§ 4.Vedgåing av farskap. | § 4.Vedgåing av farskap. |
Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren vedgå farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født. | Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren vedgå farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født. |
Faren skal vedgå farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga eller ved personleg frammøte for | Faren skal vedgå farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga eller ved personleg frammøte for |
a) folkeregisteret | a) folkeregisteret |
b) tilskotsfuten, fylkestrygdekontoret eller dommaren | b) tilskotsfuten, fylkestrygdekontoret eller dommaren |
c) norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandet | c) norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandet |
d) skipsføraren, dersom faren er om bord på norsk skip i utanriksfart, eller | d) skipsføraren, dersom faren er om bord på norsk skip i utanriksfart, |
e) utanlandsk styresmakt, når Kongen har fastsett det. | e) utanlandsk styresmakt, når Kongen har fastsett det, eller |
| f) jordmor eller lege ved svangerskapskontroll. |
Vedgåing etter dette stykket gjeld berre når mora har godteke henne skriftleg, eller ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far. | Vedgåing etter dette stykket gjeld berre når mora har godteke henne skriftleg, eller ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far. |
Vedgåing kan dessutan gjevast ved påteikning på farskapsførelegg. | Vedgåing kan dessutan gjevast ved påteikning på farskapsførelegg. |
Er den som vil vedgå farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under vedgåinga. | Er den som vil vedgå farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under vedgåinga. |
§ 6.Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane | § 6.Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane |
Barnet kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller vedgåing. Er barnet umyndig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan fylkestrygdekontoret reise saka. | Barnet, kvar av foreldra og tredjemann som meiner han er far til eit barn som allereie har ein far kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller vedgåing. Er barnet umyndig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan fylkestrygdekontoret reise saka. |
Kvar av foreldra kan reise sak om farskapen dersom vedkomande legg fram opplysningar som tyder på at ein annan kan vere far til barnet. Saka må reisast innan eitt år etter at vedkomande vart kjend med opplysningane, likevel slik at fristen tidlegast vert rekna frå tidspunktet då barnet vert fødd. Retten avgjer i orskurd om vilkåra for å reise sak ligg føre, og kan i orskurd gjere unntak frå eittårsfristen når særlege grunnar talar for det. |
Den som meiner at han er far til barnet, kan fram til barnet fyller tre år reise sak om farskapen dersom han legg fram opplysningar som tyder på at han kan vere far. Retten kan i orskurd gjere unntak frå treårsfristen når særlege grunnar talar for det. Reglane i andre stykket andre og tredje punktum gjeld tilsvarande. |
| § 28 a Særreglar om gjenopptaking |
| Ei rettskraftig avgjerd kan krevjast gjenoppteke utan omsyn til vilkåra i tvistemålslova §§ 405-408 dersom det ikkje låg føre ein DNA-analyse i saka. Vert det kravd gjenopptaking, skal retten gje pålegg om blodprøve og DNA-analyse. Når DNA-analysen ligg føre, gjeld regelen i § 25 første ledd. |