4 Merknader til lovforslaget
Til ny § 2-15 Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring
Føresegna inneber at kommunen ikkje kan krevje betaling for undervisningsmateriell og aktivitetar som er nødvendige for å gjennomføre grunnskoleopplæringa i samsvar med lov og forskrift. Eksempla i føresegna er ikkje uttømmande.
Eksempel på undervisningsmateriell som kommunen ikkje kan krevje at elevane eller deira føresette skal dekkje, er skrive- og teiknesaker, lærebøker, ordlister, kalkulator.
Eksempel på utgifter til aktivitetar som kommunen ikkje kan krevje at elevane eller deira føresette skal dekkje, er utgifter til transport, kost og losji i samband med leirskoleopphald eller andre tematurar, og eventuelle transportutgifter eller utgifter til inngangsbillettar ved ekskursjonar, nødvendig transport i skoletida til symjehall og bibliotek.
Kommunen kan heller ikkje krevje at elevane eller deira føresette skal dekkje utgifter til aktivitetar som går føre seg utanom ordinær skoletid, når desse aktivitetane er ledd i at skolen gjennomfører oppgåvene i samsvar med lov og forskrift.
Føresegna regulerer ikkje eventuelle aktivitetar som blir arrangerte av skolen og som ikkje er ein del av grunnskoleopplæringa, dvs. aktivitetar som fell utanfor verkeområdet til opplæringslova.
Føresegna er ikkje til hinder for at skolane tek imot gåver.
Departementet viser elles til dei generelle merknadene under punkt 2.4.