Del 1
Innleiing
1 Miljøutfordringane
Vern om miljøet er eit vilkår for ei berekraftig utvikling og for ei vidareføring av viktige kvalitetar i samfunnet vårt. Miljøvern er både ei nasjonal og ei internasjonal oppgåve. For å gi rom for utvikling og framgang i fattige land, må den samla belastninga på verdas ressursar reduserast. Fleire av dei største miljøproblema, slik som klima, har opphav i den rike og industrialiserte del av verda, som Noreg er ein del av. Våre land har derfor eit særskilt ansvar for å finne gode løysingar på miljøproblema. Miljøvern handlar om solidaritet på tvers av land, men òg mellom generasjonar.
Miljøtilstanden er betre i Noreg enn i mange andre land. Dette heng saman med at vi er et tynt befolka land med store naturområde, men òg med at miljøpolitikken gjennom åra har gitt resultat. I erkjenninga av miljøpolitikken si rolle har regjeringa derfor styrkt innsatsen på viktige felt. Vi har oppnådd reduksjonar i utslepp til luft og vatn og i bruken av dei farlegaste miljøgiftene. Vi er godt i gang med å rydde opp i forureina grunn og sjøbotn. Internasjonalt samarbeid har redusert tilførslene av sur nedbør og ei rekkje miljøgifter til Noreg. Om lag 15 pst. av Noregs areal er verna, som nasjonalparkar og andre type verneområde. Resten av arealet er forvalta etter den nye plan- og bygningslova, som saman med den nye naturmangfaldlova er den viktigaste loven for forvaltning av norsk natur og ei berekraftig samfunnsutvikling. Kunnskapsgrunnlaget er også forbetra dei siste åra. Ein naturindeks for Noreg blir presentert i løpet av 2010.
Miljøpolitikken må utviklast vidare. Sjølv om vi kan vise til gode resultat som må haldast ved like, står det oppgåver att. Samstundes krev nye miljøutfordringar og problemstillingar ny kunnskap.
Norsk miljøpolitikk skal byggje på «føre-var-prinsippet» som inneber at tvil skal komme naturen til gode, på prinsippet om at forureinaren skal betale, og på prinsippet om at alle samfunnssektorar har ansvar for å ta miljøomsyn slik at miljøbelastningane kan sjåast i samanheng. Miljøpolitikken skal vere forankra i solid fagleg kunnskap. Miljøomsyn skal prege heile statsbudsjettet og ikkje vere ei oppgåve for Miljøverndepartementet åleine. Miljøproblem må møtast på brei front og med fleire verkemiddel: Vi skal nytte den til ei kvar tid best tilgjengelege teknologien, vi skal utforme skattar og avgifter slik at dei stimulerer til miljøvennleg åtferd og ressursbruk, og vi skal samarbeide med næringsliv og frivillige organisasjonar om å finne løysingar.
Mange miljøproblem kan løysast lokalt. Eit godt samarbeid mellom staten og kommunane er derfor viktig. Globale problem krev internasjonalt samarbeid der miljøomsyn står sentralt, òg på andre område enn miljø, til dømes internasjonal handel.
Dei største miljøproblema i vår tid er globale. Klimaendringar og global oppvarming er den største utfordringa vi står overfor. Eit endra klima gir meir ekstremver og naturkatastrofar som blant anna kan skape matmangel og føre til auka konfliktnivå fleire stader i verda. Hyppigare ras og flaumar og minkande havis i Arktis minner oss på at klimaendringane også råkar våre område. Nord- og polarområda er i seg sjølv sårbare, men samtidig avgjerande for det globale klimaet. Noreg har eit særleg ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Betre kunnskap om tilhøva her vil vere eit viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet.
Naturmangfald går tapt i høgt tempo. Dersom artstapet held fram som i dag, vil kvar tiande dyre- og planteart kunne vere historie om 25 år. I følgje FNs klimapanel (IPCC) vil om lag 30 pst. av artane døy ut dersom middeltemperaturen på jorda stig med 2-3 grader. Om lag 2000 arter er rekna som truga arter på norsk Raudliste. Arealinngrep er det mest alvorlege trugsmålet mot naturmangfaldet i dag og i framtida. Klimaendringar og framande organismar utgjer òg ei aukande fare. Det er viktig at tiltak for klima- og naturmangfald stør kvarandre.
Det trengs auka innsats mot helse- og miljøfarlege kjemikaliar, både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, brytast seint ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot naturens mangfald, matforsyning og helse for komande generasjonar.
Kjemikaliar finst i produkt og inngår i dei fleste industriprosessane. Vi har liten eller avgrensa kunnskap om helse- og miljøverknadene av dei fleste kjemikaliane på marknaden. Vi må derfor styrke denne kunnskapen.
På kulturminnefeltet aukar etterslepet i vedlikehald og istandsetjing. Det er fare for irreversible tap innanfor særleg teknisk-industrielle kulturminne, fartøy og verdsarv. Innsatsen framover må aukast for at det skal vere mogleg å nå måla for kulturminnepolitikken.
Miljøutfordringane heng saman. Endringar i klima forsterkar andre miljøproblem, slik som overgjødsling, nedslamming av kysten og tilførsler av miljøgifter. Temperaturauke vil gradvis endre og forverre livsvilkår for planter og dyr. Dyre- og plantesjukdomar vil spreie seg lettare og bli eit aukande problem. Klimagassen karbondioksid gjer havet surare, noko som trugar ei rekkje livsformer og dermed produksjonen av mat frå havet.
Miljøproblem blir gjerne tatt alvorleg når skadane er tydelege og årsaker kan dokumenterast. Sur nedbør frå Europa og utslepp av ozonskadelege gassar har vi klart å redusere gjennom internasjonalt samarbeid og betre teknologi. Klimagassutslepp og tap av naturmangfald er meir krevjande utfordringar. Miljøutfordringane har mange årsaker og er ofte tett knytt til økonomi og samfunnsorganisering. Mange miljøtiltak vil påverke livsstil og forbruk i rike land. Derfor må vi drive førebygging basert på kunnskap, slik at vi slepp å reparere i ettertid.
Miljøøydeleggingar råkar ofte hardast dei som har minst evne til å tilpasse seg store endringar. I Noreg har vi betre føresetnader for å tilpasse oss konsekvensar av klimaendringar enn mange andre land. Den globale utviklinga framover vil likevel påverke oss. Likeeins med resten av verda vil Noreg oppleve verknadene av globale miljøproblem. Dei største problema krev internasjonalt samarbeid. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale miljøsamarbeidet. Vi skal arbeide for forpliktande internasjonale miljøavtaler. Det er likevel viktig at Noreg òg tar eigne initiativ. Vi har både økonomiske og teknologiske evner til å gå føre i miljøpolitikken, og vi må utnytte desse evnene. Vi må vise at rike industriland kan omstille seg til klimanøytrale, berekraftige samfunn med høg velferd, slik at andre land lettare kan følgje etter. Miljøsatsinga i Norden og Europa er viktig for å vise vegen. Vi må òg samarbeide med utviklingslanda og støtte dei i deira arbeid for å løyse miljøutfordringane og setje dei i stand til å møte endringane som kjem. Det norske klima- og skoginitiativet er eit døme på slikt samarbeid.
2 Hovudprioriteringar i Miljøverndepartementets budsjett for 2010
Regjeringa prioriterer miljøpolitikken i 2010 gjennom ytterlegare vekst i budsjettet til Miljøverndepartementet. Dei viktigaste oppgåvene gjeld klimapolitikken, vern av naturmangfaldet og arbeidet mot miljøgifter. I tråd med sektoransvarsprinsippet går dei største løyvingane til klimarelaterte tiltak over andre departements budsjett. Det vert blant anna sett av 2,1 mrd. kroner til klima- og skogtiltak i utviklingsland på Utanriksdepartementets budsjett, med ei tilsegnsfullmakt på ytterlegare 1,4 mrd. kroner.
Miljøverndepartementets samla budsjett for 2010 er på 4 280,2 mill kroner. Dette er ein auke på nesten 170 mill. kroner, eller 4,1 pst. i høve til det salderte budsjettet for 2009. Korrigerer vi for løyvinga på 200 mill. kroner i kapital til Kulturminnefondet i 2009, er auken på 370 mill. kroner, noko som tilsvarer 9,4 pst. Fondskapitalen i Kulturminnefondet nådde eit nivå på 1,4 mrd. kroner i 2009, i tråd med opptrappingsplanen frå Stortinget. I tillegg er det omdisponert midlar innanfor budsjettramma til nye tiltak på prioriterte område, slik at omfanget av ny aktivitet er høgare enn den konkrete auken kan tyde på.
Ny kunnskap er viktig i miljøpolitikken. Regjeringa satsar derfor vidare på miljøforsking i 2010. Løyvingane til miljøforsking går opp med 32,7 mill. kroner. Auken vil blant anna medverke til ei styrking av samfunnsvitskapleg klimaforsking med 22 mill. kroner og auke i basisløyvingane til miljøforskingsinstitutta.
2010 er FNs internasjonale år for vern av naturens mangfald. Samtidig vil det bli sterkt fokus på rapportering på det internasjonale målet om å stanse tapet av plante- og dyrearter innan 2010. Arbeidet med nye mål, strategiar og initiativ vil gå føre seg i ei rekkje internasjonale fora. Å sikre naturmangfaldet er derfor høgt prioritert på Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2010. Nasjonalparkplanen blir i all hovudsak fullført i løpet av neste år. Det er framleis eit stort etterslep i arbeidet med skjøtsel og forvaltning i område som alt er verna. Regjeringa følgjer derfor opp budsjettauken frå 2009 med ei ytterlegare styrking på om lag 54 mill. kroner. Budsjettet til verneforvaltning kjem da opp i om lag 223 mill. kroner i 2010. Blant anna aukar løyvinga til naturinformasjonssentra med 9 mill. kroner. Satsinga på verdiskaping i samband med natur- og verneområde held fram. Det er etablert eit verdiskapingsprogram på naturmangfaldområdet i 2009, og regjerinag foreslår ei ny tilskotsordning på 10 mill. kroner i 2010. I tillegg er det lagt inn ein auke på 4,0 mill. kroner for å utvikle naturbasert reiseliv i samband med den nye Breheimen nasjonalpark. Dette fører den samla innsatsen på verdiskaping knytt til naturvern opp til 26 mill. kroner.
Den nye naturmangfaldlova tok til å gjelde 1. juli 2009. Fleire av løyvingane på naturforvaltningsområdet er direkte knytt til oppfølging av lova. Dei nye verkemidla «prioriterte arter» og «utvalde naturtypar» er sentrale i lovverket. Til å innarbeide desse i den kommunale og statlege forvaltninga, er det lagt inn ein auke på 38 mill. kroner. Desse midlane vil blant anna gå til to nye tilskotsordningar for prioriterte arter og utvalde naturtypar, samt til naudsynt arbeid med førebuingar i forvaltninga for gjennomføring av ordningane. Regjeringa har i tillegg lagt inn ei løyving på 8 mill. kroner for å styrke kompetansen i kommunane om naturmangfaldlova.
Regjeringa følgjer også opp dei nye erstatningsreglane for vern etter naturmangfaldlova.
I 2010 vil dei samla løyvingane til arbeidet med truga og sårbare arter vere på meir enn 575 mill. kroner. I denne summen inngår blant anna løyvingar til villaks, villrein, rovvilt og fjellrev, samt generelle tiltak i samband med desse og andre truga og sårbare arter. Regjeringa aukar blant anna innsatsen med 11 mill. kroner til å utarbeide og følgje opp handlingsplanar for truga og sårbare arter. Desse vil bli sett i samanheng med arbeidet med dei prioriterte artene.
Regjeringa held samstundes fram oppbygginga av Artsprosjektet for systematisk kartlegging av artene i norsk natur og aukar løyvinga med 5 mill. kroner.
Regjeringa prioriterer friluftslivet. Løyvinga til forvaltning og tilrettelegging i friluftsområda, blant anna oppfølging av den nye Markalova for Oslomarka aukar med 10 mill. kroner i 2010.
Klimameldinga frå 2007 og det påfølgjande klimaforliket i Stortinget frå januar 2008 ligg til grunn for regjeringa si klimapolitikk. Klimapolitikken blir gjennomført i form av tiltak på fleire departement sine område. Vidareutvikling av klimapolitikken vil blant anna byggje på utfallet av FNs klimamøte i København i desember 2009. Eit godt resultat frå dette møtet er avgjerande for at verdssamfunnet finn ein ny kurs i klimapolitikken. Til oppfølging av resultata frå København-møtet har regjeringa sett av 10 mill. kroner på Miljøverndepartementets budsjett for 2010. Regjeringa styrkjer òg Statens forureiningstilsyn sitt budsjett for å vidareutvikle etaten, særleg når det gjeld klimakompetanse.
Klimainnsatsen i polarstroka blir styrkt med til saman 12 mill. kroner. Det skal opprettast eit nytt senter for klima og miljø i Tromsø i 2010. Samstundes aukar løyvinga til Senter for is, klima og økosystem (ICE) med 2 mill. kroner til 24 mill. kroner. Dette senteret vart opna i 2009. Samla aukar innsatsen til klima på Miljøverndepartementets budsjett med om lag 45 mill. kroner samanlikna med 2009. Av denne auken er 22 mill. kroner omtalt i samband med punktet om forsking ovanfor. I auken inngår ytterlegare 10 mill. kroner til samarbeidsprosjektet «Framtidas byar», som skal medverke til å redusere klimagassutsleppa i byane. Prosjektet omfattar òg tilpassing til klimaendringane og tiltak for eit betre bymiljø. Dei 13 største byane i landet deltek i prosjektet.
Arbeidet for eit giftfritt miljø held fram. Som oppfølging av St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø er Miljøverndepartementet i gang med å etablere ein nasjonal miljøprøvebank for miljøgifter. Løyvinga til denne banken blir ført vidare i 2010. Oppfølginga av EU/EØS sitt nye kjemikalieregelverk (REACH) blir styrka med 10 mill. kroner. Arbeidet med opprydding i forureina grunn og sjøbotn går vidare med styrkt innsats. Innsatsen til konsesjonshandsaming og tilsyn i Statens forureiningstilsyn og hos fylkesmannen vert òg styrka.
Løyvinga på 11 mill. kroner til arbeidet mot radioaktiv forureining blir ført vidare i 2010.
I samband med behandlinga av St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner vedtok Stortinget i 2005 ein opptrappingsplan for å sikre freda kulturminne og kulturmiljø mot forfall og for å nå dei nasjonale måla på området. Det er starta opp ti konkrete verneprogram på prioriterte område. Løyvinga til opptrappingsplanen aukar med 20 mill. kroner i 2010. Regjeringa set òg av midlar til å følgje opp statens kulturhistoriske eigedomar. Avkastinga i Norsk kulturminnefond aukar med 11,5 mill. kroner.
Den nye plandelen i Plan- og bygningslova gir kommunane òg auka rom for å bruke arealplanlegginga til å fremje miljøomsyn og ei berekraftig utvikling. Da må blant anna den kommunale og regionale plan- og miljøkompetansen styrkast. Regjeringa løyver 7 mill. kroner til gjennomføring av den nye lova i 2010.
Auka kunnskap og betre løysingar krev god tilgang til areal- og miljøinformasjon. Arbeidet med kart- og geografisk informasjon blir styrka med 24,6 mill. kroner i 2010.
Regjeringa fører vidare handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp. Frå 2008 gjeld konkrete miljøkrav for statlege innkjøp innanfor prioriterte produktgrupper. Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI)skal følgje opp handlingsplanen på dei områda som gjeld miljøomsyn. Til dette arbeidet er det lagt inn ein auke.
Som vist i neste kapittel omfattar regjeringa si miljøpolitikk òg mange og viktige aktivitetar på andre departement sine budsjett. Dette gjeld ikkje minst på klima- og energifeltet, der Miljøverndepartementet har eit tett samarbeid med andre departement. Den nemnde klimaløyvinga til skogtiltak på Utanriksdepartementet sitt budsjett er eit anna døme. Store miljørelaterte løyvingar som til dømes karbonfangst og lagring ligg på budsjettet til Olje- og energidepartementet. Dei store løyvingane til kollektivtrafikk ligg på Samferdsledepartementet sitt budsjett.
Miljøverndepartementet samarbeider med Nærings- og handelsdepartementet om ein nasjonal strategi for miljøteknologi. På Nærings- og handelsdepartementets budsjett løyver regjeringa 100 mill. kroner til ei ny ordning som skal stimulere til pilot- og demonstrasjonsprosjekt innanfor miljøteknologi. Satsinga skal medverke til å styrke norsk industri sin konkurranseevne og fremje norske miljømål.
Løyvinga til statlege kvotekjøp ligg på Finansdepartementet sitt budsjett. CO2-avgiftene blir presenterte av Finansdepartementet i skatte- og avgiftsproposisjonen. Regjeringa held fram med gjennomgangen av skatte- og avgiftssystemet for å stimulere til meir miljøvennleg åtferd. Ein skjerpa klimaprofil i bilavgiftene er ein viktig del av dette.
3 Miljøpolitiske satsingar på andre departement sine område
Regjeringa si sterke miljøsatsing blir ført vidare i 2010. Satsinga skjer gjennom viktige tiltak i dei fleste samfunnssektorane og pregar ei rekkje av departementa sine budsjett. I 2010 er dei samla miljøpolitiske løyvingane berekna til om lag 37 mrd. kroner, herunder løyving til kjøp av klimakvotar på vel 1,2 mrd. kroner. Dette er ein auke på 5,7 mrd. kroner, eller 17 prosent frå 2009. Blant dei viktige tiltaka i 2010 er:
tiltak mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland
kollektivtrafikk og jernbaneutbygging
miljøteknologi
fornybar energi og energieffektivisering
Dei fleste aktivitetane i samfunnet kan påverke miljøet på ein eller annan måte. Å ta miljøomsyn er derfor ei viktig oppgåve på alle samfunnsområde og eit krav til alle departementa. Miljøomsyn inneber både å førebyggje miljøbelastningar og å rydde opp der ein har skada miljøet. Både den økonomiske politikken generelt og politikken i dei einskilde sektorane må byggje på omsyn til miljøet. Ein heilskapleg miljøpolitikk krev òg at tiltak og verkemiddel på mange område blir samordna og tilpassa til kvarandre. På denne måten handlar miljøvern om korleis vi organiserer og innrettar samfunnet vårt, om dei val og prioriteringar vi gjer og om korleis vi bruker fellesskapet sine ressursar.
For å få fram miljøprofilen i Regjeringas budsjettforslag utarbeider departementa oversikter over kor stor del av budsjetta som blir nytta til miljøføremål. Miljøtiltak er her definerte og avgrensa på følgjande måte:
utgiftene må i sin heilskap nyttast til miljøforbetringar, eller
miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller
utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)
Tabellen på side 22 viser korleis utgifter til miljøtiltak i statsbudsjettet for 2010 er fordelte på departementa. Det går her fram at mange departement bruker store økonomiske midlar til miljøgrunngitte tiltak, i tråd med sektoransvarsprinsippet i miljøpolitikken. Miljøverndepartementets budsjett utgjer ein viktig men avgrensa del av dei samla miljøgrunngitte løyvingane, slik desse er definerte her.
Ei slik oversikt som her er gitt, vil innehalde ein god del skjøn. Mange tiltak kan grunngjevast på fleire måtar og skal medverke til å nå ulike mål. Miljøtiltaka er òg svært ulike; her finn ein både førebyggjande tiltak i form av t.d. kystvaktoppgåver, klassisk naturvern slik som etablering av verneområde, opprydding i forureina grunn og satsingar som gir størst effekt saman med andre typar tiltak, slik som jernbaneutbygging og støtte til kollektivtrafikk. Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, mens andre gir meir direkte verknader. Miljøvern er ein dimensjon ved all samfunnsaktivitet, noko som gjer feltet svært ueinsarta og dermed komplisert å omtale på ein fullgod måte i form av samla budsjettal. Endra definisjonar eller endringar i arbeidsdelinga mellom departementa vil og kunne føre til at nokre tal ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Tabellen gir derfor berre eit grovt bilete av regjeringa si miljøsatsing, og tala må tolkast med stor varsemd.
Nedanfor er nokre av departementa sine miljøtiltak kort omtalt. Ein viser elles til departementa sine eigne budsjettproposisjonar for ein nærare gjennomgang av tiltaka.
Olje- og energidepartementet vil bruke nærare 5 mrd. kroner til miljørelaterte tiltak i 2010, mot om lag 3 mrd. kroner i år.
Det vert lagt opp til ein sterk auke i dei økonomiske rammene for fornybar energi og energi-effektivisering i høve til saldert budsjett for 2009. I 2007 oppretta regjeringa eit Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet) på 10 mrd. kroner. Ytterlegare 10 mrd. kroner vart satt inn i 2009. Avkastinga frå Grunnfondet gir ei overføring på 756 mill. kroner til Energifondet i 2010. Vidare er det gjort framlegg om ytterlegare 200 mill. kroner, slik at samla overføring til Energifondet i 2010 blir 956 mill. kroner. I tillegg kjem inntekter frå eit påslag på nettariffen på 1øre/kWh, som er berekna til 760 mill. kroner og renteinntekter på om lag 84 mill. kroner i 2010.
I St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk vart det varsla ein ytterlegare auke i kapitalen i grunnfondet, med inntil 10 mrd. kroner innan 2012. Som eit ledd i dette vil Regjeringa setje inn 5 mrd. kroner i Grunnfondet i 2010. Avkastinga frå Grunnfondet er dermed venta å verte nesten 1 mrd. kroner frå 2011.
Til forsking på miljørelevant teknologi (i energisektoren, i petroleumssektoren og til CCS) er det føreslått om lag 524 mill. kroner over Noregs forskingsråd sitt budsjett. Til demonstrasjon av miljørelevant CCS-teknologi er det i tillegg føreslått om lag 82 mill. kroner. Midla blir forvalta av Gassnova. Til satsinga og oppfølginga av CO2-håndteringsprosjektene på blant anna Mongstad (fangst, transport og lagring) er det samla føreslått om lag 3,3 mrd. kroner.
Arbeidet med å nå målet om null miljøfarlege utslepp til sjø frå petroleumsverksemda blir ført vidare. Regjeringa legg framleis vekt på å redusere CO2-utsleppa frå norsk sokkel.
Samferdsledepartementet legg opp til å nytte 10,7 mrd. kroner til miljørelaterte tiltak i 2010, mot 9,5 mrd. kroner i 2009. I 2010 vil Regjeringa føre vidare satsinga på jernbane og annan kollektivtransport. Til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet vil det bli løyvd 8 380,3 mill. kroner, mot 7 073,2 mill. kroner i saldert budsjett for 2009. Desse tiltaka skal betre kapasiteten og regulariteten i trafikkavviklinga og gi rom for å føre over meir gods- og persontransport til jernbane. Det omfattande arbeidet med det nye dobbeltsporet på Drammenbanen blir ført vidare. Når strekninga mellom Lysaker og Sandvika (Bærumstunnelen) står ferdig i 2011 vil det vere fire spor heile vegen mellom Lysaker og Asker, noko som vil auke kapasiteten her vesentleg. I løpet av 2010 vil fleire store moderniseringsprosjekt på Vestfoldbanen vere i gang eller nærme seg oppstart: Arbeidet med dobbeltsporet Barkåker–Tønsberg går vidare, og det er satt av løyving til planlegging og mogleg oppstart av 13 km. dobbeltspor Holm-Holmestrand-Nykirke. Planlegginga av ny linje mellom Larvik (Farriseidet) og Porsgrunn går òg vidare. Også det store prosjektet Oslo-Ski får planleggingsmidlar i 2010 (80 mill. kroner). Arbeidet med Gevingåsen tunnel på strekninga mellom Trondheim og Stjørdal går vidare i 2010. Alnabru godsterminal (nord) i Oslo blir oppgradert for å kunne avvikle meir trafikk, og det blir planlagt ei større ombygging av heile godsterminalen. Bybanen Bergen sentrum – Nesttun som opnar sommaren 2010, blir finansiert gjennom bompengar og ordninga med alternativ bruk av riksvegmidlar. Beløningsordninga for å stimulere til auka kollektivtrafikk i dei større byområda blir tilført 332,8 mill. kroner.
Det er berekna at Justis- og politidepartementet bruker om lag 81 mill. kroner til ulike miljørelaterte tiltak i 2010. Dette omfattar òg dei viktige miljøoppgåvene til Sysselmannen på Svalbard. For departementet er det ei prioritert oppgåve å motverke miljøkriminalitet. Dei største utfordringane er knytte til kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske i Barentshavet, rømt oppdrettsfisk, kunst og kulturminne og forureining. I Økokrim blir miljøkriminalitet følgt opp av eit eige miljøteam og av eigne miljøkoordinatorar i politidistrikta. I samband med opprettinga av Trillemarka naturreservat i Buskerud fekk Politidirektoratet i 2009 1 mill. kroner til å følgje opp eventuell faunakriminalitet. Denne innsatsen blir ført vidare i 2010.
På Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett går om lag 1 960 mill. kroner til ulike miljø-tiltak i 2010, mot om lag 982 mill. kroner i 2009. Den store auken i 2010 er særleg knytt til handtering av vraka etter den russiske kryssaren Murmansk i Finnmark og ubåten U-864 utanfor Fedje i Hordaland. I tillegg er det auka løyvingar til slepefartøy både i Nord- og Sør-Noreg og til fornying av utstyr ved trafikksentralane og fartøy i Kystverket. Det vert og gjort framlegg om auka løyvingar til forsking som er knytt til klima, havressursar og berekraftig havbruk og til auka tilsyn og kontroll med havbruksnæringa. Den nye havressurslova set rammer for ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning. Dette krev blant anna auka innsats for overvaking.
Kommunal- og regionaldepartementet vil i 2010 nytte om lag 86 mill. kroner på miljørelaterte tiltak, i hovudsak knytt til bustader, bumiljø og bygg.
Det er eit mål å redusere energibruken i bustader og bygningar. Overgangsperioden for energikrava som vart innførde i 2007 gjekk ut 1. august 2009. Det er sendt ut forslag om ytterlegare skjerping av krav til energiforsyning i bygg. Nye krav skal tre i kraft i 2010.
Samarbeidsprogrammet Byggemiljø som Kommunal- og regionaldepartementet har med byggjenæringa blir ført vidare i 2010. Programmet skal styrkje byggjenæringa sin kompetanse på miljøvennlege løysingar. Kommunal- og regionaldepartementet vil framleis støtte samarbeidsprogrammet Framtidas byar.
21 kommunar og ein fylkeskommune deltek i prosjektet«Grøne energikommunar», som er eit samarbeid mellom Kommunal- og regionaldepartementet, Miljøverndepartementet, Olje- og energidepartementet og KS. Målet er å få norske kommunar til å satse på energisparetiltak, bioenergi og å få ned klimagassutsleppa. Programmet varer ut 2010.
Framlegget til statsbudsjett inneber at Utanriksdepartementet vil nytte om lag 6 040 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2010, mot om lag 5 490 mrd. kroner i 2009. Regjeringa føreslår å auke løyvingane til klima- og skogsatsinga med om lag 650 mill. kroner, frå 1,5 mrd. kroner i saldert budsjett 2009 til over 2,1 mrd. kroner i 2010. I tillegg blir det gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 1,4 mrd. kroner.
Satsinga skal medverke til raske, kostnadseffektive reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og øydelegging av skog, blant anna med sikte på ordningar som kan regulere desse utsleppa i eit nytt internasjonalt klimaregime. Det er eit overordna mål at prosjektet skal fremje berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom.
Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane i nordområda. Noreg stør arbeidet i miljøpartnarskapen under Den nordlege dimensjon. Noreg vil framleis prioritere kontinuerleg overvaking og felles tiltak mot viktige regionale forureiningskjelder høgt, særleg i Russland. Samarbeidet bidreg til å redusere faren for ulukker og forureining og hindre at radioaktivt og spaltbart materiale kjem på avvegar.
Miljøsamarbeidet med Russland vil i 2010 vil blant anna omhandle økosystembasert forvaltning av heile Barentshavet gjennom å medverke til arbeidet med ein heilskapleg forvaltningsplan for russisk del av Barentshavet. Samarbeidet om klimaendringar skal byggjast opp, blant anna for å auke kunnskapen om klimaendringane sine verknader på havmiljø og naturmangfald. Samarbeidet om miljøforvaltning i grenseområdet og overvaking av forureiningane frå Nikel skal førast vidare og styrkjast. Samarbeidet om kontroll av petroleumsverksemd offshore, forureiningskontroll og handtering av miljøfarleg avfall skal òg førast vidare og styrkjast.
Miljø og berekraftig utvikling utgjer det største innsatsområdet under EØS-finansierings-ordningane for perioden 2004-2009. Stønad til energieffektivisering, fornybar energi og reduksjon av klimagassutslepp utgjer 40 prosent av alle prosjekta på dette området. Vannrensing og ressursforvaltning, miljøovervaking, avfallshandtering og vern av naturmangfaldet er og blant tiltaka som er støtta. Ein gjennomgang i 2008 konkluderte med at programmet for energisparing i Polen gir gode resultat. Nær 3 mill. m3 bygningsmasse er rehabilitert, noko som vil gi energisparing på i gjennomsnitt 54 prosent. Over ein periode på 20 år vil dette redusere CO2-utslippa med ein million tonn, samtidig som helseskadelege utslepp går ned.
På Forsvarsdepartementets budsjett er det berekna at i alt 1,1 mrd. kroner går til miljøtiltak i 2010. Kystvakta sine oppgåver i samband med miljø- og ressursovervaking utgjer om lag halvdelen av dei miljørelaterte utgiftene under Forsvarsdepartementet. Opprydding i tidlegare skyte- og øvingsfelt og andre eigedomar som blir avhenda, blant anna det store Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell, blir ført vidare og får ein budsjettauke på om lag 70 mill. kroner i 2010. Når arbeidet på Hjerkinn er fullført om vel ti år, vil eit meir enn 160 km2 stort høgfjellsområde bli ført tilbake til tilnærma opphavleg tilstand. Det blir løyvd om lag 167 mill. kroner til energieffektivisering og varmesentralar som nyttar fornybar energi ved forsvaret sine anlegg.
Landbruks- og matdepartementet aukar den budsjettvise miljøinnsatsen frå 4 781 mill. kroner i 2009 til 4 946 mill. kroner i 2010. Den langt største delen av desse løyvingane (90 pst.) går over Jordbruksavtala. Kulturlandskap, vassmiljø og klima er prioriterte i årets avtale (med budsjettverknad for 2010). Avtalas løyvingar til miljø- og klimatiltak har gått opp med 170 mill. kroner, som blant anna er fordelt på tiltak for å sikre eit ope og variert jordbruks- og kulturlandskap, redusert forureining frå jordbruket og tiltak for å betre vasskvaliteten i det sentrale austlandsområdet.
Barne- og likestillingsdepartementet har ansvar for Regjeringas forbrukarpolitikk. På dette feltet blir det løyvd 6 mill. kroner til ulike miljørelaterte føremål. BLD vil arbeide for å skape auka medvit om berekraftig forbruk og medverke til å konkretisere kva dette betyr i praksis. Ein vil føre vidare den økonomiske stønaden til miljømerka Svanen og EU-blomen.
På Nærings- og handelsdepartementets område går om lag 655 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2010, mot 532 mill. kroner i 2009. Som oppfølging av klimaforliket på Stortinget vil departementet styrkje løyvinga til forsking på fornybar energi og energieffektivisering med 23 mill. kroner. Utover dette vil departementet føre vidare løyvinga på 20 mill. kroner til satsing på forsking på miljøvennlege teknologiar. Over Nærings- og handelsdepartementets budsjett blir det og løyvd 100 mill. kroner til ei ny ordning som skal stimulere til pilot- og demonstrasjonsprosjekt innanfor miljøteknologi, i samarbeid med Miljøverndepartementet. IMOs konvensjon om ballastvatn som Noreg har ratifisert og som trer i kraft 1.1.2010, vil redusere risikoen for at skip tek med seg framande artar til norske farvatn.
Kjøp av klimagasskvotar
Finansdepartementet har ansvaret for sal av klimakvotar. Gjennom Kyotoprotokollen har den norske staten forplikta seg til ei maksimal mengd av klimagassar som kan sleppast ut i perioden 2008-2012. Det er vedteke at Noreg skal overoppfylle Kyoto-avtala for inneverande periode (2008-2012) med 10 pst. Dette svarer til 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg. I tillegg har Regjeringa valt å overoppfylle avtala med 1,5 mill. tonn CO2 årleg gjennom å ikkje bruke kvotar som stammar frå tilvekst av skog. Ein legg òg opp til å overoppfylle målet tilsvarande utsleppa frå gasskraftverket på Mongstad og statstilsette sine internasjonale flyreiser. For 2010 blir det føreslått ei løyving på 1 220 mill. kroner til kjøp av klimakvotar og ei fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av utsleppskvotar utover denne løyvinga for inntil 3 700 mill. kroner. Til kjøp av klimakvotar for statstilsette sine internasjonale tenestereiser med fly, blir det føreslått 10,0 mill. kroner.
Tabell 3.1 Miljøtiltak i statsbudsjettet for 2010 (i mill. kroner)
Departement | 20091) | Forslag 2010 |
---|---|---|
Arbeids- og inkluderingsdepartementet2) | - | - |
Barne- og likestillingsdepartementet | 6,0 | 6,2 |
Finansdepartementet3) | 733,5 | 1 240,0 |
Fiskeri- og kystdepartementet | 982,4 | 1 960,0 |
Forsvarsdepartementet | 1 177,4 | 1 129,0 |
Helse- og omsorgsdepartementet 4) | - | - |
Justisdepartementet | 77,8 | 81,1 |
Kommunal- og regionaldepartementet | 92,0 | 86,0 |
Kunnskapsdepartementet | 538,0 | 504,8 |
Kultur- og kyrkjedepartementet | 854,1 | 921,5 |
Landbruks- og matdepartementet | 4 781,0 | 4 946,0 |
Miljøverndepartementet5) | 3 885,9 | 4 072,0 |
Fornyings- og administrasjonsdepartementet6)7) | 161,0 | 167,0 |
Nærings- og handelsdepartementet | 532,0 | 655,0 |
Olje- og energidepartementet | 3 094,9 | 5 069,4 |
Samferdsledepartementet | 9 500,0 | 10 700,00 |
Utanriksdepartementet8) | 5 490,0 | 6,040,0 |
Sum alle departementa | 31 906,0 | 37 578,0 |
1 Denne kolonnen inneheld tal både frå budsjettproposisjonen 2009 og frå saldert budsjett. For nokre departement kan òg tilleggsmidlar frå regjeringa si krisepakke i januar i år inngå i 2009-tala. Alle 2009-tala er såleis ikkje berekna på same måte. Dette må ein ta omsyn til ved samanlikning av tala frå 2009 og budsjettframlegget for 2010.
2 Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ikkje budsjettpostar som fell inn under miljøomgrepet slik det her er definert.
3 Løyving til kjøp av klimakvotar er tatt inn i denne tabelloversikten f.o.m. 2010. Tilsvarande tal for 2009 er òg sett inn her.
4 Helse- og omsorgsdepartementets miljørelaterte tiltak framgår ikkje direkte av av budsjettoppstillingane. Budsjettal er derfor utelatt her.
5 Miljøverndepartementets budsjettal omfattar her berre halvdelen av utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tener ei rekkje formål i tillegg til dei miljøfaglege.
6 Tala omfattar ikkje Statsbygg/rehabilitering av verneverdige statlege bygningar. Enøk-tiltak i regi av Statsbygg er tekne med.
7 Denne posten omfattar òg utgifter til Fylkesmannens miljøvernavdeling. For 2010 er desse utgiftene berekna til 155 mill. kroner.
8 Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøtiltak avvik noko frå Miljøverndepartementets definisjon.
Som nemnt over er miljøtiltak på andre departement sine område nærare omtalt i budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa. Her finn ein òg ei omtale av:
utfordringar knytte til miljø- og ressursforvaltning på departementa sine ansvarsområde
mål for departementa sitt arbeid med desse utfordringane
oppnådde resultat i 2008
ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2010.
Miljøpolitikk handlar likevel ikkje berre om løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte budsjettkonsekvensar. Dette kan vere å hindre miljøskadelege inngrep i naturen, reformer og regelendringar som skal gjere det lettare å ta miljøomsyn i offentleg og privat planlegging, skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon og forbruk o.a.
4 Oppsummering av status på dei enkelte resultatområda
Del II gir utfyllande omtale av det enkelte resultatområdet med konkrete mål, status og verkemiddel.
4.1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv
Mangfaldet av liv i naturen er grunnlaget for eksistensen vår og avgjerande for verdiskaping, velferd og livskvalitet. Dei siste 50 åra har menneska endra økosystema raskare og meir ekstremt enn i nokon annan periode i vår historie. FN-utgreiinga Millennium Ecosystem Assessment viser at millionar av menneske kan bli alvorleg truga av utviklinga dei kommande åra. I 60 pst. av økosystema er verdiane og tenestene vi får av økosystema svekka, eller systema blir ikkje brukte på ein berekraftig måte. Alt i dag har dette store konsekvensar for kva val vi har og vil få. Tapet av biologisk mangfald skuldast særleg tap av nøkkelområde og endringar i arealbruk, men òg klimaendringar, forureining, spreiing av framande arter og overutnytting.
Noreg har som mål å stanse tapet av naturmangfald innan 2010. Dette målet deler vi med alle dei andre europeiske landa. Eit viktig verkemiddel for å stanse tapet av planter, dyr og naturtypar er eit moderne, heilskapleg lovverk. Den nye naturmangfaldlova er den mest omfattande og viktigaste lova for forvaltning av norsk natur nokonsinne. Lova gir mål, prinsipp og konkrete reglar om berekraftig bruk og vern av all natur og skal praktiserast av alle sektorar. Lova legg òg grunnlag for å styrke forvaltninga av verneområda, med vekt på kunnskap og lokal forankring.
2010-målet er ambisiøst og krev stor innsats. Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak og vil halde fram med å yte stor innsats. Noreg rapporterte våren 2009 til FN-konvensjonen om biologisk mangfald på kva for tiltak som er gjennomførte for å nå målet. Sjølv om mykje er gjort, kan vi ikkje seie at målet er nådd. Norsk Rødliste 2006 viser til dømes at nær 2000 arter er truga i Noreg. Derfor vil Regjeringa halde fram med eit ambisiøst arbeid på området. I 2010 skal mellom anna nasjonalparkplanen fullførast, og nye verkemiddel i den nye naturmangfaldlova skal takast i bruk. Boksen på side 25 oppsummerer nokre av dei viktigaste tiltaka Noreg har gjort for å nå 2010 målet.
Vern av naturområde
Ca 15,7 pst. av fastlandsarealet i Noreg er no verna etter naturvernlova/naturmangfaldlova. Vern av naturområde er eit viktig verkemiddel for å stanse tapet av arter og økosystem og sikre verdiar som òg er viktige for næringsutvikling. Viktige tiltak er gjennomføringa av nasjonalparkplanen, dei fylkesvise verneplanane, skogvern, marin verneplan og sterkare fokus på arbeid for å sikre naturverdiane i verneområda. Dette er i tråd med det internasjonale arbeidet for å bevare naturmangfald. Under Konvensjonen om biologisk mangfald har ein vedteke at det innan 2010 skal etablerast eit nettverk av verneområde på land og innan 2012 eit nettverk av marine verneområde. I arbeidet med verneplanar legg ein òg vekt på å sikre artene i eit endra klima.
Pr. august 2009 er 44 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. I løpet av hausten 2009 og i 2010 er åtte nye område i nasjonalparkplanen planlagt verna eller utvida. Då vil 52 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen vere gjennomførte. Ein legg stor vekt på å gjennomføre demokratiske og tillitvekkjande planprosessar, blant anna når det gjeld samarbeid med Sametinget.
Oppsyn og forvaltning av verneområda
Natur- og bruksverdiane i dei verna områda er under press. Verneverdiane er truga i meir enn 30 pst. av verneområda. Det er eit mål å stanse og reversere denne utviklinga. Statens naturoppsyn har ansvaret for oppsyn i alle verneområda i fastlands-Noreg, men det er framleis eit etterslep i arbeidet med å etablere tilfredsstillande oppsyn i enkelte område. Dette gjeld blant anna i fleire av dei nyoppretta nasjonalparkane og innanfor regionar med store geografiske avstandar og/eller eit stort tal mindre verneområde. Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde gir nærare retningslinjer for korleis verneverdiane kan forvaltast på best mogleg måte innanfor det enkelte verneområdet. 385 verneområde har forvaltningsplan. 26 av nasjonalparkane og dei store landskapsområda har godkjende forvaltningsplanar. Det er behov for ca. 990 nye forvaltningsplanar. I 2008 og 2009 er det sett i gang arbeid med utarbeiding av forvaltnings-/skjøtselsplanar for i overkant av 200 mindre verneområde. Det er venta at ca. 100 av desse vil bli vedtekne i løpet av 2009. Det går no føre seg arbeid med nye forvaltningsplanar og revidering av eldre planar for dei fleste av nasjonalparkane som manglar slike. Tiltak for betre oppsyn og skjøtsel og arbeidet med å utarbeide forvaltningsplanar vil bli ytterlegare styrkt i 2010.
Verdiskapingsprogrammet «Naturarven som verdiskapar» vart starta i 2009. Dette programmet skal medverke til at distrikt med verneområde kan utnytte høva som verneområda gir på best mogleg måte.
Naturmangfald utanom verneområda
Hovuddelen av naturmangfaldet finst og vil alltid finnast utanom dei verna områda. Det er derfor viktig at omsynet til bevaring av mangfaldet i naturen ligg til grunn for all verksemd og planlegging. Artsdatabanken la våren 2009 fram rapporten «Naturtyper i Norge». På grunnlag av denne naturtypeinndelinga som det er fagleg semje om, vil Artsdatabanken i løpet av 2010 leggje fram ei vurdering av kor truga norske naturtypar er.
Endringane i kulturlandskapet har vore store dei seinare tiåra. Særleg er gjengroing i utmark no svært tydeleg, med fare for tap både av store landskapsverdiar og av arter som er knytte til slike landskap. Det er eit aukande behov for å oppretthalde drift og skjøtsel blant anna i dei høgast prioriterte områda i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. Statens landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har fremja forslag om 20 utvalde kulturlandskapsområde som skal følgjast opp med særskilt forvaltning.
Boks 4.1 Kva har Noreg gjort for å nå målet om å stanse tapet av naturmangfald innan 2010:
Kraftig styrkt lovverk for å ta vare på naturmangfaldet
Naturmangfaldlova; ein heilskapleg lov for berekraftig bruk og vern av norsk natur. Omfattar generelle miljøprinsipp, reglar om artsforvaltning, framande organismar, områdevern, utvalde naturtypar og tilgang til genetisk materiale.
Planlova; eit betra planverktøy som blant anna gir høve til å sikre viktige naturområde gjennom regulering til omsynssoner.
Stor budsjettauke til naturmangfald, både til tiltak og handlingsplanar og til auka kunnskapsgrunnlag, slik som
Kartlegging og overvaking (eks. MAREANO, SEAPOP, Nasjonalt program)
Naturindeks for Noreg; som viser tilstand og utvikling i norsk natur
Norsk Raudliste for arter er lagt fram i 2006 og blir revidert i 2010. Svarteliste er lagt fram i 2007. Norsk Raudliste for naturtypar blir lagt fram i første halvår 2010.
Artsprosjektet som kartlegger og beskriver arter i Noreg.
35 handlingsplanar for truga arter og 4 for truga naturtypar er utarbeidd eller er under utarbeiding.
Styrkt områdevern
Gjennomføring av nasjonalparkplanen i løpet av 2010. Pr. september 2009 er 15,7 pst. av fastlands-Noreg verna.
Sluttføring av dei tematiske verneplanane i 2010. Arbeidet med marin verneplan er starta i 2009.
Etablering av ny ordning for lokal forvaltning av nasjonalparkane og store verneområde.
I perioden 2005-2010 er forvaltninga av verneområda styrkt med ca. 174 mill. kroner fra 49 mill. kroner til 233 mill. kroner. Det er ein auke på 355 pst. til blant anna forvaltningsplanar, skjøtsel, oppsyn og naturinformasjonssenter.
Trillemarka er verna (Noregs største skogvernområde).
Skogvernet er auka med 258 km2 produktiv skog, av dette 145 km2 ved frivillig vern. Pr. september 2009 er ca 1,75 pst. av det produktive skogarealet i Noreg verna.
Forbetra vassdragsvern og -forvaltning
Innføring av vanndirektivet i Noreg gjennom vannforskrifta, som medfører ei styrka og meir kunnskapsbasert vannforvaltning.
Vefsna-vassdraget er verna mot kraftutbygging.
Styrkt marin naturforvaltning
Lagt fram heilskaplege forvaltningsplanar for Barentshavet og Norskehavet.
Styrka kunnskapsgrunnlag og gjennomføring av tiltak mot sukkertare-døden.
Nasjonal strategi, handlingsplaner og tiltak mot skadelege arter.
Prosessen vidare:
Det internasjonale samfunnet arbeider med nye mål for naturbevaring også etter 2010, blant anna gjennom FNs spesialsesjon med statsleiarar i New York i september 2010 og partsmøtet for FNs konvensjon om naturmangfald som skal vedta nye globale mål i oktober 2010.
Vassforvaltningsforskrifta (implementerer EUs vassrammedirektiv) gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane og skal sikre ivaretaking og berekraftig bruk av desse, blant anna gjennom forvaltningsplanar og tiltaksplanar. Til no har ni fylkesmannsembete vore etablerte som regionale vassregionstyresmakter. Frå 1. januar 2010 overtek fylkeskommunen denne oppgåva.
Omfanget av motorferdsel i utmark har auka kraftig dei siste åra og kan truge både naturmangfald og friluftsliv. Blant anna har talet på barmarkskøyretøy auka frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til over 26 000 køyretøy pr. 31. desember 2008. I 2008 vart det behandla 14 019 søknader om dispensasjon for motorferdsle i utmark. Av desse vart 13 068 (93 pst.) godkjende. Etter avslutta høyring la Direktoratet for naturforvaltning våren 2008 fram eit forslag til nytt regelverk for motorferdsel i utmark og vassdrag for Miljøverndepartementet. Dette forslaget blir no vurdert av Regjeringa.
Skogvern
Totalt er det pr. september 2009 verna tilsvarande ca. 1,8 pst. av skogarealet i landet. Det er ei viktig utfordring å auke dette arealet.
Ei evaluering av arbeidet med frivillig skogvern vil bli gjennomført i 2009. I arbeidet med auka skogvern er det viktig å sikre høg fagleg kvalitet ved at dei viktigaste områda blir fanga opp i arbeidet, samtidig som ein sikrar god dialog med skogeigarar og andre partar.
Truga arter og ansvarsarter
Tiltak for å ta vare på dei truga artene er særs viktig i arbeidet for å stanse tapet av arter og økosystem. Den nasjonale raudlista er eit viktig verkemiddel både for å vite kva arter som treng ekstra vern, og for å kunne måle i kva grad vi er på rett veg for å nå målet om å stanse tapet av planter og dyr. Artsdatabanken skal etter planen leggje fram ei revidert raudliste i 2010. Arbeidet med å redde dei truga artene vart kraftig styrkt i 2009. Pr. august 2009 er det 39 handlingsplanar som er i drift eller under utarbeiding. Desse omfattar ca. 80 truga arter. Arbeidet med å utarbeide handlingsplanar for fleire truga arter og følgje opp desse med tiltak vil bli ytterlegare styrkt i 2010. Eksempel på arter med eigen handlingsplan er fjellrev, elvemusling, stor salamander, orkideen raud skogfrue, edelkreps, hubro, dverggås og sjøfugl. Naturmangfaldlovas nye grep med «prioriterte arter» vil styrkje artsvernet ved å kople det direkte til å ta vare på av leveområde.
Noreg er det einaste landet i Europa som har intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein. Sikring av leveområde for villreinen har derfor stått sentralt ved opprettinga av fleire av våre store verneområde. Dette er likevel ikkje nok til å sikre store nok område for villreinen. Det er sett i gang prosessar med å utarbeide fylkesdelplanar for fjellområde som er spesielt viktige for villreinen i tre område, og eit forskingsprosjekt knytt til villrein, ferdsle og inngrep i Snøhetta/Dovreområdet.
Rovvilt
Det vart registrert tre ynglingar av ulv i Noreg i 2008. Totalt vart det registrert 27 ynglingar i Skandinavia. To av desse vart registrerte på grensa mellom Noreg og Sverige. Det nasjonale bestandsovervakingsprogrammet for rovvilt rapporterer om nedgang i bestanden av ulv i Noreg, medan det framleis synest å vere ein auke på svensk side.
For bjørn tyder registreringar på ein viss vekst i bestanden, men det er langt igjen til bestandsmålet er nådd. I 2008 vart det meldt inn 73 observasjonar av familiegrupper i Noreg. Det er uvisst kor mange ynglingar dette representerer, då ungane går med mora i fleire år. I 2010 tek ein sikte på å nytte innsamla DNA-materiale til å estimere talet på årlege ynglingar i dei ulike rovviltregionane. Det nasjonale målet for jerv er 39 ynglingar i året. I 2008 vart det registrert 51 ynglingar i Noreg. Det vart gjennomført hiuttak av tispe og/eller kvalpar ved 10 av dei 51 ynglingane. Det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege ynglingar av gaupe er nådd. Vinteren 2008 vart det registrert 72-76 familiegrupper av gaupe. Målet for kongeørn er sett til 850-1200 hekkande par, og bestanden på landsbasis er rekna for å vere om lag på dette nivået. Frå og med 2009 er innsatsen på overvaking av kongeørn auka. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for forvaltninga av ulv, bjørn, jerv og gaupe innafor sin region. Det er fastsett nasjonale bestandsmål for alle rovviltarter i kvar enkelt rovviltregion. Regjeringa legg stor vekt på førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga.
Betre kunnskapsgrunnlag
Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter er det mogleg for styresmaktene å få eit bilete av utviklinga i naturmangfaldet og om verkemidla fungerer slik dei skal. Det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald omfattar kartleggings- og overvakingsaktivitet både på land, i ferskvatn og i sjø. I den andre programperioden som går fram til utgangen av 2010 er hovudfokus på naturtypar, truga og sårbare arter og framande arter i norsk natur. I 2009 er det starta utvikling av overvakingsmetodikk for naturtypar og truga arter og ein samla plan for vidare arbeid med overvaking er utvikla. Sjøfuglprogrammet SEAPOP skal gi betre kunnskap som grunnlag for å setje inn tiltak for å sikre sjøfuglbestandane. Det marine kartleggingsprogrammet MAREANO vil gi grunnleggjande kunnskap om vår marine natur. Programmet er óg ein viktig basis for oppdateringa av forvaltningsplanen for Barentshavet–Lofoten i 2010 og for utarbeiding av forvaltningsplan for Nordsjøen. Når Hordaland etter planen er ferdig kartlagt i 2011 vil ca. 50 pst. av kystkommunane vere kartlagde.
Arbeidet med å utvikle betre verktøy for å måle utviklingstrendar i norsk natur vart styrkt i 2009. Metoden for å utvikle ein naturindeks for Noreg er prøvd ut med dagens datagrunnlag med data frå Midt-Noreg. Basert på dette pilotprosjektet tek ein sikte på presentere ein naturindeks for heile landet i 2010. Eit norsk «artsprosjekt» vart etablert i 2009. Målet er å sikre langsiktig kartlegging og kunnskapsoppbygging om arter i norsk natur og gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, blant anna via internett. Arbeidet vil skje i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet.
Vilt- og fiskeforvaltning
Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn har kontrollen med ulovleg jakt og fangst på sårbare og truga arter blitt betre. Lakseoppsynet er òg styrkt gjennom organisatoriske endringar og effektivisering.
Vilt- og fiskeressursane i Noreg er forvalta etter føre var-prinsippet. Ingen viltarter som det blir jakta på er truga av overutnytting. Bestandane av villaks har likevel dei siste åra vore på eit historisk lågt nivå. Det vart i mai 2008 fastsett nye og historisk strenge reguleringar for laksefisket både i elv og sjø som vart vidareførte i 2009. I kommande år vil det bli lagt særleg vekt på å sikre dei ville laksestammane i nordområda.
Arbeidet med å utrydde Gyrodactylus salaris er styrkt både i 2008 og 2009. Nedkjemping av parasitten i Steinkjer-regionen vil bli avslutta i 2009. I Vefsn-regionen er planlegginga ført vidare i 2009 med sikte på rotenonbehandling i 2010 og 2011. I Driva-regionen vil det bli prosjektert ei fiskesperre i 2010, og i Rauma-regionen tek ein sikte på nedkjemping innan 2013. Det blir i dag kalka i 22 laksevassdrag i Sør-Noreg. Også dei lokale kalkingsprosjekta i regi av frivillige organisasjonar har halde fram på høgt nivå. Kalkingsaktiviteten blir halde oppe på noverande nivå også i 2010.
Framande arter og genmodifiserte organismar
Innføring og spreiing av framande organismar gir store utfordringar. Auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent gjer at mange organismar blir spreidde til område der dei ikkje høyrer heime. Arbeidet med å følgje opp den nasjonale, tverrsektorielle strategien mot framande, skadelege arter er intensivert både i form av auka satsing på nedkjemping av utvalde framande arter og i form av auka kartlegging og overvaking. I 2009 er det blant anna nytta midlar til kampen mot mårhund, rynkerose og boersvineblom og til å utarbeide ein handlingsplan mot mink. Naturmangfaldlova sine nye reglar for framande arter vil bli eit viktig verkemiddel i dette arbeidet. Noreg har som eit av dei første landa fastsett ei ny forskrift med krav til handtering av ballastvatn.
Stadig fleire land set ut genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet. Det er stor usemje om bruk og regulering av GMO mellom dei landa som produserer og eksporterer GMO og andre land. På partsmøtet for Cartagena-protokollen om GMO i 2008 vart det semje om eit kompromissforslag om ansvars- og erstatningsreglar for skadar som skuldast GMO. Dette danner grunnlag for vidare forhandlingar. Siktemålet er å vedta ansvarsreglar på partsmøtet i 2010. Noreg er ein pådrivar i dette arbeidet.
Friluftsliv
Noreg har store friluftsareal og ein allemannsrett til ferdsle i utmark. Men somme stader, særleg i strandsona, er allemannsretten under press. Det er viktig å sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Ei eiga lov om naturområde i Oslo og nærliggjande kommunar (Markalova) trådde i kraft 1. september 2009. Lova vil sikre dei viktigaste friluftsområda i landet med betydning for over 1,2 million menneske i Oslo-regionen og medverke til å ta vare på natur- og kulturkvalitetane i Marka.
Undersøkingar viser at ungdom si deltaking i friluftsliv er betydeleg redusert dei seinaste tiåra. Dette er ei utfordring, både i eit miljø- og eit helseperspektiv. Ungdom er derfor ei svært viktig målgruppe for det motivasjonsarbeidet som skjer i regi av frivillige organisasjonar og ulike statlege etatar.
Det er no sikra meir enn 2 100 område til friluftsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom. I 2008 vart 61 nye område sikra. Fleire område er sikra ved omstillingar i staten, blant anna ved overtaking av forsvarseigedomar. Regjeringa held fram arbeidet med å sikre nye friluftsområde, særleg område i kystsona. Det er òg viktig å sikre overordna og samanhengande grønstrukturar i byar og tettstader. Samarbeidet med byane Bergen, Oslo, Trondheim og Kristiansand vil halde fram i 2010.
4.2 Bevaring og bruk av kulturminne
Kulturminne og kulturmiljø representerer store verdiar både for den enkelte og for samfunnet. Kulturminnelova og internasjonale konvensjonar føreset at særs viktige kulturminne blir tekne vare på. Regjeringa vil sikre at mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø gir grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping.
Viktige kulturhistoriske verdiar står i fare for å gå tapt. Systematisk kontroll av eit utval automatisk freda kulturminne viser tendens til auke i tap og skade, som gjer det vanskeleg å nå dei nasjonale måla. Det har vore store etterslep i vedlikehaldet av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Regjeringa har sett inn ressursar for å snu den negative trenden. Løyvingane over statsbudsjettet til dette føremålet har auka dei seinare åra, og nivået blir ført vidare i 2010. Erfaringar frå arbeidet med bevaringsprogramma viser at vedvarande styrke og målretta innsats vil gjere det mogleg å nå dei nasjonale måla innan 2020.
Dei nasjonale måla skal nåast gjennom ti konkrete bevaringsprogram. Programma legg vekt på den ressursen kulturarven er i lokalsamfunna og i regionane og omfattar freda kulturminne i privat eige, industriminne, fartøy, brannsikring av trehusbusetnad, arkeologiske kulturminne, bergkunst, ruinar, stavkyrkjer, verdsarvområde og samiske kulturminne. Gjennom Regjeringas strategi for sikring og istandsetjing av kulturminne og kulturmiljø er det lagt eit godt grunnlag for å prioritere innsats og tiltak.
Ved sidan av bevaringsprogrammet for stavkyrkjene, har bevaringsprogrammet for freda kulturminne i privat eige hatt høgast prioritet dei siste tre åra. Gjennom programmet har ein fått god oversikt over behovet for vedlikehald. Til no er 94 pst. av dei freda bygningane i privat eige undersøkte. Målretta bruk av tilskotsmidlane har ført til at trenden er snudd i positiv retning og at vi er på god veg til å nå målet for desse programma. Innafor fleire av dei andre programma er etterslepet framleis stort og aukande.
Det er stor merksemd om dei norske verdsarvområda, og bevaringsprogrammet for verdsarven har høg prioritet. Behova har likevel auka, blant anna fordi Noreg har fått fleire og større område inn på verdsarvlista. Regjeringa styrker derfor løyvinga i 2010 med 5 mill. kroner. Også bevaringsprogrammet for ruinar får stor merksemd, ikkje minst lokalt. Regjeringa meiner det er viktig å ha ei god framdrift i programmet og vil auke løyvinga med 3 mill kroner i 2010. Dette vil bidra til at programmet vil kunne komme i mål som planlagt i 2020.
Bevaringsprogramma for ti utvalde tekniske og industrielle kulturminne og for fartøy inneber spesielt store utfordringar, ikkje minst i budsjettsamanheng. Desse kulturminna er viktige representantar for norsk industriutvikling og for skipsfart. Bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne blir styrkt med ytterlegare 12 mill. kroner i budsjettet for 2010.
Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet gir kunnskap om korleis kulturminne, kulturmiljø og landskap kan gi grunnlag for verdiskaping. Fase 1 av programmet går ut 2010 og omfattar 11 pilotprosjekt som dekkjer heile landet. Erfaringane frå prosjektet så langt viser at kulturarven kan vere ein viktig ressurs både i stads- og næringsutvikling, og at denne ressursen kan aktiverast gjennom målretta innsats. Midlar frå Regjeringa si tiltakspakke på 223 mill. kroner og auka tilskotsmidler i 2009 har gitt eit løft i arbeidet med å sikre kulturminna.
Interessa for Kulturminnefondet har auka i takt med auken i fondskapitalen. Kulturminnefondet er den viktigaste finansieringskjelda for bevaring av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Det er og ei viktig finansieringskjelde for freda kulturminne og verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet.
Kulturminnefondet er i denne stortingsperioden bygd opp til 1,4 mrd. kroner i tråd med Stortinget sine føresetnader.
Statens kulturhistoriske eigedomar (SKE) vart gjennomført som eit prosjekt under Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Prosjektet vart avslutta i 2008 og oppfølginga av prosjektet vart då overført frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til Miljøverndepartementet. Prosjektet omfattar registrering av alle statsbygningar med omsyn til verneverdi, utarbeiding av landsverneplanar for dei statlege sektorane og gjennomføring av freding av dei anlegga som blir valde ut. Sluttføringa av restoppgåvene frå prosjektet er avhengig av framdrifta i verneplanarbeidet under dei ulike sektorane, og det står framleis mange oppgåver att på dette området. Driftspostane hos Riksantikvaren er styrkt for å møte desse utfordringane. Informasjon er sentralt og omfattar blant anna kunnskap om kvar kulturminna finst og korleis dei skal setjast i stand. Kulturminnedatabasen Askeladden inneheld lett tilgjengeleg og oppdatert informasjon om freda kulturminne, type, kvar dei ligg, tilstand og fredingsstatus. I 2008 er det totalt registrert 37 000 enkeltminne i Askeladden. Stadig fleire kommunar tek basen i bruk i planleggingsarbeidet sitt. Saman med byggjenæringa har Miljøverndepartementet førebudd oppretting av ein nettbasert kunnskapsportal for tradisjonsbaserte handverksfag. Kunnskapsportalen blir etablert i samarbeid med Byggenæringas Landsforbund hausten 2009. Nettstaden skal gjere det enklare for alle å finne fram til leverandørar av tradisjonelle handverkstenester og -produkt.
2009 har vore kulturminneår, vigd kulturminna frå dagleglivet. Kulturminneåret har vore eit samarbeid mellom Miljøverndepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet og dei frivillige organisasjonane.
4.3 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn
Heilskapeleg hav- og vassforvaltning
Omfanget av aktivitetar som påverkar havmiljøet og vassførekomstane aukar sterkt. Aktiviteten skjer ofte utan at ein veit nok om samanhengen mellom belastningane og effektane på økosystema. Samtidig får vi stadig ny kunnskap om kor sårbare våre kyst-, hav- og vassmiljø er. Det er derfor naudsynt å sjå dei ulike belastningane på økosystema i samanheng. Den samla miljøbelastninga må ikkje bli større enn at økosystemas struktur, funksjonsmåte og produktivitet blir haldne ved lag.
Heilskapeleg havforvaltning
Regjeringa la våren 2009 fram ein heilskapeleg forvaltningsplan for Norskehavet (St.meld. nr. 37 (2008-2009). Denne forvaltningsplanen vart utforma etter vidare utvikling av modellen som vart brukt for St.meld. nr. 8 (2005 – 2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten. Det vil bli etablert ei faggruppe for oppfølging av forvaltningsplanen for Norskehavet. Forvaltningsplanen for Barentshavet-Lofoten skal oppdaterast i løpet av 2010. Oppdateringa vil bli basert på ny kunnskap om havområda, blant anna kartlegging av havbotnen og sjøfugl, og geologiske undersøkingar. Ein tek sikte på å presentere ein forvaltningsplan for Nordsjøen innan 2015.
Heilskapeleg vassforvaltning
Regjeringa vil styrkje arbeidet med ei meir heilskapeleg, økosystembasert og kunnskapsbasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn – i tråd med EUs rammedirektiv for vatn. Vassforvaltningsforskrifta implementerer EUs vassrammedirektiv i norsk rett. Den gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane og skal sikre at ein tek best mogleg vare på desse og nyttar dei på ein berekraftig måte. Måla skal nåast gjennom regionale forvaltningsplanar og program for tiltak der alle ansvarlege styresmakter og sektorar medverkar. Ei revidert utgåve av vassforvaltningsforskrifta vil liggje føre i løpet av 2009, blant anna for å tilpasse regelverket til at fylkeskommunane blir vassregionstyresmakt frå 2010.
Forvaltningsplanar og tiltaksprogram for dei første utvalde vassområda vil bli ferdigstilte og vedtekne som fylkesdelplanar i løpet av 2009. Frå 2010 startar gjennomføringa av tiltaksprogramma. Samtidig startar arbeidet med å fullkarakterisere og klassifisere resten av landet. Overvaking av vassførekomstane er ein viktig føresetnad for å gjennomføre forskrifta. Den skal gi informasjon om naturtilstanden og samtidig vise om tiltak som blir sette i verk gir ønskt miljøforbetring. Dette vil gi grunnlag for eventuelle nye tiltak når forvaltningsplanane vert fornya kvart sjette år.
Frå 1. januar 2010 vil fylkeskommunen overta fylkesmannens rolle som vassregionstyresmakt og få ansvaret for blant anna å lage forvaltningsplanar i samarbeid med relevante sektorar. Direktivet og forskrifta føreset brei medverknad, der alle statlege styresmakter regionalt og lokalt, fylkeskommunar, kommunar og organisasjonar er med i arbeidet.
Overgjødsling og nedslamming
Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg. Dei gjennomførte utsleppsreduksjonane har ikkje vore nok for å løyse miljøproblema. Oppfølging av vassforvaltningsforskrifta blir viktig i det vidare arbeidet med å redusere overgjødslingsproblema. I ferskvatn er det særleg problem knytte til overgjødsling i område med tett busetnad eller i landbruksintensive område. I marine område er det særleg lokale fjordområde langs Skagerrakkysten og fjordområda på strekninga Lindesnes – Stad som er utsette for overgjødsling og nedslamming, grunna utslepp frå kommunalt avløp, industri, landbruksavrenning og/eller fiskeoppdrett. Overgjødsling og nedslamming er, kombinert med klimaendringar, truleg ei av hovudårsakene til den omfattande nedgangen i førekomstane av sukkertare langs kysten av Sør-Noreg. Statens forureiningstilsyn og Direktoratet for naturforvaltning arbeider i samråd med sektorane med å finne årsakssamanhengar og eventuelle tiltak.
Oljeforureining
Oljeforureining skuldast både akutte (ulovlege og ukontrollerte) utslepp og driftsutslepp frå offshoreinstallasjonar, skip og landbaserte kjelder.
Petroleumsindustriens nullutsleppsmål er nådd for tilsette kjemikaliar. Det skal likevel framleis vere sterkt fokus på å skifte ut kjemikaliar med mindre miljøfarlege alternativ (substitusjon) for å sikre at også resten av dei miljøfarlege stoffa blir fasa ut. Målet for naturleg førekommande miljøfarlege stoff i produsert vatn er ikkje nådd i same grad som for tilsette kjemikaliar. Produsert vatn inneheld restar av olje og kjemiske stoff, både kjemikaliar tilsette i prosessen og naturleg førekommande kjemiske stoff.
Ulovlege utslepp frå skip utgjer hovudutfordringa. Samarbeidet mellom nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av ulovlege utslepp frå skip.
Alle hamner er etter forureiningsforskrifta pålagt å syte for etablering og drift av mottaksordningar for handtering av avfall og lasterestar frå skip som er innom hamna. Dei fleste hamnene har utarbeidd avfallsplanar og har mottak som fungerer tilfredsstillande.
Noreg har tiltredd Konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatn-konvensjonen). Ei nasjonal forskrift om handtering av ballastvatn vart fastsett 7. juli 2009.
Miljøgifter
Spreiing av miljøgifter frå produkt, industri, transport og avfallsbehandling fører til ei gradvis forureining av jord, luft og vatn. Stadig fleire kjemikaliar inngår i stadig fleire produkt og produksjonsprosessar, utan at vi kjenner til kva følgjer bruken kan få. Samtidig viser kartleggingar at miljøgifter blir funne igjen over stadig større delar av kloden – og i for høge konsentrasjonar – i menneske, planter og dyr. Regjeringa har styrkt innsatsen mot bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Den auka innsatsen vart presentert i St. meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid. Meldinga inneheldt òg to handlingsplanar, den eine for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar, den andre for opprydding i forureina sjøbotn.
Det overordna målet i kjemikaliepolitikken er å unngå helseskadar, skadar på økosystem eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Over tid skal konsentrasjonen av dei farlegaste stoffa kome ned mot naturlege bakgrunnsverdiar. Dette skal sikrast både ved å hindre nye utslepp og å hindre at gamle forureiningar skader helse og miljø. Det er sett konkrete mål med tidsfristar for når utsleppa av prioriterte miljøgifter skal vere vesentleg reduserte eller stansa. Utslepp og bruk av kjemikaliar som er ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast, med mål om å stanse utsleppa innan 2020. Det nye europeiske kjemikalieregelverket om registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar – REACH – vart innlemma i EØS-avtala i mars 2008 og godkjent av Stortinget i mai 2008. Norsk gjennomføringsforskrift vart fastsett med verknad frå 30. mai 2008. REACH er no det grunnleggjande systemregelverket for kjemikalieforvaltning i Noreg. Formålet med REACH er å oppnå betre vern av helse og miljø gjennom betre kontroll med produksjon, import, bruk og utslepp av kjemiske stoff. Regjeringa vil arbeide for å påverke utviklinga på dette viktige miljøområdet i EU/EØS. Regjeringa vil og vurdere innføring av nye reguleringar av særleg farlege stoff.
Kartlegging og overvaking av miljøgifter i naturen vil framleis bli prioritert. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå på korleis ein kan nå 2020-målet om å stanse alle utslepp av miljøgifter. Utvalet skal gi innspel til styresmaktene om konkrete tiltak som kan setjast i verk for å bidra til måloppnåing. Regjeringa vil styrkje informasjonsarbeidet overfor forbrukarar om helse- og miljøfarlege produkt og kjemikaliar, for at dei skal kunne ta miljøvennlege val. Dette vil redusere bruken av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Det er sett i gang arbeid med å opprette ein nasjonal miljøprøvebank for forskings- og overvakingsformål. Trusselen frå miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar er global. Dårleg kontroll med bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i utviklingsland fører til lokale skadar på helse og miljø. Samtidig blir miljøgifter transporterte langt frå kjeldene. Nordområda er ein «utslagsvask» for utslepp andre stader i verda. Internasjonalt arbeid er derfor heilt naudsynt for å redusere skadene på norsk natur og for å nå 2020-målet. Regjeringa vil vere pådrivar for å styrkje internasjonale avtaler om miljøgifter både regionalt og globalt, og gi bistand til utviklingsland for å stanse utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Samtidig legg Regjeringa vekt på å sikre eit høgt vernenivå nasjonalt og å vere i forkant av den internasjonale utviklinga.
Mange stader på land og i sjøen ligg det miljøgifter som stammar frå gamle industriutslepp, avfallsfyllingar og liknande. Slike forureiningar trugar både miljøet og menneske si helse. Miljøgiftene blir tekne opp i planter og dyr og kan ende i våre eigne matfat. Grunnlaget for verdiskaping blir redusert i dei aktuelle områda, og forureiningane fører til auka kostnader ved utbygging.
1. september 2009 kjenner miljøstyresmaktene til 334 lokalitetar på land der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter i grunnen med spreiingsfare, og der det ut frå risikovurdering er behov for vidare tiltak. Arbeidet med å få stansa eller redusert vesentleg spreiing av miljøgifter frå forureina grunn på land blir ført vidare i 2010. Hausten 2006 la Miljøverndepartementet fram ein eigen handlingsplan for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Arbeidet med å rydde opp i barnehagar går etter planen. Det er utarbeidd fylkesvise tiltaksplanar for 17 prioriterte område med forureina sjøbotn. Desse er utgangspunkt for ein nasjonal handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn, som Miljøverndepartementet la fram i stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Arbeidet med å følgje opp planen er komme godt i gang. Oppryddingstiltak er sett i gang i større eller mindre omfang på 6 lokalitater, (Oslo, Drammen, Sandefjord, Kristiansand, Trondheim, Hammerfest).
I arbeidet med opprydding på land og i sjøbotn vil staten framleis medverke med betydelege midlar til opprydding der det ikkje er mogleg å identifisere dei ansvarlege, eller der det ikkje er rimeleg å påleggje dei ansvarlege dei fulle kostnadane, og til kunnskapsoppbygging og naudsynt overvaking på feltet.
Avfall og gjenvinning
Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og miljø, samtidig som ressursane i avfallet skal utnyttast. Miljøforvaltinga skal medverke til rammevilkår som fører til at minst 75 pst. av den genererte avfallsmengda går til gjenvinning i 2010, med ei vidare opptrapping til 80 pst. Det har vore ei svært positiv utvikling på avfallsfeltet dei siste åra. I dag blir opp mot 70 pst. av avfallet anten gjenvunne som material eller utnytta til energi, mens utsleppa frå avfall er betydeleg reduserte.
Strengare krav til avfallshandtering, avgift på sluttbehandling av avfall og innføring av produsentansvar medverkar til avfallsreduksjon. 1. juli 2009 vart det forbode å deponere nedbryteleg avfall. I samband med forbodet blir sluttbehandlingsavgifta på deponering av avfall redusert, for å vise at det vil vere lågare miljøkostnadar knytte til å deponere avfall som ikkje er omfatta av forbodet. Finansdepartementet og Miljøverndepartementet vil saman gå gjennom sluttbehandlingsavgifta på forbrenning i samband med annan verkemiddelbruk og miljøpolitiske mål.
Vi har òg viktige utfordringar når det gjeld farleg avfall. 1 030 000 tonn farleg avfall vart levert og handtert i samsvar med gjeldande regelverk i 2007, ein nedgang på 6 pst. frå året før. Restmengda på om lag 69 000 tonn gjekk til ukjend handtering, ei nedgang på 15 pst. frå året før.
4.4 Eit stabilt klima og rein luft
Klimaendringar
Klimaproblemet er den største miljøutfordringa verda står overfor i dag. Sidan industrialiseringa tok til har konsentrasjonen av karbondioksid (CO2), som er den viktigaste klimagassen i atmosfæren, auka med nær 40 pst. FNs klimapanel (IPCC) skreiv i sin fjerde hovudrapport i 2007 at mesteparten av oppvarminga vi har observert dei siste femti åra er menneskeskapt. Verknadene framover kan bli drastiske. Nedsmelting av is på Grønland og i Antarktis kan, saman med temperaturauke og utviding i havmassane, føre til ei betydeleg heving av havflata og strandlinjene. Regionale og lokale klimaendringar kan bli store og etter måten raske, men er vanskelege å føreseie.
Det langsiktige målet i Klimakonvensjonen er å stabilisere konsentrasjonen av klimagassar på eit nivå som hindrar farleg menneskeskapt påverknad av klimasystemet. Regjeringa har vedteke ei konkretisering av det strategiske målet. Denne seier at den globale temperaturauken må haldast under 2 °C. Dette vil krevje store reduksjonar i klimagassutsleppa. Kyotoprotokollen er eit steg på vegen mot det langsiktige målet, men må forsterkast av eit meir globalt klimaregime med sterkare reduksjonar etter 2012.
Som ein del av den internasjonale klimaavtala som skal framforhandlast i København i desember 2009, vil Noreg kutte utsleppa med 30 pst. i høve til 1990-nivået innan 2020.
I 2007 var dei samla norske klimagassutsleppa 55,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå og Statens forureiningstilsyn viser at dei samla norske klimagassutsleppa gjekk ned med vel 2 pst. til 53,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2008. Utsleppa i Noreg er venta å auke vidare i åra framover.
Stortinget har vedteke at Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga etter Kyotoprotokollen med 10 prosentpoeng, til 9 pst. under 1990-nivå. Regjeringas politikk er at utsleppsforpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyoto-mekanismane slik protokollen legg opp til, der ein betydeleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak. I tillegg skal Noreg fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990. Det er realistisk å ha som mål at om lag to tredelar av den norske utsleppsreduksjonen skjer nasjonalt, når opptak i skog er rekna med. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der andre industriland òg tek på seg store forpliktingar, vil Noreg syte for å redusere dei globale utsleppa tilsvarande 100 pst. av Noregs utslepp seinast i 2030. Det vil seie at Noreg blir karbonnøytralt.
I St. meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk foreslår Regjeringa ei rekkje tiltak for å nå desse måla innafor dei viktigaste samfunnssektorane med klimagassutslepp i Noreg. Fleire tiltak kom til i klimaforliket mellom regjeringa og opposisjonspartia på Stortinget.
Saman med CO2-avgifta og andre verkemiddel vil kvotesystemet medverke til å redusere utslepp av klimagassar på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte.
Klimakvotelova tredde i kraft 1. januar 2005 og er eit viktig verkemiddel for å redusere utsleppa. Frå 2008 vart lova utvida slik at omfanget vart tre gonger så stort som tidlegare. Det omfattar blant anna petroleumsverksemda på norsk sokkel og store delar av fastlandsindustrien. Om lag 36 pst. av dei norske klimagassutsleppa var kvotepliktige i 2008. Endeleg tildelingsplan vart godkjent av ESA 27. februar 2009.
Regjeringa har lagt om avgiftssystemet slik at bilar med lite CO2-utslepp blir billegare, og bilar med høge utslepp dyrare. Påskjøningsordninga for kollektivtrafikken er dobla, og investeringane i jernbane auka. Vidare har Regjeringa tredobla innsatsen knytt til forsking på fornybar energi. I år blir det brukt nærare 2,6 mrd. kroner til arbeidet med energieffektivisering, fornybar varmeproduksjon og vindkraftutbygging. Dette er over tre gonger så mykje som Enova disponerte i 2005.
Miljøverndepartementet inngjekk i september ei avtale med Norsk Industri om utsleppsreduksjonar for ikkje kvotepliktig industri. Avtala inneber at dei verksemdene dette gjeld ikkje skal sleppe ut meir enn 6,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar pr. år i perioden 2008-2012.
Regjeringa la i september fram den statlege planretningslinja for klima- og energiplanlegging i kommunane. Føremålet med ei slik planretningslinje er å framheve omsynet til klima og energi, og å klargjere kva staten ventar seg av klima- og energiplanlegging i kommunane. Planretningslinja gir signal om at kommunane i kommuneplanane, eventuelt i eigen kommunedelplan, skal planleggje for reduksjonar i klimagassutslepp, energieffektivisering og miljøvennleg energiomlegging.
Klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog utgjer nær 20 pst. av dei samla globale utsleppa. Det er mogleg å redusere dette problemet relativt raskt og til ein ganske låg kostnad. Store og varige reduksjonar i klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog føreset at avgrensingar av utslepp frå desse kjeldene inngår i ei ny global klimaavtale. Regjeringa har derfor trappa opp satsinga på desse områda i 2008. Innsatsen vil bli ytterlegare styrkt i 2010, gjennom ei løyving på 2,1 mrd. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 1,4 mrd. kroner på Utanriksdepartementets budsjett.
Sjølv om vi har store ambisjonar om utsleppskutt nasjonalt og internasjonalt, er det naudsynt å vere budd på konsekvensane av klimaendringar i Noreg. På fleire samfunnsområde er ein alt i gang med eit arbeid for tilpassing til klimaendringar. Det er sett i gang ei offentleg utgreiing for å kartleggje kor sårbart samfunnet er, og korleis vi best kan tilpasse oss klimaendringane. Utvalet skal sjå på kva risiko klimaendringane utgjer for natur og samfunn og gjere greie for kva samfunnsområde som er mest utsette. Utvalet har frist til november 2010.
Nedbryting av ozonlaget
Trusselen mot ozonlaget er ikkje borte, men Montrealprotokollen har effektivt redusert bruken og utsleppa av KFK og andre ozonreduserande stoff frå dei rike industrilanda inkludert Noreg. Ei hovudutfordring internasjonalt er å gjere utviklingslanda i stand til å oppfylle forpliktingane sine under protokollen.
Langtransporterte luftforureiningar
Internasjonale avtaler og nedlegging av forureinande industri i Europa har redusert forsuringsproblema i Noreg. Tolegrensene for forsuring av overflatevatn var overskridne på 42 pst. av arealet vårt i 1980 og 23 pst. i 2000. Med full effekt av Gøteborgprotokollen vil tolegrensene venteleg vere overskridne på om lag 11 pst. av Noregs areal.
Gøteborgprotokollen krev at dei årlege norske svovelutsleppa er maksimalt 22 000 tonn frå 2010. Regjeringa legg opp til at dette kravet skal oppfyllast gjennom nye utsleppskrav til industrien, jf. intensjonsavtala med Norsk Industri (tidlegare Prosessindustriens Landsforeining).
NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen inneber ein reduksjon i dei årlege norske utsleppa på 13 pst. frå 2008, til maksimalt 156 000 tonn. Dette krev ei rekkje nye tiltak. I tråd med Stortingets vedtak sette Regjeringa 1. januar 2007 i verk ei avgift på utslepp av nitrogenoksid (NOx). Miljøverndepartementet inngjekk 14. mai 2008 ei avtale om reduksjon av NOx-utslepp med 14 næringsorganisasjonar. Næringsorganisasjonane tek i avtala på seg å redusere dei årlege NOx-utsleppa med 30 000 tonn. Avtala vil bidra vesentleg til at Noreg overheld NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen.
Verksemder som har slutta seg til avtala får fritak for NOx-avgift ut 2010 i den grad avtala blir oppfylt. Utsleppsreduksjonane skal vere fullt ut gjennomførde innan utgangen av 2011.
Pr. august 2009 hadde meir enn 500 bedrifter slutta seg til avtala. Statens Forureiningstilsyn, som har som oppgåve å sjå til at organisasjonane oppfyller forpliktingane sine, stadfesta 29. juni 2009 at det er gjennomført utsleppsreduksjonar på minst 2 000 tonn i 2008. Reduksjonsforpliktinga i NOx-avtala på 2 000 tonn for 2008 er dermed oppfylt. Næringslivets NOx-fond reknar med at det i 2008 samla sett vart gjennomført tiltak som gir utsleppsreduksjonar på om lag 6 500 tonn. NOx-fondet, Det Norske Veritas og SFT arbeider vidare med å verifisere og kontrollere dei samla reduksjonane for 2008. Reduksjonar som blir godkjende for 2008 ut over 2 000 tonn, kan godskrivast for 2009. Reduksjonsforpliktinga for 2009 er på 4 000 tonn.
Også Noregs utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC) var i 2008 lågare enn forpliktinga i Gøteborgprotokollen, som er maksimalt 195 000 tonn innan 2010. Utsleppa er vesentleg reduserte dei siste åra som følgje av krava til utslepp frå lasting og lagring av råolje på sokkelen og implementering av EU-direktiv, blant anna om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel og VOC i måling og lakk. Noreg overheld òg i 2008 begge utsleppsforpliktingane i VOC-protokollen av 1991.
Utsleppa av ammoniakk var i 2008 om lag på same nivå som den norske forpliktinga etter Gøteborgprotokollen. Desse er venta å endre seg lite i åra framover utan nye tiltak.
Tilførslene av svovel frå Europa er sterkt reduserte dei siste åra, noko som har ført til mindre forsuring. Tilførsel av nitrogen medverkar likevel til forsuring, og det kan berre ventast marginale forbetringar framover. I dei forsuringsskadde områda i Noreg vil det på grunn av berggrunnstilhøve og tidlegare skadar framleis vere behov for kalking i lang tid framover. Kalking er eit langsiktig avbøtande tiltak som held ved lag det biologiske mangfaldet i forsura vassdrag. I mange forsuringsskadde vassdrag er laksebestanden bygd opp att. Det føregår no kalking i 24 laksevassdrag og i om lag 3 000 lokale prosjekt, hovudsakeleg i Sør-Noreg.
Noreg skal føre vidare den aktive medverknaden i det internasjonale samarbeidet om forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining. Dette arbeidet vil leggje grunnlag for forhandlingar om nye protokollar under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining og for kontroll med effekten av dagens protokollar. I arbeidet med å revidere Gøteborgprotokollen vil Regjeringa leggje vekt på å utvikle ei ny effektbasert avtale. Landa bør ta på seg forpliktingar som fører til at utsleppa som bidreg til skade på økosystem og helse blir reduserte på ein effektiv måte.
Regjeringa arbeider innafor FNs sjøfartsorganisasjon IMO for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå sjøfarten. I mars 2008 vart det semje om ei løysing med nye og strengare krav til utslepp av svovel, NOx, VOC og partiklar.
Lokal luftkvalitet
Den lokale luftkvaliteten i Noreg er jamt over god. Men i nokre byar og tettstader kan lokal luftforureining i periodar gi betydelege helse- og trivselsproblem. Svevestøvkonsentrasjonane overskrid det nasjonale resultatmålet i fleire norske byområde. Overskridingane skjer i hovudsak langs dei mest trafikkerte vegane. Sjølv om svevestøvnivåa har blitt litt reduserte, vil det likevel vere vanskeleg å nå målet som gjeld for 2010 utan nye tiltak eller auka styrke på eksisterande tiltak. I samarbeid med aktuelle styresmakter bli det utarbeidd ein handlingsplan for å betre den lokale luftkvaliteten.
Konsentrasjonane av svoveldioksid og benzen i by- og tettstadluft vil truleg vere innafor dei nasjonale måla i 2010.
Vegtrafikk er den største kjelda til lokal luftforureining. Utsleppa frå kvart køyretøy minkar merkbart som følgje av strengare krav internasjonalt og i Noreg. Aukande trafikkmengd verkar imidlertid motsett veg, slik at nettoreduksjonane ikkje blir så store. Utsleppa av både nitrogenoksid og svevestøv frå vegtrafikken gjekk ned med 45 pst. frå 1990 til 2006. Fyring med ved er òg ei vesentleg kjelde til svevestøvforureininga, særleg på kalde dagar. Utsleppa frå vedfyring er reduserte med om lag 13 pst. frå 1990 til 2006.
Forureiningsforskrifta gjer kommunane til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Det blir arbeidd med oppfølging for å sikre at forskrifta blir etterlevd. Nasjonale verkemiddel er òg knytte til kvaliteten på drivstoff. Noreg implementerer blant anna EU-direktiv på dette området.
Støy
Støy er eitt av dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar personar er utsette for støy over 50 dB ved bustaden sin. Støy frå samferdsel utgjer opp mot 90 pst. av den kartlagde støyplaga, og vegtrafikken står åleine for nærare 80 pst. Regjeringa presenterte ein handlingsplan mot støy for perioden 2007-2011 i St. meld nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Denne planen legg føringa for støyarbeidet dei næraste åra.
4.5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda
Stadig fleire avgjerder som er viktige for den norske miljøtilstanden og den norske miljøpolitikken blir tekne utafor landets grenser. Samtidig er dei alvorlegaste miljøutfordringane globale. Derfor er det naudsynt å styrkje det forpliktande internasjonale samarbeidet både i og utafor organisasjonar som har miljø som hovudoppgåve. På same måte som i nasjonal politikk må miljøomsyn stå sentralt også i internasjonalt samarbeid på andre område enn miljø, til dømes internasjonal handel. Det er viktig å sjå dei internasjonale utfordringane samla fordi dei heng saman innbyrdes. Omsynet til å oppfylle og vidareutvikle internasjonale plikter i miljøavtaler har høg prioritet. Dette gjeld særleg innafor klima, biologisk mangfald og miljøgifter. Dette vil vere eit viktig samarbeidsområde både i internasjonale organisasjonar og i høve til samarbeidslanda våre og i utviklinga av handelspolitikken.
Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet
EU er vår viktigaste samarbeidspartnar på miljøområdet og er ein sentral pådrivar i det globale miljøarbeidet. Det meste av EUs miljølovgiving blir fortløpande gjort gjeldande i Noreg gjennom EØS-avtala. Også i 2009 er ei rekkje nye rettsakter på miljøområdet innlemma i EØS-avtala. Regjeringa har lagt stor vekt på å kunne medverke til utforminga av EUs miljøpolitikk og gjere norsk syn tidleg gjeldande på område som er særs viktige for Noreg, som klima, kjemikaliar, hav og luftforureining. Vi har fremja synspunkt på blant anna CCS og berekraftkriterium i EUs nye fornybardirektiv. Miljøforvaltninga har fortløpande vurdert rettsutviklinga på naturvernområdet i EU, i tråd med Soria Moria-erklæringas mål om å følgje opp gode miljøinitiativ frå EU og ta i bruk det beste i EUs miljølovgiving, også der det ikkje er omfatta av EØS. Miljøverndepartementet har følgt EUs arbeid tett på dette området i samband med utforming av ny naturmangfaldlov. Naturmangfaldlova tredde i kraft 1. juli 2009, med unntak av kapitlet om framande organismar. Lova inneber at norsk naturforvaltningslovgiving er lyfta opp på EU-nivå.
Miljø og kulturarv er dei viktigaste satsingsområda i tosidige og regionale miljøsamarbeid gjennom EØS-midlane. Miljøverndepartementet har lagt vekt på politisk dialog med dei nye EU-landa og vil medverke til auka tosidig kontakt mellom nasjonale og lokale styresmakter i Noreg og dei nye EU-landa.
For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig, blant anna i arbeidet med å påverke internasjonale regelverk på sentrale område som biomangfald, hav og kjemikaliar. I tillegg er det gitt høg prioritet til samarbeidet om klimaspørsmål. Oppfølginga av Nordisk strategi for klima og miljøgifter i Arktis har òg vore ei prioritert oppgåve.
I perioden 2008-2009 har FNs Kommisjon for berekraftig utvikling (CSD) hatt hovudfokus på arealforvaltning, tørke, Afrika, jordbruk, utvikling på landsbygda og forørkning. I 2008 vart det gjort ein statusgjennomgang på området med forhandlingar i 2009. Noreg arbeidde aktivt for å få fram samanhengar mellom arealbruk og biobrensel. Noreg fremja forslag, utan å få gjennomslag, om at det bør utviklast internasjonale kriterium for biobrensel. Frå norsk side er det lagt vekt på å bruke CSD til å vise at det er mogeleg både å fremje vekst og motverke fattigdom utan å ofre miljøet.
I 2009 har OECD medverka til prosessen fram mot København blant anna med viktige analysar av økonomiske aspekt ved klimautfordringa og eit globalt klimaregime og gjennom eit felles høgnivåmøte i 2009 mellom OECDs miljø- og utviklingskomitear (EPOC og DAC) med blant anna klimatilpassing som tema. I 2010 vil det vere viktig å bidra til OECDs arbeid med analysar av og berekraftig handtering av den globale finans- og klimakrisa. Styrkt samarbeid mellom utviklings- og miljøsida vil stå sentralt, med særleg fokus på vidare arbeid med overgang til grøn økonomi og lågkarbonsamfunn, og metodar for rapporteringar om klimatilpassingstiltak i bistand.
Noreg legg vekt på å styrkje FNs miljøprogram (UNEP) for på sikt å kunne oppgradere UNEP til ein særorganisasjon under FN og styrkje UNEPs rolle som FNs sentrale miljøautoritet og premissleverandør i det globale arbeidet for miljø og berekraftig utvikling. Miljøverndepartementet vil òg oppretthalde ei aktiv rolle i arbeidet med god organisering av miljøomsyna på globalt nivå, særlig innanfor FN-reform. UNEPs nye strategi for perioden 2010-2013 har fokus på klima, forvaltning av økosystem, kjemikaliar og farleg avfall, naturkatastrofar og konfliktar, miljøstyresett og effektiv ressursutnytting og berekraftig produksjon og forbruk.
Det globale miljøfondet (GEF) er den sentrale finansieringsmekanismen for dei globale miljøkonvensjonane. I 2010 vil GEFs fond få ny kapital frå givarlanda. Sidan starten har GEF fordelt vel 8 mrd. USD og skaffa ytterlegare 36 mrd. i samfinansiering. Det er viktig å arbeide for ei styrking og vidareutvikling av GEF som støttar opp under måla i miljøkonvensjonane, og framleis søkje å bringe inn større midlar frå andre kjelder. Det er særleg viktig at midlar til denne fellesordninga for miljøfinansiering sikrar at avtalefesta tiltak har positiv verknad for andre avtaler.
Andre avtaler, organisasjonar o.a. som betyr mykje for miljøet
Regjeringa vil arbeide for å fremje eit internasjonalt handelsregime der omsyn til miljø, faglege og sosiale rettar, mattryggleik og utvikling i fattige land skal tilleggjast avgjerande vekt. Regjeringa arbeider derfor for ein god miljøprofil i den pågåande forhandlingsrunden i WTO. Regjeringa arbeider òg med å vidareutvikle frihandelsavtalene som bidrag til det overordna målet om berekraftig utvikling, mellom anna i dei forhandlingane som pågår om avtaler med Kina og India og ei mogleg framtidig avtale med Russland. Det er viktig å sikre at ikkje utviklinga i regelverket om handel og investeringar avgrensar nasjonale miljøtiltak og verkemiddel i praksis, men at ein ser handel, økonomi og miljø i samanheng med målet om at handel blir ei drivkraft for «grøn vekst».
Noreg legg vekt på å trekkje nasjonalt og internasjonalt næringsliv sterkare med for å løyse globale miljøproblem. Regjeringa ønskjer å styrkje det internasjonale og nasjonale arbeidet med å fremje meir samfunns- og miljøansvar i næringslivet, særleg for selskap som opererer i land eller regionar der regelverk ikkje finst eller er svakt utforma.
Geografisk retta miljøsamarbeid
Regjeringas mål er at Noreg skal bli leiande på miljøretta bistand. God miljøforvaltning er avgjerande for å løyse fattigdoms- og utviklingsproblema i verda. Noreg bidrar til å styrkje samarbeidslandas kapasitet til å ta omsyn til miljøet og å oppfylle dei internasjonale forpliktingane dei har. Departementet medverkar i utforming og iverksetjing av utviklingsprogram, slik som «Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid» (satsingsområde: biologisk mangfald og naturressursar, vatn og sanitær, klimaendringar og tilgang til rein energi og miljøgifter), programmet «Olje for Utvikling» (Miljøverndepartementet har fagleg ansvar for miljøpilaren) og initiativet «Rein energi for utvikling» (som skal fremje energieffektivitet og fornybare energikjelder).
Miljøverndepartementet har særskilte avtaler om miljøsamarbeid med blant andre Sør-Afrika, Kina og India. Desse landa er alle viktige for utviklinga i den globale miljøtilstanden og i forhandlingar om internasjonale miljøavtaler. Samarbeidsavtala blir nytta til fagleg og politisk dialog og er ei ramme for gjennomføring av miljøprosjekt i desse landa. Dialog og samarbeid om klimaspørsmål er særs høgt prioritert. Miljøverndepartementet arbeider for betre miljøforvaltning i tidlegare sovjetrepublikkar gjennom FNs prosess «Miljø for Europa» og med bilaterale miljøprosjekt finansierte av Utanriksdepartementet.
Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Noreg skal vere den fremste forvaltaren av miljø og naturressursar i nordområda. Det blir stilt strenge miljøkrav til all verksemd og sett rammer som sikrar at dei unike natur- og kulturmiljøa blir verna mot negativ påverknad og tekne vare på for framtidige generasjonar. Noreg skal òg vere i front internasjonalt når det gjeld utvikling av kunnskap om, for, og i nordområda. Kunnskap er navet i nordområdestrategien, med forgreiningar til miljøforvaltning, ressursutnytting og verdiskaping. Vi har behov for kunnskap for å kunne møte dei utfordringane vi står overfor i nord. Regjeringa vil òg styrkje internasjonalt samarbeid for å redusere miljøbelastninga i nordområda.
Barentsregionen og den arktiske regionen
Noreg har formannskapet i Arktisk Råd. Samarbeid om oppdatering av konsekvensane og utfordringane ved venta klimaendringar i Arktis, jf. ACIA-rapporten, og ei felles tilnærming til ei heilskapeleg økosystembasert ressursforvaltning står sentralt i det norske formannskapet. Noreg har initiert eit prosjekt om klimaendringar og kryosfæren (snø, vatn, is og permafrost) og eit prosjekt om økosystembasert ressursforvaltning. Forvaltningsplanen for Barentshavet er brukt som eit døme i denne samanhengen. Noreg spelar ei viktig rolle i Arktisk Råds miljøovervakingsprogram (AMAP), deltek i samarbeidsprosjekt i forhold til Arktis og Russland og i det marine programmet for Arktis (PAME).
Noreg bidreg òg med årlege løyvingar til miljøpartnarskapen Northern Dimension Environment Programme (NDEP) i EUs arbeid med Den nordlege dimensjon.
Noreg har leiinga av Barentsrådets miljøarbeidsgruppe fram til hausten 2009. Arbeid med reduksjon av utslepp av miljøgifter og klimagassar frå dei store forureiningskjeldene i Nordvest-Russland (hot-spots), klimaendringar og bevaring av biologisk mangfald i regionen har prioritet.
Havmiljøsamarbeidet er spesielt høgt prioritert i det bilaterale arbeidet i regi av den norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Ei eiga havmiljøgruppe skal medverke til auka samarbeid om økosystembasert forvaltning av Barentshavet. Blant anna vil det i 2009 bli utarbeidd ein felles norskrussisk miljøstatusrapport for heile Barentshavet, som eit grunnlag for vidare samarbeid.
Vern og forvaltning av biologisk mangfald i Barentsregionen, reduksjon av forureining, reinare produksjon, grensenært samarbeid, kulturminnevern og forvaltning av verneområde på arktiske øygrupper er dei andre hovudsatsingsområda for det bilaterale miljøvernsamarbeidet med Russland.
Norilsk Nikel-konsernet arbeider vidare med å modernisere verksemda på Kolahalvøya. Konsernet har bekrefta at eit briketteringsanlegg for nikkelmalm blir bygd i Zapoljarnij, og det skal etter planen stå ferdig i 2010. Framtidig lokalisering av smelteverket er derimot ikkje avgjort. Selskapet er gjort kjent med at den norske økonomiske støtta gjeld modernisering av smelteverket i Nikel og krev reduksjon av forureininga der, innafor det tidsrommet avtalene gjeld, dvs. ut 2010.
Svalbard
Norske styresmakter har som mål at Svalbard skal bevarast som eitt av dei best forvalta villmarksområda i verda.
Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur og marine naturverdiar skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad, og eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet.
Dei siste åra er det oppretta seks nye verneområde som sikrar nokre av dei biologisk mest produktive landområda, og nye sjøområde er inkluderte i verneområda etter utvidinga av territorialgrensa. Til saman er om lag 65 pst. av landområda og 84 pst. av territorialfarvatna verna.
Ei rekkje dyrebestandar som tidlegare var truga er no gjennom vernetiltak restituerte eller i vekst. Det er utarbeidd nye reglar for å hindre at fiske påverkar bestandane av svalbardrøye, som frå tidlegare er kraftig nedfiska i fleire av vassdraga.
Ferdsel frå turistar og fastbuande har auka dei siste åra. Cruiseturismen har i aukande grad teke i bruk fjerntliggjande område nord og aust på Svalbard. I 2007 vart det innført krav til drivstoffkvalitet og avgrensingar i talet på passasjerar for skip innafor dei store naturreservata aust på Svalbard. For å sikre naturreservata i aust som urørt referanseområde for klima- og miljøforsking, arbeider styresmaktene no med forslag til nye avgrensingar for kor turistar kan gå i land innafor desse naturreservata.
Miljøet på Svalbard blir òg påverka av endringar i klima og langtransportert forureining. Det er venta at temperaturane i Arktis vil stige dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Dersom bre- og issmeltinga held fram som no, kan konsekvensane for miljøet bli alvorlege, særleg for arter knytte til havisen, som sel og isbjørn. Den raske smeltinga av havis, brear og permafrost i Arktis vil kunne forsterke den globale oppvarminga, og såleis få alvorlege følgjer òg for resten av verda.
Det har vore ein markant reduksjon i tilførsel av særleg svovelsambindingar til Svalbard dei siste åra. Tilførsler av «gamle» miljøgifter som PCB og DDT synest òg å vere noko reduserte dei siste åra. Nivåa av PCB i isbjørn, sel og polarmåke ved Svalbard er likevel framleis blant dei høgaste i Arktis. Vidare viser målingar at førekomsten av kvikksølv i planter og dyr aukar i Arktis. Det er òg registrert fleire «nye» miljøgifter i Arktis, for eksempel bromerte flammehemmarar.
Kunnskap frå Svalbard-området er viktig både for å forstå klimaproblema og for det norske arbeidet med å styrkje dei internasjonale avtalane som gjeld klima og langtransportert forureining. Norske styresmakter vil derfor utvikle Svalbard vidare som ein plattform for internasjonal miljø- og klimaforsking og sikre Svalbards kvalitetar som eit urørt referanseområde for slik forsking.
Norsk klima-, polar- og isbrefagleg kompetanse skal styrkjast, spissast og utviklast vidare innafor rammene av eit nasjonalt «Kompetansesenter for is og klima». I 2009 har oppbygginga av kompetansesenteret starta med kjerne i Norsk Polarinstitutt og i samarbeid med sentrale faginstitusjonar i Noreg. Senteret skal styrkje Noregs posisjon som ein aktiv og synleg part i det internasjonale klimaarbeidet. Kompetansesenteret skal òg vere eit viktig norsk bidrag til eit samarbeid med verdas «brestatar» for å auke forståinga av dynamikken i og konsekvensen av bresmeltinga som følgje av klimaendringane. I IPCCs scenario er det store kunnskapshol på desse områda.
Det er oppretta eit miljøvernfond for Svalbard som skal tildele midlar til miljøvernprosjekt etter søknad. Miljøgebyr for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, som vart fullt operativt i 2008.
India etablerte ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund sommaren 2008, og ein norsk-indisk avtale om klima og polarforskingssamarbeid vart underskriven mellom Norsk Polarinstitutt og ein tilsvarande indisk institusjon. Ny-Ålesund-symposiet er etablert som eit årleg arrangement for å setje sterkare fokus på problemstillingar i nord og styrkje samarbeidet mellom næringsliv, forskarar og styresmakter, og NGOar på tvers av land.
Antarktis
Noreg har godkjent vedlegget til miljøprotokollen under Antarktis-traktaten som regulerer ansvaret for miljøskade i Antarktis. Vedlegget vil no bli implementert i vår eiga forskrift om vern av miljøet i Antarktis. I samarbeidet under Antarktistraktaten er det auka fokus på klimaendringar og på den veksande cruiseturismen. Gjennom fleire resolusjonar er det lagt opp til tiltak som skal avgrense dei negative effektane på miljøet av den aukande turismen.
Radioaktiv forureining
Konsentrasjon av radioaktivt cesium i vegetasjon på utmarksbeite går svært langsamt nedover. Sjølv over 20 år etter Tsjernobyl-ulykka blir det gjennomført årlege tiltak i Noreg for å redusere innhaldet i kjøtt og mjølk frå utmarksbeitande dyr.
Noreg har dei siste åra lagt vekt på samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter i arbeidet med radioaktivitet i Nordvest-Russland. Noreg legg vekt på at miljøkonsekvensvurderingar må vere gjennomførte før ulike tiltak blir sette i verk, og at arbeidet blir planlagt slik at risikoen blir så liten som råd er. Det er viktig å bidra til kompetanseoverføring som set Russland i stand til sjølv å handtere utfordringane på grunnlag av best tilgjengeleg kunnskap og teknologi. Noreg arbeider for brei internasjonal deltaking i dette arbeidet, og for å spreie kunnskap om problem og løysingar.
Utsleppa av technetium-99 frå Sellafield vart betydelig reduserte i 2004. Som ein følgje av dette er det venta ytterlegare nedgang i konsentrasjonane av technetium-99 langs norskekysten i åra som kjem, og konsentrasjonane ligg monaleg under toppverdiane frå 1999-2001. Norske styresmaktar arbeider no for at britane stansar reprosesseringsanlegget THORP for godt, for å redusere risikoen for større, akutte utslepp av radioaktive stoff frå Sellafieldanlegget som kan påverke norske område.
Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. Det er òg etablert eit samarbeid med Russland om overvaking av radioaktiv forureining i dei nordlege havområda, slik at norske styresmakter no får informasjon om tilstanden også i russisk sone.
Miljøverndepartementet har ansvar for radioaktiv forureining av det ytre miljøet i form av utslepp og radioaktivt avfall frå kjelder i Noreg. Statens strålevern er fagorgan for departementet på dette området. Arbeidet med radioaktiv forureining frå norske kjelder skal styrkjast betydeleg med hovudvekt på utslepp frå petroleumssektoren, forureining frå gamle gruver og kartlegging av radioaktivt avfall. Det er avdekt stor kunnskapsmangel på området som krev styrkt kartlegging, utgreiing, overvaking og forsking. Det er òg lagt opp til ei fagleg og økonomisk styrking av Statens strålevern og innføring av eit betre regelverk for å handtere radioaktiv forureining.
4.6 Planlegging for ei berekraftig utvikling
Ein føresetnad for berekraftig samfunnsutvikling er samordning på tvers av sektorinteresser og forvaltningsnivå. Planlegging etter plan- og bygningslova er eit sentralt verkemiddel for å oppnå slik samordning.
Kommuneplanar og kommunal arealplanlegging
Behovet for samla styring og samordning i kommuneplanar aukar i takt med at oppgåver blir delegerte til kommunane. Det er blant anna naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng. Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid innafor miljø- og samfunnsplanlegging. Miljøverndepartementet deltek i eit samarbeid med KS om læring og oppfølging av kommunane blant anna gjennom programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling. Talet på blant anna reguleringsplanar og kommuneplanar viser at eit stort fleirtal av kommunane har ei aktiv kommunal planlegging både for arealbruken og den langsiktige samfunnsutviklinga.
Viktige konfliktspørsmål knytte til arealbruken kjem ofte opp i kommuneplanens arealdel. Dei viktigaste grunngivingane for motsegner gjeld naturvern-, friluftsliv- og landskapsinteresser, utbyggingsmønster, strandsone, jord- og skogbruk og kulturminne. I reguleringsplanane er i tillegg forureining/støy og transport viktige tema. Dei fleste motsegnene blir løyste lokalt. Talet på saker Miljøverndepartementet behandlar er nokså stabilt frå år til år. Nasjonale retningslinjer for gjeldande arealpolitikk er gitt i St. meld. nr. 21 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand.
Kommunane har eit stort ansvar for å sikre ei samordna arealforvaltning som tek vare på natur- og kulturmiljø, landskap og kvalitetar i miljø med busetnad. Klimatilpassing og areal- og transportpolitikk som medverkar til å redusere klimautsleppa er sentrale tema i planlegginga. Regjeringa legg stor vekt på at strandsona skal bevarast som verdifullt natur- og friluftsområde med god tilgang for allmenta. Fjellområda skal forvaltast som landskap der kultur- og naturressursar, næringsutvikling og friluftsliv blir sikra og utfyller kvarandre. Landskapsverdiane skal få sterkare fokus, og leveområda for villrein skal sikrast.
Regjeringa ser kommunal planlegging som viktig for å løyse dei langsiktige utfordringane som er knytte til blant anna bruk og utnytting av fjellområda våre. Når det gjeld dispensasjonar i strandsona, både i og utafor byggjeområde, syner rapporteringa at det i 2008 vart gitt om lag 812 slike dispensasjonar innafor 100-meterbeltet mot sjø – mot 767 i 2007. Tala syner behov for fortsett skarpt fokus på nedbygging av strandsona, særleg i område med stort byggjepress og viktige natur- og friluftsområde langs sjøen. Regjeringa vil leggje fram statlege planretningslinjer for differensiert strandsoneforvaltning i 2009.
Byar og tettstader
Som oppfølging av klimameldinga har Regjeringa invitert 13 av dei største byane til eit samarbeid om programmet «Framtidas byar». Alle byane ønskte å vere med, og ein avtale om samarbeidet er underteikna. Det er óg inngått ein intensjonsavtale med næringslivet. Programmet har som føremål å redusere klimagassutsleppa i byane, som særleg kjem frå vegtransport, oppvarming, forbruk og avfallsbehandling. Også tilpassing til klimaendringane og betring av bymiljøet står sentralt.
Innsatsen i programmet for Alna og grønstruktur i Groruddalen blir ført vidare i 2010. Dette er eitt av fire satsingsområde i eit omfattande samarbeidsprosjekt med Oslo kommune om å betre miljøet i Groruddalen.
Bymiljøprisen, som vart delt ut første gongen i 2002, vil bli ført vidare som eit ledd i å synleggjere ein miljøretta bypolitikk. I 2009 er tema for prisen «Aktiv bruk av kulturarven i byutviklingen». Prisen er tildelt Kongsvinger kommune for arbeidet med å gi kulturminnene en sentral rolle i utviklingen av byen.
For å styrkje kunnskap og kompetanse om tettstadutvikling, har Miljøverndepartementet blant anna oppretta ein nettportal for tettstadutvikling. Saman med andre partar har departementet gjennomført regionale og landsomfattande konferansar for kommunar og fylke.
Regionale planar
Ei rekkje verne- og utviklingsoppgåver må løysast i samarbeid med kommunane. I samsvar med St. meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand har Miljøverndepartementet stimulert til utarbeiding av fylkesdelplanar for nasjonale villreinområde. I alt åtte fylkeskommunar er i gang, og dei tre siste startar i haust. Det er etablert eit felles forum for dette planarbeidet. I samarbeid med Olje- og energidepartementet vil Miljøverndepartementet stimulere til at det blir utarbeidd regionale planar for vind- og småkraftverk.
Revisjon av plan- og bygningslova
Miljøverndepartementet la våren 2008 fram ein odelstingsproposisjon for ny plandel av plan- og bygningslov. Lova vart vedteken av Stortinget 5. juni 2008 og sett i verk frå 1. juli 2009. Våren 2009 blei det gjennomført eit rettleiingsprogram for kommunar, fylke og andre aktørar som deltek i planlegging etter lova.
Universell utforming
Universell utforming av transport, bygg, uteområde, IKT mv. skal sikre tilgjenge for alle menneske i ulike situasjonar og fasar i livet. Miljøverndepartementet førebur statlege retningslinjer for dette arbeidet, og omsynet til universell utforming er styrkt i ny plandel av plan- og bygningslova. Røynsla frå pilotkommunar i fleire fylke vert ført vidare med ressurskommunar og pilotfylke. Kommunane og fylkeskommunane rapporterer om universell utforming gjennom KOSTRA frå 2007.
Kart og geodata
Kart og annan geografisk informasjon (geodata) er naudsynte hjelpemiddel for planlegging, drift og som avgjerdstøtte på mange samfunnsområde.
Statens kartverk deltek i det internasjonale samarbeidet om ei felles global referanseramme, bl.a. med ein målestasjon i Ny-Ålesund. Ei felles global referanseramme er viktig for å kunne overvake endringar i havnivået, og for å kunne ta i bruk satellittbasert navigasjon og oppmåling. Alle kommunar har no teke i bruk ny horisontal referanseramme basert på internasjonal standard. Arbeidet med nytt nasjonalt høgdegrunnlag har starta.
Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem gir betre tryggleik til sjøs. Det er samanhengande elektroniske sjøkart for heile norskekysten. Arbeidet held fram med å betre kvaliteten på kartgrunnlaget. Det blir sendt ein årleg sjømålingsekspedisjon til Svalbard. Det digitale kartgrunnlaget på land blir etablert og halde à jour gjennom eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Norsk institutt for skog og landskap, dei fleste kommunane, Telenor, energiverk o.a. Statens kartverk koordinerer arbeidet.
Autorisert offentleg eigedomsinformasjon er viktig for å sikre eigedomsretten og naudsynt for eigedomsmarknaden. Overgangen til matrikkelen frå det tidlegare grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB) og digitalt eigedomskartverk (DEK) var fullført i alle kommunane våren 2009. Dette utgjer ei banebrytande modernisering på området. For første gong har Noreg no eit samla eigedomsregister som også syner eigedomsgrenser. Nye saksbehandlingsrutinar i samsvar med lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) blir sette i kraft frå 1. januar 2010.
Noreg digitalt er eit samarbeid om deling av geografisk informasjon (geodata) mellom kommunar, statlege etatar og enkelte andre verksemder som bidrar til den nasjonale infrastrukturen. Statens kartverk er den sentrale koordinatoren og tilretteleggjaren i samarbeidet. Samarbeidet bidrar til enkel og effektiv tilgang til kart og geodata på tvers av organisatoriske og geografiske skilje.
Kartbilete er gratis tilgjengelege for allmenta via internettsidene til Statens kartverk. Brukarane kan bl.a. søkje etter adresse, stadnamn eller matrikkelnummer, velje målestokk og måle avstandar. Anna formidling av data skjer gjennom forhandlarar. Geodata er tilgjengelege via Internett, mobiltelefon og ulike elektroniske kartløysingar. Ved å gjere data elektronisk tilgjengeleg har bruken av geografisk informasjon (geodata) auka vesentleg dei seinare åra.
4.7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver
Miljøforvaltninga må arbeide slik at måla i miljøpolitikken blir nådde. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel. Miljøomsyn skal integrerast i alle sektorar i samfunnet. Kunnskap, informasjon og kommunikasjon skal styrkje forståinga av miljøspørsmåla og til at avgjerder som påverkar miljøet blir tekne på grunnlag av best tilgjengeleg kunnskap.
Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av resultatområda 1-6, og verkar dermed inn på resultatoppnåinga på alle dei andre områda.
Styring og administrasjon
Det er utvikla eit heilskapelig system for styring, prioritering og resultatmåling/oppfølging i miljøforvaltninga. Systemet omfattar alle nivå og føremål, under dette departementets arbeid med etatsstyring. Departementet arbeider aktivt med risikoanalysar og integrerer analysene i styringa av miljøforvaltninga. Dei overordna risikoanalysane er forankra i leiinga i departementet. Oppfølging av kritiske risikofaktorar vert innarbeidd i tildelingsbreva til etatane og i avdelingane sine interne verksemdsplanar. Tiltak for ytterlegare effektivisering og forenkling av arbeidet i miljøforvaltninga er under jamleg vurdering.
Miljøverndepartementet vil ha fokus på kompetanseutvikling og rekrutteringsstrategi og har sett i verk konkrete tiltak i denne samanhengen. Det blir arbeidd kontinuerlig med å tilpasse personalpolitikken til ulike livsfaseomsyn og med å vidareutvikle sentrale personalpolitiske område som eit inkluderande arbeidsliv, intern og ekstern mobilitet, likestilling og medbestemming.
Bruken av informasjonsteknologi skal understøtte og medverke til effektive arbeidsprosessar og god kommunikasjon i miljøforvaltninga. Særlig viktig er vidare utvikling og etablering av gode løysingar for digital samhandling med statsforvaltninga elles og med publikum. Miljøforvaltninga sin IKT-strategi er vurdert å samsvare med Regjeringa sine sentrale mål. Den vidare strategien for IKT i miljøforvaltninga vil bli gjennomgått i 2010.
Miljødata og informasjon er eit sentralt verkemiddel i miljøpolitikken. Det er eit overordna mål at dette skal være enkelt å finne og formidle. Miljøforvaltninga har eit nasjonalt ansvar for samordninga av miljødata for alle sektorar og skal sikre at nyttige miljødata skal være oppdaterte og tilgjengelege. Dette arbeidet skal utviklast vidare.
Handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp blir følgt opp gjennom å integrere miljøleiing i departementets system for verksemdsplanlegging og gjennom ISO 14001-sertifisering. I 2008 vart departementet resertifisert etter å ha hatt systemet i drift i tre år.
Beredskapsarbeidet er følgt opp gjennom årlege revisjonar av planverket. Departementet har gjennomført tre beredskapsøvingar det siste året. Det er sett ned ei koordineringsgruppe leia av Miljøverndepartementet som skal ha ansvar for klimatilpassingsoppgåver på tvers av sektorene. Som del av beredskapsarbeidet har departementet gjennomført risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS-analyse) for sitt ansvarsområde med påfølgjande revisjon av planverket.
Fleire av etatane har gjennomført eller planlagt målretta brukarundersøkingar mot viktige samarbeidspartnarar og brukarar. Nokre eksempel er periodiske omdømmeundersøkingar, befolkningsundersøkingar når det gjeld kunnskap – mellom anna om farleg avfall, miljømerking og klimakvotar, undersøkingar om tilgjenge og formidling på nettsider, nettstader, målretta undersøkingar mot kommunane m.v. Forbetringar av produkt og omdømme er eit viktig mål for slike undersøkingar.
Den regionale miljøforvaltninga har til no vore lagt til fylkesmannen. Unnateke frå dette har vore regional kulturminneforvaltning som fylkeskommunen har ansvaret for. I tillegg har fylkeskommunen ei svært viktig rolle i regional planlegging. Frå 1. januar 2010 vil fylkeskommunen i tillegg overta dei fleste av fylkesmannen sine oppgåver innanfor friluftsliv, bestandsforvaltning av ikkje truga arter av vilt og innlandsfisk som det kan haustast av, og vassregionmyndet. Både fylkesmannen og fylkeskommunen skal sjå til at nasjonale miljømål blir omsette til regionale og lokale mål og tiltak. Fylkesmannen har ei sentral rolle i samordninga av regional stat og forvaltar store delar av lovverket på miljøområdet. Fylkesmannens oppgåver skal vere i samsvar med Regjeringas prioriteringar. Arbeidet i miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta er retta mot dei fleste av resultatområda under Miljøverndepartementet.
Fylkeskommunen vil ha eit visst handlingsrom innafor friluftsliv og forvaltning av arter av vilt og fisk som det kan haustast av. Dei nasjonale måla ligg likevel fast. Fylkeskommunens styrkte rolle i folkehelsearbeidet gir ytterlegare høve til å motivere og leggje til rette for friluftsliv. Dei fylkeskommunane som får vassregionmynde, får ansvaret for å leie arbeidet med å utarbeide heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanar innan dei tidsfristane som vassforvaltningsforskrifta set.
Det økonomiske opplegget for forvaltningsreforma vart presentert i St.prp. nr. 68 (2008-2009) Kommuneproposisjonen 2010. Opplegget omfattar 117,5 mill. kroner til årsverk. Av dette har 17,5 mill. kroner vore brukte av statlege aktørar i 2009 på dei oppgåvene som blir overførte til fylkeskommunane. På miljø- og landbruksområdet er det foreslått å føre over 7,2 mill. kroner frå kapittel 1510 Fylkesmannsembeta, post 01 Driftsutgifter til Fylkeskommunanes rammetilskot kapittel 572, post 60. Av overføringa er 4,6 mill. kroner knytt til miljøområdet og 2,6 mill. kroner er knytt til landbruks- og matområdet. I tillegg er det føreslått å føre over 10,3 mill. kroner frå Fiskeri- og kystdepartementets område (Fiskeridirektoratet). Som varsla i Kommuneproposisjonen 2010 vil fylkeskommunane få meirkostnader til årsverk utover dei midlane som blir overførte frå statlege aktørar. Det er derfor føreslått å auke fylkeskommunane sitt rammetilskot med 100 mill. kroner til å dekkje slike meirkostnader. Desse midlane omfattar ein auke i løyvinga på 80 mill. kroner og ei rammeoverføring frå budsjettområda til berørte departement på til saman 20 mill. kroner. For Miljøverndepartementet blir det føreslått å rammeoverføre 17,7 mill. kroner til fylkeskommunane sitt rammetilskot, kapittel 572, post 60. Samla er det då føreslått å leggje inn 117,5 mill. kroner i fylkeskommunane sitt rammetilskot, fordelt etter kriteria i inntektssystemet. Årsverksmidlane og heilskapen i forvaltningsreforma er nærare omtalt i Kommunal- og regionaldepartementets budsjettproposisjon.
Dei midlane som fylkesmannen i 2009 brukte på samordnings-, plan- og prosessoppgåver knytte til utøving av vassregionmynde vil bli øyremerkte og overførte direkte frå Direktoratet for naturforvaltning til dei fylkeskommunane som blir etablerte som vassregionstyresmakt. Fylkeskommunen vil òg overta fylkesmannen si rolle i fordelinga av nokre av midlane på tilskotspostar innafor friluftsliv og vilt, nærare bestemt kap 1427, post 74 Tilskot til friluftsliv, kap 1427, post 31 Tiltak i friluftsområde, kap 1425 post 71.1 Tilskot til viltformål, Hjortevilttiltak og kap 1425, post 71.3 Tilskot til viltformål, Lokale vilttiltak. For nærare omtale av tilskotspostane viser ein til del III Miljøverndepartementets budsjettforslag for 2010.Vi viser elles til budsjetta til Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.
Sektorovergripande arbeid
Departementet har ansvar for å fastsetje mål for god miljøtilstand og å føreslå naudsynte tiltak for å hindre eller rette opp miljøskader. Kunnskap blir henta inn gjennom kartlegging, miljøovervaking, forsking og rapportering, i samarbeid med sektorane. Det norske artsprosjektet som vart etablert i 2009 skal sikre langsiktig kartlegging og kunnskapsoppbygging om arter i norsk natur. Miljøforvaltninga har sjølv omfattande program for overvaking av naturen. Vi har òg ansvar for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata. Det er òg lagt opp til ei systematisk rapportering og dokumentasjon av resultata av Regjeringas samla miljøpolitikk. Departementet samarbeider med Noregs forskingsråd om ein målretta kunnskapsproduksjon og legg stor vekt på ei god formidling av nye resultat.
Miljøprofilen i statsbudsjettet blir omtalt i Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Status i miljøpolitikken blir omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, som har vore lagt fram annakvart år. Førre melding vart lagt fram våren 2007.
Miljøverndepartementet samarbeider tett med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet om det internettbaserte læremiddelet «Nettverk for miljølære». «Nettverk for miljølære» er ein del av den norske oppfølginga av FNs utdanningstiår for ei berekraftig utvikling. «Den naturlege skulesekken» (DNS) skal medverke til å utvikle interesse for, og kunnskap om naturen, medvit om berekraftig utvikling og auka miljøengasjement hos elevar og lærarar i grunnskulen. I 2009 vart det sett i gang eit pilotprosjekt med utgangspunkt i tre fylke og 10 kommunar. Evalueringa av pilotprosjektet har vore positiv, og programmet vil halde fram i 2010.
Miljøverndepartementet skal arbeide for auka interesse for miljøspørsmål og motivere dei ulike sektorane i samfunnet til å ta miljøomsyn. Departementet skal formidle miljøkunnskap på ein rask, profesjonell og truverdig måte. Verksemda skal vere synleg og allment tilgjengeleg. Departementet skal vise ei mest mogleg open haldning og gi informasjon om departementets arbeid. Det skal heile tida vere god tilgang til miljøinformasjon. Media og internett er to viktige informasjonskanalar. Store mengder miljøinformasjon er gjort tilgjengelege gjennom nettstadene til miljøforvaltninga.
Allmenta er den viktigaste målgruppa for departementets kommunikasjon. Målet er at heile befolkninga skal vite om dei viktigaste avgjerdene som departementet tek. Meir spesifikke målgrupper er dei som blir direkte berørte, så som kommunar, verksemder, organisasjonar, direktorat og andre departement, både i inn- og utland.
Klimainformasjonskampanjen Klimaløftet koordinerer Regjeringas samla klimainformasjon retta mot folk flest. Det skal setjast i gang ei rekkje felles prosjekt og utviklast omfattande nasjonale informasjonstiltak i tråd med punkt 1.3 i Klimaforliket om ei opptrapping og styrking av klimainformasjonsarbeidet.
Det er eit mål å kople økonomisk vekst og miljøbelastningar frå kvarandre. Auken i forbruket gir auka press på naturressursane. På FN-toppmøtet i Johannesburg vart det sett i gang arbeid med eit 10-års rammeverk med program for berekraftig produksjon og forbruk. Noreg følgjer opp denne internasjonale prosessen og deltek aktivt i EU og i nordisk samarbeid for å styrkje dette arbeidet. Saman med Sveits har Noreg utarbeidd ein internasjonal rettleiar for grønare offentlege nyskaffingar, og saman med Frankrike arbeidd for meir berekraftig turisme.
Miljøverndepartementet samarbeider tett med Nærings- og handelsdepartementet om å utvikle og følgje opp ein nasjonal strategi for miljøteknologi. Miljøverndepartementet samarbeider med Barne- og likestillingsdepartementet for ei tettare kopling mellom forbrukar- og miljøspørsmål og vil gjere det enklare å vere miljøvennleg i kvardagen. Miljøinformasjonsarbeidet skal styrkjast og miljømerka gjerast betre kjende i det offentlege.
Regjeringa la i 2007 fram ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar. Handlingsplanen skal medverke til ein effektiv offentleg sektor og eit konkurransedyktig næringsliv. Det er innført ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp innanfor prioriterte produktgrupper med konkrete krav til statlege verksemder. Miljøleiing i statlege verksemder (Grøn stat) er vidareført gjennom handlingsplanen. Miljøpolitikken for statlege verksemder er ein obligatorisk del av miljøleiingssystemet. Verksemder som medfører alvorleg miljøbelastning vil bli bedne om å innføre miljøleiingssystem som er sertifiserte av tredjepart. Ein rettleiar for grønare leveransekjeder for verksemd i utlandet vil bli utarbeidd som hjelp for norsk næringsliv.
På nasjonalt nivå har Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) fått ei sentral rolle i den operative oppfølginga av handlingsplanen, og det vil bli etablert ei fagleg støtteteneste i kvart fylke/region.
4.8 Miljøverndepartementets budsjett fordelt på resultatområde
Tabell 4.1 viser planlagt disponering av Miljøverndepartementets budsjett innanfor det enkelte resultatområde på tvers av ulike programkategoriar og kapittel. Tabellane inneheld planlagt disponering av budsjetta for 2009 og 2010. Dei endringane som går fram av tabellen er ikkje berre eit resultat av opp- eller nedprioritering, men skuldast òg tekniske endringar.
Miljøverndepartementets budsjett er auka med 4,1 pst. samanlikna med saldert budsjett 2009. Regjeringas største satsingar på Miljøverndepartementets budsjett er innafor resultatområde 1 (Naturens mangfald og friluftsliv) og 3 (Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn). Reduksjonen i resultatområde 2 (Bevaring og bruk av kulturminne) skuldast ei opptrapping av fondskapitalen i Kulturminnefondet i 2009 som bare synliggjerast i budsjettet det året midlane løyvast. Aukinga på resultatområde 7 skuldast i all hovudsak tekniske endringar. 1
Ei meir detaljert og omfattande omtale av satsingane i budsjettet er gitt i kapittel 2.
Tabell 4.1 Miljøverndepartementets budsjett for 2009 og 2010 fordelt på resultatområde:
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Resultatområde | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Endring siste år i pst. |
1. Naturens mangfald og friluftsliv | 1 180 944 | 1 324 608 | 12,2 |
2. Bevaring og bruk av kulturminne | 617 493 | 451 409 | -26,9 |
3. Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn | 524 809 | 597 838 | 13,9 |
4. Eit stabilt klima og rein luft | 255 243 | 280 467 | 9,9 |
5. Internasjonalt miljøsamarbeid og miljø i nord- og polarområda | 198 276 | 181 838 | -8,3 |
6. Planlegging for ei berekraftig utvikling | 464 297 | 510 445 | 9,9 |
7. Tverrgåande verkemiddel og oppgåver | 870 216 | 933 644 | 7,3 |
Sum | 4 111 278 | 4 280 249 | 4,1 |
5 Oversiktstabellar
5.1 Merknader til budsjettframlegget
Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 4 280,2 mill. kroner på utgiftssida og 293,7 mill. kroner på inntektssida.
5.2 Utgifter
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1400 | Miljøverndepartementet | 486 922 | 569 731 | 580 468 | 1,9 |
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 394 421 | 464 676 | 494 233 | 6,1 |
Sum kategori 12.10 | 881 344 | 1 034 407 | 1 073 701 | 3,8 |
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1425 | Vilt- og fisketiltak | 79 063 | 78 942 | 78 075 | -1,1 |
1426 | Statens naturoppsyn | 146 728 | 167 755 | 202 000 | 20,4 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 838 408 | 944 770 | 1 057 265 | 11,9 |
Sum kategori 12.20 | 1 064 199 | 1 191 467 | 1 337 340 | 12,2 |
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1429 | Riksantikvaren | 364 687 | 404 260 | 426 451 | 5,5 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 46 205 | 243 680 | 55 230 | -77,3 |
Sum kategori 12.30 | 410 892 | 647 940 | 481 681 | -25,7 |
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1441 | Statens forureiningstilsyn | 563 085 | 613 354 | 709 907 | 15,7 |
1445 | Miljøvennleg skipsfart | 1 983 | 3 000 | 4 000 | 33,3 |
1447 | Miljøomsyn i offentlege innkjøp | 3 464 | 8 000 | 14 000 | 75,0 |
Sum kategori 12.40 | 568 532 | 624 354 | 727 907 | 16,6 |
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1465 | Statens kartverk, arbeid med nasjonal geografisk infrastruktur | 357 459 | 378 823 | 403 445 | 6,5 |
2465 | Statens kartverk | 19 050 | 12 000 | 12 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 376 509 | 390 823 | 415 445 | 6,3 |
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 213 851 | 210 738 | 204 724 | -2,9 |
1472 | Svalbard miljøvernfond | 4 008 | 11 550 | 11 450 | -0,9 |
1473 | Radioaktiv forureining av det ytre miljø | 11 000 | |||
1474 | Senter for klima og miljø | 17 000 | |||
Sum kategori 12.60 | 217 859 | 222 288 | 244 174 | 9,8 |
5.3 Inntekter
Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
4400 | Miljøverndepartementet | 15 038 | 1 253 | 1 293 | 3,2 |
4410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 4 000 | 4 000 | -100,0 | |
Sum kategori 12.10 | 19 038 | 5 253 | 1 293 | -75,4 |
Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
4425 | Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond | 76 442 | 78 942 | -100,0 | |
4426 | Statens naturoppsyn | 829 | 1 138 | 192 | -83,1 |
4427 | Direktoratet for naturforvaltning | 16 770 | 15 268 | 11 158 | -26,9 |
5578 | Sektoravgifter under Miljøverndepartementet | 86 575 | |||
Sum kategori 12.20 | 94 041 | 95 348 | 97 925 | 2,7 |
Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
4429 | Riksantikvaren | 10 547 | 5 059 | 5 221 | 3,2 |
4432 | Norsk kulturminnefond | 46 205 | 43 680 | 55 230 | 26,4 |
Sum kategori 12.30 | 56 752 | 48 739 | 60 451 | 24,0 |
Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
4441 | Statens forureiningstilsyn | 58 558 | 64 017 | 81 350 | 27,1 |
Sum kategori 12.40 | 58 558 | 64 017 | 81 350 | 27,1 |
Inntekter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
5465 | Statens kartverk | 3 425 | |||
Sum kategori 12.50 | 3 425 |
Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
4471 | Norsk Polarinstitutt | 77 534 | 39 954 | 41 232 | 3,2 |
4472 | Svalbard miljøvernfond | 4 008 | 125 | 25 | -80,0 |
5578 | Sektoravgifter under Miljøverndepartementet | 11 425 | 11 425 | 0,0 | |
Sum kategori 12.60 | 81 542 | 51 504 | 52 682 | 2,3 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
01-01 | Driftsutgifter | 904 406 | 943 832 | 1 077 461 | 14,2 |
11-23 | Varer og tenester | 482 757 | 1 072 898 | 1 085 170 | 1,1 |
30-49 | Nybygg, anlegg m.v. | 457 080 | 418 723 | 530 524 | 26,7 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskapar | 296 244 | 339 706 | 393 523 | 15,8 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 0 | 9 500 | 10 000 | 5,3 |
70-89 | Overføringar til private | 956 438 | 1 126 620 | 1 183 570 | 5,1 |
90-99 | Utlån, avdrag m.v. | 200 000 | -100,0 | ||
Sum under departementet | 3 096 926 | 4 111 279 | 4 280 248 | 4,1 |
Inntekter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
01-29 | Sal av varer og tenester m.v. | 176 168 | 123 615 | 137 372 | 11,1 |
50-91 | Skattar, avgifter og andre overføringar | 137 233 | 141 246 | 156 329 | 10,7 |
Sum under departementet | 313 400 | 264 861 | 293 701 | 10,9 |
Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»
Det blir foreslått å knyte stikkordet «kan overførast» til dei postane som er viste i tabellen nedanfor. Dette er postar der det knyter seg stor uvisse til utbetalingsår. For å kunne sikre utbetaling av tilsegn om tilskot i 2009 og tidlegare år, må postane tilføyast stikkordet «kan overførast».
Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49:
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2009 | Forslag 2010 |
---|---|---|---|---|
1400 | 22 | Spesielle driftsutgifter knytte til lokalt miljøvern og universell utforming | 2 230 | 2 000 |
1400 | 72 | Miljøverntiltak i nordområda | 300 | 0 |
1400 | 73 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk | 966 | 20 750 |
1400 | 74 | Tilskot til AMAP | 0 | 3 700 |
1400 | 75 | Miljøvennleg byutvikling | 3 287 | 31 000 |
1400 | 76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak | 0 | 21 571 |
1400 | 80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle | 6 240 | 600 |
1400 | 81 | Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn | 1 175 | 36 000 |
1425 | 61 | Tilskot til kommunale vilttiltak | 11 | |
1425 | 70 | Tilskot til fiskeformål | 133 | 9 295 |
1425 | 71 | Tilskot til viltformål | 4 121 | 40 300 |
1427 | 70 | Tilskot til kalking og lokale fiskeformål | 1 105 | 88 000 |
1427 | 71 | Forvaltningstiltak i verdsarvsområde | 2 | 9 600 |
1427 | 73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga | 10 795 | 75 000 |
1427 | 74 | Tilskot til friluftslivstiltak | 61 | 20 693 |
1427 | 76 | Tilskot til informasjons- og kompetansesentra | 0 | 17 400 |
1427 | 77 | Tilskot til nasjonalparksenter | 807 | 19 600 |
1427 | 78 | Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd | 0 | 8 000 |
1427 | 81 | Verdiskapingsprogram for naturområde | 10 000 | |
1427 | 82 | Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar | 20 000 | |
1429 | 72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø | 7 586 | 213 212 |
1429 | 73 | Brannsikring og beredskapstiltak | 94 | 11 953 |
1429 | 74 | Fartøyvern | 2 058 | 42 004 |
1429 | 75 | Internasjonalt samarbeid | 3 | 1 100 |
1429 | 77 | Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet | 567 | 18 400 |
1429 | 78 | Tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi | 255 | 6 500 |
1465 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 19 793 | 403 445 |
1471 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 2 559 | 57 808 |
Tabell 5.1 Oversikt over talet på årsverk pr. 1. mars 2009 under Miljøverndepartementet
Kapittel | Nemning | Tal årsverk |
---|---|---|
1400 | Miljøverndepartementet | 237 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 247 |
1429 | Riksantikvaren | 140 |
1441 | Statens forureiningstilsyn | 287 |
2465 | Statens kartverk | 730 |
1471 | Norsk polarinstitutt | 138 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 7 |
Sum | 1786 |
Fotnotar
Posten 1410.21 er ført på resultatområde 7, det tilsvarar omtrent 145 mill. kroner. Post 1410.21 var på 143 mill. kroner i 2009 og vart òg ført på resultatområde 7..