Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapittel: 1400–1474 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472 og 5578

Til innhaldsliste

Del 2
Omtale av Miljøverndepartementets resultatområde

6 Resultatområde 1 Naturens mangfald og friluftsliv

Resultatområdet omfattar berekraftig bruk og vern av naturens mangfald og friluftsliv. Friluftsliv er eit felles gode som det er viktig å sikre som kjelde til auka trivsel, betre folkehelse, forståing av naturverdiar og berekraftig utvikling. Bevaring av naturens mangfald skjer gjennom berekraftig bruk, vern, oppsyn, skjøtsel og restaurering. Hovudårsakene til tap av naturmangfaldet er knytte til tap av biologiske nøkkelområde og endringar i arealbruk, klimaendringar, forureining, spreiing av framande arter og overutnytting. Resultatområdet omfattar òg arbeidet med å motverke negative miljøeffektar på naturmangfaldet av desse påverknadene, med unntak av klimaendringar og forureining som blir dekte av resultatområde 3 og 4. Bevaring av verdifulle geologiske førekomstar og ulike landskapskvalitetar inngår òg i resultatområdet. I tillegg dekkjer resultatområdet internasjonalt arbeid, blant anna oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale prosessar og avtaler for å sikre berekraftig bruk, vern og rettferdig fordeling av naturens mangfald.

Resultatområdet er delt opp i følgjande underområde:

  1. Berekraftig bruk og vern av leveområde.

  2. Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar

  3. Framande arter og genmodifiserte organismar

  4. Friluftsliv

Strategisk mål

Naturen skal forvaltast slik at arter som finst naturleg blir sikra i levedyktige bestandar, og slik at variasjonen av naturtypar og landskap blir halden ved lag og gjer det mogleg å sikre at naturmangfaldet får halde fram med å utvikle seg. Noreg har som mål å stanse tapet av naturmangfald i løpet av 2010.

Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

Nasjonale resultatmål, miljøforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Resultatområde 1 – underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde

Avgrensing og definisjon av underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde

Underområdet omfattar sikring av leveområde og naturtypar slik at naturmangfaldet får utvikle seg vidare og slik at viktige økosystemtenester ikkje blir ytterlegare utarma. Nedbygging, bruk og bruksendring (inkludert opphøyrt bruk og gjengroing) av areal er rekna som dei viktigaste truslane mot planter og dyr i Noreg. Summen av mange tilsynelatande ubetydelege inngrep kan få alvorlege følgjer for den evna arter og bestandar har til å overleve, og for økosystemas produksjonsevne. Dette blir forsterka av klimaendringane. Havforsuring er ein stor trussel som er venta å skade viktige delar av økosystema i havet allereie innan 2025. Dei mest verdifulle og sårbare naturområda treng særskilt omsyn gjennom vern og oppsyn for å sikre at verneverdiane ikkje går tapt. I område utanfor verneområda er det viktig å redusere negativ påverknad på naturens mangfald så mykje som mogleg for å sikre at vi òg i framtida kan hauste av naturen og nyte godt av tenester som økosystema leverer. Det er derfor ei klar kopling mellom innsatsen for å ta vare på leveområde for mangfaldet av planter og dyr og den nasjonale arealpolitikken som er omtalt i resultatområde 6.

Tabell 6.1 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Nasjonalt restmål 1.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.1.1

Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar.

1.1.1.1 Implementere arbeidsprogram om områdevern frå Konvensjonen om biologisk mangfald (vedteken på COP7 i 2004) ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

1.1.1.2 Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på ulike naturtypar.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

1.1.1.3 Sluttføre fylkesvise/tematiske verneplanar i løpet av år 2010.

Talet på vedtekne fylkesvise verneplanar.

1.1.1.4 Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S.nr. 46 (2003-2004).

Sum verna areal produktiv skog fordelt på naturgeografiske regionar.

Areal produktiv skog som er vedteke verna etter 2002.

1.1.1.5 Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 40 nye og utvide 14 eksisterande verneområde i løpet av 2010.

Sum verna areal fordelt på natur geografiske regionar.

Talet på nye verneområde som er vedtekne.

1.1.1.6 Sikre eit representativt nettverk av marine verneområde innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda gjennom nasjonal marin verneplan innan 2012.

Del av representative, særeigne, truga og sårbare naturtypar som inngår i dei marine verna områda i kvar biogeografisk region.

1.1.1.7 Halde ved lag naturverdiane i verneområda, og redusere truslane mot naturverdiane.

Del av verneområde som har tilfredsstillande forvaltningsplan.

Del av verneområde med tilfredsstillande skjøtsel.

Del av verneområde som har tilfredsstillande oppsyn/tilsyn.

Nokre av miljøforvaltningas arbeidsmål er endra i høve til arbeidsmåla for 2009. I status-teksten under blir det rapportert på arbeidsmåla frå 2009.

Regjeringa prioriterer høgt å ta vare på norsk natur og verne om naturmangfaldet. Av dei 18 500 artene som vart vurderte i arbeidet med den norske raudlista i 2006 vart 3 886 arter (21 pst.) plasserte på raudlista. Omlag 48 pst. av desse er knytte til skog, 35 pst. til kulturlandskap, 13 pst. til våtmark, 12 pst. til hav/strand/kyst, 9 pst. til ferskvassmiljø, 5 pst. til fjell/arktisk natur og 5 pst. til marint miljø. God forvaltning av område verna etter naturvernlova, og vidareføring av vern av eit representativt utval område etter den nye naturmangfaldlova er viktig for å sikre framtida for artene.

Pr. august 2009 er ca. 15,7 pst. av fastlands-Noreg verna etter naturvernlova/naturmangfaldlova.

Eit viktig verkemiddel for å stanse tapet av planter, dyr og naturtypar er eit moderne og heilskapleg lovverk. Den nye naturmangfaldlova er den mest omfattande og viktigaste lov for forvaltning av norsk natur nokon sinne. Lova trådde i kraft 1. juli 2009, med unntak av lovkapittel IV om framande organismar. Lova gir mål, prinsipp og konkrete reglar om berekraftig bruk og vern av all natur og skal praktiserast av alle sektorar. For første gong er det lovfesta forvaltningsmål for naturtypar/økosystem, miljørettslege prinsipp som føre var-prinsippet og samla belastning og krav til kunnskapsgrunnlaget. Det blir òg etablert ordningar for «prioriterte arter», «økologiske funksjonsområde» og «utvalde naturtypar» for å ta vare på natur som er spesielt truga eller sårbar. Dagens områdevern og den generelle artsforvaltninga blir i hovudsak vidareført. For områdevern blir det likevel innført nye reglar for erstatning som samla sett vil betre den erstatningsrettslege situasjonen for grunneigarar og rettshavarar.

Tabell 6.2 Oversyn over område verna etter naturvernlova/naturmangfaldlova pr. august 2009.

Tal

Areal km (inkl. ferskvatn)

Prosent av Noregs landareal1

Nasjonalparkar

32

29 558

9.1

Landskapsvernområde

188

16 346

5.0

Naturreservat

1 912

4 829

1.5

Andre fredingsområde

158

126

0.1

Sum

2 391

50 860

15.7

1 Fastlandet ekskl. Svalbard (verneområde på Svalbard er oppretta i medhald av svalbardmiljølova).

Arbeidsmål 1.1.1.1 Implementere arbeidsprogram om områdevern frå Konvensjonen om biologisk mangfald ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010

Arbeidsprogrammet sitt overordna mål er å etablere og halde ved lag effektivt forvalta og økologisk representative nasjonale og regionale nettverk av verneområde. Dette skal vere på plass innan 2010 for område på land og innan 2012 for marine område. Etablering, forvaltning og overvaking av verneområde skal skje med deltaking og respekt for urfolk og lokale samfunn.

Partsmøtet for Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) i mai 2008 la stor vekt på områdevern som reiskap for å nå 2010-målet. Behovet for å gjennomføre analysar av manglar i landas områdevern i løpet av 2009 og å sikre naudsynt finansiering av områdevern vart spesielt framheva.

Tiltak som står sentralt i Noregs oppfølging av vedtaket om områdevern er i hovudsak knytte til gjennomføring av dei fylkesvise verneplanane, skogvern, gjennomføring av nasjonalparkplanen, marin verneplan og sikring av naturverdiane i verneområda. Som tilpassing til klimaendringane vil det bli lagt vekt på å sikre tilstrekkeleg store område som inneheld økologiske gradientar som gir ei ekstra forsikring for arter i eit endra klima.

Ei evaluering av gjennomført vern av ulike naturtypar og leveområde for artar som er freda etter naturvernlova/naturmangfaldlova er sett i gang og vil bli sluttført i desember 2009. Denne såkalla gap-analysen vil vise kva for naturtypar det er lite av i dei verneområda vi har i dag. Evalueringsrapporten vil òg omfatte tilrådingar for å rette opp situasjonen der evalueringa evt. viser at måla for områdevernet og krava i CBDs program for områdevern ikkje er nådde. Regjeringa vil vurdere dei faglege tilrådingane i evalueringa for vidare utvikling av områdevernet og vil prioritere oppfølgjande utgreiingsarbeid i 2010.

Oppfølging av områdevernet og gjennomføring av nytt vern er omtalt under arbeidsmåla 1.1.1.4 – 1.1.1.7. Arbeidet under CBD med å etablere eit nettverk av marine verneområde er omtalt under arbeidsmål 1.1.1.6.

Internasjonale plikter i andre konvensjonar er òg sentrale for å følgje opp arbeidsprogrammet under Konvensjonen om biologisk mangfald, blant anna Ramsarkonvensjonen om våtmarker, Verdsarvkonvensjonen om vern av verdas natur- og kulturarv, Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur og Oslo-Paris-konvensjonen om vern av det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet (OSPAR).

Ein tek sikte på å utvikle norsk vernepolitikk meir i tråd med EUs NATURA 2000 i høve til etablering av område og rapportering via det europeiske miljøbyrået (EEA). Naturvern er ikkje ein del av EØS-avtala, men Miljøverndepartementet har følgt EUs arbeid på dette området tett i samband med arbeidet med ny naturmangfaldlov. Naturmangfaldlova gjer at norsk naturforvaltning er lyfta opp på EUs nivå.

Det er brei europeisk semje om å opprette gode europeiske nettverk av verneområde. Under Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur er dette følgt opp gjennom at partane skal peike ut område til eit europeisk nettverk av verneområde kalla Emerald Network. Innmelding av norske område til Emerald Network vil vere ein parallell til EU-landa sin Natura 2000-prosess. I 2008 nominerte Miljøverndepartementet dei 11 første norske områda til Emerald Network. I 2009 er arbeidet med naudsynt dokumentasjon for om lag ytterlegare 90 verneområde sluttført, og arbeidet med innmelding av nye område vil bli trappa opp i 2010.

Noreg tek aktivt del i arbeidet med den paneuropeiske biomangfald- og landskapsstrategien (PEBLDS) der etablering av eit paneuropeisk nettverk av verneområde står sentralt. Noreg arrangerte, saman med Belgia, «Biodiversity in Europe-konferansen» i Belgia 22. – 24. september 2009. Hovudfokus for konferansen var oppfølging av det 9. partsmøtet under Konvensjonen for biologisk mangfald og diskusjon av konvensjonens nye strategiske plan som skal vedtakast i 2010.

Arbeidsmål 1.1.1.2 Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på ulike naturtypar

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) er det sentrale internasjonale rammeverket rundt arbeidet med å nå målet om å stanse tapet av arter og naturtypar innan 2010. Det niande partsmøtet for konvensjonen vart halde i mai 2008. I tillegg til fokus på gjennomføring av konvensjonen sitt etablerte arbeidsprogram, bl.a. tiltak for å ta vare på ulike naturtypar, vart det fatta vedtak som stimulerer til synergi mellom klimatiltak og naturmangfaldomsyn og arbeid for å betre kunnskapsgrunnlaget under konvensjonen. Det internasjonale arbeidet med naturmangfald og økosystemtenester treng eit kunnskapspanel på lik linje med klimapanelet. Noreg støttar FNs miljøprograms initiativ for å etablere ein mekanisme for kunnskap om naturens mangfald og økosystemtenester (vitskapspanel). Gjennom Direktoratet for naturforvaltning følgjer Noreg utviklinga internasjonalt i høve til å ta vare på geoarven (bevaring av geologisk mangfald), mellom anna ved styrkt innsats og deltaking i den europeiske organisasjonen Progeo.

Ein viser til arbeidsmål 1.2.2.6 for omtale av anna relevant oppfølging av konvensjonen om biologisk mangfald og andre relevante konvensjonar og avtaler.

Arbeidsmål 1.1.1.3 Sluttføre fylkesvise/tematiske verneplanar i løpet av år 2010

Verneplan for Smøla, ein samordna sjøfuglplan for alle fylka kring Oslofjorden og verneplan for edellauvskog i Sogn og Fjordane er vedtekne i 2009. Det er vidare i 2009 planlagt vernevedtak for Oslofjorden (delplan for Østfold), verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal og einskildområdet Bruvollhagen i Hedmark. Verneplan for rik lauvskog i Troms vert gjennomført som frivillig skogvern. I løpet av 2010 vil ein ha nådd målet i St.meld. nr. 68 (1980-81) om gjennomføring av fylkesvise, tematiske verneplanar for tema edellauvskog, myr, våtmark og sjøfugllokalitetar – totalt 70 verneplanar.

Arbeidsmål 1.1.1.4 Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S. nr. 46 (2003-2004)

I 2008 vart det verna 36 skogområde med totalt 169 km2 produktiv skog. Hittil i 2009 er det verna 51 skogområde med ca. 129 km2 produktiv skog. Av dette er 33 område (ca. 98 km2) produktiv skog på statsgrunn i Nordland, 7 område er på statsgrunn i Telemark og Aust-Agder og 11 område inngår i ordninga med frivillig skogvern. Totalt er det pr. september 2009 verna tilsvarande ca. 1,8 pst. av skogarealet i landet.

Ei evaluering av arbeidet med frivillig skogvern vil bli gjennomført i 2009.

Hovudstrategien i arbeidet for auka skogvern er å sikre høg fagleg kvalitet ved at dei viktigaste områda blir fanga opp i arbeidet, samtidig som ein sikrar god dialog med skogeigarar og andre partar.

For 2010 er det følgjande hovudelement i arbeidet:

  • Skogvern på statsgrunn: Vern av store skogareal blant anna i Nord-Trøndelag hausten 2009 eller i 2010. I tillegg blir verneprosessen i Troms og i attverande, registrerte verneverdige skogområde på statsgrunn i andre fylke ført vidare.

  • Skog eigd av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar): Verneprosessar og vernevedtak for verneverdige skogområde.

  • Frivillig skogvern: Vidareføring av prosessen.

  • Oppfølging av evalueringa av frivillig vern, mellom anna vurdere endringar i arbeidet med frivillig vern dersom evalueringa gir grunnlag for det. Systematiske, naturfaglege registreringar i prioriterte skogtypar og gjennomføring av verneprosessar knytte til dette. Hovudfokus i 2010 vil vere på edellauvskogar.

Arbeidsmål 1.1.1.5 Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 40 nye og utvide 14 eksisterande verneområde i løpet av 2010

Pr. 10. august 2009 er 44 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. Naustdal-Gjengedal, Ålfotbreen og Skardsfjella-Hyllingsdalen landskapsvernområder vart oppretta i januar 2009. Lomsdal-Visten nasjonalpark vart oppretta i mai, Ytre Hvaler nasjonalpark i juni og Breheimen nasjonalpark i august 2009. Følgjande område er planlagt verna 2. halvår 2009 og i 2010: Sjunkhatten (Sjunkan-Misten), Sølen, Sørdalen-Isdalen, Goahteloubbal, Kvænangsbotn/Navitdalen og Sundfjordfjella. I tillegg skal nasjonalparkane Ormtjernkampen og Øvre Anarjohka utvidast. For å få samanheng med nasjonalparken på svensk side vil ein òg opprette Fulufjellet nasjonalpark. Denne kjem i tillegg til områda i nasjonalparkplanen. I tillegg har fem kommunar i Nord-Trøndelag fremja ønske om å etablere ein nasjonalpark på Nord-Fosen.

I vernearbeidet legg ein stor vekt på å gjennomføre demokratiske og tillitvekkjande planprosessar. Samarbeidet med Sametinget for å sikre samiske interesser på best mogleg måte i planlegginga (jf. avtala om konsultasjon mellom Staten og Sametinget) blir ført vidare.

Pr. 1. august 2009 er det autorisert 15 nasjonalparksenter, og departementet sin opphavlege plan for etablering av nasjonalparksenter er fullført. Lokalt vert det arbeidd med planar for fleire nasjonalparksenter. Vidare utvikling av nasjonalparksentra vil bli sett i samanheng med ny forvaltningsmodell for verneområda, jf. tekst om nye forvaltningsmodellar i del III under programkategori 12.20 Naturens mangfald og friluftsliv.

Arbeidsmål 1.1.1.6 Etablere eit representativt nettverk av marine verneområde innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda innan 2012

Noreg har slutta seg til målet om å ha på plass eit representativt og økologisk samanhengjande nettverk av marine verneområde innan 2012. I OSPAR har vi slutta oss til at eit slikt nettverk skal vere på plass innan 2010. Eit første representativt nettverk av marine område verna etter ny naturmangfaldlov og marine område varig beskytta på annan måte skal etter planen vere etablert i 2010. Nettverket skal deretter i andre fase supplerast etter behov for å sikre eit representativt, økologisk samanhengjande nettverk for alle dei norske kyst- og havområda innan 2012.

Det formelle verneplanarbeidet for fase 1 startar i 2009. Det skal gjennomførast konsekvensutgreiingar før verneforslaget blir sendt på felles lokal og sentral høyring i 2010.

Noreg har førebels meldt inn 5 ulike område som er beskytta under fiskerilovgivinga og eitt område som er verna etter naturvernlova som bidrag til OSPARs nettverk i det nordaustlege Atlanterhavet, og tek sikte på å melde inn tre nye område utanfor Svalbard og Bjørnøya som er verna under svalbardlova hausten 2009.

Arbeidsmål 1.1.1.7 Halde ved lag naturverdiane i verneområda, og redusere truslene mot naturverdiane

Tilstrekkeleg og oppdatert kunnskap om arter, naturtypar og tilstand i dei enkelte verneområda, er kritisk for å få til ei forsvarleg forvaltning. For å sikre at ønsket om auka bruk av verneområda ikkje svekkjer verdiane som ligg til grunn for vernet, er det krav om eit forvaltningsapparat som er meir robust både fagleg og i høve til kapasitet.

Løyvingane til forvaltning av verneområde har auka dei siste åra og regjeringa vil halde fram med å auke løyvingane til forvaltningsplanlegging, konkrete skjøtselstiltak og overvaking av verneområde for å sikre verneverdiane.

Delen av område der verneverdiane er truga aukar framleis. I 1996 var verneverdiane truga i 18 pst. av verneområda (DN 1996). I Riksrevisjonen si undersøking frå 2006 var denne delen 30 pst. I 2008 utførte Direktoratet for naturforvaltning ein kartlegging av tiltaks- og planbehovet i verneområda som viste at verneverdiane etter fylkesmannen sitt syn er truga i 36 pst. av verneområda. Verneverdiane er truga i første rekkje på grunn av aukande gjengroing, introduserte arter og at det er verna mange kulturrelaterte og skjøtselskrevjande område. Naturtypar som er truga er først og fremst kulturlandskapstypar, ferskvatn, våtmark, barskog, edellauvskog og andre skogtypar.

Det er ei overordna målsetjing å stanse og reversere denne utviklinga. Statens naturoppsyn sine oppgåver omfattar kontrollverksemd, naturvegleiing, fysisk tilrettelegging, registreringsarbeid og skjøtsel. I dette arbeidet ligg òg nedkjemping av framande arter og tiltak for å bevare truga arter. Statens naturoppsyn hadde i 2008 oppsynsansvaret for alle dei 2391 verneområda i Fastlands-Noreg. Oppsyn blir òg utført gjennom tenestekjøp frå Statskog Fjelltenesta i Troms og Nordland, frå fjellstyra sitt fjelloppsyn og andre samarbeidspartnarar.

Frå 2007 til 2008 vart det registrert ein nedgang på 38 pst. i talet på brot på regelverket i verneområde som vart melde etter naturvernlova. Nedgangen frå 2006 til 2007 var på 25 pst. Ein stor del av sakene som blir melde til politiet etter motorferdsellova er likevel avdekte/utførte i verneområda, slik at det samla talet brot på verneføresegnene etter naturvernlova er høgare enn talet på meldingar til politiet tilseier.

I 2008 gjennomførte Statens naturoppsyn, som tidlegare år, eit stort tal tiltak i verneområda i heile landet. Tiltaka omfattar både skjøtsel, fysisk tilrettelegging og informasjonstiltak. Av store tilretteleggingstiltak for brukarar av nasjonalparkane og andre naturområde som vart gjennomførte i 2008 er stigtilrettelegginga av Skålastien blant dei mest arbeids- og kostnadskrevjande. Arbeidet omfattar bygging av stig/steintrapper heilt frå Skålatårnet og ned til utanfor verneområdet. Andre tiltak i verneområda har blant anna bestått av slått, tynningshogst, uttak av framande arter som rynkerose og sitkagran, og ulike tilretteleggingstiltak som oppsetting av skilt/grensemerke og tilrettelegging/utbetring av stitrasear og rasteplassar. I tillegg til dette kjem skjøtsel organisert gjennom fylkesmannen og kommunane, som resultat av den årlege bestillingsdialogen med Statens naturoppsyn. Statens naturoppsyn organiserte og gjennomførte også eit høgt tal aksjoner der søppel vart fjerna frå verneområda. Ein stor del av desse aksjonane vart gjennomførte langs kysten,

Dei auka løyvingane til tiltak i verneområde i samband med Regjeringas tiltakspakke for 2009 har allereie ført til vesentleg høgare skjøtselsaktivitet i verneområda i 2009. Det er så langt i 2009 gjennomført eit høgt tal skjøtsels- og tilretteleggingstiltak innanfor verneområda i fleire regionar langs kysten. Uttak av bartre og uttak av framande arter er mellom tiltaka som er gjennomførte i høgast tal. Desse tiltaka er med på å auke den lokale verdiskapinga og sysselsetjinga i samband med verneområda i mange utkantkommunar.

Sjølv om etablering av tilfredsstillande oppsynsordningar er vesentleg styrkt dei siste åra, er det framleis eit etterslep i arbeidet med å etablere eit tilfredsstillande oppsyn i enkelte område/regionar. Dette gjeld blant anna i fleire av dei nyoppretta nasjonalparkane og landskapsvernområda, men òg innanfor enkelte regionar med store geografiske avstandar og/eller eit stort tal mindre verneområde, og for naturoppsynet langs kysten.

Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde skal gi nærare retningslinjer for korleis verneverdiane kan forvaltast best mogleg innan det enkelte verneområde. Tal frå 2006 viste at det var behov for forvaltnings- og skjøtselsplanar for i overkant av 500 verneområde. Blant anna fordi det er oppretta mange nye verneområde dei siste åra, konkluderar kartlegginga av tiltaks- og planbehovet i 2008 med at det er behov for 990 nye forvaltningsplanar. 385 verneområde har forvaltningsplan. 26 av nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda har godkjende forvaltningsplanar. I 2008 og 2009 er det sett i gang arbeid med utarbeiding av forvaltnings-/skjøtselsplanar for i overkant av 200 mindre verneområde. Det er venta at det vert vedteke om lag 100 forvaltnings-/skjøtselsplanar for slike område i 2009. Det vil òg vere behov for planar i nye verneområde og det er behov for oppdatering av eldre forvaltnings- og skjøtselsplanar.

Noreg manglar eit landsdekkjande system for overvaking av verneområde. For å styrkje overvakinga i verneområda har Direktoratet for naturforvaltning sett i gang arbeid med retningslinjer for å definere bevaringsmål for sentrale naturkvalitetar i det enkelte verneområdet og overvakingsopplegg i samband med dette. Bevaringsmål er òg ein sentral del av forvaltningsplanarbeidet. Rettleiingsmateriell for bevaringsmål og overvaking skal liggje føre våren 2010 og prøvast ut i ei rekkje pilotområde sommaren 2010. Statens naturoppsyn vil ha ei viktig rolle i innsamling av data.

Verneområde har ikkje vore prioriterte i nasjonalt program for kartlegging og overvaking. Dei aller fleste verneområda er oppretta gjennom dei tematiske verneplanane, og dei faglege grunnlagsregistreringane har av ressurs- og kapasitetsårsaker vore innretta direkte mot tema for verneplanen. Dei færraste verneområda er derfor naturtypekartlagt, og det er store manglar når det gjeld kunnskap om kva for arter som finst i verneområda. I og med at ein ikkje har hatt eit systematisk overvakingsopplegg for verneområda, er heller ikkje status for dei registrerte verneverdiane kjend. Svenske miljøvernstyresmakter har i løpet av dei siste fem åra gjennomført ei basisinventering av sine Natura 2000-område, knytt til rapporteringsplikta som følgjer av EUs habitatdirektiv. Det er eit mål å få naturtypekartlagd alle norske verneområde. I utvalde område skal òg spesielle artsgrupper kartleggjast. I 2010 startar eit prosjekt med basisinventering av norske verneområde.

Tiltak knytte til forvaltningsplanlegging, skjøtsel og andre konkrete tiltak og overvaking i verneområda medfører sterk auke i informasjonsmengda og større krav til effektiv samhandling mellom forvaltning og oppsyn. Det er derfor viktig at elektroniske saksbehandlingsverktøy blir vidareutvikla tilsvarande. Dette gjeld særskilt Naturbase og tilgrensande system.

Noreg har store utfordringar når det gjeld pliktene i Ramsarkonvensjonen, ikkje minst knytte til dei 37 norske våtmarkssystema (32 på fastlandet og 5 på Svalbard) som er med på lista over verdas viktigaste våtmarksområde. Ut frå konvensjonen skal desse områda ha godkjende forvaltningsplanar. Pr. mai 2009 er det godkjent planar for heile eller delar av 7 av dei 32 Ramsarområda på fastlandet. Det blir arbeidd med forvaltningsplanar for ei rekkje område, og det er venta at det ved utgangen av 2009 ligg føre godkjende planar for 19 av dei 32 områda.

I dag har om lag 50 kommunar ansvar for forvaltning av naturreservat, naturminne og/eller landskapsvernområde. I tillegg har det som eit prøveprosjekt vore delegert forvaltningsmynde til kommunar for nokre større verneområde i nasjonalparkplanen. Til saman er det om lag 70 kommunar som har fått delegert forvaltningsmynde for verneområde. I 2008 vart ordningane med forvaltningsmynde for verneområde evaluerte. Resultatet av evalueringa, og ny modell for forvaltning av verneområde er omtalt i del III under Programkategori 12.20 Naturens mangfald og friluftsliv.

Verdiskapingsprogrammet «Naturarven som verdiskapar» starta i 2009. Verdiskapingsprogrammet skal medverke til at distrikt med verneområde kan utnytte høva til verdiskaping på best mogleg måte. Det kom inn 56 skisser til moglege prosjekt, noko som viser både stor interesse og stort behov for denne typen tiltak. 10 prosjekt er no valde ut til programmet.

Tabell 6.3 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Nasjonalt resultatmål 2.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.1.2

Areal utanfor verneområda skal forvaltast slik at viktige økologiske funksjonar og tenester blir haldne ved lag i så stor grad som mogleg; i truga naturtypar skal ein unngå inngrep.

1.1.2.1 Sikre dei truga naturtypane gjennom ordninga med utvalde naturtypar (naturmangfaldlova) eller andre verkemiddel.

Talet på truga, naturtypar som er blitt kartlagde.

Omfang av naturtypar som er dokumentert skadde eller øyde lagde.

1.1.2.2 I samarbeid med aktuelle partar sikre at forvaltninga av vassdrag og kystnære marine vassførekomstar tek omsyn til biologisk mangfald.

Overvakingsparameter under forskrift om rammer for vassforvaltninga (EUs rammedirektiv for vatn).

1.1.2.3 Sikre at attverande naturområde med urørt preg blir tekne vare på.

Areal av inngrepsfrie naturområde.

1.1.2.4 Gjennomføre kartlegging av dei viktigaste naturtypane for biologiske mangfald i prioriterte område i løpet av 2010.

Talet på kommunar som er ferdig kartlagde innafor dei ulike natur typane.

Talet på kvalitetssikra datasett.

1.1.2.5 I samarbeid med sektorane gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av naturens mangfald.

Mengda av kvalitetssikra data i høve til det talfesta målet om lokalitetsopplysningar i Naturbase.

1.1.2.6 Vidareutvikle datagrunnlaget for Naturindeks for Noreg.

Talet på datasett som kan samanliknast med andre land.

1.1.2.7 Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø.

Talet på dispensasjonar som er gitt.

Talet på personar som er melde for brot på motorferdslelova.

Omfanget av førebygging av ulovleg motorferdsel.

Nokre av miljøforvaltningas arbeidsmål er endra i høve til arbeidsmåla for 2009. I status-teksten under blir det rapportert på arbeidsmåla frå 2009.

Arbeidsmål 1.1.2.1 Sikre dei truga naturtypane gjennom ordninga med utvalde naturtyper (naturmangfaldlova) eller andre verkemiddel

Alle sektorar har ansvar for at tiltak og aktivitetar på eige område ikkje gir unødige miljøbelastningar. Hovuddelen av naturmangfaldet finst utanfor verneområda og blir forvalta av andre sektorar gjennom deira sektorlover og gjennom kommunal planlegging etter plan- og bygningslova. Bygging av fritidsbustader, motorferdsel i utmark, utbygging av arealkrevjande energi- og transportanlegg, by og tettstadsutvikling og endra driftsformer i landbruket er i dag nokre av dei viktigaste grunnane til nedbygging, bruksendring, oppsplitting av viktige areal og gjengroing. Summen av mange, tilsynelatande ubetydelege inngrep kan få alvorlige følgjer for arter og bestandar og deira høve til å overleve, og for produksjonsevna i økosystema. Bevaring av naturens mangfald er derfor ei sektorovergripande utfordring som krev samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane, innanfor rammer av ei aktiv arealplanlegging lokalt og regionalt. Miljøverndepartementet har ei viktig rolle i å medverke til dei andre departementa sitt arbeid med bevaring og berekraftig bruk av naturmangfaldet.

Det er sett i gang arbeid for å bevare utvalde naturtypar. Store delar av stortareskogen i nord og sukkertareskogen i sør har forsvunne. Stortaren blir beita ned av kråkebollar, men årsakene bak den dramatiske situasjonen er framleis ukjende. For sukkertare er høgare sjøtemperaturar og store tilførsler av næringssalt og partiklar dei viktigaste årsakene til at arten blir borte. Mykje tyder på at dei langtransporterte tilførslene har gått ned dei 10 siste åra. I 2009 vart sluttrapporten frå sukkertareprosjektet levert departementet. Statens forureiningstilsyn fekk i oppdrag å invitere berørte etatar og institusjonar til eit samarbeid for å finne dei mest nødvendige og kostnadseffektive tiltaka på tvers av sektorane. Kaldtvasskorallrev er ein annan naturtype som er under stort press. Reva har blant anna blitt skadde av botntråling og klimaendringar – særleg er havforsuring eit nytt trugsmål. I forvaltningsplanen for Norskehavet (St.meld. nr. 37 (2008-2009)) har regjeringa lagt fram ei rekkje nye tiltak for å beskytte korallreva mot skade. Mellom anna skal MAREANO-programmet vidareførast for å kartleggje ukjende førekomstar av korallrev og annan sårbar natur på havbotnen også i Norskehavet. Fleire korallrev skal beskyttast mot skade frå fiskeriaktivitet, og alle reva som er beskytta mot botntråling skal beskyttast mot garn og linefiske. Det er òg stilt særskilte krav til petroleumsverksemd i område med korallrev. I områda Iverryggen og Froan/Sularevet skal det fram mot 2014 ikkje utlysast nye konsesjonar for petroleumsverksemd. Unnateke frå dette er dei delane av Froan/Sularevet som er omfatta av ordninga med tildeling av førehandsdefinerte område (TFO). Arbeidet med å samanfatte eksisterande tiltak og supplere dei etter behov i ein nasjonal handlingsplan for korallrev og liknande sårbare naturtypar på havbotnen vil bli starta i løpet av 2009.

Truga og sårbare naturtypar vart frå og med 2006 inkluderte i arbeidet med revisjon av raudlista. Artsdatabanken la våren 2009 fram «Naturtypar i Noreg». På grunnlag av denne fagleg omforeina naturtypeinndelinga vil Artsdatabanken i løpet av 2010 leggje fram ei vurdering av kor truga norske naturtypar er.

I 2008 starta Direktoratet for naturforvaltning arbeidet med ein handlingsplan for naturtypen slåttemark i samarbeid med Statens Landbruksforvaltning. Iverksetjing av handlingsplanen starta i 2009. Eit prosjekt som gir anbefalingar om å ta vare på truga område i kystlyngheilandskapet vart òg ferdigstilt i 2009.

Det er viktig å utvikle verktøy og verkemiddel som synleggjer og integrerer omsynet til truga, sårbare og omsynskrevjande naturtypar i kommunanes ordinære plan- og styringssystem. Direktoratet for naturforvaltning gjennomførte i 2008 ei evaluering av i kor stor grad kommunane tek omsyn til viktige område for biologisk mangfald etter kartlegginga dei har gjennomført (etter DNs kartleggingshandbøker). Den viser at dei «beste» kommunane har utvikla gode prosessar som tek vare på dei kartlagde områda. Det er likevel eit forbetringspotensial både i høve til datatilgang, kvalitet og bruken av dei i planprosessar. I løpet av hausten 2010 vil Naturbase bli nettbasert slik at data kan integrerast direkte i kommunane sine saksbehandlingsverktøy. Stadfesta data frå Artsdatabankens basar, Artskart og Artsobservasjonar vil vere tilgjengelege gjennom den same løysinga.

Arbeidsmål 1.1.2.2 I samarbeid med aktuelle partar sikre at forvaltninga av vassdrag og kystnære marine vassførekomstar tek omsyn til biologisk mangfald

Forskrifta om rammer for vassforvaltning (vassforvaltningsforskrifta) som trådde i kraft 1. januar 2007, gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane og skal sikre best mogleg vern og berekraftig bruk av desse. Miljømåla vil sikre at tilhøva for planter og dyr i vatn er gode ved at det blir stilt krav til såkalla «god kjemisk og økologisk tilstand». Forskrifta er eit viktig verktøy for å gjere norsk vassforvaltning meir heilskapleg, samordna og økosystembasert. Vassrammedirektivet er teke inn i EØS-avtala gjennom St. prp. nr. 75 (2007-2008) som vart behandla i Stortinget vinteren 2009. Gjennomføringa av vassforvaltningsforskrifta må sjåast i samanheng med naturmangfaldlova. Ein viser til nærare omtale under resultatområde 3, underområde 1 Heilskapleg hav- og vassforvaltning.

Det er utarbeidd retningslinjer for fylkesvise planar for små vasskraftverk. Planane skal sikre at naturmangfald, friluftsliv og store landskapsverdiar ikkje går tapt samtidig som talet på små vasskraftverk aukar. Retningslinjene blir òg lagt til grunn for konsesjonsbehandlinga av enkeltprosjekt. Omlegging av Samla plan for vassdrag vil bli sett i samanheng med gjennomføring av vassforvaltningsforskrifta. Ferdigstillinga av ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar, jf. St.prp. nr. 32 (2006-2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, vart vedteken av Stortinget våren 2007, jf. Innst. S. nr. 183 (2006-2007). Ordninga består etter dette av til saman 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar som skal beskyttast mot inngrep og aktivitetar i vassdraga, og mot oppdrettsverksemd i dei nærliggjande fjord- og kystområda.

Arbeidsmål 1.1.2.3 Sikre at attverande naturområde med urørt preg blir tekne vare på

Dei siste hundre åra er dei villmarksprega områda i Noreg (område 5 kilometer eller meir unna tyngre tekniske inngrep) reduserte frå omkring halvparten av landarealet til i underkant av 12 pst. i 2003. I Sør-Noreg var det berre att 5 pst. i 2003. Vegbygging i landbruket stod for over 80 pst. av det totale bortfallet. Ny status for inngrepsfrie naturområde (område som ligg meir enn 1 kilometer unna tyngre tekniske inngrep) i Noreg (INON) er under utarbeiding og ajourførte kart og statistikk vil bli lagt ut på nettet i løpet av hausten 2009 (www.dirnat.no/inon). For sjøareal er det førebels ikkje gjort noko vurdering av omfanget av inngrepsfrie område. Presset på areala i kystnære område er stadig aukande, og det er behov for ei slik vurdering.

I løpet av 2009 vil Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med Miljøverndepartementet betre datakvaliteten for skogsvegar i høve til inngrepsfri natur og INON-databasen, og vurdere verkemiddel for å unngå at bygging av skogsvegar fører til utarming av miljøet i viktige inngrepsfrie område. Arbeidet vil òg involvere Direktoratet for naturforvaltning og Statens landbruksforvaltning. Det er lagt opp til at eventuell revisjon av regelverket og andre verkemiddel skal vere gjort i løpet av 2010, jf. omtale i St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen.

Arbeidsmål 1.1.2.4 Gjennomføre kartlegging av dei viktigaste naturtypane for biologisk mangfald i prioriterte område i løpet av 2010

Om lag 90 pst. av kommunane har no gjennomført ei første gongs kartlegging av område med stor verdi for naturens mangfald på land. Det er førebels lagt inn naturtypedata frå om lag 300 kommunar i Naturbasen. Eit usikkert overslag viser at ca. 1/5 av alle viktige lokalitetar er kartlagde. Det ligg pr. 1. mai 2009 inne data frå ca. 92 000 funksjonsområde for arter spreidde over heile landet i Naturbasen. Dei fleste artslokalitetane stammar frå viltkartlegginga og er av relativt gammal dato. Direktoratet for naturforvaltning har i 2009 teke eit initiativ for å betre kvaliteten på viltdata i Naturbase. Reine artsdata frå kartlegginga er no i større grad tilgjengelege frå Artsdatabankens Artskart. I kartlegginga av areal er dei som er truga av inngrep prioriterte, og det er derfor kartlagt lite i fjellområda.

For marin kartlegging er status følgjande:

  • Oslofjorden: Kartlegging starta i 2007, venta ferdig i 2010

  • Vest-Agder: Kartlegging starta i 2007, venta ferdig i 2010

  • Aust-Agder: Kartlegging starta i 2007, venta ferdig i 2009

  • Trøndelag: Kartlegging starta i 2007, venta ferdig i 2010

  • Troms: Kartlegging starta i 2008, venta ferdig i 1010 – gytefelt ferdig i 2011

  • Hordaland: Kartlegging starta i 2009, venta ferdig i 2011.

Når Hordaland er ferdig kartlagt vil ca. 50 % av Noregs kystkommunar vere kartlagde. Det er kommunar med store sjøareal som står att, og med dagens metodikk reknar ein med at heile kysten kan vere kartlagd innan 2017.

Krava til eigenskapane til naturtypedata har endra seg mykje sidan kartlegginga starta i 1999. Parallelt med den vidare kartlegginga er det derfor prioritert å oppdatere eksisterande data i Naturbase. Oppdateringa inneber både betre avgrensing av naturtypane og ei områdebeskriving som gir data større forvaltningsrelevans. For ein del område inneber denne oppdateringa ei ny kartlegging. Dette er kostbart og tidkrevjande, og oppdateringa vil derfor gå føre seg over fleire år.

Det står enno att mykje kartleggingsarbeid på viktige naturtypar og lokalitetar for raudlistearter. Dette arbeidet inngår no i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Sjå òg arbeidsmål 1.1.2.5, 1.1.2.6. og 1.2.2.1.

Arbeidsmål 1.1.2.5 I samarbeid med sektorane gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av naturens mangfald

Eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald vart oppretta i 2003. Programmet er styrt og finansiert av eit utval samansett av 7 departement. Nasjonalt program skal medverke til å dekkje forvaltningas behov for kartlegging og overvaking der desse ikkje er dekte gjennom sektorvise tiltak, og syte for at kartbasert kunnskap om naturmangfald blir gjort tilgjengeleg. Programmet initierer kartleggings- og overvakingsaktivitetar både på land, i ferskvatn og i sjø ut til grunnlinja. Programmet er inne i sin andre programperiode som går til og med 2010. I denne perioden vil hovudfokus vere retta mot naturtypar, truga og sårbare arter og framande arter i norsk natur. Eksisterande metodegrunnlag og kunnskapsgrunnlag blir nytta som grunnlag for vidare kartlegging, og i kvalitetssikring og oppdatering av eksisterande data. I tillegg blir det gjennomført kartlegging av biologisk mangfald i kystsona og det er oppretta ei prosjektgruppe for kartlegging og overvaking av framande arter i norsk natur. Programmet består av følgjande fire prosjektgrupper: 1) Naturtypar på land, 2) Marine aktivitetar, 3) Truga arter og 4) Framande organismar. God samordning mellom prosjektgruppene er sikra ved at alle vert leia av Direktoratet for naturforvaltning. Programmet har til no i stor grad fokusert på kartleggingsaktivitetar. I 2009 har ein òg starta utviklinga av overvakingsmetodikk for naturtypar og truga artar, og ein samla plan for vidare arbeid med overvaking er utvikla. I fase 2 blir det lagt stor vekt på informasjon og kommunikasjon om programmets aktivitetar og resultat. Mot slutten av fase 2 i Nasjonalt program vil det bli gjennomført ei heilskapeleg vurdering av korleis arbeidet skal førast vidare etter 2010.

I løpet av 2009 vil det bli utarbeidd ein samla plan for vidare arbeid med overvaking.

Kartlegging og overvaking av sjøfugl skjer gjennom sjøfuglprogrammet SEAPOP. Ein viser til nærare omtale under arbeidsmål 1.2.2.1.

MAREANO er eit tverrsektorielt program for kartlegging og styrking av kunnskapen om Noregs havbotn, finansiert over budsjetta til Fiskeri- og kystdepartementet, Miljøverndepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. For å nå målet om kartlegging av Nordland VII, Troms II og Eggakanten i løpet av 2010 vart løyvinga auka med totalt 18.8 mill. kroner i 2009, likt fordelt på dei tre finansieringsdepartementa, slik at totalbudsjettet i 2009 har vore på 51.4 mill. kroner. Under MAREANO blir havdjupn og topografi kartlagt der slike data manglar. Det fysiske, kjemiske og biologiske miljøet på havbotnen blir òg kartlagt. MAREANO gir viktig kunnskap om vår marine natur og har blant anna medverka til at det er oppdaga nye marine naturtypar, naturlege gassoppkommer og nye korallrev på havbotnen på kontinentalsokkelen. MAREANO vil gi viktig kunnskap til oppdateringa av Forvaltningsplan Lofoten-Barentshavet i 2010, og skal førast vidare også i Norskehavet.

1.1.2.6 Vidareutvikle datagrunnlaget for Naturindeks for Noreg

Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter får styresmaktene eit bilete av utviklinga i naturmangfaldet, om verkemidla fungerer etter formålet og om Noreg klarer å ivareta målet om å stoppe tapet av arter og økosystem innan 2010. Arbeidet med å utvikle ein Naturindeks for Noreg er godt i gang. Metoden er utvikla og prøvd ut basert på dagens datagrunnlag med data frå Midt-Noreg. Eit breitt fagmiljø er samd om metoden som foreløpig gir grunnlag for «enkle» framstillingar av utvikling og truslar mot norsk natur. Basert på dette pilotprosjektet tek ein sikte på å presentere ein naturindeks for heile landet i 2010.

Artsdatabanken spelar ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere dei viktigaste data om naturens mangfald tilgjengelege for brukarar i areal- og ressursforvaltninga. Rapporteringsverktøyet «Artsobservasjonar» vart lansert i mai 2008. Talet på observasjonar har pr. 1. mai 2009 passert 1.8 millionar. Sjå òg arbeidsmål 1.2.2.1.

Det norske artsprosjektet vart etablert i 2009. Denne satsinga skal sikre langsiktig kartlegging og kunnskapsoppbygging om arter i norsk natur, med spesiell fokus på arter og artsgrupper vi har lite kunnskap om. Det blir òg viktig å gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, mellom anna via internett. Arbeidet vil skje i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet, og 9. september 2009 undertekna miljøvernministrane i Sverige og Noreg ein avtale om å samarbeide om å auke kunnskapen og kompetansen om biologisk mangfald i svensk og norsk natur gjennom samarbeid knytta til landas respektive artsprosjekt. Ambisjonen både i Sverige og Noreg er å kartleggje alle fleircella arter av planter og dyr. I åra framover blir det viktig å få på plass forskingsdelen i prosjektet.

For å kunne samanlikne utviklinga av norsk naturmangfald med andre land deltek Noreg aktivt i EEAs utvikling av indikatorar for naturmangfald, SEBI2010 (Streamlining European 2010 Biodiversity Indicators) og Det europeiske miljøbyråets informasjonsverktøy EIONET (European Environmental Information and Observation Network). EEA har foreslått eit første sett med 26 SEBI-indikatorar som eit ledd i arbeidet med å nå 2010-målet. Dette er påverknads-, tilstands- og responsindikatorar knytte til å ta vare på naturmangfald og som omfattar ulike sektorar. Ei vurdering gjennomført av Direktoratet for naturforvaltning i samarbeid med ei rekkje fagmiljø viser at Noreg (heilt eller delvis) har datagrunnlag for 16 av dei 26 indikatorane, men for dei fleste av dei 16 indikatorane er det pr. i dag ikkje etablert dataflyt/rapportering til EEA. For 10 indikatorar kan det ikkje rapporterast, dels fordi metodikken ikkje er fullt utvikla eller fordi dei baserer seg på datakrav knytte til EUs fugle- og habitatdirektiv. Den nasjonale overvakinga av naturmangfaldet er fortløpande vurdert i høve til vidare tilpassingar til SEBI2010.

Fugleindeksen (bestandsutvikling for hekkande fugl) er etablert som ein av regjeringas indikatorar for berekraftig utvikling i Noreg. Indeksen blir registrert i alle naturtypar på land, og inngår i nasjonale nøkkeltal for naturens mangfald. Data blir òg rapporterte til EEA/SEBI2010. Førebels er indikatoren basert på data som ikkje er representative for heile Noreg, og det er i regi av Direktoratet for naturforvaltning sett i gang arbeid for å etablere eit landsrepresentativt nettverk av teljepunkt for kvantifisering av bestandsvariasjonar for fugl i eit 18x18 km rutenett der ca. halvparten av rutene blir oppsøkte årleg for registrering. Nettet vil bestå av 500 teljeområde fordelt over heile Noreg. Etablering og drift i Sør-Noreg til og med Nord-Trøndelag er klar, mens delar av Nordland og Troms blir etablerte i løpet av 2009. Eit landsdekkjande nett kan bli klart i løpet av 2010.

God informasjon om status og utvikling i naturmangfaldet og om økologiske tenester som blir produserte av naturen er ein viktig føresetnad for å bevare naturens mangfald. Fram mot FNs internasjonale år for naturmangfald i 2010 vil det bli utvikla ein eigen kommunikasjonsplan.

1.1.2.7 Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø

Det totale talet på snøskuterar var over 63 630 ved utgangen av 2008, og det har vore ein jamn auke i talet på snøskuterar i fleire år (frå 53 599 i 2003). Talet på barmarkskøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til over 26 000 køyretøy pr. 31. desember 2008 (alle tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk). Dette betyr at omfanget av motorferdsel i utmark har auka kraftig.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdsellova og den nasjonale forskrifta er tilgjengeleg som KOSTRA-rapportering. I 2008 vart det behandla 14 019 søknader om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse vart 13 068 (93 pst.) godkjende. For å få eit samla bilete må det òg reknast med dispensasjonar som er gitt for fleire år. Ca. 11 000 tidlegare gitte dispensasjonar var framleis gyldige i 2008, dvs. at det var i overkant av 24 000 aktive dispensasjonar i 2008. For barmarkskøyring vart det totalt godkjent 1837 søknader i 2008. Det er god grunn til å gi barmarkskøyringa større merksemd framover. Statens naturoppsyn har gjennomført målretta oppsyns- og kontrolltiltak, oftast i samhandling med lokalt politi. Barmarkskøyring har hatt særleg prioritet. I 2008 vart totalt 126 tilfelle av ulovleg motorferdsel melde til politiet, etter kontrollar av Statens naturoppsyn (inkl. Fjelltenesta i Nord-Noreg). Av desse var det 27 tilfelle av ulovleg barmarkskøyring. Sjølv om barmarkskøyring representerer ei utfordring for oppsynet skal satsinga knytt til kontroll av barmarkskøyring førast vidare i eit framhalde tett samarbeid mellom politiet og Statens naturoppsyn.

Forsøksordninga med planstyrt forvaltning av motorferdsel er blitt evaluert av Norsk institutt for naturforsking (NINA). Denne evalueringa var ein del av grunnlaget for prosjektet Motorferdsel og samfunn (MOSA). MOSA hadde som formål å etablere eit best mogeleg kunnskapsbasert avgjerdsgrunnlag for utforming av strategiar, regelverk og verkemiddel for regulering av motorferdsel i utmark, med vekt på avveging mellom nytte- og verneverdiar. På dette grunnlaget har Direktoratet for naturforvaltning utarbeidd eit forslag til nytt regelverk for motorferdsel i utmark og vassdrag som vart sendt på høyring sommaren 2007. Etter høyringa la Direktoratet for naturforvaltning våren 2008 fram eit revidert forslag til ny lov. Dette forslaget blir no vurdert av regjeringa. Miljøverndepartementet vedtok i juni 2009 ei endring i motorferdselforskrifta som gjer det mogleg mellom anna å gi løyve til køyring i utmarksnæring og gruppeturar for pensjonistar og nokre andre grupper.

Tabell 6.4 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Nasjonalt resultatmål 3.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.1.3

Kulturlandskapet skal forvaltast slik at kulturhistoriske og estetiske verdiar, opplevingsverdiar, biologisk mangfald og tilgjenge blir halde ved lag.

1.1.3.1 Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag.

Tilstand og utvikling for dei nasjonalt prioriterte kultur landskapa.

Arbeidsmål 1.1.3.1 Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag

Gjengroinga i utmark er no svært tydeleg både i fjellet, på kysten og i låglandet, og kulturlandskap med større areal av ulike typar halvnaturlege naturtypar minkar. Det er aukande behov for å halde oppe drift og skjøtsel i dei høgast prioriterte områda (ca. 300) i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap og naturtypar i kulturlandskapet kartlagt med høg verdi for naturmangfald. Som ledd i landbruks- og miljøvernstyresmaktene sitt arbeid med å operasjonalisere målet om at «Spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått særskilt forvaltning innan 2010», la Statens landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren i 2007 fram ein rapport om utvalde kulturlandskap i jordbruket. Direktorata er sekretariatet i prosjektet «Utvalgte kulturlandskap i jordbruket». På bakgrunn av innspel frå fylkesmannen har sekretariatet send tilråding om 20 utvalde område som skal følgjast opp med særskilt forvaltning til Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Sekretariatet sitt forslag vart godkjent i starten på 2009, og avtaler om særskild forvaltning er starta opp. Ei offisiell opning av prosjekta skjedde i slutten av juni 2009 i Nord-Østerdalen. Sekretariatet arbeider vidare med avtalemal, informasjon og opplegg for rapportering.

Andre viktige verkemiddel i arbeidet med å ta vare på jordbrukets kulturlandskap og det naturlege mangfaldet i dette landskapet, er supplerande kartlegging av naturens mangfald og betre overvaking. Supplerande kartlegging er gjennomført i Buskerud, Midt-Noreg (Møre og Romsdal og Oppland), Sogn og Fjordane og Agder-fylka. Det er òg starta eit prosjekt for å vidareutvikle og justere eksisterande kartleggingsmetodikk. Prosjektet skal medverke til utvikling av regionale indikatorarter og regionale utformingar av kulturmarks-/naturtypar. Metodikken skal òg omfatte opplysningar eller kunnskap om hevd og bruk. Eit prosjekt om kystlynghei dokumenterte status/tilstand og utvikling for norske kystlyngheier knytt til skjøtsel/hevd og truslar bakover og framover i tid. Rapportar frå dei tre omtalte prosjekta kom i 2009.

Mykje av arbeidet knytt til å halde ved lag verdifulle kulturlandskap er òg integrert i andre resultatmål og oppgåver.

Resultatområde 1 – underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar

Avgrensing og definisjon av underområde

Underområdet omfattar arbeidet med å sikre levedyktige bestandar av dei artene som høyrer naturleg heime i norsk natur. Ein god variasjon i arvemateriale i levande organismar, med eit samleord kalla «genressursar», er naudsynt for at arter skal kunne tilpasse seg endra miljøforhold, til eksempel klimaendringar. Genressursane er òg eit viktig grunnlag for bio- og genteknologi og oppdrettsnæringa. Underområde 2 har særleg fokus på berekraftig hausting og tiltak for å ta vare på truga arter. Dei truga artene har så dårleg bestandsstatus at det er naudsynt med tiltak i høve til kvar enkelt art. Det er nær kopling mellom innsatsen for å ta vare på enkeltarter og arbeidet med å sikre leveområde for planter og dyr under underområde 1.

Tabell 6.5 Mål- og indikatortabell for underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Nasjonalt resultatmål 1.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.2.1

Hausting og anna bruk av levande ressursar skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir utrydda eller truga.

1.2.1.1 Sikre at nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane blir baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar. For anadrom laksefisk skal hausting i størst mogleg grad baserast på driftsplanar av rettshavarar i samarbeid med kommunar og brukarar.

Omfanget av bestandar som er truga av overutnytting. Delen av hjortevilt felt på vald med driftsplan/bestandsplan. Talet på driftsplanar for laksefisk som er lagt til grunn for forvaltninga.

1.2.1.2 Medverke til at all utnytting av levande ressursar og genressursar skjer i tråd med føre var-prinsippet og ei økosystembasert tilnærming gjennom rådgiving og oppfølging av sektorane.

Del av bestandar eller arter som er overutnytta eller truga av overutnytting. Del av bestandar eller arter som har forvaltningsmål og -strategiar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.2.1.1 Sikre at nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane blir baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar. For anadrom laksefisk skal hausting i størst mogleg grad baserast på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar

Eit prosjekt med brei deltaking frå brukarinteressene har utvikla scenario for hjorteviltet fram mot år 2030. Desse viser at både forvaltninga og andre interesser står overfor store utfordringar i åra som kjem, at det må etablerast klare og overordna mål som det er semje om og eit effektivt tverrsektorielt samarbeid for å møte utfordringane. Ei viktig målsetjing med forvaltningsreforma vil vere å få til å styrkje og heve kvaliteten på forvaltninga av dei vilt- og fiskeressursane som det kan haustast av, i tråd med intensjonane i den nye naturmangfaldlova. Det er behov for auka presisjon i hjorteviltforvaltninga og ein dyktiggjering av aktørane i alle ledd dersom ambisjonar om sunne og livskraftige hjorteviltbestandar, reduksjon i omfang av arealbrukskonfliktar og auka verdiskaping skal vere mogleg å få til.

Innafor viltforvaltninga er hjorteviltregisteret eit viktig hjelpemiddel for dei som skal ta avgjerder. Gjennom nasjonalt overvakingsprogram og helseovervakingsprogram for hjortevilt følgjer ein bestandsutviklinga i eit representativt utval av hjorteviltbestandane.

Sjukdom hos viltlevande dyr har fått auka merksemd dei siste åra. Ikkje berre som smittekjelde for menneskje og husdyr, men òg som ein faktor som påverkar bestandanes bereevne og overleving. Auka førekomst av sjukdom ser ut til å verke saman med andre påkjenningar slik som klimaendring, auka nivå av miljøgifter, introduksjon av nye arter, fragmentering av leveområde og endra landskapsbruk. I Noreg driv Veterinærinstituttet overvaking av helsetilstanden hos hjortevilt. Dette er finansiert over Viltfondet. Det finst elles inga systematisk overvaking av sjukdom eller smittestoff hos viltlevande dyr. Kunnskap om nivået av sjukdom i bestandane er ein føresetnad for riktig forvaltning både med tanke på å bevare berekraftige vilt- og fiskebestandar og for å hindre spreiing av smitte til menneskje og dyr.

Veterinærinstituttet og Direktoratet for naturforvaltning har saman utarbeidd eit rammeverk for helseovervaking av viltbestandar. Behovet for helseovervaking er aktualisert ved den sterke merksemda som har vore omkring fuglevirus og moglege konsekvensar av dette i Noreg. I tillegg kjem auka utbreiing av flått og hjortelusfluge, og auka fare for andre sjukdommar med endra klimatilhøve. For hjort utgjer fellingsløyve på område/vald med bestandsplan ca. 35 pst. av det totale talet på fellingsløyve. For elg utgjer desse løyva ca. 85 pst. Ingen viltarter som det er jakta på er truga av overutnytting.

Regulering av laksefisket er basert på vitskapeleg rådgiving, kunnskap om tilstanden til bestandane, fagleg skjønn og erfaringar. I 2008 vart det innført eit nytt reguleringsregime med vesentlege innskrenkingar i fisket både i elv og i sjø. Dette vart ført vidare for 2009. Innskrenkingane er grunngitte blant anna med omsynet til å kunne nå gytebestandsmål i dei 162 elvane der det finst vurderingsgrunnlag for slike mål. Reguleringane i sjø og elv skal reviderast i 2010. Ei driftsplanbasert forvaltning krev at rettshavarane er organiserte i høvelege einingar som kan ivareta interessene deira. Slike einingar må vere juridisk og økonomisk forpliktande, slik at styresmaktene kan opptre formelt i høve til eit driftsplanområde. Utviklinga av driftsplanbasert forvaltning vil bli følgd opp i samarbeid med dei sentrale organisasjonane på fiskerettshavar- og brukarsida. I høyringsforslag til revidering av lakse- og innlandsfisklova er det blant anna foreslått å innføre obligatorisk organisering av rettshavarar i laksevassdrag

Arbeidsmål 1.2.1.2 Medverke til at all utnytting av levande ressursar og genressursar skjer i tråd med føre var-prinsippet og ei økosystembasert tilnærming gjennom rådgiving og oppfølging av sektorane

Fleire fiskebestandar i Nordsjøen har låge bestandsnivå. Det gjeld for eksempel torsk og makrell. Talet på gytebestandar over og under sikre biologiske grenser er forholdsvis konstant i perioden. Kva slag bestandar som ligg over eller under dei sikre grensene varierer likevel noko frå år til år. Noko av variasjonen kan forklarast med naturlege svingingar i bestandane. Generelt kan ein likevel seie at gytebestandane i Nordsjøen er relativt sterkt påverka av fiskeri.

Fleire kommersielle marine arter er lista i den norske raudlista, bl. a. er artene ål og pigghå vurderte som kritisk truga. Kysttorsk nord for 62. breiddegrad er vurdert som sårbar og havsil, vanleg uer og snabeluer som sårbare. For nokre av desse artene går det føre aktivt kommersielt fiske. Det er gjennomført tiltak for å ta vare på desse artene. Bl.a. er det forbod mot direkte fiske av pigghå og det er gjennomført fleire avgrensingar i fisket etter kysttorsk nord for 62. breiddegrad. For ål er det starta opp arbeid med å lage ein handlingsplan. For denne arten er det sannsynleg at klimaendring er ein viktig påverknadsfaktor. For vanleg uer er det lov med direkte fiske med noko reiskap og innanfor eit avgrensa tidsrom, men det er reglar for bifangst. Det er ikkje lov med direkte fiske av snabeluer – i tillegg er det reglar for bifangst og stengte område.

Tabell 6.6 Mål- og indikatortabell for underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Nasjonalt resultatmål 2.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.2.2

Halde oppe eller byggje opp att truga arter til livskraftige nivå.

1.2.2.1 Sikre dei truga artene gjennom ordninga med prioriterte arter og økologiske funksjonsområde (naturmangfaldlova) eller andre verkemiddel.

Talet på raudlistearter totalt og endringar i raudlistekategori for raudlistearter i ulike naturtypar.

Del av truga arter, med utarbeidd handlingsplan.

Inngrep i villreinområde.

1.2.2.2 Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn.

Talet på dokumenterte ynglingar av gaupe, jerv, bjørn og ulv siste år fordelt på dei åtte rovviltregionane.

Talet på hekkingar av kongeørn siste år.

Talet på dokumenterte ulovlege fellingar av rovvilt fordelt på rovviltart.

1.2.2.3 Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå.

Talet på vaksne individ og ynglingar av fjellrev.

1.2.2.4 Sikre dei ville laksebestandane.

Endringar i bestandstilstand etter kategorisystemet for laksevassdrag.

1.2.2.5 Sikre at oppsynsordningar medverkar til å ta vare på arter

Del truga og sårbare arter som er dekte av oppsyn.

1.2.2.6 Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på arter og genressursar.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

Nokre av miljøforvaltningas arbeidsmål er endra i høve til arbeidsmåla for 2009. I status-teksten under blir det rapportert på arbeidsmåla frå 2009.

Arbeidsmål 1.2.2.1 Sikre dei truga artene gjennom ordninga med prioriterte arter og økologiske funksjonsområde (naturmangfaldlova) eller andre verkemiddel.

Artsdatabanken la i desember 2006 fram ei ny offisiell raudliste for Noreg, inkludert Svalbard. Norsk raudliste 2006 inneheld totalt 3 886 arter. Av desse er 84 utdøydde frå norsk natur etter år 1800. I kategorien kritisk truga er det 285 norske arter. Kategorien sterkt truga inneheld 764 arter, og i kategorien sårbar er det 939 arter. Ulike typar arealendring/arealbruk er eit trugsmål mot 85 pst. av raudlisteartene. Høgast førekomst av raudlistearter er det i skog med 1 827 arter (48 pst. av raudlisteartene) og i jordbrukslandskap med 1 330 arter (35 pst.). Ein tek sikte på å revidere raudlista i 2010.

Arbeidet med å utarbeide og setje i verk handlingsplanar for utvalde, truga arter vart styrkt i 2009. Handlingsplanane blir utarbeidde for enkeltarter, grupper av arter eller for naturtypar. Dei skisserer mål og tiltak for forvaltninga. Utval og utarbeiding skjer i samarbeid mellom forvaltningsstyresmakter på alle nivå, forskarar og frivillige organisasjonar. Handlingsplanane blir gitt ut av Direktoratet for naturforvaltning, mens drifta i stor grad er lagt til fylkesmannens miljøvernavdelingar. Fram til 2009 er det sett i verk handlingsplanar for damfrosk, elvemusling, orkideen raud skogfrue, stor salamander, åkerrikse og fjellrev. Ved årsskiftet var 11 handlingsplanar under utarbeiding, blant anna planar for slåttemark, klippeblåvinge, flaggermus (som gruppe), edelkreps, hubro, sjøfugl og dverggås. Mange av desse vil bli ferdigstilte i 2009. I 2009 blir det òg starta arbeid med om lag 22 nye handlingsplanar, mellom anna for karplanter på Jeløya, i Rogaland og i Finnmark, kalklindeskog, hole eiker, kalksjøar og ål. Det totale talet på planar i drift eller under utarbeiding er dermed 39, og desse omfattar ca. 80 truga arter, og eit ukjent tal arter knytte til dei handlingsplanane som gjeld naturtypar.

Tiltak knytte til dverggås har høg prioritet. I tillegg til at dverggås er klassifisert som kritisk truga på raudlista, har Noreg eit internasjonalt ansvar for å medverke til å ta vare på den fennoskandiske restbestanden av denne arten.

Edelkrepsen er klassifisert som sterkt truga i den norske raudlista. Det er utarbeidd eit forslag til overvaking av 27 representative krepsebestandar. Etter påvising av krepsepest i Glomma i 2005 vart det sett i verk tiltak for å hindre vidare spreiing av sjukdommen. Handlingsplanen er såleis òg eit tiltak for å stanse spreiing av framande arter. I juli 2008 vart det påvist signalkreps i Haldenvassdraget, og dette kan tyde på at sjukdommen ikkje er fjerna. Påvising av krepsepest på introdusert signalkreps i Dammane i Brevik hausten 2006 vart følgd opp med ein utryddingsaksjon våren 2008.

Arbeidet med ein handlingsplan for truga sjøfugl starta i 2008. Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet, og sjøfuglartene er sikre indikatorar på miljøtilstanden i havet. Fleire sjøfuglbestandar langs Norskekysten har hatt ein urovekkjande tilbakegang. Lomvi er klassifisert som kritisk truga på raudlista. Sjøfuglprogrammet SEAPOP skal gi betre kunnskapsgrunnlag for å ta avgjerder i spørsmål som gjeld tilhøvet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona, til dømes innafor petroleumsverksemda. Programmet vart sett i verk i full nasjonal skala i 2008. Gjennom forvaltningsplanen for Barentshavet er det sett i gang fleire tiltak, så som påbodne skipsleier og rammer for petroleumsverksemda, bl.a. av omsyn til sjøfugl.

Villreinen er ein norsk ansvarsart og skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida. Det er derfor eit arealpolitisk mål å sikre leveområda for arta. Sikring av villreinen sine leveområde har stått sentralt ved opprettinga av mange av våre store nasjonalparkar og landskapsvernområde. Slikt vern dekkjer likevel berre delar av villreinen sine leveområde og må utfyllast av planar etter plan- og bygningslova. Miljøverndepartementet har avgjort at 10 villreinområde skal ha status som nasjonale villreinområde. Departementet bad i 2007 fylkeskommunane utarbeide fylkesdelplanar for fjellområde som er spesielt viktige for villrein, og det er førebels starta tre slike planprosessar (Setesdalsheiane, Hardangervidda og Rondane-Sølnkletten). To informasjons- og kompetansesenter for villrein kom i drift på Skinnarbu og Hjerkinn i 2007. Det er i 2009 starta eitt større forskings- og utgreiingsprosjekt knytt til villrein, ferdsel og inngrep i Snøhetta/Dovre området. Prosjektet blir gjennomført med stor brukarmedverknad.

Det blir òg viktig å sikre leveområde for dei truga artene gjennom kommunal planlegging. Kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere verknader av ulike tiltak på truga arter, og sjå til at dei negative konsekvensane blir minst moglege. Arbeidet til Statens naturopplysning med kartlegging, kontroll og tilsyn, og naudsynte tiltak i høve til dei truga artane, er styrkt. Arbeidet vil auke i omfang, mellom anna på bakgrunn av utarbeidinga av ein egen strategi for Statens naturoppsyn sitt arbeid med desse artene.

Regjeringa etablerte i 2009 eit norsk artsprosjekt med hovudmål å styrkje kunnskapen om artene i Noreg. Det er særleg lagt vekt på å beskrive dårleg kjente arter og artsgrupper. Arbeidet skjer i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet. Prosjektet er administrativt lagt til Artsdatabanken og er leia av ei styringsgruppe med representantar frå Artsdatabanken, Kunnskapsdepartementet, Direktoratet for naturforvaltning og den svenske ArtDatabanken. Både datainnhenting, dataflyt og forsking blir samordna med anna tilgrensande aktivitet gjennom breitt samansette rådgivande grupper. For dei store rovviltartene og villaks viser ein til eigne omtaler.

Arbeidsmål 1.2.2.2 Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn

Det vart registrert tre ynglingar av ulv i Noreg i 2008. Det nasjonale målet er tre heilnorske årlege ynglingar i Noreg innafor eit nærare definert forvaltningsområde i Hedmark, Akershus, Østfold og Oslo. Ei av ynglingane i 2008 var utafor forvaltningsområdet for ynglande ulv (Osdalen). Grenseflokkar kjem i tillegg. Det nasjonale bestandsovervakingsprogrammet for rovvilt rapporterer om nedgang i bestanden av ulv i Noreg, medan det framleis synest å vere ein auke på svensk side. I 2008 vart det registrert 27 ynglingar i Skandinavia, 22 av desse i heilsvenske revir og to ynglingar på grensa mellom Noreg og Sverige. DNA-analysar av dei skandinaviske ulvane viser eit nært slektskap, noko som på lang sikt kan gi innavlsdefektar dersom det ikkje år om anna kjem inn nye individ gjennom naturleg innvandring frå Finland/Russland. Ein har gjennom DNA-analysar dokumentert at det i åra 2004- 2008 kom i gjennomsnitt to innvandrande ulvar kvart år. Først i 2008 lukkast ein innvandrande hannulv med å etablere seg og produsere avkom i eit revir i Sverige. Førebelse analysar viser at ulvekullet i Osdalen i 2008 kjem frå den sørskandinaviske bestanden.

Det nasjonale målet for bjørn er sett til 15 årlege ynglingar. Registreringar kan tyde på ein viss vekst i bestanden, men det er enno langt igjen til bestandsmålet er nådd. I 2008 vart det meldt inn 73 observasjonar av familiegrupper i Noreg. Det er uvisst kor mange faktiske ynglingar dette representerer, fordi ungane går med mora i fleire år. Totalt vart det påvist tre binner med årsungar i 2006. To av binnene med årsungar er påviste i Pasvik (region 8), mens ei binne med årsungar er påvist i Lierne/Snåsa (region 6). I 2007 vart det påvist ei yngling i Trysil (region 5). Frå 2006 er bestandsovervakinga av bjørn betra ved hjelp av innsamling av ekskrement og hår for DNA-analyse. Innsamlinga vart gjennomført blant anna ved hjelp av lokale elgjegerar frå Trøndelag og nordover i 2006 (71 individ påvist) og i Sør-Noreg i 2007 (60 individ påvist). Det vart òg samla inn slike DNA-prøver i 2008, og sjølv om ikkje heile landet var dekt vart om lag like mange bjørnar registrerte. I 2010 tek ein sikte på å nytte omrekningsmetodar for å nytte DNA-materiale til å estimere talet på årlege ynglingar i dei ulike rovviltregionane.

Det vart registrert 51 ynglingar av jerv i 2008. Det nasjonale målet er 39 årlege ynglingar. Bestandsreguleringa skal skje ved lisensfelling. I skadeutsette område der lisensfelling ikkje gav tilstrekkeleg bestandsregulerande effekt i høve til tapspotensial vart det våren 2008 sett i verk ekstraordinære uttak av jerv. Uttak av tispe og/eller kvalpar vart gjennomført ved 10 av dei 51 registrerte ynglingane i 2008. For gaupe vart det vinteren 2008 registrert mellom 72 og 76 familiegrupper. Det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege ynglingar er nådd. Ei yngling tilsvarer ei familiegruppe.

Målet for kongeørn er sett til 850-1200 hekkande par, og bestanden på landsbasis er rekna for å vere stabil på omlag dette nivået. Frå 2006 har kongeørn inngått i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt. Frå og med 2009 vil innsatsen på overvaking av kongeørn bli auka.

Rovviltnemndene har hovudansvaret for forvaltninga av gaupe, jerv, bjørn og ulv innafor sin region. Rovviltnemnda skal utarbeide ein forvaltningsplan, i nært samarbeid med aktuelle partar. Planen skal vise korleis nemnda vil gjennomføre den vedtekne nasjonale rovviltpolitikken i sin region. Dette arbeidet er no fullført i alle dei 8 regionane.

Statens naturoppsyn har det operative ansvaret i høve til rovviltforvaltning i Noreg. Oppgåvene omfattar blant anna skadedokumentasjon, under dette drift av rovviltkontaktnettet, bestandsregistrering og skadefelling.

Arbeidsmål 1.2.2.3 Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå

Fjellreven er på raudlista klassifisert som kritisk truga i Noreg utanom Svalbard. I Noreg utanom Svalbard er det om lag 50 vaksne fjellrevar att. Med 13 ynglingar var 2008 eit relativt godt produksjonsår for fjellrev i det nordlege Noreg. Dette heng truleg saman med at det var mykje smågnagarar.

Regjeringa har ført vidare arbeidet med å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen. Arbeidet med fjellreven skjer med utgangspunkt i Handlingsplan for fjellrev (Direktoratet for naturforvaltning, 2003) som skal evaluerast og rullerast i 2009. Avlsprosjektet og Finnmarksprosjektet er to sentrale prosjekt som er i gang. Finnmarksprosjektet omfattar eit fleirårig forsøk med raudrevkontroll på Varanger-halvøya. Avlsprosjektet går ut på å drive avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. I 2008 vart det sett ut 28 kvalpar frå avlsstasjonen i Dovre, Sylane og i Rana. Overvaking av fjellreven blir gjennomført årleg, og det er oppretta ein nasjonal database som inneheld detaljert omtale av nesten alle kjende fjellrevhi i Noreg. Mykje av feltarbeidet knytt til oppbygginga av fjellrevbestanden blir utført av Statens naturoppsyn.

Arbeidsmål 1.2.2.4 Sikre dei ville laksebestandane

Etter ei forbigåande betring rundt tusenårsskiftet har status for dei ville laksebestandane igjen vist ein fallande trend dei siste åra.

Det er mange vassdrag i heile landet som ikkje har nok gytefisk og delen oppdrettsfisk held seg på eit alt for høgt nivå i mange vassdrag og regionar. Dette gjeld òg nasjonale laksevassdrag.

Høge påslag av lakselus grunna oppdrettsverksemd fører framleis til stor dødelegheit for utvandrande laksesmolt. Det er påvist lågare effekt av lakselusmiddel, og situasjonen gir sterk grunn til bekymring med tanke på ytterlegare auka dødelegheit på utvandrande laksesmolt framover.

Det blir arbeidd med ein revisjon og modernisering av lakse- og innlandsfisklova. Eit forslag har vore på høyring, og arbeidet med ein lovproposisjon er sett i gang.

Kategoriseringssystemet for laksebestandane er under revisjon og ei ny oversikt over situasjonen for dei ville laksebestandane vil bli utarbeidd i løpet av 2009.

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris er den enkeltfaktoren som har størst dokumentert skadeeffekt på dei norske bestandane av villaks. Parasitten vart introdusert til Noreg i 1975, og har sidan blitt spreidd til i alt 46 lakseførande vassdrag. Gjennom systematisk nedkjemping er utbreiinga redusert. I dag er 15 vassdrag friskmelde etter vellukka behandlingar, mens 11 vassdrag er behandla og framleis under overvaking før friskmelding. 20 vassdrag er i dag kjent infiserte av G. salaris. Målsetjinga for arbeidet med nedkjemping av parasitten er å utrydde den frå alle infiserte vassdrag der dette er realistisk, og samtidig minimalisere risikoen for vidare spreiing.

I 2008 vart det utarbeidd ein ny handlingsplan mot lakseparasitten G. salaris. Handlingsplanen føreset at ein til ei kvar tid nyttar det verkemidlet eller den kombinasjonen av verkemiddel ein meiner gir størst effekt. Det er gjort ei vurdering av dei ulike metodane som er nytta for nedkjemping av G. salaris.

Rotenon vil framleis vere forvaltninga sitt viktigaste verkemiddel for nedkjemping av G. salaris, mens kombinasjonsmetoden, dvs. bruk av surt aluminium (AlS) i kombinasjon med rotenon, skal utviklast vidare med tanke på framtidige utryddingsaksjonar. Utviklingsarbeidet skal i vesentleg grad skje i Lærdalselva. Bruk av fiskesperrer blir utvikla vidare, blant anna med vurdering av elektriske fiskesperrer.

Nedkjemping av parasitten i Steinkjer-regionen starta i 2008 og vil bli avslutta i 2009. I Vefsn-regionen er planlegginga ført vidare i 2009 med sikte på rotenonbehandling i 2010 og 2011. I Driva-regionen vil det bli prosjektert ein fiskesperre i 2010. I Rauma-regionen tek ein sikte på bekjemping innan 2013. I Lærdalselva er framdrifta førebels avhengig av vidare utvikling av kombinasjonsmetoden.

Det blir i dag utført kalking i 22 laksevassdrag i Sør-Noreg. Også dei lokale kalkingsprosjekta i innlandsvassdrag, som for ein stor del går i regi av frivillige organisasjonar, har halde fram på høgt nivå. Kalking har ført til at laksebestandane er bygde opp att i mange forsuringsskadde elvar, og har ført til ein stor auke i laksefangstane på Sør- og Sørvestlandet. Revidert handlingsplan for kalkingsverksemda vil bli sluttført i 2010 og vil tre i kraft frå 2011. Nivået på kalkingsaktiviteten vil følgje ny, godkjent handlingsplan.

Levande genbank er eit tiltak som er sett i verk for å redde stammer som ikkje lenger kan overleve i vassdraga. I genbanken blir stammene tekne vare på til faren i vassdraga er over. Ni av dei 29 laksestammene som er blitt tekne vare på i genbanken er blitt tilbakeførte til elvane sine; sju er tekne ut av genbanken, mens to er tekne vare på som sikringsstammer. I tillegg er sju stammer under tilbakeføring i dag, mens 13 ventar på å bli tilbakeførte når Gyrodactylus salaris er utrydda i elvane deira. Alle nasjonale laksevassdrag og nye stammer som er alvorleg påverka av rømd oppdrettsfisk og lakselus er no under vurdering.

Reguleringane i laksefisket som vart fastsette i 2008 og førte vidare i 2009, er dei strengaste nokon gong, sjå òg arbeidsmål 1.2.1.1.

I kommande år vil det bli lagt særleg vekt på å sikre de ville laksebestandane i nordområda. Betring av kunnskapsgrunnlaget, reguleringar tilpassa bestandssituasjonen og lokal forvaltning i Tanavassdraget vil stå sentralt i dette arbeidet.

Arbeidsmål 1.2.2.5 Sikre at oppsynsordningar medverker til å ta vare på arter

Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn har kontrollen med ulovleg jakt og fangst på sårbare og truga arter og bestandar blitt stadig betre. Gjennom arbeidet med handlingsplanar for truga arter er det dokumentert eit klart behov for styrkt oppsyn med leveområda til fleire av desse artene.

Statens naturoppsyn har gjennom heile perioden etter at det overtok ansvaret for lakseoppsynet styrkt dette gjennom organisatoriske endringar og effektivisering. Gjennom samarbeid og samordning med politiet, Kystvakta og andre aktørar blir utviklingstrekk i viktige lakseområde fanga betre opp, og kontrollen med ulovleg fiske blir styrkt. Talet på meldingar til politiet var i 2008 det høgste som er registrert etter at Statens naturoppsyn overtok ansvaret for lakseoppsynet frå politiet i 2003, med totalt 564 meldingar i saltvatn etter lov om lakse- og innlandsfisk og/eller forskrifter gitt i medhald av denne. Auken frå 2007 til 2008 er på 34 pst., og auken frå «toppåret» 2005 er på 18 pst. Størsteparten av meldingane skuldast som føregåande år, brot på regelverket i «Forskrift om nedsenkning av garnredskap», men det er framleis òg eit lite tal meldingar knytte til fiske med kilenot og krokgarn.

Det høge talet meldingar i 2008, innstramminga i fisketida som følgje av nye reguleringar i 2008 og den svake bestandsstatusen til mange laksebestandar, synleggjer kor viktig det er med eit sterkt og effektivt lakseoppsyn.

Statens naturoppsyn samarbeider med villreinutvala og lokalt politi om kompetanseoppbygging og gjennomføring av villreinoppsynet, slik at dette skjer på ein einsarta og effektiv måte i alle villreinområda. Innsatsen i høve til sjøfugljaktoppsyn og målretta tilsyn med dei freda områda for sjøfugl er òg auka dei siste åra. Talet på meldingar til politiet for brot på viltlova frå 2007 til 2008 er omtrent uendra, men talet på åtvaringar er dobla frå 2007 til 2008.

Statens naturoppsyn har i fleire år prioritert høgt å førebyggje og avdekkje ulovleg felling av rovvilt, og har eit aktivt samarbeid med politiet i konkrete saker. Det er etablert tett samarbeid med politiet og Økokrim om særskilde oppsyns- og kontrolltiltak i forvaltningssona for ulv. Det blir òg gjennomført rutinevise kontrolltiltak med felte rovdyr og skotplassar under lisens- og kvotejakt på desse artene.

Arbeidsmål 1.2.2.6 Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på arter og genressursar

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) har tre målsetjingar; bevaring av naturens mangfald, berekraftig bruk av naturens mangfald og rettferdig fordeling av utbyttet av genetiske ressursar.

Landa i verda vart i 2002 samde om målet om ein betydeleg reduksjon i tapet av arter og økosystem innan 2010. Dette målet vil bli evaluert under konvensjonen, mellom anna gjennom ein større statusrapport i mai 2010 (Global Biodiversity Outlook 3). Denne rapporten vil mellom anna byggje på landas fjerde nasjonalrapport til konvensjonen. Noreg leverte sin rapport i april 2009. Rapporten gir ein gjennomgang av truslar mot og tilstanden for biologisk mangfald og økosystem på utvalde område og ein gjennomgang av kva tiltak som er følgt opp frå den norske handlingsplanen for konvensjonen (St.meld. nr. 42 Biologisk mangfold (2000-2001)). Noreg legg i sin rapport vekt på erfaringar med samarbeid mellom sektorane om bevaring og berekraftig bruk av biologisk mangfald, og viser òg til den innsatsen som blir gjort av ulike departement på deira fagområde. Når det gjeld hindringar mot iverksetjing av konvensjonen og 2010-målet viser rapporten til uunngåelege motstridande interesser mellom bevaring og utnytting, til manglande kunnskap om biologisk mangfald og verdiane dette representerer, til at det tek tid å integrere omsyn til biologisk mangfald i ulike samanhengar, og til globale tilhøve Noreg ikkje åleine kan fylgje opp. Noreg vil medverke aktivt i arbeidet med å utvikle nye globale mål for biologisk mangfald for åra etter 2010, blant anna under konvensjonen og gjennom førebuingane til den planlagde spesialsesjonen om biologisk mangfald under FNs generalforsamling hausten 2010.

Fram mot partsmøtet under konvensjonen i Japan i oktober 2010 vil arbeidet med å utvikle eit internasjonalt regime for tilgang til og rettferdig fordeling av utbytte frå bruk av genressursar (ABS) vere prioritert. Noreg arbeider saman med utviklingslanda for å utvikle ein legalt bindande protokoll under konvensjonen med fokus på utvikling av ordningar som kan sikre ei meir rettferdig fordeling av goda frå utnyttinga av genressursar. Noreg ga innspel til legale tekster til det 7. forhandlingsmøtet som vart halde i april 2009 i Paris. Tekstinnspelet tok utgangspunkt i reglane i naturmangfaldlova om tilgang til genetisk materiale. Gjennom den nye naturmangfaldlova vil Noreg vere eit føregangsland internasjonalt på dette området.

Noreg vil framleis leggje stor vekt på å styrkje det faglege og vitskaplege grunnlaget for vedtak som blir fatta under ulike konvensjonar. Som ein del av dette vil miljøprogrammet under FN (UNEP) sitt initiativ for å etablere eit internasjonalt panel for kunnskap om biologisk mangfald og økosystemtenester (IPBES) bli følgt opp frå norsk side. Noreg legg òg stor vekt på samordning av internasjonalt samarbeid om biologisk mangfald og på at oppfølging av ulike avtaler ikkje må vere motstridande. Det er her særleg viktig med samordning av vedtak under klimakonvensjonen og konvensjonen om biologisk mangfald, mellom anna knytt til bevaring av skog og våtmarker og til utnytting av bioenergi.

Neste møte under Cartagenaprotokollen om GMO (genmodifiserte organismer) blir arrangert i oktober 2010. Sentrale tema for møtet er bindande avtaleverk for ansvar og erstatning for skade som skuldast GMO, strategisk plan for protokollen og resultat frå arbeidsgruppe om miljørisikovurderingar. I tillegg skal òg dei einskilde landa si oppfølging av arbeidet med Biosafety Clearing House diskuterast.

Bonnkonvensjonen (CMS) arbeider med bevaring av trekkande arter. CMS har ei liste 1 over arter som er truga på verdsbasis, og som det er naudsynt å setje i gang tiltak for å redde. Frå norsk side står arbeidet med ein handlingsplan for dverggås og handlingsplan for åkerrikse sentralt i denne oppfølginga. CMS har òg ei liste II over arter som er sårbare, og som det er viktig å utarbeide regionale avtaler eller handlingsplanar for. Norsk oppfølging av Vassfuglavtala, Flaggermusavtala og Albatrossavtala er såleis viktig. Ei rovfuglavtale er òg utarbeidd og underskriven av Noreg, og ei haiavtale er nesten forhandla ferdig. Alle desse avtalene er viktige i det konkrete arbeidet med å bevare arter og habitata deira, både nasjonalt og internasjonalt.

CITES-konvensjonen om handel med truga arter kontrollerer den internasjonale handelen (dvs. når landegrenser blir kryssa) med ville dyr og planter og deira produkt gjennom overvaking og regulering. Målet er å tillate berekraftig handel – dvs. at ein ikkje tek ut meir frå bestandane av dyr og planter enn det dei tåler. Neste partsmøte i konvensjonen er i 2010. Norsk oppfølging i 2009 har blant anna vore å utarbeide nye CITES-forskrifter, gjennomføre tiltak knytte til at ål er sett opp på konvensjonen sine lister, og deltaking på møte i konvensjonen sine underliggjande organ, blant anna CITES’-dyrekomite og Standing committee.

Noreg har medverka aktivt til ei operasjonalisering og vidareutvikling av konvensjonen, blant anna gjennom Trondheimskonferansane om biologisk mangfald som Noreg har arrangert saman med FN. Trondheimskonferansene medverkar til konstruktive samarbeidsarenaer for internasjonale forhandlingar om å ta vare på mangfaldet av arter og økosystem, og til å styrkje det vitskapelege grunnlaget for desse. Noreg vil, saman med FNs miljøprogram (UNEP), arrangere ein sjette Trondheimskonferanse om biologisk mangfald i februar 2010. Her ønskjer ein brei deltaking frå utviklingslanda. Konferansen vil blant anna fokusere på status i det internasjonale året for 2010-målet og på utvikling av nye mål for arbeidet etter 2010. 2010 er av FN utpeikt som det internasjonale året for naturmangfald, og det blir lagt opp til ulike former for markering av dette.

Regjeringa legg opp til å delta i relevant europeisk samarbeid om bevaring og berekraftig bruk av biologisk mangfald, både gjennom dialog med EU, rapportering til og samarbeid under det europeiske miljøbyrået (EEA) og gjennom anna samarbeid. Sentralt i dette står oppfølging av Bernkonvensjonen om bevaring av europeisk natur. Eit sentralt tema er tilhøvet mellom energiproduksjon og truga arter og naturtypar, ikkje minst i høve til vindkraft. Andre viktige tema er felles tiltak mot framande arter, bevaring av europeiske rovdyr og bevaring av planter i Europa. Noreg var i september 2009 vertskap for den femte konferansen for biologisk mangfald i Europa, som vart arrangert i Belgia.

Arbeidet med utnemning og forvaltning av internasjonalt viktige våtmarksområde (Ramsarområde) har vorte styrkt dei seinare åra, og det er lagt auka vekt på å ta vare på den norske våtmarksarven. Ein viktig del i dette er styrkt oppfølging av våtmarkskonvensjonen (Ramsarkonvensjonen), blant anna gjennom bruk av våtmarkssenter (Ramsarsenter) for betre informasjon til publikum og brukarar av våtmark, betre samordning av pliktene under våtmarkskonvensjonen og EUs vassrammedirektiv, fysisk restaurering av våtmark som har potensial til å få attende sitt opphavlege biologiske mangfald, og eit nært regionalt samarbeid om våtmark mellom dei nordiske og dei baltiske landa (Norbalwet). Det vil i 2010 blant anna bli arrangert ein større nordisk-baltisk konferanse på Ørlandet om bevaring av våtmark.

Skogane på jorda er levestad for eit rikt mangfald av arter og livsgrunnlag for mange menneske. Ulovleg hogst og ikkje berekraftig uttak av skog er ein trussel mot skogane i verda, særleg gjeld dette tropisk skog. Det er nødvendig å arbeide langs fleire linjer for å hindre import av ulovleg hogd og ikkje berekraftig tømmer. Noreg har medverka aktivt til listing i CITES av dei 30 artene av tresorten ramin og til den store reduksjonen av Perus eksportkvote for mahogni, og støttar òg program mot skogkriminalitet og ulovleg hogst og handel med tropisk tømmer i Indonesia.

I Regjeringas handlingsplan «Miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser» av juni 2007, er det slått fast at det ikkje skal nyttast tropisk tømmer verken i sjølve bygget eller i material som blir nytta i byggeperioden. Regnskogfondets Tømmerkampanje, som er støtta av Miljøverndepartementet, rettar seg mot ikkje berekraftig tropisk tømmer i byggevare, båt- og hagemøbelbransjen. Det blir no òg arbeidd med å lage Forest stewardship council (FSC)-standarder tilpassa Noreg, og basert på Levande Skog-standarden. Det er venta at eit forslag til EU-forordning – «Due Diligence system» – vil verke effektivt for å hindre import av ulovleg tømmer når det blir vedteke og trer i kraft. Forslaget inneber at den som første gong plasserer tømmer og tømmerprodukt i EU eller til EUs grense, skal sikre at tømmeret er lovleg hogd i samsvar med lovgivinga i opphavslandet. Forordninga er så langt vurdert som EØS-relevant for Noreg. Ved sida av dette er det venta at REDD (reduced emissions from deforestation and forest degradation in developing countries), hvis det blir ein del av post-Kyoto regimet, vil ha stor betydning for å bevare tropisk skog og å motverke handel med ikkje berekraftig og ulovleg hogd tømmer i tillegg til reduksjonen av CO2-utslepp.

Resultatområde 1 – underområde 3 Framande arter og genmodifiserte organismar

Avgrensing og definisjon av underområde

Underområdet omfattar arbeidet for å hindre spreiing av framande, skadelege organismar som ikkje høyrer heime i norsk natur. Saman med endringar i arealbruk og klimaendringar er spreiinga av framande artar den største trusselen mot naturens mangfald. Underområdet omfattar òg arbeidet med å sikre at bruk av genmodifiserte organismar (GMO) ikkje gjer skade på miljø og helse.

Tabell 6.7 Mål- og indikatortabell for underområde 3 Framande arter og genmodifiserte organismar. Nasjonalt resultatmål 1.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.3.1

Menneskeskapt spreiing av organismar som ikkje høyrer naturleg heime i økosystema, skal ikkje skade eller avgrense økosystemas funksjon.

1.3.1.1 Hindre innførsel og utsetjing av framande organismar som er skadelege for biologisk mangfald.

Talet på kjende introduksjonar som er årsak til skade på miljøet.

1.3.1.2 Stimulere sektordepartementa til å følgje opp dokumentet Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot fremmede skadelige arter.

Talet på framande arter det er sett i gang tiltak mot.

Talet på departement som har gjennomført risikovurdering for spreiing av framande arter.

1.3.1.3 Forvalte regelverket om utsetjing, under dette omsetning av genmodifiserte organismar, ut frå best mogleg kunnskap slik at det ikkje oppstår skade på miljø og helse.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

1.3.1.4 Leie og samordne det norske arbeidet med GMO under Konvensjonen om biologisk mangfald.

Kvalitativ vurdering.

1.3.1.5 Ivareta prinsippa for GMO-regulering i norsk lov og Cartagenaprotokollen i høve til arbeidet i andre internasjonale fora (WTO, FAO/Codex, IPPC m.fl.)

Kvalitativ vurdering.

Nokre av miljøforvaltningas arbeidsmål er endra i høve til arbeidsmåla for 2009. I status-teksten under blir det rapportert på arbeidsmåla frå 2009.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.3.1.1 Førebyggje utilsikta introduksjonar av framande arter og negative effektar av eksisterande og utilsikta nye introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, tiltak, informasjon og sektorsamarbeid

Globalt er menneskeskapt spreiing av organismar gjennom auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent ein av dei største truslane mot mangfaldet i naturen. FNs Konvensjon om biologisk mangfald pålegg oss, så langt det er mogleg og føremålstenleg, å hindre innføring av og kontrollere eller utrydde arter som trugar økosystem, leveområde eller arter.

I mai 2007 la Artsdatabanken fram Norsk svarteliste 2007 som inneheld risikovurderingar av 217 av dei 2 483 framande artene som så langt er registrerte i Noreg. Denne svartelista er eit viktig verktøy for styresmaktene sine prioriteringar av tiltak mot etablerte, skadelege framande arter, og grunnlag for å setje i gang risikovurdering av fleire av dei framande artene som vi veit har negative økologiske effektar.

Miljøverndepartementet er pådrivar og koordinator i oppfølginga av den tverrsektorielle nasjonale strategien mot framande skadelege arter. Det er viktig å avklare roller og ansvar for ulike aktivitetar og arter mellom departementa.

Problemet med framande arter er aukande, og trugar i tillegg til biologisk mangfald/økosystem òg næringsinteresser og folkehelsa. Eksempel er attgroing av vassløp, øydeleggingar av skog (t.d. furuvednematode), avlingar og bygningar. Kostnadene med å kontrollere framande arter når dei først har etablert seg, er ofte store. Det er derfor viktig å setje i verk tiltak på eit tidleg stadium. Det skal lagast handlingsplanar og setjast i gang tiltak mot utvalde framande skadelege arter innafor dei ulike sektorane sitt ansvarsområde. Statens naturoppsyn sitt arbeid med nedkjemping av framande arter skal førast vidare og styrkjast. Arbeidet med kartlegging av førekomstar av framande arter skal òg styrkjast, blant anna gjennom standardiserte rapporteringsrutinar og verktøy.

I 2008 vart det laga handlingsplanar mot mårhund og ferskvasskreps/krepsepest/-signalkreps. Det er utarbeidd tiltaksplan mot Gyrodactulus salaris generelt og ørekyte i Namsenvassdraget. I 2009 vart det laga handlingsplanar for mink, rynkerose og ein del introduserte arter i ferskvatn.

I ein del verneområde blir det gjennomført skjøtselstiltak mot framande arter og andre problemarter, blant anna platanlønn, gran, sitkagran, bergfuru, buskfuru og rynkerose. Det er gjennomført jakttid heile året på mink, mårhund, bisamrotte og villsvin, og innført utvida jakttid for 7 andre arter som ikkje høyrer heime i norsk natur. Direktoratet for naturforvaltning har identifisert nærare 60 arter som det er viktig å prioritere tiltak mot. Dette krev betydelig ressursinnsats.

Den nye naturmangfaldlova har reglar som skal hindre at framande artar etablerer seg i landet. Innførsle av framande artar krev løyve. Alle som vil innføre ei art til Noreg må først gjere seg kjend med miljørisikoen, og konsekvensane for naturen ved innførsel skal klarleggjast. Det skal ikkje givast løyve til innførsel dersom det er grunn til å tru at innførsel eller utsetjing vil få vesentlege uheldige følgjer for naturen. Lova har òg reglar om uttak av framande organismar for å verne om artar som finst naturleg, og reglar om å påleggje den ansvarlege for ulovleg utsetjing av framande organismar å rydde opp. Reglane gjeld uavhengig av korleis dei aktuelle organismane har hamna i norsk natur. Men dette gjeld ikkje for marine arter som er komne inn i Noreg av seg sjølve. Desse blir regulert av havressurslova.

Noreg har ratifisert IMOs konvensjon om spreiing av framande arter med ballastvatn frå skip. Forslag til norsk forskrift om handtering av ballastvatn har vore på høyring, og forskrifta vart vedtatt i løpet av sommaren 2009. Noreg vil vere eit av dei første landa i verda som innfører krav til handtering av ballastvatn.

1.3.1.2 Stimulere sektordepartementa til å følgje opp dokumentet Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot fremmede skadelige arter

Framande organismar kan ha negative effektar for mange sektorar. Dei ti mest relevante departementa la i mai 2007 fram Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot fremmede skadelige arter. Strategien inneheld felles mål, prinsipp og retningslinjer for behandling av framande arter, saman med ei rekkje felles og sektorspesifikke tiltak.

Blant fellestiltaka som skal gjennomførast er utvikling av regelverk, utvikling av retningslinjer for tilsikta introduksjonar, risikokartlegging og vurdering innafor dei ulike sektorstyresmaktene, tiltak mot etablerte framande skadelege artar, utvikling av system for tidleg varsling, gjennomføring av kartlegging og overvaking, informasjon om risiko ved og reglar for innførsel og spreiing av framande arter.

For å styrkje samarbeidet mellom sektorane når det gjeld framande arter skal det haldast jamleg kontakt for kompetansebygging og informasjonsutveksling. Eit samarbeid på direktoratnivå er starta, og ein konferanse om styresmaktene si oppfølging av tverrsektoriell nasjonal strategi vart halden hausten 2008. Det er planar om å halde fleire slike konferansar i åra framover som eit ledd i oppfølginga av strategien. Departementet vil framover auke innsatsen for å få til betre koordinering mellom dei ulike sektorane med omsyn til oppfølging av det nye regelverket i naturmangfaldlova knytt til framande arter.

Ein plan for kartlegging og overvaking av framande arter for perioden 2008 – 2010 vart våren 2008 vedteken av det interdepartementale utvalet under Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. I 2008 og 2009 er det arbeidd vidare med å utvikle metodikk for overvaking av framande arter. Kartlegginga av framande arter starta i 2008 med eit prosjekt som skal foreslå aktivitetar retta mot dei viktigaste spreiingskjeldene for framande arter, og eit prosjekt retta mot samferdsleårer som spreiingsvegar. Begge prosjekta vil vere viktige for prioritering av innsatsen med omsyn til kartlegging og overvaking av framande arter. Resultat frå prosjekta vil liggje føre hausten 2009. Eit samarbeid med Artsdatabanken om tidleg oppdaging og varsling av nye framande arter er sett i gang i 2009. Det er òg starta eit kursopplegg for å auke registreringa av framande arter i nettportalen Artsobservasjoner frå medlemmer i frivillige organisasjonar og andre interesserte.

Arbeidsmål 1.3.1.3 Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning av genmodifiserte organismar, ut frå best mogleg kunnskap slik at det ikkje oppstår skade på miljø og helse

Talet på land som set ut genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet aukar. I 2008 vart genmodifisert soya, mais, bomull, sukkerbete og raps, og noko tomatar, squash, papaya, paprika, alfalfa, nellik, poplar og petunia dyrka på 125 millionar hektar. Dette er ein auke på 9,4 pst. frå året før. USA dyrkar ca. halvparten med 62,5 millionar hektar. Argentina og Brasil står for nesten 30 pst. med 36,8 millionar hektar, mens resten av arealet i all hovudsak er fordelt på Canada, India, Kina, Paraguay og Sør-Afrika. Det er framleis stor usemje om bruk og regulering av GMO mellom dei landa som produserer og eksporterer GMO og andre land.

Noregs GMO-regelverk og -politikk er blant dei mest restriktive i verda. Både genteknologilova og våre internasjonale plikter (EØS-avtala, Cartagena-protokollen og WTO-avtala) stiller strenge krav til vitskapeleg risikovurdering for vedtak om godkjenning av eller forbod mot GMO. For at vi skal kunne halde fram med vår GMO-politikk, og vurdere eit stadig aukande tal komplekse GMO-søknader best mogleg, er det naudsynt å sikre forsking på miljøkonsekvensar av GMO og få bistand frå best mogleg fagleg ekspertise i behandlinga av GMO-søknader. For å oppnå dette er det viktig å samordne midlane til GenØk – Senter for biotryggleik, og å medverke til at miljørisikovurderingane frå Vitskapskomiteen for mattryggleik kan halde eit fagleg høgt nivå.

For å føre vidare den restriktive politikken er det behov for auka fokus på tilsyn og miljøovervaking av GMO-produkt. Miljøforvaltninga sitt ansvar er knytt til blant anna feltforsøk og tilsyn med produkt som ikkje er mat eller fôr, og til Forskrift om merking, transport, import og eksport av GMO. I løpet av 2009 trer hygienepakken i kraft i Noreg, noko som gjer at meldeplikta for vegetabilier fell bort. Mattilsynet vil då få eit dårlegare oversyn over denne typen import, noko som vil føre til behov for auka ressursar for å halde tilsynet på same kvalitative nivå som tidlegare.

Ved behandling av marknadsføringsløyve for GMO, skal kriteria i genteknologilova om miljø, helse, samfunnsnytte, berekraftig utvikling og etikk leggjast til grunn. Det er behov for utgreiing og forsking relatert til samfunnsnytte ved import av GMO, spesielt relatert til fôr der framtidige behov kan komme i konflikt med vanskelegare tilgang til ikkjemodifisert råvare. Det er òg behov for auka kunnskap om berekraftig utvikling i land som dyrkar GMO og miljøeffektar av herbicidresistente og insektresistente GM-planter. Forsking på miljøeffektar bør vere ein del av næringsretta bioteknologiforsking. EUs nye reglar om utsetjing av GMO i miljøet vart innlemma i EØS-avtala i september 2007 (jf. EU-direktiv 2001/18) med ei vidareføring av tilpassinga som gir Noreg rett til å forby GMO som EU godkjenner dersom vi meiner at det er naudsynt ut frå genteknologilova. EU har vedteke nye reglar om bruk av GMO til mat og fôr, merking og høve til sporing av GMO og i høve til sporing av genmodifisert mat og fôr. Regjeringa forhandlar med EU om å innlemme også desse reglane i EØS-avtala med ei tilsvarande tilpassing.

Arbeidsmål 1.3.1.4 Leie og samordne det norske arbeidet med GMO under Konvensjonen om biologisk mangfald

Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar (GMO) skal sikre at handel og bruk av levande GMO ikkje skader mangfaldet i naturen eller helsa til menneska.

Under forhandlingane om protokollen i 2003 vart partane ikkje samde om reglar for ansvar og erstatning for skade som skuldast GMO, og opna derfor for seinare forhandlingar om dette. Desse forhandlingane skulle etter planen ha vore avslutta på det 4. partsmøtet i mai 2008. Partsmøtet gjekk i staden inn for å arbeide mot eit bindande avtaleverk om dette på neste partsmøte i 2010 i Japan. Føresegna i genteknologilova om erstatningsansvar ligg til grunn for Noregs posisjonar i forhandlingane. Det er nedsett ei forhandlingsgruppe med utvalde land, blant anna Noreg, som skal ferdigstille forslag til protokoll om ansvar og erstatning for skade som skuldast GMO.

Anbefalingane frå «Verksted for risikovurdering av nye typer GMO» som Noreg arrangerte i juni 2007 saman med Canada vart lagt fram på partsmøtet i mai 2008. Anbefalingane gjekk ut på at det er nødvendig med meir informasjon og utvikling av dei framgangsmåtane vi nyttar for risikovurdering av GMO for å sikre god nok vurdering av nye typar av GMO som for eksempel genmodifiserte tre, planter som produserer medisinske protein, genmodifisert fisk og virus. På partsmøtet vart det semje om å setje ned ei ekspertgruppe som bl. a. skal vurdere korleis anbefalingane kan følgjast opp. Første møte i arbeidsgruppa vart halden i 2009. FAO/Codex, Det internasjonale kontor for epizootier (OIE) og Den internasjonale konvensjon for plantevern (IPPC ) set standardar og lagar retningslinjer for handelshindrande tiltak av omsyn til folke-, dyre- og plantehelse som òg kan ha betydning for vår regulering av GMO. Miljøverndepartementet bistår helsestyresmaktene for å sikre at prinsippa for GMO-regulering og risikovurdering i norsk lov og Cartagena-protokollen blir tekne vare på i dette arbeidet.

Det vert arbeidd med ein strategisk plan under Cartagenaprotokollen som skal vere ferdig til neste partsmøte i 2010.

Resultatområde 1 – underområde 4 Friluftsliv

Avgrensing og definisjon av underområde 4

Arbeidet på friluftsområdet skal sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Større fjell- og skogsområde, strandsona langs sjø og vassdrag og naturen i og ved byar og tettstader er mest pressa av blant anna utbyggingar, tekniske inngrep og motorisert ferdsel. Areal for friluftsliv, grunnlaget for jakt og fiske og natur- og kulturopplevingar blir òg tekne vare på gjennom arbeidet på resultatområda 2 og 6. Friluftsliv i polare område er dekt av resultatområde 5.

Tabell 6.8 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 1.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.4.1

Friluftsliv basert på allemannsretten skal haldast i hevd i alle lag av befolkninga.

1.4.1.1 Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar.

Statistikk om folks deltaking i friluftsliv, under dette:

- Dagsturar og overnattingsturar i naturomgivnader.

- Bruk av nærområde i byar og tettstader.

Bærplukking, fritidsfiske og jakt.

Statusbeskriving

Hovudarbeidet innan friluftsliv er å følgje opp dei tiltaka som ligg i St. meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet.

Regjeringa har fatta vedtak om ei eiga lov om naturområde i Oslo og nærliggjande kommunar (Markalova). Det vil framleis vere ekstra fokus på utviklinga i strandsona. Eit forslag til endringar i friluftslova er sendt på høyring, mellom anna for å styrkje allemannsretten.

Undersøkingar viser at ungdom (16 – 29 år) si deltaking i friluftsliv og deira kunnskap om allemannsretten er låg. Dette gjer ungdom til ei svært viktig målgruppe for motivasjons- og informasjonsarbeidet. Ein vil òg følgje opp arbeidet med friluftsliv og folkehelse (fysisk aktivitet og psykisk helse) og ha særskilt fokus på nye målgrupper som etniske minoritetar og funksjonshemma.

Arbeidsmål 1.4.1.1 Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar

Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har i 2008 og 2009 samarbeidd for betre integrering av kulturminne i arbeidet med friluftsliv. Eit fagseminar som vart planlagt i samarbeid mellom regional frilufts- og kulturminneforvaltning og frivillige organisasjonar frå begge område vart halden i september 2009. Målet med seminaret var å medverke til å byggje ei plattform for framtidig samarbeid mellom kulturminne- og friluftslivsfeltet og dei frivillige organisasjonane. I Kulturminneåret 2009 har det òg vore fokus på kulturminna i friluftsområda ved fordeling av Miljøverndepartementets tilskotspost 74 Tilskot til friluftslivstiltak.

Arbeidet med å følgje opp dei gode røynslene dei siste åra frå tiltak retta mot barn og unge (6 – 15 år) vil halde fram. Regjeringa vil medverke til at organisasjonane kan ha eit høgt aktivitetsnivå i 2010 òg. Ei doktorgradsavhandling (NTNU 2008) syner relativt stabil og høg oppslutning om dei mest sentrale friluftslivsaktivitetane. Samla sett har den delen av befolkninga over 16 år som utøvar friluftsliv auka med tre prosentpoeng dei siste 30 åra. Dette er gledeleg, og viser at ein har lukkast med tiltak som har vore sette inn.

Den tilsynelatande stabiliteten i aktivitetsmønsteret løyner likevel ei urovekkjande utvikling i ungdomsgruppa (16-24 år). Deltakinga blant ungdom 16-24 år er framleis låg, sjølv om den negative utviklinga har flata ut dei siste åra. Resultata i levekårsundersøkinga 2007 gir oss ein indikasjon på at sviktande oppslutning blant ungdom om det kjende friluftslivet, med unntak av haustingsaktivitetane, har stoppa opp. Undersøkinga syner ein liten oppgang sidan 2001 som ser ut til å ha vore eit botnnivå. Dette vil likevel kunne resultere i sviktande deltaking blant dei vaksne (over 24 år) om nokre tiår. Både av miljø- og folkehelseomsyn er det derfor naudsynt å rette ein særskilt stimuleringsinnsats mot ungdommen i tida framover.

Tabell 6.9 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 2.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.4.2 Barn og unge skal få høve til å utvikle dugleik i friluftsliv.

1.4.2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark.

Kunnskap om allemannsretten, fjellreglane og sjøvettreglane innan fylte 18 år.

Prosentdelen av barn og unge under 18 år som har delteke i friluftsaktivitetar dei siste 12 månadene.

Talet på medlemmer i ungdomsorganisasjonar dominerte av aktivitetar retta mot natur- og friluftsliv (som f.eks. speidarforeiningar og DNTs ungdomsgrupper).

Arbeidsmål 1.4.2.1 Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark

Ei ny undersøking frå 2009, «Befolkningens friluftsvaner», viser at berre 52 % av unge mellom 15-24 år har høyrt om allemannsretten, og kunnskapen deira om denne retten er dårlegare enn for resten av den vaksne befolkninga. Dette krev ein kritisk gjennomgang av informasjonsstrategien vår med sikte på å auke kunnskapsnivået i denne viktige målgruppa.

Undersøkingar viser at kunnskap og dugleik aukar med målretta stimulering, og at grunnlaget for gode friluftslivsvanar i vaksen alder blir lagt i barndommen. Det er derfor gledeleg å konstatere at deltaking i friluftsliv blant dei aller yngste (6–15 år) ligg på eit høgt nivå. Utviklinga mellom 2004 og 2007 viser stor grad av stabilitet i oppslutninga om friluftslivet. Det er berre snakk om større endringar for tre aktivitetar: Oppslutninga om fotturar har auka med 8 prosentpoeng, mens oppslutninga om sykkelturar og båtturar har auka med 7 prosentpoeng kvar. Det er rimelig å tru at satsing ved ei rekkje førskular og skular har ført til at fleire barn tek del i friluftslivsaktivitetar. Dette skjer både gjennom brei offentleg innsats og gjennom samarbeid med friluftslivsorganisasjonane. Fleire av desse har eigne barneorganisasjonar, til dømes Barnas Turlag, Fiskeklubben, KFUM-KFUK-speidarane og Norske 4H, og talet på medlemmer blant dei yngste har auka i fleire av organisasjonane. Friluftsrådas Landsforbund (FL) si satsing «Læring i friluft» har ført til ein auke på 10 pst. i talet på lærarar og barnehagetilsette som deltek på kurs. Talet på barn som deltok i friluftslivsaktivitetar gjennom skule, barnehage og på fritid i regi av FL auka med 30 pst. frå 2006 til 2007. I ei undersøking ved Høgskulen i Hedmark blir det slått fast at uteskule ikkje berre gir elevane meir frisk luft og fysisk aktivitet, men at det òg er mogleg å arbeide med sentrale fagemne innafor alle skulefag utanfor klasserommet.

I 2010 skal samarbeid med aktuelle organisasjonar utviklast vidare og profilering for og med ungdom stå sentralt. Pilotprosjektet «Den naturlege skulesekken» som vart starta i 2009 skal utviklast vidare. I tillegg tek ein sikte på at «Læring i friluft» og «Forum for friluftsliv i skulen» skal tilpassast dei nye læreplanane. «Forum for friluftsliv i skulen» er eit landsdekkjande, breitt samarbeidsforum som arbeider for at alle elevar skal få oppleve meistring og trivsel gjennom eit aktivt friluftsliv, og etablere gode vanar for å vere ute i natur. Det vil bli oppretta ein særskilt nettstad (www.friluftsliviskolen.no) som ein infobank for dette feltet.

Nedgangen i oppslutninga om «tradisjonelle» friluftslivsaktivitetar for ungdomsgruppa (16–29 år) kan i stor grad tilskrivast auka konkurranse frå andre innandørs fritidsaktivitetar, blant anna knytt til bruk av data. Det er særlig tur- og haustingsaktivitetar som går ned. For skiturar er det til dømes ein samla nedgang i oppslutninga på 33 prosentpoeng mellom 1970 og 2007. Meir moderne friluftslivsaktivitetar som terrengsykling, skisegling, alpint og elvepadling har vore i vekst, men har stoppa opp i det siste. Auken i nye aktivitetar blant ungdom er likevel ikkje nok til å kompensere for fråfallet frå dei «tradisjonelle» friluftslivsaktivitetane.

I Miljøverndepartementets samarbeid med organisasjonane og dei andre departementa for å fremje friluftsliv og fysisk aktivitet vil det framover vere særskilt fokus på ungdomsgruppa.

Tabell 6.10 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 3.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.4.3

Område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at miljøvennleg ferdsel, opphald og hausting blir fremja og naturgrunnlaget teke vare på.

1.4.3.1 Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for formålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde.

Talet på nye område pr. år.

1.4.3.2 Alle statleg sikra friluftslivsområde (inkl. skjergardsparkar) og markaområde i alle større kommunar, skal inngå i forvaltningsplanar.

Prosentdelen av friluftsområde med slikt forvaltningsopplegg.

1.4.3.3 Viltressursar og fiskeressursar i ferskvatn som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta.

Prosentdelen av område som kan utnyttast (dvs. fiskeførande vatn og vassdrag og jaktterreng for småvilt) i eit utval kommunar med sal av kort for fiske og småviltjakt.

Arbeidsmål 1.4.3.1 Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for formålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde

Det er no sikra totalt meir enn 2 100 område til friluftslivsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom. I 2008 vart 61 nye område sikra for friluftsliv, av desse vart 31 område sikra ved kjøp eller avtale, 26 ved avtaler om skjergardspark i Lister-regionen og 4 ved overtaking av friluftseigedommar frå Forsvaret. Det går i tillegg føre seg arbeid i kommunane med å gjennomføre nye kjøp/avtaler, utviding av skjergardsparkar og overtaking av fleire område frå Forsvaret. Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde, særleg område i kystsona. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Innsatsen for sikring, tilrettelegging og drift av særskilte friluftsområde ved kjøp eller avtaler vil halde fram. Arbeidet for å opne ulike typar statseigedom for allmenta vil òg halde fram, særleg dei områda som Forsvaret og andre statlege grunneigarar ikkje lenger har bruk for. Direktoratet for naturforvaltning gjer kvart år ei vurdering av Forsvarets eigedomsportefølje med utgangspunkt i allmenne friluftslivsinteresser for å identifisere eigedommar som framleis bør vere i offentleg eige.

I perioden 2006-2009 er det i alt løyvt 127,6 mill. kroner til sikring av friluftsområde. Samla har regjeringa hittil i perioden sikra ca. 190 friluftsområde.

Samarbeidet mellom Friluftsrådas Landsforbund og Direktoratet for naturforvaltning om sikring og tilrettelegging av friluftsområde vil halde fram. Samarbeidet med Kristiansand, Bergen, Oslo og Trondheim kommunar for å sikre viktig grønstruktur vil bli ført vidare i 2010. Strandsonearbeidet vart i 2009 følgt opp med 1,4 mill. kroner til kystsonenettverk og juridisk bistand til kommunane. Det er framleis sterkt fokus på å hindre uheldig utbygging i strandsona, og å leggje til rette for allmenta gjennom sikring, god arealplanlegging og juridisk bistand. Arbeidet vil bli ført vidare i 2010, og det skal setjast auka fokus på å styrkje avgjerds- og kunnskapsgrunnlaget.

Markalova er vedteken, og trådde i kraft 1. september 2009. Den vil sikre det viktigaste friluftsområdet i landet med betydning for over 1,2 million menneske i Osloregionen, og leggje til rette for friluftsliv og naturoppleving innanfor ei fleirbruksramme.

Arbeidsmål 1.4.3.2 Alle statleg sikra friluftslivsområde (inkl. skjergardsparkar) og markaområde i alle større kommunar skal inngå i forvaltningsplanar

For å skape godt grunnlag for opparbeiding og drift av friluftsområde og medverke til auka tilgjenge for fleire brukargrupper, blant anna funksjonshemma, har kommunane i samarbeid med friluftsråda og i samråd med fylkesmannen utarbeidd enkle planar for forvaltninga av dei viktigaste statleg sikra friluftslivsområda i kvart fylke. Som ledd i dette arbeidet er det utarbeidd heilskaplege forvaltningsplanar som blant anna omtaler behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for størsteparten av friluftslivsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken. Det er no utarbeidd forvaltningsplanar for meir enn 50 pst. av dei sikra friluftsområda.

Skjergardstenesta er etablert med uniformerte båtar og mannskap langs heile kysten frå Østfold til og med Hordaland. Denne tenesta er resultatet av eit samarbeid mellom fleire aktørar på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Statleg medverknad utgjer ein viktig del av grunnlaget for verksemda, knytt til både driftsmidlar og investeringsmidlar til båt.

Det finst viktige markaområde i og kring mange andre store byar og tettstader i landet. Den nye plan- og bygningslova gir gode verkemiddel til å ta vare på desse områda. Det er utarbeidd ein «Marka-rettleiar» som eit tilbod til dei kommunane som forvaltar viktige bymarker.

Status for bygging i strandsona er omtalt under resultatområde 6.

Arbeidsmål 1.4.3.3 Viltressursar og ressursar av ferskvassfisk som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta

Organiseringa av jakt og fiske varierer mellom kommunar og fylke. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir fleire og fleire område opna for allmenta. Dette fører til at aktiviteten aukar på dette feltet.

Det vert ikkje kravd fiskaravgift for innlandsfisk. For laksefiske er det mogleg å betale fiskaravgift for familiar.

Talet på jegerar aukar svakt for kvart år. Ved starten på det nye jaktåret 1. april 2009 var det registrert 421 615 norske jegerar i Jegerregisteret. 45 494 av desse var kvinner. 194 453 personar betalte jegeravgifta for jaktåret 2008/2009. Det er 18 fleire enn førre jaktår. Sist jaktår betalte 13 167 kvinner jegeravgift, ein del på 6,8 prosent. Kvinnedelen aukar og er nesten dobla på ti år.

Tabell 6.11 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 4.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.4.4

Ved bustader, skular og barne hagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grønstruktur med godt samband til omkringliggjande naturområde.

1.4.3.4 I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur.

Prosentdelen slike bygningar med rekreasjonsareal og til knyting til grønstruktur innan 500 meter.

Arbeidsmål 1.4.4.1 I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur

Kartlegging av grønstrukturen skal leggjast til grunn i den kommunale planlegginga og forvaltninga, og bli ein premiss for vidare tettstadutvikling. Fleire kommunar har dei seinare åra gjennomført slik kartlegging, blant anna gjennom bruk av metoden «grøn plakat» og eigne kommunedelplanar for grønstrukturen. I tillegg har Statistisk sentralbyrå utvikla ein metode for å overvake arealstorleikar og tilgjenge til slike nære, grøne lunger. Tilgang på nærturterreng minkar ved aukande tettstadsstorleik. Dårligast stilt er det i dei største byane våre, og det er bustadblokkene som har dårlegast tilgang på nærturterreng. Tilsvarande negativ tendens ser vi òg for tilgangen til leike- og rekreasjonsareal.

Verkemiddel

Finansieringa er i hovudsak dekt av budsjettramma for Direktoratet for naturforvaltning, jf. kap. 1427, og fagkapitla 1425 og 1426, men kapitla 1400, 1410, 1429 og 1441 inneheld òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i 2009. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 1. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap.1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett. Frå 2010 vil Fylkeskommunen overta fylkesmannen sine oppgåver innanfor friluftsliv og forvaltning av ikkje truga arter av vilt og innlandsfisk som det kan haustast av. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene hos fylkeskommunen er budsjettert over kap 572, post 60 under Kommunal- og regionaldepartementet.

Naturvernlova, viltlova, lakse- og innlandsfisklova, genteknologilova og plan- og bygningslova har til no vore dei viktigaste juridiske verkemidla for miljøforvaltninga innan underområde 1, 2 og 3. Frå 1. juli 2009 vil naturvernlova, delar av viltlova og lakse- og innlandsfisklova bli erstatta av den nye og omfattande naturmangfaldlova. Naturmangfaldlova gir i tillegg mål, prinsipp og konkrete reglar om berekraftig bruk og vern av all natur, og skal praktiserast av alle sektorar. Det betyr at naturmangfaldlova er viktig for alle som forvaltar eller påverkar natur. Unnateke frå å tre i kraft 1. juli er lovkapitlet om framande organismar. Det må utarbeidast utfyllande forskrifter før denne delen av lova kan tre i kraft. Vernearbeidet etter naturmangfaldlova skjer i det alt vesentlege gjennom tematiske fylkesvise verneplanar, nasjonalparkplanen, marin verneplan og verneplanar for utvida skogvern. Område med særleg store natur- og kulturverdiar kan òg fredast etter kulturminnelova, eventuelt i kombinasjon med naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Plan- og bygningslova og naturmangfaldlova vil vere dei viktigaste verkemidla for å ta vare på omsynskrevjande naturtypar og arter på dei ca. 85 pst. av areala som ikkje er omfatta av vern. Det nye verkemiddelet med «utvalde naturtypar» etter naturmangfaldlova vil for første gong gi oss felles reglar for forvaltning av viktige naturtypar utanfor verneområda. Her vil naturmangfaldlova verke saman med plan- og bygningslova og sektorlovene. Lov om statleg naturoppsyn har som mål å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebyggje miljøkriminalitet. Lova har lagt grunnlaget for etablering av Statens naturoppsyn.

Motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er regulert av motorferdsellova og nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark. Her òg er det stort behov for målretta og samordna oppsyns-, kontroll- og førebyggingstiltak.

Framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) er regulert i genteknologilova, i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling. Forvaltninga i Miljøverndepartementet skjer i samråd med andre aktuelle departementet.

Ulike internasjonale konvensjonar og avtaler står sentralt i utvikling og oppfølging av norsk arbeid med naturens mangfald, med Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) som den mest sentrale av desse. Våtmarkskonvensjonen (Ramsar) inneheld viktige plikter når det gjeld bevaring av våtmark, og står òg sentralt i oppfølginga av CBDs program for biologisk mangfald i ferskvatn. Det er no stort fokus på oppfølging av konvensjonen for å nå 2010-målet om å stanse tapet av arter og økosystem. Konkretisering av nødvendige tiltak og rapportering er derfor prioritert. Gjennom arbeidet i Bern-konvensjonen, det europeiske miljøbyrået (EEA) og den paneuropeiske biodiversitets- og landskapsstrategien (PEBLDS) er det ei europeisk regional tilnærming til dette arbeidet som Noreg prioriterer. Resultatområde 5 gir ei omtale av anna internasjonalt samarbeid som òg omfattar naturmangfald, bl.a. i høve til arktisk samarbeid, naturvernsamarbeid med Russland og miljøretta bistand.

Statlege midlar er med på å sikre regionalt og nasjonalt viktige friluftslivsområde, jf. underområde 4 Friluftsliv. Statlege midlar er òg viktige for å motivere kommunane til å realisere vedtekne planar for å bevare grønstruktur og leggje til rette for friluftsliv, jf. St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder.

I tillegg er friluftslova, lakse- og innlandsfisklova og viltlova viktige juridiske verkemiddel i arbeidet med friluftsliv. Miljøverndepartementet har gitt ut eit rundskriv om friluftslova med oversikt over dei oppgåvene kommunane har når det gjeld å fremje allmenta sine friluftsinteresser.

Plan- og bygningslova er det generelle verkemidlet som kommunane har for å utvikle gode område for friluftsliv for alle folkegrupper og interesser.

I samarbeid med kommunane medverkar staten til finansiering av driftsordningar for skjergardsparkane. I kystsona frå Østfold til og med Hordaland er dette samordna gjennom Skjergardstenesta, der staten gjennom Statens naturoppsyn har det nasjonalt overordna ansvaret og gir økonomiske tilskot til driftsutgifter, båtinvesteringar mv. Statens naturoppsyn arbeider òg med å integrere naturoppsyn i den daglege drifta av skjergardstenesta.

Det blir vidare gitt driftsstøtte til Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO), Den Norske Turistforeining, Noregs Jeger- og Fiskarforbund og Friluftsrådas Landsforbund. Dette gjeld blant anna til arbeidet i Forum for natur og friluftsliv som er organisert i alle fylke. Det blir dessutan gitt tilskot til stimuleringstiltak i regi av dei frivillige organisasjonane. Desse midlane er knytte til aktivitetsretta prosjekt med formål å stimulere nye grupper, især barn og unge, til å utøve friluftsliv.

Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar sitt arbeid med tilrettelegging for fritidsfiske og jakt.

Informasjon/kommunikasjon er eit viktig strategisk verkemiddel for å nå måla under resultatområdet. Prinsippa for universell utforming er lagt til grunn for styresmaktenes arbeid med friluftsliv.

7 Resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne

Resultatområdet omfattar arkeologiske og marinarkeologiske kulturminne, bygningar og anlegg, kulturmiljø og fartøy.

Definisjon og avgrensing

Alle spor etter menneskeleg liv og verksemd i omgivnadene er kulturminne og kulturmiljø anten dei tilhøyrer ei fjern eller nær fortid. Målet er å ta vare på eit utval av desse kulturminna.

Arkeologiske kulturminne er dei fysiske spora etter menneskeleg aktivitet som finst i og under markoverflata. Alle typar kulturminne eldre enn frå år 1537 er automatisk freda etter kulturminnelova. Bygningar som er undersøkte og stadfesta oppførte i perioden 1537-1650 er òg automatisk freda. For samiske kulturminne er grensa for automatisk freding sett til 100 år.

Marinarkeologiske kulturminne er alle kulturminne som ligg under vatn, både i havet, i vassdrag og i innsjøar. Slike kulturminne eldre enn frå år 1537 er automatisk freda. Skip og gjenstandar som kan ha vore om bord i desse, og som er eldre enn 100 år, tilhøyrer staten dersom eigaren ikkje er kjend, og vert forvalta som freda.

Kulturminne som ikkje er automatisk freda, kan fredast i medhald av kulturminnelova uavhengig av alder. Dette gjeld bygningar og anlegg, fartøy og kulturmiljø som er område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng.

Verneverdige bygningar med lokal og regional betydning kan sikrast gjennom plan- og bygningslova.

Strategisk mål

Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv.

Dei nasjonale måla skal blant anna nåast gjennom ti konkrete bevaringsprogram, jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Programma omfattar gjennomgang av tilstand og tiltak for sikring, istandsetjing og vedlikehald. Programma legg auka vekt på den innverknad kulturarven har i lokalsamfunna og i regionane. Regjeringas strategi for sikring og istandsetjing av kulturminne og kulturmiljø gir eit godt grunnlag for å prioritere innsats og tiltak.

Løyvingane over statsbudsjettet har auka dei seinare åra. Erfaringar viser at med auka styrke og målretta innsats vil det vere mogleg å snu ein negativ trend og nå måla innan 2020. For eksempel har ein no eit godt ressursgrunnlag til å nå målet i arbeidet med freda bygningar i privat eige, som har høg prioritet og som har fått størst påplussingar. Tildelinga frå Regjeringas tiltakspakke til freda og verneverdige kulturminne på i alt 223 mill. kroner er òg eit viktige bidrag til å nå målet. Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon av departementets oppfølging av politikken knytt til freda og bevaringsverdige bygningar (Dokument nr. 3:9 (2008- 2009) viser likevel at det er stor risiko for at verneverdige og freda bygningar går tapt.

Tabell 7.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 nasjonale mål 1.

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

1. Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø skal innan år 2020 ikkje overstige 0,5 prosent.

1.1. Halde fortløpande oversikt over tap og endringar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar.

Vurdering av antikvariske og miljømessige konsekvensar av økonomiske, juridiske og andre viktige vilkår for forvaltning av bygningar og anlegg.

Talet på freda bygningar og anlegg og tette trehusmiljø som går tapt i brann.

Oppdatert oversikt over verneverdige fartøy innanfor alle kategoriar.

1.2. Medverke til aktiv bruk og bevaring av kulturminne, kulturmiljø og landskap som grunnlag for økonomisk, sosial, kulturell og miljømessig verdiskaping.

Betre og meir dokumentert kunnskap om samanhengane mellom verdiskaping og kulturminne, kulturmiljø og landskap.

1.3. Medverke til at kommunal sektor og andre samfunnssektorar tek meir ansvar for kulturminne og kulturmiljø.

Talet på kommunar med vedteken kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø.

Talet på reguleringsplanar for bevaring.

Talet på kommunar og arealbrukande sektorar som nyttar Askeladden.

Utviklingsarbeid med kommunane som er sett i verk.

Tilstand og utvikling i jordbrukslandskapet ifølgje overvakingsprogrammet 3Q.

Sektorsamarbeid bl.a. innanfor kystkultur som er sett i verk.

1.4. Halde oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse med tilfredsstillande forvaltning.

Talet på identifiserte kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.

Talet på område med tilfreds-stillande forvaltningsplanar og verkemiddel.

Kvalitativ vurdering av utviklinga for kulturmiljø og landskap.

1.5. Leggje til rette for at kulturminnefondet er ei viktig finansieringskjelde i forvaltning av kulturminne og kulturmiljø, og eit viktig verkemiddel i verdiskaping med grunnlag i kulturminne.

Talet på prosjekt som har fått tilskot over kulturminnefondet innan prioriterte satsingsområde.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Halde fortløpande oversikt over tap og endringar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø

Sidan 2000 er det gjennomført systematiske kontrollregistreringar for å overvake tap og endringar av SEFRAK – bygningar som er eldre enn frå år 1900. Kontrollregistreringar av «SEFRAK»-bygningar viser at tapet av eldre bygningar er stort. Forfall, tap og omfattande endringar betyr ein reduksjon av mangfaldet i bygningstypar. Bygningar som er i aktiv bruk har ein lågare prosentdel av tap.

Rettsakter i EU som blir implementerte i norsk lov kan påverke høvet til å drive antikvarisk arbeid og bygningsvern. Eit stadig aukande tal på EU-rettsakter er identifiserte som problematiske for antikvarisk arbeid med bygningsvern og kan medverke til ein auke i tapet av verneverdige kulturminne. Riksantikvaren er med i ei nyoppretta europeisk samarbeidsgruppe for å følgje med i utviklinga av rettsakter i EU, og forsøke å hindre at desse får negativ påverknad på antikvarisk arbeid. Saman med europeiske kollegaer blir det arbeidd for å auke forståinga for dei spesielle omsyna som ei god ivaretaking av kulturminna krev, og innarbeide desse omsyna i rettsaktene.

I arbeidsmålet inngår arbeidet med to av bevaringsprogramma:

Bevaringsprogrammet for førebyggjande brannsikring av tette trehusmiljø.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) samarbeider med Riksantikvaren om brannsikring av verneverdig tett trehusbusetnad. Det er gjennomført ei kartlegging av ca. 180 trehusmiljø og utarbeidd ein rettleiar. Brannsikringa av den tette trehusbusetnaden i Bergstaden Røros er no avslutta. Brannsikring av busetnaden på Grip er godt i gang. Det er gitt tilskot til brannsikring av fleire andre tette trehusmiljø, blant anna Risør. Det er òg gjort ein stor innsats når det gjeld brannsikring av stavkyrkjene, jf. 2.4. Det var i 2008 fleire alvorlige brannar i freda bygningar, blant anna i dei fire Skuteviksbuene og Lehmkulbua i Bergen. Tilskot til arbeid med brannsikringsplanar er prioritert.

Det blir arbeidd med å få utvikla eit system slik at data frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), kan koplast til kulturminnedatabasen Askeladden. Det vil då bli mogleg å identifisere vernestatusen til brannskadde bygningar på ein effektiv måte.

Bevaringsprogrammet for fartøy.

Sjå omtale under arbeidsmål 2.3.

Arbeidsmål 1.2. Medverke til aktiv bruk og bevaring av kulturminne, kulturmiljø og landskap som grunnlag for økonomisk, sosial, kulturell og miljømessig verdiskaping

Verdiskapingsprogrammet gir kunnskap om korleis kulturminne, kulturmiljø og landskap kan gi grunnlag for verdiskaping, men det gir òg praktiske resultat. Fase 1 av programmet går ut i 2010 og omfattar 11 pilotprosjekt som dekkjer heile landet. Erfaringane frå prosjekta så langt viser at kulturarven kan vere ein viktig ressurs både i stads- og næringsutvikling, og at denne ressursen kan aktiverast gjennom målretta innsats. Programmet sin effekt for den økonomiske verdiskapinga viser ein gradvis auke. I 2008 er det blant anna utarbeidd 22 forretningsplanar og etablert 16 verksemder med ei samla sysselsetjing på 15 årsverk. Rapporteringa syner òg ein klar samanheng til auka kulturell og sosial merksemd om kulturarven som ressurs. Godt samspel mellom dei ulike formene for verdiskaping kan skape ein positiv utviklingsspiral der dei ulike innfallsportane til verdiskaping understøttar kvarandre. Erfaringa syner at den materielle og immaterielle kulturarven må sjåast i samanheng, det same gjeld for natur- og kulturarven. Eit par døme på dette er pilotprosjekta Nærøyfjorden Verdsarvpark og Den verdifulle kystkulturen i Nordland. Det er ei utfordring å utvikle samhandling og samhandlingskompetanse vidare mellom ulike utviklingsaktørar som styresmakter, kompetansemiljø, næringsorganisasjonar og utøvarar, potensielle etablerarar og frivillig sektor.

Det er utarbeidd årsrapport 2008 for verdiskapingsprogrammet. Midtvegsevalueringsrapport ligg føre med oppsummering av status og utfordringar på program- og prosjektnivå, og med framlegg om arbeidet vidare. Riksantikvaren har gjennomført nettverkssamlingar for bykommunar for å fremje næring i verneverdige byområde. Riksantikvaren ønskjer gjennom det å hjelpe kommunane og initiere tiltak. Vidare er arbeidet i to av nettverka i Livskraftige kommunar kopla til arbeidet med verdiskaping. Gjennom to av pilotprosjekta i verdiskapingsprogrammet støttar Riksantikvaren òg aktivt opp under utviklinga av regionale natur- og kulturparkar i Noreg, eit initiativ som er støtta av Landbruks- og matdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet i tillegg til Miljøverndepartementet. Riksantikvaren samarbeider med Norsk Kulturminnefond om verdiskapingsprogrammet. I 2008 medverka fondet med 10 mill. kroner.

Arbeidsmål 1.3. Medverke til at kommunal sektor og andre samfunnsektorar tek meir ansvar for kulturminne og kulturmiljø

Kommunane

Plan- og bygningslova er kommunane sitt viktigaste verkemiddel for å sikre kulturminne og kulturmiljø. 80 pst. av kommunane manglar kulturhistorisk kompetanse og plankompetansen er òg varierande. Fylkeskommunane har avgrensa kapasitet, kompetanse og ressursar til å hjelpe kommunane. Med ny plan- og bygningslov vil behovet for opplæring og rettleiing i fylkeskommunar og kommunar auka ytterlegare. Dette krev auka innsats frå både Miljøverndepartementet og Riksantikvaren.

Det er stadig fleire kommunar som tek i bruk Askeladden i sitt arbeid med å sikre kulturminne og kulturmiljø. Pr. 1. juli 2008 har 390 kommunar og arealbrukande sektorar teke i bruk registeret. Utover dette er data frå Askeladden tilgjengeleg via Noreg Digitalt. Dette er ei kartteneste – WMS (Web Map Server) – som kan nyttast av alle kommunar.

Riksantikvaren arbeider med å etablere ein database for by- og tettstadsmiljø som har nasjonal interesse. Denne er planlagt teken i bruk i 2009. Riksantikvaren har òg i samarbeid med Sverige, Finland og Litauen utvikla kulturhistorisk stadanalyse (DIVE) og rettleiar for denne er klar i 2009. Databasen og stadanalysen er eit verktøy som kan nyttast i saksbehandlinga i kommunane og fylkeskommunane.

Det er ei utfordring at kommunane ikkje har samla oversikt over verneverdige kulturminne. Miljøverndepartementet vil arbeide for å betre dette, bl.a. ved at den kommunale rapporteringa gjennom KOSTRA-systemet i større grad blir tilpassa behovet for oversikt over verneverdige kulturminne. Det er sett i gang eit arbeid med sikte på kartlegging for registrering av verneverdige kulturminne i kommunane. Registreringa skal etter planen gjennomførast i samarbeid med kommunane og frivillige organisasjonar.

Rapporteringar gjennom KOSTRA i 2008 kan tyde på at berre 29 pst. av kommunane har oversikt over eigne kulturminneinteresser og har sikra desse ei god forvaltning gjennom kommunedelplan. Dette er urovekkjande med omsyn til nasjonalt mål om minimalisering av tap av verneverdige kulturminne.

Andre samfunnssektorar/staten

Statens kulturhistoriske eigedommar (SKE) har vore eit prosjekt under Fornyings- og administrasjonsdepartementet som starta i 2003. Prosjektet omfattar registrering av alle statsbygningar med omsyn til verneverdi. Gjennom kongeleg resolusjon er det fastsett overordna føresegner for forvaltninga av statens kulturhistoriske eigedommar. Dette er det største bevaringsprosjektet relatert til kulturminne som har vore gjennomført i statleg regi. Prosjektet vart avslutta i 2008. Oppfølginga av prosjektet vart då overførte frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til Miljøverndepartementet.

Dei fleste sektorane har starta eller ført vidare arbeidet med landsverneplanar. 12 departement er i arbeid med sine landsverneplanar.

Riksantikvaren er rådgivar for departementa i arbeidet deira med landsverneplanane, og for alle tiltak på dei kulturhistorisk viktige anlegga. Som ein del av planprosessen skal Riksantikvaren ta stilling til kva slag bygningar og anlegg som skal fredast og gjennomføre fredingar. Riksantikvaren er vidare involvert i arbeidet med departementale prosessar for å utarbeide forvaltningsrutinar for eigedommar omfatta av ein landsverneplan. Riksantikvaren skal godkjenne alle forvaltningsplanar for bygningar og anlegg i verneklasse 1 – dvs. det som blir freda.

I tillegg til å lage landsverneplanar, nyttar ei rekkje sektorar eigne verkemiddel til å sikre kulturminne som representerer verksemda i sektorane. Landsverneplanar har medført auka fokus på riktig vedlikehald og istandsetjing og dette krev auka innsats frå Riksantikvaren.

Landbrukssektoren tek ansvar for sine eigne kulturminne og kulturmiljø bl.a. gjennom eigne verkemiddel. Nedlegging eller omlegging av drift reiser spesielle utfordringar i denne sektoren. Sentrale verkemiddel er dei lokale SMIL-midlane og regionale miljøprogram som sikrar både istandsetjing og årleg vedlikehald av mange kulturminne. SMIL vart evaluert i 2008 og 2009. Konklusjonen er bl. a. at ordninga har god effekt for freda og verneverdige bygningar. Riksantikvaren samarbeider med Statens Landbruksforvaltning om oppfølging av ordningane. Sjå òg resultatområde 1 Naturens mangfald og friluftsliv.

Riksantikvaren deltek dessutan i det 5-årige utviklingsprogrammet Landbruksbygg og kulturlandskap, leia av Landbruks- og matdepartementet og Statens Landbruksforvaltning.

Vindkraft, småkraft, fornying og revisjon av vassdragskonsesjonar og overføringslinjer for kraft er område innan energisektoren som er spesielt utfordrande for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø.

Olje- og energidepartementet etablerte i 2008 ei sektoravgift, bidrag til kulturminnevern, på sitt budsjett (post 70). Midlane skal gå til å dekkje kostnader til arkeologisk arbeid i samband med fornying og revisjon av vassdragskonsesjonar. Grunnlag for prioriteringar av arkeologiske undersøkingar er beskrive i faglege program, jf. arbeidsmål 2.1.

Noregs vassdrags- og energidirektorat NVE arbeider for å følgje opp sektoransvaret for sikring, bevaring og formidling av norsk vassdrags- og energihistorie og samarbeider med Riksantikvaren om dette. Utbygginga av olje- og gassfelta med overføring via røyrleidningar kan ha særleg verknad for kulturminne under vatn.

Regjeringas reiselivsstrategi, lagt fram i 2007, legg grunnleggjande vekt på at verdiskapinga må skje på berekraftig vis, slik at miljøomsyn blir teke der natur- og kulturarven blir nytta som utviklingsressurs og konkurransefortrinn. Reiselivs- og lokalsamfunnsutvikling sett i samanheng utgjer ein sentral del av verdiskapingsprogrammet og kan gi konkrete resultat til Regjeringas arbeid med berekraftig reiseliv.

Kystverket, Fiskeridirektoratet, ABM-utvikling og Riksantikvaren har utarbeidd felles handlingsplan for arbeidet med kystkultur for 2007-2010. Viktige prioriteringar innafor handlingsplanen er koordinering av verkemiddel for å sikre ei heilskapleg forvaltning og formidling av kystkulturen og å ta den historiske kystkulturen i bruk som ein ressurs i nærings- og samfunnsutviklinga. Desse etatane arrangerer i fellesskap konferansar og seminar knytte til arbeidet med kystkulturen. Overvakingsprogrammet 3Q, som er tilstandsovervaking og resultatkontroll i jordbrukets kulturlandskap ved hjelp av utvalskartlegging, er no ferdig med andre omdrev. Det blir vurdert å supplere utvalet av kartleggingsområde med nye arealtypar, for eksempel seterområde, utmark og skogsområde.

Arbeidsmål 1.4. Halde oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse med tilfredsstillande forvaltning

Kulturmiljø er større område med samansette kulturminneverdiar. Forvaltninga av kulturmiljøa skapar utfordringar, bl.a. fordi mange av desse òg er levande lokalsamfunn og krev forvaltningsplanar som er tilpassa lokale forhold, aktivitet og utvikling.

Seks kulturmiljø er freda etter kulturminnelova § 20. Desse representerer svært ulike miljø. Samarbeid mellom kulturminneforvaltninga og eigarar, kommunale styresmakter, næringsliv, organisasjonar og andre instansar er nødvendig for å ta vare på eit kulturmiljø og dei kulturhistoriske verdiane. Tre nye kulturmiljø er under freding. Det er Sør-Gjæslingan i Nord-Trøndelag, Tinnfoss i Telemark og Bygdøy i Oslo. Forvaltningsplanar for desse miljøa blir utarbeidde. I tillegg vart ein del av trehusbyen Levanger i Nord-Trøndelag mellombels freda i 2008, og arbeidet med fredingsforslag og forvaltningsplan held fram i 2009. Sjå òg arbeidsmål 2.5.

Det blir i 2009 utarbeidd forvaltningsplanar for dei 20 utvalde kulturlandskapa i jordbruket, og det er sett inn særskilde verkemiddel over Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet sine budsjett i tillegg til ordinære verkemiddel.

Arbeidsmål 1.5. Leggje til rette for at kulturminnefondet er ei viktig finansieringskjelde i forvaltning av kulturminne og kulturmiljø, og eit viktig verkemiddel i verdiskaping med grunnlag i kulturminne

Kulturminnefondet er den viktigaste offentlege finansieringskjelda når det gjeld ikkje freda, bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Det er òg ei viktig finansieringskjelde for freda kulturminne. I perioden 2003–2008 har ca. 10 pst. av midlane gått til freda anlegg. Kulturminnefondet har i same periode gitt tilskot til vel 630 prosjekt med til saman 114 mill. kroner. Kulturminnefondet er òg ei vesentleg finansieringskjelde i verdiskapingsprogrammet. Fondet har frå 2005 og fram til 2009 medverka med 21 mill. kroner fordelt på over 100 tiltak innafor verdiskapingsprogrammet. Alle dei 11 pilotprosjekta i programmet har fått støtte.

Miljøverndepartementet arbeider med endra forskrifter for fondet. Forskriftsutkastet vart sendt på høyring i 2008.

Tabell 7.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 nasjonale mål 2

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

2. Freda og fredingsverdige kulturminne og kulturmiljø skal vere sikra og ha ordinært vedlikehaldsnivå i 2020.

2.1. Føre ei tydeleg og føreseieleg forvaltning av arkeologiske kulturminne.

Strategi og klare faglege føringar for å sikre arkeologiske kulturminne i langsiktig perspektiv.

Talet på nye registreringar.

Delen kommunar som er à jour med registrerte arkeologiske kulturminne i Askeladden.

Periodevis tap og skade, og årsaksforhold i utvalde lokalitetar over og under vatn.

2.2. Sikre og formidle kunnskapsverdiar i bergkunst og andre arkeologiske kulturminne over og under vatn.

Talet på lokalitetar der det er sett i gang tiltak for å betre bevaringsforholda for kulturlag.

Delen av registrerte arkeologiske kulturminne utan nye skadar.

Talet på arkeologiske kultur-minne der skjøtsel og tiltak for auka tilgjenge er gjennomført i løpet av året.

2.3. Gi gode og føreseielege rammevilkår for private eigarar av freda bygningar og anlegg og freda og verneverdige fartøy.

Delen freda bygningar og anlegg med ordinært vedlikehaldsnivå.

Talet på fredingssaker som er sette i gang før 1. januar 2005 og som er ferdig behandla.

Talet på fredingsvedtak frå før 1979 som er vurderte mot innhald og omfang.

Talet på samiske kulturminne som er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå.

Oppdatert analyse av tilstand og tilskotsbehov for freda og verneverdige fartøy.

Tilgang til nettbasert kunnskapsportal for tradisjonsbaserte handsverksfag.

2.4. Syte for nødvendig framgang i arbeidet med å sikre og setje i stand utvalde grupper bygningar og anlegg.

Talet på stavkyrkjer som er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå.

Talet på teknisk-industrielle kulturminne som er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå.

Talet på ruinar som er sikra og tilrettelagt.

2.5. Halde fortløpande oversikt over endringar i freda kulturmiljø.

Periodevis kartlegging av vesentlege endringar i freda kulturmiljø.

2.6. Forvalte dei norske verdsarvstadene i tråd med internasjonale forpliktingar.

Norske verdsarvstader med optimal tilstand, legalt vern og samarbeidsforhold.

Arbeidsmål 2.1. Føre ei tydeleg og føreseieleg forvaltning av arkeologiske kulturminne

Omlegginga av forvaltningspraksis slik at staten no som hovudregel dekkjer utgifter til arkeologisk arbeid ved mindre, private tiltak har ført til ein merkbar auke i talet på saker der privatpersonar får dekt utgifter til arkeologiske utgravingar. Frå 2006 til 2007 vart talet på slike saker dobla. Tendensen ser ut til å halde fram. Også i 2008 var det ein auke i talet på saker og ein betydeleg auke i storleiken på utbetalingane. Kostnadene i dei enkelte sakene kan variere mykje som følgje av ulikt omfang på dei ulike tiltaka og ulik karakter på kulturminna. Tilskota er svært viktige for at privatpersonar kan gjennomføre planlagde tiltak i saker der det blir gitt dispensasjon.

Auka midlar til mindre, private tiltak medverkar til ei betre forvaltning og auka forståing for og redusert konfliktnivå når det gjeld vern av arkeologiske kulturminne.

Dei arkeologiske forvaltningsmusea og Riksantikvarens faglege program gir viktig grunnlag for forvaltning av arkeologiske kulturminne. Miljøverndepartementet set i verk viktige tiltak for å sikre lik og føreseieleg forvaltningspraksis i heile landet. Retningslinjer for dekning av utgifter til arkeologiske utgravingsarbeid vart gjennomført i 2008. Det er under utarbeiding felles budsjettmal for arkeologiske utgravingar. Dette arbeidet blir avslutta i 2009.

Arbeidsmål 2.2. Sikre og formidle kunnskapsverdiar i bergkunst og andre arkeologiske kulturminne over og under vatn

Mange arkeologiske kulturminne over og under vatn er i utgangspunktet best sikra ved at dei får liggje urørte. Andre må sikrast gjennom utgravingar. Kunnskap blir formidla gjennom målretta informasjonstiltak og ved tilgang til kulturminna. Universell utforming er viktig i samband med tilrettelegging av kulturminne.

I arbeidsmålet inngår arbeid med to av bevaringsprogramma:

Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne

Arkeologiske kulturminne og kunnskap om forhistoria er emne for stort lokalt engasjement. Dette viser bl.a. stor oppslutning om Den kulturelle skulesekken og dei mange medieoppslaga om arkeologiske utgravingar og funn i sommarhalvåret. Målet er å gjere eit representativt utval av arkeologiske kulturminne frå ulike periodar tilgjengeleg for publikum.

I 2008 vart det gjort arbeid med skjøtsel og tilrettelegging av 163 lokalitetar arkeologiske kulturminne, under dette bergkunst.

Systematisk kontroll av eit utval automatisk freda kulturminne viser tendens til auke i tap og skade. Dette er ein trend som gjer det vanskeleg å nå dei nasjonale miljømåla. Det er òg ein tendens at allereie skadde kulturminne er spesielt utsette for ytterlegare skadar eller går tapt. Det er indikasjonar på at eit betydeleg tal kulturminne under vatn forsvinn kvart år. Foreløpige undersøkingar viser at det er tre hovudårsaker til tap og skade. Det er tjuveri og ulovlege inngrep, utbygging og landvinning i strandsona og naturleg erosjon.

Kulturminnedatabasen Askeladden inneheld lett tilgjengeleg og oppdatert informasjon om freda kulturminne, type, kvar dei ligg, tilstand og fredingsstatus. I 2008 vart det registrert 14 240 nye arkeologiske enkeltminne i Askeladden. Dette var ein auke på 6160 frå førre år. Totalt er det i 2008 registrert 37 000 enkeltminne i Askeladden

Bevaringsprogrammet for bergkunst

Bergkunsten er kulturminne som representerer ei uttrykksform som finst i store delar av verda. Det er til no tilstandsdokumentert 482 bergkunstlokalitetar. Det er registrert skadar på 95 pst. av desse. Aktiviteten knytt til skjøtsel av bergkunst er aukande.

Fylkeskommunar og Sametinget har utarbeidd planar for kva som skal prioriterast framover, og kva slag lokalitetar som skal løftast fram spesielt i Kulturminneåret for å synleggjere verdiane og auke forståinga av bevaringsbehovet for denne typen kulturminne. Ei spesiell utfordring er å finne fram til korleis helleristingar kan formidlast til publikum utan at dei nødvendigvis skal målast opp.

Arbeidet med sikring av bergkunst blir ført vidare. Skjøtsel og tilgjenge er prioriterte oppgåver samtidig med at arbeidet med konservering og utvikling av kunnskap om årsaker til nedbryting held fram.

Arbeidsmål 2.3. Gi gode og føreseielege rammevilkår for private eigarar av freda bygningar og anlegg og freda og verneverdige fartøy

I arbeidsmålet inngår arbeidet med tre av bevaringsprogramma:

Bevaringsprogrammet for freda kulturminne i privat eige

Det er viktig med korrekt kunnskap om tilstanden til dei freda kulturminna for å kunne prioritere tilskotsmidlane til dei kulturminna der behova er størst og effektane best. Miljøverndepartementet har derfor lagt vekt på å få fram ei samla oversikt over tilstanden. Dette blir gjort bl.a. gjennom Riksantikvarens prosjekt for tilstandsregistrering av freda bygningar og anlegg som blir avslutta i 2009.

Til no er 94 pst. av freda bygningar i privat eige undersøkte. Av desse har 38 pst. av bygningane ordinært vedlikehaldsnivå, eller ingen tiltak er nødvendige, mens 62 pst. treng moderate eller store utbetringar for å oppnå ordinært vedlikehaldsnivå.

Det går òg føre seg tilstandsregistrering av mellomalderbygningar og bygningar i kommununal eige. Det er totalt 244 mellomalderbygningar. 94 pst er ferdig registrerte. Av dei 94 pst ferdig registrerte mellomalderbygningane har 46 bygningar, ein tilstand tilsvarande ordinært vedlikehaldsnivå. 140 treng moderat utbetring og 31 store utbetringar.

Det er totalt 198 bygningar i kommunal eige. 61 pst er ferdig registrerte. Av dei 61 pst ferdig registrerte bygningane har 49 bygningar ein tilstand tilsvarande ordinært vedlikehaldsnivå. 51 bygningar treng moderat utbetring og 21 store utbetringar.

På bakgrunn av stortingsmeldinga om kulturminnevern er det òg sett i gang eit eige prosjekt for å gjennomgå alle fredingsvedtak fatta i perioden 1923-1979. Prosjektet er landsdekkjande og skjer i samarbeid med den enkelte fylkeskommunen. Målet er å gi kulturminneforvaltninga eit betre grunnlag for å fatte vedtak, og å gi ein meir føreseieleg situasjon for eigarane av dei freda anlegga, med klarare rammer. Prosjektet vil gi eigarar og kulturminneforvaltninga ein oppdatert status, og gjere tilgjengeleg eksisterande dokumentasjon som for eksempel historiske foto. Prosjektet som skal gjennomgå fredingsvedtaka er omfattande og vil gå fram til 2012.

Erfaringane frå arbeidet er svært positive. Prosjektet har ført til ein god dialog med eigarane, og det klargjer kva dei eldre fredingane inneber og får fram handlingsrommet for eigarane. Arbeidet gir derfor eit godt forvaltningsgrunnlag for regionalforvaltninga. Prosjektet har i 2008 òg kartlagt tap av bygningar og anlegg freda etter bygningsfredingslova. Ca. 300 bygningar, eller 13 pst. av det som vart freda i perioden 1923-79 er ikkje lenger freda. Ei vanleg årsak til at fredinga er oppheva er tap av fredingsverdi. Det viser seg òg at mange bygningar har gått tapt, blant anna på grunn av brann, eller at bygningen er riven. Arbeidet med å kartleggje tapa vil halde fram i 2009.

Prosjektet Fredingsgjennomgangen gir saman med prosjektet Tilstandsregistreringa god innsikt i den freda bygningsmassen i Noreg, både når det gjeld kvalitet og vedlikehaldssituasjon for anlegga. Fredingsgjennomgangen går no føre seg i 15 fylke og skal vere ferdig i 2012. Førebels er ingen fylker heilt ferdig.

15 fredingssaker starta før 1. januar 2005 og er ferdig behandla gjennom prosjektet Fredingsgjennomgangen. Det står att 78 saker.

Dei auka løyvingane til dette formålet i 2009 har òg medverka vesentleg til å gi eigarane meir føreseielege vilkår i planlegging av vedlikehald av bygningane.

Bevaringsprogram for samiske kulturminne

Samiske kulturminne er i aktiv bruk som grunnlag for utvikling av eigen identitet og kultur. Minna omfattar bygningar, spor etter busetnad, heilage fjell og andre naturelement. Sametinget har ein sentral posisjon i forvaltinga. Samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda. Denne avgrensinga ut frå eit reint alderskriterium utan vernevurdering, reiser særskilte utfordringar når det gjeld bygningar. Talet på freda bygningar aukar automatisk frå år til år og det finst ikkje fullstendige oversikter over kva bygningar som er freda.

Bygningsverneplanen til Sametinget er følgt opp ved at det planlagde prosjektet Sirbmá, i Deatnu – Tana er starta opp. Målet med prosjektet er i tillegg til konkret vernearbeid å utvikle samisk bygningsvernearbeid.

Sametinget har i 2008 arbeidd med å overta eigedom i Neiden. Dette er første ledd i ein prosess der det skal leggjast til rette for tilbakeføring av leivningane som i 1915 vart gravlagde på den ortodokse gravplassen i Neiden og frakta til Universitetet i Oslo.

Bevaringsprogrammet for fartøy

Noreg er ein sjøfartsnasjon med ei omfattande historie. Det betyr òg at vi har ein stor flåte som er av historisk verdi og som utgjer ein stor og viktig del av kulturarven. Fartøyvernprogrammet gjeld dekte fartøy i flytande tilstand. 211 fartøy har ei eller anna form for avtale om vern. 159 fartøy har status som verneverdige skip i fartøyvernregistret, og hittil er hjuldamparen Skibladner og bilferja Skånevik freda etter kulturminnelova. Dei fleste kulturhistorisk viktige fartøya er eigde av privatpersonar, stiftelsar eller museum. Det er registrert eit betydeleg forfall på dei verneverdige fartøya. Det er ei stor utfordring å snu den negative trenden. Arbeidet med verneplan for fartøy er i gang, og den vil liggje føre ved utgangen av 2009. Planen skal bl.a. gi grunnlag for å velje ut fartøy som skal sikrast varig vern og definere relevante bevaringsmetodar og verkemiddel for å gjennomføre vernet. Dette blir bl.a. gjort gjennom tre nasjonale senter for fartøyvern; Hardanger fartøyvernsenter, Nordnorsk fartøyvernsenter og båtsamling i Gratangen for bevaringsoppgåver knytte til trefartøy, og Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter ved Kristiansand for arbeid med stålskip. Fartøyvernsentra er òg viktige institusjonar lokalt for kultur og sosialt arbeid, sjå òg punkt 3.2.

Kunnskapsportal for tradisjonsbaserte handverksfag

Miljøverndepartementet har saman med byggjenæringa førebudd oppretting av ein nettbasert kunnskapsportal for tradisjonsbaserte handverksfag. Nettstaden rettar seg både mot eigarar av eldre busetnad, byggjenæringa, styresmakter og kulturhistoriske fagmiljø, og skal gjere det enklare for alle å finne fram til leverandørar av tradisjonelle handverkstenester og produkt. Dette skal vere ein nettstad der kulturhistoriske fagmiljø når vidt med relevant materiale og rådgiving. Det skal bidra til å heve den generelle kompetansen på området – både hos kjøparar, leverandørar og rådgivarar. Kunnskapsportalen blir etablert i samarbeid med Byggenæringas Landsforbund hausten 2009 etter at det er tilsett ein fagperson.

Arbeidsmål 2.4. Syte for nødvendig framgang i arbeidet med å sikre og setje i stand utvalde grupper bygningar og anlegg

I arbeidsmålet inngår arbeidet med tre av bevaringsprogramma:

Bevaringsprogram for stavkyrkjene

28 stavkyrkjer er etablerte nasjonale klenodium og Noregs bidrag til verdas kulturarv. Gjennom alder og symbolverdi har dei ein sterk posisjon som kulturell arv blant folk flest.

Fortidsminneforeininga eig 8 av desse, resten er eigde av kyrkjelyden.

I 2008 vart arbeida i Eidsborg, Reinli og Grip stavkyrkjer avslutta. I stavkyrkjeprogrammet er det no sett i stand 9 kyrkjer til ordinært vedlikehaldsnivå. Programmet har avdekt til dels alvorlege skadar på kyrkjene. Istandsetjinga på enkelte av kyrkjene har vore den mest omfattande sidan kyrkjene vart restaurerte for 100-150 år sidan. Programmet har gitt oss ny kunnskap om korleis kyrkjene vart bygde. Ei utfordring i programmet er tilgangen til gode nok byggjematerialar, særskilt til takspon. Det blir no arbeidd med 5 kyrkjer, der istandsetjinga av Urnes stavkyrkje inngår som eitt av arbeida. Sjå òg arbeidsmål 2.5.

Bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne

Tekniske og industrielle kulturminne viser historia om den industrielle revolusjonen i Noreg og har ei betydeleg allmenn interesse.

Bevaringsprogrammet for 10 tekniske og industrielle kulturminne har komme kortare enn det som er målet og blir prioritert høgt i 2009. Arbeidet med å setje i stand anlegga er svært krevjande. Det vil bli utarbeidd ein strategi for ferdigstilling av alle dei ti anlegga. Tre teknisk-industrielle kulturminne er ført fram til ønskt bevaringstilstand; Industristaden Tyssedal/Tyssedal kraftverk, Klevfos Cellulose- & Papirfabrik og Sjølingstad Uldvarefabrik. I 2009 vil 29 mill. kroner i tiltaksmidlar og auka midlar på det ordinære budsjettet føre til at tre nye anlegg vil bli ferdigstilte. Dette gjeld Neptun sildoljefabrikk, Nes Jernverk og Kistefos træsliperi.

Etter at anlegga er sette i stand vil det framleis vere behov for tilskot til fortløpande vedlikehald.

Bevaringsprogram for ruinar

Riksantikvarens ruinprosjekt starta i 2006 og skal avsluttast innan utgangen av 2015. Målet med prosjektet er å få eit utval ruinanlegg ferdig konservert og opp på eit ordinært vedlikehaldsnivå. Seks ruinanlegg er ferdig konserverte og det går føre seg konservering på 10 anlegg.

Ruinar med stor nasjonal eller lokal verdi og engasjement frå lokalbefolkninga blir prioriterte.

Arbeidsmål 2.5. Halde fortløpande oversikt over endringar i freda kulturmiljø

Fram til no er det ikkje gjennomført systematiske kartleggingar av endringar i freda kulturmiljø. Arbeidet med å utvikle eit system for overvaking av freda kulturmiljø blir sett i gang i 2009.

Opplysningar om dei aktuelle kulturmiljøa og kulturminna er registrerte i kulturminnedatabasen Askeladden. Beskrivingar av tilstand er likevel mangelfulle. Dette gjeld både for arkeologiske kulturminne, bygningar og kulturmiljø. Det manglar òg grunnleggjande registreringar om objekt frå nyare tid.

Opplysningane i Askeladden skal gåast gjennom for å få oversikt over kva som manglar for kvar av dei seks freda kulturmiljøa, sjå arbeidsmål 1.5.

Arbeidsmål 2.6. Forvalte dei norske verdsarvstadene i tråd med internasjonale forpliktingar

I arbeidsmålet inngår arbeidet med eit bevaringsprogram:

Bevaringsprogram for verdsarven

Noreg har sju område på Unescos verdsarvliste. Seks område er førte opp på tentativ liste over område ein vil fremje til verdsarvlista dei kommande åra. Under dette er utviding av Røros bergstad, innsendt til behandling i 2009. Det blir arbeidd med nominasjon av Lofoten.

Det blir periodisk rapportert til Unesco om tilstanden for verdsarvområda. Dette inneber ein systematisk gjennomgang av tilstand og utfordringar. Rapporten gir grunnlag for prioritering av innsats.

Det går føre seg istandsetjings- og vedlikehaldsarbeid ved alle verdsarvstader. Ingen av stadene har optimal vedlikehaldstilstand.

Bergkunsten i Alta/Hjemmeluftområdet

Tilstanden for bergkunsten i Hjemmeluftområdet er tilfredsstillande, men det er behov for skjøtsel for å hindre at områda gror igjen. Tilrettelegging av bergkunsten er òg ei viktig oppgåve. Eigedomsretten til Hjemmeluftområda skal overførast til Alta kommune, for å få ei heilskapleg forvaltning av området.

Bryggen i Bergen

Tilstanden til Verdsarven Bryggen i Bergen er ikkje tilfredsstillande. Hovudårsaka til problema er lekkasjar av grunnvatn som bl.a. bidrar til setningsskadar. Bryggen har legalt vern, med ei buffersone som er sikra gjennom plan- og bygningslova. Det er mange aktørar involverte i verdsarven Bryggen. Store institusjonelle samarbeid er i gang.

Røros bergstad

Verdsarvstaden Røros har gjennom mange år blitt tilført ressursar til istandsetjing. Uthusprosjektet held fram. Det blir gjennomført årleg skjøtsel av kulturlandskapet i Småsetran for å halde landskapet ope. Det blir òg gjennomført årlege arbeid på statens eigedommar etter Røros koparverk. Istandsetjing av taubana mellom Olavsgruva og Storwartz er fullført. Arbeidet med utviding av verdsarvområdet heldt fram i 2008 og nominasjonen vart overlevert til UNESCO i 2009.

Struves Meridianboge

Struves Meridianboge er det første teknisk-vitskapelege kulturobjektet som er innskrive på verdsarvlista. Struves Meridianboge er eineståande i sitt omfang og kvalitet og den representerer eit viktig element i geovitskapen si historie. Meridianbogen går gjennom 10 land og er grunnlaget for å rekne ut krumminga for jordkloden. Fire målepunkt ligg i Finnmark.

Urnes stavkyrkje

Det går føre seg istandsetjing og restaurering av kyrkja. Arbeidet er krevjande, med omfattande grunnarbeid og oppretting. Urnes skal etter planen vere ferdig i løpet av 2010.

Vegaøyan

Vega har status som verdsarv med grunnlag i kulturlandskapet. Det er utarbeidd ein tiltaksplan for kulturlandskapet. På Skjærvær er heile fiskeværet freda. Bremstein fyr, som er i dårleg forfatning, er òg freda. Viktige bygningar i dei gamle væra er sette i stand og lagt til rette for besøk. Det er likevel behov for istandsetjing av bygningar på ei rekkje av øyane i tillegg til det som allereie er gjort. Ein del ærfuglhus blir òg sette i stand. Desse er utpeikte som viktige delar av verdsarven. Ei rekkje nye besøkspunkt i skjergarden er etablerte, og det blir arbeidd for å opprette eit besøkssenter i buffersona på Nes. Det vart halde arkitektkonkurranse for dette i 2008. Vegaøyan er òg ein del av pilotprosjektet Den verdifulle kystkulturen i Nordland i verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet.

Vestnorsk fjordlandskap

Vestnorsk fjordlandskap har status som verdsarvområde med grunnlag i geologi og naturvenleik, og er verna etter naturvernlova. Området har få vedtaksfreda kulturminne.

Vestnorsk fjordlandskap består av Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane. Langs fjordane og berghyllene ligg små fjordgardar og i fleire av fjelldalane er det setrar. Dei fleste av gardane er no fråflytte.

For både Vega og Vestnorsk fjordlandskap er det utarbeidd tilstandsanalyse og tiltaksplan. Utfordringane når det gjeld gjennomføring ligg innafor ansvarsområda til ulike sektorar. Miljøverndepartementet har leia ei tverrdepartemental gruppe av seks departement for å få til ei samordning av bruk av ulike verkemiddel for å sikre verdsarvverdiane på ein god måte. Nærøyfjord verdsarvpark er òg eit pilotprosjekt i Verdiskapingsprogrammet.

Tabell 7.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 nasjonale mål 3

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

3. Den geografiske, sosiale, etniske og tidsmessige breidda i dei vedtaksfreda kulturminna og kulturmiljøa skal betrast, og eit representativt utval kulturminne skal vere freda innan 2020.

3.1. Utarbeide overordna fredingsstrategi for nye fredingar fram til 2020.

Auke i talet på fredingar innanfor svakt representerte hovudgrupper.

Talet på landsverneplanar med gjennomført forskriftsfreding.

3.2. Oppdatere overordna strategi for fartøyvern.

Auka tal freda og bevaringsverdige fartøy innafor svakt representerte kategoriar.

Arbeidsmål 3.1.Utarbeide ein overordna fredingsstrategi for nye fredingar fram til 2020

Det vil bli utarbeidd ein strategisk plan for gjennomføring av nye fredingssaker slik at dei freda anlegga på ein god måte representerer historia vår.

Erfaringa frå arbeidet med gjennomgang av eksisterande fredingsvedtak og sluttføring av pågåande fredingssaker vil vere eit viktig grunnlag for å utarbeide ein overordna fredingsstrategi. Strategien skal liggje føre i løpet av 2009.

Kulturminne knytte til dei nasjonale minoritetane og til nyare minoritetsgrupper er sterkt underrepresenterte på fredingslista. I samarbeid med dei nasjonale minoritetsgruppene har Riksantikvaren derfor teke initiativ til å få registrert kulturminne for å få laga verneplanar og sikre eit utval for varig vern.

Freding av statlege eigedommar med grunnlag i prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar vil medføre ein sterk auke i fredingar. Resultatet vil gi eit representativt bilete av statens historie og vil bidra til at nye typar kulturminne blir omfatta av freding. Til ei viss grad vil det òg bidra til å rette opp mishøve i forhold til tidmessig og geografisk breidde.

3.2. Oppdatere overordna strategi for fartøyvern

Formålet med arbeidet med nasjonal verneplan for fartøy skal vere å utvikle ein strategi for korleis eit representativt utval fartøy kan få varig vern. Strategien skal gi grunnlag for å velje ut fartøy som skal sikrast varig vern, og definere relevante metodar og verkemiddel for å gjennomføre vernet. Planen vil liggje føre ved utgangen av 2009 og vil bl.a. bli følgt opp med freding av fartøy med nasjonal verdi. Pr. 31.12.2008 var to fartøy freda. I 2009 er ytterlegare to fartøy freda.

Verkemiddel

Finansieringa er i hovudsak dekt av Miljøverndepartementets budsjett, jf. kap. 1429 Riksantikvaren og kap. 1432 Norsk kulturminnefond. Dei økonomiske verkemidla skal i første rekkje nyttast til dei nasjonalt viktige kulturminna. Tilskotsmidla skal gå til konkrete tiltak for å sikre og setje i stand kulturminna. Det er kulturminne med private eigarar som skal prioriterast med tilskotsmidlar. Prinsippa for universell utforming skal vurderast i forhold til relevante tilskot og i utviklingsarbeidet på resultatområdet.

Riksantikvarens tilskotsmidlar er i hovudsak retta mot eigar av freda kulturminne og kulturmiljø. Kulturminnefondet har ei viktig supplerande rolle gjennom tildeling av tilskotsmidlar til eigarar av verneverdige og freda kulturminne.

Riksantikvaren fekk i 2009 tildelt 223 mill. kroner frå Regjeringas tiltakspakke til arbeidet med freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, brannsikring og fartøy. 76 mill. kroner vart sett av til istandsetjing og vedlikehald av freda bygningar i privat eige og 45 mill. kroner til istandsetjing og vedlikehald av tekniske og industrielle kulturminne, fartøy og fartøyvernsentra. Vidare vart det sett av 25 mill. kroner til istandsetjing og tilrettelegging av ruinar, bergkunst og arkeologiske kulturminne med vekt på universell utforming og 77 mill. kroner til brannsikring av tette trehusmiljø, mellomalderkyrkjer og andre særleg kulturhistorisk verdifulle kyrkjer. Tiltaksmidlane medverkar til å redusere etterslepet i vedlikehald på desse kulturminna.

Pr. 1. juli 2009 var det sett i gang vel 600 tiltak. Sysselsettingseffekten vart rekna til vel 1200 månadsverk. Vel 90 mill. kroner var utbetalt. Dette er foreløpige tal baserte på innrapporterte data som har noko ulik detaljeringsgrad og kvalitet. Riksantikvaren arbeider med å vidareutvikle og betre rapporteringsrutinane.

Det er blitt stilt krav om at tiltak må setjast raskt i gang. Innrapporteringa viser at ein god del av tiltaka ikkje var sette i gang innan 1. juli 2009. Årsaka til dette er blant anna tidkrevjande anbodsrundar.

Forvaltninga av det store mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skjer i stor grad innafor rammene av plan- og bygningslova. Det er derfor viktig å få fram opplysningar tidleg i planarbeidet i kommunane for å unngå dyre og tidkrevjande prosessar. Vedtaket av ny plan- og bygningslov vil bli følgt opp gjennom eit eige opplæringsprogram for bl.a. kommunar og fylkeskommunar. Dette vil òg krevje auka medverknad og innsats frå Riksantikvaren. Dei viktigaste kulturminna og kulturmiljøa av nasjonal verdi skal sikrast gjennom freding etter kulturminnelova. I tillegg er det utarbeidd eit eige rundskriv om forvaltning av kyrkje, kyrkjegard og området rundt kyrkja som kulturminne og kulturmiljø.

Kunnskap om kulturminne og kulturmiljø er grunnleggjande for ei god forvaltning og for å skape forståing for vernearbeidet. Viktige verkemiddel i denne samanhengen er mellom anna praktisk opplæring og vidareutdanning av handverkarar og undervisningstilbod i kulturminneforvaltning. Riksantikvaren målrettar informasjon bl.a. mot private eigarar av freda hus og anlegg, Sametinget, fylkeskommunar og kommunar. Ved nye fredingsvedtak vil eigaren få ein informasjonspakke og eit informasjonsblad som blir publisert årleg. Det er utarbeidd bortimot hundre informasjonsark med praktiske råd om istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne. Dei aller fleste er tilgjengelege på internett. To gonger i året blir det utgitt informasjonsblad med relevante tema for kommunesektoren. Kunnskapsportalen vil òg bli ein viktig informasjonskanal til eigarar og forvaltarar av kulturminne.

Riksantikvaren samarbeider med universitet og høgskular om målretting og marknadsføring av utdanningstilbod som kan medverke til at kommunane får auka kunnskap om kulturminneforvaltning. Det blir gjennomført kurs og andre opplæringstiltak for ulike forvaltarar, blant anna kyrkjeverjer. Riksantikvaren deltek òg i handverksnettverk og liknande arenaer for å auke kunnskapen om og tilgangen på kompetanse i utførande og prosjekterande ledd.

Informasjon til allmenta vil bli styrkt gjennom den planlagde registreringa av verneverdige kulturminne og gjennom tilgang til databasen Kulturminnesøk som blir lansert hausten 2009. Kulturminnesøk inneber eit heilt nytt høve for elevar, lærarar, historielag og andre til å finne fram til kulturminne i heile Noreg. Kulturminnesøk er publikumsversjonen av kulturminnedatabasen Askeladden.

Askeladden inneheld opplysningar om alle typar freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg og på Svalbard. I basen finst arkeologiske kulturminne, bygningar, tekniske anlegg, installasjonar med meir.

2009 har vore kulturminneår, vigd kulturminna frå dagleglivet. Året vart opna med eit storslått arrangement i Trondheim i begynninga av februar. Avslutninga blir markert med seminar i Tromsø i slutten av november 2009.

Kulturminneåret har vore eit samarbeid mellom Miljøverndepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet. Dei frivillige organisasjonane har vore ein viktig motor i arbeidet. Gjennom det store talet arrangement har folk fått høve til å møte kulturminna og til å oppdage nye kulturminne i sine eigne nære omgivnader.

Riksantikvaren har markert året gjennom månadlege fredingar av kulturminne som representerer dagleglivet. Dessutan er delar av databasen Askeladden gjort tilgjengeleg for publikum. Skuleprosjektet «Minnefinnerne» er spreidd til fleire skular rundt om i landet. Planen er at det skal innlemmast i Nettverk for miljølære og Den kulturelle skulesekken. Både Bergensbana og Rjukanbana fylte hundre år i kulturminneåret. Dagleg har det vore 30-40 artiklar om året på trykk i norske massemedium, og rundt 1200 kulturminneårsarrangement har heile tida lege i kalenderen. 400 prosjekt har fått økonomisk støtte over budsjettet for kulturminneåret. Ulike sektorar har stor innverknad på kulturminne, kulturmiljø og landskap gjennom næringsverksemd, byggje- og anleggstiltak og eigedomsforvaltning. Det er derfor etablert eit omfattande samarbeid mellom Riksantikvaren og statlege sektorar med verksemd som kan ha særleg effekt på kulturminna. Siktemålet er å styrkje sektoransvaret og påverke utforming av eksisterande og nye verkemiddel.

Miljøverndepartementet medverkar til at kommunar og samfunnsektorar kan ta meir ansvar for bevaring av kulturminne og kulturmiljø, bl.a. ved å gjennomføre utviklingsprogram som gir erfaringsbasert kunnskap. Andre viktige verkemiddel er utvikling av lovverk som kulturminnelova og plan- og bygningslova, økonomiske verkemiddel og gode styringsdata.

Enkelte sektorar publiserer informasjon frå kulturminnedatabasen Askeladden gjennom kartinnsynsløysingar på nett. Eit ferskt døme på dette er Skog og Landskap sin nettstad Gårdskart på Internett, som frå sommaren 2009 vil vise kva kulturminne som er registrerte på landsbrukseigedommar.

Systematisk miljøovervaking og forskingsbasert kunnskap er nødvendig for å ivareta internasjonale forpliktingar og for å nå nasjonale resultatmål. Både oppdragsforsking og forsking i regi av Noregs forskingsråd, forvaltningsmusea og Norsk institutt for kulturminneforsking gir den offentlege kulturminneforvaltninga viktig kunnskap som medverkar til fagleg utvikling og betre forvaltningsgrunnlag. Kulturminneforvaltninga sitt kunnskapsbehov ligg til grunn for denne forskinga.

Riksantikvaren utarbeidde i 2008 ein «Strategi for miljøovervåking på kulturminnefeltet 2009-2020». Skadane på og det ukontrollerte tapet av automatisk freda kulturminne på land og under vatn er for stort. Regional kulturminneforvaltning utarbeider oversikter over skadde kulturminne der viktige kulturminneverdiar og viktig kunnskap er i ferd med å gå tapt. Oversiktene er eit viktig grunnlag i prioriteringa av musea og fylkeskommunane sine sikringstiltak.

Eit betydeleg tal arkeologiske kulturminne er så skadde at viktige kulturminneverdiar vil gå tapt dersom dei ikkje blir sikra gjennom ei utgraving. Forvaltningsmusea melder om behov for ein betydeleg større innsats og auka ressursar på dette området. Som utgangspunkt for å sikre kulturminna er det nødvendig å kartleggje dei. Det er i den samanhangen nødvendig å nytte ulike og til dels nye registreringsmetodar, og å byggje ut tilstandsovervakinga. Jord- og skogbruk, industri og vegbygging er eksempel på aktivitetar der faren for å skade eller øydeleggje kulturminne er stor, og det er viktig å ha så god oversikt som mogleg for å unngå skadar. Arbeidet med sikringstiltak er starta, og blir prioritert der det er lokal interesse.

Riksantikvaren overvakar automatisk freda kulturlag i dei fire store mellomalderbyane. Målet er å dokumentere bevaringsforhold og -tilstanden til kulturlaga, og utvikling over tid. Endringar av kulturlaga kan skje som følgje av menneskeleg verksemd og inngrep eller som følgje av naturlege endringar. Ein Norsk Standard for krav til miljøovervaking av kulturlag vart ferdigstilt sommaren 2009. Nye teknikkar for peling og fundamentering av bygningar opnar no i ein del tilfelle for utbygging av tomter på mellomaldergrunn i dei automatisk freda mellomalderbyane Trondheim, Oslo, Tønsberg, Skien, Sarpsborg, Hamar, Stavanger og Bergen. Det betyr at fleire tomter som i dag ligg utan bygningar kan byggjast ut. Den første utbygging etter dei nye retningslinjene for pelefundament starta i Tønsberg i 2008.

Internasjonalt samarbeid om å bevare kulturminne og kulturmiljø skjer gjennom nordiske fora, Østersjøsamarbeidet, i norskrussisk samarbeid, innan Europarådet, gjennom EØS-samarbeidet, i samarbeid med EECCA-landa (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia) og innafor Unesco. Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation) skal støtte gjennomføringa av Unescos verdsarvkonvensjon (World Heritage Convention) av 1972. Riksantikvaren er fagsenter for kulturminneforvaltning i bistandsarbeidet og skal bidra til at kulturminneinteressene blir tekne vare på i norske bistandsprosjekt. I Noregs arbeid med EØS-midlane er Riksantikvaren fagleg rådgivar for Utanriksdepartementet. Første periode av EØS-finansieringsordningane (2004-2009) vart avslutta i 2009. Neste periode er 2009-2014.

I 2008 vart det teke eit initiativ for å betre samarbeidet i Europa for å hindre at EU-rettsakter blir problematiske for kuturminneforvaltningane. Noreg er med i dette juridiske forumet frå starten, saman med 18 andre EU/EØS-land.

Meir om internasjonalt samarbeid – sjå Resultatområde 5.

8 Resultatområde 3 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

3.1 Heilskapleg hav- og vassforvaltning

3.2 Overgjødsling og nedslamming

3.3 Oljeforureining

3.4 Miljøgifter

3.5 Avfall og gjenvinning

Strategisk mål

Underområde Heilskapleg hav- og vassforvaltning, Overgjødsling og nedslamming, Oljeforureining

Det skal sikrast ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning av hav- og kystområda og ferskvassførekomstane våre. Den samla miljøpåverknaden skal ikkje vere større enn at økosystemas struktur, funksjonsmåte og produktivitet blir oppretthaldne og naturmangfaldet bevart. Det skal vidare sikrast ein vasskvalitet i ferskvatn og marine område som medverkar til å halde oppe arter og økosystem, og som tek omsyn til helse og trivsel for menneska.

Resultatområde 3 – underområde 1 Heilskapleg hav- og vassforvaltning

Definisjon og avgrensing

Resultatområde 3, underområde 1, omfattar arbeidet med heilskapleg, økosystembasert hav- og vassforvaltning. Ferskvatn og marine område skal sjåast i samanheng. Forvaltninga skal baserast på forvaltnings- og tiltaksplanar som omfattar alle sektorar. Underområde 1 omfattar vidare internasjonalt havmiljøarbeid, slik som oppfølging av Nordsjø-deklarasjonane, OSPAR-konvensjonen, London-konvensjonen og konvensjonar innan den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO), så vel som relevante EU-direktiv.

Tabell 8.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 1 Hav- og vassforvaltning

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.1.1. Det skal utarbeidast heilskaplege og økosystembaserte for-valtningsplanar for alle norske havområde innan 2015.

3.1.1.1. Leie og koordinere forvaltningsplanarbeidet, og sikre det nødvendige miljøfaglege grunnlaget for utarbeiding, gjennomføring og oppdatering av heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde. Sikre utarbeiding av heilskaplege forvaltningsplanar for Nordsjøen innan 2015, og i løpet av 2010 ha oppdatert forvaltningsplanen for Barentshavet-Lofoten.

Ha lagt fram ein heilskapleg forvaltningsplan for Nordsjøen i tråd med arbeidsmålet.

Ha oppdatert forvaltningsplanen for Barentshavet/Lofoten i tråd med arbeidsmålet.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.1.1.1. Leie og koordinere forvaltningsplanarbeidet, og sikre det nødvendige miljøfaglege grunnlaget for utarbeiding, gjennomføring og oppdatering av heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde. Sikre utarbeiding av heilskaplege forvaltningsplanar for Norskehavet innan 2009 og Nordsjøen innan 2015, og i løpet av 2010 ha oppdatert forvaltningsplanen for Barentshavet– Lofoten

Gjennom behandlinga av St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav (havmiljømeldinga) vart det gitt tilslutning til at det skulle utarbeidast heilskaplege forvaltningsplanar for alle norske havområde. Formålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og gode i havområda, og samtidig halde ved lag struktur, verkemåte og produktivitet i økosystema. Planane skal vidare klargjere dei overordna rammene for eksisterande og ny verksemd i havområda.

Det er miljøforvaltninga sitt ansvar å leie og koordinere arbeidet med heilskaplege forvaltningsplanar, inkludert å sikre det nødvendige miljøfaglege grunnlaget for utarbeiding, gjennomføring og oppdatering av forvaltningsplanar for norske havområde. Arbeidet skal koordinerast med internasjonale avtaler som f. eks. EUs havstrategidirektiv, og arbeidet med ei norsk-russisk samla miljøvurdering for Barentshavet.

Våren 2009 la Regjeringa fram ein heilskapeleg forvaltningsplan for Norskehavet, St. meld. Nr. 37 (2008-2009) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Norskehavet (forvaltningsplan). Denne forvaltningsplanen er utforma etter vidareutvikling av modellen som vart brukt i St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten.

Det skal etablerast ei faggruppe for oppfølginga av forvaltningsplanen for Norskehavet. Dei rådgivande gruppene for overvaking og risiko i Barentshavet – Lofoten vil få utvida mandatet sitt til òg å omfatte Norskehavet og Nordsjøen. Dei to rådgivande gruppene saman med faggruppa skal medverke til å sikre den faglege gjennomføringa av forvaltningsplanane, og leggje til rette for framtidige oppdateringar. Forvaltningsplanen for Norskehavet skal etter planen oppdaterast første gong i 2014.

Forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten skal oppdaterast første gong i løpet av 2010. Oppdateringa vil bli basert på ny kunnskap om havområda, mellom anna ny kartlegging av havbotnen og sjøfugl og geologiske undersøkingar. Arbeidet med oppdatering går som planlagt og dei rådgivande gruppene for oppfølging av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten vil levere statusrapportane sine våren 2010.

Økosystema i Nordsjøen er i aukande grad utsette for belastningar blant anna som følgje av miljøgifter, næringssalt og partiklar, effektar av botntråling og overfiske. Saman med auke i havtemperaturen fører dette til endringar i økosystema. Sukkertaredød og endringar i fiskebestandane er uttrykk for dette. Auka kunnskap er derfor nødvendig. Regjeringa ønskjer at Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet med å etablere ei heilskapleg, integrert og internasjonalt basert forvaltning av Nordsjøen. Eit slikt arbeid må ta utgangspunkt i samarbeid mellom Nordsjølanda.

Ei økosystembasert tilnærming er lagt til grunn i EUs nye direktiv om ei ramme for fellesskapets aktivitet innan havmiljøpolitikk (havstrategidirektivet). Direktivet vil gi auka fokus på havmiljøarbeid i Europa, noko Noreg som nedstraumsland kan vente å nyte godt av. Direktivet vil òg leggje forholda til rette for at andre europeiske land medverkar til ein plan for heilskapleg forvaltning av Nordsjøen. Ein tek sikte på å presentere ein forvaltningsplan for Nordsjøen seinast i 2015.

OSPAR-konvensjonen om bevaring av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren vil stå sentralt i gjennomføringa av EUs havstrategidirektiv i det nordaustlege Atlanterhavet og vil i tillegg vere den sentrale mekanismen for utvikling av ein regional plan for heilskapleg forvaltning av Nordsjøen. Miljøverndepartementet vil arbeide for at denne planen blir integrert med det arbeidet som blir gjort for å etablere forvaltningsplanar for ferskvatn og kyst i Nordsjølanda.

Ein føresetnad for å gjennomføre St. meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljøet i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten og St. meld. nr 37 (2008-2009) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Norskehavet er eit betre kunnskapsgrunnlag. Dei to kartleggingsprogramma MAREANO (kartlegging av havbotnen) og SEAPOP (kartlegging av sjøfugl) er svært viktige i dette arbeidet. Desse to programma er nærare omtalt under resultatområde 1, underområde 1 og 2 (arbeidsmål 1.1.2.5 og arbeidsmål 1.2.2.1). Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å utvikle eit samordna overvakingssystem, vidare oppbygging av miljøprøvedatabanken, kartlegging av tilførsler og nivå av forureining og forsking på konsekvensar av langtransportert forureining, konsekvensar av klimaendringar og konsekvensar av samla påverknad på ulike delar av økosystemet.

Tabell 8.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 1 Hav- og vassforvaltning

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.1.2. For å nå dei kjemiske og økologiske måla i vassforvaltningsforskrifta, skal det med utgangspunkt i vassregionane utarbeidast heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanar med tiltaksprogram for alle vassområda i landet i løpet av 2015.

3.1.2. 1. Samordne og avklare faglege rammer for vassregionane for å sikre grunnlaget for utarbeiding av forvaltningsplanar og tiltaks-program innan tidsfristane som vassforskrifta set.

Del av alle vassførekomstane som har nådd dei kjemiske og økologiske måla innan fristane i vassforvaltningsforskrifta.

Framdrift i gjennomføringa av miljøtiltak.

Fortløpande vurdering av framdrift og resultat på planane.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.1.2.1.Samordne og avklare faglege rammer for vassregionane for å sikre grunnlaget for utarbeiding av forvaltningsplanar og tiltaksprogram innan tidsfristane som vassforskrifta set

Forskrift om rammer for vassforvaltninga (vassforvaltningsforskrifta) implementerer EUs rammedirektiv for vatn i norsk rett. Det overordna miljømålet i vassforskrifta er god kjemisk og økologisk tilstand, eller godt økologisk potensiale i vassførekomstar som har store fysiske inngrep. Vassforskrifta gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane og skal sikre best mogleg vern og berekraftig bruk av desse. Måla skal nåast gjennom regionale forvaltningsplanar og program for tiltak der alle ansvarlege styresmakter og sektorar medverkar. I St. prp. nr. 75 (2007 -2008) er det blant anna gjort greie for dei økonomiske konsekvensane av gjennomføringa av direktivet. Ei revidert utgåve av vassforvaltningsforskrifta vil liggje føre i løpet av 2009, mellom anna for å tilpasse regelverket til at fylkeskommunane blir vassregionstyresmakt frå 2010.

Det vart utarbeidd heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanar for utvalde vassområde i kvar vassregion i 2008, og dei vart lagt ut på høyring i starten av 2009. Forvaltningsplanar og tiltaksprogram for dei første utvalde vassområda vil etter planen bli ferdigstilte og vedtekne som fylkesdelsplanar i løpet av 2009. Frå 2010 startar gjennomføringa av tiltaksprogramma. Samtidig startar arbeidet med å fullkarakterisere og klassifisere resten av landet. Erfaringane frå første planperiode vil liggje til grunn for arbeidet i neste planperiode.

Verkemiddel

Resultatområde 3, underområde 1 Heilskapleg økosystembasert hav- og vassforvaltning er i hovudsak finansiert over budsjettramma til Statens forureiningstilsyn (kap. 1441), og budsjettramma til Direktoratet for naturforvaltning (kap 1427), men kapitla 1400, 1410, 1445 og 1471 inneheld òg budsjettmidlar som medverkar til finansiering av dette underområdet under resultatområde 3 i 2010. Fylkesmannen har òg ansvar for viktige oppgåver innanfor resultatområde 3, underområde 1, særskilt innanfor vassdragsforvaltning. Midlar til lønn for desse oppgåvene er budsjetterte på kap 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings- administrasjonsdepartementet. Frå 2010 vil Fylkeskommunen overta fylkesmannen si rolle som vassregionstyresmakt. Fylkesmannen skal framleis ha det miljøfaglege ansvaret innafor forureining og naturmangfald. Midlar til lønn for denne oppgåva hos fylkeskommunen er budsjetterte over kap 572, post 60 under Kommunal- og regionaldepartementet. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.

Forureiningslova, naturmangfaldlova, viltlova, lakse- og innlandsfisklova og plan- og bygningslova er dei viktigaste juridiske verkemidla for miljøforvaltninga innan resultatområde 3, underområde 1. Av anna sektorlovverk som er viktig på dette området må nemnast havressurslova, vassressurslova, petroleumslova og akvakulturlova.

EUs vassrammedirektiv er no innlemma i EØS-avtala. I alt 19 vassrelaterte direktiv og forordningar vart lagt under rammedirektivet. Direktivet fastset ambisiøse miljømål og må sjåast på som eit svært sentralt miljødirektiv. Vassforvaltningsforskrifta implementerer direktivet i norsk rett. Denne forskrifta er heimla i både forureiningslova, vassressurslova og plan- og bygningslova, og er det viktigaste verktøyet for å gjere norsk vassmiljøforvaltning meir heilskapleg og økosystembasert.

Forvaltningsplanar er eit viktig verkemiddel både i forvaltning av marine område og i arbeidet med å få til ei heilskapeleg vassforvaltning. Ein forvaltningsplan er eit verktøy både for å leggje til rette for verdiskaping og for å halde opp miljøverdiane. Heilskapelege, økosystembaserte forvaltningsplanar klargjer dei overordna rammene for eksisterande og ny verksemd.

Noreg er tilslutta ei rekkje internasjonale konvensjonar og avtaler som har betydning for å få til ei heilskapeleg og økosystembasert hav- og vassforvaltning. I høve til FNs havrettskonvensjon har statane plikt til å verne og bevare det marine miljøet. Konvensjonen om vern av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren (OSPAR) regulerer alle forureiningskjelder, og bevaring av naturmangfaldet og marine økosystem i Nordaust-Atlanteren. Konvensjonen om biologisk mangfald er ei global avtale om bevaring og berekraftig bruk av biologisk mangfald som òg gjeld i marine område og ferskvatn.

Kunnskapsgrunnlaget er eit viktig verkemiddel for all naturforvaltning, ikkje minst er det behov for meir kunnskap for å følgje opp forvaltningsplanane. Både innafor kartlegging, overvaking og forsking er det behov for auka innsats.

Resultatområde 3 – underområde 2 Overgjødsling og nedslamming

Definisjon og avgrensing

Resultatområde 3, underområde 2, omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av næringssalt (nitrogen og fosfor) og partiklar til ferskvatn og marine område.

Tabell 8.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 2 Overgjødsling og nedslamming

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.2.1. Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til ferskvassførekomstar og marine område som er prega av overgjødsling eller nedslamming, skal reduserast til eit nivå som sikrar god økologisk tilstand for vassførekomstane innan 2021 i tråd med krava i vassforvaltningsforskrifta.

3.2.1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med forureiningsforskrifta og bidra til å nå vassforvaltningsforskriftas mål om god tilstand.

Den delen av befolkninga som er knytt til avløpsanlegg som oppfyller reinsekrava i forureiningsforskrifta.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.2.1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med krava i forureiningsforskrifta og bidra til å nå vassforvaltningsforskriftas mål om god tilstand.

Avløpsregelverket i forureiningsforskrifta del IV har som formål å verne miljøet mot uheldige verknader av utslepp av avløpsvatn. Kvart enkelt avløpsanlegg rapporterer årleg kor mykje dei reinsar, og eit utval av data vil bli gjort tilgjengeleg for allmenta via Forureiningsdatabasen.

Tabell 8.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3: underområde 2 Overgjødsling og nedslamming

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.2.2. Ingen vassførekomstar skal nedklassifiserast (bli dårlegare) som følgje av auka tilførsler av næringssalt eller partiklar i tråd med krava i vassforvaltningsforskrifta.

3.2.2.1. Sikre at utsleppa frå avløp til vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar ikkje aukar.

Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt frå avløp.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.2.2.1. Sikre at utsleppa frå avløp til vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar ikkje aukar.

Dei to nasjonale resultatmåla for overgjødsling og nedslamming byggjer på målsetjingane i vassforvaltningsforskrifta. Måla krev gjennomføring av ei rekkje nye tiltak for å redusere tilførslene av fosfor og nitrogen til ferskvatn og marine område. Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg, der dei viktigaste tilførslene kjem frå jordbruk, fiskeoppdrett, kommunalt avløp og industri. Resultata frå grovkarakteriseringa i samsvar med EUs rammedirektiv for vatn, viser at problem med overgjødsling omfattar omtrent like mange vassførekomstar som forsuring og miljøgifter. Ferskvatn med overgjødslingsproblem finst særleg i område med tett busetnad eller i landbruksintensive område.

I dei marine områda er det særleg kyststrekninga frå svenskegrensa til Lindesnes som er utsett for negative effektar av overgjødsling. Sjølv om fosfor- og nitrogentilførslene til dette området er reduserte med respektive 64 og 23 pst. i perioden 1985-2007 er mange lokale fjordarmar framleis påverka. Fiskeoppdrett er no hovudkjelda til menneskeskapte tilførsler av nitrogen og fosfor til Nordsjøen og Norskehavet.

Tilførslene av næringssalt til hav og vatn er venta å auke som følgje av klimaendringar. Auka nedbør vil gi meir avrenning og meir næringssalt vil bli vaska ut av jorda og bli transportert til vatn og hav.

Næringssalt blir frakta til norskekysten med havstraumar frå kontinentet. Tendensen er at desse tilførslene minkar som følgje av europeiske reinsetiltak. På den andre sida har endra klimaforhold dei seinare åra ført til vindar som pressar kyststraumen nærare land. Dette overskuggar effekten av dei næringssaltreduserande tiltaka. Ved uendra klimaforhold ville vi truleg kunna ha sett ein tydelegare effekt av reinsetiltaka på kontinentet.

Eutrofiering førekjem òg i ein del fjordområde både langs Vestlandet og i Nord-Noreg.

Undersøkingar har påvist omfattande bortfall av sukkertareskog langs kysten i Sør-Noreg. Det er anslått at omlag 80 pst. av sukkertaren er forsvunnen frå den norske Skagerrakkysten og at omlag 40 pst. er blitt borte langs kysten av Rogaland og Hordaland. Sukkertaren er i tillegg forsvunnen enkelte stader frå kystområda i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Langs heile kyststrekninga har sukkertareskogen blitt erstatta med algar som medverkar til at partiklar i vassmassane festar seg og sedimenterer.

Årsaka til bortfallet av sukkertaren er ein kombinasjon av høgare sjøtemperaturar og store tilførsler av næringssalt og partiklar. Dette er alvorleg med tanke på at sukkertareskogen er viktig oppvekst- og næringsområde for bl.a. fisk og skaldyr. I 2009 vart sluttrapporten frå eit 4-årig sukkertareprosjekt levert departementet. Statens forureiningstilsyn har fått i oppdrag å invitere aktuelle etatar og institusjonar til eit samarbeid for å finne dei mest påkravde og kostnadseffektive tiltaka på tvers av sektorane.

Verkemiddel

Resultatområde 3, underområde 2 Overgjødsling og nedslamming er i hovudsak planlagt finansiert over Statens forureiningstilsyns budsjettramme, jf. kap. 1441, men òg kap. 1400, 1410 og 1445 inneheld budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2010. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområdet. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

Gjennom lov om kommunale vass- og kloakkavgifter, med tilhøyrande forskriftsføresegner, er kommunane gitt høve til å dekkje kostnadene sine på avløpssektoren gjennom gebyr. Miljøverndepartementet fører eit overordna tilsyn med korleis denne ordninga fungerer og vurderer behov for eventuelle endringar. Krav til utslepp av avløpsvatn er samla i forureiningsforskriftas del IV, som gjennomfører eit forenkla søknadssystem for utsleppsløyve basert på standardkrav. Mynde etter dette kapitlet er delt mellom fylkesmannen og kommunen ut frå storleiken på den aktuelle tettstaden.

Forslag til lovfesting av kommunalt eigarskap til vass- og avløpsanlegg har vore på alminneleg høyring. Forslaget er ei oppfølging av Stortingets vedtak ved behandlinga av dokument 8:91 (2006-2007) 3. april 2008. Forslaget inneber blant anna krav om at vass- og avløpsanlegg som hovudregel skal vere kommunalt eigde. Forslaget og høyringsfråsegnene er for tida til vurdering i Miljøverndepartementet.

Innan fiskeoppdrett blir det nytta utsleppsløyve, i medhald av forureiningslova. Statens forureiningstilsyn er konsesjonsstyresmakt for desse utsleppsløyva.

Resultatområde 3 – underområde 3 Oljeforureining

Definisjon og avgrensing

Resultatområde 3, underområde 3, omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av olje og andre miljøskadelege stoff til ferskvatn og marine område, inkludert kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining.

Tabell 8.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 3 Oljeforureining

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.3.1. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje medføre helse- eller miljøskade, eller medverke til auke i bakgrunnsnivåa av olje eller andre miljøskadelege stoff over tid.

3.3.1.1 Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp).

Utslepp av olje og miljøfarlege stoff i vatn frå petroleumsverksemda.

3.3.1.2. Sjå til at operasjonelle, akutte og ulovlege utslepp av olje, miljøfarlege stoff, avfall og framande organismar til sjø frå skip blir stansa eller minimerte.

Talet på mottaksordningar for avfall frå skip.

Talet på og mengd oppdaga akutte og ulovlege utslepp av olje frå skip.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.3.1.1 Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp)

Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. I Barentshavet og havområda utanfor Lofoten er det lagt til grunn endå strengare krav enn for sokkelen elles. I dette området er det sett krav om at det ikkje skal vere utslepp til sjø av borekaks og produsert vatn ved normal drift, jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten. Nullutsleppsmålet er basert på førevar-prinsippet og skulle ha vore nådd for både nye og eksisterande installasjonar innan 2005. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Regjeringa vurderer måloppnåing og behovet for ytterlegare tiltak for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd også for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.

Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er utsleppa av produsert vatn. Vassproduksjonen har auka kontinuerleg sidan 1997. I perioden 2000 til 2008 auka vassproduksjonen med 28 pst. frå 116,1 mill. m3 til 148,2 mill. m3. I følgje prognosar frå Oljedirektoratet vil mengda produsert vatn auke fram mot 2015 for deretter å bli redusert. Produsert vatn som kjem opp på plattformene med brønnstraumen blir anten pumpa tilbake i reservoaret, eller reinsa og sleppt ut. Målt med ISO-metoden vart det i 2008 i alt sleppt ut 1569 tonn olje til sjø saman med det produserte vatnet. Det er ein auke på 37 tonn frå 2007 til trass for ein liten nedgang i utslepp av produsert vatn. Analysemetoden som er nytta for utsleppa av olje med produsert vatn vart endra i 2007 i forhold tidlegare år, og dette gjer at resultata ikkje kan direkte samanliknast med åra før.

Arbeidsmål 3.3.1.2. Sjå til at operasjonelle, akutte og ulovlege utslepp av olje, miljøfarlege stoff, avfall og framande organismar til sjø frå skip blir stansa eller minimerte

Skipsfarten er internasjonalt regulert gjennom konvensjonar fastsette av FNs skipsfartsorganisasjon (IMO). Noreg medverkar til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere desse konvensjonane og syte for god handheving. Regelverket for utslepp av olje og kjemikaliar frå skip er nyleg revidert og stramma inn, mens konvensjonen som regulerer miljøgifter brukt i botnstoff på skip tredde i kraft i juli 2008. Effektane av desse nye krava er ikkje kvantifiserte, men er rekna for å vere signifikante og betydelege for nokre stoff.

Noreg har tiltredd konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatnkonvensjonen). Når denne konvensjonen trer i kraft vil risikoen for introduksjon av framande arter frå skip bli betydeleg redusert. Ei forskrift om handtering av ballastvatn vart fastsett 7. juli 2009.

IMO har utarbeidd nye krav til luftutslepp frå skip som er venta å fase ut bruk av tungolje på skip. Dette vil redusere risikoen for ulykkesutslepp, generere mindre oljehaldig avfall og slik redusere talet på ulovlege utslepp frå skipsfarten. Sjå nærare omtale under resultatområde 4, underområde 3.

Forureiningsforskrifta kapittel 20 om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip, pålegg alle hamner å syte for etablering og drift av mottaksordningar, utarbeide ein plan for avfallshandtering og krevje avfallsgebyr frå skip som trafikkerer hamna uansett om dei leverer avfall eller ikkje («no special fee»). Krava omfattar alle norske hamner, totalt ca. 7 000 hamner av ulik storleik og art. Sjølv om dei fleste offentlege hamnene har utarbeidd avfallsplan og har mottak som fungerer tilfredsstillande, og til ei viss grad har etablert gebyrordninga «no special fee», er det likevel mange hamner som framleis ikkje følgjer krava i forskrifta. Dette skuldast delvis at forskrifta ser ut til å vere dårleg kjent, og i tillegg at særleg dei mindre hamnene oppfattar plikta om å utarbeide avfallsplan som tung. Det blei på budsjettet for 2009 løyvd ekstra midler til Fylkesmennene for å forsterke tilsynet med avfall i hamner.

Dei akutte og ulovlege utsleppa frå skipsfarten utgjer hovudutfordringa. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/78-konvensjonens vedlegg om oljeforureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for utslepp av olje frå skip.

Gjennom Kystverkets system for overvaking vart det identifisert ca. 90 ulovlege utslepp frå skip i 2008, som er det same som i 2007. I mengd er utsleppa rekna til å vere i underkant av 96 m³ olje i 2008, mot 670 m³ i 2007 og 363 m³ (309 tonn) i 2004. Det vart ikkje rapportert om akutte kjemikalieutslepp frå skip i 2008.

Eit samarbeid mellom Nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av slike ulovlege utslepp frå skip. Ein reknar med betydelege mørketal for ulovlege utslepp frå skip.

Tabell 8.6 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 3 Oljeforureining

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.3.2. Risikoen for helse- eller miljøskade som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og skal kontinuerleg søkjast ytterlegare redusert. Dette skal òg vere styrande for verksemd som med fører fare for akutt forureining.

3.3.2.1 Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.

Talet på og mengd akutte utslepp av olje frå petroleumsverksemd, skip og landbaserte utslepp.

Talet på godkjende private og kommunale beredskapsplanar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.3.2.1.Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining

Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse, før leite- og produksjonsverksemd startar. Petroleumsnæringa skal til ei kvar tid syte for dimensjonering og plassering av beredskapsfunksjonar som gir best mogleg beredskap innafor dei rammene som styresmaktene har sett, bl.a. gjennom krav og vilkår i enkeltløyve. I 2008 var det i alt 173 akutte utslepp av olje på til saman ca. 195 m3 frå offshoreverksemda på norsk sokkel. På landsida har 72 bedrifter utvida beredskapskrav og 34 regionar har beredskapskrav og godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 34 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. I 2008 vart det registert 221 akutte utslepp av olje og andre kjemikaliar frå landbasert industriverksemd som til saman utgjorde 520 m³. Dette er ein auke samanlikna med utsleppa i 2007. Utsleppa av olje og kjemikaliar frå landbasert industriverksemd varierer likevel sterkt frå år til år og er sterkt påverka av enkelthendingar.

Akutte utslepp frå skip er omtalt under arbeidsmål 1.2.

Verkemiddel

Resultatområde 3, underområde 3 Oljeforureining er i hovudsak planlagt finansiert over Statens forureiningstilsyns budsjettramme, jf. kap. 1441, men i tillegg inneheld kap. 1400, 1410, 1445 òg budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2010. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområde 3. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

Nullutsleppsmålet blir vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Det skal likevel framleis vere sterkt fokus på substitusjon (utskifting av kjemikaliar med mindre miljøfarlege alternativ). Regjeringa vurderer måloppnåing og behovet for ytterlegare tiltak for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.

Noreg vil føre vidare arbeidet innafor FNs sjøfartskonvensjon (IMO) for å medverke til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere konvensjonar og syte for god handheving. Regjeringa fastsette sommaren 2009 ei forskrift om handtering av ballastvatn. Regjeringa vil òg videreføre fylkesmannens arbeid knytt til handheving av regelverk for mottak av avfall i norske hamner.

Kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining frå olje og kjemikaliar er òg dekt av dette resultatområdet.

Strategisk mål

Underområde Miljøgifter

Utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje føre til helseskadar, skadar på økosystem eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Konsentrasjonane av dei farlegaste kjemikaliane i miljøet skal bringast ned mot bakgrunnsnivået for naturleg førekommande stoff, og tilnærma null for menneskeskapte sambindingar.

Resultatområde 3 – underområde 4 Miljøgifter

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere bruk, utslepp og spreiing av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar til jord, luft og vatn nasjonalt. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid. Det gjeld bl.a. oppfølginga av Stockholm-konvensjonen, Rotterdam-konvensjonen, miljøgiftprotokollar under FNs økonomiske kommisjon for Europa (ECE) og kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, Nordsjø-deklarasjonane og FNs miljøprogram UNEP. Kjemikaliar som bryt ned ozon, drivhusgassar og nokre andre kjemikaliar som medfører grenseoverskridande og lokale luftforureiningar er dekte under resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft.

Miljøstyresmaktene har ansvaret for den påverknaden kjemikaliar har på miljøet generelt. I tillegg har miljøstyresmaktene ansvaret for den påverknaden kjemikaliar har på helsa til forbrukarane, mens påverknad på helsa til arbeidstakarane er arbeidsstyresmaktene sitt ansvar. Miljøstyresmaktene sitt ansvar er vidare avgrensa i forhold til nokre bruksområde for kjemikaliane og i forhold til enkelte eigenskapar ved dei. Brann- og eksplosjonsfare knytt til kjemikaliar fell utanfor miljøstyresmaktene sitt ansvarsområde.

Tabell 8.7 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter

Nasjonale resultatmål:

Miljøforvaltningas arbeidsmål:

Miljøforvaltningas resultatindikatorar:

3.4.1. Utslepp av enkelte miljøgifter (jf. Prioritetslista og kriteria i tabell 8.8) skal stansast eller reduserast vesentleg innan 2005 og 2010.

3.4.1.1. Sjå til at utslepp av prioriterte miljøgifter blir reduserte eller stansa.

Indeks for utslepp av kjemikaliar på prioritetslista vekta etter fare for helse og miljø.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.4.1.1. Sjå til at utslepp av prioriterte miljøgifter blir reduserte eller stansa

Arbeidsmål 1 omfattar miljøgifter som utgjer særlege helse- og miljøproblem i Noreg. Målet for den første delen av lista var å stanse utsleppa innan 2005. Utsleppa av dei andre miljøgiftene på lista skal reduserast vesentleg innan 2010 i forhold til nivået i 1995.

Tabell 8.8 Liste over prioriterte kjemikaliar som er omfatta av det nasjonale resultatmål 1 (Prioritetslista)

Skal reduserast vesentleg innan 2000 og blir freista stansa innan 2005:

Skal reduserast vesentleg, seinast innan 2010:

Skal reduserast vesentleg innan 2010 også dersom stoffa oppfyller eitt av kriteria under:

– Klorparafinar, kortkjeda

– PCB

– Pentaklorfenol

– Nonylfenol og nonylfenoletosilat

– Oktylfenol og oktylfenoletoksilat

– Enkelte tensid (DTDMAC, DSDMAC, DHTDMAC)

– Arsen

– Bromerte flammehemmarar

– 1,2 Dikloretan (EDC)

– Dietylheksylftalat (DEHP)

– Dioksin og furan

– Heksaklorbenzen

– Høgklorerte mellomkjeda parafinar

– Klorerte alkyl benzen (KAB)

– Muskxylen

– Tetrakloreten (PER)

– Triklorbenzen

– Triklosan

– Trikloreten (TRI)

– PAH

– PFOS-relaterte sambindingar

– Tributyltinnsambindingar

– Trifenyltinnsambindingar

– Bly

– Kadmium

– Kvikksølv

– Krom

– Perfluorinert oktansyre (PFOA)

– 2,4,6 tri-tert-butylfenol

– Dodecylfenol m. isomerer

– Bisfenol A

– decametylcyklopentasiloxan (D5)

1. Stoff som vanskeleg let seg nedbryte, hopar seg opp i levande organismar og som

a) har alvorlege langtidsverknader for helse, eller

b) er svært giftige i miljøet.

2. Stoff som svært vanskeleg let seg nedbryte og som svært lett hopar seg opp i levande organis mar (utan krav til kjende giftverknader)

3. Stoff som blir funne att i næringskjeda (f.eks. i morsmjølk) i nivå som gir tilsvarande grunn til bekymring.

4. Andre stoff som gir tilsvarande grunn til bekymring, slik som hormonforstyrrande stoff og tungmetall.

Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. Utsleppa av miljøgiftene på den første delen av lista er vesentleg reduserte, og målet om at utslepp av oktyl- og nonylfenol og etoksilata deira skulle vere stansa innan år 2000 vart etter miljøstyresmaktene sitt syn oppfylt så langt som mogleg. Dette gjeld dessutan for stoffa med mål om stans i utsleppa innan 2005. Oppdaterte resultat for utsleppsreduksjonar fram til og med 2005 for denne delen av lista vart rapporterte i St.prp. nr. 1 (2008-2009).

Statens forureiningstilsyn sine prognosar viser at dei nasjonale utsleppa av dei fleste prioriterte miljøgiftene omfatta av målet om vesentleg reduksjon innan 2010 blir reduserte med meir enn 50 pst. i perioden 1995-2010. Stoffa som er oppførte på prioritetslista er òg omfatta av generasjonsmålet, og dette målet er dermed berre eit første steg på vegen mot målet om å stanse utsleppa innan 2020 (generasjonsmålet, sjå resultatmål 2 tabell 8.9). For dei fleste stoffa var det i 2006 oppnådd utsleppsreduksjon i same storleiksorden som er venta innan 2010. Utsleppa av fleire av stoffa er reduserte med meir enn 90 pst. Prognosane tyder likevel på at 2010-målet ikkje vil bli nådd for bromerte flammehemmarar og arsen, og måloppnåinga er usikker for PAH.

Statens forureiningstilsyn har samla ny tilgjengeleg informasjon om utviklinga i bruk av bromerte flammehemmarar, med fokus på dei fem stoffa som er på prioritetslista (penta-BDE, okta-BDE, deka-BDE, HBCDD og TBBPA). Årleg forbruk av desse er estimert til 450 tonn. Det årlege forbruket er anslått å ha auka med ca. 5 gonger frå 1995 til 2006, og det årlege utsleppet tilsvarande. Bruken av penta-BDE og okta-BDE er vesentleg redusert i perioden, og forbodet mot deka-BDE vil føre til reduksjon i bruk av dette stoffet. Men bruken av HBCDD og TBBPA er aukande. HBCDD er føreslått underlagt godkjenningsordninga under REACH – EU/EØS sitt nye kjemikalieregelverk. Vidare er HBCDD omfatta av forslaget til nasjonal regulering av visse miljøgifter i forbrukarprodukt som no blir vurdert av departementet. Noreg har òg nominert stoffet for inkludering i Stockholm-konvensjonen og POPs-protokollen under ECE-konvensjonen om langtransportert luftforureining. Statens forureiningstilsyn reviderer i 2009 handlingsplanen mot bromerte flammehemmarar.

Det nasjonale utsleppet av PAH er redusert med ca. 24 pst. i perioden 1995-2006, hovudsakeleg som følgje av prosessomlegging i aluminiumindustrien. Det er anslått at når alle dei planlagde utsleppsreduserande tiltaka i industrien er gjennomførte, vil det nasjonale PAH-utsleppet bli redusert med om lag 50 pst. for perioden 1995-2010. Diffuse utslepp frå trafikk og bustadoppvarming med vedfyring og biobrensel er likevel andre viktige kjelder til PAH-utslepp, og utviklinga for desse kjeldene er usikker. Statens forureiningstilsyn påpeiker at eventuelle høge energikostnader i Noreg vil kunne føre til auka bruk av ved og biobrensel til bustadoppvarming, og dermed føre til auka diffuse utslepp av PAH. I kommande år vil det bli stilt krav til måling av PAH i omgivnadsluft etter EU/EØS-regelverket om luftkvalitet, noko som kan medføre tiltak lokalt på stader med for høge konsentrasjonar i omgivnadene. Byggforskriftas utsleppskrav til nye omnar vil òg redusere PAH-utsleppa på sikt, og det blir gjennomført informasjonskampanjar om riktig fyring.

Dei nasjonale utsleppa av arsen vart reduserte med 17 pst. i perioden 1995-2006. Utsleppa i dag skuldast i stor grad CCA-impregnert trevirke som allereie er i bruk. Bruken av CCA-impregnert trevirke vart sterkt avgrensa i 2002, men det vil likevel i lang tid framover lekke ut arsen frå impregnert trevirke som vart teke i bruk før forbodet tredde i kraft. Utsleppsreduksjonen i perioden 1995-2010 er derfor berre anslått til å bli 25-30 pst. Statens forureiningstilsyn har vurdert kostnader ved sanering av eksisterande trekonstruksjonar. Full sanering av eksisterande trekonstruksjonar er svært kostbart, og er ikkje vurdert vidare pga. dei samfunnsøkonomiske kostnadene. Reduksjon i utsleppa frå kjelder utanom CCA-impregnert trevirke og forureina grunn er anslått å bli om lag 65 pst. i perioden 1995-2010.

For dei nye miljøgiftene som er tekne inn på lista ligg det føre lite data for bruk og utslepp. Fem nye stoff vart tekne inn på prioritetslista i kjemikaliemeldinga (St.meld. nr. 14 Sammen for et giftfritt miljø–forutsetinger for en tryggere fremtid (2006-2007): PFOA, 2,4,6 tri-tert-butylfenol, dodecylfenol m. isomerer, bisfenol A og decametylcyklopentasiloksan. I tillegg vart triklosan teke inn i 2008. Det ligg føre lite informasjon om forbruk og utslepp av desse stoffa, og det har derfor førebels heller ikkje vore mogleg å gi prognosar for utsleppa framover. Betre datagrunnlag er viktig for å kunne vurdere tiltak og verkemiddel, i tillegg til å utarbeide prognosar og vurdere måloppnåing. Statens forureiningstilsyn har sett i gang arbeid for å betre datagrunnlaget. Det vil vere lite aktuelt å framskaffe 1995-data som er basisåret dei andre stoffa blir målte i forhold til, og utviklinga vil bli vurdert ut i frå data som blir framskaffa om bruk og utslepp i dag. For desse stoffa vil det dermed vere lite realistisk å oppnå vesentleg reduksjon innan 2010, og utvikling og måloppnåing vil derfor bli vurdert i forhold til 2020-målet.

Miljøstyresmaktene vurderer kontinuerleg kva slag stoff som på bakgrunn av kriteria skal vere omfatta av prioritetslista. Ny vitskapeleg informasjon og endra bruksmønster kan aktualisere nye stoff eller gjere andre mindre aktuelle. For nye stoff som blir lagt til lista vil utsleppsreduksjonar og måloppnåing bli vurdert i forhold til 2020-målet, tabell 8.9.

Tabell 8.9 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.4.2. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan ein generasjon (dvs. innan 2020).

3.4.2.1. Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt.

Nøkkeltala på feltet er til vurdering.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.4.2.1. Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt

Stoffa som er omfatta av generasjonsmålet er dei som er rekna som miljøgifter. Miljøgifter er kjemikaliar som er giftige for helse og miljø, og/eller som er vanskelege eller svært vanskelege å bryte ned i naturen og som hopar seg opp i næringskjedene, (jf. kriteria i tabell 8.8). Miljøgifter som hopar seg opp i miljøet og næringskjedene medfører ei gradvis forgifting av jord, luft, vatn, menneske og dyr. Det må arbeidast kontinuerleg med å identifisere slike stoff både på nasjonalt og internasjonalt plan.

Generasjonsmålet er nedfelt i miljøgiftstrategien i OSPAR-konvensjonen. Innan OSPAR er rundt 40 stoff eller stoffgrupper prioriterte for tiltak. Eit liknande mål er dessutan blitt vedteke i EUs rammedirektiv for vatn. ECE-protokollane om organiske miljøgifter og tungmetall under langtransportkonvensjonen (LRTAP) tredde i kraft i 2003. Dei globale avtalene Stockholm-konvensjonen om organiske miljøgifter og Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar tredde i kraft i 2004. I 2009 vart ni nye stoff inkluderte i Stockholm-konvensjonen, blant anna dei bromerte flammehemmarane penta-BDE og okta-BDE og den perfluorerte sambindingen PFOS. Forslaget om globalt forbod mot penta-BDE vart fremja av Noreg. Vidare blir endosulfan, kortkjeda klorparfinar og den bromerte flammehemmaren HBCDD no vurderte av den faglege ekspertkomiteen under konvensjonen. HBCDD vart føreslått av Noreg i 2008. Avtalene styrkjer den internasjonale reguleringa av miljøgifter, og det blir arbeidd med å få inn strengare krav og inkludere fleire stoff i avtalene. Noreg har òg arbeidd aktivt for ei globalt bindande avtale for å redusere bruk og utslepp av kvikksølv så langt som mogleg. På UNEPs styremøte i februar 2009 vart det semje om å forhandle fram ei slik avtale. Det blir teke sikte på å ha konvensjonen ferdig i 2013. Reduserte utslepp av stoff omfatta av resultatmål 1 og stoff omfatta av internasjonale avtaler og plikter medverkar til at vi kjem nærare generasjonsmålet.

Tabell 8.10 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.4.3. Nasjonalt resultatmål

Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar årsaker skade på helse og miljø skal minimerast.

3.4.3.1. Arbeide for å minimere risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar fører til skade på helse og miljø.

Risikoindikator for potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.4.3.1. Arbeide for å minimere risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar fører til skade på helse og miljø

Arbeidsmålet er retta mot det meir generelle arbeidet med å hindre helse- og miljøskade frå kjemikaliar. Målet inneber at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal inngå i produksjon, produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer risikoen for helse- og miljøskade.

Informasjon er nødvendig for at brukarar skal kunne erstatte farlege kjemikaliar med alternativ som medfører mindre risiko, og det er lagt til rette for elektronisk deklarering av farlege kjemikaliar. Basert på omsetningstal kombinert med eit sett korreksjonsfaktorar som seier noko om korleis kjemikaliane vert brukte, er det utvikla ein risikoindikator for helse- og miljøfarlege stoff, der indikatoren i 2002 er sett lik 1. Figur 8.1 viser utviklinga i denne risikoindikatoren for helsefarlege (CMR-klassifiserte, kronisk giftige og allergiframkallande stoff) og miljøfarlege stoff i perioden 2002 – 2007. Utsleppa av miljøfarlege stoff med langtidsverknad steig frå 2002-2005, og har sidan gått betydeleg ned. Utslepp av CMR-stoff og kronisk giftige stoff har likevel auka i dei siste par åra, etter ein nedgang i utsleppa frå 2002 til 2004. Utslepp av allergiframkallande stoff held seg forholdsvis konstant. Årleg evaluering og betring av berekningsmodellen vil bli gjennomført.

Figur 8.1 Risikoindikatorar: Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff.
2002-2006, der 2002=1.

Figur 8.1 Risikoindikatorar: Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff. 2002-2006, der 2002=1.

Tabell 8.11 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.4.4. Spreiing av miljøgifter1 frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

3.4.4.1. Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av miljøgifter frå forureina grunn og arbeide for å redusere risiko frå spreiing av andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining2.

1 Miljøgifter er definerte som kjemikaliar omfatta av nasjonale resultatmål 1 og 2.

2 Lokalitetar som er kjende av miljøstyresmaktene der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.4.4.1. Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av miljøgifter frå forureina grunn og arbeide for å redusere risiko frå forureina grunn og arbeide for å redusere risiko frå spreiing av andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Pr. 1. september 2009 er det 334 kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining, dvs. lokalitetar som er kjende av miljøstyresmaktene og der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak. Oppfølginga av lokalitetane kan innebere undersøkingar, sikring og overdekning, fjerning av masse, arealbruksrestriksjonar eller liknande. Talet på lokalitetar går ned som resultat av gjennomført oppfølging, men det vil òg kunne auke på grunnlag av for eksempel nye undersøkingar, nye utslepp eller revurdering av risiko ved forureininga.

I arbeidet med forureina grunn er det lagt til grunn at spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg, mens spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Særleg blir prioritert oppfølging av stader der forureininga medfører helserisiko for menneske eller der forureininga lek frå grunnen til område som er prioriterte i samband med arbeidet med forureina sjøbotn (sjå arbeidsmål 5.1.). Det blir dessutan vurdert nærare korleis ein kan ta omsyn til særleg sårbare grupper, som for eksempel barn.

Ein handlingsplan for opprydding i forureina grunn i barnehagar vart fremja hausten 2006. Handlingsplanen inneber at overflatejorda i barnehagane i dei 10 største byane og 5 store industristader skal undersøkjast i løpet av 2008 og eventuell forureining ryddast opp innan 2010.

Statens forureiningstilsyn (SFT) syter for gjennomføring av handlingsplanen i samarbeid med dei aktuelle partane. Alle dei 15 involverte kommunane er no i gang med arbeidet. Ein del stader er det allereie sett i gang oppryddingstiltak. For eksempel er Oslo kommune langt på veg ferdig med oppryddinga og utskifting av CCA-impregnert trevirke rundt sandkassar og sandbasseng. Dei fleste andre kommunane har gjennomført undersøkingane, og har våren 2009 innhenta tilbod for å få gjennomført aktuelle tiltak.

Statens forureiningstilsyn samarbeider med Statens Kartverk om løysingar for å overføre data om forureina grunn frå Statens forureiningstilsyn sitt system Grunnforureining til matrikkelen. Det er eit politisk ønske at det offentlege og private skal ha kjennskap til forureina grunn, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004-2005). Det skal vere ei opplysning om dette på vedkommande matrikkeleining. Funksjonen til matrikkelen vil på dette området vere å gjere merksam på om det finst forureining av grunnen på ei matrikkeleining eller ikkje.

Tabell 8.12 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.4.5. Sediment (botnmassar i sjø) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

3.4.5.1. Syte for gjennomføring av til tak for opprydding av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i forureina sediment.

Nøkkeltala på feltet er til vurdering.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.4.5.1. Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i forureina sediment

Handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn i St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid byggjer på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn for dei 17 høgst prioriterte områda i Noreg. Dei fylkesvise tiltaksplanane er avgrensa til dei delane av fjordane der sjøbotnen er sterkast forureina, og til kjeldeområde på land i tilknyting til desse.

Eit omfattande arbeid er sett i gang med å førebu og gjennomføre oppryddingsprosjekt på dei 17 områda.

For at opprydding i sjøbotnen skal gi varig betring, må viktige tilførsler av miljøgifter stansast før opprydding i sjøbotnen finn stad. For dei fleste tiltaksplanområda blir det no arbeidd med å gi pålegg om undersøking til dei viktigaste kjeldene, bl.a. skipsverft og annan industri, forureina grunn inkl. deponi og store hamner. Miljøvernstyresmaktene har gitt pålegg til dei aller fleste av ca. 100 prioriterte skipsverft om å gjennomføre undersøkingar i grunnen og i sjøbotnen utanfor for å klarleggje behovet for oppryddingstiltak. Undersøkingar av forureiningssituasjonen og risikovurdering er gjennomført. Innan 30. november 2009 vil Statens forureiningstilsyn ta i mot fylkesmennenes vurderingar av forureiningssituasjonen og behov for tiltak. Det er i tillegg gitt pålegg til 10 store hamner om å kartleggje korleis verksemda deira bidrar til å forureine sjøbotnen, og vurdere behovet for opprydding. Tilsvarande er varsel om pålegg om undersøkingar gitt til dei 34 største industrihamnene innanfor tiltaksplanområda. Miljøstyresmaktene vil, også ellers der det er nødvendig og juridisk mogleg, gi pålegg om oppryddingstiltak for å stanse utlekking til sedimenta.

Parallelt med at dei største kjeldene blir stengde blir sjøbotnen i dei 17 prioriterte tiltaksplanområda undersøkt, slik at det er grunnlag for å lage detaljerte oppryddingsplanar. Det er viktig at det blir gjennomført grundige prosjekteringsundersøkingar inkludert gode kostnadsberekningar før det blir fatta vedtak om kva slag tiltak som bør setjast i verk.

I dei fleste av tiltaksplanområda har kommunane ei sentral rolle i oppryddingstiltaka som lokal styresmakt, ansvarleg for hamneverksemda og ansvarleg for viktige kjelder til utlekking av miljøgifter frå avfallsdeponi og kommunale avløp. Etter søknad medverkar Statens forureiningstilsyn med midlar til enkelte kommunar til undersøkingar og oppryddingsprosjekt i forureina sjøbotn.

Oppryddingstiltak er nå satt i verk i større eller mindre omfang i 6 av dei 17 områda (Oslo, Drammen, Sandefjord, Kristiansand, Trondheim og Hammerfest).

Verkemiddel

Resultatområde 3, underområde 4 helse- og miljøfarlege kjemikaliar er i hovudsak planlagt finansiert over Statens forureiningstilsyns budsjett kap. 1441 og kapitla 1400 og 1410 for 2010. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for oppgåver under resultatområde 3.4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7.1. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett. Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), Lov om kontroll med produkt og forbrukartenester, og forskrifter gitt i medhald av desse er dei sentrale juridiske styringsverktøya på kjemikalieområdet.

I dette inngår verkemiddel og tiltak for å stanse utslepp frå produkt, både under produksjon, bruk og når dei blir avfall. Streng regulering av utslepp frå industri og prosessutslepp skal leggjast til grunn. Verkemiddelbruken i kjemikaliepolitikken har som føremål å redusere risiko frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar generelt, mens det for miljøgiftene er lagt til grunn at alle utslepp skal stansast innan 2020, i tillegg til at utsleppa skal reduserast vesentleg allereie innan 2010.

Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval som skal sjå på korleis utslepp av miljøgifter kan stansast i medhald av 2020-målet. Utvalet skal gi innspel til styresmaktene om konkrete tiltak som kan setjast i verk for å medverke til at styresmaktene når måla sine. Tiltaka skal vurderast i forhold til skadeverknad av utsleppa av miljøgifter og i forhold til internasjonale moglegheiter og avgrensingar. Kostnadseffektiviteten i tiltaka skal òg vurderast. Utvalet starta arbeidet våren 2009, og vil halda på fram til sommaren 2010.

Det skal arbeidast for ei styrkt regulering av helse- og miljøfarlege kjemikaliar både internasjonalt og nasjonalt. Det nye omfattande kjemikalieregelverket i EU/EØS om registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar – REACH – vart innlemma i EØS-avtala 14. mars 2008 og godkjent av Stortinget 29. mai 2008. Norsk gjennomføringsforskrift vart fastsett med verknad 30. mai 2008 og REACH er det grunnleggjande systemregelverket for kjemikaliar i Noreg.

Deltaking i ECHA (kjemikaliebyrået under REACH) medfører økonomiske forpliktingar for Noreg. ECHA skal i utgangspunktet finansierast av gebyr, men er i oppstartsfasen avhengig av bidrag frå EUs budsjett og EØS/EFTA-landa. Regjeringa vil bl.a. syte for at norsk forvaltning medverkar aktivt til at REACH sikrar godt vern av helse og miljø og styrkjer internasjonalt kjemikaliearbeid. Internasjonalt arbeid er spesielt viktig, då ei stor mengd av dei helse- og miljøfarlege kjemikaliane som blir tilført miljøet i Noreg stammar frå utslepp i andre land, og blir ført til Noreg via luft- og havstraumar. I tillegg blir det innført ei rekkje kjemikaliar via produkt som er produserte utanfor Noreg. Bidrag til finansiering av tiltak i utviklingsland er eit viktig verkemiddel internasjonalt. Noreg medverkar til dette gjennom fleire kanalar over Utanriksdepartementets budsjett, særleg gjennom Det Globale miljøfondet (GEF), og ved bidrag til UNEP og program for kapasitetsbygging under dei internasjonale konvensjonane.

Regjeringa vil følgje opp dei nasjonale handlingsplanane for bromerte flammehemmarar, PCB, perfluorerte sambindingar, kvikksølv og prioriterte miljøgifter som krev særskilt innsats. Frå 2008 er det innført nasjonalt forbod mot kvikksølv i produkt og utvida forbod mot den bromerte flammehemmaren deka-BDE. Kartlegging og overvåking av miljøgifter i naturen vil fortsatt være prioritert. Kunnskapsheving er òg svært viktig i kjemikaliearbeidet, og Regjeringa vil arbeide for å auke kunnskapen om kjemiske stoff og kartleggje miljøgifter i naturen og i produkt.

Det er sett i gang arbeid for å opprette ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter. Formålet er å kunne foreta nye analysar av prøver når betre metodar for å oppdage miljøgifter vert utvikla, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar. Kunnskap frå materialet i ein miljøprøvebank vil blant anna danne grunnlag for tiltak mot forureining med miljøgifter, og gi dokumentasjon om spreiing av miljøgifter som Noreg treng for å vere ein pådrivar for internasjonale reguleringar på miljøgiftområdet. Miljøprøvebanken vil òg bidra til auka utnytting av ressursar og effektivisering innafor overvaking og forsking, i det utnyttinga av innsamla prøver til nye og fleire formål vil bli betydeleg større enn før.

Den nasjonale miljøprøvebanken bør over fleire år byggjast opp for å bli ei fullgod løysing for forskings- og overvakingsformål for miljøgifter. Miljøprøvebanken bør innehalde både biologiske prøver på ulike nivå i næringskjeda som fisk og fugl (med fokus på dyr høgt oppe i næringskjeda), og prøver av sediment, luft og nedbør. Humant materiale er òg viktig for å kunne overvake miljøgiftnivå i menneskekroppen.

Etablering av ein miljøprøvebank for forsking og overvaking av miljøgifter er forankra i St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for er tryggere fremtid og St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljøet i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten.

Regjeringa arbeider for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Produktregisteret skal halde fram arbeidet sitt for å betre tilrettelegginga av offentleg informasjon om produkt for allmenta.

Regjeringa vil òg auke kontroll og tilsyn med regelverket for helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Miljøstyresmaktene arbeider kontinuerleg med å følgje opp handlingsplanen for opprydding i forureina sjøbotn, jf. St.meld. nr. 14 (2006-2007). Prosessen med å førebu og gjennomføre oppryddingsprosjekt i sjøbotn er omfattande og tek tid. Det er mange aktørar involverte i arbeidet, ansvarsforholda er uoversiktlege, saksområdet er både fagleg komplisert og omstridt (eks. Oslo hamn), det er eit stort tal forureiningskjelder. Når tiltaka kjem i gang, er desse ofte svært omfattande og dyre.

Utgangspunkt for arbeidet med forureina grunn og forureina sediment er at forureinar skal betale, og det viktigaste verkemidlet for å få rydda opp er pålegg etter forureiningslova. Det vil likevel ofte vere behov for bidrag frå det offentlege til dekning av kostnader knytte til undersøkingar og opprydding i område der den ansvarlege ikkje kan påleggjast dei fulle kostnadene. Dette gjeld særleg ved opprydding i forureina sjøbotn der ansvarsforholda ofte er komplekse og kostnadene store. Det er løyvd midlar til dette arbeidet over Miljøverndepartementets budsjett, sjå postomtalen til kap. 1441 post 39 Oppryddingstiltak.

Strategisk mål

Underområde Avfall og gjenvinning

Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Dette skal gjerast ved å løyse avfallsproblema gjennom verkemiddel som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom omfanget av avfall som blir generert, og som blir gjenvunne, brent eller deponert.

Resultatområde 3 – underområde 5 Avfall og gjenvinning

Definisjon og avgrensing

Resultatområde 3, underområde 5 omfattar arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp som følgje av avfall (inkl. farleg avfall), gjennom å redusere avfallsmengdene, auke gjenvinninga, og syte for ei forsvarleg sluttbehandling av avfallet, og å medverke til mindre forsøpling. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, særleg arbeidet med EU-direktiv og oppfølginga av Basel-konvensjonen. Resultatområdet omfattar ikkje kjernefysisk avfall eller avfall frå sprengstoff, eksplosiv m.m. Både fiskeavfall som blir dumpa til sjøs og lausmassar, stein og grus er omfatta av avfallsomgrepet, men dei er ikkje årsak til vesentlege ulemper når det gjeld forureining.

Tabell 8.13 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 5 avfall og gjenvinning

Nasjonale resultatmål:

Miljøforvaltningas arbeidsmål:

Miljøforvaltningas resultatindikatorar:

3.5.1 Utviklinga i generert mengd avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

3.5.1.1. Stimulere til at veksten i avfallsmengdene blir vesentleg lågare enn den økonomiske veksten1.

Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

1 Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til resultatmål 1 vil i betydeleg grad påverke måloppnåinga for resultatmål 2, og omvendt.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.5.1.1. Stimulere til at veksten i avfallsmengdene blir vesentlig lågare enn den økonomiske veksten

I perioden 1995–2007 auka den totale avfallsmengda med om lag 46 pst., mens BNP i same periode auka med 42 pst. (SSB 2008).

Næringsavfallet utgjer omtrent 80 pst. av den totale avfallsmengda. Næringsavfallet har tidlegare auka i omtrent same takt som BNP, men dei siste åra har veksten i avfallsmengdene vore noko sterkare enn den økonomiske veksten. Det er særleg avfall frå tenesteytande næringar og bygg- og anleggsbransjen som aukar. Mengda hushaldsavfall har auka raskare enn BNP i heile perioden 1995 – 2007. Endringar i datagrunnlag og omlegging av avfallsstatistikken kan òg ha påverka utviklinga i indikatoren.

Tabell 8.14 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 5 avfall og gjenvinning

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.5.2. Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljømessig fornuftig nivå.

3.5.2.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale gjenvinningsmåla1.

Delen av avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling.

1 Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til nasjonalt resultatmål 1 vil i betydeleg grad påverke måloppnåinga for nasjonalt resultatmål 2, og omvendt.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.5.2.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale gjenvinningsmåla

Gjenvinning av avfall omfattar materialgjenvinning, biologisk behandling og energiutnytting. Det oppsto 10,7 mill. tonn avfall i 2007. Nær 70 pst. av ordinært avfall vart gjenvunne i 2007. Av dette vart om lag to tredelar materialgjenvunne. Resten vart anten brent med energiutnytting eller behandla biologisk (SSB 2008). Retursystema for særskilte avfallstypar har oppnådd svært gode resultat, og medverkar til ein positiv auke i delen avfall som går til gjenvinning. Innsamling av EE-avfall (elektrisk og elektronisk avfall) har hatt ein stor auke etter at retursystemet kom på plass i 1999. I 2008 vart det samla inn 148 500 tonn EE-avfall i Noreg. Dette svarer til rundt 30 kg EE-avfall pr. person. Høg levestandard, rask teknologisk utvikling og kortare levetid på produkt gjer at denne avfallstypen aukar opptil tre gonger så raskt som anna avfall. I 2007 oppnådde retursystema for emballasjeavfall ein samla gjenvinningsdel på 90 pst. Retur av drikkevareemballasje har i mange år gitt positive resultat, til dømes er returdelen for gjenbruksflasker av glas og plast på over 95 pst.

Tabell 8.15 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde avfall og gjenvinning

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3.5.3. Praktisk talt alt farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

3.5.3.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale måla for farleg av fall.

Mengd farleg avfall med ukjend disponering.

Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.5.3.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale måla for farleg avfall

1 030 000 tonn helse- og miljøfarleg avfall gjekk til godkjent behandling i 2007, ein nedgang på 6 pst. frå året før. Samla sett har det vore registrert ein auke av farleg avfall til godkjent mottak på 90 pst. sidan 1999. Mykje av denne auken reknar ein med kjem frå forbetring i datagrunnlaget og den reelle auken er derfor mindre enn det statistikken viser. I 2007 gjekk 69 000 tonn farleg avfall til ukjent handtering. Det er ein nedgang på 15 pst. frå 2006 og 28 pst. mindre enn i 2003. Lista over farleg avfallstypar vart utvida frå 1. januar 2003, med blant anna impregnert trevirke og plast med bromerte flammehemmarar. Held vi desse typane farleg avfall utanom, gjekk mengde farleg avfall til ukjent handtering ned med 59 pst. frå 1999 til 2007. Ukjent handtering kan bety at avfallet er gått til godkjent handtering, men at det ikkje er registrert. Men det kan òg bety at avfallet har blitt handtert på uforsvarleg vis eller er hamna i naturen. Tala frå SSB tyder på at ein viktig del av mengda som er inkludert i kategorien ukjent handtering faktisk har gått til godkjent handtering og dermed er inkludert i dei 1 030 000 tonna til godkjent handtering.

I 2007 gjekk 87 pst. av det farlege avfallet til slutthandtering i Noreg, mens litt under 2 pst. vart slutthandtert i utlandet. Mengda farleg avfall som vart gjenvunne utgjorde 7 pst. i 2007 mens litt under 5 pst. vart gjenvunne i utlandet. Mange typar farleg avfall, bl.a. frå industrien, er vanskelege å gjenvinne, og dette kan vere ei forklaring på den høge slutthandteringsprosenten. Ein stor del av det sluttbehandla avfallet blir stabilisert og nytta til landskapsrestaurering.

Verkemiddel

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; lover og forskrifter, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Dei sentrale juridiske styringsverktøya på avfallsfeltet er lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) og forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta).

Resultatområde 3, underområde 5 Avfall og gjenvinning er finansiert over kap. 1441 Statens forureiningstilsyn, kap. 1400 Miljøverndepartementet, og i noko grad over kap. 1410 Miljøforsking og 1429 Riksantikvaren. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområde 3, underområde 5. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

Regjeringa starta i 2009 eit prosjekt for avfallsførebygging og vidarefører dette i 2010. Gjennom prosjektet blir ulike avfallsførebyggande tiltak prøvd ut og det bli arbeidd med korleis ein kan måle og dokumentere resultat innan avfallsførebygging.

1. juli 2009 tredde forbod mot deponering av nedbryteleg avfall i kraft. Det er venta at forbodet, saman med andre eksisterande verkemiddel, vil gjere at klimagassutsleppa frå deponi på sikt blir reduserte til ein tredel av nivået i dag. Forbodet medfører at det avfallet som vil gå til deponi i framtida vil ha ei vesentleg anna samansetjing enn tidlegare, og at utslepp av klimagassar pr. deponert tonn avfall vil bli betydeleg redusert. Sluttbehandlingsavgifta på deponering av avfall blir redusert for å reflektere dei lågare miljøkostnadene ved deponering av avfall som ikkje er omfatta av deponiforbodet. Avfall som blir deponert med dispensasjon frå deponiforbodet blir avgiftsbelagt etter dagens sats. Endringane i sluttbehandlingsavgifta på deponering av avfall er nærare omtalt i Prop. 1. S (2009-2010) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Finansdepartementet og Miljøverndepartementet vil i samarbeid gjennomgå sluttbehandlingsavgifta på forbrenning i samanheng med annan relatert verkemiddelbruk og i forhold til relevante miljøpolitiske mål. Forbrenningsavgifta er nærare omtalt i Prop. 1. S (2009-2010) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Miljøverndepartementet har gitt Statens forureiningstilsyn i oppdrag å utgreie og foreslå endringar i forureiningslova som kan gi kommunane auka inntekter til bruk på forsøplingstiltak. Vidare skal Statens Forureiningstilsyn vurdere om det bør foreslåast endringar i ansvarsforhold eller om det kan innførast administrative tiltak som kan medverke til å løyse dei utfordringane forsøpling på ulike arenaer medfører.

Farleg avfall

Miljøforvaltningas arbeid på dette området skjer gjennom forvaltning av forureiningslova og avfallsforskriftas kapittel 11 om farleg av fall.

Det fortløpande arbeidet i miljøforvaltninga med regulering og tilsyn med alle som handterer farleg avfall er viktig for å sikre høg grad av innsamling og forsvarleg behandling av farleg avfall. I tillegg medverkar særskilte returordningar til høge tal for gjenvinning, for eksempel for EE-avfall.

Farleg avfall-strategien

Stadig fleire produkt inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Det gjer at mengda farleg avfall frå slike produkt aukar. Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt, jf. resultatområde 3, underområde 4, vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema frå avfall. Kjemikaliepolitikken har som mål å redusere bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, noko som vil medverke til å redusere mengda farleg avfall som oppstår, såkalla kvalitativ avfallsreduksjon. I tillegg er det behov for at det blir lagt til rette for forsvarleg handtering av farleg avfall frå eit stadig aukande tal produkt. Statens forureiningstilsyn har utarbeidd ein farleg avfall-strategi for perioden 2008–2010. Statens forureiningstilsyn vil særleg rette innsatsen mot innsamling av farleg avfall med prioriterte miljøgifter. Dei vil òg auke innsatsen mot ulike fraksjonar farleg avfall med ukjend disponering i større mengder.

Grensekryssande transport av avfall

For Statens forureiningstilsyn (SFT) som import-/eksportstyresmakt krev regelverket for grensekryssande transport av avfall stor ressursinnsats til saksbehandling og kvalitetssikring av meldingane om import/eksport og auka innsats på tilsyn og kontroll. Registrert eksport av avfall har auka tydeleg. I 2007 var eksporten ca. 434 000 tonn, mens den i 2003 var 146 000 tonn. Auken skuldast for ein stor del eksport av brennbart ordinært avfall til energigjenvinning i Sverige. Så langt har ikkje røynsla gitt grunnlag for særskilte tiltak for å setje grenser for mengda avfall som blir eksportert eller importert. Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere illegal eksport til fattige land.

Konvensjonen om gjenvinning av skip

Noreg tok i 1999 opp problema knytte til opphogging av skip internasjonalt, først i FNs sjøfartsorganisasjon IMO, og dernest i Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall. Noreg har sidan saka kom på dagsordenen arbeidd for å etablere eit internasjonalt bindande rammeverk i regi av IMO, for å få eit grunnlag for å løyse dei store utfordringane knytte til helse og miljø på området.

Straks etter at IMOs hovudforsamling vedtok at eit internasjonalt bindande regime om sikker og miljøvennleg gjenvinning av skip skulle etablerast, sende Noreg inn eit førsteutkast til konvensjonstekst, som sidan har utgjort grunnlaget i forhandlingane. Den 15. mai 2009 vart «Hong Kong International Convention for the Safe and Environmentally Sound Recycling of ships» fastsett på diplomatkonferanse i IMO. Den nye konvensjonen inneheld miljøkrav til skip gjennom heile skipets livssyklus, den stiller krav om godkjenning av opphoggingsstadane og inneheld føresegn om gjennomføringa av sjølve opphoggingsprosessen. Det nye regelverket vil utgjere grunnmuren i arbeidet med å betre både miljøforholda og forholda for tilsette i skipsgjenvinningsindustrien. Det er svært viktig at konvensjonen trer raskt i kraft, og Regjeringa vil snarleg behandle norsk tiltreding.

9 Resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft

Resultatområde 4: Eit stabilt klima og rein luft består av fem underområde:

4.1. Klimaendringar

4.2. Nedbryting av ozonlaget

4.3. Langtransporterte luftforureiningar

4.4. Lokal luftkvalitet

4.5. Støy

I 2007 vart det utarbeidd nye nasjonale mål (jf. St.meld. nr. 34 (2006–2007)) og nye arbeidsmål, jf. tabell 9.1. Nokre av desse måla er igjen reviderte som resultat av klimaforliket som Regjeringa inngjekk med opposisjonspartia på Stortinget unnateke Fremskrittspartiet, jf. Innst. S.nr 145 (2007-2008). Arbeidsmål 4.1.1.2 blir ført vidare frå fjorårets budsjett. Dei nye arbeidsmåla er omtalt nærare under statusomtala på underområde 1 Klimaendringar.

Strategiske mål

Konsentrasjonen av klimagassar skal stabiliserast på eit nivå som vil hindre farleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet i tråd med artikkel 2 i Klimakonvensjonen. Den globale temperaturen skal ikkje auke meir enn 2 ºC samanlikna med førindustrielt nivå.

Resultatområde 4 – underområde 1 Klimaendringar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O), og F-gassar (HFK, PFK og SF6). Departementets arbeid med reduserte utslepp frå skog i utviklingsland fell òg inn under dette resultatområdet.

Vidare er det viktige koplingar til ei rekkje andre område ettersom auka konsentrasjon av CO2 i atmosfæren leier til havforsuring, naturmangfald ved risiko for tap av arter og langtransportert og lokal luftforureining, sidan mange av dei same tiltaka òg vil redusere desse utsleppa. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen.

Tabell 9.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 1 klimaendringar

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.1.1. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå.

4.1.1.1. Sjå til at Noreg overoppfyller utsleppsforpliktinga si i 2012 i tråd med målsetjinga, og at Kyotoforpliktinga blir innfridd ved hjelp av betydelege nasjonale utsleppsreduksjonar.

Nasjonal utsleppsutvikling.

4.1.1.2 Medverke til å avgrense og redusere utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.

Nasjonal utsleppsutvikling.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 4.1.1.1. Sjå til at Noreg overoppfyller utsleppsforpliktinga si i 2012 i tråd med målsetjinga, og at Kyotoforpliktinga blir innfridd ved hjelp av betydelege nasjonale utsleppsreduksjonar.

Under Kyotoprotokollen, som tredde i kraft 16. februar 2005, har Noreg ei folkerettsleg forplikting som inneber at Noregs gjennomsnittlege årlege utslepp i perioden 2008–2012 ikkje skal vere høgare enn 1 pst. over 1990-nivået, det vil seie 50,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Stortinget har i tillegg vedteke at Noreg skal overoppfylle utslippsforpliktinga under Kyotoprotokollen med 10 prosentpoeng. Det nye målet inneber at Noregs utslepp, når det er teke omsyn til bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen, i gjennomsnitt i perioden 2008–2012 skal vere 9 pst. lågare enn dei var i 1990.

Kyotoprotokollen opnar for at partane, som supplement til nasjonale tiltak eller nasjonale reduksjonar, kan bruke Kyoto-mekanismane til å oppfylle utsleppsforpliktinga. Kyoto-mekanismane består av handel med utsleppskvotar, prosjektsamarbeid mellom industriland som har ratifisert protokollen (JI), og prosjektsamarbeid med utviklingsland (CDM). Regjeringa legg opp til ei brei tilnærming for å innfri Noregs utsleppsforplikting under Kyotoprotokollen. Regjeringas politikk er at utsleppsforpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyoto-mekanismane slik protokollen legg opp til, der ein betydeleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak, jf. St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk. Det er etablert eit statleg kjøpsprogram for kjøp av kvotar under Kyoto-mekanismane i Finansdepartementet, jf. St.prp. nr 1. (2008-2009) Statsbudsjettet for 2009.

Arbeidsmål 4.1.1.2. Medverke til å avgrense og redusere utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.

Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og vere verdsleiande innafor utviklinga av miljøvennleg energi. I Soria Moria-erklæringa har regjeringspartia slege fast at energipolitikken skal byggje på at miljømåla vil bestemme produksjonsmoglegheitene, og at det er nødvendig å føre ein aktiv politikk for å avgrense veksten i energibruken. Regjeringa vil arbeide for å redusere energibruken og samstundes satse på nye miljøvennlege energiformer. Dette vil auke moglegheiten for ein miljøvennleg energibruk. Regjeringas satsning på fangst og lagring av CO2 er eit viktig element i dette arbeidet.

StatoilHydro (SH) fekk utsleppsløyve for CO2 frå det planlagte kraftvarmeverket på Mongstad hausten 2006. Samtidig inngjekk staten og SH ei gjennomføringsavtale om samarbeid om handtering av CO2 på Mongstad.

Regjeringa har bestemt at det på Kårstø skal gjerast ei grundig vurdering av ei integreringsløysing for CO2-handtering mellom gassraffineriet og gasskraftverket. Slik kan det vere mogleg å få til ytterlegare utsleppsreduksjonar.

Utsleppsrekneskapen til Statistisk sentralbyrå og Statens forureiningstilsyn viser at dei fleste utsleppskjeldene har redusert klimagassutsleppa sine frå stasjonær energibruk i perioden 1990 til 2007. Men utsleppa frå gassturbinar offshore, som blant anna er nytta til elektrisitetsproduksjon, auka åleine med nær 90 pst. frå 1990 til 2007. Denne veksten medverka til at klimagassutsleppa frå stasjonær energibruk i Noreg samla sett likevel auka med vel 40 pst. frå 1990 til 2008.

Tabell 9.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 1 klimaendringar

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.1.2. Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar

tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

Gjennom Klimameldinga og Klimaforliket er det slått fast at det er realistisk å ha eit mål om å redusere utslepp i Noreg med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i høve til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Dette inneber i tilfelle at om lag to tredelar av Noregs totale utsleppsreduksjonar blir tekne nasjonalt.

4.1.2.1. Sjå til at utsleppa i Noreg ikkje overstig 35 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020, inkludert kvotekjøp og opptak i skog, og medverke til at nasjonale utslepp i 2020 er 15–17 mill. tonn lågare enn referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skogkredittar er inkluderte.

Nasjonal utsleppsutvikling.

4.1.2.2. Etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020.

Etablert kontrollstasjon.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 4.1.2.1. Sjå til at utsleppa i Noreg ikkje overstig 35 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020, inkludert kvotekjøp og opptak i skog, og medverke til at nasjonale utslepp i 2020 er 15–17 mill. tonn lågare enn referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skogkredittar er inkluderte.

I 2007 var dei samla norske klimagassutsleppa på 55 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Førebelse tal frå Statistisk Sentralbyrå og Statens forureiningstilsyn viser at utsleppa for 2008 ligg på 53,8 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dette er 2,2 pst. mindre enn i 2007. Nedgangen skuldast både innføring av ny utsleppsreduserande teknologi, særleg ved Yara, og redusert bruk av fossilt brensel delvis som ei følgje av finanskrisa. I 2008 var petroleum ansvarleg for 27 pst. av dei norske utsleppa, industri 26 pst., vegtrafikk 19 pst. og andre mobile kjelder 13 pst.

Til trass for nedgangen i klimagassutslepp i 2008 må vi vere førebudde på at det er nødvendig å innføre fleire nye verkemiddel for å få utsleppa ytterlegare ned. I klimaforliket vart det anslått at det er realistisk å ha som mål å redusere utsleppa i Noreg med 15-17 millionar tonn CO2-ekvivalentar i forhold til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Oppfylling av dette målet inneber at det er behov for vesentlege utsleppsreduksjonar. Regjeringa har ein tredelt strategi for å nå målsetjingane i klimapolitikken. Ei betre internasjonal klimaavtale er det første og viktigaste elementet i klimapolitikken. Det andre elementet er at Noreg må medverke til utsleppsreduksjonar i utviklingsland og raskt veksande økonomiar som Kina, India mfl. Det tredje elementet er at innsatsen for reduksjon av utslepp i Noreg må intensiverast. Regjeringas klimapolitikk vil gi resultat både i forhold til utsleppsforpliktinga under Kyotoprotokollen og i eit meir langsiktig perspektiv.

Regjeringa legg stor vekt på dei sektorovergripande, økonomiske verkemidla, og frå 2008 er over 70 pst. av dei nasjonale klimagassutsleppa regulerte gjennom kvoteplikt eller avgifter som set ein pris på utsleppa, noko som er i tråd med det viktige prinsippet om at forureinar betaler. Samtidig vil Regjeringa også i desse sektorane føre vidare det høvet vi har i dag til å nytte andre verkemiddel i tillegg til kvotar og avgifter.

Arbeidsmål 4.1.2.2. I løpet av 2008 etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette å fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020.

Ei faggruppe leia av Statens Forureiningstilsyn, Klimakur 2020, skal setje oss betre i stand til å vurdere om bruken av verkemiddel er stram nok til at vi når dei klimapolitiske målsetjingane våre for nasjonale utslepp. Faggruppas overordna mandat er å utarbeide naudsynt grunnlagsmaterial for den vurderinga av klimapolitikken og behov for endra verkemiddel som skal leggjast fram for Stortinget i 2010.

Faggruppa vurderer i kor stor grad eksisterande verkemiddel medverkar til å nå Noregs mål for nasjonale utsleppskutt og skal vurdere behovet for nye/endra verkemiddel, knytt til målet om å redusere utsleppa i Noreg i 2020 med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i forhold til referansebana når skog er inkludert.

Faggruppa utarbeider ein verkemiddel- og tiltaksanalyse og gjennomfører ei vurdering av forventa kvotepris i 2012, 2015 og 2020 med utgangspunkt i blant anna analysane som blei gjort i samband med perspektivmeldinga. Faggruppa gjennomgår vidare utviklinga i mål- og verkemeddelbruk internasjonalt med føremål å vurdere implikasjonane for verkemiddelbruken i Noreg.

Klimagassbudsjett

Som bestemt i klimaforliket skal det årleg i samband med oppfølging av berekraftstrategien og dei ordinære budsjettfremlegga leggjast fram ei rapportering/klimagassbudsjett som vurderer konsekvensane for klimagassutslepp og som rapporterer om utsleppsutviklinga og gjennomføringa av klimapolitikken. Eit prøveprosjekt for slik rapportering er blitt gjennomført i samband med budsjettet for 2009 og er videreutvikla fram mot budsjettet for 2010. Det som er presentert for 2010 er ikkje eit heilskapleg opplegg, men eksempel på korleis dette kan gjerast.

Klimagassbudsjettet har som mål å gi ei oversikt over klimagassutsleppa som følgjer av Regjeringas største satsingar i statsbudsjettet. Bidrar dei ulike satsingane i ei retning som set landet i stand til å innfri klimamåla sine? Effekten av satsingane skal vurderast anten dei gir auka utslepp som for eksempel ved enkelte vegprosjekt, eller dei gir reduserte utslepp som for eksempel satsinga på karbonfangst og -lagring. I klimagassbudsjettet bør òg tiltak som skatte- og avgiftsendringar og satsingar innan forsking og utvikling omtalast.

Klimagassbudsjettet skal ha tal både for budsjettåret og for 2020, men det skal leggjast mest vekt på 2020. På den måten vil det bli tydeleg i kva grad satsingane bidrar til at Noreg når klimamåla sine, som til dømes det som er omtalt i klimameldinga og forliket om at det er realistisk å ha som mål å kutte dei innanlandske klimagassutsleppa med 15-17 mill. tonn i forhold til referansebana i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert.

Nedanfor er presentert ei oversikt over effektane av eit utval av satsingane frå nokre sentrale departement. Det må presiserast at reinsing på Mongstad og dei fleste olje- og gassutbyggingane lista nedanfor allereie ligg inne i referansebana og dermed også allereie er tekne omsyn til i framskrivingane av utslepp som klimamålet er basert på.

Det blir som nemnt ikkje presentert eit ferdig klimagassbudsjett i samband med 2010-budsjettet. Det er teke sikte på å vidareutikle klimagassbudsjettet fram mot 2011-budsjettet.

Olje og energidepartementet

Karbonfangst og -lagring

Arbeidet med fullskala fangst, transport og lagring av CO2 på Mongstad held fram. Eit fangstanlegg på Mongstad vil kunne føre til ein reduksjon i CO2-utsleppa på om lag 1,3 mill. tonn CO2/år frå 2014 og framover (også i 2020), i forhold til om kraftverka hadde produsert på full kapasitet utan fangst og lagring av CO2-utsleppa frå denne produksjonen.

Teknologisenteret på Mongstad, som er under bygging, vil kunne representere eit vesentleg norsk bidrag til internasjonal teknologiutvikling innan CO2-fangst. Formålet med teknologisenter er å identifisere, teste og kvalifisere mogelege teknologiske løysingar for fangst av CO2, som på sikt vil kunne bidra til betydelege utsleppsreduksjonar.

Gasskraftverket på Kårstø har sidan starten hausten 2007 hatt eit ujamnt driftsmønster.

Ein avventar derfor meir erfaring med driftstida på gasskraftverket. Dersom driftstida skulle tilseie at eit fangstanlegg bør byggjast, så vil eit slikt anlegg kunne redusere CO2-utsleppa med opp til 1 mill. tonn CO2/år ved full drift over året for kraftverket og fangstanlegget.

Regjeringa gjorde i Olje- og Energidepartementets St.prp. nr. 1 (2008-2009) greie for at gasskraftverkets driftsmønster i tida framover vil bli vektlagt når investeringsbeslutninga skal takast. På den bakgrunnen går Regjeringa inn for å stanse innkjøpsprosessen til ein har eit klarare bilete av driftsmønsteret ved gasskraftverket på Kårstø. Dette er i tråd med den faglege tilrådinga frå Gassnova.

På oppdrag frå OED har Gassco levert ei kartleggingsstudie over integrasjon mellom gasskraftverket og gassterminalen på Kårstø. En integrasjon vil kunne bidra til å redusere utsleppa også frå gassterminalen. Regjeringa går inn for å vurdere ein slik integrasjon nærare og vil gjennomføre ei utgreiing som omfattar tekniske og kommersielle forhold ved ein slik integrasjon. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med resultata frå denne utgreiinga.

Petroleumsverksemda

I 2007, 2008 og 2009 har OED godkjent fleire utbyggingsplanar. Ved utarbeiding av planane skal oljeselskapa finne utbyggingsløysingar som gir lite utslepp av CO2 samtidig som omsynet til kostnadseffektivitet må takast vare på. Elektrifisering av installasjonen med kraft frå land skal alltid vurderast. Tabellen nedanfor viser at dei godkjente utbyggingane vil bidra til auka CO2-utslepp på mellom 409 000 og 987 000 tonn i 2020. Tala er baserte på selskapa sine overslag ved innlevering av plan for utbygging og drift.

Tabell 9.3 Endring av norske CO2-utslepp i 2020 som følgje av utbyggingar godkjende i 2007-2009. Tonn CO2-ekvivalentar

Utslepp i 20201 Tonn CO2-ekvivalenter

I alt

409 000 – 987 000

Gjøa

118 000 – 142 000

Vega og Vega sør

35 000 – 43 000

Yme

100 000 – 120 000

Valhall2

– 285 000

Skarv

200 000 – 490 000

Morvin

6 000 – 71 000

Alve

50 000 – 100 000

Yttergryta

40 000 – 90 000

Oselvar

20 000 – 60 000

Goliat

125 000 – 156 000

1 Talet angir endring i CO2-utslepp i 2020 i forhold til utslepp i dag.

2 Valhalls utslepp i dag er ca. 300 000 tonn.Venta utslepp dei neste åra er 450 000 tonn. Som følgje av elektrisk kraft frå land vil dei årlege utsleppa av CO2 bli reduserte med 97 prosent, frå 450 000 til 15 000 tonn pr. år.

Samferdselsdepartementet

Jernbane

Jernbaneverket har gjennomført utrekningar som viser reduksjon i klimagassen CO2 som følgje av investeringane i Nasjonal transportplan 2010-2019 på vel 121 000 tonn CO2-ekvivalentar i 2020. Reduksjonen kjem som følgje av overført trafikk frå veg til jernbane. Vi gjer merksam på at utsleppsoverslaget gjeld for investeringar i heile perioden 2010-2019 og ikkje berre for budsjettåret 2010.

Vegtrafikk

Det er ikkje gjort utrekningar av CO2-verknadene av veginvesteringar i 2010-budsjettet og deira fulle effekt på utslepp i 2020. Statens vegvesen arbeider med å lage berekningsmodellar for utslepp frå vegbygging. Foreløpige utrekningar frå desse modellane viser at veginvesteringane i Nasjonal transportplan 2010-2019 vil auke CO2-utsleppa med 77 000 tonn årleg. Det er stor uvisse knytt til desse utrekningane. Vegdirektoratets eiga tal har vist at vegprosjekt ofte har gitt langt større trafikkvekst – og dermed høgare CO2-utslepp – enn anslått før utbygging. Dei seinere åra har prognoseverktøya blitt betre slik at usikkerheita er noe redusert. Vi gjer merksam på at utsleppsoverslaget gjeld for investeringar i heile perioden 2010-2019 og ikkje berre for budsjettåret 2010.

Tabell 9.4 Endring av norske CO2-utslepp i 2020 som følgje av ulike satsingar frå Samferdselsdepartementet. Tonn CO2-ekvivalentar1

Effekt Tonn CO2-ekvivalentar

Jernbane

-121 633

Vegutbygging

+ 77 000

1 Den utrekna reduksjonen av klimagassutsleppa i 2020 er dei akkumulerte verknadene av alle investeringane i heile NTP-perioden 2010-2019 og ikkje berre frå 2010-budsjettet.

Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har rekna ut effektar av auka trebruk og bioenergi som følgje av ein stønad på 20 mill. kroner for 2010. Dette kan gi ca. 100 000 tonn redusert CO2-utslepp i 2010 under føresetnad av at midlane blir delte likt mellom satsing på bioenergi og trebruk. Utrekna utsleppsreduksjon er under føresetnad av at bioenergi erstattar fyringsolje og trebruk erstattar bygningsmaterial av stål og betong. Utsleppsreduksjonen i 2020 vil bli tilsvarande dersom nivået på løyvinga blir halde ved lag.

Vidareutvikling av klimagassbudsjettet

I sammanheng med arbeidet med klimagassbudsjett vil Regjeringa vidareutvikle eit nyttig internt verktøy for klimagassutslippsvurdering i budsjettprosessen. Det vil omfatte ei vurdering av klimagassverknadene av forslag som fremmast i budsjettprosessen, der det er relevant. Dette skal utgjere grunnlag for å vurdere klimaaspektar ved sentrale budsjettforslag og bidra til at statsbudsjettet samla sett får ein best muleg klimaprofil.

Tabell 9.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 1 klimaendringar

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.1.3. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.

4.1.3.1. Medverke til at Noreg er karbonnøytralt i 2030, bl.a. ved å delta i kvotehandel og ha ein strategi for korleis Noreg på sikt skal bli eit lågutsleppssamfunn.

Nasjonal utsleppsutvikling.

Bruk av fleksible mekanismar eller andre slik dei måtte vere i 2030, som følgje av ei ny internasjonal klimaavtale.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 4.1.3.1. Medverke til at Noreg er karbonnøytralt i 2030 bl.a. ved å delta i kvotehandel og utarbeide ein strategi for korleis Noreg på sikt skal bli eit lågutsleppsamfunn.

Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der òg andre industriland tek på seg store plikter, vart partane i klimaforliket samde om at Noreg skal ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.

Det er eit mål å stimulere andre land til å setje seg høge klimamål. Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for ei ny og meir ambisiøs internasjonal klimaavtale, med utgangspunkt i målet om at den globale temperaturauken skal haldast under 2 °C samanlikna med førindustrielt nivå. Noregs truverde som pådrivar er avhengig av at vi reduserer eigne utslepp, bidrar til utvikling av teknologi og til å vise at det er mogleg å kople økonomisk vekst frå vekst i klimagassutsleppa. Noreg må saman med andre rike land ta ei leiarrolle i arbeidet med å utvikle eit godt, klimavennleg samfunn.

Dette vil òg vere tema for den vurderinga av klimapolitikken og behov for endra verkemiddel som skal leggjast fram for Stortinget 2010.

Tabell 9.6 Mål- og indikatortabell resultatområde 4 underområde 1 klimaendringar- klima- og skogprosjektet

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.1.4. Noreg skal bidra til å avgrense dei globale oppvarmingane til 2 ºC relatert til førindustrielt nivå

4.1.4.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar.

Status for dei internasjonale forhandlingane og oppfølging av avtalene i dei enkelte landa.

Resultat frå forhandlingar om nye forpliktingar etter 2012.

Gjeld òg arbeidsmål 4.2.

4.1.4.2 Bidra til at utslepp frå avskoging og skogforringing i utviklingsland (REDD) blir omfatta av ei ny internasjonal klimaavtale.

Eit stort tal land sluttar opp om prosessar for gjennomføring av ei avtale om REDD

4.1.4.3 Bidra til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og skogforringing i utviklingsland (REDD).

Det er uvikla ein god, internasjonal REDD-arkitektur med vekt på samarbeid mellom relevante FN-organisasjonar og mellom desse og utviklingsbankane.

Nasjonale REDD-aktivitetar er godt i gang i minst 3 pilotland.

4.1.4.4 Bidra til å ta vare på naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon.

Naturskogs særlege evne til å binde karbon er anerkjent i prosessane som vil leie fram til eit nytt klimaregime etter 2012.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 4.1.4.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar.

Klimaendringane representerer ei utfordring som ikkje berre trugar miljøet, men òg internasjonal fred og tryggleik, velstand og utvikling. Det er heilt avgjerande i forhold til den klimautfordringa vi står overfor at verda kan einast om ei ambisiøs global avtale.

Sjølv endringar i gjennomsnittstemperatur på nokre få grader får enorme verknader på klimaet, jamfør den siste hovudrapporten til FNs klimapanel. Utsleppa av klimagasser aukar raskare enn nokon gong. Utan effektive tiltak for å redusere utsleppa, er det grunn til å tru at også klimaendringane vil skje stadig raskare. Faren for alvorlege konsekvensar for miljø og samfunn blir overhengande.

Dei nyaste forskingsresultata indikerer òg at alvoret i situasjonen er større enn vi trudde. Den globale oppvarminga kan bli større enn venta, fordi det er grenser for kor mykje naturen kan ta opp av menneskeskapte utslepp av klimagassen CO2. Naturen lagrar mindre CO2 no enn før. Då blir utsleppsreduksjonar endå viktigare.

Dei globale menneskeskapte utsleppa av klimagassar har auka med 70 pst. frå 1970 til 2004. Dersom nye tiltak ikkje blir sette i verk, vil utsleppa auke med 25 til 90 pst. mellom år 2000 og 2030. Er utgangspunktet eit mål på to grader, må veksten i dei globale klimagassutsleppa stansast innan 2015 og reduserast med 50-85 pst. i forhold til utsleppsnivået i 1990 fram mot midten av dette hundreåret.

Hovudutfallet frå klimatoppmøtet på Bali i desember 2007 er «The Bali action plan» (Baliplanen). Dette er ei avgjerd om ein forhandlingsprosess under Klimakonvensjonen fram mot København i 2009, der siktemålet er å få eit nytt klimaregime på plass som omfattar alle land, under dette USA og utviklingslanda.

Ifølgje Baliplanen skal avtala inkludere eit felles, langsiktig mål for klimautviklinga, i tråd med konvensjonens formål om å unngå farlege menneskeskapte klimaendringar. Vidare skal avtala innehalde eigne delar om utsleppsreduksjonar i i-land og u-land, finansiell støtte til klimatiltak i u-land, teknologiutvikling og –overføring, og tilpassing til klimaendringar.

Eit sentralt spørsmål er kva slag juridisk form Københavnavtala skal ha. Noreg ønskjer eit juridisk bindande dokument i den forstand at det må ratifiserast og at avtala(ane) skal omfatte alle land og sektorar.

Langsiktig mål og behov for globale utsleppsreduksjonar

Noreg arbeider saman med EU for at Københavnavtalas mål skal bli å avgrense veksten i den globale middeltemperatur til 2˚C i forhold til førindustrielt nivå, og at det blir fastsett globale utsleppsmål på kort, mellomlang og lang sikt som kan gjere dette mogleg. Med referanse til FNs klimapanel går vi inn for at dei globale utsleppa skal nå sitt maksimum seinast i 2015 og reduserast med 50-85 pst. innan 2050 i forhold til 2000. Dette bør konkretiserast i form av mål om å redusere i-landa sitt samla utslepp med 25-40 pst. innan 2020 og med 80-95 pst. innan 2050 i forhold til 1990. Vidare meiner Noreg at u-landas samla utslepp bør reduserast med 15-30 pst. innan 2020 i forhold til korleis utviklinga elles ville bli, med ytterlegare reduksjonar deretter.

I-landa må gå føre i å ta på seg forpliktinga om kraftige utsleppsreduksjoner, fordi vi har økonomisk evne til å gå føre i kampen mot klimaendringar og fordi vi har eit historisk ansvar for klimautviklinga til no. Spørsmålet om industrilanda sine forpliktingar om utsleppsreduksjonar blir forhandla om både under Kyotoprotokollen og i forhold til ei ny og breiare avtale. Ein avgjerande faktor er at USA ikkje er part i Kyotoprotokollen, men deltek aktivt i forhandlingar om ei ny avtale og eventuelt vil ta på seg ei forplikting under denne.

Med omsyn til utsleppsutvikling i u-land forhandlar ein om eit rammeverk som kan støtte u-land i å gjennomføre nasjonale tiltak og strategiar som kan gi ei lavutsleppsutvikling. I viktige sektorar som energi, industri og transport er det viktig at u-landa unngår å kopiere utviklinga i-land har hatt, og klimagassutsleppa dette har medført. I forhandlingsprosessen er det lagt fram ei rekkje forslag om utvida mekanismar for å utløyse utsleppsreduksjonar i u-land, der ein søkjer å påverke ein heil sektor eller eit land, framfor å arbeide prosjektbasert. Raskare spreiing av betre teknologiar er viktig i så måte.

Det er ikkje å vente at dei fattigaste u-landa tek på seg forpliktingar om ei lågutsleppsutvikling med det første. Etter Noreg sitt syn bør dei fattigaste landa framleis òg kunne dra nytte av prosjektbasert innsats som i den noverande grøne utviklingsmekanismen.

Noreg vil vidare arbeide for ei meir heilskapleg tilnærming til skog og for at internasjonal skipsfart blir omfatta i eit framtidig globalt klimaregime. Noreg har opparbeidd brei, maritim kompetanse som den femte største skipsfartsnasjonen i verda, og skal arbeide aktivt også i FNs maritime organisasjon, IMO. Erfaringar frå det norske skoginitiativet der Regjeringa har bestemt å setje av inntil 3 mrd. kroner årleg for å hindre avskoging i u-land blir brukt som grunnlag for norske forslag om ein ny skogmekanisme. Noreg arbeider vidare for å oppnå aksept for og ei raskare utbreiing av teknologi for karbonfangst og lagring. Regjeringa vil i forhandlingane presisere at sjølv ein temperaturauke under 2 ºC vil kunne få alvorlege følgjer, spesielt for fattige land med lita evne til å tilpasse seg endringane. Allereie no ser vi alvorlege effektar av klimaendringane. Dei rike landa har eit moralsk ansvar i forhold til å skaffe midlar som sikrar at u-landa i størst mogleg grad vil vere i stand til å tilpasse seg dei klimaendringane som vil komme.

Tilpassing er eit særleg viktig tema for lågtliggjande øystatar, som vil bli hardt ramma av havnivåstigning. Negative konsekvensar i form av tørke og svikt i vassforsyning er venta å gi store problem også i delar av Afrika og Asia. Avtala i København bør bidra til å sikre at dei minst utvikla landa og dei mest sårbare u-landa blir gitt prioritet og får effektiv og relevant støtte i tilpassingsarbeidet sitt. Eit framtidig rammeverk for tilpassing bør leggje til rette for at alle partar integrerer omsynet til effektar av klimaendringar i ordinære planleggings- og beslutningsprosessar. Semje i København er heilt avhengig av at ein løyser spørsmålet om finansiering. Sjølv om det er uvisse i utrekningane, kan en anta at kostnadene ved tilpassing vil bli på fleire 10-tals milliardar dollar årleg fram til 2040. Tilpassingstiltak og kapasitetsoppbygging i u-land for å klare ei klimaomstilling vil generelt sett ikkje kunne finansierast via marknadsmekanismar, og det er behov for auka offentleg støtte. Det same gjeld for innleiingsfasen for å stanse avskoging. I klimaforhandlingar er det derfor lagt stor vekt på å få semje om mekanismar og system for å sikre føreseieleg og tilstrekkeleg finansiering av slike klimatiltak i u-land, og for gode og effektive styrings- og forvaltningsregime for finansiell støtte.

For å sikre ei føreseieleg finansiering av nødvendige klimatiltak har Noreg i forhandlingane foreslått at ein nærare bestemt del FN-kvotar blir halden tilbake og auksjonert internasjonalt. Auksjonering av klimakvotar er relativt enkelt å administrere og vil kunne sikre betydeleg føreseieleg finansiering av nødvendige klimatiltak. Særleg vil dette kunne vere ei viktig finansieringskjelde for tilpassingstiltak til klimaendringar i u-land.

Det norske finansieringsforslaget vil kunne framskaffe betydeleg finansiering på ein effektiv og føreseieleg måte. Det er basert på prinsippet om at forureinar betaler, fordi det er rike industriland som vil trenge utsleppskvotane.

Å bruke polarområda til å forske på og overvake klimaendringar og spreie informasjon er òg ein viktig del av den internasjonale strategien. Klimaprosessane i Arktis påvirkar klimaet blant anna gjennom smelting av havis og tining av permafrost, noko som kan føre til vippepunkt i klimautviklinga og gi store utslag på temperaturauken. Arktiske strok er òg særleg sårbare for klimaendringar fordi temperaturauken i desse områda er det dobbelte av det globale gjennomsnittet, og ein ser tidlege effektar av klimaendringane. Polarområde er slik sett både laboratorium og utstillingsvindauge for klimaendringar.

Regjeringens klima- og skogprosjekt

Situasjonsbeskriving

Nesten ein femdel av globale utslepp av klimagassar kjem no frå avskoging og forringing av skog i utviklingsland. Utan ei omfattende satsing på å redusere avskoging globalt, vil målet om maksimalt to graders temperaturauke bli svært vanskeleg å nå. Ei rekkje analysar tilseier òg at redusert avskoging er eit relativt kostnadseffektivt verkemiddel for å redusere utslepp. Innsats for å redusere klimagassutslepp frå avskogning og forringing av skog i utviklingsland har vidare eit stort potensial for å medverke til berekraftig økonomisk og sosial utvikling, og positive effektar knytta til vern av biologisk mangfald og vassressursforvaltning.

Statsminister Stoltenberg lanserte derfor under klimapartsmøtet på Bali i desember 2007 eit initiativ for tiltak mot klimagassutslepp frå avskoging og skogforringing i utviklingsland. Noreg er budd på å trappe opp innsatsen for tiltak mot klimagassutslepp frå avskoging og skogforringing i utviklingsland til inntil tre mrd. kroner årleg. Regjeringas klima- og skogprosjekt vart etablert i Miljøverndepartementet våren 2008, og har fått ansvaret for å implementere initiativet i nært samarbeid med andre berørte departement.

For å kunne lykkast i klima- og skogsatsinga er det viktig med eit breitt internasjonalt samarbeid. Det er ei målsetjing for den norske innsatsen å medverke til koordinering og å vere ein katalysator for at andre givarland og aktørar aukar si støtte.

Innsatsen mot avskoging og skogforringing i utviklingsland inneber betydeleg risiko. Dei gjenverande store skogområda ligg i nokre av verdas mest utfordrande område å arbeide i – under dette Amazonas, Kongo-bassenget og Sørøst-Asia. Utfordringane er mange og varierte, blant anna i forhold til styresett og korrupsjon. Sterke internasjonale kommersielle aktørar er aktivt involverte i avskogning og mange av dei relevante landa er eller har vore i konflikt.

For ein meir utdjupande gjennomgang av bakgrunnen for klima- og skogprosjektet, og mål, strategiar og risikoar, viser ein til Miljøverndepartementets St.prp. nr. 1 (2008-2009).

Mål

Rasjonalet bak innsatsen mot avskogning og skogforringing i utviklingsland er å medverke substansielt til kampen mot global oppvarming. Klimamåla vil derfor vere avgjerande for vedtak om igangsetjing, vidareføring, terminering eller endring av støtte. Å medverke til berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk. I tillegg til klimamåla er dette derfor eit naturleg overordna mål for innsatsen. I arbeidet for å nå dei ulike måla er det ei målsetjing at klimapolitikken og utviklingspolitikken skal underbyggje kvarandre. Løyvinga skal nyttast til å støtte tiltak i tråd med målsetjingane for satsinga:

  • Medverke til at utslepp frå avskoging og skogforringing i utviklingsland (REDD) blir omfatta av ei ny internasjonal klimaavtale.

  • Medverke til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og skogforringing i utviklingsland.

  • Medverke til å ta vare på naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon.

Rapport 2008

Initiativet under regjeringas klima- og skogsatsing blei i 2008 finansiert frå ulike postar i UDs budsjett. Det bei brukt om lag 280 mill. kroner til denne satsinga.

I tråd med Stortingets føresetnader for satsinga har mykje av arbeidet vore retta mot etablering av tilfredsstillande mekanismar som kan handtere store overføringar til skogtiltak på ein betryggande måte. Det sentrale verkemiddelet har vore å medverke til å få på plass ein multilateral arkitektur for den samla internasjonale REDD-innsatsen. Dette har vore viktig både for å sikre gode kanalar for den norske innsatsen, men òg for å gjere det lettare for andre land å medverke på området. Den multilaterale innsatsen var i 2008 kanalisert gjennom tre hovudkanalar:

  • Oppretting av FNs program for reduserte utslepp frå avskoging og skogforringing (UN-REDD Programme, eit samarbeid mellom FAO, UNDP og UNEP). Løyvinga var 65 mill. kroner i 2008.

  • Verdsbankens skogfasilitet (FCPF) vart støtta med 32 mill. kroner.

  • Det vart overført 80 mill. kroner til den afrikanske utviklingsbanken som støtte til Congo Basin Forest Fund og deira aktivitetar i Kongobassenglanda.

Både UNREDD Programme og FCPF har starta opp til nasjonalt REDD-arbeid i samarbeidslanda. Nærare 40 land er no i gang med å utarbeide nasjonale REDD-strategiar. Satsing både i breidda og djupna i utvalde land er viktig for å oppnå kostnadseffektive, tidlege og målbare utsleppsreduksjonar, og for å ta vare på det biologiske mangfaldet i skogane og livsgrunnlaget for menneska. Dette medverkar samtidig til å gi samarbeidslanda incentiv til å arbeide for at ein skogmekanisme blir inkludert i eit nytt internasjonalt klimaregime under klimakonvensjonen (UNFCCC). Den kunnskapen som blir akkumulert i pilotfasen vil òg vere nyttig for utforming av ein slik mekanisme.

Norad forvalta 10 mill. kroner til norske og internasjonale frivillige organisasjonar og utgreiingsinstitusjonar. Hovuddelen av dette arbeidet fokuserte på analyse- og policyutvikling retta mot å få etablert ein skogmekanisme.

Det vart i 2008 arbeidd aktivt frå klima- og skogprosjektet si side med å få på plass eit djupt-gripande samarbeid med Brasil. Brasil er ikkje berre det viktigaste skoglandet i verda, med omkring ein tredel av den gjenverande regnskogen i verda, men er òg det utviklingslandet som har komme lengst i arbeidet mot avskoging.

Samarbeidet vart formalisert gjennom eit Memorandum of Understanding som vart signert under statsminister Jens Stoltenbergs besøk i Brasil i september 2008. Samarbeidet innan klima og skog består av tre hovudpilarar:

  • Ein systematisk klimapolitisk dialog, fokusert spesielt mot klimaforhandlingane

  • Vitskapleg samarbeid knytt til måling, rapportering og verifisering (MRV) av klimagassutslepp frå avskoging og skogforringing.

  • Norsk støtte til Amazonas-fondet

Amazonas-fondet er eit banebrytande initiativ frå Brasil for å sikre vern og berekraftig bruk av den brasilianske delen av skogområda i Amazonasregionen. Det vil bli gjennomført resultatbaserte overføringar til Brasil i forhold til oppnådde utsleppsreduksjonar ved redusert avskoging. Overvaking av arealbruk skjer ved hjelp av satellittar. Inntil 20 pst. av midlane i fondet kan bli brukt på å utvikle system for overvaking og kontroll av avskoging i andre tropiske skogland eller i brasiliansk skog utanfor Amazonas. 100 mill. kroner var planlagt utbetalt til Amazonas-fondet i 2008, men desse vart overførte til 2009 fordi det har tatt tid å gjøre fondet operativt.

Måling, rapportering og verifisering (MRV). Det er sett i verk omfattande arbeid for å medverke til metodeutvikling og innføring av systemer for måling, rapportering og verifisering (MRV) av karbonutslepp frå avskoging og skogforringing. Sjølv om det framleis står att arbeid med metodeutvikling for måling, rapportering og verifisering (MRV), er det no ei generell oppfatning at denne utfordringa let seg løyse. Dette har vore ei svært positiv utvikling sidan oppstarten av klima- og skogprosjektet. Eit hovudfokus for prosjektet vidare blir å medverke til utvikling av nasjonale MRV-system i pilotland.

Budsjett 2010

For 2010 er det føreslått løyvd 2,1 mrd. kroner (inkl. drift). Førebels er løyvinga føreslått fordelt på følgjande tiltak og kanalar:

  • Multilateral innsats vil i hovudsak blir kanalisert gjennom FN, Verdsbanken og Afrikabanken. Denne støtta vil gå til utvikling og implementering av nasjonale REDD-planar, inkludert ein utvida innsats for nasjonale MRV-system, og støtte til pilotprosjekt i felt. Det vil òg bli nytta midlar til styrkt internasjonal samordning av satellittbasert overvaking av avskoging og skogforringing gjennom Group on Earth Observations (GEO) og Norsk Romsenter.

  • Støtta til Brasil vil bli kanalisert gjennom den brasilianske utviklingsbanken til Amazonas-fondet. Endeleg sum vil – i tråd med den resultatbaserte tilnærminga til samarbeidet – blir fastsett når resultata for avskogingsreduksjonar 2008-2009 blir offentliggjort mot slutten av 2009.

  • Den bilaterale støtta til Tanzania er planlagt brukt til gjennomføring av nasjonal REDD-strategi, pilotprosjekt for å samle meir kunnskap og erfaring og støtte til forsking og lokale frivillige organisasjonar.

  • Støtta til Guyana vil vere resultatbasert og storleiken på beløpet vil avhenge av kor godt Guyana oppfyller dei måla og indikatorane som det er semje om mellom Noreg og Guyana.

  • Gjennom Norad vil det bli gitt støtte til organisasjonar i det sivile samfunnet til pilotprosjekt og metodeutvikling som kan medverke til løysingar i klimaforhandlinga og innhenting av erfaringar med REDD i felt. Innspel og kritiske korrektiv frå det sivile samfunnet kan i sin tur medverke til meir robuste nasjonale strategiar for reduserte utslepp frå avskoging og skogforringing.

  • Det vil òg bli gitt støtte til ei uavhengig evaluering som vil gå parallelt med gjennomføringa av klima- og skoginitiativet. Evalueringa vil bli styrt av Norads evalueringseining.

Innafor alle desse områda vil det bli arbeidd systematisk for å oppnå dei overordna måla med prosjektet og minimere dei skisserte risikoane, jf. Miljøverndepartementets St.prp. nr. 1 (2008-2009). I tillegg vil det bli nytta midlar over driftsbudsjettet for å støtte opp under internasjonal innsats for å etablere ein mest mogleg effektiv REDD-mekanisme under Klimakonvensjonen.

Avhengig av behov og relativ framdrift innafor dei forskjellige programma vil endeleg fordeling kunne bli noko avvikande frå dette overslaget.

Det blir vidare føreslått at det blir gitt tilsegnsfullmakt på 1,4 mrd. kroner under denne kapittelposten. Midlane kan overførast, jf. forslag til romartalsvedtak.

Boks 9.1 Klimapolitisk innsats

Norske innspel til forhandlingane om avskoging og skogforringing

Eit hovudmål med prosjektet er å medverke til at utslepp frå skog i utviklingsland blir omfatta av ei ny internasjonal klimaavtale. Noreg sendte i april 2009 inn eit posisjonsnotat til Klima-konvensjonen (UNFCCC) der hovudtrekka i ein skogmekanisme under UNFCCC vart føreslått. Noreg argumenterte der for ei brei tilnærming til skogmekanismen, det vil seie ein mekanisme som har fokus på REDD (reduserte utslepp frå avskoging og skogforringing), men som òg inkluderer incentiv til treplanting, naturleg gjenvekst og berekraftig skogforvaltning. Noreg er vidare ope for at utslepp frå jordbruksaktivitetar kan innførast i eit framtidig regime, når kapasitet for måling, rapportering og verifisering (MRV) er på plass. For å oppnå eit fleksibelt og effektivt system som tek omsyn til ulike nivå hos utviklingslanda når det gjeld kapasitet og kompetanse på området, føreslår Noreg eit incentivsystem delt opp i tre fasar:

  • I den første fasen får skogslanda støtte til å få på plass ein nasjonal strategi for reduserte utslepp frå avskoging og skogforringing, til konsultasjonar og til analysar av dei viktigaste drivarane av avskoging i landet.

  • I den andre fasen vil landa bli løna anten i forhold til politiske vedtak og verkemiddel som blir tekne i bruk for å redusere avskoginga, eller basert på indikatorar for den faktiske utviklinga i avskogings- og degraderingsratane.

  • I den tredje fasen vil landa berre bli løna for faktiske utsleppsreduksjonar, som er overvaka, rapporterte og verifiserte etter internasjonale standardar.

Det vil bli lagt vekt på at det skal løne seg å komme til neste fase; godtgjeringa blir ikkje berre auka i takt med oppnådde resultat, men òg i takt med betra kvalitet på MRV-målingene. Denne tilnærminga byggjer på erfaring frå prosjekt støtta gjennom det norske klima- og skoginitiativet (slik som Amazonas-fondet).

Noreg har òg sendt inn eit heilskapleg forslag til avtaletekst om ein slik skogmekanisme til Klimakonvensjonen.

I kjølvatnet av eit uformelt toppmøte i samband med G20-møtet i april 2009, vart det etablert ei uformell arbeidsgruppe. Gruppa sitt mandat er blant anna å komme med tilrådingar til forhandlingsprosessen fram til klimatoppmøtet i København (COP 15) når det gjeld ei interimløysing for finansiering av reduserte utslepp frå avskoging og skogforringing i utviklingsland i perioden inntil ein eventuell skogsmekanisme under UNFCCC trer i kraft. Ei slik mellomfinansiering er av stor betydning for å vise utviklingslanda at det er ein reell vilje til å støtte arbeidet deira for vern av skog og ei berekraftig skogforvaltning, og å redusere store skogrelaterte utslepp inntil ein klimaavtale er på plass. Noreg vart tildelt sekretariatsansvaret for gruppa, der alle viktige givarland og skogland er med.

Tilpassing til klimaendringar

Tabell 9.7 Mål og resultatindikatorar resultatområde 4 underområde 1 klimaendringar – Tilpassing til klimaendringane

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.1.5. Bidra til å gjere samfunnet mindre sårbart for klimaendringer og bidra til å styrkje Noregs tilpassingsevne.

4.1.5.1. Kartleggje kor klimasårbart Noreg er og innarbeide omsynet til klimaendringane i samfunnsplanlegginga.

Bidra til gode rammevilkår for den offentlege utgreiinga om klimatilpasning.

4.1.5.2 Få fram meir kunnskap om klimaendringane og klimatilpassing.

Fremje omsynet til klimaendringane i samfunnsplanlegginga.

Utvikle og leggje til rette kunnskap om klimaendringane og effektar i Noreg og ivareta omsynet til klimatilpassing i dei aktuelle forskingsprogramma.

4.1.5.3 Stimulere samordning, informasjon og kompetanseutvikling.

Styrkje samordningsrolla til Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og utvikle videre nettportalen Klimatilpassing Noreg.

Statusbeskriving

Konsekvensane av klimaendringane vil bli størst i utviklingsland, og sårbare regionar har store utfordringar knytte til eit endra klima. Sjølv om vi har høge ambisjonar om utsleppskutt er det nødvendig å vere førebudde på konsekvensane av klimaendringane også i Noreg. På fleire samfunnsområde er ein allereie i gang med eit arbeid for tilpassing til klimaendringane.

Det overordna målet er å gjere samfunnet mindre sårbart for klimaendringane, og bidra til å styrkje Noregs tilpassingsevne.

Arbeidsmål 4.1.5.1. Kartleggje kor klimasårbart Noreg er og innarbeide omsynet til klimaendringane i samfunnsplanlegginga

Regjeringa oppnemde eit utval i desember 2008 for å utgreie kor stor risiko klimaendringane representerer for natur og samfunn, og gjere greie for kva samfunnsområde som er mest utsette. Utvalet skal levere rapporten sin innan 1. november 2010. Parallelt med utgreiinga er det viktig at styresmakter og næringsliv tek omsyn til klimaendringane i samfunnsplanlegginga på dei mest utsette områda. Departementa og andre styresmakter har ansvar for å innarbeide omsynet til klimaendringane på berørte fagområde.

Klimatilpassing i miljøvernforvaltninga

Klimaendringane får store konsekvensar for miljøvernforvaltninga. Havforsuring som følgje av at havet tek opp CO2 frå atmosfæren kan bli ein av dei største truslane mot livet i havet. Aukande sjøtemperatur vil påverke økosystema. Endringar i nedbørsmønsteret påverkar forureiningssituasjonen, med auka tilførsel av miljøgifter, partiklar og næringssalt til mange vassdrag og sjøar. Direktoratet for naturforvaltning, Statens strålevern og Statens forureiningstilsyn følgjer derfor utviklinga nøye, blant anna ved å tilpasse og auke miljøovervakinga. Formålet er å fange opp uheldige endringar så tidleg som mogleg, og setje i gang tilpassingstiltak der det er nødvendig. Innafor avløpssektoren har Statens forureiningstilsyn tidlegare utgitt ein rettleiar om korleis kommunar og andre med ansvar på dette området kan innarbeide omsynet til klimaendringane.

Direktoratet for naturforvaltning har i fleire år arbeidd aktivt med å kartleggje effektane av klimaendringane på økosystem, biologisk mangfald, friluftsliv og landskap. I ei eiga utgreiing som vart gjennomført i 2006 er det blant anna framheva at forskyvinga av klimasoner nordover og oppover i fjellet gir press på fjellhabitat. Framande arter som tidlegare ikkje kunne overleve kalde vintrar i Noreg, vil lettare etablere seg. Kulturlandskap gror igjen raskare i mange område, og friluftslivet blir påverka blant anna når snøsesongen blir kortare. Ei rekkje tiltak samfunnet set inn for å møte klimaendringane kan òg skape utfordringar, for eksempel press på naturen ved utbygging av bioenergi, vind- og vasskraft for å auke produksjonen av fornybar energi.

Direktoratet for naturforvaltning utarbeidde i 2006-2007 ein rapport der dei viktigaste fagområda vart gjennomgått for å identifisere aktuelle tilpassingstiltak. Som følgje av denne gjennomgangen blir klimaomsynet no lagt vekt på blant anna ved vurdering av verneområde, nedkjemping av framande arter, skjøtselstiltak i kulturlandskap og i arbeidet med EUs vassdirektiv. Klimaendringane skaper òg utfordringar i forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø. Bygningar, arkeologiske kulturminne og landskap blir påverka av endra klimaforhold, og indirekte verknader kan òg bli betydelege som følgje av endra samfunnsutvikling og klimarelaterte tiltak i andre sektorar.

Det er venta at klimaendringane vil føre til at nedbrytinga av kulturminna går raskare. Varme og fukt stimulerer biologiske og kjemiske nedbrytingsprosessar og medfører auka risiko for råteskade på trebygningar. Om lag 80 pst. av den freda bygningsmassen er bygd i tre. Mange kulturminne vil òg vere utsette for ekstreme vêrhendingar som storm og flaum. På Svalbard vil tining av permafrosten skape utfordringar. Klimaendringane vil dermed kunne gi auka tap av kulturminne og kulturmiljø og større skadar. Når klimaet endrar seg blir òg bevaringsforholda endra, og forvaltninga må tilpassast desse endringane. Behovet for vedlikehald og istandsetjing av kulturminne vil auke.

Kulturminna er òg ei kjelde til kunnskap, om korleis klimaet har påverka byggjeskikkar i ulike delar av landet, og korleis ulike byggjeskikkar har takla store naturlege klimavariasjonar langt tilbake i tid. Denne kunnskapen er ein viktig ressurs som bør bringast inn i arbeidet med å finne gode løysingar for tilpassing til klimaendringar i framtida.

Klimaendringar vil kunne føre til meir ekstremvêr, noko som kan påverke stabiliteten til industrielle og nukleære anlegg i nordområda, f. eks. kjernekraftverk og lager for radioaktivt avfall. Det er derfor viktig å vurdere tiltak ved kjelder til potensiell radioaktiv forureining for å motverke uheldige konsekvensar av klimaendringar. Bresmelting i Arktis vil auke tilførsla av radioaktiv forureining, då breane inneheld radioaktive stoff frå tidlegare atmosfærisk forureining. Smelting av permafrost vil òg kunne føre til auka utstrøyming av radon, noko som medfører strålingsrisiko for menneske og miljø. Dette gir utfordringar for miljøforvaltninga. Det er viktig at den vitskapelege basisen for forvaltninga er oppdatert på den innverknaden klimaendringane har på økosystema.

Boks 9.2

Norsk polarinstitutt har store delar av verksemda si retta mot å kartleggje klimaendringane og konsekvensane av oppvarminga i Arktis. Den kunnskapen instituttet produserer spelar ei avgjerande rolle i forståinga av klimaendringane og korleis desse verkar på økosystema og istilhøva i nordområda og i Antarktis.

Det overordna målet er at omsynet til klimaendringane blir ein naturleg del av miljøvernforvaltninga sitt arbeid. Det inneber:

  • å beskrive konsekvensane av klimaendringane og kartleggje dei mest berørte fagområda

  • identifisere tilpassingstiltak som medverkar til at miljøvernforvaltninga når målsetjingane på prioriterte område innafor naturvern, redusert forureining og kulturminnevern.

For dei berørte fagområda må det vurderast konkrete tiltak for å motverke negative effektar av klimaendringane, og utnytte eventuelle moglegheiter.

Klimatilpassing er ei gjennomgripande utfordring som rammar på tvers av fagområde og tradisjonelle organisasjonsmessige skiljelinjer. Interne nettverk for dei som arbeider med tilpassing i ulike delar av verksemda kan derfor vere verdifulle, for å sikre erfaringsutveksling og eit fagleg miljø omkring dei utfordringane som er felles.

Arbeidsmål 4.1.5.2 Få fram meir kunnskap om klimaendringane og klimatilpassing

Norklima er Forskingsrådet sitt sentrale program for klimaforskinga. Programmet fokuserer blant anna på effektar og tilpassing til klimaendringane. Forskingsmiljøa spelar ei viktig rolle for å få fram ny kunnskap om korleis kliamendringane påverkar samfunnet, og korleis samfunnet bør innrettast i framtida for å ta omsyn til klimaendringane.

Som ledd i tilpassingsutvalet sitt arbeid er det innhenta ei oppdatert oversikt over venta klimaendringar i Noreg dette århundret. Rapporten er utarbeidd av Norsk klimasenter, som er eit samarbeid mellom fleire institutt med klimakompetanse på ulike område. Samarbeidet er leia av Meteorologisk institutt. Det er òg innhenta ei oppdatert oversikt over resultat frå klimaforskinga som er relevant for utvalet. Rapporten vart lagt fram i august og er laga i samarbeid mellom CICERO, ECON Pöyri og Vestlandsforsking.

Arbeidsmål 4.1.5.3 Stimulere samordning, informasjon og kompetanseutvikling

Regjeringa har styrkt klimatilpassingsarbeidet. I 2007 vart det etablert ei koordineringsgruppe på departementsnivå for å ivareta dei tverrsektorielle oppgåvene i Noregs arbeid med kartlegging av sårbarheit og tilpassing til klimaendringar, jf. Stortingets oppmoding. Justisdepartementet har stilt Direktoratet for samfunnssikkerhet- og beredskap til disposisjon som sekretariat for den nasjonale koordineringsgruppa for arbeidet med klimatilpassing som er leia av Miljøverndepartementet. Sekretariatet bidreg med å skaffe oversikt over status for klimatilpassing, informasjons- og kunnskapsutveksling og kompetanseutvikling. I 2008 la Regjeringa fram ei utgreiing om hovudlinjer i arbeidet med tilpassing til klimaendringane. I 2008 vart òg arbeidet med klimatilpassing i programmet «Framtidens byer» knytt til klimatilpassingssekretariatet. Nettportalen www.klimatilpasning.no vart lansert våren 2009 og skal òg driftast av sekretariatet. Portalen skal vere eit verktøy for dei som arbeider med eller er interesserte i klimatilpassing og skal bidra med informasjon om effektar og konsekvensar av klimaendringene, med konkrete råd og eksempel på klimatilpassingstiltak.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 4, underområdet 1 Klimaendringar, blir dekt over kap. 1400, kap. 1410, kap. 1441 og kap. 1471. CO2-avgifta og kvotesystemet dekkjer over 70 pst. av klimagassutsleppa frå Noreg. Ein viser til Finansdepartementets avgiftsproposisjon for eit nærare oversyn over satsane for CO2-avgifta. F.o.m. 2005 har Noreg og EU oppretta klimakvotesystem. Desse er kopla saman frå og med 2008 fordi EUs kvotedirektiv vart innlemma i EØS-avtala. Det er no høve til å overføre kvotar frå Noreg til EU (og den andre vegen) og kvoteregistra er fullt etablerte både i EU og i Noreg.

Klimakvotelova er eit viktig verkemiddel for å redusere utsleppa. Frå 2008 vart lova utvida slik at omfanget vart tre gonger så stort som tidlegare. Det omfattar blant anna petroleumsverksemda på norsk sokkel og store delar av fastlandsindustrien. Utslepp av lystgass (N2O) i samband med produksjon av mineralgjødsel vart inkludert i kvotesystemet med verknad frå 1. juli 2008. Dette gjeld i praksis Yaras to anlegg for produksjon av salpetersyre i Noreg. Om lag 36 pst. av dei norske klimagassutsleppa var kvotepliktige i 2008.

Regjeringa legg vekt på å følgje opp alle punkta i klimaforliket som regjeringspartia inngjekk med Høgre, Kristeleg folkeparti og Venstre i 2008 (Innst. S. nr. 145 (2007-2008)). Regjeringa har lagt om avgiftssystemet slik at bilar med lite CO2-utslepp blir billegare, og bilar med høge utslepp dyrare, den har dobla påskjøningsordninga for kollektivtrafikken, den har auka investeringane i jernbane. Vidare har Regjeringa tredobla innsatsen knytt til forsking på fornybar energi og den brukar i år nærare 2,6 mrd. kroner på arbeidet med energieffektivisering, fornybar varmeproduksjon og vindkraftutbygging. Dette er over tre gonger så mykje som Enova disponerte i 2005.

Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og vere verdsleiande innafor utviklinga av miljøvennleg energi. I Soria Moria-erklæringa har regjeringspartia slege fast at energipolitikken skal byggje på at miljømåla vil bestemme produksjonsmoglegheitene, og at det er nødvendig å føre ein aktiv politikk for å avgrense veksten i energibruken. Regjeringa vil fortsetje satsinga på fornybar energi og energisparing ved å ta i bruk ulike verkemiddel. Både kvotesystemet, skatte- og avgiftssystemet, rådgiving og støtte til prosjekt og andre tiltak gjennom Energifondet er viktige verkemiddel for å realisere regjeringas klimapolitikk.

Eit anna viktig område er satsinga på fangst og lagring av CO2. Ein viser elles til omtalen av dette i St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Olje- og energidepartementet. Miljøverndepartementet inngjekk i 2002 ei avtale med elektrobransjen om reduserte utslepp av SF6. Det er innført ei avgift på produksjon og import av HFK og PFK. Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta. Avgifta er supplert med ei refusjonsordning for brukt HFK og PFK som blir levert inn til destruksjon. Avgifta og refusjonsordninga skal saman bidra til å motverke at ozonreduserande gassar som blir fasa ut blir erstatta av klimagassane HFK og PFK, i staden for meir miljøvennlege alternativ. Sjå òg omtale under kapittel 1441 post 76 Refusjonsordningar.

EU vedtok i 2006 forordning (EF) nr. 842/2006 (F-gassforordninga) som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til blant anna lekkasjetesting og kvalifikasjonar til teknisk personell. Tre av underforordningane – (EF) nr. 303/2008, 305/2008, 307/2008, stiller krav til sertifisering av personell og bedrifter og etablering av ei sertifiseringsordning med tilhøyrande sertifiseringsorgan. Som ei følgje av EØS-avtala må alle desse forordningane òg implementerast i Noreg. Forskrift om dette vil bli sendt på høyring om kort tid. Formålet er å redusere utslepp av klimagassane HFK, PFK og SF6.

Vegtrafikk er ein av dei store bidragsytarane til norske utslepp av klimagassar. Utan nye tiltak er det venta sterk vekst i CO2-utsleppa frå vegtrafikken. Biodrivstoff kan medverke til å få ned desse utsleppa. Samtidig held Regjeringa oppe fokus på å få ned trafikkveksten, på meir kollektivtrafikk, på drivstoffgjerrige bilar, på alternative motorteknologiar, og på dei som syklar og går. Det er fastsett forskriftskrav om at minimum 2,5 volumprosent av årleg omsett volum drivstoff til vegtrafikken skal bestå av biodrivstoff frå 1. april 2009, saman med rapporteringskrav. Samtidig er det lagt opp til å innføre omsetningskrav på 5 pst. frå midten av 2010, etter ei nærare vurdering av klimaeffekten av biodrivstoff, vidare utvikling av EUs berekraftskriterium og utviklinga i politikken i andre land på området. Det er òg teke sikte på å innføre konkrete berekraftskriterium for biodrivstoff frå midten av 2010. Regjeringa ønskjer å samarbeide med EU, internasjonale organisasjonar og drivstoffbransjen for å få på plass ordningar for å fremje berekraftig produksjon og import av biodrivstoff. Regjeringa har bl.a. drive aktiv påverknad inn i EU-systemet i samband med systemet for berekraftig biodrivstoff som vart utarbeidd i tilknyting til EUs direktiv om auka bruk av fornybar energi (dir. 2009/28/EF). Aktuelle etatar og fagmiljø har starta arbeidet med å utarbeide grunnlagsmateriale og forslag til ein strategi for auka FoU på andre generasjons biodrivstoff, inkludert demonstrasjonsprosjekt. Ein slik strategi kan ventast fastsett i løpet av 2010.

Vi viser elles til omtale om biodrivstoff i kapitla 8.3 og 9.2.2 i klimameldinga (St.meld. nr. 34 (2006-2007)) og i klimaforliket.

Miljøverndepartementet inngjekk i september ei avtale med Norsk Industri om utsleppsreduksjonar for ikkje kvotepliktig industri. Avtala inneber at dei verksemdene som er omfatta ikkje skal sleppe ut meir enn 6,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar pr. år i perioden 2008-2012.

Regjeringa la i september fram ei statleg planretningslinje for kommunal klima- og energiplanlegging. Denne gir signal om at kommunane i sine kommuneplanar, eller eventuelt i eigen kommunedelplan, skal planleggje for reduksjonar i klimagassutslepp, energieffektivisering og miljøvennleg energiomlegging. Fylkeskommunen skal òg gjere denne type planlegging innafor sitt ansvars- og påverknadsfelt. Planretningslinja inneheld statlege forventningar til kva planar som omhandlar klima- og energispørsmål bør innehalde (blant anna i forhold til målsetjing, tiltak og verkemiddel). Det er kommunen sjølv som set mål og bestemmer tiltak/verkemiddel basert på kva som er kostnadseffektivt og føremålstenleg for den enkelte kommunen. Kommunane vel sjølve om dei ønskjer å integrere klima- og energiplanlegging i det pågåande kommuneplanarbeidet eller utarbeide eigen kommunedelplan (som skal inngå i kommuneplanen).

Landbruks- og matdepartementet la fram ei ny stortingsmelding om landbruk og klimautfordringane før sommaren. Meldinga drøftar tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar frå landbruket, og omtaler potensialet for auka opptak av CO2 og binding av karbon i skog og jord. Konsekvensane av klimaendringar for landbruket, og tilpassingsbehov framover er òg viktige tema.

Regjeringa går inn for å styrkje klimarelatert forsking, og vil prioritere overvaking av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringar i nordområda.

Ved å satse på utvikling av ny kunnskap og teknologi kan det vi gjer nasjonalt få betydning langt ut over Noregs grenser. Klimautfordringa er så kompleks at det trengst ny kunnskap på mange område. Vi bør dessutan ha kunnskapsberedskap for problem og løysingar som vi ikkje har oversyn over i dag. Betre kunnskap om årsaker til og verknader av klimaproblemet vil vere eit viktig grunnlag for framtidige klimaforhandlingar, og utgjere ein fagleg basis for politiske avgjersler om nødvendige utsleppsreduksjonar. Utvikling av ny teknologi for produksjon og bruk av energi er vidare ein svært viktig del av arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar nasjonalt og internasjonalt. Klima- og miljøforsking er òg høgt prioritert internasjonalt, både i enkeltland og innafor større samarbeidsarenaer.

Forsking på klimasystemet og klimaendringar står sentralt for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for prognosar om framtidige klimaendringar og effektar av desse. Men klimarelevant forsking omfattar langt meir: Forsking og utvikling av klimavennleg teknologi, særlig relatert til fornybar energi og energieffektivisering, samfunnsmessig forsking knytt til verkemiddel og tiltak, og forsking på kor sårbart samfunnet er for klimaendringar og behov for tilpassing til dei, er alle eksempel på felt av vesentleg betydning for å sikre ein kunnskapsbasert klimapolitikk. Dette inkluderer forsking på utviklingstrendar i samfunnet med omsyn til bl.a. befolkning, teknologisk nivå og ressursforbruk og korleis desse trendane fører til endring i utslepp av klimagassar. Det er dessutan viktig å få kunnskap om kva slag politikk som kan gi optimale løysingar for å møte dei klimaendringane som uansett vil komme. Vidare er det behov for auka kunnskap om klimatilpassingstiltak og sårbarheit i utviklingsland.

For at forskingsresultata skal kunne komme til nytte, er det viktig at resultata blir formidla vidare til styresmakter, politikarar, næringsliv og allmenta elles. Regjeringa understrekar at styrkt formidling av informasjon på klimaområdet vil vere ei sentral oppgåve framover, og at alle FoU-miljø som arbeider med klimarelevant forsking bør leggje vekt på formidling av resultat.

Som eit ledd i oppfølging av Klimaforliket foreslår Regjeringa vidare å løyve 50 mill. kroner til annan klimaforsking. Løyvinga skal gå til etablering av eit senter for klimaforsking i Bergen (20 mill. kroner), styrking av forskingsprogrammet NORKLIMA (23 mill. kroner), norsk deltaking i nordisk toppforskingsprogram og sekretariat for Klima21 (7 mill. kroner). Senter for klimaforsking skal byggje på den internasjonalt anerkjende kompetansen som er bygd opp i Bergen. Regjeringa vil at senteret skal vere eit tungt kunnskapsmiljø for forståing av klimaendringar, modellering av klimaendringar og sikrare kunnskap om moglege framtidssituasjonar regionalt og globalt. Senteret skal vere ein aktiv deltakar i internasjonalt samarbeid og bidra i FNs klimapanel. NORKLIMA er eit stort program i Forskingsrådet og har som mål å utvikle kunnskap om klimasystemet, klimautvikling og effektar av klimaendringar på natur og samfunn. Auken vil mellom anna bidra til ei styrking av samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking. Løyvinga på 23 mill. kroner vil gå over budsjetta til Miljøverndepartementet (14 mill. kroner), Kunnskapsdepartementet (4 mill. kroner), Landbruks- og matdepartementet (3 mill. kroner) og Samferdsledepartementet (2 mill. kroner).

For å sikre best mogleg utnytting av ressursane som blir brukte på klimaforskinga har Regjeringa sett ned ei styringsgruppe kalla Klima21. Styringsgruppa er breitt samansett med representantar for både forskingsmiljø, miljøorganisasjonar, offentlege etatar og næringsliv. Gruppa skal blant anna bidra til utviklinga av ein heilskapleg strategi for norsk klimaforsking. Klima21 skal òg vere ein pådrivar for at forskingsresultat blir formidla og tekne i bruk. Klima21 vil leggje fram sin rapport i desember 2009.

Som eit ledd i å styrkje formidling av informasjon og kunnskap om klima har Regjeringa sett i gang klimakampanjen Klimaløftet. Klimaløftet skal gjennom mange ulike tiltak bidra til auka klimakunnskap i befolkninga. Eit siktemål er å stimulere til meir klimavenleg åtferd.

Klimaløftet har lagt særleg vekt på å styrkje kunnskapsformidlinga om klimautfordringane, blant anna gjennom å satsa på føredragskonsept som har turnert over heile landet. Ei særskilt satsing har vore gjort mot skular, høgskular og universitet.

I 2009 er føredraga Kalde Fakta, Klima på vippepunktet og lærarkurset Klimaklok haldne landet rundt. Desse er retta mot elevar, studentar og lærarar i heile utdanningstrinnet frå ungdomsskule til vidaregåande, høgskular og universitet. Kurset Klimaklok er eit kurs retta mot lærarar i ungdomstrinnet og vidaregåande skule for å auka deira kompetanse om klima og for å gi dei nye verktøy til bruk i undervisninga. Klimaløftet har òg vore med og utvikle nye pedagogiske verktøy i samarbeid med Naturfagsenteret.

Klimaløftet legg vekt på å bruke eit breitt spekter av kommunikasjonstiltak- og former for å formidle kunnskap om klima på ein pedagogisk og engasjerande måte. Klimaløftet samarbeider med og yter økonomisk støtte til ei rekkje aktørar, som næringsliv, frivillige organisasjonar, kommunar, offentlege styresmakter og forskingsmiljø for å sikre at tiltaka når betre ut til folk flest. Informasjonen skal gi folk eit heilskapleg perspektiv på klimautfordringane. Kampanjens eiga nettside www.klimaløftet.no er det sentrale navet i alle kommunikasjonstiltaka.

Klimaløftet har òg teke i bruk massekommunikasjon for å auke engasjementet om klimasaka. I 2009 vart det gjennomført ein særskilt kampanje om energiøkonomisering retta mot hushalda. Denne vart gjennomført i samarbeid med Enova.

Praktiske råd til befolkninga som klimaklubben, klimakalkulator, energiråd og miljømerking skal vidareførast i 2010.

Resultatområde 4 – underområde 2 Nedbryting av ozonlaget

Strategisk mål

Alt forbruk av ozonreduserande stoff skal stansast i tråd med Montrealprotokollen.

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av alle ozonreduserande stoff, bl.a. klorfluorkarbon (KFK), hydroklorfluorkarbon (HKFK), metylbromid og halon. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Montrealprotokollen.

Tabell 9.8 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 2 Nedbryting av ozonlaget

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.2.1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.

Status i det internasjonale arbeidet:

- talet på land som har ratifisert og følgjer opp dei ulike endringane av protokollen.

- landa si oppfølging av forpliktingane sine.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 4.2.1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.

Internasjonalt er ei av hovudutfordringane å leggje forholda til rette for at utviklingslanda kan bli i stand til å oppfylle forpliktingane sine under Montrealprotokollen. Ei anna hovudutfordring internasjonalt er å utvikle vidare regelverket for å sikre at mål og forpliktingar i protokollen blir effektivt oppfylte.

195 land (av totalt 196 medlemsland) har ratifisert Wienkonvensjonen og Montrealprotokollen. Tabellen nedanfor viser talet på land som har ratifisert dei ulike endringane i protokollen.

Tabell 9.9 Tabell

Talet på land som har ratifisert

Wienkonvensjonen (1988)

195

Montrealprotokollen (1988)

195

London-endring (1992)

192

København-endring (1994)

188

Montreal-endring (1999)

173

Peking-endring (2002)

154

Over 90 pst. av landa oppfyller forpliktingane sine i protokollen. Det er etablert eit non-compliance-regime, som har gjort at 25 land som ikkje oppfylte forpliktingane sine, med bistand frå dette regimet har klart å overhalde forpliktingane sine igjen.

Tabell 9.10 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 2 Nedbryting av ozonlaget

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.2.2. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromflu orkarbon (HBFK).

4.2.2.1. Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK.

Reell reduksjon i bruk av KFK og halon.

4.2.3. Forbruket av hydroklorfluor-karbon (HKFK) skal vere stabilisert frå 1995 og vere fasa ut innan 2010.

4.2.3.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

4.2.4. Forbruket av metylbromid skal vere stabilisert frå 1995 og vere fasa ut innan 2005.

4.2.4.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozonforordninga frå EU.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av metylbromid.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 4.2.2.1 Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK.

Arbeidsmål 4.2.3.1 Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU.

Arbeidsmål 4.2.4.1 Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozonforordninga frå EU.

Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) nr. 2037/2000), som for enkelte stoff set strengare mål for utfasing enn Montrealprotokollen. For metylbromid er EUs delmål at bruken skal reduserast med 75 pst. i høve til 1991-nivå innan 1. januar 2003 og 100 pst. innan 1. januar 2005. Bruken av HKFK skal reduserast med 70 pst. i høve til eit nytt basisnivå (som er lik HKFK-bruken i 1989 pluss 2 pst. av KFK-bruken i 1989) innan 1. januar 2004, 75 pst. innan 1. januar 2008 og 100 pst. innan 1. januar 2010.

Noreg har ingen produksjon av ozonreduserande stoff. Dei ozonreduserande stoffa som blir brukte er importerte. Det blir importert små mengder KFK, tetraklormetan (karbontetraklorid) og 1,1,1-trikloretan (metylkloroform) til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen. Noreg oppfylte elles målet om utfasing av metylbromid innan 2005. Det er unntak for bruk av metylbromid til behandling av visse typar produkt for eksport. I 2008 vart det ikkje importert noko til dette formålet. Det vart importert vel 270 tonn HKFK i 2008, og dette er innafor utfasingsplanen.

Noreg har i mange år vore i framkant av dei internasjonale føresegnene når det gjeld reduksjon i bruken av dei ozonreduserande stoffa. Målt i ozonreduserande effekt er norsk forbruk av ozonreduserande stoff redusert med meir enn 99 pst. i perioden 1986 til 2008.

Verkemiddel

Finansiering av resultatområde 4, underområde 2 nedbryting av ozonlaget, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441.

Bakgrunnen for dei gode reduksjonsresultata for ozonreduserande stoff i Noreg er at det er teke i bruk ein kombinasjon av verkemiddel som har vore styringseffektiv. Forskrifter, informasjon, frivillige tiltak og samarbeid mellom styresmaktene og bransjane har stått sentralt. Alle dei ozonreduserande stoffa i Montrealprotokollen er regulerte gjennom forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing av bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta) kapittel 6.

Det nasjonale arbeidet er retta mot kontroll av at føresegnene blir etterlevde, og overvaking av miljøsituasjonen. Noreg har ei ordning med lisensiering for import og eksport av ozonreduserande stoff, slik det er lagt opp til under Montrealprotokollen.

Resultatområde 4 – underområde 3 Langtransporterte luftforureiningar

Strategisk mål

Utsleppa av svovel, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og ammoniakk skal reduserast, slik at påverknaden av naturen blir halden innafor kritiske belastningsgrenser (tolegrensene i naturen), og slik at mennesket si helse og miljøet ikkje tek skade, i tråd med artikkel 2 i Gøteborgprotokollen.

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar. I tillegg omfattar det arbeidet med å betre miljøtilstanden, som f.eks. kalking. Meir enn 90 pst. av nedfallet av svovel og nitrogenoksid i Noreg kjem frå kjelder utanfor landegrensene. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Konvensjonen om langtransporterte grensekryssande luftforureiningar.

Tabell 9.11 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar 1

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.3.1. Etablering av internasjonale avtaler som gir reduksjonar i utsleppa av svoveldioksid, nitrogenoksid, flyktige organiske sam bindingar og ammoniakk, slik at påverknaden av naturen blir halden innanfor kritiske belastningsgrenser (naturens tålegrense), og slik at menneskeleg helse og miljøet ikkje tek skade.

4.3.1.1. Medverke til å utvikle fagleg grunnlag for og ta initiativ til utvikling av nye internasjonale avtaler som gir utsleppsreduksjonar i samsvar med det nasjonale målet.

Del av økosystem i respektive Noreg og heile avtaleområdet som er verna mot overskriding av tolegrenser for forsuring, bakkenært ozon og overgjødsling.

1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 4.3.1.1. Medverke til å utvikle fagleg grunnlag for og ta initiativ til utvikling av nye internasjonale avtaler som gir utsleppsreduksjonar i samsvar med det nasjonale målet.

Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. Det vart i 1999 vedteke ein protokoll om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon (Gøteborgprotokollen) under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining. Protokollen tredde i kraft 17. mai 2005. 25 partar hadde ratifisert den pr. 2. septemer 2009.

Protokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Noregs plikter i høve til protokollen er reflekterte i dei nasjonale måla.

Gøteborgprotokollen inneheld ei føresegn om at partane eitt år etter at protokollen trer i kraft skal vurdere om forpliktingane er tilstrekkelege til å nå dei langsiktige måla om at forureiningane ikkje skal overstige tolegrensene i naturen for forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Det er utarbeidd ein rapport som beskriv den forventa miljøtilstanden i Europa når protokollen har full effekt frå 2010. Rapporten viser at protokollen har vore effektiv. Utsleppa er reduserte. Det er mindre fare for forsuring, overgjødsling og verknader av bakkenært ozon og partiklar. Det vil likevel vere store område i Europa som blir utsette for forureiningar som overstig kritiske belastningsgrenser òg med full effekt av protokollen. I Noreg vil vi framleis ha vesentlege overskridingar av tolegrensene for forsuring i store delar av Agder-fylka og Rogaland. I 1980 var tolegrensene for forsuring av overflatevatn overskridne på 42 pst. av arealet i Noreg, jf. ny kunnskap presentert i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Denne delen var redusert til om lag 23 pst. i 2000. Med full effekt av Gøteborgprotokollen vil område med overskridingar av tolegrenser for forsuring bli ytterlegare reduserte. Likevel er det venta at tolegrensene for forsuring av vassdrag vil vere overskridne på om lag 11 pst. av arealet i Noreg i 2010. Store avsetningar av nitrogen vil framleis vere eit problem for Europas økosystem.

Styringsorganet for Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureningar vedtok i desember 2007 å starte forhandlingar om revisjon av Gøteborgprotokollen. Ein treng omfattande fagleg kunnskap, analysar og overvaking av forureiningsbelastninga og miljøtilstanden for å utvikle effektive internasjonale avtaler som byggjer på tolegrensene i naturen og kritiske belastningsgrenser for menneskeleg helse. I 2009 har det vore arbeidd med det faglege grunnlaget for revisjon av Gøteborgprotokollen.

Tabell 9.12 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar: Utslepp av svoveldioksid (SO2)1

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindika torar

4.3.2. Dei årlege utsleppa av svovel-dioksid (SO2) skal maksimalt vere 22 000 tonn f.o.m. 2010.

4.3.2.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av svoveldioksid i samsvar med det nasjonale målet.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for utslepp av svoveldioksid (SO2) i Gøteborgprotokollen

Statusbeskriving

Arbeidsmål 4.3.2.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av svoveldioksid i samsvar med det nasjonale målet.

Det er ifølgje framskrivingane av utsleppa av svoveldioksid (SO2) rekna med at dei norske utsleppa utan nye miljøtiltak vil vere om lag 22 600 tonn i 2010. Utsleppa var 19 700 tonn i 2007, mens foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå i mai 2009 syner at utsleppa av SO2 var på 20 200 tonn i 2008. Noreg overheld den internasjonale forpliktinga i Gøteborgprotokollen for SO2 som går fram av svovelprotokollen frå 1994. Noreg overheld òg forpliktinga i Gøteborgprotokollen der dei årlege utsleppa innan 2010 må vere maksimalt 22 000 tonn.

På bakgrunn av forpliktinga i Gøteborgprotokollen har Miljøverndepartementet og Norsk Industri, tidlegare Prosessindustriens Landsforeining (PIL), inngått ein intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Då avtala vart inngått, forplikta prosessindustrien seg til å redusere dei årlege utsleppa av SO2 med minimum 5 000 tonn. Prosessindustrien tok dessutan på seg å leggje fram konkrete forslag til korleis ein slik utsleppsreduksjon kan gjennomførast, og samtidig leggje fram forslag til korleis ein samla reduksjon på 7 000 tonn kan gjennomførast på ein måte som er kostnadseffektiv for Noreg. Utslepp frå den enkelte verksemda blir regulerte i utsleppsløyve frå Statens forureiningstilsyn (SFT). Stortinget vedtok på denne bakgrunnen å fjerne avgifta for utslepp av SO2 frå bruk av kol og koks og frå raffineria frå 1. januar 2002. Det er venta at gjennomføring av avtala med Norsk Industri vil sikre at Noreg innfrir kravet i Gøteborgprotokollen om utslepp av SO2 i åra framover.

Tabell 9.13 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar Utslepp av nitrogenoksid (NOx)1

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.3.3. Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) skal maksimalt vere 156 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje overstige nivået i 1987 (dvs. 213 000 tonn).

4.3.3.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av nitrogenoksid i samsvar med det nasjonale målet.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for utslepp av nitrogenoksid (NOx) i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen

Arbeidsmål 4.3.3.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av nitrogenoksid i samsvar med det nasjonale målet.

Framskrivingar viser at dei årlege utsleppa av NOx kan ventast reduserte til om lag 183 100 tonn i 2010, når ein ser bort frå effekten av NOx-avgifta som vart innført frå 1. januar 2007 og effekten av avtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Statens forureiningstilsyn i mai 2009 syner at utsleppa av NOx var på 178 600 tonn i 2008. Dette er ein reduksjon på 8 pst. frå 2007 og ligg om lag 23 000 tonn over nivået Noreg har forplikta seg til i Gøteborgprotokollen. For å innfri kravet i Gøteborgprotokollen, der dei årlege utsleppa av NOx innan 2010 må vere maksimalt 156 000 tonn, må Noreg redusere utsleppa med 13 pst. i høve til 2008.

Utsleppa av NOx er i dag regulerte på ulike måtar. Det blir stilt krav til utslepp frå industri og energiproduksjon gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Utsleppa av NOx frå køyretøy er regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krava er skjerpa i tråd med utviklinga av EUs regelverk på området. Det vart i 2000 innført differensiert årsavgift på tunge køyretøy etter utsleppa av bl.a. NOx. Denne ordninga vart i 2006 utvida til å omfatte køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn. For å redusere utslepp av svevestøv er det innført høgare årsavgift for dieselkøyretøy utan fabrikkmontert partikkelfilter. Desse køyretøya har òg generelt høgare NOx-utslepp. Låg-NOx-brennarar blir tekne i bruk ved installering av nye gassturbinar på norsk sokkel der slik teknologi er kommersielt tilgjengeleg.

Sjøfartsorganisasjonen i FN, IMO, har fastsett regelverk som set krav til NOx-utslepp frå skip som er bygde eller oppgraderte 1. januar 2000 eller seinare.

I tråd med Stortingets vedtak sette regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på utslepp av NOx. Avgifta omfattar skip, fly og dieseldriven jernbanetrafikk med framdriftsmaskineri med samla installert effekt på meir enn 750 kW, motorar, kjelar og turbinar i energianlegg med samla innfyrt effekt på meir enn 10 MW, og faklar. Den er anslått å dekkje om lag 55 pst. av dei norsk NOx-utsleppa. Avgifta var for 2007 sett til 15 kr pr. kg utsleppt NOx, og har siden vore prisjustert. For 2009 er avgifta sett til 15,85 kr/kg NOx. Stortinget vedtok i samband med innføring av NOx-avgifta at utsleppskjelder omfatta av miljøavtale med staten om gjennomføring av NOx-reduserande tiltak i samsvar med eit fastsett miljømål kan få mellombels fritak for avgift.

Den 14. mai 2008 vart det inngått ei slik avtale mellom staten ved Miljøverndepartementet og følgjande 14 organisasjonar: Byggevareindustriens Forening, Fiskebåtredernes Forbund, Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening, Fraktefartøyenes Rederiforening, NHO Luftfart, NHO Reiseliv, Norges Fiskarlag, Norges Rederiforbund, Norsk Fjernvarme, Norsk Industri, Næringslivets Hovedorganisasjon, Oljeindustriens Landsforening Rederienes Landsforening og Hurtigbåtenes Rederiforbund. Det overordna målet for avtala er å redusere dei samla årlege NOx-utsleppa frå kjelder som er omfatta av avtala til maksimalt 98 000 tonn. Ifølge avtala tek næringsorganisasjonane på seg å redusere dei årlege NOx-utsleppa med 30 000 tonn. Dette skal skje ved at det blir gjennomført utsleppsreduserande tiltak i enkeltverksemder som sluttar seg til avtala. Verksemder som sluttar seg til avtala, forpliktar seg òg til innbetalingar til Næringslivets NOx-fond, og å gjennomføre utsleppsreduserande tiltak etter avtale med NOx-fondet. Innbetaling skjer i samsvar med den mengda NOx verksemda slepp ut. Betalingssatsen blir fastsett av fondet. NOx-fondet skal gi tilskot til verksemder som gjennomfører kostnadseffektive NOx-tiltak. Utsleppa kan reduserast ved bruk av drivstoff med lågare NOx-utslepp, ved forbetring av forbrenningsprosessane eller ved montering av reinseutstyr, bl.a. bruk av katalysator på skip. Verksemder som slutta seg til avtala innan 1. juli 2008 har fått tilbakebetalt avgift som er innbetalt frå 1. januar 2008. Avgiftsfritaket gjeld i tre år – 2008, 2009 og 2010. Utsleppsreduksjonane skal vere fullt ut gjennomførte innan utgangen av 2011. Dersom næringsorganisasjonane har oppfylt mindre enn 90 pst. av den årlege forpliktinga innan fristen, må verksemdene betale avgift for det aktuelle året. Avgiftssatsen blir i så fall redusert med den prosentvise delen av forpliktinga som er oppnådd.

EFTAs overvakingsorgan (ESA) vedtok 16. juli 2008 å ikkje framsetje innvendingar mot avgiftsfritaket for verksemder som er tilslutta NOx-avtala. Avtala vil bidra vesentleg til at Noreg overheld NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen.

Pr. 18. august 2009 hadde 535 bedrifter slutta seg til avtala. Statens forureiningstilsyn, som har som oppgåve å sjå til at organisasjonane overheld sine forpliktingar, stadfesta 29. juni 2009 at det er gjennomført utsleppsreduksjonar på minst 2000 tonn i 2008. Reduksjonsforpliktinga i NOx-avtala på 2000 tonn for 2008 er dermed oppfylt. Næringslivets NOx-fond anslår at det i 2008 samla sett vart gjennomført tiltak som gir utsleppsreduksjonar på om lag 6 500 tonn. NOx-fondet, Det Norske Veritas og Statens forureiningstilsyn arbeider vidare med å verifisere og kontrollere dei samla reduksjonane for 2008. Reduksjonar som blir godkjende for 2008 ut over 2 000 tonn, kan godskrivast for 2009. Reduksjonsforpliktinga for 2009 er på 4 000 tonn.

Tabell 9.14 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar Utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC)1

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.3.4. Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal maksimalt vere 195 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje overstige nivået i 1988 (dvs. 252 000 tonn). Dei årlege utsleppa av VOC frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal ikkje overstige 70 pst. av nivået i 1989 (dvs. 192 000 tonn).

4.3.4.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar i samsvar med det nasjonale målet.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC) i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 4.3.4.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar i samsvar med det nasjonale målet.

Noregs utslepp av VOC var i 2007 for første gongen lågare enn forpliktinga i Gøteborgprotokollen om å redusere dei samla årlege utsleppa av VOC til maksimalt 195 000 tonn innan 2010.

Dei samla norske utsleppa av VOC auka med 32 pst. frå 1990 til 2001. Frå 2001 til 2008 vart utsleppa reduserte med 57 pst. I 2007 var utsleppa av VOC 198 600 tonn. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Statens forureiningstilsyn i mai 2009 syner at utsleppa av VOC i 2008 var 170 700 tonn. Forpliktinga vår under VOC-protokollen av 1991 svarar til eit samla årleg utslepp på maksimalt 252 000 tonn. Dette inneber at Noreg òg i 2008 overheld denne forpliktinga. Noreg har i VOC-protokollen av 1991 ei særskilt forplikting til å redusere utsleppa av VOC frå fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegrad. Vi overheld også dette kravet i 2008. For å redusere utsleppa til eit nivå som er innafor det vi har forplikta oss til internasjonalt, er utsleppa av VOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen regulerte gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Noreg har gjennom forskrifter gjennomført eit EU-direktiv om å redusere VOC-utsleppa frå lagring og distribusjon av bensin frå terminalar til bensinstasjonar, eit direktiv om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg, og eit anna direktiv om VOC i måling og lakk. Det er venta at desse reguleringane er tilstrekkelege til at Noreg oppfyller VOC-krava både i VOC-protokollen av 1991 og i Gøteborgprotokollen også i åra framover.

Tabell 9.15 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar Utslepp av ammoniakk (NH3)1

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindika torar

4.3.5. Dei årlege utsleppa av ammoniakk (NH3) skal maksimalt vere 23 000 tonn f.o.m. 2010.

4.3.5.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av ammoniakk i samsvar med det nasjonale målet.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for utslepp av ammoniakk (NH3) i Gøteborgprotokollen.

Arbeidsmål 4.3.5.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av ammoniakk i samsvar med det nasjonale målet.

Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå i mai 2009 syner at utsleppa av ammoniakk i 2008 var 22 600 tonn. Utsleppa av ammoniakk i Noreg auka med om lag 10 pst. i perioden 1990-2008. Auken skuldast i hovudsak auka utslepp av ammoniakk frå landbruket og frå personbilar med trevegs katalysator. Knapt 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite i åra framover utan nye tiltak. For å innfri krava etter Gøteborgprotokollen må Noreg frå 2010 halde dei årlege utsleppa av ammoniakk om lag på same nivå som i 2008.

Landbruks- og matdepartementet har innarbeidd Gøteborgprotokollens krav til utforming av husdyrrom og gjødsellager for ekstra store svine- og fjørfebesetningar i forskrift om gjødselvarer mv., av organisk opphav. Nyare utsleppskrav til køyretøy er utforma slik at ammoniakkutsleppa ikkje er venta å auke.

Verkemiddel

Finansiering av arbeidet under resultatområde 4, underområde 3 langtransportert luftforureining, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441. Kostnadar til kalking blir dekte under kap. 1427.

Regjeringa vil føre vidare den aktive medverknaden frå Noreg si side i det omfattande internasjonale samarbeidet knytt til forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining. Dette arbeidet omfattar bl.a. overvaking, undersøkingar og analysar for å etterprøve at dei protokollane som allereie er i kraft har hatt dei venta miljøeffektane, og som grunnlag for forhandlingar om nye protokollar. Dei nasjonale overvakingsprogramma, forskingsprogram under Noregs forskingsråd, og Miljøverndepartementets program Naturens tolegrenser, er sentrale for å leggje grunnlag for nye avtaler om langtransportert luftforureining. Miljøforvaltninga medverkar vidare til å finansiere dei internasjonale programma under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining.

I samband med forhandlingar om nye avtaler og som grunnlag for val av tiltak og verkemiddel for å overhalde Noregs plikter når det gjeld utsleppsreduksjonar, analyserer miljøforvaltninga, i samarbeid med andre styresmakter, bl.a. potensialet for utsleppsreduksjonar ved ulike tiltak og verkemiddel, og kostnadar ved desse.

I tråd med Stortingets vedtak, sette Regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på 15 kr pr. kg utslepp av NOx. Regjeringa foreslår ingen endring i avgifta utover prisjustering for 2010. I tråd med avtala mellom staten ved Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane vil verksemder som sluttar seg til denne få fritak for NOx-avgift ut 2010 i den grad dei oppfyller avtala. Statens forureiningstilsyn har fastsett nye krav etter forureiningslova til utsleppa til luft frå stasjonære kjelder på land og offshore, i tråd med EU-direktivet om integrert forureiningskontroll (IPPC-direktivet). Statens forureiningstilsyn har fått nye oppgåver med å utvikle betre utsleppsfaktorar og medverke i arbeidet med verifikasjon og kontrollar av utslepp. Det er sett av ekstra løyvingar til dette arbeidet. Som det går fram av statusbeskrivinga har ein no i hovudsak avklart kva for verkemiddel som skal nyttast for å overhalde forpliktingane i Gøteborgprotokollen om dei samla utsleppa av SO2, NOx, VOC og ammoniakk. Regjeringa la i Perspektivmeldinga 2009 fram nye framskrivingar for utslepp av miljøskadelege utslepp til luft. Desse indikerer at Noreg vil overhalde forpliktingane for SO2, VOC og ammoniakk utan nye verkemiddel. Regjeringa vurderer no kva for ytterlegare reduksjonar som kan gjennomførast i NOx-utsleppa for å sikre at Noreg overheld NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen snarast mogleg. Ein vil følgje utviklinga i utslepp av desse gassane og fortløpande vurdere om det er behov for endringar i verkemidla eller om det er behov for nye verkemiddel. Styringsorganet for Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar har vedteke å starte forhandlingar om revisjon av Gøteborgprotokollen, med sikte på å vedta nye utsleppsforpliktingar i desember 2010. Ein gjennomgang av dei forventa miljøeffektane viser at den noverande protokollen bidrar til effektive reduksjonar av utsleppa som gir skadar på økosystem (bl.a. forsuring) og på helsa til menneske, men at vi enno vil ha utslepp til luft som overstig naturens tolegrenser for forureining og utslepp som gir helseskadar, sjølv når protokollen har full effekt. Det er i samband med revisjon av Gøteborgprotokollen òg aktuelt å regulere partane sine utslepp av partiklar som bidreg til helseproblem. Det er mest aktuelt at nye utsleppsforpliktingar vil gjelde frå 2020.

Regjeringa vil føre vidare Noregs aktive deltaking i arbeidet med å utvikle avtaler under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar. I arbeidet med å revidere Gøteborgprotokollen vil regjeringa leggje vekt på å utvikle ein ny effektbasert avtale der landa tek på seg utsleppsforpliktingar som fører til at utsleppa som bidreg til overskriding av kritiske belastningsgrenser for skade på økosystem og helse blir reduserte på ein effektiv måte. Regjeringa vil framleis ha fokus på å redusere utsleppa som bidreg til overskriding av tolegrensene for forsuring av vassdrag, men vil òg undersøke nærare i kva grad grensekryssande forureiningar bidreg til annan miljøskade i Noreg, til dømes kor mykje av partikkelforureiningane i norske byar som kjem frå kjelder utafor landets grenser.

Noreg vil òg delta aktivt i det internasjonale samarbeidet som er naudsynt for å redusere forureiningane som gir stor miljøskade i andre land, til dømes arbeidet med å redusere grensekryssande forureiningar som bidreg til overgjødsling. Noreg vil leggje vekt på få til ei avtale som flest mogleg av landa i Søraust-Europa, Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia vil slutte seg til.

Internasjonal sjøfart i dei nære havområda bidreg òg til tilførsler av forureiningar som kan skade økosystem og helse i Europa. Det er viktig å sjå dei forskjellige kjeldene til utslepp i samanheng i arbeidet med å redusere forureiningar.

Regjeringa arbeider innafor FN sin sjøfartsorganisasjon IMO for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. Noreg tok saman med ei gruppe av land i 2005 initiativ til å revidere MARPOL Anneks VI som vart vedteken i 1997 og stiller krav til utslepp til luft frå skip. Gjennomgangen gjaldt krav til utslepp av SO2, NOx, VOC og partiklar. Noreg sende, saman med Tyskland og Finland, inn eit forslag til ein heilskapleg pakke av nye utsleppskrav for Annex VI. Revisjonen la i stor grad dette forslaget til grunn og endringane vart vedtekne i IMOs miljøkomité i oktober 2008. Dei nye reglane vil tre i kraft 1. juli 2010. Dei nye krava vil bli gjennomførte i norsk rett og regjeringa vil i den forbindelsen vurdere å søkje IMO om å gi norske havområde status som spesielle regionar med strengare krav til utslepp av NOx og svovel. Konsekvensen av svovelkrava er at ein i praksis vil fase ut bruk av tungolje på sikt.

Løysinga inneber følgjande: Sjå tab.9.16 og 9.17.

Tabell 9.16 Krav til svovelinnehald i marint drivstoff

Eksisterande krav

Nye krav i spesielle regionar (foreløpig i Nordsjøen og Austersjøen)

Nye globale krav

Maks. 4,5 pst. svovel i drivstoff globalt.

Maks. 1,5 pst. svovel i drivstoff i spesielle regionar.

Frå 1. mars 2010 maks. 1,0 pst. svovel i drivstoff.

Frå 1. januar 2015 maks 0,1 pst. svovel i drivstoff.

Frå 1. januar 2012 maks. 3,5 pst. svovel i drivstoff.

Frå 1. januar 2020 maks. 0,5 pst. svovel i drivstoff dersom ein gjennomgang i 2018 viser global tilgang til slikt drivstoff. Dersom det ikkje er god nok tilgang, blir dette kravet utsett til 1. januar 2025.

Tabell 9.17 Krav til nitrogenoksid (NOx)

Eksisterande krav

Nye krav i spesielle regionar (som blir oppretta etter godkjenning av IMO)

Nye globale krav

Maskineri installert på skip etter 1. januar 2000 skal følgje IMOs NOx-kurve.

Frå 1. januar 2016 skal skip bygde og maskineri installert etter denne datoen ha 80 pst. lågare utslepp enn krava i dag når dei er nytta i spesielle regionar.

Frå 1. januar 2011 skal skip bygde og maskineri installert etter denne datoen ha 15-22 pst. lågare utslepp enn krava i dag.

Eksisterande maskineri over 5000 kW og sylindervolum over 90 liter installert på skip bygde i perioden 1990-1999 skal tilfredsstille krava i dag dersom ein «godkjent metode» er sertifisert av administrasjonen.

Når det gjeld krav til flyktige organiske sambindingar (VOC) vart det bestemt at alle tankskip skal ha ein VOC-handteringsplan som inneheld prosedyrar for lastehandtering som minimerer VOC-utsleppa.

Resultatområde 4 underområde 4 Lokal luftkvalitet

Strategisk mål

Lokale problem med luftforureining skal førebyggjast og reduserast slik at ein tek omsyn til helse og trivsel for menneska.

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere helseskadelege utslepp av dei stoffa som gir redusert luftkvalitet lokalt. Generelt er den lokale luftkvaliteten i Noreg god, men i nokre større byar og tettstader kan lokale luftforureiningar i periodar gi betydelege helse- og trivselsproblem. Hovudkjeldene til dei lokale luftforureiningane er vegtrafikk og vedfyring, men andre kjelder medverkar i tillegg. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Tabell 9.18 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.4.1. Døgnmiddel-konsentrasjonen av svevestøv (PM10) skal ikkje overskride 50 µg/m3 meir enn 25 dagar pr. år og innan 2010 ikkje meir enn 7 dagar pr. år.

4.4.1.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for svevestøv ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder, transport og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Utslepp av svevestøv (PM10) frå stasjonære kjelder og transport. Betring av drivstoffkvalitetar.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 4.4.1.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Målingar viser at det nasjonale resultatmålet for svevestøv som gjeld frå 2005 blir overskride i fleire byområde i Noreg. I 2008 vart det i meir enn 25 dagar registrert overskridingar av målet om 50 µg/m3 pr. år i Drammen, Grenland, Trondheim, og Mo i Rana. Det kan i tillegg vere andre, mindre byar som har overskridingar av nasjonale mål. Overskridingane skjer i hovudsak i område langs dei mest trafikkerte vegane. Nivåa for svevestøv vil bli reduserte fram mot 2010, men det vil bli vanskeleg å nå det nasjonale målet for svevestøv for 2010 utan ytterlegare tiltak eller ein auke i styrken av eksisterande tiltak. Dei fleste som blir utsette for overskridingar av det nasjonale målet for 2010 vil vere busette i sentrumsnære byområde og langs dei mest trafikkerte hovudvegane. Utrekningar viser at i 2007 vart rundt 187 000 menneske i Oslo utsette for konsentrasjonar som var høgare enn det nasjonale målet for 2010. Dette er ein nedgang frå 2005, då det vart anslått at 235 000 var utsette for nivå som var høgare enn det nasjonale målet for 2010. Endå fleire vart utsette for forureining som kan gi helseverknader for spesielt utsette grupper. Det må setjast i verk ytterlegare tiltak for å nå dei nasjonale måla for svevestøv. Utsleppet av svevestøv (PM10) frå stasjonære kjelder (inkludert offshore) er redusert med 31 pst. mellom 1990 og 2007.

Målingar viser at 2008 er det første året då krava til svevestøv i forureiningsforskrifta vart innfridde.

Fyring med ved er fleire stader ei vesentleg kjelde til luftforureining (svevestøv), spesielt på kalde dagar om vinteren. Dette gjeld spesielt dei minste partiklane. Utslepp frå vedfyring gjekk ned med 13 pst. frå 1990 til 2006 fordi stadig fleire skifter ut gamle forureinande omnar med nyare og meir miljøvennlege omnar. I tillegg til svevestøv medverkar vedfyring til utslepp av andre helseskadelege sambindingar. Utslepp frå store, stasjonære kjelder kan i dag føre til enkelte overskridingar av dei nasjonale resultatmåla.

Vegtrafikken er òg ein hovudbidragsytar til partikkelforureining gjennom eksosgassar og vegslitasje. Gjennom nye krav til utslepp frå tunge køyretøy, kvaliteten på drivstoff og redusert piggdekkbruk er utsleppa av svevestøv frå vegtrafikken blitt reduserte med rundt 45 pst. frå 1990 til 2006.

Tabell 9.19 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.4.2. Timemiddel-konsentrasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal innan 2010 ikkje overskride 150 µg/m3 meir enn 8 timar pr. år.

4.4.2.l. Medverke til å nå dei nasjonale måla for nitrogendioksid ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder, transport og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Utslepp av nitrogendioksid (NO2) frå stasjonære kjelder og transport. Betring av drivstoffkvalitetar.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 4.4.2.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for nitrogendioksid ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Det vil bli vanskeleg å nå målet for NO2 i 2010 i fleire av byane. Utrekningar viser at i 2007 vart rundt 4 000 menneske i Oslo utsette for konsentrasjonar som var høgare enn det nasjonale målet for 2010. Dette er ein auke frå 2005, då det vart rekna ut at 600 var utsette for nivå høgare enn det nasjonale målet.

Vegtrafikk er den dominerande kjelda til lokal luftforureining. For nitrogendioksidkonsentrasjonar (NO2) i byar og langs vegar er eksosgassar frå vegtrafikk hovudkjelda. Utsleppa av nitrogenoksid, NOx (NO2 og NO) frå vegtrafikk er redusert med 56 pst. frå 1990 til 2007 som følgje av innførte avgasskrav, men effekten har vore størst for NO. NO2-konsentrasjonane har vore stabile eller aukande dei seinare åra.

Det rår stor uvisse rundt dei faktiske tala om delen primær NO2 frå både tunge og lette køyretøy. Nyare forsking viser at det er grunn for å anta at delen NO2 av NOx-utsleppet er høgare enn ein har trudd for køyretøy i nyare euroklassar (frå Euro3). Ei anna årsak til dette er auken i talet på dieselbilar, som har vist seg å føre til at delen NO2 i NOx-utsleppa har auka.

Tabell 9.20 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet

Nasjonale mål 1

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.4.3. Døgnmiddel-konsentrasjonen av svoveldioksid (SO2) skal ikkje overskride 90 µg/m3.

4.4.3.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for svoveldioksid ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder, transport og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Utslepp av SO2 frå stasjonære kjelder og transport. Betring av drivstoffkvalitetar.

1 Årstalet i målet (var 2005) er teke ut, men målet blir vidareført.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 4.4.3.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for svoveldioksid ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Konsentrasjonane av svoveldioksid er generelt låge, og målet for svoveldioksid er i stor grad vurdert til å vere nådd i Noreg.

Tabell 9.21 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.4.4. Årsmiddel-konsentrasjonen av benzen skal innan 2010 ikkje overskride 2 µg/m3 som bybakgrunnsverdi.

4.4.4.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for benzen ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder, transport og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Utslepp av benzen frå stasjonære kjelder og transport. Betring av drivstoffkvalitetar.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 4.4.4.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for benzen ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Konsentrasjonen av benzen i by- og tettstadsluft vil truleg vere innafor det nasjonale målet som gjeld frå 2010.

Verkemiddel

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med lokal luftkvalitet, og blir dekte under kap. 1441 og 1410. Resultat frå miljøovervaking blir nytta vidare i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og i dose-responssamanhengar. Budsjettmidlane blir dessutan nytta til å utvikle verktøy og metodar.

Føresegna om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er det sentrale verkemidlet på området lokal luftkvalitet. I føresegna er kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta set grenseverdiar for konsentrasjonane av ei rekkje stoff og set krav til målingar, utrekningar, tiltaksutgreiingar og rapportering. I tilknyting til føresegna følgjer det dessutan ein rettleiar. Det går føre eit oppfølgingsarbeid for å sikre at forskrifta blir etterlevd. Eit EU-direktiv om tungmetall og polyaromatiske hydrokarboner (PAH) er gjennomført i forureiningsforskrifta og tredde i kraft 1. juli 2007. Eit nytt direktiv for luftkvalitet vart fastsett i EU mai 2008. Dette medførte ei samanslåing av ei rekkje luftkvalitetsdirektiv og har i tillegg fastsett ny regulering av svevestøv storleik PM2.5. Gjennom føresegna om kvaliteten på bensin og autodiesel til bruk i motorvogner i forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing i bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta), implementerer Noreg EU-direktiv på området. I 2005 vart det innført eit avgiftsinsentiv basert på svovelinnhaldet i drivstoff. Formålet var å få til ein rask overgang til svovelfritt drivstoff. Reduksjon av svovelinnhaldet medverkar til å betre luftkvaliteten og sikre full utnytting av ny og meir miljøvennleg teknologi. Avgiftsinsentivet har vist seg svært effektivt då drivstoff til veggåande køyretøy i hovudsak no er svovelfritt. I 2008 vart det fastsett nye krav til svovelinnhald i anleggsdiesel, og frå 2009 er det krav til maksimalt 10 mg svovel per liter. Det er derfor no same krav til svovelinnhald for anleggsdiesel som for diesel til vegtrafikk.

Utslepp frå transport og vedfyring står for ein stor del av kjeldene til lokal luftforureining. Ytterlegare tiltak for reduksjon av utslepp frå samferdselssektoren og vedfyring er under utgreiing. For å redusere utslipp av svevestøv er det innført høgare årsavgift for dieselkøyretøy utan fabrikkmontert partikkelfilter (sjå nærare omtale i St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Finansdepartementet). Det er behov for å intensivere arbeidet med luftforureining og å setje i verk meir omfattande tiltak. Det er vidare behov for å sjå meir samla på ulike tiltak og verkemiddel som påverkar luftforureininga. Det vil i samarbeid med aktuelle styresmakter bli utarbeidd ein handlingsplan for å betre den lokale luftkvaliteten, der det bl.a. vil bli identifisert nye og/ eller styrkt eksisterande tiltak og verkemiddel.

Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7.

Resultatområde 4 – underområde 5 Støy

Strategisk mål

Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at det blir teke omsyn til helse og trivsel for menneska.

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere dei støyproblema som gir negative helse- og trivselseffektar. Vidare står arbeidet med å fremje stille (fråvere av støy) som miljøkvalitet sentralt. Hovudkjelda til støyplager er vegtrafikk, men ei rekkje andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Tabell 9.22 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 5 Støy

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.5.1. Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 19991.

4.5.1.1. Samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området og følgje opp regelverk.

Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.

1 Berekna utan befolkningsvekst.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 4.5.1.1. Samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området og følgje opp regelverk.

Støy er blant dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar personar er utsette for eit gjennomsnittleg støynivå over 50 dB ved bustaden sin. Rundt 500 000 mennesker er i stor grad plaga av støy frå bilar, tog og fly, og om lag 5 pst. av befolkninga rapporterer problem med nattesøvn som følgje av støy. Det er stadig betre dokumentasjon på at støy gir helseskade. Støy frå samferdsel utgjer til saman opp mot 90 pst. av kartlagt støyplage, der vegtrafikk åleine står for nesten 80 pst. Tala viser at det i perioden 1999-2007 har vore ein nedgang i støyplaga frå luftfarten og frå jernbane og det har det vore ein samla nedgang i støyplaga på ca. 2 pst. i same tidsperiode. Desse tala er utrekna berre for dei støyutsette bustadene i 1999, slik det er føresett i det gjeldande nasjonale resultatmålet. Auka befolkning i dei støyutsette områda og auke i områda med støy over gitte grenser blir ikke teke omsyn til i desse utrekningane. Tek vi med desse faktorane medfører det at den støyplaga befolkninga opplever har auka med opp mot 9 pst.

Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innafor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.

Regjeringa lanserte i mai 2007 ein handlingsplan mot støy for perioden 2007–2011. Denne er første fase på vegen for å nå dei nasjonale måla og vil leggje føring for arbeidet dei næraste åra. Handlingsplanen tek opp dei viktigaste støykjeldene, og det er presentert tiltak for å redusere støyen frå desse. I den gjenståande perioden av handlingsplanen må det setjast inn tilstrekkelege ressursar slik at tiltaka i planen blir gjennomførte. Mykje av satsinga bør konsentrerast om FoU-arbeid og utvikling av verkemidel.

Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøstyresmaktene vil engasjere seg – i samspel med sektorstyresmaktene – med sikte på at det blir utvikla meir støysvake køyretøy, bildekk og vegdekke. Miljøstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøstyresmaktene sjølve har verkemiddel – konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportsbaner og enkelte produkt.

Tabell 9.23 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 5 Støy

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4.5.2. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 20051.

4.5.2.1. Utarbeide regelverk som medverkar til å nå det nasjonale målet og samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området.

Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå.

1 Det nasjonale målet om reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå, tek utgangspunkt i overordna berekningar av talet på støyutsette bustader der utrekningane er gjort med skjematisk fasadedemping utan omsyn til ventilar i fasade.

Arbeidsmål 4.5.2.1. Utarbeide regelverk som bidrar til å nå det nasjonale målet og samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området.

Same omsyn som for arbeidsmål 1.1. ligg føre også for arbeidet med innandørs støynivå. Tala frå 2007 viser at det er ca. 46 000 personar som er utsette for eit innandørs støynivå over 38 dB. Miljøforvaltninga tek sikte på å endre grensa for gjennomføring av støyreduserande tiltak i 5. kapittel i forureiningslova frå 42 dB med stengde ventilar, til 42 dB med opne ventilar. Frist for gjennomføring er 1. januar 2020 og venta kostnad er 1,4 mrd. kroner.

Verkemiddel

Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at det blir teke omsyn til helse og trivsel for menneska.

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med støy, og blir dekte over kap. 1441, 1400 og 1410. Miljøovervaking er innhenting av tal over utslepp og andre miljødata, og blir nytta bl.a. i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og rapportering av resultat. Både utgreiingsmidlar og forskingsmidlar blir nytta for å utvikle vidare den nasjonale støymodellen for utrekning og oppfølging av støyplaga på tvers av kjelder. Forskings- og utgreiingsmidlar skal vidare nyttast til kompetanseoppbygging i dei støyfaglege miljøa og i høgare utdanning, og til EU-arbeid og internasjonale prosessar.

Kapittel 5 om støy i forskrift om avgrensing av forureining av 1. juni 2004 set krav til gjennomføring av utbetringstiltak for dei som er utsette for innandørsstøy over 42 dB i gjennomsnitt over døgnet.

Støy frå bl.a. industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova. Lova om produktkontroll heimlar støykrav til produkt, og er nytta til å gi forskrifter om bl.a. leiketøy, fritidsbåtar m.m.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel for å førebyggje støyproblem. Plansystemet blir nytta til å bestemme lokaliseringa av støykjelder, og til å regulere utnyttinga av areal som ligg omkring kjeldene. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og hos statlege organ. Det er gitt ei felles retningslinje for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene.

Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområde 4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

10 Resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

5.1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP

5.2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under desse WTO og EFTA

5.3 Geografisk retta miljøsamarbeid

5.4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

5.5 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

Strategiske mål

Noreg skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken, og spele ei aktiv og konstruktiv rolle for å løyse globale og regionale miljøproblem og miljøskadar i Noreg som skuldast aktivitetar og utslepp i andre land. Dette inneber å utvikle og gjennomføre ein ambisiøs og målretta miljøpolitikk både internasjonalt og nasjonalt. Noreg vil vidare leggje stor vekt på å medverke til at internasjonale rammevilkår på andre område enn miljø sikrar ei miljøvennleg utvikling på globalt, regionalt og nasjonalt nivå. Norsk innsats skal betre miljøsituasjonen og sikre ei meir berekraftig utvikling i nærområdet vårt og i utviklingslanda.

Noreg skal betre miljøsituasjonen og sikre ei berekraftig utvikling og medverke til å styrkje miljøvernet i Antarktis og Arktis og elles i Noregs nordlege nærområde. Svalbard skal framstå som eit av dei best forvalta villmarksområda i verda. Noreg skal arbeide for at dei nordlege havområda skal halde fram med å vere blant dei reinaste i verda, og medverke til at det biologiske mangfaldet blir teke vare på. Noreg skal bidra til å redusere utslepp og risiko for utslepp av miljøgifter, klimagassar, radioaktive stoff og anna forureining som kan føre til skade på norsk miljø.

Resultatområde 5 – underområde 1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP

Definisjon og avgrensing

Underområdet omfattar arbeidet med å fremje miljøpolitiske prioriteringar og målsetjingar innafor dei internasjonale organisasjonane på miljøområdet, under dette FNs miljøprogram (UNEP) og samarbeid på miljøområdet innan EU/EØS, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og Nordisk Ministerråd (NMR). Underområdet omfattar vidare arbeid med den globale miljøfasiliteten (GEF), FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD) og EØS-midlane.

Tabell 10.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

1. Arbeide for at politikk og regelverksutvikling i EU/EØS resulterer i høge miljøkrav og ei berekraftig utvikling.

1.1. Medverke til ein sterk miljødimensjon i utforminga av EUs politikk på bl.a. områda klima/energi, kjemikaliar og GMO.

Aktivt fremje norske posisjonar på prioriterte saker i ulike kanalar inn mot EUs avgjerdsprosessar.

Behandling av forslag til nytt EU-regelverk i referansegruppemøte og i spesialutvalet for miljø.

1.2. Sikre at relevante EU- rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.

Ingen rettsakter på ESAs resultattavle.

1.3. EØS-midlane for 2009-2014 skal bidra til målretta satsing innan miljø- og kulturarvsektorane i dei nye medlemslanda i EU.

Utvikling av bilateral dialog og samarbeid med nasjonale og lokale styresmakter i dei nye medlemslanda om prioriterte saker på miljø- og kulturarvområdet.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Medverke til ein sterk miljødimensjon i utforminga av EUs politikk på bl.a. områda klima/energi, kjemikaliar og GMO.

Miljøforvaltninga arbeider breitt for tidleg å gjere norsk syn gjeldande på område som er særs viktige for Noreg. Noreg har delteke aktivt i Kommisjonens arbeidsgrupper i medhald av EØS-avtala for å medverke til utforminga av nye rettsreglar som blir utarbeidde, utvikla innspel og hatt uformell kontakt med sentrale aktørar i EU-kommisjonen, Europaparlamentet og EU-medlemslanda omkring saker som er viktige for oss (bl.a. klimaområdet, kjemikaliepolitikken og GMO). Det er lagt stor vekt på god dokumentasjon av norske posisjonar og effektiv formidling av desse. Det er lagt større vekt enn før på konkrete tekstbidrag i riktig fase av regelutviklinga i EU, og på bilateral kontakt og alliansebygging i viktige saker. For å bidra til dette, har vi bl.a. styrkt kapasiteten ved EU-delegasjonen i Brussel til to miljørådar. I arbeidet med å påverke EUs regelverksutvikling står òg det nordiske samarbeidet sentralt.

Dei fleste direktiva gjeld forureiningsområdet. Vidare vurderer miljøforvaltninga fortløpande rettsutviklinga på naturvernområdet i EU, i tråd med Soria Moria-erklæringa sitt mål om å følgje opp gode miljøinitiativ frå EU og ta i bruk det beste i EUs miljølovgiving, også der den ikkje er omfatta av EØS. Miljøverndepartementet har følgt EUs arbeid tett på dette området i samband med utforminga av ny Naturmangfaldlov. Naturmangfaldlova tredde i kraft 1. juli 2009, med unntak av kapitlet om framande organismar. Lova inneber at norsk naturforvaltningslovgiving blir lyfta opp på EU-nivå.

Arbeidsmål 1.2. Sikre at relevante EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.

Fleire rettsakter på miljøområdet er innlemma i EØS-avtala i 2009. Det er i denne samanhengen lagt stor vekt på å sikre ei rask og effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som blir sett på som relevante og akseptable.

Miljøforvaltninga ønskjer å fremje debatt om EUs betydning for norsk miljøpolitikk. Ei opa haldning og medverknad er vektlagt i EU/EØS-arbeidet, og det er jamleg halde møte i EØS-referansegruppa for miljø med deltaking frå næringslivet, partane i arbeidslivet, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar, og møte i EØS-spesialutvalet for miljø. Det er i tillegg blitt arrangert to årlege EØS-seminar for miljøforvaltninga og halde høyringsprosessar for sentralt EØS-relevant EU-regelverk.

Arbeidsmål 1.3. EØS-midlane for 2009-2014 skal bidra til målretta satsing innan miljø- og kulturarvsektorane i dei nye medlemslanda i EU.

For perioden 2004-2009 er miljø og kulturarv dei to høgast prioriterte områda med totalt ca. 45 pst. av prosjektmidlane. Miljøprosjekta bidreg til gjennomføring av EUs miljølovgiving og omfattar bl.a. energieffektivisering, bruk av fornybar energi, vassreinsing, avfallshandtering, miljøovervaking og bevaring av biologisk mangfald. Kulturarvprosjekta bidreg til vern, bevaring og revitalisering av den europeiske kulturarven. EØS-midlane medverkar til auka kontakt mellom Noreg og dei tolv nye EU-medlemslanda frå 2004 og 2007, og Spania, Portugal og Hellas. Norske miljøstyresmakter har dialog med styresmakter i mottakarlanda.

Tabell 10.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

2. Arbeide for at globale og regionale samarbeidsorgan på miljøområdet blir utvikla til effektiv reiskap for utvikling og gjennomføring av miljøpolitikk.

2.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden ved å gjennomføre handlings-programmet for det nordiske miljøsamarbeidet 2009-2012.

Handlingsprogrammet blir gjennomført som planlagt.

2.2. Medverke til OECDs, UNEPs og CSDs rolle som politiske agendasetjarar i høve til miljø og berekraftig utvikling og premissleverandørar av fagleg og politisk relevante analysar, retningslinjer og normer.

UNEP og OECDs analysar/tilrådingar er nytta i aktuelle prosessar og bidreg til miljøpolitisk agendasetjing.

Det globale kjemikalie-arbeidet og arbeidet med berekraftig produksjon og forbruk kjem styrkt ut av CSD 2010-2011.

2.3. Medverke til at miljø kjem institusjonelt og finansielt styrkt ut av FNs reformprosessar.

Norske innspel til UNEPs IEG-prosess for styrking av UNEPs rolle i å setje den globale miljøpolitiske dagsordenen og organisasjonens finansielle grunnlag.

2.4. Skape gode ordningar for finansiering av globale miljøtiltak.

Auka midlar for bevaring av klima, biologisk mangfald og kamp mot miljøgifter.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden ved å gjennomføre handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2009-2012.

Departementet har medverka til ei omorganisering av det nordiske miljøsamarbeidet for å sikre ei effektiv oppfølging av det nordiske miljøhandlingsprogrammet for 2009-2012. Miljøhandlingsprogrammet blir no følgt opp av dei ulike nordiske arbeidsgruppene som er etablerte. På sentrale område som hav, vatn og kjemikaliar har Noreg gjennom det tette ekspertsamarbeidet i nordisk regi fått høve til å påverke det internasjonale regelverket i ei grad som ville ha vore vanskeleg for Noreg åleine.

Arbeidsmål 2.2. Medverke til OECDs, UNEPs og CSDs rolle som politiske agendasetjarar i høve til miljø og berekraftig utvikling og premissleverandørar av fagleg og politisk relevante analysar, retningslinjer og normer.

I 2009 vart det arrangert eit felles høgnivåmøte mellom OECDs utviklings- og miljøkomitéar (DAC og EPOC), som ledd i styrkt samarbeid mellom utviklings- og miljøsida i OECD. OECD har medverka til prosessen fram mot København med viktige analysar av økonomiske aspekt ved klimautfordringa og eit globalt klimaregime. Som del av arbeidet med å møte den globale økonomiske krisa har OECD bl.a. vedteke å lage ein «strategi for grøn vekst». UNEP tok tidleg initiativ til arbeid med ein grøn krisepolitikk og utvikling av ein grøn økonomi. I perioden 2008-2009 har CSDs hovudfokus vore arealforvaltning, tørke, Afrika, jordbruk, utvikling på landsbygda og forørkning. I 2008 vart status på området gjennomgått, og i mai 2009 fann forhandlingar stad. Noreg var aktivt i å få belyst samanhengar mellom arealbruk og biobrensel og fremja forslag om at det bør utviklast internasjonale kriterium for biobrensel og at UNEP og FAO saman med andre bør vere aktive i dette arbeidet.

FNs miljøvernprogram, UNEP, har sentrale funksjonar for overvaking og analyse og tek initiativ til forhandlingsprosessar om miljøvernavtaler. Noreg legg vekt på å styrkje UNEPs rolle som FNs sentrale miljøautoritet og premissleverandør i globalt miljøarbeid. UNEPs styremøte vedtok i 2008 ein ny strategi for organisasjonen for perioden 2010-2013 med seks prioriterte fokusområde, under dette bl.a. klima, forvaltning av økosystem, kjemikaliar og farleg avfall og effektiv ressursbruk. UNEPs styremøte i 2009 vedtok nytt arbeidsprogram for 2010-2011 basert på denne strategien.

Miljøverndepartementet aktar å halde fram med å spele ei aktiv påverknadsrolle i høve til dei tre organa. UNEP og OECDs analysar/tilrådingar må nyttast mest mogleg og bidra til miljøpolitisk agendasetjing. Det globale kjemikaliearbeidet og arbeidet med berekraftig produksjon og forbruk bør komme styrkt ut av CSD 2010-2011.

Arbeidsmål 2.3. Medverke til at miljø kjem institusjonelt og finansielt styrkt ut av FNs reformprosessar.

På UNEPs styremøte i 2009 vart det vedteke å nedsetje ei konsultativ høgnivågruppe for å betre det globale miljøstyresettet (IEG) og styrkje FNs miljøarbeid. Noreg har aktivt delteke i gruppa som i første omgang skal levere anbefalingar til UNEPs ministermøte i februar 2010.

Arbeidsmål 2.4. Skape gode ordningar for finansiering av globale miljøtiltak.

Noregs bidrag til å finansiere gjennomføringa av dei globale miljøavtalene er førde over Utanriksdepartementets budsjett, men Miljøverndepartementet har det faglege ansvaret for konvensjonane, arbeider for å sikre samverknaden mellom dei og for å føre hovudmåla deira inn i arbeidet i ulike internasjonale organisasjonar. Det globale miljøfondet, GEF, der 178 land samarbeider om miljømåla, er det viktigaste organet for å fordele støtte til konvensjonanes formål. Sjølv om GEF sidan starten har gitt nesten 9 mrd. USD til miljøformål og utløyst ytterlegare 36 mrd. i samfinansiering, er gåvemidlar likevel ein svært liten del av summane ved verksemd som påverkar klima, biologisk mangfald og utslepp av miljøgifter. Innretninga av GEFs arbeid legg derfor stadig større vekt på at gåvemidlane blir nytta på ein måte som gir ei langsiktig endring av miljøpolitikken. I samband med forhandlingane om påfylling av GEFs kapital for perioden 2010-2014, har Miljøverndepartementet delteke i drøftingane mellom dei store givarlanda av samanhengen mellom finansieringsordningane for dei store globale miljøavtalene på områda biologisk mangfald, klima og miljøgifter.

Verkemiddel

Resultatområde 5 – underområde 1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP, blir hovudsakleg finansierte over kap. 1400. EØS-midlane og reisestøtte for representantar frå utviklingsland for å delta på viktige miljømøte blir betalt av Utanriksdepartementet.

På EU/EØS-området er møte med EU-formannskap og med sentrale EU-land, Nordisk Ministerråd og nordiske «frukostmøte» i framkant av miljøvernministermøta i EU dei sentrale verkemidla på politisk plan, i tillegg til kontaktar med Europaparlamentet. I politisk kontakt med ulike EU-organ vil Noreg fremje innspel på dei mest prioriterte miljøspørsmåla, som for eksempel klima/energi, GMO og kjemikaliar.

Noreg deltek dessutan i EU-møte på departementsrådsnivå, driv aktiv nettverksbygging på embetsmannsnivå og deltek i om lag 60 ekspertgrupper på miljøområdet for å påverke utforming av EUs miljøpolitikk. Samla sett er dette eit omfattande arbeid.

Noreg yter store ressursar gjennom EØS-midlane, som skal fremje økonomisk og sosial utvikling i det utvida EU. Tiltak som betrar miljøet og tek vare på kulturarven er prioriterte område. Miljøverndepartementet legg vekt på politisk dialog med dei nye EU-landa. Det er eit mål å føre vidare satsinga på miljø og kulturarv i perioden 2009-2014.

For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig både på politisk nivå, embetsmanns- og ekspertplan for å få betre gjennomslag i miljøarbeidet i EU og anna internasjonalt miljøsamarbeid. I perioden 2009-2012 vil det vere særleg fokus på områda klima, luftforureining, hav, biologisk mangfald og kjemikaliar.

I 2010 vil det vere viktig å bidra til OECDs arbeid med analysar av og til støtte for ei berekraftig handtering av den globale finans- og klimakrisa, bl.a. i den grøne vekststrategien. Samarbeidet mellom miljø- og utviklingssida vil bli ytterlegare styrkt. Viktige tema i 2010 vil vere overgang til grøn økonomi og lågkarbonsamfunn, og metodar for rapporteringar om klimatilpassingstiltak i bistand.

Regjeringa vil følgje opp arbeidet med ei FN-reform på miljøområdet. Ein vil særleg leggje vekt på å utvikle mekanismar som sikrar FN ei meir effektiv og heilskapleg tilnærming til miljøvern, bl.a. gjennom vidare å styrkje UNEPs rolle som sentral FN-autoritet på området. Deltaking i UNEPs Governing Council og norsk miljøråd i Nairobi er òg viktige verkemiddel.

Miljøverndepartementet vil bidra aktivt i høgnivågruppa, som skal arbeide for å betre det globale miljøstyresettet (IEG) og styrkje FNs miljøarbeid. Vårt utgangspunkt er ei «form må følgje funksjon»-tenking – dvs. at ein framtidig IEG-struktur må forankrast i ein godt fundert analyse og diskusjon om kva funksjonar verda har behov for at det globale miljøstyresettet tek vare på. Langsiktige visjonar bør kombinerast med konkrete tiltak som kan gjennomførast på kort sikt, inklusive på landnivå, utan mellomstatlege forhandlingar.

I 2010-2011 er CSDs hovudfokus retta mot transport, kjemikaliar, avfall, gruvedrift og berekraftig produksjon og forbruk. Regjeringa vil halde fram å arbeide for eit meir handlingsretta CSD (Kommisjonen for berekraftig utvikling) der landa, internasjonale organisasjonar og det sivile samfunnet samarbeider om oppfølging av berekraftig utvikling, FNs tusenårsmål og målsetjingane frå toppmøtet i Johannesburg.

Miljøverndepartementet aktar å halde fram med å spele ei aktiv påverknadsrolle i høve til dei tre organa. UNEP og OECDs analysar/tilrådingar må nyttast mest mogleg og bidra til miljøpolitisk agendasetjing. Det globale kjemikaliearbeidet og arbeidet med berekraftig produksjon og forbruk bør komme styrkt ut av CSD 2010-2011.

Arbeidet med effektive program for gjennomføring av dei globale miljøavtalene gjennom GEF krev tett koordinering mellom Miljøverndepartementet som konvensjonsansvarleg og Utanriksdepartementet som ansvarleg for finansieringsordninga. GEFs effektivitet skal evaluerast før påfylling av nye midlar i 2010. Evalueringa skal både måle resultat i forhold til konvensjonane og gi forslag som kan nyttast ved utarbeidinga av linje for neste 4-årsperiode. Erfaringane frå ordninga for fordeling av midlar ut frå landas potensiale og styreform skal evaluerast og drøftast. Det vil vere særleg viktig at effektiviseringa ikkje berre styrkjer miljøsakene der resultata er enkle å måle. Målet er ikkje berre å skaffe tilstrekkelege nye midlar til å finansiere dei globale miljøkonvensjonane sitt behov, men òg å skape ordningar som stimulerer mottakarlandet til å følgje opp konvensjonens mål. Dette må òg sjåast i nær samanheng med dei breiare drøftingane av heile det globale miljøarbeidet i den såkalla IEG-prosessen der Noreg deltek aktivt (jr. arbeidsmål 2.3).

Resultatområde 5 – underområde 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA

Definisjon og avgrensing

Underområdet omfattar arbeid for å fremje miljøpolitiske prioriteringar og målsetjingar i høve til internasjonale organisasjonar og prosessar som kan ha stor betydning for miljøtilstand og verkemiddel innafor miljøpolitikken. Dette gjeld særleg Verdas handelsorganisasjon (WTO), Noregs handels- og investeringsavtaler, arbeid med miljø- og samfunnsansvaret i bedrifter, EU/EØS’ indre marknad, FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), Verdsorganisasjonen for immaterialrett (WIPO), Verdsbanken og FNs utviklingsprogram (UNDP).

Tabell 10.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

1. Arbeide for at utviklinga av regelverket i WTO, EU/EØS’ indre marknad, EFTAs tredje landsavtaler og Noregs bilaterale handelsavtaler gir rom for bruk av miljøpolitiske verkemiddel og fremjar nødvendige omsyn til miljø og ei berekraftig utvikling.

1.1. Handelspolitikken skal utviklast vidare innafor ei ramme som fremjar miljø og berekraftig utvikling.

Miljøomsyn integrert i handelsavtaler.

Miljø som eige forhandlingstema med land av stor økonomisk og miljømessig betydning.

1.2. Hindre at regelverket i WTO, Noregs handelsavtaler og EU/EØS’ indre marknad reduserer handlingsrommet nasjonalt og internasjonalt for å avbøte og førebyggje miljøskade for eksempel på områda klima, kjemikaliar og biologisk mangfald.

Ikkje redusert handlingsrom for miljøpolitikken.

Framhald av likeverd mellom miljøavtalene og WTO-regelverket.

Miljøomsyn sikra likeverd i nasjonal gjennomføring av tiltak som ledd i indre marknadstiltak i EU/EØS.

1.3. Rammevilkåra for internasjonale investeringar skal utviklast for å stimulere til miljøvennlege investeringar og ivareta statar sin rett til å regulere på grunnlag av miljøomsyn. Miljøvernforvaltninga skal vere ein pådrivar for at bedrifter tek miljøansvar i den internasjonale delen av verksemda si.

Miljøomsyn integrert i investeringsavtaler/-kapittel i handelsavtaler.

Etablere nettbaserte rettleiingsordningar for å fremje næringslivets samfunnsansvar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Handelspolitikken skal utviklast vidare innanfor ei ramme som fremjar miljø og berekraftig utvikling.

Vidareutvikling av handelspolitikken vil påverke både miljøtilstanden og rommet for miljøpolitikk og -verkemiddel. I pågåande forhandlingar i WTO og andre handelsavtaler arbeider Regjeringa for å fremje eit internasjonalt handelsregime der omsyn til miljø, faglege og sosiale rettar, mattryggleik og utvikling i fattige land skal tilleggjast avgjerande vekt. I den seinare tida har koplinga klima og handelspolitikk fått betydeleg meir merksemd. Finanskrisa har samtidig ført til auka merksemd om at stimuleringstiltak for økonomien òg må gi gode miljøeffektar og bidra til «grøn vekst». Handelspolitikken kan og må óg bidra til dette.

WTO-forhandlingane har i praksis stått stille sidan sommaren 2008, men det er nå ny bevegelse i forhandlingene. Miljø er generelt eit omsyn som skal integrerast i alle relevante forhandlingsområde. I forhandlingane om handel og miljø har det vore sterkt fokus på reduksjon av handelsbarrierar for miljøvarer. Noreg har òg arbeidd aktivt for å utvikle eit regelverk for fiskerisubsidiar som kan medverke til å hindre overkapasitet i den globale fiskeflåten og med det redusere overfiske. Noreg støttar krav frå utviklingsland om obligatorisk opphavsdeklarering i samband med patentsøknader på genressursområdet, og har fremja forslag i WTO om å endre TRIPS-avtala på dette punktet.

Noreg ønskjer vidare å utvikle sine frihandelsavtaler til å vere positive bidrag til berekraftig produksjon og forbruk. Regjeringa vedtok våren 2008 at Noreg skal arbeide for miljø som eige forhandlingstema med land av stor økonomisk og miljømessig betydning, som India, Kina og Russland. Forhandlingane med Kina og India er i gang. Noreg arbeider for at miljø skal vere eit eige tema i både Kina- og India-forhandlingane.

Arbeidsmål 1.2. Hindre at regelverket i WTO, Noregs handelsavtaler og EU/EØS’ indre marknad reduserer handlingsrommet nasjonalt og internasjonalt for å avbøte og førebyggje miljøskade, for eksempel på områda klima, kjemikaliar og biologisk mangfald.

Forholdet mellom WTOs regelverk og handelstiltak i miljøavtalene har vore eit sentralt forhandlingstema. Regjeringa arbeider for at dei to avtaleverka skal sikrast likeverd og verke gjensidig støttande, og departementet har i nært samarbeid med Utanriksdepartementet arbeidd fram eit norsk forslag til utkast til ministererklæring som bidrag til dette. Det har vidare vore arbeidd aktivt for å sikre at det nasjonale handlingsrommet for verkemiddel i miljøpolitikken ikkje blir svekt bl.a. i samband med forhandlingar i WTO om nytt regelverk på tenesteområdet og for handelshindringar anna enn toll.

Også bilaterale og regionale handelsavtaler gir utfordringar på miljøområdet. I pågåande forhandlingar i EFTA-regi har det vore viktig å sikre at avtalene ikkje forpliktar Noreg på måtar som gir mindre rom for nasjonale miljøtiltak og verkemiddel.

Arbeidsmål 1.3. Rammevilkåra for internasjonale investeringar skal utviklast for å stimulere til miljøvennlege investeringar og ivareta statar sin rett til å regulere på grunnlag av miljøomsyn. Miljøvernforvaltninga skal vere ein pådrivar for at bedrifter tek miljøansvar i den internasjonale verksemda si.

I førebuingane av St.meld. nr. 10 (2008-2009) om næringslivets samfunnsansvar har Miljøverndepartementet bidrege med utgreiing av tiltak for å sikre grønare leveransekjeder, internettbasert kunnskapsbase for miljøsaker og internasjonal ordning for å etablere faktagrunnlag ved miljøkonfliktar. Dette vart følgt opp med støtte til det nye direktoratet med ansvar for offentlege nyskaffingar, Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI), slik at det kunne forberede rettleiing av bedrifter som ønskjer å møte krav om leveranse av grønare varer. Nettbasert kunnskapsbase for bedrifter, inkl. miljøinformasjon, er under etablering ved Brønnøysundregistra under «Altinn» og vidare arbeid med internasjonale mekanismar for klargjering av miljøkonfliktar er under drøfting. Den norske modellavtala for investeringsvern er utforma med naudsynt omsyn til miljø- og ressursforvaltning. Regjeringa vil utgreie om det er naudsynt å ha føresegner om investeringsvern i handelsavtaler med Kina, India, Ukraina og Russland. Arbeidet med modellavtala er lagt til side, men prinsippa i avtala skal leggjast til grunn om det etter nemnde utgreiing blir bestemt å opne for forhandlingar om investeringsvern i handelsavtaler.

Tabell 10.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

2. Arbeide for at relevante organisasjonar og prosessar som bl.a. FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), FNs utviklingsprogram (UNDP), Verdsbanken og Verdsorganisasjonen for immaterialrett (WIPO) meir systematisk fremjar omsynet til miljø og ei berekraftig utvikling.

2.1. Bidra til sterkare vekt på bevaring og berekraftig forvaltning av biologisk mangfald i FAO og WIPO, og at verksemdene i UNDP og Verdsbanken støttar opp om globale miljømål.

FAO: redusert tap av biomangfald for viktige matvekstar.

WIPO: utvikling av verkemiddel for betre vern av tradisjonell kunnskap av biodiversitet.

UNDP/Verdsbanken: ny miljøstrategi i Verdsbanken, miljøarbeidet i UNDP får auka del av UNDPs kjernebudsjett.

Arbeidsmål 2.1. Bidra til sterkare vekt på bevaring og berekraftig forvaltning av biologisk mangfald i FAO og i WIPO, og at verksemdene i UNDP og Verdsbanken støttar opp om globale miljømål.

Verksemda i organisasjonar som FAO, UNDP, Verdsbanken m.fl. har betydelege effektar for miljøtilstanden. Departementet ser det som viktig å arbeide for at dei multilaterale organisasjonane støttar opp om prioriteringane i miljøkonvensjonane. Integrering av miljøomsyn var ein sentral del av norske innspel til FAOs matvaretoppmøte i juni 2008.

WIPO har ein eigen Komité for immaterialrett og genressursar, tradisjonell kunnskap og folklore (IGC) som for tida er den viktigaste arenaen for drøftingar om desse spørsmåla innover i WIPO. Noreg har tidlegare fremja forslag om styrkt vern av tradisjonell kunnskap knytt til biodiversitet i IGC. Det er dårleg framdrift i komiteen og generalforsamlinga i WIPO skal hausten 2009 avgjera korleis arbeidet med desse spørsmåla skal førast vidare i WIPO, dvs. om mandatet til komiteen blir forlenga eller endra.

Under arbeidet med FAO-traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk er fokuset etter tredje partsmøte i juni 2009 på finansiering og på gjennomføring av føresegnene i avtala om tilgang til genetiske ressursar. Det er auka merksemd på genressursar som sikring i samband med at klimaendringar endrar vilkåra for matproduksjon i fleire verdsdelar. I tilknyting til eittårsjubileet i februar 2009 for etablering av Svalbard globale frøkvelv vart det sett fokus på betydninga av genressursar for auka mattryggleik som følgje av klimaendringar. Noreg medverkar til fokus på berekraftig utvikling i Verdsbanken, bl.a. gjennom det norskfinske fondet for miljøvennleg og sosialt berekraftig utvikling. Miljøverndepartementet arbeider saman med Utanriksdepartementet i fleire prosessar om FN-reform for å sikre at verksemda i FNs utviklingsprogram, UNDP, og andre utviklingsaktørar byggjer opp under miljømåla og medverkar til å tryggje livsgrunnlag. I seinare tid har koplingane mellom klimapolitikk, biobrensel, skog, biodiversitet og matproduksjon komme i sterkt fokus. Auka merksemd om klima samtidig som biobrensel blir meir omstridt og matvareprisane aukar har ført til ein sterk debatt om korleis ein skal få til ei politikkutvikling som ikkje fører til at tiltak for eitt formål undergrev andre formål under andre avtaler.

Verkemiddel

Resultatområde 5 underområda 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA, blir hovudsakleg finansierte over kap. 1400.

Det viktigaste verkemiddelet er direkte deltaking i relevante WTO-forhandlingar, under dette dei forhandlingane som skjer under Komiteen for handel og miljø om bl.a. forholdet mellom handelsregelverk og miljøavtaler og om liberalisering av miljøvennlege varer. Arbeidet for å få tilslutning til vårt forslag til utkast til ministererklæring om forholdet mellom miljøavtaler og WTOs regelverk, under dette alliansebygging med andre land, vil ha høg prioritet. Departementet deltek i desse forhandlingane i nært samarbeid med Utanriksdepartementet. Både fram mot København-møtet om klima og vidare vil arbeid for å sikre at internasjonale handels- og klimareglar blir gjensidig støttande vere ei viktig utfordring. Utgreiingar for å skaffe betre kunnskap om koplingar mellom miljø-/klima-utfordringar og handel/investeringar vil vere nødvendige i tida som kjem.

Når det gjeld Noregs frihandelsavtaler vil departementet i samarbeid med andre departement arbeide vidare for miljø som eige forhandlingstema med viktige land som Kina, India og Russland. Ved utforming av norske posisjonar under bilaterale og EFTAs frihandelsavtaler vil det, i nært samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet og andre aktuelle departement, bli arbeidd for å sikre rom for nasjonal verkemiddelbruk innan miljøpolitikken og at avtalene medverkar til berekraftig utvikling i tråd med målsetjingane for handelsområdet i Soria Moria-erklæringa. Eit viktig verkemiddel er aktiv deltaking i førebuande arbeid før forhandlingsrundar, og deltaking i sjølve forhandlingane med særleg viktige land som Kina og India og evt. Russland. Departementet vil òg, med basis i utgreiingsarbeidet om investeringar bidra til at føresegner om investeringar i handelsavtaler blir utforma slik at dei tek vare på så vel Noregs som våre forhandlingspartnarars behov for nasjonalt politisk handlingsrom blant anna i miljøpolitikken.

Miljøverndepartementet vil fortsetje arbeidet for å fremje miljøansvar i næringslivets internasjonale verksemd. Miljøverndepartementet vil òg søkje å fremje gode prinsipp for miljøansvar i investeringar bl.a. ved å samarbeide med Finansdepartementet om analysar av miljøaspekt ved bruken av midlar frå Statens pensjonsfond – Utland.

Regjeringa vil arbeide for styrkt miljøintegrasjon i FAO, UNDP, Verdsbanken mfl. gjennom styrande organ og andre former for samarbeid. Både eigne miljøsatsingar og gjennomføring av strategiske miljøkonsekvensvurderingar av ordinær verksemd vil vere viktige tiltak. Samtidig vil det vere viktig å sikre at desse og andre organisasjonar på tvers arbeider for gjensidig støttande løysingar på dei globale miljøproblema, jf. moglege arealkonfliktar mellom biodrivstoff, mat og biodiversitet. I WIPO vil Noreg arbeide for ein betre nord-sør-dialog slik at det blir mogleg å einast om samlande løysingar innafor området knytt til patentering av genressursar og tradisjonell kunnskap. Posisjonar her må samordnast med vidare utvikling i Biodiversitetskonvensjonen om eit regelverk for tilgang og utbyttefordeling til genressursar og TRIPS-forhandlingane i WTO.

Resultatområde 5 – underområde 3 Geografisk retta miljøsamarbeid

Definisjon og avgrensing

Underområdet omfattar miljøsamarbeid med land som i stor grad påverkar det globale miljøet og som er sentrale for utvikling av dei globale miljøkonvensjonane. Underområdet omfattar vidare miljøfaglege vurderingar og bidrag til utviklingspolitiske strategiar og program, særleg iverksetjing av Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid, programmet Olje for Utvikling, Regjeringas Rein Energi-satsing og andre strategiar/program i utviklingsarbeidet, og norsk innsats i Miljø for Europa-prosessen.

Tabell 10.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 3 Geografisk retta miljøsamarbeid

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

1. Arbeide for å styrkje utviklings- og EECCA-landas miljøforvaltning, betre miljøtilstanden deira og førebyggje globale miljøproblem.

1.1. Styrkje klima og miljøsamarbeidet under avtaler med Kina, Sør-Afrika og India og vidareføre arbeid retta mot andre land, under dette regionalt samarbeid overfor tidlegare sovjetrepublikkar (EECCA-landa).

Kvalitet/resultat i dei enkelte klima- og miljøprosjekta i landa blir evaluert av UD/ Norad.

1.2. Følgje opp arbeidet med å integrere omsynet til miljø i norsk utviklingssamarbeid, med vekt på miljøforvaltningas ansvarsområde i programmet Olje for Utvikling, og satsinga Rein Energi for Utvikling og Handlingsplanen for miljøretta utviklingssamarbeid.

Kvalitet/resultat i programma blir evaluert av UD/ Norad.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Styrkje klima og miljøsamarbeidet under avtaler med Kina, Sør-Afrika og India og føre vidare arbeid retta mot andre land, under dette regionalt samarbeid overfor tidlegare sovjetrepublikkar (EECCA-landa)

Miljøverndepartementet har særskilte avtaler om miljøsamarbeid med Sør-Afrika, Kina, Indonesia, India (under norskindisk kommisjon) og Sør-Korea. I tillegg har departementet ein avtale med Brasil om klimadialog. Desse landa har stor betydning for utvikling av den globale miljøtilstanden, i kraft av store og aukande klimagassutslepp, utslepp av miljøgifter og stort biologisk mangfald som er truga. Dei er derfor sentrale i internasjonalt miljøvernsamarbeid.

Miljøverndepartementet nyttar landavtalene til å fremje politisk dialog om globale miljøutfordringar og om forhandlingar og gjennomføring av dei internasjonale miljøavtalene. Klimaspørsmål har høg prioritet. Prosjektsamarbeid reflekterer den internasjonale dagsordenen og norsk innsats er retta mot område der Noreg har kompetanse som er etterspurt av samarbeidslanda. Under miljøsamarbeidet med Kina har klima, industrikontroll, reduksjon av miljøgifter og integrasjon av miljø i sektorane stått sentralt. I 2009 har eit breitt program for kapasitet og kompetanseutvikling i miljøforvaltninga blitt etablert. Dette programmet trekkjer på kunnskap utvikla gjennom fleire norske miljøprosjekt i Kina. Den norske støtta til Sør-Afrika innan reduksjon av forureining og vern av biologisk mangfald, har som mål å medverke til å oppfylle mål i det sørafrikanske vass- og miljødepartementet sin strategi. Nytt samarbeidsprogram er planlagt sett i gang våren 2010. I samarbeidet med India er klima og energi, biologisk mangfald, miljøgifter og miljøteknologi hovudområde. Ei avtale om klima og den grøne utviklingsmekanismen (Clean Development Mechanism) er venta inngått.

Det norske klima- og skoginitiativet, under dette bilateral støtte til Brasil og Tanzania, er omtalt under resultatområde 4, Eit stabilt klima og rein luft.

Ei langsiktig oppbygging av miljøforvaltninga i land på Balkan og dei tidlegare sovjetrepublikkane er ei viktig oppgåve for å oppnå miljøforbetringar i denne regionen. Noreg deltek i vidare utvikling av det regionale miljøsamarbeidet innan FNs Økonomiske Kommisjon for Europa med særleg vekt på oppfølging av ministererklæringa frå Beograd hausten 2007 om «Miljø for Europa». I det konkrete prosjektsamarbeidet legg Noreg vekt på kapasitetsbygging i miljø- og kulturminneforvaltninga og medverkar til å gjennomføre tiltak for å betre miljøsituasjonen i nokre utvalde land.

Arbeidsmål 1.2. Følgje opp arbeidet med å integrere omsynet til miljø i norsk utviklingssamarbeid, med vekt på miljøforvaltningas ansvarsområde i programmet Olje for Utvikling og satsinga Rein Energi for utvikling og Handlingsplanen for miljøretta utviklingssamarbeid.

Ei god forvaltning av miljøet i utviklingsland vil førebyggje og avgrense naturkatastrofar, miljøskadar og konfliktar som rammar dei fattigaste hardast. Å støtte landa i å utvikle nasjonal miljøpolitikk og å gjennomføre internasjonale forpliktingar er sentrale norske målsetjingar. Miljøverndepartementet samarbeider med Utanriksdepartementet om å setje i verk Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Handlingsplanen har fire satsingsområde: biologisk mangfald og naturressursforvaltning, vatn og sanitær, klimaendringar og tilgang til rein energi, og miljøgifter. I mange utviklingsland er det store utfordringar knytte til forvaltninga av petroleumsressursar. Regjeringas program Olje for Utvikling, som vart starta i 2005, skal medverke til god ressursforvaltning innafor petroleumssektoren, ei finansforvaltning og eit styresett som medverkar til brei utvikling og til å ta vare på miljøomsyn. Ti land er i dag prioriterte frå norsk side. Miljøverndepartementet har ansvar for miljøpilaren, og i fleire av landa er det sett i verk eit tett samarbeid med miljøvernstyresmaktene i samarbeidslandet. Regjeringa har òg sett i gang ei eiga satsing på Rein energi for utvikling der Miljøverndepartementet medverkar. I mange utviklingsland er det liten tilgang på energi, og dette programmet skal fremje energieffektivitet og fornybare energikjelder i utviklingssamarbeidet.

Verkemiddel

Resultatområde 5 underområde 3 Geografisk retta miljøsamarbeid er finansiert over kap. 1400. Det bilaterale samarbeidet blir i hovudsak finansiert av Utanriksdepartementet.

Miljøverndepartementet legg vekt på styrking av klima- og miljøsamarbeidet med Kina, India og Sør-Afrika, med politisk og fagleg dialog, og prosjektsamarbeid som reflekterer globale utfordringar. I samarbeidet med Kina vil eit nytt miljøkompetanseprosjekt bli sett i verk, ein fører vidare eksisterande og etablerer nye prosjekt for kontroll med miljøgifter og det blir planlagt prosjekt om integrert politikk for redusert utslepp av tradisjonelle luftforureiningar og klimagassar. Eit samarbeid om klima og biodiversitet er òg under utvikling. I samarbeidet med India er det lagt vekt på satsing på rein energi og desentralisert energiforsyning som kjem fattige på landsbygda til gode. For Sør-Afrikas del er ein i ein fase der sørafrikanske miljøstyresmakter skal definere prioriteringane sine for ein ny samarbeidsperiode, men kunnskap og kompetanse om klimaendringar, klimatiltak og klimatilpassing er venta å stå sentralt.

Miljøverndepartementet legg vekt på å bidra til å setje i verk Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Det har skjedd ei betydeleg opptrapping av programmet Olje for utvikling (OfU) sidan oppstart i 2005, og miljøforvaltninga vil ytterlegare styrkje si oppfølging av miljøpilaren i OfU, bl.a. gjennom eigne samarbeidsavtaler om miljø med fleire OfU-land. Noreg bidrar med betydelege midlar for å fremje rein energi og energieffektivisering i utviklingssamarbeidet. Miljøomsyn skal takast vare på gjennom internasjonale miljøretningslinjer og Miljøverndepartementet arbeider for at det skal leggjast auka vekt på bruk av dei fornybare energikjeldene som har færrast miljøkonsekvensar.

Resultatområde 5 – underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Definisjon og avgrensing

Underområdet omfattar arbeidet med miljøutfordringane på Svalbard, Jan Mayen, i Barentshavet, i Arktis elles og Antarktis med biland, medrekna det bilaterale samarbeidet med Russland. Det omfattar òg miljøfagleg arbeid innafor relevante internasjonale fora som Arktisk Råd, Barentssamarbeidet og samarbeidet under Antarktistraktaten.

Tabell 10.6 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

1. Samarbeidet i Noregs nærområde, i den arktiske regionen og i Antarktis skal medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminneverdiane i desse områda, og til å redusere og førebyggje grenseoverskridande forureining som kan påverke miljø, helse og næringsverksemd i Noreg.

1.1. Medverke til heilskapleg forvaltning av naturressursane og til å redusere miljøgift- og klimaverknadene gjennom samarbeidet i Arktisk Råd.

Aktivitetar som er sette i gang i arbeidsgrupper og program under Arktisk Råd på områda klima, miljøgifter og biologisk mangfald.

1.2. Sikre dei unike natur- og kulturminneverdiane i Antarktis og ta vare på kontinentet som eit viktig referanseområde for miljøforsking gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten.

Resultatet av miljøkrav og retningslinjer for norske aktivitetar i Antarktis.

Deltaking i arbeidsgrupper og andre samarbeidsfora under traktaten.

1.3. Medverke til tiltak som reduserer utslepp frå hot-spots i Russland og til å bevare biodiversiteten i området gjennom formannskapet i Barentsrådets miljøgruppe.

Talet på hot-spots der det er satt i gang tiltak.

Talet på område der det er samarbeid om bevaring av biodiversitet.

1.4. Ivareta miljø i oppfølginga av nordområdestrategien.

Gjennomslag for miljøomsyn i oppfølginga av strategien.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Medverke til heilskapleg forvaltning av naturressursane og til å redusere miljøgift- og klimaverknadene gjennom samarbeidet i Arktisk Råd.

Noreg deltek aktivt i Arktisk Råd. Danmark overtok formannskapet 29. april 2009 i 2 år framover. Det siste møtet under det norske formannskapet vart halde i Tromsø 29. april i 2009. Der vart det bestemt at ein i tillegg til dei prosjekta som allereie er sette i gang på klima, biodiversitet og miljøgifter, vil starte eit oppfølgingsprosjekt på heilskapleg havforvaltning, og nye prosjekt på evt. forsuring av arktiske havområde, klimarelaterte prosjekt på sot, metan og andre kortliva klimagassar. Det vart òg bestemt å halde møte på statssekretærnivå mellom ministermøta som blir haldne kvart anna år. Noreg finansierer framleis storparten av sekretariatet til Arktisk Råds miljøovervakingsprogram (AMAP) og medverkar aktivt i programmet. Noreg deltek òg i prosjektsamarbeidet under ACAP (Arctic Contaminants Action Plan) som har som hovudmål å redusere faren for forureining av miljøgifter i Arktis og i Arbeidsgruppa for vern av det arktiske marine miljøet (PAME). Noreg er ein viktig pådrivar og bidragsytar til eit større prosjekt under Arktisk Råds program for bevaring av arktisk flora og fauna (CAFF), knytt til økosystemtilnærming og bevaring av biologisk mangfald.

Arbeidsmål 1.2. Sikre dei unike natur- og kulturminneverdiane i Antarktis og ta vare på kontinentet som eit viktig referanseområde for miljøforsking gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten.

Noreg deltek aktivt i ATCM (Antarctic Treaty Consultative Meeting) og CEP (Committee for Environmental Protection) og medverkar til å utvikle omfattande reglar for vern av miljøet på Antarktis-kontinentet. Det relativt urørte natur- og kulturmiljøet i Antarktis er likevel under stadig større press og klimaendringar og turisme er no hovudsaker for samarbeidet under Antarktistraktaten. Turismen i Antarktis har auka betydeleg det siste tiåret, og i sesongen 2008-2009 var det om lag 40 000 turistar i Antarktis.

Dei fleste turistane kjem med skip og auken i talet på cruisefartøy har vore stor. Talet på stader der ein kan stige i land er framleis avgrensa, slik at belastninga blir stor på desse enkelte stadene. I dei siste sesongane har det vore fleire alvorlege uhell som bl.a. grunnstøyting og forlis. Det er gjennomført tiltak for å redusere farane for slike uhell og påfølgjande miljøskadar.

Effektane av klimaendringar er klart merkbare i Antarktis òg. Det er lagt stor vekt på at partane til Antarktistraktaten skal halde seg oppdaterte med omsyn til lokale effektar av klimaendringane, samtidig som partane òg legg til grunn eit breitt perspektiv som omfattar Antarktis sin betydning for den globale klimautviklinga. Noreg tok i 2009 initiativ til å halde eit ekspertmøte under Antarktistraktaten for å diskutere og vurdere implikasjonane av klimaendringane for forvaltninga av Antarktis.

Arbeidsmål 1.3. Medverke til tiltak som reduserer utslepp frå hot-spots i Russland og til å bevare biodiversiteten i området gjennom formannskapet i Barentsrådets miljøgruppe.

Saman med lokalt og regionalt miljøvernsamarbeid i Barentsregionen utgjer det bilaterale samarbeidet under miljøvernkommisjonen det viktigaste bidraget frå norsk side til Barentsrådet, sjå arbeidsmål 2.3. Barentsrådets miljøarbeidsgruppe, i samarbeid med NEFCO, arbeider med å setje i gang forprosjekt til å rydde opp i dei 42 største forureiningskjeldene i Barentsregionen, dei såkalla hot-spots. Det er starta arbeid med ein informasjonsdatabase om hot-spots og utvikling av kriterium for å rekne ein hot-spot for løyst. Noreg leide Barentsrådets miljøarbeidsgruppe i 2008 og 2009. Arbeidet med reduksjon av utslepp av miljøgifter og klimagassar frå hot-spots i Russland, reinare produksjon, berekraftig produksjon og forbruk, tilpassing til klimaendringar og bevaring av biomangfald i regionen har prioritet. Det norskrussiske samarbeidet om vern av habitat og biologisk mangfald i Barentsregionen, det så kalla Habitatcontractforum, vart knytt til miljøarbeidsgruppa i 2008, og det er skipa eigne undergupper for å arbeide med vass-saker, reinare produksjon/ hot-spots og biologisk mangfald.

Arbeidsmål 1.4. Ivareta miljø i oppfølginga av nordområdestrategien.

Regjeringas nordområdestrategi legg bl.a. opp til at Noreg skal vere den fremste forvaltaren av miljøet og naturressursane i Nordområda. I Nye byggesteiner i nord (mars 2009) har Regjeringa foreslått etablering av eit Senter for klima og miljø i Tromsø som har som mål å bli eit internasjonalt senter for forsking på klima og miljø i nordområda.

Satsing på utviklinga av forskingsplattforma SIOS saman med EU og det moderne radarsystemet EISCAT vil vere viktig i denne samanhengen. I tillegg vil arbeidet med å utvikle eit nytt isgåande fartøy og utvikling av eit beredskap- og overvakingssystem for Nordområda, det såkalla BarentsWatch vere sentralt. Miljøverndepartementet deltek aktivt i oppfølginga av nordområdestrategien og legg særleg vekt på heilskapleg forvaltning og strenge krav til aktivitetar som påverkar miljøet. Miljøverndepartementet vil òg medverke til å styrkje internasjonalt samarbeid for å sikre ratifisering og effektiv implementering av internasjonale miljøkonvensjonar i Arktis av alle kyststatane. Målet er å redusere menneskeskapte klimaendringar og redusere belastninga frå langtransporterte miljøgifter.

Tabell 10.7 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

2. Miljøvernsamarbeid med Russland skal medverke til redusert forureining i nærområda, betre løysing av felles miljøoppgåver, kompetanseutvikling i miljøforvaltning og næringsliv og til å fremje russisk deltaking i internasjonalt miljøvernsamarbeid, konvensjonar og avtaler.

2.1. Arbeide for ei god miljøløysing ved nikkelverka på Kola når moderniseringsavtala med Noreg ikkje blir gjennomført og etablere ein norsk målestasjon.

Reduksjon i utslepp utan norsk støtte.

Data frå norsk målestasjon i Nikel.

2.2. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland og styrkje miljøkompetansen i russisk industri og næringsliv.

Talet på prosjekt i Nordvest-Russland med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på prosjekt med norsk samarbeidspartnar.

Økonomisk og miljømessig vinst i bedrifter som har gjennomført Program for Reinare Produksjon.

Russisk forvaltnings tilrettelegging for meir berekraftig produksjon og forbruk. Sterkare forankring av programmet i regionane.

2.3. Føre vidare det grensenære samarbeidet om forvaltning av arter, miljøovervaking, vern av naturtypar og kulturminne.

Resultat av samarbeid om forvaltning av verneområde og arter, samarbeid om miljøovervaking og vern av kulturminne.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1. Arbeide for ei god miljøløysing ved nikkelverka på Kola når moderniseringsavtala med Noreg ikkje blir gjennomført, og etablere ein norsk målestasjon i Nikel.

Moderniseringsprosjektet for nikkelverket, som består av eit briketteringsanlegg i Zapoljarnij og modernisering/nytt smelteverk med tilhøyrande gassreinsing og svovelsyrefabrikk i Nikel, kom i gang i 2002. Prosjektet har blitt seinka i forhold til ferdigstilling som tidlegare var planlagt innan utgangen av 2006. Brikkeringsanlegget i Zapoljarnij er vedteke bygt og skal etter planen stå ferdig i 2010. Leiinga i konsernet har enno ikkje formelt teke endeleg stilling til framtidig lokalisering av smelteverket med tilhøyrande gassreinsing og handtering av svovel. Det ser no ut til at modernisering av nikkelverka på Kola i medhald av avtala med Noreg ikkje vil bli gjennomført. Norske styresmakter vil halde fram med å leggje press på russarane for å få til ei god miljøløysing. Aukande nedfall av tungmetall i Aust-Finnmark dei siste åra er urovekkjande. Ein ny norsk målestasjon i Nikel vil kunne bidra til å finne kjelda til denne auken.

Arbeidsmål 2.2. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland og styrkje miljøkompetansen i russisk industri og næringsliv.

Nordic Environment Finance Corporation (NEFCO) er ein sentral samarbeidspartnar når det gjeld miljøprosjekt i Nordens nærområde, og har medverka til fleire miljøprosjekt i Russland og land rundt Austersjøen, spesielt for å avgrense utslepp til luft og vatn og fremje energieffektivisering og fornybare energikjelder. I NEFCOs siste strategi er det òg sett auka fokus på Arktis og påverknad av klimagassar og miljøgifter og at NEFCO skal bidra til å avgrense desse utsleppa gjennom sine aktivitetar. I tillegg inngår òg Ukraina og Kvite-Russland i prosjektsamarbeidet. Norske konsulentar og bedrifter medverkar i fleire av desse prosjekta. Arbeidet held fram i 2010.

Programmet for reinare produksjon og industriell miljøeffektivitet har som formål å introdusere metodar for miljø- og energieffektivitet i russiske industribedrifter i regionane Arkhangelsk, Murmansk, Karelen og Komi. Dei fleste store industrikombinata i desse regionane har delteke i programmet. Det er lagt stor vekt på å få med bedrifter på AMAP/NEFCOs hot-spot-liste i programmet. Det har òg vore gjennomført basisprogram i alle regionane og blitt lagt til rette for å inkludere kommunale bedrifter i programmet. Programmet held fram i 2010 med vekt på bedrifter på hot-spot-lista, dei 42 største forureiningskjeldene i Barentsregionen. Arbeidet med å få russiske styresmakter til å ta ansvar for vidareføring av programmet, og arbeid med å forankre programmet i regionane held òg fram

Arbeidsmål 2.3. Føre vidare det grensenære samarbeidet om forvaltning av arter, miljøovervaking, vern av naturtypar og kulturminne.

Det vart i 2007 utarbeidd ein oppdatert miljøstatus for nedslagsfeltet for forureining frå nikkelverket og fremja eit forslag om eit felles langsiktig miljøovervakingssystem som eit samarbeid mellom Noreg, Finland og Russland. I 2009 vart samarbeidet om mattryggleik og vassovervaking styrkt. Dette samarbeidet skal førast vidare i 2010. Turstig mellom Noreg og Finland vart opna i 2009. Samarbeidet skal førast vidare i 2010 med forvaltning av bjørn, forsking, miljøundervisning og økoturisme i samsvar med retningslinjene for Europarc. Bioforsk Svanhovd har blant anna vidareført det naturfaglege samarbeidet, gjesteforskarordninga og fenologisamarbeidet med russiske institusjonar og skular.

På området bevaring av habitat og biologisk mangfald har samarbeidet om forvaltning av Yugyd Va nasjonalpark i Komi og om metodar for bevaring av kulturlandskapet i Kenozero nasjonalpark halde fram i 2009. Tilrettelegging i eit helleristningsfelt i Karelen vart gjennomført i 2006-2008 og sluttført i 2009. Prosjekt for kartlegging og bevaring av utrydningstruga arter der Noreg og Russland har felles ansvar, som ismåke og dverggås, er òg vidareført. Den russisk arktiske nasjonalparken vart vedteken oppretta i 2009, men utan at Franz Josef Land vart inkludert i verneområdet.

Det grensenære samarbeidet i Pasvikområdet, kulturminnesamarbeidet, samarbeid om bevaring av biologisk mangfald og om forvaltning av verneområde blir ført vidare i 2010.

Tabell 10.8 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikator

3. Utnytting av ressursane i våre nære arktiske havområde skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir truga eller utrydda. Bestandar av arter som i dag er rekna som truga eller på annan måte er negativt påverka av arealbruk, hausting og/eller forureining skal bevarast og om mogleg byggjast opp att.

3.1. Bidra til russarane sitt arbeid med ein forvaltningsplan for Barentshavet.

Grad av felles problemforståing og felles forvaltningsprinsipp når det gjeld miljøutfordringane i Barentshavet.

Krav til regulering og forureiningskontroll for å verne havmiljøet i Barentshavet.

Status for samarbeidet om miljøovervaking og etablering av felles miljødataportal.

Russisk tilslutning til OSPAR-standardar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.1. Bidra til russarane sitt arbeid med ein forvaltningsplan for Barentshavet.

Framtidig utvikling når det gjeld utnytting av naturressursar, m.a. produksjon og transport av olje og gass, vil vere viktig for Barentshavet. Den heilskaplege forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet inneheld bl.a. tiltak for å sikre låg risiko for akutt oljeforureining. Det er viktig å styrkje samarbeidet med Russland for å sikre ei god oppfølging av forvaltningsplanen.

Forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet er oversett til russisk og presentert for russiske styresmakter og fagfolk. I 2009 vart arbeidet med ein felles norskrussisk statusrapport for miljøtilstand og biologiske ressursar i heile Barentshavet fullført. Den russiske sida legg opp til å bruke rapporten som grunnlag for å utarbeide eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk del av Barentshavet basert på norske erfaringar, og å etablere eit grunnlag for økosystembasert miljøovervaking i Barentshavet.

Omtrent 80 prosent av den globale hekkebestanden av den truga arta ismåke har tilhald i Noreg og Russland. Bestandssituasjonen blir kartlagt med tanke på utbreiing, bestandsstorleik, miljøgifter og trekkruter. Kartlegginga har dokumentert ein bestand på om lag 5000 par, noko som er under halvparten av det bestanden vart estimert til i 1995. Det er dokumentert høge konsentrasjonar av miljøgifter som kan gi biologiske effektar. Ved State Biological Museum i Moskva vart det opna ei utstilling om ismåke i 2008. Resultata vekkjer interesse nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet blir ført vidare i 2010.

Eit viktig mål for havmiljøsamarbeidet er å arbeide for streng miljøregulering av alle aktivitetar som påverkar miljøet i Barentshavet. Vi skal styrkje samarbeidet om kompetanseoppbygging og erfaringsutveksling og arbeide for å fremje bruk av miljøvennlege produksjonsprosessar i all petroleumsverksemd i området. Dette skal oppnåast gjennom samanlikning av norske og russiske normer og regelverk på miljøområdet og gjennom praktisk tilnærming til miljøregulering og kontroll av verksemd i Barentshavet. I 2008 deltok ein russisk kontrollør frå tilsynsorganet Rossprirodnazor i ein vellykka miljørevisjon av StatoilHydros Glitne-felt. Det er planlagt tilsvarande besøk i 2010.

Harmonisering av overvakingsmetodikk er høgt prioritert og skjer bl.a. ved hjelp av felles norskrussisk miljøovervakingstokt. Tokt har blitt gjennomført sidan 2002. I juni 2008 vart det gjennomført tokt med prøveinnsamling i russiske kystområde. Analyseresultata frå 2007 er gjennomgått og viser godt samsvar mellom norske og russiske laboratorium. Foreløpige analyseresultat vart presenterte på eit OSPAR-møte i Oslo i april 2008.

Tabell 10.9 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4. Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur på Svalbard skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad gjennom særskilde vernevedtak. Viktige marine naturverdiar rundt Svalbard skal sikrast.

4.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

Omfanget av urørt villmark på Svalbard.

Fråvær av gjennomgåande «linjeinngrep».

Områdevernet sin representativitet og vernestatus.

Talet på verneområde der vernevedtektene er oppgraderte.

Omfanget av område med vernestatus.

4.2. Halde den menneskelege påverknaden på det biologiske mangfaldet på Svalbard på eit lågt nivå og sikre at bidraget til slik påverknad av miljøet frå lokal verksemd og busetnad på Svalbard er lite.

Bestandsstatus for utvalde arter.

Talet på arter som har endra status på raudlista for Svalbard og Jan Mayen.

Registrerte endringar i biologisk mangfald som følgje av klimaendringar.

Registrerte effektar på dyreliv og vegetasjon som følgje av ferdsel.

Status for framande arter og effektar av desse.

Lokale utslepp til luft og vatn frå verksemd på Svalbard.

Kvalitet på arealplanarbeidet i busetnadene i forhold til lokal miljøpåverknad.

4.3. Sikre effektiv utnytting av midlane i Svalbards miljøvernfond.Talet på og effekten av gjennomførte tiltak og prosjekt med støtte frå fondet.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 4.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

Med unntak av nokre få busetnader og nærområda deira er Svalbard framleis eit stort, samanhengande villmarksområde. Gjennom ein bevisst politikk har ein unngått gjennomgåande «linjeinngrep» som vegar, kraftleidningar og liknande mellom dei ulike busetnadene og gruveområda på Svalbard. Annan lokal arealpåverknad er òg moderat, og skuldast ulike former for ferdsel i terrenget. Omfanget av villmarksprega område på Svalbard er halde ved lag. Dei siste åra er det oppretta seks nye verneområde som sikrar nokre av dei biologisk mest produktive landområda på øygruppa. I tillegg er nye sjøområde inkluderte i verneområda etter utvidinga av territorialgrensa frå fire til tolv nautiske mil. Hausten 2008 vart også Bjørnøya naturreservat utvida til 12 nautiske mil frå land. Til saman er ca. 65 pst. av landområda på Svalbard og 87 pst av territorialfarvatnet verna. Gjennom desse utvidingane er det no etablert eit eksemplarisk og representativt nettverk av verneområde på Svalbard, som omfattar alle kjente naturtypar på øygruppa.

Verneføresegnene er dei seinare åra styrkte for å hindre negative effektar av auka ferdsel, og det blir arbeidd med å styrkje verneføresegnene ytterlegare for å ivareta formålet med vernet i ein situasjon der ferdsel knytt til både turisme og forsking aukar.

I dei naturområda som ikkje er verna, er det generelle regelverket for løyve til verksemd som kan føre til naturinngrep eller annan påverknad også svært strengt.

Arbeidsmål 4.2. Halde den menneskelege påverknaden på det biologiske mangfaldet på Svalbard på eit lågt nivå og sikre at bidraget til slik påverknad av miljøet frå lokal verksemd og busetnad på Svalbard er lite.

Dyrelivet på Svalbard er i utgangspunktet freda, men det er opna for avgrensa jakt, fangst og fiske, primært som fritidstilbod for lokalbefolkninga. Bestandane av dei fleste artene er livskraftige og lite påverka av den verksemda som i dag går føre seg på øygruppa, men for enkelte arter er det ikkje tilstrekkeleg kunnskap til å fastslå dette heilt sikkert. Bestandane av arter som svalbardrein, kvalross, isbjørn, ærfugl og gjæser er bygd opp igjen eller i vekst etter overutnytting i tidlegare tider. Unntaka omfattar grønlandskval og ringgås, som framleis har sterkt reduserte bestandar. Svalbardrøya har òg vore sterkt utnytta. I enkelte vassdrag har spesielt bestanden av storvaksen røye vore sterkt redusert og nærast utfiska. Det er òg fleire teikn på klimarelaterte miljøendringar.

Sjølv om situasjonen for det biologiske mangfaldet på Svalbard i dag er god, er arter og økosystem sårbare for fleire typar påverknad. Felles for dei årsaksfaktorane som peiker seg ut er at dei i hovudsak er knytte til ytre påverknad eller verksemd i tidlegare tider. Mens dei attverande effektane av tidlegare tiders fangst blir reduserte over tid, kan andre faktorar ventast å få større effekt. Dette gjeld særleg klimaendringar. Mindre sjøis i fjordane på vestsida av Svalbard påverkar allereie isavhengige arter sin bruk av desse områda om vinteren og våren. Samtidig har innslaget av tempererte fiskeslag i fjordane auka betydeleg. Også tilførsler av miljøgifter til Barentshavet har stor innverknad, og kan bli forsterka av klimaendringane. Arter som isbjørn og polarmåke har urovekkjande høge nivå av enkelte miljøgifter. Mens nivåa av «gamle» miljøgifter som PCB sakte fell tilbake, aukar nivåa av enkelte nyare kjemikaliar.

Også lokal verksemd og ferdsel kan påverke dyreliv og vegetasjon. Talet på turistar som besøkjer Svalbard har auka betydeleg, og særleg cruiseturismen har spreidd seg til stadig nye delar av øygruppa. Aukande ferdsel vil over tid i varierande grad føre til slitasje og forstyrring av dyrelivet, og større risiko for skade på bestandar av fugl og pattedyr som følgje av forureining.

Sjøfuglbestanden på Svalbard er òg avhengig av ei fiskeriforvaltning som tek omsyn til bestandane sitt næringsbehov. Dei fleste fiskeslaga som betyr noko som mat for sjøfugl rundt Svalbard er i dag i god forfatning eller i vekst.

Det er eit klart behov for å styrkje overvakinga av effektar av kimaendringar og ferdsel på Svalbard. Dette gjeld særleg effektar på vegetasjon. Det er sett i gang eit utviklingsarbeid for å etablere nye overvakingsaktivitetar som dekkjer desse behova.

Arbeidsmål 4.3. Sikre effektiv utnytting av midlane i Svalbards miljøvernfond.

Svalbards miljøvernfond vart fullt operativt i 2008. Midlar frå fondet er tildelt ei rekkje søkarar/prosjekt med både lokal og nasjonal forankring og som kan bidra til tiltak som kan beskytte både naturmiljø og kulturminne på Svarbard.

Tabell 10.10 Tabell Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikator

5. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart som eit vitskapeleg kjeldemateriale og eit grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 pst. årleg.

5.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.

Skade og slitasje på utvalde kulturminne og kulturmiljø.

Gjennomsnittleg årleg tap av registerte kulturminne i pst.

Gjennomføring av tiltak i medhald av kulturminneplanen for Svalbard og miljøhandlingsplanen for Jan Mayen.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 5.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.

Svalbard har kulturminne som representerer verksemda til fleire nasjonar gjennom meir enn 400 år på ein måte som neppe finst nokon annan stad i verda. Alle kulturminne frå før 1946 er automatisk freda, men kulturminneverdiane blir i aukande grad påverka av ferdsel i terrenget og auka utbygging og press på areala i busetnadene. Klimaendringane fører òg til aukande nedbryting av kulturminne. Det er gjennomført tiltak for å bevare kulturminne som stod i fare for å bli øydelagde bl.a. på grunn av aukande ferdsel. Det er òg sett i verk utvida vern av enkelte kulturminne som er sterkt utsette for slitasje. Det blir vidare arbeidd med tiltak for å forby ferdsel ved enkelte utvalde kulturminne.

Det er i tillegg utført vedlikehald og restaurering av ei rekkje freda bygningar i statleg eige i medhald av Kulturminneplan for Svalbard 2000-2010.

Svalbard representerer natur- og kulturverdiar som Noreg har eit særskilt ansvar for å sikre, og UNESCO har signalisert tydeleg interesse for arktisk natur. Svalbard vart i 2007 oppført på den tentative lista over område Noreg, som part til konvensjonen om verdas natur- og kulturarv, har vil nominere til verdsarvlista dei kommande åra. Det blir vidare arbeidd med å utgreie Svalbard som mogleg verdsarvområde.

Tabell 10.11 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

6. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjonen eller forstyrre dyrelivet. Høvet til å oppleve naturen uforstyrra av motorisert ferdsel skal sikrast òg i område som er lett tilgjengelege frå busetnadene.

6.1. Styre ferdsla på Svalbard i samsvar med miljømåla for Svalbard.

Volum og fordeling av motorisert ferdsel på Svalbard.

Tilgang på og forvaltning av snøskuterfrie område.

Tal på og geografisk spreiing av ilandstigingar frå cruiseskip utanfor planområda.

Ferdselsslitasje i utvalde område.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 6.1. Styre ferdsla på Svalbard i samsvar med miljømåla for Svalbard.

Svalbard vart besøkt av meir enn 93 000 turistar i 2008, og dei siste ti åra er talet turistar på Svalbard nesten dobla. Svalbard er eit av dei mest besøkte arktiske reisemåla i verda.

Det har samtidig vore ein sterk auke i talet på plassar for ilandstiging på Svalbard, også i dei mest fjerntliggjande områda. Ekspedisjonscruise sette turistar i land på 134 ulike stader på øygruppa utanom Isfjorden og Ny-Ålesund i 2008. Styresmaktene har lagt til rette for auka forsking på Svalbard ikkje minst ut frå øygruppa sine spesielle fortrinn når det gjeld klimaforsking. Ferdselen knytt til forsking aukar derfor også.

Også den motoriserte ferdselen på land aukar. Det er i dag registrert meir enn 2 500 snøskuterar på Svalbard. Talet er meir enn dobla det siste tiåret. Dette tilseier at også snøskutertrafikken på det sentrale Spitsbergen har auka betydeleg. Samtidig er køyringa i Norvest-Spitsbergen og Sør-Spitsbergen nasjonalparkar redusert dei seinare åra. Ut over dette har ein lite detaljert kunnskap om ferdselsvolum og ferdselsmønster. På det sentrale Spitsbergen er det oppretta snøskuterfrie område der umotorisert friluftsliv og turisme skal kunne gå føre seg uforstyrra sjølv i område som er lett tilgjengelege frå Longyearbyen.

Det er dokumentert at barmarkskøyring knytt til tidlegare gruve- og leiteverksemd fleire stader har hatt sterk negativ effekt på terreng og vegetasjon, og at konsentrert ferdsel til fots har gitt stigdanning i mykje besøkte område. Det er òg dokumentert betydeleg slitasje på vegetasjon og kulturminne på ein del mykje brukte ilandstigingslokalitetar.

Ut over dette er dokumentasjonen av effektar av ferdselen på Svalbards natur og kulturminne framleis avgrensa. Dette har samanheng med at ferdselsauken i dei fleste områda er av relativt ny dato og at overvakinga hittil har hatt eit beskjedent omfang.

Det er no gjennomført fleire tiltak for å møte dei utfordringane som cruiseturismen og annan skipsfart fører med seg. Det er innført forbod mot bruk av tungolje for skip som seglar innafor dei to store naturreservata på austsida av Svalbard. Vidare er det innført avgrensingar i talet på passasjerar om bord på skip som seglar innafor desse naturreservata. Grensa på 200 passasjerar er sett for å hindre at dei store cruiseskipa som i dag ferdast på vestkysten av Svalbard tek i bruk farvatna på austsida. Dette vil medverke til å avgrense talet på ilandstigingar og førebyggje auka slitasje og forstyrring av dyrelivet innafor naturreservata på austsida av Svalbard. Formålet med desse naturreservata er å sikre store, urørte referanseområde for forsking. Styresmaktene arbeider no med forslag til endringar av verneforskrifta for dei store verneområde på Svalbard for å sikre at cruisetrafikk og annan ferdsel i verneområda skjer på ein måte som er i samsvar med verneformålet. Det er òg sett i gang eit arbeid for å utarbeide forvaltningsplanar for alle dei store verneområda på Svalbard.

Styresmaktene arbeider òg med krav og retningslinjer for ferdsel knytt til forsking i felt, og har starta eit arbeid med å vurdere korleis det kan leggjast betre til rette for ikkjemotorisert frilufts- og reiseliv. Det blir òg arbeidd med å styrkje kunnskapen om utbreiing og sårbarheit av ulike naturtypar, og å utvikle ei meir systematisk kartlegging og overvaking av miljøpåverknad frå ferdsel.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 5, underområde 4 miljøsamarbeid i nord og polarområda, er dekt over Norsk Polarinstitutts budsjettramme, jf. kap. 1471 og kap. 1472 – Svalbards miljøvernfond. Kap. 1400 inneheld òg budsjettmidlar som skal medverke til finansieringa av dette resultatområdet i 2009, bl.a. blir det gitt tilskot til sekretariatsutgifter til «Artic Monitoring and Assessment program» (AMAP). Det er òg oppretta eit nytt kap. 1474 post 01 til Senter for klima og miljø i Tromsø.

Prosjektsamarbeidet med Russland, støtte til NEFCOs miljøutviklingsfond, til prosjekt under Arktisk råd og til NGO-samarbeidet med Russland blir finansiert over Utanriksdepartementets budsjett. Noreg har stilt til rådvelde eit tilskot på inntil 270 mill. kroner til moderniseringsprosjektet for nikkelverket i Petsjenga. Tilskotet blir administrert av Nordisk Investeringsbank, NIB. Norilsk Nikel låner tilsvarande beløp av NIB og medverkar med resterande, minst tilsvarande beløp i eigenkapital. Sverige medverkar med 3 mill. USD i tilskot.

Miljøvernavtala og prosjektmidlane frå UD er viktige verkemiddel i miljøvernsamarbeidet med Russland. Arbeidet er leia av ein norskrussisk miljøvernkommisjon på politisk nivå. På det 13. møtet i miljøvernkommisjonen hausten 2007 vart arbeidsprogrammet for 2007-2008 ført vidare. Programmet omfattar samarbeidsområda vern av havmiljø, forvaltning av biodiversitet i Barentsregionen, reduksjon av forureining og programmet reinare produksjon, grensenært samarbeid, kulturminnevern og den russisk, arktiske nasjonalparken, og undersøkingar av radioaktiv forureining som blir finansiert over UDs atomhandlingsplan. På kommisjonsmøtet vart det òg gitt føringar for arbeidet med arbeidsprogrammet for 2009-2010. Det skal mellom anna leggjast meir vekt på samarbeid om klimaspørsmål. Havmiljøgruppa under miljøvernkommisjonen blir eit viktig verkemiddel for samarbeidet om miljøutviklinga i Barentshavet saman med oppfølginga av St.meld. nr. 8 (2005-2006) Heilskapleg forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområda utanfor Lofoten. Informasjonsformidling i og om nordområda er eit viktig verkemiddel der Svanhovd miljøsenter har ei sentral rolle.

På oppdrag frå Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet har Fridtjof Nansens Institutt evaluert miljøvernsamarbeidet med Russland og enøk- og bioenergiprosjekt under Utanriksdepartementets løyving til energiprosjekt. Evalueringa dekkjer perioden 1995-2006, og understrekar blant anna betydinga av auka satsing på havmiljøsamarbeidet og det grensenære samarbeidet. Rapporten viser òg at miljøvernsamarbeidet er på veg bort frå bistandsprega samarbeid til samarbeid på område der Noreg og Russland har store felles interesser. Reinare produksjon-programmet har gitt gode resultat i dei enkelte bedriftene, men har ikkje blitt økonomisk sjølvgåande, og konseptet er ikkje teke opp av russiske styresmakter. Samtidig er økonomien i russiske bedrifter betre. Evalueringa stiller derfor spørsmål ved om programmet bør støttast vidare i si noverande form. Frå 2008 er desse tilrådingane følgt opp.

Eit viktig verkemiddel for miljøvernforvaltninga på Svalbard er miljøvernlova med tilhøyrande forskrifter, handhevinga av dette regelverket, og overvaking av miljøtilstanden og aktivitetar som kan påverke den.

Svalbardmiljølova med forskrifter regulerer dei fleste område innafor miljøvernet på Svalbard, som områdevern, naturinngrep og ferdsel, vern av kulturminne, arealplanlegging i busetnadene, lokal forureining og avfall, og jakt og fiske. Svalbardmiljølova er på mange måtar eit miljørettsleg føregangsarbeid og svært viktig i arbeidet med å ivareta dei høge miljømåla som er sette for Svalbard. Erfaringane med lova så langt er at den dekkjer behovet for ei heilskapleg og langsiktig forvaltning av øygruppa på ein god måte.

Etter opprettinga av fleire nye verneområde og utviding av grensa for dei opphavlege store verneområda i sjø frå 4 til 12 nautiske mil i perioden 2002-2008, er no 65 pst. av landområda og 87 pst. av territorialfarvatnet verna. Det omfattande områdevernet gir, saman med eit strengt generelt miljøregelverk, eit godt utgangspunkt for å oppretthalde omfanget av villmarksprega område og unngå gjennomgåande naturinngrep i framtida. Utanfor verneområda avhenger dette likevel av ein streng praksis når det gjeld løyve til naturinngrep og effektiv handheving av regelverket.

Frå 1. juli 2007 vart det i forskrift av 1973 om oppretting av fuglereservat og større naturvernområde på Svalbard gjort endringar som inneber at berre lett, marin diesel kan nyttast som bunkers innafor dei store naturreservata i aust. Det vart òg sett eit tak på 200 passasjerar pr. cruiseskip i desse områda. I 2008 var òg hamne- og farvasslova gjort gjeldande for Svalbard. Denne lova gir høve til å gjennomføre ei rekkje ferdselstiltak som har betydning òg når det gjeld å redusere risikoen for akutte oljeutslepp. Det blir arbeidd med ytterlegare styrking av verneføresegnene for å førebyggje skade på natur og kulturminne i verneområda som følgje av ferdsel, og sikre områda sin verdi som urørte referanseområde for forsking i tråd med verneformålet.

Forvaltningsplanar er eit viktig verkemiddel for forvaltninga av verneområda, blant anna for å gjere den føreseieleg for brukarane og klargjere rammene for aktiviteten. Foreløpig er Hopen og Bjørnøya naturreservat dei einaste av verneområda som har eigne forvaltningsplanar.

Overvaking av miljøtilstanden på Svalbard er organisert og blir rapportert gjennom Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ). MOSJ er koordinert av Norsk Polarinstitutt.

Internasjonalt samarbeid har stor betydning for miljøtilstanden på Svalbard. Dette gjeld særleg i samband med vern av trekkjande arter, forvaltninga av dei marine ressursane i havet rundt Svalbard og ytre påverknadsfaktorar som klimaendringar og langtransportert forureining.

Svalbards miljøvernfond er oppretta med heimel i Svalbardmiljølova § 98. Fondet vart fullt operativt i 2008 og midlane skal takast i bruk til tiltak på Svalbard som har til føremål å verne miljøet. Midlar frå fondet er tildelt ei rekkje søkjarar/prosjekt med både lokal og nasjonal forankring og som kan bidra til tiltak som kan verne både naturmiljø og kulturminne på Svalbard.

Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking er ein føresetnad for at Noreg skal kunne forvalte sine polare territorium på ein økologisk forsvarleg måte. Norsk polarforsking av høg internasjonal kvalitet er òg ein føresetnad for at Noreg skal kunne spele ei aktiv rolle i den vidare utviklinga av det internasjonale forskings- og miljøvernsamarbeidet i polarområda. Det blir henta inn viktig ny kunnskap gjennom forsking i regi av Norsk Polarinstitutt, andre forskingsmiljø og Noregs Forskingsråd.

Noreg har miljø med fagleg klima- og polarkompetanse og isbrefagleg kompetanse. Vi har i tillegg moderne infrastruktur for forsking og miljøovervaking både i Arktis og Antarktis. Denne fagkompetansen blir no styrkt, spissa og utvikla vidare innafor rammene av Senter for is, klima og økosystem (ICE) som vart etablert og offisielt opna i 2009. Kompetansesenteret er bygd opp med kjerne i Norsk Polarinstitutt og i samarbeid med sentrale faginstitusjonar i Noreg.

Det vart òg teke sikte på å etablere eit senter for klima og miljø i Tromsø i 2010. Målet er at kunnskapsmiljø i Tromsø skal vidareutviklast til eit internasjonalt leiande senter for forsking på klima og miljø i nordområda. Betre kunnskap om klima og miljø vil setje Noreg i stand til å forvalte våre hav- og landområde i nord og dei ressursane som finst der på ein endå betre måte. Betre kunnskap om klima og miljø er viktig for forvaltning, klimatilpassing og samfunnsplanlegging i nord. Klimaprosessane i Arktis er òg viktige for klimaet globalt. Betre kunnskap om desse prosessane er kritisk for å føresjå framtidige klimaendringar. Oppbygginga av kunnskap på dette feltet vil derfor òg vere eit viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet.

Eit internasjonalt samarbeid for forvaltning av miljøet på Svalbard, knytt bl.a. til å verne trekkjande arter og hindre langtransportert forureining, er òg eit viktig verkemiddel.

Det blir kontinuerleg samla inn store mengder data om våre hav- og kystnære område i nord. Samtidig aukar behovet for miljøovervaking og kriseberedskap i samband med ulykker.

Informasjon er òg eit viktig verkemiddel for å spreie kunnskap om Regjeringas miljøpolitikk for Svalbard.

Noreg godkjente hausen 2008 vedlegget til miljøprotokollen under Antarktistraktaten som regulerer ansvaret for miljøskade i Antarktis. Miljøverndepartementet arbeider no med å implementere desse reglane ved å endre forskrift om vern av miljøet i Antarktis frå 1995. Det er i Antarktistraktatsamarbeidet auka fokus på klimaendringar og på den veksande cruiseturismen. Gjennom fleire resolusjonar, spesielt stadspesifikke retningslinjer, er det lagt opp til tiltak som skal avgrense dei negative effektane på miljøet av den aukande turismen. På traktatmøtet våren 2009 vart det òg gjort bindande vedtak om forbod mot å setje i land passasjerar frå cruisefartøy med meir enn 500 passasjerar.

Resultatområde 5 – underområde 5 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

Definisjon og avgrensing

Underområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre radioaktiv forureining som kan påverke naturmiljøet.

Tabell 10.12 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 5 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

1. Samarbeid med russiske og britiske styresmakter skal medverke til å redusere risikoen for radioaktiv forureining av norske land- og sjøområde for å unngå moglege konsekvensar for helse, miljø og næringsverksemd.

1.1. Halde kontakt med russiske styresmakter gjennom miljøvernkommisjonens ekspertgruppe og vidareutvikle samarbeidet om overvaking av radioaktiv forureining.

Gjennomførte tiltak for å redusere faren for radioaktiv forureining for eksempel i Andrejevabukta.

Resultat av miljøovervaking.

1.2. Halde oss orienterte om andre eksterne kjelder til radioaktiv forureining av norske område, spesielt Sellafield.

Permanent stenging av THORP-anlegget.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Halde kontakt med russiske styresmakter gjennom miljøvernkommisjonens ekspertgruppe og vidareutvikle samarbeidet om overvaking av radioaktiv forureining.

Miljøverndepartementet deltek i arbeidet med gjennomføringa av Regjeringas handlingsplan for oppfølging av St.meld. nr. 34 (1993-94) om atomverksemd og kjemiske våpen i våre nordlege nærområde. Noreg har gjennom denne planen arbeidd for å sikre forholda rundt det radioaktive avfallet i Nordvest-Russland. Noreg har dei seinaste åra lagt vekt på samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter, og har lagt vekt på at konsekvensar for miljøet må vurderast før ulike tiltak blir sette i verk, slik at risikoen for ulykker blir så liten som råd er. Det vil i 2010 vere eit spesielt fokus på handtering av radioaktivt avfall i Andrejevabukta i Nordvest-Russland. Gjennom miljøvernkommisjonanes ekspertgruppe er det m.a. utvikla samarbeid om overvaking av radioaktiv forureining.

Miljøverndepartementet deltek òg i Embetsgruppa for koordinering av atomberedskapen i Noreg. Miljøverndepartementet har dekt sin del av kriseutvalets langtidsplan for oppgradering av den norske atomberedskapen. Det blir vidare arbeidd med å sikre at departementet og dei underliggjande etatane er godt eigna til å redusere konsekvensane for helse og miljø så godt som mogleg i tilfelle ei alvorleg atomhending.

Arbeidsmål 1.2. Halde oss orienterte om andre eksterne kjelder til radioaktiv forureining av norske område, spesielt Sellafield.

Reprosesseringsanlegget THORP ved Sellafield har vore stengt sidan april 2005, då det vart oppdaga ein større lekkasje ved anlegget. På grunn av tryggleikssituasjonen ved anlegget går Noreg i mot gjenopning, og har teke dette opp med britiske styresmakter fleire gonger, seinast under den britiske utanriksministerens besøk i Oslo i slutten av mai 2008. Det er nær kontakt mellom dei norske og britiske styresmaktene, både på departements- og fagnivå. Ei konsekvensvurdering av eit mogleg uhell ved Sellafieldanlegga har vist at Noreg kan bli hardt ramma av radioaktiv forureining. Det vil vere viktig å arbeide med britiske styresmakter for å redusere risikoen for ei slik ulykke.

Tabell 10.13 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 5 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

2. Utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder skal avgrensast til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

2.1. Styrkje arbeidet med regulering og tilsyn av verksemder som slepp ut radioaktive stoff og handterer radioaktivt avfall.

Implementere nytt regelverk og nye krav til forureinarane.

Følgje opp revidert strategi for å nå OSPAR-måla for petroleumssektoren innan 2020.

Arbeide med nasjonal plan for handtering av radioaktivt avfall.

Bidra til at nullutsleppsmålet blir oppfylt for radioaktivitet.

2.2. Betre kunnskapsgrunnlaget gjennom auka kartlegging, utgreiing og overvaking.

Vurdere miljøeffektane av utslepp av radioaktivt materiale og radioaktivt avfall frå norske kjelder.

Justert opplegg for miljøovervaking av radioaktiv forureining.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1. Styrkje arbeidet med regulering og tilsyn av verksemder som slepp ut radioaktive stoff og handterer radioaktivt avfall.

Radioaktive stoff har liknande eigenskapar i naturen som tungmetall og andre miljøgifter. Ny regulering av radioaktiv forureining i det ytre miljø vil ta omsyn til dette. Implementering av nytt regelverk, reduksjon av utslepp av radioaktive stoff frå petroleumsindustrien for å nå OSPAR-målet, og utforming av ein strategi for handtering av alle typar radioaktivt avfall blir sentrale oppgåver i 2010.

Arbeidsmål 2.2. Betre kunnskapsgrunnlaget gjennom auka kartlegging, utgreiing og overvaking.

Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig utslepp av radioaktive materiale frå nasjonale kjelder.

Ei utgreiing leia av Miljøverndepartementet syner at det er betydelege manglar i kunnskapen om radioaktiv forureining av det ytre miljøet. Arbeidet med å få betre kunnskap om ulike kjelder til radioaktiv forureining, om miljøeffektane og betre grunnlag for overvaking vil derfor bli prioritert i 2010.

Tabell 10.14 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 5 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

3. Tiltak skal gjennomførast der historisk forureining er identifisert, slik at inga folkegruppe blir utsett for større stråledose enn tilrådd som følgje av konsum av naturprodukt eller ved opphald i friområde.

3.1. Identifisere radioaktivt avfall frå historisk gruveverksemd og vurdere ulike tiltaksstrategiar som kan sikre avfallet slik at det ikkje påverkar naturmiljøet.

Oversikt over stader med historisk avfall frå gruveverksemd. Samla mengde avfall og avrenning frå slike stader.

3.2. God oversikt over forureining i utmarksprodukt som vilt, ferskvassfisk etc. og påfølgjande strålebelastning til ulike befolkningsgrupper.

Oversikt over aktivitetsnivå i utmarksprodukt og stråledose til utsette grupper i Noreg.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.1. Identifisere radioaktivt avfall frå historisk gruveverksemd og vurdere ulike tiltaksstrategiar som kan sikre avfallet slik at det ikkje påverkar naturmiljøet.

Miljøverndepartementet har finansiert prosjekt for å kartleggje og vurdere oppkonsentrert radioaktivt materiale frå tidlegare gruveverksemd i Noreg. Spesielt ved Søve gruver i Nome kommune og ved molybdengruva i Oterstrand i Gildeskål er det etterlate slagg med oppkonsentrert innhald av radioaktive stoff. Ein skal i 2010 føre vidare den påbegynte kartlegginga av omfanget av forureininga. Ein skal vidare gjennomføre ein studie som vurderer ulike tiltaksstrategiar for sikring av slikt avfall i andre land og dermed korleis dette best kan handterast i Noreg. Prosjektet vil halde fram i 2010 og ein vil òg sjå nærare på anna tidlegare gruveverksemd.

Arbeidsmål 3.2. God oversikt over forureining i utmarksprodukt som vilt, ferskvassfisk etc. og påfølgjande strålebelastning til ulike befolkningsgrupper.

Etter at det radioaktive nedfallet frå Tsjernobylulykka ramma Noreg i 1986, vart det sett i verk kontrollmålingar av næringsmiddel som vart omsette i daglegvarehandel og gitt kosthaldsråd om avgrensing av inntaket av cesium-137 til befolkninga som brukar naturen til jakt, fiske og innsamling av bær og sopp. I dei første åra etter nedfallet kunne publikum gratis kontrollere fangsten for å sjekke konsentrasjonen av cesium-137. Dette tilbodet finst ikkje lenger. Forureining med cesium-137 er framleis betydeleg i dei områda som vart ramma av nedfall, og det er behov for data om aktuelle nivå i blant anna hjortevilt, ferskvassfisk, sopp og alle typar bær. Erfaringane frå overvaking av utmarksbeitande dyr og overvakingsprogrammet for radioaktivitet i terrestrisk miljø er at forureininga varer lengre enn ein trudde tidlegare og at tiltak vil vere nødvendige i fleire tiår framover. Det ligg ikkje føre oppdaterte utrekningar av strålebelastning til den norske befolkninga, hovudsakleg fordi datagrunnlaget ikkje er tilstrekkeleg.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 5, underområde 5 radioaktiv forureining i det ytre miljø er dekt over kap. 1410 som dekkjer bl.a. vidareføring av overvakingsprogrammet for radioaktivitet langs norskekysten og eit terrestrisk overvakingsprogram og nyoppretta kap. 1473 post 01 for å styrkje arbeidet med radioaktiv forureining i det ytre miljø frå kjelder i Noreg.

Undersøkingar av radioaktiv forureining i Russland blir finansierte over UDs atomhandlingsplan.

Informasjon er òg svært viktig når det gjeld radioaktiv forureining. Statens strålevern har som faginstans på området hovudansvaret for informasjonsarbeidet.

Miljøverndepartementet har spelt inn forslag til ny forskrift om bruk av forureiningslova på radioaktive stoff og radioaktivt avfall, med ikrafttreding frå 1. januar. Forskrifta inneber at forureiningslova blir gjort gjeldande for radioaktiv forureining. Strålevernet er fagdirektorat for Miljøverndepartementet og ansvarleg styresmakt for radioaktivt avfall og radioaktive stoff. Miljøverndepartementets behov for fagekspertise aukar bl.a. som følgje av auka fokus på utsleppa frå oljeindustrien, behov for betre kunnskap om radioaktivt avfall og radioaktiv forureining frå annan industri og gamle gruver. Det er òg generelt aukande internasjonalt fokus på vern av miljøet mot radioaktiv forureining. Det blir arbeidd aktivt med nye kriterium for utslepp og det er aukande satsing på forsking i moglege effektar på naturmiljøet som følgje av eksponering frå radioaktive stoff.

Det blir etablert eit overvakingsprogram for å framskaffe informasjon om radioaktiv forureining i utmarksprodukt, og innhald av radioaktivitet i menneske. Programmet blir koordinert med dei etablerte programma, bl.a. for miljøovervaking i terrestrisk miljø, og med overvakinga av utmarksbeitande dyr. Kunnskapsinnhenting og forsking vedrørande effekten av låge, kroniske stråledosar blir initiert for å kunne kvantifisere risikoen frå denne strålebelastninga.

11 Resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling

Ein føresetnad for berekraftig samfunnsutvikling er god samordning på tvers av sektorinteresser og forvaltningsnivå. Planlegging etter plan- og bygningslova er eit sentralt verkemiddel for å oppnå slik samordning.

Resultatområdet består av dei tre underområda:

6.1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling

6.2 Kommunal og regional planlegging

6.3 Kart og geodata

Strategiske mål

Plan- og bygningslova av 27. juni 2008, som tredde i kraft 1. juli 2009, skal følgjast opp slik at ein når målet om ei berekraftig utvikling i kommunar og regionar til beste for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar. Planlegging etter lova skal bidra til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gi grunnlag for bruk og vern av ressursar. Planprosessane skal leggje vekt på openheit, innsyn og deltaking. Areal- og ressursforvaltninga skal leggje opp til langsiktige løysingar bygde på god kunnskap om verknader for miljø og samfunn. Planlegginga skal ivareta prinsippet om universell utforming, og ta omsyn til barn og unges oppvekstvilkår og estetisk utforming av omgivnadene.

Det er ei hovudutfordring framover å leggje til rette for at dei ulike sektorane tek plan- og bygningslova i aktiv bruk både på det kommunale og regionale nivået. Landet skal ha kart og elektronisk baserte tenester som tilfredsstiller det felles behovet ulike brukargrupper har for geografisk informasjon og fastlegging av posisjonar. Denne målsetjinga gjeld både for norske sjø- og landområde. Det er viktig å utvikle gode standardar for geodata, som er tilpassa internasjonale forhold. Innafor arealpolitikken er det eit mål å skaffe fram god informasjon om arealtilstanden, før framtidig bruk blir planlagt. Staten, fylkeskommunane og kommunane må i fellesskap etablere dette datagrunnlaget.

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arealpolitikk og samfunnsutvikling knytt til planlegging etter plan- og bygningslova, lokalt miljøarbeid, regional og kommunal planlegging og kart og geodata. Miljøverndepartementet er statleg planstyresmakt etter lova.

Resultatområde 6 – underområde 1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling

Planlegging etter plan- og bygningslova skal setje mål for fysisk, miljømessig, økonomisk, sosial og kulturell utvikling i kommunar og regionar. Planlegginga skal avklare behov og oppgåver i samfunnet, og vise løysingar. Planlegginga skal sikre jordressursar, landskapskvalitet, natur- og kulturmiljø, og naturgrunnlaget for samisk kultur, næring og samfunnsliv. Vidare skal planlegginga leggje til rette for verdiskaping og utvikling av næringar, og leggje til rette for god forming av det bygde miljøet, gode bustadmiljø og gode oppvekst- og levekår i heile landet. Planlegginga skal fremje helse og samfunnstryggleik.

Samtidig skal planlegginga ivareta dei nasjonale og regionale interessene som bl.a. ligg i å sikre ei berekraftig arealforvaltning, effektiv utbygging av infrastruktur og tilgang på areal for utbygging. Miljøverndepartementet har som oppgåve å utvikle og formidle nasjonale mål for planlegginga i fylke og kommunar, arbeide med lov og forskrifter, behandle enkeltsaker og sikre riktig bruk av lov og plansystem gjennom rettleiing og opplæring. Dette arbeidet skal skje i nært samarbeid med andre departement og andre statlege styresmakter, fylkeskommunane og kommunane. Resultatområdet omfattar òg arbeidet med å styrkje miljøkompetansen og forankre det lokale miljøarbeidet i kommunane. Arbeidet med styrking av miljøpolitikken i kommunane er særleg knytt opp mot kommunane si rolle som samfunnsutviklarar.

Tabell 11.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 1 arealpolitikk og samfunnsutvikling

Nasjonale resultatmål

Arbeidsmål

Resultatindikatorar

1. Heilskapleg planlegging og arealforvaltning skal bidra til berekraftig lokal og regional utvikling og sikre landskaps-, natur- og kulturverdiar.

1.1 Fremje auka bruk av plan- og bygningslova (pbl) som verkemiddel for redusert utslepp av klimagassar og tilpassing til klimakonsekvensar blant anna knytt til areal- og transporttiltak.

Talet på planar i kommunar og fylke med særleg fokus på klimautfordringar.

Talet på kommunar og fylke med sårbarheits- og risikoanalysar av klimakonsekvensar.

Utslepp av klimagassar frå transport og oppvarming i kommunar og fylke.

Tettstadareal totalt og pr. innbyggjar.

Talet på regionar med samordna areal- og transportplanar.

1.2 Stimulere til heilskaplege og langsiktige vindkraftutbyggingar gjennom regionale planar

Talet på regionale planar for vindkraft.

1.3 Fremje auka fokus på miljø, livskvalitet og helse i byar og tettstader knytt til byomforming, sentrumsutvikling, grønstruktur og bymarker, busetjing og næringsliv. Koordinere programmet for Groruddalen og samarbeidsprosjektet Framtidas byar/klima- og miljøvennlege byar.

Sykkel- og gangvegar i tettstader pr. 10 000 innbyggjarar.

Leike- og rekreasjonsareal i tett stader pr. 1000 innbyggjarar.

Delen busette med kortare avstand enn 500 m til rekreasjonsareal større enn 200 daa i byar og tettstader.

Talet på kommunar med rekreasjons- og friluftsområde lagt til rette med universell utforming.

Omfang og aktivitet i nettverk for stadutvikling.

Gjennomførte tiltak i Groruddalen.

1.4 Stimulere til at offentlege og private, publikumsretta verksemder blir lokaliserte på ein måte som bidrar til å byggje opp under ein berekraftig by- og tettstadstruktur.

Delen av omsetjinga i varehandel i kommunen innanfor by- og tett-stadsområde.

Delen av barn som har kortare enn 500 m til skule og barnehage.

1.5 Styrkje universell utforming i all planlegging og utbygging ved å setje i verk og følgje opp SPR for universell utforming. Følgje opp særskilt angjevne tiltak i Handlingsplan for universell utorming og auka tilgjenge 2009 – 2013 – Noreg universelt utforma 2025.

Talet på kommunar og fylke med vedteken plan og retningslinjer for universell utforming.

1.6 Bidra til bevaring og styrking av miljøkvalitetar i landskapet gjennom å rettleie kommunane og å følgje opp Den europeiske landskapskonvensjonen.

Oppfølgingstiltak og prosjekt i kommunar, fylke og internasjonalt.

Oppfølging av DN og RA sin felles strategi for arbeidet med landskap.

1.7 Fremje berekraftig utvikling og arealbruk utanfor byar og tettstader gjennom kommunale og regionale planar med langsiktige rammer for natur- og kulturverdiar, verdifulle landbruksområde, verdiskaping og stadutvikling.

Talet på fjell- og utmarksregionar med fylkesdelplan.

Areal dyrka og dyrkbar mark omdisponert og regulert etter pbl til andre føremål enn jordbruk.

1.8 Sikre villreinens sentrale plass i norsk fjellfauna gjennom regionale planprosessar og etablering av nasjonale villreinområde og europeiske villreinregionar, og stimulere til berekraftig bruk av reindriftas areal.

Talet på vedtekne regionale planar som omfattar villreinfjella.

1.9 Sikre betre og meir miljøbasert utbygging av fritidsbustader, der omsynet til landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk blir vektlagt.

Talet på fritidsbustader i snaufjell, i strandsona, i og i nærleiken av villreinområde.

Bygging av nye fritidsbustader innanfor eller i tilknyting til eksisterande fritidshusområde.

1.10 Sikre god oppfølging av nasjonal strandsonepolitikk ved å oppfordre kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn til streng praksis ved behandling av dispensasjonar og planar i strandsona langs sjø og vassdrag.

Delen av kystsona omfatta av fylkesdelplan med føringar for arealpolitikken i kystsona.

Talet på gitte og delen av dispensasjonar for nybygg i 100-meters beltet langs sjø og vassdrag.

Talet på nybygg i strandsona i medhald av plan.

Delen av kystlinja og vassdragslinja som ligg nærare enn 100 m frå bygningar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1 Fremje auka bruk av plan- og bygningslova (pbl) som verkemiddel for redusert utslepp av klimagassar og tilpassing til klimakonsekvensar blant anna knytt til areal- og transporttiltak.

Kommunane sine utslepp av klimagassar var 20 prosent høgare i 2007 enn i 1991. Det har i hovudsak skjedd på grunn av trafikkvekst. Utsleppa frå avfallsbehandling har gått ned sjølv om mengda avfall har auka monaleg. Ny plandel av plan- og bygningslova tredde i kraft 1. juli 2009. Lova vil bli ein meir effektivt reiskap for klimaarbeidet, og slår fast at kommunar og fylke skal ta klimaomsyn i planlegginga si. Dei skal blant anna utarbeide planar som minskar energibruk og transportbehov. Ifølgje Enova og KS har 80 kommunar vedteke energi- og klimaplan pr. 01.09.2009 mens 252 er i gang med planarbeidet.

Arbeidsmål 1.2 Stimulere til heilskaplege og langsiktige vindkraftutbyggingar gjennom regional planlegging.

For å sikre ei berekraftig utbygging av vindkraft fastsette Miljøverndepartementet i samarbeid med Olje- og energidepartementet (OED) i 2007 retningsliner for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. I retningslinene vert det tilrådd at fylka utarbeider regionale planar. Fleire av kystfylka er i ferd med å utarbeide slike planar i tråd med retningslinjene. To fylke, Rogaland og Sør-Trøndelag, har vedteke slik plan. Dei andre fylka arbeider med ulike planar for energi med avgrensa behandling av vindkraft. Departementet har gitt fagleg og økonomisk bistand til fylka i arbeidet med slike regionale planar.

Potensialet for offshore vindkraft og særleg frå flytande havmøller langs norskekysten er stort. Regjeringa har lagt fram forslag til ny lov om fornybar energi til havs (havenergilova). I proposisjonen blir det òg lagt fram ein nasjonal strategi for havbasert fornybar energi som oppfølging av klimaforliket. Miljøverndepartementet vil i samarbeid med energistyresmaktene vurdere aktuelle utbyggingsområde for å bidra til lokalisering av offshore vindkraft til område der konflikten med andre miljøomsyn og brukarinteresser (som f. eks. skipsfart, fiskeriinteresser, petroleumsverksemd) er akseptabel.

Arbeidsmål 1.3 Fremje auka fokus på miljø, livskvalitet og helse i byar og tettstader knytt til byomforming, sentrumsutvikling, grønstruktur og bymarker, busetjing og næringsliv. Koordinere programmet for Groruddalen og samarbeidsprosjektet Framtidas byar/klima- og miljøvennlege byar.

Det er eit mål å utvikle meir konsentrerte byar og tettstader av omsyn til arealbruk og transport. Samtidig skal det sikrast område med god kvalitet til rekreasjon og leik. I dei største byane skjer det meste av utbygginga som fortetting og byomforming. Dette er ikkje i same grad tilfelle i mindre byar og tettstader, men for landet samla aukar tettleiken noko. Tal frå Kostra viser at leike- og rekreasjonsarealet i tettstadene samla sett har auka noko frå 2001, men med store variasjonar mellom byane. Evalueringar syner at mange omformingsområde ikkje har god nok kvalitet i uteareala. Miljøverndepartementet sende derfor ut eit rundskriv i 2008 som løftar fram omsynet til barn i planlegginga. Også den nye plandelen i plan- og bygningslova legg sterk vekt på kvalitet i uteområde. For 2007 rapporterte 171 kommunar at dei hadde eit eller fleire rekreasjons- eller friluftsområde lagt til rette med universell utforming. I 2008 var knapt 2400 rekreasjons- og friluftsområde tilrettelagt med universell utforming.

Groruddalssatsinga er inne i sitt tredje år og er det største forsøket på å løfte eit byområde her i landet. Mange resultat av satsinga er no synlege i form av betre kollektivtransport og tilgjenge til stasjonar på T-bana, tur- og sykkelvegar, parkar og badevatn, opne skular, gratis kjernetid i barnehagane, språkopplæring og ei rekkje nærmiljøtiltak og kulturaktivitetar. Samarbeidet mellom bydelar og etatar utviklar seg og nye grupper tek del i arbeidet. Av 163 tiltak som var under arbeid i 2008 vart 29 tiltak sluttførte, medan 25 nye tiltak starta i 2009. Arbeidet er rapportert i eiga årsmelding og i fireårlege handlingsprogram.

Framtidas byar er eit samarbeidsprogram mellom staten og dei største byområda for å få ned klimagassutsleppa og sikre eit godt bymiljø. I alt 13 byar har underskrive ei avtale med staten om å satse på om lag 40 tiltak innafor transport, oppvarming, forbruk og avfall. Byane har høge ambisjonar og vil overoppfylle Klimaforliket. Også næringslivet sine organisasjonar har underskrive ein intensjonsavtale med staten og KS om å medverke i programmet.

Stadutvikling er ein viktig strategi for busetnad og næringsutvikling. Miljøverndepartementet støttar opp om denne verksemda ved å skipe gode møtestader for erfaringsutveksling, mellom anna ein nettportal, og styrkje samarbeidet om stadutvikling mellom ulike sektorar og forvaltningsnivå. Ei kartlegging av Norsk institutt for by- og regionforsking/Universitetet for miljø og biovitskap syner at det er ei stor utfordring for mange kommunar å skaffe seg kompetanse til å drive stadutvikling på ein god måte, særleg i dei mindre kommunane. Serleg saknar ein planfagleg og arkitektfagleg kompetanse. Miljøverndepartementet samarbeider med Kommunal- og regionaldepartementet om tiltak for å betre situasjonen, blant anna regionale stadutviklingskonferansar. Det er òg laga ein nasjonal nettportal for stadutvikling. Miljøverndepartementet har saman med Direktoratet for naturforvaltning sett i gang eit prosjekt der fem kommunar skal utvikle Nasjonalparklandsbyar.

Arbeidsmål 1.4 Stimulere til at offentlege og private, publikumsretta verksemder blir lokaliserte på ein måte som bidrar til å byggje opp under ein berekraftig by- og tettstadstruktur.

I samarbeid med Statsbygg har Miljøverndepartementet utgitt ei samling med eksempel på korleis staten kan medverke til ei god by- og tettstadutvikling ved lokalisering av sine verksemder. Den rikspolitiske føresegna om kjøpesenter vedteken i 2008, blir følgt godt opp i fylka. Føresegna inneber ei skjerping av retningslinjene for lokalisering av handel og sørvis i godkjende fylkes- og fylkesdelplanar.

61 prosent av barnehagebarna hadde mindre enn 500 meter avstand til barnehagen i 2007, mens det tilsvarande talet for skulebarn er 40 pst.

Arbeidsmål 1.5 Styrkje universell utforming i all planlegging og utbygging ved å setje i verk og følgje opp statlege planretningslinjer (SPR) for universell utforming. Følgje opp særskilt angjevne tiltak i Handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009 – 2013 – Noreg universelt utforma i 2025.

Den nye handlingsplanen vart vedteken i 2009 med blant anna Miljøverndepartementet som medverkande departement. Departementet har fleire tiltak i planen. Enkelte gjeld vidareføring og utviding av tiltak i Handlingsplan for auka tilgjenge og universell utforming som vart vedteken i 2004.

Miljøverndepartementet legg vekt på å auke kompetansen lokalt og regionalt når det gjeld universell utforming som strategi for planlegging og utforming av omgivnad og produkt. Ein har oppretta eit nettverk av ressurskommunar for universell utforming. Dei er 14 i talet og er dei fleste som var med i pilotkommunesatsinga 2005 – 2008. I 2009 vil eit tilvarande nettverk med pilotfylke vere i funksjon med både fylkeskommunar og fylkesmenn som aktive partar i 8 fylke. Tiltak i den nye handlingsplanen gjeld òg universell utforming i by- og tettstadutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar og uteområde, friluftsliv og kulturminne. Departementet medverkar i å utvikle eit kompetanseprogram for universell utforming saman med andre departement og direktorat.

Departementet vil gjennomføre tiltak i nært samband med serleg Barne- og likestillingsdepartementet. MD vil få midlar frå BLD til nokre av desse tiltaka. Miljøverndepartementets kapittel 1400 post 80 blir oppretthalden til dette føremålet.

Kommunane rapporterar på universell utforming gjennom KOSTRA. I 2008 auka talet på kommunar med plan eller retningslinjer med fokus på universell utforming til 18 %, mot 13 % i 2007. Planane er i gjennomsnitt 1,5 år gamle. Størst del av slike planar hadde kommunane med 50 – 300 000 innbyggjarar (50 %) og 20 – 30 000 innbyggjarar (45 %). Arealbruksindikatorane som er under utvikling, skal blant anna utdjupa slik statistikk og gi betre oversyn over universell utforming og tilgjenge og kommunal planlegging og arealforvaltning.

Miljøverndepartementet avsluttar si nasjonale koordineringsoppgåve for perioden 2005 – 2008 med å leggje fram rapport og ei ekstern evaluering av planperioden.

Arbeidsmål 1.6 Bidra til bevaring og styrking av miljøkvalitetar i landskapet gjennom å rettleie kommunane og å følgje opp Den europeiske landskapskonvensjonen.

Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen, som vart sett i kraft 1. mars 2004. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette. Miljøverndepartementet har ansvar for oppfølging av konvensjonen, og har bl.a. sett i verk utviklingsarbeid i Hordaland fylke knytt til landskap og regional næringsutvikling. Konvensjonen forpliktar landa til å ha eit oppdatert lovverk for landskap, og dette er følgt opp i ny plan- og bygningslov vedteken av Stortinget i 2008. Departementet samarbeider tett med andre sentrale statsorgan om landskapskonvensjonen. Det er òg eit utstrekt nordisk samarbeid om oppfølging av konvensjonen, bl.a. støtta av Nordisk Ministerråd.

Arbeidsmål 1.7 Fremje berekraftig utvikling og arealbruk utanfor byar og tettstader gjennom kommunale og regionale planar med langsiktige rammer for natur- og kulturverdiar, verdifulle landbruksområde, verdiskaping og stadutvikling.

Fjellområda er ein viktig ressurs i mange kommunar og regionar, både som grunnlag for næringsutvikling og som verdiar knytte til natur og kultur. Regionale planar blir nytta i aukande grad i andre fjellområde for å sikre verneverdiar og avklare arealbruken på tvers av kommunegrensene. 10 fylke har plan for fjellområda i 2008.

Det blir utarbeidd regionale planar også på mange andre område. 11 fylke har fylkesdelplan for kulturminne og kulturmiljø, fem fylke (inkludert Oslo) har plan for biologisk mangfald. 17 fylke har ein eller fleire fylkesdelplanar med tema friluftsliv og grøntstruktur, og 13 har plan for kystsona i 2008.

Fire departement – Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet koordinerer arbeidet med regionale natur- og kulturparkar. Det er etablert erfarings- og kompetansenettverk for lokale og regionale aktørar som vil profilere seg som natur- og kulturparkar som eit ledd i næringsutviklinga. Berekraftig utnytting av natur- og kulturverdiane er sentralt i satsinga. Område som er med i nettverket er blant anna dei seks Valdres-kommunane i Oppland, Aurland i Sogn og Fjordane, Telemarkskanalen og Hordaland landskapsprosjekt med etablering av sju landskapsparkar.

Regjeringa har som mål å halvere årleg omdisponering av dei mest verdfulle jordressursane innan 2010. I 2008 vart det i følgje Kostra omdisponert i alt 14 932 daa dyrka og dyrkbar mark til andre formål enn landbruk. Av dette var 7 900 daa dyrka mark. Dette er ein reduksjon i høve til tidlegare år, men likevel meir enn målsetjinga om ei halvering innan 2010. Fleire kommunar har rapportert inn til SSB enn tidlegare og tala er dermed meir pålitelege enn i tidlegare år. Areal dyrka og dyrkbar mark omdisponert og regulert etter plan- og bygningslova var 11 231 daa i 2008, medan omdisponering etter jordlova utgjorde 3701 daa. Gjennom avgjerder i motsegnssakene blir gjeldande arealpolitikk konkretisert og formidla når det gjeld viktige nasjonale spørsmål. På jordvernsida har Statens Landbruksforvaltning frå 2006 hatt høve til å fremje motsegn der fylkeslandbruksstyret ikkje følgjer tilråding frå fylkesmannen. Dette har medført fleire saker til avgjerd i Miljøverndepartementet enn ein ville hatt elles, og jordverninteressene har i stor grad fått gjennomslag dei siste åra.

Arbeidsmål 1.8 Sikre villreinens sentrale plass i norsk fjellfauna gjennom regionale planprosessar og etablering av nasjonale villreinområde og europeiske villreinregionar, og stimulere til berekraftig bruk av reindriftas areal.

Fjell- og utmarksområda er ein vesentleg ressurs for nyskaping og næringsverksemd i bygdene. Auka næringsbruk gir behov for langsiktig og samordna arealplanlegging som trekkjer grensene for utbygging av fritidsbustader og reiseliv, vegar, ferdsel osv. Dette krev ofte interkommunalt og regionalt samarbeid, som gir føringar for det kommunale planarbeidet. Miljøverndepartementet har sett i gang eit 5-årig program der fylkeskommunane utarbeider regionale planar for ei langsiktig forvaltning av dei viktigaste fjellområda med villrein. I samband med programmet blir villreinens arealbruk kartlagt, og verknadene av ferdsel i leveområda blir utgreidd. Det er òg sett i gang utgreiingar av høve til lokal verdiskaping knytt til villreinen, og samfunnsverknadene av fritidsbustader i desse områda. Planane tek sikte på å sameine mål om næringsutvikling med Noregs internasjonale ansvar for å ta vare på villreinen. Planane skal gi grunnlag for avgrensing av ti nasjonale villreinområde. Planarbeidet er starta for dei fleste områda, som omfattar m.a. Hardangervidda, Rondane/Sølnkletten, Dovrefjell og Setesdalsfjella. MD har etablert eit fagnettverk for fylka som støtte for det vidare arbeidet, der også Direktoratet for naturforvaltning er med saman med Norsk Villreinsenter Sør/Nord og NINA.

Reindrifta er ei arealkrevjande næring, og planar om hyttebygging og reiselivsutvikling kjem ofte i konflikt med reindrifta sin bruk av areala. Reindrifta nyttar om lag 40 prosent av landets areal, og omfattar òg eit stort tal bygningar. Om lag 493 000 bygningar var registrerte innanfor reinbeiteområda i 2007. Reindrifta brukar areal på tvers av kommune- og fylkesgrenser.

Arbeidsmål 1.9 Sikre betre og meir miljøbasert utbygging av fritidsbustader, der omsynet til landskap, miljø, ressursbruk og estetikk blir vektlagt.

Det var i januar 2009 om lag 423 700 fritidsbygningar i Noreg. Dette er ein auke på om lag 5 700 fritidsbygningar siste året. Av desse er om lag 394 100 hytter og sommarhus og 29 600 heilårsbustader og bustadhus nytta som fritidsbustad. Talet på fritidsbustader i snaufjellet auka med om lag 2 000 frå 2003, til 32 400 i 2007. Talet på fritidsbustader i 100-metersbeltet langs sjø auka med om lag 3 600 til 82 800 i same tidsrommet. Talet på fritidsbustader innafor 4 km frå villreinområde var 64 800 i 2007.

Det har dei siste fem åra blitt ferdigstilt mellom 4 000 og 6 000 fritidsbustader pr. år her i landet. I tillegg kjem standardauke og utvidingar på eksisterande fritidsbustader, som vi reknar med har om lag same omfanget. Standardauke inneber, i tillegg til auka areal og teknisk standard på bygningane, utbygging av veg, vatn og avløp og straumforsyning. Dei samla miljøkonsekvensane av slik standardauke vil vere betydelege i mange område. Auka standard fører òg med seg lengre brukstid. Regjeringa er derfor oppteken av at kommunane tek stilling til standard og storleik på eksisterande fritidsbustader i kommuneplanen.

Miljøverndepartementet har bede fylkeskommunar og kommunar om å prioritere fritidshus i si kommunale og regionale planlegging. Kommunane skal følgje dei nasjonale føringane for fritidsbustader som er gitt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Føringane inneber at Regjeringa skjerper kravet om betre og meir miljøvennleg planlegging og utbygging av fritidsbustader. Det er òg viktig å betre kompetansen i kommunar og planleggingsmiljø om kva god og miljøriktig fritidshusplanlegging inneber. Ny plan- og bygningslov skjerper dispensasjonsreglane også i fjell- og utmarksområda, og krev at kommunane i større grad vurderer verknadene av utbygging for miljø og samfunn. Regjeringa vil ha auka fokus på ei meir langsiktig og heilskapleg planlegging av fritidsbustader, der lokal næringsutvikling og utbygging skjer slik at andre viktige interesser ikkje blir råka. Mange fjell- og utmarkskommunar har ikkje oppdatert kommuneplan. Kravet til slik plan er skjerpa i ny plan- og bygningslov.

Arbeidsmål 1.10 Sikre god oppfølging av nasjonal strandsonepolitikk ved å oppfordre kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn til streng praksis ved behandling av dispensasjonar og planar i strandsona langs sjø og vassdrag.

Utviklinga av byggjeverksemda i 100-metersbeltet langs sjøen er av nasjonal interesse. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand er det oppfordra til streng praksis ved behandlinga av plan- og dispensasjonssaker i 100-meterbeltet langs sjøen.

Det er gitt nye reglar om strandsona i ny plandel av plan- og bygningslova. Reglane vart vedtekne av Stortinget våren 2008, jf. Ot. prp. nr. 32 (2007-2008), og vart sette i verk 1. juli 2009. Byggjeforbodet i 100-metersbeltet og reglane om dispensasjon er stramma inn. I samband med lovarbeidet er det utarbeidd statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Retningslinjene skal danne grunnlag for planlegginga i kommunen og ta omsyn til at det er ulike forhold langs kysten. Medan 72 pst. av kystlinja i Akershus var bygningspåverka i 2008, var tilsvarande tal for Finnmark 12,6 pst. Det tilgjengelege strandsonearealet i Sør-Noreg til og med Hordaland vart redusert med 2,4 pst. frå 2000 til 2007. Ca. 14 pst. av strandsona i landet er tilgjengeleg for allment friluftsliv. Resten er anten for bratt, utbygd av veg, jarnbane eller bygningar eller dyrka mark (kjelde SSB).

Utviklinga i strandsona blir følgt gjennom KOSTRA-rapporteringa, og blir kunngjort av Statistisk Sentralbyrå i juni kvart år. I 2008 vart det gitt 812 dispensasjonar for nye bygningar i 100-metersbeltet langs sjøen, mot 767 i 2007. 67 pst. av søknadene vart godkjente, mot 64 pst. året før. Det vart gitt om lag 1730 byggjeløyve i samsvar med plan, mot om lag 1658 løyve året før.

Tala viser at delen av utbygging i samsvar med godkjende planar aukar. Likevel har talet på gitte dispensasjonar i strandsona gått noko opp siste året. i Tala viser at Regjeringas innskjerpingstiltak er naudsynte. Det er eit mål at det nye regelverket skal føre til at delen gitte dispensasjonar går ned, og at arealbruken i strandsona skjer i tråd med oppdaterte kommuneplanar. I desse planane bør kommunane vurdere å ta ut forelda, ikkje utbygde utbyggingsområde.

Tabell 11.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 1 arealpolitikk og samfunnsutvikling

Nasjonale resultatmål

Arbeidsmål

Resultatindikatorar

2. Lokalt miljøarbeid skal styrkjast og utviklast som del av kommunane si rolle som samfunnsutviklar, organisasjon og tenesteprodusent.

2.1 Sikre tydelege rammevilkår og effektive verkemiddel for miljøarbeidet i kommunane, og bidra til at relevante satsingar i andre departement byggjer opp om programmet Livskraftige kommunar.

Erfaringar frå programmet Livskraftige kommunar, knytt til statlege rammevilkår for lokalt miljøarbeid.

Gjennomførte samarbeidstiltak og oppslutnad om programmet.

2.2 Auke miljøkompetansen bl.a. gjennom nettverksarbeid i programmet Livskraftige kommunar, og sikre at erfaringane blir formidla og lagt til grunn i dei kommunale planleggings- og styringssystema for framtida

Talet på nettverk og deltakande kommunar i programmet Livskraftige kommunar.

Deltaking frå nasjonale og regionale kompetansemiljø og organisasjonar.

Formidling gjennom programmet sin nettstad og møter/konferansar.

Framdrift i arbeidet med utvikling av indikatorar knytte til programmet.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1 Sikre tydelege rammevilkår og effektive verkemiddel for miljøarbeidet i kommunane, og bidra til at relevante satsingar i andre departement byggjer opp om programmet Livskraftige kommunar.

Miljøverndepartementet og KS samarbeider om prosjektet «Livskraftige kommunar». Programmet har gått sidan 2006 og 2010 er siste prosjektår. Over 220 kommunar har teke del i programmet, fordelt på 40 nettverk. Erfaringar frå deltakarkommunane blir bl.a. fanga opp gjennom følgjeevaluering og ført inn i konsultasjonsordninga mellom Regjeringa og KS. Følgjeevalueringa visar at deltaking i programmet i betydeleg grad har medverka til å etablere klima- og energipolitikk som eit viktig arbeidsområde i kommune-Noreg. Kommunar med gjennomsnittlege føresetnader for å arbeide med miljø og samfunnsutvikling har hatt størst nytte av å delta i programmet. Mangel på kapasitet blir oppgitt av deltakarkommunane som klart største hindringa i det lokale arbeidet, dernest mangel på kompetanse.

Eit arbeid med sikte på samordna og effektiv implementering av nytt miljøregelverk og tilhøyrande statlege planretningsliner knytt til klima, strandsone og vassressursforvaltning er sett i gang, retta mot kommunane.

Det er lagt vekt på at samhandlinga mellom statlege sektorar på regionalt nivå, ulike departement sine satsingar og fylkeskommunalt utviklingsarbeid byggjer opp om programmet på område der dette er relevant.

Arbeidsmål 2.2 Auke miljøkompetansen bl.a. gjennom nettverksarbeid i programmet Livskraftige kommunar, og sikre at erfaringane blir formidla og lagt til grunn i dei kommunale planleggings- og styringssystema for framtida.

I 2008 deltok 192 kommunar fordelt på 37 nettverk. Det er størst interesse i deltakarkommunane for å arbeide med klima og energi og arealpolitikk.

Livskraftige kommunar har utvikla nye verktøy for å kartleggje, analysere og kommunisere status og utvikling på miljø og samfunn i kommunane. Det er inngått samarbeidsavtale mellom nasjonale ressursmiljø og programmet om støttefunksjonar og fagleg bistand. Det er lagt meir vekt på informasjon og formidling av gode eksempel frå arbeidet i kommunane. Dette vil vere eit hovudfokus for programmet i 2010.

Kommune-Noreg får no ein ny arena for formidling av miljø- og samfunninformasjon. Den nye portalen www.livskraftigekommuner.no vart lansert sommaren 2009. Her kan norske kommunar leggje ut all relevant informasjon om eigen miljøinnsats og arbeid med samfunnsutvikling. Det vil vere eit nyttig verktøy for innbyggjarar, folkevalde og tilsette i kommunane, næringsliv, media, forskarar og andre.

Ei undersøking om plan- og miljøkompetansen i norske kommunar frå 2008 viser store variasjonar mellom kommunane og i forhold til utfordringar og oppgåver. Kompetansen er i varierande grad til stades innan planlegging og biologisk mangfald, i moderat grad når det gjeld vassforvaltning og i svak grad innan miljøleiing, klima og kulturminne. Kommunar som deltek i Livskraftige kommunar gir uttrykk for ein sterkare kompetanse og større evne til å utvikle ein offensiv politikk for miljø og samfunnsutvikling enn dei som står utanfor.

For å kunne oppfylle nasjonale mål knytte til miljø- og samfunn som følgjer av bl.a. ny plandel i plan- og bygningslova, ny lov om naturmangfald og EU sitt vassdirektiv, må kommunane ha god plan- og miljøkompetanse. Mange kommunar er i dag ikkje rusta til å arbeide med desse komplekse utfordringane på ein langsiktig og systematisk måte.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei drøfting av verkemiddel som kan styrkje det lokale plan- og miljøarbeidet på brei basis.

Resultatområde 6 – underområde 2 Kommunal og regional planlegging

Planlegginga er sektorovergripande, og inneber at ulike samfunnsomsyn skal sjåast på tvers av departement og faggrenser. Plan- og bygningslova av 2008 slår fast at planlegginga skal fremje heilskap ved at sektorar, oppgåver og interesser i eit område skal sjåast i samanhang. Det skal sikrast samordning og samarbeid om oppgåveløysing mellom offentlege og private. Miljøverndepartementet har som ansvarleg planstyresmakt eit overgripande samordningsansvar. Departementet skal arbeide for at vedtak som blir fatta nasjonalt blir følgt opp i regional og kommunal planlegging, og for at staten samordnar sine innspel til dei kommunale og regionale planprosessane. Planlegginga skal sikre ei berekraftig forvaltning av landets samla arealressursar og skape gode fysiske miljø i lokalsamfunna. Det er òg eit viktig verkemiddel for ei rekkje andre samfunnsmål, knytt til blant anna miljø- og klimapolitikk, verdiskaping og distriktsutvikling, helse og livskvalitet, landbruk og samferdsel. Ansvaret for planlegginga ligg i hovudsak til kommunestyra og fylkestinga, men skal skje i nært samråd med statlege fagstyresmakter, organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar.

Tabell 11.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 2 kommunal og regional planlegging

Nasjonale resultatmål

Arbeidsmål

Resultatindikatorar

3. Kommunal planlegging skal samordne fysisk, økonomisk, sosial, estetisk og kulturell utvikling, sikre god arealforvaltning og tryggje berekraftig utvikling.

3.1 Sikre at alle kommunar har samfunns- og arealdel av kommuneplan med tilfredsstillande kvalitet, at planane blir reviderte i tråd med krava i plan- og bygningslova og at kommunane følgjer opp nasjonalt prioriterte område i kommuneplanlegginga.

Talet på kommunar med samfunns- og arealdel i kommuneplan.

Alder på kommuneplanens arealdel.

Alder på kommuneplanens samfunnsdel.

Talet på kommunar med gjeldande plan innafor prioriterte område, m.a. universell utforming, biologisk mangfald, friluftsliv eller kulturminne.

3.2 Sikre at kommunane utarbeider og behandlar reguleringsplanar og detaljplanar effektivt og med god kvalitet.

Talet på regulerings- og bebyggelsesplanar, av dette private framlegg.

Tidsbruk i plansaker.

Brutto driftsutgifter til fysisk planlegging og tilrettelegging i kommunane.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.1 Sikre at alle kommunar har samfunns- og arealdel av kommuneplan med tilfredsstillande kvalitet, at planane blir reviderte i tråd med krava i plan- og bygningslova og at kommunane følgjer opp nasjonalt prioriterte område i kommuneplanlegginga.

Kravet om ei berekraftig utvikling og demokrati viser behovet for kommuneplanen som strategisk plan for langsiktig utvikling av kommunen, både som samfunn og organisasjon. Dei fleste departementa stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante sentrale plankrava utan at det nødvendigvis må utarbeidast eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyna. Det er f.eks. naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng.

Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. Miljøverndepartementet samarbeider med fylkeskommunane, fylkesmennene og KS om bistand og oppfølging av kommunane, m.a. gjennom programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling, jf. resultatmål 2.

I alt vart det vedteke 94 kommuneplanar eller kommunedelplanar for arealbruk, og 94 tematiske kommunedelplanar eller samfunnsdel av kommuneplanar i 2008. 375 kommunar gir opp i Kostra at dei har ein vedteken kommuneplan med samfunnsdel, og gjennomsnittleg alder er 6 år. Det er 382 kommunar som har vedteke arealdel til kommuneplanen, og planane er gjennomsnittleg 5 år gamle. Tala viser at mange kommunar har ei aktiv kommuneplanlegging, både for arealbruken og for den langsiktige samfunnsutviklinga. Men det er framleis ein del kommunar som ikkje har kommuneplan, eller relativt gamle planar. Dette gjeld i hovudsak kommunar med lite utbygging, og ein del byområde med eldre plangrunnlag.

Arbeidsmål 3.2 Sikre at kommunane utarbeider og behandlar reguleringsplanar og detaljplanar effektivt og med god kvalitet.

Kommunane vedtok i følgje tal frå Kostra 1935 reguleringsplanar i 2008. Dette er ein viss nedgang frå 2100 i 2007. 1451 eller 74 pst. var private reguleringsforslag, dette er om lag same delen som året før. Det vart i tillegg vedteke 226 bebyggelsesplanar mot 330 året før. Av desse var 208 private planforslag i 2008. Slike planar er viktig reiskap for kommunane for å sikre kvalitet i nærmiljø og utbygging, grønstruktur og uteareal, fellesareal, areal til barnehagar, skular og næringsverksemd m.v. Departementet har eit aktivt rettleiings- og nettverksarbeid mot kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn på dette området. I samband med vedtaket av ny plandel av plan- og bygningslova vil departementet styrkje rettleiinga mot kommunane, og leggje vekt på korleis nye verktøy i lova kan nyttast for å sikre betre kommunal styring. Det er ei utfordring for kommunane å sikre heilskaplege og langsiktige rammer, når hovuddelen av planlegginga skjer som private planinnspel. Det er derfor viktig at kommunane brukar kommuneplanen aktivt for å sikre effektiv og god arealutnytting, samtidig som kravet til gode bu- og arbeidsmiljø blir tilfredsstilte.

Samla saksbehandlingstid er ein indikator på effektiviteten i kommunane sin planbehandling. I 2008 var gjennomsnittleg saksbehandlingstid for reguleringsplanar 228 kalenderdagar. Det er ein nedgang frå 235 året før. Ifølgje kommunerekneskapen i KOSTRA brukte Kommune-Noreg 2,78 milliardar kroner til fysisk planlegging, byggjesaksbehandling og kart og oppmåling i 2008. Av desse utgiftene dekka kommunane inn rundt rekna 1,61 milliardar kroner i form av gebyr og andre inntekter. Storleiken på gebyra varierer mykje, i dei store byane blir det ofte fremja store og komplekse planar som gir høge gebyr og lang saksbehandling.

Tabell 11.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 2 kommunal og regional planlegging

Nasjonale resultatmål

Arbeidsmål

Resultatindikatorar

4. Den regionale planlegginga skal samordne statleg, regional og kommunal verksemd og areal- og ressursforvaltning over kommunegrensene.

4.1 Sikre at alle fylkeskommunar har ei rullerande fylkesplanlegging og at prioriterte nasjonale område blir tekne opp i regionale planar, jf. underområde arealpolitikk.

Talet på godkjende planar.

Ressursinnsats til regional planlegging.

Talet på fylkeskommunar med gjeldande fylkesplan eller fylkesdelplan med fokus på universell utforming, klima, kulturminne og kulturmiljø.

4.2 Leggje til rette for at hovudtrekka i arealbruk og forvaltning av naturressursar blir tekne opp i samordna planar på tvers av kommunegrensene.

Talet på regionar med planar som gir retningslinjer for arealbruk og naturressursar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 4.1 Sikre at alle fylkeskommunar har ei rullerande fylkesplanlegging og at prioriterte nasjonale område blir tekne opp i regionale planar, jf. underområde arealpolitikk.

Alle fylkeskommunar rullerer planane sine med jamne mellomrom og tek opp nye tema i samsvar med lokale utfordringar og statlege politiske føringar. Det blir t.d. arbeidd med planar for vindkraft, energi- og klimaspørsmål og universell utforming. I 2008/2009 er 2 fylkesplanar og 3 fylkesdelplanar godkjende sentralt.

Arbeidsmål 4.2 Leggje til rette for at hovudtrekka i arealbruk og forvaltning av naturressursar blir tekne opp i samordna planar på tvers av kommunegrensene.

I alt 17 fylke hadde i 2008 regionale areal- og transportplanar. Dei største byregionane utarbeider slike planar og strategiar som innspel til Nasjonal transportplan. Regionale arealplanar er òg grunnlaget for utbygging av større samferdselstiltak. Fylkesdelplanar tek òg opp andre tema som går på tvers av kommunane, blant anna planar for fjellområde, villrein og kystsone.

Som nemnt under arbeidsmål 1.2 og 1.8 har Miljøverndepartementet teke initiativ til samordna arealplanlegging for vindkraft og fjellområde med villrein. I ny plandel av plan- og bygningslova er det innført fleire nye verktøy som vil styrkje den regionale arealplanlegginga. Interkommunale planar vil utfylle regionale planar initiert av fylkeskommunen. Det er òg gitt eigne reglar som skal sikre betre samordning mellom statlege verneplanar etter naturvernlova og arealbruken i randsonene til slike område.

Tabell 11.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 2 kommunal og regional planlegging

Nasjonale resultatmål

Arbeidsmål

Resultatindikatorar

5. Planlegging etter plan- og bygningslova skal skje innafor rammene av nasjonal politikk, og vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå.

5.1 Sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter.

Omfang av formidling og rettleiing.

Talet på og typar formelle motsegner fremja i planprosessane, fordelt på motsegnsorgan og grunngiving.

Talet på motsegnssaker avgjort av departementet og endringar gjort av eigengodkjente planar.

5.2 Syte for oppdatert lov- og forskriftsverk, og bidra til god planpraksis i kommunar og fylkeskommunar m.a. gjennom aktive kompetansenettverk for kommunal og regional planlegging.

Status på oppdatering av lov- og forskriftsverk.

Omfang og aktivitet i nettverka.

5.3 Utarbeide og revidere Rikspolitiske føresegner (RPB) og Rikspolitiske retningslinjer (RPR) for prioriterte politikkområde.

Utarbeiding og revisjon av RPR og RPB.

Evaluering av gjeldande RPR.

5.4 I samarbeid med HOD følgje opp Helse i Plan og bruk av RPR som verktøy i planforankring av folkehelse og trygge lokalsamfunn.

Talet på kommunar med fokus på folkehelse i kommuneplanen.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 5.1 Sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter.

Miljøverndepartementet utarbeider rettleiing og formidlar nasjonal politikk og god planpraksis. Fylkeskommunane har etter lova ansvar for fagleg oppfølging innanfor planlegging, og står saman med fylkesmennene for formidling og oppfølging av kommunane og statlege sektorstyresmakter. Det er etablert fleire lærings- og utviklingsnettverk mellom departementet, fylkeskommunane og fylkesmennene for å sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser. Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har viktige formidlingsoppgåver knytte til kommunal og regional planlegging innafor sine fagfelt.

Etter ny plan- og bygningslov skal Kongen kvart 4. år utarbeide eit dokument med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Eit slikt dokument skal utarbeidast innan to år etter at lova er sett i kraft.

Motsegnsinstituttet blir nytta av fylkeskommunen og statlege styresmakter for å sikre at nasjonale og viktige regionale interesser blir ivaretekne i planlegginga. I 2008 vart det fremja motsegner til 47 pst. av kommuneplanane og kommunedelplanane. Vidare vart det fremja motsegner til 28 pst. av regulerings- og bebyggelsesplanane sende på høyring i 2008. Tilsvarande tal for 2007 var 53 pst. og 23 pst. (Kostra-tal). Dei fleste motsegnene blir løyste gjennom planprosessen. Berre 37 planar enda opp i Miljøverndepartementet til avgjerd i 2008.

Arbeidsmål 5.2 Syte for oppdatert lov- og forskriftsverk, og bidra til god planpraksis i kommunar og fylkeskommunar m.a. gjennom aktive kompetansenettverk for kommunal og regional planlegging.

Ny plandel av plan- og bygningslova av 27. juni 2008 vart sett i verk 1. juli 2009. Det er vedteke naudsynte forskrifter om samanhengen mellom ny plandel og gjeldande byggesaksdel i plan- og bygningslova, om konsekvensutgreiingar og om kart, krav til digital plan m.m. I samband med iverksetjinga av ny lov er det gjennomført eit omfattande opplæringsopplegg for kommunane i samarbeid med fylkeskommunane og fylkesmennene. Samtidig med forskriftsarbeidet er det òg utarbeidd ein ny datamodell for framstilling av digitale arealplanar etter SOSI-standard. Det er etablert nettsider og rettleiing om innhaldet i ny lov. Det er eit stort behov for auka kompetanse i mange kommunar knytt til planlegging. Departementet vil bidra med meir rettleiing og eksempel på god planpraksis.

Arbeidsmål 5.3 Utarbeide og revidere Statlege planføresegner (SPB) og Statlege planretningslinjer (SPR) for prioriterte politikkområde.

Departementet vil vurdere behovet for statlege planføresegner og -retningslinjer på nærare utvalde politikkområde. Statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging i kommunane og for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen har vore på brei høyring og vil bli følgt opp. Arbeidet med rikspolitiske retningslinjer for universell utforming etter plan- og bygningslova av 1985 vil bli sluttført etter ny lov som statlege planretningslinjer.

Arbeidsmål 5.4 I samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet følgje opp Helse i Plan som ledd i implementeringa av folkehelse i ny plan- og bygningslov.

30 kommunar i 8 fylke deltek i utprøvingsarbeidet knytt til prosjektet Helse i Plan, som er leia av HOD. Fleire kommunar og fylke har knytt seg til prosjektet. Fokus er å integrere folkehelse i kommunal planlegging. Høgskulane sitt arbeid med å styrkje plan- og prosesskompetansen i helsesektoren held fram.

Tabell 11.6 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 2 kommunal og regional planlegging

Nasjonale resultatmål

Arbeidsmål

Resultatindikatorar

6. Planar etter plan- og bygningslova og søknader etter sektorlover skal ha god dokumentasjon av vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn.

6.1 Utarbeide rettleiing for utgreiingar i planar etter pbl.

Tidsbruk for KU-saker i forhold til dei rammer forskrifta set.

Utarbeiding av KU i fylkes- og kommuneplanar.

Kvaliteten på planprogram og på utgreiingar og vurderingar i planar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 6.1 Utarbeide rettleiing for utgreiingar i planar etter pbl.

KU-forskrifta er revidert og tredde i kraft saman med ny plandel av plan- og bygningslova. Arbeidet med konsekvensutgreiingar (KU) etter plan- og bygningslova er no blitt ein integrert del av kommunane sitt arbeid med arealplanar på oversiktsnivå, særleg kommuneplanens arealdel. Enkelte av konsekvensutgreiingane som er gjennomførte på kommuneplannivået er likevel ikkje av god nok kvalitet. Saman med underliggjande direktorat arbeider departementet derfor med å ferdigstille rettleiing om korleis ulike miljøtema skal utgreiast og presenterast i slike planar. I tillegg utarbeider departementet òg ei samling med eksempel på korleis planprogram og konsekvensutgreiingar kan gjennomførast for ulike typar planar.

Resultatområde 6 – underområde 3 Kart og geodata

Området omfattar etablering og drift av geografisk basisinformasjon, dvs. kart og elektroniske geodatatenester til bruk på alle samfunnsområde (den nasjonale geografiske infrastrukturen).

Kart og annan geografisk informasjon (geodata) er naudsynte hjelpemiddel for planlegging, drift og som avgjerdstøtte på mange samfunnsområde. Det gjeld bl.a. for næringsutvikling og byggjeverksemd, miljø- og ressursforvaltning, offentleg planlegging og utbygging, suverenitetshevding og beredskap, og for dokumentasjon av eigedomstilhøve. Gode kart og posisjonsdata er naudsynt for sikker ferdsle på land, til sjøs, og i lufta.

Tabell 11.7 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 3 Kart og geodata

Nasjonale resultatmål

Arbeidsmål

Resultatindikatorar

7. Landet skal vere dekt av påliteleg geografisk informasjon (bl.a. sjøkart, landkart, matrikkel og grunnbok) som kan nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

7.1 Syte for eit nasjonalt geodetisk grunnlag.

7.2 Syte for basis geodata for norske sjøområde.

7.3 Syte for basis geodata for norske landområde.

7.4 Syte for eigedomsdata (matrikkel, grunnbok og kommunale planregister).

7.5 Syte for samarbeid om deling av geodata mellom offentlege etatar.

7.6 Syte for effektiv formidling av geodata.

Tal på kommunar med framført høgdegrunnlag.

Del av hovudkartserien til sjøs som er framstilt med beste nøyaktigheit.

Prosentvis del av felles geodata som står att å etablere for landområda.

Ajourhaldsfrekvens for trykt hovudkartserie Noreg 1:50000.

Tal på kommunar og andre som har teikna avtale om Noreg digitalt.

Databruken innan samarbeidet Noreg digitalt.

Talet på brukaroppslag på kartportalen til Statens kartverk.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 7.1 Syte for eit nasjonalt geodetisk grunnlag.

All privat og offentleg oppmåling, kartlegging, navigasjon og anna bruk av geografisk informasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag. Det geodetiske grunnlaget etablerer ei felles referanseramme for all bruk av geografisk informasjon. Fleire og fleire brukarar har behov for tilgang til ei felles global referanseramme med stadig auka krav til betre grannsemd. Grunna kontinuerlege endringar i jordas form, gravitasjonsfelt og rotasjonshastigheit er det behov for jamleg overvaking av referanserammene. Dette er òg naudsynt for å sikre ein god overgang mellom nasjonale og globale referanserammer.

Statens kartverk deltek i det internasjonale samarbeidet om betre globale referanserammer med ei rekkje ulike målestasjonar.

Den viktigaste målestasjonen er plassert i Ny-Ålesund. Plasseringa av stasjonen, langt mot nord, gjer at stasjonen er særleg viktig for å danne korrekte geodetiske parameterar på nordlege breiddegrader. Stasjonen inngår i eit globalt nettverk med ein type store radioteleskop som gir svært nøyaktige data om jorda sin gang i solsystemet. Slike data mogleggjer vitskapeleg arbeid innan klimaforsking oseanografi, astrofysikk og geofysikk.

I samband med overvakinga av det geodetiske grunnlaget, kontrollerer Statens kartverk òg ytinga til dei vanlegaste satellittsystema for navigasjon og posisjonering i Noreg. Det gjeld først og fremst det amerikanske Global Positioning System (GPS). Det tilsvarande europeiske systemet Galileo vil venteleg òg få stort omfang etter kvart som dette kjem i ordinær drift. Statens kartverk samarbeider med kommunar og private om å byggje ut eit nettverk som gir tilgang til centimeterpresisjon i heile landet. Det er no nesten samanhengande dekning, og det er venta at tenesta vil vere landsdekkjande i 2010. I dag er tenesta brukt av om lag 670 verksemder.

Alle kommunar har no teke i bruk nytt horisontalt geodetisk grunnlag basert på internasjonal standard (EUREF89). Dette er av stor betydning for offentlege og private brukarar. Arbeidet starta for meir enn tjue år sida, men utrullinga i kommunane kunne først gjennomførast for fullt i 2007-2009.

Høgdegrunnlaget (NN1954) har betydelege manglar, og er derfor dårleg tilpassa bruk av satellitteknologi. Statens kartverk har starta arbeidet med etablering av eit nytt nasjonalt høgdegrunnlag (NN2000). Det overordna grunnlaget er no på plass. Det er eit mål at 80 % av kommunane skal ha innført det nye høgdegrunnlaget i 2015.

Arbeidsmål 7.2 Syte for basis geodata for norske sjøområde.

Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem gir betre tryggleik til sjøs. Bruk av slike system reduserer faren for skade på personar og miljø, reduserer materielle kostnader, aukar regulariteten for skipstrafikken, kortar ned tidsbruken på skipsruter og styrkjer næringsgrunnlaget langs kysten.

Det er frå 2008 samanhengande elektroniske sjøkart for heile norskekysten. Arbeidet held fram med å betre kvaliteten på kartgrunnlaget og bytte ut linje- og enkeltmålingar med heildekkjande målingar.

Dei siste åra er det blitt sendt ein årleg sjømålingsekspedisjon til Svalbard. Saman med investeringar i ny teknologi har dette gitt god framdrift i den aktuelle målesesongen frå juli til september/oktober. Til no er noko over 50 pst. av samla areal dekt med tidsmessige målingar, hovudsakleg område djupare enn 20 m. I åra som kjem vil innsatsen bli retta meir mot prioriterte, grunnare område.

Arbeidet med det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet Mareano blir ført vidare. Programmet fokuserer på kartlegging av havbotnen og tilrettelegging av data for ulik bruk, bl.a. forvaltning av biologisk mangfald. Programmet blir gjennomført i samarbeid med Havforskingsinstituttet og Noregs geologiske undersøkingar.

Arbeidsmål 7.3 Syte for basis geodata for norske landområde.

Basis geodata blir inndelt etter tema som separate primærdataseriar (veg, vassdrag, osv.). Det gir stor fleksibilitet i produksjon og vedlikehald av data. Kart blir produserte ved å hente data frå ulike seriar og setje dei saman. Dataseriane kan òg nyttast i kombinasjon med fagdata frå ulike kjelder.

Det digitale kartgrunnlaget FKB (Felles Kartdata-Base) blir etablert og halde à jour gjennom eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Norsk institutt for skog og landskap, dei fleste kommunane, Telenor, energiverk o.a. («Geovekst»). Statens kartverk koordinerer arbeidet. I 2009 er omlag 80 pst. av denne dataetableringa fullført. Areal i byar og tettstader er i all hovudsak dekt. Utfordringa for desse areala ligg i vedlikehald av data. Frekvensen på ajourføringa av kartgrunnlaget blir tilpassa dei endringar som over tid råkar ulike areal. Såleis vil det vere hyppigare ajourføring i tettbygde strøk med høg aktivitet enn i område med liten aktivitet.

Hovudkartserien til Statens kartverk i målestokk 1 : 50 000 blir gitt ut både i trykt og digital form. Serien omfattar totalt 727 kartblad for heile Noreg. Med støtte frå Forsvaret blir det årleg ajourført mellom 60 og 100 kartblad.

Utrykingsetatane (ambulanse, brann og politi) er avhengige av høg kvalitet og kontinuerleg oppdatering av adresse- og veginformasjon. Statens kartverk og Statens vegvesen arbeider for tida med eit prosjekt for å heve kvaliteten på veginformasjonen.

Arbeidsmål 7.4 Syte for eigedomsdata (matrikkel, grunnbok og kommunale planregister).

Disposisjonsretten over arealressursar er av dei mest sentrale rettane i samfunnet. Både private og det offentlege har behov for informasjon om eigedommar og eigarforhold. Autorisert offentleg eigedomsinformasjon er viktig for å sikre eigedomsretten og naudsynt for eigedomsmarknaden. Autorisert offentleg eigedomsinformasjon kan delast i tre:

  • Matrikkelen som omfattar faktiske opplysningar om fast eigedom, bygningar og adresser, bl.a. med eintydig identifikasjon av kvar eigedom. Statens kartverk fører matrikkelen i lag med kommunane.

  • Grunnboka som omfattar opplysningar som gir rettsvern, dvs. alle tinglyste opplysningar om fast eigedom og burettar. Statens kartverk førar grunnboka. Det overordna ansvaret ligg til Justisdepartementet, jf. omtale under Justis- og politidepartementet kap. 462.

  • Kommunale planregister som omfattar opplysningar om offentlege arealplanar og andre føresegner som fastlegg korleis areala skal utnyttast. Planregistra er under etablering i kommunane. Statens kartverk stør kommunane med å kontrollere den tekniske kvaliteten og gjere plandata tilgjengeleg i den nasjonale geografiske infrastrukturen. Lovgrunnlaget vart innført med ny plan- og bygningslov frå 1. juli 2009.

Overgangen til matrikkelen frå det tidlegare grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB) og digitalt eigedomskartverk (DEK) var fullført i alle kommunane våren 2009. Dette representerer ei banebrytande modernisering på området. For første gong har Noreg no eit samla eigedomsregister som også syner eigedomsgrenser. Kvaliteten på opplysningane vil likevel variere med dei opplysningane som opphavleg er registrerte. Ca. 11 pst. av eigedommane manglar heilt opplysningar om eigedomsgrenser.

Nye saksbehandlingsrutinar i samsvar med lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) blir sette i kraft frå 1. januar 2010. Frå same dato blir gjeldande lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingslova) oppheva. Statens kartverk får etter den nye lova ei klarare rolle som sentral matrikkelstyresmakt. Ei viktig oppgåve vil vere å yte fagleg støtte til kommunane.

7.5 Syte for samarbeid om deling av geodata mellom offentlege etatar.

Noreg digitalt er eit samarbeid om deling av geografisk informasjon (geodata) mellom kommunar, statlege etatar og enkelte andre verksemder som bidrar til den nasjonale infrastrukturen. Statens kartverk er den sentrale koordinatoren og tilretteleggjaren i samarbeidet. Deling av data mellom samarbeidspartane i Noreg digitalt er basert på eigne elektroniske tenester drifta av Statens kartverk. I 2010 omfattar Noreg digitalt meir enn 600 partar. Dei fleste statlege etatar med ansvar for utarbeiding og bruk av geodata tek del. Alle fylkeskommunar og nesten alle kommunar er partar. I tillegg til basis geodata inngår òg ulike temadata som arealdata, ressursdata, miljødata og plandata i den felles geografiske infrastrukturen. Med eit stadig aukande tal partar i samarbeidet Noreg digitalt, har det skjedd ein stor auke i databruken, ikkje minst med gjensidig bruk av temadata.

Ei viktig side ved samarbeidet er felles harmonisering og standardisering av data og etablering av effektive tenester for datautveksling. Etablering og vidareutvikling av Noreg digitalt er eit omfattande arbeid. Verksemdene har sjølve ansvar for produksjon og tilrettelegging av temadata. Framdrifta i arbeidet avheng av kapasiteten i desse verksemdene.

Noreg er aktivt med i utvikling og bruk av felles standardar internasjonalt. Arbeidet vil bli ytterlegare styrkt i 2010, bl.a. for å kunne gjennomføre EU-direktiv 2007/2/EF om etablering av ein infrastruktur for geografisk informasjon i Europa (Inspire). Direktivet krev at landa etablerer og opererer eit nettverk av elektroniske tenester for søking, vising og nedlasting av stadfesta (koordinatbestemt) miljøinformasjon. Nettverket skal gjere det mogleg for offentlege organ å dele data på tvers av organisatoriske og geografiske skilje. Nettverket skal òg vere tilgjengeleg for allmenta. Direktivet føyer seg godt til gjeldande norsk politikk, jf. bl.a. planen for elektronisk forvaltning eNoreg 2009 og det tette samarbeidet om felles deling av geografisk informasjon (geodata) i Noreg digitalt. Departementet vil leggje fram spørsmålet om gjennomføring av direktivet for Stortinget på eigna måte.

7.6 Syte for effektiv formidling av geodata.

Data frå Statens kartverk, kommunane og dei andre deltakarane i Noreg digitalt er i dag tilgjengelege for næringslivet og allmenta via Internett, mobiltelefon og ulike elektroniske kartløysingar. Ved å gjere data elektronisk tilgjengeleg har bruken av geografisk informasjon (geodata) auka vesentleg dei seinare åra.

Kartbilete er gratis tilgjengelege for allmenta via internettsidene til Statens kartverk. Brukarane kan bl.a. søkje etter adresse, stadnamn eller matrikkelnummer, velje målestokk og måle avstandar. Anna formidling av data skjer gjennom forhandlarar.

Statens kartverk har etablert ei særskild koordineringsteneste (Primar) for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege i det internasjonale maritime miljøet. Statens kartverk leverer i dag autoriserte sjøkartdata frå 37 nasjonar gjennom denne tenesta. Store delar av kyststrekningane i dei samarbeidande landa er dekte. Om lag 4500 skip over heile verda nyttar autoriserte kartdata formidla gjennom Primar. Blant brukarane er òg den norske lostenesta. Det er ei sentral målsetjing å få sjøkarttenestene i fleire land med i samarbeidet for å kunne gi eit mest mogleg samla tilbod av sjøkart til brukarane. Kostnadene ved drift av tenesta er dekte ved brukarbetaling.

Verkemiddelomtale

Føresegnene i plan- og bygningslova om planlegging og konsekvensutgreiing er det viktigaste verkemidlet på underområde 1, Arealpolitikk og samfunnsutvikling og 2, Kommunal og regional planlegging. Rikspolitiske retningslinjer, som konkretiserer den nasjonale politikken, skal leggjast til grunn for all planlegging i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ.

Finansieringa av dei to underområda er i hovudsak dekt over kapitla 1400, 1410, 1427, 1429 og 1441. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 6. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

For å medverke til avgjerder som fungerer godt for samfunnet, må det utviklast eit godt plansamarbeid mellom kommunar, fylke og statlege etatar. Hovudansvaret for bruk av plan- og bygningslova er lagt til kommunane, som normalt fattar endeleg vedtak om arealbruken. Etatane på regionalt nivå må i ein tidleg fase av planarbeidet gjere kommunen kjent med nasjonale og viktige regionale interesser.

I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet blir det arbeidd med å leggje til rette for elektronisk saksbehandling i plan- og byggjesaker. Departementet gir ut rettleiing og rundskriv knytte til regelverket og vil halde god kontakt med instansar som har viktige oppgåver i forminga av dei fysiske omgivnadane. Avgjerder og lovfortolkingar blir publiserte i rettskjelderegisteret Easy-find og publikasjonen PlanJuss. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle fortløpande informasjon over departementets internettsider www.planlegging.no. Tiltak som aukar kompetansen innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementets innsats.

Kap. 1400 post 80 – Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle – vart oppretta i 2005 i samband med oppfølging av Handlingsplan for auka tilgjenge gjennom universell utforming. Ordninga skal medverke til nyskaping og til samarbeid om gode løysingar på Miljøverndepartementets arbeidsområde og er eit viktig verkemiddel for å innarbeide universell utforming som strategi for auka tilgjenge.

Kap. 1400 Post 81 – Tilskot til lokalt miljø og berekraftige lokalsamfunn – vart oppretta i 2006 og skal bl.a. støtte opp under programmet Livskraftige kommunar.

Underområde 3, Kart og geodata, er i hovudsak finansiert over kapittel 1465, men også samfinansiering og salsinntekter er viktige, jf. omtale under kap. 2465.

Statens kartverk er det nasjonale fagorganet som skal kvalitetssikre og leggje til rette geodata for heile det norske samfunnet. Kommunane har òg eit betydeleg ansvar. Verksemda i kommunane er tradisjonelt knytt til eigedomsregistrering og teknisk kartlegging som er nødvendig for planlegging og saksbehandling etter plan- og bygningslova. Statens kartverk har eit tradisjonelt ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar til sjøs og til lands, og å halde offisielle register oppdaterte. Etablering av databasar og produksjon av kart i digital form har lenge vore den store utfordringa, og vil vere det i fleire år framover.

12 Resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver

Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av alle resultatområda i miljøforvaltninga. Resultatområdet har dermed ikkje eigne nasjonale mål, men må sjåast i lys av resultatområda 1-6. Resultatområdet innverkar følgjeleg på resultatoppnåinga innafor alle dei andre resultatområda.

Resultatområdet er delt inn i følgjande underområde

7. 1. Styring og administrasjon

7. 2. Sektorovergripande arbeid

Områdeovergripande internasjonalt arbeid er omtalt under resultatområde 5.

Strategiske mål

Miljøforvaltninga skal innrette verksemda slik at måla i miljøpolitikken blir nådde. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel.

Miljøomsyn skal integrerast i alle sektorar av samfunnet. Kunnskap, informasjon og kommunikasjon skal medverke til å styrkje forståinga av miljøspørsmåla og til at avgjerder som påverkar miljøet blir tekne på grunnlag av beste tilgjengelege kunnskap.

Resultatområde 7 – underområde 1 Styring og administrasjon

Definisjon og avgrensing

Oppgåvene under dette underområdet er knytte til:

Styring, leiing og organisering av miljøforvaltninga, budsjettarbeid, internadministrasjon som internadministrativt utviklingsarbeid og oppgåver innafor personale, økonomi, IKT, beredskap, miljøleiing internt og forvaltningsoppgåver som ikkje naturleg høyrer inn under dei andre resultatområda.

Tabell 12.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde 1 Styring og administrasjon

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

1. Styringa av miljøforvaltninga skal følgje opp dei politiske prioriteringane, arbeidet med å gjennomføre politikken og vere effektiv.

Gjennomført evaluering av budsjettprosessen.

Gjennomført evaluering av styringsdialogen.

2. Sikre at internadministrasjonen av miljøforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna mål og retningslinjer for statsforvaltninga.

Godt utført planlegging, økonomistyring, personalforvaltning og annan internadministrasjon.

Utviklinga innafor IKT er tilrettelagt for effektiv datautveksling mellom fagsystem.

Oppdatert internt regelverk.

Godt utført planlegging og gjennomføring av tiltak for organisasjonsutvikling, og god oppfølging av andre tiltak innafor Regjeringas arbeid med fornying.

Gjennomført interne tiltak i tråd med handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar for offentlege nyskaffingar, under dette miljøpolitikken for statlege innkjøp i Miljøverndepartementet.

3. Følgje opp beredskapsarbeid og sikre miljøforvaltningas evne til å handtere kriser.

Oppdatert og ferdigstilt planverk for beredskapen i miljøforvaltninga.

4. Bidra til å sikre rammevilkår og verkemiddel for miljøarbeidet hos fylkesmannen.

Måloppnåing i fylkesmannens miljøarbeid.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1. Styringa av miljøforvaltninga skal følgje opp dei politiske prioriteringane, arbeidet med å gjennomføre politikken og vere effektiv.

Det er utvikla eit heilskapleg system for styring, prioritering og resultatmåling/oppfølging i miljøforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå, og skal ivareta alle formål, under dette òg departementets arbeid med etatsstyring. Departementet arbeider aktivt med risikoanalysar og integrerer analysane i styringa av miljøforvaltninga. For å søkje å avgrense analysane til arbeidet i miljøforvaltninga er dei overordna risikoanalysane i hovudsak knytte til arbeidsmåla for miljøsektoren. Sidan miljøforvaltninga på mange område har eit overordna ansvar for å nå måla mens andre styresmakter har dei viktigaste verkemidla, må ein i mange tilfelle òg vurdere risiko knytt til verksemda i desse styresmaktene. Det er gjennomført overordna risikoanalysar av nokre mål under alle resultatområda. Dei overordna risikoanalysane er forankra i leiinga i departementet. Krav til oppfølging av desse risikofaktorane blir omtala i overordna verksemdplan for departementet og oppfølging innarbeidd i tildelingsbreva til etatane og i avdelingane sine interne årlege verksemdsplanar. Oppfølging av krava skjer i den løpande styringsdialogen internt i departementet og med etatane. Tiltak for ytterlegare effektivisering og forenkling av arbeidet i miljøforvaltninga er under jamleg vurdering.

Arbeidsmål 2. Sikre at internadministrasjonen av miljøforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga.

Det er utarbeidd eit overordna plan- og styringsdokument for å leie miljøforvaltninga mest mogleg målretta og effektivt. Det blir arbeidd fortløpande med organisasjonsutvikling i tråd med Regjeringas fornyingsarbeid.

Miljøverndepartementet vil ha fokus på kompetanseutvikling og rekrutteringsstrategi, og har sett i verk konkrete tiltak knytte til dette. Blant anna skal ei systematisk kartlegging av departementets kompetansebehov no og i framtida leggje grunnlaget for vidare utvikling av desse områda. Det blir arbeidd kontinuerleg med å tilpasse personalpolitikken til ulike livsfaseomsyn og med å vidareutvikle sentrale personalpolitiske område, under dette avtala om eit inkluderande arbeidsliv, intern og ekstern mobilitet, likestilling og medbestemming. Kartlegging av det interne arbeidsmiljøet blir gjennomført med jamne mellomrom og er eit viktig verktøy for å halde på og å auke vitaliteten i organisasjonen og å utvikle departementet som attraktiv arbeidsplass. Slike kartleggingar har blant anna ført til auka fokus på leiarutvikling, styrking av den individuelle oppfølginga av medarbeidarane og tilrettelegging for læring og kunnskapsoverføring. Miljøforvaltninga sine administrative løysingar, fagsystem, felles portalar og miljødata representerer betydelege verdiar og kunnskap.

Bruken av informasjonsteknologi skal understøtte og bidra til utvikling av effektive arbeidsprosessar og god kommunikasjon innover i miljøforvaltninga. Særleg viktig er vidare utvikling og etablering av gode løysingar for digital samhandling med statsforvaltninga elles og med eit offentleg publikum. Forpliktingar rundt dei sentrale løysingane er gode, men kan styrkjast for enkelte løysingar. Dei viktigaste systema for etatane sine eigne forvaltningsoppgåver har sterkt fokus, og det er òg utvikla gode løysingar for integrasjon mellom administrative system og fagsystem, både internt og mot offentlege fellesløysingar som AltInn. Noreg Digitalt-samarbeidet må haldast fram som særskilt vellykka. Her syter felles nasjonal infrastruktur for at data frå fleire kjelder kan nyttast og sjåast i samanheng. Miljøforvaltninga si IKT-strategi er vurdert å samsvare med dei sentrale måla regjeringa har uttalt om auka digitalisering, og utviklinga av tenester i tråd med eNoreg-planane og stortingsmeldinga om eit informasjonssamfunn for alle. Det skal i 2010 gjennomførast ein prosess for å sjå på den vidare strategien for IKT i miljøforvaltninga. Miljøverndepartementet er med i felles innføring av saksbehandlingssystem for departementsfellesskapet i løpet av 2010/2011, og miljøforvaltninga ser fram til å delta saman med statsforvaltninga elles i dei felles løysingane som no blir utvikla for PKI og nasjonal eID. Miljøforvaltninga har starta ein prosess med å innarbeide dei nasjonale retningslinjene for informasjonstryggleik. Særleg viktig i år er tiltak knytte til klassifisering/verdivurdering av informasjon, system og infrastruktur, risiko- og sårbarheitsanalysar og kunnskaps- og erfaringsoverføring. Departementets arbeid med informasjonstryggleik blir ført vidare kommande år.

Miljødata og informasjon er eit sentralt verkemiddel i miljøpolitikken, og det er eit overordna mål at dette skal vere enkelt å gjenfinne, gjenbruke og formidle. Miljøforvaltninga har eit nasjonalt ansvar for samordninga av miljødata for alle sektorar, og skal sikre at miljødata av betydning for avgjerder i forvaltninga og for allmenta generelt skal vere oppdaterte og tilgjengelege. Dette arbeidet skal utviklast vidare.

Handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar når det gjeld miljøomsyn skal gjennomførast. Vidareføring av Grøn stat er ein del av handlingsplanen. Handlingsplanen har ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp av prioriterte produktgrupper. Handlingsplanen blir følgt opp gjennom å integrere miljøleiing i departementet sitt system for verksemdsplanlegging og gjennomføring av ISO 14001-sertifisering. I 2008 vart departementet resertifisert etter å ha hatt systemet i drift i tre år. Departementet gjennomfører årleg ein internrevisjon av systemet. Arbeidet med Grøn stat forpliktar medarbeidarane til å delta, bl.a. gjennom innspel om ulike forslag til tiltak og utbetringar. Tiltaksplanen for Grøn stat i Miljøverndepartementet er basert på dei fire satsingsområda; innkjøp, transport, avfall, og bygg og energi.

Miljøverndepartementet vert som første offentlege verksemd kontrollmedlem i Grønt Punkt i 2008. Dette gir tyngde i arbeidet med å få andre offentlege etatar, private aktørar og tenesteleverandørar til å bidra til ei forsvarleg miljømessig handtering av returemballasje.

Arbeidsmål 3. Følgje opp beredskapsarbeid og sikre miljøforvaltnings evne til å handtere kriser.

Beredskapsarbeidet er følgt opp gjennom årlege revisjonar av planverket og gjennomføring av fleire beredskapsøvingar for departementet og etatane. I tillegg deltek departementet på eksterne øvingar som omfattar ansvarsområda våre. Det er nedsett ei koordineringsgruppe leia av Miljøverndepartementet som skal ivareta tverrsektorielle oppgåver på klimatilpassingsområdet.

Som eit ledd i oppfølginga av tilsynet med beredskapsarbeidet frå DSB i 2008 har departementet gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for sitt ansvarsområde med påfølgjande revisjon av sitt planverk.

Arbeidsmål 4. Bidra til å sikre rammevilkår og verkemiddel for miljøarbeidet hos fylkesmannen.

Fylkesmannen er statens fremste representant i fylket, og ein stor del av den statlege regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmennene. Fylkesmennene ser til at nasjonale miljømål blir følgt opp regionalt og lokalt, og det arbeidet som fylkesmennene gjennomfører er ein føresetnad for å gjennomføre Regjeringas politikk. Fylkesmannen har ei sentral rolle knytt til samarbeid og samordning med andre sektorar, og forvaltar viktige delar av lovverket på miljøområdet. Fylkesmannens arbeidsoppgåver skal vere i samsvar med Regjeringas prioriteringar. Der internasjonale konvensjonar medfører regionale plikter, må dette prioriterast. Samla sett er miljøvernavdelinganes innsats i hovudsak retta mot resultatområda 1. Naturens mangfald og friluftsliv, 3. Reint hav og vatn og giftfritt samfunn, 4. Eit stabilt klima og rein luft og 6. Planlegging for ei berekraftig utvikling. I tillegg har Miljøverndepartementet ansvaret for andre avdelingar hos fylkesmannen når det gjeld område av meir tverrsektoriell karakter under resultatområde 6. Planlegging for ei berekraftig utvikling, under dette kart og geodata. Overføring av oppgåver til fylkeskommunen frå 1. januar 2010 gjer at det blir endå viktigare enn tidlegare med eit godt samarbeid mellom fylkesmannen og fylkeskommunen. Fylkesmannens viktigaste oppgåver er knytte til:

  • Verneplanarbeidet der tempoet skal haldast oppe i tråd med framdriftsplanar for nasjonalparkplanen, vidareføring av arbeidet med skogvern og marin verneplan. Sluttføring av nasjonalparkplanen har høgste prioritet.

  • Forvaltning av verneområda – nye modellar for forvaltning av verneområde vil gi fylkesmannen ei anna rolle og andre oppåver på dette området. Desse vil bli utvikla og nærare presiserte ved implementeringa av dei nye modellane.

  • Forvaltning av truga arter – fylkesmannen har ein viktig rolle i utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar for truga arter, og ser til at leveområde for truga arter blir sikra gjennom kommunale planer eller plan- og bygningslova.

  • Vassforvaltning – frå 1. januar 2010 blir fylkeskommunen vassregionstyresmakt, og dei fylkeskommunane som blir peikte ut som vassregionstyresmakt (jf. EUs vassrammedirektiv) skal i eigen vassregion i samarbeid med relevante sektorar og dei andre fylkeskommunane syte for utarbeiding av forvaltningsplanar i medhald av krav i vassforvaltningsforskrifta. Fylkesmannen vil framleis ha det miljøfaglege ansvaret innan vassforvaltning.

  • Oppfølging av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar – fylkesmannens arbeid med kartlegging av bestandssituasjonen er viktig i eit nasjonalt perspektiv. Fylkesmannen har vidare ei viktig rolle i kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

  • Rovviltforvaltninga – der arbeidet blir ført vidare i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur. Regionale rovviltnemnder har eit hovudansvar. Fylkesmennene fattar enkeltvedtak knytte til felling av rovvilt innafor dei rammene som rovviltnemndene set. Fylkesmannen har vidare ansvar knytt til betre samordning av landbrukspolitiske, reindriftspolitiske og miljøpolitiske verkemiddel på regionalt nivå.

  • Nedkjemping av framande arter – fylkesmannen medverkar til samordning av tiltak på regionalt nivå og gir råd til kommunane på dette temaet. Fylkesmennene kan òg ta initiativ til handlingsplanar og tiltak på regionalt nivå.

  • Tilpassing til klimaendringar – fylkesmannen har ei sentral rolle på dette området. Dei utfordringane klimaendringane stiller oss overfor er svært samansette, med alvorlege konsekvensar for naturen og fleire viktige samfunnsområde.

  • Reduksjon av klimagassutslepp – fylkesmannen medverkar m.a. gjennom sitt arbeid på avfallsområdet og bidrag til regionale og kommunale planar.

  • Konsesjonsbehandling og tilsyn med forureina verksemder innan sitt myndeområde, og bidrag i landsomfattande tilsynsaksjonar. Ressursane til konsesjonsbehandling og tilsyn hos fylkesmannen vert auka. Dette inngår blant anna som eit ledd i Regjeringa si styrking av tilsynet med prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar og farleg avfall.

  • Tiltaksplanar for forureina sediment – fylkesmannen følgjer opp og set i verk tiltaksplanar og fører vidare arbeidet med grunnforureining, m.a. i forhold til nedlagte avfallsdeponi.

  • Ansvar for regional stats deltaking og medverknad i den regionale og kommunale planlegginga, og ansvaret for at nasjonal politikk blir formidla og ivareteken. Fylkesmannen har òg ei oppgåve i å samordne dei statlege interessene i planarbeidet, utføre mekling i motsegnsaker og behandle klager på regulerings- og utbyggingsplanar.

  • Informasjon er eit prioritert verkemiddel for heile miljøforvaltninga – innhenting, kvalitetssikring, levering og forvaltning av miljø- og geodata er prioriterte oppgåver hos fylkesmannen. Dataforvaltninga skjer ved hjelp av sentrale fagsystem som er ein del av den nasjonale geografiske infrastrukturen. Fylkesmannen har ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av aktivitetar under «Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald». Vidare formidlar fylkesmannen kunnskap om utvikling i miljøtilstand og arealbruk.

  • I sin dialog med kommunane om prioriterte miljøutfordringar utnyttar fylkesmannen skjønnsmidlane strategisk.

Ein viser elles til Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjettproposisjon, Programkategori 01.10 Fylkesmennene.

Frå 1. januar 2010 vil fylkeskommunen overta dei fleste av fylkesmannen sine oppgåver innanfor friluftsliv, bestandsforvaltning av ikkje truga arter av vilt og innlandsfisk som det kan haustast av, og vassregionmyndet. Sjå meir omtale i Del I, kapittel 4 Oppsumming av status på dei enkelte resultatområda.

Resultatområde 7 – underområde 2 Sektorovergripande arbeid

Definisjon og avgrensing

Miljøovervaking og miljøforsking er sentrale verkemiddel for innhenting, utvikling og formidling av kunnskap om alle sider av miljøet. Miljøovervakinga omfattar regelmessig og langsiktig innhenting av kunnskap om miljøtilstanden og om situasjonar der årsaka til potensielle miljøproblem er kjende. Miljøovervakinga vil samtidig bidra til ny kunnskap om miljøet. Miljøforskinga er meir langsiktig og skal få fram ny kunnskap som er viktig for miljøpolitikken. I tillegg vil utgreiingar gi viktig kunnskap om særlege problemstillingar som det er viktig å få supplerande kunnskap om, både for forsking og overvaking. Formidling av kunnskapen som kjem frå overvaking og forsking ligg òg under dette resultatområdet, men må sjåast i samanheng med anna formidling av informasjon om miljøspørsmål.

Underområdet omhandlar òg ei rekkje ulike verkemiddel i arbeidet med å integrere og forankre miljøomsyn i alle delar av samfunnet på ein effektiv måte. Dette gjeld:

  • Samarbeid med andre departement, f. eks. om å integrere miljøomsyn på andre departement sine område, kunnskap om miljøtilstand og miljøpåverknad, arbeid med stortingsmelding Om regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, miljøprofilen i statsbudsjettet.

  • Arbeid med formidling, informasjon og kommunikasjon om miljøspørsmål på ulike nivå og med ei rekkje ulike målgrupper. Pressearbeid og kampanjar er ein viktig del i dette arbeidet.

  • Andre sentrale verkemiddel som er dekte av dette underområdet er arbeidet for å fremje miljøeffektiv produksjon og forbruk og minske miljøskadane ved økonomisk vekst, utvikle Noreg til eit føregangsland for miljøteknologi, arbeide med auka miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar og etablere ein sterkare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål, og å gjere det enklare å vere miljøvennleg i kvardagen.

Tabell 12.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde 2 Sektorovergripande arbeid

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

1. Syte for at forsking og overvaking gir tilstrekkeleg og god kunnskap om miljøspørsmål.

Etablert og teke i bruk gode prosessar og system for utvikling av og tilgang til ny kunnskap både internt og i samarbeid med andre styresmakter og Noregs forskingsråd.

2. Arbeide for at miljøomsyn skal integrerast i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Gjennomført eit godt samarbeid med andre sektorar om kunnskapsinnhenting på miljøområdet.

Ha oppdatert kunnskap om mål og utfordringar i andre departement.

Vidareutvikle Stortingsmelding om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand for å styrkje at miljøpolitikken blir integrert i viktige prosessar og sektorar.

Integrert miljøpolitiske mål og synleggjort det økologiske perspektivet i relevante stortingsdokument frå Regjeringa. Medverke til å endre subsidie- og skatte- og avgiftssystemet i meir miljøvennleg retning.

Fortløpande formidling av Regjeringas miljøpolitikk via aktuelle kommunikasjonskanalar.

Teke i bruk eigne arenaer for kommunikasjon med ulike målgrupper internt og eksternt.

Inkludert standardar for tilgjenge (WAI-standard) i IKT-investeringar.

Auke talet på nettsider med talefunksjon

Auke talet på offentlege nyskaffingar som er miljøvennlege.

Talet på statlege verksemder som har innført miljøleiingssystem (Grøn stat).

Talet på statlege verksemder med betydelege miljøbelastningar som er tredjepartsertifisert.

Talet på statlege verksemder som har innført ein eigen miljøpolitikk for innkjøp av prioriterte produktgrupper omfatta av handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1. Syte for at forsking og overvaking gir tilstrekkeleg og god kunnskap om miljøspørsmål.

Miljøverndepartementet har ansvar for å foreslå mål for ein god tilstand for natur- og kulturmiljø og foreslå tiltak som er naudsynte for å hindre eller rette opp skadeleg påverknad av miljøtilstanden. Kunnskapen om miljøtilstanden og forhold som påverkar den blir henta inn gjennom kartlegging, miljøovervaking og rapportering som skjer i samarbeid med relevante sektorar. Miljøforvaltninga har sjølv omfattande program for overvaking av miljøet.

Miljøforvaltninga har ansvar for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata. Miljøforvaltninga skal syte for at data som blir nytta i statlege og sentrale internasjonale rapportar er autoriserte og offisielle norske miljødata. Det blir bl.a. lagt opp til ei systematisk rapportering og dokumentasjon av resultata av Regjeringas samla miljøpolitikk på bakgrunn av data frå miljøovervaking, miljøstatistikk og sektorvis miljørapportering. Rapporteringa gir viktig informasjon for å vurdere utviklinga i miljøet og gjennomføringa av politikken innafor kvar sektor, og identifisere behovet for ny politikk. Referansesystemet for miljøinformasjon skal innehalde tilvisingar til alle miljødata og vil gjere det enklare å finne fram til og vurdere data som er samla inn med sikte på gjenbruk. Det skal leggjast vekt på å utvikle systemet vidare. Arbeidet med dataproduksjon, forvaltning og formidling må sjåast i samanheng med IKT-strategien til miljøforvaltninga.

Miljøverndepartementet skal ha eit aktivt og konstruktivt samarbeid med Noregs forskingsråd for å sikre at kunnskapsproduksjonen blir målretta. Det skal òg leggjast stor vekt på at resultata frå forskinga blir formidla på ein føremålstenleg og forståeleg måte til forvaltninga og andre avgjerdstakarar gjennom eit tett samarbeid med Forskingsrådet og forskingsmiljøa. Nye kunnskapsbehov og resultat av forskingsinnsatsen som er finansierte av Miljøverndepartementet, er omtalte under dei enkelte resultatområda. Gjennom EØS-avtala deltek Noreg i EUs 7. rammeprogram for forsking. Norske forskingsmiljø har markert seg godt, bl.a. i miljødelen av rammeprogrammet.

Arbeidsmål 2. Arbeide for at miljøomsyn skal integrerast i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

  • Miljøprofilen i statsbudsjettet og status i miljøpolitikken er omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand (RM). Meldinga har dei seinare åra vore lagt fram annakvart år, siste gongen våren 2007.

  • Alle aktørar har ansvar for at verkemiddel og tiltak på eige område ikkje medfører unødige miljøproblem. Dei har òg ansvar for å ta vare på miljøverdiar dei eig og ofte sjølve har produsert, som sektoranes eigne kulturminne og kulturmiljø. Desse kan i tillegg ha potensial for verdiskaping og næringsutvikling. Styresmaktene har ansvar for at miljøomsyn blir integrerte i sektorpolitikken gjennom føremålstenlege verkemiddel og tiltak. Alt miljøarbeid skal drivast i tråd med dei strategiske og nasjonale miljømåla.

  • Sektoransvarsprinsippet vil i hovudsak bli vidareutvikla gjennom dei ordinære budsjett- og RM-prosessane.

  • Miljøverndepartementet og Finansdepartementet samarbeider om å ta omsyn til miljø og berekraftig utvikling i heile arbeidet med statsbudsjettet.

I tildelingsbreva har departementet følgt opp initiativet frå FAD og bede etatane gjennomføre målretta systematiske brukarundersøkingar som òg skal gjerast allment tilgjengelege. Fleire av etatane rapporterer om gjennomførte eller planlagde undersøkingar mot viktige samarbeidspartnarar og brukarar. Nokre eksempel er periodiske omdømmeundersøkingar, befolkningsundersøkingar når det gjeld kunnskap om farleg avfall, miljømerking og klimakvotar, undersøkingar om tilgjenge- og formidlingsaspektet på nettsider og nettstader, målretta undersøkingar mot kommunane etc. Det tverrdepartementale samarbeidet om planen eNoreg omfattar spørsmål som både er knytte til berekraftig utvikling og IKT, og til verdien av miljøinformasjon og stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som elektronisk innhald. Forbetringar av produkt og omdømme er ei viktig grunngiving for slike undersøkingar.

Informasjon og kommunikasjon

Departementet vil styrkje kommunikasjonen om miljøspørsmål med fleire målgrupper, slik at dei ulike sektorane i samfunnet blir motiverte til å ta miljøomsyn. Pressa og frivillige organisasjonar er særleg viktige målgrupper for Miljøverndepartementet, men ein legg òg stor vekt på å spreie kunnskap om miljø og leggje til rette for tilgjenge til miljøinformasjon gjennom ei rekkje ulike tiltak.

Miljøverndepartementet samarbeider tett med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet om det internettbaserte læremiddelet Nettverk for miljølære. Læremiddelet tek for seg miljøvern og berekraftig utvikling, med tema som naturvern, forureining, kulturminnevern og friluftsliv, og set det i samanheng med læreplanverket. Nettverk for miljølære er ein del av den norske oppfølginga av FNs utdanningstiår for ei berekraftig utvikling. Den naturlege skulesekken (DNS) skal bidra til å utvikle interesse for og kunnskap om naturen, medvit om berekraftig utviking og auka miljøengasjement hos alle elevar og lærarar i grunnskulen. DNS skal vere fagleg og metodisk forankra i Læreplanverket for grunnskuleopplæringa. Programmet skal vere eit samarbeid mellom undervisnings- og miljøstyresmaktene og ulike institusjonar og faglege frivillige organisasjonar. I 2009 blir det sett i gang eit pilotprosjekt med utgangspunkt i tre fylke og 10 kommunar.

Informasjon om saker i departementet blir spreidd på ulike måtar, slik at så mange som mogleg får vite om den. Pressmeldingar blir sende ut til organisasjonar og mediebedrifter. Det blir utarbeidd artiklar og kronikkar til aviser og tidsskrift. Journalistar blir òg fora med bakgrunnsstoff og får tilbod om intervju med den politiske leiinga. Det blir arrangert pressereiser ved viktige hendingar. Godt samarbeid med organisasjonane er viktig for departementet, og driftstilskot til dei frivillige organisasjonane er eit nyttig verkemiddel for å styrkje aktivitet og deltaking.

Klimainformasjonskampanjen Klimaløftet koordinerer Regjeringas samla klimainformasjon retta mot folk flest. Det skal setjast i gang ei rekkje felles prosjekt og utviklast omfattande nasjonale informasjonstiltak i tråd med pkt. 1.3 i Klimaforliket om ei opptrapping og styrking av klimainformasjonsarbeidet. Klimaløftet vil i 2010 bidra til å oppretthalde eit høgt engasjement blant folk flest ved å gi informasjon om handlingsalternativ til kva enkeltpersonar sjølve kan gjere for å redusere utsleppa av klimagassar. Klimaløftet vil òg ha sterkt fokus på å formidle oppdatert og vitskapleg basert informasjon om klimaendringar.

I tillegg til media er Internett ein viktig kanal for informasjonsformidling frå Miljøverndepartementet og underliggjande etatar. Store mengder miljøinformasjon er gjort tilgjengeleg gjennom nettstadene til miljøforvaltninga. Departementsinngangen www.miljo.no gir full oversikt over informasjonstilbodet frå miljøforvaltninga. Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) er inngangen til fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøpolitiske resultatområda. Det er etatane sitt ansvar å oppdatere denne informasjonen. Departementets internettsider skal vere ein formidlingskanal i tråd med lov om rett til miljøinformasjon. Eitt døme er høyringssaker der også høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet.

Nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning blir formidla gjennom departementets nettsider www.planlegging.no og gjennom publikasjonane Plannytt og Planjuss. Internasjonale standardar for tilgjenge, WAI (Web accessability initiative) er innarbeidde på miljøforvaltningas internettsider. Syntetisk tale er tilgjengeleg på alle departementets nettsider på ODIN. Nettstaden www.universell-utforming.miljo.no som er knytt til Regjeringas handlingsplan for auka tilgjenge, har vore banebrytande på dette feltet i Noreg.

Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper.

Miljøinformasjonslova

Informasjon er eit heilt sentralt verkemiddel i miljøpolitikken. Lov om rett til miljøinformasjon og deltaking i offentlege avgjerdsprosessar med innverknad på miljøet (miljøinformasjonslova), gir omfattande rettar til miljøinformasjon frå både offentlege organ og private verksemder. Ei eiga uavhengig klagenemnd, Klagenemnda for miljøinformasjon, behandlar klager over avslag på innsyn hos private verksemder.

Berekraftig produksjon og forbruk

Det er eit mål at auka økonomisk vekst ikkje samtidig fører til auka miljøbelastning. Forbruket av varer og tenester har auka jamt i industrilanda i mange år og aukar raskt i mange overgangsøkonomiar og utviklingsland. Følgjene er eit stort press på naturressursane. Ein svært stor del av miljøfølgjene av forbruk i Noreg gjeld råvarer og produkt som er framstilte i andre land. Tiltak for meir miljøvennleg råvareuttak, produksjon og betre produktdesign må derfor treffast både i u-land og i i-land. Dette kan dels påverkast ved at importørar, profesjonelle kjøparar og forbrukarar stiller krav, dels gjennom arbeidet med miljøavtaler og i internasjonale organisasjonar. På FN-toppmøtet i Johannesburg vart det sett i gang eit 10-års rammeverk med program for berekraftig produksjon og forbruk (Marrakech-prosessen).

Noreg spelar ei aktiv rolle i FN-samanheng og samarbeider med EU i Marrakech-prosessen. Vidare følgjer vi EUs arbeid med ein handlingsplan for berekraftig forbruk og produksjon og berekraftig industripolitikk. Vi følgjer òg opp nordisk samarbeid på dette feltet. Måla våre er bl.a. å fremje miljøeffektiv produksjon og minske miljøskadane ved økonomisk vekst, å nytte miljømerking, grønare leveransekjeder og miljøbevisste innkjøp til å fremje tiltak til beste for miljø og sosiale forhold i utviklingsland. Det er lagt vekt på forbrukarane sin rett til kunnskap om varer og tenester for å kunne fatte forbruksval som står i forhold til interessene og overtydinga deira.

Miljøteknologi – miljø som vekstnæring

Nye løysingar innan fornybar energi, energieffektivisering og miljø er viktige for å møte klima- og miljøutfordringane. Marknaden for miljøteknologi er i vekst internasjonalt, og her er det gode høve til auka verdiskaping og marknader for norske bedrifter. Regjeringa etablerte i 2008 Strategisk råd for miljøteknologi, og starta arbeidet med å utforme ein nasjonal strategi for miljøteknologi. Regjeringa vil ferdigstille og følgje opp strategien i samråd med Strategisk råd.

Statens forureiningstilsyns miljøteknologiprosjekt vart fasa inn i dette arbeidet i 2008. I strategiprosessen og gjennom eit kartleggingsarbeid har næringslivet gitt tilbakemelding om det som er oppfatta som viktige utfordringar for utvikling av miljøteknologi. Det blir blant anna peika på behov for vidareutvikling av verkemiddelapparatet i tidleg kommersialiseringsfase, betre utnytting av offentleg innkjøpspolitikk, strengare lover og reguleringar i miljøpolitikken, lite kundedriven teknologiutvikling, og svake koplingar mellom næringsaktørane. Regjeringa ser på dette som viktige innspel til den vidare strategiprosessen.

Ein viser òg til omtale av opprettinga av ei ny ordning for miljøteknologi under Innovasjon Noreg i Prop. 1 S (2009-2010), Nærings- og handelsdepartementet.

Miljøansvar i nyskaffingar og drift av offentlege verksemder

Innkjøp i offentleg sektor var på 330 mrd. kroner i 2007, og utgjer eit betydeleg potensial for reduserte miljøbelastningar.

Regjeringas handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar set konkrete tiltak for å fremje etterspørsel etter miljøvennlege varer og tenester som er tilverka med høge etiske og sosiale standardar. Planen gjeld for 2007 – 2010. Hovudpunkta i handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar er nærare omtalt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand og i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Det er eit mål at miljøbelastninga knytt til offentlege nyskaffingar skal minimerast. Planen set eit særleg fokus på tiltak knytte til klima- og energi, helse og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald. Avfallsførebygging og effektiv ressursutnytting er ein del av dette. Handlingsplanen har ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp med konkrete mål og krav til innkjøp av særleg viktige produktgrupper. Måla og krava i miljøpolitikken for statlege innkjøp gjeld frå 1. januar 2008. Rettleiande kriterium for dei prioriterte produktgruppene til bruk for innkjøparar vil liggje føre i løpet av 2009. Miljøleiing i statlege verksemder (Grøn stat) blir førte vidare gjennom handlingsplanen, og miljøpolitikken for statlege innkjøp er ein obligatorisk del av miljøleiingsystemet.

Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) har eit utøvande ansvar på nasjonalt nivå og ei sentral rolle i den operative oppfølginga av handlingsplanen både når det gjeld miljøbevisste innkjøp og miljøleiing. DIFI skal òg integrere miljøperspektivet i si satsing på bygg og anlegg.

I kvart fylke/region skal det etablerast ei fagleg støtteteneste (knutepunkt) som skal stå til rådvelde for både statlege og kommunale verksemder. Dei første knutepunkta blir etablerte hausten 2008 og dei resterande knutepunkta blei etablerte hausten 2009.

Miljøverndepartementet sette i 2005 ned eit breitt samansett rådgivande panel for miljøbevisste offentlege innkjøp. Panelets mandat gjaldt for perioden 2005 – 2008. Panelet vart nedlagt våren 2009. Noreg deltek òg aktivt i det internasjonale samarbeidet for å fremje miljøbevisste offentlege nyskaffingar, bl.a. i NMR, EU og FNs arbeidsgruppe for berekraftige offentlege innkjøp under Marrakech-prosessen for berekraftig produksjon og forbruk.

Berekraftig forbruk

Regjeringa vil leggje til rette for ein tettare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål og gjere det enklare å vere miljøvennleg i kvardagen. Regjeringa ser på dei frivillige, offisielle miljømerkeordningane som viktige for å gi forbrukarane høve til å velje dei minst miljøskadelige produkta i eit vogge til grav-perspektiv.

Regjeringa vil på dette området:

  • Arbeide for at fleire produktgrupper blir inkluderte i dei offisielle miljømerkeordningane slik at produkt som medfører mindre miljøbelastning blir merkte og forbrukarane får høve til å gjere miljøriktige val.

  • Medverke til å få utarbeidd indikatorar og pedagogiske hjelpemiddel som kan få fram den komplekse samanhengen mellom forbruk og miljø i globalt perspektiv.

  • For å belyse og følgje med utviklinga av miljø- og ressursbelastninga knytt til forbruk i Noreg skal det utviklast statistikk, analysar og indikatorar for dei forbrukargruppene som i globalt perspektiv er mest miljøbelastande.

Støtte til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk blir bl.a. gitt over kap. 1400 post 73, programkategori 12.10.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 926,6 mill. kroner over Miljøverndepartementets budsjett for 2010. Resultatområdet omfattar innsatsen av områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver på tvers av alle resultatområda 1-6, og blir finansiert av alle delar av miljøforvaltninga, jr. kap. 1400, 1410, 1425, 1426, 1427, 1429, 1441, 1465 og 1471.

I tillegg blir lønn og drift av fylkesmannens miljøavdelingar finansierte over kap. 1510, Fylkesmannsembeta, jf. St prp nr. 1 (2009-2010) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Tilskot til dei frivillige miljøorganisasjonane er òg eit viktig verkemiddel for å styrkje medverknad og engasjement omkring ulike miljøspørsmål, jf. kap. 1400, post 70. Tilskot til andre organisasjonar eller prosjekt og tiltak som stimulerer til ei berekraftig utvikling er òg sentralt, jf. kap. 1400, post 73. For år 2010 er det totalt avsett 144,6 mill. kroner til miljøovervaking og miljødata over Miljøverndepartementets budsjett, jf. kap. 1410, post 21.

Miljøverndepartementet utviklar og forvaltar ei rekkje lover, reglar og instruksar som har innverknad på miljøsektoren og plansida, f.eks. plan- og bygningslova, forureiningslova, naturvernlova, kulturminnelova m.m.

Ein effektiv og målretta organisasjon er eit avgjerande verkemiddel for gjennomføring av Miljøverndepartementets mål.

Til forsida