7 Høyringa
7.1 Generelt om høyringa
Den 9. februar 1999 sende Miljøverndepartementet eit høyringsnotat med forslag til lovendring ut på høyring til 68 høyringsinstansar. Oversikt over høyringsinstansane finn ein i vedlegg 1. Høyringsnotatet inneheldt forslag om totalforbod mot kloning av virveldyr. Høve til unnatak vart kort drøfta, men ikkje føreslått. Fare for illegal overføring av teknikkar til bruk på mennesket, omsynet til dyrehelsa og tap av genetisk mangfald var hovudgrunnar for forslaget. I høyringsnotatet vart det kort gjort greie for fordelar og ulemper ved kloning i samband med forsøksverksemd med dyr, foredling av husdyr, restaurering av trua artar og kloning av dyr i kombinasjon med genteknologi. Forslaget omfatta òg bruk medrekna import av klona dyr, men ikkje produkt av klona dyr medrekna avkom.
57 høyringsinstansar har uttala seg. Eit fleirtal (29) av høyringsinstansane er kritiske til forslaget om forbod utan høve til unnatak, men støttar at kloning bør regulerast. Dette gjeld Bioteknologinemnda, Den nasjonale forskingsetiske komite for medisin (NEM), Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi (NENT), Forskerforbundet, Norges forskningsråd, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Landsorganisasjonen (LO), Den norske lægeforening, UNIGEN, Veterinærinstituttet (VI), Norges veterinærhøgskole (NVH), Statens helsetilsyn, Statens arbeidsmiljøinstitutt, Havforskningsinstituttet, Universitetet i Oslo (UiO), Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) v/Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB) v/Det medisinske fakultet, Rikshospitalet, Ullevål sykehus, Radiumhospitalet, Haukeland sykehus, Regionsykehuset i Tromsø (RiTø), Norsk institutt for naturforskning (NINA), Folkehelsa, Direktoratet for naturforvaltning (DN), Norges landbrukshøgskole(NLH), Universitetet i Tromsø (UiTø), Nærings- og handelsdepartementet (NHD)og Fiskeridepartementet (FID). Desse høyringsinstansane ønskjer enten eit forbod med høve til unnatak eller at kloningsverksemd vert regulert på same måten som genteknologi.
I tillegg til dei 5 departementa Finansdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Landbruksdepartementet og Justisdepartementeter det 15 høyringsinstansar som støttar forslaget. Dette gjeld Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norges Bondekvinnelag, fylkesmennene i Hedmark, Oppland, Vest-Agder og Aust-Agder, Norsk Sykepleierforbund, Rådet for dyreetikk, NITO v/Bioingeniørenes forening, Kyrkjerådet, Det teologiske Menighetsfakultet, Norges Naturvernforbund og Stiftelsen Genesis1.
To av dei nemnde høyringsinstansane, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Rådet for dyreetikk, støttar forslaget, men opnar likevel for at det kan gjerast unnatak.
Norges Bondelag vil ha eit mellombels forbod til alle sider ved kloning er nærare vurderte. Statens dyrehelsetilsyn er negative til å tillate kloning før ein har grundig innsikt i at kloning ikkje kan medføre negative langtidseffektar for dyr og menneske.
Utanriksdepartementetog Statens næringsmiddeltilsyn har berre tekniske kommentarar til høyringsutkastet. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Forsvarets forskningsinstitutt, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Norsk Helse- og Sosialforbund og Norsk Kommuneforbund har meddelt at dei ikkje har eller ønskjer å gje kommentarar.
7.2 Om forbod mot kloning av dyr
7.2.1 Høyringsnotatet
Miljøverndepartementet føreslo i høyringsnotatet at det skulle innførast eit totalforbod mot kloning av virveldyr. Fare for illegal overføring av teknikkar til bruk på mennesket, omsynet til dyrehelsa og tap av genetisk mangfald var hovudgrunnar for forslaget.
7.2.2 Kommentarar frå høyringsinstansane
Høyringa viste relativt brei støtte til at kloning bør lovregulerast, men det var elles ulike syn på kor omfattande reguleringa bør vere. Bioteknologinemnda sa dette:
«Bioteknologinemnda vil påpeke at framstilling av arvemessig like individer ved kloning kan være et viktig hjelpemiddel i grunnleggende biologisk/medisinsk forskning, og at teknikken både på kort og lang sikt kan finne viktige anvendelser innen medisin. På den annen side ser nemnda at kloning kan ha uheldige implikasjoner for matproduksjonen. Bioteknologinemnda mener enstemmig at kloning bør lovreguleres, og at dette kan gjøres gjennom et forbud dersom det åpnes for unntak.»
Dei høyringsinstansane som representerte forsking og medisinsk utvikling, var sterkt imot eit totalt forbod, men også andre høyringsinstansar sa seg uroa over konsekvensane med omsyn til forsking og medisinsk utvikling. Rikshospitalet uttala:
«Rikshospitalet vil etter å ha hatt saken ut på bred høring bemerke at lovforslaget reiser meget alvorlige og enstemmige bekymringer fra forskerhold fra en rekke felter innen medisin. Forslaget oppfattes som farlig, etisk ubegrunnet og forskningsfiendtlig.»
Dei fleste av desse høyringsinstansane meinte at det er nødvendig å etablere ei lovregulering til dømes ved føresegner om unnatak på grunnlag av førehandsgodkjenning. Det vart òg peika på at ei slik regulering ville gje eit meir konsistent lovverk på genteknologisida. Frå fleire hald vart det vist til at det i dag ikkje er forbode å framstille genmodifiserte organismar trass i at desse inneber ein større risiko for helse og miljø enn eit ikkje-genmodifisert klona dyr ville utgjere. Eit totalt forbod ville føre til at kloning ville bli strengare regulert enn genmodifisering av organismar. Ein slik situasjon var det i følgje mange av høyringsinstansane ikkje grunnlag for med den argumentasjonen som var framsett i høyringsnotatet.
Forsking og medisinsk verksemd
Eit fleirtal av høyringsinstansane tok opp ei lang rekkje alvorlege negative konsekvensar ved eit totalforbod, spesielt for norsk medisinsk forsking og biologisk grunnforsking. Bioteknologinemnda, Forskerforbundet, NHO, LO, Den norske lægeforening, Rikshospitalet, Ullevål sykehus, Universitetet i Tromsø, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norsk institutt for naturforskning (NINA), Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeridepartementet har uttrykt otte for at eit forbod vil svekkje norsk forsking. Forskerforbundet uttala:
«Slik vi ser det vil det foreslåtte forbudet i alvorlig grad svekke norsk forskning innen flere sentrale områder. Dette vil hindre norske forskere og forskningsmiljøer fra å kunne bidra aktivt i den kunnskapsutviklingen som foregår både innen medisinsk og biologisk forskning. Dette er forskning av avgjørende betydning for forebyggende og terapeutiske tiltak knyttet til en rekke hyppig forekommende sykdommer i befolkningen. Kunnskap og metoder utviklet innen denne sektoren vil også ha betydning for forskning innen landbruk, havbruk og farmasøytisk industri, områder der det er stort fremtidig potensiale som vil kunne begrenses ved et generelt forbud mot enhver bruk av kloningsteknikker.»
Fleire høyringsinstansar, mellom andre Bioteknologinemnda, Forskerforbundet, Ullevål sykehus, Universitetet i Oslo, LO, Norges landbrukshøgskole og Fiskeridepartementet, var òg kritiske til at Noreg ville bli mykje strengare på dette området enn alle andre land, og sa seg uroa over at norske forskarar ville bli avskorne frå å delta i internasjonale samarbeidsprosjekt. Dette kunne gjere det norske samfunnet mindre i stand til å ta del i medisinske framsteg gjennom internasjonal forsking på dette området. Universitetet i Oslo seier:
«Deltakelse i internasjonal biomedisinsk forskning er meget krevende, utviklingen går stadig fortere, og kravene til effektivitet og metodeutvikling øker stadig. Med et særnorsk kloningsforbud vil norske forskningsmiljøer avskjæres fra de teknikker som er tilgjengelige for andre forskere, og de vil ikke kunne følge med i forskningsfronten. Også dersom Norge ønsker å spille en kritisk rolle overfor moderne biomedisinsk forskning og bioetikk, er landet avhengig av oppdatert ekspertise på området. Slik ekspertise forutsetter aktive forskningsmiljøer.»
Miljø og næring
Nærings- og handelsdepartementet var generelt bekymra for at eit totalforbod mot kloning kan få store konsekvensar for landbruk, havbruk og industri, mens Norges Naturvernforbud var blant dei 20 høyringsinstansane som støtta forslaget om totalt forbod. Norges Naturvernforbud uttala:
«Historien viser dessverre at forskningsresultater som kan misbrukes i makt- og vinningsøyemed, nettopp blir det. Selv om Norge ikke kan stanse kloning i andre land, kan et tydelig regelverk for Norge bidra til å utvikle restriktive regelverk også i andre land. Dette er en velkjent effekt innen internasjonal miljøpolitikk.»
Andre argument som vart hevda til støtte for forbodet, var at kloning kan vere negativt spesielt for norsk husdyrproduksjon, fordi det kan forsterke den genetiske einsrettinga og medverke til ytterlegare tap av genetisk mangfald.
Norges landbrukshøgskole peikar likevel i sine høyringskommentarar på at dette ikkje er godt nok grunngjeve i høyringsnotatet:
«Etikkutvalget ved NLH deler Miljøverndepartementets bekymring for inngrep i naturen som kan svekke det biologiske mangfold...Men vi er av den oppfatning at begrunnelsen for et prinsipielt forbud mot kloning av virveldyr under henvisning til faren for innavl og tap av genressurser ikke tilstrekkelig godtgjort, ...»
Etikk
Mange høyringsinstansar, m.a. Den nasjonale forskningsetiske komite for medisin, Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi, Statens helsetilsyn, UNIGEN, Norges veterinærhøgskole, Norges landbrukshøgskole og Universitetet i Oslo, meiner det er prisverdig at departementet ønskjer å byggje lovgjevinga på etiske grunnverdiar. Dei stiller likevel spørsmål ved dei etiske grunngjevingane for eit totalforbod i høyringsnotatet. Universitetet i Oslo uttalar:
«Det er etter vår mening prisverdig at departementet reiser etiske spørsmål i forbindelse med kloning og på denne måten markerer behovet for å bygge lovgivingen på et sett med etiske grunnverdier...I notatet blir imidlertid sentrale normer fremsatt uten argumenter eller henvisninger til argumenter, og premissene som bygger på det angivelige verdigrunnlaget synes vilkårlige og ufullstendige...Den nødvendige drøfting og avveining av etiske hensyn uteblir derfor i notatet.»
Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi meiner at dei dyrevernmessige omsyna i tilfelle kloning neppe kan vere så sterke at dei tilseier eit totalforbod, sidan genmodifiserte dyr ikkje er ramma av eit totalforbod, mens Norsk Bonde- og Småbrukarlag ser på dyrevernmessige aspekt som sentrale i spørsmålet om regulering av kloning.
Fleire høyringsinstansar, m.a. Bioteknologinemnda, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Universitetet i Tromsø, Folkehelsa, Rikshospitalet, Veterinærinstituttet, Fiskeridepartementet, Norges landbrukshøgskole og Statens arbeidsmiljøinstitutt, set spørsmålsteikn ved om det er etisk forsvarleg å forby kloning når dette kan gje betre behandlingsmetodar for sjuke menneske. Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet uttalar:
«Medisinsk-biologisk forskning basert på kloning av forsøksdyr og bruk av kloning for utvikling av celler, vev og dyr brukt til medisinske formål (xenotransplantasjon, produksjon av medisinske preparat) inneber muligheiter for så stor gevinst for menneskeleg helse at det vil vera etisk problematisk å ikkje ta desse metodane i bruk, når ein har kontroll over risiki i den grad som gjeld for kloning.»
Veterinærinstituttet, Norges veterinærhøgskole, Ullevål sykehus, Rikshospitalet og Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi legg òg vekt på at kloning kan føre til at det blir behov for færre forsøksdyr i eksperiment, noko som vil vere viktig vurdert ut frå dyrevernmessige aspekt. Veterinærinstituttet seier:
«..Det bør også påpekes at bruk av kloning i forbindelse med forsøksdyr vil kunne bidra til at bruken av antall forsøksdyr reduseres. Dette fordi homogene grupper av individer i mange tilfeller vil kreve færre individer enn dersom den genetiske variasjonen var større. Således er det dyrevernmessige argumenter for å tillate kloning i forbindelse med forsøksdyr.»
Direktoratet for naturforvaltning seier m.a.:
«Vi kan ikke se særskilte etiske grunner til å behandle kloning annerledes enn andre forsøk med dyr. Kloning medfører ikke lidelser av en slik dyre-etisk dimensjon sammenliknet med andre dyreforsøk og enkelte produksjonsformer innen moderne landbruk, at det burde føre til et totalforbud mot all kloning av virveldyr. Bruk av de forskjellige kloningsteknikker vil også kunne ha relativ stor samfunnsmessig nytteverdi...»
Vidare vert det påpeika at dyrevernomsyn i seg sjølv ikkje er tilstrekkeleg som argument for eit totalforbod, og at dyrevernlova er tenleg til å vareta slike omsyn.
Fleire høyringsinstansar, m.a. Rikshospitalet, meiner at det går eit klart skilje mellom menneske og dyr, og at menneske har «sin helt unike egenverdi» som dyr ikkje har. Dyr kan difor brukast på ein måte menneske ikkje kan. Høyringsinstansar som er positive til eit forbod, framhevar at dyr ved kloning kan bli ytterlegare «tingleggjorde», og at det er uakseptabelt å manipulere med det som er utgangspunktet for alt liv.
Mange høyringsinstansar har kommentert argumentet om at teknikken kan overførast til bruk på menneske. Høyringsinstansane har ulike syn på dette.
Universitetet i Oslo uttalar:
«Et forbud mot kloning av primatene vil kunne forhindre at det etableres produksjonsenheter i Norge som kan misbrukes av enkeltpersoner som skulle ha tilgang til menneskelige egg. Et forbud mot kloning av primater vil også være et signal om samfunnets felles respekt for mennesker.»
Folkehelsa, Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi, Ullevål sykehus og Rikshospitalet viser til at eit forbod mot kloning av menneske alt er heimla i bioteknologilova . Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap konkluderer, etter ei utgreiing om mellom anna «skråplansargumentet», med at mogeleg misbruk av teknologi, i dette tilfellet kloning, ikkje generelt og utan vidare kan brukast som eit argument for eit totalforbod. Kyrkjerådet, Norsk Sykepleierforbund og Norges Bondekvinnelag er derimot bekymra for at teknikkar utvikla til bruk på pattedyr kan overførast illegalt til mennesket. Norges Bondekvinnelag uttalar følgjande:
«Tanken på at tilgjengeleg kunnskap og teknologi kan bli brukt på menneske er det aller mest skremmande framtidsperspektivet. Sjølv om motstanden mot kloning av menneske i dag er stor, er det grunn til å frykte at einkvan i framtida kan la seg freiste dersom metodane blir alminnelege på pattedyr og dermed ufarleggjorde. Ein et av kunnskapens tre, og spørsmålet er om menneska er rusta til å takle dei enorme etiske utfordringane den tekniske kunnskapen gjev oss.»
7.2.3 Departementet si vurdering
Departementet har merkt seg at det i høyringsrunden kom fram relativt brei støtte til ei generell regulering av kloning av dyr. Mange gav også ei generell tilslutning til departementet sitt ønske om å basere lovgjevinga på dette området på etiske grunnverdiar. Derimot kom det fram vesentlege innvendingar og motstand mot forslaget om eit totalt forbod mot kloning av dyr. Det var særleg konsekvensane for forsking og medisinsk verksemd som vart nemnde som grunnar for motstanden. Departementet ser det viktige i å få ei regulering som varetek omsynet til viktig forsking generelt og til behovet for utvikling innan den medisinske sektoren spesielt. Departementet vil her også vise til føringane som er lagde for genteknologisk verksemd, der regelverket skal medverke til å sikre ein forsvarleg balanse mellom dei fordelane moderne gen- og bioteknologi kan føre med seg og dei avgrensingane som er nødvendige for samfunn og miljø. Genetisk og bioteknologisk kunnskap og praktisk bruk av denne innanfor helsetenesta har vore ein viktig del av nyvinningane innanfor moderne medisin, først og fremst til beste for menneska men òg innanfor veterinærmedisinen. Sjølv om utviklinga på dette området kan kallast revolusjonerande, må det erkjennast at vi så langt berre har begynt å forstå visse grunnleggjande biologiske og genetiske prosessar som verkar inn på korleis sjukdom skal behandlast eller førebyggjast. I tida som kjem, vil det difor vere behov for omfattande og ressurskrevjande forsking før vi fullt ut kan ta denne kunnskapen i bruk til beste for enkeltmennesket og samfunnet. Kloning av dyr kan vere av avgjerande verdi for forsking på førebyggjande og terapeutiske tiltak i samband med ei rekkje sjukdommar som er utbreidde i befolkninga. Medisinsk-biologisk forsking basert på kloning av forsøksdyr, og bruk av kloning for å utvikle celler, vev og dyr til medisinske formål, byr på så store potensielle helsefordelar for menneske og dyr at det kan vere eit etisk problem å ikkje ta desse metodane i bruk. Departementet deler difor høyringsinstansane sitt syn på dette punktet. I tillegg til den samfunnsmessige nytta som kloning kan innebere for forsking og medisinsk verksemd, finst det òg andre område der kloning av dyr kan ha stor samfunnsverdi. Dette vil bli nærare omtala og vurdert i pkt. 7.3.
På den andre sida må ny teknologi som skal brukast til forsking, diagnostisering av sjukdommar, framstilling av legemiddel, utvikling av nye behandlingsmetodar m.m., vere basert på viktige etiske grunngjevingar i dei verdiane som ligg til grunn for medisinsk verksemd generelt: respekt for og vern om menneskeverdet og menneskelivet. Kunnskap om og bruk av kloningsteknologi kan innebere at teknologien kan misbrukast til å klone menneske. Fleire av høyringsinstansane har kommentert dette. Det er sett fram ulike argument, men mange uttrykte forståing for dette synet.
Sjølv om nokre av høyringsinstansane har peika på at kloning kan vere eit instrument i arbeidet med å redusere talet på forsøksdyr, ser departementet grunn til å understreke at erfaringane med kloning av dyr ved bruk av kjernetransplantasjon så langt har vist at eksperimenta kan føre til stor ulempe og liding hos dei dyra som blir brukte. Dette kan innebere ein konflikt når det gjeld menneskets moralske ansvar overfor dyr, og kan òg verke støytende ut frå enkeltmenneskets empati for dyr. Departementet vil i denne samanhengen vise til det som er eit utbreidd moralsyn i Noreg i dag: det er ikkje prinsipielt gale å bruke dyr ut frå viktige menneskelege omsyn. Det viktige er måten dyra blir behandla på mens dei lever. Tilstrekkeleg sterke nytteomsyn for menneske og dyr kan dermed forsvare at omsynet til enkelte dyr må vike. Sjølv gode formål kan likevel ikkje forsvare allslags bruk av dyr.
Refleksjon om kloning av dyr bør etter departementet sitt syn ta utgangspunkt i vektlegginga av menneskeverdet. Kvart menneske har, som omtala i kapittel 3, ein verdi som er unik i høve til andre skapningar. Det blir difor viktig å utforme eit regelverk for kloning av dyr som tek omsyn til og støttar opp under forbodet mot kloning av menneske. Samtidig er det viktig for samfunnet å gjere seg nytte av det potensialet for nye og verdifulle kunnskapar og terapiformer som kloning av dyr kan innebere. På bakgrunn av dei avvegingane som er nemnde ovanfor, føreslår departementet at det vert innført eit generelt forbod mot kloning av dyr, men med høve til dispensasjon etter søknad for verksemd av stor samfunnsmessig verdi der det er ein rimeleg balanse mellom dyreetiske omsyn og forventa nytte. Ulike verksemder der dispensasjon (unnatak) kan komme på tale, blir vurderte i punkt 7.3.
7.3 Om mogelege unnatak frå eit forbod
7.3.1 Høyringsnotatet
Føresegner om unnatak for etisk forsvarleg medisinsk forsking vart kort drøfta i høyringsnotatet, men var ikkje med i forslaget til lovendring. I høyringsnotatet vart det kort gjort greie for fordelar og ulemper ved kloning i samband med forsøksverksemd med dyr, foredling av husdyr, restaurering av trua artar og kloning av dyr i kombinasjon med genteknologi.
7.3.2 Kommentarar frå høyringsinstansane
Om bruk av klona dyr i forsking og medisinsk verksemd
Bioteknologinemnda føreslår samrøystes at det må opnast for føresegner om unnatak for samfunnsmessig viktig og etisk forsvarleg biologisk og medisinsk forsking og for eventuell medisinsk bruk. Universitetet i Tromsø vil ha unnatak for medisinsk grunnforsking. Rikshospitalet vil ha unnatak for forskingsprosjekt, eventuelt generelt unnatak, etter søknad for bestemte institusjonar. Den norske lægeforening ønskjer unnatak for «kloning av virveldyr i forsknings- og laboratoriemessig sammenheng, under den forutsetning av at dette skjer på etisk og samfunnsmessig forsvarlig måte.» Rådet for dyreetikk føreslår høve til dispensasjon for
«...forsøksdyr i medisinsk forskning og for dyr som brukes til framstilling av medisinske produkter, såfremt bruken har stor samfunnsnytte og kan gjennomføres uten dyrevernmessige betenkeligheter.»
Fleire høyringsinstansar, m.a. Bioteknologinemnda, Den norske lægeforening, Rikshospitalet, Universitetet i Tromsø, Universitetet i Oslo, Veterinærinstituttet, Norsk institutt for naturforskning og Statens arbeidsmiljøinstitutt, understrekar at det er viktig å kunne bruke kloning i framstillinga av genmodifiserte mus. Slike mus fungerer i dag som viktige modellsystem for å kunne forstå mekanismane bak sjukdommar som kreft, hjerte- og karsjukdommar, diabetes, osteoporose og autoimmune sjukdommar.
Rikshospitalet, Ullevål sykehus, Universitetet i Tromsø, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Veterinærinstituttet, Universitetet i Oslo og NHO har peika på verdien av kloning i samband med framstilling av organ og anna biologisk materiale til xenotransplantasjon for behandling av alvorlege sjukdommar som diabetes, leukemi, Parkinsons og Huntingsons sjukdom.
Universitetet i Oslo skriv i sitt høyringssvar at nokre genprodukt berre kan framstillast i animalske celler fordi det krevst kompliserte reaksjonar som ikkje kan skje i bakteriecellene. Det er til ein viss grad tilfeldig om eit genmodifisert «produksjonsdyr» vil produsere mykje, lite eller ingen ting av det ønskte genproduktet. Er ein så heldig å finne eit høgtproduserande dyr, vil ein utan tvil ønskje å kunne klone dette for å ta vare på den ettertrakta eigenskapen.
Fleire høyringsinstansar, m.a. Rikshospitalet, Ullevål sykehus, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Veterinærinstituttet, NHO og Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi, nemner spesielt nytta av å kunne bruke dyr til framstilling av medisinsk viktige produkt i mjølk. Ullevål sykehus skriv:
«Såvel hensynet til tilgjengelighet av medisinsk viktige substanser som hormoner og koagulasjonsfaktorer, som usikkerheten i forhold til blodbåren smitte, ved fremstilling av blodproteiner fra hundrevis av mennesker, tilsier at transgene dyr som produserer medisinsk viktige blodproteiner må kunne klones.»
Også Rådet for dyreetikk seier at dei kan godta kloning for produksjon av protein/medisinar der andre framstillingsmetodar ikkje er mogelege eller har vesentlege ulemper.
Når det gjeld anna forsking og utvikling, trekkjer Fiskeridepartementet, Bioteknologinemnda, NHOog Veterinærinstituttet fram nytta av å kunne bruke kloning som verktøy innan forsking på fisk. Fiskeridepartementet seier m.a. følgjande:
«Anvendelsen av bioteknologi innen marin sektor har foreløpig hovedsakelig vært innen kloning av molekyler og celler. Et totalforbud vil dermed ha begrensa effekt i Norge innen sektoren i dag. Kloningsteknikker brukt på fisk vil imidlertid i framtida kunne få stor betydning for å få økt kunnskap om disse organismene. Kloning vil kunne utvikles som forskningsverktøy for framtidig forskning på marine organismer og bestander.»
Om kloning av dyr for matvareproduksjon
I høyringa kom det fram at det ikkje var ønskjeleg for næringssektorane å klone dyr til matvareproduksjon. Norges Bondelag har gjort følgjande vedtak:
«Landbruket vil ikke ta i bruk klonede dyr i matproduksjonen.»
Mange av høyringsinstansane, m.a. LO, Norsk Bonde- og småbrukarlag, Norges Bondelag, Norges landbrukshøgskole, Bioteknologinemnda, Den nasjonale forskningsetiske komite for medisin, Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi, Direktoratet for naturforvaltning, Dyrebeskyttelsen, Stiftelsen Genesisog Rådet for dyreetikk, ønskjer eller er opne for forbod mot kloning av husdyr. Norsk Bonde- og Småbrukarlag seier:
«På lang sikt mener vi at kloning av husdyr vil forsterke de problemene vi allerede har med ensrettingen innen landbruket, en ensretting som har gjort matproduksjonen mer sårbar i forhold til sykdommer og naturlige svingninger i produksjonen.»
Fleire høyringsinstansar, mellom andre Veterinærinstituttet, legg vekt på dei negative sidene ved kloning innan husdyravl og -produksjon. Bioteknologinemnda skriv følgjande:
«Dersom klonede dyr blir brukt i husdyrproduksjonen og klonede dyr blir kommersielt tilgjengelige, vil dette, som departementet påpeker, være en fare for utarming av genressurser noe som bl.a. kan gjøre husdyrproduksjonen mer utsatt for sykdom på samme måte som innavl. Bioteknologinemnda vil også påpeke at en kommersiell introduksjon av klonede husdyr i avl og produksjon vil kunne innebære negative konsekvenser for husdyrhold og matproduksjon på en rekke områder; 1) Teknikken kan bl.a. føre til a det fokuseres ytterligere på høy ytelse og produktivitet, hvilket vil gi et innsnevret avlsmål og mer industrialisert produksjon; 2) Teknikken kan svekke tilliten til norsk matproduksjon fra forbrukerne som oppfatter kloning og genmodifisering som uetisk og ikke i tråd med en bærekraftig utvikling.»
Om restaurering av trua artar
Få høyringsinstansar har kommentert restaurering av trua artar som eit aktuelt unnatak, men Norsk institutt for naturforskning skriv m.a.:
«Høringsnotatet nevner kloning som en mulighet for restaurering av truede arter. Vi ser dette som et svakt argument fordi man aldri vil kunne øke det genetiske mangfoldet. Derimot kan kloning øke antall individer på bekostning av opprettholdelse av genetisk variasjon. Dette dilemmaet gjør at kloning som mulighet for bevaring av truede arter kan gi en falsk trygghet som på sikt kan føre til redusjon i tiltak for bevaring av truede arter i deres naturlige leveområder (habitat).»
Norges landbrukshøgskole seier i sitt høyringssvar at etikkutvalet ved institusjonen deler Miljøverndepartementets uro over inngrep i naturen som kan svekkje det biologiske mangfaldet, men meiner at grunngjevinga for eit prinsipielt forbod mot kloning av virveldyr under tilvising til faren for innavl og tap av genressursar ikkje er tilstrekkeleg underbygd i høyringsnotatet.
7.3.3 Departementet sine vurderingar
Ut frå dei mogelege unnatak som er kommenterte av høyringsinstansane, ser det for departementet ut til at det er stor aksept for at det er viktig for forskinga at kloning kan brukast i vitskaplege eksperiment, sjå òg pkt. 7.2. Det er òg stor tilslutnad til kloning av dyr som skal brukast i medisinsk behandling. Etter departementet si vurdering bør eventuelle unnatak frå ein hovudregel om forbod mot kloning av dyr omfatte biologisk og medisinsk grunnforsking generelt og kloning av dyr til medisinsk verksemd når formålet med slik verksemd er å komme fram til nye behandlingsmåtar og førebyggjande tiltak for menneske og dyr, og når det er ein rimeleg balanse mellom dyreetiske omsyn og forventa nytte.
Når det gjeld andre mogelege unnatak, har resultatet av høyringa gått meir i favør av eit forbod. I høyringa har mellom andre næringssektorane sjølve uttrykt at det ikkje er ønskjeleg å ta i bruk klona individ i matproduksjonen. Som nemnt i punkt 4.3.4 kan kloning gjere besetningane i fiskeri- og landbruksnæringane meir utsette for mellom anna sjukdom. Departementet vil difor ikkje at denne typen kloning skal omfattast av ei unnataksføresegn.
Departementet ser inga større generell samfunnsnytte ved kloning av selskapsdyr og veddeløpsdyr m.m. Høyringsnotatet la ikkje spesiell vekt på slike formål med kloning, og det er heller ingen høyringsinstansar som har teke opp denne problemstillinga. Dei etiske og dyrevernmessige aspekta som er knytte til kloning av dyr generelt, jf. kap. 3 og pkt. 4.3.3, vil måtte vege tyngre enn både dei kommersielle og dei kjenslemessige sidene ved kloning av selskapsdyr/utstillingsdyr og veddeløpsdyr. Departementet ønskjer difor ikkje å gje høve til unnatak for kloning til slike formål.
Derimot kan ein etter departementet si vurdering sjå stor samfunnsmessig nytte i å kunne klone dyr som er utryddingstrua, dersom andre forsøk på å redde arten har mislukkast. Samfunnet sitt ønske om å oppretthalde det biologiske mangfaldet i situasjonar der ein art kan vere utryddingstrua, er etter departementet si meining eit tilfelle der den samfunnsmessige nytta kan vege opp for dei negative effektane av kloning. Kloning ved kjernetransplantasjon er den metoden som vil vere mest aktuell for kloning av utryddingstrua dyr. Då denne metoden medfører så store ulemper for dyra og resultata er så usikre, meiner departementet likevel at det ikkje bør gjevast opning for kloning til dette formålet på noverande tidspunkt. Når forskinga er komen lengre og ein kan klone eit dyr med sikrare resultat og med mindre ulempe for dyra som er involverte, er det rimeleg at spørsmålet vert vurdert på nytt.
7.4 Om avgrensingar
7.4.1 Høyringsnotatet
Forslaget i høyringsnotatet omfatta både framstilling og bruk, medrekna import, med unnatak av avkom og produkt av klona dyr. Det vart føreslått å la reguleringa omfatte virveldyr. Det vart føreslått at plantar skulle haldast utanfor lovregulering. Framlegget til metodeavgrensing gjekk mellom kloning ved kjernetransplantasjon og embryosplitting på den eine sida og dei andre kloningsteknikkane på den andre sida.
7.4.2 Kommentarar frå høyringsinstansane
Få høyringsinstansar hadde kommentert forslaget om avgrensingar. Når det gjaldt forslaget om regulering av bruk, medrekna import, vart det peika på at det var lite konsistent å føreslå eit totalforbod i Noreg samtidig som ein ville tillate import av viktige legemiddel m.m. som kan utviklast ved bruk av klona dyr.
Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi uttalar:
«NENT mener forslaget legger opp til alvorlige moralske dilemmaer. Når klonede bioreaktorer kan produsere livsviktige medisinske produkter som i praksis ikke kan produseres på annet vis, vil presset fra offentligheten til å ta i bruk disse medisinene og følgelig importere dem være betydelig. Det vil også kunne hevdes at det er moralsk forkastelig å risikere menneskeliv til fordel for å beskytte dyrenes egenverdi eller lignende. Når bekymringen innrømmes som legitim, resulterer dette i en moralsk forskjellsbehandling av kloning i inn- hhv. utlandet. Spørsmålet er om dette er god etikk.»
Den nasjonale forskningsetiske komite for medisin skriv følgjande:
«Vi mener det er viktig å tilstrebe konsistens når loven skal baseres på et etisk forsvarlig grunnlag. Etisk sett er det uheldig at den nå kan leses slik at hvis bare det er andre som gjør den forskningen som vi anser som uakseptabel og uetisk, kan vi, om enn motvillig, tillate at produkter fra kloning kan importeres fra utlandet.»
Bioteknologinemnda stilte spørsmål ved om det er tenleg å avgrense lova til å gjelde virveldyr, og hevda at det er meir tenleg med ei avgrensing i form av eit forbod mot kloning av dyr til bruk i matproduksjon. Universitetet i Oslo meinte at ein først og fremst treng ein grenseoppgang i høve til dei primatane som står mennesket nær.
7.4.3 Departementet sine vurderingar
Import
Høyringsinstansane har peika på det inkonsistente i å tillate import av levande avkom og produkt av klona dyr, mens det vart føreslått å forby import av levande klonar. Det mest konsistente ville vere eit importforbod som spegla det nasjonale forbodet. Etter departementet sitt forslag til regulering i punkt 7.2 og 7.3 ville dette innebere eit generelt forbod mot import av klona dyr, men med høve til å søkje om unnatak for import av klonar til bruk i biologisk og medisinsk forsking og medisinsk verksemd. All annan import av klona dyr ville då vere forboden. Om dette vil vere mogeleg etter dei internasjonale handelsavtalane som Noreg har slutta seg til, er tvilsamt. Det kan reisast spørsmål ved om eit forbod mot import av dyr framstilte ved kloning er i strid med reglane i EØS-avtalen om fri vareomsetnad. Reglane om kloning av dyr er ikkje harmoniserte gjennom EØS-avtalen. Det er usikkert om eit forbod mot import av klona dyr kan heimlast i artikkel 13 i EØS-avtalen. Etter denne føresegna kan ein restriksjon på handelen tillatast dersom eit tiltak kan grunngjevast med omsynet til offentleg moral og liv og helse for menneske og dyr. Etter WTO-regelverket har Noreg i utgangspunktet forplikta seg til ikkje å innføre importrestriksjonar på varer. Slike restriksjonar kan likevel brukast, mellom anna dersom det er nødvendig for å verne den offentlege moralen eller liv og helse for menneske og dyr i tillegg til planteliv. Det er ein føresetnad at restriksjonane ikkje inneber vilkårleg eller urettmessig forskjell eller skjult handelshindring. Det er usikkert om eit importforbod mot klona dyr med grunngjeving i omsynet til dyrehelse, faren for overføring av illegale teknikkar til bruk på menneske og etiske vurderingar vil falle innanfor unnataket i art. XX i GATT-avtalen. Produkt frå klona dyr, til dømes nappa og andre lêrprodukt brukte i mellom anna klede, kan bli omfatta av importforbodet dersom ein vil vere heilt konsekvent i høve til eit nasjonalt forbod. Ein må gå ut frå at det er svært lite truleg at slike produkt kan forbydast etter tryggleiksklausulane i det internasjonale regelverket. Etter departementet si vurdering vil eit særnorsk importforbod mot klona ikkje-genmodifiserte dyr og produkt av slike, medrekna avkom, kunne oppfattast som ei teknisk handelshindring etter det internasjonale avtaleverket i WTO-området og EØS-området ettersom det ikkje er grunnlag for å hevde at produkt av klona dyr vil innebere nokon helse- eller miljøfare. Det er heller ikkje grunnlag for å hevde at ikkje-genmodifiserte klona dyr og levande avkom frå desse utgjer nokon større helse- eller miljøfare enn det dyret dei er klona frå. Import av klona genmodifiserte dyr vil vere omfatta av utsetjingsføresegnene i genteknologilova. Når det gjeld produkt som til dømes ein koffert som er laga av hud frå klona storfe eller biologiske komponentar i legemiddel og anna, vil det i dag ikkje vere mogeleg å spore om desse kjem frå klona dyr. Det er òg lite truleg at utanlandske produsentar vil etterkomme eit særnorsk merkekrav til slike produkt.
Når det gjeld dyrevernmessige og andre etiske omsyn i samband med kloning, ser departementet problema med å tillate import av produkt frå ei verksemd som Noreg sjølv ønskjer å innføre ei streng regulering av. Departementet vil likevel påpeike at dette er eit etisk problem ved mange typar produkt som Noreg importerer, og ikkje noko som gjeld spesielt for kloning. Eksempel på slike varer er produkt som er framstilte ved hjelp av barnearbeid og matvarer frå hormonbehandla storfe. Dette er altså inga ny problemstilling. Noreg må arbeide i relevante internasjonale forum for å medverke til eit internasjonalt regelverk som varetek slike omsyn. Etter departementet si meining må dette også vere det rette instrumentet framfor importforbod når det gjeld kloning av dyr.
Departementet vil òg understreke at det er behovet for å sikre at sjølve kloningsteknikken ikkje blir brukt i utrengsmål som ligg til grunn for lovforslaget. Det er ingen fare for misbruk av teknikken i Noreg når ein importerer eit klona dyr. Import av klona dyr kan elles komme i konflikt med omsynet til miljø- og næringsaspekta som ligg til grunn for forslaget til formålsavgrensing i punkt 7.3. Etter departementet sitt syn er det lite truleg at det vil bli nokon storstila import av klona dyr til landbruk og havbruk, ettersom det i høyringa kom klart fram at sektorane sjølve ikkje ønskjer å bruke klona dyr i matvareproduksjon i Noreg. Ein må då kunne forvente at næringane heller ikkje har ønske om å importere større eller mindre mengder av klona dyr til desse sektorane. Når det gjeld import av klonar av veddeløpsdyr m.m., må ein forvente at bransjen sjølv set ein stoppar for dette ut frå vanlege konkurranseprinsipp. Det må reknast som lite realistisk at den norske befolkninga vil ønskje å importere klona selskapsdyr som til dømes kattar og hundar frå utlandet.
Eit klona dyr vil som sagt ikkje i seg sjølv innebere ein fare for at teknikkane blir overførte til mennesket. Det er berre når ein tillèt at teknikkane vert utvikla og brukte til å framstille dyr ein risikerer at teknikkane kan misbrukast til å klone menneske i Noreg. Departementet meiner at dette vert vareteke ved den føreslåtte reguleringa i punkt 7.2 og 7.3. Ut frå ei samla vurdering finn departementet grunn til å endre det opphavlege framlegget slik at ein ikkje føreslår å innføre eit forbod mot import av klona dyr. Klona dyr som vert importerte, vil på same måten som dyr som er klona i Noreg falle inn under føresegnene i dyrevernlova og føresegnene om bruk av klona dyr i genteknologilova.
Avgrensing av type organismar
Utover omgrepet dyr nytta Stortinget ein svært vid definisjon i form av omgrepet høgreståande organismar. I biosfæren er det tilnærma kontinuerlege overgangar frå dei mest primitive plantar til høgreståande dyr. Overgangane kan vere så små at det er vanskeleg å seie at all kloning opp til eit bestemt nivå er etisk akseptabel, og at all kloning over dette nivået er forkasteleg. Det kan òg vere vanskeleg å føreta ei juridisk tolking av omgrepet høgreståande, då dette ikkje er eit eintydig omgrep som vert brukt i relevante fagdisiplinar. Departementet har difor funne det mest tenleg å ta utgangspunkt i dei skiljelinene mellom artar som vanlegvis vert brukte i desse disiplinane. Ei vanleg klassifisering av levande organismar er å dele dei inn i planteriket og dyreriket. Innanfor dyreriket er det vanleg å skilje mellom virveldyr og virvellause dyr.
Som det går fram av kapittel 4, har mange plantar naturlege former for vegetativ formeiring som resulterer i genetisk identiske kopiar av opphavsplanten. I tillegg er mykje av det sortsmaterialet som vert brukt i landbruket i dag klona. Klonar som stammar frå genmodifiserte plantar eller frå cellefusjonar som er danna frå to ulike planteartar, der naturleg hybridisering ikkje kan førekomme, er i dag regulert etter genteknologilova. Etter departementet si vurdering representerer dei metodane som vert nytta til å klone plantar, verken nye former for miljørisiko eller etiske problem. Ingen høyringsinstansar har kommentert forslaget om å halde plantar utanfor lovforslaget. Departementet held difor fast ved dette.
Insekt høyrer inn under klassen virvellause dyr og var ikkje omfatta av forslaget til regulering. I høyringa føreslår Bioteknologinemnda at avgrensinga bør gå mellom produksjonsdyr og ikkje-produksjonsdyr. Bier som honningprodusentar vil då vere omfatta av reguleringa. Til dette vil departementet påpeike at kloning av insekt metodologisk sett har liten eller ingen overføringsverdi til menneske, då forsøksopplegga som vert brukte på insekt, er svært ulike dei som vert nytta på pattedyr. Departementet finn difor grunn til å halde fast på forslaget om at insekt ikkje skal omfattast av lovreguleringa.
Virveldyr utgjer berre 3,7 prosent av artane i dyreriket. Det er 7 klassar virveldyr: pattedyr, fuglar, amfibium, krypdyr og 3 klassar av fisk. Kriteria for klassifiseringa er type skjelett, type reproduktivt system og generell miljøtilpassing. Mennesket har mange biologiske, sosiale, kulturelle og historiske band til virveldyra. Den gruppa som står nærast mennesket, er store apar og halvapar. Universitetet i Oslo har påpeika i høyringsrunden at forsøk på kloning av slike primatar vil vere dei eksperimenta på virveldyr som vil ha størst overføringsverdi til mennesket. Departementet er samd med Universitetet i Oslo i dette, men deler ikkje høyringsinstansen sitt syn på at avgrensinga bør gå ved kloning av denne dyregruppa. I tillegg til dei etiske spørsmåla som kan vere knytte til utvikling av metodar som også kan brukast til å klone menneske, er det etter dagens røynsler med kloning ved kjernetransplantasjon (somatisk kloning) også etiske problem av dyrevernmessig karakter ved kloning av dyr som før levande ungar. Når det gjeld dei andre klassane av virveldyr, vil ikkje dei dyrevernmessige sidene vere like framtredande. Desse dyra vil likevel vere omfatta av den generelle problemstillinga om kvar grensene går for menneskets rett til å gripe inn i naturen. I høyringa har det vore hevda at det ikkje er ønskjeleg å klone produksjonsdyr, medrekna fisk, fordi ein stamme av klonar vil vere sårbar for sjukdom, jf. pkt. 4.3.4. Sjølv om det kan vere ulike oppfatningar om tyngda i argumenta ovanfor, har det vore få motførestellingar mot å la ei regulering omfatte heile gruppa virveldyr. Departementet ser det òg som formålstenleg at lovføresegna om kloning av dyr har same verkeområde som dyrevernlova. Dette vil kunne sikre at dyrevernomsyn som er knytte til kloning, blir varetekne i det eksisterande lovverket. Departementet står difor fast på forslaget om ei avgrensing som inneber at reguleringa gjeld heile gruppa virveldyr, og føreslår at verkeområdet skal vere det same som i dyrevernlova. Dette inneber at reguleringa vert avgrensa til å omfatte virveldyr og krepsdyr.
Metodeavgrensingar
Når det gjeld metodeavgrensningar, er departementet i ettertid kome til at også kloning ved embryosplitting bør vere unnateke regulering. Slik departementet ser det, vil det ikkje vere etiske problem ved å kopiere dei metodane og teknikkane naturen sjølv bruker. Departementet vil i denne samanhengen vise til St.meld. nr. 8 (1990-91) og St.meld. nr. 36 (1990-91), som konkluderer med at det ikkje knyter seg spesielle problem av tryggleiksmessig eller etisk art til tradisjonell bioteknologi som ikkje kan regulerast tilfredsstillande med utgangspunkt i gjeldande regelverk. Behovet for nye føresegner knyter seg difor i første rekkje til moderne bioteknologi, spesielt gen- og celleteknologi. Meldingane viser til at det i diskusjonane om bioteknologi ofte blir hevda at moderne gen- og bioteknologi utnyttar prinsipp og prosessar som alt spelar ei viktig rolle i naturen, og at siktemåla med dei nye metodane ofte er dei same som ved tradisjonell dyreavl og planteforedling. Det vert likevel understreka at delar av den moderne gen- og celleteknologien representerer noko heilt nytt fordi ein kan gjere arvemessige endringar i celler og organismar mykje nøyaktigare og raskare enn før, samtidig som ein kan overføre gen på tvers av artsgrensene. Dette opnar for heilt nye perspektiv når det gjeld utnytting av denne teknologien og reiser grunnleggjande spørsmål når det gjeld tryggleik og etikk.
Tek ein som kriterium at reguleringa berre skal gjelde teknologiske metodar for å framstille individ som elles ikkje ville oppstå naturleg, vil embryosplitting falle utanfor reguleringa, då kloning ved deling av befrukta egg (embryosplitting) er ein bioteknologisk metode som òg kan førekomme som spontan danning av tvillingar eller fleirlingar med identisk arvemateriale. Som det går fram av kapittel 4, vil kloning ved hjelp av kjernetransplantasjon omfatte flytting av arvemateriale mellom celler og føre til utvikling av individ på eit sett som ikkje kan førekomme naturleg. Skiljet bør etter departementet sitt syn gå ved dei prosessane som berre kan førekomme på kunstig vis. I praksis vil lovforslaget omfatte kloning ved bruk av kjernetransplantasjon (somatisk kloning) og tilsvarande teknikkar der resultatet (klonen) ikkje kan oppstå på naturleg vis.
7.5 Om reguleringsform og lovteknisk løysing
7.5.1 Høyringsnotatet
I høyringsnotatet var det føreslått å regulere kloning av dyr ved å gjere ei endring i genteknologilova.
7.5.2 Kommentarar frå høyringsinstansane
I høyringsrunden har fleire stilt spørsmål om kvifor annan lovheimel for eit forbod ikkje er vurdert i høyringsutkastet. Forskerforbundet, Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi, NHO, Folkehelsa, Havforskningsinstituttet, Norges institutt for naturforskning, Fiskeridepartementet og Norges landbrukshøgskole meiner at kloning bør regulerast som genteknologi. Folkehelsa, Rikshospitalet, Statens helsetilsyn, Norges veterinærhøgskole, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fiskeridepartementet og Universitetet i Oslo meiner at dyrevernlova vil kunne vareta etiske og dyrevernmessige aspekt ved kloning.
7.5.3 Departementet sine vurderingar
Som det er gjort greie for i punkt 5.3.2, vil eit forbod i dyrevernlova mot kloning av dyr når kloning ikkje inneber ulempe for dyra, få følgjer for formålsparagrafen i denne lova og innebere ei komplisering av dette lovverket. Departementet meiner at desse komplikasjonane er større enn dei ei utviding av genteknologilova vil innebere. Departementet er elles samd med høyringsinstansane i at dei dyrevernmessige aspekta ved kloning bør varetakast i dyrevernlova. Som det går fram av punkt 5.3.2, er kloning av dyr til bruk i medisinsk verksemd ikkje omfatta av dyrevernlova § 21. Departementet vil ikkje føreslå ei utviding av verkeområdet for dyrevernlova kapittel VI til også å omfatte medisinsk verksemd på noverande tidspunkt. Som det går fram av punkt 4.1, vert det ikkje drive noka slik verksemd i Noreg per dags dato. Utvidinga av verkeområdet bør vurderast i samband med den revisjonen av dyrevernlova som er under arbeid.
Genteknologilova er ei av få lover i dag som stiller krav om etiske vurderingar i samband med godkjenning av verksemda, og denne lova kan dermed fungere som eit nødvendig rammeverk for føresegner om kloning av dyr. Sjølv om kloningsteknikkar ikkje fører til genmodifisering, som er verkeområdet til genteknologilova, er teknikken ei form for genteknologi, jf. punkt 5.2.2. Etter departementet si meining kan det følgjeleg vere formålstenleg å regulere kloning i genteknologilova. Genteknologi er dessutan eit ekspansivt felt der utviklinga går svært fort. Departementet meiner det er mest formålstenleg at nye område innan genteknologisk verksemd med plantar, dyr og mikroorganismar som ein vil regulere, vert lagde inn under genteknologilova framfor å ha eit oppsplitta lovverk med mange særlover på genteknologiområdet. Departementet føreslår difor å utvide verkeområdet for genteknologilova til å omfatte kloning av dyr.
Genteknologilova er ei rammelov som inneheld fleire heimlar til å gje forskrifter om dei meir detaljerte krava som skal stillast til den verksemda som lova regulerer. Krava til innesluttingstiltak og utsetjing av genmodifiserte dyr vil ikkje utan vidare vere eigna for kloning av dyr som ikkje er genmodifiserte. Då det er ulik risiko knytt til å genmodifisere eit dyr og å klone eit dyr som ikkje er genmodifisert, føreslår departementet at reguleringa vert lagd til eit eige kapittel som inneheld spesifikke føresegner om kloning av dyr. For dyr som er genmodifiserte, vil føresegnene om genmodifiserte organismar i den noverande genteknologilova komme i tillegg til desse krava.
Departementet føreslår vidare å etablere ei overgangsordning for laboratorium der ein er i gang med forskingsaktivitetar som vil komme inn under lova, slik at desse prosjekta ikkje treng stansast mens søknader blir behandla.
Fotnotar
Stiftelsen Genesis har berre teke stilling når det gjeld produksjonsdyr i landbruket.