6 Merknader til dei einskilde føresegnene i lovforslaga
6.1 Endringar i lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apoteketaten
Til § 3 nr. 1 første ledd:
Det vert foreslått å klargjere at betalt pensjonspremie er eit vilkår for at tenestetid som gir rett til medlemskap i pensjonsordninga skal kunne reknast som pensjonsgivande tenestetid. Tilsvarande vilkår gjeld i pensjonsordninga for sjukepleiarar. Forslaget er ei presisering av gjeldande rett, og må sjåast i samanheng med § 28 som klårgjer at utgifter til pensjonar og administrasjonen av pensjonsordninga vert dekte ved pensjonspremiar.
Til § 4 andre ledd:
Føresegna fastslår at tid med permisjon utan lønn og anna mellombels fråvær reknast som pensjonsgivande tenestetid når dette er bestemt i tariffavtale mellom Norges Apotekerforening og arbeidstakarorganisasjonane. Departementet foreslår at føresegna vert endra slik at medrekning av tid med permisjon utan lønn og anna mellombels fråvær vert rekna med som pensjonsgivande tenestetid dersom dette er bestemt i tariffavtale og styret i Pensjonsordning for apoteketaten har akseptert at tariffavtalen kjem til bruk i pensjonsordninga.
Til § 5 første og andre ledd:
Departementet foreslår at føresegna om pensjonsgrunnlaget i § 5 første ledd vert knytt til den faste arbeidsinntekta for arbeidsforhold som gir rett til medlemskap i pensjonsordninga. Vidare foreslår departementet at styret får fullmakt til å bestemme at også anna arbeidsinntekt i tilknyting til arbeidsforholdet skal reknast med i pensjonsgrunnlaget. For apotekarar som både har driftskonsesjon og apotekkonsesjon vert det foreslått at styret i pensjonsordninga fastset eit normert pensjonsgrunnlag.
Pensjonsgrunnlaget vert avgrensa i § 5 andre ledd til 10 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Endringa får ikkje verknad for dei som er pensjonerte eller som før lovendringa ikkje lenger er vanleg medlem av pensjonsordninga. Forslaget til nytt andre ledd erstattar dagens andre ledd som gir dei faglege foreiningane rett til å uttale seg når pensjonsgrunnlaget vert endra. Departementet kan ikkje sjå at det er behov for å oppretthalde ein slik rett ettersom pensjonsgrunnlaget vert knytt direkte til arbeidsinntekta for alle medlemmene. I den grad det skulle vere behov for fråsegner, er dei faglege foreiningane representerte i styret i pensjonsordninga, og kan uttale seg der.
Til § 6:
Dagens føresegn om at apotekar har ei særskilt plikt til å halde fram i stillinga inntil bevilling til å drive apotek er meldt til etterfølgjaren, vert foreslått oppheva. Føresegna i § 6 nr.1 tredje ledd vert ny § 6 andre ledd. Dagens aldersgrense på 68 år vert heva til 70 år. Endringa får ikkje verknad for dei som når loven trer i kraft har mindre enn 10 år igjen til aldersgrensa og som ikkje vel å vere omfatta av den nye aldersgrensa.
Til § 9 første ledd første punktum:
Dagens regel om at alderspensjon for apotekar løper frå den første dagen i månaden etter at apoteket vert teke over av ny innehavar, vert foreslått oppheva. Forslaget til ny § 9 første ledd bestemmer at alderspensjonen løper frå den første dagen i månaden etter at arbeidsforholdet tek slutt. Føresegna omfattar alle medlemmer i pensjonsordninga, også apotekarar med både konsesjon til drift av apotek (driftskonsesjon) og konsesjon til eigarskap (apotekkonsesjon).
Til § 20 første ledd andre punktum:
Det vert foreslått at ein opphever føresegna om at enkje- eller enkjemannspensjonen til enkje eller enkjemann etter ein apotekar tek til å gjelde frå og med den månaden apoteket vert overdratt til ein ny innehavar. Alle enkje- og enkjemannspensjonar tek då til å gjelde frå og med månaden då medlemmen døyr.
Til § 25:
Heimelen til å redusere pensjon frå Pensjonsordning for apoteketaten for pensjon frå privat kollektiv pensjonsforsikring vert foreslått oppheva. Føresegna har i dag ikkje noko å seie i praksis. Den private ordninga knyter seg til perioden før Pensjonsordning for apoteketaten ble oppretta, og påverkar i dag ikkje pensjonen frå Pensjonsordninga.
Til § 29 nr. 2:
Departementet foreslår at fullmakta til å fastsetje pensjonspremie vert overført frå Kongen til departementet. Forslaget til endring av § 29 nr. 2 gir høve til å differensiere premien overfor dei forskjellige verksemdene.
Til § 34 tredje ledd:
Departementet foreslår at pensjonane også skal kunne regulerast tilsvarande den prosentvise auken av grunnbeløpet i folketrygda (G). Høvet til å redusere pensjonane vert avgrensa til å gjelde dersom omsynet til økonomien i pensjonsordninga gjer det nødvendig. I dag kan styret også setje ned pensjonane dersom lønningane vert sette ned.
6.2 Endringar i lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten
Til § 2:
Dagens krav om at Norges Apotekerforening er part i tariffavtale om avtalefesta pensjon (AFP) vert foreslått endra slik at tilknytinga til loven for tariffavtalane om AFP vert avgjord av styret.
Til § 3:
Etter føresegna skal pensjonen i dag bereknast etter tariffavtale som er godkjend av departementet. For at dei forskjellige tariffavtalane om AFP skal kunne omfattast av loven, foreslår departementet, i samsvar med endringa i § 2, at det vert stilt krav om at tilknytinga til loven for tariffavtalane vert avgjord av styret.