4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Om den nogjeldande gebyrordninga
For pliktsubjekt med ei bruttoomsetning per år på 100 000 kroner eller meir, ligg gebyret flatt på 5000 kroner årleg. For omsetning under 100 000 kroner er gebyret 1000 kroner årleg. Flatt gebyr blei innført i 1993 for å redusere administrasjonskostnadene. Det samla gebyret var på 2,1 millionar kroner i 2003. Fordelt på omsetninga, som var på 6 milliardar kroner, utgjer det 0,3 %, mot den tidlegare luksusavgifta på 33 % frå grossist til detaljist, som blei avskaffa i byrjinga av 1990-åra. Den gebyrordninga vi har i dag, er meint å finansiere den direkte kontrollen med produkta. Gebyrordninga er under vurdering.
Om bransjen
Grovt rekna finst det ca. 20 000 enkeltprodukt på marknaden. Salsverdien over disk ligg på om lag 6 milliardar kroner per år. Den årlege verdiveksten er på om lag 6 %. Volumveksten er om lag 2 %. Bransjen meiner at verdiauken på frambodet først og fremst kjem av innovasjon i viktige marknadssegment, og at forbrukarane etterspør dei dyrare og kvalitativt betre produkta.
Det årlege per capita-forbruket av kosmetikk og kroppspleieprodukt ligg på ca. 4,4 kg. Det vil seie ein årleg per capita-kostnad for forbrukarane på 1300 kroner. Nesten alle produkta blir importerte. Den norske produksjon er relativt liten. Vi har éi einaste produksjonsbedrift av ein viss storleik og om lag 30 små og mellomstore bedrifter. Årsaka til at denne bransjen er så liten hos oss, kan vere at det norske kostnadsnivået gjer det problematisk å halde oppe ein norsk produksjon på ein marknad som er så konkurranseutsett. Talet på industriarbeidsplassar ligg rundt 200. Talet på arbeidsplassar i grossist- og detaljistleddet er vanskeleg å fastslå, men det dreiar seg truleg om mellom 5000 og 10 000.
Salskanalane ut til sluttforbrukarane er fleire. Faghandelen, det vil seie parfymeria, står for 43 % av verdien, medan daglegvarehandelen har 37 %. Frisørar har 7 %. Apoteka er førebels ein mindre salskanal (5 %), men aukar for tida på grunn av omleggingar som følgje av den nye apoteklova. Ifølgje bransjestatistikk for 2001 står helsekostbutikkar for ca. 0,4 % av salet. Den norske eksporten av kosmetikk og kroppspleieprodukt er svært liten.
I registeret til Mattilsynet over ansvarlege marknadsførarar er det i dag 1000 enkeltståande, sjølvstendige firma.
Økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege
I høyringsrunden er det berre Mattilsynet og Forbrukarrådet som har kommentert økonomiske konsekvensar av lovforslaget.
Mattilsynet kommenterer at lovutkastet har eit vidare verkeområde enn den kosmetikklova vi har i dag, noko som inneber nye oppgåver innanfor kosmetikkforvaltninga. Mattilsynet peiker også på at desse oppgåvene krev større ressursar, og ser for seg at det utvida verkeområdet fører til auka inntekter for Mattilsynet i form av avgifter frå nye verksemder som blir omfatta av lova. Mattilsynet reknar vidare med at inntektene frå kosmetikkavgifta skal brukast til tilsyn på det området lova gjeld for, sidan framtidsutsiktene, med stramme budsjett, tilseier at omfanget og bruken av denne avgifta blir avgjerande for i kva grad Mattilsynet er i stand til å følgje opp den nye lova om kosmetiske produkt.
Forbrukarrådet uttaler at rådet går ut frå at tilsynsorganet får tilført nok ressursar til å føre kontroll og tilsyn med at regelverket blir følgt.
Departementet har desse kommentarane:
Lovforslaget inneber forsterka krav til marknadsovervaking og kontroll av dei nye produktgruppene som er foreslått omfatta av lova. Krava gjeld først og fremst Mattilsynet, som er tilsynsansvarleg for å førebyggje at produkt inneber fare for helsa til menneske og dyr.
Ettersom tilsynsoppgåvene til Mattilsynet skal finansierast ved at pliktsubjekta betaler ei avgift eller eit gebyr for dei offentlege oppgåvene som er knytte til eit effektivt tilsyn, blir endringane i all hovudsak finansierte ved at dei nye aktørane som lovforslaget omfattar, betaler avgift eller gebyr på lik linje med dei pliktsubjekta som i dag er omfatta av lova.
Forslaget som pålegg produsentar, importørar og distributørar å rapportere til meldesystemet, legg opp til meir omfattande oppgåver for tilsynsorganet i form av oppfølging av rapporteringa frå desse aktørane. Omfanget av denne auken i oppgåver er det vanskeleg å seie noko sikkert om, sidan det er avhengig av oppfølginga frå pliktsubjekta.
Helsepåstandar brukte om kosmetikk har til no vore regulerte i lækjemiddellova og er blitt forvalta av Statens lækjemiddelkontroll. Ettersom det er lagt opp til større fridomsgradar, er det viktig at forbrukaren får størst mogleg tryggleik for at produkta held det dei lovar når det gjeld effekt. Det er såleis viktig at det blir ført tilsyn med desse produkta. I lovforslaget er det stilt krav om at effekten av produkta for dei pliktsubjekta som bruker helsepåstandar i marknadsføringa, må kunne dokumenterast. Når det gjeld oppfylling av lova på dette området, kjem det til å innebere nye oppgåver og større arbeidsbyrde for Mattilsynet.
Når det gjeld heimel for å stille krav i forskrifter om godkjenning av produkt, er dette ei vidareføring av gjeldande rett. Sjølv om heimelen ikkje har vore aktivisert til no, kan ein ikkje sjå bort frå at den kraftige teknologiske utviklinga, mellom anna på genteknologiområdet, kan føre til at styresmaktene vurderer det som nødvendig å stille krav om førehandsgodkjenning. Ettersom det er foreslått at formålsparagrafen i lova også skal omfatte etikk generelt og dyrevern spesielt, kan kosmetikk som inneheld biologisk materiale frå dyr, vere døme på omsyn som kan vere aktuelle i utløysinga av ei godkjenningsplikt. Ei godkjenningsplikt må vere i samsvar med kosmetikkdirektivet og artikkel 13 i EØS-avtalen. Artikkel 13 gir opning for unntak når ein kan påvise at det innførte tiltaket er nødvendig for mellom anna å verne helsa til menneske og dyr, eller at det er særlege etiske forhold som gjer det nødvendig å innføre handelsregulerande tiltak. På noverande tidspunkt er det ikkje mogleg å seie noko sikkert om kostnadene som er knytte til ei aktiv godkjenningsplikt.
Føresegna om forbod mot produkt som er testa på dyr, må følgjast opp med kontroll. I fastsetjinga av gebyr og avgifter må det takast omsyn til om dette vil føre til ein auke i dei samla kontrollkostnadene.
Økonomiske og administrative konsekvensar for private
Ansvarlege marknadsførarar av produkta som er omfatta av lovforslaget, kjem inn under registrerings- og tilsynsgebyrordninga til Mattilsynet. Dei bedriftene dette gjeld, må derfor kalkulere inn eit tilsynsgebyr i utsalsprisane sine, om lag slik dei gjer i dag for dei produktkategoriane som er omfatta av gjeldande rett. Ein reknar med at dette er produkt der prisen ikkje er særleg utslagsgivande for etterspørselen. For lækjemiddelnære produkt kjem endringa til å føre til reduserte utgifter for produsentane då desse produkta i dag i stor grad fell inn under lækjemiddelregelverket, der kostnadene for produsentane er vesentleg høgare enn for produkt som blir omsette etter kosmetikkregelverket.
Gebyrordninga er under revisjon, og det er i dag ikkje mogleg å vite noko sikkert om i kor stor grad gebyra vil slå ut på prisane på produkta.
I hovudsak fører føresegna som skal regulere produkt som er testa på dyr, til ei ny plikt for aktørane ved at dei får ansvar for at dei ferdigstilte produkta dei forhandlar, ikkje er blitt testa på dyr. Dei må også ta omsyn til at det ikkje lenger blir tillate å marknadsføre produkt som inneheld ingrediensar testa på dyr i kosmetikksamanheng dersom denne testinga er blitt utført etter at det er utvikla og godkjent ein alternativ testmetode for det same testformålet. Det blir ikkje utført testing for kosmetikkformål på dyr i Noreg. Dei produkta føresegna gjeld for, vil derfor alle vere importerte produkt. Det nye ansvaret fell altså på importørane. Dei må forsikre seg om at leverandørane i utlandet har oppfylt artikkel 4a i sjuande endringa av Kosmetikkdirektivet. Denne endringa fører også til ein del nye føresegner om tryggleik og ei utvida opplysningsplikt som må etterlevast. I samband med høyringa av denne endringa melde bransjen berre om behov for ei rimeleg overgangstid for utsal av produkt som ikkje oppfyller dei nye føresegnene.
Konsekvensar for forbrukarane og samfunnsøkonomiske vurderingar
Ved gjennomføring av alle tidlegare større endringar i kosmetikkdirektivet har, med relativt få unntak, det norske næringslivet som dette gjeld, kunna velte dei auka kostnadene over på utsalsprisane. Det er i realiteten forbrukarane som har betalt for auka tryggleik.
Permanent makeup blir det gitt tilbod om i ein del av dei om lag 90 venleikssalongane i landet. Det er verksemder som også bruker ei lang rekkje andre kosmetiske produkt. Permanent makeup må ein gå ut frå har avgrensa økonomisk verdi samanlikna med den andre verksemda i desse bedriftene.
Tatoveringsverksemd er i dag eit uoversiktleg område med omsyn til omfang og økonomisk verknad for samfunnet. Tatoveringsverksemd, og for så vidt også frisørar, kosmetologar, nagledesignarar osv., er alt regulert når det gjeld hygieniske forhold (smittevern). Ei regulering av produkt som inneber at det ikkje blir brukt fargestoff og andre kjemikal som kan vere helseskadelege, kan føre til ein helsegevinst både for den enkelte som lèt seg tatovere, og for samfunnet, som kan få mindre utgifter i form av færre behandlingstrengande. Den same samfunnsøkonomiske effekten må ein kunne vente når det gjeld regulering av og korrekt lovbruk for injeksjonsprodukta.
Når det gjeld dei lækjemiddelnære produkta, kan den foreslåtte reguleringa føre til at forbrukarane får enklare tilgang til produkt som kan nyttast til sjølvbehandling av helseplager som ikkje kjem av sjukdom. Det kan først og fremst gi ein helsegevinst for den enkelte forbrukaren. I kva grad ein kan rekne med ein samfunnsmessig gevinst i form av færre sjukedagar, er svært usikkert.
Med omsyn til produkt for dyr som hundar, kattar og hestar kan ein på grunnlag av ei dansk undersøking leggje til grunn at det dreiar seg om rundt 100 handelsbedrifter. Dyreprodukt blir selde på fleire måtar: gjennom forretningskjeder som fører dyreartiklar generelt, i dyreforretningar, i dyresalongar og over Internett. I rapporten frå dei danske kosmetikkstyresmaktene heiter det at ein har identifisert i alt 455 ulike produkt, og at ein vurderer det til å representere 75 % av marknaden (for desse tre dyreartane). Ei regulering av produkt som inneber at det ikkje blir brukt helsefarlege stoff, kan føre til ein helsegevinst for det enkelte dyret som blir påført slike produkt. Det er ikkje mogleg å rekne seg fram til noko tal for den økonomiske gevinsten i form av reduserte utgifter til veterinær for eigarar av dyra eller legeutgifter for menneske som et produkt frå dyr som har fått påført kroppspleieprodukt.
Oppsummering
Sett i høve til den nogjeldande lovgivinga kan den nye kosmetikklova i seg sjølv seiast å føre til berre mindre endringar når det gjeld bedrifts- og samfunnsøkonomiske forhold. Det følgjer med ein viss auke i oppgåver når det gjeld å føre tilsyn og kontroll med at lova blir oppfylt, men departementet tek utgangspunkt i at desse ekstrakostnadene blir dekte ved ei vidareføring av det prinsippet vi har i dag om at dei offentlege oppgåvene skal dekkjast ved avgifter og gebyr.