8 Økonomiske og administrative konsekvensar
Utgangspunktet for tilhøvet mellom genteknologilova og anna spesiallovgjeving som dyrevernlova, er at dei gjeld side om side. Som på andre felt der ulike styresmakter har tilgrensande og delvis overlappande ansvarsområde, må det etablerast gode rutinar for koordinert saksbehandling. Dette er først og fremst eit praktisk-administrativt spørsmål som det må finnast ei løysing på gjennom samarbeid mellom impliserte styresmakter og med dei partane dei aktuelle lovene i særleg grad gjeld. For kloning av dyr vil dette først og fremst gjelde godkjenningsføresegnene i genteknologilova og i dyrevernlova.
Den viktigaste administrative konsekvensen av lovforslaget er at den sentrale forvaltninga vil få nye oppgåver. Godkjenningsstyresmaktene vil måtte gjere seg nytte av ekspertise i forvaltnings- og forskingsinstitusjonar i dei sektorane forslaget vedgår. Dette gjeld særleg helse, landbruk, fiskeri og miljøvern. Departementa vil på sine respektive område bli pålagde eit særleg ansvar for å vurdere teknologiske og etiske aspekt ved biologisk og medisinsk grunnforsking på området.
Handhevinga må utøvast i samarbeid mellom Helsedepartementet, Fiskeridepartementet, Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet. Etter det departementet kjenner til, er det ikkje framstilt klona virveldyr ved kjernetransplantasjonsteknikkar i Noreg. Det vil difor ikkje medføre vesentlege kostnader å forvalte forbodet på kort og mellomlang sikt.
Bioteknologinemnda har etter genteknologilova ein rådgjevande funksjon overfor forvaltninga der det vert lagt spesiell vekt på etiske spørsmål, men òg når det gjeld andre konsekvensar ved bruk av genteknologi. Bioteknologinemnda vil etter forslaget om å utvide genteknologilova til å omfatte kloning få utvida ansvarsområde.
Når det gjeld verknader for forskingsmiljøa og næringslivet, vil forslaget innebere ei avgrensing i høve til aktørar som driv tilsvarande verksemd i andre land. Dette gjeld særleg på dei områda som vil bli omfatta av forbod i Noreg, men som samtidig er tillatne i andre land. Også på dei områda der det vil vere høve til å søkje om dispensasjon i Noreg, vil reguleringa føre til ei avgrensing sidan andre land ikkje har noka formell regulering. I høve til land som praktiserer ei form for uformell avgrensing, og der denne ligg nær opp til det norske reguleringsforslaget, vil verknaden naturleg nok vere mindre.