3 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovforslaget
I statsbudsjettet for 2002 vart det lagt inn 25 mill. kroner i dei frie inntektene til kommunane. Tiltaket har ein heilårseffekt på 60 mill. kroner. Desse midlane skal kompensere utgifter som tidlegare fall på elevane, og som kommunane etter opplæringslova hittil har hatt høve til å få dekt av elevane.
I tillegg til desse midlane får kommunane øremerkte midlar til dekning av utgifter knytte til undervisninga på leirskolen. I 2002 er dette øremerkte tilskottet nærmare 30 mill. kroner.
Lovforslaget inneber inga endring når det gjeld utgifter til andre delar av grunnskoleopplæringa.
Departementet kan ikkje sjå at forslaget vil få administrative konsekvensar.