Del 3
Miljøverndepartementets budsjettforslag for 2010
Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda.
Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2010 er på 1 073,7 mill. kroner. Dette er ein auke på 39,3 mill. kroner, eller 3,8 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2009.
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1400 | Miljøverndepartementet | 486 922 | 569 731 | 580 468 | 1,9 |
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 394 421 | 464 676 | 493 233 | 6,1 |
Sum kategori 12.10 | 881 343 | 1 034 407 | 1 073 701 | 3,8 |
Kap. 1400 Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 195 934 | 195 156 | 221 010 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 96 520 | 174 757 | 154 532 |
22 | Spesielle driftsutgifter knytta til lokalt miljøvern og universell utforming, kan overførast | 2 270 | 2 000 | 2 000 |
70 | Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar | 38 544 | 40 240 | 41 528 |
71 | Internasjonale organisasjonar | 39 685 | 41 257 | 42 777 |
72 | Miljøverntiltak i nordområda, kan overførast | 7 000 | 1 800 | |
73 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, kan overførast | 22 784 | 25 750 | 20 750 |
74 | Tilskot til AMAP, kan overførast | 3 700 | 3 700 | 3 700 |
75 | Miljøvennleg byutvikling, kan overførast | 20 999 | 31 000 | 31 000 |
76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast | 22 788 | 22 471 | 21 571 |
79 | Den nordiske verdsarvstiftelsen | 3 500 | 5 000 | 5 000 |
80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle, kan overførast, kan nyttast under post 22 | 17 308 | 600 | 600 |
81 | Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn, kan overførast, kan nyttast under post 22 | 15 890 | 26 000 | 36 000 |
Sum kap. 1400 | 486 922 | 569 731 | 580 468 |
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Miljøverndepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. I perioden 1. mars 2001 – 1. mars 2009 er talet på årsverk i departementet redusert frå 256 til 237.
Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, bl.a. drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største. Departementet har òg høge reiseutgifter pga. det internasjonale miljøarbeidet. Det er satt av 8 mill. kroner til oppfølging av Københavnmøtet.
I 2010 er det foreslått ei totalløyving til tiltaka under posten på om lag 221 mill. kroner. Dette er ein auke frå 2009-budsjettet på om lag 25,9 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak lønnskompensasjon og ei generell styrking for å betre driftssituasjonen i departementet.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøvernforvaltningas ansvarsområde.
Miljøpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Miljøverndepartementet har tilstrekkelege ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.
I 2010 er det foreslått ein reduksjon til tiltaka under posten på 20,2 mill. kroner.
Løyvingane som er foreslått i 2010-budsjettet vil blant anna bli nytta til arbeidet med å tryggje framtida for villreinen. Det er sett av 20 mill. kroner til artsprosjektet. I tillegg ligg det ei styrking på 5 mill. kroner til prosjektet under kap. 1427 post 21.
6 mill. kroner er sett av som del av satsinga på styrkt forvaltning av verneområde. Midlane skal nyttast til utgreiingsarbeid m.a. knytt til reiselivsprosjekt, prosjekt om nasjonalparklandsbyar og verdiskaping med utgangspunkt i naturarven. Det er òg sett av midlar til arbeid med å utvikle «den naturlege skulesekken» i samarbeid med Kunnskapsdepartementet slik at tiltaket totalt over budsjetta til Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning summerar seg til 5 mill. kroner.
Det er sett av 9 mill. kroner til vidareføring av Klimaløftet. Klimaløftet har forankring i klimaforliket i Stortinget, og Klimaløftet er Regjeringas klimakampanje. Det er satt av 2 mill. kroner til oppfølging av Københavnmøtet.
I 2010 vil spesielt nettportalen utviklast vidare til å bli ein av dei mest besøkte klimanettstadene nasjonalt. Dette inneber auka satsing på marknadsføring, implementering av ny teknologi og interaktivitet og meir visualisering av bodskap. Det vil òg bli gjennomført klimakurs for lærarar og lærarstudentar som byggjer vidare på det grunnleggjande arbeidet som ble gjennomført i 2009.
Som ei oppfølging av St.meld. nr. 14 Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid (kjemikaliemeldingen) ble det nedsett eit utval som starta arbeidet sitt i april 2009. Miljøgiftsutvalets arbeid skal munne ut i ei NOU før sommaren 2010. Utvalet skal gi innspel til norske styresmakter om konkrete tiltak som kan setjast i verk for å bidra til at målet blir nådd. Tiltaka skal vurderast i forhold til skadeverknaden av utsleppa av miljøgifter og i forhold til internasjonale muligheiter og avgrensingar. Kriterium for prioriterte miljøgifter er slått fast i kjemikaliemeldinga.
Det er videreført 1,6 mill. kroner til Miljøgiftsutvalet sitt arbeid i 2010.
Det er sett av midlar til oppfølging av klimameldinga for å styrkje arbeidet med klima og energisaker. Ei offentleg utgreiing vart starta i 2009, for å kartleggje kor sårbart samfunnet er for klimaendringar og behov for tilpassing. Utvalet skal sjå på kva risiko klimaendringane representerer for natur og samfunn, og gjere greie for kva samfunnsområde som er mest utsette.
Løyvinga som vart gitt i 2009 på 11 mill. kroner til å styrkje arbeidet med radioaktiv forureining i det ytre miljø frå kjelder i Noreg, er flytta til nyoppretta kap. 1473 under programkategori 12.60 Nord- og polarområda og radioaktiv forureining i det ytre miljø.
Post 22 Spesielle driftsutgifter knytte til lokalt miljøvern og universell utforming, kan overførast
Løyvinga på 2 mill. kroner skal nyttast til statens eigne utgifter knytt til lokalt miljøvern og universell utforming med ei løyving på 2 mill. kroner. Sjå nærare omtale under kap. 1400 post 80 Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle og post 81 Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn.
Post 70 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
Midlane under posten er retta mot resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Posten omfattar grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar som blir gitt over Miljøverndepartementets budsjett. Støtte blir gitt til organisasjonar som har sitt kjerneområde direkte knytt til miljøvern eller fagspesifikke område innan departementets ansvarsområde.
Løyvinga for 2010 er auka med 1,288 mill. kroner i forhold til 2009-budsjettet som følgje av prisjustering.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit breitt utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med miljøvern som hovudarbeidsfelt, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt. Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonanes aktivitetsnivå lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.
Tabell 13.1 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Organisasjon | Rekneskap 2008 | Vedteke budsjett 2009 | Forslag 2010 |
Norges Naturvernforbund | 6 507 | 6 793 | 7 010 |
Framtiden i våre hender | 2 590 | 2 704 | 2 790 |
Den Norske Turistforening | 4 403 | 4 597 | 4 744 |
Norges Jeger- og fiskerforbund | 5 487 | 5 729 | 5 912 |
Friluftslivets fellesorganisasjon | 2 705 | 2 824 | 2 914 |
Norsk Ornitologisk Forening | 1 751 | 1 828 | 1 887 |
Norges kulturvernforbund | 742 | 774 | 799 |
Fortidsminneforeningen | 3 651 | 3 812 | 3 934 |
Forbundet Kysten | 1 634 | 1 706 | 1 761 |
Norsk forening for fartøyvern | 1 503 | 1 569 | 1 619 |
Natur og Ungdom | 1 326 | 1 384 | 1 428 |
Norges Miljøvernforbund | 234 | 244 | 252 |
WWF-Norge | 1 527 | 1 594 | 1 645 |
Norsk forening mot Støy | 944 | 9 85 | 1 016 |
Norsk Vannforening | 304 | 317 | 327 |
Samarbeidsrådet for biologisk mangfold | 889 | 929 | 959 |
Norsk Biologforening | 200 | 209 | 216 |
Norsk Zoologisk Forening | 200 | 209 | 216 |
Norsk Entomologisk Forening | 200 | 209 | 216 |
Norsk Botanisk Forening | 200 | 209 | 216 |
Foreningen Våre Rovdyr | 278 | 290 | 299 |
Norges Sopp- og nyttevekstforening | 200 | 209 | 216 |
Miljøagentene | 1 069 | 1 116 | 1 152 |
Sum | 38 544 | 40 240 | 41 528 |
Departementet tek atterhald og vurderer fortløpande om organisasjonar som blir tildelte grunnstøtte tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte på denne posten.
Post 71 Internasjonale organisasjonar
Midlane under posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Auken i løyvinga skuldast i hovudsak ei generell prisjustering. I tillegg har Vassfuglavtala under Bonnkonvensjonen og konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr, og leveområda deira (Bernkonvensjonen) komme inn. Departementet gjer òg framlegg om å auke Noregs frivillige bidrag til FNs miljøprogram i samsvar med FNs fordelingsnøkkel.
Mål
Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.
Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Stortinget har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt eit frivillig bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.
Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:
FNs miljøprogram (UNEP)
Den internasjonale hydrografiske organisasjon (IHO)
Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)
Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)
Interimssekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)
Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)
Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)
Vassfuglavtala under Bonnkonvensjonen (AEWA)
Albatrossavtala under Bonnkonvensjonen (ACAP)
Flaggermusavtala under Bonnkonvensjonen (EUROBATS)
Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)
Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).
Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)
Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)
Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar
Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)
Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)
Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)
Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)
FNs klimapanel (IPCC)
FNs Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)
Kyotoprotokollen
Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)
Rotterdamkonvensjonen om notifikasjon og forhandssamtykke ved eksport av kjemikaliar
Århuskonvensjonen om miljøinformasjon
International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)
Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)
Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr, og leveområda deira (Bernkonvensjonen)
Oppfølging og kontroll
Kontroll og oppfølging av organisasjonane skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i generalforsamlingar, årsmøte og liknande.
Post 72 Miljøverntiltak i nordområda, kan overførast
Det er overført 1,8 mill. kroner til nyoppretta kapittel 1474 Senter for klima og miljø.
Post 73 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot alle resultatområda til Miljøverndepartementet. Målet med løyvinga er å stimulere ei berekraftig utvikling.
1) Øyremerkte tilskot
Mål
Målet med tilskotsordninga er å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.
I 2010 vil ordninga omfatte:
Drifts- og prosjekttilskot til Grønn Hverdag – Miljøheimevernet. Verksemda skal gjennom praktiske råd og løysingsforslag påverke bl.a. forbrukarane til meir miljøvennleg åtferd.
Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen Idébanken. Stiftelsen har som formål å fremje og formidle praktiske, lokale forsøk på å realisere ei berekraftig utvikling og gjere synleg det lokale handlingsrommet som finst.
Driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking, som skal stimulere næringslivet si satsing på å utvikle meir miljøvennlege produkt og stimulere forbrukarane til val av desse (ordninga er nærare omtalt i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon).
Prosjekttilskot til LOOP, ein stiftelse som arbeider med å gi meir heilskapleg og samordna informasjon til næringsliv, kommunar og forbrukarar om handtering av alle typar avfall, under dette spesialavfall.
Prosjekttilskot til Avfall Norge si Farleg avfall-kampanje 2010 som har som mål å auke korrekt innlevering av farleg avfall og å betre kunnskapen om kva som er farleg avfall og kor det skal leverast.
Kriterium for måloppnåing
I tillegg til det overordna målet for tilskotsposten er det utarbeidd meir konkrete arbeidsmål for dei enkelte verksemdene som mottek støtte. Desse måla går fram av tilsegnsbrevet til den enkelte verksemda. Ved å ta utgangspunkt i tiltak, aktivitetar og prosjekt som har vore gjennomførte, skal verksemdene gjere greie for effektane av dette og knyte det til fastsette arbeidsmål, relevante nasjonale miljømål og mål for berekraftig utvikling nedfelt i Nasjonal Agenda 21.
Miljøverndepartementet arbeider kontinuerleg for å betre opplegget for resultatrapportering frå verksemdene og gjere dette meir systematisk og straumlinjeforma.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på verksemdas resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.
Oppfølging og kontroll
Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
2) Til disposisjon for departementet
Det er sett av midlar til tilskot til miljøstiftelsen Bellona og Zero til arbeid med klima- og energitiltak. Det er òg sett av midlar som departementet vil disponere til prosjekt og tiltak som ligg innafor målsetjingane til posten, som til dømes Regnskogfondet. Departementet vil følgje opp tilskot på bakgrunn av rapportar frå tilskotsmottakarane.
Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast
Løyvinga medverkar til å oppnå måla på resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.
Mål
Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg, og målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftelsen AMAP.
Stiftelsen AMAP vart oppretta av Miljøverndepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. AEPS-samarbeidet er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk Råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.
Post 75 Miljøvennleg byutvikling, kan overførast
Midlane under denne posten er i hovudsak retta mot resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling. Midlane skal nyttast til å styrkje innsatsen for eit betre miljø i Groruddalen.
Mål
Regjeringa og byrådet i Oslo har inngått ei intensjonsavtale om eit samarbeid om Groruddalen for 10-årsperioden 2007-2016. Hovudmålet er ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår i Groruddalen. Det skal utviklast eit lokalt og inkluderande samarbeid med dei som bur i dalen, organisasjonar, burettslag, næringsliv, bydelar og offentlege organisasjonar.
Oslo kommune har ansvaret for den heilskaplege utviklinga i Groruddalen. Miljøverndepartementet samordnar staten sin innsats. Den felles innsatsen er organisert i fire program. Miljøverndepartementet fylgjer opp program 2: Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Målet for dette programmet er å styrkje den blågrøne strukturen og naturmangfaldet i Groruddalen, gi betre forhold for friluftsliv, fysisk aktivitet og idrett. Kulturminne skal vernast og brukast og forståinga for historia skal styrkjast.
Kriterium for måloppnåing
Planarbeidet skal drivast i eit breitt samarbeid mellom partane og føre fram til fysiske forbetringar innan program 2.
Tildelingskriterium
Tildeling vil skje på grunnlag av søknad og handlingsprogram for program 2.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang blir følgde opp fortløpande både fagleg og økonomisk. Det blir kravd årlege fagrapportar og rekneskapsrapportar etter avslutta prosjekt.
Evaluering
Arbeidet blir følgt opp med midtvegs- og sluttrapport.
Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast
Midlane under denne posten gjeld resultatområda 3 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn, 4 Eit stabilt klima og rein luft og 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.
Mål
Målet med ordninga er å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er svært viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt. Ordninga skal òg medverke til at Noreg gjennom nasjonale tiltak oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld klimaendringar, stoff som bryt ned ozonlaget, grenseoverskridande luftforureiningar og helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Tilskotsordninga blir kunngjort i eit eige rundskriv frå Miljøverndepartementet om alle tilskotsordninga frå departementet.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på kva resultat departementet ønskjer å oppnå i det internasjonale miljøvernsamarbeidet, eller plikter Noreg må innfri gjennom nasjonale tiltak.
Oppfølging og kontroll
Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.
Post 77 Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån
Ordninga med statsgaranterte miljølån i Industribanken (seinare Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND) og garanti gitt av Industribanken på vegner av staten til pålagte reinsetiltak vart avvikla frå og med 1991.
Posten blir nytta til å innfri garantiar som er gitt i samsvar med tidlegare garantifullmakt. Departementet har fullmakt til å utgiftsføre utan løyving fastslåtte tap under føresetnad av at det så snart det er førmålestenleg blir fremje forslag til løyving for Stortinget. Dette er gjort for at innfriinga av garantiar skal kunne skje på ein praktisk måte, og for at staten ikkje skal pådra seg unødige rentekostnader. Denne fullmakta blir foreslått ført vidare i 2010, jf. forslag til vedtak III. Det var ingen tap på ordningane i 2008. Garantiansvaret for dei som er avvikla, men der staten framleis sit med garantiansvar, var samla sett redusert frå om lag 4 mill. kroner pr. 31. desember 2007 til om lag 2,5 mill. kroner ved utgangen av 2008.
Tabell 13.2 Garantifullmakter under kap. 1400 post 77
I Garanti for lån i Innovasjon Noreg (tidlegare SND) | (i 1000 kr) | |
---|---|---|
a) | Tap i 2008 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.08 | 0 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2009 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2010 | 0 |
e) | Totalramme i 2010 | 0 |
MD har frå 2009 ikkje lenger garantiansvar for lån under denne ordninga.
Tabell 13.3 Garantifullmakt under kap. 1400 post 77
II Statsgaranterte lån i private kredittinstitusjonar og Innovasjon Noreg (tidlegare SND) | (i 1000 kr) | |
---|---|---|
a) | Tap i 2008 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.08 | 2508 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2009 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2010 | 0 |
e) | Totalramme i 2010 | 2508 |
Post 78 Miljøtiltak til nikkelverka på Kola, kan overførast, kan nyttast under post 21
Posten gjeld resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.
Prosjektet gikk ut på å byggje briketteringsanlegg i Zapoljarnij og ny smelteomn med gassreining og tilhøyrande svovelsyrefabrikk i Nikel. Investeringane var planlagt til om lag 93,5 mill. USD. Føresetnaden var at utbygginga skulle finansierast med tilskotet frå Noreg på 270 mill. kroner, tilskot frå Sverige på 3 mill. USD, lån frå NIB (Den Nordiske Investeringsbanken) på 30 mill. USD og resten som eigendel frå Norilsk Nikel-konsernet. Eventuelle kostnads-overskridingar skulle dekkjast av Norilsk Nikel. Det var venta ein reduksjon i utslepp frå verket av svoveldioksid, støv og tungmetall på minst 90 pst. i forhold til utsleppet i 1999, dersom prosjektet vart gjennomført. Dette ville gi merkbar betring av helse og miljø lokalt, og for miljøet i Finnmark.
Norilsk Nikel-konsernet gjer i tillegg omfattande investeringar i gruvedrift og knusing og oppkonsentrering av malm i Zapoljarnij. Malmførekomstane i området er gjennom djupare malmbryting betydelege, og er venta å kunne vare betydeleg lenger enn til 2015. Selskapet bedømte at verksemda i Nikel ville halde fram over ein lengre periode enn ein trudde tidlegare.
Ombygginga starta i 2002, om lag eit halvt år forseinka pga. at det tok lengre tid enn føresett å sluttføre avtalane om tilskot og lån. Ved to anledningar har prosjektet seinare blitt ytterlegare seinka i forhold til tidlegare planlagt ferdigstilling, som var innan utgangen av 2006. Første gong var i 2003/2004 då hovudgrunnen var vanskar med handteringa av dei store mengdene med svovelsyre som vil bli produserte; sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004). Norilsk Nikel-konsernet bestemte å halde fram med bruk av den opphavlege nye teknologien. Vidare bestemte Norilsk Nikel-konsernet hausten 2003 for eiga rekning å byggje eit pilotanlegg med den nye smelteteknologien i Montsjegorsk. Dette ville betre sikre at den nye smelteomnen i Nikel møtte dei miljøkrava Noreg har sett. Dette er omtalt i St.prp. nr. 1 (2004-2005). Begge desse forholda, som hadde som formål å sikre at miljømåla skulle nåast, førte til forseinkingar på ca. 1,5 år med ferdigstilling ved utgangen av 2008.
I januar 2006 vart departementet orientert av NIB om ytterlegare forseinkingar av prosjektet med ca. 2 år, sjå òg informasjon gitt i St.prp. nr. 66 (2005-2006) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2006. Denne forseinkinga skuldast tekniske feil i det nye briketteringsanlegget og tekniske problem i pilotprosjektet for utprøving av ny teknologi. Av brevet gjekk det òg fram at Norilsk Nikel var heilt innstilt på å fullføre prosjektet og at NIB meinte det framleis var mogleg å nå dei miljømåla som var føresetnaden for den norske støtta.
Miljøverndepartementet gjennomførte ein juridisk gjennomgang av avtala mellom departementet og NIB som følgje av rapporteringa om ytterlegare to års forlenging av prosjektet for å sjå om forseinkinga var å sjå på som eit avtalebrot. Forseinkinga var sakleg grunngitt og strekte seg ikkje ut over avtaletida på 10 år, og den var derfor ikkje å sjå på som misleghald av avtala. Miljøverndepartementet godkjente utsetjinga som inneber at miljømåla skal vere nådd i 2010, og gjorde samtidig NIB merksam på at ved ein eventuell ny søknad om utsetjing vil vurderinga kunne bli ei anna fordi avtala berre gjeld i 10 år.
Forseinkingane med tilhøyrande forandringar i gjennomføringa av prosjektet, under dette bygginga av pilotanlegget, førte til auka kostnader for prosjektet. Dei samla investeringane vart anslått til om lag 144 mill USD. Alle meirkostnadene skulle dekkjast av konsernet.
I budsjettproposisjonen for 2007 vart det òg stilt i utsikt at Norilsk Nikel-konsernet ville ta ei avgjerd om gjennomføringa av investeringane i byen Nikel i løpet av hausten 2006. Då dette ikkje skjedde, gav Miljøverndepartementet NIB i oppdrag å vurdere når ei avgjerd må fattast for at moderniseringa skal kunne gjennomførast innafor avtaleperioden. I brev frå NIB datert 4. mai 2007 gjekk det fram at bygging/modernisering av smelteverket i Nikel måtte starte opp i første kvartal 2008, dersom det skulle vere mogleg å gjennomføre moderniseringa innafor avtaleperioden.
Det vart òg teke andre initiativ for å få ei avklaring av planane til det russiske konsernet. Saka vart drøfta på møte i Miljøverndepartementet med representantar frå NIB og leiinga i Norilsk Nikel, og på politisk plan med guvernør Jevdokimov i Murmansk fylke under hans besøk i Oslo i april 2007. På møta forsikra Norilsk Nikel at konsernet sto fast på å oppnå miljømåla som ligg i moderniseringsavtala, det vil seie 90 pst. reduksjon i utsleppa av SO2 og støv med tungmetall i forhold til 1999-nivå. Utsleppa av SO2 var om lag 150 000 tonn i 1999. Sidan 1999 er det gjennomført fleire mindre utbetringstiltak ved anlegga i Nikel og Zapoljarnij, slik at utsleppa i 2008 var reduserte med om lag 25 000 tonn til omlag 95 000 tonn.
Briketteringsanlegget i Zapoljarnij er vedteke bygt, og skal stå ferdig i 2010. Dette vil gi ein ytterlegare årleg reduksjon i SO2-utsleppa på nesten 25 000 tonn. Samla vil desse reduksjonane bety at om lag 40 pst. av den utsleppsreduksjonen for SO2 som avtala føreset, vil bli oppfylt. Men for å få full miljøeffekt i neste ledd må desse brikettane nyttast i ein smelteomn med fungerande gassreinsing, og handtering av svovel f.eks. via ein svovelsyrefabrikk.
Leiinga i konsernet orienterte òg om dei utgreiingane som gjekk føre seg om framtidig lokalisering av smelteverket med tilhøyrande gassreinsing og handtering av svovel. Dei to alternativa som var til vurdering var bygging/modernisering av smelteverket i Nikel og bygging av nytt smelteverk i Montsjegorsk lengre sør på Kola-halvøya. Konsernet utgreidde òg ulike høve til alternativ verksemd i byen Nikel, dersom resultatet av den pågåande utgreiinga skulle bli flytting av nikkelsmeltinga til Montsjegorsk.
Etter NIBs og Miljøverndepartementets vurdering vil ei flytting av smelteverket til Montsjegorsk liggje utanfor avtalenes geografiske verkeområde. Konsernet vart derfor gjort kjent med at den norske økonomiske støtta er avgrensa til modernisering i Nikel, innafor den tidsperioden avtala gjeld.
Status for moderniseringsprosjektet
Briketteringsanlegget i Zapoljarnij skal stå ferdig i 2010. Leiinga i Norilsk Nikel-konsernet har enno ikkje teke formell stilling til kva som skal skje med smelteverket i Nikel. Modernisering av smelteverket i tråd med avtalene med Noreg er neppe lenger aktuelt. Tida er for knapp til at eit modernisert anlegg som møter miljøkrava i avtalene med Noreg kan stå ferdig i 2010.
Miljøverndepartementet held seg fortløpande orientert om utviklinga av prosjektet, og legg i alle kontaktar med konsernet vekt på at det alternativet som blir valt gir ei tilfredstillande løysing på miljøproblema i området. Noreg har trappa opp miljøovervakinga i området for å halda seg fortløpande orientert om utviklinga.
Det er avsett 0,7 mill. kroner under kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter til å dekkje utgifter ved forvaltning av tilskotet i 2010.
Tilsegnsfullmakta blir ikkje ført vidare, då avtala om norsk støtte til moderniseringsprosjektet går ut 31.12.2010.
Post 79 Den nordiske verdsarvstiftelsen
Midlane under posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt miljøsamarbeid og miljø i nord- og polarområda.
Midlane dekkjer tilskot til Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation, NWHF) gjennom ei grunnløyving som er auka i 2009 med 1,5 mill. kroner til 5 mill. kroner. kroner i 2009.
Mål
Målet med løyvinga er å styrkje oppfølginga av UNESCOs verdsarvskonvensjon. Den nordiske verdsarvstiftelsen skal bl.a. fungere som eit knutepunkt for den samla innsatsen frå dei nordiske landa på området, tilby teknisk ekspertise, spreie informasjon og medverke til nyskapande prosjekt, reise midlar og tilby assistanse til utviklingsland.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Post 80 Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle, kan overførast, kan nyttast under post 22
Midlane under posten er knytte til underområde kommunal og regional planlegging under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling
Posten skal ivareta oppfølginga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer og føremålet universell utforming i ny plan- og bygningslov. Miljøverndepartementets midlar er knytte til departementets tiltak i ny handlingsplan. Ettersom offentlege instansar har ansvaret for å resultatfølgje enkelte av tiltaka, er det behov for at ein del av midlane kan nyttast under post 22.
Handlingsplan for auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne – plan for universell utforming innan viktige samfunnsområde (2005-2009), som var koordinert av Miljøverndepartementet og utfasa i 2008, er erstatta av ny handlingsplan for 2009 – 2013 med Barne- og likestillingsdepartementet som samordnar. Bruken av MDs midlar er samordna med stimuleringsmidlar frå Barne- og likestillingsdepartementet, som er knytt til tiltak særleg retta mot kommunesektoren og sett i verk av Miljøverndepartementet.
Mål
Ordninga skal støtte mål, strategiar og prioriterte tiltak i tråd med den nye plan- og bygningslova si styrking av universell utforming og gjennomføring av departementet sine tiltak i ny handlingsplan. Målgrupper er kommunale og regionale forvaltningsnivå, organisasjonar og offentlege og private instansar.
Kriterium for måloppnåing
Ordninga skal stimulere til nytenking i planlegging og utforming av byggverk og uteområde slik at alle, utan omsyn til funksjonsevne, kan nytte dei på ein likestilt måte. Ordninga legg til grunn at det skal vere aktiv brukarmedverknad og formidling av resultata.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang vil bli følgde opp fagleg og økonomisk.
Post 81 Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn, kan overførast, kan nyttast under post 22
Løyvinga i 2010 er vidareført på same nivå som i 2009. Løyvinga vart i 2009 redusert med 2 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 1400 post 22 for å styrkje den statlege oppfølginga.
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling og omfattar satsinga på Livskraftige kommunar med 11 mill kroner og Framtidas byar med 15 mill kroner. Det er òg avsett midlar under kap. 1400 post 21 til Framtidas byar.
Livskraftige kommunar
Midlane skal nyttast til å organisere læringsnettverk, og drive systematisk erfaringsformidling og støtte dei kommunane som ønskjer å vere pådrivarar for miljø og samfunnsutvikling. Kunnskap og erfaring frå lokalt miljøvernarbeid skal vidareutviklast og overførast til flest mogleg kommunar på ein systematisk måte. For at satsinga skal gi varig effekt, er programperioden 5 år (2006–2010).
Mål
Ved å synleggjere og styrkje kommunanes rolle som samfunnsutviklar, skal det oppnåast auka gjennomslagskraft for viktige miljøomsyn innan ei rekkje politikkområde i kommunane. Konkrete resultat skal oppnåast bl.a. innan arealpolitikken, innkjøpspolitikken, klima og energi, ressursforvaltning og naturens mangfald, kulturminne og kulturmiljø, livskvalitet, folkehelse og friluftsliv. Nettverksgrupper av kommunar arbeider med konkrete tiltak innafor dei prioriterte miljøområda i mindre nettverk leia av KS, med miljøfagleg bistand frå ei rekkje aktørar. Deltakarane i nettverket er ein del av eit større nasjonalt nettverk med tett samarbeid mellom fagmiljø, organisasjonar og næringsliv nasjonalt og regionalt. Dei fleste kommunane arbeider med utfordringar innafor klima- og energifeltet.
Kriterium for måloppnåing
Det blir lagt vekt på eit målretta informasjonssystem og formidling av gode eksempel, slik at kommunane betre kan finne fram og ta initiativ til og gjennomføre miljøretta tiltak. Satsinga skal gi fornya lokal verksemd og kompetanse innan miljøområdet. Satsinga skal vidare leggje grunnlag for utvikling av indikatorar og tettare kommunikasjon mellom stat og kommune, bl.a. gjennom konsultasjonsordninga. Ved at mange aktørar medverkar blir det skapt nye løysingar som òg er venta å føre til meir effektiv ressursbruk knytt til tradisjonelle kontrolloppgåver.
Tildelingskriterium
Ein vesentlig del av midlane er knytt til å organisere læringsnettverk og drive erfaringsformidling. Desse midlane blir fordelte på bakgrunn av ei avtale mellom Miljøverndepartementet og KS. Det er føresetnaden at KS medverkar med betydeleg eigeninnsats og at kommunane går inn med eigne ressursar til prosjektansvarlege og tiltak. Ein mindre del av midlane er knytte til statleg oppfølging av programmet, formidlingstiltak og støtte til pilotprosjekt med overføringsverdi.
Oppfølging og kontroll
Det skal utviklast indikatorar og leggjast til rette for målretta styring og oppfølging av tiltaka gjennom det ordinære plan- og styringssystemet. Det blir lagt opp til rapportering av oppnådde resultat innan dei prioriterte miljøområda bl.a. gjennom vidare utvikling av KOSTRA. Arbeidet vil bli følgt opp fortløpande både fagleg og økonomisk. Årsrapportar og rekneskapsoversikter er utarbeidd.
Evaluering
Det skal setjast i gang ei følgjeevaluering av programmet. Erfaringane og resultata vil gå inn i det ordinære konsultasjonsarbeidet mellom staten og KS og i andre relevante samhandlingsfora. Erfaringane skal nyttast til å vidareutvikle rammevilkår og verkemiddel for ein miljøvennleg praksis lokalt.
Framtidas byar
Framtidas byar er eit samarbeidsprogram mellom staten, dei største byområda og næringslivet for å få ned klimagassutsleppa og sikre eit godt bymiljø. Programmet er eitt av tiltaka i Klimameldinga og er starta fordi det er naudsynt med felles innsats og politisk vilje både frå kommunar og stat for å nå klimamåla. Arbeidet er kopla til «Klimaløftet» og «Livskraftige kommunar».
Mål
Hovudmålet er å redusere dei samla utsleppa frå vegtransport, stasjonær energibruk, forbruk og avfall i dei største byområda. Det skal òg gjennomførast tiltak for å møte framtidige klimaendringar. Samtidig må byane halde fram med å utvikle eit godt fysisk miljø, betre helse for innbyggjarane og gode føresetnader for næringslivet.
Byane har utarbeidd handlingsprogram saman med nabokommunar og regionale styresmakter og i dialog med staten. Også næringslivet, organisasjonar og innbyggjarane blir trekte med. Handlingsprogramma er grunnlag for forpliktande samarbeidsavtaler mellom byane, staten og næringslivet. Avtalene skal sikre at planar og tiltak som det er semje om, blir gjennomførte av partane.
Kriterium for måloppnåing
Med bakgrunn i dei nasjonale måla og kommunane sine eigne mål for reduksjon av energibruk og klimagassutslepp, vil det bli utarbeidd informasjonssystem og indikatorar for å kunne følgje utviklinga. Dette arbeidet er samkøyrt med Livskraftige kommunar. Det blir lagt vekt på utvikling og formidling av gode eksempel, slik at kommunane både i og utanfor programmet kan få kunnskap og inspirasjon til å gjennomføre gode og effektive tiltak. Ei samordning av tiltak og ressursar gjennom partnarskap, vil venteleg føre til meir effektiv ressursbruk og raskare løysingar.
Tildelingskriterium
Regjeringa ønskjer i første rekkje avtaler med dei byane som vil gripe tak i klima- og miljøutfordringane på ein grunnleggjande ny måte, og er innstilte på å bruke verkemidla sine slik at dei byggjer opp under felles visjonar, mål og strategiar. Den statlege innsatsen vil i hovudsak vere knytt til bruk av ordinære budsjett- og tilskotsmidlar meir samordna og sterkare retta mot måla i Framtidas byar, til dømes innafor samferdsels- og energisektoren. Midlane på denne posten kan nyttast til kompetansebygging og andre tiltak og pilotprosjekt som er nyskapande, går på tvers av fagområda eller som utløyser andre ressursar, til dømes i næringslivet. Det er ein føresetnad at kommunane går inn med eigne midlar.
Oppfølging og kontroll
Ved sida av bruk av informasjonssystem og indikatorar, blir det lagt opp til årleg rapportering av oppnådde resultat og ressursbruk innan dei prioriterte miljøområda. Arbeidet vil bli følgt opp fortløpande både fagleg og økonomisk, blant anna gjennom faglege samlingar og bruk av fagkoordinatorar på kvart innsatsområde.
Evaluering
Ei følgjeevaluering av programmet skal nyttast til læring både lokalt og på sentralt nivå og gi grunnlag for å vidareutvikle rammevilkår og verkemiddel.
Kap. 4400 Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
02 | Ymse inntekter | 9 959 | 327 | 337 |
03 | Refusjon frå Utanriksdepartementet | 1 172 | 926 | 956 |
16 | Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar | 2 575 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 332 | ||
Sum kap. 4400 | 15 038 | 1 253 | 1 293 |
Post 02 Ymse inntekter
Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, bl.a. gebyr for parkering på området til Miljøverndepartementet. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Posten er auka i tråd med venta inntekter.
Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet
Det er budsjettert med 956 000 kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
21 | Miljøovervaking og miljødata | 119 831 | 143 428 | 144 558 |
50 | Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta | 110 521 | 131 460 | 140 667 |
51 | Forskingsprogram m.m. | 131 518 | 144 518 | 166 518 |
53 | Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking | 5 000 | 5 000 | 6 160 |
70 | Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta | 15 151 | 19 738 | 14 5381 |
72 | Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik | 9 400 | 12 400 | 12 400 |
73 | Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta | 3 000 | 8 132 | 8 392 |
Sum kap. 1410 | 394 421 | 464 676 | 493 233 |
1 Løyvinga er redusert med 5,2 mill. kroner. Midlane er overført til nyoppretta kap. 1474 Senter for klima og miljø.
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking gjeld forskingsprogram, basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda, unnateke underområde Kart og geodata under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling. Regjeringa legg vekt på å vidareføre løyvinga til forsking og overvaking på eit høgt nivå i 2010 og fremjar forslag om å auke løyvingane til forsking og overvaking med respektive 34,2 mill. kroner og 1,1 mill. kroner i 2010.
Post 21 Miljøovervaking og miljødata
I 2010 er det føreslått ei totalløyving til miljøovervaking og miljødata på 144,5 mill. kroner. Dette er ein auke frå 2009 på om lag 1,1 mill. kroner.
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytt til dei miljøpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og arbeidet med standardisering på miljøområdet. Posten dekkjer òg formidling av resultata som blir oppnådde, blant anna utvikling og drift av Miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast, er dekte over andre postar på Miljøverndepartementets budsjett.
Midlane blir nytta til å få fram kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøvernpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å setje mål for miljøvernpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld først og fremst område der det er nødvendig å underbyggje argumenta for tiltak med eit godt kunnskapsunderlag, blant anna utslepp av næringsstoff til vassdrag og fjordområde, sur nedbør og ozon.
Utgiftene er i hovudsak kjøp av varer og tenester frå forskingsinstitutt m.v. som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.
Vi registrerer framleis eit stort tap av den viktige tareskogen med tilhøyrande økosystem langs kysten, og gode overvakingsdata vil vere avgjerande for å kunne setje i verk tiltak. Regjeringa vil arbeide vidare for å avdekkje årsakene til at tareskogen forsvinn.
Posten dekkjer blant anna overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, kvalitetssikring av data frå det kommunale kartleggingsprogrammet, bestandsovervaking av rovvilt, vidareføring av sjøfuglprogrammet SEAPOP og auka overvaking av truga og sårbare arter, blant anna tareskog.
Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Løyvinga i 2010 er auka med 9,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2009, for å styrkje den langsiktige kompetanseoppbygginga i sektoren. Posten dekkjer grunnløyvinga til ny fordelingsarena for miljøinstitutt (miljøforskingsinstitutta og Transportøkonomisk institutt) og dei strategiske instituttløyvingane til miljøforskingsinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Bioforsk, Jord og miljø på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt. Desse basisløyvingane blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd som gir råd om fordeling av midlane.
Nytt finansieringssystem for instituttsektoren
Regjeringa innførte eit nytt, felles basisfinansieringssystem for instituttsektoren frå 2009, jamfør omtale i St. prp nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet.
Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta består av grunnløyving og strategiske løyvingar. Grunnløyvinga består av ein fast del og ein resultatbasert del. Det nye systemet skal fordele ein del av grunnløyvinga etter resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular (avlagte doktorgrader og bistillingar), internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter. Alle indikatorane skal vektast mot ein relevanskomponent som består av summen av internasjonale inntekter, forskingsrådsinntekter og nasjonale oppdragsinntekter som del av samla forskingsinntekter ved institutta (eksl. finansinntekter).
Institutta er fordelt på fire ulike arenaer ut frå omsynet til at relativt like institutt skal ha relativt like føresetnader for å konkurrere om den same potten. Dei fire fordelingsarenaene er arena for miljøinstitutt, primærnæringsinstitutt, samfunnsvitskaplege institutt, og teknisk industrielle institutt. Miljøverndepartementet har finansieringsansvar for grunnløyvinga til fordelingsarenaen for miljøinstitutta. Denne fordelingsarenaen inkluderer Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO) og Transportøkonomisk institutt (TØI).
Frå 2010 vil 10 prosent av grunnløyvinga bli omfordelt etter oppnådde resultat på indikatorane nemnde over.
Inntil 40 prosent av basisløyvinga på fordelingsarenaen for miljøinstitutta skal nyttast til strategiske instituttløyvingar for å ta i vare langsiktig kompetanseheving og kunnskapsoppbygging ved institutta på område av spesiell interesse for sektoren, og som ikkje let seg realisere gjennom andre finansieringskjelder. Kontraktar om strategiske instituttprogram som institutta har inngått, skal i hovudsak gå som avtalt også etter overgangen til ny basisfinansieringsordning. Når alle institutta på arenaen har avslutta dei vesentlegaste kontraktane om strategiske instituttprogram frå den tidlegare ordninga, skal alle institutta på arenaen setje av 40 pst. av basisløyvinga si til den nye strategiske ordninga. Ein hovudregel er at dei strategiske løyvingane blir lyste ut i regi av Noregs forskingsråd. Berre unntaksvis, og når faglege vurderingar tilseier at berre eit institutt kan ta på seg oppdraget, kan sektordepartementa tildele midlar direkte til eit institutt.
Mål
Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO) og Transportøkonomisk institutt (TØI) er sentrale institutt innanfor sine område av miljøvernforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøvernforvaltninga, og skal tilfredsstille samfunnets behov for å løyse problem på kort og lang sikt på sine område.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med det enkelte instituttet for drøftingar av miljøforvaltningas kunnskapsbehov. Grunnløyvinga er eit sentralt verkemiddel for å sikre nødvendig kunnskapsbasis til å utvikle sentrale fagområde som ein ventar vil vere av verdi for forvaltninga.
Post 51 Forskingsprogram m.m.
Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innafor alle resultatområde.
Løyvinga i 2010 er auka med 22 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2009, for å styrkje samfunnsfagleg forsking for utvikling og bruk av fornybar energi (8 mill. kroner) og forsking på klimaendringar og konsekvensar for Noreg (14 mill. kroner).
Mål for miljøvernforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøvernarbeid og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøvernforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøvernsamarbeid.
Hovudvekta er lagt på forsking om klimaendringar, under dette forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking om biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. I 2009 vart seks forskingsprogram finansierte over Miljøvern-departementets budsjett, og alle var samfinansierte, hovudsakleg med midlar frå budsjetta til andre departement. Desse forskingsprogramma omfattar fleire fagområde. Miljøverndepartementet ønskjer å sikre at også dei mindre fagområda får naudsynt prioritet i både det nasjonale og det internasjonale arbeidet. Forsking er eit viktig verkemiddel og er derfor nærare omtalt under dei enkelte resultatområda. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøvernforsking i alle relevante delar av verksemda til Noregs forskingsråd.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøvernforvaltninga valde inn i programstyra.
Mål for Noregs forskingsråd
Noregs forskingsråd er Regjeringas viktigaste verktøy for gjennomføring av forskingspolitikken. Forskingsrådet forvaltar tilskot for om lag 6 mrd. kroner på vegner av 16 departement. Tildelinga frå dei ulike departementa er av svært ulik storleik og innretning, og styringa av midlane har i liten grad vore samordna.
Kunnskapsdepartementet sette hausten 2008 ned ei interdepartemental arbeidsgruppe for å komme fram til ei meir samordna styring av Forskingsrådet, innafor ein mål- og resultatstyringsmodell. Frå 2010 vil departementa bruke ein felles målstruktur for tildelingane sine til Noregs forskingsråd. Målstrukturen består av tre mål med tilhøyrande delmål. Det enkelte departementet vil konkretisere måla, slik at dei blir relevante for departementet sitt ansvarsområde.
Måla for departementas tildelingar til Noregs forskingsråd er som følgjer:
Overordna mål:
Forskingsrådet skal bidra til at Noreg utviklar seg som kunnskapssamfunn. Noreg skal vere blant dei fremste når det gjeld å utvikle, dele og ta i bruk ny kunnskap. Forskinga skal framskaffe kunnskap som kan auke verdiskaping og velferd, svare på samfunnsutfordringane og utvide grensene for vår erkjenning.
Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet.
Mål 2: God ressursutnytting og føremålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet.
Mål 3: Resultata av forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet.
Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking
Løyvinga i 2010 er auka med 1,16 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2009. Auken i løyvinga skal dekkje auken i Noregs kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).
Mål
Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).
Oppfølging og kontroll
Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som tek vare på den norske medlemskapen.
Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta
Løyvinga i 2010 er minka med 5,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2009. Løyvinga er redusert fordi 5,2 mill. kroner er overført til nyoppretta kap. 1474 Senter for miljø og klima. Løyvinga inkluderer 1,5 mill. kroner til driftsstøtte for luftmålestasjon NILU på Zeppelinfjellet ved Ny-Ålesund.
Mål
Målet er å syte for at alle miljøinstitutta har ressursar til fagleg rådgiving til miljøvernforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøvernforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, kvalitetssikring av data, og etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar m.m.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.
Post 72 Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik
Mål
Løyvinga skal sikre utviklinga av GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om helse og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Post 73 Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta
Mål
Løyvinga skal sikre drift av NINAs forskingsstasjon på Ims som blir nytta til overvaking av villaks, med 3 mill. kroner, og skal òg støtte andre naudsynte infrastrukturtiltak i institutta.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for bruken av infrastrukturtiltaka i samband med drøftingane av dei nasjonale oppgåvene.
Kap. 4410 Miljøvernforsking og miljøovervaking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
50 | Refusjon frå diverse fond | 4 000 | 4 000 | |
Sum kap. 4410 | 4 000 | 4 000 |
Beløpet gjeld den delen av basisløyvinga til NINA som er finansiert av inntektene til Viltfondet og Statens fiskefond. Ein viser til omtale under kap. 5578 i programkategori 12.20.
Programkategori 12.20 Naturens mangfald og friluftsliv
Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld i hovudsak resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv med sine fire underområde: Underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar, underområde 3 Framande arter og genmodifiserte organismar og underområde 4 Friluftsliv.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2010 på 1, 337 mrd. kroner. Dette er ein auke på 146 mill. kroner, eller 12 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2009. Ein stor del av dei friske midlane er knytt til oppfølginga av den nye naturmangfaldlova. Det blir etablert nye tilskotsordningar for prioriterte arter og naturtypar, og ei ny tilskotsordning for verdiskapingsprogrammet «Naturarven som verdiskapar». Lovas nye reglar for vederlag til grunneigarar ved vern fører til at erstatningsmidlane er kraftig auka. Til arbeidet med truga arter er det lagt inn vesentleg meir midlar. Friluftslivet er òg styrkt.
Innsatsen mot framande arter og i høve til genmodifiserte organismar blir ført vidare på omtrent same nivå innafor programkategorien. Hovudinnsatsen med omsyn til genmodifiserte organismar ligg innafor programkategori 12.10, jf. kap. 1410 post 72 Tilskot til Genøk – Senter for biotryggleik.
Budsjettmidlar til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging, artsprosjektet) er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
I samband med at fylkeskommunen overtek dei fleste av fylkesmannens oppgåver innan friluftsliv og forvaltning av haustbare, ikkje truga arter av vilt og innlandsfisk, vil fylkeskommunen òg overta fylkesmannens rolle med å fordele nokre av midlane på kap. 1427 post 74 Tilskot til friluftsliv, kap. 1427 post 31 Tiltak i friluftsområde, kap. 1425 post 71 Tilskot til viltformål, underpost 1 Hjortevilltiltak og underpost 3 Lokale vilttiltak.
Dette inneber at fylkeskommunane blir forvaltarar for statlege tilskotsløyvingar under Miljøverndepartementets budsjett i samsvar med Bestemmelser om økonomistyring i staten, punkt 6.2.2.2. Midlane skal ikkje nyttast av eller i fylkeskommunane, men fordelast til organisasjonar, lag og liknande i samsvar med regelverk fastsett av Miljøverndepartementet. Kommunar kan òg vere målgruppe. Regelverket er gjenspegla i Miljøverndepartementets årlege rundskriv om tilskotsordningar. Midlane vil bli overførte fylkeskommunane via Direktoratet for naturforvaltning. Som forvaltar av statlege tilskotsløyvingar over Miljøverndepartementets budsjett vil fylkeskommunane rapportere til Direktoratet for naturforvaltning om bruken av midlane i samsvar med rapporteringskrav som gjeld i miljøvernforvaltninga.
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1425 | Vilt- og fisketiltak | 79 063 | 78 942 | 78 075 | -1,1 |
1426 | Statens naturoppsyn | 146 728 | 167 755 | 202 000 | 20,4 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 838 408 | 944 770 | 1 057 265 | 11,9 |
Sum kategori 12.20 | 1 064 199 | 1 191 467 | 1 337 340 | 12,2 |
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 27 797 | 27 842 | 28 480 |
61 | Tilskot til kommunale vilttiltak, kan overførast | 4 013 | 3 500 | |
70 | Tilskot til fiskeformål, kan overførast | 10 965 | 10 000 | 9 295 |
71 | Tilskot til viltformål, kan overførast | 36 288 | 37 600 | 40 300 |
Sum kap. 1425 | 79 063 | 78 942 | 78 075 |
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er retta mot resultatområde 1, først og fremst underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar, men involverer òg underområde 4 Friluftsliv gjennom tilrettelegging for jakt og fiske.
Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1427 post 01 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet, post 71 Sektoravgifter under Viltfondet og post 72 Sektoravgifter under Statens fiskefond. Samla sett er løyvingane noko reduserte i høve til 2009. Innbyrdes er fisketiltaka reduserte medan vilttiltaka er auka, spesielt i høve til drift av villreinnemndene. For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 1427, 5578 og inntektene til dei to fonda, viser vi til omtale under kap. 5578.
Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.
Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 01 går til formål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga.
Bruken av fondsmidla blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Føremålet med drøftingane er å sikre at midlane blir nytta på ein kostnadseffektiv måte i høve til måla innan vilt- og fiskeforvaltninga. Dette må sjåast i nær samanheng med arbeidet for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på bl.a. driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå ei samla målsetjing.
Store delar av dei midlane som blir løyvde til vilt- og fisketiltak blir nytta ved at brukarar, organisasjonar og lag søkjer om midlar til konkrete tiltak. Frå og med 2009 vart det høve til å fremje søknader om tilskot til vilttiltak og fisketiltak i eit nettbasert søknadssenter i regi av Direktoratet for naturforvaltning. Dette vil betre sikre lik behandling og utnytting av resultata frå tiltaka som blir utførte. I 2010 vil det vere obligatorisk for søkjarar å sende inn søknad til dette søknadssenteret.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar.
Løyvinga skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og utgreiingar som grunnlag for konkrete forvaltningstiltak, og administrative kostnader knytte til desse prosjekta. Løyvinga skal leggje til rette for ei langsiktig og berekraftig utnytting av vilt- og fiskeressursane og allmentas tilgang til desse. Posten dekkjer i tillegg til utgifter til fallvilt og drift av villreinnemndene, utgifter til lønn og godtgjersler for mellombels tilsette knytte til gjennomføringa av prosjekt og spesielle utgreiingar o.a. Nytt i 2010 er at betalinga til Brønnøysundregistra for drift av jegerregisteret er budsjettert på posten. Tidligare gikk denne direkte frå Viltfondet til registeret. Omvendt blir det på posten frå 2010 ikkje lengre budsjettert refusjon til Direktoratet for naturforvaltning for utgifter til saksførebuing og forvaltning av tilskotspostane under kap. 1425. Direktoratets utgifter til dette blir i staden direkte knytte til inntektspostane under kap. 5578. Føremålet er å unngå dobbelbudsjettering innafor same departementssektor.
Løyvinga er styrkt med 0,6 mill. kroner. I dette inngår at midlane til drift av villreinnemndene er auka med 1,4 mill. kroner medan prosjekt og administrasjon i høve til fiske er redusert med 1 mill. kroner. Samtidig er betalinga til Brønnøysundregistra auka med 0,2 mill. kroner i høve til prisstigninga.
Post 61 Tilskot til kommunale vilttiltak, kan overførast
Etter omlegginga i 2001 har kommunane sjølve hatt ansvaret for å finansiere kostnadene ved sin del av den lokale viltforvaltninga, jf. Ot.prp. nr 37 (1999-2000). Inntektene til dette arbeidet kjem frå kommunalt innkravde fellingsavgifter for elg og hjort. Kommunar med små bestandar av elg og hjort har hatt eit lågt inntektsgrunnlag frå slike avgifter. Posten har i ein overgangsperiode derfor tent til å stimulere og styrkje forvaltningstiltak i kommunar med særlege utfordringar på grunn av dette. Det har vore ein føresetnad og vore varsla i fleire år gjennom St. prp nr 1 for Miljøverndepartementet at posten skulle trappast ned fram mot år 2010. Kommunar med eit lågt inntektsgrunnlag frå elg- og hjortevilt må frå 2010 søkje på midlar frå det sentrale Viltfondet på vanleg måte i konkurranse med andre lag og organisasjonar.
Dei 3,5 mill. kronene som blir fristilte er foreslått omdisponerte til løyvinga under post 01 Driftsutgifter (villreinnemndene) og post 71 Tilskot til viltformål.
Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområda 1, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokalt og sentralt styrte tiltak.
I 2010 er posten foreslått redusert med 0,7 mill. kroner. Dette skuldast ein nedgang i inntektene frå fiskaravgiftene i 2008. Ein viser til nærare omtale av fiskaravgiftene og fondet under kap. 5578 post 72 Fiskaravgifter.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvaltning og tiltak knytte til berekraftig bruk av bestandar av anadrom laksefisk som det kan haustast av, til beste for fiskarar og rettshavarar.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga medverkar til at fiskeforvaltninga blir gjennomført på ein berekraftig måte og med medverknad frå lokalsamfunn og rettshavarar.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt tiltak i regi av lag og organisasjonar etter søknad. Ein kan gi tilskot til investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande formål, anvend forsking og overvaking. Tiltak kan vere direkte retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Tilskot til FoU blir kontrollerte spesielt i forhold til dei forventningane som er gitt i tilsegna eller kontrakten.
Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
71.1 | Hjortevilttiltak | 8 137 | 7 750 | 7 750 |
71.2 | Villreintiltak | 2 336 | 3 350 | 3 350 |
71.3 | Lokale vilttiltak m.v. | 19 924 | 20 000 | 22 700 |
71.4 | Viltovervaking | 5 891 | 6 500 | 6 500 |
Sum post 71 | 36 288 | 37 600 | 40 300 |
Midlane under posten er retta mot resultatområde, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Ein gjer framlegg om å auke posten med 2,7 mill. kroner i 2010 til lokale vilttiltak, hovudsakelig som ein konsekvens av at post 61 blir avslutta.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.
Etter endringane i viltlova i 2001 krev kommunane inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. Det er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, og eventuelt eigne kommunale midlar. Tiltak av regional karakter er føresett ivaretekne ved at fylkesmennene/fylkeskommunane forvaltar delar av løyvinga etter tildeling frå Direktoratet for naturforvaltning.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert på bakgrunn av om ordninga medverkar til at viltforvaltninga på regionalt og nasjonalt nivå blir gjennomført på ein berekraftig måte.
Tildelingskriterium
På bakgrunn av søknader via eit sentralt nettbasert søknadssenter tildeler fylkesmannen tilskot til tiltak innafor prioriterte satsingsområde som kan stimulere til regionale utviklingsoppgåver, og som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak. Under dette blir det gitt tilskot til tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.
Tiltak som kan få tilskot er kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, kartlegging og iverksetjing av tiltak med formål å betre bestandsoversyn, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, FoU og studentoppgåver, organisasjonar, lag og foreiningar som ønskjer å setje i verk tiltak, og andre prioriterte viltføremål. Det kan ytast tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve. Fordeling av midlane på dei ulike fylka skjer etter nøklar baserte på bl.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felt vilt m.m.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.
Underpost 71.1 Hjortevilttiltak
Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvaltning av hjortevilt. Den skal dekkje dei sentrale overvakingsprogramma for utvikling og samansetjing av bestandar, og hjorteviltdelen av programmet for vilthelseovervaking. Dette er viktige grunnlagsdata for konkret forvaltning. Midlar blir nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m., og forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak.
Underpost 71.2 Villreintiltak
Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, driftsplanar, arbeid med å sikre leveområda, forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak. Oppfølginga av tilrådingar frå prosjektet Villrein og Samfunn er blitt ført vidare bl.a. gjennom eit eige fornyingsprosjekt. Det er òg lagt til rette for administrative endringar og rasjonalisering av den offentlege forvaltningsstrukturen, ved at talet på villreinnemnder er redusert frå 23 nemnder til 10 i 2008. Det er i tillegg etablert ein betre struktur på sekretariata for nemndene, og det er to nasjonale villreinsenter i drift som er finansierte over kap 1427 post 76.
Underpost 71.3 Lokale vilttiltak mv.
Midlane blir nytta til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, forvaltningsretta FoU knytt til dokumentasjon og overvaking av naturmangfald, lokale vilttiltak og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta.
Midlane skal nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver på vegner av eller i samarbeid med styresmaktene for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning. I budsjetta for 2004-2009 har det vore ein jamn auke til dette arbeidet. I budsjettet for 2010 vil underposten auke med 2,7 mill. kroner, ettersom øyremerkinga av tilskot til kommunane over underpost 61 fell bort.
Underpost 71.4 Viltovervaking
Midlane blir nytta til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Dei sentrale overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov. Resultat frå denne overvakinga har bl.a. stor betyding i samband med arbeidet rundt fugleinfluensaen.
Kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
51 | Refusjon frå Viltfondet | 59 942 | 61 942 | |
52 | Refusjon frå Statens fiskefond | 16 500 | 17 000 | |
Sum kap. 4425 | 76 442 | 78 942 |
Kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
71 | Jeger- og fellingsavgifter | 70 400 | ||
72 | Fiskaravgifter | 16 175 | ||
Sum kap. 5578 | 86 575 |
Frå 2010 er kap. 4425 lagt ned. Årsaka er at dei sektorvise avgiftene under alle departementa skal samlast under same nummerserie i statsbudsjettet. Inntektene vil framleis vere øyremerkte det einskilte departementet og til sine føremål.
I tillegg til å finansiere utgifter under kap. 1425, dekkjer kap. 5578 postane 71 og 72 òg noko av utgiftene til vilt- og fiskeforsking under kap. 1410 post 50, og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1427 post 01.
Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til fonda i 2010, jf. omtale under kvart fond nedanfor.
Post 71 Jeger- og fellingsavgifter
Jeger- og fellingsavgiftene som blir innbetalte til Viltfondet er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.
Korrigert for endra teknisk budsjettering av inntekter til betaling for drift av Jegerregisteret og til viltforsking, aukar løyvinga med 0,6 mill. kroner i høve til kap. 4425 post 51 i 2009. Dette er gjort mogleg som følgje av fleire innbetalingar enn budsjettert i 2008 og 2009. Midlane er nytta slik at arbeidet i villreinnemndene under kap. 1425 post 01 Driftsutgifter kan styrkjast i 2010.
Nærare om Viltfondet
Mål
§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».
Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:
Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.
Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt.
I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Omleggingsarbeidet blir følgt opp fortløpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar blir tilbakeførte til det enkelte villreinområde i høve til innbetalte avgifter føregåande år.
Jeger- og fellingsavgiftene vart sist endra i 2008. Ein gjer ikkje framlegg om å endre desse for 2010. Satsane for dei ulike avgiftene er oppgitt i tabell 13.4.
For oversikta sin del er dei økonomiske konsekvensane for kommunane i 2010 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. Merk at for kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.
Tabell 13.4 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2010 (tal i heile kroner)
Type avgift: | Storleiken på avgifta i 2010 | Estimert tal innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
---|---|---|---|---|
Jegeravgift generelt: | 280 | 195 000 | 54 600 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt: | 75 | 105 000 | 7 875 000 | Viltfondet |
Gebyr jaktstatistikk: | 175 | 20 000 | 3 500 0001 | Viltfondet |
Gebyr ekstra jegeravgiftskort: | 60 | 2 000 | 120 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein: | 250 | 3 000 | 750 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv: | 145 | 1 200 | 174 000 | Viltfondet |
Sum statlege avgifter: | 67 019 000 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg: | 465 | 25 000 | 11 625 000 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv: | 270 | 12 000 | 3 240 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort: | 350 | 20 000 | 7 000 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv: | 210 | 6 100 | 1 281 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter: | 23 146 000 | Kommunane |
1 Innkrevjing av gebyret skjer etterskotsvis i 2010 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2008/2009. Talet er vurdert til ca. 20 000.
Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 13.5.
Tabell 13.5 Berekning av kapital i Viltfondet i 2010
(i 1000 kr): | |
---|---|
Saldo pr. 31.12.08: | 7 445 |
Budsjettert innbetalt i 20091: | 68 219 |
Budsjettert refusjon i 2009 (utbetalingar frå fondet): | -69 642 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.09: | 6 022 |
Budsjettert innbetalt i 20102: | 67 419 |
Budsjettert refusjon i 2009 (utbetalingar frå fondet): | -70 400 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.09: | 3 041 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 1,2 mill. kroner.
2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Viltfondet blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Inntektene over kap. 5578 post 71 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1425 (postane 01 og 71) og kap. 1427 (post 01), og forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50. I budsjettet for 2010 gjer ein framlegg om at 4,9 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysund-registra for drifta av Jegerregisteret – ein auke på 0,2 mill. kroner. Planlagt bruk av inntektene går fram av tabell 13.6.
Tabell 13.6 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2010:
(i 1000 kr) | |
---|---|
Formål | |
Sentrale fallviltutgifter (kap.1425.01): | 1 000 |
Drift villreinnemndene (kap.1425.01): | 4 000 |
Prosjekt, administrasjon, jaktstatistikk mv., inkl. drift av Jegerregisteret (kap. 1425.01): | 18 817 |
Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1): | 7 750 |
Villreintiltak (kap. 1425.71.2): | 3 350 |
Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3): | 22 700 |
Viltovervaking (kap. 1425.71.4): | 6 500 |
Sum under kap. 1425: | 64 117 |
Viltforsking, NINA (kap.1410.50): | 3 000 |
Tilskotsforvaltning i DN (kap 1427 post 01): | 3 283 |
Totalsum: | 70 400 |
Spesielt om hjortevilt og fallvilt
Sjølv om kommunane har fått primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar til finansieringa av nødvendige nasjonale oppgåver.
Når det gjeld fallvilt, er det framleis eit behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er derfor budsjetterte under kap. 1425 post 01 Driftsutgifter.
Spesielt om lisensfelling av rovvilt
Lisensfelling av rovvilt vart innført i 2005. I 2006 vart det innført ei ordning slik at dei som deltek i lisensfelling registrerer seg særskilt i Jegerregisteret. Det er førebels ikkje lagt opp til at denne gruppa jegerar skal betale særskilde avgifter slik som hjorteviltjegerar.
Post 72 Fiskaravgifter
Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.
Posten er foreslått redusert med 1,5 mill. kroner i høve til tilsvarande løyving under kap. 4425 post 52 for 2009. Reduksjonen er grunna i mindre inntekter enn tidligare frå fiskaravgiftene.
Nærare om Statens fiskefond
Mål
I lov om laksefisk og innlandsfisk o.a., § 30, heiter det at den som er fylt 16 år og vil fiske etter anadrom laksefisk eller innlandsfisk skal betale avgift til fiskefondet. Fiskaravgift skal betalast for fiske etter anadrom laksefisk. Det er gitt visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål. Vidare skal det ikkje betalast fiskaravgift for fritidsfiske etter anadrom laksefisk i sjøen.
Følgjande retningslinjer for bruken av midlar frå Statens fiskefond er lagt til grunn:
Statens fiskefond skal nyttast til forvaltningstiltak knytte til anadrom laksefisk og som kjem samfunnet og allmenta til gode; under dette investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande føremål, fiskeforsking og overvaking.
Den årlege fordelinga av midlane mellom formåla som nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er føresett at om lag halvparten av fondet sine inntekter skal gå til lokale tiltak.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er basert på brukarfinansiering.
Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk vart i 2009 justert i samsvar med prisstiginga. For 2010 gjer Regjeringa ingen framlegg om å justere avgiftene.
Årsavgifta for enkeltpersonar for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag er 220 kroner, mens familieavgifta er 355 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 16 og 18 år.
Fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli har ein sats på 555 kroner, og satsen på 335 kroner vil gjelde for dei som har fiskestart etter 1. juli.
Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabell 13.7.
Tabell 13.7 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2010
(i 1000 kr) | |
---|---|
Saldo pr. 31.12.08: | 2 049 |
Budsjettert innbetalt i 20091: | 17 357 |
Budsjettert refusjon i 2009 (utbetalingar frå fondet): | -18 000 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.09: | 1 406 |
Budsjettert innbetalt i 20101: | 16 175 |
Budsjettert refusjon i 2010 (utbetalingar frå fondet): | - 16 175 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.10 | 1 406 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Statens fiskefond blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.
Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 01 og 70) og kap. 1427 (post 01), samt forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50.
Planlagt bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabell 13.8.
Tabell 13.8 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Statens fiskefond i 2010:
(i 1000 kr) | |
---|---|
Formål | |
Prosjekt, administrasjon mv. (kap.1425.01): | 6 000 |
Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70): | 9 500 |
Sum under kap. 1425: | 15 500 |
Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50, jf. kap. 4410.50): | 1 000 |
Totalsum | 16 500 |
Spesielt om lokal bruk av midlane
I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meint å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte frå offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.
Kap. 1426 Statens naturoppsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 82 920 | 95 498 | 111 412 |
30 | Tiltak i nasjonalparkane, kan overførast | 13 521 | 18 891 | 27 391 |
31 | Tiltak i naturvern-, kulturlandskapsområde, kan overførast | 31 937 | 30 671 | 39 502 |
32 | Skjergardsparkar o.a., kan overførast | 18 350 | 22 695 | 23 695 |
Sum kap. 1426 | 146 728 | 167 755 | 202 000 |
Kap. 1426 Statens naturoppsyn omfattar midlar til etablering og drift av Statens naturoppsyn og midlar til tiltak i naturvern- og friluftsområde. Midlane under kap. 1426 er retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv og i noko grad resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Rolle og oppgåver for Statens naturoppsyn
Statens naturoppsyn er etablert med heimel i lov om statleg naturoppsyn av 21. juni 1996 for å ta vare på dei nasjonale miljøverdiane og førebyggje miljøkriminalitet. Statens naturoppsyn skal ha eit samla grep om statleg oppsynsinnsats i naturområde og skal føre kontroll med at regelverket i fleire miljølover vert etterlevd. Statens naturoppsyn er framleis under utvikling. Den nasjonale leiinga ligg i Direktoratet for naturforvaltning. Det heiltidstilsette lokale oppsynet er tilsett i Direktoratet for naturforvaltning, men har arbeidsstad tilknytt eit geografisk område. Dei områda der behovet for styrkt oppsyn er størst, blir prioriterte.
Hovudoppgåvene er førebygging av miljøkriminalitet og kontroll med at miljølovene vert etterlevde, naturrettleiing, rettleiing om regelverket og dei nasjonale miljøverdiane, registrering, dokumentasjon, skjøtsel og drift. I dette inngår viktige oppgåver innan rovviltforvaltninga, bl.a. bestandsregistrering og skadedokumentasjon knytt til den lovfesta erstatningsordninga. Statens naturoppsyn har eit overordna ansvar for lakseoppsynet og oppfølginga av ordninga med Skjergardstenesta. Ei viktig utfordring for oppsynet er å skape forståing og respekt for regelverket som finst på dette området.
Verksemda er basert på eigne oppsynsstillingar i kombinasjon med kjøp av tenester og samarbeid med andre oppsynsordningar lokalt og regionalt. Det blir lagt stor vekt på å etablere godt samarbeid med dei andre aktørane innan naturoppsyn. Dette gjeld både politiet, Kystvakta, Statskogs fjellteneste, fjelloppsynet i regi av fjellstyra og bygdeallmenningar. Særleg er samordning med politiet viktig når det gjeld oppgåver knytte til kontroll. Statens naturoppsyn samverkar med desse bl.a. gjennom miljøforum og sentrale og regionale oppsynsutval.
Statens naturoppsyn har utvikla seg i tråd med dei føringane som vart gitt i lovforarbeid og seinare styringssignal for verksemda og står no fram som eit landsdekkjande, heilskapleg og kompetent statleg naturoppsyn. Miljøverndepartementet har utvikla ei meir aktiv rolle som eigar av Statens naturoppsyn og har gitt klarare styringssignal.
Miljøverndepartementet legg vekt på Statens naturoppsyns rolle som oppsyns- og feltapparat, men viser òg til at Statens naturoppsyn har tilsett naturrettleiarar ved dei to nye villreinsentra og ved eit nasjonalparksenter.
Direktoratet for naturforvaltning, Politidirektoratet og Riksadvokaten har utvikla ei felles rolleforståing når det gjeld det fortløpande samarbeidet i dei respektive underliggjande einingane. Både Miljøverndepartementet og Justis- og politidepartementet har sagt seg nøgde med dette arbeidet.
Det skal framleis vere rom for fjelloppsynet som ledd i eit heilskapleg naturoppsyn, jf. Innst. O. nr 100 (2008-2009) s. 29. Oppsyn i statsallmenning skjer både gjennom fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet som Statens naturoppsyn driv. Lov om statleg naturoppsyn etablerer Statens naturoppsyn som ansvarleg for å bevare dei nasjonale miljøverdiane gjennom tilsyn med dei lovene som er opprekna i § 2 i lova. Heimelen til å føre kontroll med lovene opprekna i lov om statens naturoppsyn § 2 ligg utanfor fjellova. Det går likevel fram av standardinstruksen for oppsyn i statsallmenningar at «fjelloppsynet skal føre kontroll med at lovene nemnt i lov om statlig naturoppsyn § 2 og bestemmelser gitt i medhold av disse blir overholdt. For dette arbeidet gjelder Nasjonal instruks for naturoppsyn gitt av Direktoratet for naturforvaltning ved Statens naturoppsyn.» Fjelloppsynets lokale forankring og kunnskap er eit viktig bidrag i det totale oppsynet. Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at det vert utvikla eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og Statens naturoppsyn.
Miljøverndepartementet har ansvaret for kvaliteten i det samla naturoppsynet og miljøstyresmaktene må ha vere trygge på å ha eit oppsyn som følgjer opp dei nasjonale miljøverdiane på ein einskapleg, profesjonell og føreseieleg måte.
Gjennom ny naturmangfaldlov som tredde i kraft 1. juli 2009, er det innført tilsynsheimlar som vil lette gjennomføringa av dei oppgåvene tilsynsstyresmakta er pålagt etter lova.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er hovudsakleg retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde, og underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. I noko grad går midlane òg til underområde 4 Friluftsliv og resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver. Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til Statens naturoppsyn, både i den sentrale eininga for Statens naturoppsyn i Direktoratet for naturforvaltning, og til lokale oppsynsmenn, lokalt timeengasjert personell og til kjøp av ulike tenester i samband med drifta av det samla statlege naturoppsynet. Posten dekkjer utgifter til dei lokale rovviltkontaktane som arbeider med dokumentasjon av rovviltskadar, og til engasjert personell i samband med ulike statlege fellingsoppdrag. Utgifter knytte til oppdragsverksemda er førte under denne posten. Inntektene til denne verksemda er budsjetterte under kap. 4426 post 01 Ymse inntekter og post 02 Oppdragsinntekter. Andre utgifter førte under driftsposten er knytte til IT- og sambandsutstyr, køyretøy og oppsynsbåtar, feltutstyr og HMS-utstyr, uniform/arbeidsklede, opplæringstiltak, informasjonsmateriell, tiltak innan naturrettleiing m.m. og utviklingskostnader.
Statens naturoppsyn dekkjer lønn og drift av naturrettleiarstillingane ved dei to informasjons- og kompetansesentra for villrein, jf. kap 1427 post 76.
Posten er auka med 15,9 mill. kroner. Av auken er 8,5 mill. kroner sett av til ei generell styrkt forvaltning av verneområde, under dette fleire nye oppsynsstillingar. Ein viser til nærare omtale av dette i innleiinga til kap. 1427. Utover dette er det lagt inn 3,3 mill. kroner til oppsynsordningar knytte til vernevedtak for områda Skardsfjella-Hyllingsdalen, Naustdal-Gjengedal, Ålfotbreen og Smøla. Det er òg lagt inn 1,5 mill. kroner til oppsynsstillingar i Breheimen.
Til å styrkje den sentrale eininga for Statens naturoppsyn i Direktoratet for naturforvaltning aukar løyvinga med 1,5 mill. kroner, og 0,75 mill. kroner i nye midlar går til forsterka oppsyn med truga arter og naturtypar.
Post 30 Tiltak i nasjonalparkane, kan overførast
Posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Midlane på posten dekkjer statlege investeringsutgifter og tiltak i samband med oppfølginga av nasjonalparkane og tilliggjande verneområde i tråd med godkjent forvaltnings-/skjøtselsplan og andre relevante styringsdokument. Vidare dekkjer posten utgifter til tilretteleggingstiltak av ulike slag i samband med styringa av ferdsla inntil og i nasjonalparkane.
Regjeringa ønskjer på ein berekraftig måte å gjere nasjonalparkar og andre større verneområde meir tilgjengelege for brukarane. Opparbeiding av stigar og løyper, klopping og merking, tiltak for å betre tilgjenget til verneområda, etablering av parkeringsplassar og etablering av informasjonsordningar medverkar til å sikre viktige kvalitetar ved at stor ferdsel og aktivitet blir kanalisert til bestemte område. Naturen blir lettare tilgjengeleg for brukarane, og dermed blir grunnlaget for lønnsame reiselivsaktivitetar betre.
Løyvinga aukar med 8,5 mill. kroner i samband med satsinga på styrkt forvaltning av verneområde.
Post 31 Tiltak i naturvern- og kulturlandskapsområde, kan overførast
Posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde og skal dekkje feltvise utgifter i verneområde oppretta ved kgl. res. Dette er bl.a. utgifter til opparbeiding av stigar, tilrettelegging for publikum, uteinformasjonstiltak og skjøtsel for å ivareta naturmangfald mv.
Løyvinga blir auka med 8,5 mill. kroner til styrkt forvaltning av verneområde.
Om lag 6 mill. kroner av løyvinga skal nyttast i utvalde kulturlandskap i jordbruket.
Post 32 Skjergardsparkar o.a., kan overførast
Posten er primært retta mot resultatområde 1, underområde 4 Friluftsliv. I tillegg er midlane retta mot underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Posten dekkjer utgifter til den praktiske forvaltninga av skjergardsparkar og friluftslivsområde langs kysten, knytt til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden, i skjergardsparkane og i Vestkystparken. Skjergardstenesteordninga er etablert på statleg initiativ. Posten dekkjer dessutan statlege naturoppsynsoppgåver som er integrerte i skjergardstenesta og oppsynsbåtar til Statens naturoppsyn.
Posten aukar med 1 mill. kroner.
Regjeringa foreslår ei bestillingsfullmakt under posten på 7,0 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI nr. 1.
Kap. 4426 Statens naturoppsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Ymse inntekter | 107 | 138 | 142 |
02 | Oppdragsinntekter | 147 | 1 000 | 50 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 382 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 193 | ||
Sum kap. 4426 | 829 | 1 138 | 192 |
Post 01 Ymse inntekter
På posten er det ført ulike inntekter for Statens naturoppsyn, bl.a. inntekter frå oppdragsverksemda.
Post 02 Oppdragsinntekter
I samband med overføringa av Statskogs fjellteneste i Finnmark til Statens naturoppsyn, er det budsjettert med oppdragsinntekter frå Finnmarkseigedommen. Løyvinga er redusert grunna lågare inntekter enn tidlegare budsjettert.
Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 92 670 | 124 733 | 137 114 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 124 347 | 224 326 | 254 485 |
30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast | 42 043 | 34 405 | 36 405 |
31 | Tiltak i friluftsområder, kan overførast | 26 699 | 22 500 | 24 500 |
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast | 10 258 | 19 450 | 19 450 |
33 | Statlege tileigningar, barskogvern, kan overførast | 7 852 | ||
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast | 16 530 | 25 100 | 54 100 |
35 | Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast | 211 125 | 137 881 | 134 981 |
49 | Statlege tileigningar, kjøp av forsvaret sine eigedommar | 7 644 | 850 | |
60 | Tilskot til lokalt utviklingsfond | 6 000 | 10 000 | |
70 | Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast | 86 895 | 88 000 | 88 000 |
71 | Forvaltningstiltak i verdsarvsområde, kan overførast | 7 598 | 9 600 | 9 600 |
72 | Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving | 104 755 | 116 895 | 116 895 |
73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast | 60 506 | 80 500 | 75 000 |
74 | Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast | 14 663 | 17 520 | 20 693 |
75 | Internasjonale avtaler og medlemskap | 1 008 | 1 010 | 1 042 |
76 | Tilskot til informasjons- og kompetansesentra, kan overførast | 6 900 | 13 400 | 17 400 |
77 | Tilskot til nasjonalparksenter, kan overførast | 9 916 | 14 600 | 19 600 |
78 | Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd, kan overførast | 7 000 | 8 000 | 8 000 |
81 | Verdiskapingsprogrammet for naturarven, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 10 000 | ||
82 | Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 20 000 | ||
Sum kap. 1427 | 838 408 | 944 770 | 1 057 265 |
Midlane under kap. 1427 er retta mot alle resultatområda, men i særleg grad resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv med sine underområde, og resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Direktoratet for naturforvaltnings rolle og oppgåver
Direktoratet for naturforvaltning er Miljøverndepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan naturforvaltninga.
Direktoratet for naturforvaltning arbeider bl.a. med etablering og forvaltning av verneområde, forvaltning av truga arter inkludert utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar, lakseforvaltning, marin naturforvaltning, vassdragsforvaltning og tilrettelegging for friluftsliv. Dette arbeidet er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal politikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.
Direktoratet har brei oversikt over naturtilstanden i Noreg og rapporterer fortløpande om dette. Direktoratet har fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta. Dei konkrete miljømåla som direktoratet arbeider mot er omtalte under resultatområdeomtala i del II. Hovudstrategiane for å nå måla er:
Sikre ein brei variasjon i norsk natur og landskap og halde oppe den naturlege produksjonsevna
Syte for at omsynet til ei langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved areal- og vassdragsplanlegging og planar om naturinngrep
Fremje høve til å bruke naturen til friluftsliv, opplæring og hausting
Skaffe fram og formidle kunnskap som grunnlag for ei aktiv og førebyggjande naturforvaltning.
Satsingar for bevaring av naturmangfaldet
I budsjettet for 2010 er det totalt i departementets budsjett lagt inn ei styrking på 150 mill. kroner til bevaring av naturmangfaldet og til friluftslivet. Dette kjem på toppen av ei styrking til same føremål i 2009-budsjettet på 345 mill. kroner. Auken i 2010 er fordelt på ei lang rekkje tiltak. Under følgjer ei oversikt over dei største .
Forvaltning av verneområde (utanom skog)
Til styrkt verneforvaltning er det lagt inn ein auke på om lag 54 mill. kroner, slik at budsjettet kjem opp i om lag 223 mill. kroner. Midlane er fordelte i budsjettet som følgjer:
2,8 mill. kroner under kap. 1410 post 21 til miljøovervaking av verneområde
45 mill. kroner under kap. 1426 post 01, ein auke på 13,3 mill. kroner
27,4 mill. kroner under kap. 1426 post 30 til tiltak i nasjonalparkane, ein auke på 8,5 mill. kroner
39,5 mill. kroner under kap. 1426 post 31 til skjøtselstiltak i verneområde, ein auke på 8,8 mill. kroner
6 mill. kroner under kap. 1426 post 32 til oppsyn i verneområde langs kysten
6,5 mill. kroner (nye) under kap. 1427 post 01, blant anna til områdeforvaltarar
49 mill. kroner (auke på 7,5 mill. kroner) under kap. 1427 post 21 til prosesskostnader, konsekvensutgreiingar mv. til gjennomføring av nasjonalparkplanen, utarbeiding av forvaltningsplanar, tilsynsutval og lokal forvaltning av nasjonalparkar og verneområde. I beløpet ligg òg 2 mill. kroner til skjøtsel og ei interkommunal stilling i samband med vernet av Trillemarka-Rollagsfjell
9,6 mill. kroner under kap. 1427 post 71 til forvaltninga av naturdelen i verdsarvområda Vega-øyan og det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden
37 mill. kroner (auke på 9 mill. kroner) til nasjonalparksenter og andre informasjonssenter knytte til verneområde under kap. 1427 postane 76 og 77.
Utover dette aukar posten til erstatningar for vern under nasjonalparkplanen, kap. 1427 post 34, med 29 mill. kroner. Dette er ein konsekvens av den nye naturmangfaldlova som betrar den erstatningsrettslege situasjonen for grunneigarar og rettshavarar. Av same årsak er tilsegnsfullmakta auka med 60,2 mill. kroner. Samla budsjett for erstatningar for vern har i 2010 eit totalbudsjett på 74 mill. kroner (utanom skog).
Forvaltning og erstatningar sett under eit, blir det i 2010 brukt om lag 295 mill. kroner på verneområde. Då er skogvern halde utanfor, jf. omtale nedanfor.
Verdiskaping i samband med verneområde
Satsinga på verdiskaping i samband med natur- og verneområde held fram. Arbeidet blir styrkt med 10 mill. kroner til ny tilskotsordning for verdiskaping, og 4 mill. kroner til utvikling av naturbasert reiseliv i samband med den nye Breheimen nasjonalpark. Totalt vert det i 2010 nytta 26 mill. kroner til verdiskaping slik:
6 mill. kroner under kap. 1400 post 21 til prosjektfinansiering og prosesskostnader.
10 mill. kroner under kap. 1427 post 60 til utvikling i kommunane rundt Trillemarka og Breheimen verneområde
10 mill. kroner under kap. 1427 post 81 til den nye tilskotsordninga for verdiskaping
Skogvern
I budsjettet for 2010 vil det bli nytta 137 mill. kroner på skogvern, og prosessar knytte til dette fordelt slik:
2 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til prosessutgifter i samband med skogvernarbeidet
135 mill. kroner under kap. 1427 post 35 til erstatningar ved vern av skog
I tillegg er det under kap. 1427 post 60 sett av midlar (6 mill. kroner) i samband med vernet av Trillemarka-Rollagsfjell, jf. omtala av verdiskaping ovanfor.
Prioriterte arter og utvalde naturtypar
Omgrepa «prioriterte arter» og «utvalde naturtypar» er sentrale i den nye lova om naturmangfaldet, jf. Ot.prp. nr. 52 (2008-2009). Til å innarbeide lova i den kommunale og statlege forvaltninga, er det lagt inn ein auke på 38 mill. kroner. Midlane ligg på følgjande postar:
8 mill. kroner under kap. 1400 post 21 til kompetanseoppbygging i kommunane om den nye naturmangfaldlova
10 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til førebuing og gjennomføring av tilskotsordningane for prioriterte arter og utvalde naturtypar
20 mill. kroner under kap. 1427 ny post 82 Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar
Rovvilt
I 2010 vil det bli nytta omkring 231 mill. kroner til erstatningar, førebyggjande og konfliktdempande tiltak og til skadefellingar:
16,2 mill. kroner under kap. 1410 post 21 til bestandsovervaking
1,8 mill. kroner til forsking under kap. 1410 post 51
16 mill. kroner under kap. 1426 post 01 til skadefelling i regi av tilsette i Statens naturoppsyn, drift av rovviltkontaktnettet og lønn til jegerar som Statens naturoppsyn engasjerer ved ekstraordinære fellingsoppdrag
5,4 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til drift av nasjonalt fagråd for rovviltovervaking og møtegodtgjering for dei regionale rovviltnemndene, drift og sekretariat (hos fylkesmennene) for rovviltnemndene.
116,9 mill. kroner under kap. 1427 post 72 til erstatningar for beitedyr tekne av rovvilt
75 mill. kroner under kap. 1427 post 73 til førebyggings- og konfliktdempande tiltak
Villaks
Samla budsjett blir 143 mill. kroner i 2010, ein nedgang på 16 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2009. Reduksjonen skuldast at ei eingongsløyving i 2009 på 20 mill. kroner i samband med tildeling av nye oppdrettskonsesjonar er teken ut, jf St.prp. nr. 1, Tillegg nr 4 (2008-2009) frå Fiskeri- og kystdepartementet. Samstundes er det lagt inn ei ny eingongsløyving i 2010 på 7 mill. kroner i samband med ny utviding i oppdrettskapasiteten. Omfanget av fisketiltak finansierte av fiskaravgifta under kap. 1425 blir redusert med 3 mill. kroner grunna færre innbetalte avgifter i 2008 og 2009.
Om lag 6,7 mill. kroner under kap. 1410 post 51 til forsking
4,7 mill. kroner under kap. 1425 post 01 til ulike bevaringstiltak
9,3 mill. kroner under kap. 1425 post 70 til lokale og sentrale fisketiltak
6,7 mill. kroner under kap. 1426 post 01 til lakseoppsyn m.m.
75,4 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til særskilte tiltak for villaksen, under dette 61 mill. kroner til tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris.
40 mill. kroner under kap. 1427 post 70 til kalkingstiltak for bevaring av laksestammane i forsuringsramma vassdrag
Villrein
Samla blir det i 2010 nytta om lag 15 mill. kroner til sikring av villreinen. Dette er ein auke på 1,4 mill. kroner som er lagt inn på villreinnemndene. Midlane ligg slik i budsjettet:
6 mill. kroner under kap. 1400 post 21 til arbeidet med villrein som ansvarsart og til regionale planprosessar for villreinfjella
4 mill. kroner under kap. 1425 post 01 til villreinnemndene
3,350 mill. kroner under kap. 1425 post 71 til villreintiltak
Nær 2 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til Snøhetta-prosjektet
I tillegg kjem tilskot til villreinsentra under kap. 1427 post 76.
Bevaring av andre truga arter
Til arbeidet for bevaring av andre truga dyre- og plantearter blir det i 2010 nytta om lag 43 mill. kroner. Dette er ein auke på nær 12 mill. kroner. Midla ligg på desse postane:
I overkant av 1 mill. kroner under kap. 1410 post 21 til overvaking (primært fjellrev)
Under kap. 1426 post 01 er det lagt inn 0,75 mill. kroner til forsterka oppsyn med truga arter og naturtypar
41 mill. kroner under kap. 1427 postane 01 og 21 til å utarbeide og følgje opp handlingsplanar for truga og sårbare arter. Dette er ein auke på 11 mill. kroner i høve til 2009
Artsprosjekt og naturindeks
Regjeringa styrkjer budsjettet med 5 mill. kroner til artsprosjektet. Totalt er det sett av 40 mill. kroner til dette og naturindeks på tre postar:
20 mill. kroner under kap. 1400 post 21 til artsprosjektet for systematisk kartlegging av artene i norsk natur
5 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til artsprosjektet. Dette er ei styrking i høve til 2009
15 mill. kroner under kap. 1427 postane 01 og 21 til vidareutvikling og framskaffing av fleire data som grunnlag for Naturindeks for Noreg, eit viktig verktøy for å måle utviklinga i det norske naturmangfaldet.
Framande arter
Arbeidet med å følgje opp den nasjonale strategien mot framande skadelege arter som vart utarbeidd i 2007, held fram på om lag same nivå som i 2009, dvs. 13 mill. kroner. Midlane ligg under kap. 1427 post 21 og går til blant anna tiltaksplanar, informasjonstiltak, kartlegging og overvaking.
Vassforvaltning
Oppfølginga av EUs rammedirektiv for vatn vil styrkje norsk vassforvaltning vesentleg. Forvaltninga vil i all hovudsak bli styrt etter kjemiske og økologiske mål som blir sette i vassførekomstane. Forvaltningsplanar for dei første utvalde vassområda vart ferdigstilte i 2009, og frå 2010 til 2015 skal ein arbeide med å kartleggje, overvake og ta fram forvaltningsplanar for heile landet. I budsjettet for 2010 er det under Miljøverndepartementet foreslått løyvd til saman 33 mill. kroner til implementering av EUs vassrammedirektiv. Dette er omtrent på same nivå som i 2010. Midlane er fordelte slik:
5,9 mill. kroner under kap. 1400 post 21
5,4 mill. kroner under kap. 1410 post 21 til overvaking av vassførekomstane
22 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til forvaltningsarbeidet i Direktoratet for naturforvaltning, og utvikling av system for økologisk og kjemisk klassifisering av vatn.
I tillegg er det under Kommunal- og regionaldepartementet lagt inn friske midlar i samband med at fylkeskommunane frå 1. januar 2010 overtek fleire oppgåver frå fylkesmannen på miljøsida, mellom anna innafor vassforvaltning.
Havforvaltning
Det er føreslått 13 mill. kroner til arbeidet med heilskapleg og økosystembasert forvaltning av dei norske havområda. Midlane er fordelte slik:
10 mill. kroner under kap. 1400 post 21
3 mill. kroner under kap. 1427 post 21
Satsingar for friluftsliv
I budsjettet for 2010 vil det bli brukt 114,5 mill. kroner på friluftslivet. Dette er ein auke på om lag 7,5 mill. kroner i høve til 2009. Midla ligg på desse postane:
5 mill. kroner under kap. 1400 postane 01 og 21 til oppfølging av markaloven samt prosjektet «den naturlige skolesekken»
2,2 mill. kroner under kap. 1426 post 01 til friluftsoppgåver utført av Statens naturoppsyn
16,2 mill. kroner under kap. 1426 post 32 til tiltak i skjergardsparkane og friluftslivsområde langs kysten, ei auke på 1 mill. kroner
1,4 mill kroner under kap. 1427 post 21 direktoratets arbeid med strandsona, inkludert juridisk hjelp til kommunar
36,4 mill. kroner under kap. 1427 post 30 til utgifter ved sikring av friluftsområde, auke på 2 mill. kroner
24,5 mill. kroner under kap. 1427 post 31 til tiltak i friluftsområde, auke på 2 mill. kroner
20,7 mill. kroner under kap. 1427 post 74 i tilskot til stimuleringstiltak for friluftslivet, ei auke på 3 mill. kroner
8 mill. kroner under kap. 1427 post 78 til arbeid for friluftslivet gjennom Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd
Utover dette kjem utgifter til løn og drift for tilsette med oppgåver innan friluftsliv i Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning.
I samband med at fylkeskommunen overtek dei fleste av fylkesmannens oppgåver innan friluftsliv (og enkelte andre miljøvernoppgåver) er fylkeskommunanes driftsbudsjett under Kommunal- og regionaldepartementet styrka.
Fylkeskommunen vil òg overta fylkesmannen si rolle med å fordele nokre av tilskotsmidlane under kap. 1427.
Forvaltning av verneområda
Eksisterande forvaltningsordningar
Forvaltningsstyresmakta har ansvaret for å forvalte verneområdet i tråd med naturmangfaldlova og verneforskrifta og treffe nødvendige tiltak dersom verneverdiar er truga. I tillegg vil forvaltningsstyresmakta ha ansvar for nødvendig administrasjon, budsjett, rettleiing/informasjon, kontakt mot andre styresmakter, brukarar og grunneigarar, interesseorganisasjonar o.a.
Normalordninga er at det er fylkesmennene som forvaltar område verna etter naturmangfaldlova/naturvernlova.
I mange av dei store verneområda som i dag er forvalta av fylkesmennene, er det etablert rådgivande organ beståande av kommunar og andre berørte interesser. Samansetninga av slike råd varierer noko frå område til område, men dei spelar alle ei viktig rolle som rådgivande organ, diskusjonspart og bindeledd mellom fylkesmannen og lokalsamfunnet. Eksempelvis kan nemnast at i Jostedalsbreen og Jotunheimen nasjonalparkar var det fram til 1998 statlege (under Statskog SF), men lokalt plasserte nasjonalparkforvaltarar. Desse fungerte som forvaltningsstyresmakt på vegne av staten, men med betydeleg lokal medverknad i arbeidet. For Jotunheimen er det for kvar kommune som har areal i nasjonalparken med tilhøyrande landskapsvernområde, oppretta eit rådgivande tilsynsutval. Utvala er statlege, men valt av kommunane og gir bl.a. råd til forvaltningsstyresmakta i dei fleste enkeltsaker som blir behandla etter verneforskrifta. I Trollheimen landskapsvernområde var det i same periode ein lokalt plassert person, tilsett av fylkesmennene, som i praksis fungerte som ein verneområdeforvaltar. Eit samarbeidsutval for Trollheimen, med representantar frå kommunane og dei to fylkeskommunane, er framleis aktivt i forvaltninga av dette området.
Forvaltninga av Lierne nasjonalpark skjer gjennom sterk lokal medverknad av eit lokalt samansett nasjonalparkråd. Myndet er delt mellom kommunen, reindriftsforvaltninga og fylkesmannen. I Reinheimen nasjonalpark med tilgrensande landskapsvernområde er kvar kommune delegert forvaltningsmynde for sine delar av områda, og det er etablert eit rådgivande utval. Det var føresetnaden at det skulle etablerast gode samarbeidsmodellar og rutinar som vil sikre ei heilskapleg forvaltning og likebehandling i heile området. Ordninga er midlertidig i påvente av vedtak om ny forvaltningsmodell på bakgrunn av vurderinga og evalueringa av dei fire forsøksområda. Hardangervidda nasjonalpark som omfattar 8 kommunar i 3 fylke, har sidan opprettinga i 1981 hatt ein forvaltningsmodell der delar av myndeområdet er delegert til statlege tilsynsutval beståande av kommunalt folkevalte medlemmer. Tilsynsutvala var inntil 1997 kommunevise, men i eit forsøk på å få ei meir heilskapleg forvaltning vart desse då gjort om til fylkesvise tilsynsutval. Forvaltningsmyndet for Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat er delegert til eit forvaltningsstyre oppnemnt av Direktoratet for naturforvaltning. Kommunane har foreslått kandidatar til styret. Det er oppretta ei interkommunal stilling som tek seg av sekretariatsfunksjonen for forvaltningsstyret.
For å trekkje kommunane sterkare inn i arbeidet med å forvalte verneområda, opna Miljøverndepartementet i 1998 for kommunal forvaltning av naturreservat, landskapsvernområde, naturminne og biotopvernområde. Alle kommunane i landet fekk tilbod om å søkje om å overta forvaltningsansvar for denne typen verneområde. Ein føresetnad for å bli tildelt mynde var at kommunen hadde tilgjengeleg naturfagleg kompetanse og kapasitet til å arbeide med slike saker. Unnateke frå dette tilbodet har vore nasjonalparkane og våtmarksområde med internasjonal betyding (Ramsarområde). Omkring 70 kommunar takka ja til tilbodet. Av desse kommunane er 27 involvert i forsøka med lokal forvaltning av nasjonalparkar og større landskapsvernområde. Det har vore størst interesse for kommunal forvaltningsmynde for nye store verneområde. Enkelte kommunar som har hatt forvaltningsmynde for små verneområde har fråsagt seg myndet, og det er no tilbakeført til fylkesmannen.
Riksrevisjonens rapport m.m.
Behovet for eistyrkt forvaltning av verneområda er påpeikt både av Riksrevisjonen i 2006 og i ei ekstern evaluering av Noregs politikk for ei berekraftig utvikling frå 2007. Riksrevisjonens Dokument nr. 3:12 (2005-2006): Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes arbeid med kartlegging og overvåking av biologisk mangfold og forvaltning av verneområder viser at delen av verneområde som er truga, har auka. Mangel på skjøtsel og forvaltning fører til at verneverdiane ikkje blir haldne ved lag i samsvar med verneformålet. Det vart avdekt eit behov for å utarbeide nye, og betre kvaliteten på eksisterande forvaltnings- og skjøtselsplanar. I tillegg viser Riksrevisjonens undersøkingar av nokre enkeltområde at forvaltningsplanane i fleire tilfelle er lite målretta eller treffsikre i forhold til skjøtselsbehova. Den eksterne rapporten «Peer-review av Norges politik för hållbar utveckling», datert 20.mars 2007, som vart utarbeidd på oppdrag frå Finansdepartementet, peiker bl.a. på behovet for sterkare verkemiddel i arbeidet med bevaring av biologisk mangfald.
Undersøkelser viser at verneverdiane i 1996 var truga i 18 pst. av verneområda (Direktoratet for naturforvaltning 1996). I Riksrevisjonen si undersøking frå 2006 var denne delen 30 pst. I 2008 viste Direktoratet for naturforvaltning si kartlegging av tiltaks- og planbehovet i verneområda at verneverdiane etter fylkesmannen sitt syn er truga i 38 pst. av verneområda. Den viktigaste faktoren for aukinga kan tilskrivast eit betre datagrunnlag/betre kunnskap. For område som er verna etter 1.1. 2007 vurderast verneverdiane i 16 pst. av områda som trua, slik at aukinga ikkje kan tilskrives vern av nye område der verneverdiane allereie på vernetidspunktet vurderast som trua. Verneverdiane er truga i første rekkje på grunn av aukande gjengroing, introduserte arter og at det er verna mange område som er avhengig av skjøtsel. Samtidig er forstyrringar i verneområda ein av dei aller største truslane. Næringssvikt er ein trussel for mange sjøfuglreservat (trussel utafor verneområdet). Naturtypar som er truga er først og fremst kulturlandskapstypar, ferskvatn, våtmark, edellauvskog og andre skogtypar.
Direktoratet for naturforvaltning gjennomførte hausten 2008 ei kunnskapsinnhenting frå alle fylkesmenn og andre med forvaltningsmyndigheit om status i verneområda og behov for tiltaks- og forvaltningsplaner. Tilbakemeldingane viser at i underkant av 390 verneområde har forvaltningsplan i dag. Ca 100 nye forvaltningsplaner vil bli ferdigstilt i løpet av 2009. Ved utgangen av 2009 vil det gjenstå behov for å utarbeide ca 870 forvaltningsplanar i verneområda
Evaluering av forsøka med lokal forvaltning i fire store verneområde
I Innst. S. nr. 124 (1992-93) frå kommunal- og miljøkomiteen om ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge bad komiteens fleirtal departementet om å komme tilbake til Stortinget med endeleg forslag til folkevalt medverknad og medbestemming. Ved behandlinga av Ot. prp. nr. 30 (1995-96) Om lov om statlig naturoppsyn vart dette følgt opp, jf. Innst. O. nr. 64 (1995-96). Som ei følgje av dette vart fire forsøk sette i gang: Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane frå 2001, Forollhogna og Dovrefjell-Sunndalsfjella frå 2003 og Blåfjella-Skjækerfjella frå 2006.
I Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og i Forollhogna har kvar kommune hatt forvaltningsansvaret for sine delar av verneområda. Begge stader vart det etablert interkommunale rådgivande utval beståande av politikarar, i all hovudsak ordførarar. I tillegg har administrativt tilsette i kommunane hatt eit nettverksforum/fagutval. Den største forskjellen i organiseringa av desse to forsøka har vore at Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane gjennom heile perioden har hatt ein heiltids tilsett sekretariatsleiar med støtte av eit arbeidsutval, mens det i Forollhogna berre har vore ein deltidstilsett sekretariatsleiar.
I Blåfjella-Skjækerfjella er forvaltningsmyndet delt mellom kommunane, reindriftsadministrasjonen og fylkesmannen. Dei føresegnene i verneforskrifta som gjeld reindrifta er forvalta av reindriftsadministrasjonen, forvaltninga av føresegner som kan opne for irreversible inngrep, (f. eks. nye bygningar), og den generelle unntaksføresegna er lagt til fylkesmannen. Dei resterande føresegnene er forvalta av kommunane. Det rådgivande utvalet i dette området er samansett av eit breitt spekter av berørte interesser og rettshavarar i tillegg til kommunane. Også her har kommunane eit administrativt fagforum.
Dovrefjell-Sunndalsfjella skil seg frå dei andre forsøksområda ved at forvaltningsmyndet for nasjonalparken er lagt til Dovrefjellrådet med medlemmer frå både kommunar og fylkeskommunar. Eit arbeidsutval og eit sekretariat med heiltids sekretariatsleiar har stått for den daglege drifta støtta av eit administrativt fagutval. Det same Dovrefjellrådet er i tillegg rådgivande for forvaltninga av dei omkringliggjande kommunalt forvalta verneområda.
Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) har evaluert to av dei fire forsøka og samanstilt evalueringa for alle fire. Evalueringa gir ikkje grunnlag for noko eintydig svar verken på spørsmålet om lokal eller statleg forvaltning av verneområde, eller om kva slag forvaltningsmodell som eventuelt bør veljast ved lokal forvaltning. NIBR gjer likevel ei samanlikning av forsøka og drøftar funna som er gjort.
Forvaltninga sett i forhold til verneformålet
NIBRs hovudkonklusjon er at lokale forvaltningsstyresmakter i hovudsak tek vare på dei formelle krava og oppgåvene som ligg til ei forvaltningsstyresmakt. Dei behandlar dei sakene dei skal, og dei har utarbeidd forvaltningsplanar som er stadfesta av Direktoratet for naturforvaltning. Det er gjennomført informasjonstiltak, og dei fleste kommunane har tilpassa seg rammer og felles retningslinjer for vernet, inkludert vedtekne forvaltningsplanar, og dei forvaltar områda i tråd med dette. Evalueringa viser at forvaltningsplanane er liberale og vektlegg brukaromsyn meir enn dei verdiane som faktisk er årsaka til at vernet er vedteke. Mange kommunar prioriterer i tillegg grunneigar- og utmarksinteresser og reiselivsnæringa sine interesser vesentleg høgare enn det som er vanleg i verneområde. Dette har i nokre kommunar gitt seg utslag i for mange og for liberale dispensasjonar frå byggje- og motorferdselforbodet. Det finst òg eksempel på vedtak som går ut over rammene for forskrifta. Gjentekne brot på verneforskrifta og akkumuleringa av mange enkeltvise og kvar for seg uproblematiske dispensasjonar bidrar i nokre kommunar til ein «bit for bit»-reduksjon av verneverdiane som er uheldig med tanke på å sikre verneformåla i eit langsiktig perspektiv.
Kompetanse, saksbehandling, dokumentasjon og skjøtsel
Enkelte kommunar innfrir ikkje krav om naturvitskapleg kompetanse. Forvaltningsstyresmaktene gjennomfører ei effektiv saksbehandling og saksbehandlingstida er kort i alle områda, men det er òg døme på utilstrekkeleg saksbehandling. Det er òg enkeltkommunar som ikkje følgjer opp dei oppgåver og krav som ligg til ei styresmakt, bl.a. når det gjeld gjennomført dokumentasjon, skjøtselstiltak og rapportering. Det er betydelege kostnader knytt til koordinering på tvers av kommunane og utvikling av felles strategiar og praksis. Kommunal forvaltning er slik sett meir ressurskrevjande enn det fylkesmannens forvaltning er.
Forankring i kommunane og forholdet til andre brukarinteresser
Verneområdeforvaltninga har bidrege til betydeleg lokalpolitisk engasjement. Dette er i stor grad retta mot å sikre lokale bruks- og næringsinteresser og å utvikle ein politikk for bruk og vern av områda. Kommunane har i avgrensa grad gitt høve til reell deltaking frå alle berørte partar og andre offentlege styresmakter i forvaltninga. Kritikken mot statleg verneforvaltning for mangel på reell deltaking frå berørte grupper kan dermed òg rettast mot kommunal forvaltning. Særleg bekymringsfult er ei manglande ivaretaking av lokale mindretalsinteresser. Lokal forvaltning har heller ikkje ført til auka oppslutning om naturvern frå lokalpolitikarar og leiarar av lokale foreiningar og lag. Derimot sluttar eit stort fleirtal av desse opp om den lokale forvaltninga.
Det interkommunale samarbeidet
Forvaltningsmodellane er noko forskjellige med omsyn til kor formalisert samarbeidet er mellom kommunane, kor mykje mynde som er delegert til kommunane og kva slag formelle deltakarrettar berørte grupper og andre offentlege styresmakter har. Desse skilnadene kan likevel berre i beskjeden grad forklare variasjonar i lokal praksis, ein variasjon som i noko grad er like framtredande innanfor kvart område som mellom områda. Delegering av forvaltningsansvar for større verneområde til kommunane føreset eit sterkt interkommunalt samarbeid som kan leggje tydelege rammer for lokale styresmakter. Interkommunalt samarbeid har likevel nokre generelle utfordringar knytte bl.a. til ansvarsdeling, forpliktande oppfølging, politisk engasjement og styring og innsyn og deltaking frå berørte si side, som bør takast langt meir alvorleg enn det som til no er gjort innafor forsøket. Modellen som er valt i Dovrefjell inneber et forpliktande interkommunalt samarbeid som bidrar til ein meir likearta praksis i heile verneområdet enn det som er tifelle i dei andre områda. Forsøket har blitt eit forsøk med sterkt lokalpolitisk engasjement.
Uklare statlige mål
NIBR meiner at fleirtydige statlege mål for forvaltninga av naturvernområde har gitt uklare rammer for forsøket. Dette har gitt lokalpolitikarane eit betydeleg handlingsrom som dei har brukt til å utvikle ei lokalt basert verneforvaltning. Evalueringa avdekkjer behov for at staten må tydeleggjere desse rammevilkåra for lokal forvaltning og avklare arbeidsdelinga mellom ulike forvaltingsaktørar. I den forbindelsen uttaler NIBR at ein formalisert dialog mellom lokale styresmakter og staten kan vere nyttig.
Høve til sanksjonar
Det er mangel på høve til sanksjonar overfor dei kommunane som ikkje følgjer dei rammene som er gitt ei lokal styresmakt. Ikkje bindande interkommunalt samarbeid gir ikkje tilstrekklege forpliktingar til oppfølging frå enkeltkommunar. Heller ikkje staten har hatt høve til å sanksjonere overfor desse kommunane på ein effektiv måte. Det er mangel på lokal kompetanse og system for statleg rettleiing, dokumentasjon og kontroll.
Internasjonal avtaler m.m.
FNs konvensjon om biologisk mangfald (CBD)
FNs konvensjon om biologisk mangfald (CBD) forpliktar medlemslanda til å utvikle nasjonale strategiar og handlingsplanar for å sikre det biologiske mangfaldet på tvers av grenser og sektorar. Konvensjonen blir utvikla vidare gjennom etablering av arbeidsprogram, retningslinjer og utvikling av juridisk bindande protokollar. Arbeidsprogrammet for verneområde forpliktar Noreg til å bidra til den globale sikringa av verneområde av betydning for det biologiske mangfaldet. Programmet har bl.a. stort fokus på behovet for ei meir kunnskapsbasert forvaltning av verneområda.
Konvensjonen om vern av våtmarksområder av internasjonal betydning, Ramsarkonvensjonen
Den globale Ramsarkonvensjonen har som formål å beskytte våtmarker gjennom vern og bærekraftig bruk. Alle områder som er av internasjonal betydning for vannfugler, skal beskyttes. Landene forplikter seg til å sikre at områdenes kvaliteter ikke blir forringet i forbindelse med bruk.
ILO-Konvensjonen nr. 169
ILO-Konvensjonen nr. 169 forpliktar Noreg til å sikre samisk deltaking ved bruk, forvaltning og bevaring av naturressursane i samiske område. I FNs erklæring om urfolk sine rettar, som i seg sjølv ikkje er eit rettsleg bindande dokument, er samane sin rett til sjølvbestemming anerkjent. Urfolk har òg rett til bevaring og vern av miljøet og til dei høve til utbytte som knyter seg til deira landområde eller territorium og ressursar. Det følgjer òg av CBDs arbeidsprogram om områdevern at det skal vere ei effektiv samisk deltaking i forvaltninga av verneområda. Arbeidet med verneplanar i samiske område skjer i tråd med konsultasjonsavtala mellom statlege styresmakter og Sametinget fastsett i kgl. res. 1. juli 2005 og ei eiga avtale mellom Miljøverndepartementet og Sametinget med retningsliner for dette arbeidet. Ei ny forvaltningsordning skal derfor òg sikre tilstrekkeleg samisk deltaking i alle typar verneområde som berører samiske interesser. Graden av innflytelse i forvaltningsorganet vil vere avhengig av kor viktig området er for samisk kultur. Det må òg vurderast kor pressa samisk kultur er i det aktuelle området. I område der samisk kultur er under sterkt press er behovet for samisk innflytelse over avgjerdene som kan påverke samisk kultur, større.
Føresetnader for styrka forvaltning av verneområda
Med utgangspunkt i Riksrevisjonens rapport, NIBRs evaluering og innspel departementet har motteke gjennom høyringsmøte bl.a. med Kommunanes sentralforbund, Utmarkskommunanes samanslutning, nærings-, grunneigar-, natur- og friluftsorganisasjonar m.fl., meiner Regjeringa at det innafor nokre overordna rammer kan utviklast forvaltningsmodellar for nasjonalparkar og andre store verneområde/samanhengande verneområde og for enkeltståande små verneområde. Målet er i størst mogleg grad å tilpasse forvaltninga av verneområda til nokre rammemodellar, som vil bidra til å oppnå ei einskapleg og mest mogleg kostnadseffektiv forvaltning av verneområda på nasjonalt nivå.
Områdevern er eit sentralt verkemiddel i miljøpolitikken, både nasjonalt og internasjonalt. Verneområda er ein viktig berebjelke for å bidra til det internasjonale og nasjonale målet om å stanse tapet av biologisk mangfald. Det er bl.a. eit viktig verkemiddel for å sikre truga og sårbare naturtypar og arter. Staten har derfor eit overordna ansvar for områdevernet.
Behovet for å styrke forvaltninga av verneområde er påpekt av Riksrevisjonen og ei ekstern evaluering av norsk politikk for ein berekraftig utvikling i 2007. Det er bl.a. påpekt at mangel på skjøtsel og forvaltning fører til at verneverdiane er trua. I NIBRs evaluering er det bl.a. pekt på at enkelte kommunar ikkje innfrir krav om naturvitskapleg kompetanse og at det i nokre kommunar er gitt for mange og for liberale dispensasjonar. Det finst òg eksempel på vedtak som går ut over rammene for verneforskrifta. Også mangel på sanksjoner overfor kommunar som ikkje følgjar dei rammene som er gitt av staten påpekast i NIBRs rapport. Regjeringa vil følgje opp dette gjennom å etablere ein ny forvaltningsmodell for verneområde etter naturmangfaldlova. Behovet for ei styrka forvaltning følgjer og av FNs konvensjon om biologisk mangfald. Ein ny forvaltningsmodell skal bygge på følgjande føresetnader:
Lokal forvaltning
Lokalsamfunnets medverknad er fundamentet i eit godt fungerande demokrati. Det er også ønskjeleg å ha lokale folkevalde organ knytt til delar av statleg forvaltning i saker som er klart statlege, men som likevel blir best løyst ved kjennskap til lokale forhold. Forvaltning av verneområde er ei slik oppgåve der lokal kunnskap og erfaring kan bidra positivt. Lokal kunnskap erverva gjennom generasjonar sin bruk av natur vil og kunne bidra til å styrke forvaltninga av verneområda. Nærleik, identitet, tilhøyre og auka demokrati vil både på kort og lang sikt gi ein plussverdi i forvaltninga av områda. Det er naudsynt å få til eit auka lokalt eigarskap til verneområda. Forvaltninga av nasjonalparkar og andre store verneområde bør derfor forankrast lokalt. Samisk deltaking er ein føresetnad i dei områda det er aktuelt.
Einhetleg forvaltning
Rammene for vernet må vere eintydige, dvs. at føresegner, formål og restriksjonar må vere tydelege slik at forvaltninga blir føreseieleg. Naturmangfaldlova § 33 stiller meir presise krav til målformuleringane for områdevernet. Ei føreseieleg og lik forvaltning krev både fagleg og institusjonell kontinuitet. Det er også utarbeidet en ny dispensasjonsføresegn i naturmangfaldlova § 48 som skal sikre klarere grenser og rammer for dispensasjon for å unngå forskjellsbehandling i enkeltsaker av same karakter. Føresegnet skal også sikre at dispensasjonspraksis ikkje går ut over rammene i naturmangfaldlova og verneformålet i forskrifta slik at vernet ikkje blir godt nok teke vare på.
Ein effektiv, heilskapleg og føreseieleg forvaltning skal bl.a. sikrast gjennom utarbeiding av forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dette er bl.a. understreket i den nye naturmangfoldlova som stiller krav om forvaltningsplanar for alle dei store verneområda. Det er også krav om skjøtselsplanar etter ny naturmangfoldlov der bruk er ein føresetnad for å ivareta verneformålet eller der vernet krev aktive gjenopprettingstiltak.
Ein forvaltningsplan kan ikkje gi nye rettar og plikter ut over rammene i naturmangfaldlova og verneforskrifta. Planane kan gi retningslinjer for utøvinga av skjønn, men retningslinjene kan ikkje utformast i strid med naturmangfaldlova og verneforskriftene. Formålet med forvaltningsplanar er å unngå «tilfeldige» enkeltavgjerder som reduserer verneverdiane «bit for bit», og dei skal medverke til at forvaltningsstyresmaktene sin praksis blir føreseieleg for den enkelte brukaren. Forvaltningsplanar vil vanlegvis innehalde konkrete retningslinjer om dispensasjonsbehandling, bruk, vedlikehald, informasjon, skjøtsel, eventuelle tilretteleggingstiltak og saksbehandlingsreglar ved søknad om bestemte tiltak.
Ein skjøtselsplan vil i mange tilfelle inngå i ein meir omfattande forvaltningsplan. Den kan innehalde avtale med grunneigar og rettshavar om bruk av verneområdet, og den kan omfatte skjøtsels-, restaurerings- og istandsetjingstiltak som er nødvendige for å halde ved lag eller gjenopprette verneverdiar. Tiltak kan f.eks. vere fjerning av framande artar, slått, beiting, tiltak for å kanalisere ferdsel m.m.
Forvaltningsstyresmakta utarbeider forvaltnings- og skjøtselplan i nær dialog med lokale og regionale styresmakter, grunneigarar, rettshavarar og andre brukarar av verneområdet. Forvaltnings- og skjøtselsplaner skal godkjennast av Direktoratet for naturforvaltning.
For område med samiske interesser ligg konsultasjonsavtala med Sametinget og «Retningslinjene for saksbehandling for verne- og forvaltningsplanarbeidet i samiske områder» fast.
Kunnskapsbasert forvaltning
Kunnskap må liggje til grunn for alt arbeid knytt til områdevern; både i prosessen ved oppretting av verneområde og i forvaltninga av etablerte verneområde. Kunnskap er ein føresetnad for gjennomføring av ei føreseieleg og effektiv forvaltning. Betydninga av kunnskapsbasert forvaltning er slått fast i den nye naturmangfaldlova § 8 der det m.a. går fram at alle offentlege avgjerder om naturmangfaldet så langt det er rimeleg skal byggje på vitskapeleg kunnskap om bestandssituasjonen for artar, utbreiing og økologiske tilstand for naturtypar, og effekten av påverknader. I § 8 er det òg lagt vekt på erfaringsbasert kunnskap, under dette samisk bruk, som kan bidra til berekraftig bruk og vern av naturmangfaldet. Behovet for kunnskap er òg understreka i innspela departementet har motteke i samband med vurderinga av ny forvaltningsordning for verneområda.
Forvaltninga må ivareta og byggje opp under verneformålet. Med grunnlag i at alt arbeid knytt til områdevern skal vere kunnskapsbasert, må det forankrast i eit samla og robust fagleg miljø med god natur- og forvaltningsfagleg kompetanse. Enkelte områdetypar krev dessutan spesiell naturfagleg spisskompetanse. Dette gjeld særleg dei mindre verneområda som naturreservat og biotopvernområde som ofte representerer sårbare og/eller sjeldne naturtypar og arter som krev spesialkompetanse for å kunne forvaltast på ein fagleg forsvarleg måte.
Rapporterings-, kontroll og sanksjonsordningar
Fordi forvaltning av verneområde handlar om oppfylling av nasjonale og internasjonale forpliktingar skal statlege styresmakter gripe inn dersom forvaltninga ikkje er i samsvar med naturmangfaldlova og formålet med vernet. Gode rapporterings- og kontrollrutinar må derfor etablerast saman med bl.a. effektive sanksjonsordningar. Fylkesmannen har derfor klagerett på vedtak fatta etter naturmangfaldlova, jf. § 62. Denne paragrafen gir staten heimel til å instruere nasjonalparkstyret/verneområdestyret, og eventuelt trekkje delegert mynde tilbake dersom forvaltninga ikkje skjer i samsvar med nasjonale mål og internasjonale forpliktingar.
Ny forvaltningsmodell for verneområde
Forvaltning av store verneområde og verneområde i samanheng
For nasjonalparkar, andre store verneområde og samanhengande verneområde skal forvaltning skje gjennom eit interkommunalt nasjonalparkstyre/verneområdestyre, heretter omtalt som styret. Styret skal syte for ei heilskapleg samla forvaltning av verneområdet/verneområda på tvers av administrative grenser innafor ramma av naturmangfaldlova og verneforskrifta. Eit styre kan ha ansvaret for fleire geografisk nærliggjande store verneområde. Styret etablerast etter naturmangfoldlova § 62, andre ledd tredje punktum.
Ein føresetnad for å delegere forvaltningsmynde til eit styre, er at eit fleirtal av dei berørte kommunane ønskjer det. Dersom eit fleirtal av kommunane ikkje ønskjer lokal forvaltning, skal fylkesmannen vere forvaltningsstyresmakt.
Styret veljast av kommunestyra og bør primært bestå av ordførarar, eller andre folkevalde i kommunen. I tillegg blir det oppnemnt politisk(e) representant(ar) for den/dei aktuelle fylkeskommunane, oppnemnde av fylkestinget. I område med samiske interesser skal i tillegg Sametinget oppnemne representant(ar). Graden av samisk representasjon blir vurdert ut i frå området sin betydning for samisk kultur og næringsutøving. Det kan opnast for lokale tilpassingar dersom særskilte høve ligg til grunn. Dette må vurderast i kvart einskild høve når styrene skal etablerast.
Styret skal samarbeide med andre berørte partar gjennom eit fagleg rådgjevande utval, jf omtale under.
Sekretariatet for styret leggjast til ein nasjonalparkforvaltar/verneområdeforvaltar, heretter kalt forvalter. Denne skal sikre god kontakt med og kunnskap om lokalmiljøet. Forvaltaren blir tilsett av fylkesmannen, men er underlagt styret i forhold knytt til verneområdeforvaltninga. Det er føresett god dialog mellom fylkesmannen og styret i tilsetjingsprosessen. For å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning skal forvaltaren vere ein del av – og kunne nytte – det samla kompetansemiljøet hos fylkesmannen. Forvaltaren skal ha god naturfagleg kompetanse og skal leggje opp til at forvaltninga skjer i samsvar med internasjonale plikter, naturmangfaldlova og verneforskrifta. Kunnskap om bl.a. samisk kultur er derfor viktig i dei områda det er relevant. Tilrådingane forvaltaren legg fram for styret må liggje innanfor ramma av naturmangfaldlova og verneforskrifta. Forvaltaren skal bidra til einskapleg forvaltningspraksis uavhengig av administrative grenser og må ha god kontakt med alle berørte kommunar.
Det byggast opp lokale/regionale faglege fellesskap knytt til nasjonalparksentre/andre typer naturinfosentre hvor forvaltaren samlokaliserast med andre fagpersonar tilknytta verneområdet, t.d. personell fra Statens naturoppsyn, naturrettleiarar, personar med kulturhistorisk fagbakgrunn m.m. Fjellstyra kan òg vere aktuelle partnarar i eit slikt fagleg fellesskap. Ei fagleg samlokalisering vil legge grunnlag for ei kunnskapsbasert forvaltning og vil bidra til utvikling av viktige kompetansemiljø i lokalsamfunna.
Ved å utvikle nasjonalparksentra til viktige knutepunkt for naturformidling vil òg fleire av sentra kunne ha ei viktig rolle i samband med verdiskapingsprogrammet for naturarven.
I nokre område kan det òg opprettast eit administrativt fag-/kontaktutval beståande av representantar frå dei ulike kommunane for å formalisere forvaltaren sin administrative kontakt mot kommunane og samordning i forhold til kommunal forvaltning elles. Dette kan bl.a. vere viktig for å etablere kunnskap om forvaltninga også i kommuneadministrasjonen og bidra til lokalkunnskap i forvaltaren sin innstilling til styret.
Forvaltning av nasjonalparkar og andre store verneområde krev samhandling mellom mange aktørar. Det må derfor leggjast til rette for eit godt samarbeid mellom forvaltningsstyresmakta, offentlege organ, grunneigarar, næringsliv, frivillige organisasjonar, bl.a. natur- og miljøorganisasjonar, samiske interesser der det er relevant. osv. Berørte interesser bør derfor sitje i eit fagleg rådgivande utval oppnemnt av styret. Fagleg rådgivande utval bør ha minst årlege dialogmøte med styret og med forvaltaren.
Slike nettverk kan òg vere ein styrke for den lokale forankringa. Ein får ein meir direkte medverknad frå dei aktørane eller befolkningsgruppene som har kompetanse og interesser innafor det området nettverket omfattar. Det kan òg gi meir effektive løysingar og få i gang prosessar som kjem lokalsamfunnet til gode. Faste dialogmøte mellom berørte partar og brukarinteresser vil sikre at alle berørte blir trekte med i forvaltninga.
Forvaltning av små verneområde
Små verneområde, som oftast naturreservat og biotopvernområde, ofte kjenneteikna av at dei representerer sårbare og/eller spesielle naturtypar og arter. Slike område er ofte avgjerande for å kunne ta vare på og verne utrydningstruga arter og naturtypar og krev naturfagleg spisskompetanse for å sikre ei fagleg forsvarleg forvaltning. Denne typen verneområde har dei strengaste verneforskriftene og det lokalpolitiske handlingsrommet er dermed minimalt. Dei kommunar som ønskjer det skal også i desse område kunne overta forvaltningsansvaret. Føresetnader som må liggje til grunn er at:
Kommunen kan dokumentere at den har eit godt fagleg miljø med god natur- og forvaltningsfagleg kompetanse.
Kommunen må sjølv ha tilstrekkeleg med ressursar for å sikre eit effektivt og fagleg forsvarleg forvaltningsmiljø, også i forhold til krava i forvaltningslova.
Det er god dialog med fylkesmannen for å bidra til likebehandling i enkeltsaker forhold til andre tilsvarande verneområde.
Gode rapporterings- og kontrollrutinar med effektive sanksjonsordningar dersom forvaltninga ikkje skjer i samsvar med intensjonane.
Det må etablerast gode samarbeidsrutinar med grunneigarar, brukargrupper og organisasjonar. I samiske område må det etablerast samarbeidsrutinar både med Sametinget og samiske brukarorganisasjonar.
Det må vurderast om det vil vere føremålstenleg å etablere samarbeidsutval for å formalisere samarbeidet mot kommunar, grunneigarar, bruksrettshavarar og organisasjonar. Dette vil vere mest aktuelt i område med mange brukarinteresser.
Dersom kommunen ikkje ønskjer å ha forvaltningsmyndet, blir det lagt til fylkesmannen.
Forvaltning av små verneområde som inngår i ein samanheng av fleire større verneområde
Små verneområde som utgjer ein samanhengande del av fleire større verneområde, er forvalta tilsvarande dei store verneområda. Dersom verneområdet ligg i ein av kommunane som er representert i styret, bør denne kommunen ha forvaltningsmyndet, men aktuelle saker blir førebudde gjennom forvaltaren, tilsvarande som for dei andre verneområda.
Forvaltning av verneområde med internasjonal status
For verneområde med internasjonal status, dvs. pr. i dag i hovudsak Ramsarområde og verdsarvområde, har nasjonalstaten eit særleg ansvar for at verneverdiane blir haldne ved lag i tråd med internasjonale mål og kriterium. Det må derfor vere tydeleg nasjonal styring av forvaltninga av denne type område.
Ramsarområda er område som er verna i medhald av naturvernlova/naturmangfaldlova. Verdsarvområda kan omfatte område verna både etter naturvernlova/naturmangfaldlova, kulturminnelova og regulert etter føresegner i plan- og bygningslova. Ramsarsekretariatet kan føre område opp på ei eiga liste (the Montreux record) dersom verneverdiane som ligg til grunn for statusen som Ramsarområde står i fare for å bli forringa eller øydelagde. UNESCO-sekretariatet kan oppheve verdsarvstatusen dersom verneverdiane ikkje blir tekne vare på som føresett. Både oppføring på Ramsarkonvensjonens liste eller oppheving av verdsarvstatus vil gi Noreg som miljønasjon eit negativt omdømme internasjonalt.
Ramsarområda er hovudsakleg naturreservat som er sårbare område med særlege naturfaglege kvalitetar der forvaltninga krev biologisk spisskompetanse. Både av omsyn til behovet for spisskompetanse og nasjonalstatens ansvar og forpliktingar i forhold til internasjonale verneverdiar, bør fylkesmannen ha forvaltningsmyndet for Ramsarområda. Det er likevel viktig at også desse verneområda blir forankra lokalt, og at det blir etablert gode samarbeidsordningar med berørte partar. Tilsvarande som for andre mindre verneområde kan det derfor vere aktuelt å etablere samarbeidsutval for å formalisere samarbeidet mot kommunar, grunneigarar og organisasjonar.
Verdsarvområda er oftast av ein viss geografisk utstrekning, (f.eks. Geiranger og Nærøyfjorden). Nasjonalstaten har eit særleg ansvar for verdsarvområda, bl.a. gjennom rapporteringsansvaret til UNESCO-sekretariatet. Samtidig som nasjonale og internasjonale forpliktingar må takast vare på, er det viktig at verdsarvområda blir forankra lokalt. Det kan derfor vere føremålstenleg å vurdere forvaltningsmodellar for dei delane av verdsarvområda som er verna i medhald av naturvernlova/naturmangfaldlova, tilsvarande som for dei store verneområda. Dersom fleirtalet av berørte kommunar ønskjer å ha forvaltningsmyndet for denne type område, kan dette organiserast gjennom å opprette eit interkommunalt styre som myndeutøvar, ein statleg tilsett forvaltar, eventuelt med eit administrativt arbeidsutval, og eit fagleg rådgivande utval, tilsvarande som for andre store verneområde og verneområde i samanheng.
Klagebehandling og høve til sanksjonar
Miljøverndepartementet vil vere klageinstans for vedtak fatta av styret, men slik at klagesaken førebuast av Direktoratet for naturforvaltning. Fylkesmannen har klagerett på vedtak fatta etter naturmangfaldlova, jf. § 62. Det følgjer av dette at fylkesmannen dermed òg har klagerett på vedtak fatta av styret.
Fordi forvaltning av verneområde handlar om å oppfylle nasjonale og internasjonale forpliktingar skal statlege styresmakter gripe inn dersom forvaltninga ikkje er i samsvar med naturmangfaldlova og formålet med vernet. Dette kan gjerast ved at staten instruerer styret og ved at delegert mynde eventuelt blir trekt tilbake.
Iverksetting og framdrift
Departementet har som mål å få etablert den nye forvaltningsmodellen i løpet av 2010. Det inneberer først og fremst at styrer blir oppretta for alle dei verneområda som etter kriteriene foran skal forvaltast etter denne modellen. Prioritet vil bli gitt til dei områda som har vore med i forsøksordning og dei seinest etablerte nasjonalparkane. For enkelte av nasjonalparkane vil det bli vurdert å vidareføre den særskilte forvaltningsordninga som er etablert, f.eks. for Hardangervidda nasjonalpark. Departementet legger også opp til ei rask oppbygging av sekretariatsordningane for dei nye nasjonalparkstyrene/verneområdestyrene. Tilsetting av forvaltarar hos fylkesmennene vil skje i nært samarbeid med styrene. Eksisterande forvaltningsordninger, herunder sekretariatsordninger i områdeforvaltninga, vil bli tilpassa den nye modellen.
Finansiering av etablering av ordninga i 2010 skjer gjennom løyvingane under kap. 1427 post 01 og 21 som er auka med 14,5 mill. kroner til dette formålet. Når ordninga er etablert, vil løyvingane til verneområdeforvaltere bli overført til kap. 1510 Fylkesmennene som øremerka midlar, mens driftsløyvingane til styrene fortsatt skal sortere under Miljøverndepartementet over budsjettet til Direktoratet for naturforvaltning.
Der forholda ligg til rette for det, vil nye og eksisterande forvaltarstillinger bli plassert i lokale kompetansesentre, f.eks. i nasjonalparksentre eller andre informasjonssentre. Dersom dette ikkje er mogleg, vil fylkesmannens administrasjon normalt være kontorsted for forvaltarane. Det vil bli foretatt ein gjennomgang av statens avtaleforhold med slike sentre med sikte på å oppnå langsiktige synergieffekter i det samla naturforvaltningsarbeidet i dei aktuelle regionane.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot dei fleste resultatområda, men først og fremst resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv med sine underområde og dernest resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette. Den dekkjer òg ulike driftsutgifter i form av husleige, IT-utgifter, informasjon, innan- og utanlandsreiser og internasjonalt arbeid i Direktoratet for naturforvaltning. For ei utgreiing av kva slags føremål løyvinga dekkjer, viser vi til omtala under «Direktoratet for naturforvaltnings rolle og oppgåver» i innleiinga til dette budsjettkapitlet. Utover tekniske endringar grunna kompensasjon for lønnsoppgjeret 2009 og auke som følgje av prisjustering av motsvarande inntektsløyving på knapt ein mill. kroner, er posten styrkt med om lag 5 mill. kroner. Dette er naudsynt for å gjere direktoratet i stand til å ivareta sine basisoppgåver.
Til styrkt forvaltning av verneområde er det lagt inn 6,5 mill. kroner, blant anna til nye områdeforvaltarar som mellombels vert lønna over denne posten.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda med unnatak for resultatområde 6. Mest midlar går til oppgåver innafor resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv med størst ressursbruk på underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar.
Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som direktoratet utfører, og utgifter som er knytte til inntekter over kap. 4427. Posten er auka med 30 mill. kroner i høve til 2009-budsjettet. Til lokal forvaltning av nasjonalparkar og verneområde er det lagt inn ein auke på 10 mill. kroner, jf. framstillinga av ny forvaltningsmodell ovanfor. Til utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar for truga arter aukar løyvinga med 12 mill. kroner. Til førebuing av ordningar for prioriterte arter og utvalde naturtypar er det lagt inn 10 mill. kroner.
Artsprosjektet er styrkt med 5 mill. kroner. Det er lagt inn ei eingongsløyving på 7 mill. kroner til villaks i samband med ny utviding i oppdrettskapasiteten. Samstundes er 20 mill. kroner til villaksføremål tekne ut. Dette var ei eingongsløyving i 2009 på tildeling av nye oppdrettskonsesjonar, jf. St. prp nr 1, Tillegg nr 4 (2008-2009) frå Fiskeri- og kystdepartementet.
Til førebuing av den sjette internasjonale Trondheimskonferansen om naturmangfaldet i 2010, er posten styrkt med 2 mill. kroner. Til kap. 1427 post 21 er det flytta 4 mill. kroner til vassforvaltninga som tidlegare låg under kap. 1400 post 21. Frå kap. 1427 post 73 er det flytta 3 mill. kroner grunna auka utgifter til drift og sekretariat for rovviltnemndene.
Av posten skal 2 mill. kroner gå til markering av FNs internasjonale år for biologisk mangfald 2010 (Naturmangfaldåret 2010) og 1 mill. kroner går til prosjektet «Betaling for økosystemtenester». Posten dekkjer mykje av bevaringsarbeidet for villaksen med vekt på tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, midlar til oppfølging av strategi mot andre framande og skadelege arter, arbeidet med genmodifiserte organismar, og sikring av utvalde truga arter på den norske raudlista som til dømes bevaring av fjellreven. I samband med rovvilt dekkjer posten drift av nasjonalt fagråd for rovviltovervaking og møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene. Det er òg midlar til det statleg-kommunale kartleggingsarbeidet for naturens mangfald.
Posten dekkjer saksutgiftene i samband med skogvern, marin verneplan, tematiske verneplanar, nasjonalparkar, evaluering av eksisterande vern og innhenting av kunnskap om effekt av auka bruk i verneområde.
Vidare er direktoratets utgifter i samband med verdsarvområda finansierte frå posten, likeins oppfølging av norske forpliktingar i Ramsarkonvensjonen, norsk implementering av det europeiske verneområdenettverket Emerald Network, verneplan for vassdrag, og juridisk bistand til kommunar til arbeid med strandsona. Posten har òg midlar til heilskapleg forvaltning av norske havområde. Elles blir utgifter til internasjonale bistandsoppdrag, jegerprøveordninga og drifta av Kongsvold Fjeldstue og Songli forsøksgard dekte over posten.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 09 og post 54, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 4 Friluftsliv.
Regjeringa held fram arbeidet med å sikre nye friluftsområde. Særleg er det viktig at område i kystsona blir sikra. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar.
Staten har det økonomiske ansvaret for å sikre særskilte friluftsområde av nasjonal og regional verdi som f.eks. skjergardsparkar (jf. kap. 1426 post 32 Skjergardsparkar o.a.). Staten investerer i kommunal sikring av lokalt viktige friluftsområde i byar og tettstader gjennom bidrag til sikring mot tinglyst bandlegging av arealbruken til allment friluftsliv. Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak gjeld bygningar som anten skal rivast eller dei kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.
Sikringa blir gjennomført ved tileigning eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle ved ekspropriasjon eller ved vilkår til konsesjon. I tillegg til sikring av friluftsområde skal midlane dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene.
Investeringsmidlane blir utbetalte når Direktoratet for naturforvaltning har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at statens vilkår er oppfylte.
Posten er auka med 2 mill. kroner til oppfølging av markalova.
Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt på 80 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.
Det blir elles vist til nærare omtale under resultatområde 1 Naturens mangfald og friluftsliv, underområde 4 Friluftsliv.
Post 31 Tiltak i friluftsområde, kan overførast
Posten er retta mot resultatområde 1, underområde 4 friluftsliv.
Posten skal dekkje utgifter til ulike praktiske tiltak som følgjer av statleg tileigning av nasjonalt eller regionalt viktige friluftslivsområde, eller varige servituttavtaler for å sikre allmentas friluftsinteresser i slike område. I 2009 fekk denne posten eit ekstra løft på 35 mill. kroner til intensivert innsats for skjøtsel og tilretteleggingstiltak i friluftsområde gjennom Regjeringas tiltakspakke for sysselsetjing (jf. St.prp. nr 37 (2008-2009)). I høve til ordinært budsjett for 2009 er løyvinga auka med 2 mill. kroner.
Det blir elles vist til nærare omtale under resultatområde 1 Naturens mangfald og friluftsliv, underområde 4 Friluftsliv.
Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturvernlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.
Ut frå dei kostnadsoverslaga vi har i dag medfører dette behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 35,7 mill. kroner i 2010, jf. forslag til vedtak VII.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Naturens mangfald og friluftsliv, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.
Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn.
Forutan erstatning og vederlag skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.
Gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991-1992) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, vil følgje ei framdrift som sikrar at planen med eitt unnatak er sluttført i år 2010.
Posten for erstatningar for vern under nasjonalparkplanen, kap. 1427 post 34, aukar med 29 mill. kroner. Dette er ei følgje av at den nye naturmangfaldlova gir reglar for erstatning som betrar den erstatningsrettslege situasjonen for grunneigarar og rettshavarar.
Ut frå dagens kostnadsoverslag er det gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 245,2 mill. kroner i 2010, jf. forslag til vedtak VII. Dette er ein auke på 60,2 mill. kroner i høve til fullmakta for 2009 og skuldast oppjusterte erstatningsanslag som følgje av endra erstatningsreglar ved områdevern, jf Ot. prp. nr 52 (2008-2009).
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Naturens mangfald og friluftsliv, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.
Post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfoldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar, vederlagsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.
Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, informasjonstiltak, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a. Midlane vil òg dekkje gjennomføring og oppfølging av evalueringa av arbeidet med frivillig skogvern.
Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 140 mill. kroner jf. forslag til vedtak VII. Dette er ei auke på 100,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2009.
Tilsegnsfullmakta gir rom for nytt vern på statsgrunn for om lag 103 mill. kroner.
Det blir elles vist til nærare omtale av skogvernarbeidet under resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.
Post 49 Statlege tileigningar, kjøp av forsvarets eigedommar, kan overførast
Det vart i St.prp. nr. 65 (2004-2005) og i St.prp. nr 66 (2005-2006) løyvd midlar til kjøp av avhenda forsvarseigedommar for friluftslivsformål. Løyvingsforslaget for 2009 var knytt til dei siste utbetalingane for kjøp av forsvarseigedommar og posten er lagt ned i 2010-budsjettet.
Post 60 Tilskot til lokalt utviklingsfond
Tilskotsordninga under denne posten rettar seg mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.
I samband med Regjeringas avgjerd om utvida vern i Trillemarka-Rollagsfjell blir det etablert eit felles utviklingsfond for dei tre kommunane Rollag, Sigdal og Nore og Uvdal på 30 mill. kroner. Det er lagt opp til at løyvinga blir fordelt over fem år med eit årleg beløp på 6 mill. kroner. Dette er andre året med løyving. Eit styre samansett av ordførarane i dei tre kommunane og to representantar oppnemnd av Innovasjon Noreg i Buskerud forvaltar fondet.
Løyvinga er auka med 4 mill. kroner som skal nyttast til utvikling av naturbasert reiseliv i samband med Breheimen nasjonalpark.
Post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområda 1, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar, men er elles sterkt relaterte til underområde 4 Friluftsliv og resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft.
Mål
Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på naturmangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør og andre alvorlege menneskeskapte trugsmål. Vidare skal tilskotsordninga nyttast til å avdekkje behov for nye tiltak eller gi grunnlag for innsats som kan redusere behovet for kalking i Noreg. Kalkingsverksemda har i dei seinaste åra hatt eit nivå på om lag 3 000 lokale prosjekt og 22 elvekalkingsprosjekt.
Tilførsla av sur nedbør har blitt sterkt redusert dei seinaste åra, men den positive utviklinga har flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 10 pst. av arealet i Noreg forsuringsskadd. Dersom alle avtalte reduksjonar i luftutslepp blir oppfylte vil om lag 7 pst. av landet vere påverka i 2010, og etter dette og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen. Denne avtala er under revisjon.
Kriterium for måloppnåing
Hovudkriteriet for måloppnåing er at ein oppnår god vasskvalitet i dei områda som blir kalka.
Tildelingskriterium
Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. I tillegg vil bl.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurdert ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking for perioden 2004-2010, og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda blir prioriterte. Tilskot kan bl.a. bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det blir gitt tilskot til tiltak innan fiskekultivering og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag og til utprøving av kalking og alternative tiltak i terrenget. Posten dekkjer dessutan informasjon om effektar av utførte tiltak og vegleiing om kalking i vatn og vassdrag. Delar av tilskotsordninga er bundne i langsiktige tiltak.
Tilskotsmottakarar er organiserte lag som jeger- og fiskarforeiningar, fiskarlag, grunneigarlag o.l., og kommunar.
Ved tildeling av midlar skal det stillast vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a.
Tilskotsordninga blir forvalta dels av Direktoratet for naturforvaltning og dels av fylkesmennene.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i dei kalka vassdraga. Resultata er positive. Fiskebestandar er reetablerte og naturmangfaldet er sikra gjennom kalking. På Sørlandet har laksefisket hatt ei svært positiv utvikling i dei kalka elvane, og denne regionen er igjen blitt viktig for norsk villaks.
Post 71 Forvaltningstiltak i verdsarvområde, kan overførast
Posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde, men omfattar i tillegg resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne. Frå posten blir det gitt tilskot til arbeidet for norske verdsarvområde med viktige naturverdiar. Midlane må sjåast i samanheng med midlar til dei norske verdsarvområda under kap. 1429 post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Vegaøyan vart tekne inn på UNESCOs verdsarvliste i 2004. Det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart ført på lista i 2005.
Det er stort behov for forvaltningstiltak som kan oppretthalde dei verdiane som ligg til grunn for utpeikinga som verdsarvområde. Det er oppretta ei tverrdepartemental arbeidsgruppe for å sikre ein samordna og målretta bruk av statlege verkemiddel inn mot dei viktigaste utfordringane i verdsarvområda slik dei kjem fram i ein tiltaksplan kommunane har utarbeidd.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde med viktige naturverdiar.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus.
Tildelingskriterium
Midlane til verdsarvområde skal gå til å følgje opp forvaltinga av slike område i Noreg som har viktige naturverdiar. Mottakarar er i hovudsak organisasjonar som arbeider med oppfølging av verdsarvområda.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.
Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
72.1 | Erstatning for husdyr | 69 116 | 77 293 | 77 293 |
72.2 | Erstatning for tamrein | 35 639 | 39 602 | 39 602 |
Sum post 72 | 104 755 | 116 895 | 116 895 |
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Posten omfattar erstatningar for dokumenterte og udokumenterte tap av husdyr og tamrein som følgje av rovdyrangrep. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving.
Mål
Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i viltlova.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.
Tildelingskriterium
Erstatningar blir utbetalte i samsvar med forskrift fastsett i medhald av lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet, § 12 a. Ein viser til «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 2. juli 1999 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.
Oppfølging og kontroll
Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjonen av skadane er betra etter kvart som innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp. Det er Statens naturoppsyn som gjennomfører skadedokumentasjonen.
Post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast
Midlane er retta mot resultatområde 1, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga. Posten er redusert med 5 mill. kroner. Av dette er 3 mill. kroner omdisponerte til kap. 1427 post 21 grunna auka utgifter til drift og sekretariat (hos fylkesmennene) for rovviltnemndene.
Midlane på posten kan nyttast til utviklingsarbeid med klar relevans til målet med posten.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003-2004).
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane gjennom iverksetjing av effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak.
Tildelingskriterium
Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter eit eige regelverk. Det er utarbeidd ei eiga nettside for bl.a. å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengelege for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanaliserte gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber bl.a. at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltningsorgana, mellom anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår.
Oppfølging og kontroll
Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.
Post 74 Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 4 Friluftsliv. Midlane skal nyttast til arbeid med og konkrete tiltak til fremje av friluftslivet som utgangspunkt for gode helsevanar og miljøhaldningar. Innsatsen vil i første rekkje rettast inn mot barn, unge, funksjonshemma og etniske minoritetar.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv, med vekt på å styrkje allmenta sine interesser. Posten skal òg bidra til drifta av dei regionale nettverka Forum for natur og friluftsliv (FNF). Løyvinga vert auka med 3 mill. kroner som skal nyttast til å styrkje ordninga med FNF i fleire fylke.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, sjå tabell 6.1.
Tildelingskriterium
Tiltak som følgjer opp «Handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009» og rapporten «Friluftsliv for funksjonshemma» vil også i 2010 vere særleg aktuelle for tildeling av stimuleringsmidlar.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.
Post 75 Internasjonale avtaler og medlemskap
Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda som igjen står i nær relasjon til arbeidsmål under resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av naturens mangfald og berekraftig bruk av naturens ressursar, og å gjere Direktoratet for naturforvaltning og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimelig grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Direktoratet for naturforvaltning og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.
Tildelingskriterium
Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:
Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)
Conseil International de La Chasse (CIC)
International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)
Wetlands International (WI)
BirdLife International (BI)
Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)
Den norske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)
Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)
Posten skal dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske laksevernorganisasjonen North Atlantic Salmon Conservation Organisation (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.
Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Direktoratet for naturforvaltning kan ha av medlemskapen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.
Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Direktoratet for naturforvaltning på møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.
Post 76 Tilskot til informasjons- og kompetansesenter, kan overførast
Tilskotsordninga er hovudsakelig retta mot resultatområde 1, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar, og skal blant anna gå til drift av dei to informasjons- og kompetansesentra for villrein; eitt på Skinnarbu i Tinn kommune og eitt på Hjerkinn i Dovre kommune. Driftsutgifter knytte til dei statlege naturrettleiarstillingane ved sentra blir dekte over kap. 1426 post 01. Posten dekkjer òg tilskot til stiftelsen Kunnskapssenter for laks og vassmiljø i Namsos. Posten er auka med 4 mill. kroner til utvikling av fleire senter, blant anna eit RAMSAR-senter.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av to informasjons- og kompetansesenter for villrein. Informasjons- og kompetansesentra sin hovudfunksjon er å formidle kunnskap om villrein, dei livsvilkåra den har, krav til leveområde mv., og på denne måten medverke til ei god forvaltning av villreinen i Noreg. Midlane må sjåast i samanheng med midlar under kap. 1426 Statens naturoppsyn, post 01 Driftsutgifter til lønn og drift for statleg naturvegleiarpersonell som arbeider ved desse sentra.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing for informasjons- og kompetansesentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt til forprosjektering og etableringskostnader, drift, informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved sentra.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.
Post 77 Tilskot til nasjonalparksenter, kan overførast
Tilskotsordninga for nasjonalparksentra er i hovudsak retta mot resultatområda 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde, men er nært knytte til underområde 2 Berekraftig bruk av vern av arter, bestandar og genressursar og underområde 4 Friluftsliv. Løyvinga vil bli brukt til å sikre vidare utvikling og drift av desse. Nasjonalparksenter er viktige i arbeidet med å gi informasjon og rettleiing til dei som besøkjer nasjonalparkane, og dessutan for å spreie kunnskap og engasjement for norsk natur og friluftsliv generelt. Posten er i 2010-budsjettet auka med 5 mill. kroner. Dette skal gå til utbygging av fleire nasjonalparksenter, jf. at slike senter er aktuelle som knutepunkt for den nye forvaltningsmodellen for verneområde.
Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til nasjonalparksenter på 2 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter ved eksisterande og framtidige nasjonalparkar, jf. omtale under resultatområde 1. Nasjonalparksentra sin hovudfunksjon er å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av nasjonalparkane. Nasjonalparksenter er viktige i arbeidet med å gi informasjon og rettleiing til dei som besøkjer nasjonalparkane. Det vart i 2005 utarbeidd ein revidert strategi for statleg medverknad i nasjonalparksenter.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing for nasjonalparksentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar i samsvar med «Policy og retningslinjer for miljøforvaltningens samarbeid med nasjonalparksentrene» (Rapport 2005-1).
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli gitt til forprosjektering og etableringskostnader ved nasjonalparksenter og tiltak innan informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved eksisterande senter, under dette driftstilskot.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.
Post 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 4 Friluftsliv. Friluftsrådas Landsforbund (FL) er ein paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. FL vart oppretta i 1986, er i jamn vekst, og har i dag 19 tilslutta interkommunale friluftsråd som til saman dekkjer 170 kommunar med opp mot 2/3 av befolkninga i landet.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmentas interesser for og deltaking i friluftslivet gjennom det arbeidet som skjer i dei interkommunale friluftsråda.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir m.a. vurdert ut frå oppnådde resultat i dei interkommunale friluftsrådas arbeid med sikring, opparbeiding og skjøtsel av friluftsområde og tal på deltakarar i aktivitetsfremjande tiltak.
Tildelingskriterium
Tilskotsordninga har to formål. For det første skal ordninga gi grunnstøtte til FL (jf. at andre miljøvernorganisasjonar får grunnstøtte over kap. 1400 post 70) og dei interkommunale friluftsråda. Vidare er den retta mot praktiske friluftslivstiltak i deira regi. FL står for organisering av arbeidet med sikring, tilrettelegging og skjøtsel av friluftslivsområde på vegne av det offentlege.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar skjer ved gjennomgang av rapportar som blir leverte til fastsette tidspunkt. Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege møte med Friluftsrådas Landsforbund.
Post 79 Kompensasjon ved flytting av oppdrettsanlegg
I samband med opprettinga av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vedtok Stortinget at enkelte nasjonale laksefjordar skal vere oppdrettsfrie innan 2011, jf. Innst. S. nr. 134 (2002-2003). Stortinget vedtok at det skal bli gitt «rimelig kompensasjon» for verksemder som må flytte ut av nasjonale laksefjordar som følgje av vedtaket. Dette gjeld tre oppdrettsanlegg.
Stortinget vedtok i samband med behandlinga av St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005, jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005), at Miljøverndepartementet kan gi tilsegn om å dekkje dokumenterte flyttekostnader for oppdrettsanlegga innafor ei total ramme på 6,75 mill. kroner, dvs. inntil 2,25 mill. kroner pr. anlegg, jf. forslag til vedtak VII. I samsvar med Stortingets vedtak vil ingen oppdrettsanlegg bli pålagt å flytte før 1. mars 2011. Vel nokon av oppdrettsanlegga å flytte i 2009, vil Regjeringa komme tilbake med forslag om løyving til eventuell utbetaling i 2009.
Post 81 Verdiskapingsprogrammet for naturarven, kan overførast, kan nyttast under post 21
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.
Mål
Verdiskapingsprogrammet for naturarven har som hovudmål å bidra til at verneområda og andre verdifulle naturområde vert ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Programmet skal bidra til at verdien av naturområda blir auka med infrastruktur og tilrettelegging som mange kan han nytte av. Programmet skal òg bidra til betre samarbeid og kunnskap om verneområda.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir bl.a. vurdert gjennom ei ekstern evaluering som startar hausten 2009. Evalueringa vil sjå på om prosjekta når målsetningane i programmet og syte for årleg rapportering frå prosjekta.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete tiltak knytte til verdiskaping med utgangspunkt i naturarven, og til leiing av prosjekta som får støtte. Prosjekta skal ha potensial for miljømessig, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping og dei skal ha geografisk og tematisk spreiing. Prosjekta skal bidra til at verdiskapingsprogrammets mål blir nådde, og dei skal innehalde mange tiltak og delprosjekt som til saman blir ein heilskap. Prosjekta skal ha ein overføringsverdi slik at kunnskap om korleis naturarven kan medverke til verdiskaping blir bygd opp og spreidd.
Midlane blir òg nytta til å dekkje Direktoratet for naturforvaltning sine utgifter til drift og til evaluering av verdiskapingsprogrammet.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Direktoratet for naturforvaltning og prosjekta som er med i verdiskapingsprogrammet og gjennom at Fylkesmannen deltek i prosjektas styrande organ der det vert fatta avgjersler bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap.
Post 82 Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
82.1 | Tilskotsordning for prioriterte arter | 10 000 | ||
82.2 | Tilskotsordning for utvalde naturtypar | 10 000 | ||
Sum post 82 | 20 000 |
Posten er ny som følgje av ny naturmangfaldlov og er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde og underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Posten er delt i to underpostar, ein for prioriterte arter og økologiske funksjonsområde for prioriterte arter, og ein for utvalde naturtypar.
Mål
Underpost 1: Målet med tilskotsordninga er å ta vare på dei plante- og dyrearter i Noreg som blir valde ut som prioriterte arter. Målet er òg å ta vare på prioriterte arter sine økologiske funksjonsområde.
Underpost 2: Målet med tilskotsordninga er å ta vare på utvalde natur typar.
Kriterium for måloppnåing
Underpost 1: Måloppnåinga blir vurdert både ut frå talet på tiltak knytt til prioriterte arter og økologiske funksjonsområde og ut frå det strategisk målet til resultatområde 1 om at «Noreg har som mål å stanse tapet av naturmangfald innan 2010».
Underpost 2: Måloppnåinga blir vurdert både ut frå talet på tiltak knytt til førekomstar av utvalde naturtypar og ut frå det strategisk målet til resultatområde 1 om at «Noreg har som mål å stanse tapet av naturmangfald innan 2010».
Tildelingskriterium
Underpost 1: Midlane skal gå til tiltak som sikrar prioriterte arter og til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som bidrar til å ivareta eller gjenopprette økologiske funksjonsområde for prioriterte arter.
Underpost 2: Midlane skal gå til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som bidrar til ivaretaking av førekomstar av utvalde naturtypar.
Oppfølging og kontroll
Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.
Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Ymse inntekter | 5 041 | 7 221 | 2 952 |
09 | Internasjonale oppdrag | 6 569 | 4 973 | 5 132 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 4 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 207 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 797 | ||
54 | Gebyr | 3 153 | 3 074 | 3 074 |
Sum kap. 4427 | 16 771 | 15 268 | 11 158 |
Post 01 Ymse inntekter
Posten er redusert med 4,5 mill. kroner fordi det på posten ikkje lenger skal førast refusjon frå kap. 1425 til dekning av direktoratets utgifter over kap. 1427 post 01 til forvaltning av tilskotspostane på kap. 1425 og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond. Restløyvinga er sett i samband med enkelte andre oppdragsinntekter, inntekter frå sal av rapportar utarbeidde av Direktoratet for naturforvaltning, og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1427 post 01 Driftsutgifter.
Løyvinga under kap. 1427 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene under posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt bl.a. miljødirektoratas avtale med Norad i samband med miljøretta bistand, samarbeid med institusjonar i utviklingsland og bilateralt miljøsamarbeid med Russland. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte på kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 54 Gebyr
Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, og til utgifter i samband med merkjepliktig vilt.
Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr. Gebyret vart sist gang endra i 2009, då gebyret vart auka frå 250 kr til 265 kr. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter til å drive eksamensordninga.
Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om ivaretaking av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret er sett til 400 kroner pr. individ. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ivareta informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1427 post 21.
Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø
Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2010 på om lag 426,4 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 22,1 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2009 når ein held kapitalauken i Norsk kulturminnefond utanfor. Løyvingane på kulturminneområdet går til å følgje opp intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner som legg vekt på å sikre at mangfaldet av viktige kulturminne og kulturmiljø ikkje går tapt og at potensialet som kulturarven representerer, blir teke meir aktivt i bruk. Løyvinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø, og midlar til verdiskapingsprogrammet.
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1429 | Riksantikvaren | 364 687 | 404 260 | 426 451 | 5,5 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 46 205 | 243 680 | 55 230 | -77,3 |
Sum kategori 12.30 | 410 892 | 647 940 | 481 681 | -25,7 |
Kap. 1429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 101 818 | 99 258 | 106 867 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73 | 50 416 | 26 915 | 23 415 |
50 | Tilskot til Samisk kulturminnearbeid | 3 000 | 3 000 | 3 000 |
72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 151 857 | 195 130 | 213 212 |
73 | Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 7 131 | 11 953 | 11 953 |
74 | Fartøyvern, kan overførast | 30 279 | 42 004 | 42 004 |
75 | Internasjonalt samarbeid, kan overførast | 1 261 | 1 100 | 1 100 |
77 | Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 12 680 | 18 400 | 18 400 |
78 | Tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 6 245 | 6 500 | 6 500 |
Sum kap. 1429 | 364 687 | 404 260 | 426 451 |
Rolle og oppgåver for Riksantikvaren
Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementets arbeid med kulturminneforvaltning. Innsats og verkemiddel er særleg knytte til gjennomføring av ti bevaringsprogram for nasjonalt viktige kulturminne. Riksantikvaren skal stimulere eigarar og næringsliv til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allmenta og næringslivet.
I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet til fylkeskommunane, Sametinget, forvaltningsmusea og Sysselmannen på Svalbard som regionale styresmakter for kulturminne. Gjennom tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal det medverkast til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer òg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt/utgreiingar. Kostnader til drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltninga er òg dekt her. Dei tilsvarande inntektene blir førte under kap. 4429 respektive post 02 og 09. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under dei to nemnde inntektspostane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Posten er foreslått auka med 7,6 mill. kroner i 2010. Dei auka midlane skal gå til å styrkje Riksantikvarens lønnsbudsjett, bl.a. å dekkje auka lønnskostnader i samband med behandling av dei sektorvise landsverneplanane innafor prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar, ta stilling til kva bygningar og anlegg som skal fredast og gjennomføre fredingar.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73
Posten dekkjer kostnader ved tiltak som gjeld høgt prioriterte freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, bl.a. når Riksantikvaren står som tiltakshavar i spesielt prioriterte prosjekt. Midlane på post 21 må sjåast i samanheng med midlane som er budsjetterte under tilskotspostane 72 og 73.
Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehald- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigaransvar for. I tillegg dekkjer posten utvikling og drift av kulturminnedatabasen Askeladden. Askeladden er avgjerande for å sikre god informasjon om kulturminneverdiar til bl.a. forvaltning, lokalsamfunn, eigarar og andre interesserte. Vidare skal posten brukast til å leggje til rette for istandsetjing av freda bygningar, arbeidet med landsverneplanar og etableringa av Kulturminnesøk, som er publikumsutgåva av Askeladden og som blir tilgjengeleg på internett i løpet av 2009.
Posten er redusert med 3,5 mill. kroner når ein tek omsyn til at Kulturminneåret vart avslutta i 2009 som utgjorde 10 mill. kroner.
Post 50 Tilskot til Samisk kulturminnearbeid
Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane skal i hovudsak nyttast til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid og til skjøtsel, og blir stilte til disposisjon for Sametinget.
Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
72.1 | Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak | 7 414 | 10 500 | 12 582 |
72.2 | Vern og sikring av freda bygningar og anlegg | 53 478 | 51 867 | 51 867 |
72.3 | Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen | 16 988 | 29 757 | 29 257 |
72.4 | Kystkultur | 13 800 | 14 700 | 14 700 |
72.5 | Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap | 3 080 | 3 280 | 4 280 |
72.6 | Skjøtsel av automatisk freda kulturminne | 4 286 | 10 308 | 8 808 |
72.7 | Fartøyvernsentra | 3 550 | 6 550 | 6 550 |
72.8 | Tekniske og industrielle kulturminne | 18 202 | 27 202 | 39 202 |
72.9 | World Heritage List, nasjonale oppgåver | 31 059 | 40 966 | 45 966 |
Sum post 72 | 151 857 | 195 130 | 213 212 |
Alle tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne. Posten blir nytta til tiltak knytte til forvaltning og sikring av freda og verneverdige kulturminne, kulturmiljø, og verdifulle landskap. Dette skjer gjennom direkte tilskot til vedlikehald og istandsetjing av kulturminne som i hovudsak er eigde eller forvalta av private.
Ved større tiltak er det ofte føremålstenleg at Riksantikvaren står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21 jf. omtale under denne posten.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren eller fylkeskommunane.
Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad eller prioriterte program.
Ein stor del av løyvinga blir fordelt etter tilråding frå fylkeskommunane. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren og fylkeskommunane utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og betydinga som tiltaka har i forhold til målet for tilskotsordninga. Det skal leggjast stor vekt på at tilskota medverkar effektivt til progresjon i arbeidet med å sikre ordinært vedlikehaldsnivå i 2020.
Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt fastsette av Regjeringa.
Posten er auka med 20 mill. kroner til opptrappingsplanen. Midlane er øyremerkte bevaringsprogramma for tekniske og industrielle kulturminne, dei norske verdsarvområda og ruinane.
Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 35 mill. kroner jf. forslag til vedtak VII.
Underpost 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak mm.
Staten skal dekkje ein større del av utgifter til arkeologiske registreringar og utgravingar i samband med mindre, private tiltak.
Målgruppa er private tiltakshavarar. Underposten er auka med 2 mill. kroner.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege forpliktingane etter § 10 i kulturminnelova og gi heil eller delvis dekning av utgifter som følgjer av pålegg om særskilt gransking av automatisk freda kulturminne eller til andre særskilte tiltak for å verne dei.
Tildelingskriterium
Tilskot skal ytast til heil eller delvis dekning av utgifter i samsvar med kulturminnelova § 10. Finnarlønn blir fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald til kulturminnelova § 13.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging av tiltaket skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap.
Underpost 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg
Staten gir tilskot til å dekkje meirutgifter i samband med antikvarisk sikring og istandsetjing av freda kulturminne og kulturmiljø. Midlane skal nyttast til gjennomføring av bevaringsprogrammet for freda kulturminne i privat eige. For å sikre at freda bygningar som er sette i stand gjennom bevaringsprogrammet held ved lag eit godt vedlikehald etter istandsetjing, blir det etablert ei ordning med årleg vedlikehaldsbidrag til private eigarar. Ordninga skal sikre at utbetaling av tilskot skjer gjennom ein føreseieleg og enkel prosedyre. Ordninga blir administrert gjennom fylkeskommunen. Nærare retningslinjer vil liggje føre i samband med utlysing av tilskotsmidlar for 2010.
Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg.
Posten må sjåast i samanheng med midlane til Kulturminnefondet, jf. kap. 1432, post 50 til disposisjon for kulturminnetiltak. Kulturminnefondets midlar skal òg brukast til freda kulturminne. Etter fondets forskrifter skal minst 1/3 av avkastninga brukast til dette formålet over tid.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege forpliktingane i § 15a i kulturminnelova ved å gi heilt eller delvis vederlag til eigarar for fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og å dekkje utgifter til andre sikrings- og restaureringstiltak på freda bygningar og anlegg, og sikre at freda bygningar har eit normalt vedlikehaldsnivå.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til å dekkje fordyrande vilkår sett ut frå antikvariske omsyn, jf. § 15 i kulturminnelova og til spesielt tyngande vedlikehaldsansvar jf. § 17 i kulturminnelova og til å halde ved lag eit forsvarleg vedlikehald.
Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelt etter følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring av freda bygningar og anlegg som forfell, og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen
Posten dekkjer arbeidet i to bevaringsprogram; bevaringsprogrammet for stavkyrkjene og bevaringsprogrammet for ruinane. 3 mill kroner er øyremerket bevaringsprogrammet for ruinane.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå mellomalderen.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til tiltak på mellomalderbygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova, under dette tilskot til tiltak innafor eit fleirårig stavkyrkjeprogram for å setje stavkyrkjene i bygningsmessig god stand og til sikring og konservering av den verdifulle kyrkjekunsten i desse kyrkjene. Midlane dekkjer òg tilskot til tiltak innafor eit fleirårig ruinprogram for å sikre nasjonalt viktige ruinar, og tilskot til andre viktige sikrings- og restaureringstiltak.
Tilskota skal fordelast på grunnlag av same overordna strategi som omtalt under underpost 72.2.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I enkelte tilfelle skjer det òg ved kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Underpost 72.4 Kystkultur
I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive bustader og gode lokalsamfunn.
Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne langs kysten.
I startfasen er det er nødvendig å gjere ei prioritering av omfattande og samansette istandsetjingstiltak.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til sikring og istandsetjing av freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. Bygningar og anlegg som forfell skal sikrast mellombels.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografisk dokumentasjon frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen, for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Underpost 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne. Løyvinga er auka med 1 mill. kroner i forhold til 2009.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på dei freda kulturmiljøa: Havråtunet i Hordaland, områda omkring Utstein kloster i Rogaland, Skoltebyen Neiden i Finnmark, Kongsberg Sølvverk i Buskerud, Sogndalstrand i Rogaland, Birkelunden i Oslo. Det kan òg ytast tilskot til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.
Tildelingskriterium
Dei freda kulturmiljøa skal prioriterast ved tildeling av tilskot. 1 mill. kroner er øyremerkte skjøtsel og tilretteleggjing i Mortensnes kulturminneområde i Nesseby kommune.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen og Sametinget.
Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne. Posten blir nytta til arbeidet med bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre arkeologiske kulturminne, under dette arkeologiske kulturminne under vatn. Midlane blir i hovudsak nytta til oppfølging av Bergkunstprosjektet og eit tiårig prosjekt for skjøtsel og restaurering av eit utval arkeologiske kulturminne av nasjonal verdi. Marinarkeologiske kulturminne er òg med i ordninga.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til tilskot til prosjekt der det er stort lokalt engasjement og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til kulturminna.
Tilskot kan bl.a. ytast til sikring, skjøtsel, restaurering og formidling, under dette tiltak som gir auka tilgjenge og som medverkar til å avgrense slitasje.
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging av tiltaket skjer ved kontroll av om tiltak blir gjennomførte i samsvar med faglege kriterium for tilskotet. Vidare ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren.
Underpost 72.7 Fartøyvernsentra
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til at dei tre utvalde fartøyvernsentra: Nordnorsk fartøyvernsenter og båtmuseum, Hardanger fartøyvernsenter og Bredalsholmen Dokk- og Fartøyvernsenter kan fungere som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy. Tilskot skal medverke til at fartøyvernsentra òg kan ivareta fellestenester knytte til dokumentasjon og forsking, fagleg rådgiving og liknande drift og oppgradering. Posten er vidareført i forhold til 2009. I samsvar med Soria Moria-erklæringa skal arbeidet med å setje fartøyvernsentra betre i stand til å bidra til langsiktig ivaretaking av fartøya halde fram.
Tildelingskriterium
Tilskot kan ytast som driftstilskot for å dekkje sentra sine utgifter til forsking og dokumentasjon. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.
Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne. Midlane skal gå til arbeidet med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne. Løyvinga er auka med 12 mill. kroner.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å setje i stand og sikre forvaltning, drift og vedlikehald av følgjande ti tekniske og industrielle anlegg som er valte ut for spesiell oppfølging:
Fetsund lenser/Fetsund lensemuseum
Sjølingstad Uldvarefabrikk
Klevfoss Cellulose- & Papirfabrikk
Nes Jernverksmuseum
Norsk Vassdrags- og Industristadmuseum (Tyssedal kraftanlegg)
Norsk Fiskeriindustrimuseum/Neptun sildoljefabrikk
Spillum Dampsag & Høvleri
Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter
Folldal gruver
Kistefos Museet
Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av dei ti utvalde anlegga.
Tildelingskriterium
Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setje i stand dei respektive anlegga skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det vil bli lagt vekt på at denne typen kulturminne skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.
Tyssedal kraftanlegg, Klevfoss Cellulose- & Papirfabrikk og Sjølingstad Uldvarefabrikk har no ønskjeleg bevaringstilstand, men det vil framleis vere behov for tilskot til fortløpande vedlikehald på desse.
Innafor løyvinga vil m.a. arbeidet med å fullføre istandsetjing av/forsere framdrifta i arbeidet med Kistefos Museet, Neptun sildoljefabrikk og eventuelt Nes Jernverk verte prioritert.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer. Vidare gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen. Vidare blir det kontrollert at drifta ved anlegget går føre seg etter formålet. Dette skjer bl.a. ved at Riksantikvaren kontrollerer revidert årsrekneskap og årsmelding og rapportar/uttaler frå fylkeskommunane.
Underpost 72.9 Verdsarvlista, nasjonale oppgåver
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne.
Løyvinga er auka med 5 mill. kroner i forhold til 2009.
Mål
Tilskotsordninga er knytt til bevaringsprogrammet for verdsarven og skal medverke til å sikre og setje i stand dei sju norske stadene på Unescos verdsarvliste:
Bergstaden Røros,
Bryggen i Bergen,
Urnes stavkyrkje,
Bergkunsten i Alta,
Vegaøyan,
Vestnorsk fjordlandskap og meridianstøtta i Hammerfest og tre andre punkt i Struves meridian. Dei norske verdsarvområda skal forvaltast på ein god måte og kulturminna skal vere formelt verna gjennom lovverket.
Tildelingskriterium
Tilskot skal ytast i tråd med forpliktingane som følgjer av Unescos verdsarvkonvensjon og i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå Unesco. Tilskot kan òg ytast til tiltak som gir betre tilgjenge og som bidreg til å avgrense slitasje.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 73 Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under post 21
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne. Posten er nytta til arbeidet med brannsikring av historisk trehusmiljø.
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av utvalde kulturminne og kulturmiljø.
Ved større tiltak er det ofte føremålstenleg at Riksantikvaren eller fylkeskommunane står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under denne posten.
Mål
Tilskotsordninga skal sikre utvalde kulturminne og kulturmiljø mot brann og andre ulykker og blir gitt som tilskot til drift, vedlikehald og oppgradering av sikringsanlegg ved dei 28 stavkyrkjene, til å etablere sikring eller drift av sikringsanlegg i utvalde kulturminne og kulturmiljø og til førebyggjande brannsikring av utvalde tette trehusmiljø.
Tildelingskriterium
Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.
Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.
Løyvinga er vidareført i forhold til 2009.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakar. På staden-kontroll frå Riksantikvaren kan òg vere aktuelt, under dette kontroll av om sikringstiltak, sikringsarbeid eller drift av sikringstiltak er gjennomførte på eit fagleg akseptabelt nivå.
Post 74 Fartøyvern, kan overførast
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne. Posten er nytta til arbeidet med bevaringsprogrammet for fartøy.
Løyvinga er vidareført i forhold til 2009.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern. Fartøyvernet genererer viktige verdiar for eigarar, brukarar og lokalsamfunn langs kysten.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete restaurerings- og istandsetjingsarbeid på freda fartøy og fartøy der det er inngått avtaler med eigarar om vern.
Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter følgjande prioriteringar: prosjekt som har potensial for stort lokalt engasjement, og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til fartøyet, tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og fartøy som det finst få av.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.
I startfasen av omfattande og samansette istandsetjingstiltak skal det skje ei god planlegging og prioritering av tiltaka, for å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring.
Tilskotsmidlane blir i hovudsak fordelte etter søknad. Målgruppa er eigarar eller forvaltarar av slike fartøy.
Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at kulturminnet er sikra og sette i stand etter antikvariske retningslinjer.
Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 5 Internasjonalt miljøsamarbeid og miljø i nord- og polarområda.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innan fagfeltet og som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av kulturminne i tre.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til faglege samarbeidsprosjekt med andre land i samsvar med norske politiske og fagpolitiske prioriteringar. Løyvinga dekkjer òg medlemsavgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid, under dette det norskrussiske miljøvernsamarbeid under den bilaterale miljøvernavtala.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølginga av spesielle prosjekt skjer gjennom referansearbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet. Kontrollen skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane.
Post 77 Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 2 kulturminne og kulturmiljø.
Mål
Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet skal stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling. Det skal utviklast modellar for samarbeid mellom eigarar, rettshavarar, næringslivet, offentlege aktørar, museum og frivillige organisasjonar. Det skal vidare utviklast kunnskap om korleis berekraftig bruk av kulturminne og kulturmiljø fremjar næringsutvikling og styrkjer lokalsamfunn og regionar.
Samarbeidet med Norsk kulturminnefond om programmet skal førast vidare. Det blir øyremerkt 10 mill. kroner av fondsmidlane til gjennomføring av programmet, som vil ha ei totalramme på 28,4 mill. kroner som for 2009.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete tiltak knytte til verdiskaping med utgangspunkt i kulturminne og kulturmiljø og til kunnskapsoppbygging og formidling.
I den første fasen (2006-2010) kan det ytast tilskot til dei pilotprosjekta som er valte ut innafor ulike geografiske område. Prosjekta kan vare i fire år. Ved tildeling av midlar skal det leggjast vekt på at prosjekta samla sett representerer kulturelt mangfald og geografisk spreiing. Prosjekta skal ha eit vesentleg potensial for verdiskaping – økonomisk, sosialt, kulturelt og miljømessig.
Det blir prioritert prosjekt som inngår i ein lokal eller regional strategi for verdiskaping og innovasjon, der ulike offentlege og private verkemiddel blir sett i samanheng. Prosjekta skal ha ein overføringsverdi, slik at kunnskap om korleis kulturarven kan medverke til verdiskaping blir bygd opp og spreidd.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av fortløpande kontakt med prosjekta og gjennom at Riksantikvaren er observatør i prosjektas styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar.
Post 78 Tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til ei god fagleg og føreseieleg forvaltning av arkeologiske kulturminne.
Målgruppa er forvaltningsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrifter.
Tildelingskriterium
Midlane skal nyttast til nødvendig fagleg assistanse i forvaltningssaker til fylkeskommunane og Sametinget, utgifter til utgraving og anna sikringsarbeid, og bistand i kulturminnekriminalitetssaker ved dei 5 arkeologiske landsdelsmusea og dei 5 sjøfartsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved dei 5 sjøfartsmusea. Midlane skal òg dekkje nødvendig fagleg underlagsmateriale for Riksantikvarens forvaltningsoppgåver som blir utførde av NIKU.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering om bruk av midlane.
Kap. 4429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
02 | Refusjonar og diverse inntekter | 4 642 | 3 694 | 3 812 |
09 | Internasjonale oppdrag | 2 796 | 1 365 | 1 409 |
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 1 311 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 798 | ||
Sum kap. 4429 | 10 547 | 5 059 | 5 221 |
Post 02 Refusjonar og diverse inntekter
Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar mv., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta arbeid, jf. omtale under kap. 1429 post 01. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1432 Norsk kulturminnefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
50 | Til disposisjon for kulturminnetiltak | 46 205 | 43 680 | 55 230 |
90 | Fondskapital | 200 000 | ||
Sum kap. 1432 | 46 205 | 243 680 | 55 230 |
Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak
Framlegget til løyving på posten svarer til den samla avkastninga av kapitalen i Norsk kulturminnefond som er budsjettert under kap. 4432 post 85 Avkastning frå Norsk kulturminnefond. Midlane under post 50 blir stilt til disposisjon for dei formåla og prosjekta Norsk kulturminnefond støttar opp under. Ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondet, bl.a. lønn til tilsette i sekretariatet og til administrative funksjonar, styrehonorar og reiser.
Samarbeidet innafor verdiskapingsprogrammet skal førast vidare. Det er øyremerkt 10 mill. kroner til formålet i 2010, jf. kap. 1429 post 77.
Mål
Målet med fondet er å leggje til rette for auka samspel mellom offentlege og private midlar til vern og utvikling av freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Ordninga skal stimulere til auka verneinnsats frå eigarar og næringsliv, og til meir effektive samarbeidsformer mellom offentlege og private aktørar. Midlane frå fondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål. Fondets midlar skal gå til både freda og ikkje freda, bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Tildeling til freda kulturminne må aukast for å etterkomme kravet i forskriftene om at minst 1/3 av fondets avkastning skal gå til freda kulturminne. Tildelingar frå Kulturminnefondet til freda kulturminne må sjåast i samanheng med kap. 1429, post 72.2.
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Tilskot blir nytta til tiltak som fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø og til prosjekt som fremjar verdiskaping, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet. Prosjekt som gir synergieffektar, som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats skal prioriterast.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 90 Fondskapital
Fondskapitalen er på i alt 1,4 mrd. kroner. Fondskapitalen er plassert som kontolån i Statskassa med rente tilsvarande renta på 10 års statsobligasjonslån.
Kap. 4432 Norsk kulturminnefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
85 | Avkastning frå Norsk kulturminnefond | 46 205 | 43 680 | 55 230 |
Sum kap. 4432 | 46 205 | 43 680 | 55 230 |
Post 85 Avkastning frå Norsk kulturminnefond
Posten gjeld avkastninga av Norsk kulturminnefond. Avkastninga skal nyttast til tilskot til kulturminnetiltak og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. kap. 1432 post 50. Fondsmidlane er plasserte som kontolån i statskassa med rente tilsvarande renta på 10-års statsobligasjonslån.
Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1432 post 50, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Programkategori 12.40 Klima – og forureining
Programkategorien omfattar i hovudsak følgjande resultatområde: Resultatområde 3 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn, Resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft og Resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er på omlag 728 mill. kroner i 2010. Dette er ein auke på ca. 95 mill. kroner, eller 15 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2009. Auka skyldes i stor grad en budsjetteknisk justering i samband med utgifter og inntekter knytt til mellom anna F-gassforordninga, og forureina sjøbotn.
I Klimaforliket står det blant anna at:
«Norge må sammen med andre rike land ta en lederrolle i arbeidet med å utvikle et godt, klimavennlig samfunn.»
Noreg ønskjer å ha ei leiande rolle i klimapolitikken internasjonalt, med særleg vekt på arbeidet med å påverke prosessen fram mot det 15. partsmøtet under Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen i København i 2009 (COP-15). Uansett utfall i København er det venta at forhandlingane også vil vere intensive i 2010 og ressursbehovet for 2010 vil då vere tilnærma det same som for 2009.
Klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog utgjer bortimot 20 pst. av dei samla globale utsleppa, og er samtidig mogleg å redusere relativt raskt og til ein ganske låg kostnad. Store og varige reduksjonar i klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog føreset at avgrensingar av utslepp frå desse kjeldene inngår i ei ny global klimaavtale. Innsatsen vil bli styrkt i 2010, gjennom ei løyving på 2,1 mrd. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 1,4 mrd. kroner på Utanriksdepartementets budsjett.
Klimaløftet har forankring i klimaforliket i Stortinget og regjeringsavgjerd i april 2008 om å vere Regjeringas klimakampanje. Kampanjen skal mobilisere breitt, både i befolkninga, bedrifter og kommunar. Det skal gjennomførast ei rekkje målretta tiltak ved å bruke eit variert spekter av kanalar for å formidle kunnskap om klima på ein pedagogisk og engasjerande måte. Klimaløftet skal òg satse på langsiktig kompetanseoppbygging, blant anna ved å sikre at lærarar, elevar og studentar får lett tilgang på klimakompetanse.
Ei auka satsing på forsking og overvaking i nordområda er heilt avgjerande for å få tilstrekkeleg innsikt i pågåande klimaendringar og dei forsterkande effektane klimaprosessane i nordområda har på den globale oppvarminga og verknader for natur og samfunn. Europeiske forskingsmiljø aukar no aktiviteten sin kraftig og har utpeikt Svalbard som prioritert område for å utføre forsking og overvaking av klimaendringar. Dersom Noreg skal få synergieffekt av desse aktivitetane, må den norske innsatsen trappast betydeleg opp.
Betre klimaovervaking er nødvendig for å forstå klimaendringar og vurdere moglege mottiltak.
Det er sett i gang arbeid for å opprette ein nasjonal miljøprøvebank for forskings- og overvakingsformål på miljøgifter. Miljøprøvebanken skal sikre ei systematisk og kontrollert oppbevaring av ulike typar prøvemateriale over lang tid. Kartlegging og overvaking av miljøgifter i naturen vil fortsatt være prioritert.
I St. meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere framtid går det fram at Noreg skal vere pådrivar for strengare internasjonal regulering av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, og eit aktivt talerøyr for eit høgt vernenivå ved gjennomføring av det nye omfattande europeiske kjemikalieregelverket REACH, under dette deltaking i det europeiske kjemikaliebyrået ECHA. Det blir løyvd midlar til gjennomføring og oppfølging av det nye omfattande EØS-kjemikalieregelverket – REACH – og til styrking av formidling på området.
Regjeringa vil i 2010 føre vidare arbeidet med å overhalde Noregs forpliktingar i Protokollen om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon (Gøteborg-protokollen). Ei særleg viktig oppgåve er å gjennomføre avtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utslepp. I arbeidet med å revidere Gøteborgprotokollen vil Regjeringa leggje vekt på å utvikle ei ny effektbasert avtale, der landa tek på seg utsleppsforpliktingar som fører til at utsleppa som bidreg til skade på økosystem og helse blir reduserte på ein effektiv måte.
Regjeringa vil òg føre vidare det aktive arbeidet i FNs sjøfartsorganisasjon IMO der det i 2008 vart oppnådd semje om eit strengare regelverk, bl.a. om langsiktig utfasing av tungolje som drivstoff for skip og strengare krav til utslepp av NOx.
Utan nye tiltak eller verkemiddel kan ein vente at det blir vanskeleg å nå dei nasjonale måla for svevestøv i fleire norske byområde. Også NO2-mål kan bli vanskelege å oppnå enkelte stader. Berørte styresmakter utarbeider no ein handlingsplan for betre lokal luftkvalitet.
Samla støyplage er framleis for høg. Regjeringa la i 2006 fram ein handlingsplan for støy for perioden 2007-2011. Denne handlingsplanen er førande for støyarbeidet dei næraste åra.
I regjeringas handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar er det eit mål at miljøbelastninga knytt til offentlege nyskaffingar skal minimerast. I arbeidet med miljøomsyn i offentlege innkjøp skal tiltak knytte til klima og energi, helse og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald prioriterast. På nasjonalt nivå vil Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) få ei sentral rolle i den operative oppfølginga av handlingsplanen, og i kvart fylke/region er det etablert ei fagleg støtteteneste.
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1441 | Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441) | 563 086 | 613 354 | 709 907 | 15,7 |
1445 | Miljøvennleg skipsfart | 1 984 | 3 000 | 4 000 | 33,3 |
1447 | Miljøomsyn i offentlege innkjøp | 3 464 | 8 000 | 14 000 | 75,0 |
Sum kategori 12.40 | 568 534 | 624 354 | 727 907 | 16,6 |
Kap. 1441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 247 188 | 257 376 | 308 160 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 25 073 | 32 195 | 21 595 |
22 | Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar | 1 549 | 13 183 | 5 332 |
39 | Oppryddingstiltak, kan overførast | 71 120 | 94 280 | 158 500 |
73 | Tilskot til biloppsamlingssystemet | 1 850 | ||
75 | Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving | 173 241 | 166 320 | 166 320 |
76 | Refusjonsordningar, overslagsløyving | 43 065 | 50 000 | 50 000 |
Sum kap. 1441 | 563 086 | 613 354 | 709 907 |
Statens forureiningstilsyn skal setje i verk forureiningspolitikken og arbeide for å oppnå miljøforvaltningas miljømål.
Statens forureiningstilsyn skal medverke til å:
redusere klimagassutsleppa
redusere spreiing av helse- og miljøfarlege stoff
oppnå ei heilskapleg og økosystembasert hav- og vassforvaltning
auke gjenvinninga og redusere utsleppa frå avfall
redusere skadeverknadene av luftforureining og støy
sikre tilgang til oppdatert og påliteleg miljøinformasjon.
Ein viser elles til omtale under del II Miljøforvaltningas resultatområde.
Statens forureiningstilsyn utøvar følgjande roller for å medverke til å nå miljømåla:
overvake og informere om miljøtilstanden og utviklinga
utøve mynde og føre tilsyn etter forureiningslova, produktkontrollova og klimakvotelova
styre fylkesmennenes miljøvernavdelingar innan Statens forureiningstilsyns ansvarsområde og vere klageinstans for Fylkesmannens vedtak etter forureiningslovgivinga
utgreie og gi råd overfor Miljøverndepartementet
gjere tydeleg ansvaret til dei ulike samfunnssektorane for å oppfylle miljøpolitiske mål
delta i det internasjonale miljøvernsamarbeidet og utviklingssamarbeidet på miljøområdet.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og andre driftsutgifter for Statens forureiningstilsyn. Utgiftene omfattar bl.a. husleige, reiser, internasjonalt arbeid, informasjon/formidling, kjøp av tenester, IKT-utgifter og drift av miljøinformasjonssystem (for eksempel Miljøstatus i Noreg, kvoteregisteret, Produktregisteret og miljøinformasjonsbanken).
Statens forureiningstilsyn forvaltar fleire forskrifter som heimlar gebyr i samsvar med prinsippet om at forureinar skal betale. Utgiftene til forvaltning av desse ordningane er dekte over denne posten og dei tilsvarande inntektene er ført under kap. 4441, post 04. Dei aktuelle ordningane er:
konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forureiningsforskrifta
tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av forskrift om klassifisering og merking mv. av farlege kjemikaliar
deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta
drift av EE-registeret, i medhald av avfallsforskrifta
forvaltning av klimakvoteforskrifta
eksport og import av avfall
Etter partskonferansen på Bali i 2007 vart det sett i gang ein forhandlingsprosess som skal munne ut i ei langsiktig, global klimaavtale i København i desember 2009.
Statens forureiningstilsyn deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er Statens forureiningstilsyn Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid. Det er venta at oppfølging av Københavnavtala blir krevjande og Statens forureiningstilsyn blir derfor styrkt i 2010, for å auke sin klimakompetanse.
Statens forureiningstilsyn leier ei faggruppe på klima, Klimakur, som blant anna skal utarbeide underlagsmateriale for ei rapportering til Stortinget om klimapolitikken for 2010.
Det vart i 2009 løyvd 5 mill. kroner årleg til oppretting og drift av ein nasjonal miljøprøvebank for ulike typar prøvemateriale for seinare analyse av miljøgifter.
Posten er styrkt med midler til kartlegging av miljøgifter.
Posten er òg styrkt til Statens forureiningstilsyns arbeid med auka tilsyn og kontrollverksemd.
Det er løyvd kr. 100 000 til ny nettstad for kjemikaliar for forbrukarar.
Posten dekkjer vidare utgifter til delar av fylkesmennene sitt arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. inntekter under kap. 4441 post 06. Inntektene blir tilbakeførte til fylka ved at Statens forureiningstilsyn utferdar belastningsfullmakt på denne posten til fylkesmennene. I samband med gebyrordningane er posten i 2010 styrkt med 10 mill. kroner som følgje av auke av kontroll og tilsyn hos miljøvernavdelingane i fylka. (Sjå omtale kap 4441, post 06 gebyrinntekter – fylkas miljøvernavdelingar).
Gjennomføring av REACH – det nye, omfattande EØS-kjemikalieregelverket – krev ein omfattande innsats frå norsk side. Statens forureiningstilsyn er ansvarleg nasjonal styresmakt og har koordineringsansvar for oppfølging og gjennomføring av REACH i Noreg. Det er nødvendig å styrkje både kompetanse og ressursar hos Statens forureiningstilsyn for å gjennomføre dei oppgåvene REACH pålegg styresmaktene med å fastsetje underliggjande krav til testing og risikovurderingar, framskaffe, kvalitetssikre og evaluere data, og for å setje i verk tiltak for å avgrense og fase ut dei farlegaste kjemikaliane, og posten er styrkt med 10 mill. kroner til dette arbeidet.
F-gassforordninga
Posten er i 2010 auka med 15 mill. kroner i samband med etablering av ei sertifiseringsordning for bedrifter og teknisk personell som skal handtere fluorerte klimagassar til kuldetekniske formål.
Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK, PFK og SF6. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga vil styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass.
EU vedtok i 2006 forordning EF nr. 842/2006 (F-gassforordninga). Tre av underforordningane – EF nr. 303/2008, 305/2008, 307/2008, stiller krav til sertifisering av personell og bedrifter og etablering av ei sertifiseringsordning med tilhøyrande sertifiseringsorgan. Som ei følgje av EØS-avtala må alle desse forordningane òg implementerast i Noreg. Forskrift blir sendt på høyring om kort tid.
For å dekkje kostnadene ved ei slik ordning er det foreslått innført eit gebyr for sertifiseringa. Desse gebyrinntektene er foreslått på kap. 4441 post 04 Gebyrinntekter. Anslaget er svært usikkert då sertifiseringsordninga ikkje er etablert enno.
Post 1441 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4441, postane 02 Gebyrinntekter – statleg kvotesletting (ny), 04 Gebyrinntekter, post 05 Leigeinntekter, post 06 Gebyrinntekter, fylkas miljøvernavdelingar (ny) og post 09 Internasjonale oppdrag, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Posten er redusert med 2,5 mill. kroner til oppfølging av København 2009.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten fordeler seg på følgjande område:
Lokalt klimaarbeid
Regjeringa har varsla at fagkompetansen i kommunane innan natur- og miljø skal gjenreisast, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006). I Soria Moria-erklæringa er det nedfelt at kommunanes rolle som samfunnsutviklar skal styrkjast. Klima og energi er eitt av dei tema som er svært viktige. Det blir vidareført 1,4 mill. kroner til arbeidet med lokalt klimaarbeid, under dette arbeidet med statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane (SPR). Føremålet med ei slik planretningslinje er å framheve omsynet til klima og energi, og å klargjere meir konkrete forventningar for klima- og energiplanlegginga.
Helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Midlar til arbeidet med internasjonalt kjemikaliearbeid og til særlege prosjekt som følgjer opp forslag i stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er ført vidare med ei noko mindre løyving enn i 2009. Løyvinga skal bl.a. nyttast til styrking av internasjonal regulering av miljøgifter og kartlegging av miljøgifter. Posten er ført vidare med midlar til oppfølging av EØS/EUs nye kjemikalieregelverk REACH.
Posten er styrkt med 3 mill. kroner til kunnskapssamanstilling av forsking på miljø- og helseeffektane av miljøgifter og til å gjere synlege kunnskapshol.
Farleg avfall – (beredskap)
Posten dekkjer utgifter Statens forureiningstilsyn kan få ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.
Heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde
Det er vidareført 5,5 mill. kroner til arbeidet med heilskapleg forvaltning av norske havområde i 2010.
CO2-handtering
Det er vidareført 0,5 mill. kroner til auka kapasitet og kunnskapsoppbygging om CO2-handtering.
Utsleppsrekneskap – luft
Det blir vidareført midlar til betring av rapportering og berekning av utsleppsrekneskap for klimagassar og andre utslepp til luft.
Kartlegging av klimagassutslepp
Posten er ført vidare med 1,5 mill. kroner til kartlegging av utslepp og opptak av klimagassar frå skog under Kyotoprotokollen.
Oppdrag og utgreiingar (FoU)
Posten er redusert med 2 mill. kroner til helse og miljøfarlege kjemikaliar og kjemikaliedatabase for forbrukarane, 5 mill. kroner til oppfølging av København 2009 og 6 mill. kroner til miljøteknologi. I tillegg dekkjer posten utgreiingar og vurderingar knytte til etaten sine saksområde. For 2010 gjeld dette i hovudsak arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og klima (bl.a. overvaking, NOx-avtala).
Post 22 Spesielle driftsutgifter – statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar
Statens forureiningstilsyn (SFT) har ansvaret for ei statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar. Formålet med ordninga er å gi folk høve til å kompensere for eigne utslepp ved at dei betaler for utsleppsreduksjon ein annan stad. Ordninga gir publikum høve til å kjøpe og få sletta godkjente klimakvotar på ein enkel måte. Kvar kvote som blir sletta, inneber ein utsleppsreduksjon på 1 tonn CO2.
Kvotane skal seljast med eit påslag som skal dekkje administrative kostnader inkludert etablerings- og investeringskostnader. Det er lagt til grunn ein pris på EUA-kvotar på 130 kroner og CER-kvotar på 105 kroner. Påslaget for 2010 vil vere på om lag 30 kroner pr. selde kvote for å dekkje utgiftene ved etablering og drift av ordninga. Storleiken på det administrative påslaget vil avhenge av kor mange kvotar som blir sletta. Prognosane tilseier eit sal av 35 000 kvotar for 2010. Dette er lågare enn budsjettet for 2009.
Utgiftsløyvinga under kap. 1441 post 22 og inntektsløyvinga på kap. 4441, post 02 blir derfor justert ned med 7,851 mill. kroner for 2010.
Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4441 post 02, jf. vedtak II nr. 1.
Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast
Posten er knytt til resultatområde 3 Reint hav og vatn og giftfritt samfunn. Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i vatn, grunn og sediment som er forureina med farlege miljøgifter. Posten dekkjer dessutan opprydding i Vansjø og eventuelle andre vassførekomstar med samansette miljøproblem. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og i forureina jord. Fokus vil vere oppfølging av handlingsplanane om opprydding i forureina jord og forureina jord i barnehagar. Løyvinga er justert opp i samband med fremdriften på oppryddingstiltak i forureina sjøbotn.
Posten dekkjer òg utgifter til opprydding frå gruver der Miljøverndepartementet er eigar. Miljøverndepartementet er eigar av avgangsdeponiet ved Knaben gruver. Erosjon i deponiet og dermed partikkeltransport til omkringliggjande vassførekomstar har ført til problem med bl.a. nedslamming. Det er derfor behov for å gjennomføre tiltak for reduksjon av erosjon og forflytting. Slike tiltak vil òg redusere risiko ved ferdsel i området, slik at området vil kunne gjerast tilgjengeleg for frilufts- og rekreasjonsformål. Det blir avsett inntil 20 mill. kroner til gjennomføring av tiltak for å redusere erosjon og massetransport frå avgangsdeponiet ved Knaben Gruver.
Prosessen med å førebu og gjennomføre oppryddingsprosjekt, særleg i sjøbotnen, er eit omfattande og tidkrevjande arbeid. Ansvarsforholda er uoversiktlege og saksområdet er fagleg komplisert. Prinsippet om at forureinar skal betale medverkar òg til at prosessen før oppryddingsarbeida kan starte blir lang. Før det er forsvarleg å fatte vedtak om kva tiltak som bør setjast i verk må det i tillegg gjennomførast grundige prosjekteringsundersøkingar inkludert gode kostnadsberekningar. For at opprydding i sjøbotnen skal gi varige betringar er det òg heilt avgjerande at viktige nye tilførsler av miljøgifter blir stansa før oppryddinga startar.
For mange av tiltaksplanområda vil ein først i 2010/2011 ha komme langt nok til at det er fagleg forsvarleg å setje i verk større oppryddingstiltak, og dei største kostnadene vil først komme i perioden frå 2011 og utover. Tiltak i forureina sjøbotn vil når prosessen kjem så langt vere svært dyre.
Som nemnt ligg forureinar betaler-prinsippet til grunn for arbeidet på dette feltet, og så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sediment. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak som for eksempel:
Der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga.
Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding.
Der det av miljømessige grunnar hastar å få rydda opp. Staten forskotterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.
Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling.
Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område.
Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.
Miljøverndepartementet kan i 2010 inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving under kap. 1441 Statens forureiningstilsyn, post 39 Oppryddingstiltak, men slik at samla ramme for nye forpliktingar og gammalt ansvar ikkje overstig 25 mill. kroner. Bestillingsfullmakta kan nyttast til innkjøp av både tenester og materiell og å til å gi eventuelle tilsegner om tilskot.
Posten kan òg nyttast til planmessig kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet og anna kunnskapsoppbygging.
Post 75 Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving
Vrakpantordninga rettar seg mot resultatområde 3, underområde 4 Miljøgifter og underområde 5 Avfall og gjenvinning. Dei siste åra har det vore innlevert omlag 110 000 bilvrak. Det er venta at innsamlingsnivået held seg stabilt i 2010.
Mål
Målet med vrakpantordninga er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy tredde i kraft i juli 2002 og inneber at produsentar og importørar frå 2007 har teke over ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er no ein del av avfallsforskriftas kapittel 4 om kasserte køyretøy. Sjølv om ansvaret er lagt på produsentar og importørar, vil Regjeringa inntil anna er avgjort vidareføre dagens statlege avgifts- og panteordning.
Tildelingskriterium
Vrakpanten blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling. Ordinær vrakpant for 2010 vil vere på 1 500 kroner.
Oppfølging og kontroll
For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant blir kvitteringa kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.
Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving
Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområde 3, underområde 4 Miljøgifter, resultatområde 3, underområde 5 Avfall og gjenvinning og resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft. Posten dekkjer dessutan utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøstyresmaktene har behov for i samband med administrering av ordningane.
Det har vist seg vanskeleg å stipulere utbetalingar til ordninga og overslaga har variert.
Refusjon av smørjeoljeavgifta
Mål
Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje, og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71. Refusjonsordninga vart innført i 1994 og utvida i 2000 for å sikre høgare innsamlingsgrad.
Kriterium for måloppnåing
Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i overkant av 80 pst. og har vore stabil dei siste åra. I 2008 var total mengd innsamla spillolje på om lag 42 000 m3, av dette i overkant av 24 000 m3 med rett på refusjon. Det er ikkje rekna med vesentleg endring i mengd innsamla spillolje i 2010. Posten dekkjer òg utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga.
Tildelingskriterium
Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer m.m.) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av bl.a. spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Statens forureiningstilsyn. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Statens forureiningstilsyn følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.
Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)
Mål
Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og den er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.
Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 1. januar 2000 pålagt avgift, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Refusjonsordning for innbetalt TRI-avgift vart innført samtidig, for å auke effekten av verkemidla.
Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Det har dei siste åra vore få utbetalingar gjennom ordninga som følgje av at bruken av ny TRI er kraftig redusert. Det er ikkje venta vesentlege endringar i 2010.
Tildelingskriterium
TRI-haldig avfall skal leverast til godkjent mottak eller behandlingsanlegg for farleg avfall, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kroner pr. kilo, noko som utgjer under halvparten av avgiftssatsen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga skjer gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Anlegg som tek imot farleg avfall og gjenvinningsverksemda skal vere godkjende av Statens forureiningstilsyn.
Avgifta har medverka til ein kraftig reduksjon i etterspørselen etter ny TRI. På grunn av dei små mengdene som er i bruk og som er omfatta av refusjonssystemet, vil ein vurdere om det er føremålstenleg å vidareføre refusjonsordninga eller om ein kan sikre innlevering av TRI-haldig avfall på andre måtar.
Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)
Mål
Refusjonsordninga tredde i kraft 1. juli 2004. Den er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. HFK blir i første rekkje nytta i kjøle-, fryse- og varmepumpeanlegg, men blir òg brukt til brannsløkking, og som drivgass til produksjon av isolasjonsmaterial.
Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon er venta å medverke til bruk av miljøvennlege hjelpemedium og mindre bruk av dei mest skadelege HFK/PFK-gassane, stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for ordninga er aktørar som har større mengder HFK- og PFK-haldig avfall.
Tildelingskriterium
Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er leverte.
Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.
Oppfølging og kontroll
Statens forureiningstilsyn fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3.
Kap. 4441 Statens forureiningstilsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
02 | Inntekter, statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar | 329 | 13 314 | 5 463 |
04 | Gebyr | 34 922 | 25 759 | 40 759 |
05 | Leigeinntekter | 318 | 313 | 323 |
06 | Gebyr, fylkas miljøvernavdelingar | 12 827 | 12 000 | 22 000 |
07 | Gebyrinntekter (Kvotesystemet) | 7 200 | 7 200 | |
09 | Internasjonale oppdrag | 5 666 | 5 431 | 5 605 |
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 2 318 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 178 | ||
Sum kap. 4441 | 58 558 | 64 017 | 81 350 |
Post 02 Inntekter – statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar
Post 02 Inntekter, statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar har ei løyving på 5,436 mill. kroner, jf. omtale under kap 1441 post 22 Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar.
Utgiftsløyvinga under kap. 1441 post 22 og inntektsløyvinga på kap. 4441, post 02 blir justerte ned med 7,851 mill. kroner for 2010.
Post 04 Gebyrinntekter
I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innafor forureiningsområdet. Posten omfattar Statens forureiningstilsyns inntekter frå følgjande ordningar:
gebyr for etablering av ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (F-gassforordinga). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til blant anna lekkasjetesting og kvalifikasjonar til teknisk personell
gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta)
gebyr for tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av forskrift om klassifisering og merking mv. av farlege kjemikaliar
gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Statens forureiningstilsyns kjøp av tenester ved drift av systemet
gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret), i medhald av avfallsforskrifta. Alle som omset elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg pliktar anten å ha eit eige retursystem som tek seg av desse produkta når dei blir avfall, eller å melde seg inn i eit kollektivt retursystem som tek seg av desse forpliktingane på deira vegne
gebyr for eksport- og import av avfall. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall må ha løyve til dette.
I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, som for eksempel:
Gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidprodukt. Biociddirektivet vart ein del av EØS-avtala i 2003 og har blitt implementert i norsk lovverk gjennom biocidforskrifta. Biociddirektivet krev at nasjonale styresmakter etablerer gebyrordningar som dekkjer dei kostnadene styresmaktene har ved gjennomføring av direktivet.
Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 05 Leigeinntekter
Inntektene omfattar dei leigeinntektene Statens forureiningstilsyn har i samband med utleige av nokre kontorlokale og utleige av konferansesenteret. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1441 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 06 Gebyrinntekter – fylkas miljøvernavdelingar
Forureiningsforskrifta vart frå 2007 endra slik at Fylkesmannen kan krevje gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll. Fylkesmannens gebyrinntekter er førte under denne posten. Posten er auka med 10 mill. kroner. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1441 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 07 Gebyrinntekter (kvotesystemet)
Statens forureiningstilsyn (SFT) forvaltar kvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta må ha løyve frå Statens forureiningstilsyn til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene sine årlege utsleppsrapportar blir kontrollerte og verifiserte av Statens forureiningstilsyn.
I tråd med føresegnene i kap. 5 i kvoteforskrifta skal Statens forureiningstilsyn sine kostnader ved dette arbeidet finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Det er ikkje knytt meirinntektsfullmakt til denne posten.
Statens Forureiningstilsyn har òg ansvaret for å etablere og drifte det elektroniske kvoteregisteret.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene er knytte til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid med Utanriksdepartementet, Norad o.a., f.eks. til institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare og trappa opp, jf. kap. 1441 post 01 Driftsutgifter. Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1445 Miljøvennleg skipsfart
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 1 984 | 3 000 | 4 000 |
Sum kap. 1445 | 1 984 | 3 000 | 4 000 |
Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:
Sjøfartsdirektoratet er underlagt Miljøverndepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljø, og utfører viktig arbeid innafor dette området. Arbeidet omfattar bl.a. utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon IMO, EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.
Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei miljøvennleg transportform. Dette inneber at direktoratet skal medverke til at norsk maritim verksemd er minst like miljøeffektiv som alternative transportformer, og har gode tekniske og operasjonelle forhold som førebyggjer miljøskadar. I tillegg skal direktoratet medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten medverkar til å dekkje lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOx og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. Det skal dessutan arbeidast for ein ny konvensjon som tek sikte på forsvarleg opphogging av skip. Vidare dekkjer posten midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål. Posten er auka med 1 mill. kroner til styrking av arbeidet med blant anna ballastvatn.
Kap. 1447 Miljøomsyn i offentlege innkjøp
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 3 464 | 8 000 | 14 000 |
Sum kap. 1447 | 3 464 | 8 000 | 14 000 |
Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) vart oppretta under Fornyings- og administrasjonsdepartementet frå 1. januar 2008. Eitt av hovudarbeidsområda for direktoratet vil vere å leggje til rette for samfunnstenlege, kostnadseffektive og kvalitetsretta offentlege innkjøp og arbeide for at miljøbelastninga knytt til offentlege innkjøp blir minimert. Miljøbevisste offentlege nyskaffingar vil vere hovudarbeidsområdet til direktoratet innafor Miljøverndepartementets ansvarsområde. Det vil vere heilt sentralt for direktoratet å sikre at miljøomsyn blir integrerte som ein naturlig del av den generelle innkjøpspolitikken i all offentleg verksemd. Direktoratet har ansvar for å følgje opp handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar på dei områda som gjeld miljøomsyn.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten skal medverke til å dekkje lønn til faste stillingar og driftsutgifter for Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) sitt arbeid med miljøbevisste offentlege nyskaffingar og miljøleiing. Dette vil omfatte ansvar for å vidareutvikle verkemiddel og sikre at handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar blir gjennomført i praksis, under dette å fremje bruken av miljøleiingsystem i stat og kommune, og vidareføringa av Grøn stat.
Krav til miljøomsyn i offentlege bygg er ein del av handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar. Bygg- og anleggsbransjen står for rundt 40 pst. av samfunnets ressurs- og energibruk. Her er det høve til store miljøforbetringar, særleg ved energieffektivisering dersom dei riktige krava blir stilte. DIFI vil styrkje innsatsen på dette området blant anna til bistand i anbodsprosessar, utarbeiding av miljøkriterium knytte til bygg med meir.
Kompetanseoppbygging er eit heilt sentralt element i handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar og det vil bli etablert ei fagleg støtteteneste (knutepunkt) i kvart fylke/region som skal hjelpe offentlege verksemder i den operative gjennomføringa. Posten skal vidare dekkje drifts- og utgreiingsmidlar, informasjon, faglege råd til Miljøverndepartementet som grunnlag for politikkutforming, bistand til Miljøverndepartementet i internasjonalt arbeid på området og formidling relatert til miljøspørsmål. Direktoratet skal setje i verk Regjeringas politikk på områda miljøansvar ved offentlege nyskaffingar og miljøleiingssystem.
Posten er styrkt som følgje av at DIFI har fått overført fleire oppgåver i samband med handlingsplanen og som satsing i samband med krav til miljøomsyn innan offentlege bygg.
Programkategori 12.50 Kart og geodata
Utgiftene under programkategori 12.50 høyrer inn under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling og underområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Ei samanlikning med saldert budsjett 2009 viser ein auke på 24,6 mill. kroner, eller 6,3 pst. Auken kjem i hovudsak som følgje av priskompensasjon og ei generell styrking av arbeidet med den geografiske infrastrukturen. Arbeidet med betre deling av geografisk informasjon (geodata) er styrkt med 4 mill. kroner og vern av gamle flybilete med 1,5 mill. kroner.
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1465 | Statens kartverk, arbeid med nasjonal geografisk infrastruktur | 357 459 | 378 823 | 403 445 | 6,5 |
2465 | Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603) | 19 050 | 12 000 | 12 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 376 509 | 390 823 | 415 445 | 6,3 |
Kap. 1465 Statens kartverk, arbeid med nasjonal geografisk infrastruktur
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 357 459 | 378 823 | 403 445 |
Sum kap. 1465 | 357 459 | 378 823 | 403 445 |
Kapitlet dekkjer arbeidet til Statens kartverk med etablering og drift av den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon. Løyvinga blir sett på som ei inntekt for Statens kartverk, slik at tilsvarande beløp blir inntektsførte under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter.
Løyvinga blir stilt til disposisjon ved tildelingsbrev. Som ei klargjering i tilknyting til dette, er kapittelnemninga endra frå tidlegare kap. 1465 Statens kjøp av tenester i Statens kartverk. Postnemninga er endra frå tidlegare post 21 Betaling for statsoppdraget. Endringane er av redaksjonell art. Endringane medfører verken ei utviding eller innskrenking av bruksområdet for løyvinga.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling og 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver. Det omfattar bl.a. det geodetiske grunnlaget, basis geodata for norske sjø- og landområde, eigedomsdata og samarbeid om deling av geodata mellom offentlege etatar. Sjå nærare omtale under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling, underområde 3 Kart og geodata. Prioriterte område er:
Norske offentlege etatar og institusjonar har eit tett samarbeid om felles deling av geografisk informasjon (geodata) – Noreg digitalt. Arbeidet vil bli ytterligare styrkt i 2010, bl.a. for å kunne gjennomføre EU-direktiv 2007/2/EF om etablering av ein infrastruktur for geografisk informasjon i Europa (Inspire). Problema knytte til etablering, kvalitet og tilgang til geodata er felles for eit stort tal samfunnsområde. Det er derfor behov for tiltak retta mot deling av geodata mellom offentlege organ på alle nivå, ikkje minst for å betre tilgangen til miljøinformasjon nasjonalt og internasjonalt. Direktivet føyer seg godt til gjeldande norsk politikk, jf. bl.a. planen for elektronisk forvaltning eNoreg 2009.
Det er sett av 1,5 mill. kroner til å digitalisere eldre flybilete (vertikalbilete) og gjere materialet tilgjengeleg for offentlege etatar og allmenta i tråd med prinsippa i St.meld. nr. 24 (2008-2009) Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv. Behovet for bevaring er særleg akutt for nitratbasert biletmateriale frå før 1950. Biletmaterialet representerer ein uvurderleg historisk dokumentasjon og eit kunnskapsgrunnlag for arealbruken i Noreg.
Departementet foreslår at inntil 5 mill. kroner kan omdisponerast mellom post 21 og kap. 2465 post 45, jf. forslag til vedtak IV.
Departementet foreslår ei fullmaktsramme i 2010 på 90 mill. kroner for å kunne bestille kartgrunnlag, under dette bestille kartleggingstenester og inngå avtaler om kartleggingssamarbeid som går over fleire år, jf. forslag til vedtak V nr. 2.
Kap. 2465 Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
24 | Driftsresultat: | 0 | 0 | 0 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 19 050 | 12 000 | 12 000 |
Sum kap. 2465 | 19 050 | 12 000 | 12 000 |
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 6, delen om kart og geodata.
Rolle og oppgåver for Statens kartverk
Miljøverndepartementet legg vekt på at Statens kartverk skal vere eit tydeleg nasjonalt fagorgan innan sitt fagområde. Verksemda skal konsentrerast om styresmaktoppgåver og tilrettelegging for heile den norske geodataverksemda.
Hovudoppgåva for Statens kartverk er å byggje og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur, og syte for at brukarane får enkel og effektiv tilgang til geografisk informasjon (geodata). Geodata utgjer ei stadig viktigare informasjonskjelde på mange samfunnsområde.
Statens kartverk har ansvaret for tinglysing i fast eigedom og burettar, og fører tinglysingsregisteret – grunnboka.
Statens kartverk skal delta i forsking og utvikling av kartteknologi, og samarbeide med norsk industri og kartbransje, bl.a. om eksportretta tiltak. Statens kartverk skal syte for at geodata etaten forvaltar, blir sikra for ettertida. Statens kartverk har ansvar for å samordne standardar og regelverk med andre land.
På enkelte område blir basisproduksjonen forsert ut over det løyvinga over kap. 1465 post 21 gir grunnlag for, gjennom tilskot frå brukarar eller samarbeid om felles geodataprosjekt. Fleire av Statens kartverks produksjonsmål føreset at budsjetterte samfinansieringsprosjekt blir realiserte.
Viktige målsetjingar for Statens kartverk i 2010 vil vere:
medverke til samarbeid med andre offentlege maritime etatar på sjøtryggleiksområdet
leie og koordinere ei internasjonal offisiell elektronisk kartteneste for å styrkje tryggleiken til sjøs bl.a. gjennom Primar
vere nasjonal forvaltar og formidlar av høgoppløyselege data for sjødjup, m.a. i samband med dei nasjonale forvaltningsplanane og regjeringas strategi for nordområda
etablere standardar for det kartfaglege området, harmonisert mot andre fagområde
leie arbeidet, etablere, forvalte og gjere tilgjengeleg ein infrastruktur av stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som ein viktig og integrert del av Noreg digitalt
bidra til å gjennomføre ny lov om eigedomsregistrering
vidareutvikle det offisielle eigedomsregisteret (matrikkelen)
vidareutvikle ein funksjonell og påliteleg tinglysingsorganisasjon
betre rammevilkåra for eit samla eigedomsinformasjonssystem med felles tilgang til matrikkel, grunnbok og planregister
vidareutvikle Cpos (posisjoneringstenesta med cm-grannsemd) til å dekkje heile Noreg.
Post 24 Driftsresultat:
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
24.1 | Driftsinntekter | -804 383 | -823 823 | -893 445 |
24.2 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 803 816 | 814 712 | 880 134 |
24.3 | Avskrivingar | 8 055 | 6 887 | 10 831 |
24.4 | Renter av statens kapital | 1941 | 2 224 | 2 480 |
24.5 | Til reguleringsfondet | -9 429 | ||
Sum post 24 | 0 | 0 | 0 |
Statens kartverk er ei statleg forvaltningsbedrift som styrer den interne økonomien etter bedriftsøkonomiske rekneskapsprinsipp, mens statsrekneskapen blir rapportert etter kontantprinsippet.
Statens kartverk har ingen kommersiell rolle. Driftsresultatet i budsjettet er såleis sett til kr. 0. Departementet har derfor vurdert om tilknytingsforma til Statens kartverk bør endrast. Departementet foreslår å vidareføre gjeldande tilknytingsform. Departementet legg vekt på at arbeidet til Statens kartverk er finansiert på fleire måtar. I tillegg til den direkte løyvinga over budsjettet til Miljøverndepartementet kjem bl.a. løyvinga til tinglysinga, samfinansiering og inntekter frå sal og royalties av kart og geodata, jf. underpost 24.1.
Underpost 24.1 Driftsinntekter
Statens kartverks bedriftsøkonomiske driftsinntekter fordeler seg som følgjer:
Tabell 13.9 Statens kartverks driftsinntekter
(i mill. kr.) | |||
---|---|---|---|
Rekneskap 2008 | Plan 2009 | Plan 2010 | |
Statens kartverk, arbeid med nasjonal geografisk infrastruktur, jf. kap. 1465 | 357 | 379 | 403 |
Tinglysing, jf. kap. 462 | 166 | 180 | 185 |
Samfinansiering | 196 | 185 | 210 |
Inntekter og royalties frå sal av kart og geodata | 77 | 80 | 95 |
Sum driftsinntekter | 796 | 824 | 893 |
Rekneskap 2008 er ført opp i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap. Plan 2009 refererer seg til St.prp. nr. 1 (2008-2009).
Statens kartverks salsinntekter er i hovudsak knytte til selskapet Primar, som formidlar sjøkart i samarbeid med sjøkartverk i andre land, og royaltiesavtale med statsaksjeselskapet Norsk Eigedomsinformasjon, som formidlar Statens kartverks basisinformasjon i den kommersielle marknaden.
Tinglysingsgebyra blir ikkje ført som driftsinntekt for Statens kartverk, men ført brutto på budsjettet til Justisdepartementet, jf. kap. 3462 Tinglysing.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Posten omfattar utgifter til løn og andre driftsutgifter, under dette etablering og oppgradering av den nasjonale geografiske infrastrukturen, og arbeidet med tinglysing i fast eigedom og burettar.
Underpostane 24.3 Avskrivingar og 24.4 Renter av statens kapital
Avskrivingar og renter av statens kapital er budsjetterte ut frå ein venta bokført kapital på 48 mill. kroner pr. 31. desember 2009.
Avskrivingane for Statens kartverk blir utrekna etter fast praksis på grunnlag av dei kapitalgjenstandane som er bokførte pr. 31. desember året før budsjettåret. Det blir såleis ikkje berekna avskrivingar av kapitalgjenstandar som er skaffa i løpet av budsjettåret.
Avskrivingane skal baserast på historisk anskaffingspris for kvar enkelt kapitalgjenstand. Dette prinsippet vart slått fast ved Stortingets vedtak av 11. juni 1990 på grunnlag av St.prp. nr. 87 (1989-90), jf. Innst. S. nr. 243 (1989-90).
Det skal nyttast eit lineært avskrivingsprinsipp. Avskrivingane på dei enkelte kapitalgjenstandane skal skje med like store beløp kvart år basert på ein fastsett avskrivingsperiode (dvs. venta levetid for vedkommande kapitalgjenstand).
Utrekning av renter av den faste kapitalen i Statens kartverk skal skje i samsvar med føresegner for forvaltningsbedriftene, vedtekne av Stortinget 9. juni 1982 på grunnlag av St.prp. nr. 115 (1981-82), jf. Innst. S. nr. 285 (1981-82).
Underpost 24.5 Til reguleringsfondet
Eit eventuelt avvik mellom budsjettert beløp under post 24 Driftsresultat og det rekneskapsførte beløpet under posten skal regulerast ved overføringar frå/til reguleringsfondet. Ei vesentleg årsak til avvik mellom det faktiske driftsresultatet og det budsjetterte driftsresultatet vil vere terminforskyvingar i kontante inn- og utbetalingar. Pr. 31. desember 2008 var reguleringsfondet på 147,5 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten skal omfatte alle varige investeringar over kr 200 000 eksklusiv tinglysinga.
Statens kartverks produksjonsutstyr er IT-basert. Produksjonsverksemda omfattar behandling av store datamengder frå oppmåling av sjø og land, EDB-basert kartproduksjon mv. Statens kartverk må fortløpande fornye og utbetre utstyrsparken for å kunne utnytte effektivitetsvinstane i ny teknologi i produksjonen, og møte etterspørselen etter nye produkt. Det budsjetterte investeringsnivået svarer likevel ikkje til meir enn ca. 1,3 pst. av totalomsetnaden.
Posten kan overskridast ved sal av utstyr der inntektene blir rekneskapsførte under kap. 5465 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Tabell 13.10 Statens kartverks kapitalbalanse
(i mill. kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.07 | Rekneskap 31.12.08 | Venta 31.12.09 | Venta 31.12.10 | |
Eigedelar | ||||
Anleggsmidlar: | ||||
Driftsmidlar, eigedommar | 41,0 | 52,0 | 58,0 | 59,1 |
Aksjar, andelar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Utlån og obligasjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum anleggsmidlar | 41,0 | 52,0 | 58,0 | 59,1 |
Omløpsmidlar: | ||||
Varebehaldning, varer i arbeid | 3,1 | 3,3 | 3,3 | 3,3 |
Kortsiktige fordringar | 246,5 | 201,1 | 201,1 | 201,1 |
Kortsiktige plasseringar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Kassebehaldning og innskot | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum omløpsmidlar | 249,6 | 204,4 | 204,4 | 204,4 |
Sum eigedelar | 290,6 | 256,4 | 262,4 | 263,5 |
Tabell 13.11 Statens kartverks gjeld og eigenkapital1
(i mill. kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.07 | Rekneskap 31.12.08 | Venta 31.12.09 | Venta 31.12.10 | |
Gjeld og eigenkapital Eigenkapital2: | ||||
Eigenkapital utan reguleringsfond | -40,0 | -93,6 | -93,6 | -93,6 |
Reguleringsfondet | 156,9 | 147,5 | 147,5 | 147,5 |
Sum eigenkapital | 116,9 | 53,9 | 53,9 | 53,9 |
Langsiktig gjeld3: | ||||
Staten sin renteberande kapital | 41,0 | 52,0 | 57,9 | 59,1 |
Anna langsiktig gjeld | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum langsiktig gjeld | 41,0 | 52,0 | 57,9 | 59,1 |
Kortsiktig gjeld4: | ||||
Kortsiktig gjeld | 309,1 | 319,0 | 319,0 | 319,0 |
Mellomverande med statskassen | -176,4 | -168,5 | -168,5 | -168,5 |
Sum kortsiktig gjeld | 132,7 | 150,5 | 150,5 | 150,5 |
Sum gjeld og eigenkapital | 290,6 | 256,4 | 262,3 | 263,5 |
1 Omløpsmidlar. Det blir ikkje gjort overslag over omløpsmidlane før rekneskapsavslutning. Omløpsmidlane blir derfor førte opp uendra i budsjettåret. Omløpsmidlane blir rekneskapsførte i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap.
2 Eigenkapital. Posten kjem fram som ein differanse mellom eigedelar og gjeld. Eventuelt avvik mellom rekneskapsført driftsresultat (etter føring til eller frå reguleringsfondet) og Statens kartverks bedriftsøkonomiske resultat blir rekna mot eigenkapitalen.
3 Langsiktig gjeld. Statens kartverk finansierer alle anleggsmidlar fullt ut som «lån» i statskassen. Statens renteberande kapital fungerer derfor som motpost til anleggskapitalen. Den renteberande kapitalen er fordelt på 5 ulike «lån».
4 Kortsiktig gjeld. Det blir ikkje gjort overslag over kortsiktig gjeld før rekneskapsavslutning. Kortsiktig gjeld blir derfor ført opp uendra i budsjettåret. Kortsiktig gjeld blir rekneskapsført i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap.
Kap. 5465 Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
49 | Sal av anleggsmidlar | 3 425 | ||
Sum kap. 5465 | 3 425 |
Post 49 Sal av anleggsmidlar
På posten er det ført tilfeldige inntekter for Statens kartverk, bl.a. inntekter frå sal av anlegg og utstyr, som av rekneskapstekniske grunnar skal bruttoførast.
Programkategori 12.60 Nord- og polarområda og radioaktiv forureining i det ytre miljøet
Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 4 Eit stabilt klima og rein luft, 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda og 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Regjeringa prioriterer høgt å styrkje forsking og overvaking i polarområda som ledd i å følgje globale miljøendringar og effektane av desse. Samtidig vil kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga av norske nord- og polarområde vere viktig. Hovudinnsatsen vil vere retta mot klimaendringar, miljøgifter og biologisk mangfald. Det er behov for å framskaffe ny kunnskap om viktige delar av Barentshavets økosystem, bl.a. påverknaden frå klima, miljøgifter og hausting. Kunnskap til forvaltninga av isbjørnbestanden, arter som er sentrale for forvaltninga av Svalbard som villmarksområde, og raudlistearter som har regelmessig opphald på Svalbard, vil ha prioritet. Langtransporterte miljøgifter og miljøgifter frå kjelder med lokal betydning vil ha særleg fokus. Vidare er verneområda på Svalbard viktige referanseområde for klima, miljøgift og økologisk forsking, og det er behov for auka kunnskap som grunnlag for forvaltning og vern av desse områda. Noreg har dessutan eit ansvar for å bringe fram kunnskap om og verne kulturminne som viser den menneskelege verksemda i polarområda gjennom tidene.
Arbeidet med gjennomføring av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er prioritert av Regjeringa. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innafor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanane skal leggje til rette for verdiskaping basert på ressursane i havområdet, og samtidig stille krav slik at miljøet i dei norske havområda blir sikra for kommande generasjonar.
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 213 851 | 210 738 | 204 724 | -2,9 |
1472 | Svalbard miløvernfond | 4 008 | 11 550 | 11 450 | -0,9 |
1473 | Radioaktiv forureining av det ytre miljøet | 11 000 | |||
1474 | Senter for klima og miljø | 17 000 | |||
Sum kategori 12.60 | 217 859 | 222 288 | 244 174 | 9,8 |
Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 156 079 | 143 969 | 146 418 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 57 302 | 66 271 | 57 808 |
50 | Stipend | 470 | 498 | 498 |
Sum kap. 1471 | 213 851 | 210 738 | 204 724 |
Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:
Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93) Norsk polarforskning, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.
Instituttet skal vidare:
halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse i miljøforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk
ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis
utvikle og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis
medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttets infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader
følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis
ivareta forvaltningas kunnskapsbehov
fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan det bilaterale norskrussiske miljøvernsamarbeidet
fokusere forskinga si på klimaprosessar og klimaendringar, effektane av desse på naturen, og økotoksikologi i Arktis og Antarktis
utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet
leie Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av Barentshavet og havområda utanfor Lofoten
representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø
medverke til å styrkje Polarmiljøsenteret
utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg
drive utovervendt informasjon om polarområda bl.a. gjennom samarbeid med Polaria.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 4 Eit stabilt klima og rein luft, 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda og 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver. Senter for is, klima og økosystem (ICE) vart etablert og opna i 2009 med utgangspunkt i Norsk Polarinstitutt og i samarbeid med sentrale faginstitusjonar i Noreg. Det vart løyvd 22 mill. kroner til ICE i 2009. Løyvinga til dette senteret er ytterlegare auka med 2 mill. kroner i 2010-budsjettet. Nedgangen i løyvinga skuldast at midlar til oppbygginga av forskingsstasjonen på Bouvetøya er tatt ut. Midlane vil òg gå til nasjonale og internasjonale fagkonferansar og seminar innafor denne kompetanseramma.
Det er òg aktuelt med støtte til regionale klimavurderingar.
Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd.
Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilhøyrende inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyving kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr.1.
Midlar til arbeidet med gjennomføringa av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er vidareført med 3 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 4 Eit stabilt klima og rein luft, 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda og 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.
Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten og Miljøprotokollen til Antarktistraktaten til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Noreg deltek òg i viktige klimaforskingsprosjekt. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.
I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs nærvær i Antarktis er styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.
Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat og utgifter til flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyving kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II nr.1.
Post 50 Stipend
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.
Mål
Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innafor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.
Kriterium for måloppnåing
Antall hovedfagsoppgaver og doktorgrader med polarforskning som emne.
Tildelingskriterium
Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.
Oppfølging og kontroll
Det blir kravd innsendt ei rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.
Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Sals- og utleigeinntekter | 8 678 | 8 559 | 8 833 |
03 | Inntekter frå diverse tenesteyting | 58 516 | 20 858 | 21 525 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 335 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 774 | ||
21 | Inntekter, Antarktis | 9 232 | 10 537 | 10 874 |
Sum kap. 4471 | 77 535 | 39 954 | 41 232 |
Post 01 Sals- og utleigeinntekter
Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting
Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Inntekter, Antarktis
Posten gjeld refusjon av Norsk Polarinstitutts utgifter for drift av TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1472 Svalbards miløvernfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | 2 915 | ||
50 | Overføring til Svalbards miljøvernfond | 11 550 | 11 450 | |
70 | Tilskot, kan overførast, kan nyttast under post 01 | 1 093 | ||
Sum kap. 1472 | 4 008 | 11 550 | 11 450 |
Svalbards miljøvernfond er føresett oppretta i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005.
Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for kort og for felling i samband med hausting, gebyr for teoretisk eksamen i samband med jegerprøva, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Svalbards miljøvernfond har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond.
Inntektene til fondet gir grunnlag for tildeling til dei formåla som skal dekkjast av fondet i samsvar med svalbardmiljølova.
Post 50 Overføring til fondet
Posten er knytt til resultatområde 5, Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond og kap. 4472 post 70 Diverse inntekter, til fondskapitalen.
Kap. 4472 Svalbards miljøvernfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
50 | Refusjon frå fondet | 4 008 | ||
70 | Diverse inntekter | 125 | 25 | |
Sum kap. 4472 | 4 008 | 125 | 25 |
Under dette kapitlet er budsjettert refusjonane til statsbudsjettet basert på inntektene (bl.a. frå diverse avgifter) til Svalbards miljøvernfond. Inntektene er reduserte med kr 100.000,- fordi rentene blir godskrivne fondskapitalen og ikkje kjem inn i statsrekneskapen. Meirinntekter under kap. 4472 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 70 Diverse inntekter
Posten er knytt til resultatområde 5, Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Denne posten blir nytta til inntekter til fondet som ikkje kan karakteriserast som sektoravgifter, blant anna miljøerstatning og tvangsmulkt.
Kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
70 | Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond | 11 425 | 11 425 | |
Sum kap. 5578 | 11 425 | 11 425 |
Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond
Posten er knytt til resultatområde 5, Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med Svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m. Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag fore tilsvarande meirutgifter som er budsjettert under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1473 Radioaktiv forureining i det ytre miljø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 0 | 0 | 11 000 |
Sum kap. 1473 | 0 | 0 | 11 000 |
Rolle og oppgåver for Statens strålevern:
Statens strålevern er landets fagstyresmakt på området strålevern og atomtryggleik, og betener alle departement i spørsmål som angår stråling. Miljøverndepartementet overtok det konstitusjonelle ansvaret for delar av strålevernlovgivinga gjennom kgl. res. 10. november 2006, og er no øvste styresmakt når det gjeld radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljø.
Statens strålevern skal vidare:
regulere og føre tilsyn med verksemder som slepp ut radioaktive stoff og behandlar radioaktivt avfall
sjå til at radioaktivt avfall blir behandla, lagra og deponert på ein sikker måte
sjå til at utslepp til miljø frå norske kjelder blir reduserte og ikkje medfører negative effektar på helse og miljø
sjå til at utslepp til miljø frå norsk olje- og gassverksemd blir reduserte
arbeide for at regelverk og forvaltning av stråling og radioaktivitet i det ytre miljø blir harmoniserte med anna miljøforvaltning
betre kunnskapsgrunnlaget gjennom auka kartlegging, utgreiing og overvaking
halde departementet orientert om andre eksterne kjelder til radioaktiv forureining av norske område, spesielt Sellafield
halde kontakt med russiske styresmakter gjennom miljøvernkommisjonens ekspertgruppe og vidareutvikle samarbeidet om overvaking av radioaktiv forureining
gjennomføre det nasjonale overvakingsprogrammet slik at ein har kunnskap om radioaktive stoff i lufta, i landmiljøet og i det marine miljøet
ha eit aktivt informasjonsarbeid knytt til radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljø, under dette miljøaspekt ved kjernekraft og annan nukleær industri
ivareta internasjonale rådgivings- og utgreiingsoppgåver når det gjeld radioaktiv forureining i det ytre miljø
ivareta internasjonale forpliktingar på miljøområdet i fora som bl.a. OSPAR- og London-konvensjonane
bidra til å vidareutvikle atomberedskapen i miljøforvaltninga, under dette å klargjere oppgraderingsbehov innafor departementets underliggjande etatar med ansvar innafor atomberedskap
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.
For budsjettåret 2009 fekk Statens strålevern auka midlar for å styrkje forvaltning og rådgivingsverksemda under Miljøverndepartementets ansvarsområde. Ein er no i ein fase med oppbygging av staben og arbeider intensivt med følgjande:
heilskapleg forvaltningspraksis
kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar i Noreg
miljøutfordringane i nord- og polarområda
vurdering av norsk oppfylling av OSPARs målsetjingar
formidling av miljødata og rådgiving
Midlane vil bli brukte til å skaffe fram eit første grunnlag for å vurdere avfallsstraumar i norsk industri, problemomfang og behov for regulering frå styresmaktene. Det vil i inneverande år vere nær kontakt mellom Strålevernet og Statens forureiningstilsyn for å harmonisere regelverk og praksis for handtering av avfall og utslepp av radioaktive stoff i forhold til korleis dette blir gjort for kjemikaliar og miljøgifter.
Posten dekkjer utgifter som Statens strålevern har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til etatens samla utgreiings- og rådgivingsverksemd på området radioaktiv forureining i det ytre miljø.
Kap. 1474 Senter for klima og miljø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 |
01 | Driftsutgifter | 17 000 | ||
Sum kap. 1474 | 17 000 |
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.
For budsjettåret 2010 er det foreslått overført 5,2 mill. kroner frå kap. 1410 post 70 og 1,8 mill. kroner frå kap. 1400 post 72 til satsinga på eit Senter for klima og miljø i Tromsø. I tillegg er det løyvd 10 mill. kroner i nye midlar til dette senteret. Innafor rammene av ein senterstruktur skal kunnskapsmiljøa i Tromsø vidareutviklast til eit internasjonalt leiande temasenter på klima, miljø og økosystembasert forvaltning i nordområda.
Midlane skal gå til vidareutvikling og styrking av kunnskap om klima og miljø som vil gjøre oss i stand til å forvalte våre hav – og landområde i nord, og de ressursar som finnes der, på en enda betre måte. Betre kunnskap om klima og miljø er av stor betyding for ressursforvaltning, klimatilpasning, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Bedre kunnskap om – og forståelse av prosessene i Arktis – vil også være et svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet.