1 Innleiing
1.1 Hovudinnhald og bakgrunn
Denne proposisjonen inneheld forslag til endring av opplæringslova § 2-1 sjette ledd om gratis grunnskoleopplæring. Forslaget inneber i det vesentlege ei presisering av lovteksten, slik at det i sterkare grad enn før blir tydeleggjort at den offentlege grunnskoleopplæringa skal vere gratis. I tillegg foreslår departementet å flytte føresegna til ein ny § 2-15.
Endringane blir foreslått på bakgrunn av at kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Budsjettinnst. S. nr. 12 (2001-2002) mellom anna uttalte at
«Komiteen mener at grunnskolen skal være gratis. Alle aktiviteter som er en del av skolens faglige og pedagogiske opplegg med grunnlag i læreplanene, skal være fri for egenbetaling.»
I samsvar med forslaget frå komiteen vedtok Stortinget hausten 2001:
«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endring av opplæringslova slik at gratisprinsippet i grunnskolen blir reelt.»
Vedtaket har mellom anna samanheng med at Stortinget vedtok å auke dei frie inntektene til kommunane med 25 mill. kroner i 2002, slik at dei kan dekkje alle kostnadene ved leirskoleopphald frå hausten 2002.
1.2 Høringa
29. januar 2002 sende Utdannings- og forskingsdepartementet ut eit høringsnotat med forslag til endring av opplæringslova § 2-1 sjette ledd. Høringsnotatet vart sendt til desse høringsinstansane:
Akademikerne
Akademikernes Fellesorganisasjon (AF)
Barneombodet
Departementa
Elevorganisasjonen
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
Fylkeskommunane
Kommunane
Kommunenes Sentralforbund (KS)
Landslaget for udelt og fådelt skole (LUFS)
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Lærernes Yrkesforbund
Læringssenteret
Norges Kvinne- og Familieforbund
Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)
Norsk Lektorlag
Norsk Skolelederforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Riksrevisjonen
Skolenes landsforbund
Statens utdanningskontor
Utdanningsforbundet
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
Høringsfristen vart sett til 15. mars 2002.
8. april 2002 hadde i alt 120 høringsinstansar gitt fråsegn. 16 høringsinstansar hadde ikkje merknader eller kommentarar til forslaget, medan 104 instansar har gitt realitetsfråsegn. Desse er:
Helsedepartementet
Barne- og familiedepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Kommunenes Sentralforbund
Statens råd for funksjonshemma
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)
Læringssenteret
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Utdanningsforbundet
Barneombodet
73 kommunar
2 fylkeskommunar
7 av statens utdanningskontor
Departementet har også fått høringsfråsegner frå 10 instansar som ikkje stod på høringslista. Dette er mellom andre Aktive Fredsreiser, Stiftelsen Hvite busser og Norsk leirskoleforening.
Gjennomgangen av høringsfråsegnene viser sterk tilslutning til forslaget frå departementet. 103 av 104 høringsinstansar støttar prinsippet om at den offentlege grunnskoleopplæringa skal vere gratis. Om lag halvparten av instansane har generelle kommentarar til den kommunale økonomien, og meiner mellom anna at dei 25 mill. kronene som er lagde inn i rammetilskottet for 2002 som kompensasjon for meirutgiftene til leirskole, ikkje vil vere tilstrekkeleg til å dekkje dei reelle utgiftene. Det nærmare innhaldet i høringsfråsegnene vil bli omtalt i tilknyting til sjølve lovforslaget.