1 Hovudinnhald i proposisjonen
I denne proposisjonen legg departementet fram forslag til endring i lov 2. april 1993 nr. 38 om framstilling og bruk av genmodifiserte organismer (genteknologiloven) med generelt forbod mot somatisk kloning 1 av virveldyr og krepsdyr. Forslaget omfattar totalt forbod mot kloning av primatar 2, men gjev høve til å søkje om dispensasjon frå eit generelt forbod mot kloning av andre virveldyr og krepsdyr. Dispensasjon kan berre gjevast for biologisk og medisinsk grunnforsking og for medisinsk verksemd når formålet med slik verksemd er å komme fram til nye behandlingsmåtar og førebyggjande tiltak for menneske og dyr, og der det er ein rimeleg balanse mellom dyreetiske omsyn og forventa nytte. Utkastet inneheld overgangsføresegner for verksemd som er i gang når lova trer i kraft.
I kapittel 2 og 3 i proposisjonen vert det gjort greie for bakgrunnen og verdigrunnlaget for lovforslaget.
Kapittel 4 gjer greie for ulike metodar for å klone dyr og ulike område der kloning kan brukast. Etiske spørsmål og miljø-, nærings- og helsemessige sider ved kloning vert framstilte saman med omfanget av kloning i Noreg og den internasjonale utviklinga på feltet.
Lovgjevinga i Noreg og andre land og internasjonal regulering blir gjennomgått i kapittel 5 og 6.
Forslag til lovregulering vart sendt på høyring våren 1999. I kapittel 7 vert det gjort greie for synspunkta til høyringsinstansane og dei endelege vurderingane til departementet.
Kapittel 8 inneheld ei utgreiing om dei venta administrative og økonomiske konsekvensane av lovforslaget.
Kapittel 9 inneheld dei spesielle merknadene til endringsforslaga i genteknologilova.