikk hos de store aktørene i markedet.»

TV 2, Telenor og A-pressen er kritiske til framlegget om at inngrepsheimelen skal kunne utvidast i forskrift. Telenor meiner at dei «... grunnleggende interesser som berøres i denne sammenheng tilsier ...at en slik utvidelse av lovens virkeområde må behandles i Stortinget og iverksettes ved endring i selve loven».

Samferdselsdepartementet sluttar seg til departementet sitt framlegg til mellomløysing og uttaler:

«Samferdselsdepartementet ser videre at det kan være hensiktsmessig at lovens virkeområde foreløpig kun utvides til å føre tilsyn med eierskapet, men uten inngrepshjemmel, i lys av et antatt behov for å skaffe erfaringer med området og dynamikken i markedet. På denne bakgrunn må det derfor i ettertid foretas en vurdering av hvorvidt det vil være behov for/ønskelig å ved lovendring å etablere en inngrepshjemmel.»

6.1.3 Departementets vurdering

Det er ikkje tvil om at Internett i dag speler ei viktig rolle som informasjonskjelde og ytringskanal. Statistisk sentralbyrås Norsk mediebarometer for 2003 viser at 42 prosent brukte Internett på ein gjennomsnittsdag i 2003, mot berre 7 prosent i 1997. Ein av to nettbrukarar les nyhende på nettet kvar dag.

Samstundes legg departementet til grunn at Internett i dag fungerer meir som ein alternativ distribusjonskanal for tradisjonelle medium enn som ein sjølvstendig mediemarknad. Mellom anna viser Norsk mediebarometer for 2003 at heile 42 prosent av nettbrukarane nytta nettet til å lese nyhende på Internettsidene til papiraviser. 25 prosent las nyhende frå andre kjelder, som Nettavisen, NRK osb.

Kultur- og kyrkjedepartementet kan difor ikkje sjå at det er grunnlag for å fastsetje eigne grenser for eigarskap i denne sektoren, og konstaterer at ein inngrepsheimel inntil vidare ikkje ville ha nokon reell funksjon.

Samstundes er det klart at bruken av nettutgåver har mykje å seie for den reelle påverknadskrafta til dei ulike dagspresse- og kringkastingsmedia. Det naturlege hadde difor vore å trekkje denne bruken inn ved utrekning av marknadsdelar innanfor dagspresse- og kringkastingsmarknadene. Så langt ser departementet likevel så store praktiske problem med dette at det ikkje vil tilrå ei slik løysing.

Området er likevel i sterk utvikling, både teknologisk og med omsyn til gjennomslag hos publikum. Departementet kan difor ikkje sjå bort frå at det på relativt kort tid kan utvikle seg ein marknad for elektroniske nyhendemedium som ikkje er knytte til dei tradisjonelle avis- eller kringkastingsmedia. Spørsmålet er om departementet i ein slik situasjon bør ha høve til å utvide inngrepsheimelen i forskrift, eller om dette bør gjerast i form av ei lovendring.

Lovendring ein omstendeleg prosess, noko som vil innebere ei forseinking i høve til når behovet for regulering oppstår. Nokre aktørar kan tenkjast å ville utnytje ein slik venteperiode til å posisjonera seg i marknaden.

Departementet legg likevel til grunn at ei eventuell utviding av inngrepsheimelen bør behandlast i Stortinget og setjast i verk ved endring i sjølve lova. Departementet legg vekt på at ein forskriftsmodell vil overlate det til departementet å fastsetje innhaldet i reguleringa av eigarskap i elektroniske medium; mellom anna med omsyn til omfanget av ei utviding, om det skal fastsetjast eigne eigarskapsgrenser, nivået på desse grensene osb. Det kan hevdast at dette vil gjere situasjonen uviss for aktørane i bransjen, noko somkan undergrave verdienav å innføre eigarskapsgrenser elles i lova.

6.2 Vertikal integrasjon

6.2.1 Høyringsnotatet

Vertikal integrasjon i mediemarknaden inneber at eitt selskap, eller fleire selskap i samarbeid, kontrollerer heile eller delar av verdikjeda, frå produksjon av innhald til distribusjon av innhald til sluttbrukaren. Det er særleg utviklinga innanfor digital-TV som aktualiserer denne problemstillinga, av di kontroll over sentrale posisjonar i verdikjeda for digital-TV potensielt kan gje stor innverknad over medietilbodet og -konsumet. Problemet med vertikal integrasjon er først og fremst at det opnar for utnytting av portvaktfunksjonar. Eit selskap som kontrollerer eitt punkt i verdikjeda som alle tenesteleverandørane må passere, vil ha ein slik portvaktfunksjon. Eit vertikalt integrert selskap kan ved utøving av ein slik portvaktfunksjon ha interesse av å gje føremon til eigne selskap eller tenester.

I høyringsnotatet vurderte departementet for det første i kva grad vertikal integrasjon er eller vil bli problematisk i høve til lovføremålet. For det andre vurderte departementet om ei utviding av medieeigarskapslova er eit føremålstenleg verkemiddel i denne samanhengen, eller om andre verkemiddel vil vere meir effektive for å nå lovføremålet.

Som vedlegg til høyringsnotatet la departementet fram ei utgreiing av verdikjedene i medieindustrien utarbeidd av Eigarskapstilsynet. Tilsynet slo her fast at eksistensen av digitale portvakter ikkje i seg sjølv har uheldige konsekvensar for mediemangfaldet, men at problem kan oppstå når ein aktør utnyttar denne posisjonen til å favorisere eige innhald.

På bakgrunn av Eigarskapstilsynets utgreiing la departementet til grunn at vertikal integrasjon per i dag ikkje er noko stort problem på medieområdet. Departementet la til grunn at problemet først og fremst vil kunne oppstå i samband med etableringa av eit digitalt bakkenett for fjernsyn. Som følgje av kapasitetsgrensene i dette nettet vil det oppstå portvaktfunksjonar som ein vertikalt integrert aktør kan utnytje til skade for konkurrentar.

Etter ei samla vurdering konkluderte departementet i høyringsnotatet med at det per i dag ikkje er grunnlag for å utvide medieeigarskapslova til å gjelde vertikal integrasjon. Departementet la til grunn at regulering av vertikal integrasjon i mediemarknaden er ei inngripande regulering som berre bør innførast dersom klare og tungtvegande samfunnsinteresser tilseier det. Departementet viste til at i høve til vertikal integrasjon er det ikkje eigarposisjonen i seg sjølv som er problematisk, men eventuelt misbruk av portvaktposisjonar. Av same grunn er ikkje reguleringsmodellen i gjeldande medieeigarskapslov eigna for regulering av vertikal integrasjon. Dessutan er det ikkje på same måte som ved horisontal eigarkonsentrasjon fare for ei irreversibel utvikling. Endeleg viste departementet til at det alt i dag finst regelverk og tiltak som kan motverke eventuelle negative konsekvensar av vertikal integrasjon på ulike område, til dømes reglar om innhaldskvoter, vidareformidlingsplikt, heimel til regulering av elektroniske programguidar (EPGar), konsesjonskrav til MUX 1 -operatørane og lov om elektronisk kommunikasjon.

Departementet uttalte at det vil følgje utviklinga på dette området nært i tida framover.

6.2.2 Høyringsfråsegnene

Samferdselsdepartementet, MBL, NRK og Telenor stør departementets vurdering om at det per i dag ikkje er grunnlag for å utvide lova med regulering av vertikal integrasjon. Telenor uttaler følgjande:

«Telenor er enig i at vertikal integrasjon skaper problemer først når den benyttes for å vinne konkurransefordeler på en utilbørlig måte. Det er særlig situasjonen hvor innhold og distribusjon er vertikalt integrert innenfor samme selskap/konsern som kan medføre en risiko i denne sammenheng. I en slik situasjon kan det finnes incitament til å iverksette konkurransevridende tiltak for å f.eks. fremme egen innholdsproduksjon, slik det pekes på i den til høringsnotatet vedlagte rapporten fra Eierskapstilsynet.»

Eigarskapstilsynet sluttar seg til at «... et eventuelt regelverk bør fokusere på selve misbruket av den dominerende posisjon istedenfor å sette faste eierskapsgrenser» og at gjeldande reguleringsmodell difor ikkje er eigna for regulering av vertikal integrasjon. Tilsynet understrekar likevel at det ikkje er noko i vegen for å utvide lova med ein heimel til å gripe inn mot åtferd. Når det gjeld departementets konklusjon om at vertikal integrasjon på medieområdet per i dag ikkje er noko stort problem i praksis, peiker tilsynet på «... viktigheten av at regelverket bør være i forkant av utviklingen og at etableringen av det digitale bakkenettet er nært forestående».

Orkla og TV 2 stiller spørjeteikn ved departementets grunngiving for konklusjonen, særleg at departementet viser til at vertikal integrasjon per i dag ikkje er noko stort praktisk problem. Begge viser til at lova elles er basert på eit føre var-prinsipp. Orkla stiller seg «... undrende til at Departementet ikke går nærmere inn i denne problemstillingen, som i lys av den raske utviklingen som finner sted, bør være minst like viktig for Departementet, når man samtidig strammer inn kontrollen med horisontale eierkonsentrasjoner (krysseierskap).»

Samferdselsdepartementet, NRK og Eigarskapstilsynet meiner det er naudsynt å følgje utviklinga nøye på dette området.

6.2.3 Departementets vurdering

Departementet kan ikkje sjå at det no er grunnlag for å utvide medieeigarskapslova til å gjelde vertikal integrasjon.

Reguleringa av horisontal konsentrasjon er basert på at dominerande eigarposisjonar i mediemarknaden gir ein potensiell påverknadskraft over opinionen som, om han skulle bli utnytja, kan undergrave dei demokratiske avgjerdsprosessane i samfunnet. Sjølv direkte og aktiv påverknad på det redaksjonelle produktet frå eigarane kan det vere umogleg å påvise i praksis. Det kan dessutan vere tale om meir indirekte påverknad.

Vertikal integrasjon reiser andre spørsmål, og vil først og fremst vere problematisk dersom ein vertikalt integrert aktør misbruker eventuelle portvaktposisjonar ved aktivt å halde andre aktørar ute frå marknaden eller ved å favorisere eige innhald. I slike tilfelle vil det typisk vere ein tenestetilbydar e.l. som er utestengd eller diskriminert i tilgangen til ein avgrensa ressurs. Denne vil normalt protestere, og det vil vere mogleg å gripe inn i etterhand, til dømes med heimel i konkurranselova, for å sikre at aktøren får tilgang på lik linje med portvaktaktøren sine eigne selskap eller tenester.

Etter departementets vurdering inneber utviklinga av vertikal integrasjon så langt ikkje nokon vesentleg risiko for skadeverknader av ein art som kan forsvare ei «føre var»-regulering av same modell som den som i dag gjeld for «horisontal» konsentrasjon. Departementet legg til at etter det departementet kjenner til, har ingen europeiske land til no innført særskilt regulering av vertikal integrasjon i mediemarknaden.

Departementet meiner likevel at det er naudsynt å følgje utviklinga nært, for å sjå om det vil skje ei utvikling i retning av vertikal integrasjon, om dei selskapa som oppnår ein portvaktfunksjon vel å utnytte posisjonen til skade for sine konkurrentar og om andre regelverk i så fall kan gje eit tilstrekkeleg vern av mangfald og ytringsfridom.

6.3 Samarbeidsavtalar

6.3.1 Høyringsnotatet

I dag kan tilsynet ikkje gripe direkte inn mot samarbeidsavtalar, sjølv om ein samarbeidsavtale kan vere eit moment i vurderinga av om ein aktør har ei sterk eigarstilling. Lova legg dessutan til grunn ein vid definisjon av oppkjøp («erverv»), som mellom anna omfattar leige av eigardel. 2

I høyringsnotatet la departementet til grunn at ein samarbeidsavtale, på same måte som eit oppkjøp, kan føre til at partane saman får dominans i mediemarknaden. Departementet viste dessutan til at føremålet med lova først og fremst er å sikre at ein aktør ikkje får for stor kontroll med mediemarknaden og dermed for stor potensiell påverknadskraft over opinionen. Departementet gjorde difor framlegg om å utvide lova til å gjelde samarbeidsavtalar i den grad slike avtalar kan gje ein avtalepart lik eller tilsvarande innverknad over det redaksjonelle produktet som eit oppkjøp.

Departementet gav deretter nokre døme på samarbeidsavtalar som kan bli omfatta av ein slik regel. For det første vil han omfatte avtalar som har same eller tilsvarande praktiske konsekvensar som eit oppkjøp. Departementet la til grunn at slike avtalar kan vere motiverte i eit ønske om å omgå eigarskapsgrensene i lova. Andre døme kan vere avtalar om redaksjonelt samarbeid, til dømes ein avtale om felles redaktør, redaksjonell samordning eller felles nyhendeproduksjon. Departementet la til grunn at regelen ikkje vil omfatte avtalar som gjeld meir administrative tilhøve, til dømes om annonsesamkøyring, trykkeri, distribusjon og liknande. Departementet viste til at dette er avtalar som ikkje direkte fører til auka innverknad over det redaksjonelle produktet, og i utgangspunktet først og fremst berre kan reise konkurranserettslege problemstillingar.

Departementet la til grunn at det må vere eit vilkår for inngrep at samarbeidspartane kvar for seg eller samla har eller får ei sterk stilling i marknaden i strid med lovføremålet. Departementet la dessutan til grunn at ein slik regel hovudsakleg vil vere ein sikringsventil ved ordningar som ligg nær opp til oppkjøp og at den bør praktiserast med varsemd og inngrep bør berre gjerast i relativt klare tilfelle.

Departementet fann det ikkje naturleg å setje tilsvarande fristar for inngrep mot samarbeidsavtalar som for oppkjøp. Departementet viste til at det i praksis kan vere vanskeleg for tilsynet å oppdage slikt samarbeid, at samarbeidet kan utvikle seg over tid og det kan vere vanskeleg å få oversyn over konsekvensane av eit samarbeid på eit tidleg tidspunkt.

6.3.2 Høyringsfråsegnene

Fleirtalet av høyringsinstansane (MBL, Norsk redaktørforening, Norsk lokalradioforbund, Schibsted, A-pressen, Orkla, TV 2, Radio 1, Adresseavisen, YS og Fædrelandsvennen) går imot å utvide lova til å omfatte samarbeidsavtalar. A-pressen er «... sterkt imot at samarbeidsavtaler skal kunne reguleres», og viser til at «Slike avtaler er prinsipielt noe helt annet enn eierforhold, og det kan få uoversiktlige konsekvenser med en slik adgang til å gripe inn mot f.eks. redaksjonelt samarbeid.» A-pressen viser også til at oppkjøpsomgrepet etter gjeldande lov femnar temmeleg vidt og at det kan leggjast vekt på samarbeidsavtalar ved vurderinga av om inngrepskriteria i lova er oppfylt. Norsk redaktørforening åtvarar mot ein heimel «... der det kan gripes direkte inn overfor det redaksjonelle innhold eller den redaksjonelle kontroll». Orkla viser bl.a. til at regelen «... favner ...så vidt at den ikke gir reell veiledning» og at dette er i strid med «... Departementets uttalte ambisjon om å øke forutberegneligheten».

MBL og A-pressen legg subsidiært til grunn at dei same fristane for inngrep bør gjelde for samarbeidsavtalar som for oppkjøp. A-pressen meiner at «Konsekvensen av at det ikke fastsettes frister for inngrep mot samarbeidsavtaler vil i tilfelle reelt være at hjemmelen for inngrep mot samarbeidsavtaler blir vesentlig videre enn for inngrep mot erverv av eierandeler».

AAD, Eigarskapstilsynet, Konkurransetilsynet, Norsk journalistlag og Kristent radioforum stør departementets framlegg. Konkurransetilsynet viser til at «Samarbeidsavtaler mellom medieselskap kan i gitte tilfeller virke like sterkt begrensende på konkurranse og mediemangfold som felles eierskap.» Eigarskapstilsynet viser til at «... annonsesamkjøringer ha stor betydning for mediemangfoldet og den regionale konkurransen» og ber departementet vurdere «... om bestemmelsen også bør kunne anvendes i slike tilfeller».

6.3.3 Departementets vurdering

Tilsynet kan i dag berre leggje vekt på samarbeidsavtalar i samband med vurdering av eit oppkjøp. Slike avtalar vil då vere eit moment i vurderinga av om ein aktør har ei sterk eigarstilling etter § 9 i lova. Ein samarbeidsavtale kan gjere at to elles uavhengige aktørar vert vurderte som éin aktør i høve til det oppkjøpet som vert vurdert. I tillegg kan somme avtalar som ligg nært opp til oppkjøp truleg reknast som «erverv» etter definisjonen i lova, evt. etter ei utvidande tolking.

Som hovudregel har tilsynet likevel ikkje høve til å gripe inn mot samarbeidsavtalar, sjølv om desse skulle stride mot lovføremålet.

Når eigarskapskonsentrasjon kan ha negative konsekvensar for mediemangfald og ytringsfridom, er det nettopp av di dominerande eigarposisjonar gir påverknadskraft over dei redaksjonelle produkta og - gjennom desse - over opinionen. Etter departementets vurdering kan det ikkje vere tvil om at samarbeidsavtalar i somme høve kan gi ein avtalepart tilsvarande påverknadskraft over dei redaksjonelle produkta som oppkjøp. Å utelate slike avtalar frå lovregulering vil difor opne for for marknadsposisjonar som vil vere i strid med lovføremålet og for omgåing av eigarskapsgrensene i lova.

For det første kan ein tenkje seg avtalar som ligg nær opp til oppkjøp utan å bli råka av oppkjøpsomgrepet i lova. Slike avtalar kan vere motiverte i eit ønske om å omgå eigarskapsgrensene i lova. Eigarskapstilsynet har registrert ein aukande tendens til kreative løysingar i tilfelle der eit ordinært oppkjøp ville bli råka av eigarskapsgrensene i lova. Til dømes kan det gjelde bruk av opsjonsavtalar, evt. kombinert med låneavtalar eller aksjonæravtalar som gir aksjonærane plikt til å stemme i samsvar med opsjonshavaren sitt ønske. Andre døme kan vere avtalar som gir nokon den reelle kontrollen over aksjane utan at dei formelt skiftar eigar. Vederlag kan i slike høve skje via gunstige avtalar, til dømes om trykking eller distribusjon.

For det andre kan ein sjå for seg at store medieselskap kan inngå avtalar om redaksjonell samordning på ulike område. Det er nettopp denne typen samordning forbodet mot krysseigarskap skal hindre. På same måte som krysseigarskap, kan avtalar om redaksjonell samordning innebere at konkurrerande føretak ikkje kan reknast som fullverdige alternativ.

Departementet gjer difor framlegg om å utvide medieeigarskapslova til å gjelde samarbeidsavtalar som er eigna til å gi ein avtalepart tilsvarande påverknad over det redaksjonelle produktet som eit oppkjøp.

Vilkåra for inngrep vil vere at samarbeidspartane kvar for seg eller samla har eller får ei sterk stilling i marknaden og at denne stillinga er i strid med lovføremålet.Departementet legg til grunn at ein slik regel dels vil vere ein sikringsventil ved ordningar som ligg nært opp til oppkjøp, og dels ein reiskap til å hindre ulike former for redaksjonell samordning som er eigna til å ha vesentlege negative verknader andsynes lovføremålet. Det vil difor normalt ikkje vere aktuelt å gripe inn mot avtalar som berre har verknader på regionalt eller lokalt nivå. Vidare vil det normalt ikkje vere aktuelt å gripe inn mot avtalar mellom medium innanfor eitt og same konsern. Departementet understrekar at det på ingen måte er tale om inngrep som kan ramme meiningsfridomen til redaksjonane.

Departementet held fast ved at det ikkje er naturleg å setje tilsvarande fristar for inngrep mot samarbeidsavtalar som for oppkjøp, mellom anna av di eit samarbeid kan utvikle seg over tid.

Fotnotar

1.

Signalpakke for digital kringkasting. Multipleksing er en prosess der lyd, bilete og data for eit fjernsynsprogram eller andre digitale tenester blir kombinert og sett saman med andre tenester og andre naudsynte data for vidaresending i eit digitalt distribusjonsnett.

2.

§ 2: «I denne lov forstås med erverv av eierandel: Enhver form for overtakelse av eierandel, herunder kjøp, bytte, gave, leie, erverv ved arv eller skifte, tvangssalg og ekspropriasjon, samt tegning av eierandel i foretak. Som erverv av eierandel anses også erverv av aktiva som innebærer hel eller delvis overtakelse av virksomhet.»

Til forsida