9 Merknader til dei einskilde paragrafane
Kvinnediskrimineringskonvensjonen er i dag inkorporert i norsk rett gjennom likestillingsloven § 1 b. Forslaget om i staden å inkorporere konvensjonen i menneskerettsloven § 2, inneber at føresegnene i konvensjonen ved motstrid går føre norsk lov, sjå nærmare punkt 6 om konsekvensane av inkorporering med forrang.
Forslaget inneber at likestillingsloven § 1 b blir oppheva som ei konsekvensendring av at konvensjonen blir foreslått innlemma i menneskerettsloven.
Loven kan setjast i verk utan nærmare tilretteleggjing.