1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Justisdepartementet gjer i proposisjonen her framlegg om å inkorporere protokoll nr. 13 til den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve i norsk rett, ved å ta han inn i lista i menneskerettslova § 2 nr. 1 over dei protokollane til EMK som gjeld som norsk lov. Departementet gjer også framlegg om å endre menneskerettslova slik at det går fram at det er EMK som endra ved protokoll 11 og 14 som gjeld som norsk lov. Protokoll 14 gjer endringar i kontrollsystemet til konvensjonen, og vart ratifisert av Noreg 10. november 2004.