1 Innleiing
1.1 Hovudinnhald i proposisjonen
Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apoteketaten og lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten.
Pensjonsordning for apoteketaten er ei fondsoppbygd tenestepensjonsordning som vert administrert av Statens Pensjonskasse. Pensjonsordninga vert leidd av eit styre der tariffpartane i apoteksektoren er representerte.
Apoteksektoren har i dei seinare åra gått gjennom store endringar. Ved lov 2. juni 2000 nr. 39 om apotek (apotekloven) vart det opna for større konkurranse blant apoteka. Den nye apotekloven, som trådde i kraft 1. mars 2001, opna for at også andre enn apotekarar kan eige og drive apotek. Som følgje av endringane i apoteksektoren, er det behov for å gjere tilpassingar i lov om pensjonsordning for apoteketaten og lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten.
Endringane departementet foreslår gjeld desse tilhøva:
Tilpassing av lovteksten til endringar som har skjedd for apotekarar som følgje av ny eigarstruktur i apoteksektoren og til endringar som følgje av at arbeidstakarane er organiserte under ulike tariffområde.
Endring i reglar om premiefastsetjing. Pensjonspremien er i dag lik for alle, og vert fastsett av Kongen. Det vert foreslått at departementet kan fastsetje forskjellig premie for ulike verksemder. Dei aktuelle tariffområda har ulike lønnsnivå, og nokre verksemder har mindre bruk av for eksempel uførepensjon enn andre. Det er naturleg at dette påverkar pensjonspremien til pensjonsordninga. Premien skal ikkje vere ulik på grunn av alder eller kjønn.
Det vert gjort klart at betalt pensjonspremie er eit vilkår for at tenestetida til ein tilsett skal kunne reknast som pensjonsgivande tenestetid.
Felles regulering av pensjonane vert ikkje berre knytt til lønn, men òg som alternativ til den prosentvise endringa av grunnbeløpet i folketrygda.
Fastsetjing av høgaste pensjonsgrunnlag til 10 gonger grunnbeløpet i folketrygda. I dag er høgaste pensjonsgrunnlag 120 prosent av høgaste faste tariffbestemte lønn for provisorar.
Heving av aldersgrense frå 68 år til 70 år. Apotekarar og provisorar er dei einaste i dag som har 70 års aldersgrense, mens dei andre medlemmene har 68 års aldersgrense.
Oppheving av regel om å setje ned pensjonen i forhold til pensjon frå ei privat kollektiv pensjonsordning. Regelen vert ikkje nytta i dag. Den private ordninga er frå tida før lova vart oppretta i 1953.
Forslaga i proposisjonen er i stor grad baserte på tilråding frå styret for ordninga.
1.2 Høyringsrunden
Departementet sende 24. februar 2005 ut eit forslag til endringslov til følgjande instansar:
Arbeids- og sosialdepartementet
Arbeidsgiverforeningen NAVO
Farmasiforbundet
Finansdepartementet
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Helse- og omsorgsdepartementet
Norges Farmaceutiske Forening
Høyringsfristen vart sett til 24. mai 2005. I tillegg har Gabler & Partners AS, Norges Apotekerforening og Pensjonerte Apotekeres Forening gitt høyringsfråsegner. Synspunkta til høyringsinstansane er nærmare omtalte i punkt 3 nedanfor.
1.3 Framtidig ordning
Apoteksektoren har i dei seinaste åra gått gjennom store endringar ved at det er opna for større konkurranse og ved at nye eigarstrukturar er etablerte. Alle tilsette i apotek har rett og plikt til medlemskap i pensjonsordninga. Dagens reglar inneber at verksemdene har like pensjonsreglar for dei tilsette.
Som ei følgje av endringane i apoteksektoren, ønskjer departementet å vurdere om apoteka på fritt grunnlag skal kunne velje pensjonsordning, slik anna privat verksemd gjer. Det må vurderast om det i framtida er naturleg med ei eiga lovfesta pensjonsordning for apoteksektoren, eller om verksemdene skal kunne velje å vere omfatta av andre pensjonsordingar.
Dersom det vert innført høve til å velje pensjonsordning, vil regelverket i lov om foretakspensjon eller lov om innskuddspensjon vere aktuelle alternativ. Utforminga av ny pensjonsordning vil vere avgrensa av tariffmessige og individuelle forpliktingar arbeidsgivar har overfor sine tilsette.
Ved eit eventuelt opphør av tilknyting til Pensjonsordning for apoteketaten, vil medlemmene sine opptente rettar etter dagens reglar verte behandla etter reglane om oppsett pensjon. Dette inneber for dei fleste ein reduksjon i pensjonsytingane i forhold til ordinær pensjon.
Både Arbeidsgiverforeningen NAVO og Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon ønskjer ei slik omlegging av pensjonsordninga, mens Farmasiforbundet og Norges Farmaceutiske Forening ønskjer å behalde dagens pensjonsordning.
Departementet vil arbeide vidare med desse spørsmåla som ein del av oppfølginga av Stortingets behandling av St. meld. nr. 12 (2004-2005) Pensjonsreform - trygghet for pensjonene.