1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I denne proposisjonen legg Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) fram forslag til ny lov om kosmetikk og kroppspleieprodukt.
Det har utvikla seg eit breitt produktspekter på kosmetikkområdet. Utfordringa er å sikre at regelverket reflekterer denne utviklinga, slik at ein tek omsyn til tryggleiken til brukarane når det gjeld denne typen produkt. Departementet har derfor foreslått at den nye kosmetikklova skal omfatte produkt til bruk på dyr, injeksjonsprodukt, lækjemiddelnære produkt og produkt til tatovering og permanent sminke i tillegg til dei produktkategoriane som er omfatta av direktiv 76/768/ EØF (kosmetikkdirektivet).
I og med innlemminga av direktiv 2003/15/EF i EØS-avtalen har Noreg alt slutta seg til EU-føresegnene om å regulere testing av kosmetikk på dyr. Departementet foreslår at same krav skal gjelde for alle produktgruppene som er foreslått å vere omfatta av lova.
For at styresmaktene skal få eit best mogleg grunnlag for både å vurdere dei helsemessige sidene ved bruk av kosmetikk generelt og dei spesifikke helseproblema ved enkeltprodukt, er det viktig at også legar, tannlegar og veterinærar melder frå om biverknader til det nye meldesystemet for kosmetikk. Departementet har derfor foreslått at det i forskrift kan stillast krav til helsepersonell om å rapportere til meldesystemet.
Departementet har vurdert rapporten frå Syse-utvalet og sett at det kan vere behov for ei oppmjuking av totalforbodet mot helsepåstandar også når det gjeld kosmetikk. Departementet har foreslått at produkt til utvortes bruk som skal lindre, kurere eller førebyggje helseplager som ikkje kjem av sjukdom, blir regulerte i den nye kosmetikklova. Departementet har vidare foreslått at det i forskrift kan stillast krav om at påståtte helseeffektar må kunne dokumenterast.
Departementet har foreslått at strafferamma for brot på lova blir auka til eitt år, i samsvar med anna helselovgiving. Det er ikkje foreslått vesentlege endringar i dei andre materielle føresegnene. Forslaget til desse føresegnene i den nye kosmetikklova vidarefører såleis rettstilstanden i dag, men innanfor ei meir heilskapleg ramme.
Departementet har i sine vurderingar lagt til grunn at ein skal halde fram med prinsippet om at det er produsentane som har ansvaret for at produkta er trygge. Oppgåva for det offentlege er å sikre at regelverket og tilsynet blir effektive instrument som er tilpassa både dei som tilbyr og dei som bruker produkta.
Departementet har vidare lagt til grunn at ein i lovreguleringa av kosmetikkområdet må ta fleire viktige omsyn. Utfordringa er å sikre desse omsyna i ein situasjon der forbrukarane blir eksponerte for eit ekspansivt produktspekter. I kapittel 2 blir derfor utviklinga på kosmetikkfeltet og desse omsyna presentert nærmare.
I kapittel 3 blir det gjort greie for synspunkta til høyringsinstansane og dei endelege vurderingane til departementet.
Kapittel 4 inneheld ei utgreiing av dei økonomiske og administrative konsekvensane av lovforslaget.
Kapittel 5 inneheld dei spesielle merknadene til forslaget til ny kosmetikklov.