2 Forslag om ny lovføresegn som presiserer at den offentlege grunnskoleopplæringa skal vere gratis
2.1 Gjeldande rett
Opplæringslova § 2-1 sjette ledd har denne ordlyden:
Den offentlege grunnskolen er gratis. Kommunen skal halde elevane i grunnskolen med lære- og lesebøker, skrive- og teiknemateriell og anna undervisningsmateriell.
Prinsippet om gratis offentleg grunnskoleopplæring inneber mellom anna at elevane ikkje skal betale for undervisning i samband med leirskoleopphald. Departementet har elles lagt til grunn, jf. NOU 1995: 18 Ny lovgivning om opplæring, Ot.prp. nr. 46 (1997-98) og Innst. O. nr. 70 (1997-98), at kommunen kan ta betaling for reise, kost og losji knytt til eit reelt frivillig leirskoleopphald. At tilbodet er reelt frivillig, inneber etter departementets vurdering at
foreldra og elevane ikkje blir pressa til å medverke økonomisk
dei elevane som av ulike grunnar ikkje ønskjer å delta på leirskoleopphaldet, får eit anna tilbod om grunnskoleopplæring i samsvar med L97
Alle andre utgifter til grunnskoleopplæring skal kommunen dekkje, eksempelvis utgifter i samband med ekskursjonar. Dersom skolen til dømes tek elevane med på teater eller museum, må kommunen betale eventuell transport og inngangsbillett. Annan nødvendig transport i skoletida, til dømes til symjehall eller bibliotek, skal også betalast av kommunen.
Føresegna er ikkje til hinder for at skolane tek imot gåver.
2.2 Høringsnotatet frå departementet
I høringsnotatet la departementet fram eit forslag til endring av opplæringslova § 2-1 sjette ledd om gratis grunnskoleopplæring, som gjer det klart at kommunen ikkje kan krevje at foreldre eller elevar dekkjer utgifter knytte til grunnskoleopplæringa. Departementet meinte at det er viktig at alle barn - uavhengig av den økonomiske stillinga til dei føresette - får same høve til å delta i dei aktivitetane skolen arrangerer, dersom dei ønskjer det. Departementet viste også til at elevane har plikt til å gjennomføre grunnskoleopplæringa, og at dei føresette kan straffast med bøter dersom opplæringa ikkje blir gjennomført i samsvar med opplæringslova.
I høringsnotatet foreslo departementet at opplæringslova § 2-1 sjette ledd skulle opphevast, og at føresegna om gratis grunnskoleopplæring skulle plasserast i ei eiga føresegn for å gjere retten meir synleg for brukarane. Det vart foreslått at ein ny § 2-15 om rett til gratis grunnskoleopplæring skal lyde:
«Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.»
Departementet la her til grunn at forslaget til lovendring inneber at alle sider ved grunnskoleopplæringa skal vere gratis. Dagens avgrensa høve til å ta dekning for visse utgifter knytte til leirskoleopphald fell dermed bort.
Departementet la vidare til grunn at forslaget inneber at kommunen ikkje kan krevje betaling for undervisningsmateriell og aktivitetar som er nødvendige for å gjennomføre grunnskoleopplæringa i samsvar med lov og forskrift. Eksempel på undervisningsmateriell som kommunen ikkje kan krevje at elevane eller deira føresette skal dekkje, er skrive- og teiknesaker, lærebøker, ordlister, kalkulatorar. Utgifter til transport, kost og losji i samband med leirskoleopphald eller andre tematurar, eventuelle transportutgifter eller utgifter til inngangsbillettar ved ekskursjonar, nødvendig transport i skoletida til symjehall og bibliotek, er eksempel på utgifter til aktivitetar som kommunen ikkje kan krevje at elevane eller dei føresette dekkjer.
Dersom kommunen har fastsett eit utvida timetal etter opplæringslova § 2-2 andre ledd, skal også denne delen av opplæringa vere gratis for elevane.
Departementet presiserte i høringsnotatet at kommunen ikkje er forplikta til å gi elevane tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskoleopplæringa, men at ein del av undervisningstida kan nyttast til slik opplæring, jf. opplæringslova § 2-3 første ledd og Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen (L97).
I høringsnotatet vart det opplyst at forslaget ikkje inneber endringar i at skolane har høve til å ta imot gåver - pengegåver, dugnadsinnsats, utstyr osv. - frå føresette eller andre. Departementet presiserte samtidig at elevane må få tilbod om å få vere med på dei same aktivitetane, uavhengig av om dei føresette har gitt ei gåve til skolen eller ikkje.
Departementet påpeikte likevel at slike gåver reiser nokre vanskelege problemstillingar. Ein del føresette kan trass i føresegna kjenne seg pressa til likevel å medverke til »klassekasser» og liknande, fordi dei elles vil vere redde for å miste dei aktivitetane som går føre seg utanfor skolens område. Presset kan også bli stort internt mellom foreldra. På den andre sida kan det vere vanskeleg å foreslå forbod mot gåver. Departementet bad derfor særleg om at høringsinstansane uttalte seg om dette spørsmålet.
Det vart opplyst i høringsnotatet at forslaget ikkje regulerer eventuelle aktivitetar som blir arrangerte av skolen, men som ikkje er ein del av grunnskoleopplæringa.
2.3 Synspunkta frå høringsinstansane
2.3.1 Forslaget om ny lovføresegn som presiserer at den offentlege grunnskoleopplæringa skal vere gratis
I alt 104 høringsinstansar har uttalt seg om forslaget til ny lovføresegn. Alle høringsinstansane, unnateke éin, er også positive til, og gir på ulike måtar uttrykk for støtte til, forslaget om ny lovføresegn som presiserer at den offentlege grunnskoleopplæringa skal vere gratis.
51 kommunar har generelle kommentarar til kommuneøkonomien, og fryktar avgrensingar i aktiviteten og tilbodet til elevane som følgje av dårleg økonomi. Mange kommunar meiner at å leggje 25 mill. kroner inn i rammetilskottet for 2002 (heilårsverknad 60 mill. kroner) som kompensasjon for meirutgiftene til leirskole, ikkje vil vere tilstrekkeleg til å dekkje dei reelle utgiftene. 15 kommunar sluttar seg til forslaget under den føresetnad at kommunane får kompensasjon for dei reelle meirkostnadene, og påpeiker at tradisjonen med eit leirskoleopphald i løpet av skoletida kan vere i fare dersom staten ikkje dekkjer meirkostnadene fullt ut gjennom rammetilskotta.
Enkelte meiner at lovforslaget vil skape større ulikskapar i distrikt der avstandane er store og reisene til kulturtilbod m.m. er lange. Hol kommune viser til at kommunen ligg sentralt i Sør-Noreg, men langt frå dei stadene det er aktuelt å reise til med klassar på ulike alderstrinn, noko som inneber store skyssutgifter. Kommunenes Sentralforbund ser det som sannsynleg at lovendringa kan medføre at enkelte tilbod som blir gitt i dag, vil falle bort, og påpeiker at dersom departementet meiner at ei slik utvikling ikkje er ønskeleg, må det leggjast til rette gjennom kommuneopplegget for at kommunane kan halde fram med å gi slike tilbod.
Somme høringsinstansar meiner at dei statlege midlane som skal kompensere meirutgiftene, bør øremerkjast til leirskoleopphald, elles vil leirskoletilbodet komme i konkurranse med andre frivillige kommunale tilbod/tiltak. Det blir vist til at å auke rammetilskottet ikkje gir nokon garanti for at leirskoletilbodet blir halde oppe.
Barne- og familiedepartementet uttaler at lovendringa og den økonomiske kompensasjonen kommunane får for å gjennomføre gratisprinsippet for grunnskoleopplæring, synest positiv, særleg sett på bakgrunn av problem som familiar med svak økonomi har opplevd i samband med leirskoleopphald. Men i og med at kompensasjonen blir overført som del av dei frie inntektene til kommunane, og at skolane ikkje er pålagde å gjennomføre leirskoleopphald, kan ein ikkje vere sikker på at midlane blir brukte til leirskoleverksemd eller til skoleformål i det heile.
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) saknar ei presisering av at den retten funksjonshemma elevar har til leirskoleopphald, ikkje blir reell med mindre kommunen også dekkjer utgiftene til personleg assistanse m.m. FFO meiner det er heilt nødvendig å erkjenne at mange funksjonshemma elevar har behov for personleg assistanse, og at dei ikkje kan delta på t.d. leirskole dersom kommunen ikkje gir denne hjelpa. FFO har hatt nokre førespurnader som viser at enkelte skolar i realiteten nektar funksjonshemma elevar å delta på leirskole når skolane ikkje vil betale for personleg assistanse som eleven har behov for i samband med leirskoleopphaldet. Skolen har vist eleven til å ta med føresette eller å vende seg til sosialkontoret for å få pengar til lønna assistent. FFO meiner derfor at departementet må presisere at funksjonshemma elevar kan ha behov for tilleggsytingar utover slike som direkte kan relaterast til opplæringa, og som er nødvendige for at dei kan ta del i opplæringa på lik linje med ikkje-funksjonshemma.
Somme instansar påpeiker at leirskoleopphald bør vere obligatorisk eller lovfesta. Spydeberg kommune er uroa for at lovforslaget vil kunne få negative konsekvensar for skolane, og uttaler at det ikkje bør bli slik at leirskoleopphald blir eit tilbod berre for elevar i «rike» kommunar. Spydeberg kommune meiner derfor det bør vurderast om leirskoleopphald skal gjerast obligatorisk i grunnskolen. Læringssenteret uttaler også at det kan vere problematisk at mange av aktivitetane ikkje er obligatoriske, og påpeiker at det derfor blir viktig å følgje med i det som skjer, slik at ein kan komme med tiltak dersom tilbodet til elevane blir dårlegare.
Fræna kommune viser til at leirskole gjennom dei siste 25 åra er blitt ein god tradisjon i norsk grunnskole, og at mykje av den pedagogikken som er utvikla gjennom leirskole, med åra er teken stadig meir i bruk også i den vanlege skolekvardagen. Leirskoleopphald har også vist seg å ha svært god verknad for det sosiale miljøet i klassen. For at dei politiske måla skal bli ein realitet, meiner Fræna kommune derfor at retten til leirskoleopphald bør lovfestast ved at kommunane pliktar å gi elevane tilbod om minst eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskoletida. Også Selje, Kragerø, Rygge, Lom og Giske kommunar, Norsk Leirskoleforening og Utdanningsforbundet meiner at retten til leirskoleopphald bør lovfestast.
Utdanningsforbundet er også uroa for framtida til dei tradisjonelle leirskoleopphalda, og uttaler:
«I høringsdokumentet tolker UFD opplæringslova § 2-3 første ledd og L97 slik at kommunen ikke er forpliktet til å gi elevene tilbud om leirskoleopphold i løpet av grunnskoleopplæringen, men at en del av undervisningen kan brukes til slik opplæring. Utdanningsforbundet mener at Stortingets intensjoner har vært å sikre alle elever et gratis leirskoletilbud. Både komiteens uttalelse og vedtaket om å legge inn midler i rammetilskuddet til å dekke egenandelen ved leirskoleopphold bekrefter etter vår oppfatning denne intensjonen. Vi ber derfor departementet sikre dette ved å foreslå en endring i opplæringslova § 2-3 slik at grunnskoleopplæringa skal omfatte minst et leirskoleopphold i løpet av skoletida. Dessuten må den økonomiske kompensasjonen til kommunene for bortfall av egenandeler være innrettet slik at den reelt sett er en fullfinansiering av kommunenes utgifter som følge av bortfalte egenandeler.»
Asker kommune meiner det er greitt å slutte seg til formuleringa i forslaget til ny § 2-15, men kan ikkje sjå at forslaget representerer noko prinsipielt nytt i forhold til gjeldande føresegn i opplæringslova § 2-1. Kommunen konstaterer at leirskole etter den foreslåtte lovendringa framleis er ein ikkje-lovpålagd aktivitet, og kan ikkje sjå at skolen kan påleggje foreldre at barna deira skal delta i eit leirskoleopphald for klassen. Kommunen meiner derfor at den argumentasjonen departementet legg fram i høringsbrevet, er svak når det blir framstilt slik at ny § 2-15 inneber forbod mot å la foreldra medverke ved å dekkje kostnader til eit leirskoleopphald dei sjølve har valt for barna. Kommunen meiner å sjå at departementet på den måten overser eller opphevar skiljet mellom lovpålagd opplæring og frivillige aktivitetar. Kommunen uttaler:
«Så lenge det fremdeles vil være frivillig for foreldrene eventuelt å avgjøre at klassen skal ha et leirskoleopphold, og frivillig for de enkelte foreldre om de vil la sitt barn delta - innebærer det at foreldrene ikke blir avkrevd egenbetaling for en aktivitet som skolen pålegger elevene; det vil fortsatt være foreldrene selv som avgjør om de vil gå inn for en aktivitet som utløser utgifter som kommunen ikke fullt ut kan dekke, og som forutsetter en utgift for dem selv.»
Asker kommune påpeiker også at dersom Stortinget meiner å setje forbod mot leirskoleopphald der foreldra medverkar med eigendel - jamvel i tilfelle der foreldra sjølve ønskjer og går inn for det - må den enkelte kommunen få full dekning for sine faktiske utgifter til leirskoleopphald og reise. Kommunen meiner statens bidrag til ei slik nyordning må aukast monaleg.
Vestre Toten kommune kan ikkje slutte seg til den foreslåtte lovendringa, men finn det uproblematisk å slutte seg til prinsippet om at grunnskolen skal vere gratis. Kommunen meiner at tilskottet til leirskole er eit skritt i riktig retning, men meiner det må prøvast ut i praksis om tilskottet verkar slik føresetnaden er, før det blir gjort lovendring.
Landsorganisasjonen i Norge (LO) synest det er positivt at departementet tek tak i denne problemstillinga. Landsorganisasjonen uttaler mellom anna at ut frå intensjonen om at grunnskoleopplæringa skal bli reelt gratis, vil det framlagde forslaget til lovendring medverke til å skjerpe gratisprinsippet. Landsorganisasjonen ser også at forslaget vil medføre ei vesentleg hjelp for einslege mødrer med låg inntekt, særleg når det gjeld leirskoleopphald og ekskursjonar som til i dag har kravd store økonomiske utlegg. LO uttaler også at
«det er skolens ansvar å legge opp til en opplæring som i alle ledd inkluderer hele elevgruppa. Skolen må selv i utgangspunktet sette rammer for opplæringen og aktivitetene som følger av denne for at en ikke skal komme i den situasjon at det heter: «det ble ikke noe av fordi ikke alle elevene har råd.» Les: de som ikke har råd får skylden for at morsomme aktiviteter ikke blir noe av.»
Helsedepartementet uttaler:
«Vedrørende kunnskap om naturen og praktisk og sosial opplæring i denne sammenheng, så ser vi det som svært viktig at skolen støtter opp under elevenes muligheter til å bli kjent og fortrolig med naturen som en motvekt til inaktivitet og de følger dette får både for psykisk og fysisk utvikling. Det er derfor å ønske, sett fra et folkehelseperspektiv, at skolene opprettholder den gode leirskoletradisjonen.»
Enkelte høringsinstansar viser til at det framleis vil vere nokre område der det er uklart kva gratisprinsippet omfattar. Statens utdanningskontor i Østfold seier seg mellom anna tilfreds med presiseringa i høringsnotatet av at utgifter til transport, kost og losji i samband med leirskoleopphald eller andre tematurar skal dekkjast av kommunen, men meiner også at vi må innsjå at eit leirskoleopphald som varer i fleire dagar, framleis vil kunne medføre utgifter for den enkelte til passande skiutstyr og liknande. Dermed blir det urealistisk å rekne med at slike opphald kan bli fullstendig utgiftsfrie for elevane og foreldra deira.
Somme høringsinstansar peiker på at det er problematikken rundt dei meir sosiale aktivitetane ved skoleverksemda som skaper gråsoner i høve til gratisprinsippet, og at lovforslaget først og fremst vil ramme slike aktivitetar, som er viktige supplement til sjølve den obligatoriske undervisninga, men ikkje nødvendigvis skal gjennomførast.
Vågå kommune meiner det bør opnast for at kommunen kan krevje ein viss eigendel spesielt til kost ved leirskoleopphald, da dette er ei utgift som dei føresette likevel har når eleven er heime.
Utdanningsforbundet foreslår ei meir aktiv formulering for pliktene til kommunane i lovforslaget : «Kommunen skal finansiere alle utgifter i samband med grunnskoleopplæringa , til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald osv.»
Oslo kommune foreslår at ei så sentral og viktig føresegn blir plassert først i kapittel 2 i opplæringslova, t.d. i ny § 2-1A.
2.3.2 Om skolane skal ha høve til å ta imot gåver m.m.
42 høringsinstansar har uttalt seg til spørsmålet om skolane skal kunne ta imot gåver. Eit klart fleirtal meiner at skolane framleis bør ha høve til å ta imot gåver i form av pengar, dugnadsinnsats, utstyr m.m. Ingen av høringsinstansane gir uttrykk for at det bør vere lovforbod mot å gi gåver, men nokre få fryktar at høvet til å ta imot gåver kan undergrave gratisprinsippet.
Mange høringsinstansar gir uttrykk for at dette spørsmålet reiser ein del vanskelege problemstillingar på grunn av økonomiske og sosiale forskjellar. Det blir vist til at det er mogleg mange foreldre vil oppleve eit sosialt press, og at det derfor kan vere behov for å gi foreldra eit visst vern mot dette. På den andre sida er det også fleire som meiner at dette er ein situasjon skolen må leve med. Det blir derfor ei viktig oppgåve for skolen og skolens samarbeidsorgan å førebyggje at foreldre føler seg pressa til å delta økonomisk eller med dugnad på grunn av ein vanskeleg budsjettsituasjon.
Alta kommune uttaler:
«For å unngå at slikt av noen oppleves som et press, er det viktig at slike spørsmål drøftes åpent og grundig i skolenes rådsorganer. Det vil gi alle høve til å fremme sine synspunkter og påvirke valg av løsninger. Samtidig vil slike saker kunne være med på å vitalisere arbeidet i rådsorganene. Uansett vil det være den enkelte skoles ansvar å søke løsninger som ikke kommer i motsetning til prinsippet om gratis skolegang, som samtidig ivaretar forholdet til foreldrene, og som også gir best mulig mangfold i tilbudet til elevene.»
Fleire instansar hevdar at det ikkje er ønskeleg å dempe foreldra sitt engasjement for skolen, og viser til det positive ved venneforeiningar, høvet til å gi gåver, arrangere loppemarknader, dugnader osv.: eit slikt engasjement blir opplevd som positivt og er med på å skape innhald i samarbeidet mellom heim og skole.
Somme høringsinstansar meiner at gåver må komme heile klassen eller skolen til gode. Det blir mellom anna foreslått at gåver kan givast til rektor, som bør disponere gåvene i samarbeid med samarbeidsutvalet. Helsedepartementet foreslår at når det gjeld pengegåver av ein viss storleik, bør det vurderast om det skal krevjast at dersom skolen skal kunne takke ja til slike gåver, må givaren skriftleg seie seg samd i at midlane skal øremerkjast til heile skolen, for å unngå stigmatisering av enkeltelevar og/eller klassar. Gulen kommune meiner det bør lagast klare retningslinjer dersom skolane skal kunne ta imot gåver, og gåver over eit visst beløp bør givast til kommunen, som øremerkjer dei til bestemte formål.
Masfjorden kommune er betenkt dersom ei innstramming i lovverket fører til at det som i dagens skole er ekstra initiativ frå skole og lærar, skal falle bort, og viser til at mange gode tiltak som inneheld sosiale opplevingar for klassane, i dag blir gjennomførte med eigendel. Kommunen meiner det blir ei oppgåve å understreke at ein må få legitimitet for at foreldre og andre kan medverke med ulike «gåver», men at dette skal utliknast på fellesskapet. Kommunen påpeiker at det å få forståing for at fellesskapet deler ulikt bidrag likt, også kan ha sin verdi.
Oslo kommune uttaler:
«I Oslo er det etablert venneforeninger rundt en rekke skoler. Disse består av bedrifter og enkeltpersoner, og har i første rekke som målsetting å gi økonomisk støtte til den enkelte skole. Det er på den ene side viktig at ikke foresatte presses til å yte bistand, på den annen side er det positivt at foresatte og andre kan vise sin interesse for skolen ved å gi konkrete gaver. Imidlertid er det viktig at slike ordninger håndteres med varsomhet av skolen. Oslo kommune mener skolene fortsatt bør ha adgang til å motta pengegaver.»
Enkelte høringsinstansar påpeiker at det ikkje i noka form må knytast føringar, plikter eller motytingar til gåver. Somme synest gåver som er påførte reklame, er problematiske, og at det bør diskuterast om det bør vere forbod mot dette.
Skolenes Landsforbund og Landsorganisasjonen i Norge (LO) meiner det er uakseptabelt med reklame i lærebøker og andre læremiddel og med sponsorverksemd for å drive den offentlege grunnskolen. Desse instansane rår generelt til at skolen, ved leiinga, skal vere forplikta til å informere om og setje i verk ein praksis, når det gjeld gåver, som tek vare på prinsippet om likeverd. Det blir også peikt på at foreldrerådets arbeidsutval må involverast i heile dette problemområdet. Det er viktig å rettleie skolane om at det offentlege ansvaret ikkje kan overtakast av gode givarar, verken direkte eller indirekte. Desse instansane meiner også at departementet bør utdjupe eller presisere forskjellen mellom gåver og andre bidrag til å dekkje økonomiske kostnader ved klasseaktivitetar. For å sikre at elevar og føresette ikkje blir pressa til å medverke med gåver i form av pengar eller anna, bør departementet også klargjere at det berre er akseptabelt med klassekasser og andre gåver i svært måtehalden grad. Ikkje i noko fall må gåver ha vedhefta krav som inneber motytingar, til dømes i form av marknadsføring eller reklame. Gåver må berre gå til fellesskapet og til formål som det offentlege ikkje gjennom lov er forplikta til sjølv å finansiere.
Spydeberg kommune meiner at klassar som skal på leirskole, kan ha godt av å arbeide med turen som eit prosjekt der også delfinansiering av reisa og opphaldet inngår som naturlege element, og at det bør vere rom også for dette ved den foreslåtte lovendringa.
Somme av dei høringsinstansane som fryktar at høvet til å gi gåver kan undergrave gratisprinsippet, peiker på at det kan vere mogleg å kamuflere eigendelar som gåver. Det blir bedt om klare formuleringar og presiseringar til bruken av gåver, slik at høvet til å omgå intensjonane med lova så langt som mogleg blir eliminert.
Asker kommune går sterkt imot eit eventuelt forbod mot frivillege gåver til skolen, og kan ikkje sjå at høvet til å gi gåver har nemneverdige negative konsekvensar. Kommunen meiner prinsipielt at det bør overlatast til lokalsamfunna å avgjere sin eigen praksis med foreldrebidrag til aktivitetar som ligg utanfor lovpålagd opplæring, deriblant leirskoleopphald.
Barne- og familiedepartementet meiner at gåver frå enkeltfamiliar og enkeltpersonar ikkje synest vere særleg problematisk, men at gåver frå firma, som tek form av sponsorverksemd eller reine reklamekampanjar, er meir komplisert. Det blir vist til at dette er forhold som vart tekne opp i NOU 2001:6 Oppvekst med prislapp? - Om kommersialisering og kjøpepress mot barn og unge (Nyborgutvalet). Nyborgutvalet fremja dette forslaget: «Det bør utarbeides klare retningslinjer for sponsing og reklame i skolen der ansvar og kontrollfunksjon blir klart definert. Hovedregelen må være at skolen er frisone for kommersiell påvirkning. Det bør defineres restriktive kriterier for unntak fra denne regelen.»
2.3.3 Klassekasser
18 høringsinstansar har uttalt seg om bruken av klassekasser. Eit fleirtal av høringsinstansane meiner at klassekasser kan godtakast dersom dei er foreldrestyrte. Desse instansane meiner det bør vere foreldra i kvar klasse som avgjer om og eventuelt korleis ei klassekasse skal fungere. Det blir presisert at for at intensjonen i lovforslaget ikkje skal bli omgådd, må ei slik foreldrestyrt kasse ikkje nyttast til å betale for materiell, utstyr eller aktivitetar som er ein del av grunnskoleopplæringa, dvs. heller ikkje for utgifter i samband med leirskole.
Enkelte viser til at det bør vere mogleg å behalde klassekasser, fordi det gir foreldra sjølve høve til å ha nokre midlar å nytte i engasjementet rundt klassen. Men det er viktig at dette blir handtert på ein slik måte at det ikkje kjennest som press, eller gir nokon kjensle av ikkje å vere fullverdige deltakarar i eit klassemiljø dersom dei ikkje har høve til å medverke økonomisk.
Sju høringsinstansar frårår bruken av klassekasser. Hovudargumentet er at det kan medverke til sterkt direkte eller indirekte press på enkeltforeldre til å bidra økonomisk. Det blir mellom anna påpeikt at klassekasser som får midlar t.d. ved at det blir samla inn pengar kvar veke eller månad, ikkje bør tillatast.
Lyngdal kommune peiker på at lovendringa ikkje må føre til at klassen ikkje kan halde fram med å spare - på ulikt vis - til klasseturar. Det er noko oppdragande og positivt i det. Læreplanen set «elevbedrifter» i fokus. Inntekter herfrå vil også kunne gå til klasseturar. Det må vere opp til den enkelte kommunen å lage nærmare retningslinjer, med avgrensingar, for slike turar.
Surnadal kommune uttaler:
«Enkelte foreldre har laga «klassekasse» for sin klasse til sosiale tiltak og andre fellesutgifter. Innsamling og rekneskap har vore ordna av klassekontakt eller anna forelder. Dette er ikkje noko skulen har styrt eller lagt opp til. Likevel kan det nok vera nokre foreldre som kjenner eit press i høve til dette. Samtidig er det mange fine tiltak som t.d. trivselsturar, klassefrukost, nissegodt til jul etc. som ungane da misser. Dette er synd, sidan ein veit at sosiale tiltak der foreldre og elevar gjer noko saman, er svært godt førebyggjande arbeid. Slik bør omsynet til den psykososiale sida vera overordna. Ein bør likevel vurdere om det kan vera klokt å råde skulane til å ta dette opp med foreldregruppa på generelt grunnlag.»
Barneombodet ønskjer ikkje å inkludere gåver eller det som blir kalla klassekasser i det endringsforslaget som ligg føre, men uttaler at det må vere rom for at elevane, ved eigeninnsats, for eksempel ved å arrangere kakelotteri og loppemarknader, kan spare saman pengar til ønskte formål. Det vil kunne ha positive effektar som betre samhald og læring. Barneombodet vil sjå det som fornuftig om slike klassekasser ikkje baserte seg på foreldrebidrag. På den måten ville alle elevane bli likestilte i den forstand at familieøkonomien ikkje ville vere relevant.
Landsorganisasjonen i Norge meiner at for å sikre at elevar og føresette ikkje blir pressa til å medverke med gåver i form av pengar eller anna, bør departementet klargjere at det berre er akseptabelt med klassekasser og andre gåver i svært måtehalden grad.
Barne- og familiedepartementet uttaler at når det gjeld aktivitetar som ikkje er definerte som ein del av grunnskoleopplæringa, t.d. skoleturar som ikkje er leirskoleopphald, eller andre sosiale og kulturelle aktivitetar som går føre seg i skolesamanheng, vil klassekasser og eigendelar vere svært aktuelle. Familiar med dårleg økonomi vil kunne ha like store problem med å dekkje kostnader til denne typen aktivitetar som dei har hatt i samband med leirskoleopphald. Presset frå andre foreldre og frå elevar vil kunne vere stort for å få til denne typen aktivitetar. Å lovfeste eller regelfeste slike aktivitetar synest svært problematisk. Aktivitetane er ikkje rekna som ein del av grunnskoleopplæringa, men har mykje å seie for å skape godt lærings- og oppvekstmiljø i skolen og lokalsamfunnet. I samband med slike aktivitetar meiner Barne- og familiedepartementet at det bør vurderast å gi tilskott direkte til økonomisk svake familiar gjennom trygde- eller sosialytingar. Det kan også vurderast om skolane bør få ein eigen «sosial pott» til slike aktivitetar, der midlane kan givast til familiar etter behov. Det bør likevel vere rom for lokalt initiativ til felles aktivitetar for ein klasse, som blir finansierte gjennom spleising. Barne- og familiedepartementet peiker på at det ikkje bør bli slik at ein klasse ikkje kan få i stand aktivitetar dersom han ikkje får pengar frå det offentlege. Det vil i så fall gå ut over langt fleire barn, noko som også må vere med i drøftinga og vurderinga av tiltak.
2.4 Departementets vurderingar og forslag
2.4.1 Forslaget om ny lovføresegn som presiserer at den offentlege grunnskoleopplæringa skal vere gratis
Departementet viser til at alle høringsinstansane - unnateke ein - i hovudsak støttar forslaget til lovendring. Forslaget inneber i det vesentlege ei presisering av opplæringslova § 2-1 sjette ledd, slik at det i større grad enn tidlegare blir tydeleggjort at den offentlege grunnskoleopplæringa skal vere gratis. Departementet foreslår å flytte føresegna til ein ny § 2-15 i opplæringslova.
Forslaget inneber at alle delar av grunnskoleopplæringa skal vere gratis, og at det avgrensa høvet til å ta betaling for visse utgifter knytte til leirskoleopphald som vi i dag har, fell bort.
Departementet legg til grunn at kommunen ikkje kan krevje betaling for undervisningsmateriell og faglege og sosiale aktivitetar som går føre seg i skoletida og i skolens regi, og som er ein del av grunnskoleopplæringa i samsvar med opplæringslova og forskrifta til denne. Kommunen kan heller ikkje krevje betaling for aktivitetar som går føre seg utanom ordinær skoletid, når desse aktivitetane er ledd i at skolen gjennomfører oppgåvene i samsvar med lov og forskrift. Departementet viser til at rammene for kva aktivitetar som kan definerast som del av grunnskoleopplæringa, er vide, jf. formålsføresegna i opplæringslova § 1-2 og den generelle delen av læreplanen, som gir eit breitt og omfattande mandat for opplæringa i skolen.
Departementet har merka seg at eit fleirtal av kommunane har uttalt at auken i rammetilskottet som kompensasjon for meirutgiftene til leirskoleopphald ikkje vil vere tilstrekkeleg til å dekkje dei reelle utgiftene fullt ut. Høringsinstansane viser til at tradisjonen med leirskoleopphald kan vere i fare med mindre staten dekkjer meirkostnadene.
Departementet viser til at det etter gjeldande rett er svært avgrensa høve til å ta betaling for utgifter til reise, kost og losji knytte til leirskoleopphald. Det er desse utgiftene som no vil bli kompenserte ved at det i statsbudsjettet for 2002 er lagt inn 25 mill. kroner i dei frie inntektene til kommunane, slik at kommunane skal bli i stand til å dekkje alle kostnader ved leirskoleopphald frå hausten 2002. Tiltaket har ein heilårseffekt på 60 mill. kroner, og desse midlane skal kompensere utgifter som kommunane hittil har hatt høve til å dekkje ved å ta betaling.
Kvart år reiser om lag 60 000 elevar (10 % av alle) på leirskole, slik at kommunane får kompensasjon med om lag 1000 kroner per leirskoleelev. Med bakgrunn i Stortinget sitt vedtak i Budsjettinnst. S. nr. 12 (1999-2000) og Innst. S. nr. 57 (1999-2000), sette departementet ned eit utval leidd av Kjellbjørg Lunde, som skulle gå gjennom fire øremerkte tilskottsordningar, mellom desse tilskott til leirskoleopplæring. Våren 2000 laga ECON ein rapport i samband med Lundeutvalet, der det vart gjort greie for ei undersøking av dei ulike kostnadskomponentane knytte til leirskole. ECON rekna eigendelen for elevane ved eit leirskoleopphald til gjennomsnittleg 880 kroner i 1998. Omrekna til 2002-kroner blir eigendelen i gjennomsnitt ca. 1000 kroner. Midlane som er lagde inn i rammene bør derfor etter departementet si vurdering vere tilstrekkelege til å dekkje dei utgiftene som tidlegare fall på elevane. I tillegg får kommunane øremerkte tilskott til undervisninga i leirskolane. I 2002 er dette tilskottet nærmare 30 mill. kroner.
Departementet vil presisere at kommunane ikkje er forplikta til å gi elevane tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskoleopplæringa, men at ein del av undervisningstida kan brukast til slik opplæring, jf. opplæringslova § 2-3 første ledd andre punktum: «Ein del av undervisningstida etter § 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, til leirskoleopplæring og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor skolen.» Departementet meiner det er viktig at skolene har denne valfridommen, og ønskjer derfor ikkje å lovfeste rett til leirskoleopphald i løpet av grunnskoletida, slik enkelte høringsintansar foreslår.
Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen legg vekt på bruk av ute- og fritidsaktivitetar innanfor rammene av den vanlege undervisninga, der leirskole kan vere eit alternativ. Kommunane står såleis relativt fritt til å velje uteaktivitetar. Departementet vil likevel peike på at målsetjinga når det gjeld det øremerkte tilskottet til undervisninga i leirskolar, er å stimulere kommunane til å gi elevane eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.
Når kommunen vel å gi elevane leirskoleopphald, skal opphaldet vere gratis for eleven. Dette omfattar også eventuelle utlegg som er nødvendige for at funksjonshemma elevar skal kunne delta. Elevar som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning, noko som mellom anna også kan omfatte assistent. Dette følgjer av lovgivinga i dag, jf. opplæringslova § 5-1. Lovforslaget representerer derfor ikkje noko nytt i den samanheng, og departementet vil presisere at kommunane har ansvaret for at funksjonshemma elevar får delta på lik linje med funksjonsfriske elevar, da leirskoleopphald, ekskursjonar m.m. skal vere eit tilbod til alle elevar.
Departementet vil også vise til at skolen har eit særleg ansvar for å leggje opp grunnskoleopplæringa slik at heile elevgruppa blir inkludert.
Mange skolar har allereie teke eigendelar av elevar/foreldre til reise, kost og losji til framtidige leirskoleopphald, noko dei også har hatt høve til etter gjeldande rett. For mange elevar kan dette dreie seg om fleire års sparing og planlegging. Departementet viser til at det er foreldra sjølve som avgjer kva slike oppsparte eigendelar skal brukast til etter at lovforslaget er vedteke. Dei kan t.d. velje å betrakte desse oppsparte midlane som ei gåve til skolen, slik at midlane deretter blir behandla som det, sjå punkt 2.4.2. Midlane kan eksempelvis brukast som tilskott til leirskole eller andre turar.
Departementet vil etter dette foreslå ei føresegn i samsvar med forslaget i høringsutkastet, jf. utkastet til ny § 2-15. Opplæringslova § 2-1 sjette ledd blir oppheva.
Lovforslaget er ikkje til hinder for at skolane tek imot gåver. Sjå elles departementets vurderingar under punkt 2.4.2.
2.4.2 Gåver og bruk av klassekasser
Eit klart fleirtal av høringsinstansane går inn for at skolane framleis skal kunne ta imot gåver, og at forslaget til ny lovføresegn ikkje må vere til hinder for dette. Fleire høringsinstansar rår ifrå at denne problematikken blir utdjupa gjennom lov- eller forskriftsregulering. Eit fleirtal av høringsinstansane meiner at klassekasser må godtakast. Departementet viser til dette, og finn dermed ikkje grunnlag for å foreslå noka nærmare regulering av dette i lovforslaget. Departementet vil likevel presisere:
Etter lovforslaget vil alle sider ved grunnskoleopplæringa vere gratis. Det betyr at det ikkje kan krevjast noka form for eigenbetaling av elevane eller deira føresette når kommunane tilbyr elevane leirskoleopphald eller andre turar som del av grunnskoleopplæringa. Eventuelle krav om eigenbetaling for grunnskoleopplæring - og/eller forsøk på å kamuflere eigendelar som gåver, slik enkelte høringsinstansar fryktar - vil vere klart i strid med lovforslaget.
Formuleringa i lovforslaget utelukkar likevel ikkje at skolen kan ta imot ulike former for gåver. Det kan vere pengegåver, dugnadsinnsats, utstyr osv., frå føresette eller andre.
Departementet er samd med dei høringsinstansane som påpeiker at gåver reiser vanskelege problemstillingar, både i høve til gratisprinsippet og i høve til at føresette kan kjenne seg pressa til å medverke til klassekasser og liknande, da dei elles kan vere redde for ikkje å kunne ta del i dei meir sosiale aktivitetane som går føre seg i skolesamanheng.
Departementet vil presisere at gåver skal vere reelt frivillige. Dette er særleg viktig når det gjeld gåver frå føresette. Kommunen/skolen har derfor eit særleg ansvar for å sjå til at ulike gåver frå føresette er frivillige, anten det dreier seg om bidrag til klassekasser, midlar frå dugnadsinnsatsar, venneforeiningar eller anna. Dersom ein skole nyttar klassekasser, bør skolen sørgje for anonymitet ved innsamlinga, slik at bidraget frå den enkelte ikkje blir kjent. Departementet vil også understreke at alle elevar må få tilbod om å vere med på dei same aktivitetane, uavhengig av om deira føresette har medverka med gåver til skolen eller ikkje.
Sameleis som fleire av høringsinstansane vil departementet understreke det positive ved foreldreengasjement for skolen, gjennom ulike former for fellesinnsats mellom føresette og samarbeid mellom heim, skole og nærmiljø.
Departementet er samd med dei høringsinstansane som gir uttrykk for at det er ei viktig oppgåve for kommunen/skolen og samarbeidsorgana ved skolen, deriblant foreldrerådets arbeidsutval, å førebyggje at føresette blir pressa til å medverke økonomisk, av skolen sjølv eller andre. Departementet har her særleg merka seg uttalen frå Alta kommune, som mellom anna peiker på betydninga av at slike spørsmål blir drøfta ope og grundig i rådsorgana for skolane. Det vil gi alle høve til å fremje sine synspunkt og påverke vala av løysingar. Samtidig vil den enkelte skolen ha ansvar for å søkje løysingar som ikkje kjem i motsetnad til prinsippet om gratis skolegang, og som tek vare på tilhøvet til dei føresette, og som også gir størst mogleg mangfald i tilbodet til elevane.
Det er kommunen/skolen som avgjer om pengegåver skal nyttast til aktivitetar som er knytte til den lovpålagde grunnskoleopplæringa, eller til aktivitetar som fell utanom denne. Pengegåver kan bestå av gåver frå enkeltpersonar, pengegåver frå ulike dugnadsarbeid, inntekter frå elevprosjekt og midlar frå klassekasser. Lovforslaget er derfor ikkje til hinder for at pengegåver kan nyttast (som tilskott) til t.d. leirskolar eller tematurar, når gåvene er baserte på reint fri vilje. Kommunen/skolen kan imidlertid ikkje krevje at føresette/elevar medverkar med tilskott for at eit leirskoleopphald skal kunne bli aktuelt.
Når det gjeld reint foreldrebetalte tiltak til aktivitetar som fell utanom grunnskoleopplæringa, bør foreldra sjølve avgjere om desse tiltaka skal styrast av foreldra eller av skolen, eventuelt av foreldra i samarbeid med skolen. Departementet viser til at lovforslaget ikkje regulerer eventuelle aktivitetar som blir arrangerte av skolen og som ikkje er ein del av grunnskoleopplæringa.
Departementet vil også understreke at dei same prinsippa og vurderingane som er lagde til grunn for gåver til offentlege grunnskolar, også gjeld for gåver til private grunnskolar.
2.4.3 Særleg om reklame m.m.
Somme høringsinstansar kjem inn på spørsmålet om bruk av reklame i samband med gåver til skolen, og uttaler at det bør diskuterast om det skal vere forbod mot dette. Det blir peikt på at det ikkje må knytast noka form for føringar eller forpliktingar til gåver, og heller ikkje noko krav om motytingar i form av marknadsføring eller reklame.
I NOU 2001:6 Oppvekst med prislapp? - Om kommersialisering og kjøpepress mot barn og unge (Nyborgutvalet) uttalte utvalet mellom anna at det bør utarbeidast retningslinjer for sponsing og reklame i skolen, der ansvar og kontrollfunksjon blir klart definerte. Utvalet meinte at hovudregelen må vere at skolen skal vere frisone for kommersiell påverknad, og at det bør definerast restriktive kriterium for unntak frå denne regelen. Utvalet meinte at lovverket framleis bør vere eit sentralt verkemiddel for å regulere kommersiell påverknad og å verne barn og unge. Utvalet påpeikte likevel at lovverket har klare avgrensingar når det gjeld vern mot uønskt kommersielt press, men meiner at det har ein viktig funksjon gjennom å markere grenser og påverke holdningar. Utvalet foreslår konkret at det blir lovfesta eit forbod mot reklame i lærebøker og undervisningsmateriell i grunnskolen, og at dette blir regulert i marknadsføringslova.
Prinsippet om gratis offentleg grunnskoleopplæring inneber at alle sider ved opplæringa (undervisningsmateriell og aktivitetar) skal vere gratis for elevane. Det vil etter departementet si oppfatning seie at elevane ikkje kan påleggjast noka form for motyting i form av eigenbetaling, marknadsføring e.a. for å få opplæringa. Kommunen/skolen har ansvaret for å sørgje for at den som gir gåver til skolane, ikkje stiller krav om motytingar frå elevane som vil vere i strid med gratisprinsippet. Dette ansvaret vil dermed leggje ei sterk, indirekte avgrensing på bruken av den reklamen i grunnskolen som kan kontrollerast. Departementet kjenner seg dessutan trygg på og har tillit til at skoleeigarar, lokalsamfunn og givarar sørgjer for å vareta dette sameleis som med gåver til skolane generelt, jf. omtalen i punkt 2.4.2.
Opplæringslova med forskrift inneheld ikkje noko forbod mot sponsing eller reklame i lærebøker eller andre læremiddel. Det er skoleeigaren som har ansvaret for å vurdere kvaliteten i lærebøkene. Slik regelverket er i dag, er det inga oppgåve for departementet å gjennomføre kvalitetskontroll med reklamefinansierte lærebøker eller andre læremiddel.
Departementet meiner det er viktig at grunnskolen ikkje er arena for marknadsføring og kommersialisering. Likevel er ikkje skolen ei sone fullstendig fri for kommersiell påverknad. Særleg gjeld dette etter kvart som internett og andre kjelder som ikkje er spesialproduserte for skolen, no blir brukte i undervisninga. Departementet ser dessutan positivt på at det blir lagt til rette for godt samarbeid mellom skole og næringsliv, t.d. ved å satse på elevbedrifter, partnarskapsavtalar og nær kontakt med bedrifter. Departementet meiner at barn og unge må lærast opp til å vere medvitne og kritiske i høve til reklame og annan kommersiell påverknad. I denne samanhengen har skolen ei viktig oppgåve i å formidle kunnskap og medvitne holdningar til forbruk, kommersialisering og kjøpepress allereie frå skolestart.
Det er per i dag inga reklamefinansiering av noko omfang i grunnskolen. Den reklamen som finst, må dessutan betraktast som etter måten uskyldig og ufarleg, t.d. reklame på refleksbrikker frå eit forsikringsselskap.
Departementet kjenner ikkje til at lærebøker i grunnskolen blir reklamefinansierte i dag. Departementet legg til grunn at slik finansiering heller ikkje er aktuelt i framtida. Etter ei samla vurdering har departementet ikkje funne det nødvendig å foreslå noka nærmare regulering av reklame i læremiddel no. Men departementet er klar over at situasjonen kan forandre seg, og at presset på kommunane/skolane når det gjeld reklamefinansiering kan endrast. Departementet vil derfor følgje utviklinga nøye, og ta problemstillinga opp til ny vurdering dersom situasjonen skulle tilseie det.
Regjeringa vil dessutan komme tilbake til ei heilskapleg vurdering av spørsmålet om reklame retta til barn.