Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapittel: 1400–1474 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472 og 5578

Til innhaldsliste

Del 4
Organisasjonsendring og oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

14 Organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling

14.1 Organisering

Miljøverndepartementet er overordna styresmakt for Statens kartverk, Statens forureiningstilsyn, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk kulturminnefond og Svalbards miljøvernfond. Det statlege miljøarbeidet blir regionalt ivareteke av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Sjøfartsdirektoratet og Innovasjon Noreg har oppgåver innafor miljøområdet som Miljøverndepartementet styrer.

Det har ikkje vore store endringar i organiseringa av miljøforvaltninga. Departementets arbeid med hav- og vassforvaltning vart frå 1. oktober 2008 samla i éi eining for å styrkje den interne koordineringa på fagområdet og sikre samordna dialog med andre sektorar, departement og underliggjande etatar.

Frå 1. januar 2010 overtek fylkeskommunen nokre av fylkesmannens oppgåver, nærare bestemt dei fleste av fylkesmannens oppgåver innafor friluftsliv, bestandsforvaltning av ikkje truga arter av vilt og innlandsfisk som det kan haustast av, og vassregionmyndet. For nærare omtale viser ein til kapittel 4.

Årsverksoversikt

Ei samla årsverksoversikt pr. 1. mars 2009, fordelt på Miljøverndepartementet og underliggjande etatar, finst i tabell 5.1 under kap. 5 Oversiktstabellar.

14.2 Oversikt over fornyingsarbeidet

Enklare regelverk

Miljøverndepartementet er i ferd med å utarbeide generelle forureiningskrav til industrien som skal erstatte fleire hundre enkeltløyve. Det vil bli stilt spesifikke bransje- og prosesskrav, og arbeidet er svært omfattande. SFT har gjennomført høyring og sende 28. november 2008 forslag til forskriftsregulering av seks industribransjar med standardiserte krav til Miljøverndepartementet. Det blir arbeidd med sikte på fastsetjing av forskriftsreguleringa i løpet av 2009. Ny plandel av plan- og bygningslova vart vedteken av Stortinget 5. juni 2008 og tredde i kraft 1. juli 2009. I lova er det lagt opp til å forenkle prosessen knytt til planlegging, frå føresegnene om oppstartsmøte, tidsfristar, nye standardar for planframstilling, og tilbod om elektronisk plansaksbehandling. Departementet har i samarbeid med Olje- og energidepartementet vedteke retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. Retningslinjene inneheld samordning mellom regelverket etter plan- og bygningslova og energilova i vindkraftsaker. Det blir òg arbeidd med å forenkle klimakvoteforskriftas rapporteringsrutinar for CO²-utslepp.

Lovendringar om miljøansvar

Miljøverndepartementet arbeider med naudsynte lovendringar for å gjennomføre miljøansvarsdirektivet (2004/35/EF) i Noreg. Foreldingsfristen for å krevje erstatning frå forureinar for oppryddingstiltak som han er ansvarleg for, vert utvida frå tre til fem år. Det kan òg verte naudsynt med ei endring som stadfestar at miljøstyresmaktene si unnlating av å nytte kompetanse, i visse samanhengar skal verte rekna som eit enkeltvedtak som borgarane kan påklage. Desse endringane er ikkje venta å ha vektige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Byggsøk Plan

Det er sett i gang ei driftsløysing for Byggsøk Plan i Statens Bygningstekniske etat, som legg til rette for elektronisk innsending av private planforslag til kommunane. Løysinga er under utprøving i kommunane, og blir no vidareutvikla. Samtidig blir det arbeidd vidare med å utvikle gode løysingar for å gi tilgang på digitale plandata og annan nødvendig temainformasjon.

Miljøansvar i nyskaffingar og drift av offentlege verksemder

Hovudpunkta i Regjeringas handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar er nærare omtalt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand og i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Det er eit mål at miljøbelastninga knytt til offentlege nyskaffingar skal minimerast. I arbeidet med miljøomsyn i offentlege innkjøp skal tiltak knytte til klima og energi, helse og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald prioriterast. Handlingsplanen skal medverke til ein effektiv offentleg sektor og eit konkurransedyktig næringsliv. Handlingsplanen inneheld ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp med konkrete krav til statlege verksemder innan prioriterte produktgrupper. Rettleiande kriterium for dei prioriterte produktgruppene blir utarbeidd. Miljøpolitikken er gjort gjeldande frå 1. januar 2008 og skal integrerast i styringssystema til den enkelte verksemda. Regjeringa ser på bruk av miljøleiingssystem som eit viktig grep for å fremje miljøomsyn ved offentlege innkjøp, og tiltak knytte til innkjøp som ein viktig del av ein heilskapleg miljøpolitikk for verksemda. Miljøleiing i statlege verksemder er vidareført gjennom handlingsplanen. Miljøpolitikken for statlege verksemder er ein obligatorisk del av miljøleiingsystemet. På nasjonalt nivå har Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) ei sentral rolle i den operative oppfølginga av handlingsplanen både når det gjeld miljøbevisste innkjøp og miljøleiing. I kvart fylke/region det er det under etablering ei fagleg støtteteneste (knutepunkt) som skal stå til rådvelde for offentlege verksemder. 6 knutepunkt er etablerte i 2008, og dei resterande knutepunkta vil bli etablerte hausten 2009. Det blir òg arbeidd for at statlege verksemder med betydelege miljøkonsekvensar skal miljøsertifiserast, dvs. innføre system som er sertifiserte av ein tredje part, så som ISO 14001 eller EUs offisielle miljøleiingssystem EMAS. Sjå nærare omtale under resultatområde 7 underområde 3 Verkemiddel og prosessar.

Elektronisk rapportering av utslepp og deklarering av kjemikaliar

Det er stilt krav til bedrifter i klasse 1, 2 og 3, altså verksemder med utsleppsløyve og som har eit frå moderat til stort forureiningspotensial og bedrifter med spesiell beredskap, om å rapportere utsleppstall og utvikling i beredskap til forureiningsstyresmaktene via nettstaden Altinn. Det er òg innført høve til elektronisk deklarering av farlige kjemikaliar til produktregisteret. Formålet er å forenkle og spare tid for næringa og Produktregisteret. Næringa får òg tilgang til alt vedrørande deklarering på ein stad.

Nasjonal miljøprøvebank for miljøgifter

Det er starta opp eit arbeide med å etablere ein nasjonal miljøprøvebank for oppbevaring og seinare analysar av miljøgifter i ulike typar prøvemateriale. Den systematiske innsamlinga av prøvematerialet vil skje frå faste stasjonar over heile landet, inkludert arktiske område og havområde utanfor norskekysten.

Nettstader og portalar

Nettstaden Klimaklubben.no skal gi medlemmene hjelp til å oppnå åtferdsendringar for ein meir klimavennleg livsstil. Klimaklubben er òg eit nettsamfunn der medlemmene kan danne grupper, blogge, konkurrere og dele tips med kvarandre. Regjeringas klimakampanje, Klimaløftet, er den økonomiske hovudbidragsytaren til Klimaklubben.

Statens forureiningstilsyn, Mattilsynet og Forbrukarrådet har gått saman om ein eigen internettbasert kjemikalieportal, som etter planen skal lanserast i slutten av 2009. Her skal det vere mogleg for blant anna forbrukarane å finne informasjon om skadelege stoff og kva slag produkt dei finst i.

Ein ny nettportal med råd om klimatilpassing er òg utvikla, i første omgang med tanke på samfunnsplanleggjarar og avgjerdstakarar i kommunar og fylke. Det er lagt vekt på at informasjonen skal vere lett tilgjengeleg og interessant for alle som er opptekne av kva klimaendringane vil bety for det norske samfunnet.

Nettstaden Miljostatus.no er Noregs største informasjonsbank om miljø. Her blir informasjon om miljøtilstand og utvikling fortløpande oppdatert og tilpassa aktuelle utfordringar.

Forenkling og effektivisering i forvaltninga av vilt- og innlandsfiskeressursar som kan haustast

Målet er at forvaltninga av desse ressursane i størst mogleg grad skal utøvast lokalt, slik at rettshavarane får eit større ansvar for forvaltninga av vilt- og fiskeressursar innafor rammer som sikrar nasjonale målsetjingar. Forskriftene på dette området skal vere få, enkle og korte og skal fokusere på overordna mål som berekraftig hausting, fordelingspolitikk, kultur- og næringsutvikling. Vilt- og innlandsfiskestyremaktene legg dette til grunn i den fortløpande revisjonen av forskriftene innafor dette feltet.

Elektronisk søknad om rovvilterstatning og støtte til vilt- og fisketiltak

Frå 2007 har det vore mogleg å søkje om rovvilterstatning via internett gjennom eit elektronisk søknadssenter tilgjengeleg gjennom Rovviltportalen.no. Formålet har vore å forenkle søknadsprosessen for jordbruksbedrifter med husdyr. For søknadsåret 2009 la Direktoratet for naturforvaltning til rette for at elektronisk søknadssenter òg skal nyttast ved søknader om støtte til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar, konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, vilttiltak, fisketiltak og erstatning for tap av husdyr til rovvilt.

14.3 Rapport om likestilling i miljøforvaltninga

Miljøforvaltninga er gjennom likestillingslova pålagt ei målretta og planmessig rolle for likestilling.

Likestilling internt i Miljøverndepartementet

Fordeling kvinner og menn

Kjønnsfordelinga i Miljøverndepartementet er 57 pst. kvinner og 43 pst. menn. Kjønnsfordelinga i avdelingane, og innan dei enkelte fagområda, er stort sett jamn.

På toppleiarnivå i departementet (departementsråd og ekspedisjonssjefar) er det to (29 pst.) kvinner og fem (71 pst.) menn. På mellomleiarnivå (avdelingsdirektør og underdirektør) er det jamn kjønnsfordeling med 50 pst. kvinner. I gruppa høgtlønte rådgivarar (spesialrådgivar og seniorrådgivar) er det 54 pst. kvinner og 46 pst. menn. På saksbehandlarnivå (rådgivar, førstekonsulent og arkivleiar) er det 62 pst. kvinner og 38 pst. menn. For kontorstillingar er fordelinga 79 pst. kvinner og 21 pst. menn.

Rekruttering og omorganisering er viktige verkemiddel for å få jamn fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen.

Rekruttering

Ein gjennomgang av alle eksternt kunngjorde stillingar i 2008 viste at av den totale søkjarmassen var 52 pst. kvinner og 48 pst. menn. Av kandidatane som vart kalla inn til intervju vart 17 kvinner og 23 menn tilsette. Departementet tilsette 3 kvinner og 2 menn i eksternt utlyste leiarstillingar i 2008.

Lønn

Leiarar på ekspedisjonssjef- og avdelingsdirektørnivå har jamn fordeling av lønn mellom kvinner og menn. Det same gjeld for høgtlønte rådgivarar og saksbehandlarnivået. Det er heller ikkje lønnsforskjellar mellom kvinner og menn på kontornivået.

Totalt i departementet har menn ei gjennomsnittleg årslønn som er noko høgare enn kvinnene. I løpet av 2008 vart det ført individuelle forhandlingar for 21 kvinner og 16 menn etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.4. For 5 kvinner og 3 menn medførte forhandlingane omgjering til høgare stillingskode. Ved dei lokale lønnsforhandlingane etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.3 hausten 2008 fekk kvinner 51,9 pst. av forhandlingspotten.

Arbeidstid

78 pst. av dei som arbeider deltid er kvinner. Mange av desse har mellombels redusert fulltidsstillinga si. Mennene hadde i 2008 ein noko høgare del (56 %) av overtidsbruken enn kvinnene.

Tiltak som er sette i verk

Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna. Under dei lokale lønnsforhandlingane er det prioritert å skape jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn. Rekruttering er eit viktig verkemiddel for jamnare fordeling av kjønn på ulike nivå i organisasjonen, saman med tilbod om kompetanse og karriereutvikling. I utlysingstekst som gjeld leiarstillingar blir kvinner oppmoda til å søkje dersom kvinner er i mindretal.

Naturforvaltningsområdet

Kartlegging har vist at kvinner deltek i mindre grad enn menn i ein del statlege råd og utval på naturforvaltningsområdet. Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene til dei fleste råd og utval på naturforvaltningsområdet. For å få velfungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre, men kommunar og organisasjonar blir no bedne om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.

Det er lagt inn krav i tildelingsbrevet til Direktoratet for naturforvaltning om å sikre at likestillingslova blir følgt ved oppnemning til og reoppnemning av statlege råd og utval som direktoratet har ansvar for, blant anna ved å be om forslag på ei kvinne og ein mann. Direktoratet for naturforvaltning har ansvaret for å koordinere den fortløpande styringsdialogen med fylkesmannen på miljøområdet, og har òg fått beskjed om aktivt å syte for at fylkesmannen følgjer likestillingslova ved oppnemning og reoppnemning til statlege råd og utval som fylkesmannen har ansvar for.

Forureiningsområdet

OECD har i 2008 gjennomført ei internasjonal undersøking om åtferd i hushald i forhold til likestilling. Undersøkinga vart gjennomført i 10 OECD-land i februar 2008 og totalt vart 10 000 hushald intervjua. Følgjande område vart undersøkte: avfall, vatn, energi, transport og økologisk mat. Det vart funne fleire signifikante kjønnsforskjellar i åtferd knytt til forbruksmønster, både i forhold til preferansar og til bakgrunnsvariablar. Resultata viser generelt at kvinner seier seg meir positivt innstilte til framtidig å endre forbruksvanane sine enn kva menn er. Men desse ulikskapane mellom kjønn resulterer berre i liten grad i ulik handling, då det ofte er andre variablar (hushaldas storleik, økonomi, utdanningsnivå osv.) som òg påverkar handlingane. Kjønnsforskjellane er størst innafor transport, der menn i større grad både eig og køyrer meir bil enn kvinner. Menn har òg ein større tendens til å arbeide lenger frå bustaden enn kvinner. Ny undersøking vil bli gjennomført i 2010/2011, og der vil fleire OECD-land delta.

Likestilling i Miljøverndepartementets underliggjande etatar

Miljøverndepartementets underliggjande etatar har likestillingskrav i sine tildelingsbrev med tilhøyrande rapportering, bl.a. på sine måltal for kvinner i leiande stillingar. Departementet har pålagt etatane å gjennomføre kartlegging av kjønnsrelevans og status for likestilling innafor eigne verksemdsområde og etablere systematisk oppfølging av aktivitetsplikta etter likestillingslovas § 1 A.

Direktoratet for naturforvaltning

I følgje TNS Gallups Natur- og miljøbarometer (siste tal frå 2004) betyr kjønn lite for nordmenn si interesse for natur, miljø og friluftsliv. Dette avspeglar seg i arbeidet for å bevare norsk natur for kommande generasjonar og leggje til rette for natur- og friluftslivsopplevingar. Både menn og kvinner har i store trekk dei same forholda til friluftsliv, og likestillingsperspektivet er godt ivareteke i dette arbeidet. Dette gir seg blant anna utslag i at det er god fordeling mellom kvinner og menn som arbeider med desse spørsmåla i offentleg forvaltning.

Å delta i jakt og fiske har tradisjonelt vore eit område med stor dominans av menn. Menn dominerer framleis, men delen av kvinner som deltek i slike aktivitetar aukar. I løpet av dei ti siste åra har talet på kvinnelege medlemmer i Norges jeger- og fiskerforbund auka frå 3 til nærare 10 pst., og det er etablert eigne kvinnenettverk der jakt og fiske er tema.

Dei fleste budsjettpostane som Direktoratet for naturforvaltning disponerer innafor sitt verkeområde er ikkje kjønnsrelevante. Nokre av postane kan likevel nyttast til å fremje likestilling mellom kjønna. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av desse.

Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål og post 71 Tilskot til viltformål

Grunnlaget for desse to postane er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar, og kan ytast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i jakt og fiske. Midlar frå dei to postane er bl.a. nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.

Kap. 1427 post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, post 74 Tilskot til friluftstiltak og 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd

Desse postane har indirekte familiefokus ved at midlane dei siste åra har vore retta mot å leggje ut friluftsområde og støtte friluftstiltak i by- og tettstadsnære område, det vil ofte seie i nærleiken av bustader, skular og barnehagar. Ei viktig brukargruppe av desse områda vil vere kvinner og barn. Mange friluftsråd driv aktiv rekruttering av nye befolkningsgrupper gjennom å arrangere turar, kurs o.l.

Riksantikvaren

Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og fokuserer på representativitet når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale og likestillingsaspektet er derfor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, bidra til at det blir sett større fokus på mangfaldet i befolkninga. Som eksempel kan ein nemne verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet og Kulturminneåret 2009. I verdiskapingsprogrammet arbeider Riksantikvaren for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Kulturminneåret har som hovudtema «Dagleglivets kulturminne». Temaet femner vidt, både sosialt og i tid. Det omfattar alle delar av befolkninga, også dei nasjonale minoritetane og innvandrarar.

Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre ivareteke, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innafor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed bl.a. kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

Norsk polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt har fokus på å få ei mest mogleg lik samansetjing av tilsette kvinner og menn på alle område. Det er ei særleg målsetjing å auke kvinnedelen ved rekruttering av personell til utestasjonane. Som tiltak for å rekruttere begge kjønn er det alltid oppgitt både mannleg og kvinneleg kontaktperson i kunngjeringstekstar. Kvinner/menn blir oppfordra til å søkje dersom det finst mindre enn 40 pst. av det eine kjønnet i aktuell type stilling. Representantar frå begge kjønn deltek i heile utveljingsprosessen og det blir lagt vekt på at det under tilsetjingsintervjuet blir stilt relevante spørsmål vedrørande likestilling.

14.4 Oppfølging av IA-avtala

I styringsdialogen med etatane har Miljøverndepartementet lagt opp til tett oppfølging av IA-måla. I samsvar med IA-avtala er det lagt vekt på behovet for konkrete mål som kan etterprøvast, førebyggjande tiltak og systematisk HMS-arbeid. IA-måla blir i stor grad utforma av kvar enkelt etat og tilpassa lokale forhold.

Resultatutvikling og tiltak

Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at verksemdene i miljøforvaltninga hadde eit samla legemeldt fråvær i 2008 på 3,4 pst. Det legemelde sjukefråværet gjekk dermed ned i forhold til 2007 (3,9 pst.) Eigemeldt sjukefråvær er ikkje inkludert i tala.

Verksemdene i miljøforvaltninga har sett i gang fleire tiltak for å førebyggje sjukefråvær, spesielt er vektlagt tiltak for å fremje fysisk aktivitet blant medarbeidarane. Andre førebyggjande tiltak omfattar blant anna fysioterapi og tilpassing av arbeidsplassar. I forhold til IA-mål 2 og 3, rekruttering av personar med redusert funksjonsevne og auke i pensjonsalder, er det sett individuelle mål og sett i verk eigne tiltak, for eksempel traineeordning, tilbod om praksisplassar og karriereutvikling for seniormedarbeidarar.

Når det gjeld rekruttering av personar med redusert funksjonsevne er etatane pr. 31. desember 2009 bedne om å opplyse om rekrutteringspolitiske tiltak som er sette i verk for å integrere desse og innrapportere kor mange av dei nytilsette i etaten i 2009 som tilhøyrer målgruppa. Etatane er òg bedne om å opplyse om tiltak som er sette i verk for at seniormedarbeidarar skal stå lenger i arbeid, og innrapportere reell pensjoneringsalder i 2009. Rapporteringa gir eit heilskapeleg bilete av resultatutvikling på IA-området og grunnlag for den vidare styringsdialogen.

15 Om oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

Vedtak nr. 120 (2008-2009)

«Stortinget har den 8. desember 2008 vedtatt en anmodning til Regjeringen på bakgrunn av erfaringen fra Gulen om å orientere om gjennomgangen av kontroll og tilsyn med inn- og utskiping av farlige stoffer og avfall i norske havner. Anmodningen oversendes Miljøverndepartementet til oppfølging.»

Miljøverndepartementet uttaler i brev 18. august 2009:

Erfaringene fra Vest Tank-saken tyder på at det er behov for at alle berørte myndigheter i fellesskap vurderer hva som kan gjøres for å styrke og effektivisere kontrollen vedrørende inn- og utskiping av farlige stoffer og avfall i norske havner. Statens forurensningstilsyn har i tråd med dette opprettet en arbeidsgruppe med medlemmer fra blant annet Kystverket, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, og Toll- og avgiftsdirektoratet for å styrke samarbeidet på dette området gjennom bl.a. bedre informasjonsutveksling, større grad av fysiske kontroller og bedre samordning av ressursinnsatsen. Dette arbeidet er i sluttfasen, og regjeringen vil legge arbeidsgruppens konklusjoner frem for Stortinget så snart de foreligger.

Til forsida