Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heilåtte statlege føretak

Arbeidsforskingsinstituttet AS

Dagleg leiar fekk i 2008 ei samla godtgjering på kr 761 578 samt del av pensjonspremie på kr 78 530. Ved overgang til aksjeselskap vart dei opparbeidde rettane i Statens pensjonskasse ført vidare. Dei årlege innbetalingane til Statens pensjonskasse skal dekkje plikta til selskapet.

Birkeland innovasjon AS

Det vart utbetalt kr 593 333 i lønn og kr 6 650 i andre godtgjeringar til dagleg leiar i 2008. Selskapet har pensjonsordning i Statens pensjonskasse, som dekkjer kravet til obligatorisk tenestepensjon.

Styret i selskapet har vedteke ei insentivordning for dei tilsette. Føresetnaden er at maksimal utbetaling til kvar person ikkje overskrider ei månadslønn, og at tilsette gjennom arbeidsavtalar fråskriv seg rettar til eventuelle oppfinningar og meirverdi som blir til gjennom arbeidet med nyskapingsprosjekt i Birkeland innovasjon AS. Insentiv til administrerande direktør vil bli rekna ut ifrå oppnåing av mål.

NCE Subsea drift AS

Dagleg leiar fekk kr 817 963 i lønn i 2008, og mottok ikkje anna godtgjering. Selskapet har ei tenestepensjonsordning som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS

Administrerande direktør fekk kr 789 053 i lønn og kr 12 375 i andre godtgjeringar i 2008. Pensjonskostnader vart dekte med kr 63 998.

Administrerande direktør har ikkje rett på bonus, overskottsdeling eller opsjonar, og heller ikkje særlege ytingar ved opphør av tilsettingsforholdet.

NTNU samfunns forsking AS

Dagleg leiar fekk kr 669 346 i lønn i 2008. Pensjonsutgifter vart dekte med kr 47 792.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk kr 1 048 196 i lønn og kr 113 590 i andre godtgjeringar i 2008. Selskapet har ei pensjonsordning for alle tilsette som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Sem gjestegård AS

Dagleg leiar fekk kr 626 718 i lønn og kr 78 102 i andre godtgjeringar i 2008. Dei tilsette i selskapet er omfatta av lov om obligatorisk tenestepensjon, og dei samla pensjonsutgiftene var kr 72 941.

Senter for økonomisk forsking AS

Dagleg leiar har i 2008 fått utbetalt honorar på kr 150 000.

UNINETT AS

Administrerande direktør fekk kr 979 716 i lønn og kr 10 003 i andre godtgjeringar i 2008. Til finansiering av førtidspensjon for administrerande direktør vart det oppretta ei livrente med innskott på 3 mill. kroner i 2003.

Unirand AS

Administrerande direktør fekk kr 202 791 i lønn i 2008. Administrerande direktør har ikkje avtale om sluttvederlag, og selskapet har ikkje bonus- eller opsjonsordning. Det er ikkje gitt lån eller stilt sikring for administrerande direktør.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Lønn til administrerande direktør er i 2008 utbetalt med kr 863 425. Delen til selskapet til pensjon er ført som utgift med kr 80 298.

Selskapet har tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse. Pensjonsordninga er ein ytingsplan for selskapet. Det er ikkje rekna med eit eige fiktivfond for selskapet.

Vangslund AS

Dagleg leiar fekk kr 172 995 i lønn og kr 3 436 i andre godtgjeringar i 2008. Selskapet er ikkje pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

Følgjande heilåtte selskap har ingen tilsette

HiST kompetanse AS, Rya gods og skoger AS og Universitetet i Bergen eiendom AS.

Til forsida