Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 4
Rapportar

6 Ressursar i grunnopplæringa

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om status for og utvikling i ressursbruken i grunnopplæringa. Talet på elevar og lærlingar er objektive faktorar som er avgjerande for ressursbruken i skolen. Talet på lærarar, skolestruktur o.a. har òg innverknad på kostnadsnivået, men dette er til dels gjenstand for lokale prioriteringar.

Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskoleopplæring var i 2008 om lag 56 mrd. kroner og i overkant av 30 pst. av driftsutgiftene i kommunane. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring i 2008 om lag 26 mrd. kroner og utgjorde om lag 60 pst. av driftsutgiftene i fylkeskommunane. Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra, både når det gjeld totale ressursar og ressursar per elev.

Kapitlet startar med ei orientering om utvikling i talet på elevar og lærlingar i grunnopplæringa, med informasjon om mellom anna fordeling på utdanningsprogram. Vidare er det ein omtale av vaksne i grunnopplæringa, skolefritidsordninga og leirskoleordninga. Dei neste tema er lærartettleik og skolestruktur, før det blir gitt ein omtale av kommunale utgifter til grunnopplæring og utgifter per elev. Mot slutten av kapitlet er spesialundervisning og internasjonale undersøkingar tema.

Talgrunnlaget er i hovudsak henta frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI), Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune-stat-rapportering) og Utdanningsspeilet 2008 frå Utdanningsdirektoratet.

Elevar og lærlingar i grunnopplæringa

Hausten 2008 var det 614 033 elevar i grunnskolen. Av desse gjekk 69 pst. på barnetrinnet og 31 pst. på ungdomstrinnet.

Tabell 6.1 Talet på elevar i grunnskolen i perioden 2001–02 til 2008–09. Ordinære grunnskolar

Skoleår

Barnetrinnet

Ungdomstrinnet

Totalt

2001–02

429 445

168 095

599 468

2002–03

432 618

175 121

610 297

2003–04

432 345

181 934

617 577

2004–05

429 652

185 866

618 250

2005–06

429 207

187 856

619 640

2006–07

430 737

188 301

619 038

2007–08

428 650

187 537

616 388

2008–09

425 756

188 262

614 033

Kjelde:  GSI

Om lag 96 pst. av alle elevane som gjekk ut av tiande trinn i grunnskolen våren 2008, gjekk direkte over i vidaregåande opplæring same haust. Om lag 46 pst. av elevane som begynte på første trinn i vidaregåande opplæring hausten 2008 begynte på eit studieførebuande program. Det tilsvarande talet for 2007 var om lag 47 pst. Det samla talet på elevar i vidaregåande skole hausten 2008 var i alt 183 520 elevar. Tabellen nedanfor viser talet på elevar på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram på dei tre stega i vidaregåande skole. Det går fram av tabellen at talet på elevar på Vg3 går ned på yrkesfaglege program og stig på studieførebuande program. Dette må sjåast i samanhang med at dei fleste elevane på dei yrkesfaglege programma blir lærlingar eller vel å ta påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2. At talet på elevar på yrkesfagleg Vg3 går ned i 2008–09 samanlikna med 2007–08, skyldast nok mellom anna endringar i strukturen i vidaregåande opplæring i samband med innføringa av Kunnskapsløftet. Til dømes er det tidlegare tredje året i skole for hjelpepleiarar erstatta med opplæring i bedrift i helsearbeidarfaget. Det har også vorte fleire læreplassar slik at behovet for alternative Vg3-kurs i skole har vorte mindre.

Tabell 6.2 Fordeling av elevar på utdanningsprogram og -nivå i vidaregåande skole. Reviderte tal

Steg 1 (Vg1)

Steg 2 (Vg2)

Steg 3 (Vg3)

År

Studieføre-buande

Yrkesfagleg

Studieføre-buande

Yrkesfagleg

Studieføre-buande

Yrkesfagleg

I alt

2006–07

34 061

39 483

29 068

35 165

39 381

10 501

187 659

2007–08

34 318

39 071

29 683

33 871

41 067

10 187

188 197

2008–09

33 359

38 821

30 236

33 812

41 345

5 947

183 520

Kjelde:  SSB/Utdanningsdirektoratet

Frå og med 2003, da talet på lærlingar var i underkant av 30 000, har talet auka. Tal frå SSB viser at per 1. oktober 2007 var talet på lærlingar 37 222 og talet på lærekandidatar 863. På same tidspunkt i 2008 var tala auka til 38 168 lærlingar og 1 016 lærekandidatar. Dette er ein auke på om lag tre pst. frå 2007 til 2008. Av dei som gjekk på yrkesfaglege utdannings program i Vg2 i 2007–08, er 34,6 pst. i lære i 2008–09 (KOSTRA 2008). For lærefag som følgjer strukturen til Kunnskapsløftet, er det flest lærlingar i teknikk og industriell produksjon, helse- og sosialfag og bygg- og anleggsteknikk.

For meir informasjon om elevar og lærlingar i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2008.

Vaksne i grunnopplæringa

Vaksne som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønskjer det (jf. opplæringslova § 4A–1).

Talet på vaksne som får opplæring på grunnskolenivå, har vore relativt stabilt sidan 2002. Hausten 2008 var det 9 358 vaksne som fekk grunnskoleopplæring. Det tilsvarande talet for 2007 var 9 738. Av dei som fekk opplæring hausten 2008, var det 3 879 vaksne i ordinær grunnskoleopplæring, mens 5 479 vaksne fekk grunnskoleopplæring i form av spesialundervisning. Om lag 52 pst. av deltakarane er kvinner. Av dei som får ordinær grunnskoleopplæring, er ein stor del språklege minoritetar (om lag 73 pst.). I gruppa vaksne som får spesialundervisning, er det ein liten del språklege minoritetar (om lag 8 pst.) (Utdanningsspeilet 2008).

Frå og med hausten 2008 er retten til vidaregåande opplæring for vaksne utvida. Den nye retten inneber at alle som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Tidlegare var det berre vaksne fødde før 1978 som hadde slik rett.

Tal frå KOSTRA viser at fylkeskommunane i 2008 ga tilbod om vidaregåande opplæring til om lag 42 000 vaksne. Det tilsvarande talet i 2007 var i overkant av 39 000. I underkant av 23 000 vaksne søkjarar fekk vurdert realkompetansen sin i fylkeskommunane i 2008. I 2007 var talet i overkant av 20 000 (SSB).

Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkjar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring. Statistikkgrunnlaget for vaksne i vidaregåande opplæring har førebels manglar. Problema er mellom anna knytte til at fylkeskommunane har ulike administrative system for rapportering, og til at dei rapporterer på ulike måtar. Under leiing av Utdanningsdirektoratet er det sett i gang eit arbeid for å betre rutinane og kravspesifikasjonen for registrering og rapportering av vaksne si deltaking i vidaregåande opplæring.

For meir informasjon om vaksne i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2008 og Vox-speilet 2008.

Skolefritidsordninga

Hausten 2008 gjekk i alt 144 893 barn i skolefritidsordning (SFO). Av barna i SFO går 96,5 pst. i kommunale ordningar, 3,4 pst. i private ordningar og resten ved statlege skolar. Delen barn på 1.– 4. trinn som gjekk i SFO, var på omlag 60 pst.

GSI-tal for hausten 2008 viser at 55 pst. av barna i SFO hadde plass med lang opphaldstid. I gjennomsnitt var foreldrebetalinga for ein elev som var 25 timar per uke i SFO, kr 1 942 per månad. Foreldrebetalinga for ein elev som var i SFO ti timar per veke, var i snitt kr 1 144 per månad (GSI).

Leirskoleordninga

I skoleåret 2008–09 planla 64 304 elevar å delta på eit leirskoleopphald. Dette utgjer 10,5 pst. av elevane i grunnskolen, og er i samsvar med målsetjinga om at alle elevar skal få ta del i eit leirskoleopphald minst éin gong i grunnskolen. Delen elevar som har drege på leirskole, har lege på om lag ti pst. sidan 2001.

Lærartettleik

Lærarårsverk

Sidan 2005–06 og fram til skoleåret 2008–09 har talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver auka med i overkant av 2 500 årsverk. I same periode sank talet på elevar med om lag 5 600.

Fram til 2006–07 registrerte skolane årsverk til undervisning, der både tid til undervisning og andre oppgåver (som til dømes IKT-teknisk arbeid, skolebibliotekteneste utført av lærar, årsverk til samlingsstyrar, lærarar over 55 år med redusert undervisningsplikt, o.a.) var inkluderte. F.o.m. 2007–08 har registreringa av årsverk til undervisning vorte delt i to, slik at årsverk til undervisning blir registrert i eitt felt og årsverk til andre oppgåver for undervisningspersonale blir registrert separat. Det er noko usikkert korleis andre oppgåver for undervisningspersonale vart rapportert før 2006. Også frå 2007 til 2008 har det skjedd endringar i rapporteringa her. Dette har ført til brot i tidsserien på årsverk til undervisning. Brotet er markert i tabellen under og inneber at veksten i årsverk i denne perioden er noko meir usikker.

Tabell 6.3 Årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskolen, utvikling i årsverk

År

Årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk

Herav andre oppgåver (m/u godkjent utdanning)

2001–02

50 710

2002–03

50 082

2003–04

48 402

2004–05

49 541

2005–06

49 261

2006–07

49 804

2007–08

51 142

1 926

2008–09

51 804

2 483

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2008 var talet på lærarårsverk i vidaregåande skole 20 846. Dette er ein auke på 228 frå 2007. Sidan 2005 har talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring auka med om lag 1 000. Auken har samanheng med veksten i elevtalet i same periode.

Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring

Skoleår

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring1

2005–06

19 853

2006–07

20 503

2007–08

20 618

2008–09

20 846

1 Fylkeskommunale skolar. Avtalte lærarårsverk ekskl. lange fråvær

Kjelde: KOSTRA

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik

Det har vore ein nedgang i den gjennomsnittlege gruppestørrelsen kvart år sida 2005. Tabellen nedanfor viser at for skoleåret 2005–06 var gruppestørrelse 1 på 14,03, og for skoleåret 2008–09 er han på 13,70. Det er ein nedgang på 2,4 pst.

Indikatoren berekna gjennomsnittleg gruppestorleik kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestørrelse 1 omfattar også timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar (i alle offentlige og private grunnskolar unntatt spesialskolar og utanlandsskolar). Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.

Gruppestørrelse 2 er ein annan måte å rekne gruppestørrelse på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestørrelse 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid, fordi endringar i praksis knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren.

Gruppestørrelse 2 gir eit bilete av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje mottek særskilde individretta styrkingstiltak. Gruppestørrelse 2 har berre hatt ein svak nedgang sidan 2005–06 og har auka noko det siste året. Det tyder på at hovudtyngda av dei auka ressursane i grunnskolen har gått til utviding av timetalet for alle på barnetrinnet, og til auke i spesialundervisning og individretta tiltak.

Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik i grunnskolen

År

Gruppestørrelse 1

Gruppestørrelse 2

2001–02

13,38

16,27

2002–03

13,64

16,47

2003–04

13,80

16,68

2004–05

13,88

16,72

2005–06

14,03

16,95

2006–07

13,94

16,93

2007–08

13,75

16,78

2008–09

13,70

16,86

Kjelde:  Utdanningsdirektoratet

Elevar per kontaktlærar

I opplæringslova heiter det at kvar elev skal vere tilknytt ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, blant anna kontakten med heimen. Gjennomsnittleg tal på elevar per kontaktlærar vart kraftig redusert frå 2003–04 til 2004–05, og har sidan halde seg på eit relativt stabilt nivå. I skoleåret 2008–09 var det i snitt 15 elevar per kontaktlærar i grunnskolen. Tilsvarande tal for skoleåret 2007–08 var 15,1.

Skolestruktur

I skoleåret 2008–09 var det 2 899 offentlege kommunale grunnskolar, tre interkommunale grunnskolar og ein statleg grunnskole. I tillegg var det 155 private grunnskolar, 14 av dei i utlandet. Same skoleår var det 86 spesialskolar i Noreg. Av dei var 48 kommunale, åtte interkommunale, 18 fylkeskommunale, seks statlege og seks private.

Storleiken på grunnskolane varierer frå berre nokre få elevar til nærmare 800 elevar på dei største skolane. Tabellen nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skolar. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skolar og færre små skolar. I dei siste åra har fordelinga vore om lag uendra.

Tabell 6.6 Fordeling av små, mellomstore og store grunnskolar

(i pst.)

1997

2000

2005

2008

Mindre enn 100 elevar

40

37

36

33

100–299 elevar

42

41

39

40

300 elevar eller meir

19

22

26

27

Kjelde: GSI og Utdanningsdirektoratet

Tabellen viser at det er ein tendens til at det blir færre skolar med færre enn 100 elevar og fleire større skolar. Åtte pst. av elevane går på skolar med mindre enn 100 elevar, 38 pst. går på skolar som har mellom 100 og 299 elevar, og 54 pst. går på skolar med meir enn 300 elevar. Sidan skoleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skolar.

Hausten 2008 var det registrert 460 vidaregåande skolar. 371 var fylkeskommunale, 89 private og tre statlege. Til samanlikning var talet på vidaregåande skolar hausten 2007 til saman 453. Auken i talet på skolar må sjåast i samanheng med auken i talet på elevar.

Kommunal ressursbruk målt i utgifter til grunnopplæringa

Utgifter per elev

Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei driftsutgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skolelokale og skyss. Tabellen nedanfor viser at korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen var kr 78 066 i 2008. Dette er ein auke på sju pst. frå 2007. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program kr 100 334, og på yrkesfaglege program kr 124 019 – det vil seie ein auke på 8,3 pst. og 6,3 pst frå 2007. Samla for vidaregåande opplæring har veksten vore 7,3 pst. Den kommunale deflatoren var i same periode 6,4 pst. Det vil seie at det har vore ein liten realvekst i utgifter per elev både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Til tross for ein betydelig elevtalsvekst i vidaregåande opplæring etter 2004 har ressursbruken per elev vore på om lag på same nivå.

Det er ein betydeleg auke i driftsutgifter til undervisningsmateriell i grunnskolen frå 2005 til 2008. Hovudårsaka til dette er Kunnskapsløftet og behov for utskifting av læremiddel som følgje av nye læreplanar. Dette er kommunane kompenserte særskilt for.

Tabell 6.7 Korrigerte brutto driftsutgifter per elev, løpande prisar

2005

2006

2007

2008

Grunnskolen

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev

65 021

68 743

72 933

78 066

– Lønnsutgifter per elev

51 979

54 398

57 022

61 813

– Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev

655

819

901

723

– Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev

1 101

1 361

1 777

1 792

Vidaregåande opplæring1

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

87 699

90 021

92 661

100 334

– Lønnsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

53 079

54 435

59 790

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i yrkesfaglege utdanningsprogram

109 060

112 395

116 692

124 019

– Lønnsutgifter per elev i yrkesfaglege utdanningsprogram

70 840

73 811

79 185

1 På grunn av endra rapportering i KOSTRA kan ikkje tala for vidaregåande opplæring for 2008 og 2007 samanliknast med tala for 2005 og 2006. Tala for 2006 kan heller ikkje samanliknast med tala for 2005.

Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå

Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen utgjorde lønnsutgiftene om lag 79 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var om lag 60 pst. og 64 pst. på høvesvis allmennfaglege og yrkesfaglege studieretningar i 2008. Dette er om lag same nivå som i 2007.

Kommunale forskjellar i ressursbruk

Skoledrift er ikkje like dyrt for alle kommunar. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skolar for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. For å kunne samanlikne kommunar er det i figuren nedanfor korrigert for driftskostnader for elevtal og indikatorar for busetjingsmønster (reisetid og reiseavstand) – dette blir kalla strukturjustering (Hægeland mfl. 2009).

Figur 6.1 Strukturjusterte kommunale forskjellar i ressursbruk, utgifter
per elev i 2007 (målt i 1000 kroner)

Figur 6.1 Strukturjusterte kommunale forskjellar i ressursbruk, utgifter per elev i 2007 (målt i 1000 kroner)

Kjelde: Hægeland mfl. 2009

Figuren over viser at langt fleire kommunar ligg rundt gjennomsnittet for driftsutgifter etter at det er justert for ulikskapar i busetnadsmønster og liknande. Skilnadene mellom kommunar som har låge utgifter, auka noko meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Hovudinntrykket er likevel at variasjonen mellom kommunar i utgifter per elev har vore svært stabil i dei siste fem åra. Fleire faktorar som bestemmer kostnadene, til dømes reiseavstand og elevtal, endrar seg lite frå år til år. Rundt 75 pst. av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skole, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har ein tydelig effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skole.

Det er stor forskjell i talet på elevar og reiseavstand mellom dei kommunane som har høgast og lågast driftsutgift per elev. Heile 21 pst. av elevane i landet går på skole i dei 25 kommunane med lågast utgift per elev. Til samanlikning går bare 0,7 pst. av elevane på skole i dei 25 kommunane med høgast utgift per elev. Reiseavstanden og -tida er mykje lengre i høgutgiftskommunane. Kommunane med høge utgifter har òg høgre frie inntekter. Kommunar med låge utgifter har gjennomgåande mange elevar, lågare frie inntekter og fleire innvandrarar. Ingen av dei 25 kommunane med lågast utgifter er kraftkommunar.

For meir omtale av variasjonar i ressursbruken mellom kommunar, sjå Utdanningsspeilet 2008.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning.

Delen elevar med spesialundervisning i grunnskolen har vore nokså stabil over tid, men har auka noko i dei siste åra og ligg på 7,2 pst. i 2008–09. Det er ein auke på 0,9 prosentpoeng sidan året før. Ei undersøking frå Hægeland mfl. (2009) viser at det er store skilnader mellom fylka når det gjeld spesialundervisning i vidaregåande opplæring. I skoleåret 2007–08 varierer delen av elevane som får spesialundervisning, inklusiv minoritetsspråklege elevar, frå 1,2 til 10,2 pst. Det er sannsynleg at noko av forskjellane skyldast ulik rapporteringspraksis. For meir omtale, sjå Utdanningsspeilet 2008.

Delen elevar med særskild norskopplæring i grunnskolen var 6,7 pst. i 2008–09. På same tidspunkt i 2007–08 var delen 6,5 pst. (KOSTRA).

Internasjonale samanlikningar

Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal for 2006 frå OECD (Education at a Glance 2008: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, er Noreg eit av landa med dei høgaste utgiftene, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Samla utgifter per elev for heile grunnopplæringa i Noreg var i overkant av 45 pst. over OECD-snittet. Det er særleg den høge lærartettleiken som forklarer den høge ressursbruken i Noreg, men den delen av lærarane si arbeidstid som blir brukt til undervisning trekkjer også utgiftene opp, særleg i vidaregåande opplæring. Lønnsnivået til lærarane og talet på undervisningstimar trekkjer ned i forhold til gjennomsnittet for OECD.

Målt i forhold til landets økonomiske evne (BNP per innbyggjar) er ressursbruken i Noreg lågare enn gjennomsnittet for OECD. OECD viser at ressursbruken per elev til vanleg aukar med landets velstand, men Noreg ligg litt under forventa nivå. Dette må sjåast i samanheng med at oljeinntektene inngår i BNP.

7 Fornying og organisasjonsendringar

Nedanfor følgjer omtale av arbeid for fornying og organisasjonsendring på området til Kunnskapsdepartementet.

Grunnopplæringa

I St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen er behovet for betre utnytting av nasjonale senter drøfta. Departementet vil samle sentrale miljø innanfor området IKT i utdanninga, som Uninett ABC, ITU – forskings- og kompetansenettverk for IT og Utdanning.no i eit nytt senter for IKT i utdanninga. Målsetjinga for senteret er å arbeide for at IKT bidreg til auka kvalitet, styrkt læringsutbytte og betre læringsstrategiar hos norske elevar, lærlingar og studentar. IKT-senteret vil bli oppretta som eit forvaltningsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Sjå kap. 224 for nærmare omtale.

Universitet og høgskolar

Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø slo seg etter eige ønske saman frå 1. januar 2009. Etter at Stjernø-utvalet leverte innstillinga si NOU 2008: 3 Sett under ett i februar 2008, blir det no på fleire hald arbeidd med å byggje nettverk mellom institusjonane i høgre utdanning.

Fagskoleutdanning

I Ot.prp. nr. 10 (2008–2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen mv. (gjennomføring av forvaltningsreformen) varsla regjeringa at finansieringsansvaret for fagskoleutdanning skal førast over til fylkeskommunane frå 2010. Midlar som har vore løyvde over kap. 276 Fagskoleutdanning, blir derfor frå 2010 flytte over til rammetilskottet til fylkeskommunane.

Forsking

I statsbudsjettet for 2009 vedtok Stortinget etter forslag frå regjeringa å løyve midlar til fond for regional forsking og nyskaping. Fondskapitalen er på 6 mrd. kroner, og avkastninga vil vere om lag 210 mill. kroner for 2010. Ho skal stå til disposisjon frå 1. januar 2010. Midlane blir fordelte til fondsregionane. Etter forslag frå fylkeskommunane og Oslo kommune har Kunnskapsdepartementet i samråd med Kommunal- og regionaldepartementet fastsett sju fondsregionar. Dei er Finnmark, Nordland og Troms; Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal; Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland; Hedmark og Oppland; Aust-Agder og Vest-Agder; Telemark, Vestfold, Buskerud og Østfold; Oslo og Akershus.

8 Likestilling i barnehage-, utdannings- og forskingssektoren

Likestillingsarbeid er eit systematisk og langsiktig haldningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må liggje til grunn for ein kultur i universitets- og høgskoleinstitusjonane og forskinga som gir begge kjønn like moglegheiter til å avansere i stillingssystemet. Kunnskapsdepartementet har som mål å arbeide for at likestilling blir ein del av verdigrunnlaget i barnehagen, i utdanningane og i forskinga.

Barnehagen og grunnopplæringa

Departementet arbeider for å fremme ein pedagogikk i barnehagen som medverkar til likestilling mellom gutar og jenter, og for å auke rekrutteringa av menn. Likeverd og likestilling er nedfelte i barnehagelova § 2. Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen går grundigare inn på verdigrunnlaget til barnehagen. Det går mellom anna fram at barnehagen skal oppdra barn til å møte og skape eit likestilt samfunn, og personalet skal reflektere over sine eigne haldningar og kva samfunnet ventar av gutar og jenter. Det viktige arbeidet med å rekruttere fleire menn til barnehagen vil bli omfatta både av denne planen og Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen 2007–2011. Barnehagane er omtalte under programkategori 07.30.

Handlingsplanen for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010 vart sett i gang i 2008, og dei fleste tiltaka i planen vart sett i verk da planen tredde i kraft. Det er Utdanningsdirektoratet som er koordinator for handlingsplanen.

Eit døme på korleis handlingsplanen blir følgd opp i grunnopplæringa, er informasjon og rettleiing i arbeidet mot kjønnsrelatert mobbing og seksuell trakassering. Som ei oppfølging av dette tiltaket, og gjennom arbeidet med Strategi for læringsmiljø i grunnopplæringen 2005–08 og Manifest mot mobbing, har Utdanningsdirektoratet utarbeidd eit nytt materiell som har fått namnet «Undervisning om seksualitet. Et ressurshefte for lærere i grunnopplæringen». Ressursheftet er meint som ein rettleiar for lærarar og helsesøstrer som underviser i dei aktuelle tema. Ressursheftet tek utgangspunkt i alle relevante kompetansemål på 4.-, 7.- og 10.-trinn i Kunnskapsløftet som tek opp temaet seksualitet. Ressursheftet blir trykt i 10 000 eksemplar og blir sendt til alle grunnskolar i Noreg samt alle kommunale helsestasjonar. Heftet blir også publisert på heimesidene til Utdanningsdirektoratet.

Gjennom handlingsplanen vil integrering av likestillingsarbeid bli følgd opp av departementet og Utdanningsdirektoratet i samarbeid med aktuelle aktørar. Det er Utdanningsdirektoratet som er koordinator for handlingsplanen. Grunnopplæringa er omtalt under kategori 07.20.

Forsking og høgre utdanning

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forsking legg regjeringa særskild vekt på kva rekruttering har å seie for forskingskvaliteten. For å sikre best mogleg kvalitet og relevans i forskinga er det viktig med ei bevisst rekruttering av studentar og forskarar av begge kjønn til alle fag. Dette er ikkje berre eit spørsmål om rettferd og like moglegheiter for alle, men også om å ta i bruk den kompetansen og dei talenta som finst i befolkninga, på beste måte. Forskinga skal reflektere mangfaldet i samfunnet, slik det kjem til uttrykk gjennom kjønn, etnisk bakgrunn og levekår.

Kunnskapsdepartementet krev at universiteta og høgskolane utarbeider handlingsplanar for likestilling, mellom anna for å betre arbeidsvilkåra og auke talet på kvinner i høgre akademiske stillingar. Departementet har også sett i verk fleire tiltak for å betre kjønnsbalansen i akademia.

I 2007 oppretta regjeringa ein likestillingspris for å premiere dei beste handlingsplanane og stimulere sektoren til målrette likestillingsarbeid. Prisen vert delt ut for tredje gong i 2010.

Komité for integreringstiltak – kvinner i forsking vart oppretta i 2004 for å fremme likestilling mellom kvinner og menn på universitet og høgskolar. Mandatet er seinare utvida til også å omfatte forskingsinstituttsektoren. Komiteen har støtta institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i den langsiktige og strategiske utviklinga av forskingsmiljøa. Den sitjande komiteen har mandat ut mars 2010. Departementet tek sikte på å føre ordninga med ein slik komité vidare. Avslutningsrapporten frå den første komiteen finst på nettstaden www.kvinneri forsking.no.

Regjeringa ser det som ei viktig utfordring å arbeide for lik fordeling av kvinner og menn på alle stillingsnivå og fagområde. Utviklinga går rett veg, men langsamt. Derfor trengst det fleire tiltak for å rekruttere, halde på og kvalifisere forskarar av begge kjønn til alle fag. Regjeringa vil setje i verk ei prøveordning for å auke kvinnedelen i høgre vitskaplege stillingar i MNT-fag. Formålet er å premiere universitet og høgskolar ved at kvar tilsetjing av ei kvinne utløyser ein viss sum midlar til institusjonen. Regjeringa ønskjer også å forme ut gode kvalifiseringsordningar for kvinner.

Det viktigaste likestillingsarbeidet går likevel føre seg ved institusjonane. Universiteta og høgskolane arbeider aktivt med tiltak for å oppnå auka likestilling. Erfaringa syner at forankring i leiinga ved institusjonen og konkrete tiltak der verknadene kan bli målte, speler stor rolle for å lykkast med likestillingsarbeidet.

Kunnskapsdepartementet

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga i samfunnet. Derfor har departementet som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn.

66,1 pst. av dei tilsette i departementet er kvinner. Kvinnedelen har stige jamt sidan 2001, da han var på 59 pst. Departementet vil i sitt rekrutteringsarbeid vurdere korleis delen menn kan aukast.

Snittlønna for kvinner låg i januar 2009 på om lag 92,6 pst. av snittlønna for menn. Statistikken for januar 2009 syner at 26,9 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 14,5 pst. av dei mannlege tilsette.

Menn og kvinner er omtrent like ofte heime med sjuke barn. I 2008 var mennene sin del av fråværet knytt til omsorg for sjuke barn på 24,8 pst. Til samanlikning utgjorde mennene ved utgangen av fjoråret 33,2 pst. av dei tilsette i aldersgruppa 25–49 år. Av fråværet knytt til fødselspermisjon sto menn for 26 pst. i fjor. Dette er ein auke frå året før, da det tilsvarande talet var 17 pst. Departementet vil i sin lønnspolitikk spesielt vere merksam på om fødsels- og omsorgspermisjonar verkar hindrande med omsyn til lønnsutviklinga.

Det legemelde sjukefråværet var i 2008 på 5,4 pst. for kvinner og to pst. for menn. Dette er ein auke samanlikna med fjoråret på 1,7 pst. for kvinner og 0,3 pst for menn.

Både kvinner og menn nyttar seg av tilbodet om heimekontor og fleksible arbeidstidsordningar, noko som mellom anna gjer det enklare å kombinere omsorg for små barn med ein krevjande jobb.

Overtidsbruken i departementet er lik den i fjoråret. I 2008 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 22,7 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mann var 42,2.

I januar 2009 var 50 pst. av leiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Mens kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa fram til 2004 låg på 20–30 pst., er han i dag på 44,4 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar. Departementet vil arbeide vidare for å halde oppe den gode kjønnsbalansen på leiarnivå.

9 Miljø

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggjande verksemder er med på å forme.

Formidling av kunnskap og gode holdningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Omsorg, oppseding og læring i barnehagen skal fremme menneskeleg likeverd, likestilling, åndsfridom, toleranse, helse og forståing for berekraftig utvikling. Natur, miljø og teknikk er eitt av sju fagområde i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. For å støtte barnehagane i arbeidet er det utarbeid eit temahefte om natur og miljø. I mange kommunar er det etablert eigne naturbarnehagar, anten i regi av kommunen sjølv eller av private aktørar.

I grunnopplæringa er miljølære integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet, og teken inn i den nye formålsparagrafen, der det står:

«Elevane og lærlingane skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst.»

Den nasjonale strategien for oppfølging av FNs tiår for berekraftig utvikling (2005–14) blir avslutta i 2010. Strategien er ein sentral del av den miljøpolitiske satsinga innanfor grunnopplæringa i dei nærmaste åra. Noreg vil framleis ta aktiv del i utdanningstiåret for berekraftig utvikling utover 2010, og Utdanningsdirektoratet vil få ansvaret for å revidere strategien i samarbeid med departementet.

Soria Moria-erklæringa legg vekt på at Noreg skal bli eit føregangsland i miljøpolitikken. Miljøforsking er nødvendig mellom anna for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutforminga, men òg for å legge til rette for ei grøn omstilling av næringslivet. Ved å satse på utvikling av ny kunnskap og teknologi kan det vi gjer nasjonalt, også få verknad langt ut over Noregs grenser.

Den nye forskingsmeldinga, St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forsking, legg vekt på at forskinga skal bidra til verdiskaping og til å løyse globale utfordringar. Klima og energi, biologisk mangfald, miljøgifter og havmiljø er viktige prioriteringar. Miljøforsking er òg viktige element i andre meldingar, som St.meld. nr. 7 (2008–2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge, St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard og St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen.

Regjeringa har styrkt forskinga om fornybar energi og karbonfangst og -lagring med i alt 300 mill. kroner i 2008 og 2009 og vil auke innsatsen ytterlegare i 2010. Det er òg etablert eit samarbeidsforum for klimaforsking (Klima21) som arbeider med ein nasjonal strategi for klimaforskinga knytt til klimautviklinga, konsekvensar av og tilpassing til eit nytt klima, klimapolitikk, tiltak og utsleppsreduksjon.

Departementet støtter miljøforsking gjennom ulike satsingar og program som Forskingsrådet har på miljøområdet. Departementet finansierer òg forsking innanfor EUs rammeprogram, der store delar er miljørelatert.

Noreg tek aktivt del i det internasjonale polaråret (IPY), som er ei stor koordinert internasjonal forskingssatsing. Ho skal mellom anna gi ny kunnskap om klimasystemet og utviklinga i klima og miljø i polare strøk. Denne kunnskapen kan òg medverke til auka forståing av klima- og miljøutviklinga i andre delar av verda. Det er framleis stor aktivitet, og Kunnskapsdepartementet løyver 80 mill. kroner per år i perioden 2007–10. I 2010 skal det vere ein stor, internasjonal avslutningskonferanse i Oslo.

Det er vesentleg at den kunnskapen som miljøforskinga resulterer i, blir formidla, både til folk flest og for bruk i forvaltning og næringsverksemd. Departementet ønskjer å leggje til rette for auka og betre forskingsformidling. Både universiteta, høgskolane, forskingsinstitutta og Noregs forskingsråd formidlar resultat frå miljørelevant forsking, i tidsskrift, bøker, på konferansar og på Internett.

Universitet og høgskolar er også viktige institusjonar for kunnskapsformidling, men òg for forsking på miljøet. Miljøretta forsking er viktig for å få god forståing for miljøet og for korleis miljøet utviklar seg; dette er ein viktig føresetnad for god og fornuftig utforming av miljøpolitikken. I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forsking er energi og miljø peikte ut som eitt av fire tematiske satsingsområde i norsk forsking i dei kommande åra. Kunnskapsdepartementet støttar òg oppunder klimaforsking mellom anna gjennom løyvingar frå Fondet for forsking og nyskaping til programmet NORKLIMA under Noregs forskingsråd. Departementet har fokus på oppfølginga av klimameldinga og klimaforliket når det gjeld forsking. I revidert nasjonalbudsjett 2008 vart det løyvd 70 mill. kroner ekstra til forsking på fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring. I statsbudsjettet for 2009 blir det lagt opp til ei ytterlegare styrking av dette feltet med til saman 300 mill. kroner. Midlane skal nyttast til å etablere forskingssenter innanfor fornybar energi og karbonfangst og -lagring og til å styrkje relevante forskingsprogram. Midlane vil bli løyvde over budsjetta til fleire departement.

Eit anna viktig tiltak er departementets finansiering av kontingenten for norsk medlemskap i Global Biodiversity Information Facility (GBIF), som er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til biodata for forskarar og andre interesserte over heile verda. Noregs forskingsråd representerer Noreg i GBIF.

Artsdatabanken vart oppretta frå og med 2004, og knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Artsdatabanken starta det faglege arbeidet i januar 2005 og gir ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar for og omfang av biologisk mangfald i Noreg både når det gjeld naturtypar, artar og populasjonar (genetisk variasjon). Artsdatabanken sine tenester er til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. Raudlista over truga og sårbare artar vart lagd fram i 2006, og dei er i gang med å lage ein revidert versjon som skal komme i 2010. I 2007 la dei fram ei Svarteliste over framande artar, og det er planar om å lage ein revidert versjon i 2011. Andre tenester er Artsobservasjonar, der folk kan leggje inn sine eigne observasjonar, og Artskart med artsdata knytte til karttenester. Desse siste dataene blir òg publiserte direkte i det opne, internasjonale GBIF-nettverket. Artsdatabanken har òg arbeidd med å utvikle ei ny felles naturtypeinndeling i Noreg. Dette arbeidet skal munne ut i ei eiga Raudliste for naturtypar. Dette blir eit viktig verktøy for miljøforvaltninga i oppfølginga av den nye naturmangfaldlova.

Universitetsmusea speler ei viktig rolle i å forvalte vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til deira samlingar. Universitetsmusea er mellom anna pålagde ei rekkje forvaltningsoppgåver etter kulturminnelova. Musea er styrkte i dei siste åra for mellom anna å sikre at samlingane kan bli forsvarleg oppbevarte.

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekkje andre funksjonar ei viktig rolle som kartleggjar av dei klimatiske endringane. Instituttet skal følgje den globale og nasjonale klimautviklinga og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig vern om miljøet.

Til forsida