Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
Programkategori 07.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
200 | Kunnskapsdepartementet | 224 374 | 224 388 | 235 741 | 5,1 |
Sum kategori 07.10 | 224 374 | 224 388 | 235 741 | 5,1 |
Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
3200 | Kunnskapsdepartementet | 7 757 | 3 247 | 1 751 | -46,1 |
Sum kategori 07.10 | 7 757 | 3 247 | 1 751 | -46,1 |
Kap. 200 Kunnskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 216 263 | 215 240 | 215 714 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 4 847 | 6 503 | 17 311 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 3 264 | 2 645 | 2 716 |
Sum kap. 200 | 224 374 | 224 388 | 235 741 |
Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og driftsutgifter i departementet. Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter til arbeidet i regjeringa med forskingspolitikken, utgifter til drift av den norske UNESCO-kommisjonen og somme andre utgreiings- og utviklingsoppgåver. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet.
Mål for 2010
Måla for løyvinga over kap. 200 gjeld drift av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.
Måla for 2010:
Departementet skal sikre eit godt grunnlag for utforming av kunnskapspolitikken
Departementet skal sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk
Departementet skal sikre god dialog med relevante aktørar i samfunnet
Rapport for 2008–09
Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken for barnehage, utdanning, livslang læring og forsking. I perioden 2008–09 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd følgjande proposisjonar og meldingar til Stortinget:
Ot.prp. nr. 83 (2007–2008) Om lov om endring i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler
Ot.prp. nr. 55 (2008–2009) Om lov om endringar i opplæringslova og privatskolelova
Ot.prp. nr. 71 (2008–2009) Om lov om endringer i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler
Ot.prp. nr. 87 (2008–2009) Om lov om voksenopplæring (voksenopplæringsloven)
St.meld. nr. 11 (2008–2009) Læreren Rollen og utdanningen
St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning
St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning
St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen
St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja
Departementet har lagt mykje arbeid i å byggje tilstandsvurderingane i stortingsdokumenta på eit godt kunnskapsgrunnlag. For å oppnå dette har departementet arbeidd systematisk med å lage analysar baserte på tilgjengeleg kunnskap, og for å styrkje kunnskapsgrunnlaget på område der det trengst. I 2008 har departementet arbeidd vidare med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om vidaregåande opplæring. Arbeidet med å styrkje utdanningsforskinga heldt fram i 2008. Det er mellom anna laga ein strategi for utdanningsforsking.
Departementet har lagt vekt på å utvikle vidare det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet for å gi kommunane og skolane eit enda betre grunnlag for å vurdere tilstanden i grunnopplæringa. I tillegg har departementet innført nye kartleggingsprøver retta mot oppfølging av elevane.
Kunnskapsdepartementet har gjennomført ei evaluering av finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Som ein del av dette arbeidet vart det gjort ein ekstern gjennomgang av det noverande finansieringssystemet.
Som varsla i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet, fekk departementet i 2009 gjennomført ein analyse av marknaden for desentralisert utdanning, medrekna ei evaluering av Noregsuniversitetet. Formålet var mellom anna å få eit godt oversyn over aktørar, finansieringskjelder, finansieringsmåtar og organisasjonsmodellar.
Til bruk i dei årlege etatsstyringsmøta med institusjonane i universitets- og høgskolesektoren utarbeider departementet ein overordna tilstandsrapport for sektoren. Rapporten analyserer utviklinga innanfor utdanning, forsking, samhandling med omverda, økonomi og personalforvaltning. I 2009 er dei private institusjonane tekne med i analysen, og det er teke med eit kapittel om viktige utviklingstrekk som vil prege sektoren framover.
Kunnskapsdepartementet arbeider med kvalitetssikring av store statlege investeringsprosjekt. Alle statlege investeringar med ein forventa kostnad på meir enn 500 mill. kroner skal gjennomgå ekstern kvalitetssikring. I 2008 og 2009 har departementet sluttført rapport om konseptval for Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Dei alternative konsepta blir tekne vidare i ein samfunnsøkonomisk analyse, som gir høve til å rangere og prioritere prosjektalternativa.
Departementet har lagt til rette for å styrkje internasjonalt barnehage-, utdannings- og forskingssamarbeid innanfor prioriterte tema og fagområde, og med prioriterte land og regionar, mellom anna gjennom deltaking i internasjonale fora, gjestingar og seminar.
Departementet arrangerte i samarbeid med Europakommisjonen og det slovenske utdannings- og idrettsdepartementet ein uformell europeisk utdanningsministerkonferanse i Oslo i juni 2008. I mars var departementet vertskap for eit høgnivåmøte for Vitskapskomiteen i OECD. Noreg har i 2008 inngått bilaterale forskingsavtalar med Frankrike og Kina og Memorandum of Understanding (MoU) om forskingssamarbeid og/eller høgre utdanningssamarbeid med fleire land, m.a. i Latin-Amerika. I 2008 hadde Noreg nestleiarvervet i barnehagenettverket til OECD, og Kunnskapsdepartementet la fram ein strategi for samarbeidet med EU om forsking og utvikling.
Det er ein kontinuerleg prosess å forbetre mål- og resultatstyringa. I 2008 og 2009 har departementet mellom anna arbeidd med å utvikle eit felles mål- og resultatstyringssystem for løyvingane frå departementa til Noregs forskingsråd.
Tilsyn er eit viktig verkemiddel for gjennomføring av politikken på område der kommunesektoren eller private aktørar står for tenesteproduksjonen. Departementet har retta stor merksemd mot arbeidet med å styrkje og målrette tilsynet, og har tilført meir ressursar til dette arbeidet.
I 2008 og 2009 har departementet arbeidd med ei heilskapleg lærarsatsing, som skal sikre betre rekruttering til og utvikling av lærarprofesjonen. Ein del av satsinga går ut på å leggje til rette for eit varig system for vidareutdanning, for å sikre utviklinga av lærarkompetansen. Departementet har gjennomført ei rekrutteringskampanje for å auke søkninga til lærarutdanninga. Kampanjen har fått namnet GNIST, og vil halde fram i 2010.
Rapportering er ein naudsynt del av eit mål- og resultatstyringsopplegg. Saman med dei rapporteringsrutinane departementet sjølv har sett i verk, er Riksrevisjonens undersøkingar viktige bidrag som departementet bruker aktivt i arbeidet med å utvikle forvaltninga. I tillegg til undersøkingane om forvaltninga og gjennomføringa av budsjettet (jf. Dokument nr. 1) har Riksrevisjonen i 2009 lagt fram ein forvaltningsrevisjonsrapport om styring og forvaltning av barnehagetenestene. For å sikre at alle kommunar skulle oppfylle den lovfesta retten til barnehageplass, har Kunnskapsdepartementet hatt tett dialog med fylkesmennene. Departementet har jamleg samla inn rapportar med vurdering av risikoen for at kommunane ikkje ville klare å innfri retten.
Kunnskapsdepartementet har halde fram med det systematiske arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Departementet har større merksemd enn før retta mot dette området, og har jamleg øvingar. Departementet har oppmoda dei underliggjande verksemdene om å utarbeide risiko- og sårbarheitsanalysar, utvikle kriseplanverk og gjennomføre kriseøvingar. Departementet har nøye følgt utviklinga av svineinfluensaen, og samarbeidd tett med helsestyremaktene om førebygging av smitte i barnehagar, skolar, universitet og høgskolar. Departementet har auka pandemiberedskapen ved å utvikle en eigen plan for dette og ved å be underliggjande verksemder gjere det same.
Departementet hadde i 2008 ein gjennomgang av funksjon og oppgåver for Den norske UNESCO-kommisjonen, og utarbeidde nye vedtekter. Ny nasjonalkommisjon vart oppnemnd for perioden 2008–12. Departementet har koordinert norsk UNESCO-politikk og styrkt norsk medverknad i UNESCO.
God og open kommunikasjon med dei viktigaste aktørane innanfor barnehage-, utdannings- og forskingssektoren har vore ei prioritert oppgåve i departementet. Departementet har oppretta fleire referansegrupper med representantar frå sektoren. Referansegruppene gir råd og innspel til departementet.
Nye og utvida tenester på Internett er ein stadig viktigare del av kommunikasjonsarbeidet. Barnehagekartet er eitt av fleire døme. I tillegg utviklar departementet nettsidene for å leggje til rette for interaktiv dialog. Meir bruk av lyd- og biletfiler skal òg gjere sidene meir spennande.
Media viser stor interesse for den sektoren Kunnskapsdepartementet har ansvaret for. Mediehandtering er derfor ein stor del av kommunikasjonsarbeidet. Departementet vil halde fram med å leggje stor vekt på dette arbeidet, og det er ei prioritert oppgåve å medverke til at barnehagar, utdanning og forsking får brei dekning både i sentrale, regionale og lokale medium.
Budsjettforslag for 2010
Kunnskapsdepartementet samarbeider med Universitetet i Oslo om å greie ut tre store statlege investeringsprosjekt. Dei prosjekta som skal greiast ut, er konsept for, og eventuelt lokalisering av, Kulturhistorisk museum, nytt klinikkbygg for odontologi og nytt forskings- og undervisningsbygg for kjemi, farmasi og biomedisin. Departementet vil gi ein nærmare omtale av desse prosjekta ved eit seinare høve. For å sikre god framdrift av prosjekta foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 200 post 01 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 260 post 50. Dette er lønnsmidlar som skal brukast til å følgje opp prosjekta.
I samband med overgang til standardyting for lønns- og rekneskapstenesta og justering av tidlegare overført beløp foreslår departementet å føre over 1,1 mill. kroner frå kap. 200 post 01 til kapittel 1520 Departementenes servicesenter post 01 Driftsutgifter, jf. omtale i Prop. 1 S (2009–2010) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Departementet foreslår vidare å redusere løyvinga på kap. 200 post 01 med 1,6 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 3200 post 05, sjå omtale under dette kapitlet.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 200 post 21 med 8,1 mill. kroner mot reduksjonar på 2,5 mill. kroner på kap. 281 post 01, 2,5 mill. kroner på kap. 226 post 01, 2 mill. kroner på kap. 231 post 21 og 1,1 mill. kroner på kap. 287 post 21. Endringane gjeld løyvingar til ymse slag utgreiingsarbeid og utviklingsoppgåver, som tidlegare har blitt løyvde på ulike budsjettkapittel. Departementet foreslår å samle desse løyvingane på kap. 200 post 21. Vidare foreslår departementet å auke løyvinga på post 21 med 2,5 mill. kroner til finansiering av eit ekspertutval som regjeringa har sett ned for å betre mål- og resultatstyringa av dei samla offentlege løyvingane til forsking.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3200 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
02 | Salsinntekter o.a. | 167 | ||
05 | Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a. | 1 271 | 3 247 | 1 751 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 2 226 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 143 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 950 | ||
Sum kap. 3200 | 7 757 | 3 247 | 1 751 |
Rammeavtalen om utdanningsbistand mellom NORAD og Kunnskapsdepartementet er avslutta. Departementet foreslår derfor å nedjustere løyvinga med 1,6 mill. kroner på kap. 3200 post 05. Det er framleis nokre prosjekt som blir finansierte over posten. Løyvinga på posten blir justert parallelt med løyvinga på kap. 200 post 01.
Programkategori 07.20 Grunnopplæringa
Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
220 | Utdanningsdirektoratet | 224 902 | 253 801 | 272 542 | 7,4 |
221 | Foreldreutvalet for grunnopplæringa | 8 270 | 9 777 | 9 613 | -1,7 |
222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat | 122 858 | 124 572 | 101 406 | -18,6 |
223 | Samisk utdanningsadministrasjon | 31 887 | 33 290 | 34 355 | 3,2 |
224 | Senter for IKT i utdanninga | 85 057 | |||
225 | Tiltak i grunnopplæringa | 1 011 228 | 1 145 994 | 1 178 266 | 2,8 |
226 | Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa | 960 699 | 1 020 039 | 1 043 566 | 2,3 |
227 | Tilskott til særskilde skolar | 61 364 | 62 345 | 65 240 | 4,6 |
228 | Tilskott til private skolar o.a. | 2 477 206 | 2 582 197 | 2 838 432 | 9,9 |
229 | Andre tiltak | 11 909 | 12 433 | 21 499 | 72,9 |
230 | Kompetansesenter for spesialundervisning | 700 724 | 675 816 | 685 426 | 1,4 |
Sum kategori 07.20 | 5 611 047 | 5 920 264 | 6 335 402 | 7,0 |
Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
3220 | Utdanningsdirektoratet | 8 805 | 11 916 | 10 020 | -15,9 |
3221 | Foreldreutvalet for grunnopplæringa | 171 | 276 | -100,0 | |
3222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat | 10 181 | 7 069 | 4 309 | -39,0 |
3224 | Senter for IKT i utdanninga | 1 000 | |||
3225 | Tiltak i grunnopplæringa | 20 311 | 118 589 | 141 275 | 19,1 |
3229 | Andre tiltak | 2 386 | |||
3230 | Kompetansesenter for spesialundervisning | 73 355 | 62 559 | 64 561 | 3,2 |
Sum kategori 07.20 | 112 823 | 200 409 | 223 551 | 11,5 |
Innleiing
Grunnopplæringa skal vere av høg kvalitet. Ho skal gi den einskilde og samfunnet nødvendige føresetnader for framtidig velferd, verdiskaping og ei berekraftig utvikling. Opplæringa skal bidra til å utvikle elevane sine faglege dugleikar og læringsstrategiar, men også deira sosiale og kulturelle kompetanse og evne til kritisk tenking og medverknad i demokratiske prosessar. I sum skal opplæringa gi alle elevar dugleikar, haldningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sine eigne liv og delta i arbeids- og samfunnsliv.
Dette er det omfattande og viktige mandatet som samfunnet har gitt grunnopplæringa. Samfunnsmandatet er nærmare konkretisert i formålsparagrafen for grunnopplæringa i opplæringslova og i privatskolelova og dei øvrige delane av lovverket. Kommunane, fylkeskommunane og dei private skolane som er godkjende etter privatskolelova, har fått i oppdrag å realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa.
Det overordna målet for skoleeigarane er å verkeleggjere samfunnsmandatet. Kvaliteten på grunnopplæringa blir vist gjennom graden av realisering av dei ulike måla i dette mandatet. Sjølv om grunnopplæringa har mange positive sider, er det godt dokumentert at sentrale område ikkje har tilstrekkeleg kvalitet. Innanfor denne programkategorien vil departementet derfor prioritere tiltak retta mot tre sentrale sektormål.
Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og arbeidsliv.
Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetanseprov som kan verdsetjast for vidare studium eller i arbeidslivet.
Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring.
Grunnopplæringa i statsbudsjettet
Programkategori 07.20 finansierer viktige stimuleringstiltak for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa og dermed bidra til at måla i samfunnsmandatet blir verkeleggjorde. Grunnopplæringa blir elles i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane (det vil seie rammetilskott og skatteinntekter). Rammetilskotta blir løyvde over Kommunal- og regionaldepartementets budsjettkapittel 571 og 572. Midlane løyvde over kategori 07.20 går til særskilde tiltak i grunnopplæringa, og kjem i tillegg til overføringane gjennom inntektssystemet til kommunesektoren.
Samanlikna med andre land er ressurssituasjonen i grunnopplæringa i Noreg god. Ressursinnsatsen har vore høg og relativt stabil over tid. I kap. 6 i del IV blir det gitt ein nærmare omtale av ressurssituasjonen.
Hovudprioriteringar
I statsbudsjettet for 2010 foreslår regjeringa å styrkje grunnopplæringa med om lag 1,3 mrd. kroner. Dette gjeld følgjande tiltak:
Regjeringa foreslår å løyve 241 mill. kroner til utvida undervisningstimetal og gratis leksehjelp. Av dette blir 235,8 mill. kroner lagde inn i rammetilskottet til kommunane, og 5,1 mill. kroner blir løyvde til private skolar.
Regjeringa foreslår ei satsing på 58 mill. kroner i 2010 til auka fullføring i vidaregåande opplæring med blant anna tiltak for å følgje opp elevar med svake resultat på kartleggingsprøver og utprøving av eit nytt praktisk fag på ungdomstrinnet. Av desse blir 5 mill. kroner nytta til utvikling av opplæringsmodellar tilpassa vaksne arbeidssøkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, sjå kap. 258. Regjeringa vil føre vidare det midlertidige tiltaket i tiltakspakken med auka tilskott til lærebedrifter, og foreslår å løyve 190 mill. kroner til dette gjennom rammeoverføringane til fylkeskommunane i 2010, i tillegg til 10 mill. kroner til lærlingar med særskilde behov.
Gjennom Kulturløftet II foreslår departementet å løyve 40 mill. kroner som eit øremerkt statleg stimuleringstilskott til kulturskolar/kulturaktivitetar i skolen. Midlane skal bidra til å gi eit kulturtilbod til langt fleire elevar.
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dei private toppidrettsgymnasa skal kunne gi eit godt tilbod om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, og foreslår å løyve 10 mill. kroner ekstra i toppidrettstilskott.
I budsjettet for 2009 vart det innført ei ny åtteårig rentekompensasjonsordning for rehabilitering av skoleanlegg med ei ramme på 15 mrd. kroner. I 2010 foreslår regjeringa å fase inn ytterlegare 2 mrd. kroner av ramma med ein budsjetteffekt på 28 mill. kroner. I 2010 vil det bli gjort endringar i regelverket for ordninga med kompensasjon for utgifter til renter til investeringer i skole- og svømmeanlegg slik at kommunar og fylkeskommunar innanfor dei tildelte rammene kan søkje om rentekompensasjon til vedlikehald av skolebygg på vegne av private skolar med rett til statstilskott. Det skal ikkje kunne søkast om rentekompensasjon for investering i nybygg eller symjeanlegg for private skolar. I regelverket vil det bli innarbeidd krav til søkjar og vilkår som skal gjelde for bruken av rentekompensasjonsordninga. Det vil mellom anna bli presisert kva typar private skolar som blir omfatta av ordninga. Vidare vil det i regelverket bli presisert at rentekompensasjonen vil bli stoppa dersom ein privat skole blir lagd ned, eller ved overdraging av lokala til eigarar som ikkje oppfyller krava til søkjar. Ordninga blir forvalta av Husbanken og midlane blir løyvde over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett kap. 582 post 60.
I budsjettet for 2009 vart det innført to timar med fysisk aktivitet frå hausten 2009. I 2010 foreslår regjeringa å kompensere skoleeigarane for heilårseffekten av tiltaket med 69 mill. kroner.
I 2009 vart det frigjort 430 mill. kroner i kommuneramma som skal finansiere kommunane si plikt til tidlig innsats i norsk/samisk og matematikk på 1.–4. trinn frå hausten 2009. I budsjettet for 2010 foreslår regjeringa å løyve ytterlegare 621 mill. kroner gjennom rammetilskottet til kommunane for å kompensere for heilårseffekten av tiltaket.
I tillegg kjem ordninga med gratis læremiddel i vidaregåande opplæring. Ordninga vart innførd for vidaregåande trinn 2 hausten 2007, for vidaregåande trinn 3 hausten 2008 og frå hausten 2009 gjeld ordninga for vidaregåande trinn 1. Det er lagt til grunn at læremidla har ei levetid på tre år. Frå og med 2010 foreslår regjeringa å løyve 330 mill. kroner til dekking av normale utskiftingskostnader. Av dette blir 308 mill. kroner lagde inn i rammetilskottet til fylkeskommunane, og 22 mill. kroner blir løyvde til private vidaregåande skolar.
I revidert nasjonalbudsjett for 2009 har departementet orientert om at det vil bli etablert eit IKT-senter for å stimulere til betre bruk av IKT i grunnopplæringa. Det blir foreslått å samle alle løyvingar til IKT-formål til ei løyving på til saman 85,1 mill. kroner til eit senter for IKT i utdanninga.
Tilstandsvurdering
For kvart av dei tre sektormåla ovanfor presenterte St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen eit sett indikatorar som skal gi grunnlag for å vurdere måloppnåing. Det vart òg rapportert på indikatorane i St.prp. nr. 1 (2008–2009). Nedanfor blir det gitt ei tilstandsvurdering av graden av måloppnåing på nasjonalt nivå basert på indikatorane.
Elevsamansetjing er ei viktig forklaring på resultatforskjellar mellom skolar og kommunar. Det er spesielt den sosiale og økonomiske bakgrunnen til elevane som har effekt på læringsutbyttet. Ein stor del av læringsforskjellane mellom til dømes elevar med majoritets- og minoritetsbakgrunn blir forklart med forskjellar i sosial og økonomisk bakgrunn. I tillegg oppnår jenter i gjennomsnitt betre læringsutbytte enn gutar. Det er eit mål at opplæringa i større grad skal bidra til å redusere skilnadene mellom ulike elevgrupper. Måla for grunnopplæringa gjeld alle elevar og lærlingar.
Mål: Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og arbeidsliv
I 2007 vart det lagt fram fleire internasjonale undersøkingar, mellom anna PISA og PIRLS, av elevars faglege læringsutbytte som stadfesta resultata frå tidlegare undersøkingar. Norske elevar skårar forholdsvis lågt innanfor sentrale fagområde, og det har vore ein tilbakegang i faglege resultat over tid. PIRLS-undersøkinga av lesing på 4. trinn viser at norske elevar skårar lågt samanlikna med elevar i andre land, men at det faglege nivået er stabilt frå 2001 til 2006.
I 2008 vart resultat frå TIMSS-undersøkinga av elevars læringsutbytte i matematikk og naturfag på 4. og 8. trinn lagt fram. For første gong viser ei internasjonal undersøking klare forbetringar i norske elevars faglege prestasjonar. Det er klar framgang i både matematikkprestasjonar og naturfagsprestasjonar på 4. trinn. I tillegg er det klar framgang i matematikkprestasjonar på 8. trinn. Samtidig må det understrekast at forbetringa i elevprestasjonar skjer frå eit forholdsvis lågt internasjonalt nivå, og at Noreg har svært få elevar på dei høgste kompetansenivåa.
Internasjonale undersøkingar av dugleikar i engelsk og demokratisk kompetanse gjennomført rundt starten av 2000-talet viste at norske elevar skåra høgt samanlikna med elevar i mange andre land.
I motsetnad til endringar i internasjonale undersøkingar kan ikkje endringar i karakterstatistikken eller nasjonale prøver tolkast eintydig som endringar i faglege dugleikar frå eitt elevkull til eit anna. Men karakterstatistikk og nasjonale prøver kan avdekkje forskjellar mellom kommunar og skolar og effekten av ulike bakgrunnsfaktorar for elevprestasjonar.
Figur 1 viser at fleire kommunar har svært mange elevar med svake dugleikar i rekning, lesing og engelsk. Mange av desse kommunane er forholdsvis små, og elevresultata kan reflektere tilfeldige variasjonar. I tillegg spelar elevsamansetjinga ei vesentleg rolle for forskjellar i elevprestasjonar mellom kommunar. Desse forholda kan likevel ikkje forklare alle forskjellane i elevprestasjonar mellom kommunane.
Nasjonale prøver på 5. trinn måler elevprestasjonar langs ein tredelt skala, mens nasjonale prøver på 8. trinn brukar ein femdelt skala. I overkant av 200 kommunar har 30 pst. eller meir av elevane på lågaste nivå i nasjonale prøver i rekning på 5. trinn. På nasjonale prøver i engelsk på 8. trinn har rundt 230 kommunar 30 pst. eller meir av elevane på dei to lågaste nivåa. Elevresultata frå nasjonale prøver viser tydelege kommunale forskjellar, og at mange kommunar har stort potensial for forbetring.
Det må understrekast at figuren ikkje viser forskjellar i elevprestasjonar mellom eller innanfor skolar. I likskap med internasjonale undersøkingar viser også nasjonale prøver at forskjellar i elevprestasjonar i Noreg først og fremst er mellom elevar på den einskilde skolen. Det er mindre forskjellar i elevprestasjonar mellom skolar. Det skyldast blant anna at det er mindre sosial seleksjon av elevar mellom skolar i Noreg samanlikna med i mange andre land.
Mål: Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetanseprov som kan verdsetjast for vidare studium eller i arbeidslivet
Gjennomføring av vidaregåande opplæring blir normalt definert som delen av dei som starta opplæringa som fullførte i løpet av fem år, jf. figur 2. For elevane som begynte vidaregåande opplæring i 2003, viser figur 2 dermed kompetanseoppnåinga i 2008. Etter 1998 har omtrent 70 pst. av kvart elevkull fullført vidaregåande opplæring etter fem år. Det er tydelege forskjellar mellom studieførebuande og yrkesførebuande utdanningsprogram. I 2003 fullførte rundt 82 pst. på studieførebuande utdanningsprogram, medan tilsvarande tal for yrkesførebuande utdanningsprogram var 55 pst.
Innanfor dette overordna biletet er det mange ulike typar fråfall. Av elevane som starta vidaregåande opplæring i 2003, slutta 19 pst. undervegs i opplæringa. Etter fem år var dei resterande anten framleis i vidaregåande opplæring (seks pst.), eller dei hadde fullført heile løpet, men mangla bestått i minimum eitt fag, eller dei hadde stroke til fagprøve (åtte pst.).
For årskullet 2002 var det i overkant av 9 500 elevar som slutta undervegs i opplæringa. Sjølv om delen sluttarar er låg på studieførebuande utdanningsprogram, utgjer dette mange elevar. Allmennfag hadde det høgste talet sluttarar med 1 722 elevar. Dette utgjorde 20 pst. av alle sluttarane, sjølv om delen som slutta på allmennfag, var under ti pst.
Mål: Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring
Alle elevar og lærlingar skal inkluderast i eit fellesskap der dei trivst og ikkje blir utsette for mobbing. Det er vidare viktig at alle elevar og lærlingar opplever meistring og framgang i læringa. Det er fellesskolen som skal vere ramma for opplæringa, og både fagleg sterke og svake elevar skal få utfordringar. Ein føresetnad for tilpassa opplæring er gode faglege tilbakemeldingar til alle elevgrupper.
Elevundersøkinga kartlegg mange sider ved læringsmiljøet til elevane. I figur 3 blir nokre sentrale indikatorar frå Elevundersøkinga presenterte.
Den sosiale trivselen i skolen er generelt høg. Eit klart fleirtal av elevane gir uttrykk for at dei ikkje blir mobba og ikkje mobbar andre. Omtrent 5 pst. av elevane seier at dei blir mobba ein eller fleire gonger i veka. Dette tilsvarer om lag 17 000 av dei totalt 333 000 elevane som svarte på undersøkinga våren 2009. Delen elevar som seier dei blir mobba, er svært samanfallande for 2008 og 2009.
Det er ikkje alle elevar som opplever høge krav til læring. Rundt 25 pst. av elevane opplever at dei ikkje får nok faglege utfordringar. Ein stor del av elevane opplever dessutan at opplæringa berre er tilpassa nivået deira i nokre eller få fag.
Elevundersøkinga stadfestar tidlegare studiar om at vurderingskulturen framleis er for svak i skolen. Det er berre rundt 50 pst. av elevane som rapporterer at dei får faglege tilbakemeldingar i mange eller dei fleste fag.
Når det gjeld det fysiske læringsmiljøet, er elevane minst fornøgde med garderobe, dusj og toalett, samt temperaturen og lufta i klasseromma. Om lag halvparten av elevane er svært fornøgd eller fornøgd med skolebygget.
Samla vurdering av kvaliteten i grunnopplæringa
Grunnleggjande dugleikar er eit nødvendig grunnlag for både fagkunnskap og læringsutbytte i brei forstand. Hovudårsaka til fråfall i vidaregåande opplæring er at dette grunnlaget er for svakt hos mange elevar. Svake grunnleggjande dugleikar og ikkje fullført vidaregåande opplæring svekkjer igjen grunnlaget for deltaking i vidare utdanning og arbeids- og samfunnsliv vesentleg.
Studiar viser at den sosiale og økonomiske bakgrunnen til elevane har stor effekt på læringsutbyttet. Samstundes er denne effekten svakare i Noreg enn i mange andre land. Det inneber at grunnopplæringa i Noreg i større grad enn i andre land kompenserer for effekten av sosial og økonomisk bakgrunn.
Det er gledeleg at internasjonale resultat tyder på ein viss framgang i sentrale fag og grunnleggjande dugleikar hos norske elevar. Men trass i klare forbetringar på TIMSS-undersøkinga frå 2003 til 2007 er det samla sett framleis for mange elevar som går ut av grunnskolen utan tilstrekkelege grunnleggjande dugleikar. Det er framleis altfor mange som slit med matematikkfaget både når det gjeld motivasjon og kunnskapar, ikkje minst med tanke på behova i arbeidslivet.
Fullført vidaregåande opplæring er ein føresetnad for opptak til høgre utdanning og er den plattforma all ungdom bør ha for å vere rusta for arbeidslivet. Det er stadig færre jobbar som ikkje krev vidaregåande eller høgre utdanning. I tillegg er personar utan vidaregåande opplæring spesielt sårbare for utstøyting frå arbeidslivet i økonomiske nedgangstider, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at arbeidsløysa blant ungdom (15–24 år) auka frå 7,5 pst. i 2008 til 10,5 pst. i andre kvartal 2009. Det betyr at rundt 40 000 ungdom er arbeidslause. Det fortel at finanskrisa også har påverka arbeidsmarknaden for ungdom negativt. Det er derfor ei stor utfordring at dagens nivå for fullføring av vidaregåande opplæring berre er på rundt 70 pst. Særleg er problemet stort innanfor fag- og yrkesopplæringa.
Det er for mange elevar og lærlingar som ikkje blir inkluderte og ikkje opplever meistring. Talet på elevar som blir mobba, er framleis urovekkjande høgt. Elevundersøkinga avdekkjer òg at bråk og uro framleis er eit stort problem i skolen. Vidare tyder elevundersøkinga og annan dokumentasjon på at opplæringa generelt ikkje i tilstrekkeleg grad blir fagleg tilpassa både dei fagleg svake og sterke elevane. Den låge delen norske elevar som presterer på høgste kompetansenivå i dei internasjonale undersøkingane, peiker i same retning. Mange elevar opplever òg opplæringa som lite relevant og ikkje knytt til det verkelege livet. Det vil vere særs viktig å gjere opplæringa på ungdomstrinnet meir variert, relevant og motiverande.
Strategiar og tiltak
Tilstandsvurderinga dokumenterer tydeleg behov for å føre vidare tiltak som er sett i gang, og ta nye grep for å auke måloppnåinga i grunnopplæringa. Departementet vil derfor prioritere tiltak retta mot dei tre sektormåla.
Det kan vere vanskeleg å dokumentere direkte effektar av enkelttiltak for desse måla. Mange av tiltaka er dessutan generelle i den forstand at dei påverkar fleire eller alle måla samtidig. Til dømes vil auka investeringar i lærarkompetanse truleg påverke elevane sitt læringsutbytte og skolens læringsmiljø. Departementet vil derfor understreke at tilstandsvurderinga må oppfattast som ein generell bakgrunn for vurderingar av effekten av både eksisterande og nye tiltak. Vektlegging av generelle tiltak for kvalitet er i tråd med vurderingane i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen.
Heilskapleg skoledag
Departementet foreslår at det blir løyvt til saman 241 mill. kroner som eit ledd i å innføre ein heilskapleg skoledag for elevar på 1.–7. trinn. Hausten 2010 blir det foreslått ei utviding av undervisningstimetalet for 1.–7. trinn med ein veketime og innføring av åtte timar med gratis tilbod om leksehjelp for 1.–4. trinn etter skoletid. Den ekstra undervisningstimen skal nyttast til opplæring i dei faga skoleeigar meiner er mest tilrådeleg ut frå lokale behov.
Eit tilbod om gratis leksehjelp for elevar på 1.–4. trinn vil vere eit målretta tiltak for elevar og foreldre som ønskjer ekstra støtte i læringa. Dersom ikkje leksehjelpa er av høg kvalitet og inkluderer elevar som har behov for oppfølging, kan tiltaket miste sin sosialt utjamnande effekt. Det blir lagt opp til eit nært samarbeid mellom leksehjelperane og lærarane. Mål og innhald for leksene må avklarast og tilpassast elevane. Tiltaket skal evaluerast. Departementet vil fremme eit lovforslag om skoleeigar si plikt til å tilby gratis leksehjelp.
Regjeringa foreslår å opprette eit øyremerkt stimuleringstilskott på 40 mill. kroner til kulturskolar som ein del av Kulturløftet II. Ein del av midlane skal nyttst til modellforsøk der kommunar og organisasjonar skal kunne søkje midlar for å leggje til rette for eit mangfaldig kulturtilbod/kulturskoletilbod for elevar på 1.–4. trinn. Forsøka må sjåast i samanheng med utviding av timar til undervisning, timar til gratis leksehjelp og Den kulturelle skolesekken. Vidare skal kommunar, aktuelle organisasjonar og institusjonar kunne søkje midlar til utvikling av ulike prosjekt.
Det er avgjerande at undervisningstida blir effektivt utnytta. Departementet har sett ned eit utval som skal foreslå tiltak som vil gi betre utnytting av tidsressursane i grunnskolen, for at elevane skal få gode læringsvilkår og gode læringsresultat. Utvalet skal leggje fram ein rapport innan utgangen av 2009. Departementet vil vurdere korleis tilrådingar frå utvalet skal følgjast opp.
Kompetanseutvikling
Kompetansen til lærarane er blant dei viktigaste enkeltfaktorane for læringsutbyttet til elevane. Mange studiar viser at høg fagleg og pedagogisk kompetanse hos lærarane er eit sentralt vilkår for elevane si læring. Samtidig viser evalueringar at det er mange lærarar som har behov for å styrkje den faglege kompetanse sin. Samanlikna med kollegaer i andre land deltek norske lærarar lite i etter- og vidareutdanning, og lærarar er blant dei profesjonsutdanna i Noreg som i minst grad tek i bruk forskingsbasert kunnskap i utøvinga av yrket.
Departementet vil derfor i 2010 bruke om lag 400 mill. kroner på kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar. Innanfor løyvinga skal delen midlar som blir brukt på det varige systemet for vidareutdanning for lærarar, gradvis aukast og utgjere hovuddelen når systemet er fullt innført. Det er eit mål at 2 500 lærarar skal ta vidareutdanning på deltid i 2010. Midlane til vidareutdanning vil bli tildelte etter prioriteringane i strategien Kompetanse for kvalitet. For å vidareutvikle strategien til eit robust system som inngår som ein naturleg del av kompetanseutviklinga til kommunane, vil erfaringane frå det første året bli gjennomgådde i samarbeid med partane.
Løyvinga av midlar til finansiering av etterutdanningstilbod og generell kompetanseutvikling innanfor prioriterte fag og emne vil bli redusert i 2010 som følgje av at meir av kompetansemidlane blir nytta til vidareutdanning. Leseopplæring vil framleis vere eit sentralt tema. Løyvinga til skoleleiarutdanning for nytilsette rektorar og andre rektorar som manglar slik utdanning, vil auke i 2010, og tilbodet vil bli utvida med fleire tilbydarar. Planen er at utdanningskapasiteten skal vere fullt utbygd i 2011.
Heilskapleg system for vurdering
Ein føresetnad for å kunne setje i verk effektive tiltak på alle nivåa i grunnopplæringa er kunnskap om tilstanden. Forsking har avdekt tydelege effektar på elevane sitt læringsutbytte av både kvalitativt god elevvurdering og systematisk resultatoppfølging på skolenivå. Samtidig viser evalueringar at vurderingskulturen i skolen framleis er for svak. Elevane kjenner ikkje kriteria for vurdering, dei får ikkje fagleg konstruktive tilbakemeldingar i tilstrekkeleg grad, og vurderingspraksisen varierer mellom lærarar. Det er liten tradisjon for at skoleleiinga grip inn og påverkar det pedagogiske arbeidet til lærarane basert på informasjon om elevresultat. Skoleeigarane har dei siste åra blitt meir opptekne av innhaldet og resultata i skolen. Likevel er hovudbiletet at skoleeigarane manglar systematikk i oppfølginga av resultata i brei forstand ved eigne skolar. Mange skoleeigarar manglar forsvarlege system for å vurdere om dei oppfyller opplæringslova.
Departementet vil derfor føre vidare arbeidet med å forbetre vurderingspraksisen til lærarane. Utdanningsdirektoratet har gjennomført eit prosjekt for elevvurdering som har prøvd ut ulike modellar for felles kjenneteikn på måloppnåing. Målet er å gi felles nasjonal retning for vurderingsarbeidet og ei meir fagleg relevant og rettferdig vurdering. Arbeidet for betre individuell vurdering vil halde fram. Vurdering vil framleis vere eit sentralt tema i etter- og vidareutdanning, i verksemda til rettleiarkorpsa og i rettleiingar til læreplanar for fag.
Departementet vil dessutan setje i verk fleire tiltak for å styrkje kvaliteten på nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Ei arbeidsgruppe leidd av departementet har vurdert offentleggjering og oppfølging av nasjonale prøver, og har komme med ulike tilrådingar om dette. Departementet vil vurdere korleis råda frå arbeidsgruppa skal følgjast opp.
Det er særleg behov for å styrkje tilgangen på informasjon om kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa. Departementet vil derfor innføre eit heilskapleg kvalitetsvurderingssystem for denne delen av opplæringa.
Støtte og rettleiing
Det er behov for meir støtte og rettleiing til både skolar og skoleeigarar, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008). Det er særleg behov for meir rettleiing i korleis godt utviklingsarbeid kan drivast lokalt.
Departementet vil derfor halde fram med arbeidet med å etablere rettleiarkorps som kan støtte skoleeigarar og skolar med vurdering og kvalitetsutvikling. I tillegg vil utarbeidinga av rettleiingar for dei gjennomgåande læreplanane i Kunnskapsløftet og Kunnskapsløftet samisk bli vidareført.
I tillegg foreslår departementet at det blir etablert eit senter for IKT i utdanninga for å stimulere til betre bruk av IKT i grunnopplæringa. Det blir foreslått å samle alle løyvingar til IKT-formål til ei løyving på til saman 85,1 mill. kroner.
I arbeidet med det psykososiale læringsmiljøet vil innsatsen bli konsentrert om å implementere Program for inkluderende lærings- og oppvekstmiljø. Satsinga er for perioden 2009–14 og skal bidra til å styrkje innsatsen mot mobbing og vere eit overordna plandokument for eit systematisk og målretta arbeid med eit inkluderande lærings- og oppvekstmiljø i grunnopplæringa. Det er bestemt at programmet skal endre navn til Betre læringsmiljø.
For å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å rehabilitere skolebygg vil regjeringa føre vidare rentekompensasjonsordninga. I statsbudsjettet for 2009 vart det innført ei ny rentekompensasjonsordning. Ein tek sikte på ei investeringsramme på 15 mrd. kroner fordelte over ein periode på åtte år. Departementet foreslår å fase inn ytterlegare 2 mrd. kroner frå investeringsramma i 2010.
Tiltak for auka fullføring av vidaregåande opplæring
Styrking av grunnleggjande dugleikar, tettare oppfølging av den einskilde eleven og meir praksis i opplæringa allereie frå ungdomstrinnet bør vere hovudgrepa for å redusere fråfallet i vidaregåande opplæring. Mange elevar opplever opplæringa som lite relevant og ikkje knytt til det verkelege livet. Det er svært viktig å gjere opplæringa meir variert, relevant og motiverande. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja presenterer ei rekkje tiltak som skal bidra til dette. Tiltaka for auka kvalitet i grunnskolen vil også bidra til å redusere fråfallet i vidaregåande opplæring fordi svake forkunnskapar frå grunnskolen har stor effekt på risikoen for fråfall.
Regjeringa vil i tillegg til styrkinga av kvaliteten i grunnskolen, løyve 58 mill. kroner til tiltak for auka fullføring i vidaregåande opplæring. Midlane skal nyttast til tettare oppfølging av elevar med svake resultat på kartleggingsprøvene. Dette er mellom anna ei vidareføring av tilskottet til fylkeskommunane for å følgje opp fagleg svake elevar som vart gitt i revidert nasjonalbudsjett for 2009. Midlane skal også finansiere utprøving av eit nytt praktisk fag på ungdomstrinnet i utvalde kommunar. I tillegg skal det utførast utviklingsarbeid for betre oppfølging av ungdom som står utanfor opplæring og arbeid. 5 mill. kroner blir nytta til utvikling av opplæringsmodellar tilpassa vaksne arbeidssøkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, sjå kap. 258.
Regjeringa vil vidare løyve 200 mill. kroner for å styrkje tilskotta til lærebedrifter, der 10 mill. kroner blir sette av til lærlingar med særskilde behov. Dette er ei oppfølging av dei midlertidige midlane som vart gitte i regjeringas tiltakspakke, jf. Innst. S nr. 139 (2008–2009) og St.prp nr. 37 (2008–2009). Det blir mellom anna opna for at tilskottet kan bli brukt til å stimulere enkeltbransjar med konjunkturproblem, til å føre vidare eksisterande lærekontraktar og til å stimulere nye bedrifter til å ta inn lærlingar. Fleire studiar viser at elevar som ønskjer læreplass og som får det, fullfører vidaregåande opplæring i større grad enn elevar som ikkje får læreplass. Tiltak som aukar tilgangen på læreplassar, vil dermed kunne redusere fråfallet i vidaregåande opplæring. Det er spesielt viktig å stabilisere tilgangen på læreplassar i økonomiske nedgangstider, fordi bedrifter da typisk vil vere meir tilbakehaldne med å rekruttere lærlingar.
Ny realfagssatsing
Departementet vil gjennom Nasjonalt forum for realfag involvere aktuelle aktørar i planlegginga av ei ny satsing på realfag for perioden 2010–14. Dei overordna måla for satsinga vil vere å styrkje kompetansen til elevane i realfag, å auke interessa for realfag og teknologi og styrkje rekrutteringa på alle nivå. Det vil vere eit særleg mål å auke rekrutteringa av jenter til teknologifaga og dei tunge realfaga. Departementet vil opprette ei gruppe som skal greie ut framtidas matematikkfag og korleis matematikkfaget kan bli meir relevant og engasjerande.
Regjeringa vil føre vidare Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet og stønaden til dei regionale vitensentra. Departementet vil gjennomgå ordninga med vitensentra.
Rapport for 2008–09
Regjeringa har sett i gang og ført vidare fleire tiltak som skal styrkje dei grunnleggjande dugleikane til elevane, styrkje det faglege utbyttet og betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Tiltak knytte til læringsmiljøet til elevane og kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar er sentrale. Det er òg lagt vekt på å støtte og rettleie skolar og skoleeigarar, slik at dei skal greie å nyttiggjere seg informasjonen frå nasjonal og lokal vurdering og beskrive og vurdere tilstanden på ein måte som kan gi grunnlag for å velje gode, målretta tiltak.
Tidleg innsats
Som eit tiltak for å sikre tidlig innsats er det frå august 2009 teke inn ei ny føresegn i opplæringslova om tidleg innsats på 1.–4. årstrinn. Føresegna presiserer skoleeigars plikt til å syte for tilpassa opplæringa i norsk/samisk og matematikk, noko som blant anna inneber særleg høg lærartettleik og er særleg retta mot elevar med svak dugleik i lesing og rekning. Målet er at elevane som er svakast i grunnleggjande dugleikar, skal få eit fagleg løft. Plikta vil vere ein del av tilpassa opplæring. Elevane blir ikkje gitte ein individuell rett, og det er ikkje knytt enkeltvedtak til opplæringa. Retten til spesialundervisning er uendra og skal gjelde på same måte som før.
Tettare oppfølging
For å styrkje læringsutbyttet til elevane har det i 2008–09 vore lagt vekt på ei endå tettare oppfølging av læring og utvikling i skolen. Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet er vidareutvikla, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008). Det er bestemt at obligatorisk kartlegging av lesedugleik på 1.–3.trinn og rekning ved starten på 1. trinn vidaregåande opplæring, skal innførast. Resultata frå deltaking i internasjonale undersøkingar i perioden har gitt viktig informasjon om læringsutbyttet til elevane i lesing, naturfag og matematikk. Dette blir no nytta i det vidare arbeidet med kompetanseutvikling for lærarar og andre tiltak som skal styrkje elevane sitt læringsutbytte i faga.
Redusere feilval og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring
For å redusere feilval og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring er det sett i verk fleire tiltak, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Blant anna skal nye fag i Kunnskapsløftet knytte grunnskole og vidaregåande opplæring betre saman og hjelpe elevane med å gjere informerte utdanningsval. Det er prøvd ut tett oppfølging av enkeltelevar og bruk av alternative løp som for eksempel praksisbrev. Det er vidare sett i gang forsøk med bruk av individuell utviklingsplan. St.meld. nr. 44 (2008–2009) har ein grundig gjennomgang av moglege årsaker til fråfall, og skisserer fleire nye tiltak som regjeringa ønskjer å setje i verk.
Høg kompetanse hos lærarar og skoleleiarar
Det har vore og er eit mål for regjeringa å styrkje kompetansen til lærarar og skoleleiarar. Gode lærarar og skoleleiarar er svært viktig for læringsutbyttet til elevane.
Strategien Kompetanse for utvikling 2005–08 er evaluert. Skoleeigarane har i perioden fått tilført 300 mill. kroner i 2005 og 375 mill. kroner årleg i perioden 2006–08. Skoleeigarane har hatt stor fridom i bruk av midlane, som i hovudsak har vore brukte til etterutdanning. Berre 20 pst. av midlane er brukte til vidareutdanning. Kapasiteten i utdanningsinstitusjonane har vore avgrensa, og kan ha hatt noko å seie for kvaliteten på tilboda. Samarbeidet mellom skoleeigar og det lokale universitetet eller høgskolen har betra seg i perioden.
Strategien Kompetanse for kvalitet vart presentert hausten 2008 og er ei varig satsing på vidareutdanning for lærarar. Målet er å styrkje den faglege og pedagogiske kompetansen til lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring.
Strategien er utarbeidd i samarbeid med lærarorganisasjonane, KS og Nasjonalt råd for lærarutdanninga. I tråd med strategien har det i 2008–09 vore stilt tydelege krav til ein prioritert bruk av statlege midlar til kompetanseutvikling i sektoren, i tråd med dei utfordringane og behova som er avdekte, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen.
Strategien føreset at omfanget av dei ordinære arbeidsoppgåvene til lærarane blir redusert i studieperioden, slik at delar av arbeidstida blir reservert for vidareutdanning. I samarbeid har partane blitt samde om at staten skal dekkje 40 pst. og skoleeigar 40 pst. av vikarutgiftene.
Det er inngått avtalar med utvalde universitet og høgskolar om utvikling av tilbod på dei prioriterte områda i strategien. Desse har fått garanti for eit visst tal plassar for lærarar som skal ta vidareutdanning. Det har vore lokal kritikk av den høge graden av vikardekning og graden av nasjonal styring.
I tillegg til kompetanseutvikling for tilsette i sektoren har det vore satsa breitt på rekruttering av nye lærarar. Gjennom ordninga med avskriving av utdanningsgjeld for studentar med språk- og realfagskompetanse er det satsa på å få desse til å velje læraryrket, jf. nærmare omtale i programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering. Ulike kampanjetiltak våren 2009 har hatt som mål å motivere unge til å velje læraryrket og auke statusen til lærarane. Tal frå Samordna opptak viser at det er ein auke på nesten 20 pst. fleire kvalifiserte søkjarar til lærarutdanninga i 2009 samanlikna med 2008, jf. kap. 226 og nærmare omtale av GNIST – partnarskap for ei heilskapleg lærarsatsing i programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.
Utprøvinga av lektor II-ordninga, der fagfolk frå industrien eller andre kompetansemiljø bidreg i realfagsundervisninga, vil kunne medverke til å rekruttere fleire realfagslærarar og styrkje realfagsopplæringa på kort og lang sikt. Det er komme inn søknader frå ei rekkje vidaregåande skolar og skolar med ungdomstrinn om å få vere med i utprøvinga i 2009. Naturfagsenteret skal administrere og leie utprøvinga.
I St.meld. nr. 31 (2007–2008) varsla departementet at det skal opprettast ei skoleleiarutdanning for nytilsette rektorar og andre rektorar som manglar slik utdanning. Utdanningstilbydarar frå 2009 er Universitetet i Oslo, Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling (ILS), Universitetet i Bergen, Handelshøyskolen BI og Administrativt forskningsfond (AFF) ved Norges handelshøyskole. Utdanninga tilsvarer 30 studiepoeng i universitets-/høgskolesystemet. For dei som ønskjer det, skal det vere mogleg å byggje på utdanninga og oppnå ein full mastergrad i skoleleiing.
I 2009 er det òg løyvt i overkant av 400 mill. kroner til etter- og vidareutdanning for lærarar, rådgivarar, aktørar i fag- og yrkesopplæringa og skoleleiarar, jf. nærmare omtale i kap. 226.
Heilskapleg skoledag
Regjeringa har i Soria-Moria-erklæringa sett som eit mål at elevane skal få fleire skoletimar og meir undervisning. I perioden 2006–2009 er timetalet auka med sju timar.
Endringar i opplæringslova som er gjorde gjeldande frå 1. august 2009, inneber at elevar på 5.–7. trinn skal ha jamleg fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget gjennom heile skoleåret. Til saman skal dette utgjere 76 timar innanfor 5.–7. trinn, jf. fag- og timefordelinga. Fysisk aktivitet skal vere ein del av den obligatoriske grunnskoleopplæringa og inngå som ein del av skolekvardagen. Det er oppretta ein nasjonal idé- og ressursbank som gir skolane råd og rettleiing om fysisk aktivitet i skolen.
Eit godt læringsmiljø
Regjeringa har sett i gang og ført vidare ei rekkje tiltak for å betre læringsmiljøet i grunnopplæringa. Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringen 2005–2008 er avslutta og erstatta av eit Program for inkluderende lærings- og oppvekstmiljø 2009–2014 frå hausten 2009. Det er sett av 14,5 mill. kroner i 2009 for å utarbeide og setje i verk dette programmet. Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 399, 8. juni 2009 i Innst. S. nr. 262 (2008–2009) jf. handsaminga av Dokument nr. 8: 97 (2008–2009):
«Stortinget ber Regjeringen utarbeide forslag til hvordan det på best mulig måte kan innføres antimobbeprogram eller en handlingsplan mot mobbing ved alle skoler.»
Kunnskapsdepartementet vil sjå oppmodingsvedtaket i samband med Program for inkluderende lærings- og oppvekstmiljø. Gjennom programmet vil støtte til utvikling og implementering av forskingsbaserte program og tiltak innanfor læringsmiljø bli ført vidare. Skolane vil få auka rettleiing om korleis ein skal utvikle eit inkluderande læringsmiljø.
I februar 2009 underteikna sentrale nasjonale partar eit nytt Manifest mot mobbing. Manifestpartane vil følgje opp arbeidet frå dei første manifestperiodane, og vil i fellesskap arbeide for at føresegnene på området blir følgd opp.
Eit godt samarbeid mellom heim og skole er viktig for læringsmiljøet og barn og unges læring og utvikling. Mandatet til Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) vart frå 1. januar 2009 utvida til også å gjelde 1. trinn i vidaregåande opplæring. Da Stortinget sommaren 2008 behandla lovforslaget om å utvide FUGs mandat, fremma Stortinget eit oppmodingsvedtak til regjeringa, jf. oppmodingsvedtak nr. 501, 30. mai 2008 i Innst. O. nr. 51 (2007–2008), jf. Ot.prp. nr. 40 (2007–2008):
«Stortinget ber Regjeringen snarest utarbeide forslag til bestemmelser som forplikter videregående skole til foreldresamarbeid.»
På denne bakgrunnen fremma departementet i Ot.prp. nr. 55 (2008–2009) eit forslag til ny § 13-3 d i opplæringslova, som forpliktar kommunar og fylkeskommunar til å sørgje for samarbeid med foreldre i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Lovendringsforslaget vart vedteke av Stortinget sommaren 2009 og vart sett i kraft frå skoleåret 2009–10. Forskrifter for nærmare regulering av området vil bli lagde fram sommaren 2010.
Skolefritidstilbod for barn med nedsett funksjonsevne
I fleirtalsmerknaden i Innst. S. nr. 150 (2006–2007), jf. St. meld. nr. 25 (2005–2006) Mestring, muligheter og mening vart regjeringa beden om å komme tilbake til Stortinget med forslag til løysingar for korleis eit tilfredsstillande skolefritidstilbod for barn med nedsett funksjonsevne kan sikrast i heile utdanningsløpet.
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Rambøll Management kartlagt fritidstilbodet til barn og unge med nedsett funksjonsevne i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Departementet har òg, gjennom fylkesmennene, gjennomført ei eiga kartlegging av fritidstilbodet for denne gruppa.
Undersøkingane viser at mange kommunar og fylkeskommunar har eit fritidstilbod/tilsynstilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne i tilknyting til skolen. Undersøkingane viser at denne gruppa har ulike behov og ønskje, på lik linje med andre barn og unge i denne aldersgruppa. Eit godt fritidstilbod må tilpassast lokale forhold og lokale tiltak må finansierast innanfor gjeldande kommunale og fylkeskommunale ordningar. Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med andre aktuelle departement vurdere ulike tiltak for å byggje ned hindringane denne elevgruppa møter for deltaking i skolefritidstilbodet, mellom anna i samband med transport til og frå skolefritidsordninga.
Støtte til systematisk resultatoppfølging og kvalitetsutvikling i sektoren
St.meld. nr. 31 (2007–2008) signaliserte at regjeringa forventar at skoleeigarar tek eit større ansvar for oppfølging av læringsutbyttet til elevane, men at det samtidig vil bli gitt tilbod om meir støtte frå nasjonalt nivå.
Opplæringslova og privatskolelova er endra slik at skoleeigar og styret for dei private skolane har plikt til å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i grunnopplæringa knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigar, dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private skolane.
Den statlege satsinga Kunnskapsløftet – fra ord til handling har hatt eit budsjett på 195 mill. kroner i perioden 2006–08. Satsinga har gitt støtte til utviklings- og spreiingsprosjekt som styrkjer sektorens evne til å vurdere eigne resultat og gjennomføre heilskaplege endringsprosjekt i tråd med måla i Kunnskapsløftet. I Rambøll Managements sluttrapport frå programmet vart det konkludert med at eit viktig suksesskriterium for god skoleutvikling er at skolane får oppfølging og støtte lokalt. Rapporten peiker vidare på at det er behov for statleg støtte for å kompensere for manglande koordineringsledd i kommuneadministrasjonane i små kommunar. St.meld. nr. 31 (2007–2008) hadde òg ei utgreiing om dette, og foreslo etablering av rettleiarkorps som først og fremst skal støtte skoleeigarar og skolar som peiker seg ut med eit særleg behov for hjelp og støtte i arbeidet med kvalitetsutvikling. Erfaringar frå Kunnskapsløftet – fra ord til handling og verktøy som er utvikla i dette programmet, blir no brukte vidare i skolering og godkjenning av rettleiarar og etableringa av rettleiarkorps.
Til støtte for sektoren er det i 2009 blant anna også utarbeidd ei generell rettleiing for skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar om lokalt arbeid med læreplanar etter Kunnskapsløftet. Fleire generelle og fagspesifikke rettleiingar er utarbeidde eller er under uvikling.
Evalueringa av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet vart sett i verk i 2005 og skal avsluttast i desember 2009. Kunnskapen frå evalueringa har vore brukt til å betre systemet undervegs og som grunnlag for å utvikle fleire og betre rettleiingsressursar for sektoren. Ein sentral del av systemet er dei nasjonale prøvene. Ei arbeidsgruppe med medlemmer frå Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Elevorganisasjonen, KS og Utdanningsforbundet har vurdert sider ved offentleggjering og oppfølging i skolen av nasjonale prøver. Gruppa har vurdert korleis informasjon om resultata frå dei nasjonale prøvene kan formidlast best mogleg, slik at formålet med prøvene kan realiserast, og slik at det er oppslutning om og tillit til prøvene blant elevar, foreldre og lærarar. Arbeidsgruppa legg fram ei rekkje tilrådingar, blant anna at skoleeigarar og skolar som ikkje følgjer retningslinjene for registrering av elevar, skal følgjast opp, at det bør vurderast om føresegna på dette området bør tydeleggjerast, og at det bør vurderast tiltak for å styrkje analysekompetansen til skoleeigarar og skolar.
Andre tiltak for å styrkje læringsutbyttet
Realfagsstrategien til regjeringa Eit felles løft for realfaga vart lansert i 2006 og gjeld ut budsjettåret 2009. Strategien har som hovudmål å styrkje kompetansen i realfag i heile utdanningssystemet og i arbeidslivet, og å auke rekrutteringa i realfaga og fremme positive haldningar til realfag.
I PISA-undersøkinga frå 2006 skårar norske elevar lågare enn OECD-gjennomsnittet i både matematikk og naturfag. TIMSS-undersøkinga frå 2007 viser derimot teikn til betring, der Noreg er blant dei med størst framsteg sidan 2003 i matematikk på 4. trinn. Det er også positive tendensar i søkninga til realfag i vidaregåande opplæring og til teknologi og realfag i høgre utdanning.
Som ein del av satsinga på realfag vart det i 2003 vedteke å opprette regionale vitensenter. Det er i dag seks verksame regionale vitensenter som får statlege midlar gjennom Vitensenterprogrammet organisert under Noregs forskingsråd. Science Centre Østfold har fått status som vitensenter og vil vere i drift frå 2011. Ytterlegare eitt senter har fått stønad og er under utvikling. Vitensenterprogrammet blir avslutta i 2009. Formålet med satsinga på regionale vitensenter er å styrkje interessa for realfag blant barn og unge. Førebelse resultat frå forskingsprosjektet Vilje-con-valg ved Naturfagsenteret i Oslo viser at 20 pst. av alle studentar som starta på realfag i 2008, nemnde vitensenter som ei kjelde til motivasjon og inspirasjon for å velje realfaglege studium.
Besøkstala for dei regionale vitensentra har hatt ein kraftig auke frå nær 420 000 besøkjande i 2007 til nær 520 000 i 2008. Det tilsvarer ein auke på om lag 24 pst. Av dette utgjer organiserte skolebesøk 164 000, som er ein auke på om lag 23 000 frå føregåande år. Det er stor interesse for vitensentra lokalt, og det statlege tilskottet har utløyst monaleg store midlar frå lokale styresmakter og frå næringslivet.
Utvalet for betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov (Midtlyngutvalet) leverte 2. juli 2009 NOU 2009: 18 Rett til læring. Utvalet har hatt eit omfattande mandat, og har blant anna gjort ein gjennomgang av spesialundervisningas plass i norsk skole. Utvalet har vurdert i kor stor grad vi har eit system som sikrar tidleg intervensjon for barn, unge og vaksne med særskilde behov, og har komme med fleire forslag til tiltak som skal sikre tidleg innsats og livslang læring for denne gruppa. Rapporten vart send ut til høyring hausten 2009. Departementet vil komme tilbake til korleis forslaga utvalet kjem med i rapporten, skal følgjast opp.
Kap. 220 Utdanningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 178 403 | 202 018 | 221 380 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | 9 256 | 3 519 | 3 632 |
70 | Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21 | 37 243 | 48 264 | 47 530 |
Sum kap. 220 | 224 902 | 253 801 | 272 542 |
Kap. 220 omfattar finansiering av faste driftsoppgåver i Utdanningsdirektoratet, jf. post 01, post 21 og post 70. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for som blir finansierte over andre kapittel, til dømes gjennomføring av eksamen, jf. kap. 225 post 01, og midlertidige oppgåver knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i grunnopplæringa, jf. kap. 226. Omtale av politikk og tilstandsvurdering er derfor dels plassert under andre kapittel i denne proposisjonen. Mål og oppgåver som er omtalte i innleiinga til programkategori 07.20, er førande for arbeidet til direktoratet.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga gjeld drift av Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet er underlagd Kunnskapsdepartementet og skal medverke til at vedteken politikk for grunnopplæringa blir sett i verk. Direktoratet fremmer kvalitetsutvikling i heile grunnopplæringa. Gjennom fagleg arbeid, juridiske og økonomiske verkemiddel, rettleiing, informasjon og dialog bidreg direktoratet til å sikre at den nasjonale utdanningspolitikken blir sett i verk og gjennomførd, slik at barn, unge og vaksne i heile landet kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring i eit inkluderande fellesskap. Direktoratet følgjer prinsippet om universell utforming i sitt arbeid. Direktoratet bidreg til at den nasjonale utdanningspolitikken blir utvikla gjennom dokumentasjon og analyse av sektoren. Direktoratet utfører forvaltningsoppgåver knytte til grunnopplæringa.
Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld
embetsstyringa av fylkesmannsembeta på utdanningsområdet, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet
tilsynsarbeid som følgjer av opplæringslova og privatskolelova
tolking av opplæringslova, privatskolelova og folkehøgskolelova, med forskrifter, på nasjonalt nivå, og å gi god rettleiing om regelverk for grunnopplæringa
etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222
tilskott til eksamensavvikling, privatskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 227, 228, 229 og 253
det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230
Rapport for 2008–09
Rapporteringa for 2008–09 må sjåast saman med rapportering for kap. 226.
Det nasjonale regelverket for grunnopplæringa skal medverke til at den enkelte eleven får ei trygg opplæring av god kvalitet. Fylkesmennenes tilsynsverksemd har dei siste åra dokumentert manglande etterleving av regelverket. Det er gjennomført to nasjonalt koordinerte tilsyn på opplæringsområdet med felles tema og metodikk i 2008. I det felles nasjonale tilsynet i 2008, med spesialundervisning og forsvarleg system som tema, hadde 86 pst. av skoleeigarane avvik. I foreløpig tilbakemelding frå tilsynet med kommunar og private skolar i 2009, og krav til dei om å ha eit forsvarleg system for å sikre at elevane blir organisert i grupper etter opplæringslova, er det 67 pst. av kommunane som har avvik, og 29 pst. av dei private skolane. For tilsyn med rettane til samiske elevar etter opplæringslova blir det vist til omtale under kap. 223.
Det er nødvendig å styrkje rettleiinga, tilsynet og oppfølginga om elevane skal få den opplæringa dei har krav på i kvalitet og kvantitet. Resultat og tilbakemeldingar indikerer at tilsynsverksemda er veleigna til å avdekkje avvik frå regelverket, og at ho har ein åtferdskorrigerande og haldningsskapande effekt.
Tilsynet med private skolar vart overført frå fylkesmannsembeta til direktoratet 1. august 2009. Den første tida etter overføringa vil fylkesmannen kunne utføre tilsynsoppgåver etter instruks frå direktoratet.
Våren 2008 vart det gjennomført nye, obligatoriske kartleggingsprøver i lesing og i tal- og rekneforståing for andre steget. Tilbakemeldingane frå skolane som har gjennomført prøvene, har vore positive. Utdanningsdirektoratet starta i 2008 arbeidet med å utvikle fleire nye kartleggingsprøver som skal innførast på ulike steg. Vidareutviklinga av kartleggingsprøvene omfattar både obligatoriske prøver og frivillige kartleggingsprøver. Tilbodet skal vere gratis tilgjengeleg for skolane.
Gjennomføringa av nasjonale prøver i september 2008 gjekk utan større problem. Trykking, distribusjon og informasjon fungerte betre enn året før. Brukarundersøkinga frå 2007 viste at eit stort fleirtal av skoleleiarar og lærarar meinte informasjonen og retningslinjene for gjennomføringa hadde svært/ganske god kvalitet. Dette var utgangspunktet for å bruke på nytt mykje av det informasjonsmateriellet som vart utvikla i 2007.
Prøveadministrasjonssystemet (PAS) fungerte stabilt i gjennomføringsperioden, og systemet er utvikla vidare for mellom anna å lette registreringsarbeidet ute på skolane. Vidare deltok 167 skolar i utprøvinga av IKT-basert eksamen gjennom det nye Prøvegjennomføringssystemet (PGS). I denne første eksamensperioden har systemet gitt ei effektivisering av arbeidet for alle ledd frå direktorat og ned til den enkelte skolen.
Særordninga etter St.meld. nr. 44 (2003–2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener gjeld for personar som tapte skolegang under krigen. Utdanningsdirektoratet har behandla om lag 1 100 same- og kvensaker per 1. august 2009. Oppfølging av St.meld. nr. 24 (2004–2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar syner at det var 641 nye saker i 2008. Av dei var 396 ordinære skolesaker, som er dei mest arbeidskrevjande. Dette er saker som ikkje er omfatta av noka særordning, jamfør St.meld. nr. 24 (2004–2005) og 44 (2003–2004). Målet er at saksbehandlingstida skal vere tolv månader. Dette målet er nådd i same- og kvensaker. For ordinære skolesaker, romanisaker og saker knytte til åtferdsskolar er saksbehandlingstida om lag to år. Dette kjem av det store etterslepet frå tidlegare år og det store tilfanget av saker i 2007. Talet på fråsegner som er sende frå Utdanningsdirektoratet i 2008, er høgre enn det totale talet på innkomne saker. Om denne utvikla held fram, så vil saksbehandlingstida bli redusert på sikt.
Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) er eit felles samarbeidsråd for partane i arbeidslivet og utdanningsmyndigheitene, og det finst eit fagleg råd for kvart av utdanningsprogramma innanfor yrkesutdanninga. Direktoratet har sekretariatsansvaret for drift av SRY og dei faglege råda. SRY og dei faglege råda har aktivt medverka til arbeidet med å gjennomføre Kunnskapsløftet på nasjonalt nivå. Bidraget har gjort det mogleg å gjennomføre tidsplanen for Kunnskapsløftet. Det mest omfattande arbeidet har vore ferdigstillinga av læreplanane for Vg3 yrkesfaglege utdanningsprogram.
Utdanningsdirektoratet har sett i gang eit arbeid med å byggje opp eit kompetansemiljø på vaksenfeltet. Bemanninga er særleg styrkt når det gjeld statistikk, dokumentasjon og analyse. Utdanningsdirektoratet og Vox er i gang med å avklare oppgåve- og ansvarsfordelinga på feltet grunnopplæring for vaksne. I den samanhengen er ein prosess med overføring av ressursar frå Vox til Utdanningsdirektoratet gjennomførd.
Mål for 2010
Direktoratet skal følgje opp tiltak i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen og tiltak foreslått i St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Særleg viktig er det å bidra til økt læringsutbytte og gjennomføring i opplæringa, og å implementere nye kompetanseutviklingstiltak i sektoren. Av forslaga til tiltak i St.meld. nr. 44 (2008–2009) vil direktoratet få ansvaret for utprøvinga av det nye arbeidslivsfaget på ungdomsskolen. Vidare skal direktoratet bidra til at opplæringa innan dei yrkesfaglege utdanningsprogramma blir meir relevante for elevane. Direktoratet vil òg bidra til at praksisvegen blir utvikla som eit løp mot full fagutdanning. Oppfølginga av meldingane er prioriterte oppgåver som i stor grad er finansierte over kap. 226.
Direktoratet vil òg få ansvaret for tiltak retta mot vaksne i St.meld. nr. 44 (2008–2009). Mellom anna skal direktoratet informere om vaksne sin rett til grunnopplæring. Direktoratet skal arbeide vidare med å styrkje tilsynet med vaksne sine rettar etter opplæringslova, og å styrkje arbeidet med statistikk, dokumentasjon og analyse på vaksenfeltet.
Departementet har sett av opp til 7 mill. kroner til utvikling av opplæringsmodellar tilpassa vaksne arbeidssøkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Dette skal gjerast i samarbeid med nokre utvalte fylkeskommunar og NAV, sjå nærare omtale på kap. 258.
Førebels tilbakemelding frå det nasjonale tilsynet våren 2009 syner framleis svak etterleving av regelverk. Direktoratet skal følgje opp desse resultata, mellom anna gjennom dialog med skoleeigarane og KS om korleis kommunane kan betre etterlevinga av regelverket. Hovudutfordringane framover er å skape ei einskapleg forståing av regelverket og utvikle effektive metodar for risikobasert tilsyn og bruk av indikatorar.
Direktoratet skal gjennom fylkesmennene gjennomføre nasjonalt tilsyn med felles tema og metodikk hausten 2010. Temaet er det psykososiale skolemiljøet til elevane, og skal sjåast i samanheng med skolens plikt til å drive eit systematisk skolemiljøarbeid og skoleeigarens plikt til å ha eit forsvarleg system for vurdering og oppfølging.
For å nå måla som er sette for grunnopplæringa, må direktoratet samarbeide med andre aktørar. Samarbeidet med Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) om informasjon og rettleiing til foreldre når det gjeld overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande opplæring, er viktig i 2010. Vidare må det etablerast eit godt samarbeid med det nye Senteret for IKT i utdanninga, slik at sektoren kan nytte IKT meir effektivt for betre læringsutbytte og læringsstrategiar.
Budsjettforslag for 2010
Løyvinga til direktoratet blir foreslått auka med 19,4 mill kroner. Forslag til endring i budsjettet er knytt til endra oppgåver for direktoratet. Overføringa av ressursar frå Vox som starta i 2009, blir foreslått sluttførd. Departementet foreslår at forvaltninga av tilskott til kompletterande undervisning og tilskott til norske private grunnskolar og vidaregåande skolar i utlandet blir overførde til direktoratet frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Enkelte oppgåver i direktoratet blir foreslått flytta til det nye senteret for IKT i utdanninga. Endringa i budsjettet er òg knytt til eingongskostnader til flytting til nye lokale i Schweigaards gate 15 i Oslo og flytting av prosjektmiddel knytte til EU-samarbeid om yrkesopplæring og til læreplandatabasen Grep.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga på post 21 Særskilde driftsutgifter og post 70 Tilskott til læremiddel o.a. må sjåast i samanheng. Løyvinga på post 21 er knytte til oppdrag. Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon. Dette kan omfatte læremiddel for smale fag og/eller små elevgrupper, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.
Stortinget ba i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) departementet om å gå gjennom nivået på og kriteria for tildeling av tilskottet, og om å gå gjennom korleis behova for utvikling av læremiddel samsvarer med tildelinga. Departementet har gitt direktoratet i oppdrag å få eit eksternt evalueringsmiljø til å evaluere tilskottsordninga i løpet av 2009.
Rapport for 2008–09
Det er gitt tilskott til produksjon av læremiddel for Vg1, Vg2 og Vg3 (basis-, parallell- og fellesspråklege utgivingar) innanfor yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram.
Det er vidare gitt støtte til multifunksjonelle læremiddel for grunnskolen og vidaregåande opplæring, læremiddel for elevar med behov for stor grad av individuell tilpassing og til læremiddel for hørselshemma elevar.
Det er òg gitt tilskott mellom anna til læremiddel i morsmål og til tospråkleg fagopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Det nordiske ordbokprosjektet LEXIN-N er ført vidare.
Læremidla skal i den grad det er mogleg, ha universell utforming og ta vare på det fleirkulturelle perspektivet. Det er utvikla både trykte og digitale læremiddel innanfor alle områda.
Samarbeid med rådgivande utval for læremiddelspørsmål og faggrupper knytte til ulike målgrupper og fagområde er ført vidare.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga på post 70 blir redusert med 2,3 mill. kroner i samsvar med reduksjonen av inntektskravet på kap. 3220 post 01. Reduksjonen er dermed del av ei parallell justering av utgifts- og inntektsløyvinga, og vil ikkje ha innverknad på produksjonen av læremiddel.
Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 2 756 | 5 485 | 3 383 |
02 | Salsinntekter o.a. | 6 049 | 6 431 | 6 637 |
Sum kap. 3220 | 8 805 | 11 916 | 10 020 |
Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar.
Departementet foreslår at inntektskravet på post 01 blir redusert med 2,3 mill. kroner. Reduksjonen skal bidra til å rette opp ubalanse i inntektskravet som følgje av flytting av midlar i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2009. Dermed får inntektskravet eit meir realistisk nivå.
Kap. 221 Foreldreutvalet for grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 8 270 | 9 777 | 9 613 |
Sum kap. 221 | 8 270 | 9 777 | 9 613 |
Løyvinga gjeld drift av Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG).
FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom skole og heim. FUG skal arbeide for godt samarbeid mellom skole og heim, og skal ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng.
Dagens utval vart oppnemnt av Kongen i statsråd 11. januar 2008, og har ei funksjonstid på fire år, til og med 2011.
FUGs mandat vart utvida frå 1. januar 2009 til også å gjelde for det første året for vidaregåande opplæring.
FUGs sekretariat vil rundt årsskiftet 2009–10 bli samlokalisert med Utdanningsdirektoratet. Dette skal gi praktiske fordelar, men skal ikkje påverke FUGs uavhengige stilling som rådgivande organ.
FUG har hatt ein monaleg ressursauke dei seinare åra, frå 5,7 mill. kroner i 2006 til 9,7 mill. kroner i 2009. Om lag halvparten av denne auken er gått til å styrkje drift og sekretariat. Om lag ein firedel er gått til å målrette og utvikle vidare informasjonsmateriell for å treffe målgruppene betre. FUG har i tillegg høgre reiseaktivitet no enn før for å nå ut til høgskolar med lærarutdanning.
Rapport for 2008–09
FUG har i si rolle som rådgivande organ for departementet og direktoratet gitt innspel i aktuelle saker. FUG har delteke i 30 ulike arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå.
FUG har sendt informasjonsmateriell retta mot både foreldre, lærarar og skoleleiarar til alle grunnskolar. FUG har gitt informasjon til skoleverket om den rolla foreldre har for opplæringa til elevane, dette for å auke kompetansen i heim–skole-samarbeid for dei tilsette i skolen. FUG har mellom anna halde 65 foredrag i 2008, primært på høgskolar med lærarutdanning og i kommunar, men òg på enkeltskolar.
FUG har arbeidd for at alle foreldre engasjerer seg i opplæringa, uavhengig av sosial bakgrunn, mellom anna ved å spreie kunnskap om samanhengen mellom foreldrestøtte og motivasjonen til elevane. FUG har gitt informasjon og rettleiing til foreldre, særleg tillitsvalde foreldre. På nettsidene fug.no og foreldrenettet.no ligg det mykje informasjonsmateriell for gratis nedlasting. Ein del av materiellet er oversett til ti ulike språk. FUG har òg gitt informasjon i 565 saker til personar som har teke kontakt på telefon og e-post.
Mål for 2010
Eit overordna mål er at samarbeidet mellom heim og skole skal komme alle elevar til gode, slik at dei får eit best mogleg utbytte av opplæringa. Eit godt samarbeid kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar mellom elevar og til å hindre fråfall.
For å nå dette målet skal FUG i 2010
medverke til å auke læringsutbyttet til elevane gjennom å arbeide for eit godt samarbeid mellom heim og skole
medverke til å auke kompetansen i heim–skole-samarbeid for dei tilsette i skolen
medverke til å få fleire foreldre engasjerte i opplæringa
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2009, med ei parallell justering for sletting av inntektskravet, jf. kap. 3221.
Kap. 3221 Foreldreutvalet for grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
02 | Salsinntekter o.a. | 148 | 276 | |
18 | Refusjon av sjukepengar | 23 | ||
Sum kap. 3221 | 171 | 276 |
FUG har gjennom fleire år hatt inntekter frå sal av informasjonsmateriell til foreldre og skolar. Det er eit mål at alt informasjonsmateriell blir lagt ut på nettet for gratis nedlasting, slik at det blir tilgjengeleg for så mange som mogleg. Departementet foreslår at det frå 2010 ikkje blir stilt inntektskrav til FUG.
Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 118 898 | 120 104 | 100 117 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 3 960 | 4 468 | 1 289 |
Sum kap. 222 | 122 858 | 124 572 | 101 406 |
Kapitlet omfattar
drift av skole og internat ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal
undervisnings- og internattenester ved dei kommunale sameskolane i Snåsa og Troms
drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino
lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark
Løyvinga på post 01 og post 45 har tidlegare omfatta drift av Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar. Løyvinga til drifta av denne skolen er flytt til kap. 229 post 01 og post 45.
Målet for løyvinga av midlar til dei samiske skolane er mellom anna å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur. Skolane følgjer Kunnskapsløftet – Samisk.
Etatsstyringsansvaret for dei statlege samiske skolane har vore delegert til Utdanningsdirektoratet frå det vart oppretta 15. juni 2004.
Rapport for 2008–09
Grunnskolar for samiske elevar
Sameskolen i Midt-Noreg hadde hausten 2008 15 faste elevar, mot ti året før. Ti av elevane budde på internatet. Skolen gav fjernundervisning i sørsamisk til 17 elevar.
Sameskolen i Snåsa hadde hausten 2008 elleve faste elevar, mot 21 elevar året før. Det var fem elevar som budde på internatet. Sameskolen gav også opplæring i sørsamisk til åtte elevar ved den nærliggjande ungdomsskolen. Dette var elevar som førre skoleår var elevar ved sameskolen, og det er grunnen til at elevtalet ved sameskolen vart redusert. Det er ein kommunalt finansiert barnehage for samiske barn ved skolen.
Sameskolen i Troms hadde hausten 2008 17 faste elevar, mot tolv elevar året før. Ti elevar budde på internatet.
Sameskolen i Midt-Noreg er statleg. Sameskolane i Snåsa og Troms er kommunale, men staten ved Utdanningsdirektoratet gir særskild økonomisk stønad til drift av skolane og tilhørande internat.
Det er ei utfordring for skolane å skaffe pedagogisk personale med formell undervisningskompetanse i samisk. Skolane tek i bruk ordninga med studieheimlar for å vidare- og etterutdanne lærarar, men har samstundes utfordringar med å skaffe vikarar med relevant kompetanse.
I tillegg til den ordinære undervisninga gir alle skolane tilbod om fjernundervisning i nord- eller sørsamisk. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein samla plan for fjernundervisning i dei tre samiske språka, nord-, sør- og lulesamisk. I St.meld. nr. 28 (2007–08) Samepolitikken heiter det at fjernundervisning er eit heilt vesentleg tilbod for elevar som er busette der samisk kompetanse ikkje er tilgjengeleg. I eit av tiltaka i meldinga står det at departementet vil arbeide for ordinær og føreseieleg drift av fjernundervisning på alle dei tre samiske språka (nord-, sør- og lulesamisk).
Samanlikna med fjernundervisning i nord- og sørsamisk er tilbodet i lulesamisk fjernundervisning minst utvikla. Lulesamisk språk er eit minoritetsspråk også i samisk samanheng, og er eit sterkt truga språk. Lulesamisk fjernundervisning blir derfor nå prioritert, og Utdanningsdirektoratet er tildelt kr 683 000 over kap. 222 i 2009 for å setje i gang eit lulesamisk pilotprosjekt. Midlane skal nyttast av Fylkesmannen i Nordland til å utvikle lulesamisk fjernundervisning i samsvar med Utdanningsdirektoratets plan for samisk fjernundervisning. Departementet tek sikte på å føre vidare pilotprosjektet med om lag 1,2 mill. kroner i 2010.
Samiske vidaregåande skolar
Hausten 2008 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 99 fulltidselevar fordelte på fire utdanningsprogram mot 118 elevar året før. Skolen gir også eksternt finansierte kurs, mellom anna retta mot regional næringsutvikling. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde hausten 2008 105 elevar i fem utdanningsprogram mot 83 elevar året før. Begge skolane held fram med ordninga med vertsfamiliar for dei yngste tilreisande elevane. Erfaring viser at tilbodet fører til lite fråvær, og at ein unngår studieavbrott. Begge skolane er opne for samiske elevar frå heile landet. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skolane tilbod om fjernundervisning i samisk.
Sommaren 2007 la ei arbeidsgruppe med representantar for Sametinget, Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet fram ein rapport om framtidig forvaltningsmodell for dei samiske vidaregåande skolane. I rapporten gjekk arbeidsgruppa samrøystes inn for å starte forhandlingar med fylkeskommunen om forvaltninga av skolane. Sametinget handsama rapporten i plenum i 2008 og vedtok å setje i verk eit utgreiingsarbeid for å setje Sametinget i stand til å ta over forvaltningsansvaret for skolane. På bakgrunn av Sametingets utgreiing vil Kunnskapsdepartementet i samarbeid med andre aktuelle departement ta stilling til korleis vidareføringa av skolane kan sikrast på best mogleg måte. Utdanningsdirektoratet har inntil vidare forvaltningsansvaret for skolane.
Rettsvilkårsavtale og ventelønn
I samband med tidlegare nedlegging av statlege skolar og statsinternat i Finnmark blir det utbetalt midlar til tidlegare tilsette ved desse skolane og statsinternata. Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for utbetaling av midlane. I 2009 vart det utbetalt om lag 1,1 mill. kroner til lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og om lag 1,5 mill. kroner til ventelønn for personale ved avvikla statsinternat i Finnmark.
Budsjettforslag for 2010
Løyvinga på post 01 og post 45 knytt til Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar er flytt til kap. 229, og postane er derfor reduserte tilsvarande, jf. omtale under kap. 229.
Elles blir løyvinga ført vidare på same nivå som i 2009.
Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Inntekter frå oppdrag | -1 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 8 478 | 5 571 | 4 309 |
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 1 704 | 1 498 | |
Sum kap. 3222 | 10 181 | 7 069 | 4 309 |
Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning.
Løyvinga på post 02 og post 61 har tidlegare omfatta inntekter knytte til Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar. Løyvinga til denne skolen er flytt til kap. 3229 post 02 og post 61.
Kap. 223 Samisk utdanningsadministrasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
50 | Tilskott til Sametinget | 31 887 | 33 290 | 34 355 |
Sum kap. 223 | 31 887 | 33 290 | 34 355 |
Sametinget vart oppretta i medhald av lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (samelova) for å etterleve Grunnlova § 110 a. Det politiske grunnlaget for samepolitikken til regjeringa er skildra i St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken. Regjeringa legg vekt på at internasjonale menneskerettskonvensjonar som Noreg har slutta seg til, og som har særskild aktualitet for samane, m.a. FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (særleg artikkel 27), ILO-konvensjonen nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, blir oppfylte. Spørsmål om samisk opplæring er regulert i opplæringslova kapittel 6, og Sametingets ansvar på opplæringsområdet går i første rekkje fram av § 6-4. I tillegg kjem dei generelle forskriftene i samelova.
Målet med tilskottet er å bidra med finansiering til drift av Sametingets utdanningsadministrasjon, utvikling og produksjon av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel, læreplanarbeid og -utvikling, og tilskott til råd og rettleiing til lærarar, kommunar og fylkeskommunar om samisk opplæring.
Rapport for 2008–09
Det er stadig stor mangel på samiske læremiddel. I 2009 vart det derfor oppretta ei arbeidsgruppe med representantar for Sametinget, Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet som skal vurdere dagens utvikling og produksjon av samiske læremiddel. På bakgrunn av vurderinga skal gruppa i ein rapport foreslå endringar som inneber ei effektivisering av utviklinga av læremiddel etter Rammeplan for barnehagen og Kunnskapsløftet – Samisk.
I Sametingets strategiske plan for læremiddelutvikling 2009–12 er det gjort prioriteringar av læremiddel på sør-, lule- og nordsamisk mellom anna på grunnlag av innspel frå skolar. Ein av strategiane for at læremidla skal nå ut til dei samiske elevane, er at læremidla skal vere gratis. Da Samisk utdanningsråd vart lagt ned i 1999, overtok Sametinget lageret av læremiddel, som i hovudsak omfatta supplerande opplæringsmateriell. Desse er blitt delte ut gratis til grunnskolar og vidaregåande skolar. Læremidla er også spreidde til skolar i Sverige og Finland, og til språksentra, bibliotek, bokbussar og høgskolar, i alt om lag 40 000 eksemplar. I tillegg har Sametinget gitt midlar til forlag slik at dei òg kan dele ut gratis dei læremidla dei har på lager. Sametinget understrekar at skoleeigar likevel har ansvaret for å tilby samiske elevar tilgjengelege samiske læremiddel.
I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) bad fleirtalet i komiteen Kunnskapsdepartementet om å vurdere tilsyn med korleis rettane til dei samiske elevane blir oppfylte, medrekna tilgangen til læremiddel. Kunnskapsdepartementet har i tildelingsbrevet til Utdanningsdirektoratet for 2009 bedd om at slike tilsyn blir gjennomførte. I 2009 har Utdanningsdirektoratet i samarbeid med Fylkesmannen i Nordland lagt opp ein strategi for korleis tilsynet skal gjennomførast, og ein instruks for tilsynet er under utarbeiding. Instruksen skal på lengre sikt kunne nyttast til å føre tilsyn i heile landet, men vil i første omgang bli testa ut i fire kommunar i Nordland og i ein til to kommunar i Troms og Finnmark. Det skal rapporterast på tilsynet i desse kommunane i januar 2010.
Ein handlingsplan for samiske språk vart lagd fram våren 2009. Det har vore gjennomført konsultasjon med Sametinget om tiltaka i planen, og Sametinget er og vil bli trekt inn i arbeidet med gjennomføringa av tiltaka.
Sametinget har delteke i arbeidet med utviklinga av fleire parallelle likeverdige og samiske læreplanar. Til dømes førte den nye læreplanen i religion, livssyn og etikk (RLE) til at Sametinget fremma forslag om parallell likeverdig læreplan i RLE – samisk. Den nye planen vart fastsett av departementet og teke i bruk i mars 2009.
Mål for 2010
Målet om at dei samiske elevane skal få raskare og betre tilgang til læremiddel på sitt eige språk, er høgt prioritert. I Sametingets strategiske plan for læremiddelutvikling er det vedteke å gi ut nye læremiddel gratis. Ein annan strategi er at det skal utviklast ressursskolar for læremiddelutvikling. Departementet vil halde oversikt over korleis tildelinga til samiske læremiddel blir nytta.
Kunnskapsdepartementet vil, i samarbeid med Sametinget og Utdanningsdirektoratet, vurdere behov for endringar i fag- og timefordelinga for elevar med samisk i fagkrinsen. I første omgang vil læreplanar og anna relevant regelverk bli gjennomgått.
Det skal bli utarbeidd rettleiingar til Kunnskapsløftet – Samisk.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga for 2010 blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Kap. 224 Senter for IKT i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 51 034 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 34 023 | ||
Sum kap. 224 | 85 057 |
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga gjeld drift av Senter for IKT i utdanninga.
I St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen vart det varsla at sentrale oppgåver innanfor IKT-feltet skulle samlast i eit nasjonalt senter for IKT i utdanninga. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009, jf. St.prp. nr. 67 (2008–2009), orienterte departementet om at UNINETT ABC, Utdanning.no og ITU – forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanninga, blir samla i eit nytt senter for IKT i utdanninga, og at dette senteret vil ta over oppgåver frå dagens verksemder. Einskilde oppgåver i Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet blir òg flytta til senteret. Senteret vil ha kontor i Tromsø og Oslo, med hovudkontor i Tromsø, og det blir etablert og sett i drift i 2010. Målgruppa er i hovudsak grunnopplæringa, barnehagesektoren og lærarutdanninga.
Eit hovudmål i grunnopplæringa er at alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og arbeidsliv. Bruk av digitale verktøy er ein slik grunnleggjande dugleik. Teknologien gir auka moglegheit til fleksibilitet og differensiering for barnehagebarn, elevar og lærlingar, og kan med det bidra til auka grad av opplevd meistring av læring. Stadig fleire elevar i vidaregåande opplæring får tilgang til sin eigen berbare PC, og til digitale tenester og læringsressursar. Grunnskolen følgjer etter. Samstundes rapporterer ITU Monitor 2009 at medan bruk av IKT i vidaregåande opplæring har auka samanlikna med 2007, har bruk av IKT i grunnskolen minka.
Digital kompetanse skal vere sentralt i opplæringa på alle nivå. Også barn i barnehagealder tek i bruk IKT. IKT i barnehagen er omtalt i St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen. Ei utfordring for barnehagane vil vere å leggje til rette for at barna lærer å nytte denne teknologien på ein god og konstruktiv måte.
Mål for 2010
Senter for IKT i utdanninga skal bidra til å realisere og utvikle departementets politikk på feltet og skal samarbeide med relevante offentlege og private verksemder. Viktige initiativ og tiltak som er sett i verk, må følgjast opp. Senteret skal vere ein brubyggjar og eit nav for samarbeid om IKT i og for utdanninga, og arbeide saman med mellom fleire Utdanningsdirektoratet og dei nasjonale sentra for å setje sektoren i stand til å nytte IKT meir effektivt for betre læringsutbytte og læringsstrategiar. Senteret skal delta i internasjonalt samarbeid.
Norske utdanningsinstitusjonar treng å få del i kunnskap om korleis IKT kan nyttast til betre undervisning og læring. Senteret skal utvikle og spreie kunnskap basert på forsking om bruk av IKT i utdanninga, mellom anna vurdere ny teknologi og digitale medium med tanke på å analysere deira pedagogiske potensial. Senteret skal fremme digital dømmekraft i sektoren og følgje opp arbeid med universell utforming av IKT.
Senteret skal arbeide for at IKT bidreg til auka kvalitet, styrkt læringsutbytte og betre læringsstrategiar hos norske elevar, lærlingar og studentar. Ei viktig oppgåve blir å arbeide for å styrkje digital kompetanse for elevar, lærlingar og studentar uavhengig av deira sosiale bakgrunn og bustad. Eit utgangspunkt vil vere å styrkje arbeidet med innføring og fagleg bruk av IKT i utdanninga ut frå læreplanar og andre styrande dokument, og bidra til at IKT blir ein drivar for pedagogisk innovasjon.
Ein god og driftssikker infrastruktur er ein føresetnad for at teknologien skal kunne nyttast i opplæringa. Senteret skal greie ut om og kvalitetssikre læringsteknologiske løysingar og profesjonelle driftsløysingar for sektoren og sikre utvikling av infrastruktur for IKT i grunnopplæringa. Senteret skal følgje opp arbeidet med ei nasjonal identitetsforvaltning for utdanningssektoren basert på Feide, og delta i arbeidet med identitetsforvaltning i offentleg sektor.
Senteret skal samle og gjere tilgjengeleg informasjon om utdanning og yrke, og gi støtte for val av utdanning og karriere.
Senteret skal fremme utvikling av IKT i utdanninga av lærarar og førskolelærarar, samt andre tilsette i barnehagane.
Budsjettforslag for 2010
For 2010 blir det foreslått å flytte 1,7 mill. kroner frå kap. 220 post 01, 79,7 mill. kroner frå kap. 226 post 21 og 3,7 mill. kroner frå kap. 226 post 70 til nytt kap. 224 Senter for IKT i utdanninga, post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter. Det blir med dette foreslått ei totalløyving på 85,1 mill. kroner i 2010.
Kap. 3224 Senter for IKT i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Inntekter frå oppdrag o.a. | 1 000 | ||
Sum kap. 3224 | 1 000 |
Senter for IKT i utdanninga vil truleg ha inntekter, og departementet foreslår at inntektskravet blir sett til 1 mill. kroner. Departementet kjem tilbake med nivå på inntektene i revidert nasjonalbudsjett for 2010.
Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 131 409 | 136 690 | 131 110 |
60 | Tilskott til landslinjer | 156 405 | 163 287 | 168 512 |
63 | Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast | 44 527 | 47 505 | 49 787 |
64 | Tilskott til opplæring av barn og unge asylsøkjarar | 59 794 | 188 379 | 261 618 |
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring | 31 134 | ||
66 | Tilskott til leirskoleopplæring | 34 460 | 38 926 | 40 172 |
67 | Tilskott til opplæring i finsk | 7 333 | 8 973 | 9 260 |
68 | Tilskott til opplæring i kriminalomsorga | 175 611 | 183 338 | 216 404 |
69 | Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma | 324 033 | 333 695 | 244 861 |
70 | Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov | 12 323 | 8 698 | 18 976 |
71 | Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane | 10 237 | 9 121 | 9 413 |
72 | Tilskott til internasjonale utdanningsprogram | 4 257 | 3 310 | 3 310 |
73 | Tilskott til studieopphald i utlandet | 8 759 | 9 144 | 9 437 |
74 | Tilskott til organisasjonar | 10 946 | 14 928 | 15 406 |
Sum kap. 225 | 1 011 228 | 1 145 994 | 1 178 266 |
Post 01 Driftsutgifter
Målet med løyvinga er å finansiere gjennomføringa av sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring samt den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.
For skoleåret 2008–09 har løyvinga finansiert arbeid knytt til utarbeiding og gjennomføring av desse prøvene. Løyvinga har òg finansiert utarbeiding av eksempeloppgåver til eksamen, vurderingsrettleiingar, skolering av fagnemnder og sensorar, gjennomføring av førehandssensur, sentral sensur og klagebehandling. Delar av løyvinga har vore nytta til fagleg utviklingsarbeid i samband med prøveadministrasjons- og prøvegjennomføringssystemet (PAS/PGS).
Våren 2009 var over 60 000 elevar oppe til eksamen i grunnskolen. I vidaregåande opplæring var det 156 000 avlagde eksamenar, og om lag 2 800 sensorar deltok i vurderingsarbeidet. Totalt vart om lag 30 pst. av eksamenssvara leverte elektronisk i PGS.
Kvart år blir det gjennomført evaluering av nokre utvalde fag, og for 2009 skal eksamen i matematikk for grunnskolen og vidaregåande opplæring evaluerast.
Budsjettforslag for 2010
I 2008 og 2009 vart det gjennomført eksamen både etter læreplanen L97 og læreplanen for Kunnskapsløftet. I 2010 blir omfanget av eksamen noko mindre på grunn av utfasing av dei gamle ordningane, og det skal ikkje utarbeidast fleire eksempeloppgåver til eksamen innanfor Kunnskapsløftet. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 7,1 mill. kroner.
Post 60 Tilskott til landslinjer
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å gi elevar frå heile landet eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring. Det er Stortinget som har fastsett kva kurs som har status som landslinjer.
Tilskottet skal gå til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr. Følgjande kurs og skolar får tilskott:
Flyfag ved Skedsmo videregående skole, Sola videregående skole, Bodø videregående skole og Bardufoss videregående skole.
Avionikerfaget ved Skedsmo videregående skole, Sola videregående skole og Bodø videregående skole.
Romteknologi ved Andøy videregående skole.
Anleggsteknikk og anleggsmaskinmekaniker ved Solør videregående skole avd. Våler, Blakstad videregående skole, Time videregående skole, Os videregående skole, Fauske videregående skole og Kirkenes videregående skole.
Yrkessjåfør ved Solør videregående skole avd. Våler, Hønefoss videregående skole, Notodden videregående skole, Blakstad videregående skole, Sauda videregående skole, Os videregående skole, Sogndal vidaregåande skule, Kristiansund videregående skole, Ole Vig videregående skole, Hadsel videregående skole og Alta videregående skole.
Folkemusikk ved Vinstra videregående skole.
Ur- og instrumentmaker ved Kongsberg videregående skole.
Idrettslinjene alpint, snowboard og langrenn ved Setesdal videregående skole avd. Hovden, hopp og kombinert ved Heimdal videregående skole, kombinert ved Steinkjer videregående skole, alpint og telemark ved Oppdal videregående skole, langrenn ved Meråker videregående skole, alpint ved Narvik videregående skole avd. Frydenlund, langrenn ved Nordreisa videregående skole.
Naturbruk med fordjuping økologisk landbruk ved Sogn jord- og hagebruksskule.
Sportsfiske som næring og hobby ved Grong videregående skole.
Departementet tek sikte på å utvide talet på plassar ved landslinjene for skiidrett ved Meråker videregående skole og ved Nordreisa videregående skole med ti plassar kvar frå hausten 2010. Meråker videregående skole får da ein kapasitet på til saman 70 plassar, mens Nordreisa videregående skole får ein kapasitet på til saman 35 plassar på skiidrett. Samtidig tek departementet sikte på å opne for at alle landslinjeplassane for skiidrett ved desse to skolane skal kunne nyttast fritt mellom langrenn og skiskyting.
Elevlister frå fylkeskommunen skal vise at fylkeskommunen har oppretta landslinjetilbod og dermed har oppfylt vilkåra for tilskott.
Frå 2009 tek Utdanningsdirektoratet over utbetaling av tilskott til utstyr til landslinjene. Fram til 2009 har KS utbetalt dette utstyrstilskottet til fylkeskommunen.
Satsane per elev for landslinjene i 2010 blir som følgjer:
Tabell 4.1 Landslinjesatsar per elev per år
Landslinje | Sats |
---|---|
Skiidrett | kr 64 600 |
Folkemusikk | kr 80 800 |
Økologisk landbruk | kr 132 600 |
Anleggsfag | kr 114 200 |
Flyfag/avionikk/romteknologi | kr 107 700 |
Yrkessjåfør | kr 118 500 |
Sportsfiske | kr 64 600 |
Ur- og instrumentmakar | kr 107 700 |
Rapport for 2008–09
Kapasiteten i skoleåret 2008–09 var på om lag 1 400 heilårselevplassar. Hausten 2008 var det totalt 1 104 elevar ved landslinjene. Om lag 52 pst. av desse kom frå eige fylke. Våren 2009 var det totalt 1 062 elevar ved landslinjene. Av desse kom 53 pst. av elevane frå vertsfylka og om lag 47 pst. frå andre fylke.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare i 2010 på same nivå som i 2009.
Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast
Om ordninga
Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for samisk i grunnskolen, ei ordning med samiske studieheimlar for lærarar i grunnskolen og ei ordning for samisk i den vidaregåande opplæringa.
Målet med tilskottsordninga er å bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og private skolar som tilbyr samiskopplæring for samiske elevar i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova. Opplæringa skal følgje læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk. Elevane får opplæring i samisk som førstespråk (Samisk 1) eller samisk som andrespråk (Samisk 2/Samisk 3).
Tilskottet kan òg utbetalast til kommunar som ønskjer å styrkje kompetansen i samisk for lærarar i grunnskolen.
Rapport for 2008–09
Tabellen under viser at det dei siste åra har vore ein liten auke i talet på grunnskoleelevar som vel samisk som førstespråk. Samtidig har det vore ein liten nedgang i talet på elevar som vel samisk som andrespråk.
Tabell 4.2 Tal på grunnskoleelevar som vel samisk som første- og andrespråk i perioden 2006–09
Skoleår | 2006–07 | 2007–08 | 2008–09 |
---|---|---|---|
Samisk som førstespråk | 1 020 | 1 027 | 1 043 |
Samisk som andrespråk | 1 652 | 1 515 | 1 474 |
Totalt | 2 672 | 2 542 | 2 517 |
Tala inkluderer elevar som utløyser tilskott over kap. 222.
Kjelde: GSI (Grunnskolens informasjonssystem)
Talet på tildelte studieheimlar har vore på om lag same nivå dei siste åra.
Våren 2009 fekk i alt 242 elevar/lærlingar opplæring i samisk i vidaregåande opplæring ved fylkeskommunale skolar. Dette er ein reduksjon i høve til 2008, da 288 elevar/lærlingar fekk slik opplæring.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å auke posten med om lag 2,3 mill. kroner i 2010 mellom anna som følgje av eit auka løyvingsbehov grunna endring i gruppesamansetjing og innlemming av ny forvaltningskommune.
Post 64 Tilskott til opplæring av barn og unge asylsøkjarar
Om ordninga
Opplæringslova § 2-1 gir barn og unge rett og plikt til grunnskoleopplæring. Målet med tilskottet er å bidra med finansiering til kommunar slik at barn og unge asylsøkjarar i statlege asylmottak og einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter får grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 2-1, 2. ledd. Tilskottet skal nyttast til opplæring av barn og unge i grunnskolealder og ungdom i alderen 16–18 år som ikkje har utdanning tilsvarande norsk grunnskole.
Under denne posten er det frå og med 2009 to tilskottsordningar: ei ordning for grunnskoleopplæring av barn og unge asylsøkjarar i statlege asylmottak og ei ordning for grunnskoleopplæring av einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssentra. Sats for opplæring i mottak er i 2010 sett til kr 68 911 per barn per skoleår i ti månader, og sats for opplæring i omsorgssenter er sett til kr 149 958 per barn per skoleår i ti månader. Definisjonen av omsorgssenter i denne samanhengen er omsorgssenter som er oppretta av Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) for å ta vare på rettane til einslege mindreårige asylsøkjarar, jf. barnevernlova § 5A-1.
For begge ordningane blir det gitt tilskott på grunnlag av talet på barn og unge i opplæring den første i kvar månad (i ti månader per år).
Talet på asylsøkjarar varierer mykje frå år til år. I 2010 er det venta ein auke i belegg både ved statlege asylmottak og ved omsorgssentra. For statlege asylmottak er det forventa eit gjennomsnittleg belegg på om lag 18 600 personar. Erfaringsmessig er om lag 15 pst. av desse barn og unge som blir omfatta av tilskottsordninga. For omsorgssentra er det forventa eit gjennomsnittleg belegg på om lag 320 einslege mindreårige asylsøkjarar.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 261,6 mill. kroner på posten i 2010. Dette utgjer ei auking på om lag 73,2 mill. kroner frå saldert budsjett for 2009.
Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring
Om ordninga
Etter opplæringslova § 2-3 første ledd kan ein del av undervisningstida brukast til leirskoleopplæring. Med leirskoleopplæring i denne samanhengen er det meint leirskoleopplæring ved bemanna leirskole eller annan aktivitet med ei varigheit på minst tre overnattingar i samanheng. Med «annan aktivitet» er det her meint eksempelvis ekskursjonar eller turar som er ein del av grunnopplæringa.
Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Tilskottet skal bidra til å dekkje lønnsutgifter til lærarane. Målgruppa for tilskottsordninga er elevar ved kommunale grunnskolar, samt elevar ved institusjonar der fylkeskommunen er ansvarleg for grunnskoleopplæringa. Midlar til leirskoleopphald for elevane er lagde inn i rammetilskottet til kommunane.
Elevar kan få eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskolen, dvs. at kommunane berre kan søkje om tilskott for eitt leirskoleopphald per elev i løpet av grunnskolen. Tilskott blir gitt når elevane har gjennomført leirskoleopplæring med minst tre overnattingar i samanheng til fastsette satsar for budsjettåret.
Kommunane skal sende opplysningar, som elevlister og talet på elevar i grunnskolen totalt, til Fylkesmannen.
Rapport for 2008–09
Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at om lag 10,5 pst. av alle elevane i grunnskolen planla å reise på leirskole i skoleåret 2008–09. Dette talet har lege på om lag ti pst. sidan 2001. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. planlegg å reise på leirskole kvart år, tyder dette på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga i statsbudsjettet for 2010 blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Post 67 Tilskott til opplæring i finsk
Om ordninga
Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei for opplæring i grunnskolen, ei for vidaregåande opplæring og ei ordning for finske studieheimlar i grunnskolen.
Målet med tilskottet til grunnskolen er å bidra med finansiering til kommunar og private skolar i Troms og Finnmark som gir elevar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Tilskottet kan òg utbetalast til kommunar som ønskjer å styrkje kompetansen i finsk for lærarar i grunnskolen. Det er vidare eit mål å gi finskopplæring til elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn i vidaregåande opplæring som ønskjer det, og det blir gitt tilskott til fylkeskommunar og private skolar som gir slik opplæring.
Rapport for 2008–09
Tabellen under viser ein tendens til nedgang i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk dei siste åra. Frå skoleåret 2005–06 til skoleåret 2008–09 har vi ein nedgang på om lag 18 pst.
Tabell 4.3 Utviklinga i talet grunnskoleelevar med finsk som andrespråk
Skoleår | 2005–06 | 2006–07 | 2007–08 | 2008–09 |
---|---|---|---|---|
Tal på elevar | 998 | 894 | 840 | 826 |
Endring frå året før | -10% | -6% | -2% |
Kjelde: GSI (Grunnskolens informasjonssystem)
Talet på tildelte studieheimlar har vore på om lag same nivå dei siste åra.
I vidaregåande opplæring vart det våren 2009 gitt opplæring i finsk til 23 elevar, mot 26 elevar året før. Talet på elevar har vore forholdsvis stabilt dei siste åra (rundt 25).
Tilskottsordninga er under evaluering i 2009. Evalueringa skal mellom anna gi ei vurdering av årsakene til nedgangen i talet på elevar som får opplæring i finsk.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga for 2010 blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å bidra med finansiering til fylkeskommunane slik at det blir gitt opplæring på grunnskolenivå til innsette eller lauslatne som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til innsette eller lauslatne som har rett til og ønskjer det. Fordi mange har kort soningstid, eller sit i varetekt, er ofte formalkompetansegivande kurs i høve til læreplanar ikkje eit reelt tilbod. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for å gi alle fangegrupper eit opplæringstilbod, er det også ei målsetjing å tilby kurs som ikkje er formelt kompetansegivande.
Rapport for 2008–09
Frå 2007 til 2008 har talet på opplæringsplassar auka frå 1 278 til 1 386. I 2006 var talet på opplæringsplassar 1 068. Auken har samanheng med at det har blitt etablert opplæring i ti fengsel som tidlegare ikkje hadde skole. Det er no opplæring i alle fengsel som skal ha eit opplæringstilbod, og det er etablert oppfølgingsklassar ti stader i landet. Dette har også gitt stor auke i talet på lærarar. I 2008 var det tilsett 405 lærarar som utgjorde 257 årsverk. Om lag 7 500 personar (7 000 i fengsel og 500 i oppfølgingsklassar) tok del i ei eller anna form for opplæring i løpet av 2008. Hovudtyngda av elevane (64,7 pst.) var i alderen 23–40 år. Fleire enn før tok ei eller anna form for eksamen (1 100 i 2008 mot 644 i 2007). Det var ein auke i talet på elevar som tok delkompetanse frå 239 i 2007 til 678 i 2008. Det vart også teke fleire eksamenar enn tidlegare år innanfor vidaregåande opplæring, frå 682 i 2007 til 829 i 2008. Utdanningsdirektoratet la i 2006 fram ein plan for oppfølging av St.meld. nr. 27 (2004–2005) Om opplæringen innenfor kriminalomsorgen «Enda en vår». Det er sett i gang fleire prosjekt for å utvikle og forbetre opplæringa. Mellom anna har Vox etter oppdrag frå Fylkesmannen i Hordaland ansvaret for eit nasjonalt prosjekt om realkompetansevurdering. Prosjektet varer ut 2010.
Vidare har Fylkesmannen i Hordaland sett i gang eit prosjekt om fjernundervisning / nettstøtta læring for å få fleire og meir fleksible opplæringstilbod. Dette prosjektet blir ferdig i 2011. Både dette prosjektet og Realkompetanseprosjektet blir evaluerte.
Digital kompetanse er ein av dei fem grunnleggjande dugleikane i læreplanane for Kunnskapsløftet. Det er viktig å få til ei fullgod opplæring også på dette området i kriminalomsorga. I samarbeid med Justisdepartementet er det lagt ein plan for bruk av IKT og tilgang til Internett i opplæringa i kriminalomsorga som sikrar både dei pedagogiske og dei tryggingsmessige løysingane. Innan utgangen av 2010 skal alle skolane og fengsla vere tilknytte denne løysinga.
For å få ei betre oppfølging av straffedømde etter avslutta soning, har Fylkesmannen i Hordaland etablert prosjektet Tilbakeføring gjennom utdanning og arbeid i Rogaland og Troms. Prosjektet tilsvarer det svenske KrAmi-prosjektet. Dette er eit samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene, kriminalomsorga, NAV, kommunane og frivillige organisasjonar. For å få eit godt erfaringsgrunnlag vil prosjektperioden bli utvida til å vare ut 2011.
I mai 2009 vart det gjennomført ei ny kartlegging av utdanninga, kompetansen og utdanningsbehovet til innsette i alle fengsla. Rapporten frå denne kartlegginga vil bli lagt fram hausten 2009.
Budsjettforslag for 2010
Justisdepartementet har under etablering Halden fengsel som blir sett i drift frå 1. april 2010. I tillegg til utgifter på budsjettet til Justisdepartementet medfører dette eit meirbehov også på denne posten. Departementet foreslår å styrkje løyvinga på posten med om lag 26,4 mill. kroner i 2010.
Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma
Målet med tilskottsordninga er å kompensere kommunane for meirutgifter til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringar. Den samla investeringsramma var fastsett til 5 182,9 mill. kroner.
Ordninga med kompensasjon for investeringar i skolebygg vil halde fram til 2017. Per 31. desember 2009 er samla restgjeld på 1 610,1 mill. kroner, og per 31. desember 2010 vil restgjelda vere på 1 397,8 mill. kroner.
Investeringskompensasjonen er basert på den effektive renta på ni månaders statskassevekslar per 1. juli kvart år, med ein margin på 0,5 prosentpoeng. I 2009 var rentesatsen for ordninga 6,7 pst., og for 2010 er han fastsett til 2,0 pst. På grunn av endringa i rentesatsen foreslår departementet at løyvinga på posten blir redusert med 88,8 mill. kroner i 2010 i høve til saldert budsjett for 2009.
Post 70 Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Særskilde behov viser her til manglande evne til å få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. I tillegg skal tilskottsordninga stimulere lærebedrifter til å gi kandidatar som er omfatta av forsøksordninga med praksisbrev, høve til å oppnå praksisbrev. Dette skal bidra til å styrkje ungdommens høve til å jobbe i det ordinære arbeidslivet.
Rapport for 2008–09
I 2008 vart det registrert 186 søknader om tilskott frå bedrifter mot 92 søknader i 2007, dvs. ein auke i søknader på om lag 50 pst. Søknader om tilskott for lærekandidatar, som vart innlemma i ordninga frå hausten 2007, utgjer om lag ein tredel av søknadene. Talet på søknader auka vidare utover våren 2009. I regjeringa sin tiltakspakke i 2009, jf. St.prp. nr. 37 (2008–2009) vart posten styrkt med 10 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet forventar ein tilsvarande auke i talet på søknader i 2010 som i 2009.
Budsjettforslag for 2010
For å møte det auka behovet på posten foreslår departementet at posten blir styrkt med 10 mill. kroner.
Post 71 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt. Tilskottsmottakar er Norsk kulturskoleråd, og målgruppa er musikk- og kulturskolar som gjennomfører prosjekt for å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane.
Rapport for 2008–09
I 2008 vart det gitt tilskott til treårige regionale nettverksprogram som Kreativt Oppvekstmiljø (KOM!) og Kulturskolefokus i ti fylke fordelte på 131 kommunar. Andre tiltak var Kulturskoledagane på Hell med rundt 550 kulturskolelærarar og leiarar, IKT utviklings- og informasjonsarbeid, utvikling av eit leiarprogram for kulturskoleleiarar, Norsk Ungdomssymfoniorkester og Norsk Barnesymfoniorkester med til saman 165 ungdommar frå heile landet, fylkesutstillingar og workshops innanfor visuelle kunstfag, web-basert etterutdanningstilbod i musikkteknologi i samarbeid med Noregs musikkhøgskole, Ungdommens Musikkmesterskap med 250 av landets fremste, unge utøvarar innanfor klassisk musikk. Utviklingsmidlane har også vorte brukte til fagkoordinatorar innanfor kunstfaga og arbeid med Den kulturelle skolesekken. Dei lokale utviklingsmidlane vart i 2008 fordelte til 31 kommunar etter søknad.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram
Om ordninga
Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU-programma på området utdanning og opplæring. Midlane på denne posten skal dekkje Noreg sitt bidrag til Cedefop, utgifter til nasjonal ekspert og nasjonal drift av Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP). Tilskottet vil medverke til at Noreg tek del i forpliktande samarbeid på tvers av landegrensene for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning. Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.
Kontingent til Cedefop
Cedefop er EUs utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring. Aktivitetane som er underlagde Cedefop, har som målsetjing å auke kunnskapen og kompetansen innanfor grunnleggjande yrkes- og profesjonsopplæring på alle nivå og auke kvaliteten på og tilgangen til etter- og vidareutdanning. Det er utbetalt kontingent til Cedefop, med fråtrekk for den nasjonale eksperten, etter fastsett regelverk.
Nasjonal ekspert
Den nasjonale eksperten er tilsett ved Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU), og det er EU som disponerer eksperten etter avtale. Tilskott blir utbetalt til SIU for å dekkje utgifter til den nasjonale eksperten etter fastsett regleverk.
Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP)
Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP) er ei parlamentssamling for ungdom frå over 30 land i Europa der globale og europeiske spørsmål blir diskuterte. Noreg har delteke i dei årlege sesjonane med ti ungdommar og to vaksne sidan EUP vart oppretta i 1987. Tilskottet til EUP skal dekkje utgifter til deltaking i EUP og drift av ein nasjonal komité. Ein del av løyvinga skal dekkje utgifter til informasjon om EUP, uttak av deltakarskolar og deltaking i nasjonale og internasjonale sesjonar i EUP.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga for statsbudsjettet for 2010 blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å leggje til rette for at ungdom frå Noreg kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land, og auka identitetsforståing. I tillegg skal ordninga gi fransklærarar frå Noreg høve til fagleg og kulturell oppdatering gjennom studieopphald i Frankrike. Kriterium for måloppnåing er at ungdom frå Norge får skolegang eller eit studieopphald i utlandet, og at fransklærarar frå Norge får studieopphald i Frankrike.
Franske lycé
Ungdom frå Noreg er gitt høve til å ta treårig vidaregåande utdanning (lycé) og fransk baccalauréat i Rouen, Bayeux og Lyon. I tillegg er det mogleg å ta eittårig utdanning tilsvarande Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering og toårig utdanning innanfor faga kokk, servitør og akvakultur. Målet er å gi ungdom frå Noreg høve til å lære landet, folket og kulturen å kjenne, samtidig som dei lærer å meistre språket og får ei utdanning.
Tyske stipend
Kvart år tilbyr tyske styresmakter fleire stipend til å delta på kurs i Tyskland. Målet er å gi elevar frå Noreg høve til å bli kjende med landet og kulturen samtidig som dei får praktisk språktrening.
United World Colleges (UWC)
United World Colleges (UWC) er ei internasjonal rørsle som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Ungdommar frå Noreg kan få plass ved ein av ti skolar der utdanninga tilsvarer dei to siste åra på vidaregåande skole. Elevane bur på internat saman med ungdom frå alle delar av verda og får Internasjonal Baccalauréat (IB) etter fullført skolegang.
Trollstipend
I avtalen om økonomisk, industrielt og vitskapleg samarbeid (Trollavtalen) frå 1986 har Noreg forplikta seg til å setje av eit beløp til stipend for fransklærarar frå Noreg, elevar i grunnskolen og elevar i den vidaregåande skolen. Stipenda skal brukast til studieopphald i Frankrike.
Rapport for 2008–09
Hausten 2008 gjekk 56 elevar frå Noreg på dei treårige franske vidaregåande skolane. Det kom inn 43 nye søknader for hausten 2008, og 19 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 22 elevar per årskull til dei tre skolane.
I 2008 vart det gitt tyske stipend til 17 elevar fordelte på fem heilstipend og tolv delstipend.
Hausten 2008 gjekk 76 elevar på UWC fordelte på to årskull. Det kom inn 132 nye søknader for hausten 2008, og 40 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 40 elevar per årskull til skolane.
I 2008 vart individuelle Trollstipend gitte til 28 lærarar. 536 elevar frå grunnskolen og den vidaregåande skolen reiste saman med 55 lærarar på studieopphald og skoleutveksling med støtte frå Trollstipend.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga for statsbudsjettet for 2010 blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Post 74 Tilskott til organisasjonar
Målet med tilskottsordninga er å stimulere offentlege og frivillige organisasjonar til å setje i verk tiltak, som på ulike måtar medverkar til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø, i opplæringa i tråd med strategiar og tiltak slik dei er formulerte i programkategori 07.20 og i kap. 226.
Disponeringa av tilskottet blir fastsett i departementet, ut frå føringar for løyvinga, faglege vurderingar og i høve til den totale løyvinga på posten.
Rapport for året og revisorattestert årsrekneskap skal kontrollerast for å vurdere om verksemda til organisasjonen er i samsvar med målsetjinga for tilskottordninga.
Rapport for 2008–09
I 2009 er det gitt tilskott til Norsk kulturskoleråd, Det norske hageselskap, Landslaget for nærmiljøskolen, Noregs Mållag, Rådet for folkemusikk og folkedans, Kristent Pedagogisk Forbund, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Norsk handverksutvikling, International Baccalaureate Organization, Elevorganisasjonen, Landslaget for norskundervisning, Friluftsrådets Landsforbund, Foreningen Norden, Magasinett og Pirion og Landslaget for fysisk fostring i skolen.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 20 311 | 118 589 | 141 275 |
Sum kap. 3225 | 20 311 | 118 589 | 141 275 |
Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir foreslått løyvd på kap. 3225 post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er i 2010 på om lag 141,3 mill. kroner.
Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 957 224 | 1 016 411 | 1 043 566 |
70 | IKT-tiltak, kan nyttast under post 21 | 3 475 | 3 628 | |
Sum kap. 226 | 960 699 | 1 020 039 | 1 043 566 |
Kap. 226 omfattar løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, og til kvalitetsvurdering, dokumentasjon og analyse som grunnlag for kvalitetsutvikling. Løyvingane er i hovudsak knytte til utprøvingar og utviklingsprosjekt for å styrkje praksis og elevanes læringsutbytte eller til tiltak på områda kompetanseutvikling, lærings- og oppvekstmiljø og internasjonalt arbeid. Den største delen av midlane blir nytta til kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar.
Dei nasjonale sentra driv rettleiing og informasjonsarbeid knytt til sentrale fag og tema i opplæringa. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for den faglege styringa av sentra og kan delegere oppgåver til desse. Sentra har fått delegert ansvaret for nasjonale strategiar og for å gjennomføre tiltaka i strategiane. Ein del av midlane på kap. 226 blir stilt til disposisjon for dei nasjonale sentra. Direktoratet har òg ansvaret for å utbetale midlar til vitensentra.
Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa må baserast på eit solid kunnskapsgrunnlag om utviklinga og behova i sektoren. Ein del av midlane på kap. 226 blir derfor òg nytta til dokumentasjons- og analysearbeid og til evalueringar som følgjer dei ulike utprøvingane og tiltaka som blir sette i verk. Kapitlet finansierer òg større praksisretta forskingsprogram og utdanningsforsking og tiltak som er knytte til grunnopplæring for vaksne. Kap. 226 må sjåast i samanheng med omtale på kap. 220 post 01 driftsutgifter, Utdanningsdirektoratet. Deler av løyvinga på kap. 226 gjeld barnehageformål.
Departementet følgjer med dette budsjettet opp tiltaka som er presenterte i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen og i St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja, jf. kategoriinnleiinga.
Rapport for 2008–09
Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
Læreplanar
Dei siste læreplanane under Kunnskapsløftet vart fastsette og publiserte i 2008. Læreplanar for Kunnskapsløftet er fortløpande registrerte i læreplandatabasen Grep og publiserte på www.udir.no/grep. Læreplanane er i all hovudsak positivt tekne imot i sektoren. Samstundes har det vore behov for støtte og rettleiing til skolar, lærarar og instruktørar i det lokale arbeidet med læreplanane. Det er derfor utvikla ei generell rettleiing for lokalt arbeid med læreplanar, og fagspesifikke rettleiingar i norsk, matematikk og kroppsøving låg føre til skolestart hausten 2009. Fleire rettleiingar er under utvikling.
Kompetanseutvikling
Kompetanseutvikling har vore eit prioritert område for kvalitetsutvikling. 2008 var siste året i strategiperioden for Kompetanse for utvikling 2005–2008.
Arbeidet med å etablere eit varig system for vidareutdanning for lærarar er starta opp i 2009 ved at det er oppretta gratis studieplassar på ulike høgskolar og universitet innanfor dei prioriterte områda i strategien Kompetanse for kvalitet. 1 460 studieplassar er fordelte mellom fylka og blir disponerte av fylkesmennene. Fylkesmennene har fått tildelt totalt 80 mill. kroner til vikarutgifter. Fylkesmennene har fordelt studieplassane og vikarmidlane til skoleeigarane på grunnlag av søknader våren 2009. Det var færre søkjarar enn tiljengelege studieplassar innanfor dei praktisk-estetiske faga og samisk. I alt har 1034 lærarar fått tildelt gratis studieplass. Departementet er i dialog med strategipartane for å auke deltakinga.
Det er løyvt 170 mill. kroner til etterutdanning for lærarar og rådgivarar innan fem prioriterte område (leseopplæring, rekneopplæring, rådgiving, elevvurdering og bruk av IKT i faga). Vidare er det løyvt 72 mill. kroner til etterutdanning for aktørar i fag- og yrkesopplæringa innan områda læreplanforståing, vurdering og rettleiing. Målgruppa for etterutdanninga er yrkesfaglærarar, faglege leiarar og instruktørar i lærebedrift, prøvenemnder og klagenemnder for fag- og sveineprøver. Etterutdanningstilboda er drøfta med Samarbeidsrådet for yrkesopplæringa (SRY).
I St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen varsla departementet at det skal opprettast ei skoleleiarutdanning for nytilsette rektorar og andre rektorar som manglar slik utdanning. Søknadsfristen for opptak til utdanninga var 1. september 2009. Det har vore stor interesse for tilbodet frå heile landet, og om lag 200 av dei 300 søkjarane har fått tilbod om studieplass. Alle søkjarar som har virka som rektor i mindre enn to år har fått plass.
Støtte og rettleiing
I programmet Kunnskapsløftet – fra ord til handling har det overordna målet vore å setje fleire skolar i stand til å forbetre læring og læringsmiljøet til elevane. Til saman har programmet hatt 100 prosjekt med om lag 270 skolar og 40 barnehagar. Dei første 28 prosjekta har avslutta arbeidet sitt i 2009, og sluttrapportane fortel om eit omfattande og systematisk utviklingsarbeid. Rapportane viser òg at skoleutvikling tek tid og krev modning. Ein aktiv skoleeigar og ei skoleleiing som tek grep, har vore viktige premissar for vellykka utviklingsprosjekt, i tillegg til at kompetansemiljøa har spelt ei avgjerande rolle. Sluttrapportane viser vidare at ståstadsanalysen og organisasjonsanalysen blir opplevde som relevante og viktige verktøy dersom dei blir brukte etter føresetnadene. Det er utvikla eit nettverk for ekstern skolevurdering i regi av programmet, og nye vurderingsregionar har fått opplæring i ekstern skolevurdering.
Etablering av rettleiarkorpsa har bakgrunn i St. meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen. Rettleiarkorpsa skal styrkje arbeidet retta mot skoleeigarar og skolar som treng hjelp for å komme i gang med forbetring av læreprosessane i skolen, slik at fleire elevar lærer meir, læringsmiljøet blir betre og fleire elevar gjennomfører og består vidaregåande opplæring. Målet er at rettleiinga skal gjere skoleeigar og skolane betre i stand til sjølve å drive utviklingsarbeid ut frå dei behova som blir avdekte, til dømes gjennom resultat frå nasjonale prøver, elevundersøkinga eller andre undersøkingar.
Rettleiinga starta opp som eit prøveprosjekt ved skolestart hausten 2009 for eit utval skolar og skoleeigarar i Vest-Agder og Hordaland. På bakgrunn av dei erfaringane som blir gjorde i prøveprosjektet, vil ordninga bli utvikla vidare før ho blir utvida og gjort landsdekkjande. Tilbod om bistand til skoleutvikling vil bli gitt til barne- og ungdomsskolar, vidaregåande skolar, kommunar og fylkeskommunar. Arbeidet til rettleiarkorpsa er ein del av den nasjonale satsinga på heilskapleg kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling, og er eitt av fleire verkemiddel for å støtte og forplikte skoleeigarar og skolar.
Nasjonale senter og nasjonale strategiar og tiltaksplanar
Dei nasjonale strategiane er førde vidare, og ansvaret for oppfølginga vart i 2008 overført til dei nasjonale sentra.
Det er sett i gang prosessar for å gjennomgå mandata til dei nasjonale sentra slik at arbeidsdeling, målgrupper, kjerneoppgåver og styringsrutinar blir klarare, meir einsarta og tettare knytte opp mot støtte og rettleiing om innføringa av Kunnskapsløftet. Ein del nasjonale strategiar går ut i 2010. Det skal vurderast om gjennomførde strategiar skal evaluerast.
Som del av oppfølginga av St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer er det utvikla Tiltaksplan for Nynorsksenteret 2009–2012 og Tiltaksplan for programfag innan framandspråk 2009–2013.
Heilskapleg skoledag og godt læringsmiljø
Utprøvinga av heilskapleg skoledag vart avslutta våren 2008. Evalueringa frå SINTEF vart offentleggjord i august 2008. Alle skolar i prosjektet opplevde utprøvinga som positiv, både for læringsmiljø og læringsutbytte. Det er samla mykje kunnskap som vil vere verdifull i det vidare arbeidet med ein heilskapleg skoledag. I samband med at det er gitt auka ressursar til fysisk aktivitet i skolen frå og med 2009, er det utvikla ein nettstad med ein idé- og ressursbank for fysisk aktivitet i skolen.
Arbeidet med å betre læringsmiljøet i grunnopplæringa har vore forankra i Prinsipp for opplæringa i Kunnskapsløftet, i Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa 2005–2008 og i Manifest mot mobbing 2006–2008. Regjeringa har, ved å underteikne eit nytt Manifest mot mobbing 2009–2010, forplikta seg til vidare samarbeid med KS, Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Skolenes Landsforbund til å arbeide mot mobbing.
I den nye nasjonale satsinga Program for inkluderande lærings- og oppvekstmiljø (2009–2014) er det blant anna utarbeidd eit heilskapleg, kunnskapsbasert rettleiingsmateriell som skolane kan bruke i det systematiske arbeidet med læringsmiljøet.
Dronning Sonjas skolepris for likeverdig og inkluderande opplæring gjekk i 2008 til Løkenåsen skole i Lørenskog kommune. Benjaminprisen mot rasisme og diskriminering gjekk i 2008 til Sogn vidaregående skole i Oslo.
Rådgivingstenesta for skoleanlegg er ført vidare. Tenesta gir råd og rettleiing om rehabilitering, nybygg og byggjeprosessar til skoleeigarane gjennom ein nettstad, årlege nasjonale konferansar og ei direkte svarteneste per e-post og telefon. Tenesta legg særleg vekt på rådgiving knytt til opprusting av skolebygningar, samspelet mellom arkitektur og pedagogikk og tilrettelegging av uteområda for fysisk aktivitet. Det er oppretta eit samarbeid med Høgskolen i Oslo med tanke på gjere rådgivingstenesta meir tufta på forsking.
Departementet samarbeider med fleire andre departement om gjennomføringa av tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar, til dømes på områda fysisk og psykisk helse, samliv og seksualitet, rus, tobakk, rasisme, hiv-førebygging, kjønnslemlesting og tvangsekteskap.
Departementet la våren 2008 fram Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010. Alle tiltaka i planen er sette i verk.
Karriererettleiing
Det er etablert eit forsøk med digital, individuell utviklingsplan innanfor utdannings- og yrkesrådgiving som skal halde fram til 2010. 13 skolar i tre fylke deltek i utprøvinga av planen. Forsøket blir følgjeevaluert av Rambøll Management, og sluttrapporten vil liggje føre i 2010.
Det er sett i gang eit toårig forskingsprosjekt om kartlegging og evaluering av sosialpedagogisk rådgiving, utdannings- og yrkesrådgiving og oppfølgingstenesta. Sluttrapporten skal liggje føre 31. desember 2010. Sintef gjennomfører forskingsprosjektet. Det er vidare etablert eit toårig sosialpedagogisk utviklingsprosjekt som skal avsluttast innan 31. desember 2010. 15 prosjektskolar frå ti fylke deltek i prosjektet.
I 2008 vart det gitt midlar til kvar fylkeskommune for å utvikle partnarskap for karriererettleiing. Dette er ført vidare i 2009. Til saman vart det løyvd 27 mill. kroner til dette føremålet i 2009. 16 av 19 fylke har etablert karrieresenter.
IKT
Lærande nettverk, som er ein del av Program for digital kompetanse, vart avslutta i 2008. ITU har i løpet av 2008 gjennomført ei rad nettverkssamlingar og gjennom dette systematisert erfaringane frå arbeidet. Erfaringane frå prosjektet vil bli dokumenterte i løpet av 2009.
Arbeidet med å opprette ei teneste som skal gjere pedagogisk tilrettelagde klipp frå NRKs digitale arkiv tilgjengelege for norske skolar, er ført vidare i samarbeid med NRK. Klipparkivet vart lansert i mai på Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring i Trondheim.
Arbeidet med å gjere digitale læremiddel for vidaregåande opplæring tilgjengelege (Tilgangsprosjektet) vart vidareført i 2008 og avslutta i juni 2009.
Arbeidet med å innføre ei felles elektronisk identitetsforvaltning (Feide) i den vidaregåande skolen har halde fram. Etter planane vil alle fylkeskommunane ha innført Feide i løpet av 2009.
Ressursane i Norge digitalt er gjort tilgjengelege for heile Utdannings-Noreg. Det er utvikla applikasjonar for å lette tilgangen til og bruken av ressursane. Tilbodet vart lansert på Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring i mai.
OECD-studien Digital Learning Resources as Systemic Innovation er gjennomført. Nasjonale rapportar og ein samanliknande sluttrapport vart publisert i juni 2009.
Program for skolebibliotek
Eit fireårig program for skolebibliotekutvikling vart sett i gang i januar 2009. Universitetet i Agder gjennomfører prosjekt ved fleire grunnskolar i Agder, der målet er å fremme lesedugleiken til elevane. Basert på prosjektet har universitetet laga ei nettbasert idésamling for bruken av skolebibliotek i ulike fag. Ho ligg på nettsida skolenettet.no/skolebibliotek. Universitetet tilbyr etter- og vidareutdanning på ulike område innanfor skolebibliotekkunnskap.
St.meld. nr. 23 (2008–2009) Bibliotek lanserar 2010 som eit nasjonalt leseår, som starten på eit leseløft i perioden 2010–2014. Tiltaket skal gjennomførast i samarbeid mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet. Målet er å styrkje både leseglede og lesekompetanse til barn, unge og vaksne i heile landet. Regjeringa fremjer forslag om å løyve 6 mill. kroner til gjennomføring av denne satsinga i 2010. Løyvinga blir gitt over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett.
Minoritetsspråklege
Opplæringslova og privatskolelova er med verknad frå 1. august 2009 endra ved at det er teke inn ein plikt for kommunen/fylkeskommunen til å kartleggje kva dugleik elevane har i norsk, før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Kartlegginga skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den ordinære opplæringa.
Strategiplanen Likeverdig opplæring i praksis! går ut i 2009. Nokre tiltak skal førast vidare etter at planperioden er over. Dette gjeld mellom anna prosjekta Språkløftet og Utviklingsprosjektet i skolar med meir enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar, som òg inngår i satsinga i Groruddalen og Søndre Nordstrand i Oslo. I 2009 vart det tildelt 6 mill. kroner til Språkløftet. Av desse midlane vart 2 mill. kroner øyremerkte til innsats i Groruddalen og 1 mill. kroner til Søndre Nordstrand. Til Utviklingsprosjektet vart det tildelt 7 mill. kroner, inkludert 3 mill. kroner til Groruddalen og 1 mill. kroner til Søndre Nordstrand. Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå i 2010, og ein tek sikte på at prosjekta skal halde fram til og med 2011. Satsinga skal vurderast undervegs.
I rapporten Migrant Education frå OECD i 2009 heiter det blant anna at styresmaktene i Noreg bør leggje vekt på betre implementering av læreplanane i grunnleggjande norsk og morsmål for språklege minoritetar, vurdere lærarutdanninga for å få meir vekt på opplæringsbehova til minoritetsspråklege, styrkje den tilpassa språkopplæringa for vaksne og vurdere verdsetjing av den bakgrunnen og den kompetansen minoritetsspråklege studentar bringer med seg frå heimlandet. Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med andre departement og aktuelle instansar vurdere om og korleis ein kan komme tilrådingane i møte.
Regjeringa oppnemnde i 2008 eit offentleg utval som skal sjå på opplæringstilbodet til minoritetsspråklege barn, unge og vaksne. Utvalet skal leggje fram ei delinnstilling om barnehage og grunnskole mot slutten av 2009 og leggje fram si endelege innstilling innan 1. juni 2010.
Likestilling
Utdanningsdirektoratet koordinerer arbeidet med Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008–2010). Fleire forskingsoppdrag er sette i gang, mellom anna forsking om haldningar til utdanning i realfag hos jenter og undersøkingar om kjønnsskilnader ved bruken av digitale prøver i skolen. Ei kartlegging av haldningar til kjønnsroller og utradisjonelle utdannings- og yrkesval hos utdannings- og yrkesrådgivarar er sett i gang og blir ferdig i desember 2009.
Urfolk og nasjonale minoritetar
Handlingsplan for samiske språk, som vart lagd fram i mai 2009, omfattar fleire tiltak om samisk i grunnopplæringa, blant anna kartlegging av korleis elevane vurderer samiskopplæringa, informasjon om opplæringsrett, tilsyn, tilrettelegging av samarbeid om og nettverk for fjernundervisning og utvikling og produksjon av samiske læremiddel. Eitt av tiltaka i planen er å vurdere korleis ein kan få til betre og meir effektiv utvikling og produksjon av samiske læremiddel. I St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken blir det vist til at fjernundervisning er heilt vesentleg for elevar som er busette der samisk kompetanse ikkje er tilgjengeleg. Departementet vil arbeide for ordinær og føreseieleg drift av fjernundervisning på alle dei tre samiske språka (nord-, sør- og lulesamisk). Sidan tilbodet i lulesamisk fjernundervisning er minst utvikla, og lulesamisk er eit minoritetsspråk også i samisk samanheng og rekna som eit sterkt trua språk, vil departementet prioritere utviklinga av lulesamisk fjernundervisning.
Kunnskapsdepartementet har hatt konsultasjonar med Sametinget om lovendringar, læreplanar med meir, og det har vore politiske og administrative møte om blant anna samiske læremiddel. I Innst. S. nr. 12 (2008–2009) ba Stortinget regjeringa om å vurdere permanent drift av Senter for samisk i opplæringa, som eit nasjonalt kompetansesenter ved Samisk høgskole. Kunnskapsdepartementet legg opp til å stille midlar til disposisjon i 2010 for å føre senteret vidare og til å evaluere prosjektet, for blant anna å få betre grunnlag for å vurdere samarbeidet mellom senteret og institusjonar med ansvar for sør- og lulesamisk.
Det er utarbeidd informasjonsmateriell om finsk som andrespråk i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Hausten 2008 starta arbeidet med å revidere den strategiske planen i finsk som andrespråk. Planen gjeld frå 2009.
Det er tildelt midlar til læremiddelprosjekt for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa og midlar til utvikling og drift av nettstaden www.finsk.no, som inneheld stoff både på finsk, kvensk og samisk. Finske/kvenske elevar treng fleire og betre læremiddel, trykte i tillegg til digitale. Fylkesmennene i Troms og Finnmark samarbeider om læremiddel- og kompetanseutvikling i finsk/kvensk, inkludert vidareutvikling av digitale læremiddel.
Prosjektet «Romani/taterfolket – fra barn til voksen» blir avslutta i 2009. Ei førebels tilbakemelding viser at prosjektet blir vurdert som vellykka, ved at det har gitt elevar frå taterfolket auka sjølvkjensle, og deira levesett og kultur har vorte betre kjende i lokalmiljøet. Eit hefte om erfaringane frå prosjektet kjem hausten 2009.
Handlingsplan for å betre levekåra for rom i Oslo vart lagd fram i juni 2009. I planen inngår tiltak som gjeld ansvaret til fleire departement.
Internasjonalt samarbeid
Noreg deltek i ei rekkje internasjonale samarbeidsprosjekt og nettverk med sikte på erfaringsutveksling og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa. Det gjeld mellom anna innanfor det nordiske skolesamarbeidet i Nordisk ministerråd og i EU, der hovudsamarbeidsområda er fag- og yrkesopplæringa, karriererettleiing, informasjonsnettverket Eurydice og EUs program for livslang læring, medrekna eTwinning, som er pedagogisk samarbeid og kompetanseutvikling for lærarar på nett. Noko av det aktuelle internasjonale samarbeidet er nemnt nedanfor. Sjå elles Årsrapport for Utdanningsdirektoratet 2008 på utdanningsdirektoratet.no.
Noreg deltek i OECD-prosjektet Learning for Jobs, som er ein gjennomgang av politikken på yrkesfagfeltet, særleg når det gjeld korleis yrkesopplæringa dekkjer behovet for kompetanse i arbeidslivet. Den norske landstudien vart gjennomført i 2008 og blir følgd opp i 2009.
EUs København-prosess frå 2002 er eit formalisert samarbeid om yrkesopplæringa som også Noreg er med i. Det langsiktige målet er å heve statusen for og rekrutteringa til fag- og yrkesopplæringa.
I 2008 har Noreg vore med i arbeidet knytt til EQF (European Qualification Framework) og ENQA-VET (European Network for Quality Assurance in Vocational Education and Training).
Utdanningsdirektoratet forvaltar Europass fagbeskrivingar, og oppdateringa til Kunnskapsløftet starta i 2008.
Noreg er medlem av ReferNet, eit nettverk for dokumentasjon og ekspertise om fagopplæring og yrkesutdanning som blir styrt av Cedefop, EUs institusjon for å fremme fag- og yrkesopplæringa. Utdanningsdirektoratet er kontaktpunkt for nettverket frå 2009. Planlegginga av arbeidet starta i 2008, og det er utarbeidd dokumentasjon og analysar om politikk og system på yrkesfagfeltet, det er oppretta ei nettside, og månadlege oppdateringar blir sende til Cedefops bibliografiske database.
eTwinning er del av EUs Program for livslang læring, som Noreg deltek i. eTwinning legg til rette for pedagogisk samarbeid mellom skolar, på nett. Per mai 2009 var 803 lærarar frå Noreg aktive brukarar av eTwinning. Rapportane deira er publiserte på http://skolenettet.no/etwinning. Det er 152 prosjekt i gang. Prosjekta fordeler seg på alle trinn i grunnopplæringa, og på dei fleste fag. Det er etablert eit nettverk av 15 erfarne lærarar – eTwinning-ambassadørar – som bidreg til informasjon og rettleiing på lokalt og regionalt plan. Barnehagar deltek i svært liten grad i eTwinning. Dette er derfor eit satsingsområde.
Noreg deltek i nordisk indikatorsamarbeid i regi av Nordisk evalueringsnettverk. Formålet med samarbeidet er erfaringsutveksling. I løpet av 2008 har nettverket samarbeidd om utvikling av indikatorar for samanhengar mellom ressursar og resultat i grunnopplæringa.
Kvalitetsvurdering, dokumentasjon og analyse som grunnlag for kvalitetsutvikling
Arbeidet med kvalitetsvurdering, dokumentasjon og analyse er følgt opp i tråd med prioriteringane i Kunnskap for utvikling – strategi for forsking, dokumentasjon og analyse i grunnopplæringa 2005–2008 og nærmare konkretisert i tildelingsbrevet til Utdanningsdirektoratet. Elementa som er omtalte nedanfor, inngår i Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem.
Analysar og forsking
Det er i perioden 2008–2009 sett i verk fleire nye analysar og forskingsprosjekt. Ein rapport frå 2007 med analysar av nasjonale prøver låg føre hausten 2008. Ein analyserapport med fokus på bidraget frå skolen til elevresultata i dei nasjonale prøvene i 2007 og 2008 vil liggje føre innan utgangen av 2009, jf. omtale av dei nasjonale prøvene under kap. 220.
Utdanningsdirektoratet har sett i verk eit langsiktig analyseoppdrag for å følgje opp og vurdere utviklinga av ressursbruk og læringsresultat over tid. Formålet med oppdraga vil vere å sikre eit godt grunnlag for avgjersle og å leggje grunnlag for utvikling av gode kvalitetsindikatorar. Analysane blir gjennomførde i tida 2009–12.
Departementet har gitt løyvingar til forskingsprogramma Kultur for læring (KUL), Praksisretta forskings- og utviklingsarbeid i barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning (PRAKSISFOU) og Utdanning 2020 i regi av Noregs forskingsråd.
Heilskapleg system for vurdering
Prosjektet Betre vurderingspraksis skal styrkje arbeidet til lærarane med elevvurdering. Prosjektet er gjennomført, og det er gjort erfaringar med utprøving av kjenneteikn på måloppnåing i fag, anten baserte på rettleiande nasjonale eksempel eller basert på lokalt utviklingsarbeid i skolen. I alt 78 lærestader frå alle fylka har delteke i utprøvinga (grunnskolar, vidaregåande skolar og vaksenopplæringssenter). Følgjeforskinga til prosjektet viser at det er sjølve prosessen i arbeidet med å utvikle kjenneteikn som er avgjerande for å endre vurderingspraksis og -kultur. Prosessen utviklar læraranes profesjonelle skjønn.
Nasjonale prøver og kartleggingsprøver
I skoleåret 2008–09 er det gjennomført nasjonale prøver på 5. og 8. trinn i lesing på norsk, rekning og engelsk. Det er vidare gjennomført obligatoriske kartleggingsprøver i rekning og lesing på 2. trinn, i lesing på 1. trinn og obligatorisk kartleggingsprøve i rekning som grunnleggjande dugleik på Vg1. Formålet med obligatoriske kartleggingsprøver og anna prøve- og kartleggingsmateriell er å avdekkje behov for individuell oppfølging og tilrettelegging på individ- og skolenivå. Kartleggingsmateriellet må sjåast i samanheng med andre vurderingsformer i det samanhengande prøve- og vurderingssystemet.
Følgjeevaluering
Mellom dei viktigaste forskingsbaserte evalueringane er evaluering av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet og evalueringa av Kunnskapsløftet. Når det gjeld kvalitetsvurderingssystemet, vart det i 2008 publisert resultat frå den første kvantitative undersøkinga i evalueringa. Konklusjonen er at det våren 2006 var svakt medvit om bruk av resultat frå systemet blant både rektorar og lærarar. Sluttrapport frå evalueringa skal leggjast fram før 2010.
Evalueringa av Kunnskapsløftet skal vise samanhengar mellom innsatsfaktorane og verkemidla i reforma, læringsprosessane og resultata av opplæringa. Evalueringsarbeidet er noko forseinka. Dette skyldast forseinkingar i gjennomføringa av ei felles spørjeundersøking for evalueringa og som mange av prosjekta i evalueringa er avhengige av. Sluttrapportane for seks av prosjekta som er avhengige av data frå spørjeundersøkinga vil bli eit år forseinka og vere klare våren 2012. I alt seks delrapportar vart ferdigstilte i 2008.
Tilsyn
Tilsyn med grunnopplæringa er eit kjerneelement i nasjonalt kvalitetsvurderingssystem, jf. kap. 220 for nærmare omtale.
Internasjonale komparative undersøkingar
Noreg deltek i mange internasjonale undersøkingar av læringsutbytte. Nokre av dei er utforma slik at det skal kunne komme fram endringar i kompetansen til elevane over tid. Dette er ein viktig grunn til at Noreg har prioritert å delta i så mange av dei internasjonale undersøkingane. Kva internasjonale undersøkingar Noreg skal delta i, er under fortløpande vurdering. Noreg har delteke i alle PISA-, PIRLS-, ICCS- og dei fleste TIMSS-undersøkingane fordi alle kan belyse kvalitetsendringar i den norske skolen. Nye resultat frå TIMSS 2007 vart offentleggjorde i desember 2008. For PIRLS 2011 starta arbeidet opp våren 2007, og arbeidet med TIMSS 2011 starta opp i februar 2009. Arbeidet med dei to prosjekta blir delvis samordna fordi dei blir gjennomførde same året (2011), og fordi det er interessant å kunne sjå resultata i lesing i samanheng med resultata i matematikk og naturfag. Det har tidlegare ikkje vore høve til ei slik samanlikning, da studiane vart starta opp i ulike år.
Noreg deltek for tida i til saman åtte internasjonale komparative undersøkingar. Nokre av dei mest aktuelle er nemnde nedanfor. Sjå elles Årsrapport for Utdanningsdirektoratet 2008.
Teacher Education and Development Study (TEDS-M 2008) er ein komparativ studie av lærarutdanninga og lærarstudentar sin kompetanse i matematikk og matematikkdidaktikk. Studien omfattar lærarar som er kvalifiserte til å undervise i matematikk på barne- og ungdomssteget i grunnskolen. Resultata vil ligge føre ved årsskifte 2009/10.
International Civic and Citizenship Education Study 2009 (ICCS) er ei oppfølging av CIVED-studien frå 1999–02, der Noreg deltok. Noreg deltek òg i den nye studien, som skal kartleggje elevane sin demokratiske beredskap og haldningar til utfordringane som ligg i auka globalisering og internasjonalisering. ICCS-studien skal òg gi informasjon om den demokratiske beredskapen elevane har etter innføringa av dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet. Resultata vil liggje føre i 2010.
Teaching and Learning International Survey 2008 (TALIS) er ein studie i regi av OECD blant lærarar og skoleleiarar på ungdomssteget. Ei viktig side ved TALIS er kompetanseutvikling som eit ansvar for skoleleiinga, og korleis skolar kan utviklast til å bli lærande organisasjonar. Undersøkinga tek òg opp viktige sider ved pedagogisk praksis. Hovudrapporten frå OECD som vart lagt fram i juni 2009, viser at norsk skole har gode føresetnader for eit godt læringsmiljø, men peikar òg på utfordringar med omsyn til kultur for vurdering av kvalitet, for kollektivt ansvar og for skoleleiing.
Resultata frå Trends in International Mathematics and Science Study, TIMSS, låg føre i 2008, jf. kategoriinnleiinga. Resultata frå ein tilleggsdel til undersøkinga, TIMSS Advanced 2008, vil liggje føre ved slutten av 2009. Denne gjeld elevar som har valt fordjuping i matematikk (3MX) og fysikk (3FY) på tredje trinnet i vidaregåande opplæring.
Statistikk
Statistikk om grunnopplæringa er eit kjerneelement i nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Grunnskolens informasjonssystem (GSI) er vidareutvikla med ny teknisk plattform og meir brukarvennleg design. For å sikre god dialog og medverknad i utviklinga av GSI vart det i januar 2008 oppretta ei faggruppe for GSI med representasjon frå fylkesmennene, Statistisk sentralbyrå (SSB), direktoratet og WIS (teknisk ansvarleg). Utdanningsdirektoratet har vidareført samarbeidet med fylkeskommunane om vidare utvikling av ein sentral database for søkjarane til vidaregåande opplæring i skole eller bedrift, fagskoleutdanning eller vaksenopplæring (VIGO). Arbeidet med vaksenstatistikk er styrkt i 2009 for å sikre god kvalitet på statistikk for vaksne i vidaregåande opplæring. Det same gjeld arbeidet med statistikkgrunnlaget for privatskolar.
Viktige utfordringar framover er knytte til datagrunnlag og indikatorutvikling for vidaregåande opplæring, særleg fagopplæringa, statistikkgrunnlaget for vaksne i grunnopplæringa, samt spesialundervisning, minoritetsspråklege og asylbarn.
Brukarundersøkingar
Utdanningsdirektoratet gjennomfører brukarundersøkingar for lærarar, instruktørar, elevar, lærlingar og foreldre. I 2009 er det prøvd ut nye spørsmål som seinare skal inngå i indikatorane som er omtalte i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen.
Formålet med brukarundersøkingane er at elevar, lærarar og føresette skal få seie meininga si om læring og trivsel i skolen. Resultata frå brukarundersøkingane blir nytta av skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som hjelp til å analysere og utvikle læringsmiljøet. Skoleleiarar blir oppmoda til å bruke resultata frå undersøkingane som utgangspunkt for diskusjonar med elevråd, foreldrerepresentantar, lærarar og andre tilsette.
Mål for 2010
Tilstandsvurderinga i kategoriinnleiinga viser at arbeidet med å styrkje elevanes læringsutbytte og læringsmiljø må halde fram. Kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar er heilt sentralt i dette. Kompetansen til lærarar og skoleleiarar er blant dei viktigaste enkeltfaktorane for læringsutbyttet til elevane.
Vaksne har rett til grunnopplæring dersom dei har behov for det. Det er viktig at det tilbodet vaksne får er av god kvalitet. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja foreslår fleire tiltak for å styrkje grunnopplæringa for vaksne og styrkje tilsynet på dette området. Det vil i dette arbeidet vere behov for å ha eit best mulig kunnskapsgrunnlag å byggje på, noko som òg vil kunne innebere å ha eit internasjonalt perspektiv på utviklingsarbeidet.
Kompetanseutvikling
Ei god grunnopplæring som gir gode læringsresultat for elevane, krev dyktige lærarar og skoleleiarar. Å satse vidare på at desse får relevant kompetanseutvikling av høg kvalitet er derfor eit heilt sentralt mål i 2010. Departementet vil bruke om lag 400 mill. kroner på kompetanseutvikling i 2010. Målet er at 2 500 lærarar skal ta vidareutdanning på deltid. Strategien Kompetanse for kvalitet er styrande for prioriteringane i vidareutdanninga. Løyvinga av midlar til finansiering av etterutdanningstilbod og generell kompetanseutvikling i prioriterte fag og emne vil bli redusert i 2010 som følgje av at kompetansemidlane i aukande grad blir nytta til vidareutdanning. Løyvinga til skoleleiarutdanninga for rektorar vil auke i 2010, og tilbodet vil bli utvida med fleire tilbydarar.
Satsinga på etter- og vidareutdanning for lærarar og rektorutdanninga inngår i GNIST – partnarskap for ei heilskapleg lærarutdanning, jf. nærmare omtale i programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Ein viktig del av den heilskaplege satsinga på lærarutdanning og læraryrket er å føre vidare arbeidet med å rekruttere lærarar. Dette omfattar både rekruttering til lærarutdanninga og rekruttering av personar med annan utdanning og yrkesbakgrunn som kan bidra til å styrkje opplæringa i sentrale fag. Det vil bli brukt om lag 15 mill. kroner til dette arbeidet i 2010.
St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning presenterer flerie tiltak som skal bidra til å styrkje det internasjonale arbeidet i grunnopplæringa. Eit av tiltaka er å gi Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) ansvar for oppgåver knytte til å vere service- og kompetansesenter for skolar og skolestyresmakter. Departementet foreslår å løyve 2,5 mill. kroner til dette i 2010.
Anna utviklingsarbeid og rettleiing
St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen peikte på behovet for støtte og rettleiing til sektoren i arbeidet med kvalitetsutvikling og gjennomføring av Kunnskapsløftet. Eitt av tiltaka som er sett i gang er å etablere rettleiarkorps som skal hjelpe skoleeigarar og skolar med å identifisere behov og moglegheiter for utvikling, setje mål, implementere løysingar og tiltak og vurdere måloppnåing. Det vil ta noko tid å få etablert rettleiarkorps som kan nå alle som har behov for det. Rettleiartenestene vil bli integrerte med andre verkemiddel for skoleutvikling, slik at dei inngår som eit forsterkande element i ein større heilskap. I første omgang er det for skoleåret 2009–10 etablert eit prøveprosjekt avgrensa til to fylke. Planen er at prøveprosjektet skal gi erfaringsgrunnlag for eit landsdekkjande tilbod av rettleiarkorps som kan vere operativt frå skoleåret 2010–11. Det er dialog med KS og andre interesserte partar i utviklingsprosessen.
Arbeidet med å utvikle rettleiingar til fag og emne i Kunnskapsløftet skal halde fram. Rettleiingane gir ikkje pålegg til skolar og skoleeigarar. Dei inneheld råd om og døme på val av innhald, arbeidsmåtar og undervegsvurdering på alle trinn. Andre typar verktøy og retningslinjer for skoleutvikling og gjennomføring av kartleggingar og nasjonale prøver vil òg bli utvikla vidare.
Det er foreslått å løyve om lag 300 mill. kroner til utviklingsarbeid og rettleiing i 2010. Dette finansierer mellom anna dei nasjonale sentra, vitensentra, dei nasjonale strategiane og støtte til karrieresentra.
I arbeidet med det psykososiale læringsmiljøet vil innsatsen bli konsentrert om å implementere Program for inkluderende lærings- og oppvekstmiljø. Satsinga er for perioden 2009–14 og skal bidra til å styrkje innsatsen mot mobbing og vere eit overordna plandokkument for eit systematisk og målretta arbeid med eit inkluderande lærings- og oppvekstmiljø i grunnopplæringa. Det er no bestemt at progammet skal byte namn til Bedre læringsmiljø.
Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring
Arbeidet med å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring vil halde fram. Det er eit mål å styrkje dette arbeidet i 2010 og målrette tiltaka slik at dei særleg rettar seg mot dei elevane som står i fare for å falle ut av opplæringa. Regjeringa foreslår å løyve 53 mill. kroner over kapittel 226 i 2010 til tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Midlane skal nyttast til tettare oppfølging av elevar med svake resultat på kartleggingsprøvene. Dette er ei vidareføring av tilskottet til fylkeskommunane for å følgje opp fagleg svake elevar som vart gitt i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett i 2009. Midlane skal òg finansiere utprøving av eit nytt praktisk arbeidslivsfag på ungdomstrinnet i utvalde kommunar. I tillegg skal det utførast utviklingsarbeid for betre oppfølging av ungdom som står utanfor opplæring og arbeid.
Entreprenørskap i opplæringa kan bidra til å styrkje læringsutbyttet og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring ved å synleggjere ulike karrieretilbod og relevans for seinare yrkesliv. Kunnskapsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet har saman utarbeidd Handlingsplan for entreprenørskap i utdanningen 2009–2014, jf. nærmare omtale i programkategori 07.60, kap. 260 og 281. Departementet vil gjennom tildeling til Ungt Entreprenørskap leggje vekt på satsing på entreprenørskap i yrkesfaglege utdanningsprogram.
Kvalitetsvurdering, dokumentasjon, analyse og FoU
Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet vil bli utvikla vidare. Det skal blant anna innførast eit kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa. Systemet skal utarbeidast i samråd med partane i arbeidslivet og fylkeskommunane og skal blant anna omfatte ei undersøking av lærlinganes overgang til arbeidslivet og eventuelle vidare utdanning. Undersøkinga skal gjennomførast jamleg. Skoleporten skal utvidast med fleire indikatorar og ein eigen modul for fag- og yrkesopplæringa, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja.
Departementet viser til oppmodingsvedtak 54, 21. november 2008 i Innst. S. nr. 42 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008):
«Stortinget ber Regjeringen vurdere å gjenoppta arbeidet med skolebidragsindikatorer.»
Departementet vil ta opp igjen arbeidet med skolebidragsindikatorar. Gjennom ulike statistiske metoder kontrollerar desse indikatorane for effekten av sosial bakgrunn på elevanes læringsutbytte. Indikatorane vil vere gode verktøy for styring og kvalitetsutvikling.
Den nye rektorutdanninga utviklar kompetansen til skoleleiarane i bruk av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Det er behov for å gi skoleeigarane tilsvarande kompetanse. Det er nødvendig med opplæring i bruken av blant anna ståstadsanalysen i Skoleporten, og tilbakemeldingar frå sektoren tyder på at bruken av rapportportalen til dei fem brukarundersøkingane til direktoratet ikkje er optimal.
Kompetanse i lokal bruk av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem skal derfor styrkjast både på skoleeigarnivå og skoleleiarnivå, og det vil bli utarbeidd tilbod om kompetanseutvikling med særskilt fokus på bruk av Skoleporten med ståstadsanalyse og organisasjonsanalyse. Det vil òg bli sørgt for kompetanseutvikling i bruk av rapportportalen for brukarundersøkingane. Datagrunnlaget og rapportportalane skal utviklast vidare. Arbeidet vil skje i samarbeid med KS.
Nasjonale prøver og kartleggingsprøver er ein sentral del av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Arbeidsgruppa som har sett på korleis ein best kan formidle og bruke resultata frå prøvene har lagt fram fleire forslag om dette, og i det vidare arbeidet med å utvikle kvaliteten på prøvesystemet vil desse forslaga bli nærmare vurderte.
Departementet har lansert ein strategi for utdanningsforsking, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. Som ein del av strategien har Noregs forskingsråd sett i verk eit nytt program for utdanningsforsking for perioden 2009–18. Programmet Utdanning 2020 skal styrkje utdanningsforskinga ved å fremje forsking på eit høgt vitskapeleg nivå og betre kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming, forvaltning, profesjonsutdanning og profesjonsutøving. Departementet følgjer opp strategien for utdanningsforsking gjennom å auke løyvinga til forskingsprogrammet Utdanning 2020 med 5 mill. kroner i 2010. For nærmare omtale, sjå kategori 07.50.
Regjeringa vil styrkje den vitskaplege kompetansen innan pedagogiske målingar (psykometrisk forsking), jf. omtale i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen, og vil opprette ei eining for psykometrisk forsking knytt til eit eksisterande fagmiljø i universitets- og høgskolesektoren i Noreg. For nærmare omtale, sjå programkategori 07.50 Tiltak for å fremme kompetanseutvikling.
Kunnskapsdepartementet foreslår å etablere eit kunnskapssenter for utdanning frå 1. januar 2011, jf. omtale under programkategori 07.50 Tiltak for å fremme kompetanseutvikling. Det er sett av 2 mill. kroner på kap. 226 til førebuing av etableringa av senteret. Arbeidet vil starte hausten 2010.
Til saman vil departementet løyve om lag 150 mill. kroner til kvalitetsvurdering, dokumentasjon, analyse og FoU
Kulturaktivitetar i skolefritidsordninga (SFO)
Regjeringa foreslår å opprette eit øyremerkt stimuleringstilskott til kulturskolar som ein del av Kulturløftet II. Ein del av midlane skal nyttast til modellforsøk der kommunar og organisasjonar skal kunne søkje midlar for å leggje til rette for eit mangfaldig kulturtilbod/kulturskoletilbod for elevar på 1.–4. trinn. Forsøka må sjåast i samanheng med Den kulturelle skolesekken.
Vidare skal kommunar, aktuelle organisasjonar og institusjonar kunne søkje midlar til utvikling av ulike prosjekt. Målet med desse tilskotta er å stimulere til å setje i verk tiltak som medverkar til kvalitetsutvikling av kulturtilbodet/kulturskoletilbodet til barn og unge. Dette kan til dømes vere forsøk med nye uttrykksformer, ny organisering av kulturaktiviteter og nye former for samarbeid med lokale kulturkrefter og kulturorganisasjonar.
Målet med begge ordningane er å gi eit kulturtilbod til langt fleire elevar. Modellforsøka skal ha som mål å leggje til rette for eit breitt, variert og mangfaldig kulturtilbod/kulturskoletilbod på 1.–4. trinn. Tilboda skal være gruppebaserte. Ordninga kan også bidra til auka interesse for å delta i andre musikk- og kulturskoletilbod i kommunane.
Utdanningsdirektoratet vil utforme kriterium for tildeling av midlane. Bruken av midlane skal evaluerast.
Vaksnes kompetanse
Noreg vil i 2010 delta i ein større felttest av vaksnes dugleikar i regi av OECDs Programme for International Assessment of Adult Competencies (PIAAC). Undersøkinga vil framskaffe data som basis for betre å kunne målrette framtidige satsingar knytte til utdannings- og arbeidsmarknadspolitikk for vaksne. Utover dette vil innsikt frå undersøkinga kunne ha betydning for vekst- og næringspolitikk, for IKT og personalutvikling, og for helse- og rehabiliteringspolitikk.
Undersøkinga skal gjennomførast med ein større felttest i 2010 som grunnlag for sjølve undersøkinga i 2011–12. 28 land, blant dei Danmark, Sverige og Finland, deltek i utviklinga av PIAAC, jf. òg kap. 258. Avgjersle om å delta i hovudundersøkinga i PIAAC vil bli teken i 2010 etter analyse av erfaringar og data frå felttesten. Talet på land og kva for land som ønskjer å delta i hovudundersøkinga, vil også påverke avgjersla om norsk deltaking i PIAAC i 2011-12.
Felttesten i 2010 blir finansiert med 11 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet, 4 mill. kroner frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet og 1 mill. kroner frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Andre oppgåver
Arbeidet med kvalitetsutvikling i grunnskoleopplæringa krev særskild kompetanse på prioriterte område. Løyvinga blir derfor òg nytta til lønn.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 53 mill. kroner til tiltak for auka fullføring i vidaregåande opplæring og 40 mill. kroner til statlege stimuleringstilskott til kulturskolar. Løyvinga til oppgåver innanfor IKT i utdanninga blir foreslått flytt til kap. 224 Senter for IKT i utdanninga. Delen av løyvinga knytt til EU-samarbeid om yrkesopplæring og til læreplandatabasen Grep blir foreslått flytt til kap. 220 post 01. For å sikre betre samordning av ulike utgreiingar og utviklingsoppgåver, foreslår departementet å flytte 2,5 mill. kroner til kap. 200 post 21. Departementet foreslår ei samla løyving på kapitlet på 1,044 mrd. kroner.
Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
60 | Tilskott til Moskvaskolen | 1 233 | 1 287 | 1 328 |
61 | Tilskott til Nordland kunst- og filmskole | 2 547 | ||
62 | Tilskott til Fjellheimen leirskole | 4 690 | 4 896 | 5 053 |
70 | Tilskott til Den franske skolen i Oslo | 6 867 | 5 200 | 6 266 |
71 | Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole | 20 103 | 20 988 | 21 660 |
72 | Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College | 25 354 | 26 470 | 27 317 |
73 | Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia | 570 | 3 504 | 3 616 |
Sum kap. 227 | 61 364 | 62 345 | 65 240 |
Kapittel 227 omfattar tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønskjer å støtte fordi verksemda ved skolane dekkjer viktige behov.
Post 60 Tilskott til Moskvaskolen
Om ordninga
Moskvaskolen vart oppretta i august 1994 som eit samarbeidsprosjekt mellom Akershus fylkeskommune og Det statlige russiske vitenskapsakademiet. Prosjektet skal vere med på å styrkje samarbeidet mellom nabolanda Noreg og Russland, noko som er eit satsingsfelt for regjeringa. Prosjektet gir godt høve til pedagogisk utvikling og til utdanning av ungdom frå Noreg med kompetanse i russisk språk og kultur.
Målet med tilskottsordninga er å gi elevar frå Noreg med kompetanse i russisk høve til å ta Vg3 ved Moskvaskolen. Kriteriet for måloppnåing er at skolen held oppe eit tilbod for inntil 15 elevar frå Noreg. Akershus fylkeskommune er tilskottsmottakar, og tilskottet skal nyttast til å dekkje pliktene til Akershus fylkeskommune i høve til avtalen med Det statlige russiske vitenskapsakademiet om driftsstønad til Moskvaskolen.
Rapport for 2008–09
I skoleåret 2008–09 var det to elevar frå Noreg som tok Vg3 ved Moskvaskolen. Det låge talet skyldast svingingar i etterspurnaden frå elevar frå Noreg etter skoleplassar ved skolen.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga blir førd vidare på same nivå som i 2009.
Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole
Om ordninga
Fjellheimen leirskole er ein leirskole for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskolen finansierer drifta si ved statstilskott, eigenbetaling frå elevane/deltakarene og medverknad frå Engerdal kommune, som er eigar av og driv Fjellheimen leirskole.
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller med lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole. Slik kan dei utviklingshemma få eit meiningsfylt tilbod om rekreasjon med tilpassa friluftsliv og sosial omgang i trygge omgivnader.
Tilskottsmottakar er Engerdal kommune, og tilskottet skal nyttast til drift av Fjellheimen leirskole. Føresetnaden for at heile tilskottet kan betalast ut, er at skolen oppfyller eit resultatkrav på minst 900 besøkjande elevar og leiarar per år. Maksimal kapasitet ved skolen er 1 000 deltakarar per år.
Rapport for 2008–09
Talet på deltakarar ved Fjellheimen leirskole i 2008 var totalt 934 personar. 486 av desse var elevar, mens 448 var leiarar.
Tilskottsordninga vart i 2008 evaluert av Utdanningsdirektoratet. Evalueringa viser mellom anna at det er behov for å revidere retningslinjene for tilskottet. Departementet følgjer opp evalueringa.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga blir førd vidare på same nivå som i 2009.
Post 70 Tilskott til Den franske skolen i Oslo
Om ordninga
Noreg har inngått avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike i eiget land legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg. Målet med tilskottsordninga er å styrkje samarbeidet med Frankrike, og å styrkje stillinga til det franske språket i Noreg. På skolen går det elevar frå både Frankrike og Noreg samt elevar frå mange andre land.
Rapport for 2008–09
I skoleåret 2008–09 hadde Den franske skolen i Oslo 264 elevar på barnetrinnet, 160 elevar på ungdomstrinnet og 56 elevar i vidaregåande opplæring. Dette er ein auke frå skoleåret 2007–08 på til saman 29 elevar, noko som viser at skolen held oppe ein god etterspurnad etter tilboda sine.
Budsjettforslag for 2010
Den franske skolen har fått sterk auke i husleiga. For å unngå ein kraftig auke i skolepengane foreslår departementet å kompensere for delar av denne auken. Departementet foreslår at løyvinga blir auka med kr 900 000.
Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til drifta av internatet ved Krokeide vidaregåande skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen, slik at vaksne som treng eit særskilt opplegg under skolegangen, kan få eit tilfredsstillande tilbod som kvalifiserer dei for arbeidslivet. Skolen er eigd av Landsforeningen for hjerte- og lungesyke og har til formål å drive yrkesfagleg og medisinsk attføring og sosialmedisinsk attføring av funksjonshemma frå heile landet. Skolen er godkjend for 145 elevar og har plass til 84 elevar på internatet.
Rapport for 2008–09
Tilbodet skolen gir, omfattar både internatdrift og det sosialmedisinske hjelpeapparatet som er viktig for at elevane skal lykkast. Fylkesmannen i Hordaland hadde tilsyn med Krokeide vidaregåande skole i juni 2008, og elevane gav uttrykk for at dei er svært nøgde med internattilbodet og beskriv det som unikt.
I 2008 var det totalt 158 elevar ved internatet, 79 elevar om våren og 83 elevar om hausten. Våren 2009 var det totalt 77 elevar ved internatet, ein nedgang på to elevar i høve til våren 2008.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga blir førd vidare på same nivå som i 2009.
Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College
Om ordninga
United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Stiftinga av den første skolen i Wales i 1962 var inspirert av utfordringar knytte til den kalde krigen. Det eksisterer i alt ti UWC-skolar på fem kontinent, og Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC) er ein av desse. Skolen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen. Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering av RKNUWC, slik at dei nordiske landa kan halde fram med å ha ein UWC-skole plassert i Noreg. I ei stadig meir globalisert verd er det viktig å leggje til rette for auka forståing mellom folk frå ulike land.
Rapport for 2008–09
Skoleåret 2007–08 hadde RKNUWC 199 elevar frå 84 land. 30 pst. av elevane kom frå nordiske land, fire pst. frå Nord-Amerika, ti pst. frå Vest Europa, ti pst. frå Afrika, 24 pst. frå Asia, elleve pst. frå Aust- og Sentral-Europa, og elleve pst. frå Latin-Amerika. Av avgangselevane dette skoleåret var det 90 som fekk eit fullstendig IB-diplom. Rundt 29 pst. av dei totale inntektene i 2008 var bidrag frå utlandet, medan 56 pst. av inntektene var statstilskott. 15 pst. av inntektene var renteinntekter og andre inntekter.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga blir førd vidare på same nivå som i 2009.
Post 73 Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia
Om ordninga
Tilskottet skal bidra til at misjonærskolane i Kenya og Etiopia skal kunne drive desentralisert undervisning for barneskoleelevar og ha ei samarbeidsordning med internasjonale skolar for ungdomsskoleelevar. Målet med tilskottsordninga er å medverke til at misjonærbarn frå Noreg i Kenya og Etiopia kan få god undervisning lokalt i staden for å måtte bu på skoleinternat langt frå foreldra. Misjonærskolane er eigde av Norsk Luthersk Misjonssamband.
Rapport for 2008–09
Hausten 2008 fekk sju elevar på barnetrinnet og ein elev på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Etiopia. I same periode fekk seks elevar på barnetrinnet og tre elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Kenya. Våren 2009 fekk seks elevar på barnetrinnet og ein elev på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Etiopia. I Kenya fekk sju elevar på barnetrinnet og to elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i same periode.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga blir førd vidare på same nivå som i 2009.
Kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
70 | Private grunnskolar, overslagsløyving | 2 475 123 | 986 748 | 1 110 758 |
71 | Private vidaregåande skolar, overslagsløyving | 583 | 1 091 038 | 1 169 222 |
72 | Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksen opplæringslova, overslagsløyving | 1 500 | 190 472 | 201 822 |
73 | Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving | 64 041 | 78 123 | |
74 | Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving | 15 336 | 20 155 | |
75 | Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving | 148 049 | 160 297 | |
76 | Andre private skolar, overslagsløyving | 35 417 | 35 684 | |
77 | Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving | 8 833 | 9 858 | |
78 | Kompletterande undervisning, overslagsløyving | 25 751 | 25 542 | |
79 | Toppidrett | 14 337 | 24 796 | |
80 | Privatskoleorganisasjonar | 609 | 609 | |
81 | Elevutveksling til utlandet | 1 566 | 1 566 | |
Sum kap. 228 | 2 477 206 | 2 582 197 | 2 838 432 |
Lov av 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) skal medverke til at det kan bli oppretta og drive private skolar i Noreg, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettsloven § 2 nr. 2. Lova gjeld godkjenning med rett til statstilskott for private grunnskolar og private vidaregåande skolar, og vilkår for å få slikt tilskott. Lova stiller mellom anna krav til kvaliteten på opplæringa.
Private skolar som er godkjende etter privatskolelova, har rett til tilskott og til å drive verksemd etter føresegnene i lova. I privatskolelova blir det stilt krav om at skolane må dokumentere at dei skal drive verksemda si på eit særskilt grunnlag og gi elevane jamgod opplæring for å kunne bli godkjende etter lova. Det ligg ikkje føre ein rett til godkjenning etter lova, men departementet kan godkjenne nye skolar og driftsendringar ved allereie godkjende skolar.
I tillegg til tilskott som blir gitt i tråd med privatskolelova, blir det over kap. 228 gitt tilskott til Den tyske skolen i Oslo, toppidrett, privatskoleorganisasjonar og elevutveksling i utlandet. I 2010 vil det bli gjort endringar i regelverket for ordninga med kompensasjon for utgifter til renter til investeringar i skole- og svømmeanlegg slik at kommunar og fylkeskommunar innanfor dei tildelte rammene kan søkje om rentekompensasjon til vedlikehald av skolebygg på vegne av private skolar med rett til statstilskott. Det skal ikkje kunne søkast om rentekompensasjon for investering i nybygg eller symjeanlegg for private skolar.
I regelverket vil det bli innarbeidd krav til søkjar og vilkår som skal gjelde for bruken av rentekompensasjonsordninga. Det vil mellom anna bli presisert kva typar private skolar som blir omfatta av ordninga. Vidare vil det i regelverket bli presisert at kompensasjonen vil bli stoppa dersom ein privat skole blir lagd ned eller ved overdraging av lokala til eigarar som ikkje oppfyller krava til søkjar.
Tabellen under viser korleis talet på elevar og private skolar som mottek tilskott, har endra seg frå skoleåret 2006–07 til skoleåret 2008–09. For grunnskolen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skole gjeld gjennomsnitt av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.
Tabell 4.4 Private skolar, tal på skolar og elevar
Skoletype | Skolar | Elevar | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
2006–07 | 2007–08 | 2008–09 | 2006–07 | 2007–08 | 2008–09 | |
Skolar for funksjonshemma elevar | 10 | 10 | 10 | 469 | 479 | 499 |
Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 6A | 48 | 46 | 42 | 2 525 | 2 498 | 2 210 |
Vidaregåande skolar | 79 | 79 | 75 | 10 575 | 11 388 | 11 486 |
Grunnskolar | 145 | 148 | 145 | 13 406 | 13 852 | 13 995 |
Grunnskolar i utlandet | 16 | 16 | 14 | 666 | 690 | 776 |
Vidaregåande skolar i utlandet | 5 | 6 | 6 | 213 | 198 | 189 |
Sum | 303 | 305 | 292 | 27 854 | 29 105 | 29 155 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Hausten 2008 gjekk 2,2 pst. av grunnskoleelevane i private skolar. Dette er på same nivå som hausten 2007. Hausten 2008 gjekk 6,2 pst. av elevane på vidaregåande nivå i private vidaregåande skolar. Hausten 2007 utgjorde talet til samanlikning 6,1 pst.
Tilskottssatsar
Satsane for tilskott til dei fleste private skolar med rett til statstilskott byggjer på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. privatskolelova kap. 6. Satsane for 2010 blir rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk til skole i 2008, rapportert gjennom KOSTRA. Tilskottsgrunnlaget er korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal med i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførde kommunesektoren og ikkje dei private skolane. Satsane blir justerte for ein venta pris- og lønnsauke fram til og med 2010. Nærmare informasjon om utrekningsmåten ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.
Kunnskapsdepartementet har gått gjennom modellane for utrekning av tilskott til private grunnskolar (postane 70 og 73 samt postane 77), til private vidaregåande skolar (post 71 og 74) samt modellen for tilskott til andre private skolar (post 76). Dei ulike gjennomgangane, og eventuelle forslag til endringar som følgje av desse, vil bli omtalte under dei aktuelle postane.
Post 70 Private grunnskolar, overslagsløyving
Private grunnskolar som er godkjende etter privatskolelova, får tilskott med 85 pst. av tilskottssatsen. Tilskottet omfattar utgifter til frukt og grønsaker for skolar med ungdomstrinn. I budsjettet for 2009 vart det innført to timar med fysisk aktivitet frå hausten 2009. I 2010 er heilårseffekten av tiltaket lagd inn. Ordninga med kommunekorreksjonsfaktor er fasa ut per 31. desember 2009, jf. St.prp. nr. 1 (2006–2007) Kunnskapsdepartementet.
Departementet foreslår å løyve midlar til å innføre åtte timar med leksehjelp etter skoletid for 1.–4. trinn frå og med hausten 2010. Departementet foreslår vidare å auke timetalet i fag med éin time for 1.–4. trinn frå hausten 2010.
Gjennomgang av modellen for utrekning av tilskott
Kunnskapsdepartementet har hatt ein gjennomgang av modellen for utrekning av tilskott til private grunnskolar. Departementet har tidlegare varsla Stortinget om dette arbeidet, og gjennomgangen er siste del av oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 545, 14. juni 2007 i Innst. O. nr. 88 (2006–2007) jf. Ot.prp. nr. 37 (2006–2007):
«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om tilskuddsordningene når gjennomgangen av utregningsmodellen er gjennomført.»
Kunnskapsdepartementet har samarbeidd med privatskoleorganisasjonane om gjennomgangen av tilskottsmodellen.
Konklusjonen frå gjennomgangen av tilskottsmodellen er at det finns modellar som betre kan fange opp kostnadsstrukturen i den offentlege skolen. Regjeringen vil vurdere dette nærmere.
Budsjettforslag for 2010
På bakgrunn av oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2010 foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 124 mill. kroner til 1,1 mrd. kroner.
Post 71 Private vidaregåande skolar, overslagsløyving
Dei private skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. Ordninga med at skoleeigar har plikt til å halde nødvendige læremiddel for elevar i vidaregåande opplæring, er fullt innført frå og med skoleåret 2009–10. I 2010 omfattar tilskottet utgifter til normale utskiftingskostnader til gratis læremiddel. Det er teke omsyn til at læremiddel har ei gjennomsnittleg levetid på tre år. Posten omfattar òg eit årleg særskilt tilskott til Kongshaug Musikkgymnas som kjem i tillegg til det skolen får etter privatskolelova, jf. St.prp. nr. 1 (2003–2004) Kunnskapsdepartementet. I 2010 vil skolen få 3 mill. kroner i særskilt tilskott.
I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) er det ein fleirtalsmerknad om at komiteen legg til grunn at departementet vil ta initiativ til ein gjennomgang av berekningsmodellen for utrekning av satsar til private vidaregåande skolar. Departementet har gjennomgått modellen for tilskott til vidaregåande skolar. Gjennomgangen viser at det er god samanheng mellom gjennomsnittlege driftsutgifter i offentlege skolar og tilskottet til dei private skolane. Han viser òg at modellen i stor grad gir eit føreseieleg tilskottsnivå.
Det vart sett nærmare på to forhold. Det eine gjekk på om elevtalet i offentlege skolar bør bli korrigert for fråfall. Effekten av dette vart berekna til om lag 1,7 pst. auka tilskott til private skolar. Den andre problemstillinga som vart vurdert, var om tilskottsgrunnlaget bør bli korrigert for kapitalkostnadselementet i husleigekostnadane til fylkeskommunane. Når fylkeskommunane leiger bygg av eksterne aktørar, blir dette inkludert i dei gjennomsnittlege driftskostnadane som ligg til grunn for tilskottsgrunnlaget. Den delen av husleiga som skal dekkje kapitalkostnadane til utleigar vart foreslått trekt ut frå tilskottsgrunnlaget. Effekten av dette vart berekna til om lag 1,5 pst. reduksjon i tilskottet til private skolar. Dei to tiltaka vil såleis samla sett ikkje gi merkbar effekt på tilskottssatsane. Tiltaka vil gi ein meir komplisert modell og gjere det vanskelegare å etterprøve rekninga av nye satsar. Departementet har konkludert med at det ikkje er funne tungtvegande faglege grunnar til å gjere endringar i dagens modell.
Budsjettforslag for 2010
På bakgrunn av oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2010 foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 78 mill. kroner til 1,17 mrd. kroner.
Post 72 Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving
Allereie godkjende skolar som tilbyr yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved offentlege vidaregåande skolar, og som var i drift innan utgangen av 2007, har rett til statstilskott og til å drive verksemd etter lova, jf. § 6A-1 i privatskolelova. Kapittel 6A i privatskolelova blir oppheva 1. juli 2010, jf. privatskolelova § 8-2. Skolar som 30. juni 2010 er godkjende og i drift etter kapittel 6A i privatskolelova, blir flytt over til kapittel 4 i vaksenopplæringslova, jf. vaksenopplæringslova § 17 første ledd. Nemninga på posten er endra i tråd med dette.
Vaksenopplæringslova slår fast at satsane for tilskott til desse skolane framleis skal bli rekna ut frå tilskottsgrunnlaget som tilsvarer kostnader per elev i offentleg skole.
Satsane til desse skolane er knytte til tre av satsane for private vidaregåande skolar. Unntak frå dette er Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag og musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 6A får 75 pst. av tilskottssatsane.
Frelsesarmeens Offiserskole fekk tilskott over denne posten fram til og med skoleåret 2008–09. Skolen er no godkjend som fagskole og er i budsjettet for 2010 lagd inn i rammetilskottet til fylkeskommunane saman med dei andre fagskolane, jf. kap. 276 fagskoleutdanning.
Utdanningstilbodet Unge Talenter ved Barratt Due musikkinstitutt fekk til og med juni 2008 tilskott over posten. Tilbodet kvalifiserer ikkje lenger til stønad etter privatskolelova. Løyvinga til skolen for 2010 er flytt til kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar i tråd med at løyvinga for andre halvår 2008 og løyvinga for 2009 vart flytt til kap. 281, jf. St.prp. nr. 23 (2008–2009) og St.prp. nr. 67 (2008–2009).
Budsjettforslag for 2010
På bakgrunn av oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2010 foreslår departementet å løyve 201,8 mill. kroner på posten.
Post 73 Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving
Forvaltninga av tilskottsordninga blir overførd frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus til Utdanningsdirektoratet f.o.m. 1. januar 2010, jf. kap. 220.
Skolane får tilskott etter same grunnlag som private grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift.
Tilskottet omfattar utgifter til frukt og grønsaker for skolar med ungdomstrinn. I budsjettet for 2009 vart det innført to timar med fysisk aktivitet frå hausten 2009. I 2010 er heilårseffekten av tiltaket lagd inn.
Departementet foreslår å løyve midlar til å innføre åtte timar med leksehjelp etter skoletid for 1.–4.trinn frå og med hausten 2010. Departementet foreslår vidare å auke timetalet i fag med ein time for 1.–4. trinn frå hausten 2010.
Budsjettforslag for 2010
På bakgrunn av oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2010 foreslår departementet å løyve 78,1 mill. kroner på posten.
Post 74 Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving
Forvaltninga av tilskottsordninga blir overførd frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus til Utdanningsdirektoratet f.o.m. 1. januar 2010, jf. kap 220.
Norske private vidaregåande skolar i utlandet får statstilskott med 85 pst. av same grunnlag som for elevar i private vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Tilskottet omfattar utgifter til normale utskiftingskostnader til gratis læremiddel. Det er teke omsyn til at læremiddel har ei gjennomsnittleg levetid på tre år.
Budsjettforslag for 2010
På bakgrunn av oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2010 foreslår departementet å løyve 20,2 mill. kroner på posten.
Post 75 Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving
For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar blir driftsutgifter dekte 100 pst. ved statstilskott etter ein normalsats per elev, jf. privatskolelova § 6-1 fjerde ledd. Skolane får i tillegg tilskott til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003). Tilskottet omfattar utgifter til frukt og grønsaker for skolar med ungdomstrinn. Tilskottet omfattar utgifter til normale utskiftingskostnader til gratis læremiddel. Det er teke omsyn til at læremiddel har ei gjennomsnittleg levetid på tre år.
Det følgjer av privatskolelova § 6-1 fjerde ledd siste punktum at departementet kan gi forskrift om tilskottsordninga for dei særskilde skolane for funksjonshemma elevar. Departementet er i gang med dette forskriftsarbeidet, og tek sikte på at forskrifta etter føregåande høring kan tre i kraft frå skoleåret 2010–11.
Budsjettforslag for 2010
På bakgrunn av oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2010 foreslår departementet å løyve 160,3 mill. kroner på posten.
Post 76 Andre private skolar, overslagsløyving
Posten omfattar tilskott til Sørlandets Maritime Sjøaspirantskole og Rogaland Sjøaspirantskole M/S Gann. Norges byggskole fekk til og med 2009 tilskott over denne posten. Denne skolen er godkjend og driv som fagskole og tilskottet blir derfor lagt inn i rammetilskottet til fylkeskommunane, jf. omtale under kap. 276 Fagskoleutdanning. Departementet viser til tidlegare varsla gjennomgang av tilskottsordninga, jf. Ot.prp. nr. 33 (2002–2003), Ot.prp. nr. 37 (2006–2007), St.prp. nr. 1 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2008–2009). Departementet har utarbeidd ei ny tilskottsordning for Sørlandets Maritime Sjøaspirantskole og Rogaland Sjøaspirantskole M/S Gann som gir meir føreseieleg økonomi for skolane.
Den nye tilskottsordninga baserer seg på eit fast tilskott som blir prisjustert, og eit tilskott per elev etter sats for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon (TIP). Skolane får tilskott tilsvarande 85 pst. av satsen på same måte som andre private vidaregåande skolar. Departementet foreslår å innføre den nye modellen frå 2010.
Rogaland Sjøaspirantskole M/S Gann har våren 2009 fått utvida talet på godkjende elevplassar med 15 elevar til 120 elevar totalt. Tilskottet er auka med 2,8 mill. kroner som følgje av dette.
Tilskottet omfattar utgifter til normale utskiftingskostnader til gratis læremiddel. Det er teke omsyn til at læremiddel har ei gjennomsnittleg levetid på tre år.
Budsjettforslag for 2010
Løyvinga på posten er redusert med 3,6 mill. kroner som følgje av at midlane til Norges byggskole er lagt inn i rammetilskottet til fylkeskommunane saman med tilskottet til andre fagskolar, sjå kap. 276. På bakgrunn av oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2010 foreslår departementet å løyve 35,7 mill. kroner på posten.
Post 77 Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving
Det er forhandla fram ein ny avtale med Den tyske skolen i Oslo. Forslag om å godkjenne avtalen er lagt fram i eigen stortingsproposisjon frå Utanriksdepartementet, jf. St.prp. nr. 92 (2008–2009). Med den nye avtalen vil tilskottet til Den tyske skolen bli regelstyrt. Tilskottet vil bli rekna ut på same måte som tilskottet til private skolar, men med 54,4 pst. av tilskottssatsen. På denne bakgrunnen går løyvinga til skolen over kap. 228, sjølv om skolen ikkje er godkjend i høve til privatskolelova.
Budsjettforslag for 2010
På bakgrunn av oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2010 foreslår departementet å løyve 9,9 mill. kroner på posten.
Post 78 Kompletterande undervisning, overslagsløyving
Tilskottsordninga medverkar til finansiering av kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og religion, livssyn og etikk (RLE) for elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar.
Forvaltninga av tilskottsordninga blir overførd frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus til Utdanningsdirektoratet f.o.m. 1. januar 2010.
Fylkesmannen fekk 239 søknader for hausten 2008. 160 søknader gjaldt foreldreundervisning, 68 gjaldt undervisning i grupper. Elevane held til i 55 ulike land. Det vart gitt åtte avslag i 2008. Vidare var fem søknader frå godkjende svenske og norske skolar, fem søknader var frå internasjonale skolar, og ein søknad var frå Globalskolen. Globalskolen er ein nettskole og har 950 elevar frå 89 forskjellige land.
Skattedirektoratet har slått fast at det er oppgåveplikt når tilskottsmottakarar er foreldre eller personar som er ansvarlege for gruppeundervisning. Oppgåveplikta inneber at Fylkesmannen i Oslo og Akershus f.o.m. 2009 har måtta betale arbeidsgivaravgift for personar som har trygderettar i Noreg, og sosiale avgifter for arbeidstakarar som er omfatta av trygdeordninga i eit anna EØS-land. Som følgje av dette vart utbetalingane til enkeltpersonar justerte ned i 2009 for at desse avgiftene skulle kunne dekkjast innanfor løyvingsnivået på posten.
Tilskottsordninga vart evaluert i 2006. Ein av konklusjonane var at det er vanskeleg å dokumentere at elevar som får opplæring i regi av foreldre eller i gruppeundervisning, får opplæring av tilfredsstillande kvalitet, og at midlane blir brukte etter intensjonen. På denne bakgrunnen vil departementet leggje om tilskottsordninga f.o.m. skoleåret 2010–11, slik at berre verksemder (internasjonale og utanlandske grunnskolar og nettskolar) kan få tilskott. Departementet vil innføre ei overgangsordning for enkeltpersonar som får tilskott. Overgangsordninga inneber at tilskottet til enkeltpersonar blir redusert med ein tredel kvart skoleår i tre år f.o.m. hausten 2010, slik at dette tilskottet er heilt avvikla f.o.m. skoleåret 2012–13. Omlegginga inneber ein reduksjon på posten med omlag 1 mill. kroner hausten 2010.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga på posten blir redusert med om lag 1 mill. kroner i 2010.
Post 79 Toppidrett
Skolane til Wang og Norges Toppidrettsgymnas har sidan 1999 fått eit særskilt toppidrettstilskott i tillegg til tilskottet dei får etter privatskolelova. Tilskottet har vorte gitt for maksimalt 810 elevar. Toppidrettstilskottet vart innført ved eit eige budsjettvedtak i Stortinget i 1999, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (1998–1999) og St.prp. nr. 1 (1998–1999).
Talet på 810 tilsvarer det elevtalet som hadde rett til tilskott da ordninga vart innført, med fordelinga 180 elevar ved Wang i Oslo og 630 elevar ved Norges Toppidrettsgymnas i Bærum, Geilo, Kongsvinger og Lillehammer. Taket for talet på elevar som kan få tilskottet, og fordelinga mellom skolane, har lege fast sidan tilskottet vart innført.
Departementet varsla ei gjennomgang av ordninga fram mot budsjettet for 2010, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009). Departementet har gjennomgått tilskottsordninga, og sentrale partar har vorte hørde i prosessen. Departementet har komme fram til at ordninga bør leggjast om slik at det særskilde tilskottet blir omfordelt på alle skolane som i dag er godkjende etter privatskolelova og har tilbod om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Ordninga gjeld berre skolar som i tillegg til godkjenninga etter privatskolelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). I tillegg foreslår departementet å auke ramma på posten slik at desse skolane får auka tilskott til toppidrett samanlikna med det dei mottek etter den gamle ordninga.
Den nye ordninga inneber at tilskottet blir gitt som eit fast tilskott til kvar skole som er omfatta av ordninga. Tilskottet blir ikkje lenger gitt etter ein sats per elev. Tilskottet blir såleis ikkje påverka av endringar i talet på elevar ved skolane. Det er likevel ein føresetnad at skolane har elevar på tilbodet om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir godkjend fleire skolar med tilbod om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, vil dei ikkje bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskott. NIF er i gang med ein godkjenningsprosess av NTG Tromsø. Topidrettstilskottet til denne skolen er avhengig av at NIF godkjenner skolen i løpet av 2010. Tabellen under viser kva for skolar som er omfatta av ordninga, og kor mykje tilskott kvar av skolane får med den nye ordninga:
Tabell 4.5 Fordelinga av tilskott til skolane som er omfatta av toppidrettstilskottet
NTG Bærum | kr 5 795 960 |
NTG Geilo | kr 1 933 070 |
NTG Kongsvinger | kr 1 955 810 |
NTG Lillehammer | kr 3 872 637 |
NTG Tromsø | kr 1 033 682 |
Wang Oslo | kr 4 863 608 |
Wang Moss | kr 1 603 533 |
Wang Stavanger | kr 2 133 627 |
Telemark toppidrettsgymnas | kr 1 603 533 |
Målet med ordninga er å bidra til at dei skolane som er omfatta av ordninga, kan leggje betre til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.
Rapport for 2008–09
I skoleåret 2008–09 vart det gitt toppidrettstilskott for 806 elevar i samsvar med elevteljing.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 10 mill. kroner til 24,8 mill. kroner.
Post 80 Privatskoleorganisasjonar
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at privatskoleorganisasjonane kan drive samordningsoppgåver for medlemsskolane sine. Tilskott blir gitt til privatskoleorganisasjonar med medlemsskolar som er godkjende etter privatskolelova. I 2009 fekk fem organisasjonar tilskott ut frå at dei til saman hadde 228 godkjende medlemsskolar.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å løyve 0,6 mill. kroner på posten.
Post 81 Elevutveksling til utlandet
Statstilskott etter privatskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Denne tilskottsordninga gjeld for utveksling til utlandet for elevar i private vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Skolane kan søkje om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske private vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Følgjande private vidaregåande skolar er godkjende for å kunne bli tildelte slikt tilskott: Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å løyve 1,6 mill. kroner på posten.
Kap. 229 Andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 20 499 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 1 000 | ||
70 | Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar | 11 909 | 12 433 | |
Sum kap. 229 | 11 909 | 12 433 | 21 499 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten går til drift av Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar (Vea). Skolen er i ein omstillingsfase frå ein skole med tilbod om vidaregåande opplæring til ein skole med tilbod om opplæring på fagskolenivå. Skolen har tre ulike fagskoletilbod: eittårig botanisk design, toårig grøn fagskole samt park og hagedrift, som er eit treårig nettstøtta deltidsstudium. Skolen kan framleis gi vidaregåande tilbod for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3222 post 61, men det er ønskeleg å trappe ned det vidaregåande tilbodet og satsar på utvikling av reine fagskoletilbod. I tillegg gir skolen tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.
Rapport for 2008–09
Skolen hadde i skoleåret 2007–08 fire studentar på heiltidstilbod på fagskolenivå, mens det i skoleåret 2008–09 var ni heiltidsstudentar. Både skoleåret 2007–08 og skoleåret 2008–09 var det 19 studentar som deltok på deltidstilbod på fagskolenivå. Skolen hadde 23 elevar på vidaregåande nivå skoleåret 2007–08, mens skoleåret 2008–09 var det ti elevar på vidaregåande nivå. Når det gjeld vaksenopplæringa var det ti deltidsstudentar som deltok skoleåret 2007–08, mens tilsvarande tal for skoleåret 2008–09 var 29 deltidsstudentar og 15 heiltidsstudentar. I februar 2009 vart det starta to modular innanfor fagskoleutdanninga Grøn fagskole med til saman 15 studentar på deltid.
Vea har i 2008 arbeidd aktivt for å auke rekrutteringa til fagskolestudia, da det framleis er for få som vel å starte studium på fagskolenivå ved skolen. Skolen har lagt særskilt vekt på å tilpasse studia til det bransjen etterspør. I tillegg arbeidde Vea i 2008 med å etablere eit tilbod om grøn fagskole.
I 2008 trappa skolen ytterlegare ned tilbodet om vidaregåande opplæring for å reindyrke profilen som fagskole.
Skolen satsar på internasjonalt samarbeid, og har i 2008 halde fram med utveksling av elevar, lærarar og instruktørar. Skolen var i 2008 hovudsenter for Flornet, eit internasjonalt samarbeidsprogram for blomsterdekoratørutdanning som omfattar 24 utdanningsinstitusjonar i 17 land.
Arbeidet med å byggje nytt bibliotek har vore prioritert i 2008 og 2009 og skal stillast ferdig innan utgangen av 2009.
Mål for 2010
Skolen er i ein omstillingsfase, og det er viktig å halde fram med arbeidet med å utvikle ein fagskole med godt fagleg tilbod.
Kompetanseutviklingsprogrammet for dei tilsette som starta hausten 2005 med sikte på fagskoleutdanning, skal halde fram.
Skolen skal i 2010 arbeide for å auke studenttalet gjennom fleksible og tilpassa studieopplegg. Skolen skal også utvikle fagleg samarbeid med nasjonale og internasjonale miljø.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga gjeld større utstyrsinnkjøp og vedlikehald ved Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar.
Budsjettforslag for 2010
Løyvinga på post 01 er flytt frå kap. 222 post 01, men løyvinga knytt til Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar er redusert med kr 600 000 samanlikna med 2009, i tråd med redusert inntektskrav til Vea, sjå omtale under kap. 3229.
Løyvinga på post 45 er flytt frå kap. 222 post 45, men løyvinga knytt til Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar er redusert med 2,3 mill. kroner samanlikna med 2009. Reduksjonen kjem av at nytt bibliotek ved skolen blir stilt ferdig i 2009, og midlar til dette blir av den grunn ikkje førde vidare i 2010.
Post 70 Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å finansiere tryggleiksopplæring for fiskarar. Opplæringa er regulert av FOR 1989-02-10 nr. 88 Forskrift om sikkerhetsopplæring for fiskere med heimel i lov av 5. juni 1981 nr. 42 om sertifikatpliktige stillingar på norske skip, borefartøy og andre flyttbare innretningar på sjøen. Lova og forskrifta er forvalta av Nærings- og handelsdepartementet. Frå 1. juni 2006 er tryggleiksopplæring for fiskarar berre arrangert på kursfartøy.
Kapasiteten for tryggleiksopplæring ligg mellom 900 og 1 100 kursplassar, og er avhengig av forholdet mellom grunnkurs (40 timar) og repetisjonskurs (20 timar). Bakgrunnen for dette er at det er 20 kursplassar per kurs, og at skolen gjennomfører kurs i ca. 46 veker per år. Det fører til at det er 920 kursplassar à 40-timarskurs.
Rapport for 2008–09
I 2008 gjennomførte 809 deltakarar tryggleiksopplæring for fiskarar – 502 deltakarar på grunnkurs og 307 deltakarar på repetisjonskurs. Dette er ein reduksjon på 215 deltakarer frå året før. Det er for tidleg å seie om nedgangen er ein generell tendens, eller om han kan skyldast særskilde forhold i 2008–09. Nedgangen kan til dømes skyldast at sesongen i året som gjekk, var vanskeleg for fiskarane. Total kapasitetsutnytting berekna ut frå 920 plassar er på 88 pst.
Budsjettforslag for 2010
Løyvinga på post 70 er førd over til kap. 1050 ny post 72 på Fiskeri- og kystdepartementets budsjett. Fiskeri- og kystdepartementet tek over ansvaret for tilskottsordninga frå Kunnskapsdepartementet frå og med 1. januar 2010.
Kap. 3229 Andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
02 | Salsinntekter o.a. | 1 440 | ||
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 946 | ||
Sum kap. 3229 | 2 386 |
Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar.
Løyvinga på post 02 er flytt frå kap. 3222 post 02. Løyvinga under post 61 er flytt frå kap. 3222 post 61, men løyvinga er redusert med kr 600 000 samanlikna med 2009 grunna mindre aktivitet på vidaregåande nivå ved Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar. Dette fører til færre fylkeskjøpte plassar.
Kap. 230 Kompetansesenter for spesialundervisning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 634 989 | 618 546 | 626 360 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 57 839 | 49 802 | 51 396 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 7 896 | 7 468 | 7 670 |
Sum kap. 230 | 700 724 | 675 816 | 685 426 |
Statped er eit nettverk av spesialpedagogiske senter under Utdanningsdirektoratet. Statped skal bidra til at barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov får ei god og tilrettelagd opplæring og eit tilfredsstillande læringsutbytte som fører til meistring. I tillegg skal Statped utvikle kompetanse og formidle kunnskap om spesialundervisning og likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring til brukarar og fagmiljø.
Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga gjeld
Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) med 13 statlege kompetansesenter og kjøp av tenester frå to private institusjonar, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige
Utdanningsdirektoratets råd for inkluderande opplæring
Utvalet for betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov (Midtlyngutvalet) leverte 2. juli 2009 NOU 2009: 18 Rett til læring. Rapporten vart send ut til høring hausten 2009. Utvalet har hatt eit omfattande mandat, og har blant anna gjort ein gjennomgang av spesialundervisningas plass i norsk skole. Utvalet har vurdert i kor stor grad vi har eit system som sikrar tidleg intervensjon for barn, unge og vaksne med særskilde behov, og har komme med fleire forslag til tiltak som skal sikre tidleg innsats og livslang læring for denne gruppa. Det vil bli sett av midlar på kapitlet til oppfølginga av rapporten. Departementet vil komme tilbake til korleis rapporten skal følgjast opp.
prosjektretta støtte til organisasjonar for funksjonshemma
utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for European Agency for Development in Special Needs Education, internasjonalt samarbeid m.m.
tildeling til fylkesmannsembeta for rettleiing innanfor tilpassa opplæring og spesialundervisning
utvikling, produksjon og distribusjon av spesialpedagogiske læremiddel
Rapport for 2008–09
Dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra (Statped) har i 2008 og 2009 ført vidare den fagprofilen som er forankra i dei to hovudområda tenesteyting og utvikling av kompetanse og formidling av kunnskap.
I tillegg til den ordinære tenesteytinga har Statped prioritert områda tidleg innsats, betre gjennomføring i vidaregåande opplæring, kompetanseutvikling i PP-tenesta, forskingsbasert kunnskap, utvikling av Statped som eit nasjonalt nettverk og Statped som ein meir synleg aktør i opplæringssektoren.
Tenesteproduksjonen i Statped hadde om lag same profil og innretning i 2008 som året før. I hovudsak er det korte ventetider etter at eit kompetansesenter har motteke søknad frå ein kommune. Tabellen under viser prosentvis fordeling av ressursar:
Tabell 4.6 Ressursinnsats frå Statped på dei ulike vanskeområda (i pst.)
2006 | 2007 | 2008 | |
---|---|---|---|
Syn | 16,2 | 17,0 | 18,6 |
Hørsel (inkludert skoledrift/internat for hørselshemma og døvblinde) | 42,1 | 44,7 | 44,1 |
Språk- og talevanskar | 11,0 | 11,4 | 10,8 |
Samansette lærevanskar og åtferdsvanskar | 16,1 | 18,2 | 17,7 |
Spesialpedagogiske tenester i Nord-Noreg (inkludert samisk spesialpedagogisk stønad) | 8,0 | 8,4 | 8,5 |
Fellestiltak / andre tiltak | 0,7 | 0,3 | 0,3 |
Sum | 100,0 | 100,0 | 100,0 |
Dei einskilde verksemdene i Statped har lang tradisjon for systematisk evaluering av tenestetilbodet. Utdanningsdirektoratet har sett i gang eit pilotprosjekt i 2009 som skal sikre ei meir heilskapleg oversikt over korleis kommunane og brukarane vurderer kvaliteten på tenesteytinga frå Statped.
Tenestene til Statped har fokus på å fremme ei inkluderande opplæring og ein betre tilpassa spesialpedagogisk praksis for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov. Både i individ- og systemretta arbeid har førebyggings- og meistringsstrategiar vorte vektlagde. Statped har delteke i det arbeidet som har vorte gjort i kommunane med individuelle planar for brukarar med behov for langvarige og omfattande tenester frå fleire instansar. Statped har nært samarbeid med spesialisthelsetenesta.
Sentra for hørselshemma gir skole- og miljøtilbod for hørselshemma elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Dei fleste hørselshemma elevar får sitt opplæringstilbod i kommunen. For å sikre kvaliteten på det lokale opplæringstilbodet har sentra for hørselshemma ytt tenester som deltidstilbod, elevkurs, rettleiing, nettverksarbeid, kurs for foreldre og kurs for fagpersonar.
Det er kommunen som er ansvarleg for å søkje om tenester frå Statped. For å sikre lik tilgang på tenester for alle kommunar er verksemdene i Statped tildelte faglege ansvarsområde og geografiske tenesteregionar på ein slik måte at alle kommunane er dekte.
FoU-arbeid og produksjon av fagartiklar i nasjonale og internasjonale publikasjonar er ein viktig del av Statpeds kompetanseutvikling og spreiing av kunnskap. Gjennom samarbeidsavtalar med universitet og høgskolar har Statped i ei rekkje prosjekt medverka til at praksisrelevante problemstillingar blir innlemma i forskingsarbeid. Samarbeidet har i tillegg gitt god teoriforankring for tenesteutviklinga ved sentra. Forskingsbasert kunnskap blir implementert gjennom tenesteyting i skolen.
Statped har medverka i utvikling, produksjon og distribusjon av særskilt tilrettelagde læremiddel. Dette gjeld spesielt læremiddel for synshemma og hørselshemma elevar. Statped medverka også i arbeidet med å leggje til rette eksamensoppgåver og nasjonale prøver for dei same elevgruppene.
Fleire av sentra har medverka i oppfølginga av Strategi for læringsmiljø i grunnopplæringa ved implementering av programma Positiv atferd, støttende læringsmiljø og samhandling i skolen (PALS) og Læringsmiljø og pedagogisk analyse (LP-modellen).
Statped har på oppdrag gitt bidrag til arbeidet i Utvalet for betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov (Midtlyngutvalet).
Mål for 2010
Statped skal arbeide etter følgjande mål i 2010:
å yte spesialpedagogiske tenester av god kvalitet til rett tid på individ- og systemnivå, særleg på område der ein ikkje kan vente at kommunane har kompetanse
å sikre skole- og miljøtilbod for hørselshemma elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring, etter avtale med oppdragsgivar
å syte for mest mogleg lik tilgang på tenester i alle landsdelar
å utvikle høg spesialpedagogisk kompetanse, og formidle dokumentert kunnskap
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Kap. 3230 Kompetansesenter for spesialundervisning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 56 934 | 49 802 | 51 396 |
02 | Salsinntekter o.a. | 16 421 | 12 757 | 13 165 |
Sum kap. 3230 | 73 355 | 62 559 | 64 561 |
Post 01 gjeld oppdragsverksemd som kompetansesentra utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m.
Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs (kursmateriell, deltakarbetaling og opphaldsutgifter i samband med kurs).
Programkategori 07.30 Barnehagar
Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
231 | Barnehagar | 21 178 562 | 24 314 940 | 26 827 222 | 10,3 |
Sum kategori 07.30 | 21 178 562 | 24 314 940 | 26 827 222 | 10,3 |
Barnehagane blir i hovudsak finansierte gjennom statleg tilskott løyvt over kategori 07.30, frie midlar til kommunane og foreldrebetaling. I vedlegg 2 i dette budsjettdokumentet blir det gitt ei nærmare framstilling av nøkkeltal og statistikk om barnehagesektoren.
Kap. 231 postane 60, 61, 64 og 65, over kategori 07.30, finansierer drift og etablering av barnehageplassar. Løyvingane over postane 50, 62 og 63 gjeld høvesvis tilskott til samiske barnehagetilbod, tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage og tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn. Løyvinga over postane 21 og 51 gjeld i hovudsak midlar til kvalitet i barnehagen, utgreiingar, kartleggingar og forsking.
Innleiing
Eit barnehagetilbod av høg kvalitet kan bidra til sosial utjamning, tidleg innsats og livslang læring. Tidleg innsats inneber både eit godt pedagogisk tilbod frå barna er små og at problem blir avdekt og tiltak sett inn tidleg i utdanningsløpet. Eit godt barnehagetilbod er med på å gi barn ein god start i livet. I stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen har regjeringa gjort tydelege sine ambisjonar for å sikre eit barnehagetilbod av høg kvalitet til alle barn, jf. St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen.
Staten og kommunane har hatt stor merksemd på utbygging av barnehageplassar, og veksten i talet på barnehageplassar har vore sterk dei siste åra. Rett til plass i barnehage vart innførd i 2009. Foreldrebetalinga er redusert betydeleg sidan 2005. Medan det framleis er viktig å vere merksam på at måla om pris og tilgang på barnehageplassar blir nådde, vil innsatsen til regjeringa i aukande grad no vere retta mot kvalitet og innhald i alle barnehagen, jf. St.meld. nr. 41 (2008–2009).
Hovudprioriteringar 2010
Regjeringas hovudmål for kvalitetsarbeidet i barnehagen er å sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, å styrkje barnehagen som læringsarena og at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap.
Regjeringa satsar på kvalitetsheving av barnehagane, og foreslår å auke løyvinga med 35 mill. kroner til kvalitetsfremjande tiltak i barnehagane i 2010.
Kompetansen til personalet er avgjerande for kvaliteten i barnehagen. Mangel på pedagogar og låg formell kompetanse blant personalet i barnehagane krev satsing på rekruttering av pedagogar og kompetanseheving for alle tilsette i barnehagane. Det er òg for liten kunnskap om barnehagar, til dømes om den verdien barnehagen har for utviklinga til barn. Regjeringa ønskjer å styrkje satsinga på kompetanse hos tilsette i barnehage, rekruttering av pedagogar og forsking. Budsjettforslaget for 2010 legg til rette for dette.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 82 mill. kroner til likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Dette vil leggje til rette for meir likeverdige lønns- og arbeidsforhold for tilsette, uavhengig av om ein er tilsett i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
Målet for regjeringa er at alle barn skal få oppfylt sin lovfesta rett til barnehageplass. Regjeringa foreslår å løyve 463,5 mill. kroner til utbygging og drift av nye barnehageplassar i 2010.
Regjeringa vil at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass med god kvalitet. Regjeringa foreslår å føre vidare maksimalgrensa for foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2009, og foreslår å løyve brutto om lag 203,5 mill. kroner til dette formålet.
Mål: Full barnehagedekning
Regjeringa innførte ein individuell rett til barnehageplass frå 2009. Det overordna målet for regjeringa er at alle barn skal få oppfylt sin lovfesta rett til barnehageplass. Det vil seie at dei som har søkt innan fristen for hovudopptaket og fylt eitt år innan 1. september, har rett til barnehageplass i kommunen.
Tilstandsvurdering
I september 2009 rapporterte fylkesmennene at kommunane hadde gitt tilbod om plass til alle barn med rett til barnehageplass. Fem kommunar hadde av ulike årsaker særlege utfordringar i sluttspurten. I desse kommunane må nokre av barna med rett til plass vente med oppstart i barnehagen til seinare på hausten.
Ved utgangen av 2008 gjekk nær 262 000 barn i ein ordinær barnehage eller familiebarnehage. I tillegg gjekk om lag 7 200 barn i open barnehage i 2008. Barn under tre år utgjer no om lag 35 pst. av alle barn i barnehage, mot 29 pst. i 2005.
Frå utgangen av 2005 og fram til utgangen av 2008 har nær 38 400 fleire barn fått plass i barnehage. Kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 48 400 nye heiltids barnehageplassar i den same perioden. Noko av kapasitetsauken i barnehagesektoren har i fleire år gått med til å auke opphaldstida til barn som allereie har plass i barnehage. Det har derfor vorte bygd fleire barnehageplassar enn det har komme nye barn i barnehagen, jf. omtale under rapport 2008–09.
Tabell 4.7 Tal på barn i barnehage, auke i talet på barn i barnehage og barnehageplassar og gjennomsnittleg opphaldstid 2005−08
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | |
---|---|---|---|---|
Tal på barn i barnehage | 223 501 | 234 948 | 249 815 | 261 886 |
Auke i talet på barn | 10 404 | 11 447 | 14 867 | 12 071 |
Auke i talet på heiltids barnehageplassar | 13 500 | 16 000 | 18 000 | 14 500 |
Dekningsgrad 1−5 år | 76,2 | 80,4 | 84,3 | 87,2 |
Dekningsgrad 1−2 år | 53,9 | 61,8 | 69,3 | 74,7 |
Dekningsgrad 3−5 år | 90,6 | 92,8 | 94,5 | 95,6 |
Dekningsgrad 1 år | 43,4 | 50,7 | 59,5 | 65,8 |
Dekningsgrad 2 år | 64,8 | 72,8 | 79,3 | 83,6 |
Dekningsgrad 3 år | 87,0 | 89,8 | 92,3 | 93,6 |
Dekningsgrad 4 år | 92,1 | 93,8 | 95,3 | 96,4 |
Dekningsgrad 5 år | 93,3 | 94,8 | 95,9 | 96,8 |
Gjennomsnittleg opphaldstid per veke | 40,0 | 41,1 | 41,9 | 42,4 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Asplan Viak
Strategiar og tiltak
I statsbudsjettet for 2010 er det lagt til rette for etablering av totalt om lag 7 200 nye barnehageplassar i permanente og mellombelse barnehagelokale. Dette måltalet svarer til forventa auke i etterspurnaden ved å føre vidare maksimalprisen på foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2009 (1 500 plassar) og auke i barnehageutbygginga som følgje av befolkningsauke (5 700 plassar). Ein reknar med at desse plassane skal gi rom til totalt 5 500 fleire barn.
Det er i 2010 lagt løyvingsmessig til rette for at om lag 277 000 barn skal kunne ha plass i barnehage ved utgangen av 2010. Den individuelle retten til barnehageplass er ei minimumsplikt for kommunane. Det må framleis arbeidast for at alle foreldre som vil ha barnehageplass får tilbod om ein plass, og at tilbodet er i samsvar med foreldras behov og ønskjer. Kommunane må dimensjonere barnehagetilbodet slik at dei er i stand til å oppfylle retten også ved ulike demografiske endringar m.m. Departementet vil komme tilbake til eventuelle oppdaterte anslag og løyvingsbehov for utbygging av barnehageplassar.
Staten vil også i 2010 finansiere drift og etablering av nye barnehageplassar gjennom øyremerkte tilskott. Innlemminga av tilskotta til barnehagar i rammetilskottet til kommunane vil etter planen skje i 2011, jf. Innst. O. nr. 103 (2008–2009) frå familie- og kulturkomiteen og Ot.prp. nr. 57 (2007−2008) Om lov om endringer i barnehageloven (finansiering av ikke-kommunale barnehager).
Mål: Høg kvalitet
Det er tre overordna mål for regjeringa si satsing på høg kvalitet, jf. St.meld. nr. 41 (2008–2009): å sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, å styrkje barnehagen som læringsarena og å sikre at alle barn får delta aktivt i eit inkluderande fellesskap.
Gjennom barnehagelova og rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er det lagt statlege føringar for å sikre kvaliteten i barnehagetilbodet og for å oppfylle barnehagens samfunnsmandat. Fleire forhold er viktige for kvalitet i barnehagane: personalet, barnehagens innhald, eit inkluderande barnehagetilbod for alle barn, samarbeid mellom barnehage og heim og mellom barnehage og skole, koordinerande innsats for barn som har behov for særskild oppfølging, forsking og statistikk og ansvarsfordeling og styring av sektoren.
Tilstandsvurdering
Ei undersøking frå Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA), gjord på oppdrag frå departementet, syner at barnehagekvaliteten har vore teken godt hand om, trass høg utbygging av barnehageplassar gjennom fleire år. Undersøkinga vart gjennomførd i 2008 og byggjer på tidlegare undersøkingar frå 2002 og 2004. Foreldreundersøkingar frå 2004 og 2008, som er gjennomførde av TNS Gallup på oppdrag frå departementet, syner at foreldre generelt er godt nøgde med barnehagetilbodet til barna. Det er ein tendens til at foreldre er meir nøgde i 2008 enn i 2004. Riksrevisjonen gjennomførde i 2009 ei undersøking av barnehagetenestene. Undersøkinga omfattar perioden frå 2006 til 2008. Riksrevisjonen peiker på at satsinga på å nå målet om høg kvalitet i barnehagane synest å vere godt teken vare på, sett i lys av den omfattande barnehageutbygginga.
Regjeringa la fram ei stortingsmelding om kvalitet i barnehagen våren 2009, St.meld. nr. 41 (2008–2009), som no er til behandling i Stortinget. Meldinga gjer mellom anna greie for barnehagen sin plass i utdanningssystemet og legg vekt på å bevare eigenarten til barnehagen og den heilskaplege tilnærminga til omsorg, leik, læring og danning.
Kompetansen til dei tilsette er avgjerande for barnehagekvaliteten. Det er framleis store utfordringar knytt til mangelen på pedagogar og til det varierande kompetansenivået hos personalet i barnehagane, jf. St.meld. nr. 41 (2008–2009). Etter departementets vurdering er barnehagar eit underforska område sett i samanheng med sektorens størrelse og betydning for barn, foreldre og samfunn. Det er nødvendig å rekruttere fleire pedagogar, heve kompetansen og styrkje kunnskapsgrunnlaget for å kunne nå målet om høg kvalitet i alle barnehagar.
Endring i finansieringsordninga for ikkje-kommunale barnehagar, som følgje av innlemming av barnehagetilskott i rammetilskottet til kommunane, vart vedteke da Stortinget handsama Innst. O. nr. 103 (2008–2009) frå familie- og kulturkomiteen, jf. Ot.prp. nr. 57 (2007–2008). Stortinget legg til grunn at hovudregelen for likeverdig behandling blir definert som at kommunen skal sørgje for kostnadsdekning i alle godkjende barnehagar. Det betyr at kommunen skal dekkje kostnader til drift av barnehagar som ikkje blir dekte av andre offentlege tilskott og foreldrebetaling.
Fleirtalet legg òg til grunn at nasjonale forskrifter skal definere ei minimumsplikt for kommunen på same måte som i dag. Minimumsplikta vil bli auka i takt med opptrappinga av tilskottet til kommunen. Lovendringa inneber at godkjende ikkje-kommunale barnehagar skal behandlast likeverdig med kommunale barnehagar når det gjeld offentlege tilskott. Det vil bli utforma nasjonale forskrifter med nærmare reglar om korleis føresegna skal praktiserast. Regjeringa tek sikte på å oppnå likeverdig behandling gjennom ein opptrappingsplan over fem år. Lovendringa vil etter planen tre i kraft ved innlemmingstidspunktet i 2011. For å sikre dei ikkje-kommunale barnehagane vidare drift, skal kommunen ha ei finansieringsplikt overfor eksisterande ikkje-kommunale barnehagar etablert innan 31. desember 2010.
Strategiar og tiltak
Regjeringa vil styrkje innsatsen for å auke kvaliteten i barnehagane, og foreslår å auke løyvinga med 35 mill. kroner i 2010 til tiltak som vil bidra til eit kvalitetsløft av barnehagane, jf. nærmare omtale under post 21. Det vil samla over postane 21, 51 og 63 bli nytta over 100 mill. kroner til kvalitets- og rekrutteringstiltak i 2010. I tillegg vil delar av midlane løyvde over kap. 226 post 21 bli nytta til barnehageformål.
Sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar
Det er store variasjonar i barnehagesektoren i Noreg når det gjeld eigarskap, storleik, organisering og personale. Det er eit mål å jamne ut kvalitetsskilnader i barnehagetilbodet og å sikre eit likeverdig tilbod for alle.
Regjeringa foreslår ein opptrappingsplan for økonomisk likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar med oppstart frå 1. august 2010, jf. post 65. Dette vil leggje til rette for å betre lønns- og arbeidsforholda i ikkje-kommunale barnehagar. Samstundes tek departementet sikte på å auke minimumsplikta i forskrifta frå 85 pst. til 88 pst. av det tilsvarande barnehagar eigde av kommunane i gjennomsnitt mottek i offentleg tilskott. Eksisterande forskrift om likeverdig behandling vil bli ført vidare i 2010, men det vil vere naudsynt å justere forskrifta ved ein auke i minimumsplikta til kommunane frå 85 til 88 pst.
Regjeringa vil opprette eit nasjonalt foreldreutval for barnehagar (FUB) i løpet av 2010. Eit nasjonalt FUB vil bidra til at foreldreressursen blir gjord synleg og foreldrestemmen blir hørd i aktuelle barnehagepolitiske saker, og departementet vil få eit rådgivande organ og ein høringsinstans som har foreldreperspektivet.
Det er mangel på kunnskap om barnehagar, og departementet vil auke innsatsen for å få meir kunnskap om barnehagesektoren. Departementet tek sikte på å setje i gang eit arbeid for å utvikle eit system for å vurdere kvaliteten i barnehagane. Departementet vil styrkje innsatsen på feltet forsking i og om barnehagar. Det vil òg etter planen bli sett av midlar til å følgje opp andre tiltak i St.meld. nr. 41 (2008–2009).
Departementet har utarbeidd ein strategi for utdanningsforsking for perioden 2008–13. Som ein del av strategien har Noregs forskingsråd sett i verk eit nytt tiårig forskingsprogram for utdanningsområdet, Utdanning 2020, jf. omtale under kategori 07.50. Programmets hovudmålsetjingar er å auke omfanget av norsk utdanningsforsking, styrkje kunnskapsbasen på utdanningsområdet frå barnehage til høgre utdanning, heve kvalitet og vitskapleg forankring i norsk utdanningsforsking, betre relevansen på bruksretta/anvend forsking og å styrkje rekrutteringa til utdanningsforskinga. Barnehageforsking er eit av dei prioriterte områda i dette programmet. Vidare vil det bli oppretta ein nasjonal forskarskole i lærarutdanningane, herunder førskolelærarutdanningane. Forskingsprogrammet Praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning (2006–2010) (PRAKSISFOU) blir avløyst av eit nytt praksisretta forskingsprogram, jf. omtale under kategori 07.50. Programmet vil mellom anna auke omfanget av og kvaliteten på forskinga om barnehagar. Eit praksisretta program gjer at tema som er viktige for profesjonsutdanninga og profesjonsutøvinga blir gjenstand for forsking og kunnskapsutvikling. Programmet vil også kunne bidra til å auke kvaliteten på førskolelærarutdanninga.
Forslag til tiltak under målet om å styrkje barnehagen som læringsarena vil òg bidra til å sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar. Dette gjeld tiltak knytte til å betre kompetansen til personalet og å rekruttere fleire pedagogar.
Styrkje barnehagen som læringsarena
Førskolealderen er ein læringsintensiv fase, og grunnlaget for deltaking i sosiale fellesskap, for vennskap og for vidare utvikling og læring blir lagt i tidlege barneår. Barnehagen skal ta alle barns behov for læring og utvikling på alvor og ruste det einskilde barnet for livslang læring.
Kompetansen til personalet er den viktigaste ressursen i barnehagen og ein føresetnad for at barnehagen skal vere ein god arena for leik, omsorg, læring og sosial utjamning. Det er mangel på pedagogar, og regjeringa har som mål å auke delen tilsette med barnehagefagleg og barnefagleg kompetanse i barnehagane. Regjeringa vil derfor styrkje innsatsen på kompetansehevingstiltak for dei tilsette. Regjeringa satsar på kompetanseheving av alle grupper tilsette i barnehagane. Kompetanse i barnehagen - Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2008–2010) vil bli følgt opp. Vidare tek departementet sikte på å opprette eit vidareutdanningstilbod innanfor leiarskap for styrarar og styrkje satsinga på studiet Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (PUB-studiet) på prioriterte område.
Departementet foreslår å føre vidare satsinga på å rekruttere fleire pedagogar til barnehagane og å halde oppe talet på studieplassar i førskolelærarutdanninga i 2010, jf. Innst. S. nr. 355 (2008–2009), St.prp. nr. 67 (2008–2009) og omtale under kategori 07.60, kap. 281. Departementet foreslår òg å føre vidare satsinga på arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning og etter- og vidareutdanningstilbod til tilsette i barnehagane, jf. post 21 og omtale under kategori 07.60, kap. 260. Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2010) vil bli utvikla og ført vidare.
Departementet vil starte arbeidet med å revidere rammeplan om innhaldet i og oppgåvene til barnehagane, jf. St.meld. nr. 41 (2008–2009).
Likestillingsarbeidet vil bli følgt opp gjennom Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring(2008–2010). Rekrutteringsteam og demonstrasjonsbarnehagar er mellom anna tiltak i planen som vil bli førde vidare i 2010. Formålet er å fremme likestilling mellom gutar og jenter og å komme nærmare målet om 20 pst. menn i barnehagane. Departementet vil vurdere korleis likestillingsarbeidet i barnehagen kan fornyast og styrkjast.
Det er eit mål for regjeringa at bruken av samiske språk skal styrkjast og bli ein ressurs for nye samiske generasjonar. Ei viktig utfordring i den samiske barnehagesektoren er å rekruttere tilsette som har samiskspråkleg kompetanse. Særleg gjeld dette i lule- og sørsamiske område. I tillegg er det naudsynt å ta vare på kompetansen i samisk tradisjonelt arbeid. Det er òg behov for fleire læremiddel tilpassa samiske barn. Departementet vil setje av midlar til å auke kompetansen i samisk språk og tradisjonar hos personalet i samiske barnehagar og norskspråklege barnehagar med samiske barn.
Alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap
Barnehagen skal inkludere alle, uavhengig av sosial bakgrunn og funksjonsnivå, og har særleg ansvar for å sikre god og tidleg hjelp til barn som har behov for særskild oppfølging.
Det er oppnemnt eit offentleg utval, Brennautvalet, som skal vurdere ulike ordningar for eit pedagogisk tilbod til alle barn i førskolealder. Utvalet skal mellom anna gjere greie for, vurdere og analysere korleis det pedagogiske tilbodet før skolestart er i dag, og vurdere korleis eit tilbod til alle førskolebarn bør organiserast og kva det bør innehalde. Utvalet skal etter planen gi si innstilling innan 1. oktober 2010.
Departementet gir kommunane eit tilskott til tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne i barnehagane, jf. post 62. Tilskottsordninga skal bidra til at barn med nedsett funksjonsevne skal kunne dra nytte av opphald i barnehage. Midtlyngutvalets NOU 2009: 18 Rett til læring har ei rekkje forslag og strategiar som skal bidra til betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Departementet vil komme tilbake til korleis forslaga frå utvalet skal følgjast opp.
Det er framleis eit mål å auke talet på minoritetsspråklege barn i barnehagen, og departementet vil halde fram med å gi øyremerkte tilskott til kommunane, jf. post 63. Målretta språkstimulering i førskolealder vil kunne bidra til betre skolestart for barn som ikkje har norsk som morsmål og på lengre sikt auke barnas deltaking i samfunnet. Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) har frå 2005 til 2009 motteke midlar frå departementet til kompetansetiltak for personale innan fleirkulturell pedagogikk og språkstimulering for minoritetsspråklege barn. Departementet har sett i gang ei ekstern evaluering av NAFOs prosjekt. Evalueringa vil liggje føre vinteren 2010.
Departementet vil hausten 2009 setje i gang eit arbeid med fagleg vurdering av dei verktøya som nyttast til kartlegging av barns språk. Resultata vil liggje føre i løpet av 2010. Vidare vil departementet starte arbeidet med å lage rettleiarar til bruk og oppfølging av anbefalte verktøy for språkkartlegging når den faglege vurderinga er gjennomførd. Departementet vil vurdere om det skal settast krav til pedagogisk kompetanse for å kunne foreta kartlegging av språkutvikling til barn.
Regjeringa vil halde fram med arbeidet mot mobbing gjennom Manifest mot mobbing. Det er særleg tiltaket om å styrkje barnehagens samarbeid med foreldra for å fremme eit godt barnemiljø, som vil bli vektlagt i 2010, jf. oppretting av Foreldreutval for barnehagane (FUB).
Mål: Låg pris
Målet til regjeringa er at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, har råd til å betale for ein barnehageplass av god kvalitet.
Tilstandsvurdering
Maksimalprisen for foreldrebetalinga har vorte redusert frå kr 2 750 per månad i 2005 til kr 2 330 i 2009. Dette utgjer ein reell reduksjon på om lag 27 pst.
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby barnefamiliane med lågast betalingsevne ein reduksjon eller fritak for foreldrebetaling. Kommunane er frie til å avgjere kva type ordning dei ønskjer å tilby. Undersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) i januar 2009 syner at 24 pst. av kommunane har inntektsgraderte betalingssatsar. Andre kommunar tilbyr friplassar eller andre rabattordningar utanfor det ordinære betalingssystemet til barnehagen.
Konsulentfirmaet Fürst og Høverstad ANS har gjennomført ei utvalsundersøking av kostnadene i barnehagane i 2008. Analysen syner at kostnadsnivået ved drift av ordinære ikkje-kommunale barnehagar utgjer om lag 85 pst. av kostnadene i kommunale barnehagar. Kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar auka nominelt med 9,8 pst. frå 2007 til 2008. I ordinære ikkje-kommunale barnehagar var den nominelle kostnadsveksten ved ordinær drift 6,9 pst. Kostnadsveksten både i dei kommunale og ikkje-kommunale barnehagane skyldast i hovudsak ein auke i gjennomsnittskostnadene per årsverk.
Telemarksforsking har på oppdrag frå departementet gjennomført ein omfattande analyse av kostnadsforskjellar i barnehagesektoren basert på tal frå 2007, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (2007–2008). Undersøkinga viser at det er god konsistens mellom funna frå denne undersøkinga og resultata frå tidlegare kostnadsanalysar. Kostnadsforskjellane mellom dei kommunale og dei ikkje-kommunale barnehagane kan i all hovudsak forklarast med at dei ikkje-kommunale barnehagane har lågare bemanning og lågare lønns- og pensjonskostnader. Undersøkinga viser at skilnadene i pensjonskostnader er større enn skilnadene i lønnskostnader.
Departementet legg opp til at barnehagetilskottet blir innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2011, jf. Innst. O. nr. 103 (2008−2009) og Ot.prp. nr. 57 (2007−2008). Innlemminga i rammetilskottet er planlagd for post 60, post 62 og post 65, jf. St.prp. nr. 57 (2007−2008) Kommuneproposisjonen 2009. Prinsippa for innlemming vil, etter planen, bli presenterte i kommuneproposisjonen for 2011.
Strategiar og tiltak
Regjeringa vil føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå kvart år framover, til målet i Soria Moria-erklæringa om ei maksimalgrense for foreldrebetalinga på kr 1 750 (2005-kroner) blir innfridd.
Foreldrebetalinga for eit ordinært heiltidstilbod vil i 2010 maksimalt utgjere kr 2 330 per månad og kr 25 630 per år. Gjennom å auke det statlege driftstilskottet vil staten i 2010 dekkje kostnadene ved den forventa pris- og kostnadsauken i kommunesektoren som foreldra normalt dekkjer gjennom foreldrebetalinga.
Rapport 2008–09
Full barnehagedekning
Målsetjinga for 2008 var at full barnehagedekning skulle bli halden oppe i dei kommunane som hadde nådd full dekning, og at full barnehagedekning vart nådd i dei kommunane som enno ikkje hadde etablert tilstrekkeleg med barnehageplassar.
Måltalet for utbygging i 2008 var 18 000 nye barnehageplassar. Desse skulle gi rom for om lag 14 500 fleire barn i barnehage. Tal frå KOSTRA og Asplan Viak viser at det vart etablert om lag 14 500 nye heiltidsplassar, og dette gav nær 12 100 nye barn barnehageplass i 2008. 66 pst. av dei nye barnehagebarna i 2008 var under tre år.
Som i dei føregåande åra gjekk også ein god del av kapasitetsveksten i barnehagesektoren i 2008 med til å auke opphaldstida til barn som allereie hadde plass i barnehage. Både i 2008 og 2007 vart det etablert 1,2 heiltidsplassar for kvart nytt barn som kom inn i barnehage.
I 2008 hadde 83 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen, mot 80 pst. i 2007. Det vil seie avtalt opphaldstid i veka på 41 timar eller meir. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 41,9 til 42,4 timar per veke. I 2003, da barnehageforliket vart inngått i Stortinget, hadde 60,8 pst. av barna heiltidsplass i barnehage, og gjennomsnittleg avtalt opphaldstid var 38,1 timar per veke.
Ved utgangen av 2008 var det om lag 6 700 barnehagar i Noreg. Om lag 54 pst. av desse var private. Kommunane står no for ein betydeleg større del av utbygginga i barnehagesektoren enn tidlegare. I 2008 byrja 59 pst. av dei nye barna i ein offentleg barnehage, mot 48 pst. i 2007. Offentleg og privat del av barnehagesektoren er framleis relativt jamstore. I 2008 hadde 54 pst. av barna plass i ein offentleg barnehage, medan 46 pst. hadde tilbod i ein privat barnehage.
Regjeringas definisjon av full barnehagedekning i 2008 var, som i 2007, at alle som søkte innan fristen for hovudopptaket om våren, skulle få tilbod om ein plass innan utgangen av året. I november 2008 gjennomførte departementet ei spørjeundersøking blant alle landets kommunar kalla «Barnehagekartet 2008». Undersøkinga viste at ved utgangen av 2008 ville det vere 2 415 barn på venteliste. Av dei barna som ikkje fekk plass, var 78 pst. busette i Oslo, Bergen, Bærum, Halden eller Os. Desse fem kommunane hadde ei forventa venteliste med 100 eller fleire barn. I «Barnehagekartet 2008» var det fleire kommunar som hadde venteliste som ikkje hadde venteliste året før. Det som kjenneteiknar desse kommunane, er at ventelistene er forholdsvis korte.
Fylkesmennene har, på oppdrag frå departementet, følgt opp dei kommunane som har lange ventelister. Fylkesmennene har sett i verk fleire tiltak overfor desse kommunane, mellom anna rettleiing i dei statlege tilskottsordningane for barnehageutbygging og råd om ulike løysingar for å få fortgang i barnehageutbygginga, eksempelvis etablering av faste barnehageplassar i mellombelse lokale. Som eit ledd i arbeidet med å sikre at alle kommunane skal oppfylle den lovfesta retten, fekk departementet våren 2009 månadlege rapportar frå fylkesmennene med vurdering av risikoen for at kommunane ikkje ville innfri retten til barnehageplass.
For å gjere kommunane i stand til å forsere barnehageutbygginga, auka regjeringa i 2008 det statlege tilskottet til faste barnehageplassar i mellombelse lokale, jf. Innst. S. nr. 270 (2007−2008) og St.prp. nr. 59 (2007−2008). Tilskottet har medverka til auka utbygging av barnehageplassar, og rapporteringa frå kommunane per september 2008 syner vekst i talet på barn i mellombelse lokale, jf. post 64.
I revidert nasjonalbudsjett for 2009 er det lagt løyvingsmessig til rette for at om lag 271 500 barn skal kunne ha eit barnehagetilbod ved utgangen av 2009, jf. Innst. S. nr. 355 (2008−2009) og St.prp. nr. 67 (2008−2009). Det er om lag 9 600 fleire barn enn ved utgangen av 2008. Anslaget for talet på barn er mellom anna basert på opplysningar frå ei undersøking utførd av Asplan Viak på oppdrag frå departementet i 2009, om kommunane sine utbyggingsplanar i 2009.
Før 2009 hadde kommunane etter barnehagelova plikt til å sørgje for at det var tilstrekkeleg med barnehageplassar for barn i førskolealder. Kravet til kommunane vart skjerpt da ein rett til barnehageplass vart innførd, jf. Innst. O. nr. 69 (2007−2008) og Ot.prp. nr. 52 (2007−2008). Retten inneber at barn som har fylt eitt år innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har rett til barnehageplass. Retten skal oppfyllast frå august same året, og barn skal ha rett til plass i ein barnehage godkjend etter barnehagelova i heimkommunen. Kommunen skal fastsetje søknadsfrist for opptak i barnehagane og ha minimum eitt opptak i året.
Høg kvalitet
Eit overordna mål for barnehagepolitikken til regjeringa i 2008 var at barnehagen skal gi barn eit pedagogisk tilbod av god kvalitet. Kvaliteten i barnehagane er først og fremst avhengig av dei menneskelege ressursane, det vil seie barnehagens personale, barna og foreldra. Krav til innhald og kvalitet i barnehagen har auka gjennom den reviderte rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Det er viktig at personalet i barnehagane bruker rammeplanen aktivt i sitt daglege arbeid for å kunne gi eit tilbod til barna som er i tråd med dei forventningane som ligg i lov og forskrift. På oppdrag frå departementet har Høgskolen i Vestfold i 2008–09 gjennomført ei brei evaluering av korleis rammeplanen har vorte innført, brukt og erfart i sektoren. Undersøkinga har omfatta både fylkesmenn, kommunar, styrarar og anna personale, foreldre og barn. Resultata ligg føre i rapporten Alle teller mer (2009). Evalueringa konkluderer med at det er stor vilje til og mykje engasjement for å setje intensjonane i rammeplanen ut i praksis, og det har vore arbeidd systematisk med implementeringsarbeidet både på fylkes-, kommune- og barnehagenivå. Resultata syner at personalet er godt nøgd med planen som eit styringsdokument, og barnehagen arbeider aktivt med dei ulike fagområda, spesielt dei som ligg nær det som er definert som basiskompetanse i skolen. Evalueringa peikar på utfordringar knytte til korleis aktørane handterer roller og ansvar, rammevilkår for innføring av planen og samspel mellom barnehagar og kompetansemiljø slik som høgskolar og universitet.
Ei viktig oppgåve for fylkesmennene er å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit. Tilsynet skal sikre at krava i barnehagelova med forskrifter blir oppfylte. Rapporteringa frå fylkesmennene for 2008 syner ein auke i talet på tilsyn. Vidare har fylkesmennene gjennomført ei rekkje tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane, gjennom samlingar, nettverk og konferansar om aktuelle tema og ved direkte oppfølging av kommunane. Innanfor dei nasjonale føringane blir tiltak utforma og tilpassa regionalt i samarbeid med aktørane i sektoren. Embeta peikar på at godt samarbeid med høgskolar og universitet om kompetanseutviklinga lokalt, er viktig for å fremme kvaliteten i barnehagane.
I 2008 vart det fordelt om lag 20 mill. kroner til barnehageforsking, jf. post 51, gjennom Program for velferdsforsking (2004–2008) og PRAKSISFOU som Noregs forskingsråd forvaltar. Forsking i og om barnehagar kan bidra til å utvikle praksisfeltet, og meir forskingsbasert kunnskap er ønskeleg for å støtte kvalitetsutvikling i sektoren. Program for velferdsforsking skal bringe fram eit fagleg kunnskapsgrunnlag som er relevant for politikkutforming og for den offentlege debatten. Programmet vart avslutta i 2008, og endeleg rapport vil bli publisert i november 2009.
Departementet tek del i eit uformelt administrativt nordisk barnehagenettverk med representantar frå dei ulike styresmaktene. Deltaking i nettverket har medverka til at det no er sett i gang eit samarbeid mellom dei nordiske landa om utvikling av felles indikatorar for kvalitet i barnehagen. Departementet er òg med i eit OECD-nettverk på barnehageområdet, der ein utvekslar røynsler og gir råd om OECD-prosjekt om kvalitet i barnehagen. Noreg overtok i 2009 leiaransvaret i nettverket. I ein rapport frå Eurydice Network (2009) blir det antyda at barnehagetilbod som har eit heilskapleg syn på omsorg og læring og som omfattar alle barn under skolealder, er den rette vegen å gå for barnehagen i framtida. Noreg er i rapporten trekt fram som eit godt eksempel.
Personale og kompetanse i barnehagen
God kompetanse hos personalet i barnehagen og tilstrekkelig med pedagogar er viktig for å få høg kvalitet på barnehagetilbodet. Ei målsetjing i 2008 var at talet på pedagogar i barnehagen skulle aukast, slik at kravet til pedagogisk kompetanse, slik det går fram av lov om barnehagar, kan bli oppfylt. Talet på styrarar og pedagogiske leiarar med pedagogisk utdanning, dvs. førskolelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning, auka med om lag 2 200 personar frå 2007 til 2008.
NOVA-rapporten Førskolelærere og barnehageansatte (2009) syner at stabiliteten blant førskolelærarar er god og aukande. Fleire nyutdanna førskolelærarar tek til å arbeide i barnehage enn tidlegare. Det ser ut til at førskolelærarar frå andre sektorar kjem tilbake til barnehagane ettersom auken i talet på førskolelærarar er vesentleg høgre enn talet på uteksaminerte studentar. Til tross for dette har dei fleste fylka store utfordringar når det gjeld å rekruttere nok pedagogar. Oslo og Akershus har framleis dei største vanskane. Delen styrarar og pedagogiske leiarar med godkjend førskolelærarutdanning auka noko i alle fylke i 2008 bortsett frå Aust-Agder.
Tabell 4.8 Personale i barnehagane
2006 | 2007 | 2008 | |
---|---|---|---|
Tal på tilsette | 69 655 | 76 089 | 81 450 |
Tal på årsverk | 54 896 | 60 525 | 65 155 |
Tal på barn per årsverk | 4,3 | 4,1 | 4,0 |
– i offentlege barnehagar | 4,2 | 4,0 | 3,9 |
– i private barnehagar | 4,4 | 4,3 | 4,1 |
Tal på styrarar og pedagogiske leiarar | 22 334 | 24 612 | 27 035 |
– i pst. av dei tilsette | 32,1 | 32,3 | 33,2 |
Styrarar og pedagogiske leiarar med pedagogisk utdanning | 20 377 | 21 727 | 23 931 |
– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar | 91,2 | 88,3 | 88,5 |
Styrarar og pedagogiske leiarar med førskolelærarutdanning | 19 402 | 20 432 | 22 637 |
– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar | 86,9 | 83,0 | 83,7 |
Tilsette med barne- og ungdomsfagleg utdanning | 6 197 | 7 183 | 8 758 |
– i pst. av dei tilsette | 8,9 | 9,4 | 10,8 |
Kjelde: Kunnskapsdepartementet og Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2008 var det 81 450 tilsette som utførte 65 155 årsverk i barnehagane. Dette er ein auke på over 4 600 årsverk frå året før. Om lag 27 000 av dei tilsette var styrarar og pedagogiske leiarar. Sidan 2006 har talet på tilsette i sektoren auka med om lag 11 800 personar. Talet på barn per årsverk syner ein nedgang frå 2006 til 2008. Nedgangen kan forklarast med at det har vore ein sterk auke i talet på barnehageplassar for barn under tre år i denne perioden. Etter forskriftene til barnehagelova skal det vere ein pedagogisk leiar per sju til ni barn når barna er under tre år, og ein pedagogisk leiar per 14 til 18 barn når barna er over tre år. Delen av dei tilsette med barne- og ungdomsfagleg utdanning har auka med nær to prosentpoeng frå 2006 til 2009.
Talet på studentar som er tekne opp til førskolelærarutdanninga, har auka frå 2 091 i 2005 til 2 556 i 2008, jf. omtale under kategori 07.60. Ferdig uteksaminerte førskolelærarar har gått ned frå 1 435 i 2007 til 1 365 i 2008. Tal frå Samordna opptak per april 2009 syner at talet på søkjarar som har førskolelærarutdanning som førsteval, er redusert med 3,5 pst. frå 2008 til 2009. Frå 2007 til 2008 var auken 15,2 pst.
I 2008 vart det nytta 11,5 mill. kroner til tiltak knytt til Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen(2007–2011). Ei rekkje oppstarta tiltak vart førde vidare og styrkte, slik som midlar til arbeidsplassrelatert førskolelærarutdanning, desentralisert førskolelærarutdanning og rettleiingsprogrammet for nyutdanna førskolelærarar. Fem fylkesmannsembete i pressregionar har fått støtte til å utforme regionale tiltak i samarbeid med høgskolar/universitet, barnehagemyndigheit, barnehageeigarar og organisasjonar.
Målsetjinga for 2008 var at barnehagesektoren skulle gjennomføre kompetansetiltak i høve til Kompetanse i barnehagen – Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010) (kompetansestrategien). Departementet førte vidare satsinga på kompetanseutvikling i barnehagesektoren i 2008. Om lag 66,5 mill. kroner vart nytta til kompetanseutvikling og rekrutteringstiltak, sjå nærmare rapport under postane 21, 51 og 63. Asplan Viak og Fafo har fått i oppdrag frå departementet å kartleggje gjennomføringa av kompetansestrategien. Første delrapport frå kartlegginga syner at strategien har ført til auka aktivitet og tiltak for å heve kompetansen hos personalet. Rapporten syner at nær alle kommunar har teke del i satsinga og at tiltaka har vore retta mot dei prioriterte områda. Alle grupper tilsette har vore omfatta av tiltak, men i tråd med føringane har den pedagogiske leiinga vore prioritert i den første fasen. Kommunane har auka løyvingane til kompetanseheving. Fleire kommunar har gjennomført kartlegging av kompetansebehov, og nær alle kommunar har utarbeidd planar for kompetansetiltak. Resultata syner òg at det er behov for å auke den generelle kompetansen til dei tilsette i barnehagane.
Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) fekk i 2008 midlar til å føre vidare kompetanseutvikling i språkstimulering og fleirkulturell pedagogikk for tilsette i barnehagar, jf. omtale under post 63. Barnehagar i alle fylke var omfatta av tiltak i 2008. NAFO har i samarbeid med universitet og høgskolar og fylkesmenn gitt tilbod om kompetanseutvikling gjennom kurs, rettleiing, praksisprosjekt og nettverk.
St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer vart lagd fram i juni 2008. Meldinga drøfter korleis kommunane kan leggje til rette for språkstimulering for førskolebarn. Meldinga foreslår å styrkje rettleiing og erfaringsspreiing overfor kommunane mellom anna ved ein gjennomgang og fagleg vurdering av verktøy og metodar for språkkartlegging og språkstimulering.
Østbergutvalet vart nedsett i 2008 for å sjå nærmare på opplæringstilbodet til minoritetsspråklege barn, unge og vaksne. Utvalet skal mellom anna vurdere former for samarbeid mellom barnehage og foreldre og føresette, vurdere særskilde tilbod om språkstimulering i og utanfor barnehage og foreslå nye tiltak. Utvalet vil leggje fram si endelege innstilling i juni 2010.
Departementet har inngått eit samarbeid med Nasjonalt folkehelseinstitutt om bruk av data frå Mor og barn-undersøkelsen for mellom anna å kartleggje den verknaden barnehagen har for språkutvikling hos barn, jf. omtale under kategori 07.50. Foreløpige resultat frå studien viser at barn som har gått i barnehage, har betre språkutvikling enn barn som ikkje har gått i barnehage. Blant barn som går i barnehage, er delen med forsinka språk lågare enn blant barn som blir passa heime. Det er også ein større del av barna som går i barnehage som snakkar i lange og samansette setningar. Desse funna gjeld på tvers av sosiale forhold.
Eit godt samarbeid mellom barnehagen og barnevernet er svært viktig for å kunne oppdage barn som har behov for hjelp, og for å kunne setje inn tidleg innsats og målretta tiltak for barn og foreldre. NOVA fekk i oppdrag å kartleggje meldepraksisen frå barnehagane til barnevernet og korleis barn som barnehagen er bekymra for, blir følgde opp. Resultata viser at det er større kontakt mellom barnehagane og barnevernstenesta enn dei offisielle tala syner. Rapporten syner at det er behov for kompetanse hos personalet og eit tettare og betre samarbeid mellom barnehagen og barnevernstenesta. Det er langt fleire rapporteringar frå kommunale enn frå private barnehagar. Utfordringa for kommunane er derfor å utforme generelle og systematiske samarbeidsrutinar med barnevernstenesta som også inkluderer dei private barnehagane. Departementet har i samarbeid med Barne- og likestillingsdepartementet utarbeidd ein rettleiar om samarbeid mellom barnehage og barnevernstenesta.
Sidan 2002 har regjeringa i samarbeid med sentrale nasjonale parter forplikta seg til å styrkje arbeidet mot mobbing i barnehage, skole og fritidsmiljø gjennom Manifest mot mobbing. Det går fram av NOVA-rapporten Kvalitet og kvantitet (2009)at styrarane rapporterer at det sjeldan forekommer mobbing mellom barna i barnehagen. I 2004 rapporterte 22 pst. at mobbing aldri gjekk føre seg. I 2008 var talet stige til 30 pst. Manifest mot mobbing for 2006–08 vart avslutta og er ført vidare i nytt manifest for 2009–10. Å leggje vekt på lærings- og omsorgsmiljø ved å følgje opp rammeplanen om innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, og å styrkje barnehagens samarbeid med foreldre, er to av tiltaka i det nye manifestet.
Likestilling
Departementet arbeider for å fremme likestilling mellom gutar og jenter og for å auke rekrutteringa av menn til barnehagen. Departementet har derfor utarbeidd Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008–2010). Denne inneheld mellom anna nye tiltak som skal auke kompetansen om likestilling i barnehagen og føre arbeidet vidare for å nå målet om 20 pst. mannlege tilsette i barnehagane.
Evalueringa til Høgskolen i Vestfold (2009) syner at likestilling er eit område som ikkje blir prioritert i arbeidet med å implementere rammeplanen. Evalueringa konkluderer med at likestillingsarbeidet i barnehagen bør rettast meir inn mot å gi gutar og jenter høve til å delta i ulike læringssituasjonar i barnehagen, slik rammeplanen legg føringar for.
Det har vore ein auke i talet på menn i barnehagane frå 2007 til 2008 på om lag 580 personar. Det er ein auke på 8,3 pst. Ved utgangen av 2008 var det om lag 7 600 menn i norske barnehagar. Om lag ni pst. av dei tilsette i barnehagane er menn, og i 2008 hadde om lag 39 pst. av barnehagane ein eller fleire menn tilsette i basisverksemd. Delen menn som fullfører førskolelærarutdanninga har auka, men er framleis berre på 10,8 pst. av dei uteksaminerte studentane.
Barn med nedsett funksjonsevne
Barn med nedsett funksjonsevne kan trenge særskild tilrettelegging av fysiske og personalmessige forhold i barnehagen for at dei skal få eit godt pedagogisk tilbod. Staten gir derfor eit tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage, jf. post 62. Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp, jf. opplæringslova § 5-7.
I PRAKSISFOU er det av den årlege løyvinga på om lag 15,5 mill. kroner sett av vel 2,5 mill. kroner til forsking om barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen, jf. post 51. Fire av prosjekta omhandlar barn med nedsett funksjonsevne.
NOVA-rapporten Kvalitet og kvantitet (2009) syner at 94 pst. av barnehagane med barn med nedsett funksjonsevne fekk ekstra ressursar til bemanning i barnehagen, 29 pst. til hjelpemiddel og 14 pst. til fysisk tilrettelegging. 87 pst. av barnehagane hadde etablert rutinar for kontakt med andre hjelpeinstansar i kommunen. 96 pst. av desse barnehagane hadde etablert kontakt med PP-tenesta.
I juli 2009 la Midtlyngutvalet fram si innstilling, NOU 2009: 18 Rett til læring, som vart send ut til høring hausten 2009. Innstillinga inneheld fleire forslag som vil kunne bidra til betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Utvalet har presentert nokre sentrale utfordringar: tendens til einsretting og mangel på omsyn til mangfaldet blant dei som får opplæring, ulikskapar i forståing av regelverk og utfordringar, mangel på samordning av tilbod og samarbeidskompetanse og forhold knytte til den spesialpedagogiske innsatsen, til dømes at samanhengen mellom kartlegging/utgreiing og konkret pedagogisk handling ikkje blir godt nok teke vare på.
Minoritetsspråklege barn
Talet på minoritetsspråklege barn i barnehagen har auka frå om lag 18 900 barn i 2007 til om lag 22 200 barn i 2008. I 2008 gjekk 67,4 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage. Det er ein auke på 4,6 prosentpoeng frå 2007. I 2008 gjekk 92,8 pst. av alle minoritetsspråklege femåringar i barnehage, mot 96,8 pst. av alle femåringar i befolkninga totalt.
Eit av tiltaka for å rekruttere minoritetsspråklege barn til barnehage har vore forsøk med gratis kjernetid som Arbeids- og inkluderingsdepartementet står bak. Frå 2006 er det gitt tilbod om gratis kjernetid til fire- og femåringar i utvalde bydelar i Oslo. Tiltaket legg òg vekt på å gi systematisk språkstimulering i desse barnehagane. Fafo har på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet i 2009 gjennomført ei undersøking om forsøket med gratis kjernetid. Ifølgje undersøkinga synest erfaringane med gratis kjernetid i barnehage så langt å vere gode. Fleire barn enn tidlegare blir rekrutterte til barnehage, og fleire barn får eit språkstimuleringstilbod. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2009–2010) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Ved utgangen av 2008 var det 1 132 førskolelærarar med innvandrarbakgrunn med jobb i barnehage, mot 925 i 2007. I 2008 utgjorde dette 4,3 pst. av alle førskolelærarar som arbeidde i norske barnehagar. Hausten 2008 hadde 6,3 pst. av studentane i førskolelærarutdanninga innvandrarbakgrunn, sjå nærmare omtale i Del III, Mål for inkludering i Prop. 1 S (2009–2010) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Låg pris
Målet i 2008 var at prisen skulle vere så låg at alle som ønskte det, hadde råd til å betale for ein barnehageplass av god kvalitet. Maksimalgrensa for foreldrebetalinga vart 1. januar 2008 førd vidare på same nominelle nivå som i 2007. Maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod var i 2008 kr 2 330 per månad og kr 25 630 på årsbasis. Ei undersøking gjennomførd av Statistisk sentralbyrå i januar 2009 syner at den gjennomsnittlege betalingssatsen på landsbasis i januar 2008, i både private og kommunale barnehagar, var lågare enn maksimalgrensa. Dette skyldast at ein del kommunar har inntektsgraderte betalingssatsar. For hushald med bruttoinntekt på kr 250 000, kr 375 000 og kr 500 000 var satsane for ein heiltidsplass i kommunal barnehage høvesvis kr 2 114, kr 2 265 og kr 2 296 i gjennomsnitt. For private barnehagar var den gjennomsnittlege betalingssatsen per januar 2008 på landsbasis kr 2 253. Maksimalprisen synest derfor å vere gjennomførd i barnehagane. Maksimalgrensa for foreldrebetalinga vart i 2009 ført vidare på same nominelle nivå som i 2008. I 2009 er maksimalprisen såleis kr 2 330 per månad og kr 25 630 per år.
Kap. 231 Barnehagar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51 | 80 215 | 88 136 | 120 556 |
50 | Tilskott til samiske barnehagetilbod | 12 380 | 12 925 | 13 339 |
51 | Forsking, kan nyttast under post 21 | 6 767 | 7 065 | 7 291 |
60 | Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving | 15 899 618 | 18 120 880 | 19 677 908 |
61 | Investeringstilskott, overslagsløyving | 228 882 | 173 000 | 189 600 |
62 | Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage | 794 769 | 829 674 | 855 724 |
63 | Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder | 106 752 | 111 529 | 115 098 |
64 | Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving | 39 400 | 33 000 | 42 000 |
65 | Skjønnsmidlar til barnehagar | 4 009 779 | 4 938 731 | 5 805 706 |
Sum kap. 231 | 21 178 562 | 24 314 940 | 26 827 222 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51
Midlane blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak, rekrutteringstiltak og informasjons- og erfaringsspreiing i barnehagesektoren.
Om lag 56 mill. kroner vart nytta til kompetanseutvikling over post 21 i 2008. I tillegg vart det løyvt midlar til dette formålet over post 51 og post 63. Samla vart om lag 66,5 mill. kroner nytta til kompetanseutvikling og rekrutteringstiltak i 2008. 25 mill. kroner vart tildelte fylkesmennene til fordeling til kompetanseutvikling i barnehagesektoren. Første delrapport frå evalueringa av Kompetanse i barnehagen – Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007−2010) syner at dei midlane som blir forvalta av fylkesmennene, når dei aller fleste kommunane i landet, og at det vart nytta meir midlar til kompetanseutvikling i 2008 enn åra før. 13 mill. kroner vart tildelte Noregs forskingsråd over post 21 til praksisretta forskings- og utviklingsarbeid (PRAKSISFOU), jf. omtale under post 51. Totalt vart 11,5 mill. kroner nytta til oppfølging av Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007−2011). 6 mill. kroner vart nytta til arbeidsplassrelatert førskolelærarutdanning for barnehageassistentar. Til rettleiingsprogrammet for nyutdanna førskolelærarar vart det nytta 1 mill. kroner, og rapportering syner at om lag 35 pst. av alle nyutdanna førskolelærarar fekk rettleiing det første året i yrket i 2008. Dessutan vart om lag 2,5 mill. kroner tildelte fylkesmenn i pressregionar for å leggje til rette for målretta rekrutteringstiltak til førskolelærarstudium og til barnehagane i samhandling med aktørar regionalt. Det vart i tillegg nytta midlar til rekruttering og gjennomstrøyming av tospråklege førskolelærarstudentar, jf. omtale under post 63.
Departementet nytta om lag 4,5 mill. kroner til vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid. Vidare vart Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) tildelt midlar til språkstimulering og fleirkulturell pedagogikk, jf. omtale under post 63. For å støtte innføringa av ny rammeplan vart vel 1 mill. kroner nytta til temahefte og nasjonale konferansar.
I tillegg til ordinære midlar til fylkesmennene vart embeta tildelte om lag 13 mill. kroner til særskilde oppgåver på barnehagefeltet. Midlane vart nytta til informasjon, rettleiing, utviklingstiltak og kommunale nettverk.
Det vart vidare nytta om lag 2,5 mill. kroner i 2008 til barnehagetiltaka i Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008–2010).
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten til kvalitetstiltak i barnehagane med 31,6 mill. kroner i 2010. Midlane skal i hovudsak nyttast til å følgje opp forslag i St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen, til dømes kompetanseutviklingstiltak for tilsette i barnehagane, (til dømes studietilbod innan leiarskap for styrarar og PUB-studiet), oppretting av foreldreutval for barnehagar og forsking. Til denne satsinga kjem det òg eit løyvingsbehov til utdanningsstøtte gjennom Statens lånekasse for utdanning over kap. 2410, som følgje av forslag om oppretting av nye studieplassar innanfor leiarskap for styrarar og PUB-studiet. For å betre samordninga i departementet innanfor utgreiingsarbeid og utviklingsoppgåver, er det foreslått å redusere posten med 2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 200 post 21, jf. omtale under kap. 200.
Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod
Sametinget forvaltar tilskott til samiske barnehagar, tilskott til språktiltak i norskspråklege barnehagar med samiske barn og midlar til informasjons-, rettleiings- og utviklingsarbeid. Formålet med tilskottet er å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen.
Sametinget mottok i 2008 om lag 12,5 mill. kroner til desse formåla. 41 samiske barnehagar med om lag 950 barn fekk tildelt særskilt tilskott i 2008. I tillegg fekk 19 norskspråklege barnehagar tilskott til samiskopplæring. Det er gitt midlar til seks prosjektarbeid. Vidare er det gitt prosjektmidlar til ti læremiddelprosjekt. Fire av desse er på nordsamisk, tre på lulesamisk og tre på sørsamisk. Sametinget har i sine møte og konferansar med kommunar prioritert sentrale tema i Kompetanse i barnehagen – Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010), som pedagogisk leiing, medverknad frå barn, språkmiljø og språkstimulering og samarbeid og samanheng mellom barnehage og skole. Samisk høgskole, Sametinget, KS Finnmark, Høgskolen i Finnmark og Fylkesmannen i Finnmark har sett i verk ein kampanje, Drømmejobben/Gollevirgi, for å rekruttere fleire studentar til dei to lærarhøgskolane i fylket. Kampanjen blir støtta av departementet. Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21
Midlane blir nytta til forsking i og om barnehagar. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21.
Forskingsprogrammet PRAKSISFOU skal fremme forskings- og utviklingsarbeid i lærarutdanning, betre samanhengen mellom yrkesutdanning og yrkesutøving og medverke til at forskingsbasert kunnskap blir teken i bruk. I 2008 vart det løyvt vel 15,5 mill. kroner til PRAKSISFOU, der om lag 2,5 mill. kroner vart løyvde over post 51. I alt inneheld programmet 13 prosjekt som rettar seg mot barnehagen. Prosjekta omhandlar tema som barnehagens innhald, læring og utvikling, barnehagen som institusjon, førskolelærarutdanning, livslang læring, overgangen mellom barnehage og skole samt barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen. Sju prosjekt vart tildelte midlar i 2008. Dei fleste prosjekta er inne i si avsluttande fase. Endelege resultat frå barnehageprosjekta vil liggje føre i 2010–11. Om lag 4 mill. kroner vart løyvde over posten til Program for velferdsforsking. Det har vorte gjennomført to større forskingsprosjekt om barnehagar. Norsk senter for barneforskning (NOSEB) og Institutt for sosiologi og statsvitenskap ved NTNU fekk midlar til prosjektet Institusjonalisering av barns liv i det moderne velferdssamfunnet. NOVA og Høgskolen i Oslo fekk midlar til prosjektet Barns omsorgskarrierer: Barnehagen som ledd i en omsorgskjede for barn opp til 3 års alder. Programmet vart avslutta i 2008, og endeleg rapport vil bli publisert i november 2009. PRAKSISFOU vil bli avløyst av eit nytt praksisretta forskingsprogram som siktar mot å skaffe fram ny praksisrelevant kunnskap og stimulere kvalitet og relevans i FoU-verksemda i lærarutdanningane. Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Post 60 Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving
Til denne posten hører fire tilskottsordningar: ordinært driftstilskott, tilskott til drift av barnehagar på Svalbard, tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar og tilskott til lønnstillegg for førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms.
Ordinært driftstilskott til barnehagar
Om ordninga
Det ordinære driftstilskottet skal nyttast til å nå måla om full barnehagedekning, lågare foreldrebetaling og god kvalitet i barnehagane. Driftstilskottet har, saman med dei andre statlege tilskotta, vore viktig for å stimulere til auka utbygging av barnehageplassar og bidreg også til at barnehagane kan gi eit tilbod av god kvalitet til låg pris.
Driftstilskottet er øyremerkt og blir gitt til alle godkjende barnehagar. Tilskottet blir tildelt på grunnlag av det faktiske talet på barn i barnehagen, barnas alder og avtalt opphaldstid per veke. Driftstilskott blir avgrensa slik at barnehagen ikkje får tilskott for fleire barn enn det er plass til innanfor godkjenninga. Satsane er differensierte mellom offentlege og private barnehagar. Særskilde satsar gjeld for opne barnehagar.
Rapport for 2008−09
Det vart i 2008 utbetalt om lag 15 899,5 mill. kroner i driftstilskott til barnehagar. I hovudsak gjekk desse midlane til ordinært driftstilskott. Midlane medverka til at om lag 14 500 nye heiltidsplassar vart etablerte, noko som gav rom for om lag 12 100 nye barn i barnehage. Totalt hadde om lag 262 000 barn plass i barnehage i 2008.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å løyve om lag 19 678 mill. kroner på posten i 2010. Befolkningsvekst og nominell vidareføring av maksimalprisen for foreldrebetalinga gir auka behov for barnehageplassar. Løyvingsbehovet for driftstilskott til nye plassar i permanente lokale i 2010 er rekna til 138 mill. kroner. Departementet har lagt til grunn ein auke på om lag 5 050 heiltidsplassar i permanente lokale, noko ein reknar med vil gi plass til vel 3 850 fleire barn i barnehage. Vidare går departementet ut frå at meirbehovet på posten knytt til nye faste plassar i mellombelse lokale utgjer 59,5 mill. kroner i 2010. Det er med dette lagt til grunn ein auke på om lag 2 150 heiltidsplassar, som er berekna å gi rom for vel 1 650 fleire barn i barnehage. Samla er det lagt til rette for meir enn 7 200 nye barnehageplassar og nær 5 500 fleire barn i barnehage. Meirbehovet knytt til heilårseffekt for plassar som vart etablerte i 2008 og 2009, er 560,5 mill. kroner.
Barnehagane må gjennom driftstilskottet få kompensasjon for mindreinntekter frå foreldrebetalinga som konsekvens av at maksimalprisen blir ført vidare på same nominelle nivå som i 2009. Det gir eit meirbehov på posten på 215 mill. kroner. Vidare gir forventa pris- og kostnadsvekst i kommunesektoren i 2010 eit meirbehov på om lag 584 mill. kroner.
Totalt foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 1 557 mill. kroner nominelt i 2010.
Tabell 4.9 Satsar for statleg driftstilskott til ordinære barnehagar og familiebarnehagar for 2010, offentlege barnehagar
(i kr per år) | ||
---|---|---|
Opphaldstid per veke | Barn fødde 2006 og tidlegare | Barn fødde 2007 og seinare |
0−8 timar | 9 490 | 17 870 |
9−16 timar | 19 195 | 36 025 |
17−24 timar | 29 185 | 54 330 |
25−32 timar | 39 085 | 72 675 |
33−40 timar | 42 145 | 77 865 |
41 timar eller meir | 52 965 | 94 075 |
Tabell 4.10 Satsar for statleg driftstilskott til ordinære barnehagar og familiebarnehagar for 2010, private barnehagar
(i kr per år) | ||
---|---|---|
Opphaldstid per veke | Barn fødde 2006 og tidlegare | Barn fødde 2007 og seinare |
0−8 timar | 10 470 | 19 900 |
9−16 timar | 21 195 | 40 055 |
17−24 timar | 32 120 | 60 400 |
25−32 timar | 43 040 | 80 745 |
33−40 timar | 46 240 | 86 370 |
41 timar eller meir | 58 170 | 104 305 |
Tabell 4.11 Satsar for statleg driftstilskott til opne barnehagar for 2010
(i kr per år) | |
---|---|
Opphaldstid per veke | Tilskottssats |
6−15 timar | 8 275 |
16 timar eller meir | 15 155 |
Tilskott til drift av barnehagar på Svalbard
Tilskottet skal medverke til at barnehageeigarar på Svalbard kan gi eit tilbod av god kvalitet med låg foreldrebetaling til dei som ønskjer barnehageplass. Det blir utbetalt driftstilskott til barnehagar på Svalbard etter ordinære satsar. Barnehagelova gjeld ikkje på Svalbard. Tilskottet blir tildelt etter vedtak i departementet i kvart enkelt tilfelle. Tilskottet blir utbetalt gjennom Longyearbyen lokalstyre. Departementet har ansvaret for oppfølging og kontroll av tilskott til drift av barnehagar på Svalbard.
Det vart i 2008 utbetalt om lag 9 mill. kroner i driftstilskott til barnehagane på Svalbard. 127 barn gjekk i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard ved utgangen av 2008. Dekningsgraden for barn i alderen eitt til fem år var med det om lag 89 pst.
Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2009.
Tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar
Formålet med tilskottet er å gjere kommunar og private barnehageeigarar i stand til å gi barn av nykomne flyktningar eit barnehagetilbod når familien skal etablere seg i busetjingskommunen etter opphald i mottak. Ordninga gjeld også for barn av personar som har fått opphald på humanitært grunnlag. Barn av asylsøkjarar er ikkje omfatta av ordninga. Hovudregelen er at barnehageeigar må ha tilsett ein tospråkleg assistent for å bli tildelt tilskott til barnehagetilbod for barn av nykomne flyktningar. Tilskottet omfattar eit barnehagetilbod på 15 timar per veke i åtte månader. Barnehagetilbodet kan organiserast anten som eit eige barnehagetilbod for flyktningbarn eller som eit tilbod der flyktningbarna går i barnehage saman med norske barn.
Det vart i 2008 utbetalt om lag 13,5 mill. kroner til dette formålet. 383 barn var omfatta av ordninga i 2008. Dette er ein auke på 25 barn frå 2007. Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2009.
Lønnstillegg til førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms
Formålet med lønnstillegget er å betre tilgangen på pedagogisk personale i Finnmark og Nord-Troms. Lønnstillegget blir gitt til pedagogisk personale som er tilsett som styrarar eller pedagogiske leiarar i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar, og til tilsette i barnehageadministrasjonen i kommunane. Tilskottet blir gitt dersom det i meir enn 30 pst. av stillingane som styrarar og pedagogiske leiarar i kommunen er tilsett personar utan pedagogisk utdanning i samsvar med barnehagelova § 17 andre ledd og § 18 første og andre ledd.
Om lag 11,5 pst. av styrarar og pedagogiske leiarar i Finnmark var utan førskolelærarutdanning ved utgangen av 2008, mot 15,4 pst. i 2007. Tilsvarande tal for Troms var 12,6 pst. ved utgangen av 2008 og 17,8 pst. i 2007. Dette er ei svært positiv utvikling.
Lønnstillegget utgjer kr 20 000 per år i full stilling. Om lag kr 500 000 vart nytta til dette formålet i 2008. Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2009.
Post 61 Investeringstilskott, overslagsløyving
Ordninga med investeringstilskott er eit viktig verkemiddel for å få kommunane til å oppfylle retten til barnehageplass. Investeringstilskottet er eit eingongstilskott som blir tildelt ved nyetablering av plassar i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Varige barnehageløysingar er viktige for lokalmiljøet og stabiliteten i tilbodet. Tilskottet har derfor ei bindingstid på ti år.
Tilskottet blir gitt ved etablering av nye plassar i ordinære barnehagar. Det blir ikkje gitt investeringstilskott til familiebarnehage eller verksemd driven som open barnehage. Investeringstilskottet blir fastsett etter auken i talet på barn med barnehageplass.
Tilskottet dekkjer delar av anleggskostnadene ved nybygg, tilbygg eller ombygging og reduserer slik finansieringsbehovet ved etablering av nye plassar. Rehabilitering og utbetring av eksisterande barnehagebygg blir ikkje omfatta av ordninga.
Investeringstilskottet medverka til den sterke utbygginga av barnehageplassar i 2008. Totalt vart om lag 229 mill. kroner betalte ut som investeringstilskott i 2008.
Departementet foreslår å løyve 60 mill. kroner i investeringstilskott til nye barnehageplassar i 2010. Det blir lagt til grunn at 3 850 fleire barn vil få plass i permanente lokale i 2010. Det blir vidare lagt til grunn at det ved inngangen til 2010 vil vere eit etterslep av søknader om investeringstilskott knytt til etablering av barnehageplassar i 2009. Departementet foreslår derfor å løyve om lag 51,5 mill. kroner på posten til plassar etablerte i 2009.
Departementet føreset at nokre barn med barnehageplass i mellombelse lokale blir førde over til permanente lokale i 2010, noko som gir eit løyvingsbehov på posten på 78 mill. kroner.
Departementet foreslår at maksimalsatsane for investeringstilskottet blir førde vidare på same nominelle nivå som i 2009. Totalt er det foreslått å løyve 189,6 mill. kroner på posten i 2010.
Post 62 Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage
Tilskottsordninga skal medverke til at barn med nedsett funksjonsevne skal kunne dra nytte av opphald i barnehagen. Barn med nedsett funksjonsevne kan trenge særskild tilrettelegging av fysiske og personalmessige forhold. Ei slik tilrettelegging vil ofte føre med seg ekstra kostnader for barnehageeigaren. Det blir derfor gitt eit ekstra tilskott frå staten til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen.
Tilskottet er øyremerkt barn med nedsett funksjonsevne i barnehagane og skal ikkje nyttast til å finansiere tilbod eller rettar barna har etter anna regelverk. Tilskottet kan mellom anna nyttast til å styrkje bemanninga i barnehagen, redusere storleiken på barnegruppa, gi tilskott til eller dekkje særskilde skyssordningar, gi heil eller delvis dekning av friplass, innkjøp av særskilt materiell eller finansiering av utbetringar av lokala og utearealet i barnehagen. Tilskottet blir fordelt til kommunane etter talet på barn i alderen eitt til fem år i kommunen. Midlane skal fordelast vidare etter ei konkret vurdering av behovet i den einskilde barnehagen og hos det einskilde barnet. Det er kommunens ansvar å yte det som er nødvendig av eigne midlar, i tillegg til tilskottet frå staten, for å gi barn med nedsett funksjonsevne eit tilbod i kommunale eller ikkje-kommunale barnehagar.
I 2008 vart om lag 795 mill. kroner tildelte til kommunane. Tilskottet medverka i 2008 til at om lag 5 600 barn med nedsett funksjonsevne gjekk i barnehagar som fekk ekstra ressursar.
Departementet foreslår å løyve om lag 856 mill. kroner på posten i 2010.
Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder
Midlane på posten blir nytta til ulike tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder. Ein hovuddel av midlane blir nytta til tilskott til kommunane slik at dei kan utforme tiltak for å betre språkforståinga. Ei målsetjing med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å rekruttere fleire minoritetsspråklege barn til barnehagen. Barnehagen er den viktigaste integrerings- og språkopplæringsarenaen for barn i førskolealder. Målretta språkstimuleringstiltak overfor barn i førskolealder og bruk av tospråkleg assistanse i barnehage vil kunne medverke til ein betre skolestart for barn som ikkje har norsk som morsmål, og på lengre sikt auke deltakinga frå barna på alle arenaer i samfunnet. Ei anna målsetjing er å medverke til at kommunane utformar heilskaplege tiltak på tvers av dei ulike tenestetilboda.
Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn i barnehage, slik det kjem fram av årsmelding for barnehagar. Tilskottet skal vere eit supplement til kommunanes eigne midlar og skal primært nyttast til tiltak retta direkte mot barna.
KOSTRA-tal for 2008 syner at om lag 9 100 minoritetsspråklege barn i barnehage fekk tilbod om særskild språkstimulering utover det ordinære arbeidet med språkutvikling i barnehagen. Dette er ein auke på vel 1 000 barn frå 2007.
Totalt vart nær 107 mill. kroner nytta over posten i 2008. Om lag 99 mill. kroner vart fordelte til kommunane. Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) ved Høgskolen i Oslo fekk tildelt vel 4 mill. kroner til kompetanseutviklingsprogram og utviklingsprosjekt i eit utval fylke og barnehagar. Ei evaluering av prosjektet, gjennomført av NAFO, syner at barnehagane har vorte meir bevisste omkring fleirspråklege barn og at dei har betra den fleirkulturelle kompetansen. Vidare blir det rapportert om positive verknader for både minoritets- og majoritetsspråklege barn. Fylkesmannsembeta fekk nær 2 mill. kroner til språkstimulering. Det vart i tillegg tildelt 2 mill. kroner til eit nettverk av høgskolar til eit prosjekt som starta i 2007 med formål å auke rekrutteringa og gjennomstrøyminga av tospråklege førskolelærarstudentar.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Post 64 Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving
Tilskottet til faste plassar i mellombelse lokale er eit sentralt verkemiddel for å auke kapasiteten i barnehagesektoren og skal medverke til at kommunane kan oppfylle retten til barnehageplass. Tilskottet blir gitt ved nyetablering av plassar i både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.
Storleiken på tilskottet er avhengig av opphaldstida til barnet. Satsen for heiltids- og deltidsplassar er høvesvis kr 20 000 og kr 10 000. Berre ordinære barnehagar godkjende i samsvar med barnehagelova kan få tilskottet. I tillegg må det eksistere ein konkret plan for permanent barnehage med plass til alle barna. Fristen for å flytte barna over i permanent barnehage er tre år.
Tilskottet har medverka til auka utbygging av barnehageplassar. Rapportering frå kommunane per 20. september 2008 syner at nær 38 pst. av kommunane nytta mellombelse lokale i 2008. Totalt var det nær 10 600 faste plassar i mellombelse lokale per 20. september 2008. Dette utgjer ein auke på om lag 26 pst. frå året før. Totalt vart det utbetalt om lag 39,5 mill. kroner i tilskott til faste plassar i mellombelse lokale i 2008.
Departementet foreslår å løyve 22,5 mill. kroner til nye barnehageplassar i mellombelse lokale i 2010. Det er lagt til grunn at 1 650 barn vil få fast plass i mellombelse lokale etablerte i 2010. Vidare føreset departementet at det ved inngangen til 2010 vil vere eit etterslep av søknader om mellombelse lokale knytt til etablering i 2009. Løyvingsbehovet i samband med dette utgjer 19,5 mill. kroner.
Departementet foreslår at satsane for tilskottet blir førde vidare på same nominelle nivå som i 2009. Totalt foreslår departementet å løyve 42 mill. kroner på posten i 2010.
Post 65 Skjønnsmidlar til barnehagar
Om ordninga
Skjønnsmidlane er statlege midlar som blir overførde til kommunane og er øyremerkte barnehagedrift. Målet med skjønnsmidlane er å kompensere for auka netto meirutgifter i kommunane som følgje av innføring av maksimalpris for foreldrebetalinga, kommunal plikt til likeverdig behandling og drift av nye barnehageplassar.
Satsane for skjønnsmidlar til nye plassar baserer seg på ein årleg kostnadsanalyse som ser på kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i eit representativt utval kommunar. Satsane er dermed baserte på berekna nasjonale gjennomsnittskostnader for drift av barnehagar.
Rapport for 2008−09
Skjønnsmidlane medverka til at om lag 14 500 nye heiltidsplassar vart oppretta i 2008. Totalt vart det utbetalt om lag 4 010 mill. kroner i skjønnsmidlar i 2008.
Departementet gjennomførde i 2009 ein kontroll av kommunanes bruk av skjønnsmidlar tildelte i 2007. 45 kommunar vart valde ut til kontrollen på grunnlag av risiko for feilbruk av midlane. Kontrollen førde til at to kommunar vart trekte for totalt 1,9 mill. kroner i skjønnsmidlar.
KOSTRA-tal syner at netto driftsutgifter til barnehagar i kommunane har auka nominelt med 57,5 pst., eller vel 1,9 mrd. kroner, frå 2003 til 2008. Staten og KS har gjennom konsultasjonsordninga ført ein dialog om årsakene til utviklinga i eigenfinansieringa til kommunane. Medan mange kommunar har auka eigenfinansieringa, har andre redusert bruken av frie inntekter på barnehagar. Reduksjon i eigenfinansieringa er i strid med vilkåra for tildeling av skjønnsmidlar. Departementet vil derfor følgje opp dette overfor kommunane.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å løyve om lag 5 806 mill. kroner i skjønnsmidlar til kommunane i 2010. Løyvingsbehovet på posten knytt til etablering av nye plassar i permanente lokale er berekna til 128,5 mill. kroner. Vidare er meirbehovet på posten knytt til utbygging av faste plassar i mellombelse lokale berekna til 55 mill. kroner.
Auken i driftstilskottet som følgje av nominell vidareføring av maksimalprisen for foreldrebetalinga tek ikkje omsyn til at mange foreldre i dag har redusert foreldrebetaling på grunn av søskenmoderasjon, inntektsgradering og friplassar. Dette inneber at foreslått auke i satsane for driftstilskottet overkompenserer barnehagane for kostnadene med redusert maksimalpris. Mindrebehovet på posten som følgje av dette er 11,5 mill. kroner.
Meirbehovet på posten ved å kompensere kommunane for meirutgifter til plassar etablerte i 2008 og 2009 er totalt 453 mill. kroner.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 82 mill. kroner som følgje av at ein tek første steg i opptrappinga mot full økonomisk likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Samstundes tek departementet sikte på å auke minimumsforpliktinga i forskrifta frå 85 pst. til 88 pst. frå 1. august 2010.
Justering for forventa pris- og kostnadsvekst i kommunesektoren i 2010 gir eit meirbehov på om lag 160 mill. kroner.
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med totalt om lag 867 mill. kroner nominelt i høve til 2009.
Programkategori 07.50 Tiltak for å fremme kompetanseutvikling
Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
252 | EUs program for livslang læring | 176 752 | 187 697 | 215 381 | 14,7 |
253 | Folkehøgskolar | 592 986 | 619 478 | 641 301 | 3,5 |
254 | Tilskott til vaksenopplæring | 192 365 | 198 969 | 205 335 | 3,2 |
255 | Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a. | 43 790 | 50 974 | 56 806 | 11,4 |
256 | Vox - Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk | 51 044 | 54 041 | 52 523 | -2,8 |
257 | Program for basiskompetanse i arbeidslivet | 41 479 | 38 570 | 79 804 | 106,9 |
258 | Analyse og utviklingsarbeid | 37 347 | 38 066 | 43 114 | 13,3 |
Sum kategori 07.50 | 1 135 763 | 1 187 795 | 1 294 264 | 8,5 |
Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
3256 | Vox - Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk | 6 909 | 10 285 | 10 614 | 3,2 |
Sum kategori 07.50 | 6 909 | 10 285 | 10 614 | 3,2 |
Innleiing
Eit høgt kunnskaps- og kompetansenivå i heile folket er grunnlaget for sosial utjamning og for at norske verksemder skal ha den kompetansen dei treng. Det er derfor viktig å leggje til rette for at fleire skal kunne tileigne seg ny kunnskap og oppgradere kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring.
Framskriving av framtidas kunnskapsbehov viser at sjansane i arbeidsmarknaden er små for dei med svake grunnleggjande dugleikar. Det er derfor eit mål å løfte kunnskapsnivået for dei som treng det mest. Motivasjon, god rettleiing og fleksible ordningar for læring på ulike arenaer er viktige tiltak
Regjeringa har lagt fram St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja, med forslag om tiltak for å støtte opp om læring i eit livslangt perspektiv og vidareutvikling av ein fleksibel utdannings- og opplæringssektor. Det er første gongen det er fremma ei stortingsmelding som omhandlar heilskapen i samfunnets kompetansebehov, og som drøfter dei strategiske utfordringane. Meldinga foreslår ei rekkje tiltak. Departementet viser til meldinga for nærmare omtale.
Nøkkelindikatorar
Lærevilkårsmonitoren syner at omfaget av læringsaktivitetar for vaksne har auka i dei seinare åra, sjølv om tala viser stabilitet. Av dei sysselsette svara 54 pst. at dei har delteke på kurs/opplæring i 2008. Det har vore ei jamn svak auke frå 2003–2008 i delen av dei sysselsette som har læringsintensivt arbeid. I 2008 var delen av dei sysselsette i læringsintensivt arbeid over 60 pst. Den delen av befolkninga i alderen 22–66 år som deltek i formell vidareutdanning, har auka svakt frå 2003, og er på over 8 pst. av dei sysselsette i 2008.
Tabell 4.12 Delen sysselsette som har delteke i kurs og opplæring og som har læringsintensivt arbeid, og delen av befolkninga som har delteke i formell vidareutdanning (personar som er 22–66 år). 2003–08
2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Læringsintensivt arbeid | 58,0 % | 53,0 % | 59,8 % | 60,8 % | 63,5 % | 63,0 % |
Kurs og opplæring | 57,2 % | 55,4 % | 50,1 % | 49,0 % | 52,6 % | 54,0 % |
Formell vidareutdanning | 6,6 % | 7,6 % | 6,2 % | 7,6 % | 6,2 % | 8,2 % |
Kjelde: SSB/Lærevilkårsmonitoren
Om lag 7 500 personar over 25 år avla fag- og sveineprøve i løpet av skoleåret 2007–08. Dette var ein auke på om lag 800 personar frå skoleåret før. Talet på fag- og sveineprøver har i åra før vore stabilt. Av dei som framstiller seg til fag- og sveineprøva, består rundt 90 pst. prøva. Om lag 90 pst. av dei vaksne som har fått heile opplæringa i vidaregåande skole, oppnår fagprøva, mens delen er rundt 95 pst. for praksiskandidatane og noko lågare enn dette for ordinære lærlingar. Det er ein høgre del av dei vaksne som består fag- og sveineprøve, enn av dei som er under 25 år.
Tabell 4.13 Avlagde og beståtte fag- og sveineprøver 2004–2008. Alder er per 31. desember det skoleåret fag- og sveinebrevet blir avlagd
Avlagde prøver | Beståtte prøver | Andel beståtte prøver | ||
---|---|---|---|---|
2004–05 | Under 25 år | 11 438 | 10 432 | 92 % |
Over 25 år | 7 256 | 6 856 | ||
2005–06 | Under 25 år | 11 494 | 10 597 | 93 % |
Over 25 år | 7 072 | 6 724 | ||
2006–07 | Under 25 år | 12 095 | 11 200 | 93 % |
Over 25 år | 7 185 | 6 806 | ||
2007–08 | Under 25 år | 13 289 | 12 233 | 93 % |
Over 25 år | 7 999 | 7 535 |
Kjelde: Statistikkbanken SSB.
Hovudprioriteringar 2010
Den viktigaste prioriteringa i 2010 vil vere å følgje opp St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja og Stortinget si handsaming av denne. Meldinga legg opp til at det må jobbast på tvers av ulike politikkområde, stimulere til auka samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet samt sjå det lokale, regionale og nasjonale nivået i samanheng.
I ein periode prega av lågkonjunktur er det viktig med tiltak for å hindre utstøyting frå arbeidslivet. Forsking viser at dei som først fell ut av arbeidsmarknaden ved omstillingsprosessar, er dei med svake grunnleggjande dugleikar. Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Bedrifter og offentlege verksemder kan få tilskott til å gi tilsette opplæring i grunnleggjande dugleikar. I forbindelse med tiltakspakken til regjeringa og revidert nasjonalbudsjett for 2009 vart Program for basiskompetanse i arbeidslivet styrkt med til saman 40 mill. kroner for møte utfordringane i arbeidslivet. Regjeringa foreslår å føre vidare denne satsinga også i 2010.
Mål: Vaksne som treng det, får opplæring
I eit samfunn der kunnskap i aukande grad er grunnlaget for berekraftig utvikling, er høve til læring gjennom heile livet viktig både for samfunnet og den einskilde. Gjennom å leggje til rette for alternative læringsarenaer og læringsformer ønskjer regjeringa å medverke til at kvar einskild skal kunne utvikle evnene sine og fagkompetansen sin gjennom heile livet.
Kunnskapsdepartementet støttar opp om opplæringstilbod slik som folkehøgskolar, studieforbund og fjernundervisning, som eit supplement og alternativ til den læringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet, jf. kap. 253 og 254.
Tilstandsvurdering
Vaksenopplæringsfeltet involverer mange aktørar med stor kunnskap om vaksnes læring. Det er viktig å sjå innsatsen for og kunnskapen om vaksnes læring i samanheng.
Med bakgrunn i NOU 2007: 11 Studieforbund – læring for livet (Tronutvalet) er ny lov som regulerer opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet, utarbeidd og vedteke. Departementet ventar at lova vil medverke til å utvikle vidare eit nasjonalt system for livslang læring. Departementet vil i samband med lova gi forskrift om mellom anna godkjenning av studieforbund og om tilskottsordningane, slik at ein kan utvikle betre informasjon om verksemda i studieforbunda.
For mange vaksne arbeidstakarar er arbeidsplassen den viktigaste læringsarenaen. Gode grunnleggjande dugleikar aukar produktiviteten og sjansane den einskilde har på arbeidsmarknaden. Samstundes vil manglande grunnleggjande dugleikar vere til hinder for å ta del i opplæring og for oppgradering av fagkunnskap. Departementet vil arbeide for å utvikle og nytte arbeidsplassen som læringsarena for alle grupper både innanfor og utanfor arbeidslivet gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), jf. omtale under kap. 257.
Samarbeidsavtalar mellom lokale NAV-kontor og kommunesektoren om utdanning som tiltak for arbeidssøkjarar er ei viktig plattform for vaksne si læring. Det er no inngått avtalar i dei fleste av fylkeskommunane om slikt samarbeid. Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet følgjer opp om avtalane fører til at fleire får opplæring.
Strategiar og tiltak
Regjeringa vil styrkje samarbeidet om vaksnes læring og bidra til å utvikle møteplassar og samarbeidsarenaer for offentlege og private aktørar på området, jf. kap. 256.
Regjeringa vil setje i gang eit arbeid med sikte på å innføre ein rett til opplæring i grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving og rekning for vaksne som har behov for det, i kombinasjon med vidaregåande opplæring, jf. St.meld. nr. 44 (2008 – 2009).
Kunnskapsdepartementet vil halde fram med å styrkje vaksnes lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleik gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Programmet, som vart oppretta i 2006, er retta mot dei gruppene som manglar den grunnleggjande kompetansen dei treng for å fungere godt i arbeids- og samfunnslivet. Auken i løyvinga til BKA i 2009 er foreslått ført vidare i 2010, jf. omtale under kap. 257.
Dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse er til nytte for den einskilde både når det gjeld arbeid og ved opptak i det formelle utdanningssystemet. Departementet er oppteken av at kompetansen som den einskilde opparbeider seg gjennom arbeidsliv og deltaking i frivillig arbeid, skal kunne dokumenterast og verdsetjast, og vil derfor setje i verk eit prosjekt for bruk av realkompetanse på alle nivå. Departementet vil òg setje i verk tiltak som kan gi auka bruk og likare praksis i bruk av dei ulike ordningane for realkompetanse, og sjå desse i samband med kvarandre, jf. omtale under kap. 258.
Informasjon om og tilgang til god rettleiing om utdanning og arbeid er viktig for vaksne i ulike livshøve. Feilval og omval er belastande både for den einskilde og for samfunnet. Dette krev at rettleiingstenesta for utdannings- og yrkesval er av god kvalitet. Kunnskapsdepartementet har i 2009 fått gjennomført ei utgreiing av ein nasjonal koordineringsfunksjon for å sjå karriererettleiing mot ulike grupper i samanheng. Departementet vil vurdere å opprette ein nasjonal funksjon for karriererettleiing og saman med relevante aktørar bidra til å auke kunnskapsgrunnlaget for utdannings- og arbeidsrettleiing, jf. kap. 226, kap. 256 og kap. 258.
Departementet vil saman med relevante aktørar stimulere til at det blir utvikla tilbod i fag- og yrkesopplæring som i større grad kan nyttast av arbeidssøkjarar utan fullførd vidaregåande opplæring, jf. kap. 258.
Mål: Kunnskap om samfunnets kompetansebehov
For å møte kompetanseutfordringane framover er det naudsynt med god kunnskap om framtidas behov for kunnskap og kompetanse i arbeids- og samfunnsliv generelt, og i utdannings- og opplæringssektoren spesielt. Eit solid datagrunnlag, forsking og gode analysar er her viktige verktøy.
Tilstandsvurdering
Det er naudsynt med analyser for å kunne sjå behova for kunnskap og kompetanse i samanheng med utviklinga i arbeidsmarknaden. Noreg har på nasjonalt nivå ikkje systematiske analyser av eit heilskapeleg kompetansebehov eller møteplassar for å drøfte slike problemstillingar. Fleire land har etablert eit systematisk arbeid med framskriving og formidling av framtidige kompetansebehov.
Strategiar og tiltak
Norsk arbeidsliv er i stor grad kunnskapsbasert og stiller store krav til omstillingsevne og nyskaping.
For å styrkje kunnskapen om samfunnets kompetansebehov vil departementet opprette eit heilskapleg system for framskriving, analysar og dialog om framtidige kompetansebehov. Eit slikt system skal utvikle og bruke gode modellar for framskrivingar og analysar. Formidling av resultat og dialog med aktuelle aktørar om til dømes utdanningsval, kompetanseinvesteringar og opplæringstilbod vil vere viktige oppgåver.
Eit slikt kunnskapsgrunnlag vil òg vere nyttig for den einskilde i val av utdanning og yrke.
Mål: Solid kunnskap om utdannings- og opplæringssektoren
Regjeringa ønskjer ein lærande utdannings- og opplæringssektor og vil styrkje kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming, profesjonsutdanning og forsking.
Tilstandsvurdering
Det er behov for å auke omfanget av norsk utdanningsforsking om og for sektoren. Samtidig er det framleis behov for å heve kvaliteten i utdanningsforskinga.
Regjeringa har lansert ein strategi for utdanningsforsking, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. Som ein del av strategien har Noregs forskingsråd sett i verk eit nytt program for utdanningsforsking, Utdanning 2020, for perioden 2009–18. Målsetjingane til programmet er å auke omfanget av norsk utdanningsforsking, styrkje kunnskapsbasen på utdanningsområdet frå barnehage til høgre utdanning, heve kvaliteten og den vitskapelege forankringa i norsk utdanningsforsking, betre relevansen på bruksretta og anvendt forsking og å styrkje rekrutteringa til utdanningsforskinga. Programmet skal medverke til større og meir slagkraftige fagmiljø og motivere for samarbeid nasjonalt og internasjonalt. Område og tema som det til no har vore forska lite på, skal prioriterast. Det er sett ned eit programstyre som har tildelt dei første midlane til forskingsprosjekt hausten 2009.
Brukarane i utdanningssektoren treng betre informasjon enn dei får i dag om utdanningsforskinga og resultata. Dette gjeld både dei som har ansvar for profesjonsutdanningane, skoleeigarar, forskarar, skoleleiarar, lærarar og dei som arbeider med grunnlagsdokument i politikkutforminga.
Strategiar og tiltak
Kunnskapsdepartementet følgjer opp strategien for utdanningsforsking gjennom å foreslå å auke løyvinga til forskingsprogrammet Utdanning 2020 med 5 mill. kroner til 24 mill. kroner i 2010. Programmet vert finansiert over kap. 226, 258 og 281.
Departementet foreslår også å etablere eit nytt praksisretta forskingsprogram i Noregs forskingsråd for å utvikle vidare og styrkje FoU-kompetansen i lærarutdanningane og bidra til ny praksisretta kunnskap om barnehage og skole. Det nye programmet vil erstatte programmet Praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning som blir avslutta i 2010. Løyvinga er foreslått vidareført på eit noko lågare nivå. Måla for det nye programmet er å styrkje FoU-kompetansen i lærarutdanningane, å auke kvaliteten i den praksisnære utdanningsforskinga og å stimulere FoU-samarbeidet mellom lærarutdanningane og praksisfeltet i barnehage og skole. Programmet er foreslått finansiert over kap. 226, 231 og 281.
St.meld. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen varslar at departementet vil vurdere å opprette eit Kunnskapssenter for utdanning. Brukarane i utdanningssektoren treng betre informasjon enn dei får i dag om utdanningsforskinga og om resultata. Det er behov for å auke omfanget av forskingsformidlinga i utdanningssektoren.
Målgruppa for eit kunnskapssenter vil først og fremst vere sentrale og lokale styresmakter, forskarar og lærarutdanningsinstitusjonar. Men kunnskapen som eit slikt senter vil ha og formidle vil òg kunne vere av interesse for skoleleiarar, lærarar, studentar og andre. Kunnskapssenteret skal samanstille og formidle resultat frå systematiske kunnskapsoversikter, basert på norsk og internasjonal forsking, samt halde oversikt over og syntetisere norsk utdanningsforsking. Oversikta over forskinga skal omfatte både kvantitativ og kvalitativ forsking. Senteret skal òg kunne skaffe systematiske kunnskapsoversikter frå miljø som har spesialisert seg på dette. Det vil ikkje vere ei prioritert oppgåve for senteret å utarbeide slike omfattande oversikter sjølv. Det vil vidare vere ei oppgåve å identifisere hol i kunnskapsgrunnlaget og kommunisere behovet for ny forsking til Noregs forskingsråd, forskingsmiljøa og den sentrale utdanningsadministrasjonen. I tillegg skal senteret skape ein møteplass for forskarar, styresmakter og folk frå sektoren. Senteret skal dekkje heile utdanningssektoren, inkludert barnehage, grunnopplæringa og høgre utdanning.
Som varsla i St.prp. nr 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet, har departementet fått gjennomført ei utgreiing av spørsmålet om behov for ei slik eining. Rapporten frå Rambøll Management konkluderer med at det er stor oppslutning i sektoren om behovet for eit kunnskapssenter for utdanning. Kunnskapsdepartementet foreslår å etablere eit kunnskapssenter for utdanning frå 1. januar 2011. Det er sett av 2 mill. kroner til førebuing frå hausten 2010 under kap. 226. Noregs forskingsråd får oppgåva med å etablere senteret.
Noreg vil i 2010 delta i ein større felttest av vaksnes kompetanse i regi av OECDs Programme for International Assessment of Adult Competencies (PIAAC), jf. kap. 226 og kap. 258. Undersøkinga vil framskaffe data for betre å kunne målrette framtidige satsingar knytte til utdannings- og arbeidsmarknadspolitikk for vaksne. Undersøkinga skal gjennomførast med ein større felttest i 2010 som grunnlag for sjølve undersøkinga i 2011–2012. 28 land, blant dei Danmark, Sverige og Finland deltek i utviklinga av PIAAC. Avgjersle om å delta i hovudundersøkinga i PIAAC vil bli teken i 2010 etter analyse av erfaringar og data frå felttesten.
Departementet vil styrkje den vitskaplege kompetansen om pedagogiske målingar (psykometrisk forsking), jf. omtale i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Om kvalitet i skolen, og vil opprette ei eining for psykometrisk forsking knytt til eit eksisterande fagmiljø i universitets- og høgskolesektoren i Noreg, jf. kap. 226. Departementet tek sikte på at eininga blir oppretta i 2010. Noregs forskingsråd har utlyst ein konkurranse blant fagmiljø i universitets- og høgskolesektoren for val av vertsinstitusjon.
Rapport 2008–09
Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) har i 2009 vorte styrkt med 40 mill. kroner gjennom regjeringa si tiltakspakke og revidert nasjonalbudsjett for 2009. I samband med dette har programmet blitt utvida til også å omfatte arbeidstakarar i konjunkturutsette bransjar. Programmet har også medverka til opplæring av arbeidsledige i samarbeid med NAV. Studieforbunda har vore viktige opplæringstilbydarar, jf. kap. 257.
I St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja har regjeringa lagt fram forslag til tiltak for å betre praktisering av realkompetansevurdering. Det er òg gjennomført ei utgreiing om nasjonal koordinering av karriererettleiing, jf. kap. 258.
Med bakgrunn i NOU 2007: 11 Studieforbund – læring for livet (Tronutvalet) er ny lov som regulerer opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet, utarbeidd og vedteke.
Departementet har i 2008–09 lagt grunnlaget for å betre kunnskapen om vaksnes læring bl.a. i samband med analysar og utgreiingar som bakgrunn for St.meld. nr. 44 (2008–2009). Noreg har òg delteke i eit forprosjekt for ein større felttest (PIAAC) av vaksne sin kompetanse i regi av OECD, jf. kap. 258.
For å styrkje utdanningsforskinga har departementet gjennomført ei utgreiing om etablering av eit kunnskapssenter for utdanning. Det nye forskingsprogrammet Utdanning 2020 er etablert og har hatt si første utlysing av forskingsmidlar, jf. kap. 258.
Kap. 252 EUs program for livslang læring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
70 | Tilskott | 176 752 | 187 697 | 215 381 |
Sum kap. 252 | 176 752 | 187 697 | 215 381 |
Om ordninga
Noreg deltek i EUs program for livslang læring, Action Programme in the field of Lifelong Learning 2007–2013 (LLP), jf. Innst. S. nr. 130 (2006–2007) og St.prp. nr. 36 (2006–2007).
LLP dekkjer heile utdanningsløpet frå barnehage til vaksenopplæring, og består av fire sektoraktivitetar: Comenius, Erasmus, Leonardo da Vinci og Grundtvig.
Målet med norsk deltaking i programmet er å etablere moglegheiter for mobilitet i heile utdanningssektoren, slik at dette bidreg til å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i heile utdanningssystemet. Norske aktørar får her anledning til samarbeid med elevar, studentar, instruktørar, lærlingar, lærarar og utdanningsinstitusjonar frå dei fleste landa i Europa.
Internasjonalisering er ein viktig del av norsk utdanningspolitikk for å stimulere til den faglege utviklinga til institusjonane, elevane og studentane. Kompetanse i språk og kunnskap om kultur er svært viktig for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi, og for at nyutdanna skal vere kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv. Det skal vere mogleg for alle personar i utdanningssektoren i Noreg å ta delar av utdanninga i utlandet. Deltaking i LLP er her eit viktig verkemiddel.
Noreg har to medlemmer i den europeiske programkomiteen for LLP. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) er nasjonalkontor for programmet.
Rapport for 2008–09
I skolesamarbeidet Comenius vart 96 multilaterale eller bilaterale partnarskap for perioden 2008–10 godkjende i 2008; dette gir ein utteljingsprosent på 69. Det er ein nedgang i søknadsmassen i høve til i fjor, men det er for tidleg å seie om dette er ein tendens. Samtidig som Noreg har ein høg del godkjende prosjekt, viser ei oversikt at Noreg, samanlikna med andre land i LLP, er noko strengare i si vurdering av søknadene. Det er likevel vanskeleg å seie noko om i kva for grad dette kan ha konsekvensar for norske søknader, da endeleg løyving av partnarskapsprosjekt er avhengig av forhold i dei ulike nasjonalkontora.
Etter fleire år med vekst gjekk Erasmus-mobiliteten ned i 2006–07, og nedgangen heldt fram i 2007–08. For innkommande europeiske studentar på delstudium har tala vore positive i Noreg kvart einaste år. Veksten i innkommande Erasmus-studentar er gjennomgåande òg kraftig, og Noreg mottek no over dobbelt så mange studentar som Noreg sender ut (2 575 innkommande studentar). Etter fleire år med stillstand auka lærarmobiliteten med nesten 20 pst. i 2007–08. Saman med gode tal for den nye ordninga – 140 tilsette har hatt mobilitetsopphald – viser dette eit aukande engasjement for Erasmus frå tilsettes side.
I Leonardo da Vinci-programmet er det frå og med 2008 tre tiltak: partnarskapsprosjekt, vidareutviklingsprosjekt og mobilitetsprosjekt. Partnarskap er ein ny aktivitet frå 2008. Tolv prosjekt vart godkjende, og to av dei skal koordinerast frå Noreg. 46 pst. av søknadene fekk tildelt midlar. Talet på søknader viser at det nye tiltaket er godt motteke, og at det fyller eit rom mellom mobilitetsprosjekta og dei store, tunge vidareutviklingsprosjekta. I 2008 fekk seks vidareutviklingsprosjekt midlar. Kvaliteten på søknadene er høg, med svært høge karaktersummar frå den eksterne ekspertvurderinga. Innanfor mobilitet vart 58 søknader tildelt midlar i 2008, dvs. 88 pst. av alle søknadene. Institusjonane som fekk tildelt midlar, samarbeider med ca. 100 ulike bedrifter, skolar eller andre organisasjonar i Noreg som skal sende deltakarar til ca. 200 ulike organisasjonar i 25 land i Europa.
Innanfor Grundtvig gjeld frå 2008 alle søknadene toårige partnarskap. Totalt vart 19 partnarskap godkjende i 2008. Av desse hadde to prosjekt norsk koordinator. Dei aller fleste søknadene kom frå kommunale vaksenopplæringssenter, men både høgre utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitutt, vidaregåande skolar, asylmottak og fengselsstellet var representerte i søknadsmassen.
Noregs deltaking i programmet har på nokre område hatt ein tilbakegang i mobilitet, samtidig har det vore ein auke på andre område. Sidan starten av programmet har det jamt over dei siste åra vore ein auke i mobilitet, noko som har bidrege til å utvikle kvaliteten og styrkt den interkulturelle dialogen.
Ein midtvegsevaluering av den norske deltakinga i LLP vil bli gjennomført i løpet av hausten 2009 og våren 2010, som ein del av Europakommisjonens midtvegsrapport for programmet.
Budsjettforslag for 2010
Kontingenten for 2010 er 215,4 mill. kroner, der 7,5 mill. kroner av desse går til kostnadene for fem norske nasjonale ekspertar under LLP, og til finansiering av ein midtvegsevaluering av den norske deltakinga i LLP.
Kap. 253 Folkehøgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
70 | Tilskott til folkehøgskolar | 588 962 | 614 876 | 636 552 |
71 | Tilskott til Folkehøgskolerådet | 3 353 | 3 501 | 3 613 |
72 | Tilskott til nordiske folkehøgskolar | 671 | 1 101 | 1 136 |
Sum kap. 253 | 592 986 | 619 478 | 641 301 |
Post 70 Tilskott til folkehøgskolar
Om ordninga
Målet med tilskottet er å fremme allmenndanning og folkeopplysning gjennom å medverke til at det kan opprettast og drivast folkehøgskolar. Talet på ordinære folkehøgskolar i skoleåret 2008–09 var 74. I tillegg er Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling godkjende som folkehøgskoleliknande tiltak, og får tilskott etter folkehøgskolelova.
Tilskottet er tredelt. Basistilskottet er likt for kvar folkehøgskole. Elevtilskottet blir fastsett på grunnlag av gjennomsnittleg elevtal for dei siste tre åra før det føregåande året. Tilskott til husleige blir fordelt etter innstilling frå Folkehøgskolerådet. I tillegg får fire folkehøgskolar med stor del av elevar med redusert funksjonsevne eit særskilt tilskott for desse elevane.
Ein skil mellom langkurs på 16,5 veker eller meir og kortkurs på minst tolv timar. Føresegner om kursordningar, elevrapportering, tilskottsmodell med vidare er gitt i forskrift til folkehøgskolelova.
Rapport for 2008–09
Det er fastsett eit normtal for elevtalet ved den einskilde skolen. Elevtalet for langkurs har auka med 0,8 pst. frå 2007 til 2008. Elevtalet for kortkurs har minka med 9,4 pst. frå 2007 til 2008.
Tabell 4.14 Elevtal i folkehøgskolane 2004–08
År | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 |
---|---|---|---|---|---|
Elevar langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker) | 12 924 | 12 478 | 12 582 | 11 908 | 12 014 |
Elevar kortkurs (3 dagar–16 veker) | 20 715 | 20 785 | 19 079 | 18 588 | 16 849 |
Sum elevar | 33 639 | 33 263 | 31 661 | 30 496 | 28 863 |
Årselevar langkurs | 6 358 | 6 422 | 6 407 | 6 130 | 6 291 |
Årselevar kortkurs | 1 037 | 986 | 834 | 756 | 714 |
Sum årselevar | 7 395 | 7 408 | 7 241 | 6 886 | 7 005 |
Sum godkjende årselevar /fastsett elevtal | 7 339 | 7 345 | 7 215 | 6 879 | 6 851 |
Tilskottselevar | 7 001 | 7 074 | 7 212 | 7 269 | 7 181 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Budsjettforslag for 2010
Departementet vil godkjenne søknad frå Valle kommune og Noregs Motorsportsforbund om godkjenning av Setesdal folkehøgskule lokalisert i Valle kommune. Setesdal folkehøgskule vil gi eit tilbod til ei ungdomsgruppe som har svært få skoletilbod. Departementet foreslår at løyvinga på posten blir auka med 2 mill. kroner i 2010 for å leggje til rette for oppstart av den nye folkehøgskolen hausten 2010.
Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet
Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskolane. Både Norsk Folkehøgskolelag og Noregs Kristlege Folkehøgskolelag har medlemmar i rådet. I tillegg har rådet eit fast sekretariat.
Målet med tilskottet er å medverke til at Folkehøgskolerådet kan ta hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å medverke til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling innanfor skoleslaget. Rådet har i tråd med oppdrag i tilskottsbrevet gitt innstilling til fordeling av husleigetilskott, og har dessutan avlasta departementet og Utdanningsdirektoratet ved å gi råd og rettleiing til skolane.
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2009.
Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar
Målet med tilskottet er å medverke til at det kan drivast nordisk folkehøgskoleverksemd. Tilskottet går til dekning av utgifter til norske lærarressursar ved Nordiska folkhögskolan i Kungälv og til norsk deltaking på kursa ved Den nordiske folkehøgskolen i Genève.
Nordiska folkhögskolan i Kungälv vart etablert i 1947 for å styrkje nordisk samkvem. Skolen skal mellom anna medverke til å utvikle dei skapande evnene til elevane og auke moglegheitene deira til solidarisk medverking i samfunnsutviklinga i Norden og verda for øvrig.
Den nordiske folkehøgskolen i Genève skal auke samarbeidet og forståinga for det nordiske samarbeidet og internasjonale politiske prosessar samstundes som deltakarane skal få meir kunnskap om FN-organisasjonen ILO og arbeidet for eit globalt anstendig arbeidsliv. Sidan 1931 har tillitsvalde i fagrørsla fått tilbod om kursing i internasjonale arbeidslivsforhold knytte til årskonferansen i ILO. Genèveskolen er eit viktig tilbod til aktive medlemmer i fagrørsla.
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2009.
Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
70 | Tilskott til studieforbund | 166 500 | 173 828 | 179 390 |
71 | Tilskott til fjernundervisning | 11 622 | 12 504 | 12 904 |
72 | Tilskott til Studiesenteret Finnsnes | 3 483 | 3 636 | 3 752 |
73 | Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar | 10 760 | 9 001 | 9 289 |
Sum kap. 254 | 192 365 | 198 969 | 205 335 |
Departementet har følgt opp NOU 2007: 11 Studieforbund – læring for livet (Tronutvalet), jf. Innst. O. nr. 114 (2008–2009) og Ot.prp. nr. 87 (2008–2009). Vaksenopplæringslova vart sanksjonert 19. juni 2009, og forskrifter til den del av lova som gjeld studieforbund og nettskolar er sende ut til høring.
Post 70 Tilskott til studieforbund
Om ordninga
Tilskott til studieforbund verkar med til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne.
I dei nye forskriftene til vaksenopplæringslova blir det foreslått ei ny tilskottsordning for studieforbunda. Den nye tilskottsordninga inneheld tre element: grunntilskott, opplæringstilskott og tilretteleggingstilskott. Det første elementet er nytt, mens dei to siste i stor grad liknar ordninga slik ho er no, med tilskott til studiering og tilskott til særlege målgrupper.
Departementet har delegert tilskottsforvaltninga til Vox. Studieforbunda skal kvart år sende årsmelding og rekneskap med revisormelding til departementet, og rapport til Vox og Statistisk sentralbyrå om gjennomførd studieaktivitet. Vox gjennomfører kvart år tilsyn ved eit utval av studieforbunda. Kontroll med dokumentasjon på innsend informasjon er ein del av desse tilsyna.
Rapport for 2008–09
Løyvinga til studieforbund auka nominelt med 58 mill. kroner frå 2006 til 2007. Tabell 4.15 syner at det har vore ein reduksjon i den langsiktige nedgangen i talet på kurs og deltakarar dei seinare åra. For talet på timar er nedgangen om lag den same.
Tabell 4.15 Aktivitet i studieforbunda og endringar 2006, 2007 og 2008
2006 | 2007 | 2008 | Pst. endring 2006–07 | Pst. endring 2007–08 | |
---|---|---|---|---|---|
Kurs | 39 088 | 37 125 | 36 257 | -5,0 | -2,3 |
Deltakarar | 505 813 | 489 722 | 483 421 | -3,2 | -1,3 |
Timar | 1 398 152 | 1 314 537 | 1 226 260 | -6,0 | -6,7 |
Kjelde: Vox
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2009.
Post 71 Tilskott til fjernundervisning
Om ordninga
Tilskottsordninga medverkar til at frittståande fjernundervisningsinstitusjonar kan gi eit variert og landsomfattande tilbod. I dei nye forskriftene til vaksenopplæringslova blir det foreslått ei ny tilskottsordning. Den nye ordninga legg vekt på utvikling av metodar og kvalitet i fjernundervisning, og aktivitetsbasert tilskott fell bort etter ein overgangsperiode.
Departementet har delegert tilskottsforvaltninga til Vox. Fjernundervisningsinstitusjonane skal kvart år sende årsmelding, rekneskap med revisormelding og revisorrapport om normerte kurstimar til Vox. Vox gjennomfører kvart år tilsyn ved eit utval av fjernundervisningsinstitusjonar. Kontroll med dokumentasjon på innsend informasjon er ein del av desse tilsyna.
Rapport for 2008–09
Fjernundervisningsinstitusjonane rapporterte i 2008 om 20 152 fullførde kurs. Dette var ein nedgang på åtte pst. i høve til 2007. Det vart òg rapportert om lag 260 700 færre kurstimar i 2008 enn året før.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2009.
Post 72 Tilskott til Studiesenteret Finnsnes
Om ordninga
Tilskottet skal medverke til drift av studiesenteret slik at det kan tilby kurs og andre vaksenopplæringstiltak som alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar. Aktivitetane ved studiesenteret skal vere særleg innretta mot behova i industri og næringsliv i ytre midt-Troms og skal medverke til å styrkje kontakten mellom utdanningsinstitusjonar, næringsliv og offentleg forvaltning.
Tilskotta blir fastsetje på grunnlag av årsmelding og revidert rekneskap frå studiesenteret, og i samsvar med løyvinga på budsjettposten.
Tilskottsmottakaren skal kvart år sende årsmelding og rekneskap til Vox, som er delegert tilskottsforvaltninga.
Rapport for 2008–09
Studiesenteret Finnsnes har i 2008 gitt fleire studietilbod i samarbeid med Høgskolen i Finnmark. Nytt av året er at dei òg har starta opp kull i desentralisert barnevern og desentralisert vernepleie. I 2006 fekk Studiesenteret Finnsnes og Lenvik kommune 2,2 mill. kroner i tilskott for å gjennomføre eit toårig forskingsprosjekt/mastergradsprosjekt i samarbeid med Universitetet i Tromsø. Hausten 2008 starta prosjektet opp med sju mastergradsstudentar.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2009.
Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar
Om ordninga
Tilskottet skal vere med på å sikre drifta av fellesorgana for studieforbunda og fjernundervisningsinstitusjonane, Voksenopplæringsforbundet og Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning. Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane, og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda. Fram til 2009 vart tilskottet til International Council for Open and Distance Education (ICDE) løyvd over kap. 254 post 73. Tilskottet vart overført til kap. 281 post 01 i budsjettet for 2009.
Rapport for 2008–09
Voksenopplæringsforbundet har fungert som eit felles interesse- og serviceorgan for studieforbunda og fungerer som eit bindeledd mellom det offentlege og den opplæringa som går føre seg i frivillig sektor. Forbundet er med på å byggje nettverk for vaksnes læring nasjonalt og internasjonalt og medverkar til å utvikle det vaksenpedagogiske fagfeltet. Voksenopplæringsforbundet har på oppdrag frå departementet stått for fordeling av reisestipend til lærarar på vaksenopplæringsfeltet.
Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning er eit felles interesse- og serviceorgan for dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonane. Forbundet er engasjert i ei rekkje norske, nordiske og europeiske prosjekt.
Tilskottsforvaltninga er delegert til Vox. Tilskottet blir fastsett etter søknad på grunnlag av årsmelding og revidert rekneskap frå institusjonen, og i samsvar med løyvinga på budsjettposten.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2009.
Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
70 | Holocaustsenteret | 21 534 | 22 481 | 23 200 |
71 | Falstadsenteret | 13 669 | 14 270 | 14 727 |
72 | Stiftelsen Arkivet | 5 128 | 5 354 | 5 525 |
73 | Norsk Fredssenter | 1 206 | 1 259 | 5 000 |
74 | Narviksenteret | 1 063 | 1 110 | 1 646 |
75 | Det europeiske Wergelandsenteret | 1 190 | 6 500 | 6 708 |
Sum kap. 255 | 43 790 | 50 974 | 56 806 |
Vox – Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk forvaltar tilskotta under postane 70–74 på vegner av Kunnskapsdepartementet.
Utdanningsdirektoratet er kontakt for sentra i felles spørsmål som er aktuelle for grunnopplæringa. Det er etablert møteplass for desse.
Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen gjorde i Budsjett-innst. S nr. 12 (2007–2008) merksam på at vi er i ein situasjon der vi snart ikkje lenger vil ha tidsvitne frå den andre verdskrigen. Komiteen oppmoda derfor om at det vart utarbeidd «en sak som beskriver de ulike minnene/historiestedenes perspektiv og drøfter utfordringene i en tid da vi ikke lenger har tidsvitner». Departementet gav på bakgrunn av dette Vox i oppdrag å utarbeide ein rapport om saka. Vox har i dette arbeidet vore i dialog med fredssentra for å kartleggje kva som finst av materiale/skildringar ved dei ulike sentra, og kva for framtidige utfordringar dei ulike sentra ser i denne saka.
Arbeidet med å samla og sikre skildringar frå tidsvitne har vore ein sentral del av aktiviteten ved fleire av freds- og menneskerettssentra som får tilskott over kap. 255. Dei skildringane som allereie er sikra har eit betydeleg omfang, og dei enkelte institusjonane utfyller kvarandre ved sine ulike perspektiv og typar skildringar. Mykje av materialet som ligg føre, er ikkje systematisert eller bearbeidd med tanke på formidling. Basert på dialogen med dei ulike sentra er vurderinga til Vox at dei største utfordringane no er knytte til systematisering, bearbeiding og formidling av det eksisterande råmaterialet, heller enn til innsamling av nye skildringar. Rapporten viser at det førebels er ulike syn blant sentra på korleis det vidare arbeidet med systematisering og formidling skal innrettast og organiserast. Departementet vil derfor be Vox halde oppe dialogen med sentra om dette temaet. På bakgrunn av den vidare dialogen, vil departementet vurdere om det er nødvendig med tiltak utover det som allereie er finansiert over dette kapitlet.
Post 70 Holocaustsenteret
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar (Holocaustsenteret) kan drive forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar. Holocaustsenteret skal òg drifte utstillinga i Villa Grande på Bygdøy.
Rapport for 2008–09
Senteret hadde ein stor aktivitet på forskingsområdet i 2008. Nettportalprosjektet folkemord.no vart stilt ferdig, og dei to nye prosjekta Jøden som kulturell konstruksjon og Structural violence and minorities in Diaspora vart starta. I tillegg vart ei rekkje prosjekt førde vidare i 2008. Senteret har i tillegg til den permanente utstillinga vore vertskap for tre vandreutstillingar. Senteret driv omfattande informasjonsverksemd, og omvisning av skoleklassar på senteret er ein viktig del av dette. Senteret hadde om lag 4 500 besøkjande elevar til den permanente utstillinga i 2008. Dokumentasjonsverksemda ordna to nye depot, og bibliotekverksemda ekspanderte. Den registerte samlinga bestod i 2008 av om lag 3 400 titlar, ein auke på om lag 400 titlar frå 2007. I tillegg til interne og eksterne brukarar betener biblioteket internasjonale brukarar. Holocaustsenteret har òg delteke på ei rekkje konferansar, seminar og arrangement.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2009.
Post 71 Falstadsenteret
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter innanfor fangehistorie frå andre verdskrigen, samt humanitær folkerett og menneskerettar. Falstadsenteret tilbyr opplæring, dokumentasjon og kunnskapsformidling for å fremme respekt for menneskerettar.
Rapport for 2008–09
I 2008 har Falstadsenteret prioritert å utvikle tilrettelagd undervisningstilbod for elevar med spesielle behov. Senteret har gjennomført undervisningsopplegg for bebuarar på asylmottak og for vaksne flyktningar som gjennomfører grunnskoleopplæring. Falstadsenteret har òg etablert samarbeid med universitet og høgskolar, og har i samarbeid med NTNU eit tverrfagleg forskingsprosjekt – Painful Heritage. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd. Det er òg innleidd eit forskingssamarbeid med Universitetet i Oslo. I 2008 oppdaterte senteret eit fangeregister, og medverka mellom anna til å identifisere 1 250 nordmenn i forbindelse med det internasjonale prosjektet Project WVHA. Senteret har i 2008 arrangert to utstillingar, samt fleire kurs og seminar. I høve til 2007 har talet på besøkjande auka med om lag 800 personar.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2009.
Post 72 Stiftelsen Arkivet
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Arkivet speler rolla si som informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkerett og menneskerettar og er eit senter for fredsskapande arbeid.
Rapport for 2008–09
Totalt har meir enn 11 500 personar fått omvisning og delteke på kurs og seminar i 2008. Det er utarbeidd bøker, filmar, teaterstykke, rapportar og artiklar om temaet krigshistorie. Stiftelsen har halde fram med utvekslingsprogrammet med omvisarar på Robben Island i Sør-Afrika. Stiftelsen er òg partnar i EU-prosjektet Sharing European Memories, som innhentar, dokumenterer og presenterer ulike lokale minne frå krigar dei siste hundre åra. Arkivet har i 2008 òg gjennomført første fase av forskingsprosjektet Compassion i samarbeid med Universitetet i Agder.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2009.
Post 73 Norsk Fredssenter
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Norsk Fredssenter kan tilby kurs og opplæring for å fremje arbeidet for fred og menneskerettar som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar. Senteret er samlokalisert med Nansen Dialog på Lillehammer.
Rapport for 2008–09
Unge flyktningar har vore ei prioritert målgruppe òg i 2008. Ein av hovudaktivitetane har vore prosjektet Afghanistan – håp om ei framtid. Hovudaktivitetane i prosjektet er sommarskole for afghansk ungdom og foredrag på skolar og asylmottak over heile landet. Norsk Fredssenter har i 2008 arrangert studiereiser til både Afghanistan og Nord-Irak. Norsk Fredssenter starta i 2008 Oslo forum, ein møteserie der ungdom med bakgrunn som flyktningar kan møtast for å diskutere aktuelle problemstillingar. Det vart arrangert fem møte i 2008.
Budsjettforslag for 2010
Norsk Fredssenter vil slå seg saman med Nansen Dialog og etablere eit felles senter for dialogarbeid og fredsundervisning på Lillehammer frå 2010.
Nansen Dialog er i dag ei eining under stiftinga Nansenskolen. Idégrunnlaget er tankens fridom, menneskerettar, ikkje-valdeleg handsaming av konfliktar og trua på at det gode i menneska er sterkare enn dei destruktive kreftene. Nansen Dialog arrangerer dialogseminar for grupper frå krigsområde. Dei fleste deltakarane er frå det tidlegare Jugoslavia, der Nansen Dialog har etablert ti dialogsenter med til saman 60 tilsette.
For å bidra til finansieringa av drifta av det nye senteret foreslår departementet å auke løyvinga med 3,7 mill. kroner i høve til 2009. Drifta ved Norsk Fredssenter held fram og blir styrkt med den verksemda som Nansen Dialog tek med seg inn i det nye senteret. Auken i løyvinga skal gå til å finansiere den utvida verksemda som følgjer ved at Fredssenteret slår seg saman med Nansen Dialog. Det er ein føresetnad at den varsla samanslåinga blir gjennomførd før auken i løyvinga blir utbetalt til senteret.
Post 74 Narviksenteret
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Narviksenteret kan drive dokumentasjon og formidling med basis i Nord-Noregs krigs- og okkupasjonshistorie, under dette fangehistoria spesielt.
Rapport for 2008–09
Nord-Norsk Fredssenter og Nordland Røde Kors Krigsminnemuseum oppretta i 2009 stiftelsen Narviksenteret, ein nordnorsk stiftelse for historieformidling, menneskerettar og fredsbygging. Narviksenteret er ein uavhengig og ideell stiftelse, og senterets visjon er å medverke til fredsbygging gjennom kunnskap.
Budsjettforslag for 2010
For å styrkje grunnlaget for drifta av det nye senteret foreslår departementet å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner i høve til 2009.
Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret
Om ordninga
Det europeiske Wergelandsenteret for opplæring til interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap er eit samarbeid med Europarådet og skal vere eit ressurssenter for opplæring på dei nemnde områda. Senteret skal drive forsking om opplæring til interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap og tilby etter- og vidareutdanning for lærarar og lærarutdannarar. Vidare skal senteret spreie informasjon og vere eit knutepunkt og danne eit nettverk for relevante aktørar på feltet.
Senteret er ope for alle medlemsstatane i Europarådet. Arbeidsspråket er engelsk.
Rapport for 2008–09
Avtalen mellom Noreg og Europarådet om oppretting av Det europeiske Wergelandsenteret vart underteikna av partane i Strasbourg den 16. september 2008. Stortinget godkjende avtalen 23. oktober same år.
Det vart oppretta eit styre for senteret, med sju styremedlemmer og fire varamedlemmer.
To personar arbeidde med å førebu opprettinga av senteret hausten 2008 og vart lønna over posten. Stillinga som direktør vart lyst ut i nasjonale og internasjonale medium. Direktør vart tilsett frå februar 2009.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2009.
Kap. 256 Vox - Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 42 010 | 39 956 | 37 987 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 9 034 | 14 085 | 14 536 |
Sum kap. 256 | 51 044 | 54 041 | 52 523 |
Det vart i 2009 arbeidd med å utvikle vidare rolla og oppgåveporteføljen til Vox. Resultatet vart presentert i St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja.
Vox skal vere eit kompetansepolitisk fagorgan underlagt Kunnskapsdepartementet, og ha ansvaret for forvaltning av tilskott til studieforbund og fjernundervisning, jf. kap. 254, freds- og menneskerettssentra, jf. kap. 255 og Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), jf. kap. 257.
Vox vart oppretta i 2001 som ein viktig reiskap for gjennomføring av Kompetansereforma. Vox arbeider for auka deltaking i samfunns- og arbeidsliv ved å heve kompetansenivået hos vaksne. Vox har i åra etter at Kompetansereforma vart innførd, lagt særleg vekt på grunnleggjande dugleikar, realkompetanse og vaksnes rett til opplæring, samt å betre dokumentasjonen på heile området i sitt arbeid. Kunnskapsdepartementet har tydeleggjort at ansvaret for vaksnes rett til grunnopplæring og realkompetansevurdering etter opplæringslova ligg i Utdanningsdirektoratet. Vox skal bidra i Utdanningsdirektoratets arbeid for vaksnes rettar.
I samband med arbeidet som vart gjort for å tydeliggjere rolla og oppgåveporteføljen til Vox, vart det bestemt at namnet på verksemda skulle endrast frå Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet til Vox – Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Det nye namnet dekkjer betre den rolla og dei målsetjingane departementet har for Vox.
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter
Rapport for 2008–09
Vox har medverka til styrking av kvaliteten på opplæringa i grunnleggjande dugleikar for vaksne. Vox har i samarbeid med Utdanningsdirektoratet utvikla eit rammeverk for grunnleggjande dugleikar for vaksne. Rammeverket omfattar grunnleggjande dugleikar i lesing og skriving, munnleg kommunikasjon, kvardagsmatematikk og digital kompetanse. Ei rettleiing til kompetansemåla låg føre hausten 2008. For å gjere det lettare å ta rammeverket i bruk har Vox utvikla kartleggingsverktøy og testar tilpassa kompetansemåla. Vox har halde fleire etterutdanningskurs for å styrkje kompetansen til lærarar, og kursa er sterkt etterspurde. Rammeverket er breitt distribuert, mellom anna til kommunane. Gjennom deltaking i faglege nettverk og samarbeidsprosjekt både nasjonalt og internasjonalt har Vox medverka til utveksling av kunnskap om og til bruk for vaksnes læring. Vox har òg arbeidd med å utvikle vidare BKA-programmet.
For at fleire skal ta del i læring og kompetanseutvikling, er det naudsynt med god kunnskap om kva for utfordringar ein står overfor. Vox har styrkt statistikk- og kunnskapsgrunnlaget på området, og utgitt publikasjonane Vox-speilet, Basis!2008 og Vox-barometeret.
Vox har òg arbeidd for at systemet med dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse skal styrkjast. Vox la i mai i år fram ei utgreiing av ein nasjonal koordineringsfunksjon for å sjå karriererettleiing mot ulike grupper i samanheng. Departementet har sendt forslaget ut til høring.
På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet har Vox arbeidd for fagleg og pedagogisk utvikling av norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar.
Mål for 2010
Vox skal vere eit fagorgan for kompetansepolitikken. Måla for 2010:
Vox skal ha oversikt over og formidle relevant og oppdatert kunnskap om det kompetansepolitiske området, nasjonalt og internasjonalt
Vox skal bidra til høgre kompetanse blant vaksne
Vox skal bidra til god og relevant karriererettleiing og realkompetansevurdering
Budsjettforslag for 2010
Det vart i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet foreslått at det over ein toårsperiode skal overførast ressursar tilsvarande ni årsverk frå Vox til Utdanningsdirektoratet, som følgje av presisering av oppgåvedelinga mellom Vox og Utdanningsdirektoratet. Det vart i 2009 overført 2,4 mill. kroner frå kap. 256 post 01 til kap. 220 post 01. Kunnskapsdepartementet foreslår at den resterande delen av den planlagde overføringa blir overførd i 2010, tilsvarande i overkant av 2,4 mill. kroner. Elles foreslår departementet at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3256 Vox - Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 4 207 | 9 121 | 9 413 |
02 | Salsinntekter o.a. | 690 | 1 164 | 1 201 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 991 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 44 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 977 | ||
Sum kap. 3256 | 6 909 | 10 285 | 10 614 |
Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox. Inntektene på post 02 kjem frå sal av læremateriell. Namnet på kapitlet er endra, sjå omtale under kap. 256.
Kap. 257 Program for basiskompetanse i arbeidslivet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 41 479 | 38 570 | 79 804 |
Sum kap. 257 | 41 479 | 38 570 | 79 804 |
Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje grunnleggjande lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar, slik at færre fell ut av arbeidslivet og fleire kan ta del i opplæring og utdanning. Erfaringar viser at det er vanskeleg å nå dei som har svake grunnleggjande dugleikar og motivere til opplæring. Programmet blir forvalta av Vox.
Bedrifter og offentlege verksemder kan søkje om tilskott både til motivasjonsarbeid og opplæring i lesing, skriving, rekning og IKT. Opplæringstilbydarar og organisasjonane i arbeidslivet kan òg søkje saman med ei bedrift eller offentleg verksemd. I samband med regjeringas tiltakspakke i 2009 vart det løyvt 20 mill. kroner ekstra til BKA. Det ble her sett spesielt fokus på arbeidstakarar i utsette bransjar som særleg blir råka av konjunkturnedgangen. Tilbod til arbeidsledige gjennom samarbeid med NAV har også vore viktig for programmet. Studieforbunda er ein viktig tilbydar av opplæring innanfor ramma av BKA.
Programmet vart ytterlegare styrkt i revidert nasjonalbudsjett med 20 mill. kroner.
Rammeverket som er utarbeidd for grunnleggjande dugleikar for vaksne, ligg no til grunn for alle kurs innanfor BKA og alt utviklingsarbeid knytt til programmet.
Rapport for 2008–09
Frå BKA vart oppretta i 2006, og fram til 2009 har rundt 6 000 arbeidstakarar starta opplæring gjennom programmet. To tredelar av prosjekta som vart tildelte midlar i 2008, har per 1. september 2009 rapportert om planlagde deltakartimar. I desse 61 prosjekta er det lagt opp til om lag 109 000 deltakartimar. Gjennomsnittlege timar per deltakar er om lag 50, men spennet går frå fem timar til over 200 timar per deltakar. Det har vore ein jamn auke i talet på søknader og omsøkt beløp.
Tabell 4.16 Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) 2006–09
År | 2006 | 2007 | 2008 | 2009*) |
---|---|---|---|---|
Talet på søknader | 167 | 208 | 279 | 270*) |
Omsøkt beløp | 85 | 78 | 119 | 122*) |
Talet på innvilga søknader | 65 | 70 | 96 | 106*) |
Kjelde: Vox *)Tala for 2009 er mellombelse
Tildelingane legg vekt på at programmet skal dekkje kurs innanfor alle dugleikane og ha god spreiing i høve til bransjar og verksemder. Av søknadene i 2009 som fekk tildelt midlar, er det fleire søknader som inkluderer fleire verksemder. Offentleg forvaltning og industri er dei bransjane som har fått stønad til flest tiltak. Det er gitt tilskott til verksemder i nær alle fylka.
I samband med regjeringas tiltakspakke er det tildelt midlar i 2009 til bedrifter i utsette bransjar (byggjenæringa, varehandel og transport). Av totalt 106 tildelingar har dei tre utsette bransjane fått midlar til 44 prosjekt. Samarbeid med HSH er ført vidare, og aktuelle bedrifter innanfor varehandelen er lokaliserte. Tilsvarande er eit nettverk av bedrifter innanfor transport under planlegging.
Vox har utvikla ein BKA-database for å lette handsaminga av søknader og analysearbeid ved at verksemdene både søkjer og rapporterer elektronisk frå 2009. Kvaliteten på søknadene i 2009 er blitt betre, noko som synest å ha samanheng med at prosjekta no søkjer elektronisk.
Ei ordning med BKA-kontaktar i fylka har vist seg å vere viktig for å spreie kunnskap om BKA-programmet til lokale verksemder. Dette har mellom anna resultert i at fleire mindre verksemder går saman om å søkje midlar frå BKA. Det er god effekt av tiltaka knytte til utlysing og motivasjon for å få fleire deltakarar med i lese- og skriveopplæring. Kurs i lesing og skriving er no den største gruppa. Det er òg fleire tiltak som kombinerer opplæring i IKT med styrking av dugleikane i lesing og skriving.
I 2008 vart det gjennomført ein kampanje retta mot handelsnæringa, som tradisjonelt har mange tilsette med låg utdanning. Analysar av innrapporterte deltakarar viser at det er behov for å styrkje programinnsatsen mot varehandelen, byggjebransjen og transportnæringa.
Eit tettare samarbeid med NAV er styrkt ved at det er etablert samarbeid med lokale NAV-kontor for tiltak retta mot arbeidsledige med svake grunnleggjande dugleikar, og det er tildelt midlar til spreiingsprosjekt retta mot unge vaksne som har falle ut av arbeidsmarknaden og utdanning.
I samarbeid med Vaksenopplæringsforbundet (VOFO) er midlar spesielt retta mot studieforbundas arbeid for auka basiskompetanse lyste ut.
Ein del av løyvinga til BKA-programmet har vorte sett av til utviklingsprosjekt som Vox koordinerer. Vox har undersøkt korleis eit utval BKA-prosjekt kartlegg lese- og skrivedugleikar, og kva som motiverer verksemdene til å søkje BKA-midlar. Rapporteringa frå pilotprosjekta i Hedmark og Rogaland som Vox har hatt i samarbeid med NAV, viser at dei pedagogiske røynslene har god overføringsverdi. I Finnmark blir det no gjennomført eit prosjekt i samarbeid med lokale tilbydarar og arbeidsmarknadsstyresmaktene.
Mål for 2010
For 2010 er det eit prioritert mål at opplæringa skal nå enda fleire vaksne med svake grunnleggjande dugleikar. Opplæringa skal halde høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne, slik at ho gir ein positiv effekt for den einskilde.
Det er eit mål at det blir utvikla gode modellar for samarbeid mellom NAV, fylkeskommunar og verksemder, slik at fleire arbeidssøkjarar kan få opplæring i grunnleggjande dugleikar.
Det er eit mål at fleire bransjar er representerte i programmet, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning, og er konjunkturutsette bransjar, samt at programmet skal nå små og mellomstore verksemder.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at det blir løyvd 79,8 mill. kroner i 2010. Programmet vart tilført 20 mill. kroner ekstra i samband med regjeringas tiltakspakke i 2009, og ytterlegare 20 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett 2009. Desse midlane er førde vidare i 2010.
Kap. 258 Analyse og utviklingsarbeid
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 3 927 | 3 740 | 3 809 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01 | 33 420 | 34 326 | 39 305 |
Sum kap. 258 | 37 347 | 38 066 | 43 114 |
Løyvingane over kap. 258 skal medverke til å få fram analysar, forsking, dokumentasjon og utgreiingar som kan bidra til ein kunnskapsbasert politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet, men med spesiell vekt på vaksne. Om lag ein tredel av løyvinga blir fordelt til andre aktørar, mellom anna til studieforbund, og til utviklingsarbeid i frittståande fjernundervisningsinstitusjonar.
Post 01 Driftsutgifter
Rapport for 2008–09
NIFU STEP har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomført ei kartlegging av ressursar til utdanningsforsking i 2007. Rapporten Ressursinnsatsen innenfor utdanningsforskning 2007 har identifisert sterke og svake sider ved norsk utdanningsforsking. Dette har komme til nytte i form av meir treffsikker satsing på feltet utdanningsforsking frå departementets side.
Nasjonalt forum for utdanningsforsking (NFFU) skal bidra til dialog, kunnskapsdeling og samarbeid mellom forskarar, beslutningstakarar og praksisfeltet. Møta i NFFU har styrkt infrastrukturen innanfor utdanningsforskinga, betra kunnskapsdelinga på forskingsfeltet og sytt for at viktige tema har fått merksemd.
Rambøll har på oppdrag frå departementet gjort ei utgreiing om etablering av eit kunnskapssenter for utdanning. Utgreiinga syner at det er eit stort behov for kunnskap om forsking om og for utdanningssektoren og foreslår mål, målgrupper og mandat for eit mogleg kunnskapssenter.
Mål for 2010
Departementet vil nytte løyvingane under post 01 for å få fram analysar, forsking, dokumentasjon og utgreiingar som kan medverke til ei kunnskapsbasert politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet. Departementet har som mål å stimulere til ein lærande utdannings- og opplæringssektor. Ei viktig satsing er det nye forskingsprogrammet for utdanningsforsking, Utdanning 2020.
Budsjettforslag for 2010
Det blir foreslått ei løyving på 3,8 mill. kroner for 2010. Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01
Rapport for 2008–09
Løyvinga har omfatta prosjekt og utgreiingar retta mot opplæring i eit livslangt læringsperspektiv, som omfattar unge og vaksne i og utanfor det ordinære utdanningssystemet. Løyvinga har mellom anna medverka til å utvikle nye modellar for fleksibel læring i frivillig sektor, til å utvikle statistikk for betre styringsinformasjon overfor sektoren, og deltaking i internasjonale fora.
Departementet har gjort ein avtale med Norsk folkehelseinstitutt for å kartleggje omfanget av språkvanskar hos barn. Prosjektet byggjer på Mor og barn-studien, som følgjer 100 000 mødrer frå svangerskap og fram til barnet er åtte år. Mellombels resultat frå studien viser at barn som har gått i barnehage, har betre språkutvikling enn barn som ikkje har gått i barnehage.
Campbell Collaboration er eit ikkje-kommersielt verdsomspennande forskarnettverk som har til formål å summere opp og formidle påliteleg og relevant forsking på desse områda: velferd, kriminalomsorg, utdanning og barnevern. Hovudkontoret ligg i perioden 2008–10 i Noreg og er lagt til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta. Saman med andre departement og direktorat bidreg Kunnskapsdepartementet til å dekkje utgiftene til hovudkontoret i den nemnde perioden.
Departementet har gitt midlar til Norwegian Open Research Archives (NORA). NORA er ei felles søkjeteneste for alle institusjonelle arkiv i forskingssektoren i Noreg, og gjer et viktig arbeid for å til leggje til rette for open tilgang til forskingsresultat.
Det er viktig at utdanningspolitikken byggjer på god statistikk og forsking. FAFO har stilt ferdig ein rapport for tidsrommet 2003–08 som viser utvikling i befolkningas deltaking i livslang læring (Lærevilkårsmonitor 2003–2008).
OECD har initiert ein studie om vaksnes læring, PIAAC (Programme for International Asessment of Adult Competencies). Noreg har i 2008–09 delteke i utviklingsfasen saman med 28 andre land, sjå kap. 226 for felttesten i 2010.
NIFU STEP har gjennomført ein studie om faktorar som fremmar eller hemmar kompetanseinvesteringar i norsk arbeidsliv, slik at ein på best mogleg måte kan målrette tiltak for vaksnes læring.
God kjennskap til kompetansepolitikken i andre land er ein viktig bakgrunn for utvikling av norsk kompetansepolitikk. ECON har på oppdrag frå departementet gjennomført ein komparativ analyse av kompetansepolitikken i andre europeiske land, dette mellom anna som grunnlag for St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja.
Vox har på oppdrag for departementet gjennomført ei utgreiing av ein nasjonal koordineringsfunksjon for å sjå karriererettleiing retta mot ulike grupper i samanheng.
Om lag ein tredel av løyvinga på kap. 258 er fordelt vidare til pedagogisk utviklingsarbeid og særlege målgrupper hos studieforbunda og dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonane via Vox, samt til Vox sitt arbeid med å oppdatere og utvikle vidare statistikk over tilbydarar og deltakarar innanfor offentleg og privat vaksenopplæring, systematisk bruk av realkompetansevurderingar, utvikling av læremiddel for vaksne, etter- og vidareutdanning av lærarar, samt informasjons- og motiveringstiltak.
Mål for 2010
Kunnskapsdepartementet vil nytte løyvingane under post 21 for å få fram statistikk, analysar, forsking, dokumentasjon og utgreiingar som kan medverke til ei kunnskapsbasert politikkutvikling på ansvarsområdet til departementet, men med spesiell vekt på vaksne.
Departementet vil setje i verk tiltak som kan gi auka bruk og likare praksis i bruken av dei ulike ordningane for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse, og sjå desse i samband med kvarandre.
Kunnskapsdepartementet vil vurdere å opprette ein nasjonal funksjon for karriererettleiing og saman med relevante aktørar bidra til å auke kunnskapsgrunnlaget for utdannings- og arbeidsrettleiing. Sjå òg kap. 226 og 256.
Departementet vil setje i verk eit arbeid for å styrkje informasjonen om vaksnes rett til grunnopplæring, samt vaksnes høve til å auke sine grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving, rekning og bruk av IKT.
Det er eit mål for 2010 å etablere eit solid system for kartlegging av framtidas kompetansebehov. God statistikk vil derfor bli høgt prioritert.
Om lag halvparten av dei som er arbeidsledige har ikkje vidaregåande opplæring. Departementet har avsett opp til 7 mill. kroner til utvikling av opplæringsmodellar tilpassa vaksne arbeidssøkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Dette vil gjerast i samarbeid med nokre utvalte fylkeskommunar og NAV. Det er ei føresetnad at deltakarane heile tida er disponible for arbeidsmarknaden, og at opplæringa kan kombinerast med arbeide dersom vedkommande kjem tilbake i arbeid før opplæringa er avslutta. Opplæringsmodellane inneberer ingen endringar i ansvarsforholdet mellom utdannings- og arbeidsmarknadsmyndigheitene.
Det er òg sett av midlar for å prøve ut modellar slik at vaksne i vidaregåande opplæring òg kan få tilpassa opplæring i grunnleggjande dugleikar.
Ein tredel av løyvinga vil bli fordelt vidare via Vox til studieforbunda og dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonanes arbeid med pedagogikkutvikling og innsats for særlege målgrupper.
Budsjettforslag for 2010
Det blir foreslått ei løyving på 39,3 mill. kroner for 2010. Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir auka med 5 mill. kroner for utvikling av opplæringsmodellar tilpassa vaksne arbeidssøkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring.
Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning
Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
260 | Universitet og høgskolar | 23 370 869 | |||
270 | Studium i utlandet og sosiale formål for studentar | 211 141 | 299 758 | 309 281 | 3,2 |
271 | Universitet | 12 200 856 | 13 154 993 | -100,0 | |
272 | Vitskaplege høgskolar | 979 546 | 1 220 669 | -100,0 | |
275 | Høgskolar | 8 050 911 | 7 913 046 | -100,0 | |
276 | Fagskoleutdanning | 312 725 | 343 277 | -100,0 | |
280 | Felles administrative einingar | 119 700 | |||
281 | Felles tiltak for universitet og høgskolar | 838 700 | 969 417 | 689 767 | -28,8 |
Sum kategori 07.60 | 22 593 879 | 23 901 160 | 24 489 617 | 2,5 |
Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
3280 | Felles administrative einingar | 20 | |||
3281 | Felles tiltak for universitet og høgskolar | 3 519 | 10 | 10 | 0,0 |
Sum kategori 07.60 | 3 519 | 10 | 30 | 200,0 |
Innleiing
Universitet og høgskolar utdannar morgondagens arbeidskraft samtidig som dei utviklar ny kunnskap, først og fremst gjennom forsking. Kombinasjonen av rolla som kunnskapsbank og lærestad gjer den vidare utviklinga av universiteta og høgskolane viktig for å løyse samfunnsutfordringar og sikre velferd og verdiskaping.
Regjeringa har som mål at utdanning skal vere tilgjengeleg for alle uavhengig av sosial bakgrunn. Grunnutdanning ved norske statlege universitet og høgskolar skal vere forskingsbasert, gratis og halde høg internasjonal standard. Fagskoleutdanninga er eit yrkesretta og praksisorientert alternativ til høgre utdanning. Ei god utdanningsstøtteordning og eit godt utbygd system for studentvelferd er ein føresetnad for å nå desse måla.
Samfunns- og arbeidslivet er i endring og krev både meir kunnskap og kompetanse, og evne til å omstille seg. Regjeringa vil at det skal vere mogleg for alle å utvikle kompetansen sin gjennom heile livet. Eit fleksibelt utdanningstilbod basert på oppdatert kunnskap og forsking er da ein føresetnad.
Regjeringa meiner det er viktig å vere budd på kommande behov for kvalifisert arbeidskraft og auka kunnskap innanfor sentrale område som skole, velferd, klima og miljø. Fleire studieplassar er nødvendig for å motverke aukande arbeidsløyse og kan med tilstrekkeleg breidd samstundes bidra til å løyse kompetansebehovet i framtida.
Regjeringa meiner det er behov for tydeleg profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø, både for å sikre studentane den høge undervisningskvaliteten dei har krav på, og for at Noreg skal få kraft nok til å hevde seg på den internasjonale forskingsarenaen. Det er behov for ei klarare arbeidsdeling og eit meir forpliktande samarbeid mellom institusjonane i universitets- og høgskolesektoren. Det er viktig for regjeringa at dette skjer i frivillige prosessar godt forankra i både fagmiljøa og leiinga ved institusjonane.
Dei nye grunnskolelærarutdanningane føreset eit godt regionalt samarbeid med ei tenleg arbeidsdeling. Det er nødvendig at lærarutdanninga utviklar robuste fagmiljø med kompetanse og storleik til å gi forsking og utdanning av høg kvalitet. Regjeringa meiner det er nødvendig å få ei god dimensjonering av lærarutdanningane, og vil gå i dialog med sektoren om dette.
Forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid er nødvendig for å utvikle eit innovativt og kunnskapsbasert samfunns- og næringsliv. For å bidra til å sikre eit velfungerande demokrati og ein konstruktiv samfunnsdebatt må forskinga vere open, kritisk og kunne etterprøvast.
Tilsette med fagleg og pedagogisk kompetanse er grunnleggjande både for at universiteta og høgskolane skal kunne tilby utdanning av høg kvalitet, og for studentane si læring gjennom deltaking i forsking. Forskingsbasert undervisning og studentdeltaking i forsking er viktig for å stimulere til sjølvstendig læring og kritisk tenking.
Universiteta er dei tyngste forskingsinstitusjonane, særleg innanfor den langsiktige, grunnleggjande forskinga, men høgskolane driv òg omfattande forsking. Styrking av forsking knytt til profesjonsfaga er ei særleg utfordring. Regjeringa er oppteken av at institusjonane må nytte det handlingsrommet og den autonomien dei har til å utvikle eigne forskingsprioriteringar og eigen fagprofil. God leiing på alle nivå er ein føresetnad for å byggje den faglege verksemda, og for å gjere institusjonane til attraktive arbeidsplassar for dei dyktigaste forskarane.
Regjeringa har som mål om å ytterlegare styrkje internasjonaliseringa i norsk høgre utdanning og forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid. Internasjonalt samarbeid er ein føresetnad for at Noreg kan utvikle høg kvalitet både på studietilbod, undervisning, forsking og forvaltning. Internasjonale perspektiv skal integrerast i all aktivitet ved institusjonane.
Dei statlege institusjonane i universitets- og høgskolesektoren er forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Dei statlege og private høgre utdanningsinstitusjonane er regulerte av eit felles lov- og forskriftsverk og er underlagde det same finansieringssystemet. Midlane blir i hovudsak gitte som ei samla økonomisk ramme som styret ved den einskilde institusjonen skal gjere sine prioriteringar innanfor. Lovverket og finansieringa gir stor institusjonell fridom. Dette skal sikre uavhengig forsking og undervisning. Det skal òg gi institusjonane rom til å tilpasse seg nye krav til kvalitet, relevans og auka konkurranse nasjonalt og internasjonalt. Institusjonane rår dermed sjølve over eit sett verkemiddel som kan brukast til å styrkje fagmiljøa og gjennom det auke kvaliteten på utdanninga og forskinga.
Regjeringa legg vekt på at styret som institusjonens øvste organ har ansvaret for å trekkje opp strategien for verksemda og følgje opp at strategiane og den faglege utviklinga ved institusjonen er i samsvar med dei måla som styresmaktene har fastsett. Med ei meir overordna styring av institusjonane er det viktig at institusjonane har profesjonell leiing. Leiinga må gjere dei nødvendige prioriteringane og strategiske grepa for å finne institusjonen sin plass i det regionale, nasjonale og internasjonale høgre utdannings- og forskingslandskapet.
Finansieringssystemet for universitet og høgskolar er saman med lova og forskriftene viktige verkemiddel i styringa av sektoren. Regjeringa legg vekt på at finansieringssystemet skal støtte opp under dei overordna måla for sektoren. Finansieringssystemet skal sørgje for ei langsiktig og stabil finansiering av sektoren, slik at leiinga ved institusjonane kan planleggje og drive langsiktig verksemd. Samstundes skal systemet gi rom for strategiske prioriteringar på nasjonalt nivå. Regjeringa ser det som særleg viktig å målrette midlar mot studieplassar, rekrutteringsstillingar, utstyr og samarbeidsprosessar i sektoren. Vidare blir delar av midlane fordelte på grunnlag av dei resultata institusjonane oppnår på utvalde indikatorar. Dette gir institusjonane insentiv til god måloppnåing. Saman med dei utvida fullmaktene institusjonane har, til blant anna å opprette og leggje ned studietilbod, gir insentiva òg fleksibilitet slik at institusjonane kan utvikle eigne strategiar og tilpasse verksemda til behova i samfunnet.
Departementet har gjennomført ei evaluering av finansieringssystemet. Evalueringa er basert på ein ekstern analyse og ein brei dialog med sektoren. Regjeringa vil føre vidare hovudtrekka i dagens modell, sjå vedlegg 4 for nærmare dokumentasjon. For å stimulere til enda betre måloppnåing og meir og betre samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i sektoren foreslår regjeringa nokre endringar. Desse er presenterte under kap. 260.
Regjeringa vil utvikle vidare eit utdanningssystem som sikrar høg kvalitet og tilgang på høgre utdanning og forsking i alle delar av landet. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å utvikle ein god infrastruktur knytt til fleksibel utdanning. Fagskolane er viktige fordi dei tilbyr fleksible studium som er særleg tilpassa behova til arbeidslivet. Det er store variasjonar i fagskoleutdanningane, og det er behov for ei betre oversikt og auka kunnskapsgrunnlag.
Hovudprioriteringar 2010
Budsjettforslaget for programkategori 07.60 utgjer om lag 24,5 mrd. kroner i 2010. Det er ein nominell auke på om lag 932 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2009. Løyvinga til fagskolar blir gitt over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett frå og med 2010 og er halden utanfor i tala ovanfor.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til sektoren med om lag 50 mill. kroner i 2010 for å bidra til meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø gjennom å stimulere til og støtte opp under samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i sektoren.
For å møte behovet for auka kompetanse og sikre kapasitet og fleksibilitet i høgre utdanning, foreslår regjeringa å auke løyvinga til 291,2 mill. kroner i 2010 knytt til dei 3 000 studieplassane som vart tildelte til universiteta og høgskolane i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009. Det inneber at talet på nye studieplassar ved universitet og høgskolar aukar med om lag 2 600 i 2010, slik at den auka opptakskapasiteten kan førast vidare.
Regjeringa vil òg føre vidare med heilårsverknad studieplassane som vart gitte i revidert nasjonalbudsjett for 2009 innanfor desentralisert utdanning, etter- og vidareutdanning og fagskoleutdanning. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvingane i 2010 knytt til desse studieplassane til 39,6 mill. kroner for desentralisert utdanning og etter- og vidareutdanning og 30,4 mill. kroner for fagskoleutdanning.
Regjeringa foreslår å løyve om lag 100 mill. kroner i 2010 for å styrkje lærarutdanninga. Av desse midlane foreslår regjeringa om lag 15 mill. kroner knytte til tiltak for å auke samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i lærarutdanninga. Desse kjem i tillegg til 20 mill. kroner som Kunnskapsdepartementet tildeler til samarbeidsprosessar i lærarutdanninga i 2009. Bakgrunnen er at det krev ressursar å etablere konkrete samarbeidsprosessar og å utvikle dei nye studietilboda. Regjeringa vil òg føre vidare satsinga på nasjonal forskarskole for lærarutdanning, rettleiing av nyutdanna lærarar, styrking av praksisopplæringa og etablering av eit senter for framifrå lærarutdanning.
Regjeringa foreslår samla å løyve 13,5 mill. kroner i 2010 til etablering av trafikkflygarutdanning (treårig bachelorgrad i luftfart) ved Universitetet i Tromsø. Dette kjem i tillegg til 3 mill. kroner i auka rammeløyving frå og med 2009 til Universitetet i Tromsø.
Regjeringa foreslår å løyve 98 mill. kroner til utstyr for byggeprosjekt som er under oppføring, jf. kap. 260 post 50.
Høg kvalitet i forskinga er grunnlaget for vidare utvikling av samfunnet. Grunnforsking av høg kvalitet er ein føresetnad for meir målretta forskingssatsingar for å løyse samfunnsproblem. Dette er òg ein føresetnad for at norske forskarar og forskingsmiljø skal vere attraktive samarbeidspartnarar for utvikling av kunnskap på ein internasjonal arena. Noreg skal vere i front av den internasjonale kunnskapsutviklinga på område der vi har særlege føresetnader.
Regjeringa fører vidare rekrutteringsstillingane frå tiltakspakka med 72,7 mill. kroner i 2009, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet for 2009 med tiltak for arbeid. Utdanning av fleire forskarar er eit viktig verkemiddel for å auke den norske forskingsevna. Etterspørselen etter personar med doktorgrad aukar òg utanfor akademia. Fleire forskarutdanna personar vil auke tilfanget av høgt kompetent arbeidskraft for framtidas arbeidsliv. Målet om eit meir kunnskapsintensivt næringsliv krev fleire med doktorgrad, særleg innanfor faga matematikk, naturfag og teknologi (MNT-faga).
Regjeringa vil leggje stor vekt på at Noreg skal spele ei aktiv rolle i internasjonale organisasjonar og prosessar, og delta på viktige møtestader for høgre utdannings- og forskingssamarbeid. Dette gjeld blant anna i samarbeidet med EU og deltaking i EUs utdannings- og forskingsprogram. OECD, Bologna-prosessen, Nordisk Ministerråd og UNESCO er andre viktige arenaer der Noreg deltek aktivt. I St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning legg regjeringa vekt på at internasjonalisering ikkje berre er eit mål i seg sjølv, men òg eit verkemiddel for å fremme kvalitet og relevans i norsk utdanning og forsking. Analysen og tiltaka i meldinga vil vere utgangspunktet og danne grunnlaget for det vidare arbeidet på internasjonaliseringsområdet. Regjeringa foreslår å løyve om lag 127 mill. kroner knytte til ulike internasjonaliseringstiltak i 2010 over kap. 281 post 01, post 51 og post 73.
Regjeringa vil arbeide for å styrkje samarbeidet mellom utdanning og arbeidsliv for å auke relevansen og samstundes bidra til å nå målet om høg kvalitet i utdanningane, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Det er òg viktig å ha meir merksemd på læringsutbyttet, jf. blant anna innføringa av kvalifikasjonsrammeverket.
Regjeringa vil arbeide vidare for å sikre eit godt tilbod om høgre utdanning av høg kvalitet til alle som kan og ønskjer det. Utdanningstilbodet må kontinuerleg utviklast for å sikre at både studentane og samfunnet får best mogleg kvalitet i utdanningane. Arbeidet med kvalitetssikring og -utvikling av utdanningane vil halde fram. Det er nødvendig å arbeide med å heve studiekvaliteten ved fleire av profesjonsutdanningane.
Desentralisert og fleksibel utdanning er viktig både for studentar i høgre utdanning og for dei som tek etter- og vidareutdanning. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å utvikle ein god infrastruktur knytt til fleksibel utdanning og bidra til at institusjonane aukar tilgjenget av desentralisert og fleksibel utdanning.
Målstruktur for høgre utdanning og fagskoleutdanning
Departementet har fastsett ein overordna målstruktur for universitet, høgskolar og fagskolar. Eit utfyllande målbilete blir presentert i Orientering om forslag til statsbudsjettet for 2010 for universiteter og høyskoler og i tildelingsbrev. Målstrukturen dannar eit rammeverk for den einskilde institusjonen si styring av verksemda. Innanfor desse rammene må den einskilde institusjonen sjølv trekkje opp strategien for den faglege verksemda og fastsetje eigne mål og resultatkrav, planar og strategiar. Dei skal vere tilpassa eigenarten til verksemda, storleiken og utfordringane deira. Det er styret sitt ansvar å sørgje for at strategiane og den faglege utviklinga er i samsvar med dei måla som styresmaktene har fastsett.
Mål: Utdanning av høg internasjonal kvalitet
Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet som er basert på det fremste innanfor forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap.
Tilstandsvurdering
Det er i åra framover venta ein stor auke både i ungdomskulla og i delen av befolkninga som søkjer seg til høgre utdanning. Samtidig treng samfunnet fleire arbeidstakarar med høg kompetanse. Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (Rapporter 2008/29, SSB) viser at det blir behov for fleire med både kort og lang universitets- og høgskoleutdanning innanfor alle utdanningsgruppene. Framskrivingar viser òg ein auke på 150 000 unge i alderen 19 til 30 år frå 2008 til 2020, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009). Det er varig behov for auka kapasitet og fleire studieplassar i sektoren om ikkje delen av befolkninga med høgre utdanning skal bli redusert. Søkninga til høgre utdanning gjennom Samordna opptak auka med 9,7 pst. frå 2008 til 2009, og i tillegg er det auke i dei lokale opptaka.
Auken i studenttalet har gitt og vil gi utfordringar for utdanningsinstitusjonane som skal følgje opp studentane, blant anna som følgje av ei meir samansett gruppe studentar med ulike behov for oppfølging. For å møte desse utfordringane vart det løyvd 133,4 mill. kroner i 2009 til oppretting av 3 000 nye studieplassar ved universiteta og høgskolane, til om lag 800 studieplassar i desentralisert og fleksibel utdanning og midlar til fagskolar.
Evalueringa av finansieringssystemet viser at gjennomstrøyminga og internasjonal utveksling av studentar har auka. Saman med andre verkemiddel, som blant anna ny lov for universitet og høgskolar, oppretting av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU), innføring av nye undervisnings- og vurderingsformer, omlegging av gradsstrukturen med meir, ser departementet at merksemda om og arbeidet med kvalitet i undervisninga har auka. Norsk forsking er i framgang både i kvalitet og kvantitet.
Eit hovudmål i Kvalitetsreforma var å utvikle og heve studiekvaliteten. Resultata dei siste åra har vore gode, men det er framleis store variasjonar. Arbeidet med å heve kvaliteten i utdanningane må halde fram. Departementet meiner at kvalitetssikring og -utvikling framleis må stå sentralt i oppfølginga av norsk høgre utdanning, og at institusjonane sjølve har eit ansvar for dette. NOKUT har òg ei sentral rolle i dette arbeidet.
Noreg har ein godt utbygd struktur av universitet og høgskolar i alle delar av landet. Det gir studentane tilgang til utdanning av høg kvalitet og skal sikre tilgang på kvalifisert arbeidskraft der det er behov. Det er likevel store skilnader mellom institusjonane i storleik, akademisk profil, organisatorisk struktur og lokalisering. Ein for fragmentert struktur med mange små institusjonar og fagmiljø set blant anna kvaliteten på utdanning og forsking under press. Det er behov for ei klarare arbeidsdeling og eit meir forpliktande samarbeid i sektoren.
Det er stor variasjon i samarbeidet mellom universitet og høgskolar og arbeidslivet. Mange institusjonar hentar inn informasjon frå og samarbeider med arbeidslivet om utdanningane, og departementet ser at slikt samarbeid har verka positivt på relevans av og kvalitet i utdanningane. Departementets vurdering er at det er behov for at fleire utviklar og systematiserer samarbeid med arbeidslivet, slik at det blir meir strukturert og forankra i planane og strategiane til institusjonane.
Evalueringar viser at allmennlærarutdanninga er for brei til å gi lærarkandidatane nødvendig fagleg og pedagogisk kompetanse for alle trinn og fag i skolen. Det er behov for meir spesialisering, eit nytt og utvida pedagogikkfag, betre praksisopplæring og tettare oppfølging av nye lærarar. Vidare er det behov for ei betre og meir målretta styring av lærarutdanningane, jf. Innst. S. nr. 185 (2008–2009) og St.meld. nr. 11 (2008–2009) Læreren – rollen og utdanningen.
NOKUTs evaluering av ingeniørutdanninga viser at den faglege kvaliteten er god, men at det likevel er nødvendig med nokre endringar i utdanninga. Det er blant anna behov for meir forskingsbasert undervisning, betre pedagogisk kompetanse, meir internasjonalisering og auka gjennomstrøyming.
Etter ein omfattande prosess er alle sjukepleiarutdanningane reakkrediterte. Institusjonane held fram med arbeidet med kvalitetsutvikling av sjukepleiarutdanninga i tråd med NOKUTs tilrådingar.
NOKUT vil hausten 2010 sluttføre evalueringa av førskolelærarutdanninga.
Det er auka grad av internasjonalisering i norsk høgre utdanning. Delen utvekslingsstudentar av registrerte studentar aukar, og universiteta og høgskolane arbeider aktivt med internasjonalisering. Det er likevel framleis behov for å oppfordre og stimulere til auka internasjonalisering med høg kvalitet på alle nivå. Det er ein føresetnad at den delen av utdanninga som studentane tek ved institusjonar i utlandet, er av høg kvalitet og tilpassa studiet ved heimeinstitusjonen.
Mål: Forsking av høg internasjonal kvalitet
Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.
Tilstandsvurdering
Forsking i universitets- og høgskolesektoren er i framgang både i kvalitet og kvantitet. Evalueringa av finansieringssystemet og indikatorane for forsking kan tyde på at det blir utført meir og betre forsking, og at talet på doktorgradskandidatar aukar. Det blir òg gitt ut stadig fleire vitskaplege publikasjonar.
Noregs næringsstruktur og demografi gir særskilde utfordringar med omsyn til å finne ein god balanse mellom sterke fagmiljø, eit landsdekkjande utdanningstilbod og regionale forskingsmiljø som bidreg til utvikling av næringslivet. Regjeringas vurdering er at det er behov for meir samarbeid og arbeidsdeling for å møte utfordringane med ein fragmentert struktur med mange små og svake fagmiljø.
Akkreditering av høgskolar til universitet har bidrege til å bryte ned skiljet mellom universiteta og høgskolane i Noreg. Det er etablert mange nye doktorgradsutdanningar, òg i små fagmiljø. For å halde oppe kvaliteten må ein styrkje arbeidsdelinga.
Høg kompetanse hos dei tilsette ved universitet og høgskolar er ein sentral føresetnad for at dei kan drive forsking og tilby forskingsbasert undervisning. Det har vore betydeleg kompetanseheving blant det vitskaplege personalet ved dei statlege og private høgskolane dei seinare åra, men det er framleis behov for å auke kompetansen på mange fagområde.
For universitets- og høgskolesektoren samla har kvinnedelen auka i alle stillingskategoriane, men kvinnedelen er framleis for låg. Departementet meiner det er behov for å auke delen kvinner i toppstilling, særleg i realfag og teknologi.
Det meste av grunnforskinga i Noreg skjer ved universiteta. Regjeringa har styrkt løyvingane til universiteta og høgskolane, og forskarrekruttering har vore ein viktig del av satsinga på grunnforsking. Det er særleg realfag og teknologifag som har vore prioriterte. Høgskolane er sentrale i profesjonsforskinga, som har vorte styrkt blant anna gjennom Strategiske høgskoleprogram og Praksisretta FoU over Noregs forskingsråd.
Styret for Stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid har gjort ei evaluering av verksemda til programmet i åra 2003–08. Evalueringa viser at programmet i stor mon svarer til dei forventningane som vart stilte til det.
Sjølv om universiteta dominerer i tildelingane frå Forskingsrådet, har høgskolane auka sin del dei siste åra. Det store fleirtalet av doktorgradane er avlagde ved universiteta i dei store byane. Mange av kandidatane har utført arbeidet med doktorgraden ved institusjonar utanfor universiteta, for eksempel høgskolar i ulike delar av landet, forskingsinstitutt eller helseføretak.
Mål: Formidling, innovasjon og verdiskaping
Universitet og høgskolar skal bidra til å spreie og formidle resultat frå forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og bidra til innovasjon og verdiskaping basert på desse resultata. Universitet og høgskolar skal òg leggje til rette for at tilsette og studentar kan delta i samfunnsdebatten.
Tilstandsvurdering
Det vitskaplege personalet ved universitet og høgskolar formidlar vitskapleg tenkjemåte og resultat frå forsking til allmenta i stort omfang og gjennom ei rekkje kanalar. I seinare tid har prinsippet om open tilgang til vitskaplege artiklar fått stor merksemd. Dei fleste universiteta og høgskolane har no eigne digitale arkiv, men delen artiklar som er ope tilgjengeleg ligg langt under det som er ønskjeleg. Departementet meiner at Forskingsrådet sitt krav om å lagre artiklar basert på forsking dei finansierer, i opne arkiv, vil verke positivt.
Det er i større grad enn tidlegare forventa at universitet og høgskolar bidreg til verdiskapinga i samfunnet gjennom ulike tiltak for å kommersialisere forskingsresultat. Etableringa av teknologioverføringskontor (Technology Transfer Offices – TTO) skal bidra til å ta hand om desse oppgåvene. Kommersialisering av forskinga aktualiserer spørsmålet om handsaming av immaterielle rettar (IR). Alle universiteta har dette spørsmålet på dagsordenen, men dei har ikkje komme like langt i å setje i verk prinsipp for handsaming av IR i interne politikkdokument og kontraktar.
Mål: Organisering, drift og ressursforvaltning
Universitet og høgskolar skal organisere og drive verksemda på ein slik måte at samfunnsoppdraget blir best mogleg teke hand om innanfor ramma av disponible ressursar.
Tilstandsvurdering
I samsvar med måla i Kvalitetsreforma om å gi institusjonane større fridom og ansvar har departementet i dei årlege etatsstyringsmøta og tildelingsbreva til dei statlege institusjonane lagt stor vekt på at styret er institusjonens øvste organ, og dermed har ansvaret for å trekkje opp strategien for verksemda og for at institusjonen når måla. I etatsstyringsmøta med den einskilde institusjonen har departementet dei seinaste åra derfor endra innrettinga, slik at møta og styringsdialogen no har auka fokus på ein overordna og strategisk dialog om institusjonens resultat, planar, strategi og utfordringar. Departementet har òg eit felles årleg dialogmøte med dei private institusjonane.
Departementet legg opp til at styret i den årlege rapporten skal evaluere arbeidet sitt med dei strategiske og prinsipielle utfordringane. Departementet kan registrere ei positiv utvikling i korleis styra legg vekt på rolla si som eit styringsorgan, der arbeidet først og fremst skal vere knytt til strategiske og prinsipielle utfordringar. Styra tek ei tydelegare rolle i mål- og resultatstyringa av institusjonane. Rapportane frå styra legg no vekt på den rolla styret har som strategisk organ, og omtaler dei sakene som institusjonane identifiserer som sine viktigaste utfordringar. Sjølv om mange institusjonar har komme langt, meiner departementet at det framleis er behov for å tydeleggjere og følgje opp styret si heilskaplege styringsrolle og ansvaret for alle sidene av verksemda til institusjonen.
Dagens finansieringssystem er eit delvis resultatbasert insentivsystem, som har verka sidan 2003. Departementet har gjennomført ei evaluering av systemet for å vurdere måloppnåing, effektar og eventuelle behov for endringar, som varsla i St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning. Sjå vedlegg 4 for nærmare dokumentasjon.
Ved utgangen av 2008 låg avsetningane til universitet og høgskolar på om lag same nivå som året før. I 2008 har fleire verksemder enn tidligare i universitets- og høgskolesektoren driftsutgifter som er større enn inntektene til dei løyvingsfinansierte aktivitetane. Rekneskapa for dette året viser at om lag halvdelen av dei statlege institusjonane hadde eit negativt driftsresultat i den løyvingsfinansierte delen av verksemda. Eit sett standardiserte nøkkeltal er presenterte i vedlegg 5. Nøkkeltala viser inntekter og kostnader baserte på kontantprinsippet, inntekter etter inntektskjelde og forholdet mellom kontantbehaldninga, kostnader som skal betalast i neste termin og avsetningane.
Oppstilling og presentasjon av rekneskapa ved universitet og høgskolar har vore i endring etter at dei tilrådde statlege rekneskapsstandardane vartinnførte i 2007. Dette gjeld særleg handsaming av anleggsmiddel og bidrags- og oppdragsfinansiert verksemd. Dette arbeidet er nå fullført, og overgangen til rekneskap ført og stilt opp etter desse standardane er nær fullført. Dette har ført til at både departementet og institusjonane har fått betre styringsinformasjon. Samtidig har institusjonane fått eit verktøy for betre styring av verksemda.
Mål: Universitetsmusea
Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Tromsø og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har eit særskilt ansvar for å byggje opp, drive og halde ved like museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum.
Tilstandsvurdering
Våren 2008 la regjeringa fram St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale, som drøfta utfordringane til universitetsmusea på områda forsking, forvaltning av samlingane, formidling, digitalisering, styring, organisering og leiing. Meldinga tilrår tiltak på alle desse områda.
Riksrevisjonen peiker i sin gjennomgang frå 2008 på at samlingane framleis ikkje er godt nok sikra og bevarte, og at rapporteringa om arbeidet med bevaring og sikring kan bli betre. Samstundes viser undersøkinga at departementet og universiteta si styring av universitetsmusea har blitt betre. For å bidra til betre sikring og bevaring vart det både i statsbudsjettet for 2008 og for 2009 løyvd 16 mill. kroner til sikring og bevaring av universitetsmusea.
Arkeologisk Museum i Stavanger vart knytt til Universitetet i Stavanger frå 1. januar 2009 og løyvinga er flytt frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Kunnskapsdepartementet.
Mål: Fagskoleutdanning av høg kvalitet
Godkjend fagskoleutdanning skal gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod som byggjer på fullført vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Tilstandsvurdering
Fagskolelova slår fast at utdanningstilbodet ved fagskolane skal vere yrkesretta og gi kompetanse ein kan ta i bruk i arbeidslivet utan ytterlegare generelle opplæringstiltak. Lova tek vidare utgangspunkt i at tilbodet skal vere styrt av etterspørselen etter kompetanse i arbeidslivet.
Talet på godkjende fagskoleutdanningar har auka kraftig dei siste åra. Dei fleste fagskoleutdanningane blir drivne av private tilbydarar og mottek ikkje statleg tilskott.
I innstilling til lov om endringar i lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning, jf. Innst. O. nr. 89 (2006–2007), understreka kyrkje-, undervisnings- og forskingskomiteen at Kunnskapsdepartementet saman med aktørane i sektoren må utvikle eit godt nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Departementet har sendt ut forslag om endringar i fagskoleloven til høring. Forslaga legg til rette for å kunne utvikle eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, og departementet arbeider saman med fagskoleaktørar med å utvikle sjølve rammeverket.
Karlsen-utvalet, jf. NOU 2008: 18 Fagopplæring for framtida, foreslår fleire tiltak knytte til å utvikle fagskolar vidare som del av eit breitt utdanningssystem. Blant anna foreslår utvalet å etablere eit eige råd for fagskoleutdanning, og regjeringa følgjer opp dette forslaget i St.meld. nr. 44 (2008–2009).
Strategiar og tiltak
Nedanfor blir hovudstrategiar og tiltak presenterte. For nærmare omtale av tiltak for å nå måla for sektoren, sjå forslaga for 2010 under dei respektive kapitla og postane.
Utdanning av høg internasjonal kvalitet
I revidert nasjonalbudsjett for 2009 vart det løyvd 96,6 mill. kroner til 3 000 nye studieplassar. Regjeringa foreslår å føre vidare den auka opptakskapasiteten av 3 000 nye studieplassar og løyve 291,2 mill. kroner til dei nye studieplassane i 2010. Det inneber at talet på nye studieplassar ved universiteta og høgskolane auker med om lag 2 600 i 2010. Det vart i 2009 òg løyvd 21,3 mill. kroner til studieplassar innanfor etter- og vidareutdanning og desentraliserte studietilbod, inklusive 3 mill. kroner til Noregsuniversitetet. Det vart i tillegg løyvd 15,2 mill. kroner til fagskolar. Regjeringa foreslår å føre vidare desse studieplassane på same nivå og løyve høvesvis 39,6 mill. kroner og 30,4 mill. kroner i 2010.
Regjeringa forslår å auke løyvinga til sektoren med om lag 50 mill. kroner for å stimulere til og støtte opp under samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) i sektoren. Målet med dei strategiske SAK-midlane er å bidra til tydeleg profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø slik at institusjonane blir betre i stand til å nå sektormåla. Departementet tek sikte på å tildele midlane etter søknad til institusjonar som er i eller planlegg samarbeidsprosessar, jf. òg nærmare omtale under kap. 260.
For å auke kvaliteten og betre innhaldet i lærarutdanninga gjennomfører regjeringa ei reform av lærarutdanninga for grunnskolen, jf. St.meld. nr. 11 (2008–2009), sjå òg nærmare omtale under kap. 260.
Dei nye grunnskolelærarutdanningane føreset eit godt regionalt samarbeid med ei tenleg arbeidsdeling. Det er nødvendig at lærarutdanninga utviklar robuste fagmiljø med kompetanse og storleik til å gi forsking og utdanning av høg kvalitet. Departementet vil derfor i løpet av hausten gjennomføre ei rekkje dialogmøte med samarbeidande institusjonar, jf. nærmare omtale under kap. 260.
Departementet vil arbeide for auka internasjonalisering av høgre utdanning og fagskoleutdanning, i tråd med prioriteringane i St.meld. nr. 14 (2008–2009). Departementet vil leggje særskild vekt på å sjå internasjonalt høgre utdannings- og forskingssamarbeid i samanheng.
Forsking av høg internasjonal kvalitet
I revidert nasjonalbudsjett for 2009 vart det løyvd 23 mill. kroner til 57 rekrutteringsstillingar og 12,5 mill. kroner til nærings- ph.d- stillingar over Kunnskapsdepartementets budsjett. Regjeringa foreslår å føre vidare løyinga med 72,7 mill. kroner i 2010.
Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 5 mrd. kroner frå 1. januar 2010. Avkastninga av to-tredelar av kapitalauken er øyremerkt forskingsinfrastruktur. Dersom renta held seg på det same nivået som i dag, vil det gi om lag 140 mill. kroner i auka løyvingar til forskingsinfrastruktur frå 2011. For nærmare omtale, sjå programkategori 07.70 Forsking.
Regjeringa vil leggje grunnlaget for å føre vidare den positive utviklinga i forskinga i Noreg. St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning trekkjer opp eit nytt målbilete for norsk forsking, jf. nærmare omtale under programkategori 07.70. Regjeringa er oppteken av at norske forskingsmiljø skal bringe fram grunnleggjande kunnskap for å løyse globale utfordringar knytte til miljø, klima og energi, og for å betre helsetenestene. I tillegg ønskjer regjeringa å leggje vekt på forsking på næringsrelevante område.
Regjeringa legg vidare vekt på forsking knytt til profesjonsutøving for å løyse velferdsstatens oppgåver, jf. blant anna lærarutdanningsreforma og samhandlingsreforma. Det skal fremmast ein handlingsplan som skal styrkje profesjonsutøvarane si tilknyting til forsking, og sambandet mellom forsking og utdanning.
Internasjonalt samarbeid er nødvendig for at Noreg skal kunne hevde seg og rekruttere internasjonale forskarar på prioriterte område. Auka kvalitet i forskinga heng blant anna saman med å spisse forskingsinnsatsen mot område der Noreg har særlege føresetnader for å lykkast, ta del på eksterne arenaer både nasjonalt og internasjonalt som tildeler midlar i open konkurranse, og ta del i internasjonalt forskingssamarbeid.
Formidling, innovasjon og verdiskaping
Den viktigaste kanalen for å leggje fram resultata av forsking er fagfellevurderte vitskaplege artiklar. Som prinsipp bør resultata av offentleg finansiert forsking vere tilgjengeleg for alle. Departementet forventar at delen vitskaplege artiklar i ope tilgjengelege arkiv aukar kraftig, og ser etableringa av Norsk vitskapsindeks (NVI) som eit viktig tiltak for å nå målet. NVI skal vere ein felles database for vitskapleg publisering for universitet, høgskolar, helseføretak og forskingsinstitutt.
Universiteta og høgskolane skal bidra til eit kunnskapsbasert næringsliv i heile landet, og til næringsrelevant forsking på utvalde område. Etableringa av TTO-kontora ved universiteta er viktig for å stimulere til kommersialisering av forskingsresultat. Desse kontora er delvis finansierte av FORNY-programmet i Forskingsrådet. Den eksisterande FORNY-ordninga blir ført vidare i 2010. Frå og med 2011 vil ei ny satsing på kommersialisering av forskingsresultat bli etablert.
Organisering, drift og ressursforvaltning
Det felles lov- og forskriftsverket og finansieringssystemet inneber stor grad av institusjonell fridom som skal sikre uavhengig forsking og undervisning, og gi institusjonane rom til å tilpasse seg nye krav til kvalitet, relevans og auka konkurranse nasjonalt og internasjonalt. Kunnskapsdepartementet legg opp til ein styringsstrategi og bruk av verkemidlar som er tilpassa både til regelverket, oppgåvene til institusjonane, risikobiletet, departementet sitt overordna ansvar og styringsmodellen som er fastsett gjennom lov, instruks og reglement. Institusjonane på si side må sjå heilskapleg på verksemda og bruke verkemidla dei rår over, til å styrkje fagmiljøa, auke kvaliteten på både utdanninga og forskinga og organisere verksemda slik at ein sikrar samanhengande tid til forsking for dei vitskapleg tilsette. Departementet legg vekt på at institusjonane forankrar og formidlar i organisasjonen korleis styring og leiing skal styrkje den faglege kvaliteten. I tillegg vil departementet arrangere eit seminar for alle styremedlemmene i sektoren.
Hovudtrekka i finansieringssystemet vil bli førde vidare med nokre endringar som blant anna skal bidra til meir samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) i sektoren. Regjeringa foreslår meir bruk av strategiske midlar som skal fordelast til SAK-prosessar der to eller fleire institusjonar deltek og foreslår blant anna å auke løyvinga til institusjonane med 50 mill. kroner i 2010 knytt til dette.
Regjeringa foreslår å løyve 58 mill. kroner til utstyr til ny universitetsklinikk i Trondheim og 40 mill. kroner til utstyr ved Kunsthøgskolen i Oslo i 2010. Regjeringa foreslår vidare å løyve husleigekompensasjon med 11,7 mill. kroner til Høgskolen i Vestfold, 23 mill. kroner til Kunsthøgskolen i Oslo og 3,5 mill. kroner til Samisk høgskole i 2010.
Universitetsmusea
For betre å kunne følgje med på status for bevaring og sikring av samlingane, vil det bli arbeidd vidare med utvikling og forbetring av indikatorar.
For å styrkje forskinga ved universitetsmusea foreslår regjeringa å føre vidare den strategiske FoU-satsinga retta mot universitetsmusea.
Det er utfordringar knytt til infrastruktur ved fleire av universitetsmusea. Det er difor sett i gang fleire prosjekt og utgreiingar, blant anna ved Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, Bergen Museum ved Universitetet i Bergen, Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger, Tromsø Museum ved Universitet i Tromsø og Vitskapsmuseet ved Norges teknisk-naturvitskaplege universitet.
Fagskoleutdanning av høg kvalitet
Tilbodet om fagskoleutdanning skal primært vere styrt av arbeidslivets etterspørsel etter kompetanse, jf. forarbeida til den reviderte fagskolelova, Ot.prp. nr. 39 (2006–2007) Om lov om endringer i lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning. Kunnskapsdepartementets rolle er å gi gode rammer, som sikrar kvalitet og fleksibilitet.
Drifts- og finansieringsansvaret for fagskolane blir overførde til fylkeskommunane frå 1. januar 2010 i samband med forvaltingsreforma. Tilskottet til fagskoleutdanning blir lagt inn i rammetilskottet til fylkeskommunane.
Kunnskapsdepartementet meiner at eit eige råd for fagskoleutdanning, som Karlsen-utvalet foreslår, kan styrkje rolla til fagskolane og bidra til ei meir målretta utvikling av fagskoletilbodet. Kunnskapsdepartementet har invitert partane til ein konferanse hausten 2009, med formål å danne eit interimsstyre for eit slikt råd.
Statistikkgrunnlaget som gjeld fagskoleutdanningane, er ikkje tilstrekkeleg, og departementet vil bidra til å utvikle statistikken vidare.
Kap. 260 Universitet og høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
50 | Statlege universitet og høgskolar | 22 542 647 | ||
70 | Private høgskolar | 828 222 | ||
Sum kap. 260 | 23 370 869 |
Tidlegare kap. 271 Universitet, kap. 272 Vitskaplege høgskolar og kap. 275 Høgskolar er frå 2010 slåtte saman til eit nytt kap. 260 Universitet og høgskolar, som omfattar alle universitet og høgskolar. Samanslåinga må sjåast på bakgrunn av at alle institusjonane har same lovverk og finansieringssystem. I tillegg har det vore flyttingar frå tidlegare høgskolar til universitet og vitskapleg høgskole, og prosessar med samanslåing av institusjonar. Det er derfor ikkje lenger tenleg å ha ei inndeling mellom ulike institusjonskategoriar.
Kap. 260 blir delt inn i to postar, post 50 Løyving til statlege universitet og høgskolar og post 70 Løyving til private universitet og høgskolar. Postane omfattar midlar til undervisning, forsking, formidling, infrastruktur og bygg med meir. Den tidlegare postinndelinga på kap. 271, 272 og 275 tok utgangspunkt i komponentane i finansieringssystemet: postane 50 og 70 for basiskomponent, postane 51 og 71 for undervisningskomponent og postane 52 og 72 for forskingskomponent. Samanslåinga til to postar, ein for statlege og ein for private institusjonar, speglar at institusjonane er underlagde rammefinansiering, at dei statlege institusjonane er forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og at institusjonane sjølve har ansvaret for å prioritere bruken av løyvinga best mogleg for å nå måla for sektoren.
Rapport 2008–09 for tidlegare kap. 271, 272 og 275
Utdanning av høg internasjonal kvalitet
Sidan 2000 har det vore ein klar auke i talet på studentar i aldersgruppa 19–24 år og ein auke i talet på studentar over 40 år. Opptakstala og talet på registrerte studentar i høgre utdanning har auka noko frå 2007 til 2008, og ligg dermed på om lag same nivå som i 2006. Auken har først og fremst komme på høgskolane. Delen kvinnelege studentar aukar og er no 61 pst., og det er her ei positiv utvikling i opptaket til matematikk, natur- og teknologifaga (MNT-faga). Det er òg fleire studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn i høgre utdanning, særleg ved universiteta.
Det har vore ein kraftig auke i talet på søkjarar til høgre utdanning frå 2008 til 2009. Tal frå Samordna opptak viser at det var 9,7 pst. fleire primærsøkjarar i mai 2009 samanlikna med mai 2008.
Institusjonane i dei største byane har lettast for å trekkje til seg søkjarar, medan andre institusjonar, og særleg i Nord-Noreg, har større utfordringar med rekrutteringa.
Den store veksten i studietilboda dei første åra etter Kvalitetsreforma, har stoppa opp, og omfanget er no i ferd med å stabilisere seg. Delen registrerte studentar på årskurs, bachelorgrad og mastergrad har halde seg relativt stabil dei siste åra. Dei fleste institusjonskategoriane har ei overvekt av bachelorgradstudentar, bortsett frå dei statlege vitskaplege høgskolane, som har flest mastergradstudentar. Høgskolane har ein stor del av studentane sine på årskurs.
Gjennomføringa på normert tid ved universiteta har betra seg dei seinaste åra, både i høgre gradsstudium og i bachelorgraden.
Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon
Stjernø-utvalet, jf. NOU 2008: 3 Sett under ett, skildra blant anna ei utvikling med stor spreiing av fagmiljøa og derav sviktande kvalitet i fleire sentrale utdanningar. For å møte desse utfordringane meinte utvalet at det var nødvendig med ei stor strukturreform som skulle ha som mål å redusere talet på høgre utdanningsinstitusjonar.
Utviklinga viser at stadig fleire lærestader institusjonaliserer samarbeidet seg imellom. Utviklinga har skjedd parallelt med arbeidet til Stjernø-utvalet og har ført til mange typar samarbeid. Institusjonane i Tromsø har fusjonert, Innlandsuniversitetet, Oslofjordalliansen og samarbeidet mellom fem av institusjonane på vestlandet gjennom UH-nett Vest er eksempel på breie institusjonssamarbeid. Noregs musikkhøgskole og Barratt Due musikkinstitutt har inngått ein intensjonsavtale om tettare samarbeid og arbeidsdeling. Det er òg samarbeid mellom Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus. Dette er eksempel på prosessar som i nær framtid kan føre til omfattande endringar i institusjonslandskapet.
Universitets- og høgskolesystemet i nord er godt utbygd, og institusjonane speler ei nøkkelrolle i kompetansebygginga i og om nordområda. På grunn av lange avstandar og relativt små fagmiljø er nettverkstankegangen, og det å stimulere til samarbeid om kunnskapsbygging snarare enn konkurranse, særleg viktig for kunnskapsmiljøa i nordområda. I 2009 har Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Tromsø fusjonert og høgskolane i Harstad og Finnmark har innleidd samtalar om å slutte seg til fusjonen.
Høgskolane i Nordland er viktige aktørar i den regionale utviklinga. Nordland fylkeskommune ønskjer å bidra til å utvikle vidare høgskolesektoren i Nordland for å sikre framtidig kompetanse og konkurransekraft i fylket, og samtidig sikre nødvendig FoU-aktivitet i regionen. Kunnskapsdepartementet har i samråd med Nordland fylkeskommune oppretta eit utval som skal greie ut spørsmåla knytt til samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i høgre utdanning i Nordland, med frist til årsskiftet 2009/10.
Nordområda
Nordområdestrategien legg vekt på kunnskapsutvikling i nord. Nye Byggesteiner i nord. Neste trinn i Regjeringas nordområdestrategi vart lagd fram i Tromsø 12. mars 2009. Universitet og høgskolar er sentrale for å nå måla i regjeringas nordområdestrategi. Dei tek del i samarbeids- og programaktivitetar som byggjer opp under måla, blant anna gjennom Universitetssenteret på Svalbard, Arktisk Universitet, Samarbeidsprogrammet med Russland, Nordområdestipendprogrammet og EnergiCampus Nord.
Samarbeidet med Russland står i ei særstilling i regjeringas nordområdesatsing. I 2009 har Kunnskapsdepartementet arbeidd vidare med å stille ferdig ein intensjonsavtale, Memorandum of Understanding (MoU) om høgre utdanningssamarbeid med Russland. Avtalen inneber blant anna at departementet innanfor eksisterande ordningar og økonomiske rammer vil stille minst 15 stipend til rådigheit for russiske studentar for studium ved norske høgre lærestadar.
Lærarutdanning
Framskrivinga frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det blir behov for fleire lærarar i åra framover. Det er i denne samanhengen viktig å vurdere kapasiteten for lærarutdanningar som særleg er spesialiserte mot trinn, fag- eller arbeidsområde. Kunnskapsdepartementet har sett i gang ulike rekrutteringstiltak. Tiltaka er blant anna knytte til avskriving av studielån for lærarar i framandspråk og realfag og utprøving av ei lektor II-ordning for å få yrkesaktive til å undervise på fagområde der skolane har behov for betre kompetanse.
Institusjonane som tilbyr allmennlærarutdanning, har arbeidd aktivt med å følgje opp tilrådingane frå NOKUTs evaluering. Departementet kravde at alle institusjonane utarbeidde ein plan for oppfølginga, og dei har rapportert årleg om framdrifta. I St.meld. nr. 11 (2008–2009) Læreren – rollen og utdanningen er det foreslått ei rekkje kvalitetsfremmande tiltak for lærarutdanninga. I arbeidet med stortingsmeldinga hadde departementet ein open prosess med institusjonane. Dei er såleis godt førebudde på å setje i verk forslaga.
Eit breitt samansett utval skal utarbeide forslag til forskrift til rammeplan for dei nye utdanningane, og nasjonale retningsliner for faga. Eit forslag blir sendt ut til høring i løpet av hausten 2009.
Den største endringa er differensieringa i to hovudretningar for grunnskolelærarar. Dette inneber at studentane må velje kva årstrinn dei vil spesialisere seg innanfor:
trinn 1–7, har vekt på begynnaropplæring, normalt fire undervisningsfag, og norsk og matematikk er obligatoriske fag
trinn 5–10, har normalt tre undervisningsfag på 60 studiepoeng, alle valfag.
Begge hovudretningane får eit nytt obligatorisk pedagogikkfag, pedagogikk og elevkunnskap, på 60 studiepoeng. Innrettinga mot årstrinn gir høve til større fagleg fordjuping og spesialisering. Det skal stillast tydelege kvalitetskrav til den obligatoriske praksisopplæringa, og pedagogikk, praksis og fag skal inngå i ein integrert heilskap. Målet er ei heilskapleg og forskingsbasert profesjonsutdanning. Dei nye grunnskolelærarutdanningane skal vere etablerte frå hausten 2010.
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 284, 2. april 2009 i Innst. S. nr. 185 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 11 (2008–2009):
«Stortinget ber Regjeringen om snarest å komme tilbake til Stortinget med status for rekrutteringsutfordringene knyttet til samisk lærerutdanning og tiltak for å sikre rekrutteringen.»
Departementet har sett i verk fleire tiltak for å betre rekrutteringa til samisk lærarutdanning og samiske språkstudium: Samisk høgskole leier ei arbeidsgruppe som skal utarbeide ein langsiktig nasjonal strategi for rekruttering som legg vekt på samiske språk og lærarutdanning og omfattar alle nivå frå barnehage til høgre utdanning. Samisk høgskole, Høgskolen i Nord-Trøndelag, Høgskolen i Bodø og Universitetet i Tromsø er alle tildelte kr 200 000 over kap. 281 post 01 for å utforme rekrutteringstiltak med sikte på opptak hausten 2010.
Søkninga til lærarutdanninga ved Samisk høgskole auka hausten 2009 i høve til tidlegare år. Tal frå Samordna opptak viser at det er 25 søkjarar til 15 planlagde plassar.
Det er i revidert nasjonalbudsjett for 2009 tildelt midlar til etter- og vidareutdanning tilsvarande totalt 50 studieplassar til institusjonar som tilbyr samisk og/eller kvensk.
Samisk høgskole flytter hausten 2009 inn i det nye vitskapsbygget i Kautokeino, noko som kan ha positiv effekt på rekrutteringa til samisk lærarutdanning.
Helse- og sosialfag
Dei korte profesjonsutdanningane innanfor helse-og sosialfag er sentrale for kvaliteten på og utviklinga av velferdsstaten. Det er mange felles utfordringar for desse utdanningane, særleg tilrettelegginga for god profesjonsutøving, vektlegging av praksis, kunnskapsgrunnlaget og FoU. I dei helse- og sosialfaglege utdanningane er praksisstudium ein viktig og stor del av studieprogrammet. Samarbeidet om praksisstudium mellom yrkesfeltet og utdanningsinstitusjonane er krevjande på grunn av den gjeldande ansvars- og arbeidsdelinga. Opprettinga av samarbeidsorgana har bidrege til ei utvikling i riktig retning, men oppfølginga av kvalitet i praksisstudium vil framleis vere ei viktig oppgåve.
Regjeringas samhandlingsreform vil krevje ei styrking av blant anna samhandlingskompetansen i dei helsefaglege utdanningane. Ein rapport frå Pedagogisk utviklingssenter ved Høgskolen i Oslo viser at den fellesfaglege delen i helse- og sosialfagutdanningane ikkje er innført slik det var tilsikta. Ei oppfølging av utdanningsinstitusjonane si iverksetjing av intensjonen i rammeplanane vil derfor vere nødvendig for å oppnå eit betre tverrprofesjonelt samarbeid innanfor helse- og sosialsektoren.
I NOU 2009: 8 Kompetanseutvikling i barnevernet skildrar ekspertutvalet krav til kompetanse i ei bachelorutdanning i barnevern. I oppfølginga av denne deltek Kunnskapsdepartementet i ei styringsgruppe som skal greie ut ei autorisasjonsordning for sosionomar og barnevernspedagogar.
Realfag og ingeniørutdanning
Realfagsstrategien frå 2006 går ut ved utgangen av 2009, og departementet er no i gang med å utarbeide ein ny strategi. Det er framleis store utfordringar innanfor realfag, blant anna rekruttering, fråfall, dugleik i matematikk frå grunnopplæringa og kjønnsbalansen. Innanfor gjeldande strategi har Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (RENATE-senteret) prøvd ut mentorordningar ved Universitetet i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, der elevar i grunnopplæringa får matematikktrening ved hjelp av mentorar frå høgre utdanning. Undersøkingar viser at pilotprosjektet ved Universitetet i Oslo har motivert fleire til å arbeide vidare med matematikk i skolen. Det er laga ein modell for nasjonal spreiing av ordninga. Naturfagssenteret har fått midlar til forskingsprosjektet Vilje-con-val, som skal kartleggje kva som påverkar ungdom ved val av studium.
Ingeniørutdanninga i Noreg vart evaluert av NOKUT i 2008. Utdanninga blir vurdert som gjennomgåande god, men treng å bli fornya i takt med utviklinga i samfunnet. Departementet har no laga ein plan for oppfølging av evalueringa.
Internasjonalisering av utdanning
Det har vore arbeidd med internasjonalisering av høgre utdanning over lang tid, og gjennomføringa av Kvalitetsreforma vart ein viktig milestolpe for innføring av det internasjonale perspektivet i all fagleg og administrativ verksemd.
Internasjonalt samarbeid i høgre utdanning og forsking står framleis høgt på den politiske dagsordenen, og Noreg bruker store midlar på slikt samarbeid. Dette skjer blant anna gjennom deltaking i EUs rammeprogram for forsking og EUs Livslang læringsprogram og andre tiltak, som for eksempel studiefinansieringsordningane. Sjå òg omtale under kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar post 01, post 51 og post 73 og omtale under kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning.
Internasjonalisering av utdanning var eit sentral element i Kvalitetsreforma. Internasjonalt samarbeid skulle bidra til auka kvalitet i norsk høgre utdanning. Kvalitetsreforma må sjåast i samanheng med den internasjonale utviklinga i høgre utdanning, som blant anna Bologna-prosessen, der Noreg er aktivt med. Det vidare arbeidet i Bologna-prosessen vil framleis fokusere på hovudmåla i prosessen om å skape eit felles europeisk område for høgre utdanning innan 2010 og særskilt på livslang læring og mobilitet av tilsette og studentar. Det er no blant anna sett som mål at innan 2010 skal 20 pst. av dei som fullfører høgre utdanning i Europa ha vore mobile i løpet av studiet.
I tillegg til deltaking i multilaterale ordningar og prosessar har Noreg bilateralt samarbeid med strategisk viktige land for Noreg.
I St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning går det fram at det har skjedd mykje på internasjonaliseringsfeltet ved universiteta og høgskolane etter Kvalitetsreforma, men at det er nødvendig å få ei meir heilskapleg og strategisk tilnærming til arbeidet. Med framlegginga av St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning vart dette området gjennomgått i heile si breidd, og resulterte i ei rekkje forslag til tiltak. Det er eit overordna mål at internasjonalisering ved dei norske institusjonane og mobilitet for studentar, faglege og administrative tilsette skal gi kvalitet. Kunnskapsdepartementet gjennomførde ein omfattande høyrings- og dialogrunde med institusjonar, organisasjonar og utvalde aktørar innanfor høgre utdanning i samband med utarbeidinga av meldinga. St.meld. nr. 14 (2008–2009) vidareutviklar og styrkjer politikken for internasjonalisering av norsk høgre utdanning. Meldinga framhevar at auka fokus på «internasjonalisering heime» er viktig, det vil seie å integrere dei internasjonale perspektiva på alle nivå ved dei norske universiteta og høgskolane. Det bør vidare framleis oppfordrast og stimulerast til auka internasjonal mobilitet av studentar og tilsette. Det bør gjennomgåande satsast på kvalitet på alle nivå, både ved norske institusjonar og i val av samarbeidspartnarar i utlandet. Det internasjonale perspektivet bør òg vidast ut geografisk til å femne om nye viktige aktørar innanfor utdanning og næringsliv.
Departementet legg stor vekt på ei god kopling mellom internasjonalt høgre utdannings- og forskingssamarbeid. Det er viktig at studentane får dra nytte av det faglege samarbeidet som skjer mellom norske universitet og høgskolar og dei internasjonale samarbeidspartnarane deira. Det er vidare viktig å involvere studentane i samarbeid òg ut frå eit rekrutteringsperspektiv: Studentane får erfaring med internasjonalt samarbeid, lærer verdien av internasjonalt forskingssamarbeid og får eit fagleg nettverk som kan komme til nytte i ein framtidig forskarkarriere.
Kvalifikasjonsrammeverk
Departementet har vedteke det overordna kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning for bachelor-, master- og doktorgrad. Nivåskildringane fortel kva for kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse ein kan forvente at alle kandidatar som fullfører utdanning på det aktuelle nivået skal ha. Kvalifikasjonane blir skildra gjennom kva for læringsutbytte ein student skal ha ved fullført utdanning, framfor gjennom innsatsfaktorar i studiet. Ei dreiing i tankegang frå innhald i til utbytte av studiet blir eit klart og nødvendig resultat.
Målet er blant anna å gjere kvalifikasjonane frå dei tre nivåa i høgre utdanning tydelegare, vise dei faktiske skilnadene mellom nivåa, gjere det enklare for studentar og arbeidsgivarar å vere klar over kompetansen etter fullført utdanning og fremme livslang læring. Innføringa av eit kvalifikasjonsrammeverk for høgre utdanning rettar merksemda mot det heilskaplege læringsutbyttet av ei utdanning. På denne måten får studentane eit meir samanhengande og heilskapleg utbytte av utdanninga.
Entreprenørskap i utdanninga
Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet utarbeidd ein handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga.
Entreprenørskap, innovasjon og nyskaping har dei siste ti åra fått fotfeste i høgre utdanning. For 2008 rapporterte 21 statlege universitet og høgskolar om utdanningstilbod innanfor innovasjon og entreprenørskap. Dette er alt frå enkeltemne til heile mastergradar, og innanfor ei rekkje ulike fagområde som for eksempel lærarutdanning, teknologiutdanning og kulturutdanning. Rapporteringa viser eit tydeleg mangfald i utdanningstilboda.
Fleire universitet og høgskolar har dei siste åra oppretta einingar for entreprenørskap, innovasjon og nyskaping. For eksempel er det oppretta Senter for entreprenørskap i utdanninga ved universiteta i Oslo, Stavanger, Agder og Trondheim.
Vurderings- og sensurordningar
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 391, 7. mars 2008 i samband med handsaminga av St.meld. nr. 7 (2007–2008), jf. Innst. S. nr. 150 (2007–2008):
«Stortinget ber Regjeringen vurdere å innføre krav om ekstern sensor for all høyere utdanning.»
Bakgrunnen for endringane i kravet om ekstern sensur i Kvalitetsreforma var etablering av nye studieopplegg og nye undervisnings- og evalueringsformer, som oppgåveinnleveringar, deleksamenar, mappevurdering med meir. Departementet vurderte at ekstern sensur kunne bidra på andre måtar enn det som var vanleg da den tradisjonelle vurderingsforma var sluttevaluering, for eksempel gjennom ekstern medverknad i sjølve systemet for sensur. NIFU STEP har i 2009 på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjort ei kartlegging av bruk av ekstern sensur på lågare grad med fokus på kvalitet, økonomi, vurdering og læring. Kartlegginga viser at det framleis er betydeleg innslag av ekstern sensur på lågare grads utdanning, og at den mest brukte sensurordninga er ein kombinasjon av intern sensur med eit element av ekstern sensur. Kartlegginga viser òg at lærestadene bruker eit mangfald av vurderingsformer. Dette er i tråd med intensjonane i Kvalitetsreforma.
Fleksibel læring, IKT i utdanninga og desentralisert utdanning
I 2009 ligg det føre resultat frå fleire undersøkingar om status for fleksibel og desentralisert læring i høgre utdanning, blant anna om Noregsuniversitetet (NUV).
Rapporten Evaluering av Norgesuniversitetet (asplan viak, 2009) peiker på at mandatet til NUV er breitt og ambisiøst, noko som gjer det vanskeleg for NUV å lykkast på alle sine område. Likevel tyder undersøkinga på at NUV speler ei viktig rolle som forvaltar av prosjektmidlar som skal stimulere til utvikling og samarbeid, på området pedagogisk bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdanninga og til dels òg på området samarbeid mellom arbeidsliv og universitets- og høgskolesektor.
Analyse av markedet for desentralisert utdanning (asplan viak, 2009) peiker blant anna på at universitet og høgskolar finn det kostbart å drifte desentraliserte studietilbod, og at student- og inntektsgrunnlaget ofte er usikkert. Det er vidare utfordringar knytte til det å kople etterspørsel og tilbod, noko som bidreg til at det utviklar seg ein marknad for «meklarar». Likevel skjer det meste av aktiviteten utan at dei er involverte. Analysen peiker òg på at den teknologiske utviklinga gjer at skiljet mellom «desentralisert utdanning» og «fjernundervisning» blir stadig mindre.
Rapporten Digitale utfordringer i høyere i utdanning (NUV, 2009) presenterer resultat frå ei nasjonal undersøking om bruk av IKT i høgre utdanning som viser at det er stor variasjon i bruken. Dei fleste studentane og fagtilsette nyttar IKT, men det er store variasjonar i kor ofte og korleis. Ein trend er at studentar som samarbeider med andre, nyttar IKT hyppigare og meir variert enn dei som ikkje gjer det. Vidare ser det ut til at haldningane til dei fagtilsette er viktige for i kor stor grad dei legg til rette for bruk av IKT. Tilrettelegginga ser ikkje ut til å vere avhengig av kjønn og alder. Resultata frå rapporten kan tyde på at det er behov for eit sterkare leiarfokus på arbeidet med innføring av IKT. Departementet vil ta resultata frå undersøkinga med i den vidare politikkutforminga på området.
Forsking av høg internasjonal kvalitet
Forskinga ved universitet og høgskolar er styrkt dei seinare åra. Institusjonane gjer i aukande grad faglege prioriteringar og set i verk tiltak for å løne god forsking. Midlar frå Noregs forskingsråd, ikkje minst gjennom ordningar som sentre for framifrå forsking og sentre for forskingsbasert innovasjon, bidreg både til å synleggjere gode miljø og til å gi forsking av høg kvalitet gode vilkår. Høgskolane gjer ein stor innsats for å utvikle forskinga innanfor profesjonsfaga. Det er etablert program over Forskingsrådet for å styrkje utviklinga av den profesjonsretta forskinga.
At satsinga er vellukka, kjem til syne gjennom gode resultat på sentrale indikatorar for produktivitet og kvalitet i forsking. Omfanget av publisering ved universitet og høgskolar har auka dei siste åra, og det same gjeld delen publikasjonar i høgt rangerte tidsskrift. Norsk publisering har dei siste åra auka meir enn i tradisjonelt sterke forskingsnasjonar som USA, Storbritannia, Frankrike og Tyskland. Medan norske forskarar på 90- talet berre vart siterte så vidt over verdssnittet, blir dei no siterte 25 pst. meir, og meir enn artiklar frå Sverige og Finland.
Forskingsinsentiva i finansieringssystemet for universiteta og høgskolane skal bidra til å auke kvaliteten i forskinga. Evalueringa av systemet tyder på at insentiva har bidrege til å lyfte forskinga i sektoren, jf. omtale av evalueringa i vedlegg 4. Samstundes har ein sett tendensar til at forskinga går føre seg i små og svake miljø utan nødvendig fagleg kontakt med forskarar ved andre institusjonar.
Forskarutdanning
I 2008 vart det sett ny rekord med 1 244 avlagde doktorgrader i Noreg, ein auke på 21 pst. frå 2007. Det inneber at målet om 1 100 doktorgradar per år fastsett i St.meld. nr. 35 (2001–2002) Kvalitetsreformen. Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høgskolesektoren er nådd. Universiteta tildeler flest doktorgrader, men gradene er i mange høve eit resultat av samarbeid på tvers av institusjonar og sektorar. Omfanget av doktorgradsutdanninga i Noreg er stor i internasjonal samanheng. Auken i rekrutteringsstillingar dei siste åra gjer at departementet ventar ein auke i dei avlagde gradene òg i åra framover.
I regjeringas tiltakspakke, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet for 2009 med tiltak for arbeid, vart det løyvd 23 mill. kroner til oppretting av 57 nye rekrutteringsstillingar og 12,5 mill. kroner til nærings- ph.d.- stillingar over Kunnskapsdepartementets budsjett.
Utdanning av fleire forskarar er eit viktig verkemiddel for å auke den norske forskingsevna. Nye forskingssatsingar krev meir forskarutdanna personale. Etterspørselen etter personar med doktorgrad aukar i samfunnet utanfor akademia. Fleire forskarutdanna personar vil auke tilfanget av høgkompetent arbeidskraft til arbeidslivet. Målet om eit meir kunnskapsintensivt næringsliv krev fleire med doktorgrad, særleg innanfor matematikk, naturfag og teknologi (MNT-faga).
Det har vore eit problem med låg gjennomføringsgrad og høg snittalder på doktorgradskandidatane. Dei seinare åra, og særleg etter innføringa av den nye ph.d.- graden, har universiteta og høgskolane arbeidd systematisk med kvalitetsheving av doktorgradsprogramma slik at fleire gjennomfører utdanninga på normert tid. Rapportar frå blant andre NIFU STEP viser at det har vore ei betring, både når det gjeld gjennomføring og snittalder ved avlagd grad. Institusjonane må likevel fortsette arbeidet på dette området.
For å betre kvaliteten på og gjennomføringa av forskarutdanninga i Noreg løyvde regjeringa i 2008 midlar til nasjonale nettverksforskarskolar over Forskingsrådets budsjett, jf. kap. 285 post 52. Dei fem første forskarskolane er no oppretta etter ei utlysing som resulterte i 27 søknader. Skolane skal sikre deltakarane frå små miljø tilgang til eit breiare fagleg nettverk nasjonalt og internasjonalt. Skolane femner breitt. Alle universiteta, ein vitskapleg høgskole og ni statlege høgskolar deltek.
Noregs forskingsråd
Tildelingane frå Forskingsrådet som del av statstilskottet til universiteta og høgskolane ligg stabilt kring ti pst. Universiteta dominerer framleis innanfor dei fleste verkemidla, særleg når det gjeld Fri prosjektstøtte og Senter for fremragende forskning (SFF)/Senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI). Tildelingane skjer i open konkurranse, baserte på vurderingar av kvalitet og relevans. SFF og SFI er viktige verkemiddel for spissing og konsentrasjon av forskinga ved breiddeuniversiteta. Dei statlege høgskolane har likevel auka sin del av midlane frå Forskingsrådet òg i 2008. Universiteta og høgskolane sin del av dei totale løyvingane frå Forskingsrådet ligg stabilt kring 30 pst.
Fleire nasjonale verkemiddel gjennom Forskingsrådet har bidrege til å konsentrere og spisse forskinga i høgskolane. Det gjeld praksisFoU og Strategiske høgskoleprogram (SHP) innanfor den profesjonsretta FoU-verksemda og Verkemiddel for regional FoU (VRI) i det regionalt forankra næringsrelevante FoU-arbeidet, sjå òg omtale under kap. 281 post 50.
Forskingsrådet har i over ti år gjennomført internasjonale evalueringar av norske fagområde. Evalueringane gir viktige innspel til korleis institusjonane kan arbeide strategisk for høgre kvalitet på fagmiljøa sine. Ei fersk evaluering av kjemimiljøa viser klare forbetringar sidan den førre evalueringa, blant anna styrkt fagleg leiing og tydelegare strategisk profil.
God fagleg leiing på alle nivå i institusjonane er ein føresetnad for god ressursnytting og systematisk, langsiktig arbeid med utvikling av strategiar for forsking. Eit gjennomgåande trekk ved fagevalueringane til Forskingsrådet er at dei peiker på at den faglege leiinga ved institusjonane er for svak.
Internasjonalisering av forsking
Tilsette ved norske universitet og høgskolar har ei brei kontaktflate mot forskarkollegaer i andre land. Delen norske artiklar publiserte saman med utanlandske medforfattarar auka frå 51 til 53 pst. frå 2004 til 2007. Noreg ligg no på topp i Norden målt i talet på samarbeidande land per artikkel. Tala indikerer at norske forskarar samarbeider meir og med fleire over landegrensene. Universiteta og høgskolane bidreg vesentleg til desse resultata.
Det ligg sterke insentiv for å delta i EUs rammeprogram for forsking i finansieringssystemet til universiteta og høgskolane. Evaluering av norsk deltaking i EUs rammeprogram er omtalt under programkategori 07.70.
Infrastruktur og utstyr
Forsking av høg kvalitet krev moderne utstyr, særleg innanfor dei eksperimentelle realfaga og medisin, som omfattar fleire av dei prioriterte satsingsområda framover. Gode rammevilkår, inkludert oppdatert og tilstrekkeleg utstyr, er med på å gjere ein forskarkarriere meir attraktiv, og aukar sjansen for at Noreg trekkjer til seg gode, etablerte forskarar frå utlandet. Det er viktig at investeringa i FoU er balansert mellom dei ulike innsatsfaktorane i FoU-systemet.
Internasjonalt tek Noreg del i EUs arbeid med å lage eit vegkart for stor europeisk forskingsinfrastruktur, ESFRI. To prosjekt med norsk vert står på vegkartet: ECCSEL (European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure), eit anlegg for reinsing av karbon ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og SINTEF, og SIOS (Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System) ved Universitetssenteret på Svalbard og Polarinstituttet, som er eit arktisk observasjonssystem på Svalbard, sjå òg omtale under programkategori 07.70.
Formidling, innovasjon og verdiskaping
Vitskapleg tilsette i universiteta og høgskolane er kanskje den viktigaste kjelda til formidling av forskingsresultat og vitskapleg tenkjemåte i ulike medium. Omfanget av slik formidling til allmenta er stor.
Open tilgang til vitskaplege artiklar har fått mykje merksemd dei siste åra, og dei fleste institusjonane i sektoren har eigne opne digitale arkiv. Fleire og fleire utgivarar av vitskaplege tidsskrift tillèt at forskarane legg kopiar av artiklane i desse arkiva, men talet på vitskaplege artiklar som er tilgjengelege gjennom desse arkiva, er framleis lågt. I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning legg regjeringa til grunn eit prinsipp om at vitskaplege artiklar frå offentlig finansiert forsking skal vere offentleg tilgjengelege. Forskingsrådet har som føresetnad at artiklar som er heilt eller dels finansierte av Forskingsrådet, skal vere ope tilgjengelege, noko som truleg vil bidra til auke i talet på vitskaplege artiklar som er tilgjengelege gjennom arkiva.
Ei arbeidsgruppe sett ned av Kunnskapsdepartementet har vurdert om det er mogleg å etablere ein felles database for vitskapleg publisering ved universitet, høgskolar, helseføretak og forskingsinstitutt. Arbeidsgruppa foreslår oppretting av Norsk vitskapsindeks (NVI) og tilrår at NVI inngår i eit større nasjonalt system for informasjon om norsk forsking. Innstillinga frå arbeidsgruppa har vore ute til ei brei høring, og det er stor tilslutning til oppretting av NVI. Departementet arbeider vidare med sikte på etablering i 2011.
Bidrags- og oppdragsinntektene (BOA) er ein indikator på omfanget av verksemda retta mot brukarar. Aktiviteten spenner over alt frå etter- og vidareutdanning til grunnforsking. Kjeldene til BOA-inntekter er både offentlege institusjonar, næringslivet og organisasjonar både i Noreg og i utlandet. Universiteta og høgskolane får mellom seks og sju pst. av driftsinntektene sine frå BOA. Inntektene frå Forskingsrådet og EU er da haldne utanom.
I 2008 var det etablert teknologioverføringskontor (Technology Transfer Offices – TTO) ved seks av dei norske universiteta. TTOane skal på den eine sida bidra til å skape kultur for innovasjon på institusjonen, og på den andre sida hjelpe forskarane med å utvikle forretningsidear, patentar, lisensar og etablering av verksemder. Dei etablerte TTOane skal bidra til dette òg ved dei andre institusjonane. TTOane er delvis finansierte av FORNY-programmet i Forskingsrådet. FORNY skal bidra til auka verdiskaping gjennom kommersialisering av forretningsidear baserte på forsking.
Resultata frå kommersialiseringsverksemda viser ei positiv utvikling i 2008. Når universiteta blir kommersialiseringsaktørar, blir spørsmålet om immaterielle rettar (IR) viktig. Dei regulerer blant anna kva rettar den einskilde forskaren skal ha i høve til arbeidsgivaren. Alle dei norske universiteta har sett spørsmålet på dagsordenen, men dei har ikkje komme like langt i å vedta og setje i verk prinsipp for IR i kontraktar og interne politikkdokument. I 2008 mottok universitet og høgskolar 350 forretningsidear. Dei registrerte 76 patentar, inngjekk 76 lisensieringskontraktar og etablerte 27 nye føretak. Det meste av aktiviteten er registrert ved dei store universiteta. Tala viser ein viss oppgang frå 2007.
Organisering, drift og ressursforvaltning
Dei statlege institusjonane fekk auka autonomi gjennom Kvalitetsreforma. Dette krev at universitet og høgskolar legg vekt på fagleg leiing, strategisk tenking og har evne til omstilling. Åtte av dei statlege institusjonane har gått over til einskapleg leiing på institusjonsnivå med tilsett rektor og ekstern styreleiar. Delt leiing på institusjonsnivå med valt rektor er med andre ord framleis det vanlegaste. På avdelings- og instituttnivå har dei fleste institusjonane valt einskapleg leiing. Det varierer om det òg er valte styre eller råd på desse nivåa.
Ved utgangen av 2008 låg avsetningane til universitet og høgskolar på om lag same nivå som året før. I 2008 har fleire verksemder i universitets- og høgskolesektoren enn tidlegare driftsutgifter som er større enn inntektene til dei løyvingsfinansierte aktivitetane. Rekneskapa for 2008 viser at om lag halvparten av institusjonane hadde negative driftsresultat i dei aktivitetane som vart finansierte av løyvingane frå departementet.
Det er registrert avvik og manglar når det gjeld etterleving av regelverket på enkelte område. Sjølv om det er ei positiv utvikling når det gjeld for eksempel eksternt finansiert verksemd, har det på andre område, som lønn, innkjøp og meirverdiavgift på tenester levert frå utlandet, oppstått nye utfordringar. Overgangen til rekneskap ført etter dei førebelse statlege rekneskapsstandardane er nær fullført. Dette har gitt institusjonane og departementet eit betre styringsverktøy og auka tilgang til styringsinformasjon i rett tid, og ei fast og stabil ramme for føring av rekneskap og økonomiforvaltning.
Statens pensjonskasse har varsla dei statlege institusjonane i sektoren om at arbeidsgivardelen av pensjonspremien blir auka frå 12,28 til 13 pst. frå 2009 til 2010. Kostnadsauken utgjer om lag 90 mill. kroner for heile sektoren, men den samla kostnaden til pensjonspremie i åra 2003–10 ligg innanfor den kompensasjonen som vart lagd inn i løyvingane med innføringa av nettobudsjettering.
Kunnskapsdepartementet og underliggjande institusjonar forvalta per 31. desember 2008 statlege eigarinteresser i 94 selskap, ein nedgang på fire frå året før. Eigarinteressene har ein bokførd eigenkapital på 191,8 mill. kroner. Staten er eineeigar eller har dominerande eigarskap i 30 av selskapa. Eigarinteressene fordeler seg på 50 eigarpostar på høgskolane, 46 på universiteta og tre på vitskaplege høgskolar, i tillegg til fem på Kunnskapsdepartementet.
Rosenborgsaka
Kunnskapsdepartementet har gjort greie for handsaminga av Rosenborgsaka i statsbudsjetta for 2008 og 2009. I St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet la departementet til grunn at eventuelle nye erstatningskrav knytte til saka måtte handsamast av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Departementet er kjent med at NTNU har motteke nye krav om erstatning. Når desse er ferdig greidde ut hos NTNU, vil dei bli sende til departementet for vurdering.
Departementet bad hausten 2008 Kreftforeningen om å stå for eit tilbod om informasjon til personar som meiner at dei har vore utsette for risiko, og som ønskjer råd om korleis ein går fram om ein blir sjuk. Foreininga etablerte eit slikt tilbod i januar, og dreiv dette fram til 1. juli 2009. Tilbodet vart lite nytta, og departementet tok saman med Kreftforeningen avgjerd om at det ikkje var nødvendig å ha eit eige tilbod knytt til Rosenborgsaka. NTNU har saman med Helsedirektoratet utvikla eit informasjonstilbod som NTNU driv. Helsedirektoratet har òg sendt ut informasjon til fastlegar, og dette er lenka opp til nettportalen om Rosenborgsaka. Kreftregisteret er no i gang med ei undersøking om krefttilfelle hos laboratorietilsette (den såkalla IARC-kohorten). Departementet avventar resultatet av denne undersøkinga.
Bygg
Løyvingar til byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren blir gitte over Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett, jf. kap. 1580 og 2445. For bygging av ny universitetsklinikk i Trondheim, sjå omtale under kap. 281 post 79.
Det er framleis behov for nybygg, oppgradering og vedlikehald av den eksisterande bygningsmassen i sektoren for at den skal vere tilpassa dagens krav og situasjon. Dette må òg sjåast i samanheng med at det er venta ein auke i studenttala i åra framover.
Bygningar og lokale utgjer ein stor utgiftpost for universitet og høgskolar. Institusjonane som eig og forvaltar eigne eigedommar, har aktivert bygningsmassen i rekneskapane, med unntak av Universitetet i Oslo, som tek sikte på å aktivere bygningsmassen frå 1. januar 2010. Verdifastsetjing av eigedom vil gi eit betre oversyn og informasjonsgrunnlag for framtidige investeringar.
Igangsette prosjekt
Samisk vitskapsbygg i Kautokeino fekk startløyving i statsbudsjettet for 2006. Bygget er ferdig og blir formelt opna i november 2009.
Bygg for lærarutdanning ved Høgskolen i Vestfold og andre byggjetrinn ved Kunsthøgskolen i Oslo skal stå ferdig i løpet av første halvår 2010. Resterande utstyrsmidler til nybygg for Høgskolen i Vestfold vart løyvde med 18,8 mill. kroner i 2009.
Stortinget slutta seg til ein auke av kostnadsramme for Informatikkbygget ved Universitetet i Oslo, byggjetrinn II, med 151,5 mill kroner, jf. St.prp. nr. 87 (2008-2009) Om nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo. Ny kostnadsramme er 1357,5 mill. kroner (prisnivå per juli 2009). Resterande utstyrsmidlar til informatikkbygget vart løyvde med 66,2 mill. kroner i 2009.
I samband med tiltakspakka for arbeid vart det gjort vedtak om å auke byggjeaktiviteten og vedlikehaldet i universitets- og høgskolesektoren. Tiltaka omfattar prosjekt ved universiteta i Bergen Trondheim og Oslo, og ved høgskolane i Oslo, Bergen, Trondheim og Sogn og Fjordane. I tillegg vart det løyvd 131,5 mill. kroner over Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett til gjennomføring av mindre vedlikehaldsprosjekt ved høgskolar og universitet som er underlagt husleigeordninga til Statsbygg, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet for 2009 med tiltak for arbeid.
Nybygg for Institutt for klinisk odontologi ved Universitetet i Bergen fekk startløyving i statsbudsjettet for 2009. For raskare framdrift vart løyvinga auka med 20 mill. kroner i tiltakspakka. Prosjektet har ei kostnadsramme på 822,4 mill. kroner (prisnivå per juli 2010).
Høgskolen i Oslo fekk startløyving i statsbudsjettet for 2009. Det vart gitt ei ekstraløyving på 15 mill. kroner i samband med regjeringas tiltakspakke. Det blir no gjennomført ny ekstern kvalitetssikring av byggjeprosjektet, slik at kostnadsramma kan leggjast fram for Stortinget i løpet av hausten 2009. Kvalitetssikringa skal gjennomførast parallelt med at Statsbygg arbeider vidare med prosjektet.
Prosjektet samlokalisering av Høgskolen i Bergen fekk startløyving på 65 mill. kroner i tiltakspakka. Det blir no gjennomført ny ekstern kvalitetssikring av byggjeprosjektet, slik at kostnadsramma kan leggjast fram for Stortinget i løpet av hausten 2009. Kvalitetssikringa skal gjennomførast parallelt med at Statsbygg arbeider vidare med prosjektet.
I tiltakspakka vart det òg gitt startløyving på 15 mill. kroner til Sentralbygget ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Prosjektet skal etter planen vere ferdig våren 2012 og har ei kostnadsramme på 357,9 mill. kroner (prisnivå per juli 2010).
NTNU fekk i tiltakspakka ei eingongsløyving på 120 mill. kroner til rehabilitering av bygg og infrastruktur til ECCSEL-prosjektet over kap. 271 post 50. NTNU skal sjølv gjennomføre prosjektet, som vil omfatte renovering og påbygging av bygningar og laboratorium.
Universitetet i Oslo vart òg gitt ei eingongsløyving på 50 mill. kroner i tiltakspakka i 2009 til vedlikehald og rehabilitering av bygningsmassen på Blindern og Domus Medica.
Det vart gitt ei eingongsløyving på 15 mill. kroner i tiltakspakka i 2009 til samlokalisering av Noregs veterinærhøgskole og Veterinærinstituttet på Ås.
Statsbygg har stått for prosjektering av ei utviding av dyreavdelinga og eit tilbygg til Domus Medica ved Universitetet i Oslo. Eksterne konsulentar har kvalitetssikra forprosjektmaterialet, og kostnadsramme er no godkjent. Byggjeprosjektet er venta ferdigstilt i 2012 og er finansiert som eit kurantprosjekt.
Universiteta og dei vitskaplege høgskolane eig i tillegg fleire eigedommar med kulturhistorisk verdi. Ein landsverneplan for dei kulturhistoriske eigedommane til departementet er under utarbeiding. Arbeidet med planen har vore omfattande, og eit høringsutkast til planen er venta ferdigstilt vinteren 2010.
Nye prosjekt
Ekstern kvalitetssikring av forprosjektet for andre byggjetrinn for bygg for medisin- og helsefag ved Universitetet i Tromsø (MH2) er gjennomført. Kostnadsramma på 1,072 mrd. kroner (prisnivå hausten 2008) er godkjend og prosjektet er klart for startløyving.
Statsbygg reviderer forprosjektet for Høgskolen i Sør-Trøndelag sitt prosjekt på Kalvskinnet i Trondheim.
Som følgje av fusjonen mellom Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø blir teknologibygget i Tromsø prosjektert på nytt.
Statsbygg arbeider med renoveringsprosjekt for Noregs idrettshøgskole. Dette gjeld gymsalbygget og sentralbygget. Statsbygg arbeider òg med forprosjekt for nytt bygg ved Noregs Handelshøgskole.
Prosjekt under førebuing
Statlege investeringar med ei forventa ramme på meir enn 500 mill. kroner skal gjennom ei utredning om konseptval med ei påfølgande ekstern kvalitetssikring. Arbeidet omhandlar val av rett prosjekt, og sikring av at prosjektet vert planlagt på ein tilfredsstillande måte. Kunnskapsdepartementet og Universitetet i Oslo vil i 2009 og 2010 arbeide med grunnlagsdokumenta for konseptval for Odontologisk fakultet og eit nytt forskings- og undervisningsanlegg for kjemi, farmasi og biomedisin.
Tabellane 2.14–2.17 i Vedlegg 2 gir oversikt over byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren.
Universitetsmusea
Det er knytt museum til dei fire breiddeuniversiteta og til Universitetet i Stavanger. Arkeologisk museum i Stavanger fekk status som universitetsmuseum frå 1. januar 2009. St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale er i 2008 følgt opp på områda sikring og bevaring, FoU-satsing og nasjonalt digitalt universitetsmuseum. Riksrevisjonen peikte i 2003 på at bevaring av samlingane ved universitetsmusea var utilstrekkelege. Musea har som følgje av dette gjennom fleire år fått løyvingar til å betre sikring og bevaring. Ein ny gjennomgang viser at forholda er betre. Generelt har det skjedd fleire positive endringar på sikringsområdet enn på bevaringsområdet. Samstundes viser undersøkinga at departementet og universiteta si styring av universitetsmusea no er betre. Riksrevisjonen har peikt på at det er eit forbetringspotensial med omsyn til rapporteringskrav for arbeidet med bevaring og sikring og for det skriftlege rapporteringsarbeidet.
Forskingsrådet fordeler i 2009 midlar til ei strategisk FoU-satsing for universitetsmusea. Utvalet som skulle greie ut om etablering av eit eventuelt Norsk digitalt universitetsmuseum, la våren 2009 fram rapport for departementet. Rapporten har vore ute til høring og departementet vil vurdere vidare handsaming.
Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo er i dag lokalisert på fire stader i ni ulike bygningar i Oslo. I tillegg til manglande areal er lokala for utstillingar, undervisning og forsking, kontor og sørvisfunksjonar til dels i svært dårleg stand. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med Universitetet i Oslo utarbeidd ulike konsept for Kulturhistorisk museum. Forsking, formidling og bevaring av gjenstandar har vore utgangspunkt for grunnlagsdokumentasjonen for konseptval. Utgreiinga er no til ekstern kvalitetssikring.
Statsbygg prosjekterer eit nytt utstillingsveksthus for Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. I tiltakspakka vart det gitt ei eingongsløyving på 8 mill. kroner i 2009 til prosjektering av utstillingsveksthuset på Tøyen. Prosjektet skal bli eit «Opplevingssenter for biologisk mangfald», som skal vise vekstar frå ulike klimasoner og miljø for skolebarn og eit allment publikum. Universitetet i Oslo har gjennom gåver og andre bidrag samla inn om lag 100 mill. kroner til prosjektet. Universitetet har vidare gjort framlegg om nytt magasinbygg og oppgradering av anlegget på Tøyen.
Universitetet i Bergen fekk i tiltakspakka ei eingongsløyving på 30 mill. kroner knytte til utvendig og innvendig renovering, ombyggingar og oppgradering av areal for Bergen Museum. Universitetet har lagt fram planar for vidare oppgradering og utvikling av museet. Departementet følgjer med interesse dei planane som er utvikla for rehabilitering og oppgradering av monumentalbygget på Muséplass 3. Departementet ser fram mot ei vidare konkretisering av desse planane frå universitetet. Statsbygg er i gang med å planleggje eit nytt formidlingsbygg for Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger. Kunnskapsdepartementet har motteke forslag om eit nytt magasinbygg i Breivika frå Universitetet i Tromsø. Departementet har òg motteke forslag om nye magasin til Vitskapsmuseet ved NTNU. Prosjekt skal vurderast i samanheng med nye lokale til Vitensenteret i Trondheim.
Budsjettforslag for 2010 post 50–70
Utdanning av høg internasjonal kvalitet
Kapasitet i utdanning
Det vart i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009 vedteke å løyve 96,6 mill. kroner til etablering av 3 000 nye studieplassar i høgre utdanning: om lag 1 000 nye plassar i lærarutdanning, 850 i helse- og sosialfag, 550 i MNT- faga og 600 innanfor fagområde prioriterte frå institusjonane si side. Regjeringa foreslår å løyve 291,2 mill. kroner i 2010 til vidareføring av den auka opptakskapasiteten. Av desse midlane blir 287,4 mill. kroner løyvde over kap. 260 post 50 og 3,8 mill. kroner over kap. 260 post 70.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009 vart det løyvd 21,3 mill. kroner til desentralisert utdanning og etter- og vidareutdanning. Studieplassane vart fordelte til vidareutdanning i pedagogisk utdanning for førskolelærarar, barnehagepedagogikk og arbeidsrelatert førskolelærarutdanning. I tillegg vart det fordelt midlar til universitet og høgskolar med høg aktivitet i desentraliserte studium og til Noregsuniversitetet (NUV). Regjeringa foreslår å løyve 39,6 mill. kroner i 2010 for å føre vidare satsinga på etter- og vidareutdanning og desentralisert utdanning. Av desse midlane blir det løyvd 30,3 mill. kroner over kap. 260 post 50. Det blir fordelt 2,5 mill. kroner over kap. 260 post 70. Vidare blir det løyvd 3 mill. kroner til NUV over kap. 280 post 21 og 3,8 mill. kroner som blir fordelte over kap. 281 post 01.
Det vart i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009 løyvd 15,2 mill. kroner til fagskolar. Regjeringa foreslår å føre denne løyvinga vidare med 30,4 mill. kroner i 2010, jf. kap. 276.
Universitetet i Tromsø etablerte hausten 2008 ei bachelorgrad i luftfartsfag, og det vart teken opp 12 studentar. Det treårige studiet i luftfartsfag er tverrfagleg og har som mål å utdanne trafikkflygarar. Kostnaden ved studiet i 2010 er anslått til om lag 16 mill. kroner. Regjeringa foreslår derfor at det blir etablert ei offentleg finansiert trafikkflygarutdanning ved Universitetet i Tromsø. Regjeringa foreslår å løyve 13,5 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett i 2010. Universitetet i Tromsø bidreg sjølv med 2,4 mill. kroner i 2010.
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet administrerer ordninga med kjøp av studieplassar i medisin i utlandet. I samband med avviklinga av ordninga er opptaket auka på ordinære studieplassar i medisin med 15 studieplassar ved Universitetet i Tromsø og 20 studieplassar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Budsjettramma ved dei einskilde institusjonane er justert i tråd med dette. Ordninga er ferdig utfasa i 2010.
Vidareutdanningar i anestesi-, barne-, intensiv-, operasjons- og kreftsjukepleie (ABIOK) vart tidlegare finansierte over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. I budsjettet for 2007 vart ansvaret for ABIOK-utdanningane og 65 mill. kroner overførte til Kunnskapsdepartementet. I samband med innlemminga i finansieringssystemet for universitets- og høgskolesektoren vart det i statsbudsjettet for 2009 gitt feil utteljing i dei resultatbaserte utdanningsinsentiva på til samen 18,3 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet vil kome attende til korrigering for dette i nysalderinga av statsbudsjettet for 2009.
Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon
Regjeringa foreslår å løyve om lag 50 mill. kroner over kap. 260 i 2010 for å bidra til meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø i sektoren gjennom samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Regjeringa meiner at det er behov for ei klarare arbeidsdeling og eit meir forpliktande samarbeid i sektoren. Samarbeidet skal likevel ikkje utvikle seg gjennom politisk styrte strukturreformer. Dei strukturelle utfordringane må løysast med frivillige prosessar som følgje av at fagmiljø og institusjonsleiingar ser kva sektoren kan oppnå gjennom samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Rolla til statlege myndigheiter er å leggje til rette for, stimulere og bidra til at dei frivillige prosessane på universitet og høgskolar kan realiserast. Sjå òg omtale under Finansieringssystemet.
Lærarutdanning
Dei nye grunnskolelærarutdanningane skal vere etablerte frå hausten 2010. Departementet vil fastsetje forskrift til rammeplanane for dei nye utdanningane i løpet av våren 2010, etter ei brei høring i sektoren.
Det er nødvendig at lærarutdanninga utviklar robuste fagmiljø med kompetanse og storleik til å gi forsking og utdanning av høg kvalitet. Alle institusjonane har vurdert i kva omfang dei vil tilby den nye grunnskoleutdanninga, og korleis dei vil samarbeide med andre institusjonar om dette. Rapporteringa departementet mottok 1. juli 2009, viser at det framover må vere ein omfattande auke i samarbeid om lærarutdanningstilbod. Samtidig er det fleire faglege og organisatoriske forhold som må avklarast før ansvarsdelinga kan bli tydelegare formalisert og før departementet kan fastsetje nærmare aktivitetskrav. Regjeringa meiner det er nødvendig med auka samarbeid mellom lærestadane og ei god dimensjonering av lærarutdanningane, og vil gå i dialog med sektoren om dette. Regjeringa foreslår å nytte 15 mill. kroner over kap. 281 post 01 i 2010 for å fremme samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i lærarutdanninga.
Regjeringa vil òg føre vidare satsinga på blant anna nasjonal forskarskole for lærarutdanning, rettleiing av nyutdanna lærarar, styrking av praksisopplæringa og etablering av eit senter for framifrå lærarutdanning, jf. òg omtale under kap. 281 post 01.
Departementet vil etablere ei nasjonal følgjegruppe for innføring av reforma i lærarutdanninga og leggje sekretariatet for arbeidet til Universitetet i Stavanger.
Samisk høgskole har etablert eit utval som skal arbeide fram ein rammeplan for ei ny samisk lærarutdanning. Utvalet er breitt samansett og reflekterer dei ulike samiske språksamfunna. Departementet legg til grunn at studentar som vert tekne opp til lærarutdanning hausten 2010, skal bli uteksaminerte med den kompetansen og kvaliteten som den nye lærarutdanninga skal gi.
Frå studieåret 2010 får studentar som har kombinasjonen grunnskolelærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller førskolelærarutdanning og samisk språk, ettergitt studielån for inntil kr 50 000. Det er i revidert nasjonalbudsjett for 2009 tildelt midlar til etter- og vidareutdanning tilsvarande 50 studieplassar til institusjonar som tilbyr samisk og/eller kvensk. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til desse plassane i 2010.
Realfag og ingeniørutdanning
Departementet ønskjer å føre vidare fleire av tiltaka som har starta under gjeldande realfagsstrategi, jf. omtale under Rapport for tidlegare kap. 271, 272 og 275.
Departementet har laga ein plan for oppfølging av NOKUTs evaluering av ingeniørutdanninga, og tiltak blir sette i verk fortløpande. Blant dei utfordringane departementet ønskjer å ta tak i, er endringskompetanse, pedagogisk kompetanse, internasjonalisering, kvalitetssikring og sluttkompetanse, rekruttering og opptak. Departementet tek ansvar for oppfølging på nasjonalt nivå, medan institusjonane følgjer opp lokalt.
Internasjonalisering av utdanning
Kunnskapsdepartementet vil leggje St.meld. nr. 14 (2008–2009) til grunn for arbeidet med internasjonalisering av norsk høgre utdanning i åra framover. Departementet vurderer at prosjekt innanfor følgjande område vil ha størst effekt på auka internasjonalisering av våre eigne institusjonar:
utvikling av felles grader og felles studieprogram både på master- og ph.d.-nivå
erfaringsoverføring og forbetring gjennom tuning-liknande prosjekt med utanlandske institusjonar
mobilitet i kortare profesjonsutdanningar
auka kunnskap om nytta av samarbeid mellom utdanning og forsking
tilrettelegging for internasjonale studentar og tilsette
promotering og informasjon.
Departementet vil framleis arbeide med internasjonalisering av utdanning generelt, men vil ha spesielt fokus på dei områda som er nemnde her.
Kunnskapsdepartementet vil følgje opp dei bilaterale samarbeidsrelasjonane òg i 2010, det vil seie med framleis vektlegging av samarbeid med Argentina, Brasil, Chile, India, Russland, Kina og Nord-Amerika. Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika gjeld i perioden 2008–11, sjå omtale under kap. 281 post 01. I tillegg vil departementet leggje vekt på høgre utdanningssamarbeid med Sør-Afrika. Sør-Afrika har lenge vore ein viktig partnar i høgre utdannings- og forskingssamarbeid. Etter Kunnskapsdepartementets vurdering er det ønskjeleg å styrkje og utvikle vidare samarbeidet i høgre utdanning med Sør-Afrika.
Kvalifikasjonsrammeverk
Dei høgre utdanningsinstitusjonane skal no implementere kvalifikasjonsrammeverket som departementet har vedteke. Alle studieprogramskildringane ved institusjonane skal opplyse om det forventa læringsutbyttet av programmet, og dette skal samsvare med det overordna rammeverket. Institusjonane har fått frist til 2012 med å implementere rammeverket. Departementet tek sikte på å gjennomføre ein sjølvsertifiseringsprosess av rammeverket i 2013, noko som er i tråd med krava i Bologna-prosessen.
Entreprenørskap i utdanninga
I kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning er det slått fast at alle kandidatar med høgre utdanning skal ha kompetanse innanfor innovasjon og nyskaping. Dette skal implementerast innan 2012, og tiltaka i handlingsplanen skal bidra til dette. Departementet vil i 2010 òg lyse ut midlar til å utvikle fleire utdanningstilbod og styrkje kompetansen til fagpersonalet. Satsinga på etterutdanning i entreprenørskap for lærarar skal førast vidare. Sjå òg omtale under kap. 226 for entreprenørskap i grunnopplæringa.
Arbeidet med entreprenørskap i høgre utdanning må òg sjåast i samanheng med tiltak i St.meld. nr. 44 (2008–2009) om å fremme auka samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv. Sjå nærmare omtale under kap. 281 post 01 for tiltak innanfor entreprenørskap.
Vurderings- og sensurordningar
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 391, 7. mars 2008, jf. Innst. S. nr. 150 (2007–2008) og St.meld. nr. 7 (2007–2008):
«Stortinget ber Regjeringen vurdere å innføre krav om ekstern sensur for all høyere utdanning.»
Etter departementets vurdering vil auka krav om obligatorisk ekstern sensur kunne redusere mangfaldet i vurderingsformer. I følgje kartlegginga frå NIFU STEP (2009) er det dessutan usikkert om meir ekstern sensur vil auke kvaliteten på sensuren. Departementet finn derfor ikkje grunnlag for å gjere endringar i sensurordninga no, men vil leggje til rette for å auke kunnskapen om ulike sensurordningar som er i bruk ved lærestadene gjennom eit seminar om gode praksiseksempel. Departementet meiner dette vil kunne leggje til rette for auka standardisering mellom lærestadene, som er viktig for studentane. Departementet vil ha dialog med studentorganisasjonane og Universitets- og høgskolerådet om oppfølginga av dette. Departementet legg vekt på at institusjonane må vere medvitne i bruken av ulike sensurordningar, og at institusjonane må knytte drøftingar om sensurordningane opp mot det generelle kvalitetssikringsarbeidet ved institusjonen. Det er vesentleg at studentane blir involverte og høyrde i drøftingane ved institusjonane.
Samarbeid med arbeidslivet
Statleg finansiert utdanning må vere relevant for arbeidslivet. Tett og langsiktig samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet er nødvendig for å sikre relevans i utdanningane og for å nå viktige mål med kompetansepolitikken, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009). Eit element for å oppnå dette kan vere fastare strukturar som gir stabile rammer.
I St.meld. nr. 44 (2008–2009) legg regjeringa fram fleire forslag for å styrkje praksis i høgre utdanning og tiltak for eit nærmare samarbeid mellom universitet og høgskolar og partane i arbeidslivet. Departementet vil følgje dette nærmare opp etter at meldinga er handsama i Stortinget.
Praksisstudium
For å sikre at praksisopplæringa blir innarbeidd i kvalitetssikringssystema til institusjonane, foreslår departementet at dette blir særskilt nedfelt i forskrift om kvalitetssikring i høgre utdanning og fagskoleutdanning. Denne vil erstatte forskrift av 8. september nr. 1040 om akkreditering, evaluering og godkjenning, etter lov om universitet og høgskolar av 23. april nr. 391 om godkjenning etter fagskolelova. Dette er òg ei oppfølging av St.meld. nr. 11 (2008–2009).
Forsking av høg internasjonal kvalitet
Kunnskapsdepartementet vil be Universitets- og høgskolerådet om å greie ut korleis dei interne samarbeidsorgana i sektoren kan bidra til betre arbeidsdeling og meir konsentrasjon i FoU-systemet. Institusjonane rår sjølve over eit sett verkemiddel som kan brukast til å styrkje fagmiljøa og gjennom det auke kvaliteten på forskinga.
Departementet vil føre vidare fagevalueringar som verkemiddel til å fremme kvalitet i fagmiljøa.
Finansiering av forsking blir brukt strategisk for å stimulere til kvalitet både i spiss og i breidd. Elitesatsinga Sentre for fremragende forskning (SFF) har vore vellykka. Regjeringa vil innføre SFF som ei varig ordning. Liknande verkemiddel retta mot eit toppsegment er Yngre fremragende forskere (YFF) og Sentre for forskningsdrevet innovasjon (SFI), som regjeringa òg foreslår å føre vidare. Sjå òg omtale under programkategori 07.70 Forsking.
I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning er eitt av måla velferd og forskingsbasert profesjonsutøving. Regjeringa vil føre vidare nasjonale program som skal gi auka kompetanse og betre samanheng mellom forsking knytt til velferd, arbeid og migrasjon. Kompetansehevinga som skjer i profesjonsfaga, skal styrkjast blant anna gjennom at det blir fremma ein handlingsplan som kan styrkje forskingstilknytinga til profesjonsutøvarane og relasjonane mellom forsking og utdanning. Helse- og sosialfagutdanningane har ekstra store utfordringar når det gjeld internasjonalisering i tråd med intensjonane i Kvalitetsreforma. For å stimulere til auka aktivitet vil departementet vurdere å setje i gang pilotprosjekt på dette området. Område ein bør prioritere, er utvikling av studieplanar, samarbeidsopplegg med partnarinstitusjonar om eit internasjonalt semester og deling av god praksis.
I statsbudsjettet for 2009 vart det overført 5 mill. kroner frå Helse- og omsorgsdepartementet til Kunnskapsdepartementet i samband med dei nye oppgåvene universiteta fekk som følgje av ny helseforskingslov og dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). Det vart samstundes lagt til grunn at resterande 0,5 mill. kroner blir overførde i 2010 frå Helse- og omsorgsdepartementet til Kunnskapsdepartementet.
Forskarutdanning
Regjeringa foreslår å føre vidare rekrutteringsstillingane og nærings- ph.d.- stillingane som vart oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009 med 72,7 mill. kroner i 2010. Departementet vil føre vidare ordninga med øyremerkte rekrutteringsstillingar.
Balansen mellom stipendiatstillingar og postdoktorstillingar er ikkje alltid optimal. Departementet opnar derfor for at institusjonane med doktorgradsrett kan gjere om nokre av stipendiatstillingane sine til postdoktorstillingar i periodar når sterke faglege omsyn tilseier det. Desse stillingane skal lysast ut internasjonalt, for eksempel gjennom EUs portal for mobilitet. Departementet vil følgje med på bruken av postdoktorstillingar gjennom å fastsetje måltal for denne typen stillingar. Departementet vil ta initiativ til ei ny internasjonal evaluering av kvaliteten i den norske doktorgradsutdanninga.
Departementet vil føre vidare nettverksforskarskolar som eit tiltak for å sikre kvaliteten på doktorgradsutdanninga der ho elles kan bli for fragmentert og sårbar. Departementet vil òg vurdere forskarskolar på utvalde satsingsområde og fagområde der det er stort behov for kompetanse- og kapasitetsbygging. Forskarskole i lærarutdanninga er eit tiltak, jf. nærmare omtale under kap. 281 post 01 og programkategori 07.70 Forsking.
Departementet er oppteken av meir stabile vilkår for dei som ønskjer ein karriere i forsking, og vil derfor be institusjonane om å ha oppdaterte planar over rekrutteringsbehova, som blir gjorde kjende for dei som er i forskarutdanning. Departementet vil òg be institusjonane om å nytte fleksibiliteten i eksisterande stillingsstruktur og prosedyrar for tilsetjing for å få ned bruken av mellombelse tilsetjingar.
Styret for Stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid har gjort ei evaluering av verksemda i programmet i åra 2003–08. Evalueringa viser at programmet i stor grad svarer til forventningane. Departementet foreslår å føre vidare stipendprogrammet, sjå omtale under kap. 281 post 01.
Infrastruktur og utstyr
Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 5 mrd. kroner frå 1. januar 2010. Samla kapital blir da 77 mrd. kroner Avkastninga av to-tredelar av kapitalauken er øyremerkt forskingsinfrastruktur. Dersom renta held seg på det same nivået som i dag, vil det gi om lag 140 mill. kroner i auka løyvingar til forskingsinfrastruktur frå 2011. Sjå òg nærmare omtale under programkategori 07.70.
Departementet vil understreke at institusjonane sjølve har ansvaret for kjøp av lokalt basisutstyr, medan Forskingsrådet skal ha det overordna ansvaret for prioritering av investeringar i forskingsinfrastruktur av nasjonal eller internasjonal karakter ned til 2 mill. kroner. For særleg kostbart utstyr og infrastruktur over 200 mill. kroner tek regjeringa avgjersle om investering. Fram til no har institusjonane dekt driftskostnadene til utstyr og infrastruktur av midlane frå Forskingsrådet. Framover skal ein rimeleg del av kostnadene knytte til drift av utstyret bli finansiert av budsjetta til dei prosjekta som nyttar utstyret. Kostnader til både investering og drift skal leggjast til grunn ved avgjersler om investering i utstyr og infrastruktur. Forskingsinfrastruktur av nasjonal eller internasjonal karakter kan få ei viss grunnfinansiering. Universiteta og høgskolane må inkludere arbeid med utstyr i strategiane sine. Departementet vil be dei setje klare mål for korleis dei sikrar forskaranes behov for utstyr og infrastruktur.
Formidling, innovasjon og verdiskaping
Innovasjon og entreprenørskap
Den eksisterande FORNY-ordninga blir ført vidare i 2010, jf. kap. 281 post 50. Departementet vil i samband med budsjett for 2011, basert på blant anna evalueringa av FORNY og framlegg frå Forskingsrådet, vurdere å etablere eit nytt program for kommersialisering av forskingsresultat.
Nærings- ph.d-ordninga skal stimulere til meir aktivt samvirke mellom akademia og næringslivet. Kandidatane arbeider i og blir delvis finansierte av verksemdene medan dei tek doktorgraden. Regjeringa vil føre ordninga vidare og vurdere å trappe ho opp i tråd med etterspørselen frå næringslivet.
Det auka fokuset på kommersialisering av forskingsresultat stiller institusjonane overfor utfordringar dei tradisjonelt har lite kompetanse på. Eitt eksempel er handtering av immaterielle rettar. Nærings- og handelsdepartementet, med støtte frå Kunnskapsdepartementet, lyser ut stimuleringsmidlar til å opprette utdanningstilbod innanfor immaterielle rettar. Målgruppa for tiltaket er universitet og høgskolar.
Open tilgang til vitskaplege artiklar
Departementet forventar at talet på artiklar i ope tilgjengelege arkiv aukar kraftig som følgje av at Forskingsrådet har innført krav om at artiklar heilt eller delvis finansierte over Forskingsrådet skal leggjast opent tilgjengeleg, om utgivar tillèt det. For å bidra til at ein større del av artiklane blir ope tilgjengelege, foreslår departementet å etablere Norsk vitskapsindeks (NVI), og tek sikte på at NVI vert sett i drift i løpet av 2011. Departementet vil vidare ta opp med universitet og høgskolar behovet for at dei utviklar eigne retningsliner og tiltak for open tilgang til vitskaplege artiklar.
Organisering, drift og ressursforvaltning
Kompetente styre
Styret har ansvaret for å føre kontroll med den samla verksemda til institusjonen. Styret skal gjere risikovurderingar og kontrollere at det faglege arbeidet held høg kvalitet, at institusjonane blir drivne effektivt og i samsvar med gjeldande lovar, forskrifter og reglar, og rettar seg etter dei rammene og måla som er fastsett av styresmaktene. Styret skal trekkje opp strategiane for utdannings-og forskingsverksemda og anna fagleg verksemd, og leggje planar for den faglege utviklinga i samsvar med måla for sektoren og for institusjonen. Styret skal òg føre tilsyn med den daglege leiinga ved institusjonen, og må fastsetje instruks for denne.
Dei statlege institusjonane er organiserte som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og med økonomiske fullmakter tilpassa den institusjonelle fridomen. Retningslinjene for føring av rekneskapa er innretta mot eins standard i sektoren.
Departementet har sett i verk tiltak for å få best mogleg oversikt over utfordringane når det gjeld rekneskapskvalitet og økonomiforvaltning. Dette er eit arbeid som må sjåast over fleire år.
Leiing og personalforvaltning
Den nasjonale og internasjonale utviklinga med auka samarbeid og konkurranse mellom institusjonane stiller større krav til leiarskap på alle nivå. Styret er eit strategisk organ og må vurdere kva for saker det skal handsame for å kunne gjere dei riktige vala, og er ansvarleg for at det oppdraget institusjonen har fått, blir gjennomført. Styret må identifisere faktorar som kan hindre at måla blir nådde, og vurdere kontrolltiltak for å sikre god styring. Styret skal sørgje for fagleg leiing som tek vare på forskingsmiljøa. Det er viktig å balansere bruken av faglege og administrative ressursar. Styret må vurdere risikoen knytt til dei administrative støttesystema og sikre at det er gode rutinar for kvalitetssikring og internkontroll.
Stor konkurranse om vitskapleg personale innanfor mange fagområde krev fokus på leiarskap, personalutvikling og tilrettelegging for attraktive karrierevegar. Faglege leiarar må leggje til rette for at det vitskaplege personalet får samanhengjande tid til forsking.
Likestilling mellom kjønna
Det er eit viktig mål at forskinga trekkjer til seg dei best kvalifiserte kandidatane slik at den kompetansen som finst i samfunnet, blir best mogleg utnytta. Departementet vil derfor setje i verk ei prøveordning for å auke kvinnedelen i høgre vitskaplege stillingar i matematikk, natur- og teknologifag. Formålet er å premiere universitet og høgskolar ved at tilsetjing av kvinner utløyser midlar til institusjonen.
Bygg
Regjeringa foreslår å løyve 58 mill. kroner til utstyr til ny universitetsklinikk i Trondheim for byggjefase 2 i 2010. Departementet legg til grunn ei samla utstyrsramme for byggjefase 2 på 227 mill. kroner, og har fordelt midlane over tre år med 56 mill. kroner i 2008, 113 mill. kroner i 2009 og 58 mill. kroner i 2010. Sjå òg omtale av utbyggjinga av universitetsklinikken under kap. 281 post 79.
I 2009 vart det løyvd 80 mill. kroner til utstyr ved Kunsthøgskolen i Oslo. Regjeringa foreslår å løyve resterande 40 mill. kroner til utstyr i 2010.
Regjeringa foreslår å løyve 11,7 mill. kroner i husleigekompensasjon til Høgskolen i Vestfold, og 23 mill. kroner i husleigekompensasjon til Kunsthøgskolen i Oslo. Regjeringa foreslår vidare å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner i 2010 til husleige for Samisk høgskole, som har fått nye lokale i Samisk vitskapsbygg i Kautokeino.
Regjeringa foreslår for 2010 følgjande løyvingar til vidareføring og avslutning av byggjeprosjekt: Høgskolen i Vestfold, 175 mill. kroner, Samisk vitskapsbygg, 19,8 mill. kroner, Universitetet i Oslo / Institutt for informatikk, 285 mill. kroner, Universitetet i Bergen/Institutt for klinisk odontologi, 175 mill. kroner, Universitetet i Oslo/Domus Media, 138 mill. kroner, Høgskolen i Oslo/Sjukepleiarutdanninga, 80 mill. kroner, Høgskolen i Bergen, 140 mill. kroner og Høgskulen i Sogn og Fjordane, 50 mill. kroner. Sjå kap. 1580 og kap. 2445 i Prop. 1 S (2009–2010) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Eit nytt bygg for musikkfag ved Universitetet i Agder og eit nytt kontorbygg for humanistiske fag ved Høgskolen i Volda er venta ferdigstilte i løpet av 2010. Prosjekta er gjennomførte innanfor kurantordninga.
Finansieringssystemet
Regjeringa vil med bakgrunn i evalueringa av finansieringssystemet føre vidare hovudtrekka i dagens modell. Det betyr at ein del av løyvinga til universitet og høgskolar framleis skal fordelast med utgangspunkt i resultata for utvalde indikatorar. Dei indikatorane som ligg inne i dagens system, blir førte vidare. Med bakgrunn i behovet for meir samarbeid for å styrkje kvaliteten og skape ein meir robust universitets- og høgskolesektor foreslår departementet nokre endringar i finansieringssystemet:
Strategiske SAK-midlar
Regjeringa foreslår å løyve 50 mill. kroner til prosessar som fremmer samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Målet med dei strategiske SAK-midlane er å bidra til tydeleg profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø, slik at institusjonane blir betre i stand til å nå sektormåla. Midlane vil bli fordelte på grunnlag av faglege og politiske vurderingar og med omsyn til lokale, regionale og nasjonale behov. Departementet føreset at samarbeidsprosessane, som kan vere frå frivillige fusjonar til forpliktande nettverksdanningar, skal bidra til strukturelle endringar i sektoren. Ein samarbeidsprosess må omfatte minst to partar, vere forankra i styra og fagmiljøa ved dei involverte partane og inngå i den langsiktige strategien ved institusjonane. Departementet vil kome attende til prosess med fordeling av midlane. Departementet vil følgje opp prosessane gjennom styringsdialogen med institusjonane.
Sektoren har sjølv sett i gong samarbeidsprosessar for å møte utfordringane med ein fragmentert struktur med mange små og svake fagmiljø som Stjernø-utvalet peikte på. Dei pågåande prosessane er:
Høgskolane i Harstad og Finnmark har innleia samtaler om å slutte seg til fusjonen mellom Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Tromsø
Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap skal organiserast saman til eit nytt universitet på Ås
Departementet har i samråd med høgskolane og fylkeskommunen oppretta eit utval som skal greie ut spørsmåla knytte til samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i høgre utdanning i Nordland, med frist til årsskiftet 2009/10.
Det har utvikla seg fleire regionale alliansar, for eksempel Innlandsuniversitetet og UH-nett Vest
Mogleg fusjon mellom Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus.
Samarbeid om doktorgradsutdanningar
Departementet foreslår at universitet og høgskolar som bidreg i doktorgradsutdanning, men som sjølve ikkje gir graden, skal få utteljing i finansieringssystemet. Utteljinga vil svare til 20 pst. av den utteljinga gradgivande institusjonar får. Utteljinga til gradgivande institusjonar vil bli ført vidare på same nivå som i dag. Endringa skal bidra til meir og betre samarbeid om doktorgradsutdanning.
I tillegg foreslår departementet følgjande endringar:
Utteljing for Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid
I 2002 starta Stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid opp. Programmet skal vere på nivå som svarer til doktorgrad. Programmet vart evaluert i 2008 og kan vise til gode resultat. Departementet vil gi institusjonar som driv kunstnarleg utviklingsarbeid, insentiv på linje med andre fagområde når det gjeld å utdanne kandidatar på høgt nivå. Derfor foreslår departementet at kandidatar frå programmet blir innlemma i indikatoren doktorgradskandidatar i forskingsinsentiva. Alle institusjonar som har ferdige kandidatar, vil få full utteljing for desse.
Utteljing for regionale forskingsfond
Regionale forskingsfond utgjer frå 2010 ein ny nasjonal konkurransearena for forskingsmidlar. Universitet og høgskolar har som ei av oppgåvene sine å bidra til regional utvikling. Regjeringa meiner derfor det er viktig å stimulere institusjonane til å søkje midlar frå dei regionale forskingsfonda, og foreslår at midlar frå desse fonda skal gi utteljing på line med midlar frå Forskingsrådet.
Justering av styrken mellom EU og den nasjonale arenaen
Universitet og høgskolar får i dag 14 gonger større utteljing i finansieringssystemet for kvar EU-krone dei mottek enn for kvar krone frå Forskingsrådet. Regjeringa foreslår ei mindre justering av dette forholdet, med bakgrunn i forslaget om å innlemme regionale forskingsfond i indikatoren for midlar frå Forskingsrådet. Regjeringa vil med denne justeringa ikkje svekke insentivet for å søkje midlar frå Forskingsrådet, samstundes som insentivet til å søkje EU-midlar framleis vil vere sterkt.
Vidareutdanning plassert i same kostnadskategori som grunnutdanning
Skilnaden mellom vidareutdanning og grunnutdanning har blitt mindre tydeleg. Samstundes ønskjer regjeringa å stimulere til meir vidareutdanning, slik at fleire kan få auka kompetansen og stå sterkare i eit stadig meir kunnskapsbasert arbeidsliv. Departementet foreslår derfor at utteljinga for studiepoeng avlagde på vidareutdanning skal liggje i same kostnadskategori som tilsvarande grunnutdanning.
Vurdering av kostnadskategoriane
På bakgrunn av arbeidet med evalueringa vil departementet ha ein gjennomgang av kostnadskategoriane. Kunnskapsdepartementet meiner at sektoren kan vere tent med eit meir grovmaska system med færre kostnadskategoriar enn i dag. Vidare kan det òg vere behov for å flytte nokre utdanningar, og kostnadsnivået kan ha endra seg sidan innføringa av systemet. Derfor vil Kunnskapsdepartementet gå gjennom kategoriane og kategoristrukturen.
Studiepoeng ved UNIS
Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er eit statsaksjeselskap, der departementet forvaltar eigarinteressene til staten. UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område og skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet. Utteljing for studiepoeng med tilknyting til UNIS har vore ulik for ulike institusjonar. For å styrkje bruken av og halde oppe interessa for UNIS er det viktig med ei felles ordning for alle som samarbeider med UNIS. Departementet foreslår derfor at alle institusjonar kan rapportere inn studiepoeng frå sine studentar som tek studieprogram ved UNIS, og få utteljing for dette. Endringa vil ikkje ha budsjetteffekt samla sett. Alle forslag til endringar i den resultatbaserte delen av finansieringssystemet vil bli innførte frå 2010 og ha første utteljing i 2012. Sjå òg vedlegg 4 for meir omtale av evalueringa og dei vurderingane som ligg til grunn for forslaga.
Mettingsdykkarutdanninga
Eit permanent tilbod om utdanning i mettingsdykking er under etablering ved Høgskolen i Bergen, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. Utstyr er under produksjon, men det har vore utsetjingar på leveringa, og utstyret har blitt dyrare enn opphavleg rekna med. Den permanente utdanninga skal etter planen setjast i verk i 2010. Utgiftene til staten vil i 2010 bli dekte gjennom tidlegare tildelte, men førebels ikkje nytta driftsmidlar. Departementet foreslår at tidlegare tildelte midlar til investering i utstyr og drift kan nyttast til kjøp av utstyr, jf. tidlegare fullmakter. Høgskolen i Bergen fekk i 2009 ei tilleggsløyving på 3 mill. kroner til utstyr til mettingsdykkarutdanninga over kap. 281 post 45. Den resterande delen av den statlege investeringsdelen må Høgskolen i Bergen dekkje innanfor si eiga ramme. Departementet vil vere i dialog med oljeselskapa og Høgskolen i Bergen om den vidare etableringa av utdanninga.
Samorganisering av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap
Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap skal organiserast saman til eit nytt universitet på Ås, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. I oktober 2008 sette departementet ned eit interimsstyre for å leie planlegginga av samorganiseringa. Utgangspunktet for interimsstyret sitt arbeid er at Universitet for miljø- og biovitskap og Noregs veterinærhøgskole skal organiserast saman til eit nytt integrert universitet, og at Veterinærinstituttet skal lokaliserast saman med det nye universitetet mest mogleg tenleg. Interimsstyret skal avklare organiseringa av det nye universitetet, fagleg og organisatorisk struktur, optimal utnytting av eksisterande bygningsmasse og behov for nybygg. Arbeidet til interimsstyret skal avsluttast seinast 1. mars 2010. Departementet ser det som tenleg at arbeidet etter dette blir leidd av eit felles styre som får fullmakt til å binde institusjonane i spørsmål om samanslåinga. Fellesstyret bør ha ekstern styreleiar oppnemnd av Kunnskapsdepartementet og lik representasjon frå institusjonane. Departementet vil ha ein nær dialog med institusjonane i prosessen. I regjeringas tiltakspakke vart det gitt 15 mill. kroner til Statsbygg for prosjektering av samlokaliseringa over Fornyings- og administrasjonsdepartementets kap. 1580 post 30.
Landbruks- og matdepartementet legg opp til ei løyving på 4 mill. kroner i 2010 til samorganiseringa, kor ein del av løyvinga blir sett av til å dekkje delar av kostnadane til veterinærinstituttet i samband med flyttinga, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Landbruks- og matdepartementet, kap. 1137 post 53. Sjå òg omtale under kap. 281 post 01.
Administrasjonsselskap ved Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen ønskjer å opprette eit eige administrasjonsselskap. Bakgrunnen er at det over tid er oppretta fleire stiftingar, fond og legat, medrekna testamentariske gåver, med tilknyting til universitetet. For å overhalde blant anna vedtektsfesta vilkår om at universitetet skal stå for forvaltninga, habilitetsvurderingar og krav i lov om stiftingar til forsvarleg forvaltning og sjølvstende, ser departementet det som tenleg at det blir oppretta eit aksjeselskap som er heilått av Universitetet i Bergen.
Universitetsmusea
For å styrkje forskinga ved universitetsmusea løyvde regjeringa 5 mill. kroner i 2009 til ei strategisk FoU-satsing for universitetsmusea. Satsinga blir ført vidare på same nivå i 2010. Sjå òg omtale under kap. 281 post 01 og post 50.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009 vart Universitetet i Stavanger kompensert for innlemminga av Arkeologisk Museum. Regjeringa foreslår å føre denne løyvinga vidare på 8,1 mill. kroner i 2010. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 4 mill kroner grunna for lågt anslag på avsetningar til pensjonspremie knytt til innlemminga.
Departementet vil komme attende til Stortinget og presentere val av konsept for Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo når den eksterne kvalitetssikringa er stilt ferdig.
Kap. 270 Studium i utlandet og sosiale formål for studentar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
71 | Tilrettelegging av studium i utlandet | 5 431 | 10 894 | 13 262 |
74 | Tilskott til velferdsarbeid | 65 180 | 68 048 | 68 137 |
75 | Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast | 140 530 | 220 816 | 227 882 |
Sum kap. 270 | 211 141 | 299 758 | 309 281 |
Post 71 Tilrettelegging av studium i utlandet
Posten omfattar tilskott til Fulbright-programmet, Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) og Johan Jørgen Holsts Minnefond. Tilskottet skal bidra til tilrettelegging for studium i utlandet for studentar og forskarar.
Rapport for 2008–09
Fulbright-programmet er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkjarar til studium på master- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. Tilskottet til ANSA og Johan Jørgen Holsts Minnefond vart flytt frå kap. 2410 post 75 til kap. 270 post 71 i 2009. Løyvinga til ANSA blir nytta til informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet og skal òg dekkje utgifter til tilrettelegging for studium i utlandet. Johan Jørgen Holsts Minnefond gir stipend til éin norsk student som tek bachelorgrad ved Columbia University i New York.
I 2009 vart det utbetalt om lag 5,7 mill. kroner til Fulbright-programmet over dette kapitlet. I tillegg har Fulbright fått utbetalt 1 mill. kroner over kap. 281 post 01 som del av oppfølginga av strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika. Det vart utbetalt om lag 5,1 mill. kroner over posten til ANSA. Vidare vart det utbetalt om lag 70 000 kroner til Johan Jørgen Holsts Minnefond.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til Fulbright-programmet med om lag 5,9 mill. kroner over kap. 270 post 71 i 2010. For å samle løyvingane til tilrettelegging av studium i utlandet foreslår departementet å flytte løyvinga til ANSA frå kap. 270 post 74 Tilskott for velferdsarbeid til kap. 270 post 71. Departementet foreslår å føre vidare løyvingane til ANSA på same nivå med om lag 7,2 mill. kroner i 2010. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) administrerer Johan Jørgen Holsts Minnefond frå 2009. Departementet foreslår å flytte løyvinga til minnefondet til kap. 281 post 51 frå 2010.
Post 74 Tilskott til velferdsarbeid
Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Målet med tilskottsordninga er å leggje grunnlaget for studentvelferda ved utdanningsinstitusjonane, og fremme interessene til studentane. Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane.
Rapport for 2008–09
Tilskottet til samskipnadene blir gitt som grunntilskott og tilskott per student. For 2009 vart det ikkje løyvd øyremerkt tilskott til studentbarnehagar, men det vart teke særskilt omsyn til studentbarnehagane i tråd med tidlegare fordelingsnøkkel.
Regjeringa har sett i verk ein gjennomgang av studentsamskipnadane sin aktivitet og økonomi. Rapporten frå denne gjennomgangen vil vere klar hausten 2009.
Samla vart det utbetalt om lag 68 mill. kroner i 2009. Av desse vart det utbetalt om lag 62,1 mill. kroner til 26 studentsamskipnader (inkludert ANSA) med om lag 200 000 medlemmer. I tillegg vart det utbetalt om lag 3,7 mill. kroner til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Det er sett av om lag 2,3 mill. kroner for kjøp av gjennomgang av studentsamskipnadenes aktivitet og økonomi.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på om lag 68 mill. kroner i 2010.
Departementet foreslår at ein ved utrekninga av tilskott for 2010 til studentsamskipnadene skal føre vidare ordninga frå 2009 i høve til studentbarnehagar.
Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast
Tilskottsordninga skal sikre bygging av studentbustader og bidra til å sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar. Studentbustadene skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden.
Rapport for 2008–09
Ved utgangen av 2008 disponerte studentsamskipnadene totalt 30 447 hybeleiningar, ein auke på 484 hybeleiningar i høve til 2007. Av desse er 1 140 (3,7 pst.) hybeleiningar lagde til rette for funksjonshemma studentar, ein auke på 102 hybeleiningar frå 2007. I samband med tiltakspakka for arbeid, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Tiltak for arbeid, vart det gitt ei ekstraløyving i 2009 på 75 mill. kroner til bygging av studentbustader. I 2009 gav regjeringa tilsegn om støtte til 964 nye hybeleiningar og rehabilitering av hybeleiningar fordelte på studentsamskipnadene i Trondheim, Bergen, Oslo, Oslo og Akershus, Østfold, Stord/Haugesund, Harstad, Narvik, Sogn og Fjordane, Agder, Oppland, Buskerud og Sunnmøre i ordinær fordeling. I tillegg gav regjeringa tilsegn om støtte til 321 nye hybeleiningar i tiltakspakka for arbeid fordelte på studentsamskipnadene i Oslo, Oslo og Akershus, Trondheim, Bergen og Tromsø. Tilsegn gitt til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus i tiltakspakka er til bustader til studentane ved den nye politihøgskolen i Kongsvinger. Desse studentbustadene er innflyttingsklare hausten 2009. Vidare gav regjeringa ytterlegare tilsegn om støtte til 306 nye hybeleiningar fordelte på studentsamskipnadene i Oslo, Bergen og Stavanger gjennom bruk av tilsegnsfullmakten for 2009. I sum vart det gitt tilsegn om støtte til 1 591 hybeleiningar i 2009.
Departementet endra finansieringsmodellen for studentbustadbyggjing i statsbudsjettet for 2008. I statsbudsjettet for 2009 vart kostnadsramma ytterlegare auka med inntil kr 100 000 når behovet for auke av ramma er knytt til miljø- og energifremmande tiltak og universell utforming.
Budsjettforslag for 2010
Det er viktig for regjeringa at alle skal ha ein reell lik rett til utdanning. Derfor er studentbustader viktig. Departementet fører vidare ordninga med auka kostnadsrammer. Den øvre kostnadsramma i pressområda Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Drammen er kr 600 000 per hybeleining, der kr 250 000 er fast statstilskott. Den øvre kostnadsramma i landet elles er kr 500 000 per hybeleining, der kr 200 000 er fast statstilskott. Regjeringa legg opp til å finansiere om lag 1 000 nye hybeleiningar i 2010, og foreslår derfor å føre vidare løyvinga til bygging av studentbustader med om lag 227,9 mill. kroner i budsjettet for 2010.
Departementet har som føresetnad at husleiga på bustader for funksjonshemma studentar ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa éin person. Departementet understrekar at det er viktig at kvar studentsamskipnad har eit tilfredsstillande tilbod til funksjonshemma studentar.
Kap. 271 Universitet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
50 | Basisfinansiering statlege universitet | 6 889 425 | 7 388 211 | |
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege universitet | 2 587 911 | 2 770 693 | |
52 | Forskingsfinansiering statlege universitet | 2 723 520 | 2 996 089 | |
Sum kap. 271 | 12 200 856 | 13 154 993 |
Løyvinga over kap. 271 er flytt til kap. 260, jf. nærmare omtale under kap. 260. Sjå rapport 2008–09 for tidlegare kap. 271, kap. 272 og kap. 275 under nytt kap. 260 for rapportering av verksemda til universiteta.
Kap. 272 Vitskaplege høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
50 | Basisfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 563 509 | 579 327 | |
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 204 257 | 222 126 | |
52 | Forskingsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 154 610 | 154 874 | |
70 | Basisfinansiering private vitskaplege høgskolar | 18 620 | 102 076 | |
71 | Resultatbasert undervisningsfinansiering private vitskaplege høgskolar | 23 752 | 109 522 | |
72 | Forskingsfinansiering private vitskaplege høgskolar | 14 798 | 52 744 | |
Sum kap. 272 | 979 546 | 1 220 669 |
Løyvinga over kap. 272 er flytt til kap. 260, jf. nærmare omtale under kap. 260. Sjå rapport for 2008–09 for tidlegare kap. 271, kap. 272 og kap. 275 under nytt kap. 260 for rapportering av verksemda til dei vitskaplege høgskolane.
Kap. 275 Høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
50 | Basisfinansiering statlege høgskolar | 5 082 166 | 5 112 563 | |
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege høgskolar | 2 001 705 | 1 985 489 | |
52 | Forskingsfinansiering statlege høgskolar | 254 355 | 283 818 | |
70 | Basisfinansiering private høgskolar | 355 213 | 290 419 | |
71 | Resultatbasert undervisningsfinansiering private høgskolar | 311 151 | 231 063 | |
72 | Forskingsfinansiering private høgskolar | 46 321 | 9 694 | |
Sum kap. 275 | 8 050 911 | 7 913 046 |
Løyvinga over kap. 275 er flytt til kap. 260, jf. nærmare omtale under kap. 260. Sjå rapport for 2008–09 for tidlegare kap. 271, kap. 272 og kap. 275 under nytt kap. 260 for rapportering av verksemda til høgskolane.
Kap. 276 Fagskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
70 | Teknisk fagskoleutdanning | 300 120 | 317 463 | |
72 | Anna fagskoleutdanning | 12 605 | 25 814 | |
Sum kap. 276 | 312 725 | 343 277 |
Kapittel 276 omfattar tilskott til fagskoleutdanning. Fagskoleutdanning er yrkesretta utdanningar på eit halvt til to studieår som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Godkjenning som fagskoleutdanning er ein føresetnad for å kunne få offentleg tilskott, men det følgjer ingen rett til tilskott med ei godkjenning. Post 70 Teknisk fagskoleutdanning omfattar tilskott til fylkeskommunar som tilbyr teknisk og maritim fagskoleutdanning som er godkjend etter fagskolelova. Post 72 Anna fagskoleutdanning omfattar tilskott til enkelte skolar med godkjende utdanningstilbod innanfor ulike fag som kunst og film, kristent livssyn, byggfag og jordbruk. Fleire av desse er tidlegare kap. 6A-skolar etter privatskolelova.
Rapport for 2008–09
Fagskolelova vart sett i verk i 2003 og revidert i 2007. Fagskoleutdanning skil seg frå høgre utdanning blant anna ved at det ikkje blir stilt krav om studiekompetanse ved opptak. Det er ikkje krav om forskingsbasert undervisning. Fagskolelova tek vidare utgangspunkt i at tilbodet av fagskoleutdanning skal vere styrt av etterspørselen i arbeidslivet etter kapasitet og kompetanse. Den reviderte lova inneber at fagskolar (godkjend tilbydar) på bestemte vilkår kan få fullmakt til å opprette og leggje ned fagskoleutdanningar innanfor avgrensa fagområde. Lova presiserer kva som kan reknast som yrkesretta, og vernar omgrepa fagskoleutdanning og fagskole. Godkjenningsordningane for fagskolar er gjort meir fleksibel, og reglane om organisering og leiing er presiserte.
Kunnskapsdepartementet vedtok ei ny godkjenningsforskrift 25. april 2008. Endringane inneber blant anna at tilbydarar av godkjend fagskoleutdanning skal ha tilfredsstillande interne system for kvalitetssikring. På bakgrunn av godkjenningsforskrifta vedtok Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) 26. januar 2009 retningslinjer for kvalitetssikring og godkjenning etter lov om fagskoleutdanning. Godkjenningsforskrifta vart justert 3. april 2009, slik at NOKUT har heimel til å fastsetje frist for innsending av søknad om godkjenning. Det vart samtidig presisert at overgangsreglar med frist for etablering av system for kvalitetssikring berre skal gjelde godkjende fagskoleutdanningar.
Revidert privatskolelov vart sett i verk 1. juli 2007. Etter lovendringane har enkelte vidaregåande skolar som tilbyr yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, fått godkjenning etter fagskolelova. Dette gjeld skolar som ligg over vidaregåande opplæringsnivå. Kap. 6A i privatskolelova vil slutte å gjelde 1. juli 2010, jf. privatskolelova § 8–2. Innan den tid må skolane som hører inn under noverande kap. 6A i privatskolelova (såkalla 6A-skolar), ha søkt om ny lovtilknyting. 6A-skolar som blir godkjende etter fagskolelova, vil framleis kunne få framtidig tilskott for faktiske elevar avgrensa til det elevtalet dei i dag har godkjenning for. I revidert nasjonalbudsjett for 2009 auka regjeringa løyvinga til fagskoleutdanning over Kunnskapsdepartementets budsjett kap. 276 post 70 med 15,2 mill. kroner. Den auka løyvinga vart fordelt til fylkeskommunar basert på utvikling i søkninga frå 2008 til 2009.
I statsbudsjettet for 2009 vart det innført ei tilskottsordning til fagskoleutdanning over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett med verknad frå andre halvår 2009. Tilskottet til fagskoleutdanning i helse- og sosialfag vil vere 75 mill. kroner i 2010. Sjå òg omtale under kap. 761 post 60 i Prop. 1 S (2009–2010) for Helse- og omsorgsdepartementet.
Godkjende fagskoleutdanningar har auka frå elleve i januar 2006 til om lag 1 300 i september 2009. I 2007 var det vel 40 godkjende fagskoletilbod i helse- og sosialfag, og vel 50 nye søknadar er til behandling i 2009. Talet på innrapporterte heiltidsstudentar i dei offentleg finansierte tekniske fagskoleutdanningane auka frå om lag 3 000 til om lag 3 500 frå hausten 2007 til hausten 2008. Søkninga til tekniske fagskolar auka med om lag 73 pst. frå 2008 til 2009, jf. tal frå Nasjonalt opptakskontor for fagskoleutdanning. I fagskolane som mottek tilskott over post 72, var det om lag 210 heiltidsstudentar hausten 2008. Helsedirektoratet har for hausten 2009 gitt tilsegn om tilskott til om lag 1 400 heiltidsekvivalente studieplassar innanfor fagskoleutdanning i helse- og sosialfag.
I innstilling om lov om endringar i lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning, jf. Innst. O. nr. 89 (2006–2007), understreka Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen at det er viktig at Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med aktørane i utdanning, utviklar eit godt nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk.
I St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning varsla regjeringa at Kunnskapsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med forslag om endringar i fagskolelova som legg til rette for eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Eit overordna kvalifikasjonsrammeverk for fagskoleutdanningane vil vonleg gjere desse utdanningane meir synlege, og derfor meir relevante, for arbeidslivet og for studentar. Eit overordna kvalifikasjonsrammeverk for fagskoleutdanningane, knytt til det europeiske kvalifikasjonsrammeverket (European Qualification Framework–EQF), vil òg kunne gjere utdanningane meir relevante i eit internasjonalt perspektiv.
Kunnskapsdepartementet sende forslag om endringar i fagskolelova ut til alminneleg høring 26. juni 2009, med høringsfrist 26. oktober 2009.
Det er viktig at kvalifikasjonsrammeverket blir sett i nær samanheng med det rammeverket som allereie er fastsett for høgre utdanning, sjå omtale under kap. 260, og det rammeverket som må avklarast for grunnopplæringa. I arbeidet med kvalifikasjonsrammeverk for fagskolane er det òg viktig at aktørane innafor fagskolefeltet blir trekte med.
Utfordringa på kort sikt i fagskolesektoren er at det er store variasjonar i utdanningane både i lengd, djupn, fagområde og metodiske tilnærmingar. Det er i første omgang behov for ei betre oversikt over desse variasjonane.
Det er ikkje mogleg å gå djupare inn i fagskolefeltet før ein har meir kunnskap. Karlsen-utvalet, jf. NOU 2008: 18 Fagopplæring for framtida, foreslår at staten bør etablere eit eige råd for fagskoleutdanning. Utvalet foreslår vidare at kunnskapsgrunnlaget om fagskoleutdanningane må bli betre, og peiker på at fagskolestatistikken ikkje er fullstendig. Utvalet er nærmare omtalt i St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja.
Budsjettforslag for 2010
Regjeringa foreslår å føre vidare den auka løyvinga til fagskoleutdanning frå revidert nasjonalbudsjett for 2009 med 30,4 mill. kroner i 2010.
I samband med Forvaltningsreforma vil drifts- og finansieringsansvaret for fagskolane bli overførde til fylkeskommunane frå 1. januar 2010, jf. omtale i St.prp. nr. 68 (2008–2009) Kommuneproposisjonen 2010. Flyttinga inneber at tilskottet til fagskoleutdanning blir lagt inn i rammetilskottet til fylkeskommunane. Fylkeskommunane får ansvaret for at fagskoletilbodet tek omsyn til lokalt, regionalt og nasjonalt kompetansebehov. Kunnskapsdepartementet vil framleis føre tilsyn med at fagskolelova blir følgd, og ha eit ansvar for å utvikle fagskolepolitikken vidare, sjå òg Prp. 1 S (2009–2010) for Kommunal- og regionaldepartementet.
Fagskolar som allereie har godkjende fagskoleutdanningar skal ha eit tilfredsstillande system for kvalitetssikring i kraft seinast 26. januar 2010, eitt år etter at NOKUT vedtok kriteria som dei interne systema skal vurderast etter.
I innstilling om lov om endringar i forvaltningslovgivninga o.a. (gjennomføring av forvaltningsreforma), jf. Innst. O. nr. 30 (2008–2009), streka kommunal- og forvaltningskomiteen under følgjande:
«Det må videre vurderes en oppgjørsordning mellom fylkeskommunene for å sikre studentene frie valgmuligheter i utdanningstilbud over fylkesgrensene.»
Kunnskapsdepartementet vil i samband med kommuneproposisjonen for 2011 komme attende til korleis fagskolestudentane framleis skal kunne vere mobile over fylkesgrensene.
Departementet vil i nært samarbeid med aktørane innanfor fagskolefeltet, både tilbydarar og partane i arbeidslivet, arbeide vidare med kvalifikasjonsrammeverket. Departementet vurderer at eit råd for fagskoleutdanning, jf. forslaget frå Karlsen-utvalet, vil gi fagskolane ei styrkt rolle og bidra til ei meir målretta utvikling av fagskoletilbodet. Departementet har invitert til ein konferanse hausten 2009 med formål å danne eit interimsstyre for eit fagskoleråd.
Departementet vil òg arbeide vidare med å betre fagskolestatistikken.
Post 70 Teknisk fagskoleutdanning
Regjeringa foreslår å flytte 350,748 mill. kroner frå kap. 276 post 70 til kap. 572 post 60 i 2010.
Post 72 Anna fagskoleutdanning
Regjeringa foreslår å flytte 38,205 mill. kroner frå kap. 276 post 72 til kap. 572 post 60 i 2010.
Kap. 280 Felles administrative einingar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 49 100 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 70 600 | ||
Sum kap. 280 | 119 700 |
Det er oppretta eit nytt kap. 280 Felles administrative einingar, som samlar dei meir langvarige nasjonale fellesoppgåvene som er lagde til ein bestemt institusjon. Kap. 280 omfattar tilskott både til verksemd som ligg under § 1-4 (4) i universitets-og høgskolelova, og til andre, større tilskottsmottakarar. Totalt omfattar kapitlet verksemda ved Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), Samordna opptak (SO), Artsdatabanken, Noregsuniversitetet (NUV) og BIBSYS. Løyvinga til desse mottakarane vart tidlegare gitt over kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar post 01 Driftsutgifter. Endringa skjer på bakgrunn av at det er hensiktsmessig å skilje ut tilskott til større, felles administrative einingar frå kap. 281 post 01. Løyvinga til NOKUT er flytt frå kap. 281 post 01 til kap. 280 post 01. Løyvingane til SO, Artsdatabanken, NUV og BIBSYS er flytt frå kap. 281 post 01 til kap. 280 post 21.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar løyvinga til NOKUT, som er flytt frå kap. 281 post 01 til nytt kap. 280 post 01.
Rapport for 2008–09
NOKUT er eit statleg forvaltningsorgan som er fagleg uavhengig, og som skal kontrollere og bidra til å utvikle kvaliteten ved norske universitet, høgskolar og fagskolar. NOKUT handsamar òg enkeltsøknader om generell godkjenning av utanlandsk utdanning. I 2009-budsjettet tildelte departementet 48,1 mill. kroner over kap. 281 post 01 til NOKUT. Av desse var 6 mill. kroner knytte til tiltak for å følgje opp utvalet om godkjenning og godskriving av høgre utdanning (Brautaset-utvalet). Tiltaka omfattar informasjonssenter om godkjenning av utanlandsk utdanning, GSU-lista (Generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar) over utanlandsk utdanning som svarar til krava for opptak til norsk høgre utdanning, og vidareutvikling av vedtaksbrev om generell godkjenning.
Den internasjonale evalueringa av NOKUT vart lagd fram i 2008. Som første trinn i oppfølginga av evalueringa foreslo departementet i Ot.prp. nr. 71 (2008–2009) Om lov om endringer i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler endringar i § 2-1, som gjeld NOKUTs oppgåver og myndigheit. Denne forskrifta fastset blant anna dei overordna rammene for verksemda. Forslaget gjekk i hovudsak ut på å presisere NOKUTs formål, og at NOKUT i tilsynsrolla òg har myndigheit til å ta i bruk andre verkemiddel enn dei som er eksplisitt omtalt i universitets- og høgskoleloven § 2-1. Formålet med NOKUTs verksemd er særleg å føre tilsyn med at institusjonane tilfredsstiller krav til kvalitet slik det går fram i lov og forskrift. NOKUT er vidare ein kvalitetsutviklar som skal bidra til at kvaliteten i utdanninga held eit høgt internasjonalt nivå. Kvalitetsutviklingsarbeidet skjer særleg gjennom tilsynsarbeidet. Departementet ønskjer òg at NOKUT i større grad skal dele kunnskapen sin med institusjonane og hjelpe dei i utviklingsarbeidet. Lovendringane tredde i kraft 1. august 2009. Departementet har byrja andre trinn i oppfølginga av evalueringa av NOKUT, som er å gjennomgå og vurdere endringar i forskriftene som gjeld NOKUTs verksemd og oppgåver. Forslag til endra forskrift om kvalitetssikring i høgre utdanning og fagskoleutdanning skal sendast ut til høring hausten 2009 og tre i kraft i 2010. I oppfølginga av evalueringa av NOKUT og i arbeidet med lov- og forskriftsendring har det vore viktig å leggje vekt på NOKUTs rolle som bidragsytar til kvalitetsutviklinga i norsk utdanning på tertiærnivå. Det er viktig å finne den rette balansen mellom denne rolla og rolla som kontrollør.
I 2008 la NOKUT fram evalueringa av ingeniørutdanninga, som inneheldt ei rekkje forslag og tilrådingar. Departementet har bede institusjonane om å levere ein plan for korleis dei vil følgje opp rapporten. NOKUT fekk i 2008 i oppdrag frå departementet å starte evaluering av førskolelærarutdanninga. NOKUT har førebudd og starta den andre runden av evaluering av kvalitetssikringssystem. Dei vil i denne runden fokusere meir på korleis systema påverkar den faktiske kvalitetsutviklinga.
Budsjettforslag for 2010
Det er fastsett følgjande mål for verksemda til NOKUT i 2010:
NOKUT skal vere eit anerkjent kvalitetssikringsorgan på høgt internasjonalt nivå. Evalueringane, akkrediteringane og godkjenningane skal gjennomførast på ein korrekt og effektiv måte med god informasjon og dialog med involverte partar i samsvar med anerkjend internasjonal praksis. Verksemda skal ha både kontroll og utvikling som mål. NOKUT skal vere ein kvalitetsutviklar som bidreg til styrking av kvaliteten i utdanninga. NOKUT skal vidare gi allmenta informasjon om kvalitet og kvalitetsutvikling i høgre utdanning og fagskoleutdanning og godkjenning av utanlandsk utdanning. NOKUT vil i løpet av 2009 revidere eigne mål og strategiar, og måla for verksemda vil på dette grunnlaget bli vurderte på ny i 2010.
NOKUT vil sluttføre evalueringa av førskolelærarutdanninga i løpet av hausten 2010. Departementet vil da vurdere nærmare oppfølging av denne utdanninga.
Departementet foreslår på denne bakgrunnen å auke løyvinga til NOKUT med 1 mill. kroner til 49,1 mill. kroner i 2010. Dette omfattar 6 mill. kroner til vidare oppfølging av Brautasetutvalet.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Posten omfattar løyvingane til Samordna opptak, Artsdatabanken, NUV og BIBSYS som tidlegare vart gitte over kap. 281 post 01.
Rapport for 2008–09 og budsjettforslag for 2010
SO er eit statleg forvaltningsorgan som er administrativt lagt til Universitetet i Oslo, og som er organisert i samsvar med § 1-4 (4) i universitets- og høgskolelova. SO koordinerer opptak til høgre utdanning i ein nasjonal opptaksmodell (NOM). Det er oppnemnt eit eige styre som har ansvaret for den faglege utviklinga av NOM. SO har òg ansvaret for administrasjon og utvikling av den nasjonale vitnemålsdatabasen (NVB) i vidaregåande opplæring. SO vart tildelt 23,8 mill. kroner i 2009. Departementet foreslår å auke løyvinga til SO med om lag 1,6 mill. kroner inkludert pris- og lønnsvekst til om lag 25,4 mill. kroner i 2010.
Artsdatabanken er ei uavhengig eining ved Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Verksemda skal gi elektronisk oversikt over biologiske artar i Noreg med nytte for miljøforvaltning, undervisning og forsking. I 2008 fekk Artsdatabanken ei ekstraløyving på 3 mill. kroner til revidering av Raudlista for trua og sårbare artar. I mai 2008 presenterte Artsdatabanken det nye elektroniske verktøyet Artsobservasjonar. Ved utgangen av 2008 var det lagt inn 1,2 mill. observasjonar. Artsdatabanken har òg ført vidare arbeidet med å utvikle ny naturtypeinndeling for Noreg som vil gi eit betre verktøy for den nye naturmangfaldlova. Det skal i tillegg lagast ei raudliste for naturtypar. I 2009 har departementet tildelt totalt 19,8 mill. kroner til Artsdatabanken. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til Artsdatabanken på same nivå i 2010.
NUV er eit statleg forvaltningsorgan. Administrasjonen er lagd til Universitetet i Tromsø. NUV mottek stønad frå Kunnskapsdepartementet på 22,4 mill. kroner i 2009, inklusive 3 mill. kroner frå revidert nasjonalbudsjett for 2009. Om lag 11 mill. kroner er fordelte som støtte til utvikling av fleksible utdanningstilbod ved universitet og høgskolar. Departementet sette i 2008 i gang ei evaluering av NUV. Evalueringa peiker blant anna på at mandatet til NUV er både svært breitt og ambisiøst i høve til storleiken på sekretariatet og omfanget av verkemidla. Sjølv om prosjektmidlane er av svært avgrensa omfang, tyder funn i rapporten på at midlane blir vurderte som sentrale når det gjeld å realisere visse utviklingsprosjekt. Vidare peiker rapporten på at andre aktørar i sektoren truleg ikkje kunne ha gitt samarbeidet med partane i arbeidslivet ein like sentral plass i verksemda. Departementet vil leggje analysen til grunn i den vidare politikkutforminga på feltet. Departementet foreslår å føre vidare midlane til NUV med 22,4 mill. kroner i 2010 for å bidra til vidare utvikling av fleksibel utdanning.
BIBSYS er eit statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet og driv biblioteksystemet BIBSYS for biblioteka på universitet, høgskolar, og Nasjonalbiblioteket og fagbibliotek i Noreg. Det er i stor grad ei brukarfinansiert ordning. Departementet tildelte 3 mill. kroner til BIBSYS i 2009. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til BIBSYS på same nivå i 2010 for å kunne halde oppe aktiviteten.
Kap. 3280 Felles administrative einingar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Inntekt ved oppdrag o.a. | 10 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 10 | ||
Sum kap. 3280 | 20 |
Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 358 912 | 402 288 | 294 272 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 15 500 | 15 100 | 15 508 |
50 | Tilskott til Noregs forskingsråd | 71 500 | 68 628 | |
51 | Senter for internasjonalisering av høgre utdanning | 37 309 | 38 951 | 41 299 |
73 | Tilskott til internasjonale program | 18 648 | 18 800 | 18 800 |
74 | Tilskott til UNIS | 78 719 | 82 183 | 89 553 |
75 | UNINETT | 23 850 | 21 849 | 22 548 |
76 | Tilskott til NORDUnet, kan overførast | 18 044 | 18 401 | 18 990 |
78 | Tilskott til Universitets- og høgskolerådet | 12 697 | 13 256 | 13 680 |
79 | Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast | 275 021 | 287 089 | 106 489 |
Sum kap. 281 | 838 700 | 969 417 | 689 767 |
Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar omfattar tiltak som skal bidra til kvalitetssikring og -utvikling, samordning av prioriterte område, vedlikehald og større innkjøp av utstyr og andre fellestiltak.
Reduksjonen i høve til saldert budsjett 2009 skyldast hovudsakleg at løyvingane til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, Samordna opptak, Noregsuniversitetet, Artsdatabanken og BIBSYS over kap. 281 post 01 er flytte til kap. 280, jf. nærmare omtale under kap. 280.
For å betre samordninga i departementet foreslår departementet vidare å redusere kap. 281 post 01 med 2,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 200 post 21, jf. omtale under kap. 200.
Post 01 Driftsutgifter
Rapport for 2008–09 og budsjettforslag for 2010
Realfag og entreprenørskap
I 2009 tildelte departementet om lag 34 mill. kroner på denne posten til tiltak på realfagssida som blant anna har gått til regjeringas satsing på rekruttering til realfag og auka kvalitet i ingeniørutdanningane. Løyvinga til Artsdatabanken er flytt til kap. 280 post 21 frå 2010. Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 18 mill. kroner til tiltak innanfor realfag og entreprenørskap i 2010.
Regjeringa har hausten 2009 utarbeidd ein ny handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga, jf. omtale under kap. 260. Departementet foreslår i 2010 å bruke 5 mill. kroner på tiltak i handlingsplanen som er retta mot høgre utdanning. Det skal blant anna lysast ut midlar til universitet og høgskolar for å utvikle utdanningstilbod og fremme kompetanseheving hos fagleg personale innanfor området entreprenørskap og innovasjon. Satsinga skal evaluerast fortløpande, og det skal arrangerast ein konferanse om entreprenørskap i høgre utdanning. Departementet foreslår òg å løyve 2 mill. kroner til etterutdanning i entreprenørskap for lærarar, jf. omtale under lærarutdanning.
Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (RENATE-senteret) speler ei viktig rolle som ressurssenter for utdanningssektoren i arbeidet med å nå regjeringas mål om fleire kandidatar med realfagleg kompetanse. RENATE-senteret vart tildelt 3,2 mill. kroner i 2009. I tråd med Soria Moria-erklæringa ønskjer regjeringa å auke innsatsen med tanke på rekruttering til realfaga. Departementet vil derfor setje av 6,5 mill. kroner i 2010 til blant anna RENATE-senteret sitt arbeid og vidareføring av satsinga for å betre kvaliteten i ingeniørutdanninga.
Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) skal bidra til å sikre rekrutteringa til norsk romverksemd og auke interessa for teknologi- og realfaga. NAROM vart tildelt 6,8 mill. kroner i 2009. På bakgrunn av at delar av aktiviteten ved senteret er retta mot grunnutdanning og ikkje høgre utdanning, foreslår departementet å redusere løyvinga til 5,8 mill. kroner for 2010 over kap. 281 post 01.
Maritim strategi
Regjeringa har i 2009 tildelt 18,5 mill. kroner til maritim næringsverksemd som ledd i den maritime strategien til regjeringa, Stø kurs. Midlane vart fordelte over Kunnskapsdepartementets budsjett. Tilskottet har medverka til ulike kompetanseutviklingstiltak for lærarar, auka erfaringsutveksling og samarbeid, tilpassing av masterstudium, professor II- og lektor II-stillingar og stipendordningar for utanlandske studentar. Regjeringa foreslår å føre vidare løyvinga over Kunnskapsdepartementets budsjett med 18,5 mill. kroner i 2010 for å halde oppe satsinga på maritim utdanning.
Lærarutdanning
Departementet har i 2009 sett av om lag 100 mill. kroner til ulike tiltak innanfor lærarutdanning over kap. 281 post 01. Det er sett av 6 mill. kroner til utvikling av ny rammeplan for grunnskolelærarutdanningane. Departementet har òg sett av 20 mill. kroner i 2009 for å stimulere til at institusjonane i fellesskap utviklar dei nye grunnskolelærarutdanningane, gjer den lokale faglege profilen tydelegare og aukar det regionale samarbeidet og ansvarsdelinga om ulike fagtilbod i tråd med intensjonane i St.meld. nr. 11 (2008-2009) Læreren – rollen og utdanningen. Den nasjonale satsinga på å auke kvaliteten i praksisopplæringa i lærarutdanninga er ført vidare. Siktemålet er å få erfaringar og grunnlag for å bidra til ei meir praksisbasert lærarutdanning.
Det er vidare løyvd midlar til utvikling av vidareutdanning for å kvalifisere rettleiarar for nyutdanna lærarar, utvikling av modellar for samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og skole- og barnehageeigarar, og arbeidet med kompetansenettverka som Utdanningsdirektoratet organiserer. For å auke tilgangen på kvalifiserte lærarar vart det tildelt om lag 13 mill. kroner i statsbudsjettet for 2009 til nye studieplassar i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), førskolelærarutdanning og barnehagepedagogikk. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009 vart det løyvd midlar til om lag 1 000 nye studieplassar i lærarutdanning og om lag 10 mill. kroner til etter- og vidareutdanning innanfor barnehagepedagogikk og førskolelærarutdanning.
Departementet har gitt Noregs forskingsråd i oppdrag å lyse ut ein nasjonal forskarskole i lærarutdanninga, og har løyvd 5 mill. kroner over kap. 281 post 50 til dette i 2009. Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet skal vere vertskap for forskarskolen, som startar opp i 2009. Lærarutdanningsinstitusjonar landet over skal delta i nettverket. Dette tiltaket skal gi ei solid plattform for å auke FoU-kompetansen, styrkje samarbeidet mellom institusjonar og leggje til rette for relevant forsking av høg kvalitet. Forskarskolen skal vere eit tilbod til ph.d.-stipendiatar i lærarutdanningane, som har prosjekt med relevans for lærarutdanningane og læraryrka landet over.
Departementet vil i 2010 føre satsinga på lærarutdanning vidare med om lag 100 mill kroner. Midlane skal bidra til å gjennomføre reforma i lærarutdanninga, styrkje profesjonsinnretninga, heve den faglege kvaliteten i praksisopplæringa og sikre ei utviklingsorientert og forskingsbasert lærarutdanning. I tillegg foreslår departementet å føre vidare studieplassane i førskolelærarutdanning og barnehagepedagogikk.
Departementet vil i 2010 føre arbeidet vidare med å fastsetje ny forskrift for rammeplanar for grunnskolelærarutdanninga. Departementet vil setje av 15 mill. kroner for å stimulere til auka samarbeid og klarare ansvarsdeling mellom institusjonane for å sikre at dei ulike regionane har ei god fordeling av dei ulike fagtilboda, og at utdanninga blir utvikla i tråd med intensjonane i St.meld. nr. 11 (2008–2009). I denne samanhengen vil departementet arbeide vidare med å avklare aktivitetskrav for dei nye grunnskolelærarutdanningane.
På bakgrunn av forslag frå ei arbeidsgruppe i Universitets- og høgskolerådet, og påfølgjande høringsrunde, vil departementet føre vidare arbeidet med å leggje til rette for eit senter for framifrå lærarutdanning.
I tråd med St.meld. nr. 11 (2008–2009) vil departementet etablere ei nasjonal følgjegruppe for innføringa av reforma i lærarutdanninga. Følgjegruppa skal hente inn nødvendig informasjon for å sikre overblikk og vurdere utviklinga både nasjonalt og lokalt når det gjeld prosessar, kvalitet og resultat. Departementet vil leggje sekretariatet for arbeidet til Universitetet i Stavanger.
Departementet har sett i verk fleire tiltak for å betre rekrutteringa til samiske språk og samisk lærarutdanning, jf. òg omtale under kap. 260. Departementet vil føre vidare arbeidet med å styrkje rekrutteringa til samisk lærarutdanning. Frå studieåret 2010 får blant anna studentar som har fullført kombinasjonen lærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller førskolelærarutdanning og samisk språk, ettergitt studielån for inntil kr 50 000.
Det er eit mål at alle nyutdanna lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring får tilbod om rettleiing frå skoleåret 2010–11. Departementet vil derfor og i tråd med St.meld. nr. 11 (2008–2009) auke tildelinga i 2010 til universitet og høgskolar for kvalifisering av mentorar.
For å vidareutvikle og styrkje FoU-kompetansen i lærarutdanningane og bidra til ny praksisretta kunnskap om barnehage og skole, vil regjeringa etablere eit nytt praksisretta forskingsprogram i Forskingsrådet. Programmet vil vere ei vidareføring av programmet Praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning, som blir avslutta i 2010. Måla med det nye programmet er å styrkje FoU-kompetansen i lærarutdanningane, auke kvaliteten i den praksisnære utdanningsforskinga og stimulere FoU-samarbeidet mellom lærarutdanningane og praksisfeltet i barnehage og skole. Programmet vil bli finansiert over kap. 226, 231 og 281.
Kunstutdanning
Departementet har i 2009 tildelt om lag 27,5 mill. kroner til tiltak innanfor kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid. Det er blant anna tildelt 4 mill. kroner til talentutviklingsprogrammet i musikk ved Noregs musikkhøgskole, og departementet foreslår å føre løyvinga vidare i 2010.
Vidare er det tildelt om lag 5,3 mill. kroner i 2009 til utdanningstilbodet Unge talent ved Barratt Due musikkinstitutt som blir foreslått ført vidare. Det er òg tildelt samla om lag 1,2 mill. kroner blant anna til eit professorat i biletkunst ved Kunsthøgskolen i Oslo. Departementet foreslår å føre desse løyvingane vidare i 2010.
Stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid er ein parallell til doktorgradsprogram og skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis. I 2009 tildelte departementet om lag 17 mill. kroner til ulike tiltak knytte til stipendprogrammet. Av desse midlane gjekk om lag 13,6 mill. kroner til 23 stipendiatstillingar, om lag 2,4 mill. kroner til drift av programmet og 1 mill. kroner til prosjektstøtte.
Departementet foreslår å løyve om lag 16,3 mill. kroner til 23 stipendiatstillingar i kunstnarleg utviklingsarbeid inklusive prisjustering. Det omfattar å føre vidare dei tre nye stillingane frå 2009 med heilårsverknad i 2010.
Oppgåva med å utbetale stipendmiddel til institusjonane vart frå 1. januar 2009 overført til Kunsthøgskolen i Bergen, som er operatør for programmet. Departementet foreslår å auke driftsstøtta frå 1 til 2 mill. kroner i 2010. Stipendprogrammet har frå 2004 fått ei årleg løyving på 1 mill. kroner til produksjonsmidlar, som har vore nytta til dei kunstnarlege prosjekta til studentane, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2003–2004) og St.prp. nr 1 (2003–2004). For å gi programmet større økonomisk fleksibilitet foreslår departementet at den samla tildelinga til drift og produksjonsmidlar frå 2010 blir sett under eitt.
For ytterlegare å styrkje kunstnarisk utviklingsarbeid og fremje eit breiare utviklingsarbeid på kunstfeltet, som rettar seg mot både dei fast tilsette og dei ferdigutdanna kunststipendiatane, foreslår departementet å etablere eit FoU-program for kunstnarleg utviklingsarbeid frå 2010, med ei ramme på 2 mill. kroner.
Departementet foreslår på denne bakgrunnen å auke den samla løyvinga til kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid med meir til om lag 32 mill. kroner i 2010.
Departementet foreslår at kunststipendiatar skal gi utteljing i finansieringssystemet tilsvarande doktorgrader. Sjå kap. 260 og vedlegg 4 for nærmare omtale av finansieringssystemet.
Forsking og formidling
Departementet har sett av om lag 7,4 mill. kroner til forskings- og formidlingstiltak over kap. 281 post 01 i 2009. Det er i 2009 blant anna sett av 1,8 mill. kroner til utgreiing av Nasjonalt digitalt universitetsmuseum. Vidare er det tildelt 1 mill. kroner til integrasjonsprosessen mellom Arkeologisk museum i Stavanger og Universitetet i Stavanger. Departementet tildelte 1,5 mill. kroner i 2009 til Komité for integreringstiltak – kvinner i forsking (Kif-komiteen). Det er òg sett av 2 mill. kroner til Likestillingsprisen og 1 mill. kroner til Utdanningskvalitetsprisen.
Kif-komiteen har mandat til mars 2010. Departementet vil føre ordninga med ein slik komité vidare. Departementet foreslår òg å føre vidare Likestillingsprisen med 2 mill. kroner og Utdanningskvalitetsprisen med 1 mill. kroner i 2010.
Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til eit forskingsprogram om forsking og innovasjon i regi av Forskingsrådet i 2010 med 2 mill. kroner, og til ei strategisk FoU-satsing retta mot universitetsmusea med 5 mill. kroner, sjå òg omtale under kap. 281 post 50.
Departementet foreslår ei samla løyving til forsking og formidling over kap. 281 post 01 på om lag 11,5 mill. kroner i 2010.
Internasjonalt samarbeid og Nordområdestrategien
Departementet tildelte om lag 23 mill. kroner over kap. 281 post 01 knytt til internasjonalt samarbeid og nordområdesamarbeid i 2009. I tillegg blir det tildelt om lag 41 mill. kroner til Nordisk ministerråd knytt til nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning. Avtalen gjeld ut 2009, men dei nordiske utdanningsministrane har vedteke å forlengje avtalen for tre nye år med verknad frå 1. januar 2010.
Kunnskapsdepartementet lanserte hausten 2007 ein strategi for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika for 2008–11. Departementet har sett av 10 mill. kroner i 2009, og foreslår å føre vidare satsinga på same nivå i 2010. Midlane for 2009 er blant anna brukte til Partnarskapsprogrammet for Nord-Amerika, å føre vidare auken på 1 mill. kroner i tilskottet til Fulbright Foundation, til utlysing av prosjektmidlar til nye faglege samarbeid og nokre andre tiltak.
Det er stor interesse blant norske universitet og høgskolar for å samarbeide med institusjonar i Nord-Amerika. Det har vore ein auke i studentmobiliteten sidan lanseringa av strategien i 2007: Talet på studentar frå USA og Canada til Noreg har auka, og talet på norske delstudentar til Nord-Amerika har òg gått opp. Talet på norske gradsstudentar i Nord-Amerika har vore relativt stabilt, men med ein auke i USA frå studieåret 2007-2008 til 2008-2009.
Kunnskapsdepartementet inngjekk fem bilaterale intensjonsavtalar om høgre utdanningssamarbeid (Memorandum of Understanding – MoU) i 2008, med India, Kina, Brasil, Chile og Argentina. Formålet med intensjonsavtalane er å bidra til auka samarbeid mellom norske utdanningsinstitusjonar og institusjonar i dei aktuelle landa. Departementet vil følgje opp intensjonsavtalane gjennom seminar og møte både med styresmaktene og dei partane som er involverte i samarbeidet. Kunnskapsdepartementet arbeider for tida med å stille ferdig ein MoU om høgre utdanningssamarbeid med Russland.
Departementet foreslår i 2010 å tildele om lag 4,5 mill. kroner knytte til oppfølging av St.meld. nr. 14 (2008-2009) Internasjonalisering av utdanning.
Departementet løyvde 1,5 mill. kroner både i 2008 og i 2009 for å styrkje utdanningssamarbeidet med Latin-Amerika. Departementet vil føre vidare løyvinga på same nivå i 2010.
Kunnskapsdepartementet tildelte 3 mill. kroner til EnergiCampus Nord (ECN) både i 2008 og 2009, og ga i tillegg ei eingongsløyving på 5 mill. kroner i 2009 knytte til oppbygging av utstyr og infrastruktur. Samarbeidsprosjektet inneber satsing på høgre utdanning i energifag i tråd med Nordområdestrategien. Departementet vurderer desse løyvingane som midlar til oppstart av studietilboda i Hammerfest, og at dei samarbeidande institusjonane må dekkje tilbodet innanfor eigne rammer etter igangsetting. Departementet foreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga til 1 mill. kroner i 2010.
Innanfor Nordområdestrategien er Arktisk Universitet tildelt kr 800 000 over kap. 281 post 01 både i 2008 og 2009 for å støtte urfolksnettverket, arbeidet med utvikling av felles mastergrad i nordlege studiar mellom norske og russiske miljø og styrking av lærarutveksling i north2north-programmet. Kunnskapsdepartementet foreslår å sette av 1 mill. kroner til oppfølging av nordområdestrategien i 2010.
Utanriksdepartementet oppretta Barentsinstituttet i 2006 med formål å styrkje forskinga på forholdet mellom aust og vest i den nordlege delen av Europa. Ansvaret for Barentsinstituttet er flytt frå Utanriksdepartementet til Kunnskapsdepartementet og formelt lagd under Universitetet i Tromsø. I 2009 tildelte Utanriksdepartementet 4,7 mill. kroner til drifta av instituttet. I 2010 vil Kunnskapsdepartementet løyve 5 mill. kroner frå kap. 281 post 01 til Universitetet i Tromsø til dette formålet.
Departementet tildelte i 2009 om lag 2,2 mill. kroner til International Council for Open and Distance Education (ICDE), som er eit internasjonalt fellesorgan for aktørar innanfor fjernundervisning og fleksibel læring. Departementet foreslår å føre tilskottet vidare med om lag 2,3 mill. kroner i 2010.
Departementet foreslår i 2010 å nytte samla om lag 25,4 mill. kroner over kap. 281 post 01 knytte til internasjonalt samarbeid og Nordområdestrategien, i tillegg til om lag 41 mill. kroner til Nordisk ministerråd.
Dokumentasjon, statistikk og analyse
Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) er eit statleg aksjeselskap under Kunnskapsdepartementet. I 2009 tildelte departementet 8,5 mill. kroner til NSD for drift av Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). DBH er eit datavarehus for informasjon om norske universitet og høgskolar. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare med 8,5 mill. kroner i 2010.
I tillegg til løyvinga til NSD har departementet sett av om lag 15,2 mill. kroner til ulike tiltak for dokumentasjon, statistikk og analyse i 2009. Departementet foreslår å løyve om lag 14,8 mill. kroner til dette formålet i 2010.
Andre tiltak
I samband med samorganiseringa av Noregs veterinærhøgskole, Veterinærinstituttet og Universitetet for miljø- og biovitskap har departementet sett av om lag 3,6 mill. kroner i 2009 til administrativ og fagleg integrasjonsprosess. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare med om lag 3 mill. kroner i 2010. Sjå òg omtale om samorganiseringa under kap. 260.
I 2009 vart det tildelt 2 mill. kroner til Studiesenteret.no. Senteret er ikkje ein del av det formelle utdanningstilbodet, men tilbyr tenester for å leggje til rette for desentralisert utdanning. Departementet foreslår ikkje å føre løyvinga vidare i 2010. Departementet legg vekt på at det er institusjonane sjølve som best kan vurdere kva for desentraliserte tilbod dei ønskjer å tilby studentane. Det inneber å prioritere kva for tilbod dei ønskjer å leggje til rette for sjølve, og kva for tenester dei ønskjer å kjøpe frå andre aktørar i marknaden. Desentraliserte studietilbod bør vere midlertidige og kunne flyttast etter behova for desentraliserte tilbod utanfor faste studiestader. Departementet viser òg til tiltakspakka, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–-2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringar i statsbudsjettet for 2009 med tiltak for arbeid. Det vart i samband med tiltakspakka blant anna løyvd 18,3 mill. kroner til desentraliserte studieplassar og ei auke i løyvinga til Noregsuniversitetet med 3 mill. kroner. Regjeringa foreslår å føre vidare studieplassane med 36,6 mill. kroner i 2010, og at løyvinga til Noregsuniversitetet blir auka med 3 mill. kroner til 22,4 mill. kroner i 2010.
Departementet ønskjer å sette i gang ei ny levekårsundersøking for studentane, og foreslår å løyve om lag 3 mill. kroner over kap. 281 post 01 til dette i 2010.
Kunnskapsdepartementet ønskjer at Noreg skal delta i undersøkinga Eurostudent IV, som skal kartleggje den sosiale dimensjonen innanfor europeisk høgre utdanning. Departementet foreslår å løyve om lag kr 700 000 til dette i 2010.
Universiteta og tannhelsetenesta har stort behov for tannlegar med både doktorgrad og spesialistkompetanse. Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har derfor greidd ut eit utdanningsprogram som kombinerer forskarutdanning og spesialistutdanning i eit meir effektivt løp. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga med 1,3 mill. kroner til dobbelkompetanseutdanning for tannlegar i 2010. Sjå òg omtale under Helse- og omsorgsdepartementets kap. 770 post 70.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar tilskott til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald ved universitet og høgskolar.
Rapport for 2008–09
Kunnskapsdepartementet tildelte til saman 16 mill. kroner over posten i 2008. Av dette vart 8 mill. kroner til sikring og bevaring av universitetsmusea fordelte på Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Det vart vidare tildelt 5 mill. kroner til Kunsthøgskolen i Oslo, 2,5 mill. kroner til Kunsthøgskolen i Bergen og kr 500 000 til Noregs idrettshøgskole knytte til utstyr og vedlikehald.
Posten utgjer om lag 18,3 mill. kroner i 2009. Desse er tildelte med 1 mill. kroner til Universitetet i Stavanger til integrasjonsprosessen med Arkeologisk museum i Stavanger og 17 mill. kroner til utstyr ved Universitetet i Agder, Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Volda, Høgskolen i Buskerud, Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen.
Budsjettforslag for 2010
Regjeringa foreslår ei løyving på om lag 15,5 mill kroner på kap. 281 post 45 i 2010.
Post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd
Posten omfattar løyvingar til ulike program i Noregs forskingsråd knytte til FoU i universitets- og høgskolesektoren.
Rapport for 2008–09
Det er dei siste åra utvikla fleire satsingar gjennom Forskingsrådet særleg retta mot høgskolane, og som blant anna skal bidra til regional utvikling og styrking av profesjonsutdanningane. Dei omfattar blant anna Verkemiddel for regional FoU (VRI), Strategiske høgskoleprogram (SHP), og FORNY-programmet. Departementet har samla tildelt 56 mill. kroner til desse programma i 2009.
FORNY-programmet skal bidra til auka verdiskaping gjennom kommersialisering av forskingsbaserte forretningsidear. Programmet rettar seg i hovudsak mot forsking og utvikling som blir utførde ved universitet, høgskolar, helseføretak og institutt. Programperioden for FORNY gjeld ut 2009. Forskingsrådet har i 2009 gjennomført ei ekstern evaluering av programmets tredje programperiode, frå 2002 til 2009. Evalueringa har inngått som grunnlag for Forskingsrådets vurdering av korleis aktiviteten bør utviklast vidare og rettast inn i ei ny satsing på kommersialisering av forskingsresultat.
Departementet tildelte 5 mill. kroner som ei eingongsløyving over kap. 281 post 50 til strategisk forsking og fagleg utvikling ved universitetsmusea. Departementet foreslår i 2010 tilsvarande løyving over kap. 281 post 01.
I 2009 vart det sett av 8 mill. kroner til NFR-programmet Praksisretta FoU i barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning. Programmet vart ikkje sett i verk, og midlane vart blant anna tildelte med 2 mill. kroner til eit forskingsprogram om forsking og innovasjon og 5 mill. kroner til Nasjonal forskarskole i lærarutdanninga.
Departementet tildelte òg 2 mill. kroner til programmet Utdanning 2020.
Budsjettforslag for 2010
Regjeringa foreslår å løyve om lag 68,6 mill. kroner over kap. 281 post 50 i 2010. Regjeringa foreslår å føre vidare løyvingane til VRI, SHP, FORNY og Utdanning 2020 på om lag same nivå som i 2009. Departementet foreslår å løyve 8 mill. kroner til programmet Praksisretta forskings- og utviklingsarbeid i barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning i 2010.
Post 51 Senter for internasjonalisering av høgre utdanning
Tilskottet på denne posten skal gå til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU), som har fem hovudarbeidsområde: programdrift, profilering av Noreg som studie- og forskingsland overfor utlandet, informasjon og kommunikasjon, kompetansebygging og rådgiving.
Rapport for 2008–09
I 2009 vart det løyvd om lag 39 mill. kroner over kap. 281 post 51. SIU har ein stor programportefølje og forvaltar programma på ein tilfredsstillande måte. For omtale av resultata for EUs Program for Livslang Læring (LLP), sjå kap. 252, for Erasmus Mundus, sjå kap. 281 post 73.
Det har vore ei god utvikling i talet på besøk på nettstadene til SIU: www.siu.no om SIU og SIUs arbeidsoppgåver og portefølje, og www.studyinnorway.no for utanlandske studentar som ønskjer studieopphald i Noreg. I 2009 har SIU i tillegg etablert nettstaden www.studeriutlandet.no med informasjon til norske studentar som vil ha studieopphald i utlandet. SIU har dessutan eit stort publikasjonsprogram for både profilerings- og informasjonsarbeidet, og er ein viktig partnar for Kunnskapsdepartementet i arbeidet for auka internasjonalt samarbeid ved norske universitet og høgskolar. SIU arbeider med å få på plass det administrative systemet som skal gjere det mogleg å få ut betre styringsinformasjon på tvers av dei programma institusjonen forvaltar.
SIU har hatt ei viktig rolle i oppfølginga av strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika, som vart lagd fram hausten 2007. SIU har òg ei rolle i oppfølginga av intensjonsavtalane om høgre utdanningssamarbeid med dei latinamerikanske landa Brasil, Argentina og Chile.
Budsjettforslag for 2010
Frå 2010 får SIU nye oppgåver knytte til å vere eit sørvis- og kompetansesenter òg for skolar og skolestyresmakter, blant anna for å betre deltakinga i tilgjengelege program på grunnopplæringsområdet. Dette er ei oppfølging av forslag i St.meld. nr. 14 (2008–2009), sjå òg omtale under kap. 226 post 21. Verksemda til SIU er regulert gjennom vedtektene for senteret, og departementet vil vurdere behovet for revidering av vedtektene. SIU vil òg få ei sentral rolle i oppfølginga av andre tiltak i stortingsmeldinga.
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 298, 27. april 2009, jf. Innst. S. nr. 202 (2008–2009) og St.meld. nr. 14 (2008–2009):
«Stortinget ber regjeringen sørge for at virksomheten til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) blir gjenstand for en evaluering tilsvarende den som ble foretatt for NOKUTs virksomhet.»
Evalueringa av SIU startar opp ved årsskiftet 2009/10 og skal etter planen vere ferdig innan 1. august 2010. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med resultata frå evalueringa.
Dette er måla for SIU i 2010:
SIU skal motivere og stimulere utdannings- og forskingssektoren til å leggje vekt på internasjonalisering som verkemiddel for auka kvalitet i utdanning og forsking.
SIU skal sørgje for god og brei deltaking i dei programma senteret forvaltar, og bidra til at ulike aktørar bruker program og ordningar aktivt som verkemiddel for dei internasjonale strategiane og måla sine.
SIU skal bidra til å auke Noregs evne til å konkurrere om gode studentar og forskarar ved å profilere Noreg som studie- og forskingsland i utlandet.
SIUs samla verksemd og måloppnåing i 2010 vil bli vurdert, blant anna i lys av kvalitative analysar av verksemda og SIUs gjennomføring av oppgåvene i vedtektene.
SIU administrerer Johan Jørgen Holsts Minnefond frå 2009. Ordninga gjeld stipend til éin norsk student som tek bachelorgrad ved Columbia University i New York, og vart løyvd over kap. 270 post 71 i 2009. SIU administrerer òg Pestalozzi-programmet og midlar til utdanningskoordinatoren ved Generalkonsulatet i New York. Begge ordningane vart løyvde over kap. 281 post 01 i 2009. Departementet foreslår å flytte midlane til Johan Jørgen Holsts Minnefond, Pestalozzi-programmet og utdanningskoordinatoren ved Generalkonsulatet i New York til kap. 281 post 51 frå 2010. Departementet foreslår å løyve til saman om lag 41,2 mill. kroner til SIU i 2010.
Post 73 Tilskott til internasjonale program
Tilskottet skal dekkje medlemskontingenten for å delta i internasjonale utdanningsprogram, fastsett gjennom årlege EØS-forhandlingar, og andre internasjonale utdanningstiltak av mindre omfang. Erasmus Mundus omfattar fellesgradar på masternivå og stipendprogram for studentar og forskarar frå land utanfor EU/EØS.
Rapport for 2008–09
I 2009 vart det løyvd 18,8 mill. kroner over kap. 281 post 73. I 2008 deltok ni norske høgre utdanningsinstitusjonar i 14 av til saman 103 felles Erasmus Mundus-mastergradar, og dei koordinerer to. I tillegg deltek norske universitet og høgskolar i fire nettverk som skal vise partnarar frå land utanfor Europa at europeisk høgre utdanning er attraktiv.
Erasmus Mundus II-programmet (2009–13) vart formelt vedteke i EU 16. desember 2008 ved europaparlaments- og rådsavgjerd 1298/2008/EF. Programmet er ei vidareføring av Erasmus Mundus (2004-08), med ei utviding til doktorgradsnivå samt utvida moglegheiter for deltaking frå ikkje-europeiske institusjonar.
Samisk høgskole har teke over ansvaret for sekretariatet til World Indigerious Nations Higher Education Consortium (WINHEC) frå desember 2008 og tre år framover. Det er løyvd kr 850 000 til drifta av sekretariatet i 2009.
Det er òg sett av midlar til bilateralt samarbeid på posten i 2009.
Budsjettforslag for 2010
Regjeringa foreslår å føre vidare løyvinga på 18,8 mill. kroner på post 73 for å dekkje deltakinga i tiltaksområde 1 og 3 i EU-programmet Erasmus Mundus II, jf. St.prp. nr. 56 (2008–2009) Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av tiltaksområde 1 og 3 i Erasmus Mundus II-programmet (2009–2013). Beløpet dekkjer òg dei andre mindre aktivitetane på posten. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til sekretariatet til WINHEC ved Samisk høgskole med kr 850 000 i 2010.
Post 74 Tilskott til UNIS
Tilskottet skal gå til Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Formålet med tilskottet er å bidra til at UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS har fire studieretningar: arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi.
Rapport for 2008–09
UNIS er eit statsaksjeselskap, der Kunnskapsdepartementet forvaltar eigarinteressene. Det vart tildelt 82 mill. kroner til UNIS over Kunnskapsdepartementets budsjett i 2009. Universitetssenteret på Svalbard har gode resultat i undervisning og forsking og bidreg til lokalsamfunnet i Longyearbyen. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, der om lag halvparten av studentane er utanlandske. Studentaktiviteten i 2008 var 127 studentårsverk på bachelor- og masternivå, og om lag 51 pst. av studentane var frå utlandet. 49 pst. av studentane var kvinner, ein nedgang på om lag tre pst. frå 2007.
Ei hovudutfordring for UNIS i åra framover, er å skaffe inntekter ut over det ordinære tilskottet frå departementet. UNIS må sørgje for å styrkje likviditeten.
Budsjettforslag for 2010
UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet, og det er derfor nødvendig at UNIS utviklar vidare samarbeidet med både universitet og høgskolar. Regjeringa foreslår å løyve om lag 89,5 mill. kroner til UNIS i 2010. Desse midlane omfattar vidareføring av studieplassar gitt i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009.
I samband med evalueringa av finansieringssystemet foreslår departementet at alle institusjonar kan rapportere inn studiepoeng frå sine studentar som tek studieprogram ved UNIS, og få utteljing for dette. Sjå òg omtale under kap. 260 og i vedlegg 4.
Post 75 UNINETT
Posten omfattar UNINETT AS, som er eit statsaksjeselskap, der Kunnskapsdepartementet forvaltar eigarinteressene. Tilskottet skal bidra til å utvikle vidare eit landsomfattande elektronisk datanett for forsking og utdanning.
Rapport for 2008–09
Departementet tildelte om lag 21,8 mill. kroner til UNINETT AS i 2009.
UNINETT AS har blant anna til formål å utvikle eit landsomfattande elektronisk datanett for forsking og utdanning med tenester på linje med det beste i det internasjonale akademiske miljøet og fremme bruk av opne internasjonale standardar innanfor datakommunikasjon. UNINETT AS arbeider for å utvikle vidare infrastrukturen til campusnetta og tenester i tråd med tilrådingar og standard. Aktiv bruk av felles innkjøpsavtalar gir store innsparingar og motiverer til innføring av fellesløysingar. Stadig fleire utdanningsinstitusjonar tek i bruk Feide, eit system som inneber at kvar elev, student eller tilsett har eitt brukarnamn som kan brukast i heile utdanningssektoren. Vidaregåande skolar deltek òg i prosjektet. Utbygginga av hybridnett vart starta i 2008.
Departementet og institusjonane i sektoren kjøper tenester frå dotterselskapa. Vidare kan UNINETT AS tene andre institusjonar av ikkje-kommersiell art som har tilknyting til forsking og/eller utdanning.
Budsjettforslag for 2010
Gigacampusprogrammet – eit teknologiløft for å ruste opp kvaliteten på og tilgangen til campusnett i universitets- og høgskolesektoren – har fått tildelingar over statsbudsjettet fram til 2009. Det er ønskjeleg å føre vidare delar av programmet som del av den generelle verksemda til UNINETT AS. Ein tek sikte på delvis finansiering gjennom tenesteavgift frå institusjonane og delvis tildeling over statsbudsjettet.
Regjeringa foreslår å tildele om lag 22,5 mill. kroner til UNINETT AS i 2010.
Post 76 Tilskott til NORDUnet, kan overførast
Posten omfattar tilskottet til NORDUnet AS, som er ein nordisk nettverksorganisasjon som skal sikre felles nettinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane, samt knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester.
Rapport for 2008–09
Departementet tildelte om lag 18,4 mill. kroner til NORDUnet AS i 2009.
Dei nasjonale nettverksorganisasjonane eig NORDUnet AS, og selskapet er organisert som eit dansk aksjeselskap og underlagt dansk lovgiving. UNINETT AS forvaltar dei norske interessene i selskapet. NORDUnet AS og dei nordiske forskingsnetta deltek aktivt i den europeiske nettutviklinga. NORDUnet AS skal bidra til å gi nettbrukarane i dei nordiske landa høgre kvalitet og lågare pris enn det dei nasjonale nettverksorganisasjonane kan oppnå på eiga hand. Kostnadene knytte til samarbeidet i NORDUnet AS blir delte mellom medlemslanda etter brutto nasjonalprodukt.
Budsjettforslag for 2010
For å føre vidare aktiviteten foreslår regjeringa å løyve om lag 19 mill. kroner til NORDunet AS i 2010.
Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet
Posten omfattar tilskott til Universitets- og høgskolerådet (UHR), som er eit fellesorgan for institusjonsakkrediterte institusjonar innanfor høgre utdanning. Tilskottet til UHR skal fremme samordning og arbeidsdeling i universitets- og høgskolesektoren innanfor prioriterte arbeidsområde.
Rapport for 2008–09
UHR fekk i 2009 eit tilskott på om lag 13,3 mill. kroner, inklusive om lag 4,5 mill. kroner til utgiving av lærebøker. I 2009 har ein viktig del av arbeidet til UHR vore oppfølging av evalueringa av Kvalitetsreforma, av NOKUTs evaluering av allmennlærarutdanninga, og reakkrediteringa av sjukepleiarutdanninga. UHR har ført vidare arbeidet med oppfølginga av bruken av den nye bokstavkarakterskalaen.
Budsjettforslag for 2010
Regjeringa foreslår å løyve om lag 13,7 mill. kroner til UHR i 2010, inklusive 4,6 mill. kroner til utgiving av lærebøker.
Post 79 Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast
Stortinget vedtok våren 2002 å starte utbygging av ny universitetsklinikk i Trondheim. Utbygginga er delt inn i to fasar og skal innehalde areal til sjukehus-, universitets- og høgskoleformål i ein integrert universitetsklinikk. Formålet med tilskottet er å finansiere universitets- og høgskoledelen av klinikken.
Rapport for 2008–09
Første byggjefase vart ferdigstilt i 2006 og inneheld Laboratoriesenteret, Kvinne-barn-senteret, Nevrosenteret, pasienthotell og første del av Forsyningssenteret. Byggjefase to omfattar rehabilitering av 1902-bygget, andre fase av Forsyningssenteret og følgjande fire sentra: Bevegelsessenteret, Gastrosenteret, Akutten og Hjerte-lungesenteret og Kunnskapssenteret. Den største delen av utbygginga blir ferdigstilt i 2009 og 2010. Midtfløya av Gastrosenteret, og Akutten og Hjerte-lungesenteret er planlagt ferdigstilte i desember 2009/ januar 2010. Etter dette gjenstår det å rive høgblokka og å byggje Kunnskapssenteret. Med opning av Kunnskapssenteret i 2013 vil byggjefase to vere ferdig.
Det er underteikna ein sameigeavtale mellom staten ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og St. Olavs hospital HF som regulerer eigeforholda mellom partane. Avtalen omfattar rettane til eigedommen, forvaltning, drift, samt utvikling av bygga og anlegget.
Det er lagt til grunn at universitets- og høgskoleareala i fase to blir finansierte over Kunnskapsdepartementets budsjett i høve til delen av totalt areal i universitetsklinikken, men avgrensa til maksimalt 1 135 mill. kroner (prisnivå desember 2004), jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005) og St.prp. nr. 65 (2004–2005). Arealramma for universitets- og høgskoledelen av byggjeprosjektet utgjer 49 500 kvm, der om lag 22 500 kvm skal realiserast i fase to i tillegg til felles teknisk infrastruktur.
Departementet tildelte om lag 287 mill. kroner i 2009 til Helse Midt-Noreg RHF til utbygging av universitets- og høgskoledelen av St. Olavs hospital.
Sjå òg omtale av byggjeprosjektet i Prop. 1 S (2008–2009) for Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 732 post 81 Tilskott til regionale helseføretak.
Budsjettforslag for 2010
Regjeringa foreslår ei løyving på 106 mill. kroner til utbygging av universitets- og høgskoledelen av universitetsklinikken i Trondheim i 2010. For omtale av utstyr til universitets- og høgskoledelen av klinikken, sjå kap. 260 post 50.
Kap. 3281 Felles tiltak for universitet og høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
02 | Salsinntekter o.a. | 2 446 | 10 | 10 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 387 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 686 | ||
Sum kap. 3281 | 3 519 | 10 | 10 |
Programkategori 07.70 Forsking
Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
283 | Meteorologiformål | 257 270 | 282 646 | 301 932 | 6,8 |
285 | Noregs forskingsråd | 1 315 338 | 1 427 291 | 1 471 705 | 3,1 |
286 | Forskingsfond | 6 942 105 | 12 929 517 | 6 261 860 | -51,6 |
287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak | 153 800 | 211 195 | 227 623 | 7,8 |
288 | Internasjonale samarbeidstiltak | 1 203 680 | 1 317 065 | 1 463 301 | 11,1 |
Sum kategori 07.70 | 9 872 193 | 16 167 714 | 9 726 421 | -39,8 |
Budsjettforslaget for utgifter under kategori 07.70 utgjer 9,7 mrd. kroner. Reduksjonen er på 6,45 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2009 og skriv seg frå at kapitalinnskotta i dei to forskingsfonda er lågare i 2010 enn i 2009.
Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
3286 | Forskingsfond | 3 087 505 | 3 368 260 | 3 770 560 | 11,9 |
3287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak | 21 503 | 21 500 | 21 500 | 0,0 |
3288 | Internasjonale samarbeidstiltak | 3 809 | 3 843 | 4 752 | 23,7 |
Sum kategori 07.70 | 3 112 817 | 3 393 603 | 3 796 812 | 11,9 |
Budsjettforslaget for inntekter under kategori 07.70 utgjer om lag 3,8 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 403 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2009. Auken skriv seg i all hovudsak frå den auka avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping og regionale forskingsfond.
Innleiing
Regjeringa la våren 2009 fram ei ny stortingsmelding om forsking, St. meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, som vart handsama av Stortinget i juni. Meldinga dokumenterer at norsk forsking er i framgang. Den offentlege forskingsinnsatsen har hatt ein jamn realvekst. Noreg er no mellom dei OECD-landa som bruker mest offentlege forskingsmidlar per innbyggjar, og er nest etter Sverige det landet i Norden som løyver mest til forsking i absolutte tal. Noreg er på sjetteplass i verda når det gjeld vitskapleg publisering per innbyggjar. Noreg har òg hatt ein markant auke i siteringar over tid.
Regjeringa vil halde fram med å auke forskingsinnsatsen i åra framover. Forskinga skal gi oss grunnleggjande ny erkjenning, bidra til å løyse konkrete utfordringar i mange sektorar, og til at vi har eit konkurransekraftig og nyskapande næringsliv. Regjeringa held fast på målet om at dei samla offentlege og private investeringane i forsking og utvikling skal utgjere tre pst. av bruttonasjonalprodukt. Dette er eit uttrykk for kva FoU-nivået bør vere i eit kunnskapssamfunn. Den offentlege delen av målet skal utgjere om lag éin pst. av bruttonasjonalprodukt. Gjennom handsaminga av St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009) har Stortinget sett ni forskingspolitiske mål som tydeleggjer samanhengen mellom ressursane som blir sette inn i forskinga, og resultata vi får ut av ho. Fem av måla er strategiske og retta mot at forskinga skal bidra til å møte globale utfordringar, velferdsutfordringar samt å leggje grunnlaget for verdiskaping i framtida. Fire av måla er tverrgåande og retta mot forskingssystemet: eit velfungerande forskingssystem, høg kvalitet i forskinga, auka internasjonalisering av forskinga og effektiv utnytting av ressursar til og resultat frå forskinga.
Dei årlege forskingsbudsjetta skal byggje opp under dei ni forskingspolitiske måla. Det er i hovudsak dei fire tverrgåande måla retta mot forskingssystemet som blir omtalte i denne programkategorien.
Størstedelen av forskingsløyvingane under kategori 07.70 omfattar løyvingar frå Kunnskapsdepartementet til forsking gjennom Noregs forskingsråd, norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar. Kategorien omfattar også løyvingar til Meteorologisk institutt. Direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar er omtalte under kategori 07.60. Alle departementa finansierer forsking på sine område. Del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet inneheld ein meir heilskapleg omtale av dei ni forskingspolitiske måla og den samla satsinga på forsking i statsbudsjettet.
Mål: Eit velfungerande forskingssystem
I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning slår regjeringa fast at Noreg i all hovudsak har eit velfungerande system for forsking. Eit velfungerande forskingssystem handlar mellom anna om å sørgje for tilstrekkeleg forskingskapasitet i heile landet, god balanse mellom samarbeid og konkurranse, gode system for kunnskapsoverføring og ein høg etisk standard i forskinga. Tilgang på forskarutdanna personell er avgjerande for den samla kapasiteten i forskingssystemet. I eit velfungerande forskingssystem må finansieringssystema motivere til samarbeid og arbeidsdeling og gi institusjonane insitament til å fremme gode forskingsmiljø med resultat av høg kvalitet. Noregs forskingsråd har eit heilskapleg ansvar for å sørgje for at det norske forskingssystemet fungerer godt. Løyvingane under kategori 07.70 støttar opp under eit velfungerande forskingssystem.
Tilstandsvurdering
Rekruttering til forsking
I løpet av det siste tiåret har Noreg hatt ein sterk auke i utdanninga av doktorgradskandidatar. Talet på doktorgradar per år er nesten fordobla sidan 2001. Noreg har på kort tid gått frå ei plassering midt på treet til å bli mellom dei seks–sju OECD-landa med høgast forskartettleik per 1 000 sysselsette. Denne utviklinga viser at den offentlege politikken for forskarrekruttering har verka, og at kapasiteten i FoU-systemet er monaleg styrkt når det gjeld menneskelege ressursar. I 2008 vart det avlagt 1 244 doktorgradar i Noreg. Målet frå St.meld. nr. 35 (2001–2002) Kvalitetsreformen Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høgskolesektoren om 1 100 doktorgradar årleg vart såleis nådd to år før tida.
Det er fleire kjelder som finansierer doktorgradsutdanning. I tillegg til øyremerkte stillingar, kjem rekrutteringsstillingar oppretta av universitet og høgskolar, helseføretak og institutt etter eigne prioriteringar innanfor ramma av eigne budsjett. Forskingsrådet finansierer òg ei rekkje doktorgradar gjennom dei ulike satsingane sine.
Dei beste forskingsmiljøa er prega av utstrakt kommunikasjon og samarbeid. Regjeringa ønskjer auka mobilitet nasjonalt og internasjonalt, og eit stadig tettare samspel mellom UH-institusjonar, institutt, helseføretak, næringsliv og samfunnsliv. Rekrutteringstiltak er sentralt for å styrkje kunnskapsoverføringa frå forskinga til samfunnet og for at nærings- og samfunnsliv skal kunne auke forskingsinnsatsen og for å kunne nyttiggjere seg forskingsbasert kunnskap. Regjeringa har lansert nærings-ph.d.-ordninga som eit tiltak for å styrkje dette. Ordninga støttar opp under næringsrelevant langsiktig forsking med same krav til kvalitet som gjeld for all anna doktorgradsutdanning, men stipendiaten arbeider med problemstillingar som er viktige for framtidig utvikling og nyskaping i føretaket han er tilsett i.
Eit velfungerande forskingsråd
Den sentrale rolla Forskingsrådet speler i forskingssystemet, tilseier at organiseringa og innretninga av rådet er viktig for kvaliteten, profilen og utviklinga av norsk forsking. Rådet må ha verkemiddel som gir resultat som kan dokumenterast, gi kunnskapsbaserte råd og analysar og løyse oppgåvene sine effektivt.
Regjeringa meiner at rådet i all hovudsak fungerer godt, men vil sørgje for at det blir sett i verk ei evaluering av Forskingsrådet i løpet av stortingsperioden 2009–13. Evalueringa skal gi ei samla vurdering av Forskingsrådet ut frå dei overordna måla som er sette for verksemda til rådet, og vurdere desse i lys av nye utviklingstrekk. Dette tilseier ei brei evaluering. Regjeringa vil utarbeide mandatet for evalueringa, og lyse ut oppdraget internasjonalt. Det er òg sett i gang evalueringar av Innovasjon Norge og SIVA (selskapet for industrivekst SF). Begge evalueringane skal vere ferdige i 2010.
Regionale forskingsfond
Stortinget har løyvt 6 mrd. kroner til oppretting av regionale forskingsfond. Det vil gi ei avkastning på 212,4 mill. kroner i 2010. Kunnskapsdepartementet har forvaltnings- og budsjettansvaret for dei regionale forskingsfonda.
Dei regionale fonda skal supplere dei nasjonale FoU-verkemidla og styrkje forskingsinnsatsen i regionane og samspelet mellom næringsliv, høgre utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitutt og offentlege aktørar. Fonda kan finansiere næringsretta forsking, langsiktig grunnleggjande forsking og forsking for offentleg sektor.
Dei forskingsetiske komiteane
Det forskingsetiske komitésystemet er viktig for å sikre ein høg etisk standard i forskinga. Som Stortinget er informert om tidlegare, vurderer Kunnskapsdepartementet å endre det organisatoriske tilhøvet for dei forskingsetiske komiteane og Granskingsutvalet. Eit styrkt komitésystem vil bidra til høg kvalitet i arbeidet. Eit forslag om endra organisasjonstilknyting er ute til høring og Kunnskapsdepartementet vil følgje opp saka etter høringa.
Eit forskingssystem med dokumenterbare resultat
Det finst allereie eit stort faktagrunnlag om norsk forsking og det norske forskingssystemet. Regjeringa vil utvikle dette vidare gjennom å etablere eit opplegg for ei meir systematisk oppfølging av ressursar og resultat i norsk forsking. Eitbreitt sett av evalueringar, indikatorar og metodar må leggjast til grunn for vurderingane. Målet er å få fram eit kunnskapsbasert grunnlag for ein konstruktiv diskusjon om den vidare utviklinga av norsk forsking og forskingspolitikken.
Mål: Høg kvalitet i forskinga
Det er eit mål at norsk forsking skal ha høg og aukande kvalitet. Moderne vitskapleg utstyr og evna til å mobilisere menneskelege ressursar til forsking står sentralt. Det er etablert særskilde satsingar for å auke kvaliteten i norsk forsking, også retta mot dei strategiske områda i forskingspolitikken. Viktige delmål for auka kvalitet i åra framover er:
Norsk forsking skal score høgt i internasjonale samanlikningar av bibliometriske indikatorar for publisering og sitering.
Norske forskarar skal publisere i leiande tidsskrift.
Norsk forsking skal ha auka utteljing i utlysningane til det europeiske grunnforskingsrådet.
Norsk forsking skal vise framgang i internasjonale fagevalueringar.
Det norske forskingssystemet måler og premierer kvalitet på ulike sett som gjennom nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og gjennom systematisk oppbygging av kompetanse. Kvalitet i forsking blir vurdert gjennom fagfellevurderingar og ved større evalueringar av forskingsmiljø eller fagområde. Det er òg innført konkurransebaserte finansieringssystem for universitet og høgskolar, helseføretak og for forskingsinstitutta.
Tilstandsvurdering
Å måle kvalitet i forsking og forskingssystemet er krevjande, men det er teikn på at norsk forsking er i framgang.
Publiseringsdata er mykje nytta som indikator for resultat av forsking på makronivå. Grunnlaget for bruk av slike indikatorar er at ny kunnskap blir formidla til det vitskaplege samfunnet gjennom publikasjonar. For at ein artikkel skal kunne publiserast i eit internasjonalt vitskapleg tidsskrift, må han vurderast og godkjennast av fagfellar på området.
Ser ein på vitskapleg publisering per innbyggjar, var Noreg på sjetteplass i verda i 2007, jf. figur 4.5. Noreg er også blant dei nasjonane som har hatt størst auke i publiseringar dei siste åra.
Medan talet på publikasjonar er eit uttrykk for omfanget av den vitskaplege produksjonen, seier siteringar noko om kva for ein innverknad forskinga har hatt. Ut frå dette blir siteringar ofte nytta som indikator på vitskapleg innverknad, og dermed som eit partielt mål for kvalitet. Relativ siteringsindeks er ein mykje brukt indikator for internasjonale samanlikningar av siteringar. Han seier om publikasjonane til eit land er meir eller mindre siterte enn verdsgjennomsnittet. Noreg har gått frå ein posisjon under verdsgjennomsnittet i starten av 1980-åra til over verdsgjennomsnittet i 2007. Figur 4.5 syner at Noreg rangerte som nummer tolv av dei 18 europeiske landa som her er med i samanlikninga, med ein siteringsindeks på 122. Dette vil seie at dei norske artiklane vart siterte 22 pst. over verdsgjennomsnittet i perioden 2006–07.
I likskap med publiseringar er det store variasjonar mellom fagområda når det gjeld siteringar. Indeksen ovanfor tek likevel omsyn til dette ved å vekte siteringar i faga ulikt. Dermed tillèt denne indeksen direkte internasjonal samanlikning. Siteringsdata har derimot avgrensa relevans som indikator for kvaliteten på dagens forsking ettersom ein artikkel kan bli sitert fleire år etter at han er publisert.
Kvalitet i spiss og breidde
Forskingsfinansieringa gjennom Noregs forskingsråd sikrar kvalitet ved at forskarar frå heile landet må konkurrere om midlar. Søknadene blir vurderte av fagpanel med internasjonal deltaking, og berre dei søknadene som får best vurdering, får finansiering. Forskingsrådet har ein portefølje av verkemiddel som er retta mot alle typar forskingsmiljø, frå universitet og høgskolar til forskingsinstitutt og næringsliv. Målet om høg kvalitet i forskinga på alle fagområde ligg også til grunn for det nye finansieringssystemet for forskingsinstituttsektoren, som vart innført frå 2009.
Dei viktigaste spiss-satsingane i norsk forsking dei seinare åra er organiserte gjennom Noregs forskingsråd ved ordningane med senter for framifrå forsking (SFF), yngre framifrå forskarar (YFF) og senter for forskingsdriven innovasjon (SFI).
Kvalitet på strategiske område
I tillegg til satsinga på kvalitet som er uavhengig av fagområde, satsar regjeringa også særskilt på å byggje solide kunnskapsmiljø på utvalde område, jf. dei fem strategiske måla i forskingspolitikken.
Ordninga med forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) er ei kraftfull satsing for å heve kvaliteten på norsk forsking og for å framskaffe kunnskap og løysingar på bestemte temaområde. I sentra går utvalde forskingsmiljø og næringslivet saman om ei satsing på teknologi innanfor bestemte tema. Dei åtte sentra som er etablerte, ligg innanfor temaområda karbonfangst og -lagring, offshorevindkraft, bioenergi, solceller, energieffektive og miljøvennlege bygningar og designløysingar for fornybar energi.
Det er vidare etablert eit verkemiddel kalla Store program i Noregs forskingsråd for å sørgje for solid og langsiktig finansiering av prioriterte område i forskingspolitikken. Dei sju programma dekkjer forsking innanfor bioteknologi, IKT, nanoteknologi, havbruk, klima, rein energi og petroleum. Verkemiddelet Store program har vorte evaluert. Evalueringspanelet peikar på mangel på effektiv samordning av aktiviteten innanfor dei nasjonalt prioriterte tema- og teknologiområda som ein vesentleg faktor for at verkemiddelet ikkje har vorte så slagkraftig som Forskingsrådet la til grunn ved oppstart av programma. Panelet peikar òg på at humaniora og samfunnsfag er lite integrerte i programma. Regjeringa vil i dialog med Forskingsrådet vurdere om verkemiddelet Store program har fått ei god form. For meir omtale av programma, sjå kap. 285.
Likestilling
Ingenting er viktigare for kvaliteten på norsk forsking og høgre utdanning enn å rekruttere dei dyktigaste menneska til forsking i universitets- og høgskolesektoren, i helseføretaka, i forskingsinstitutta og i næringslivet. Da må det rekrutterast studentar og forskarar frå begge kjønn til alle fag. Den kompetansen og dei talenta som finst i befolkninga, skal utnyttast best mogleg.
Kvinner utgjer eit fleirtal blant studentane og stipendiatane, men blir færre dess høgre ein kjem på karrierestigen. Blant professorane er det berre 18 pst. kvinner. Det er store skilnader mellom fagområda. I naturvitskap er berre ti pst. av professorane kvinner. I teknologi er talet seks pst. Departementet vil setje i verk ei insentivordning for å auke talet på kvinner i fag der dei er særleg underrepresenterte, jf. omtale under kategori 07.60.
Komité for integreringstiltak – Kvinner i forsking (Kif-komiteen) skal arbeide for å auke kvinnedelen på fagområde med få kvinner, og verke med til at fleire kvinner skal kvalifisere seg til faste akademiske stillingar, særleg toppstillingar. Mandatet til komiteen omfattar både universitets- og høgskolesektoren og instituttsektoren. Komiteen vart oppnemnd for andre gongen i 2007, med ein ny samansetnad. Det vart sett av 3 mill. kroner til komiteen i 2008, halvparten blir tildelt gjennom Forskingsrådet. Komiteen er oppnemnd ut mars 2010. Departementet tek sikte på å føre ordninga med ein slik komité vidare.
Forskingsinfrastruktur
Tilgang på oppdatert vitskapleg utstyr og annan forskingsinfrastruktur er avgjerande for kvalitet, rekruttering og internasjonalisering. Deler av utstyrsbehovet kan dekkjast nasjonalt, medan særleg avansert og kostbar infrastruktur ofte gjer samarbeid mellom fleire land hensiktsmessig.
Nivået på norsk forskingsinfrastruktur står heilt sentralt for Noregs evne til å trekkje til seg dei beste stipendiatane og dei beste nasjonale og internasjonale forskarane. Også konkurransekrafta i næringslivet avheng av kompetanse og teknologi utvikla i samarbeid med akademiske miljø med tilgang til moderne vitskapleg utstyr.
I statsbudsjettet for 2009 vart avkastninga av fire mrd. kroner frå Fondet for forsking og nyskaping øyremerkt til infrastruktur frå 2010. Det gir ei stabil, årleg løyving til forskingsinfrastruktur på om lag 140 mill. kroner frå 2010. Stortinget slutta seg til ein slik finansieringsmekanisme i behandlinga av St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009). Finansieringsmekanismen gjer det mogleg å planleggje investeringane framover, både i forskingsinstitusjonane og i Noregs forskingsråd. Fondsavkastning som blir øyremerkt forskingsinfrastruktur, skal nyttast både nasjonalt og internasjonalt.
Stortinget har òg slutta seg til forslaget frå regjeringa til arbeids- og ansvarsdeling mellom institusjonane for basisutstyr, infrastruktur av nasjonal karakter og internasjonal forskingsinfrastruktur. Målet er å få samordna investeringar og drift slik at ressursane blir nytta best mogleg. Forskingsinstitusjonane har ansvaret for å kjøpe inn lokalt basisutstyr.
Ein del av midlane for 2010 er allereie utlyst og tildelt av Noregs forskingsråd. Tildelinga har mellom anna gått til Norwegian Data Storage Infrastructure hos UNINETT Sigma AS, Biobank Norway hos Nasjonalt folkehelseinstitutt og National Surface and Interface Characterization Laboratory hos SINTEF.
European Strategy Forum on Research Infrastructures (ESFRI) er eit viktig rådgivande organ for EU-kommisjonen. Da ESFRIs vegkart for paneuropeisk forskingsinfrastruktur vart oppdatert i desember 2008, kom to norskinitierte prosjekt med på det reviderte vegkartet: Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS), eit arktisk observasjonssystem på Svalbard, og European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure (ECCSEL), ei oppgradering og utvikling av unike laboratorium, samt målretta nettverksbygging for å betre den europeiske konkurranseevna innanfor fangst og lagring av karbondioksid. I tillegg har Noreg interesser i elleve andre prosjekt på ESFRI-vegkartet. Som vertsland tek Noreg på seg å finansiere ein tredel av dei samla kostnadene. Det inneber at dei aktuelle forskingsmiljøa kan søkje om midlar gjennom Noregs forskingsråd.
Regjeringa har vedteke at Noreg skal delta i European Spallation Source (ESS), verdas største nøytronstrålingskjelde. ESS skal byggjast i Lund, og dei første nøytrona er forventa produserte i 2018. Ein medlemskap i ESS får økonomiske konsekvensar for Noreg først i 2012, og vil bli omtalt i forbindelse med budsjettet for dette året.
For norske forskarar er òg medlemskap i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar avgjerande for tilgang til oppdatert, avansert forskingsutstyr. Deltaking av norske fagmiljø ved til dømes European Organization for Nuclear Research (CERN) og European Syncrothron Radiation Facility (ESRF) er samstundes viktige bidrag til internasjonalisering av norsk forsking.
Mål: Internasjonalisering av forskinga
Internasjonalt forskingssamarbeid sikrar kvalitet i norsk forsking og gir norske forskingsmiljø, også i næringslivet, tilgang til den internasjonale kunnskapsfronten. Noreg er i høg grad avhengig av å hente kunnskap frå utlandet for å utvikle velferdssamfunnet og auke verdiskapinga. Norsk forsking og kompetanse gir også viktige bidrag til den internasjonale kunnskapsutviklinga. Arbeidet for internasjonalisering av norsk forsking skal bidra til
å styrkje kvaliteten, relevansen og verdien av norsk forsking for kunnskapsbasert nærings- og samfunnsutvikling
å gjere norske forskarar i stand til å dra nytte av kunnskap og teknologi utvikla i utlandet
å gjere norske forskarar til attraktive samarbeidspartnarar for framifrå internasjonale fagmiljø
å tiltrekkje gode forskarar, samt oppdragsfinansiering frå utlandet
å dele risiko og kostnader knytte til store investeringar, til dømes i forskingsinfrastruktur
global kunnskapsutvikling og kapasitetsbygging i land under utvikling
Internasjonalt forskingssamarbeid skjer i stor grad gjennom uformelle kontaktar og nettverk mellom personar og mellom miljø. I tillegg kjem eit aukande formalisert samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, og gjennom bilaterale avtalar på statleg nivå og mellom institusjonar. Noreg tek del i fleire internasjonale fellessatsingar, som EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar, utvikling av det europeiske forskingsområdet (ERA), internasjonale grunnforskingsorganisasjonar og organisasjonar innanfor teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar, som EUREKA.
Tilstandsvurdering
Internasjonaliseringa av norsk forsking syner positiv utvikling. Til dømes:
Delen av dei samla ressursane til norsk forsking som kjem frå utanlandske kjelder, er om lag på gjennomsnittet i EU.
Av det vitskaplege og faglege personalet med doktorgrad ved norske universitet, høgskolar og forskingsinstitutt, har 20 pst. graden sin frå eit utanlandsk universitet.
Kvar fjerde disputas ved norske institusjonar blir gjennomførd av ein utanlandsk statsborgar.
Etter to år i EUs sjuande rammeprogram for forsking er det norsk deltaking i 13 pst. av prosjekta som er innstilte til finansiering.
Profilen på Noregs internasjonale samarbeid har vorte breiare, men har tyngde på viktige land innanfor forsking og teknologi. I det sjuande rammeprogrammet for forsking samarbeider norske deltakarar med forskarar frå 89 av dei 180 landa som deltek i programmet. Det er mest samarbeid med dei største landa – Tyskland, Storbritannia og Frankrike. Publiseringsstatistikk syner at USA framleis er det viktigaste enkeltlandet når det gjeld internasjonalt samarbeid om forskingsartiklar, følgd av Sverige, Storbritannia, Tyskland og Danmark. Utanfor Europa og Norden har det særleg vore ein auke i samarbeid om artiklar med Russland, Japan, Australia og Kina. Ein ny trend er at multilateralt samarbeid om artiklar aukar.
Det er viktig å føre vidare innsatsen for internasjonalisering av norsk forsking. Ressursar til internasjonalt forskingssamarbeid har auka, men på same tid har ressursane målte som del av BNP gått ned. Dei offentlege løyvingane aukar særleg knytte til deltakinga i EUs rammeprogram for forsking. Kunnskapsdepartementet ferdigstilte våren 2008 ein strategi for Noregs samarbeid med EU om forsking og utvikling. Det er eit mål at finansiering frå det sjuande rammeprogrammet til norske forskarar, forskingsinstitusjonar og verksemder skal auke. Noregs forskingsråd har ei viktig oppgåve i å bidra til god utnytting av Noregs deltaking i programmet, jf. kap 285.
Noregs deltaking i det sjette rammeprogrammet (2002–06) og første del av det sjuande rammeprogrammet (2007–08) er under evaluering. NIFU STEP legg fram ein evalueringsrapport i oktober 2009. Evalueringa skal vurdere resultat frå deltakinga, rammeprogrammet som forskingspolitisk verkemiddel og det nasjonale arbeidet med deltakinga i programma. Evalueringa vil gi innspel til den vidare utviklinga av politikk og tiltak for god norsk deltaking i rammeprogrammet.
Utviklinga av det europeiske forskingsområdet, ERA vil styrkje det europeiske forskingssamarbeidet. Noreg tek del i dette arbeidet, som er eit initiativ for å styrkje samordning og samhandling mellom forskarar, forskingsaktivitet og politikk i Europa. Dette inneber mellom anna nye, store samarbeidsinitiativ utanfor rammeprogrammet knytte til dei store globale utfordringane innanfor klima, energi, helse og miljø. I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning skisserer regjeringa kva for spesifikke ERA-initiativ det er særleg aktuelt at Noreg tek del i.
Mål: Effektiv utnytting av resultat og ressursar
Ressursane som blir tilførde norsk forsking, skal utnyttast så effektivt som mogleg. Det er viktig at forskinga blir formidla og kjem til nytte. For at forskinga skal bli brukt, må resultata og metodane som har skaffa fram resultata, bli gjorde kjende og tilgjengelege. Gjennom publisering, kommersialisering og annan samfunnskontakt skal forskingsresultata føre til verdiskaping, løyse konkrete samfunnsutfordringar, utvikle nye produkt og utvikle vidare forskinga og den forskingsbaserte undervisninga. Offentleggjering og publisering gjer forskinga synleg og mogleg å etterprøve, og er ein føresetnad for den tilliten samfunnet har til forskarar og forsking. Open tilgang til forskingsdata og forskingsresultat er nødvendig for å auke tilgangen til noverande kunnskap og sikre samfunnet ein uavhengig kunnskapsbase. Open tilgang til forskingsdata og resultat er også viktig ut frå effektivitetsvurderingar.
Regjeringa ventar at delen offentleg finansierte vitskaplege artiklar som er ope tilgjengeleg, aukar monaleg. Forskingsrådet har vedteke prinsipp om at fagfellevurderte vitskaplege artiklar som byggjer på forsking heilt eller delvis finansiert av Forskingsrådet skal arkiverast i eigne arkiv ved institusjonane. Rådet understrekar at kravet om slik arkivering ikkje skal komme i konflikt med dei akademiske og juridiske rettane til forfattaren. For omtale av kommersialisering, sjå kategori 07.60.
Strategiar og tiltak
Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 5 mrd. kroner frå 1. januar 2010. Samla kapital blir da 77 mrd. kroner. Avkastninga av to tredelar av kapitalauken er øyremerkt forskingsinfrastruktur. Dersom renta held seg på det same nivået som i dag, vil det gi om lag 140 mill. kroner i auka løyvingar til forskingsinfrastruktur frå 2011.
Den øyremerkte løyvinga til forskingsinfrastruktur kjem i tillegg til dei auka løyvingane som vart vedtekne i samband med statsbudsjettet for 2009. Da vart avkastninga av 4 mrd. kroner av kapitalauken i Forskingsfondet øyremerkt infrastruktur. Avkastninga av denne kapitalen, 141,6 mill. kroner, blir tildelt Forskingsrådet i 2010, jf. omtale under kap. 286 post 50. Midlane skal både nyttast nasjonalt og til norsk deltaking i viktige internasjonale forskingsinfrastrukturar.
I statsbudsjettet for 2009 vart det oppretta regionale forskingsfond med ein fondskapital på 6 mrd. kroner. Avkastninga vil i 2010 vere på 212,4 mill. kroner. Dei regionale forskingsfonda skal styrkje forskingsevna gjennom regional forsking og innovasjon og vil støtte FoU-prosjekt initierte av både offentlege og private verksemder og forskingsmiljø. Formålet med fonda er vidare å bidra til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til auka kvalitet i forskinga. Sjå omtale under kap. 286 post 60.
Som ei oppfølging av Klimaforliket frå 2008 foreslår regjeringa å auke løyvingane til forsking og utvikling innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring med 300 mill. kroner. Sjå omtale i del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet. Av desse midlane blir 65 mill. kroner løyvde over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Desse midlane vil gå til rekruttering, grunnforsking, infrastruktur, internasjonalt forskingssamarbeid og styrking av samfunnsfagleg forsking på feltet, samt til forsking knytt til globale utfordringar. Samfunnsfagleg forsking og innsatsen innanfor internasjonalt samarbeid knytt til fornybar energi og karbonfangst og -lagring vil også bli finansiert over budsjetta til andre departement.
Vidare foreslår regjeringa å løyve 50 mill. kroner til anna klimaforsking. Dette vil gi eit styrkt kunnskapsgrunnlag for klimapolitikken, og for tilpassing, tiltak, verkemiddel og næringsutvikling innanfor ulike sektorar. Satsinga blir finansiert over budsjettet til fleire departement. 31 mill. kroner er foreslått løyvd over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Midlane skal gå til å etablere eit klimaforskingssenter i Bergen, til grunnforsking og rekruttering i programmet NORKLIMA, til delar av Noregs kontingent til nordisk toppforskingsprogram om energi, miljø og klima, samt til å finansiere det strategiske samarbeidsforumet for klimaforsking, Klima21. Sjå også omtale i del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Som varsla i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, set regjeringa ned eit ekspertutval som skal gå gjennom mål- og resultatstyring i forskingssektoren og foreslå endringar som bidreg til høgast mogleg samfunnsøkonomisk avkastning av forskingsinnsatsen. Utvalet skal mellom anna foreslå resultatindikatorar for forskingssektoren. Vidare skal utvalet ta utgangspunkt i at forskinga skal ha høg kvalitet, og at staten også har eit viktig ansvar for grunnforsking.
For å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken foreslår Kunnskapsdepartementet å etablere eit nytt forskingsprogram for forsking om forsking og innovasjon, FORFI. Det vart løyvd 2 mill. kroner til satsinga i 2009. Departementet foreslår å auke løyvinga til 7 mill. kroner i 2010, jf. kap. 287 post 21.
Ei arbeidsgruppe oppnemnd av Kunnskapsdepartementet har vurdert moglegheitene for å etablere ein felles database for vitskapleg publisering for universitet, høgskolar, helseføretak og forskingsinstitutt. Arbeidsgruppa foreslår oppretting av Norsk vitskapsindeks (NVI) og tilrår at NVI inngår i eit større nasjonalt system for informasjon om norsk forsking. Innstillinga frå arbeidsgruppa har vore ute til høring i alle tre sektorane, og det er stor tilslutning til oppretting av NVI. I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning legg regjeringa til grunn at all offentleg finansiert forsking skal vere offentleg tilgjengeleg, så sant ikkje andre omsyn hindrar det. Etablering av Norsk vitskapsindeks (NVI) vart trekt fram som eit tiltak som skal medverke til auka tilgang til offentleg finansierte forskingsresultat. Departementet vil i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet etablere NVI med sikte på drift frå 2011.
Regjeringa vil styrkje det bilaterale forskingssamarbeidet med Kina. I samband med dette skal det opprettast ei ny stilling som vitskapsråd ved den norske ambassaden i Beijing.
Å sikre god samhandling og synergi, og ei god arbeidsdeling mellom nasjonal forskingsinnsats og -prioriteringar og deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er ei sentral utfordring i arbeidet med å leggje til rette for internasjonalisering av norsk forsking. Dette gjeld ikkje minst det europeiske samarbeidet om forsking og utvikling. Regjeringa legg derfor vekt på å styrkje det heilskaplege strategiarbeidet knytt til Noregs internasjonale forskingssamarbeid. Kunnskapsdepartementet vil byggje vidare på strategien for Noregs samarbeid med EU om forsking og utvikling og bidra til ei strategisk tilnærming til nye ERA-initiativ.
Bilaterale avtalar om forsking og teknologi er viktige for å styrkje forskingssamarbeidet og forskingspolitisk dialog og samarbeid på område av felles interesse. Regjeringa vil utvikle ein strategi også for det bilaterale forskings- og teknologisamarbeidet. Som for det multilaterale samarbeidet innanfor ramma av EU er det ei grunnleggjande utfordring å skape betre synergi mellom det bilaterale forskingssamarbeidet og nasjonale FoU-prioriteringar.
Det internasjonale forskingssamarbeidet til norske forskarar, institusjonar og verksemder er i sterk utvikling, og det blir teke nye initiativ for å styrkje internasjonaliseringa av norsk forsking. Det gir eit behov for meir kunnskap om utviklinga i det internasjonale samarbeidet. Kunnskapsdepartementet vil styrkje arbeidet med kunnskapsgrunnlaget på dette området mellom anna gjennom det nye forskingsprogrammet FORFI.
Rapport for 2008–09
Teksten over er strukturert etter måla i den nye stortingsmeldinga om forsking St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning. Desse måla er på mange område overlappande med måla som vart sette for forskingsløyvingane i budsjettproposisjonen for 2008. Rapporteringa på måla for 2008 finn ein både i kategoriinnleiinga over og under rapporteringa på måla for kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50.
Kap. 283 Meteorologiformål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
50 | Meteorologisk institutt | 221 677 | 231 431 | 244 337 |
72 | Internasjonale samarbeidsprosjekt | 35 593 | 51 215 | 57 595 |
Sum kap. 283 | 257 270 | 282 646 | 301 932 |
Post 50 Meteorologisk institutt
Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Oppgåvene til Meteorologisk institutt er mellom anna å varsle vêret, studere klimaet, drive forskings- og utviklingsarbeid og formidle resultata av arbeidet. Varsling av ekstreme vêrtilhøve og dermed sikring av liv og verdiar har aller høgste prioritet. Meteorologisk institutt har òg andre viktige beredskapsoppgåver. Beredskapstenestene omfattar mellom anna varsling ved atomulykker som gir utslepp til luft eller hav.
Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Instituttet har folk i arbeid på Jan Mayen, Bjørnøya, Hopen og Svalbard. Den aukande aktiviteten i nordområda krev gode vêrmeldingar. Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.
Rapport for 2008–09
Måla for 2008–09 vart i hovudsak nådde, og departementet er tilfreds med måloppnåinga til instituttet. Instituttet kan dokumentere betre bølgjevarsling og ein positiv trend i retning av høgre kvalitet for modellberekna vind- og temperaturvarsel. Instituttet vil arbeide vidare med å gjere varsla, og spesielt nedbørprognosane, betre.
Det er gjort ein stor innsats med å utvikle formålstenleg IT-verktøy. Desse har gjort det enklare for meteorologane å kvalitetssikre berekningane til modellane før dei blir presenterte for brukarar. I løpet av 2008 vart det også utvikla eit system for å måle regularitet på sentrale delar av den prioriterte produksjonen.
Forskinga ved instituttet hadde i 2008 eit nordområdefokus som følgje av det Internasjonale polaråret (IPY). Instituttet har hatt hovudansvaret for klimautgreiingane i NorACIA (Norsk oppfølging av Arktisk råd-prosjektet Arctic Climate Impact Assessment). Det er utarbeidd oversyn over klimautviklinga i norsk Arktis i løpet av dei siste 100 åra, og over projisert utvikling fram til år 2100. Det er òg utvikla ein regional klimamodell med fokus på Svalbardområdet. Arbeidet med langtransporterte luftforureiningar i Europa vart utvida i 2008 ved at Meteorologisk institutt varslar luftforureingsnivå på europeisk skala for dei neste døgn.
Medarbeidarane ved instituttet hadde leiarverv i viktige nasjonale og internasjonale aktivitetar. Talet på vitskaplege publiseringar auka i 2008.
Ved utgangen av 2008 vart det dagleg samla inn observasjonar frå 220 vêrstasjonar og 381 enkle manuelle nedbørstasjonar. Vêrradaren på Sluskefjellet på Sørøya i Vest-Finnmark vart sett i drift hausten 2008, som instituttets sjuande vêrradar. Ny radar for austlandet på Hurum skal etter planen setjast i drift i løpet av 2010. Radaren på Hurum skal erstatte radaren i Asker, som har vore i drift sidan 1992.
Informasjon om atmosfæren er nødvendig for å kunne gi numeriske prognosar for vêret fram i tid. Meteorologisk institutt har sidan 1948 målt atmosfæren sin tilstand i Norskehavet ved radiosondemålingar frå vêrskipet Polarfront. Dei siste åra har data frå meteorologiske satellittar vorte stadig betre og kan erstatte målingar som tidlegare vart utførte ved andre metodar, mellom anna gjennom oppsending av radiosondar. På bakgrunn av dette har Meteorologisk institutt sagt opp avtalen om leige av vêrskipet Polarfront med verknad frå 1. januar 2010.
For tredje året på rad vart Meteorologisk institutt kåra til den statsetaten som har best omdøme i Noreg i målinga til MMI-Synovate.
Utviklinga av vêrportalen yr.no var målretta og effektiv, og mange nye tenester vart lanserte. Talet på brukarar auka i løpet av året. Brukartoppen er førebels rundt 2,3 millionar unike brukarar i løpet av ei veke. Medarbeidarar ved instituttet møtte publikum gjennom fleire hundre foredrag, forelesingar eller andre formidlingsaktivitetar i 2008.
På bakgrunn av mellom anna ei vurdering av formålet med Meteorologisk institutt og den framtidige marknaden for kommersielle meteorologiske tenester, vart det vedteke å leggje ned marknadsavdelinga ved Meteorologisk institutt frå 31. desember 2008. Frå 2009 er den kommersielle aktiviteten ved instituttet avgrensa til fagleg interessante oppdrag som utviklar kompetansen til instituttet vidare og dermed styrkjer kjerneverksemda.
Finansdepartementet har i samråd med dei fagdepartementa det gjeld etablert nye prosedyrar for innrapportering av dei nettobudsjetterte verksemdene si kontantbehaldning per 31. desember med verknad for statsrekneskapen for 2009. Det er i samband med budsjettproposisjonen for 2010 utarbeidd ein standardtabell med nøkkeltal for Meteorologisk institutt som gir ei oversikt over verksemda si kontantbehaldning per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldninga skal nyttast til. Formålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane, sjå tabell 5.1 i vedlegg 5.
Mål for 2010
Meteorologisk institutt skal auke kvaliteten på varsla for vêr, hav og miljø
Meteorologisk institutt skal utvikle vidare sitt observasjonssystem for vêrvarslings- og klimaformål
Meteorologisk institutt skal utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta
Meteorologisk institutt skal betre kunnskapen om dagens klima i Noreg og om klimautviklinga i fortid og framtid
Meteorologisk institutt skal vere påliteleg, tilgjengeleg og relevant i all kommunikasjon
Budsjettforslag for 2010
Tungrekneressursar er ein viktig del av den operasjonelle vêrvarslinga ved Meteorologisk institutt. Forskingsrådet har sidan 1986 hatt ansvaret for nasjonale tungrekneressursar, og har motteke ei årleg løyving på 22 mill. kroner til formålet. Meteorologisk institutt har nytta ein del av den samla tungreknekapasiteten. Meteorologisk institutt sitt forbruk av tungrekneressursar har lege på 25 pst. av den samla løyvinga, det vil seie 5,5 mill. kroner, i perioden 2005–07. For å styrkje den strategiske styringa av Meteorologisk institutt sine tungrekneressursar til operasjonell vêrvarsling, blir det foreslått å splitte løyvinga til tungrekning mellom Meteorologisk institutt og Noregs forskingsråd. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 5,5 mill. kroner. Løyvinga på kap. 285 post 52 blir foreslått redusert tilsvarande. Ellers foreslår departementet å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2009.
Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt
Formålet med ordninga er å medverke til at Noreg kan ta del i internasjonale meteorologiske organisasjonar og prosjekt, og slik medverke til å dra nytte av utvikling og forbetring av meteorologiske tenester. Mellom anna skjer det mykje internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar. Midlane går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:
Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)
Den europeiske orgnanisasjonen for utnytting av meteorologiske satelittar (EUMETSAT)
Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)
Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, ECOMET, EuroGOOS og Hirlam)
Meteorologisk institutt er aktivt med i fleire internasjonale meteorologiorganisasjonar. I 2008 vart det arbeidd for at ei rekkje tiltak skulle gjennomførast for å auke kvaliteten på tenestene frå Meteorologisk institutt. Dette gjaldt mellom anna eit nytt system i WMO for utveksling av data mellom medlemslanda. Systemet er i ferd med å bli utvikla vidare slik at og eksterne brukarar kan få tilgang til meteorologiske data. Polarbanesatelitten Metop A fungerte ikkje etter siktemålet etter oppskytinga i 2006. Sidan den gong er det arbeidd med forbetringar av satelitten. Den fungerer no betre og er nyttigare enn først venta. Frå 2010 vil samarbeidet i EUMETNET bli ført vidare i ei ny organisasjonsform. EUMETNET vil frå 2010 bli omdanna frå eit nettverk til ein «Economic Interest Grouping» (EIG) underlagd belgisk lov.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med om lag 6,4 mill. kroner i høve til 2009. Auken skyldast i hovudsak høgre kontingentar til EUMETSAT, noko som heng saman med faseforskyving av utgifter frå tidlegare år.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
52 | Forskingsformål | 1 082 631 | 1 184 345 | 1 220 985 |
55 | Administrasjon | 232 707 | 242 946 | 250 720 |
Sum kap. 285 | 1 315 338 | 1 427 291 | 1 471 705 |
Noregs forskingsråd er det viktigaste verkemiddelet regjeringa har for å sikre gjennomføring av forskingspolitikken. Gjennom å fordele midlar til forskingsprosjekt av høg kvalitet bidreg Forskingsrådet til at Noreg utviklar seg som kunnskapssamfunn.
Forskingsrådet har ansvaret for forsking innanfor alle fagområde og har eit breitt spekter av verkemiddel frå grunnforsking til innovasjon. Nokre verkemiddel er retta mot den einskilde forskaren eller verksemda, medan andre støttar senterdanningar og infrastruktur.
Ei av dei viktigaste oppgåvene for Forskingsrådet er å sikre kvalitet i fordelinga av forskingsmidlar. Dette skjer gjennom at midlane i hovudsak blir tildelte etter konkurranse etter ei vurdering av søknadene i internasjonale fagpanel. Berre dei prosjekta som får best vurdering, blir tildelte støtte. Forskingsrådet har vidare ei viktig rolle i å sjå ulike forskingsområde i samanheng, mellom anna ved å knyte saman anvend forsking og grunnforsking.
Forskingsrådet får løyvingar frå 16 ulike departement, og finansierer i 2009 forsking for over 6 mrd. kroner. Frå 2010 er det utvikla ein felles målstruktur som skal gjelde for tildelingane frå alle departementa til Forskingsrådet. Målstrukturen byggjer opp under dei forskingspolitiske måla som vart presenterte i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning.Dei forskingspolitiske måla og den nye målstrukturen til Forskingsrådet er nærmare omtalte i del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet. Dette kapitlet viser òg den samla satsinga på forsking i statsbudsjettet.
Omtalen under gjeld Kunnskapsdepartementets løyvingar til Forskingsrådet. Løyvingar frå dei andre departementa er presenterte i del. III kap. 5. Kap. 5 gir òg ein omtale av den nye målstrukturen som blir innførd frå 2010. På grunn av ny målstruktur vil rapportering om korleis Forskingsrådet har nytta løyvingane sine i 2008, relatere seg til ein annan målstruktur enn det som vil vere måla for 2010.
Forskingsløyvingane frå Kunnskapsdepartementet til Forskingsrådet går i all hovudsak over to kapittel: kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50. Kunnskapsdepartementet finansierer i tillegg utdanningsforsking, jf. omtale under kap. 226, og kap. 231 og særskilde satsingar retta mot universitets- og høgskolesektoren, jf. omtale under kap. 281.
Kap. 285 post 52 er Kunnskapsdepartementets løyving til grunnforsking innanfor alle fagområde. Posten dekkjer midlar til fri prosjektstøtte, forskingsprogram, vitskapleg utstyr, internasjonaliseringstiltak og strategi- og informasjonsarbeid i Forskingsrådet. Forskingsløyvingane over denne posten er særleg retta inn mot å fremme kvalitet i breidda, dvs. forsking av god kvalitet uavhengig av fagområde.
Kap. 286 post 50 gjeld overføring frå Fondet for forsking og nyskaping til Noregs forskingsråd, og finansierer m.a. tverrgåande hovudprioriteringar i forskingspolitikken. Nokre av programma til Forskingsrådet blir finansierte med midlar frå både kap. 285 post 52 og kap 286 post 50.
Målstrukturen for løyvingane frå Kunnskapsdepartementet til Noregs forskingsråd er i stor grad overlappande for kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50. Måla for 2008 var:
å sørgje for at dei beste forskingsmiljøa får gode vilkår uavhengig av fagområde (og bransjar)1
å følgje opp dei tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingsmeldinga
å bidra til god og balansert rekruttering til norsk forsking, med vekt på postdoktornivå
å sørgje for god nasjonal arbeidsdeling og prioritering i samband med investeringar i avansert vitskapleg utstyr og infrastruktur
å bidra til styrkt internasjonalisering av norsk forsking
å drive systematiske fag- og disiplinevalueringar og følgje opp desse (berre kap. 285 post 52)
Den følgjande rapporten gir ei vurdering av måloppnåinga for kvart av desse måla for kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50. Dei ulike verkemidla vil i mange tilfelle rette seg mot fleire av måla og same løyving vil derfor bidra til å oppfylle fleire mål.
Mål 1: Å sørgje for at dei beste forskingsmiljøa får gode vilkår uavhengig av fagområde (og bransjar)
Tildeling av midlar utelukkande gjennom kvalitativ konkurranse utan å ta omsyn til relevans eller fagområde gjer at dei beste forskingsmiljøa og dei beste forskarane får drive fram forskinga si. På denne måten sikrar ein at forskinga blir prega av høg kvalitet og mangfald.
Forskingsrådet sørgjer for dette gjennom å tildele midlar til verkemiddel som fri prosjektstøtte, Senter for framifrå forsking (SFF), STORFORSK, Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), Yngre framifrå forskarar (YFF) og brukarstyrt innovasjonsarena (BIA). Ordninga med gåveforsterking er òg open for alle fagområde og bidreg òg til ein viss grad til dette målet.
Kunnskapsdepartementet løyver midlar til desse verkemidla over to postar: kap. 286 post 50 og kap. 285 post 52. Til saman vart det brukt 942,5 mill. kroner. Tabellen nedanfor viser korleis dei ulike verkemidla blir finansierte over Kunnskapsdepartementets budsjett. Fleire av verkemidla får òg midlar frå andre departement.
Tabell 4.17 Noregs forskingsråds tildeling til dei ulike verkemidla under mål 1 i 2008
(i 1000 kroner) | ||
---|---|---|
Verkemiddel | Kap. 285 post 52 | Kap. 286 post 50 |
Senter for framifrå forsking | 205 805 | |
Senter for forskingsdriven innovasjon | 120 000 | |
STORFORSK | 61 000 | |
Yngre framifrå forskarar | 11 000 | |
Brukarstyrt innovasjonarena | 20 000 | |
Gåverforsterkingsordninga | 76 500 | |
Fri prosjektstøtte | 448 165 | |
Sum | 448 165 | 494 305 |
Store delar av den forskarinitierte forskinga i Noreg blir finansierte gjennom dei direkte løyvingane til universiteta og høgskolane, sjå omtale i kategori 07.60.
Gjennom Forskingsrådets verkemiddel fri prosjektstøtte skal ein sikre at dei beste forskarane får midlar uavhengig av tema og relevans. Dette blir sikra ved at vurderinga av kva for prosjekt som skal få støtte, skjer med bakgrunn i nasjonal konkurranse.
Tildelinga til fri prosjektstøtte er samla sett auka med 25,3 mill. kroner frå 2007 til 2008, og var i 2008 på om lag 448 mill. kroner. Tildelinga har òg auka som del av dei samla løyvingane. Midlane til fri prosjektstøtte går særleg til fagområde innanfor biologi og biomedisin og innanfor matematikk og naturfag. Det vart totalt søkt om midlar til 945 prosjekt, ein auke på nær ti pst. sidan 2007. 14 pst. av prosjekta vart tildelte midlar, ein liten nedgang frå året før, da 15 pst. av prosjekta fekk tildelt midlar. Ser ein på søknadsbeløp, har delen auka frå ti til elleve pst. Den høge kvaliteten på søknadene og omfanget av søknader viser at verkemiddelet er ein viktig nasjonal konkurransearena som bidreg til kvalitet.
STORFORSK har som mål å styrkje den frie grunnforskinga ved å støtte større prosjekt med høg risiko og vitskapleg djervskap. Dette er prosjekt som det vanlegvis ikkje er rom for å dekkje innanfor den frie prosjektstøtta. STORFORSK-prosjekta har vore særs vellykka med mange publiseringar i anerkjende tidsskrift.
Ordninga Yngre framifrå forskarar (YFF) skal gi yngre talentfulle forskarar innanfor alle fagområde ekstra gode rammevilkår, slik at dei kan nå internasjonal toppklasse. Vitskapleg kvalitet på høgt internasjonalt nivå, og at prosjekta er nyskapande, er viktige kriterium for tildeling av midlar. Prosjekta kan vise til mange vitskaplege utgivingar i 2008, mellom anna 179 artiklar i vitskaplege tidsskrift med fagfellevurdering.
Ordninga Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) har til formål å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, samt å støtte langsiktig forsking som fremmer innovasjon og konkurransekraft i næringslivet. Ordninga starta opp i 2007 med 14 senter, og desse var ved utgangen av 2008 godt i gang med forskingsaktivitetar, det internasjonale samarbeidet og samarbeidet mellom partnarane i senteret. Det har teke noko tid å rekruttere høgt kvalifiserte doktorgradsstipendiatar, særleg norske, og mange av sentra vart derfor noko forseinka i oppstarten. Situasjonen har vorte tydeleg betre i 2008.
Ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) er eit av dei mest sentrale tiltaka for å fremme kvalitet og fornying i dei norske forskingsmiljøa. Ordninga starta opp i 2002, og i 2008 har 21 senter vore i full drift. Senterordninga har medverka til å få fram forsking i internasjonal toppklasse, og sentra har trekt til seg framifrå yngre forskarar frå inn- og utland.
Ordninga med brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) er ein open konkurransearena der konkurransen om midlane blir bestemd ut frå ei vurdering av forskingsinnhald, innovasjonsgrad, samfunnsnytte og verdiskapingspotensial. Kunnskapsdepartementet finansierer berre ein liten del av dette verkemiddelet. Størstedelen blir finansiert over Nærings- og handelsdepartementets budsjett, sjå Prop. 1 S (2009–2010) for Nærings- og handelsdepartementet.
Gåveforsterkingsordninga skal stimulere til privat medfinansiering av langsiktig, grunnleggjande forsking, og fungerer slik at staten bidreg med 25 pst. gåveforsterking for private gåver til slik forsking ved eit universitet, ein høgskole med rett til å tildele doktorgrad, Noregs forskingsråd eller Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA). Stortinget vedtok i samband med revidert statsbudsjett 2008 å setje ned beløpsgrensa i ordninga frå 5 mill. kroner til 3 mill. kroner frå 1. juli 2008, jf. Innst. S. nr. 270 (2007–2008).
Tabellen under viser summen av gåver og gåveforsterking fordelt på mottakarar i 2008.
Tabell 4.18 Gåver og gåveforsterking per mottakar i 2008
(i 1000 kroner) | ||
---|---|---|
Mottakar | Gåvebeløp | Gåveforsterking |
Universitetet i Bergen | 20 183 | 5 046 |
Universitetet i Tromsø | 7 267 | 1 817 |
Universitetet i Stavanger | 41 200 | 10 300 |
Universitetet i Oslo | 97 294 | 24 324 |
Bedriftsøkonomisk institutt | 5 000 | 1 250 |
Det Norske Videnskaps-Akademi | 30 240 | 7 560 |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 17 947 | 4 487 |
Noregs handelshøgskole | 5 000 | 1 250 |
Noregs forskingsråd | 14 000 | 3 500 |
Sum | 238 131 | 59 534 |
Gåveforsterkingsordninga hadde i 2008 ei ramme på 80 mill. kroner. I 2008 utbetalte Forskingsrådet 59,5 mill. kroner i gåveforsterking for private gåver på til saman 238 mill. kroner. Omfanget av private gåver vil variere frå år til år. Dersom budsjettramma eitt år viser seg å vere for lita, blir det laga ei køordning, slik at ein gir gåveforsterking så snart det er midlar innanfor ramma. Tilsvarande som i budsjettet for 2009 vil Regjeringa også for 2010 foreslå at eventuelle ubrukte midlar i ordninga eitt år nyttast til investeringar i forskingsinfrastruktur året etter.
Mål 2: Å følgje opp dei tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingsmeldinga
Den førre forskingsmeldinga, St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning, slår fast at dei tematiske områda energi og miljø, hav, mat og helse, og dei teknologiske områda bioteknologi, informasjons- og kommunikasjonsteknologi og nye materialar og nanoteknologi, er viktige prioriteringar i norsk forsking. Noregs forskingsråd skal følgje opp dei tematiske og teknologiske prioriteringane og sørgje for løyvingar innanfor målretta verkemiddel. Dette er verkemiddel som har til hovudformål å styrkje forskinga innanfor eitt av dei tematiske eller teknologiske satsingsområda.
Dei tematiske og teknologiske prioriteringane har vore følgde opp i Forskingsrådets bruk av løyvingane frå kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50. Nærmare 44 pst. av løyvingane vart brukte til å følgje opp dei prioriterte områda i 2008, og innsatsen fordeler seg på fleire ulike målretta verkemiddel. Desse løyvingane speler dermed ei sentral rolle innanfor dei prioriterte områda, særleg innanfor bioteknologi, nye materialar, nanoteknologi og helse. Tabellen nedanfor viser kor stor prosentdel desse postane utgjer av Forskingsrådets totale innsats innanfor desse områda.
Tabell 4.19 Noregs forskingsråds totale innsats på tematiske og teknologiske prioriterte område, prosentvis del for kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50
Område | Total innsats | Kap. 285 post 52 | Kap. 286 post 50 |
---|---|---|---|
Energi og miljø | 1,27 mrd. kroner | 3 | 25 |
Hav | 550 mill. kroner | 3 | 9 |
Mat | 659 mill. kroner | 2 | 9 |
Helse | 885 mill. kroner | 27 | 19 |
IKT | 663 mill. kroner | 15 | 7 |
Nye materialar og nanoteknologi | 245 mill. kroner | 26 | 25 |
Bioteknologi | 620 mill. kroner | 36 | 34 |
I 2008 utgjorde løyvinga på kap. 285 post 52 om lag 1,1 mrd. kroner. Av desse vart 456,9 mill. kroner, eller om lag 42,3 pst., nytta til oppfølging av dei fem tematiske og teknologiske prioriteringane i St.meld. nr. 20 (2004–2005). Dette syner ein klar nominell auke frå 2007, da innsatsen på desse områda utgjorde 413 mill. kroner til saman.
Når det gjeld løyvinga over kap. 285 post 52, har helse den største delen innanfor den totale satsinga på dei prioriterte tematiske områda, medan mat har den lågaste delen. Innanfor dei teknologiske områda er bioteknologi det klart største området, noko som i all hovudsak skriv seg frå den store delen fri prosjektstøtte. Løyvinga fordeler seg ujamt på ulike verkemiddel innanfor prioriteringane, men for alle områda er grunnforskingsprogram, handlingsretta program og store program dei mest sentrale målretta verkemidla. Av den delen av løyvinga på kap. 285 post 52 som går til prioriteringane utgjorde fri prosjektstøtte totalt 158,1 mill. kroner, eller om lag 34,6 pst., for dei tematiske områda og 145,8 mill. kroner, eller om lag 32 pst., for dei teknologiske områda. Fri prosjektstøtte bidreg dermed til auka innsats på dei prioriterte områda.
Saman med Nærings- og handelsdepartementet har Forskingsrådet gjennom NANOMAT teke del i OECDs Working Party on Nanotechnology. Gjennom arbeidsgruppa skal Noreg få eit betre grunnlag for satsinga på nanoteknologi framover, og betre kunne samanlikne oss med dei andre OECD-landa.
Eit sentralt verkemiddel innanfor den teknologiske prioriteringa IKT er Simula Research Laboratory. Simula driv grunnleggjande forsking på sentrale område innanfor IKT og fekk i 2008 ei løyving på 49 mill. kroner fordelt på 29 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet og 10 mill. kroner frå Nærings- og handelsdepartementet og 10 mill kroner frå Samferdsledepartementet. Ei evaluering av Simula er starta opp og vil vere ferdig ved årsskiftet 2009/2010.
I 2008 utgjorde løyvinga på kap. 286 post 50 939,6 mill. kroner. 420,2 mill. kroner, eller 44,7 pst. av løyvinga, vart nytta til å følgje opp dei tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingsmeldinga. Dei store programma er særs sentrale i denne oppfølginga, og nær ein tredel av fondsmidlane går til dei store programma. Også andre aktivitetar som Det internasjonale polaråret og auka verdiskaping frå naturgass (GASSMAKS) mottek betydelege midlar over denne posten. Dei store programma mottek òg monaleg finansiering frå ei rekkje andre departement. Dette tyder på at fondsmidlane gir ei viktig forsterking av innsatsen, samstundes som dei gir moglegheit for meir sektorovergripande problemstillingar innanfor programma.
Når det gjeld dei tematiske prioriteringane, er løyvinga i særleg grad knytt til satsingar som styrkjer innsatsen innanfor energi og miljø. Det er særleg dei store programma RENERGI, NORKLIMA, NANOMAT, PETROMAKS og Det internasjonale polaråret som bidreg til dette. Jamvel fleire av forskingssentra for miljøvennleg energi og sentra for framifrå forsking bidreg til å styrkje forskinga på energi og miljø. Innanfor energiforsking utgjer forsking på fornybar eller miljøvennleg energi den klart største delen. Fornybar energi har i 2008 vore det største temaet i volum, og dette vart forsterka med tildelingane for 2009. Fornybar energi omfattar i hovudsak sol-, vind- og bioenergiprosjekt. Dei siste åra har det også vore ein sterk auke av prosjekt innanfor offshore vindkraft.
Innanfor hav er Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og programmet Havet og kysten viktigaste bidragsytarar, medan FUGE er heilt dominerande innanfor helse, ved sidan av SFI-ane. Innanfor temaområdet mat består innsatsen av FUGE, HAVBRUK og programmet Norsk mat frå sjø og land. Programmet Sjukefråvær bidreg til å styrkje velferdsområdet.
Innanfor dei prioriterte teknologiområda er fondsmidlane særleg knytte til bioteknologi, fordi FUGE i stor grad er finansiert med fondsmidlar. Innsatsen på feltet IKT er vesentleg mindre enn for bioteknologi og er først og fremst knytt til programmet VERDIKT, men også til brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) og SFI. Innsatsen innanfor nye materialar er i all hovudsak knytt til NANOMAT, men programmet GASSMAKS bidreg òg vesentleg.
Mål 3: Å bidra til god og balansert rekruttering til norsk forsking, med vekt på postdoktornivå
Forskingsrådet bidreg til dette målet både gjennom særskilde verkemiddel for rekruttering og gjennom dei prosjekta Forskingsrådet finansierer. Forskingsrådets rekrutteringsinnsats blir både finansiert av Kunnskapsdepartement og andre departement. Dette avsnittet omtaler Kunnskapsdepartementets del av finansieringa og gjeld både kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50.
Over desse to postane finansierte Forskingsrådet om lag 1 123 stipendiatårsverk, der om lag 628 årsverk var doktorgradsstipend og 495 årsverk var postdoktorstipend. Samanliknar ein med 2007, har talet på postdoktorstipendiatar auka meir enn doktorgradsstipendiatar, noko som er i tråd med målet.
Forskingsrådet forvaltar særskilde rekrutteringstiltak som Yngre framifrå forskarar (YFF). Tildelinga til dette verkemiddelet var på om lag 41 mill. kroner i 2008, noko som finansierte i underkant av 50 stipendiatar.
I budsjettet for 2009 vart det løyvd midlar til finansiering av fem nye rekrutteringsstillingar og ti nye nærings-ph.d. frå 1. september. Vidare vart det løyvd 12,5 mill. kroner til oppretting av fleire nye nærings-ph.d. i samband med St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid.
Ser ein på dei generelle verkemidla, er det særleg fri prosjektstøtte som finansierer rekrutteringsstillingar med om lag 194 doktorgradsårsverk og 200 postdoktorar. Også gjennom verkemiddel som SFI, SFF og Store program blir det finansiert rekrutteringsstillingar.
Mål 4: Å sørgje for god nasjonal arbeidsdeling og prioritering i samband med investeringar i avansert vitskapleg utstyr og infrastruktur
God nasjonal arbeidsdeling og prioritering i samband med investeringar i avansert vitskapleg utstyr og infrastruktur er viktig for å få koordinert investeringane slik at ressursane blir nytta best mogleg.
Det viktigaste grepet Forskingsrådet har gjort for å nå dette målet, er implementeringa av strategien Verktøy for forsking, som vart vedteken av Forskingsrådet i 2008. Strategien omfattar vitskapleg utstyr, storskala forskingsfasilitetar, elektronisk infrastruktur og vitskaplege databasar og samlingar. Strategien presenterer både nasjonal og internasjonal forskingsinfrastruktur, og gir råd om finansiering og prosess for prioriteringar og tildelingar. Strategien er meisla ut nettopp med tanke på å få ei god nasjonal arbeidsdeling og gode prioriteringar i samband med investeringar i forskingsinfrastruktur. Forskingsrådet søkjer å betre utnyttinga av eksisterande utstyr, og optimalisere bruken av dei investeringane som blir gjorde. Departementet viser òg til St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, der regjeringa stadfestar hovudtrekka i strategien til Forskingsrådet. Rådet har med utgangspunkt i dette lyst ut midlar til nasjonal forskingsinfrastruktur med klare krav til arbeidsdeling og samarbeid om drift. Vidare er Rådet i ferd med å utarbeide eit nasjonalt vegkart for forskingsinfrastruktur. Vegkartet vil gi eit oversyn over kvalitetssikra utstyrsprosjekt som må prioriterast høgt i åra framover. Kartet skal vere til hjelp ved prioritering av kommande utstyrssatsingar, og vil bli ferdig våren 2010.
Kunnskapsdepartementet løyver midlar til forskingsinfrastruktur både over kap. 285 post 52 og over kap. 286 post 50. Til saman over desse to postane var løyvinga i 2008 på 22 mill. kroner. For å kunne setje i gang oppfølginga av utstyrsstrategien allereie i 2009, vart det løyvd 80 mill. kroner som ei eittårig løyving til forskingsinfrastruktur. I 2009 er det òg nytta ubrukte midlar frå gåveforsterkingsordninga til forskingsinfrastruktur.
I statsbudsjettet for 2009 vart avkastninga av 4 mrd. kroner i Fondet for forsking og nyskaping øyremerkt til investering i forskingsinfrastruktur, noko som gir ei årleg avkastning på drygt 140 mill. kroner frå 2010. Fondsmekanismen har gjort det mogleg å planleggje fram i tid slik at investeringane kan setjast raskt ut i livet. Forskingsrådet har lyst ut midlane, og ein del av midlane er allereie tildelt.
Forskingsrådet bidreg òg til norsk oppfølging av vegkartet for paneuropeisk forskingsinfrastruktur, som er utvikla av European Strategy Forum on Research Infrastructure (ESFRI). ESFRI er eit rådgivande organ i EU, og har fremma forslag om i alt 44 europeiske forskingsinfrastrukturar. To norske forslag er med på vegkartet: Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) og European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure (ECCSEL).
Mål 5: Å bidra til styrkt internasjonalisering av norsk forsking
Satsinga på auka internasjonalisering av norsk forsking vart i 2008 førd vidare, både som ein integrert del av Forskingsrådets nasjonale programsatsing og ved særskilt retta tiltak for internasjonalisering. Tildelinga til internasjonalisering var 90 mill. kroner i 2008 og 96 mill. kroner i 2009.
Tiltak for å stimulere norske miljø til deltaking i EUs sjuande rammeprogram (2007–13) og anna europeisk FoU-samarbeid, som innovasjonsnettverket EUREKA og forskingsprosjekt under EØS-finansieringsordninga, har vorte prioriterte. 394 nye prosjekt vart støtta under ordninga i 2008. Det er etablert ei eiga ordning for tilleggsfinansiering av ut- og inngåande mobilitet for norske og utanlandske forskarar med opphald i Noreg som har fått tildelt Marie Curie-stipend i rammeprogrammet. Som nasjonal koordinator for den europeiske mobilitetsportalen Euraxess har Forskingsrådet i samarbeid med forskingsinstitusjonane ført vidare arbeidet for auka mobilitet og forskarrekruttering. Ti pst. av oppføringane på den europeiske portalen er norske.
Ordninga med nasjonal samfinansiering til institutt som oppnår tildeling frå rammeprogrammet, er trappa ned i det sjuande rammeprogrammet fordi støttesatsane er endra i dette programmet. I 2008 vart det nytta totalt 59,1 mill. kroner til samfinansieringsordninga, fordelte på 226 prosjekt. Det kom til få nye prosjekt i 2008. Ordninga er basert på løyvingar frå fleire departement.
Det sjuande rammeprogrammet inneheld samarbeidsformer retta mot eit strategisk programsamarbeid på europeisk nivå, som eit ledd i utviklinga av det europeiske forskingsområdet, ERA. Forskingsrådet har søkt å auke samspelet mellom nasjonale og europeiske satsingar, mellom anna gjennom deltaking i såkalla ERA-NET og initiativ baserte på artikkel 169 i EU-traktaten. Dette inneber koordinering av nasjonale forskingsaktivitetar ved at program med nasjonal finansiering blir knytte saman. Noregs forskingsråd har per desember 2008 delteke i utlysningar i 23 ERA-NET med totalt 204 mill. kroner, mellom anna innanfor genomforsking og energi.
Noregs forskingsråd sette i 2008 i verk tiltak for å styrkje norsk deltaking og utbytte av deltakinga i utlysningane til det nye europeiske forskingsrådet – European Research Council (ERC). Det vart etablert ei ordning for nasjonal finansiering av norske forskarar som når langt, men ikkje heilt opp i den breie europeiske konkurransen om ERC-stipend. I 2008 vart tre norske søknader innstilte for støtte, mot ingen i 2007. Åtte vart sette på venteliste.
Auka deltaking av næringslivet står sentralt i det sjuande rammeprogrammet. Dette kjem mellom anna til uttrykk i store initiativ retta mot industrien i og knytte til det sjuande rammeprogrammet innanfor område som IKT, miljø, helse og luft- og romfart. Forskingsrådet har arbeidd for å fremme norsk deltaking i europeiske teknologiplattformer og store felleseuropeiske teknologiinitiativ – såkalla ”Joint Technology Initiatives”, som sameiner privat og offentleg finansiering.
Det bilaterale forskingssamarbeidet med prioriterte land er styrkt. Desse er USA, Canada, Kina, Japan, India, Russland, Sør-Afrika, Frankrike, Chile, Brasil og Argentina. Hovudkanalen for finansiering av bilateralt og anna internasjonalt samarbeid er dei regulære verkemidla i Forskingsrådet, men det finst òg særskilde stimuleringsmiddel, særleg Bilatordninga. Ordninga vart i 2008 knytt sterkare opp mot forskingsprioriteringar og Forskingsrådets andre aktivitetar. Ordninga er retta mot næringsliv, grunnforsking og utvalde, prioriterte tema.
Gjennom Leiv Eiriksson mobilitetsprogram for norsk-amerikansk forskingssamarbeid vart det i 2008 gitt støtte til 45 stipend med ei samla ramme på 6 mill. kroner. Samarbeidet med USA er òg styrkt gjennom utvekslingsordninga Nordic Research Opportunity, som er etablert i samarbeid med National Science Foundation i USA. Ordninga er retta mot å auke mobiliteten til Noreg frå USA.
Det er etablert to nye senter ved kinesiske forskingsinstitusjonar i eit samarbeid mellom Forskingsrådet og to kinesiske forskingsråd. Planar om eit styrkt norsk-indisk samarbeid i geoteknologi er følgde opp, og tre doktorgradsstipend for indiske kandidatar knytte til Universitetssenteret på Svalbard er etablerte.
Forskingsrådet har teke del i arbeidet med å styrkje det nordiske forskings- og innovasjonssamarbeidet. Dette omfattar deltaking i satsinga på 16 senter for framifrå forsking – Nordic Centres of Excellence. I 2008 vart det òg arbeidd med å førebu eit nordisk Toppforskingsinitiativ innanfor klima, energi og miljø. Satsinga er tverrfagleg og spenner frå grunnforsking til innovasjon.
Forskingsrådet skal sørgje for eit best mogleg utbytte av den norske medlemskapen i internasjonale grunnforskingsinstitusjonar og samarbeid om stor infrastruktur. I 2008 vart det nytta totalt 120 mill. kroner til kontingentar, medfinansiering og følgjeforsking. Forskingsrådet finansierte i 2008 mellom anna norsk deltaking i to store eksperiment ved CERNs nye partikkelakselerator. Denne sto ferdig i 2008 og er verdas kraftigaste akselerator. For å auke rekrutteringa av nordmenn til CERN og styrkje norsk industriretur og teknologioverføring er det òg oppretta ei eiga CERN-Noreg-gruppe. Eit program for synkrotronforsking i Forskingsrådet har starta fleire prosjekt med stor fagleg breidd, og bidreg til aktiv utnytting av medlemskapen i ESRF og ei sveitsisk-norsk strålelinje (SNBL).
Forskingsrådet har ført vidare arbeidet for styrkt internasjonalt polarforskingssamarbeid, særleg med USA, Russland og sentrale EU-land. Arbeidet med å fremme fagleg koordinering og praktisk tilrettelegging av forskinga gjennom Svalbard Science Forum, mellom anna etableringa av ein eigen nettstad, blir rekna som vellykka.
Ei undersøking frå 2008 viser at Noreg står sterkt internasjonalt innanfor polar- og arktisk forsking. Noreg og norske forskingsmiljø har mellom anna spelt ei sentral rolle i Det internasjonale polaråret (2007–08), som omfattar ca. 50 000 forskarar frå 63 land. Ei ny undersøking for å kartleggje effekten av Polaråret og Nordområdesatsinga er planlagd i 2011. I 2010 skal det arrangerast ein avsluttande konferanse for polaråret i Noreg.
Mål 6: Å drive systematiske fag- og disiplinevalueringar og følgje opp desse
Evalueringane skal auke kunnskapsgrunnlaget til Forskingsrådet og forskingsmiljøa, og medverke til fagutvikling og auka kvalitet i forskinga.
Forskingsrådet sluttførde evalueringa av historiefagleg forsking og grunnleggjande kjemiforsking i 2008. For historiefaget er det lyst ut midlar under ordninga institusjonsforankra strategiske prosjekt (ISP) som stimulans til oppfølging. Evalueringa av norsk økonomisk forsking frå 2007 blir også følgd opp med støtte til ISP. For farmasøytisk forsking vart det laga ein fagplan, som oppfølging av evalueringa i 2006.
Evalueringa av rettsvitskapleg forsking starta i 2008. Det ligg føre planar for evaluering av fysikk, filosofisk og idéhistorisk forsking, sosiologi, sosialantropologi og samfunnsgeografi.
Mål for 2010
For 2010 er det utvikla ein ny målstruktur for Forskingsrådet. Dei nye måla er omtalde meir detaljert i del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Forskingsrådet skal i 2010 nytte løyvingane på posten til å nå følgjande tre mål:
auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking
god ressursutnytting og hensiktsmessig arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet
resultata til forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 285 post 52 med 36,6 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2009.
Auken er i hovudsak knytt til Kunnskapsdepartementets del av FoU-løyvingane til oppfølging av klimaforliket, som utgjer 96 mill. kroner. Av dette er 65 mill. kroner til forsking om fornybar energi og fangst og lagring av karbondioksid. Midlane skal mellom anna nyttast til grunnforsking, rekruttering, infrastruktur, internasjonalt forskingssamarbeid og samfunnsfagleg forsking. 31 mill. kroner er auka løyvingar til anna klimaforsking. 20 mill. kroner av dette skal nyttast til eit senter for klimaforsking i Bergen, 4 mill. kroner til grunnforsking og rekruttering i Forskingsrådets program NORKLIMA og 7 mill. kroner skal dekkje ein del av Noregs kontingent til Nordisk toppforskingsprogram for energi, miljø og klima samt sekretariat for det strategiske samarbeidsforumet for klimaforsking, Klima21.
I løyvinga ligg også finansiering av heilårseffekten av dei midlane som vart gitte til stipendiatstillingar og nærings-ph.d. i budsjettet for 2009 og i St.prp. nr. 37 (2008–2009). Samstundes er eittårige løyvingar til forskingsinfrastruktur og forskingsaktivitetar på Svalbard trekte ut med til saman 82 mill. kroner.
Departementet foreslår vidare å redusere løyvinga med 5,5 mill. kroner. Reduksjonen er knytt til ei splitting av tungrekneressursane mellom Meteorologisk institutt og Noregs forskingsråd. Løyvinga til Meteorologisk institutt blir foreslått auka tilsvarande, jf. kap. 283 post 50. Løyvinga til Forskingsrådet er òg redusert med 3 mill. kroner som ei følgje av at det er overført midlar til Utanriksdepartementet knytt til finansiering av ei vitskapsrådstilling i Beijing.
Løyvinga over posten er i stor grad finansiert av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping og blir derfor ikkje lønns- og prisjustert.
Post 55 Administrasjon
Administrasjonsutgiftene til Noregs forskingsråd blir finansierte av Kunnskapsdepartementet på vegner av alle departementa. I tillegg finansierer Forskingsrådet administrasjonskostnader som er knytte til dei ulike programma, gjennom å bruke av det einskilde programbudsjettet.
Rapport for 2008–09
Målet med løyvinga er at Forskingsrådet skal ha ei god personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane i høve til måla i Forskingsrådet. For 2008 vart det òg sett som mål at dei budsjettmessige overføringane skulle reduserast.
Forskingsrådet har nådd desse måla.
Til saman i 2008 utgjorde dei samla administrasjonsutgiftene om lag seks pst. av dei samla løyvingane frå departementa til Forskingsrådet, noko som er på om lag same nivå som dei to siste åra. Administrasjonsutgiftene har auka med nær 24 mill. kroner sidan 2007. Auken skyldast nye årsverk, mellom anna knytte til Forskingsrådets oppfølging av klimaforliket.
I 2008 var 373,7 årsverk knytte til administrasjonen. Det er ein auke på 8,2 årsverk i høve til 2007. Delen kvinner er på same nivå som i 2007, med om lag 60 pst.
Det har dei siste tre åra vore merksemd kring nivået på den likviditeten Forskingsrådet har i Noregs Bank. Tabell 5.8 i vedlegg 5 viser utviklinga i likviditeten for dei tre siste rekneskapsåra. Som tabellen viser har kontantbehaldninga i Noregs Bank vore på om lag same nivå dei siste tre rekneskapsåra, og viser ein svak nedgang frå utgangen av 2007 til utgangen av 2008 på drygt to pst.
Likviditeten består i hovudsak av tre element:
avsetning til dekning av påkomne kostnader som blir utbetalte året etter.
avsetning av midlar til forskingsaktivitet som er utført, men som ikkje blir utbetalt før året etter (prosjektgjeld for utførde forskingsprosjekt)
midlar som er sette av til planlagd forskingsaktivitet i framtidige budsjettår, dvs. forskingsaktivitet som er utsett slik at det oppstår ei forskyving i bruken av midlane. Forskyvinga i bruken av midlane skyldast vidare følgjande to forhold:
forseinkingar ute i forskingsprosjekta (bl.a. ute ved universiteta og høgskolane) slik at utbetalingane kjem i eit anna tempo enn budsjetteringa hadde lagt opp til
at midlar ikkje er fordelte vidare til det einskilde forskingsprosjektet, men kun til det aktuelle programmet
Merksemda kring overføring av likviditet frå eitt budsjettår til det neste har vore knytt til dei midlane som er sette av til planlagd forskingsaktivitet. Ved utgangen av 2008 utgjorde dette i underkant av 1 mrd. kroner av Forskingsrådets totale likviditet på vel 2 mrd. kroner. Dette er ein nedgang på om lag 280 mill. kroner frå året før, noko som tilsvarer ein reduksjon på 22 pst. Departementet er nøgd med denne utviklinga.
Departementet understrekar at det er naturleg at Noregs forskingsråd har nokon overførde midlar frå år til år. Den viktigaste rolla til Forskingsrådet er å fordele forskingsmidlar vidare ut i forskingssektoren etter nasjonal konkurranse og slik sørgje for kvalitet og relevans i den forskinga som blir utførd. Dette krev god planlegging og strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging. Gode prosessar krev igjen tid, og frå utlysing av eit program til utbetaling, via søknad og kvalitetsvurdering og tildeling, går det nærmare eitt år.
Forskingsrådet sette i 2007 i verk fleire tiltak for å redusere omfanget av likviditeten. Desse tiltaka rettar seg bl.a. mot at nye program skal komme raskare i gang og utlysing skje raskare, og tiltak for å gjøre sjølve søknadshandsaminga meir effektiv. Tiltaka har òg halde fram i 2008 og 2009, og departementet er nøgd med dei tiltaka som er sette i gang.
Som ein del av Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon av dei handlingsretta programma i Forskingsrådet, hadde Riksrevisjonen merknader til styring av og formidling av resultata i desse programma. Forskingsrådet har sett i verk fleire tiltak som oppfølging av desse merknadene. Departementet er nøgd med Forskingsrådets oppfølging.
Det er eit mål at Forskingsrådet skal arbeide aktivt for likestilling. Forskingsrådet vedtok i 2007 eit policydokument for likestilling og kjønnsperspektiv i forsking. Dokumentet gjeld for perioden 2007–12 og inneheld mål for å fremme likestilling utanfor og i eigen organisasjon, og mål for integrering av kjønnsperspektiv i eigne program og aktivitetar. Policydokumentet er nedfelt i ein handlingsplan. Tiltaka tek sikte på å styrkje kunnskapsgrunnlaget og krava til kvalitet i verksemda til Forskingsrådet med omsyn til likestilling.
Som oppfølging av policydokumentet laga Forskingsrådet i 2008 ein rapport om erfaringane med å integrere likestillingsomsyn i verkemidla Senter for framifrå forsking (SFF), Yngre framifrå forskarar (YFF) og Senter for forskingsdriven innovasjon i perioden 2001–06. For SFF og YFF, som hadde to tildelingsrundar i denne tida, auka kvinnedelen etter runde nummer to som følgje av auka vekt på likestillingsperspektivet ved utlysinga. I 2008 vart 15 mill. kroner av den faglege løyvinga delt ut til ulike tiltak som skal fremme likestilling ved SFF dei neste fem åra, mellom anna kvalifiseringsstipend og mentorordningar.
Frå 2008 utarbeider Forskingsrådet kjønnsdelt statistikk for alle verkemidla. Forskingsrådets handlingsplan skal medverke til å betre statistikken og kunnskapen om kjønnsprofilen i verkemidla og tildelingane til rådet. Data syner at kjønnsfordelinga på søkjarar er skeiv, særleg på enkelte fagområde og sektorar. Delen kvinnelege prosjektleiarar ligg stabilt på rundt 24 pst.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga til administrasjon av Noregs forskingsråd blir ført vidare på same nivå som i 2009.
Kap. 286 Forskingsfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
50 | Fondet for forsking og nyskaping, overføring til Noregs forskingsråd | 942 105 | 929 517 | 1 049 460 |
60 | Regionale forskingsfond, tilskott til forsking | 212 400 | ||
95 | Fondskapital - Fondet for forsking og nyskaping | 6 000 000 | 6 000 000 | 5 000 000 |
96 | Fondskapital - Regionale forskingsfond | 6 000 000 | ||
Sum kap. 286 | 6 942 105 | 12 929 517 | 6 261 860 |
Post 50 Fondet for forsking og nyskaping, overføring til Noregs forskingsråd
Måla for kap. 286 post 50 er i stor grad overlappande med måla for kap. 285 post 52. Rapportering om måloppnåing og ein oversikt over kva for mål som gjeld for 2010, er derfor omtalte samla under kap. 285 post 52.
Budsjettforslag for 2010
Regjeringa foreslår å auke løyvinga over kap. 286 post 50 med 119,9 mill. kroner. Auken kjem som følgje av auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping på grunn av kapitalauke i 2009, jf. kap. 3286. Kapitalen vart i 2009 auka med 6 mrd. kroner, der avkastninga av 4 mrd. kroner vart øyremerkt forskingsinfrastruktur. Som ei følgje av dette blir det løyvd 141,6 mill. kroner til forskingsinfrastruktur gjennom Forskingsrådet i 2010. Løyvinga skal nyttast både nasjonalt og internasjonalt i tråd med den ansvarsdelinga som gjeld mellom institusjonane og Noregs forskingsråd. På grunn av ny rente på det første kapitalinnskottet i Fondet for forsking og nyskaping blir overføringa frå fondsavkastninga til Forskingsrådet redusert med 22,5 mill. kroner, sjå omtale under kap. 3286 post 85.
Departementet foreslår å redusere tildelinga til gåveforsterkingsordninga med om lag 20 mill. kroner på grunn av lågare forbruk enn venta.
Post 60 Regionale forskingsfond, tilskott til forsking
Dei regionale forskingsfonda vart oppretta 1. januar 2009 med ein fondskapital på 6 mrd. kroner. Avkastninga vil i 2010 vere på 212,4 mill. kroner og står til disposisjon frå 1. januar 2010. Etter forslag frå fylkeskommunane og Oslo kommune har Kunnskapsdepartementet i samråd med Kommunal- og regionaldepartementet fastsett desse fondsregionane:
Tabell 4.20 Fondsregionar og deltakande fylkeskommunar
Fondsregion | Fylkeskommunar |
---|---|
Nord-Noreg | Finnmark, Troms og Nordland |
Midt-Noreg | Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal |
Innlandet | Hedmark og Oppland |
Oslo og Akershus | Oslo og Akershus |
Oslofjorden | Østfold, Vestfold, Buskerud og Telemark |
Agder | Aust-Agder og Vest-Agder |
Vestlandet | Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane |
Forskingsrådet, fylkeskommunane og KS har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet greidd ut utforminga av dei regionale forskingsfonda. Regjeringa har i hovudsak lagt forslaga frå utgreiingsutvalet til grunn for organisering og styring av ordninga med regionale forskingsfond.
I tråd med utgreiinga skal styring og administrasjon av dei regionale forskingsfonda skje på grunnlag av ein modell for vertskommunesamarbeid nedfelt i kommuneloven § 28c. Denne modellen blir nytta i anna interkommunalt samarbeid og inneber at dei fylkeskommunane som deltek i samarbeidet, delegerer myndigheit til å forvalte dei regionale forskingsmidlane til ei felles folkevald nemnd. Nemnda blir i ordninga kalla fondsstyre.
Fondsstyret skal setjast saman av personar med brei innsikt i forsking, næringsliv og samfunnsspørsmål elles. Fylkeskommunane skal ha fleirtal og styreleiar i det regionale fondsstyret. Kvar fylkeskommune skal nemne opp to styremedlemmer og to numeriske varamedlemmer. Etter forslag frå Forskingsrådet skal det nemnast opp to medlemmer og to numeriske varamedlemmer til kvart fondsstyre.
Etter konsultasjonar mellom Kunnskapsdepartementet og Sametinget er det komme til einigheit om at det etter forslag frå Sametinget skal nemnast opp eit medlem med varamedlem i kvart av fondsstyra i fondsregion Nord-Noreg og Midt-Noreg. Vidare skal desse fondsregionane samt fondsregion Innlandet også ta hand om samiske forskingsinteresser og -behov.
Oppnemningsperioden for fondsstyra er fire år og fell saman med valperioden til fylkestinga. Perioden for første gongs oppnemning er 2010 og 2011.
Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for dei regionale forskingsfonda. Retningslinjene gir styringslinjer og omtaler aktørane i ordninga, deira oppgåver og ansvarsområde samt grunnleggjande krav til administrering og styring av midlane i ordninga.
Mål for 2010
Formålet med dei regionale forskingsfonda er å styrkje forskingsevna gjennom regional forsking og innovasjon. Fonda skal bidra til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til auka kvalitet i forskinga. Fonda skal møte FoU-behov i fylka ved å støtte FoU-prosjekt initierte av offentlege og private verksemder og forskingsmiljø.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å løyve 212,4 mill. kroner på denne posten.
Tabell 4.21 Fordeling av midlane til fondsregionar og Noregs forskingsråd
Mottakar og formål | Beløp |
---|---|
Noregs forskingsråd for dekning av årlege administrative meirutgifter knytt til ordninga | 8 700 |
Noregs forskingsråd til eingongsinvestering i IKT-system knytt til ordninga | 3 500 |
Noregs forskingsråd for fordeling til samarbeidsprosjekt i regionane | 27 050 |
Fondsregion Nord-Noreg | 30 918 |
Fondsregion Midt-Noreg | 24 175 |
Fondsregion Vestlandet | 29 787 |
Fondsregion Agder | 13 256 |
Fondsregion Oslofjorden | 32 771 |
Fondsregion Innlandet | 14 933 |
Fondsregion Oslo og Akershus | 27 305 |
Totalt | 212 400 |
Ved behandling av statsbudsjettet for 2009 slutta Stortinget seg til forslaget frå regjeringa om at om lag fem pst. av midlane skal setjast av til dei tre nordlegaste fylka som ein del av nordområdesatsinga til regjeringa. Om lag 15 pst. av midlane blir fordelte til dei fonda som har best kvalitet på FoU-prosjekta, og til samarbeidsprosjekt mellom fleire fond. Vidare gav Stortinget tilslutning til at om lag 80 pst. av samla avkastning blir fordelt etter faste kriterium på denne måten: Halvparten blir fordelt mellom fondsregionane som ei lik fordeling per fylke, og halvparten blir fordelt mellom fondsregionane etter folketal.
Til frådrag i samla årleg avkastning kjem midlar som blir tildelte direkte frå Kunnskapsdepartementet til Forskingsrådet. Forskingsrådet skal mellom anna sørgje for kvalitetssikring av søknadsbehandlinga til dei regionale fondsstyra, og dei regionale representantane til Forskingsrådet skal yte hjelp til fondsstyra i arbeidet deira. Dei årlege meirutgiftene til Forskingsrådet er om lag 8,7 mill. kroner. Desse utgiftene er trekte frå dei midlane som blir stilte til disposisjon for fondsstyra.
I tråd med stortingsvedtaket skal om lag 15 pst. av den resterande avkastninga finansiere forsking i dei fondsregionane som har best kvalitet på prosjekta sine, og samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane. Midlane skal fordelast gjennom Forskingsrådet. I 2010 skal midlane nyttast til samarbeidsprosjekt og til eventuell utlysing av regionale problemstillingar i nasjonale forskingsprosjekt. Vidare foreslår regjeringa at desse midlane i 2010 finansierer eingongsutgifter i Forskingsrådet på 3,5 mill. kroner knytte til innkjøp og innføring av nødvendig IKT-system for søknadsbehandling.
Det er lagt til grunn at maksimalt ti pst. av dei midlane som blir tildelte direkte frå Kunnskapsdepartementet til kvar fondsregion, skal gå til å dekkje administrasjonskostnadene til fylkeskommunane dei første to driftsåra. Omfanget av administrasjonsutgifter bør reduserast til maksimalt sju pst. etter eit par års drift.
Post 95 Fondskapital – Fondet for forsking og nyskaping
Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå 1. januar 2009 ein fondskapital på 72 mrd. kroner. Fondet skal medverke til å oppfylle dei overordna forskingspolitiske måla, jf. St.meld. nr. 20 (2004–2005). Fondet har i dei siste åra vore eit viktig instrument for å styrkje løyvingane til forsking. Framfor alt har midlane gått til satsingar som betrar kvaliteten i norsk forsking.
Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 5 mrd. kroner frå 1. januar 2010, slik at samla kapital blir 77 mrd. kroner. Dersom renta held seg på same nivå som i dag, vil dette gi ei årleg avkastning på om lag 210 mill. kroner.
Regjeringa foreslår å øyremerkje avkastninga av to tredelar av den auka kapitalen til investeringar i forskingsinfrastruktur. Midlane skal både nyttast nasjonalt og til norsk deltaking i viktige internasjonale forskingsinfrastrukturar.
Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping er plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarer renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.
Post 96 Fondskapital – Regionale forskingsfond
Regionale forskingsfond vart oppretta frå 1. januar 2009 med ein kapital på 6 mrd. kroner. Kapitalen er plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarer renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.
Avkastninga skal fordelast til regionale einingar, jf. omtale under post 60.
Kap. 3286 Forskingsfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
85 | Avkastning - Fondet for forsking og nyskaping | 3 087 505 | 3 368 260 | 3 558 160 |
86 | Avkastning - Regionale forskingsfond | 212 400 | ||
Sum kap. 3286 | 3 087 505 | 3 368 260 | 3 770 560 |
Kapitlet gjeld avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping og avkastning frå Regionale forskingsfond, jf. kap. 286.
Post 85 Avkastning – Fondet for forsking og nyskaping
Avkastninga i Fondet for forsking og nyskaping aukar isolert sett med 212,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2009 på grunn av kapitalauken på 6 mrd. kroner i 2009. Samstundes blir avkastninga frå det første kapitalinnskottet redusert med 22,5 mill. kroner. Dette skyldast at det er ti år sidan det første innskottet vart gjort, og at det er sett ei ny rente i tråd med renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid. Dette gir ein nettoauke i avkastninga på 189,9 mill. kroner.
Avkastninga frå Forskingsfondet vil i 2010 bli fordelt på følgjande måte:
765,7 mill. kroner i forskingsløyvingar til universitet og høgskolar over kategori 07.60
1 049,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd over kap. 286 post 50
1 000,8 mill. kroner til Forskingsrådet over kap. 285 post 52
706,3 mill. kroner til EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling over kap. 288 post 73
35,9 mill. kroner over kap. 920 post 50 på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet
Post 86 Avkastning – Regionale forskingsfond
Avkastninga frå regionale forskingsfond blir på 212,4 mill. kroner i 2010 som følgje av kapitalinnskottet på 6 mrd. kroner i 2009. Løyvinga blir utgiftsført med same beløp på kap. 286 post 60, jf. omtale på denne posten.
Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 4 731 | 4 810 | 8 657 |
53 | NUPI | 44 490 | 3 250 | 3 954 |
54 | Forskingsstiftelsar | 52 048 | ||
56 | Ludvig Holbergs forskingspris | 9 101 | 9 100 | 9 100 |
57 | Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt | 136 689 | 147 128 | |
58 | Strategisk løyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt | 15 410 | 15 903 | |
71 | Tilskott til andre private institusjonar | 31 028 | 29 536 | 30 481 |
73 | Niels Henrik Abels matematikkpris | 12 402 | 12 400 | 12 400 |
Sum kap. 287 | 153 800 | 211 195 | 227 623 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal nyttast til å dekkje utgifter til utgreiingar m.m. som vil medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken.
I 2008 er løyvinga mellom anna nytta til å finansiere sekretariatet til strategiforumet Klima21. I tillegg er løyvinga nytta til førebuing og gjennomføring av eit høgnivåmøte for Vitskapskomiteen i OECD, og til evaluering av Noregs deltaking i EUs sjette og delar av det sjuande rammeprogrammet for forsking. Løyvinga er òg nytta til arbeid med St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, som vart lagd fram i april 2009. Nokre av midlane er dessutan nytta til utgreiingar om statistikkgrunnlag for forskingssektoren.
Departementet foreslår at løyvinga på posten blir auka med om lag 3,8 mill. kroner. Av løyvinga på posten skal 5 mill. kroner nyttast til etablering av eit forskingsprogram om forsking og innovasjon (FORFI).
1,1 mill. kroner er overførte til kap. 200 post 21. Dette gjeld lønn til tilsette som har arbeidd med stortingsmeldinga om forsking som vart lagd fram våren 2009. Sjå omtale på kap. 200 post 21.
Post 53 NUPI
Rapport for 2008–09
NUPI
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har til formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale tilhøve. Instituttet skal vere eit leiande forskingsinstitutt innanfor sine faglege kjerneområde og arbeide for å styrkje finansieringa frå internasjonale finansieringskjelder.
Dei viktigaste satsingane for forskinga ved NUPI i 2008 var innanfor dei fire hovedtema tryggleik og fredsoperasjonar, den nordlege og austlege dimensjonen, politiske og økonomiske stormakter og handel og innovasjon.
NUPI har i 2008 hatt eit godt tilfang av nye oppdrag og prosjekt, har eit stort nettverk og ein sterk internasjonal profil.
Finansdepartementet har i samråd med dei fagdepartementa det gjeld etablert nye prosedyrar for innrapportering av dei nettobudsjetterte verksemdene si kontantbehaldning per 31. desember med verknad for statsrekneskapen for 2009. Det er i samband med budsjettproposisjonen for 2010 utarbeidd ein standardtabell med nøkkeltal for NUPI som gir ei oversikt over verksemda si kontantbehaldning per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldninga skal nyttast til. Formålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane, sjå tabell 5.3 i vedlegg 5.
Det har vore ein auke i den frie verksemdkapitalen til NUPI på om lag 17 pst. frå utgangen av 2007 til utgangen av 2008, jf. tabell 5.3 i vedlegg 5. Ved utgangen av 2008 hadde instituttet dessutan sikra finansiering for ein stor del av forskingsverksemda i 2009.
Det vart publisert om lag ein vitskapleg artikkel (1,68 publikasjonspoeng) per forskarårsverk i 2008. Av desse blei 0,65 publiserte i internasjonale tidsskrift. Dette resultatet er over gjennomsnittet for samfunnsvitskaplege institutt i Noreg.
Staben ved NUPI utførte 73 årsverk i 2008. Talet på doktorgradar per forskarårsverk er 0,52. Til saman var elleve doktorgradar under arbeid gjennom året. Trass i ein positiv trend dei seinaste åra, er delen årsverk utførde av kvinnelege forskarar redusert frå 29 pst. i 2007 til 26 pst. i 2008. Rekruttering av kvinner er eit viktig mål for instituttet.
NUPI gir ut tre tidsskrift: Internasjonal politikk, Nordisk østforum og Forum for development studies. I 2008 vart nettstaden Hvor hender det? etablert og er ein viktig kanal for å skape interesse for internasjonale spørsmål hos skoleungdom og unge vaksne. Basisløyvinga over kap. 287 stod for 29,8 pst. av dei samla inntektene til NUPI i 2008. Dette er det lågaste nivået på fleire år.
Departementet er i hovudsak nøgd med måloppnåinga til NUPI i 2008.
Budsjettforslag for 2010
Departementet ønskjer å styrkje NUPIs nasjonale informasjonsoppgåver og foreslår å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner. Forslaget inneber ei styrking av NUPI si rolle som formidlar til barn og unge i alderen 15–25 år. Satsinga inneber ei utviding av instituttet sitt bibliotektilbod til elevar og studentar.
Grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta er frå 2009 flytt til kap. 287 post 57.
NOVA
Til og med 2008 vart det òg løyvd midlar til Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) over denne posten. Frå 2009 er grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta flytt til kap. 287 post 57.
Forskinga og utviklingsarbeidet ved NOVA skal føre til auka kunnskap om sosiale tilhøve og endringsprosessar. NOVA driv sosialforsking i eit livsløpsperspektiv, og har som ambisjon å vere nasjonalt leiande innanfor den samfunnsvitskaplege delen av forskingsfelta barnevern, ungdom, aldring og livsløp, trygd, innvandring og funksjonshemming. For den aktuelle perioden har NOVA mellom anna hatt som mål å styrkje dei nye tematiske felta europeisk velferdspolitikk, organisering av omsorg, skoleforsking og forskingsbasert evaluering. Det har òg vore eit mål å styrkje det internasjonale samarbeidet og auke den internasjonale finansieringa.
Forskarane ved NOVA utførde om lag 72 årsverk i 2008, mot 70 i 2007. NOVA er blant dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta som har flest doktorgradar per forskarårsverk: 0,57 i 2008. Dette er godt over gjennomsnittet for dei samfunnsvitskaplege institutta. Doktorgradsproduksjonen ved instituttet er likeins høg. Den vitskaplege publiseringa har derimot gått ned i 2008. Samla tal på artiklar i tidsskrift med fagfellevurdering er 0,5 (1,29 publikasjonspoeng) per forskarårsverk i 2008, mot 0,7 i 2007.
Finansieringa frå Forskingsrådet har gått ned frå 30 pst. i 2007 til 20 pst. i 2008. Den internasjonale finansieringa steig frå fem pst. i 2007 til om lag tolv pst. i 2008. Basisløyvinga over kap. 287 stod for 35 pst. av dei samla inntektene til NOVA i 2008. Dette er det same som i 2007.
Departementet er i hovudsak nøgd med den måloppnåinga desse indikatorane viser.
Finansdepartementet har i samråd med dei fagdepartementa det gjeld etablert nye prosedyrar for innrapportering av dei nettobudsjetterte verksemdene si kontantbehaldning per 31. desember med verknad for statsrekneskapen for 2009. Det er i samband med budsjettproposisjonen for 2010 utarbeidd ein standardtabell med nøkkeltal for NOVA som gir ei oversikt over verksemda si kontantbehaldning per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldninga skal nyttast til. Formålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane, sjå tabell 5.2 i vedlegg 5.
Kontantbehaldninga NOVA har i Noregs Bank, vart redusert med om lag 16 pst. frå 2007 til 2008. Når det gjeld utviklinga i avsetningar til dekning av påløpte kostnader som forfell neste år, er det ein reduksjon frå 2007 til 2008. Reduksjonen skyldas i hovudsak at NOVA har færre inntektsgivande prosjekt, samt at NOVA har utført ein del aktivitetar som dei ved årsskiftet ikkje har fakturert. Det har vore ein auke på om lag ni pst. i den frie verksemdkapitalen (andre avsetningar), jf. tabell 5.2 i vedlegg 5.
Post 54 Forskingsstiftelsar
Rapport for 2008–09
Posten finansierte i 2007 og 2008 basisløyvingane til følgjande fem frittståande forskingsinstitutt: Institutt for fredsforsking (PRIO), Fridtjof Nansens Institutt (FNI), Institutt for samfunnsforsking (ISF), Forskingsstiftelsen Fafo og NIFU STEP Studier av innovasjon, forsking og utdanning. Den samla løyvinga over posten var på 52 mill. kroner i 2008. Av løyvinga vart 49,4 mill. kroner nytta til grunnløyving og 2,6 mill. kroner til strategiske instituttprogram.
Forskarane ved dei fem institutta utførte 244 årsverk i 2008, mot 237 i 2007. Kvinnelege forskarar stod for 113 av årsverka i 2008. Publikasjonspoeng per forskarårsverk varierer mykje mellom institutta. Gjennomsnittet i 2008 for dei nasjonale samfunnsvitskaplege institutta er 1,09 poeng per forskarårsverk, medan gjennomsnittet for dei fem institutta som får finansiering over denne posten er 1,35 publikasjonspoeng. PRIO kjem best ut med 2,23 poeng per forskarårsverk. Talet er 1,96 poeng for FNI og 1,03 for ISF. Fafo hadde 0,83 publiseringspoeng per forskarårsverk, og NIFU STEP hadde 0,72.
Post 56 Ludvig Holbergs forskingspris
Ludvig Holbergs forskingspris er ein internasjonal, vitskapleg pris innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisen blir delt ut kvart år, og skal auke merksemda kring samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking og fremme kvalitet og internasjonalisering av desse fagområda. Han er finansiert av avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 3287 post 86. Prisbeløpet er på 4,5 mill. kroner. Avkastninga finansierer òg ulike arrangement i samband med prisutdelinga, ein eigen nordisk pris for yngre forskarar innanfor same fagområde, kalla Nils Klim-prisen, og arrangement retta mot barn og unge. Avkastninga frå fondet blir disponert av Universitetet i Bergen, som er ansvarleg for å peike ut prisvinnaren og dele ut prisen. Holbergprisen vart delt ut for første gong i 2004. I 2008 gjekk prisen til Fredric R. Jameson for framifrå bidrag til forståinga av tilhøvet mellom sosiale formasjonar og kulturelle former. I 2009 vart Holbergprisen tildelt professor Ian M. Hacking for banebrytande arbeid innanfor filosofi og vitskapsteori. Avkastninga frå Holberg-fondet i 2009 til bruk i 2010 vil vere 9,1 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 86.
Post 57 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt
Regjeringa innførte i 2009 eit nytt basisfinansieringssystem for instituttsektoren, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet.
Formålet med grunnløyvinga er å byggje opp langsiktig kompetanse og bidra til kunnskapsutvikling i institutta. Grunnløyvinga til institutta skal bidra til at forskinga får auka kvalitet, at institutta styrkjer den anvende rolla og den internasjonale verksemda, samt at institutta samarbeider betre med norske universitet og høgskolar.
Kunnskapsdepartementet har det overordna finansieringsansvaret for grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta. For å kunne delta i ordninga må eit institutt først vere kvalifisert etter dei faglege kriteria som er sette. I tillegg gjer departementet ei heilskapleg vurdering ut frå måla i forskingspolitikken. Vidare må eit departement stille ei basisløyving til rådvelde for at instituttet skal kunne delta i den resultatbaserte omfordelinga. Det er fastsett eigne retningslinjer for statleg basisfinansiering av forskingsinstitutt som mellom anna stadfestar krav for å delta, og omfanget av ordninga. Oversikt over kva for institutt som mottek statleg basisløyving går fram av vedlegg 6.
Den nye ordninga vart innført i 2009, og det er derfor ikkje noko å rapportere på kap. 287 post 57 for 2008.
Mål for 2010
Institutta har til hovudformål å tilby anvend forsking til næringslivet, forvaltninga og samfunnet.
Hovudformålet til instituttsektoren er å vere gode leverandørar av anvend forsking til næringsliv, forvaltning og heile samfunnet.
Hovudformålet med den statlege basisløyvinga skal framleis vere å sikre dette ved å gi institutta rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging.
Formålet med det nye finansieringssystemet skal vere å fordele delar av grunnløyvingane etter oppnådde resultat, på ein måte som premierer både kvalitet og relevans.
Omfordeling mellom institutta er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel for å skape reelle insentiv i den nye ordninga.
Grunnløyvinga består av ein fast del og ein resultatbasert del. Den resultatbaserte delen skal bidra til å stimulere ein god balanse mellom kvalitet og relevans, og blir fordelt etter oppnådde resultat på desse indikatorane:
vitskapleg publisering
samarbeid med universitet og høgskolar (avlagde doktorgradar og bistillingar)
internasjonale inntekter
inntekter frå Noregs forskingsråd
nasjonale oppdragsinntekter
Alle indikatorane skal vektast mot ein relevanskomponent som består av summen av internasjonale inntekter, forskingsrådsinntekter og nasjonale oppdragsinntekter som del av samla forskingsinntekter ved institutta (eksl. finansinntekter). I 2010 vil ti pst. av grunnløyvinga til institutta bli omfordelte etter oppnådde resultat på indikatorane som er nemnde over.
Enkelte institutt mottek midlar direkte frå departementa. I nokre tilfelle har det vore uklart om desse midlane er å rekne som bidrag eller oppdrag. I samarbeid med relevante departement greier Kunnskapsdepartementet no ut denne problemstillinga mellom anna med sikte på å presisere definisjonen av oppdragsinntekter. Førebels er det bestemt at det skal etablerast ei overgangsordning for rapporteringsåra 2008, 2009 og 2010, der ein opnar for at ein del av bidragsinntektene kan reknast som oppdragsinntekter. Frå rapporteringsåret 2011 bør bidragsmidlane bli kanaliserte via Noregs forskingsråd, og ordinære oppdragsmidlar må lysast ut i open konkurranse for at dei skal gi utteljing for institutta.
Budsjettforslag for 2010
Frå og med 2010 vil basisløyvinga til SINTEF Helse gå inn i den felles finansieringsordninga. Det er derfor rammeoverført 6,065 mill. kroner frå kap. 728 post 70 på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet til denne posten.
Departementet foreslår å løyve om lag 147,1 mill. kroner over denne posten.
I tillegg kjem grunnløyvinga til Christian Michelsens institutt på om lag 11,7 mill. kroner som blir løyvd over kap. 165 post 70 på budsjettet til Utanriksdepartementet. Kunnskapsdepartementet kan nytte denne løyvinga gjennom ei ordning med årleg belastningsfullmakt.
Post 58 Strategisk løyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt
Det nye finansieringssystemet for forskingsinstitutta har også eit strategisk element. Desse midlane skal kunne disponerast for å ta i vare langsiktig kompetanseheving og kunnskapsoppbygging ved institutta på område av spesiell interesse for sektoren. Ettersom den nye ordninga vart innført i 2009, er det ikkje noko å rapportere på kap. 287 post 58 for 2008.
Mål for 2010
Dei strategiske instituttløyvingane skal bidra til at institutta utviklar langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging på forskingsfelt av spesiell interesse for sektoren, og som ikkje lét seg realisere gjennom andre finansieringsordningar. Det er det einskilde sektordepartementet som har finansieringsansvaret for strategiske løyvingar. Ein hovudregel er at desse løyvingane blir lyste ut i regi av Noregs forskingsråd. Berre unntaksvis, og når faglege vurderingar tilseier at berre eitt institutt kan ta på seg den strategiske satsinga, kan sektordepartementa tildele midlar direkte til eit institutt.
Ein føresetnad ved overgangen til nytt basisfinansieringssystem var at dei kontraktane som institutta hadde inngått om strategiske instituttprogram, som hovudregel skulle gå som avtalt også etter overgangen til ny ordning. Institutt som avsluttar sine strategiske program før ny ordning trer i kraft, vil inntil vidare behalde midlane som kortsiktige strategiske løyvingar. Dette vil sikre stabile rammevilkår i overgangsperioden.
Regjeringa ønskjer at nye strategiske satsingar for dei samfunnsfaglege institutta skal kunne sjåast i samband med strategiske satsingar på andre fordelingsarenaer. På denne måten kan det gjerast meir heilskaplege prioriteringar. Av den grunn vil det tidlegast kunne lysast ut strategiske satsingar for desse institutta i 2011. Dei samfunnsfaglege institutta vil for 2010 behalde desse midlane som kortsiktige og strategiske løyvingar.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å løyve om lag 15,9 mill. kroner over denne posten.
Post 71 Tilskott til andre private institusjonar
Om ordninga
Posten dekkjer tilskott til Senter for grunnforsking ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Norske Videnskabs-Akademi i Oslo (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim (DKNVS Akademi), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse (DKNVS Stiftelse), vitskaplege fond, Egede Instituttet og Christian Michelsens Institutt.
Senter for grunnforsking skal vere eit felles miljø for særs dyktige norske og utanlandske forskarar og er viktig for å heve kvaliteten i grunnforskinga. DNVA, DKNVS Akademi og DKNVS Stiftelse har i oppgåve å fremme norsk vitskap, mellom anna ved å gi ut vitskapleg litteratur, forvalte vitskaplege fond og skape kontakt med utanlandske miljø og organisasjonar. DNVA har i tillegg ansvaret for å administrere utdelinga av Abel-prisen og dei nye Kavli-prisane innanfor astrofysikk, nevrovitskap og nanovitskap. Tilskottet til Christian Michelsens Institutt går til menneskerettsforskinga ved instituttet. Egede Instituttet skal drive forsking og gi informasjon om misjon og tilgrensande fagområde. Tilskottet til «vitskaplege fond»gjeld administrasjon av Nansenfondet, Det vitenskapelige forskningsfond av 1919 samt Institutt for sammenlignende kulturforskning. Nansenfondet skal bidra til fremme av vitskaplege undersøkingar og påskjønning av særleg framifrå vitskapleg verksemd innanfor humaniora og samfunnsfag og innanfor realfag og medisin. Det vitenskapelige forskningsfond av 1919 inngår i Nansenfondet. Institutt for sammenlignende kulturforskning skal støtte forsking på felta samanliknande språkforsking, folkeminneforsking, religionsforsking, etnologi, arkeologi og sosialantropologi.
Rapport for 2008–09
Rapporteringa for 2008–09 viser at alle forskingsinstitusjonane har halde fram med den faglege verksemda si.
Senter for grunnforsking har til dømes ført vidare onsdagsseminara, som utgjer ein fast del av den tverrfaglege verksemda ved senteret. I 2008 arbeidde 80 forskarar i prosjekt ved senteret, av dette tolv kvinner. Senteret har inngått eit formelt og kontraktfesta samarbeid med Handelshøyskolen BI. DNVA har arrangert fleire faglege møte og gav mellom anna ut rapporten Evne til forskning medan DKNVS Akademi og DKNVS Stiftelse i 2008 har halde stor aktivitet i form av fagseminar, og arbeidet med populærvitskaplege formidlingsaktivitetar har halde fram. Verksemda vart i 2008 i stor grad prega av det kommande 250-årsjubileet. DNVA har ansvaret for å administrere utdelinga av Abel-prisen, jf. omtale under post 73, og dei nye Kavli-prisane innanfor astrofysikk, nevrovitskap og nanovitskap. I 2008 vart prisane tildelte sju forskarar som er banebrytande innanfor desse fagfelta. Den første prisen i astrofysikk gjekk til Maarten Schmidt og Donald Lynden-Bell, medan Louis E. Brus og Sumio Iijima fekk den første Kavli-prisen i nanovitskap. Pasko Rakic, Thomas Jessell og Sten Grillner fekk den første Kavli-prisen i nevrovitskap. Prisutdelinga fekk god dekning i media.
Christian Michelsens Institutt har i 2008 halde fram med arbeidet med dei to hovudtemaområda for forskinga, Land and Law og Transitional Justice, formidlings- og publiseringsaktivitetar.
Egede Instituttet har i 2008 hatt fokus på publiseringsarbeid og markeringa av hundreårsjubileet for misjonskonferansen i Edinburgh i 1910.
Nansenfondet har halde fram med å dele ut midlar til ulike formål og forskarar i samsvar med statuttane.
Mål for 2010
Målet med tilskotta er at dei skal medverke til at forskingsinstitusjonane held fram med eller styrkjer den faglege verksemda si og kompetansenivået sitt. Tilskottet til DNVA har også som mål å medverke til auka merksemd om forsking generelt og til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar.
Budsjettforslag 2010
Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som i 2009.
Tabell 4.22 Løyvingar til private vitskaplege institusjonar og tiltak
(i 1000 kroner) | |||
---|---|---|---|
Institusjon | 2008 | 2009 | 2010 |
Senter for grunnforsking | 15 400 | 16 080 | 16 590 |
Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo | 13 150 | 12 230 | 12 620 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim | 340 | 355 | 366 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse | 365 | 380 | 395 |
Vitskaplege fond | 145 | 150 | 155 |
Christian Michelsens Institutt1 | 1 300 | 0 | 0 |
Egede Instituttet | 328 | 341 | 355 |
Sum | 31 028 | 29 536 | 30 481 |
1 Løyvinga til Christian Michelsens Institutt er flytt til kap. 287 post 57.
Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris
Abelprisen er ein internasjonal pris for framifrå matematisk forsking. Prisen blir delt ut kvart år, og skal bidra til å auke interessa for matematikk og realfag i samfunnet, særleg blant barn og unge. Prisen er finansiert av avkastninga frå Niels Henrik Abels minnefond, jf. kap. 3287 post 85. Fondet vart oppretta 1. januar 2002 med ein fondskapital på 200 mill. kroner. Prisbeløpet er på 6 mill. kroner. Resten av avkastninga blir nytta til ulike arrangement i samband med prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for matematikk og realfag i samfunnet, særleg blant barn og unge. Avkastninga blir disponert av Det Norske Videnskaps-Akademi, som har oppretta ein eigen komité for å vurdere nominerte kandidatar. Abelprisen vart delt ut for første gong i 2003. I 2009 gjekk prisen til professor Michail L. Gromov for framifrå bidrag innanfor geometrien. Avkastninga frå Abel-fondet i 2009 til bruk i 2010 vil vere på 12,4 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 85.
Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
85 | Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond | 12 402 | 12 400 | 12 400 |
86 | Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond | 9 101 | 9 100 | 9 100 |
Sum kap. 3287 | 21 503 | 21 500 | 21 500 |
Kapitlet gjeld avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond og Niels Henrik Abels minnefond, jf. kap. 287 postane 56 og 73.
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 4 080 | 6 360 | 6 564 |
72 | Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar | 171 308 | 174 125 | 196 887 |
73 | EUs rammeprogram for forsking, kan overførast | 1 012 366 | 1 120 164 | 1 235 864 |
74 | Det europeiske institutt for innovasjon og teknologi, kan overførast | 524 | 1 046 | 4 977 |
75 | UNESCO | 15 402 | 15 370 | 19 009 |
Sum kap. 288 | 1 203 680 | 1 317 065 | 1 463 301 |
Post 21 Særskilde utgifter
Det er eit mål at Noreg deltek aktivt innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. Løyvinga har mellom anna dekt kontingent til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD og utgifter i samband med deltaking i UNESCO.
Det åttande høgnivåmøtet Utdanning for alle vart gjennomført i Oslo i desember 2008. Møtet vart i fellesskap arrangert av Utanriksdepartementet, Kunnskapsdepartementet og UNESCO. Møtet resulterte i Oslo-erklæringa, som i hovudsak fokuserte på verdien av utdanning for å nå Andre tusenårsmål, konsekvensane av finanskrisa for å nå målet om utdanning for alle, betre lærardekninga globalt og sørgje for likeverdig utdanningstilbod til alle.
Løyvinga vil m.a. bli nytta til kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD, samt til å dekkje utgifter knytte til deltaking i UNESCO. Vidare vil løyvinga dekkje utgifter i forbindelse rehabiliteringa av Noregs hus i Paris, Cité Universitaire Internationale de Paris (CIUP), jf. fullmakt IV nr. 6 i St.prp. nr. 1 (2008–2009). Løyvinga vil òg bli nytta til utgifter i samband med nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid.
Departementet foreslår å løyve om lag 6,5 mill. kroner på posten i 2010.
Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
Løyvinga dekkjer den norske kontingenten for deltaking i European Organization for Nuclear Research (CERN), European Molecular Biology Laboratory (EMBL), European Molecular Biology Conference (EMBC), European Syncrothron Radiation Facility (ESRF) og International Agency for Research on Cancer (IARC). CERN utgjer den klart største delen av deltakinga. Forskingsrådet har eit særleg ansvar for norsk deltaking, oppfølging og spreiing av resultat av deltakinga, jf. omtale under kap. 285.
Om ordninga
Medlemskap i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal sikre norske forskarar tilgang på avansert forskingsinfrastruktur i verdsklasse som bidreg til å auke kvaliteten i norsk forsking og fremme rekruttering, internasjonalisering og konkurranseevne. Norske delegatar tek del i dei styrande organa til organisasjonane, som vedtek budsjett og rekneskap.
Organisasjonane har eigne revisjonsordningar og gjennomfører sjølve fagevalueringar av verksemda.
Rapport for 2008–09
CERN er eit av dei største laboratoria i verda for eksperimentelle studium innanfor kjerne- og elementærpartikkelfysikk. I 2008 vart den største partikkelakseleratoren i verda, Large Hadron Collider (LHC), innvigd. Forskingsrådet finansierte følgjeforsking for til saman 19,3 mill. kroner. Om lag 70 nordmenn arbeidde ved institusjonen, inkludert tekniske studentar, masterstudentar, stipendiatar og forskarar. Samarbeidet er knytt til oppbygging av LHC-eksperimenta ATLAS og ALICE, analyse av data frå LHC, oppbygging av Grid-datasystem og utvikling av avansert instrumentering for nye akseleratorar. Forskinga har eit sterkt internasjonalt preg. Dei norske aktivitetane blir kvart år evaluerte av eit internasjonalt ekspertpanel. Rapportane viser at kvaliteten på dei norske prosjekta generelt er høg og på nokre område særs høg. I 2008 var 15 nordmenn tilsette ved CERNs hovudkvarter.
EMBL er den viktigaste europeiske organisasjonen innanfor molekylærbiologi. Medlemskapen er av stor verdi for norske forskingsmiljø innanfor livsvitskapane, og viktig for rekruttering til biofaga i Noreg. Organisasjonen har opna for partnarskapsavtalar med framifrå forskingsmiljø i medlemslanda, og Noreg er representert ved to av seks partnarskapsavtalar. Senter for molekylærmedisin utgjer den norske noden i partnarskapsavtalen mellom EMBL og universiteta i Oslo, Helsingfors og Umeå. Dei tre første forskargruppene skal etter planen utvidast til åtte–ni ved full drift i 2010. Ei eiga referansegruppe har ansvaret for nasjonal koordinering, slik at jamvel andre regionar i Noreg får fagleg utbytte av samarbeidet. Også Sars International Centre for Marine Molecular Biology er i partnerskap med EMBL.
Gjennom ESRF kan norske forskarar drive materialforsking og livsvitskap som krev avansert røntgenstråling. Medlemskapen er organisert gjennom eit nordisk konsortium (NORDSYNC). Norske forskarar er i tillegg med i eit sveitsisk-norsk samarbeid om ei eiga strålelinje (SNBL). I 2008 vart følgjeforsking for til saman 6,8 mill. kroner finansiert, jf. kap. 285 post 52. Medlemskapen i ESRF blir godt utnytta av Noreg og dei andre nordiske partnarane i NORDSYNC. I ei evaluering frå 2008 får SNBL òg god omtale for det vitskaplege utbyttet knytt til drifta. Styret i ESRF gav i november 2008 si tilslutning til finansiering av første fase av prosjektet ESRF Upgrade. Dette vil gi auka kontingent for Noregs del, med budsjettauke frå 2010.
IARC er eit internasjonalt kreftinstitutt knytt til Verdas helseorganisasjon. Den største nasjonale nytta av Noregs medlemskap ligg i det generelle bidraget organisasjonen gir til kreftforskinga, som spenner frå laboratoriebasert til epidemiologisk forsking. Forskinga har eit globalt perspektiv, og dei siste åra har verksemda dreidd seg meir mot dei problema som lav- og mellominntektsland står overfor. IARC arbeider for å fremme samarbeid mellom nasjonale kreftregister og utvikling av tilsvarande kreftregister i land som enno ikkje har slike. Norske forskarar er aktive både i forskings- og styrearbeid. Noregs delegat til IARC vart i 2009 vald opp att som leiar for styret til IARC.
Mål for 2010
Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til auka kvalitet i norsk forsking og verdiskaping i norsk nærings- og samfunnsliv. Løyvinga skal gjere det mogleg for norske forskarar å ta del i ressurskrevjande og avansert forsking og medverke til utvikling av nye forskingsområde.
Budsjettforslag for 2010
Kontingentane for dei enkelte medlemslanda blir fastsette ved avtalefesta formlar for utrekning, der bruttonasjonalprodukt er ein nøkkelfaktor. Kontingentkrava for 2010 er enno ikkje fastsette. Budsjettforslaget for 2010 er derfor i stor grad basert på vedtekne kontingentar for 2009.
Departementet foreslår at løyvinga blir nominelt auka med 22,8 mill. kroner. Auken er i hovudsak knytt til valutakursutviklinga og til prosjektet ESRF Upgrade.
Tabell 4.23 Løyvingar til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
(i 1000 kroner) | |||
---|---|---|---|
Organisasjon | 2008 | 2009 | 2010 |
CERN | 144 407 | 147 755 | 163 276 |
EMBL | 12 897 | 12 878 | 15 178 |
IARC | 5 327 | 4 913 | 6 539 |
ESRF | 6 443 | 6 374 | 9 277 |
EMBC | 2 235 | 2 206 | 2 618 |
Sum | 171 308 | 174 125 | 196 887 |
Post 73 EUs rammeprogram for forsking, kan overførast
Løyvinga dekkjer norsk kontingent for deltaking i EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar.
Om ordninga
EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007–13) er verdas største internasjonale forskingsprogram, og er ope for deltaking frå land også utanfor Europa i alle delar av programmet. Dette gjeld industriland, land med rask auke i økonomi og utviklingsland. Det sjuande rammeprogrammet inneheld fem såkalla særprogram: Cooperation, Ideas, People, Capacities og Joint Research Centre. EUs sjuande rammeprogram har som overordna mål å bidra til at det europeiske forskingsområdet – European Research Area (ERA) – er eit leiande område for forsking i verda, og til at måla i EUs Lisboa-strategi om vekst og sysselsetjing blir nådde.
Med basis i EØS-avtalen deltek norske forskingsmiljø og verksemder i EUs sjuande rammeprogram for forsking på lik linje med medlemslanda i EU. Rammeprogrammet har eit budsjett på om lag 50,5 mrd. euro, og er det mest omfattande internasjonale forskingssamarbeidet Noreg er med i, både fagleg og økonomisk. Med dagens valutakursar er Noregs totale kontingent på drygt 10 mrd. kroner. Noreg legg stor vekt på deltaking i EUs forskingssamarbeid. Norsk deltaking i det sjuande rammeprogrammet skal fremme internasjonalisering og kvalitet i norsk forsking, styrkje nasjonalt prioriterte FoU-område og bidra til kunnskapsbasert innovasjon og fornying i norsk nærings- og samfunnsliv. Samarbeidet skal bidra til å auke samspelet mellom nasjonale FoU-satsingar og deltaking i det europeiske forskingsområdet. For perioden 2007–10 er det òg eit mål at støtta til norske forskarar, institusjonar og verksemder gjennom rammeprogrammet skal vere på nivå med den norske kontingenten, det vil seie om lag to pst. av den totale støtta i rammeprogrammet.
Kunnskapsdepartementet og berørte sektordepartement tek del i forvaltningsorgana for det sjuande rammeprogrammet (programkomiteane). Her blir budsjettdokument, årsrapportar og andre rapportar om gjennomføring av programmet lagde fram. Dette inneber kontroll med at verksemda er i samsvar med vedtekne formål.
Rapport for 2008–09
I 2008 var det norsk deltaking i prosjekt frå EUs sjette rammeprogram (2002–06) og det sjuande rammeprogrammet (2007–13). Prosjekta i eit rammeprogram strekkjer seg ofte ut over den offisielle programperioden. Samarbeidet innanfor det sjuande rammeprogrammet er i god utvikling. Resultata frå søknadsrundane viser stor aktivitet i norske forskingsmiljø på dei fleste programområda. Per august 2009 er litt over 1 600 søknader med norsk deltaking sende inn. Av desse er 351 prosjekt, det vil seie i underkant av 22 pst., innstilte til finansiering. Dette er klart høgre enn gjennomsnittet for deltakarlanda. Om lag 1 500 forskarar frå 600 institusjonar er involverte i dei innstilte prosjekta. Så langt har norske partnarar inngått kontraktar for omkring 825 mill. kroner. Innstilte prosjekt, der kontrakt førebels ikkje er skrive under, er ikkje medrekna i desse tala.
Norske forskarar hevdar seg sterkt innanfor delprogrammet for miljø. Fleire andre delprogram har også god norsk deltaking, som programma for hhv. vitskap i samfunnet, energi og tryggleik. Det er òg god norsk deltaking innanfor aktivitetar knytte til forskingsinfrastruktur og små og mellomstore verksemder. Det er lågare norsk deltaking innanfor regionale aktivitetar, det europeiske forskingsrådet og ordningar for forskarmobilitet. Innanfor dei tematiske programma er det lågast gjennomslag for søknader med norsk deltaking i programma for høvesvis IKT og samfunnsvitskap og humaniora. Av dei norske deltakarane i prosjekt som er innstilte til finansiering kjem 37 pst. frå forskingsinstitutta, 19 pst. frå universitet og høgskolar og 31 pst. frå næringslivet. Dei siste 13 pst. består av andre aktørar, som helseføretak, Forskingsrådet, departement, fylkeskommunar, kommunar, ulike organisasjonar osb. Per desember 2008 var det mellom anna deltaking av slike organ i 22 ERA-NET. Fem av desse stammar frå det sjuande rammeprogrammet, mens dei andre er frå det sjette rammeprogrammet. Noregs forskingsråd deltek i felles utlysingar i ERA-NET.
I 2008 hadde òg fire av dei store teknologiinitiativa i det sjuande rammeprogrammet eigne utlysingar, innanfor høvesvis medisin, IKT og hydrogen og brenselceller. Norsk deltaking i desse er ikkje kjend enno.
Budsjettforslag for 2010
Samla budsjett for det sjuande rammeprogrammet for perioden 2007–13 er på om lag 50,5 mrd. euro. Den samla norske kontingenten er berekna til om lag 10 mrd. kroner. Kontingenten er avhengig av utviklinga i bruttonasjonalprodukt i deltakarlanda og endringar i valutakurs. Dei norske utbetalingane i 2010 vil omfatte dei utbetalingane som står att for det sjette rammeprogrammet, og utbetalingar til det sjuande rammeprogrammet. Dei norske kostnadene vil i 2010 utgjere om lag 1,24 mrd. kroner. Auken i høve til 2009 er knytt til valutakursutviklinga.
Post 74 Det europeiske institutt for innovasjon og teknologi, kan overførast
Stortinget slutta seg våren 2008 til regjeringas forslag om at Noreg skal ta del i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT), jf. Innst. S. nr. 251 (2007–2008) og St.prp. nr. 56 (2007–2008).
Om ordninga
EIT er meint å vere eit flaggskip i Europa for framifrå innovasjon, og er nær knytt til EUs Lisboa-strategi for auka sysselsetjing og vekst. Målet er å fremme og integrere aktivitetar innanfor høgre utdanning, forsking og innovasjon – det såkalla kunnskapstriangelet. EIT skal komplettere andre initiativ og program på desse områda i EU og deltakarlanda gjennom såkalla kunnskaps- og innovasjonsnettverk (Knowledge and Innovation Communities – KICs). EIT skal òg bidra til auka mobilitet i det europeiske forskingsområdet og det europeiske området for høgre utdanning. Utdanningsinstitusjonar som tek del i nettverka, blir oppmoda til å tildele eigne EIT-gradar og EIT-vitnemål.
Rapport for 2008–09
EITs styre vart oppretta i juli 2008, og den første KICs-utlysinga kom i april 2009. Dei første to eller tre nettverka blir etter planen valde ut i desember 2009, med påfølgjande forhandlingar i januar 2010.
Kunnskapsdepartementet vil arbeide for god norsk deltaking i EITs kunnskaps- og innovasjonsnettverk i samarbeid med andre departement og Forskingsrådet.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å auke løyvinga nominelt med om lag 3,9 mill. kroner til å dekkje forpliktingane til kontingent i 2010.
Post 75 UNESCO
Om ordninga
UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Medlemslanda deltek på UNESCOs generalkonferanse og eksekutivråd, og kan dermed vere med og påverke UNESCOs arbeid. Tilskottet er eit vilkår for norsk medlemskap og deltaking i UNESCO. Tilskottsmottakar er hovudkontoret til UNESCO, som ligg i Paris.
Rapport for 2008–09
Løyvinga har vore nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje medlemskontingenten og tilskott til World Heritage Fund. Noreg har i arbeidet med UNESCO lagt vekt på at organisasjonen skal delta aktivt i den sentrale FN-reforma (One UN). Noreg har òg delteke aktivt i effektiviseringa av arbeidet i UNESCO.
Nærmare omtale om arbeidet i UNESCO, sjå kap. 200 og kap. 288 post 21.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår å løyve om lag 19 mill. kroner til å dekkje forpliktingane til kontingenten og tilskottet til World Heritage Fund i 2010.
Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 3 809 | 3 843 | 4 752 |
Sum kap. 3288 | 3 809 | 3 843 | 4 752 |
Løyvinga på post 04 gjeld innanlandske kostnader som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.
Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering
Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
2410 | Statens lånekasse for utdanning | 28 809 165 | 30 176 394 | 26 071 415 | -13,6 |
Sum kategori 07.80 | 28 809 165 | 30 176 394 | 26 071 415 | -13,6 |
Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
5310 | Statens lånekasse for utdanning | 13 958 521 | 15 710 400 | 11 965 178 | -23,8 |
5617 | Renter frå Statens lånekasse for utdanning | 5 898 829 | 6 763 305 | 3 788 500 | -44,0 |
Sum kategori 07.80 | 19 857 350 | 22 473 705 | 15 753 678 | -29,9 |
Mål: Alle skal ha lik moglegheit til utdanning
Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer stipend- og låneordningane som er heimla i lov av 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte.
Formålet med utdanningsstøtteordningane er mellom anna å medverke til at alle skal ha lik moglegheit til utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og økonomiske og sosiale forhold. Utdanningsstøtteordningane skal vere målretta og effektive for elevar og studentar. Utdanningsstøtta skal bidra til å sikre samfunnet tilgang på nødvendig utdanna arbeidskraft med høgt kunnskapsnivå og internasjonal orientering. Vidare er målet at utdanningsstøtta skal bidra til å raskt fange opp endringar i etterspurnaden etter arbeidskraft og utdanning.
Utdanning og kompetanse er viktig for å gi kvar einskild utvikling og identitet, evne til å tenkje kritisk og ta del i demokratiske prosessar. Utdanningsstøtta skal leggje til rette for at enkeltindividet kan ta utdanning, og skal vere tilstrekkeleg til at alle står fritt i val av utdanning. Gode støtteordningar gjennom Lånekassen er viktig for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning. Samstundes er utdanning og kompetanse stadig viktigare for ein godt fungerande arbeidsmarknad, og utdanningstøtta er eit viktig verkemiddel for å sikre samfunnet tilgang på utdanna arbeidskraft. Desse formåla er retningsgivande når departementet utviklar utdanningsstøtteordningane. Eit godt støttesystem klarer å realisere desse samfunnsmessige og individuelle målsetjingane.
Utdanningsstøtte gjennom Lånekassen skal ta vare på omsynet til personar som ønskjer å studere på deltid, som til dømes personar som tek etter- og vidareutdanning.
Elevar som tek vidaregåande utdanning med rett etter opplæringslova, kan få stipend som er behovsprøvd etter inntekt og formue til forsørgjarane. Dei kan også få behovsprøvd lån. Elevar som må flytte heimanfrå for å ta utdanning, kan få ikkje-behovsprøvd stipend til utgifter til bustad og eventuelt reisestipend. Frå hausten 2009 kan alle elevar få eit ikkje-behovsprøvd stipend til nødvendig individuelt utstyr.
For studentar i høgre utdanning, fagskoleutdanning, folkehøgskoleutdanning og anna utdanning som ikkje er omfatta av opplæringslova § 3-1, skal basisstøtta i utdanningsstøtteordninga dekkje utgifter til livsopphald og læremiddel. Studentane får heile basisstøtta som lån, og delar av lånet blir gjord om til utdanningsstipend etter kvart som studentane tek studiepoeng, eller utdanninga er fullførd. Ordninga med lån som blir gjord om til stipend, vart innført med Kvalitetsreforma og skal bidra til auka gjennomstrøyming.
Utdanningsstøtteordninga inneheld dessutan sosiale ordningar der all støtta blir gitt som stipend. Desse ordningane byggjer opp under retten til lik utdanning for alle og skal sørgje for at lånebyrda ikkje blir for stor. Dette gjeld stipend i periodar etter fødsel eller adopsjon, periodar da studenten eller eleven ikkje kan studere på grunn av sjukdom og stipend for flyktningar som tek vidaregåande opplæring. I tillegg blir det gitt forsørgjarstipend til søkjarar med omsorg for barn og reisestøtte for søkjarar som går på skole langt frå folkeregistrert adresse. Det er ei eiga ordning for støtte og ettergiving for inntil 1 100 statsborgarar frå utviklingsland, landa på Vest-Balkan, land i Aust-Europa og Sentral-Asia (kvoteordninga).
På tilbakebetalingssida er det mellom anna ordningar som skal sikre at gjeldsbelastninga ikkje skal bli uforholdsmessig stor for låntakarar med låg inntekt som følgje av at dei blir sjuke, arbeidsledige eller uføre. Dette inneber betalingsutsetjing, rentefritak og i nokre tilfelle ettergiving av lånet. Utdanningslån kan òg bli ettergitt for låntakarar som bor i og har eit yrke i Finnmark og enkelte kommunar i Nord-Troms, og for låntakarar som arbeider som legar i enkelte kommunar i andre fylke. Bakgrunnen for ordninga med ettergiving i desse områda er behov for å betre tilgangen på kvalifisert arbeidskraft og å auke tilflyttinga av unge i etableringsfasen. Utdanningslån er personleg og blir derfor ettergitt om låntakaren døyr.
Regjeringa meiner at lån og stipend skal regulerast i takt med prisstigninga og har prisjustert satsane i utdanningsstøtteordningane kvart år.Basisstøtta har auka frå kr 80 000 i 2005 til kr 87 600 i 2009. Perioden med foreldrestipend er i den siste regjeringsperioden auka med to veker for studentar og elevar med barn. Høve til å få støtte til forseinking i studia for studentar med nedsett funksjonsevne er utvida. Det er vidare innført ei ordning for avskriving av utdanningsgjeld for studentar som i 2009 fullfører enkelte lærarutdanningar med realfag og språk. Det er mogleg å binde renta på utdanningslånet i tre, fem eller ti år.
Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) har fått i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å gå gjennom lista over institusjonar i utlandet der det blir gitt tilleggsstipend til å dekkje skolepengar, slik at departementet kan fastsetje ei revidert tilleggsstipendliste for 2010–11. Den reviderte lista skal utformast innanfor gjeldande regelverk og budsjett.
Stortinget har gitt tilslutning til at departementet skal arbeide med ei omlegging av støtta til skolepengar i utlandet, jf. Innst.S. nr. 202 (2008–2009) og St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning. Stipenddelen av støtta til skolepengar skal vere størst for utdanning av høg kvalitet. Det skal såleis vere gunstig økonomisk å velje utdanning av høg kvalitet. Departementet tek sikte på å fase inn denne omlegginga av støtta til skolepengar tidlegast frå undervisningsåret 2011–12.
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 299, 27. april 2009 i Innst.S. nr. 202 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 14 (2008–2009):
«Stortinget ber Regjeringen om å forlenge gjeldende praksis i Lånekassen for tildeling av støtte til studenter ved Gründerskolen til og med studieåret 2009/2010, og samtidig vurdere hensiktsmessigheten av gjeldende regelverk.»
Kunnskapsdepartementet har bedt Lånekassen føre vidare praksisen til og med undervisningsåret 2009–10. Departementet vil vurdere nærmare om regelverket bør endrast som følgje av denne saka.
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 | 281 983 | 301 035 | 305 620 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 80 717 | 149 605 | 173 851 |
50 | Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving | 4 098 600 | 4 231 390 | 4 428 439 |
70 | Utdanningsstipend, overslagsløyving | 2 622 964 | 2 772 377 | 2 733 815 |
71 | Andre stipend, overslagsløyving | 465 221 | 437 800 | 451 576 |
72 | Rentestønad, overslagsløyving | 1 585 626 | 1 847 153 | 861 700 |
73 | Avskrivingar, overslagsløyving | 224 101 | 251 050 | 370 120 |
74 | Tap på utlån | 331 999 | 334 900 | 334 900 |
75 | Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet | 6 030 | ||
76 | Startstipend for kvotestudentar | 7 518 | ||
90 | Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving | 19 111 924 | 19 851 084 | 16 403 876 |
Sum kap. 2410 | 28 809 165 | 30 176 394 | 26 071 415 |
Frå undervisningsåret 2004–05 vart heile basisstøtta for dei som er omfatta av støtteordninga for høgre utdanning m.m. utbetalt som lån. Inntil 40 pst. av støttebeløpet kan bli konvertert til stipend når utdanninga det er gitt støtte til, er gjennomførd. Det er mogleg å få konvertert lån til stipend inntil åtte år etter at lånet vart gitt. Lånekassen har fullmakt til å dekkje utgiftene knytte til konverteringa ved å trekkje midlar frå eit fond (Konverteringsfondet) som blir løyvd på kap. 2410 post 50. Det årlege nivået på løyvinga er basert på eit anslag over kor stor del av årleg utbetalte lån som ein reknar med blir omgjord til stipend i løpet av dei neste åtte åra. Løyvinga på kap. 2410 post 50 dekkjer avsetning til framtidige utgifter ved å konvertere lån til stipend ved gjennomførd utdanning, medan rekneskapen på kap. 5310 post 93 viser den faktiske omgjeringa av studielån til stipend for det aktuelle året.
Utgiftene til dei andre stipenda, slik dei kjem fram på kap. 2410 postane 70 og 71 i Lånekassens rekneskap, inkluderer derfor ikkje lån som er konverterte til stipend under konverteringsordninga. Skal ein få total oversikt over dei samla stipendutgiftene, må lån som er gjorde om til stipend leggjast til stipendutgiftene som kjem fram i Lånekassens rekneskap. Ved å sjå kap. 5310 post 93 og kap. 2410 postane 70 og 71 i samanheng ser ein dette.
For 2008 vart om lag 3,1 mrd. kroner betalte ut som andre stipend. Om lag 4,1 mrd. kroner vart konverterte frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla utgiftene knytte til stipend i 2008 vart dermed om lag 7,2 mrd. kroner.
For 2010 anslår ein at det vil bli betalt ut om lag 3,2 mrd. kroner i stipend, og at det vil bli konvertert lån til stipend tilsvarande om lag 4,1 mrd. kroner. Dei samla utgiftene til stipend er med dette anslått til om lag 7,3 mrd. kroner i 2010.
Rapport for 2008–09
Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. Lånekassen hadde per 1. januar 2009 om lag 820 000 kundar. Av desse er om lag 530 000 i tilbakebetalingsfasen. I undervisningsåret 2008–09 var det om lag 450 000 elevar og studentar med støtterett i Lånekassen. Av desse fekk over 300 000 støtte frå Lånekassen.
Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var i undervisningsåret 2008–09 på 17,4 mrd. kroner. Av dette vart i overkant av 3 mrd. kroner utbetalte som stipend, sjå tabell 4.25 for fordeling på dei ulike stipendformene. 14,3 mrd. kroner vart i undervisningsåret 2008–09 utbetalte som lån.
I dei tre tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i tala på kundar i Lånekassen og kunderelevante forhold både for dei kundane som får støtte, og for dei som er i ein tilbakebetalingsfase.
Tabell 4.25 gir ei oversikt over kor mange som har motteke ulike stipendtypar dei to siste undervisningsåra, samt kor mykje Lånekassen har tildelt i stipend.
Tabell 4.24 Hovudtal for tildeling dei fire siste undervisningsåra
2005–06 | 2006–07 | 2007–08 | 2008–09 | |
---|---|---|---|---|
Tal på elevar/studentar i utdanning med rett til å søkje støtte1 | 438 287 | 433 771 | 441 463 | 449 658 |
Tal på støttemottakarar | 276 672 | 271 273 | 289 575 | 303 468 |
Tal på støttesøkjarar2 | 300 726 | 296 000 | 314 886 | 329 666 |
Tal på stipendmottakarar3 | 145 386 | 143 457 | 166 980 | 187 723 |
Tal på lånesøkjarar4 | 191 470 | 187 659 | 181 127 | 180 394 |
Tal på lånemottakarar | 201 643 | 195 336 | 188 278 | 186 752 |
Totalt utbetalt stipend og lån (i mill. kroner) | 16 895 | 17 212 | 17 062 | 17 361 |
Sum stipend (i mill. kroner) | 3 133 | 3 060 | 3 049 | 3 012 |
Gjennomsnittsstipend (i kroner) | 21 549 | 21 333 | 18 260 | 16 404 |
Sum lån (i mill. kroner) | 13 762 | 14 152 | 14 013 | 14 349 |
Gjennomsnittslån ( i kroner) (før konvertering) | 67 912 | 72 084 | 74 007 | 76 438 |
1 Talet er basert på tal på elevar i vidaregåande opplæring, tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) over studentar i Noreg og Lånekassens eigne tal på studentar i utlandet. Tala for heile tidsserien er revidert i høve til tidlegare proposisjonar ved at det har blitt brukt tal frå DBH, i tillegg til at utanlandsstudentane er inkluderte. Desse tala gir ei noko meir presis oversikt over dei som har rett til å søkje støtte, enn det dei tidlegare oppgitte tala gav.
2 Auken i talet på støttesøkjarar frå 2006–07 skyldast den gradvise innføringa av utstyrsstipendet.
3 Dette er talet på stipendmottakarar eksklusive dei som mottek konverteringsstipend. Det er ikkje med her fordi konvertering blir gitt først etter at eit visst antal studiepoeng er avlagd. Konverteringstipend inngår derfor ikkje i den ordinære stipendutbetalinga.
4 Dei som berre søkjer om utdanningsstipend får støtta utbetalt som lån. Desse søkjarane blir registrerte som låntakarar og ikkje som lånesøkjarar i systema til Lånekassen. Dette er årsaka til at det i tabellen ser ut til å vere fleire lånemottakarar enn lånesøkjarar.
Tabell 4.25 Fordeling av ulike stipendformer dei to siste undervisningsåra
Tal på stipend | Stipend i mill. kroner | |||
---|---|---|---|---|
2007–08 | 2008–09 | 2007–08 | 2008–09 | |
Grunnstipend | 63 811 | 63 846 | 868 | 898 |
Bustipend | 33 084 | 30 834 | 1 081 | 1 032 |
Læremiddelstipend | 41 321 | 27 285 | 141 | 95 |
Utstyrsstipend | 52 208 | 85 274 | 65 | 99 |
Flyktningstipend | 1 067 | 1 060 | 54 | 54 |
Stipend til skolepengar/gebyrstipend | 9 689 | 10 186 | 232 | 244 |
Tilleggsstipend | 731 | 703 | 21 | 18 |
Språkstipend | 610 | 509 | 9 | 8 |
Reisestipend, innland og Norden | 38 577 | 43 805 | 51 | 53 |
Reisestipend utanfor Norden | 16 798 | 17 325 | 93 | 93 |
Reisestipend i Noreg til utanlandsstudentar | 5 109 | 5 257 | 5 | 5 |
Reisestipend, kvoteordninga | 825 | 820 | 5 | 5 |
Omgjering av lån til stipend ved sjukdom | 702 | 700 | 16 | 16 |
Fødselsstipend | 3 915 | 3 923 | 209 | 214 |
Forsørgjarstipend | 12 869 | 11 258 | 198 | 178 |
Totalt | 281 316 | 302 785 | 3 049 | 3 012 |
Tabellen under gir informasjon knytt til kundar i Lånekassen som er i ein tilbakebetalingsfase, og informasjon om rentestønad til studentar under utdanning m.m.
Tabell 4.26 Hovudtal for tilbakebetaling dei fire siste åra
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | |
---|---|---|---|---|
Tal på tilbakebetalande låntakarar | 492 077 | 506 241 | 519 297 | 530 700 |
Renteberande lån (i mill. kroner) | 60 066 | 64 036 | 68 282 | 72 594 |
Betalte renter (i mill. kroner) | 2 337 | 2 326 | 2 907 | 3 945 |
Avdrag (i mill. kroner) | 4 413 | 5 021 | 5 235 | 4 877 |
Ettergitt/avskrive (i mill. kroner) | 402 | 299 | 271 | 206 |
Rentestønad (i mill. kroner) | 774 | 929 | 1 231 | 1 586 |
Uteståande lån (i mill. kroner) | 84 826 | 89 227 | 93 600 | 98 468 |
Uteståande renter (i mill. kroner) | 2 408 | 2 269 | 2 460 | 2 906 |
Budsjettforslag for 2010 for kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617
Endringar i støttebudsjettet for Lånekassen har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla nedanfor. Administrasjonsbudsjettet i Lånekassen og moderniseringa av verksemda er behandla samla under kap. 2410 post 01 og post 45.
Forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettigheter, som skal gjelde frå 1. januar 2010, og Forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, som skal gjelde frå undervisningsåret 2010–11, blir sende ut til alminneleg høring medio oktober 2009. Forslaget til forskrift er i tråd med budsjettforslaget.
Departementet foreslår at alle satsane i utdanningsstøtteordningane blir auka med 1,6 pst. frå undervisningsåret 2010–11. Foreslåtte løyvingsendringar ut over dette og dei forslaga som blir omtalte nedanfor, kjem av endra tal på støttemottakarar og/eller endra renteføresetnader, samt tekniske budsjettendringar.
Regjeringa ønskjer auka mobilitet blant norske studentar og auka internasjonalisering i grunnopplæringa, jf. St.meld. nr. 14 (2008–2009). Departementet foreslår nokre justeringar i regelverket for tildeling av utdanningsstøtte for å redusere barrierane for å ta høgre utdanning i utlandet. For å få utdanningsstøtte til utdanning i land utanfor Norden må studenten i dag ha generell studiekompetanse i Noreg før utdanninga i utlandet startar. Departementet foreslår å endre regelverket slik at det blir gitt utdanningsstøtte til studentar i land utanfor Norden frå og med semesteret etter at generell studiekompetanse i Noreg er oppnådd. Vidare blir det foreslått å fjerne vilkåret for tildeling av utdanningsstøtte i land utanfor Norden som seier at både utdanninga og institusjonen studentar tek utdanninga ved, må vere offentleg godkjende i studielandet. Departementet meiner det bør vere tilstrekkeleg kvalitetssikring av gradsutdanning i land utanfor Norden at NOKUT kan godkjenne utdanninga. For delstudium er det tilstrekkeleg kvalitetssikring at den norske lærestaden godkjenner delstudiet som del av den utdanninga studentane er i gang med i Noreg. Departementet foreslår å løyve om lag 0,8 mill. kroner til desse tiltaka for auka studentmobilitet.
Elevar som deltek i samarbeidsopplegg mellom norsk og utanlandsk vidaregåande skole, og som tek del av vidaregåande opplæring ved den utanlandske skolen, kan få utdanningsstøtte dersom samarbeidsopplegget er særskilt godkjent av departementet og det er løyvt midlar over statsbudsjettet. Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 266, 13. desember 2007 i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008):
«Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med stortingsmeldingen om internasjonalisering vurdere en opptrapping av rammen i Statens lånekasse for utdanning slik at nye søkerskoler kan innlemmes i støtteordningen for elever som tar deler av sin videregående opplæring i utlandet.»
Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 0,9 mill. kroner for at inntil éi elevgruppe frå Elvebakken videregående skole i Oslo får støtte til å ta det andre året av vidaregåande opplæring ved York College i England, og inntil éi elevgruppe frå Troms fylke får støtte til å ta det tredje året av vidaregåande opplæring ved Norsk-russisk videregående skole i Murmansk. Dette er i samsvar med ambisjonen til Regjeringa om auka internasjonalisering av grunnopplæringa og ei oppfølging av varsla tiltak i St.meld. nr. 14 (2008–2009).
For å leggje betre til rette for nye kvotestudentar ved oppstart av utdanninga foreslår departementet å løyve 7,5 mill. kroner til ei ordning der studentane får utbetalt eit startstipend tilsvarande basisstøtte i to månader når dei kjem til lærestaden i Noreg. Mange kvotestudentar er i dag i ein vanskeleg situasjon fordi det kan ta lang tid frå dei kjem til Noreg før dei får utbetalt utdanningsstøtte, ettersom dei må ha fødselsnummer og bankkonto for å søkje støtte. Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen bad i samband med behandlinga av St.meld. nr. 14 (2008–2009) Regjeringa om å setje i verk tiltak for å fjerne hindringar for utbetaling av støtte til kvotestudentar. Den nye ordninga vil sørgje for at kvotestudentane får utbetalt støtte frå Lånekassen langt raskare enn i dag.
Departementet foreslår ytterlegare to tiltak for å betre situasjonen for kvotestudentane. Det blir foreslått å opne for støtte til ei heimreise den første sommaren for kvotestudentane som startar utdanninga i vårsemesteret. Vidare foreslår departementet å opne for utdanningsstøtte om sommaren for kvotestudentar som er forseinka i det siste semesteret i utdanninga, og som kan fullføre utdanninga i løpet av ein til to månader om sommaren. Kvotestudentar som i dag er forseinka i det siste semesteret, må forlengje utdanninga i haustsemesteret for å fullføre, ofte berre i ein til to månader. Desse tiltaka vil få budsjetteffekt først i 2011.
Departementet foreslår å heve aldersgrensa for rett til sjukestipend for elevar og studentar med sjuke barn frå ti til tolv år. Den nye aldersgrensa vil vere i tråd med aldersgrensa for rett til omsorgspengar for sjuke barn etter reglane i folketrygdlova. Tiltaket får budsjetteffekt først i 2011.
I regelverket for utdanningsstøtte kan Lånekassen i dag ved behovsprøving av stipend mot formue sjå bort frå formue og inntekt som består av erstatnings- og forsikringsutbetaling som følgje av personskade. Departementet foreslår at heller ikkje formue og inntekt som består av forsikringsutbetaling ved kritisk sjukdom, skal telje med ved behovsprøvinga.
Fylkeskommunar tilbyr elevar i vidaregåande opplæring med særlege behov spesiell tilrettelegging ved knutepunktskolar. I dag får søkjarar som bur i institusjon, ikkje støtte gjennom Lånekassen. Når kostnadene til nødvendig utstyr ikkje blir dekte av fylkeskommunen eller av andre offentlege midlar, meiner departementet at elevane bør få utstyrsstipend gjennom Lånekassen på lik linje med andre elevar i vidaregåande opplæring. Det blir derfor foreslått å innføre eit unntak i regelverket som gir grunnlag for å tildele utstyrsstipend til elevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1, når dette ikkje blir dekt av fylkeskommunen eller andre. Departementet foreslår å løyve om lag 0,2 mill. kroner til dette tiltaket.
I 2009 vart det innført ei ordning for avskriving av utdanningsgjeld for låntakarar som fullførte visse lærarutdanningar innanfor realfag eller språk. Ordninga blir no foreslått utvida med utdanningar i samiske språk. Formålet med tiltaket er å stimulere til at fleire tek samisk lærarutdanning eller får kompetanse i samisk som del av lærarutdanninga. Departementet foreslår å løyve om lag 1,5 mill. kroner til tiltaket. Departementet gir nærmare forskrifter om kven som fell inn under ordninga. Sjå nærmare omtale under kategori 07.60, kap. 260 post 50.
Søkjarar som går direkte over i kurs for å få generell studiekompetanse etter avslutta vidaregåande opplæring, får støtte etter ordninga for elevar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring. Søkjarar som ikkje går direkte over i desse kursa, får derimot støtte etter ordninga som gjeld søkjarar i høgre utdanning og fagskoleutdanning, folkehøgskoleutdanning og anna utdanning som ikkje er omfatta av opplæringslova § 3-1. Departementet meiner det ikkje er stor prinsipiell skilnad mellom desse gruppene søkjarar. For å sikre likebehandling blir det foreslått at alle søkjarar som går direkte over i kurs for å få generell studiekompetanse etter avslutta vidaregåande opplæring, får støtte etter den delen av regelverket som gjeld høgre utdanning og fagskoleutdanning, folkehøgskoleutdanning og annan utdanning som ikkje er omfatta av opplæringslova § 3-1. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga til stipend med om lag 0,3 mill. kroner, samstundes som løyvinga til lån blir foreslått auka med om lag 7 mill. kroner som følgje av endringa.
Formålet med foreldrestipendet er å sikre at elevar og studentar som får barn i studietida, ikkje skal få meir utdanningsgjeld som følgje av dette. Regjeringa foreslår at foreldrestipendet blir rekna ut på grunnlag av den studiebelastninga søkjaren har hatt i oppteningsperioden. I dag er det den planlagde studiebelastninga etter fødsel som er grunnlaget for utrekning av foreldrestipendet. Ei slik endring harmonerer med reglane for foreldrepengar gjennom folketrygda. Forslaget inneber at løyvinga blir redusert med om lag 0,4 mill. kroner.
Tekniske budsjett- og rekneskapsmessige presiseringar/endringar
I Dokument nr. 1 for rekneskapsåra 2005 og 2006 peikte Riksrevisjonen på følgjande:
«Lånekassens årsregnskap er presentert med en sammenblanding av periodiseringsprinsippet og kontantprinsippet. Manglende konsistens i bruk av regnskapsprinsipp fører til at regnskapet for Lånekassen gir ufullstendig informasjon til brukerne og svekket styringsinformasjon.»
Dette førte til at regjeringa har teke initiativ til å få vurdert dagens praksis og behov for å etablere felles løysingar for kapitalforvaltninga og føringa av rekneskapen i forvaltningseiningane Statens Lånekasse for utdanning, Husbanken og bustadlånordninga i Statens pensjonskasse. Vidare er det vurdert eit meir likt teknisk rammeverk for fastsetjing av flytande og faste renter i statlege utlånsordningar knytte til desse tre forvaltningseiningane.
Lånekassen, Husbanken og bustadlånordninga i Statens Pensjonskasse er i dag ein del av staten som ordinære forvaltningseiningar. Desse institusjonane administrerer statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget. Renteinntekter på utlåna går til staten sentralt, på eigne kapittel i statsbudsjettet/ statsrekneskapen.
Forvaltningseiningane har ikkje «eigne» innlån eller midlar til disposisjon. Drifta, rentestøtte og ettergiving, og eventuelle tap blir såleis dekte av staten sjølv. I det budsjettsystemet vi har i dag, er det ein føresetnad at forvaltningseiningane sørgjer for at alle utlåna med fastsette renter blir betalte tilbake til staten. Den enkelte forvaltningseininga må derfor få ulike tilskott frå staten for å kunne dekkje tap/kostnader på utlåna, slik at forvaltningseiningane deretter skal kunne betale alle uteståande fordringar med renter tilbake til staten.
På denne bakgrunnen er det i statsbudsjettet for 2010 lagt til grunn at:
Renteinntekter skal budsjetterast og regnskapsførast ut frå opptente renter i kalenderåret. Under kvar enkelt post i fagproposisjonane skal samanhengen mellom opptente og innbetalte renter forklarast. Alle kostnader og andre inntekter enn renter skal førast etter kontantprinsippet.
Kvar enkelt forvaltningseining vil ha eigne tilskottsposter (70-poster) for å dekke tap/kostnader knytte til manglande innbetaling frå kundane i budsjetterminen. Under kvar post vil det bli forklart kva som vil gå til dekking av manglande avdrag og opptente renter i inneverande budsjettermin.
For kostnadene knytte til konvertering av utdanningslån til stipend under Lånekassen, vil ordninga med fondsavsetningar på 50-post det året lånet blir gitt, bli vidareført.
Fram til neste års forslag til statsbudsjett vil det bli arbeidd vidare med anslag for verkeleg verdi (noverdi) av fordringar staten har i dei ulike låneordningane.
Dei rekneskapsmessige tilrådingane har inga økonomisk verknad for staten, sidan det ikkje blir foreslått konkrete endringar av dei utlånsvilkåra som gjeld i dag. Forslaga gir ei meir systematisk og betre samanstilling av den økonomiske informasjonen, noko som vil kunne gi betre styringsinformasjon i framtida.
For Lånekassen oppstår det ein eingongseffekt knytt til endra periodisering for gebyra. Lånekassen har i statsregnskapsrapporteringa hittil periodisert renter og gebyr basert på kalenderåret. Gebyr blir heretter definert som ei ordinær inntekt, og skal derfor følgje kontantprinsippet. Dette vil gi endra bokført verdi av dei samla utlåna i Lånekassen pr. 1. januar 2010 på om lag 4 mill. kroner. Denne eingongseffekten er reint regnskapsmessig, og har ikkje nokon innverknad på den reelle økonomiske situasjonen til staten.
Av omsyn til konsistens i budsjett og rekneskap mellom åra og for å få lik handsaming av omlegginga for alle forvaltningseiningane for statlege utlån, blir det foreslått at slike eingongseffektar blir handtert via den sentrale balansekontoen til staten (konto for forskyvingar i balansen). Det blir foreslått at dette skal gjennomførast ved at inngåande balanse for dei totale utlåna til staten i statsrekneskapen for 2010 blir regulert i samsvar med det som er det totale utlånet ved utgangen av 2009, eksklusive berekna gebyr, og basert på det endra føringsprinsipp, jf. forslag til vedtak IV nr. 6.
Likt rammeverk for faste og flytande renter
Departementet foreslår at både den flytande og faste renta i Lånekassen frå 1. juli 2010 skal fastsettast seks gonger i året, mot tidlegare fire gonger i året. Dette betyr at observasjonsperioden blir endra frå tre til to månader. Ny rente trer i kraft to månader etter avslutta observasjonsperiode. Flytande rente i Lånekassen frå 1. juli 2010 vil ta utgangspunkt i observerte renter frå mars og april 2010. Observasjonsperiodane blir dei same som observasjonsperiodane for normrenta.
Ny fastrente vil gjelde frå første månad etter avslutta observasjonsperiode, det vil seie at fastrentene frå 1. juli 2010 er berekna ut frå observasjonar i mai 2010. Kundane i Lånekassen må med bindande verknad bestemme seg tolv dagar etter avslutta observasjonsperiode. Ved vidareføring av fastrenteavtaler må kundane bestemme seg innan 24 dagar etter avslutta observasjonsperiode.
Det blir foreslått å føre vidare rentemarginen på eitt prosentpoeng.
Dette legg til rette for at rentebanen i Lånekassen vil følgje renteutviklinga i marknaden i større grad enn i dag. Fastrentetilbod vil også bli gitt seks gonger i året mot fire gonger i dag.
For å auke fleksibiliteten i tilbakebetalingsfasen foreslår departementet å gjere det mogleg å gå ut av fastrenteavtalar etter berekning av over- eller underkurs. Berekning av over- og underkurs ved overgang frå fast til flytande rente skal gjerast etter § 10 i forskrift om låneavtaler av 11. februar 2002 til Finansavtaleloven.
Konkrete definisjonar og metodebeskrivingar for berekning av fast og flytande rente skal leggast ut på forvaltningseiningane sine internettnettsider, saman med kvalitetssikra renteobservasjonar av fast og flytande rente. Med utgangpunkt i renteobservasjonane skal det bereknast ei årleg effektiv rente og aktuelle nominelle renter etter betalingsfrekvens. Dette gir moglegheit for at kvar enkelt låntakar sjølv kan kontrollere at ein betaler korrekt rente.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 og Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på post 01 omfattar midlar til drift av Lånekassen. Løyvinga på post 45 omfattar midlar til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, mellom anna kostnader i samband med moderniseringsarbeidet i Lånekassen.
Rapport for 2008–09
Det vart i 2008 sett mål til kundanes bruk av elektronisk tilpassa løysingar og til kundebehandlinga. Det vart òg sett mål for forvaltninga av utdanningsstøtteordninga og til moderniseringsarbeidet i Lånekassen (LØFT).
Samla sett har Lånekassen ei tilfredsstillande måloppnåing i 2008. Talet på studentar, elever og lærlingar som søkjer støtte og som får svar i august (før eller ved starten av utdanninga), auka med 25 pst. i 2008. Likevel vart ikkje målet for gjennomsnittleg saksbehandlingstid nådd. Målet vart sett til ni dagar for både tildelings- og tilbakebetalingssaker i 2008, men resultatet vart høvesvis elleve og 14 dagar. Det vart vidare sett mål om at 90 pst. av dei som ringde Lånekassen, skulle få svar. Resultatet vart 74 pst. i 2008. Trass i at kravet ikkje vart innfridd, er resultatet betre enn i 2007. Gjennomsnittleg svartid var på seks dagar for førespurnader per e-post, medan kravet var tre dagar. Første halvår i 2009 viser ei positiv utvikling med ein svarprosent på vel 80 på telefon og ein til to dagar behandlingstid for e-postkontakt.
Når det gjeld utviklinga og bruken av nettsøknader, er målet nådd. 66 pst. av søknadene om lån og stipend som Lånekassen mottok i 2008, var nettsøknader. Lånekassen har arbeidd vidare med å utvikle gode elektroniske løysingar for søknader om utdanningsstøtte og betalingslette. I 2008 vart det innført nettsøknad for fleirtalet av elevane og lærlingane i vidaregåande opplæring – ei kundegruppe på om lag 180 000 elevar. Det vart òg innført ei ny og sikrare e-postløysing. For undervisningsåret 2009–10 blir det etablert nettsøknad for alle som søkjer om lån og stipend.
Lånekassen har forvalta utdanningsstøtteordningane på ein god måte. Måloppnåinga knytt til produktivitet og effektivitet har halde fram i den same positive trenden som i dei seinare åra. Det er spesielt positivt at talet på manuelle saker framleis går ned, og at det er utvikla alternative kanalar for å kontakte Lånekassen. Departementet vurderer det òg slik at målet om påliteleg og høg kvalitet i forvaltninga av utdanningsstøtteordningane er nådd.
Når det gjeld moderniseringsarbeidet i Lånekassen, inngjekk Lånekassen i april 2008 kontrakt med leverandør for gjennomføring av hovudfase ein og to av totalt tre hovudfasar for LØFT Modulis (ny IKT-løysing som er hovudprosjektet i moderniseringsarbeidet). I hovudfase ein har det oppstått eit tidsavvik på om lag eit halvt år, men det er ikkje rapportert noko avvik i kostnadene eller kvaliteten. Lånekassen har innfridd kravet til si eiga finansiering i 2008, og ligg an til å nå kravet i 2009. Dei to gjenståande hovudfasane er førebels skyvde tilsvarande fram i tid, og forventa sluttidspunkt for moderniseringsarbeidet er første halvår 2012.
I St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning er Kjernelånekassenomtalt som ein strategi for å oppnå målsetjingane med moderniseringsprogrammet. Denne strategien inneber at Lånekassen skal konsentrere verksemda si om kjerneoppgåvene og setje bort arbeid som ikkje inngår i desse oppgåvene. Departementet vurderer denne strategien som langt på veg realisert i 2009.
Mål for 2010
Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane på ein effektiv, sikker og kvalitetsmessig god måte. Samtidig skal Lånekassen tilby kundane effektive og tilgjengelige løysingar. Lånekassen skal nå måla med moderniseringsarbeidet innanfor tids- og kostnadsrammene fastsette i gjeldande styringsdokument.
Budsjettforslag for 2010
Departementet foreslår at løyvinga på post 01 blir ført vidare på same nivå som i 2009. Som tidlegare vil nokre av midlane på posten bli disponerte av departementet, og mellom anna bli nytta til departementet sitt arbeid i samband med oppfølging av moderniseringsarbeidet. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 5310 post 03, jf. forslag til vedtak II nr. 1. I 2010 vil Lånekassen få auka kostnader knytt til mellom anna pensjonskostnader. Departementet vil i dialog med Lånekassen vurdere korleis eventuelle reduserte ressursar til saksbehandling med meir som følgje av auka kostnader skal handterast.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 2410 post 45 med om lag 20,2 mill. kroner til moderniseringsarbeidet i Lånekassen, i tråd med gjeldande finansieringsplan, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2007–2008). Lånekassen vil i 2010 ha behov for å inngå kontrakt med leverandør om leveransar som krev at Lånekassen forpliktar seg økonomisk ut over den løyvinga som er foreslått for 2010. I samband med behovet Lånekassen har for å inngå kontraktar i 2010, foreslår departementet ei fullmakt til å inngå kontrakt med leverandør, jf. forslag til vedtak IV nr. 5. I samband med vedtaket om å sette i gang moderniseringsarbeidet i Lånekassen, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2007–2008), vart det satt krav til Lånekassen si eiga finansiering av LØFT. Det er stilt eit ambisiøst krav til Lånekassen si eiga finansiering der nær halvparten av styringsramma skal finansierast av Lånekassen sjølve. Departementet vil vurdere samansetninga i finansieringa av LØFT.
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Heile basisstøtta til elevar og studentar blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomførd, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Ordninga gjeld ikkje for unge elevar i vanleg vidaregåande opplæring. Løyvinga på post 50 skal dekkje avsetning til framtidige utgifter ved å konvertere lån til stipend ved gjennomførd utdanning. Ved budsjettering av posten blir det lagt til grunn at ti pst. av studentane som får lån, ikkje tek eksamen og derfor ikkje får konvertert lånet til stipend. Avsetninga er altså redusert for den delen av låna som ikkje er forventa å bli konverterte. Budsjetteringa tek også høgde for at midlar blir tilbakeførte til fondet i samband med likningskontrollen.
Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal dekkje utdanningsstipend i støtteordninga for unge elevar som tek vanleg vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1, mellom anna forsørgjarstipend, fødselsstipend, sjukestipend og flyktningstipend.
Post 71 Andre stipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld mellom anna tilskott til reiser (reisestipend), skolepengar i land utanfor Norden (skolepengestøtte og tilleggsstipend), førebuande språkkurs i utlandet og skolepengar til elevar ved utanlandske eller internasjonale skolar.
Post 72 Rentestønad, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer kostnaden med at studielåna er rentefrie i studietida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.
Det er berekna om lag 862 mill. kroner i rentestøtte i 2010.
Regelverket i Lånekassen gir vidare høve til rentefritak på særskilde vilkår i samband med tilbakebetalinga. Dette rentefritaket vart tidlegare ført på denne posten, men er frå 2010 flytt til post 73, då rentefritaket under tilbakebetalinga blir sett i samanheng med andre avskrivingar studentar etter forskrifta har rett på, jf. omtale under denne posten.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Avskrivingane på posten omfattar blant anna avskriving grunna død og sjukdom, lærarutdanning og busetting og arbeid i Finnmark. Alle ordningane er fastsett i forskrifta som noko studentar har rett på.
Oversikten under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:
Tabell 4.27 Avskrivingselement
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Tiltak | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
Sjukdom | 19 270 | 45 000 | 46 000 |
Dødsfall | 48 658 | 45 000 | 51 000 |
Automatisk avskriving | 1 347 | 1 400 | 1 400 |
Avskriving lærarutdanning | 20 939 | 20 000 | 21 500 |
Finnmarks-avskriving | 105 637 | 103 700 | 115 600 |
Avskriving studentar frå Aust-Europa/u-land | 27 250 | 35 800 | 28 600 |
Rentefritak | 106 000 | ||
Sum | 224 101 | 251 050 | 370 100 |
Ordninga med ettergiving av utdanningslån for kandidatar som har fullført langvarig universitets- og høgskoleutdanning (hovudfagsavskrivinga), er avvikla frå 2008. Restgjeld blir automatisk avskrive når restbeløp er under minimumsbeløpet for innkrevjing i forskriftene.
Rentefritak som blir gitt i den perioden studielånet er under tilbakebetaling, vart fram til 2010 ført under post 72. Slike rentefritak blir frå 2010 førte under post 73 og blir sett i samanheng med dei andre avskrivingane på posten som studentar etter forskrifta har rett på. For 2010 er dette beløpet berekna til 106 mill. kroner.
Av samla avskriving på 370 mill. kroner reknar ein med at om lag 251 mill. kroner vil utgjere den opphavlege hovudstolen av dei avskrivne låna. Dei resterande avskrivingane fordeler seg med 79 mill. kroner frå renter i 2010 og 40 mill. kroner i renter frå tidlegare periodar.
Avskrivingane på post 73 er heimla i forskriftene til Lånekassen og i lov om utdanningsstøtte nr. 37 av 3. juni 2005.
Post 74 Tap på utlån
Løyvinga på posten dekkjer avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne rekneskapsmessig som tap i Lånekassen når dei blir overførde permanent til Statens innkrevjingssentral.
Oversikten under viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:
Tabell 4.28 Tapselement
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Tiltak | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
SI-Permanent | 306 773 | 295 000 | 295 000 |
Andre forhold | 6 086 | 9 900 | 9 900 |
Lån etter gjeldsordning | 16 775 | 30 000 | 30 000 |
Sum | 329 634 | 334 900 | 334 900 |
Den opphavlege hovudstolen er berekna å utgjere om lag 226 mill. kroner, medan renter frå tidlegare periodar utgjer om lag 99 mill. kroner i 2010. Årets renter på tap/kostnadsfordringane er berekna å utgjere om lag 10 mill. kroner i 2010.
Lånekassen har eit samarbeid med Statens innkrevjingssentral (SI) om innkrevjing av uteståande krav. Kundar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling (varsel om oppseiing), får lånet førebels overført til SI. Dersom SIs arbeid fører fram og kunden kjem à jour med betalingar, vert saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet, som ligg i reskontro hos Lånekassen i den perioden SI arbeider med innkrevjinga. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, at kravet rekneskapsmessig vert overførd til SI.
Utdanningsstøtteloven § 13 og forskrifter gitt i medhald av lova gir heimel for overføring av fordringar til Statens innkrevjingssentral ved vedvarande og grovt mislighald. Ei overføring av kravet til SI medfører tap av rettar gitte i medhald av denne lova.
Etter gjeldande forskrift § 7-6 siste ledd blir lånet rekna for «vedvarande og grovt misleghalde» når gjelda har vore oppsagd i tre år. Ved overføringa tek SI over innkrevjingsoppgåvene i sin heilskap og gjer tvangsinnkrevjing i form av utleggstrekk i lønn eller trygd og/eller utleggspant i andre formuesgode. I tillegg behandlar SI søknader om ettergiving samt rettsleg og utanrettsleg gjeldsordning. SI gjer også innkrevjing overfor låntakarar busette i utlandet.
Utdanningsstøttelovens § 14 første ledd gir heimel til å «delta i forhandlingar om gjeldsordningar etter gjeldsordningsloven», samt «delta i utanrettslige gjeldsforhandlingar». Både SI og Lånekassen handterer gjeldsordningssaker Lånekassen gjer dette med dei oppsagde lån som ikkje er overførte SI permanent. Nærmare reglar om ettergiving er gitt i forskriftene kapittel 9 (fordringar som ikkje er moglege å drive inn). Ved vurdering av søknad om ettergiving skal det
«leggast vekt på hvilke tiltak som har vært gjennomført i saken, og det skal vurderast hvilke tiltak som vil være mest hensiktsmessige for innkrevingen i framtida. Låntakaren kan ikke få ettergiving dersom det vil virke støytande», jf. § 9-1 andre ledd.
Ved utgangen av 2008 er det overført totalt 85 502 krav til SI med eit samla beløp på 4,4 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn 1,6 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2008 for permanent overførte studielån vart på 209 mill. kroner mot 216,8 mill. kroner i 2007 og 166,5 mill. kroner i 2006. I same periode vart det overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 306,7 mill. kroner i 2008, 285,7 mill. kroner i 2007 og 397,3 mill. kroner i 2006.
Innkrevjinga til SI av overførte studielån er berekna til 200 mill. kroner i 2010.
Post 76 Startstipend for kvotestudentar
Løyvinga på posten dekkjer den nye utbetalingsordninga for kvotestudentar med utbetaling av stipend tilsvarande støtte i to månader når dei kjem til lærestaden i Noreg for første gong, sjå omtale under budsjettforslag for 2010.
Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer Lånekassens totale utlånsbehov til studentar og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalt ved utgangen av året.
Tidlegare vart berekna renter som vart betalt i året også ført på denne posten, med ein tilsvarande motpost på inntektsida under kap. 5310, post 90. Dette er endra frå 2010 ved at begge løyvingane blir nedjustert slik at det berre er dei rentene som ikkje vert betalt ved utgangen av budsjettåret som er synlege på denne posten som auke i låneløyvinga.
Endringa inneber ikkje endringar for korleis renteinntektene blir førde på post 80.
Nye utlån til kundar er berekna å utgjere om lag 15,377 mrd. kroner, medan utlån til ubetalte renter er berekna å utgjere om lag 1,027 mrd. kroner slik at den totale løyvinga på posten blir om lag 16,4 mrd. kroner i 2010.
Varsla gebyr blir frå 2010 ikkje lenger ført på denne posten.
Det blir foreslått at ordninga med ekstra lån til studentar som tek eit sommarsemester, blir førd vidare i 2010, jf. forslag til vedtak III nr. 4.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
03 | Diverse inntekter | 4 384 | ||
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 18 000 | 24 000 | 24 000 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 2 233 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 4 803 | ||
29 | Termingebyr | 28 900 | 29 478 | |
72 | Gebyr | 131 569 | ||
89 | Purregebyr | 96 200 | 92 000 | |
90 | Redusert lån og rentegjeld | 9 420 289 | 10 955 500 | 7 685 500 |
91 | Tap og avskrivingar | 441 273 | 447 100 | |
93 | Omgjering av studielån til stipend | 3 935 970 | 4 158 700 | 4 134 200 |
Sum kap. 5310 | 13 958 521 | 15 710 400 | 11 965 178 |
Post 03 gjeld i hovudsak refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.
Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).
Post 29 gjeld gebyr i samband med utsending av varsling ved terminforfall. Post 89 gjeld gebyr i samband med utsending av andregongsvarsel og ved varsel om oppseiing. Kundar som vel e-faktura, blir ikkje belasta med gebyr ved førstegongsvarsel. Gebyr ved andregongsvarsel på kr 280 og tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing) på kr 490 vil vere dei same for kundar som bruker e-faktura, som for kundar som vel papirfaktura.
Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år.
Avskrivne og betalte renter er frå 2010 splitta i avskrivne og betalte renter inneverande og tidlegare budsjettperiodar.
Avskriving av ikkje-renteberande lån samt avskriving av renteberande lån over kap. 2410 postane 73 og 74, som tidlegare vart ført på post 91, blir frå 2010 førte på denne posten.
Tilbakebetaling av opphavleg hovudstol er berekna å utgjere om lag 6,326 mrd. kroner i 2010. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna å utgjere om lag 743 mill. kroner i 2010.
Tilbakebetaling frå tap/kostnadsløyvingar utgjer om lag 615 mill. kroner (omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidligare periodar, spesifisert på kap. 2410, postane 73 og 74).
Innbetalte gebyr og rentefritak blir frå 2010 ikkje lenger førte på denne posten.
Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (Konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, jf. kap. 2410 post 50.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
80 | Renter | 5 898 829 | 6 763 305 | 3 788 500 |
Sum kap. 5617 | 5 898 829 | 6 763 305 | 3 788 500 |
Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kunder i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyva på tilskotspostar til å dekkje statens kostnader på lån som er rentefrie under utdanninga og på lån som er avskrivne.
Rentestøtta er berekna å utgjere om lag 862 mill. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna å utgjere om lag 1,8 mrd. kroner i 2010.
Opptente ikkje betalte renter frå kundane er berekna å utgjere om lag 1,027 mrd. kroner, medan årets renter frå tap/kostnadsløyvingar er berekna å utgjere om lag 89 mill. kroner i 2010.
Belasta gebyr blir frå 2010 ikkje lenger ført på denne posten.
Fotnotar
For kap. 286 post 50 er òg bransjar inkluderte i dette målet, altså «uavhengig av fagområde og bransjar»