4 Departementets vurderingar og forslag
4.1 Lov om pensjonsordning for apoteketaten
Finansdepartementet og Gabler & Partners AS tek opp at forholdet til direktiv 2003/41 EF (pensjonskassedirektivet) for Pensjonsordning for apoteketaten bør avklarast. I dag er verken Pensjonsordning for apoteketaten eller deira administrator Statens Pensjonskasse omfatta av direktivet. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil arbeide vidare med avklaring av forholdet til pensjonskassedirektivet for Pensjonsordning for apoteketaten. Forslaga i proposisjonen her kan gjennomførast uavhengig av denne avklaringa.
4.1.1 Betalt pensjonspremie som vilkår for at tenestetid skal reknast som pensjonsgivande ved berekning av pensjon
Departementet meiner det bør gjerast tydeleg at betalt pensjonspremie er eit vilkår for at tenestetida skal reknast som pensjonsgivande tenestetid. Pensjonsordning for apoteksektoren er ei fondsoppbygd pensjonsordning, og det går fram av loven § 28 at utgiftene til pensjonar og administrasjon av pensjonsordninga skal dekkjast ved pensjonspremiar. Departementets forslag i § 3 nr. 1 er ei presisering av gjeldande rett. Ei føresegn om premiebetaling som føresetnad for pensjonsgivande tenestetid, finst i lov om pensjonsordning for sykepleiere. Forslaget samsvarer med føresegna i sjukepleiarordninga. Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget.
4.1.2 Overføring av fullmakt til å avgjere om permisjon utan lønn eller anna mellombels fråvær skal reknast med som pensjonsgivande tenestetid
Lov om pensjonsordning for apoteketaten § 4 andre ledd gir heimel for at tid med permisjon utan lønn og anna mellombels fråvær vert rekna som pensjonsgivande tenestetid når dette er bestemt i tariffavtale mellom Norges Apotekerforening og arbeidstakarorganisasjonane.
Departementet foreslår at føresegna vert endra slik at tid med permisjon utan lønn og anna mellombels fråvær vert medrekna som pensjonsgivande tenestetid dersom dette er bestemt i tariffavtale og styret i pensjonsordninga har akseptert avtalen om slik medrekning. Endringa er nødvendig av di Norges Apotekerforening ikkje lenger er tariffpart og då det er fleire tariffområde i apoteksektoren. Departementet foreslår ei nødvendig tilpassing til endringane som skjedde i 2001 då apoteksektoren fikk fleire tariffområde, og foreslår ikkje oppheving av ordninga slik einskilde av høyringsinstansane ønskjer.
Nokre av høyringsinstansane tek opp som eit uheldig forhold at styret etter føresegna skal godkjenne tariffavtaler som partane i arbeidslivet har inngått. Departementets forslag er utforma slik at godkjenninga frå styret gjeld tilknytinga av tariffavtalen til loven. Tariffpartane sit i styret, og godkjenninga gjeld forhold som knyter seg til pensjonsrettar etter loven.
4.1.3 Pensjonsgrunnlag
Pensjonsgrunnlaget for apotekarar er i dag 120 prosent av høgaste faste tariffbestemte lønn for provisorar. For andre medlemmer er pensjonsgrunnlaget den faste tariffbestemte eller avtalte lønna, avgrensa oppover til pensjonsgrunnlaget for apotekarar. Eit pensjonsgrunnlag på 120 prosent av provisors lønn tilsvarer 8,37 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) pr 1. mai 2006. Pr 1. mai 2005 tilsvarte grunnlaget 8,14 G og pr 1. mai 2002 8,99 G.
Departementet foreslår § 5 endra slik at pensjonsgrunnlaget vert knytt til den faste arbeidsinntekta for arbeidsforholdet som gir rett til medlemskap i pensjonsordninga. Forslaget er ei harmonisering til lov om Statens Pensjonskasse. Føresegnene i dei to lovene er i stor grad like, og departementet finner det derfor ikkje riktig å følgje reglane i lov om foretakspensjon. Vidare vert det foreslått at styret får fullmakt til å bestemme at også anna arbeidsinntekt i tilknyting til arbeidsforholdet skal reknast med i pensjonsgrunnlaget. Variable tillegg kan då også verte pensjonsgivande. Fastsetjinga av pensjonsgrunnlag kan etter 2001 ikkje lenger knytast til einskaplege lønnsregulativ, og forslaget er ei tilpassing til dette. Frå 2001 er det fleire tariffområde i apoteksektoren.
Departementet foreslår at det maksimale pensjonsgrunnlaget vert endra frå 120 prosent av høgaste faste tariffbestemte lønn for provisorar til 10 G. Departementet foreslår ikkje 12 G som maksimalt pensjonsgrunnlag slik det opphavleg blei foreslått i høyringsbrevet. Det er då lagt vesentleg vekt på omsynet til økonomien i pensjonsordninga. Arbeidsgiverforeningen NAVO og Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon er ueinige i forslaget om å endre fastsetjinga av maksimalt pensjonsgrunnlag. Organisasjonane er motstandarar av forslaget av omsyn til pensjonsordningas økonomi. Styret i Pensjonsordning for apoteketaten har i møte med departementet framheva at dei ønskjer å få forslaget utsett. Styret meiner høgaste pensjonsgrunnlag bør behaldast på 120% av provisors lønn inntil det kan aukast til 12 G når økonomien i ordninga tillet dette. Farmasiforbundet og Norges Farmaceutiske Forening derimot meiner tida no er inne for å heve maksimalt pensjonsgrunnlag til 12 G. Økonomien i pensjonsordninga har betra seg vesentleg dei seinaste åra og foreiningane meiner forslaget sikrar pensjonsordninga som eit viktig personalpolitisk virkemiddel. Forslaget frå departementet om å setje maksimalt pensjonsgrunnlag til 10 gonger grunnbeløpet i folketrygda, er basert på innspel frå Pensjonerte Apotekeres Forening, og tek sikte på å balansere dei ulike synspunkta. Forslaget inneber at arbeidstakarar som etter lovendringa er i stilling med rett til medlemskap er omfatta. Pensjonistar er ikkje omfatta. Heller ikkje dei som før lovendringa har gått ut av pensjonsordninga, slik at dei ikkje lenger er vanlege medlemmer, er omfatta. For medlemmer som får eit høgare pensjonsgrunnlag etter lovendringa, vil det høgare grunnlaget gjelde for heile medlemsperioden. For medlemmer som etter lovendringa eventuelt får eit lågare pensjonsgrunnlag, vil det lågare grunnlaget berre gjelde for medlemstid etter lovendringa, jfr. lov om pensjonsordning for apoteketaten § 8 nr. 2 andre ledd. Forholdet til Grunnloven § 97 er etter departements oppfatning uproblematisk. Departementet vil konsultere styret i pensjonsordninga med omsyn til verknadstidspunktet for endringa, slik at omsynet til dei verknader endringa har på økonomien i pensjonsordninga vert vareteke.
For apotekarar som både har apotekkonsesjon og driftskonsesjon, jfr. lov om apotek kapittel 2 og 3, må det etter departementets oppfatning fastsetjast eit normert pensjonsgrunnlag, det vil seie eit grunnlag som ikkje har direkte samanheng med arbeidsinntekta i stillinga som gir rett til medlemskap. Desse apotekarane er ikkje lønnsmottakarar, men sjølvstendig næringsdrivande. Det vert foreslått at pensjonsgrunnlaget vert fastsett av styret i pensjonsordninga. Fastsetjinga av eit normert pensjonsgrunnlag for denne gruppa apotekarar er ei vidareføring av dagens regelverk. Behovet for eit slikt særskilt fastsett pensjonsgrunnlag har samanheng med at pensjonen vert berekna etter den arbeidsinntekta medlemmen hadde på tidspunktet for pensjonering. Eit særskilt fastsett pensjonsgrunnlag vil sikre at tilstrekkeleg pensjonspremie vert innbetalt til pensjonsordninga. Dersom det ikkje vert fastsett eit særskilt pensjonsgrunnlag, vil alternativet sannsynlegvis vere at apotekarar som er sjølvstendig næringsdrivande ikkje kan vere medlemmer i pensjonsordninga. Det normerte pensjonsgrunnlaget kan ikkje overstige det maksimale pensjonsgrunnlaget på 10 G.
Dei faglege foreiningane har i dag rett til å uttale seg når pensjonsgrunnlaget vert endra. Departementet kan ikkje sjå at det er behov for å oppretthalde ein slik rett då pensjonsgrunnlaget vert knytt direkte til arbeidsinntekta for alle medlemmene. I den grad nokon skulle ha behov for å uttale seg, er dei faglege foreiningane representerte i styret i pensjonsordninga, og kan uttale seg der.
4.1.4 Oppheving av særleg plikt for apotekarar til å stå i stilling
Etter lov om pensjonsordning for apoteketaten § 6 nr. 1 andre ledd har apotekarane ei særskilt plikt til å halde fram i stillinga inntil bevilling til å drive apotek er meldt til etterfølgjaren. Departementet foreslår at føresegna vert oppheva. Dette er ikkje eit forhold som bør regulerast i pensjonslovgivinga, av di reglar om driftskonsesjon i dag går fram av apotekloven kapittel 3. Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget.
4.1.5 Endring av aldersgrensa frå 68 år til 70 år
Departementet foreslår at aldersgrensa på 68 år, som gjeld for alle andre medlemmer i pensjonsordninga enn apotekarar og provisorar, vert heva til 70 år. I dag har apotekarar og provisorar 70 års aldersgrense. Aldersgrensene går fram av loven § 6 nr. 1 tredje ledd. Ei aldersgrense medfører rett og plikt til å slutte i tenesta, jfr. loven § 6 nr. 1 første ledd. Ved avgang skal pensjonen utbetalast.
I staten er den alminnelige aldersgrense 70 år. Særaldersgrensa på 68 år er ikkje lenger i bruk. Forslaget er ei harmonisering til kva som er den normale aldersgrense for medlemmer i Statens Pensjonskasse. Forslaget inneber at medlemmene ikkje lenger kan nytte den såkalla 85-årsregelen til å ta ut ordinær alderspensjon frå 65 år. 85-årsregelen gjer det mogleg for medlemmen å ta ut alderspensjon inntil 3 år før aldersgrensa dersom summen av alder og pensjonsgivande tenestetid er 85 år. Medlemmene er i dag omfatta av AFP-reglar som gjer det mogleg å kunne ta imot AFP frå 65 år berekna som ein ordinær tenestepensjon. Slik sett får ikkje forslaget om heving av aldersgrensa frå 68 år til 70 år mykje å seie. Bortsett frå forskjellige reglar for avkorting av pensjon ved arbeid, er pensjonsberekninga for ordinær alderspensjon og AFP frå 65 år lik. Men det er grunn til å poengtere at AFP-reglane kan verte endra ved seinare revisjon av tariffavtaler. Ei slik endring kan resultere i at medlemmen ikkje lenger kan ta imot tenestepensjonsberekna AFP frå 65 år. Dette vil det vere opp til tariffpartane å avgjere.
Det vil framleis gå fram av føresegna at arbeidstakarane har rett og plikt til å slutte i tenesta ved nådd aldersgrense. Departementet vil som ein del av oppfølginga av St. meld. nr. 12 (2004-2005) vurdere om denne plikta til å gå av ved aldersgrensa bør oppretthaldast.
Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget om å heve aldersgrensa til 70 år. Etter departementets oppfatning bør den vanlege overgangsordninga ved endring av aldersgrenser overfor medlemmer i Statens Pensjonskasse også gjelde her, slik at dei som har mindre enn 10 år igjen til aldersgrensa skal kunne velje om dei vil ha den nye aldersgrensa. For Farmasiforbundet og Norges Farmaceutiske Forening er den føreslåtte overgangsordninga ein føresetnad for å ikkje gå mot forslaget. Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon meiner endringa kan gjennomførast utan overgangsordning.
4.1.6 Oppheving av særregel om tidspunkt for alderspensjon til apotekar
Etter lov om pensjonsordning for apoteketaten § 9 første ledd første punktum gjeld alderspensjon for apotekar frå den første dagen i månaden etter at apoteket vert teke over av ny innehavar. Departementet foreslår at føresegna vert oppheva. Føresegna har tilknyting til føresegna i § 6 nr. 1 andre ledd om plikta til å stå i stilling inntil bevilling til å drive apotek er meldt til etterfølgjaren. Det vert foreslått at denne plikta til å stå i stilling vert oppheva, jfr. 4.1.4 ovanfor. Det avgjerande for om alderspensjon skal komme til utbetaling bør etter departementets oppfatning vere at apotekarane har avslutta arbeidsforholdet, ikkje at apoteket må vere overteke av ein ny innehavar. Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget.
4.1.7 Oppheving av særregel om tidspunkt for enkje- og enkjemannspensjon etter apotekar
Føresegna i lov om pensjonsordning for apoteketaten § 20 første ledd andre punktum seier at for enkje eller enkjemann etter apotekar, gjeld enkje- eller enkjemannspensjonen frå og med den månaden der apoteket vert overdratt til ein ny innehavar. Styret er gitt høve til å dispensere frå denne regelen, og kan gi løyve til pensjon frå eit tidlegare tidspunkt. Departementet foreslår å oppheve også denne føresegna. Dette medfører at alle enkje- og enkjemannspensjonar tek til å gjelde frå og med månaden då medlemmen døyr. Etter departementets syn bør enkje- og enkjemannspensjon komme til utbetaling uavhengig av kva stilling avdøde hadde. Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget.
4.1.8 Oppheving av føresegn om avgrensing av pensjon
I einskilde tilfelle har medlemmer av Pensjonsordning for apoteketaten ei tidlegare opptent privat kollektiv pensjonsforsikring. Omfanget av slike tilleggsordningar er ikkje kjent, men er truleg lite. Tilleggsordingene er knytte til perioden før Pensjonsordning for apoteketaten vart oppretta i 1953. Etter § 25 kan pensjon frå pensjonsordninga reduserast når medlemmen har slik privat ordning. Etter føresegna kan ikkje medlemmer som har opptent rettar i privat kollektiv pensjonsordning få høgare pensjon frå Pensjonsordning for apoteketaten for seg og sine etterlatne, enn at den saman med den private pensjonsretten utgjer full pensjon etter lovens føresegner. Departementet foreslår at føresegna vert oppheva då ho i dag ikkje har noko å seie i praksis. Den private ordninga knyter seg til perioden før Pensjonsordning for apoteketaten blei oppretta, og påverkar i dag ikkje pensjonen frå Pensjonsordninga. Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget. I den grad det skal skje samordning av pensjonsytingane, vil heimelen for dette gå fram av lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser.
4.1.9 Endring i regel om premiefastsetjing
Føresegnene om premiefastsetting og fordeling av premien mellom arbeidsgivar og arbeidstakar finst i lov om pensjonsordning for apoteketaten § 29 nr. 2. Pensjonspremien er i dag lik for alle, og vert fastsett av Kongen. Den vert berekna som ein prosentdel av pensjonsgrunnlaget. Arbeidstakarane betaler same prosentdel i pensjonsinnskot og arbeidsgivarane betaler same prosentdel i arbeidsgivardel. Utgiftene til pensjonar og administrasjonen av pensjonsordninga skal dekkjast av pensjonspremien.
Departementet foreslår at premien kan differensierast for dei ulike verksemdene. Ulik pensjonspremie er etter departementets syn naturleg ut frå endringane i apoteksektoren som skjedde frå 1. mars 2001. Dei aktuelle tariffområda har no forskjellige lønns- og arbeidsvilkår som kan gi ulike utslag på pensjonspremien i pensjonsordninga. Det bør også kunne få verknad for pensjonspremien at ein del verksemder har eit vellykka arbeid med å redusere uttaket av for eksempel uførepensjon. Forslaget vil stimulere verksemdene til å arbeide for utsett pensjonering slik at dei kan få lågare pensjonspremie. I dag er det ikkje slik stimulering sidan det er ein felles premiesats for alle. Ei differensiering av premien er også ein nødvendig føresetnad for at verksemder skal kunne velje å ha AFP-ordning utanfor Pensjonsordning for apoteketaten. I dag er AFP-premie ein integrert del av pensjonspremien. Premien skal ikkje vere ulik på grunn av alder eller kjønn.
Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget om å opne for differensiering av premiesatsane, men Arbeidsgiverforeningen NAVO og Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon meiner styret i pensjonsordninga, som ansvarleg for økonomien i ordninga, må fastsetje satsane.
Etter departementets oppfatning bør fullmakta til å fastsetje premien berre overførast frå Kongen til departementet. Fullmakta til å fastsetje premien bør ikkje overførast til styret så lenge departementet har det konstitusjonelle ansvaret for Statens Pensjonskasse som er det administrative organet for ordninga. Departementet finn heller ikkje at Statens Pensjonskasse skal vere ansvarleg for å fastsetje premien då dette gir uklare ansvarsforhold. Det vert foreslått at styret i pensjonsordninga gir si innstilling til departementet om kva premien bør vere. Innstillinga må basere seg på aktuarielle berekningar gjorde av Statens Pensjonskasse. Det vert vidare foreslått at arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane opprettheld det særskilte høvet til å uttale seg om fordelinga av premien mellom arbeidstakar og arbeidsgivar, uavhengig av behandlinga i styret. Dagens ordning med at arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane kan uttale seg om storleiken på premien synest det ikkje nødvendig å oppretthalde. Premien skal fastsetjast ut frå kva dei faktiske kostnadene er. Organisasjonane er representerte i styret og kan eventuelt å uttale seg om storleiken på premien der.
4.1.10 Alternativ regulering av pensjoner
Lov om pensjonsordning for apoteketaten § 34 tredje ledd gir styret i Pensjonsordning for apoteketaten høve til å bestemme at pensjonane skal aukast tilsvarande tariffbestemte lønnsaukar. Departementet foreslår at det vert gitt høve til ein alternativ reguleringsmåte i tillegg. Styret i Pensjonsordning for apoteketaten bør òg kunne velje at pensjonane vert regulerte tilsvarande som auken av grunnbeløpet i folketrygda (G). G-regulering vert nytta ved justering av pensjoner frå folketrygda, og er den reguleringsforma som gjeld elles for avtalepartane i Overføringsavtalen (avtalar som Statens Pensjonskasse har inngått med andre pensjonsinnretningar om overføring av pensjonsrettar i offentlege tenestepensjonsordningar). Pensjonsordning for apoteketaten er i dag ikkje omfatta av Overføringsavtalen, men har i stor grad det same pensjonsproduktet som offentlege tenestepensjonsordningar.
Arbeidsgiverforeningen NAVO er ueinig i forslaget då dette etter deira oppfatning vil medføre ein årleg kamp i styret om kva storleik som skal nyttast. Vidare meiner foreininga at ei G-regulering inneber at forhold utanfor sektorens økonomi avgjer pensjonsreguleringa. Departementet øn-skjer, trass i at Arbeidsgiverforeningen NAVO er usamd, å fremje forslaget. Etter departementets oppfatning inneber forslaget ein fordel for pensjonsordninga ved at det vert lettare å få til fleksible løysingar. Departementet ønskjer heller ikkje å innføre Finansdepartementets forslag om å leggje til grunn foretakspensjonsloven § 5-10. Denne føresegna knyter reguleringa til midlar som er tilførte pensjonistanes overskotsfond. Regelverket etter lov om pensjonsordning for apoteketaten er meir lik lov om Statens Pensjonskasse enn lov om foretakspensjon. Etter departementets syn bør det derfor opnast opp for tilsvarande regulering som gjeld i Statens Pensjonskasse.
Departementet foreslår også at høvet til å redusere pensjonane etter § 34 tredje ledd vert avgrensa til å gjelde tilfelle der omsynet til økonomien i pensjonsordninga gjer det nødvendig. I dag kan styret også setje ned pensjonane dersom lønningane vert sette ned. Forslaget er ein konsekvens av at det er fleire tariffområde i apoteksektoren. Departementet finn det tilstrekkeleg at pensjonane kan setjast ned når dette er nødvendig av omsyn til pensjonsordningas økonomi.
4.2 Lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten
Ein viser til punkt 2.2 ovanfor der ordninga med avtalefesta pensjon for medlemmer av Pensjonsordning for apoteketaten etter lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten vert omtalt. Då det frå 1. januar 2001 er fleire tariffområde i apoteksektoren, er det nødvendig å endre lovteksten. For at dei forskjellige tariffavtalane om AFP skal kunne omfattast av loven, foreslår departementet at det vert stilt krav om at tilknytinga til loven for tariffavtalen vert avgjord av styret. I styret sit tariffpartane representerte.