Ot.prp. nr. 93 (2008-2009)

Om lov om endringar i menneskerettsloven mv. (inkorporering av kvinnediskriminerings­konvensjonen)

Til innhaldsliste

4 Gjeldande rett

4.1 Generelt om forholdet mellom norsk rett og folkeretten

Menneskerettskonvensjonar er folkerettslege avtalar. Spørsmålet om kva stilling dei har i norsk rett, er derfor ein del av det større spørsmålet om folke­rettens stilling i nasjonal rett.

Det er vanleg å gjere ei hovudinndeling mellom statar som byggjer på eit monistisk system, og statar der forholdet mellom folkerett og nasjonal rett følgjer eit dualistisk system. I monistiske statar blir folkerettsreglar utan vidare rekna som del av intern rett. Borgarar i monistiske statar kan med andre ord gjere rettar eller plikter gjeldande direkte på grunnlag av ein traktat som er ratifisert av denne staten, sjølv om ikkje traktaten er gjennomført i intern rett gjennom lovgiving eller administrative avgjerder.

I dualistiske statar blir folkeretten og det nasjonale rettssystemet rekna som to åtskilde system. Staten har folkerettsleg plikt til å respektere folkerettsleg sedvane og traktatar som staten er bunden av, men for at det skal oppstå rettar eller plikter for borgarane, må traktaten gjennomførast i nasjonal rett gjennom ei særskilt gjennomføringsakt. Den norske statsforfatninga byggjer på det dualistiske prinsippet.

Grensa mellom monisme og dualsime vil likevel ikkje vere så skarp som ein kan få inntrykk av. I dualistiske statar vil ofte folkeretten vere ein tolkingsfaktor når ein skal slå fast kva som er gjeldande intern rett. Dess større vekt ein legg på folkeretten i tolkinga, dess tettare opp mot eit monistisk system vil ein liggje. Norsk rett – til liks med blant anna dei andre nordiske rettssystema – byggjer på det såkalla presumsjonsprinsippet, som inneber at ein går ut frå at norsk rett er i samsvar med folkeretten og så langt som mogleg skal tolkast i samsvar med Noregs folkerettslege skyldnader. Forskjellen viser seg derfor først og fremst når det ligg føre ein motstrid mellom intern rett og folkeretten som ikkje lèt seg tolke bort. I eit dualistisk system vil den interne retten i slike motstridstilfelle få forrang framfor folkeretten.

På visse avgrensa saksområde blei folkeretten tidleg gjort til ein del av norsk rett. Både straffe­loven, straffeprosessloven, tvisteloven, tvangsfullbyrdelsesloven og utlendingsloven inneheld føresegner som slår fast at norsk rett skal gjelde med dei avgrensingar som følgjer av folkeretten. På desse områda er det dermed etablert sektormonisme, det vil seie at folkeretten er blitt ein del av norsk lov uavhengig av om dei internasjonale skyldnadene er særskilt gjennomførte i den interne retten.

I monistiske system har folkeretten som nemnt direkte verknad i den interne retten og blir rekna som ein integrert del av denne. Innanfor eit monistisk system kan det likevel tenkjast ulike prinsipp for kva trinnhøgd eller rang ein folkerettsleg regel har i forhold til rettsreglar som byggjer på interne rettsakter. Spørsmålet oppstår når interne rettsakter står i motstrid til ein folkerettsregel. Dersom det er slik at folkerettsregelen står på lik linje med den nasjonale regelen, eventuelt også står tilbake for lover, vil ikkje gjennomslagkrafta for folkeretten nødvendigvis vere større enn i dualistiske system der folkeretten er godkjend som ein tolkingsfaktor. Ofte vil likevel monistiske statar gi folkeretten forrang framfor nasjonal lovgiving.

I dei fleste monistiske system skil ein mellom traktatføresegner som er «sjølv­kraftige» (self-executing), og føresegner som ikkje er det, slik at det berre er sjølvkraftige føresegner som har direkte verknad og kan gi rettar og plikter til borgarane. Med sjølvkraftige meiner ein då føresegner som kan brukast som sjølvstendig rettsleg grunnlag for løysing av konkrete tvistar som verserer for domstolar eller andre rettsbrukande styresmakter. Den nærmare definisjonen av omgrepet varierer litt mellom dei ulike monistiske systema. Det generelle trekket er at ei sjølvkraftig føresegn må vere så presis og fullstendig at retts­brukarar er i stand til å konkretisere dei rettane og pliktene traktatføresegna fastset.

Når folkerettslege reglar skal gjennomførast i norsk rett, kan dette i prinsippet skje ved bruk av tre ulike metodar. Ved konstatering av rettsharmoni (eller såkalla passiv transformasjon) konstaterer ein etter ein gjennomgang av nasjonale reglar at norsk rett allereie oppfyller krava i konvensjonane, og det blir ikkje gjort noko særskilt lov- eller forskriftsvedtak. Vidare kan ein konvensjon gjennomførast ved transformasjon, som inneber at det blir vedteke norske lov- eller forskriftsføresegner – i norsk språkdrakt og tilpassa norsk lovsystematikk – med eit innhald som oppfyller dei skyldnadene landet har etter konvensjonen. Endeleg kan konvensjonar gjennomførast ved inkorporasjon ved at ein vedtek ei norsk føresegn som fastset at konvensjonen skal gjelde som norsk rett. I prinsippet er det då den autentiske – gjerne framandspråklege – versjonen som er gjeldande norsk rett.

Ei nærmare utgreiing om forholdet mellom norsk rett og folkeretten og fordelar og ulemper ved dei ulike gjennomføringsmetodane finst bl.a. i Ot.prp. nr. 3 (1998–99) Om lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett, Ot.prp. nr. 45 (2002–2003) Om lov om endring i menneskerettsloven mv. (inn­arbei­ding av barnekonvensjonen i norsk lov) og St.meld. nr. 17 (2004–2005) Makt og demokrati.

4.2 Kva stilling har menneskeretts­konvensjonar i norsk rett

I tråd med det dualistiske prinsippet krevst det som nemnt ovanfor ei særskild gjennomføringsakt for at menneskerettskonvensjonar skal bli ein del av norsk rett. Tradisjonelt har menneskerettskonvensjonar blitt gjennomførte i norsk rett gjennom konstatering av at norsk lovgiving allereie oppfyller skyldnadene i konven­sjonen (konstatering av rettsharmoni eller passiv transformasjon). I dei tilfella det ikkje har vore samsvar mellom norsk lovgiving og konvensjons­føre­segnene, har dei aktuelle norske lovene blitt endra. I samsvar med presumsjons­prinsippet har ein òg lagt til grunn at norsk rett så langt som mogleg skal tolkast slik at han er i samsvar med skyldnadene som følgjer av menneskerettskonven­sjonar som er bindande for Noreg.

Menneskerettslovutvalet blei sett ned i 1989 for å vurdere og leggje fram forslag om innarbeiding av sentrale menneskerettskonvensjonar i norsk lov. Utvalet la fram forslaga sine i NOU 1993:18 Lovgivning om menneskerettigheter.

Etter forslag frå utvalet vedtok Stortinget i 1994 Grunnloven § 110 c, som lyder:

«Det paaligger Statens Myndigheder at respektere og sikre Menneskerettighederne.

Nærmere bestemmelser om Gjennemførelsen af Traktater herom fastsættes ved Lov»

Kravet i første ledd i føresegna, om at styresmaktene skal respektere og sikre menneskerettane, inneber at styresmaktene i tillegg til sjølv å unngå å krenkje rettane har plikt til å ta positive skritt for å hindre at andre krenkjer dei. Føre­segna rettar seg mot styresmaktene i vidaste forstand. Det vil seie at ho omfattar både Stortinget, regjeringa, kommunale og fylkeskommunale styresmakter, andre forvaltningsorgan og domstolane. Føresegna gir derimot ikkje rettar eller plikter for private.

Føresegna i Grunnloven § 110 c andre ledd er i første rekkje retta mot dei lov­gi­vande styresmaktene. Føresegna oppfordrar lovgivarane til å vurdere om det er nødvendig eller ønskjeleg å innarbeide menneskerettskonvensjonar i norsk lov.

Menneskerettslovutvalet foreslo vidare at den europeiske menneskeretts­konven­sjonen med protokollar og dei to FN-konvensjonane om høvesvis sivile og politiske rettar og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar med protokollar skulle inkorporerast i norsk lov. Regjeringa følgde opp forslaget i Ot.prp. nr. 3 (1998–99), og lov om styrking av menneskerettenes stilling i norsk rett (menneske­rettsloven) blei vedteken ved lov 21. mai 1999 nr. 30.

Menneskerettsloven § 2 slår fast at dei tre nemnde konvensjonane med proto­kollar skal gjelde som norsk lov i den utstrekning dei er bindande for Noreg. Ved lov 1. august 2003 nr. 86 blei også barnekonvensjonen inkludert.

Etter menneskerettsloven § 3 skal føresegnene i dei inkorporerte konvensjonane ved motstrid gå framfor føresegner i anna lovgiving. Konvensjonane er gitt for­rang framfor andre lover.

I Ot.prp. nr. 3 (1998–99) punkt 8.4 s. 40–41 står dette om føresegna:

«Departementet vil innledningsvis peke på at en forrangsregel bare kommer inn i bildet dersom det foreligger motstrid mellom en inkorporert konvensjonsbestemmelse og norsk rett. Hvorvidt det foreligger motstrid, beror på en fortolkning av både konvensjons­bestem­melsen og den aktuelle lovbestemmelsen. Forutsetningen er dessuten at konvensjons­bestem­melsen er selvkraftig («self-executing») jf kapittel 3.1 foran.

Departementet vil derfor understreke at hvorvidt det vedtas en forrangsbestemmelse eller ikke, normalt ikke vil ha betydning for avgjørelsen av rettsspørsmål i tilknytning til de inkorporerte konvensjonene. For det første vil norsk lovgivning vanligvis være i samsvar med de folkerettslige forpliktelser Norge har etter menneskerettskonvensjonene. For det andre vil domstolene og andre rettsanvendere så langt som mulig tolke norsk lov slik at det ikke oppstår motstrid med konvensjoner Norge er bundet av. Konvensjonene vil være viktige momenter ved lovtolkingen, og det vil – også etter inkorporasjonen – være en presumsjon for at lover skal forstås på en slik måte at konvensjonenes krav blir oppfylt. Videre må man huske at etter inkorporasjonen vil de inkorporerte konvensjonene ha lovs kraft. Også uten en forrangsbestemmelse vil de dermed, som følge av de alminnelige prinsippene som anvendes ved kollisjon mellom lover (nyere lov går foran eldre lov, og spesiell lov går foran generell lov) etter omstendighetene kunne gå foran motstridende lovgivning. Det antas derfor at det i første rekke vil være i de tilfellene hvor en nyere lov måtte stride mot en av de inkorporerte konvensjonene, at en forrangsbestemmelse vil kunne ha betydning.»

4.3 Særleg om kvinnediskrimineringskonvensjonens stilling i norsk rett

4.3.1 Tidlegare vurderingar

Då Noreg ratifiserte kvinnediskrimineringskonvensjonen i 1981, blei det ikkje gjort lovendringar. I St.prp. nr. 72 (1980–81) om samtykke til ratifikasjon av kvinne­diskrimineringskonvensjonen var det lagt til grunn at norsk lov var i samsvar med dei krava konvensjonen stilte. I tråd med den vanlege framgangs­måten ved gjennomføring av traktatar i denne perioden blei det ikkje vurdert å innarbeide konvensjonen aktivt utover å konstatere rettsharmoni.

Regjeringa gjorde i 1989 eit prinsippvedtak om at dei internasjonale menneske­rettane skulle innarbeidast i norsk lov. Same året blei menneskerettsutvalet oppretta for å vurdere og leggje fram forslag om korleis dei internasjonale konvensjonane burde gjennomførast. I NOU 1993:18 la utvalet til grunn at dei menneskerettskonvensjonane som blir innarbeidde i norsk rett, bør inkorpore­rast og ikkje transformerast. I samband med at utvalet tok stilling til kva for konvensjonar som burde omfattast av ei inkorporasjonslov, var kvinnediskrimi­neringskonvensjonen ein av dei traktatane som blei vurderte. Utvalet uttalte dette i punkt 9.3.4 på s. 132 om spørsmålet om i kva grad kvinnediskriminerings­konvensjonen er eigna for inkorporering:

«Konvensjonens bestemmelser er innledningsvis formulert som plikter for statene med sikte på å eliminere visse forhold, men dette munner så gjerne ut i individuelle rettigheter. Konvensjonene er følgelig en blanding av målsettingsbestemmelser og mer konkrete rettig­heter. Den inneholder videre så vel sivile og politiske som økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter. Standpunktet til om konvensjonen er egnet for inkorporering, vil følgelig kunne avhenge av om man generelt mener at målsettingsbestemmelser og økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter bør inkorporeres.»

Utvalet viste i tillegg til at konvensjonen berre blir handheva ved rapportering, og at det derfor ikkje låg føre utfyllande klagepraksis som kan medverke til å klarleggje rekkjevidda av føresegnene i enkeltsaker. Sidan utvalet la fram vurderinga si, har likevel kvinnediskrimineringskomiteen fått kompetanse til å handsame individklager, jf. tilleggsprotokollen 1999.

Vidare uttalte utvalet på s. 132:

«Synet på om kvinnediskrimineringskonvensjonen bør inkorporeres, vil avhenge av om man mener at ikke bare hovedkonvensjoner, men også spesialkonvensjoner bør inkorpo­reres, og i det hele hvor mange konvensjoner man mener bør omfattes av reformen. Det vil også spille inn hvordan man stiller seg til inkorporering av økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter. Men uansett standpunkt til disse to spørsmål, kan det spørres hvor stort behovet er for en formell inkorporering på bakgrunn av at vi har en særskilt like­stillings­lov med egne håndhevelsesorganer. Den synes å ha ivaretatt de vesentligste behov og vil fortsatt måtte tolkes i lys av konvensjonen. Dersom man likevel skulle føle behov for inkorporering, kunne en mulighet være å gjøre det i likestillingsloven istedenfor i en generell inkorporasjonslov.»

Som nemnt ovanfor gjorde utvalet forslag om å avgrense inkorporeringa til dei tre «hovudkonvensjonane»: den europeiske menneskerettskonvensjonen, FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Forslaget fekk støtte frå eit fleirtal av høyrings­instansane og frå departementet, jf. Ot.prp. nr. 3 (1998–99).

Under handsaminga i Stortinget meinte fleirtalet i Justiskomiteen at også FNs barnekonvensjon og kvinnediskrimineringskonvensjonen burde inkorporerast i menneskerettslova, sjå Innst. O. nr. 51 (1998–99). Fleirtalet foreslo likevel ikkje å føye desse to konvensjonane til lista over konvensjonane i lovforslaget, men bad regjeringa komme tilbake med forslag om inkorporering. Barnekonven­sjonen blei inkorporert i menneskerettsloven ved lov 1. august 2003 nr. 86.

Barne- og likestillingsdepartementet fremma 17. desember 2004 forslag om at kvinnediskrimineringskonvensjonen skulle inkorporerast i likestillingsloven, jf. Ot.prp. nr. 35 (2004–2005). Departementet uttalte dette om valet av inkorpora­sjons­lov, sjå Ot.prp. nr. 35 (2004–2005) punkt 11.9.2.1:

«Selv om fire menneskerettighetskonvensjoner allerede er inkorporert gjennom menne­ske­rettsloven, er det ikke nødvendigvis slik at menneskerettsloven er den mest hensikts­messige inkorporasjonsloven. Hvilken lov som i det enkelte tilfelle er best egnet som inkorporasjonslov, må vurderes konkret. Departementet anser ikke dette proble­matisk i forhold til prinsippet om at menneskerettighetene utgjør et udelelig og umistelig hele.

Menneskerettighetslovutvalget la i sin utredning vekt på at jo flere konvensjoner som tas med i en inkorporasjonslov, desto mer nærliggende vil det være å legge stor vekt på at noen konvensjoner ikke nevnes. Dette talte for å ikke utvide menneskerettsloven unød­vendig. Utvalget la dessuten vekt på at en inkorporasjonslov som nevner svært mange konvensjoner, fort ville kunne bli uoversiktlig. Utvalget foreslo for kvinnekonven­sjonens vedkommende at det kunne være aktuelt med inkorporasjon gjennom like­stillings­loven fremfor gjennom en generell inkorporasjonslov.

Likestillingsloven er i dag et sentralt virkemiddel for å oppnå økt likestilling mellom kvinner og menn i det norske samfunnet. Det følger av lovens formålsbestemmelse at loven særlig tar sikte på å bedre kvinnens stilling. Kvinnekonvensjonens særlige fokus på kvinners rettigheter, gjør at konvensjonen har en naturlig tilknytning til likestillingsloven. Å inkorporere kvinnekonvensjonen med tilleggsprotokoll gjennom likestillingsloven kan derfor bidra til å sikre en best mulig oversikt i lovverket.

Departementet har på denne bakgrunn kommet til at det er mest hensiktsmessig å inkorporere kvinnekonvensjonen med tilleggsprotokoll gjennom likestillingsloven. At menneskerettsloven ikke velges som inkorporasjonslov, betyr imidlertid ikke at kvinne­konvensjonen ikke anses for grunnleggende og viktig. En tilsvarende løsning er også valgt for FNs rasediskrimineringskonvensjon, som foreslås inkorporert gjennom lov om forbud mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion mv. (diskrimineringsloven) i en proposisjon som fremmes samtidig som denne proposisjonen.»

Departementet vurderte deretter om det var ønskjeleg å gi konvensjonen for­rang på same måte som etter menneskerettsloven § 3, sjå Ot.prp. nr. 35 (2004–2005) punkt 11.9.2.2:

«Konvensjonene som er inkorporert gjennom menneskerettsloven, skal ved motstrid gå foran bestemmelser i annen lovgivning, jf. menneskerettsloven § 3. Dette betyr at konven­sjonene formelt er gitt en sterkere rettslig stilling enn andre lover. Inkorporasjon av kvinne­konvensjonen gjennom likestillingsloven gjør det nødvendig å ta stilling til hvorvidt det bør innføres en forrangsbestemmelse i likestillingsloven på samme måte som i menneske­retts­loven.

Den senere tid har det blitt satt fokus på problemstillinger knyttet til rettsliggjøring av politikken, overføring av makt fra folkevalgt myndighet til domstolene og internasjonali­sering av rettsvesenet. Disse problemstillingene ble gitt særlig fokus i forbindelse med Makt- og demokratiutredningen, og har vært debattert i tiden etter at utredningen ble lagt fram. En stortingsmelding om Makt- og demokratiutredningen skal etter planen fremmes våren 2005. Utarbeidingen og behandlingen av stortingsmeldingen vil foranledige ytter­ligere belysning og debatt rundt problemstillinger knyttet til hvilken rettslig rang inkorpo­rerte menneskerettighetskonvensjoner bør gis i nasjonal lovgivning. Arbeidet med stor­tings­meldingen vil gjøre det mulig å se disse spørsmålene i et helhetsperspektiv.

Departementet har kommet til at det på det nåværende tidspunkt ikke er hensiktsmessig å inkorporere kvinnekonvensjonen i lovgivningen med forrang. Det pågående arbeidet med stortingsmeldingen om Makt- og demokratiutredningen, tilsier at det bør foretas en grundig prinsippdebatt om spørsmålet om forrang, som rekker lenger enn til kvinne­konvensjonen, før det eventuelt åpnes opp for dette. Departementet vil eventuelt komme tilbake til spørsmål knyttet til innarbeidingen av kvinnekonvensjonen etter Stortingets behandling av stortingsmeldingen om Makt- og demokratiutredningen.»

Ved lov 10. juni 2005 nr. 38 blei kvinnediskrimineringskonvensjonen med tilleggsprotokoll inkorporert i norsk lov gjennom § 1 b i likestillingsloven.

Då Stortinget handsama lovforslaget, fremma familie-, kultur- og administra­sjons­komiteens medlemmer frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet forslag om at Stortinget skulle be regjeringa inkorporere kvinnediskrimineringskonvensjonen i menneskerettslova, jf. Innst. O. nr. 70 (2004–2005) s. 25. Høgre og Kristeleg Folkeparti fremma på si side forslag om at Stortinget skulle be Regjeringa komme tilbake til spørsmålet om inkorporering i menneskerettslova etter handsaminga av den då varsla stortingsmeldinga om makt- og demokratiutgreiinga.

Spørsmålet om rettsleggjering og maktforskyving mellom lovgivar og domstolar blei handsama i St.meld. nr. 17 (2004–2005) Makt og demokrati, i samband med regjeringa si oppfølging av makt- og demokratiutgreiinga. Stortingsmeldinga går ikkje gjennom dei enkelte konvensjonane særskilt, men drøftar på generelt grunnlag fordelane og ulempene ved inkorporasjon og forrangsføresegner. Regjeringa konkluderte på denne måten (s. 74–75):

«I et makt- og demokratiperspektiv understreker Regjeringen også at beskyttelsen av visse grunnleggende rettigheter og friheter er et sentralt element i et demokrati.

En god gjennomføring av internasjonale normer om menneskerettigheter i norsk rett fordrer etter Regjeringens syn en hensiktsmessig arbeidsdeling mellom nasjonal lovgiver, nasjonale domstoler og det internasjonale overvåkningssystemet. Hensynet til å opprett­holde en god maktbalanse mellom lovgivende og dømmende myndighet også på dette feltet, tilsier at det politiske handlingsrom ikke svekkes unødig.

Utviklingen globalt går i retning av stadig større grad av internasjonalt samarbeid gjennom forpliktende avtaler og regelverk. Dette innebærer at man fra norsk side i mange sammen­henger vil måtte ta stilling til innarbeiding av internasjonale avtalers regelverk i norsk nasjonal lov. Inkorporasjon er en av de muligheter man har i norsk rett for å innarbeide internasjonalt regelverk i nasjonal lovgivning. Ved en rekke anledninger kan spørsmålet dermed i framtiden tenkes å komme opp om slik inkorporasjon i så fall skal suppleres med en forrangsregel for de aktuelle bestemmelser av internasjonalt opphav.

Det er Regjeringens oppfatning at en forrangsregel bør reserveres for helt spesielle tilfeller, slik praksis har vært i Norge.

Ved inkorporering bør hovedregelen være at den inkorporerte regel gis rang som ordinær lov, og at de generelle nasjonale rettsregler om lovfortolkning gis anvendelse. På denne måten ønsker Regjeringen å øke forutsigbarheten og klarheten i rettssystemet, og dermed unngå en uheldig utvikling i retning av maktoverføring fra lovgivende til dømmende myndig­het. Spesielt sett i lys av en del internasjonale organers dynamiske utvikling av internasjonalt regelverk – til dels i retninger som var helt utenfor hva lovgiver ved inkorpo­ra­sjon rimeligvis kunne forvente – er det grunn til å understreke behovet for å være mest mulig konsistent ved gjennomføringen av de folkerettsregler Norge er bundet av. Etter Regjeringens syn innebærer dette en forsiktighet når det gjelder den framtidige bruk av forrangsbestemmelser ved inkorporasjon av internasjonale konvensjoner.»

I samband med handsaming av stortingsmeldinga i Stortinget uttalte komité­med­lemmene frå Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Kyst­partiet at dei var samde med regjeringa i at ein bør følgje eit føre var-prinsipp ved framtidig bruk av forrangsføresegner. Fleirtalet i komiteen, alle utanom medlemmene frå Sosialistisk Venstreparti, delte også regjeringa si vurdering av behovet for større merksemd mot utfordringar knytte til inkorporering av inter­nasjonalt regelverk, sjå Innst. S. nr. 252 (2004–2005) s. 34.

Komitémedlemmene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti viste til at det er eit politisk val å gi forrang til menneskerettskonvensjonane, og at det er ein del av demokratiet. Vidare peikte dei på, i all hovudsak med tilslutning frå Senterpartiet og Kystpartiet, at

«inkorporering av menneskerettighetskonvensjoner og lignende [...] ikke innebærer en type rettsliggjøring som svekker den politiske makt. Det dreier seg om normer og minstestandarder som skal sikre respekt for og beskytte menneskeverdet. En slik beskyttelse av enkeltmenneskers rettigheter innebærer [...] tvert om en styrking av demokratiet».

4.3.2 Likestillingsloven § 1 b

Kvinnediskrimineringskonvensjonen er inkorporert i norsk lov gjennom like­stillings­loven § 1 b, som blei vedteken ved lov 10. juni 2005 nr. 38. Føresegna lyder slik:

Ǥ 1 b (Inkorporering av FNs kvinnekonvensjon)

De forente nasjoners internasjonale konvensjon 18. desember 1979 om avskaffelse av alle former for diskriminering av kvinner med tilleggsprotokoll 6. oktober 1999 skal gjelde som norsk lov. Konvensjonen kunngjøres i Norsk Lovtidend på ett originalspråk og i norsk oversettelse.»

Konvensjonen har dermed status som norsk lov, men er ikkje gitt forrang fram­for anna lovgiving. Dette inneber at konvensjonsføresegnene som gir rettar og plikter for private, kan gjerast gjeldande for domstolane, men at ein eventuell motstrid med anna lovgiving må løysast ut frå alminnelege tolkingsprinsipp. I tråd med presumsjonsprinsippet vil domstolane strekkje seg langt for å tolke norsk lov i samsvar med dei skyldnadene som følgjer av kvinnediskriminerings­konven­sjonen, men i den grad det ikkje er mogleg å tolke bort motstrid, vil denne måtte løysast ved hjelp av dei gjeldande prinsippa for å løyse regel­konfliktar, slik at for eksempel den mest spesielle eller den seinast vedtekne regelen går føre.

Ei klar føresegn vil likevel normalt ikkje vike for ei uklar eller usikker forståing av ei konvensjonsføresegn, i alle fall ikkje dersom ei forståing av lovføresegna i samsvar med ordlyden oppfyller eit formål som Stortinget hadde for auge ved vedtakinga. Fordi det i mange samanhengar kan vere uklart kva for krav konvensjonen stiller, vil Stortinget kunne avgjere kva som skal gjelde, ved å vedta ei tilstrekkeleg klar lovføresegn.

Likestillings- og diskrimineringsombodet er i medhald av lov 10. juni 2005 nr. 40 om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudsloven) § 1 tredje ledd gitt i oppgåve å føre tilsyn med at norsk rett og forvaltningspraksis samsvarer med dei skyldnadene Noreg har etter kvinnediskrimineringskonvensjonen. Ansvaret for å følgje med på om norsk rett og forvaltningspraksis er i samsvar med kvinnediskrimineringskonvensjonen vil blant anna kunne innebere at ombodet rapporterer eventuelle avvik til departementet, jf. merknadene til føresegnene i Ot.prp. nr. 34 (2004–2005). Det er likevel departementa som har det overordna ansvaret for at desse konvensjonane blir følgde opp nasjonalt og internasjonalt, og som har ansvaret for å rapportere til FN.

Vidare går det fram av forarbeida at føresegna i § 1 tredje ledd inneber at ombodet og nemnda skal ha konvensjonen som generelt grunnlag for arbeidet sitt og, til liks med domstolane, bruke konvensjonen som rettskjelde i enkeltsaker.

I samband med inkorporeringa av kvinnediskrimineringskonvensjonen i likestillingsloven vurderte Barne- og likestillingsdepartementet om det var nødvendig med andre lovendringar for å tilpasse norsk lov til kvinnediskrimineringskonvensjonen. Regjeringa foreslo på denne bakgrunnen å endre ekteskapsloven slik at det kjem klart fram at frivillig samtykke er eit vilkår for å kunne inngå ekteskap, jf. kvinnediskrimineringskonvensjonen artikkel 16. Føresegna er teken inn i ekteskapsloven som ny § 1 a. I tillegg varsla Barne- og likestillingsdepartementet at det ville sjå nærmare på korleis kvinnediskrimineringskonvensjonen artikkel 5, som blant anna handlar om kjønnsstereotypiar, kan gjerast synleg i lovgivinga, og i den samanheng vurdere om det bør gjerast endringar i reglane om kjønnsstereotyp marknadsføring i marknadsføringsloven.

Lov 9. januar 2009 nr. 2 om kontroll med markedsføring og avtalevilkår mv. (markedsføringsloven), som gjeld frå 1. juni 2009, vidarefører i § 2 andre ledd den eksisterande føresegna om kjønns­diskriminerande reklame. Diskrimine­ringsvernet i norsk lovgiving blir no gjennomgått med sikte på ei samla lov om diskriminering. Barne- og likestillingsdepartementet vil vurdere spørsmålet i lys av utgreiinga frå diskrimineringslovutvalet. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. juli 2009.

Til forsida