1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Departementet foreslår i proposisjonen at FNs internasjonale konvensjon 18. desember 1979 om avskaffing av alle former for diskriminering av kvinner (kvinnediskrimineringskonvensjonen) med tilleggsprotokoll blir teken inn i menneskerettsloven.
Inkorporering med forrang vil sende eit sterkt signal både nasjonalt og internasjonalt om kor viktig det er å styrkje og sikre kvinner sine rettar samt likestilling som verdi.
Framlegget følgjer opp regjeringa sitt mål i Soria Moria-erklæringa om å inkorporere kvinnediskrimineringskonvensjonen i menneskerettsloven.
I alminneleg språkbruk har det hittil vore vanleg å omtale konvensjonen i kortform som kvinnekonvensjonen. Etter departementet sitt syn er det meir dekkjande og presist å nytte omgrepet kvinnediskrimineringskonvensjonen, i og med at konvensjonen først og fremst inneber eit forbod mot diskriminering av kvinner på ulike område.