Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

1.1 Kunnskapsnasjonen Noreg

Regjeringa har som visjon at Noreg skal vere eit leiande kunnskapssamfunn der ulike menneske får like moglegheiter. Menneske er Noregs viktigaste ressurs. I Noreg utgjer den menneskelege kapitalen om lag 75 pst. av nasjonalformuen. Å gi kvar enkelt moglegheit til å utvikle seg heile livet er viktig for vidareutviklinga av kunnskapssamfunnet og er heilt sentralt for å sikre eit kunnskapsbasert arbeids- og næringsliv.

Regjeringa har derfor som ei av sine viktigaste prioriteringar å satse på utdanning og kunnskap og å styrkje den evna utdanningssystemet har til å motverke sosiale forskjellar gjennom å leggje vekt på tidleg innsats og livslang læring. Regjeringa vil gi eit godt barnehagetilbod til alle barn og satse på kvalitet og mangfald i fellesskolen. Alle barn skal oppleve meistring og utfordringar i skolen og tileigne seg grunnleggjande dugleikar.

Regjeringa har sett i verk tiltak mot fråfall i vidaregåande opplæring slik at unge kan gå inn i arbeidslivet eller ta høgre utdanning. Vaksne som treng det, skal få sjansen til å skaffe seg naudsynt kompetanse for å tilpasse seg omstillingar i arbeidslivet eller fullføre opplæring. Gjennom å leggje vekt på tidleg innsats i barnehage og skole, auka fullføring av vidaregåande opplæring og livslang læring skal utdanningssystemet gi alle likeverdige moglegheiter til å utvikle evnene sine og medverke til å jamne ut sosiale forskjellar.

I NOU 2009: 10 Fordelingsutvalget kjem det fram at barnehagar og utdanningssystemet har stor innverknad på sosiale forskjellar seinare i livet. Utvalet peikte på at utdanning på minst vidaregåande nivå ser ut til å vere viktig for å klare seg godt i arbeidsmarknaden, og at tidleg innsats retta mot barn i førskolealderen er blant dei mest verksame tiltaka for å betre dei framtidige moglegheitene på områda utdanning og yrkesliv for barn frå familiar med låg inntekt.

Utdannings- og forskingssektoren må svare på dei behova arbeids- og samfunnslivet har for kunnskap og kompetanse. Vi har eit kunnskapsintensivt arbeidsliv der det er stadig færre jobbar som ikkje krev vidaregåande eller høgre utdanning. Noreg vil trenge både fleire personar med relevant fagopplæring og fleire med høgre utdanning i framtida. Vidareutvikling av velferdssamfunnet er avhengig av arbeidskraft med god og oppdatert kompetanse. Noreg står framfor mange krevjande oppgåver. Kunnskap vil vere avgjerande for å kunne møte globale og nasjonale utfordringar knytte til miljø og klima, helse og velferd og verdiskaping. Forsking og utdanning er føresetnader for å møte desse utfordringane og for å leggje grunnlaget for vidareutvikling av velferdssamfunnet og verdiskaping i framtida. Noreg skal vere blant dei fremste når det gjeld å utvikle, dele og ta i bruk ny kunnskap. Forskinga skal utvide grensene til vår erkjenning, skaffe fram kunnskap som kan auke verdiskaping og velferd og svare på samfunnsutfordringane. Utdanning og forsking stimulerer også til demokratisk deltaking, kulturell utvikling og til auka sjølvkjensle og identitet hos enkeltmennesket.

Ein utdannings- og forskingssektor av høg kvalitet er ein av dei viktigaste føresetnadene for utviklinga av kunnskapssamfunnet. Den norske utdannings- og forskingssektoren skal

  • gi alle like moglegheiter til læring, utvikling og deltaking, og medverke til sosial utjamning

  • svare på samfunnets behov for kunnskap og arbeidskraft

  • medverke til eit kunnskapsbasert arbeids- og næringsliv og til å løyse globale utfordringar

1.2 Kunnskap og kompetanse for framtida

Barnehage

Regjeringa vil sikre eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet i alle barnehagar, styrkje barnehagen som læringsarena og sikre at alle barn får delta aktivt i eit inkluderande fellesskap. Ifølgje St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen er det mykje som tyder på at det er store variasjonar i barnehagetilbodet i dag. Kompetansen til personalet er avgjerande for kvaliteten på barnehagane. Barn skal utvikle grunnleggjande kunnskapar og dugleikar, og regjeringa vil derfor auke innsatsen for betre kvalitet i barnehagane.

Kunnskap blir bygd gjennom heile livet, og barnehage og skole er avgjerande for livslang læring og utvikling. Korleis barnehagen kan medverke til tidleg innsats og sosial utjamning tok Stortinget stilling til under handsaminga av Innst. 162 S (2009–2010) og St.meld. nr. 41 (2008–2009). Regjeringa har teke eit krafttak i dei siste åra for å sikre full barnehagedekning, samtidig som prisen har vorte redusert.

Kommunane vil frå 2011 vere ansvarlege for å finansiere barnehagane når dei øyremerkte tilskotta blir ein del av rammetilskottet til kommunane. Dei vil ha eit heilskapleg ansvar for å sikre alle barn eit kvalitativt likeverdig barnehagetilbod i kommunen sin. For å sikre at tungtvegande nasjonale omsyn på barnehageområdet blir tekne hand om i framtidas barnehagesektor, er det naudsynt med ein gjennomgang og ei vurdering av regelverket og verkemidla i sektoren.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for høg og likeverdig kvalitet i både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar, og vil gjennom å halde fram med opptrappinga mot full likeverdig behandling sikre dei ikkje-kommunale barnehagane gode og stabile rammevilkår i ein rammefinansiert sektor.

Innhaldet i barnehagen skal byggje på eit heilskapleg syn på læring, der omsorg og leik, læring og danning skal sjåast i samanheng. Regjeringa vil ta vare på den norske barnehagetradisjonen, som er høgt akta internasjonalt. Regjeringa held fram med satsinga for å rekruttere og halde på fleire pedagogar, og vil også setje i verk tiltak for å auke kompetansen til personalet i barnehagane. God kvalitet er nær knytt til god leiing i barnehagane. Regjeringa satsar derfor målretta på å heve kompetansen til styrarane i barnehagane.

Grunnopplæring

Regjeringa vil føre vidare innsatsen for å sikre ei grunnopplæring som held høg kvalitet. Det er eit mål at alle elevar skal oppnå grunnleggjande dugleikar og oppleve meistring og utfordring i skolen. Regjeringa vil òg satse sterkt på arbeidet mot mobbing i skolen, og vil medverke til å styrkje det lokale arbeidet for eit godt og inkluderande læringsmiljø. Gjennom St.meld. nr. 11 (2008–2009) Læreren. Rollen og utdanningen og St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen har regjeringa lagt grunnlaget for ein skole av høg kvalitet som gir alle like moglegheiter.

Lærarar med gode kvalifikasjonar er ein kritisk faktor for å lykkast med ambisjonane for skolen. Eit varig system for vidareutdanning for lærarar er etablert og vil bli utvikla vidare. Det same gjeld skoleleiarutdanninga. Den nye lærarutdanninga, satsing på utdanning for rettleiarar og ulike rekrutteringstiltak skal sikre at vi også for framtida har dyktige og motiverte lærarar, samt god rettleiing til nyutdanna, nytilsette lærarar. Ei lærarutdanning av høg kvalitet og relevans er viktig. Den nye grunnskolelærarutdanninga får derfor ei høgre innplassering i finansieringssystemet enn i dag.

Lærarane og korleis lærarane brukar tida si er viktig for skolen. Regjeringa ønskjer at styresmakter, skoleleiarar og lærarar aukar sitt medvit om korleis tida i skolen blir brukt, jf. Meld. St. 19 (2009–2010) Tid for læring. Dyktige lærarar betyr mykje, og GNIST-partnarskapen er etablert for å gi dei ulike tiltaka retta mot lærarutdanninga og læraryrket ei felles overbygning. Partnarskapen har som mål å styrkje kvaliteten på lærarutdanninga, vidareutvikle lærarprofesjonen, auke statusen til lærarane og rekruttere fleire gode lærarar for framtida.

Regjeringa har utvida skoledagen, og vil leggje til rette for ein meir heilskapleg skoledag for å oppnå meir og betre læring for alle elevar uavhengig av sosial bakgrunn. Leksehjelp er sett i verk som eit målretta tiltak for elevar på 1.–4. trinn frå hausten 2010. Ungdomstrinnet er noko av nøkkelen til å motivere elevar for vidare skolegang og læretid. Ei eiga stortingsmelding om ungdomstrinnet skal leggjast fram våren 2011. I meldinga vil ein mellom anna vurdere fag- og timefordelinga og korleis opplæringa kan gjerast meir praktisk og motiverande.

Midtlyngutvalet vart oppnemnt i 2007 for å foreslå ei heilskapleg tiltakskjede for barn, unge og vaksne med behov for særskild hjelp og støtte i opplæringa. Utvalet leverte 2. juli 2009 NOU 2009:18 Rett til læring. Kunnskapsdepartementet vil følgje opp utgreiinga med ei melding til Stortinget i 2011.

Regjeringa har sett i verk ein nasjonal dugnad for å auke fullføringa av vidaregåande opplæring. Det er etablert eit samarbeidsprosjekt med fylkeskommunane, prosjektet har fått namnet Ny GIV, der staten og fylkeskommunane vil gå i dialog om å fastsetje mål for fullføring i kvar enkelt fylkeskommune. Vidare vil det bli satsa på betre yrkesretting av fellesfaga i fag- og yrkesopplæringa og på gode og relevante etterutdanningstilbod, noko som har særleg mykje å seie for å redusere fråfallet i vidaregåande opplæring.

Boks 1.1 Ny GIV – nasjonal dugnad for gjennomføring i vidaregåande opplæring

Ny GIV – Gjennomføring i vidaregåande opplæring – er ein nasjonal dugnad for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Blant dei mange tiltaka som inngår i satsinga, er desse sentrale:

  • Tettare oppfølging av dei svakaste elevane både på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring

  • Økt samarbeid med fylkeskommunane og økonomisk støtte til lokale tiltak som sommarskole, alternative læringsarenaer og leksehjelp

  • Utvikling av etterutdanningsopplegg for lærarar i mellom anna grunnleggjande dugleikar, klasseleiing og praksisretting

  • Tiltak for å redusere fråveret til elevane

  • Styrking av rådgivingsfunksjonen

  • Meir relevant og praksisnær fag- og yrkesopplæring

  • Samarbeid med partane i arbeidslivet om å skaffe fleire læreplassar

  • Styrkje Oppfølgingstenesta (OT) og samarbeidet mellom OT og NAV for å nå ungdomsgruppa som står utanfor både arbeid og utdanning

  • Utarbeide betre statistikk for betre resultatmåling av innsatsen for økt gjennomføring og redusert fråfall

Samanhengen mellom grunnleggjande dugleikar, gjennomføring av vidaregåande opplæring og deltaking i arbeidslivet er godt dokumentert. Manglande grunnleggjande dugleikar frå grunnskolen er den viktigaste årsaka til fråfall i vidaregåande opplæring. Dei samfunnsmessige konsekvensane av låg gjennomføring i vidaregåande opplæring er alvorlege. For den enkelte er det fleire risikofaktorar knytte til å stå utan vidaregåande opplæring, til dømes svakare tilknyting til arbeidsmarknaden og låg inntekt. Samfunnet treng høg kompetanse på alle fagfelt. For å dekkje samfunnets behov for faglært arbeidskraft og arbeidskraft med høgre utdanning er det heilt naudsynt å få fleire til å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Det er berekna at dei samfunnsøkonomiske gevinstane ved å auke fullføringa av vidaregåande opplæring frå 70 til 80 pst. vil liggje på mellom 5 og 9 mrd. kroner per kull.

Høgre utdanning

Noreg står overfor store omstillingar med ei eldre befolkning og nye næringar som må vakse fram etter petroleumsnæringa. Kompetansebehovet endrar seg og aukar innanfor vekstnæringar som helse, miljø, teknologi og tenesteyting. Utdanning og forsking er grunnleggjande for å møte nye kompetansekrav, men ikkje minst fordi det gjer det lettare for samfunn og individ å omstille seg. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å styrkje kapasitet, kvalitet og relevans i høgre utdanning. Undervisninga skal vere forskingsbasert slik at kandidatane har kunnskap og kompetanse til å medverke til framtidig velferd, verdiskaping og berekraftig utvikling.

Det har vore god utvikling i universitets- og høgskolesektoren i dei siste åra. Talet på søkjarar, opptak og registrerte studentar aukar. Universiteta og høgskolane viser omstillingsevne ved å justere studietilboda sine og har stor merksemd på å utvikle kvaliteten i utdanninga. Ifølgje framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå aukar aldersgruppa 19–29 år med 55 000 personar innan 2015. Innan 2020 er auken på 80 000 personar. På bakgrunn av den demografiske utviklinga vil talet på studentar med dagens studieåtferd auke med 13 000 i perioden 2010–14. Regjeringa var tidleg ute for å møte behovet for auka studiekapasitet, og det vart samla oppretta om lag 4 200 nye studieplassar i 2009.

Det er fleire regionale og nasjonale prosessar i gang i sektoren for å byggje meir robuste fagmiljø gjennom samarbeid og tydlegare arbeidsdeling. Prosessane er drivne av institusjonane sjølve og tek derfor ulik form og har ulikt innhald. Regjeringa ønskjer mangfald i universitets- og høgskolesektoren. Institusjonane må bli meir profilerte for å heve kvaliteten i utdanning, forsking og formidling. Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) er viktige verkemiddel for å heve kvaliteten i utdanning og forsking og for å utnytte ressursane betre. Regjeringa vil framleis medverke til prosessar som gir tydelegare arbeidsdeling og meir konsentrasjon gjennom samarbeid i sektoren, både innanfor utdanning og forsking og på det administrative området. Det er viktig at dette arbeidet er godt forankra i både fagmiljøa og leiinga ved institusjonane, og at det blir samarbeidd med relevante aktørar i samfunns- og arbeidsliv.

Statleg finansiert utdanning må vere relevant for seinare arbeidsliv. Tett og langsiktig samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv er naudsynt for å sikre slik relevans og for å oppnå viktige mål med kompetansepolitikken. Stortinget handsama i 2010 utdanningsmeldinga, jf. Innst. 192 S (2009–2010) og St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja, der dette behovet vart framheva. Regjeringa vil i 2011 mellom anna medverke til at utdanningsinstitusjonane oppretter Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) med partane i arbeidslivet og studentrepresentantar for å utvikle strategiar for samarbeid.

Dei korte profesjonsutdanningane innanfor ingeniørfag, helse- og sosialfag og lærarutdanning er sentrale for kvaliteten på og utviklinga av velferdsstaten. Utdanningane har mange felles utfordringar. Det er blant anna viktig å sikre den forskingsbaserte utdanninga gjennom å auke kunnskapsgrunnlaget og FoU-innsatsen og leggje til rette for kvalitetsutvikling av praksisopplæringa og god profesjonsutøving.

Forsking

Forsking gir oss ny kunnskap om oss sjølve og omgivnadene våre og medverkar til å utvikle kulturen og sivilisasjonen vår. Samstundes bringar forsking fram kunnskap og løysingar som gjer det mogleg å forbetre samfunnet, løyse problem og medverke til økonomisk vekst. Det at forskinga legg vekt på openheit, resultat som kan etterprøvast og kritisk tenking, er med på å sikre eit velfungerande demokrati og ein konstruktiv samfunnsdebatt. Ny kunnskap har derfor ein klar verdi i seg sjølv.

Krava om at forsking skal utnyttast til det beste for samfunnet, aukar stadig. Fattigdom, behov for energi, klimaendringar, tap av biologisk mangfald, migrasjon og aukande press på matvareressursane i verda er dei største utfordringane i vår tid. Norsk forsking har gode føresetnader på fleire av desse felta og skal særleg medverke til å løyse globale utfordringar innanfor klima, miljø, energi, hav og mattryggleik. Gjennom publisering, kommersialisering og annan samfunnskontakt skal forskingsresultata medverke til verdiskaping, til å løyse konkrete samfunnsutfordringar, utvikle nye produkt og til å utvikle forsking og den forskingsbaserte undervisninga vidare.

Noreg ligg framleis på andreplass i verda når det gjeld offentlege forskingsmidlar per innbyggjar. Det er likevel viktig å styrkje forskingsevna for å kunne løyse globale utfordringar, sikre verdiskaping og eit godt velferdssamfunn for kommande generasjonar.

Under handsaminga av St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning slutta Stortinget seg til følgjande strategiske område, jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009): globale utfordringar, betre helse og helsetenester, velferds- og forskingsbasert profesjonsutøving, kunnskapsbasert næringsliv i heile landet og næringsrelevant forsking på strategiske område. Desse måla samsvarer med dei utfordringane som vi har framfor oss, både internasjonalt og nasjonalt, og inneber ei ny tilnærming til forskingspolitikken med meir vekt på resultata av forskinga. Dei fem strategiske måla er supplerte med fire tverrgåande mål: høg kvalitet i forskinga, eit velfungerande forskingssystem, høg grad av internasjonalisering av forskinga og effektiv utnytting av forskingsressursar og -resultat.

Regjeringa ser det slik at det er behov for ei klarare arbeidsdeling, meir fagleg konsentrasjon og meir forpliktande samarbeid i forskingssektoren og innanfor høgre utdanning. Det er samtidig viktig å få etablert eit godt internasjonalt samarbeid for å kunne lykkast på internasjonale arenaer. St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning stadfesta at evna vår til å trekkje til oss gode internasjonale samarbeidspartnarar på områda utdanning og forsking er avgjerande for utviklinga av vårt eige kunnskapssystem i åra som kjem. For å gjere Noreg til ein attraktiv kunnskapsnasjon og samarbeidspartnar er det naudsynt med ei internasjonalt retta utdanning saman med auka internasjonal mobilitet i forskarutdanninga. Deltaking i EUs rammeprogram og utviklinga av Det europeiske forskingsområdet (ERA) er ei hovudprioritering for internasjonalisering av norsk forsking.

Noreg har fleire forskingsmiljø i verdstoppen som spesialiserer seg i blant anna hjerneforsking, marin teknologi, språkforsking og informatikk. Høg kvalitet er eit viktig gjennomgåande mål, og indikatorar ein har tilgang til, som publiseringar, siteringar og internasjonale evalueringar, viser at det blir utført meir forsking av høg kvalitet enn tidlegare. Satsinga på forskingsinfrastruktur vil i framtida føre til meir effektiv utnytting av forskingsressursar og forskingsresultat.

Livslang læring

Livslang læring finn stad på mange arenaer. Regjeringa ønskjer å vidareutvikle dei uformelle arenaene for læring, og leggje til rette for utdannings- og opplæringstilbod som er tilpassa behova og livssituasjonen til den einskilde. Regjeringa ønskjer òg å gi studieforbunda stabile rammer slik at dei kan vidareutvikle verksemda si. Gjennom St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja har regjeringa lagt grunnlaget for å sikre at alle har like moglegheiter til å ta utdanning, og at elevar og studentar får ein kompetanse som samfunnet og arbeidslivet treng.

Regjeringa vil leggje til rette for at vaksne får moglegheit til å oppgradere kompetansen sin gjennom heile livet. Det er viktig at vaksne deltek i læringsaktivitetar i det daglege arbeidet og gjennom etter- og vidareutdanning. Dette er ein føresetnad for levedyktige arbeidsplassar og moglegheit for den einskilde til å tilpasse seg eit omskifteleg arbeidsliv. Livslang læring er ein føresetnad for å kunne arbeide fram til oppnådd pensjonsalder og ein premiss for å lykkast med arbeidslinja i norsk velferdspolitikk.

Ein betydeleg del av norske vaksne arbeidstakarar har for svake lese- og skrivedugleikar til å klare seg godt i arbeidslivet. Vaksne som står i fare for å miste arbeidet eller som blir ramma av nedbemanning, er særleg utsette. Regjeringa vil at fleire skal få sjanse til å tileigne seg ny kompetanse gjennom gode vaksenopplæringstilbod. Regjeringa vil halde fram med satsinga på Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) som eit tiltak for å gi fleire moglegheit til å betre sine grunnleggjande dugleikar gjennom opplæring på arbeidsplassen.

1.3 Hovudprioriteringar

Barnehagar

Målet til regjeringa er at retten til barnehageplass blir innfridd, at barnehagane har høg kvalitet og at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage.

Regjeringa vil føre vidare den sterke statlege satsinga på barnehagar sjølv om full barnehagedekning er oppnådd og finansieringsansvaret for barnehagane blir overført til kommunane frå 2011. I statsbudsjettet for 2011 foreslår regjeringa å auke løyvinga med 454 mill. kroner til utbygging av barnehageplassar, satsing på kvalitet, lågare pris og likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Det er eit mål for regjeringa at alle barn skal få oppfylt sin lovfesta rett til barnehageplass. Regjeringa vil derfor føre vidare dei øyremerkte tilskotta til etablering av nye barnehageplassar, og foreslår å løyve 73 mill. kroner til utbygging av nye barnehageplassar i 2011.

Regjeringa foreslår å løyve 25 mill. kroner i 2011 til ei rekkje tiltak som skal betre kvaliteten i barnehagen og følgje opp St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen. Midlane vil i hovudsak bli nytta til tiltak for å rekruttere fleire til førskolelærarutdanninga, tiltak for læringsmiljøet i barnehagen, vidareutdanning for fagarbeidarar og styrking av tilsynskapasiteten hos fylkesmennene og kommunane som lokal barnehagemyndigheit.

Ein stor del av barnehagane er private. For regjeringa er det viktig at barn skal ha like moglegheiter og at det blir lagt til rette for like lønns- og arbeidsforhold for dei tilsette uavhengig av om dei arbeider eller går i private eller offentlege barnehagar. Regjeringa foreslår å auke minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 88 til 91 pst. frå 1. august 2011. Det er foreslått å løyve 92,5 mill. kroner til formålet i 2011. Dette vil leggje til rette for å jamne ut skilnadene i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Regjeringa vil at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass med god kvalitet. Regjeringa vil føre vidare maksimalgrensa for foreldrebetalinga nominelt inntil prisen er redusert til kr 1 750 (2005-kroner) per månad. Maksimalprisen blir derfor i 2011 som i 2010, 2 330 kroner per månad og 25 630 kroner på årsbasis for ein heiltidsplass. Det er foreslått å løyve 263,5 mill. kroner til dette formålet.

Til og med 2010 er barnehagane i all hovudsak finansierte gjennom statlege tilskott løyvd over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. I samband med behandlinga av kommuneproposisjonen for 2011, slutta Stortinget seg til forslaget frå regjeringa om å innlemme hovuddelen av dei statlege tilskotta til barnehagar i rammetilskottet til kommunane, jf. Innst. 345 S (2009–2010) og Prop. 124 S (2009–2010). Totalt foreslår regjeringa å innlemme 28,1 mrd. kroner i rammetilskottet til kommunane.

Grunnopplæringa

Regjeringa arbeider for ei grunnopplæring av høg kvalitet. Målsetjinga er økt læring for alle elevar, slik at skolen kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar.

Fullført vidaregåande opplæring er den plattforma alle bør ha for å vere rusta til arbeidsliv og eventuell vidare utdanning. Samstundes er det berre om lag 70 pst. av elevane som oppnår studie- eller yrkeskompetanse etter fem år i vidaregåande opplæring.

Regjeringa foreslår å bruke om lag 425 mill. kroner til tiltak for auka gjennomføring i vidaregåande opplæring i 2011. Satsinga Ny GIV blir foreslått styrkt med 175 mill. kroner. Midlane skal mellom anna nyttast til tiltak retta mot overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring, til å gi eit etterutdanningstilbod for lærarar på ungdomstrinnet og til betre yrkesretting av den vidaregåande opplæringa. Hovuddelen av midlane vil gå til tiltak i kommunane og fylkeskommunane. Forsking viser at elevar som får læreplass har større sannsynlegheit for å gjennomføre vidaregåande opplæring enn elevar som ikkje får læreplass. Regjeringa foreslår å føre vidare på same nivå det midlertidige tiltaket frå tiltakspakken med auka tilskott til lærebedrifter, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet for 2009 med tiltak for arbeid, Innst. 12 S (2009–2010) og Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet. Tilskottet på 195 mill. kroner blir foreslått tildelt gjennom rammetilskottet til fylkeskommunane.

I budsjettet for 2009 vart det innført ei ny åtteårig ordning med rentekompensasjon for rehabilitering av og investering i skoleanlegg med ei investeringsramme på 15 mrd. kroner. I 2011 foreslår regjeringa å fase inn ytterlegare 2 mrd. kroner av ramma med ein budsjetteffekt på 30,5 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å innføre ein ny tilskottsmodell for finansiering av dei private grunnskolane som betre fangar opp kostnadsstrukturen i den offentlege skolen, som ifølgje privatskolelova skal liggje til grunn for tilskottet til private skolar. Den nye modellen inneber at løyvinga til dei private grunnskolane blir styrkt med 42,8 mill. kroner.

Rett til skyss for elevar med nedsett funksjonsevne til og frå SFO vart innført frå og med 1. august 2010. Det blir foreslått å løyve 26,6 mill. kroner gjennom rammetilskottet til kommunane og fylkeskommunane til dette i 2011.

I budsjettet for 2010 vart timetalet auka med ein undervisningstime på barnetrinnet, og det vart innført ei ordning med gratis leksehjelp for 1.–4. trinn frå hausten 2010. I 2011 foreslår regjeringa å kompensere skoleeigarane for heilårseffekten av tiltaket. Kommunane blir foreslått kompensert med 93 mill. kroner for timetalsutvidinga og 263 mill. kroner for leksehjelpa.

Grunnleggjande dugleikar for vaksne

Mange vaksne har svake grunnleggjande dugleikar, samtidig stiller arbeidslivet stadig større krav til kompetanse. Forsking viser at vaksne som har problem med å forstå tekst, uttrykke seg skriftlig, beherske rekning og bruke IKT, er særleg sårbare under omstillingsprosessar i arbeidslivet, og er meir utsette for langvarig arbeidsløyse. Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje grunnleggjande dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Bedrifter og offentlege verksemder kan få tilskott både til motivasjonsarbeid og til å gi tilsette opplæring i lesing, skriving, rekning og IKT. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart BKA styrkt med 10 mill. kroner. Regjeringa foreslår å føre vidare denne satsinga i 2011.

Høgre utdanning og forsking

God og stabil finansiering er avgjerande for at universitet og høgskolar skal kunne drive langsiktig kunnskapsutvikling og kunnskapsforvaltning av høg kvalitet innanfor eit breitt spekter av fagtilbod.

For å møte behovet for auka kompetanse og sikre kapasitet og fleksibilitet i høgre utdanning, foreslår regjeringa å auke opptakskapasiteten i sektoren gjennom å auke den samla ramma til universiteta og høgskolane med om lag 76 mill. kroner knytt til om lag 2 200 nye studieplassar. I tillegg kjem kostnadene over Lånekassa på om lag 31 mill. kroner. Det er behov både innanfor teknologi, naturvitskap, lærarutdanning, helse- og sosialfag og juss. Med vidareføring av fleirårige plassar gir dette opp mot 8 300 studieplassar i 2016.

Regjeringa vil òg styrkje grunnskolelærarutdanninga for å medverke til å nå dei ambisiøse måla for desse nye utdanningane. Regjeringa foreslår derfor at grunnskolelærarutdanning får høgare utteljing i finansieringssystemet samanlikna med allmennlærarutdanninga. Forslaget inneber ein auke på om lag 13 mill. kroner i 2011 og opp mot 114 mill. kroner i 2014. Det inneber ei betydeleg ressursheving for utdanningane på sikt.

Ein føresetnad for å kunne tilby og utvikle forsking og utdanning av høg kvalitet er at det er føremålstenlege bygg, ein god og effektiv infrastruktur og tilgong til det fremste av vitskapleg utstyr. Regjeringa foreslår å føre vidare midlar til nye bygg i sektoren, til vedlikehald og til utstyr. Det omfattar mellom anna 469,7 mill. kroner i utstyrsmidlar til universitets- og høgskolesektoren og ei startløyving på 45 mill. kroner til andre fase i restaureringa av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo, sistnemnde over budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Universitets- og høgskolesektoren skal vere mangfaldig, robust og budd til å møte dei auka behova framover. Regjeringa foreslår å løyve om lag 50 mill. kroner i 2011 for å medverke til meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø i sektoren gjennom samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Departementet foreslår vidare å leggje til rette for strukturendring og samordning gjennom å styrkje dei felles administrative einingane i sektoren med om lag 19 mill. kroner. Samstundes må institusjonane òg ta ansvar for strategisk utvikling og for å møte nye og auka forventningar frå samfunnet og enkeltindivid.

Høg kvalitet i forskinga er grunnlaget for vidare utvikling av samfunnet. St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning legg vekt på at forskinga skal betre evna til å møte sentrale samfunnsutfordringar. Regjeringa meiner at eit viktig tiltak for å oppnå gode resultat og god utnytting av ressursane i forskinga, er ei solid og langsiktig satsing på forskingsinfrastruktur. I 2009 og 2010 vart derfor ein del av Fondet for forsking og nyskaping øyremerkt forskingsinfrastruktur. Frå og med 2011 utgjer dette om lag 280 mill. kroner i årlege løyvingar. Ordninga med senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) er ein viktig del av satsinga på forsking av høg kvalitet. Sentra skal styrkje innovasjon gjennom langsiktig forsking og samarbeid mellom forskingsintensive bedrifter og framståande forskingsmiljø. I tråd med St.meld. nr. 30 (2008–2009) foreslår Kunnskapsdepartementet at delar av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping skal nyttast til ein ny utlysingsrunde for SFI. Den nye utlysingsrunden skal òg finansierast med 10 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.

Regjeringa vil følgje opp og styrkje satsinga på utdanningsforsking i tråd med strategien for utdanningsforsking Kunnskap for kvalitet 2008–2013, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009). I 2011 vil departementet tildele om lag 65 mill. kroner til utdanningsforsking og formidling gjennom forskingsprogramma Utdanning 2020 og PRAKUT 2010–2014, samt etablering av eit nytt Kunnskapssenter for utdanning frå 1. januar 2011.

Regjeringa ønskjer vidare å styrkje innsatsen på den opne konkurransearenaen for framifrå forsking gjennom Forskingsrådet med 60 mill. kroner i 2011 for å sikre finansiering til dei kvalitativt beste forskingsmiljøa. Dette er mellom anna naudsynt for at vi skal få det mangfaldet i forskinga som krevst for å løyse dei utfordringane Noreg står og vil stå overfor i tida framover.

Styrkt polarforsking vil gi verdifull kunnskap om mellom anna klimaendringar og miljøutfordringar, som er naudsynt for å kunne varsle klimaendringar i framtida, ta vare på miljøet lokalt og regionalt og sette i gang effektive tiltak nasjonalt og internasjonalt. Det internasjonale polaråret (IPY) og den sterke norske kompetansen på feltet har gjort polarforskinga meir synleg og gitt viktige resultat i form av auka datatilfang, meir kunnskap og kapasitet. Regjeringa foreslår at minst 45 mill. kroner skal nyttast til eit nytt program for polarforsking med særleg vekt på Svalbard.

Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3 mrd. kroner. Dette er forventa å gi ei auka avkastning på om lag 100 mill. kroner i 2012.

Som eit ledd i regjeringa si satsing på nordområda blir det foreslått å løyve 10 mill. kroner til bygging av ein ny vêrradar ved Gednje på Varanger-halvøya. Med byggjestart i 2011 vil radaren kunne settast i drift sommaren 2012. Med ein ny radar på Varanger-halvøya vil ein ha vêrradardekning for heile kysten av Finnmark. Dette vil medverke til betra varslinga av farlege vêrfenomen i området, noko som mellom anna er viktig for å betre tryggleiken for den stadig aukande skipstrafikken langs kysten av Aust-Finnmark.

Studentvelferd

Det er eit mål for regjeringa at alle skal ha ein reell lik rett til utdanning, og studentbustader er eit viktig tiltak. Regjeringa legg opp til å finansiere om lag 1 000 nye hybeleiningar i 2011.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 14 mill. kroner for å betre studiefinansieringa for studentar med redusert funksjonsevne. Det blir foreslått eit ekstra månadleg stipend og støtte i tolv månader for studentar som på grunn av redusert funksjonsevne ikkje kan ta arbeid ved sida av utdanninga. Tiltaket skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne får økonomisk høve til å ta høgre utdanning. Studentar med redusert funksjonsevne har ofte større utfordringar enn andre studentar med å følgje normert studieprogresjon. Regjeringa foreslår derfor at personar med redusert funksjonsevne, som ikkje har støtte frå folketrygda som er meint å dekkje utdanninga, skal få heile basisstøtta som stipend ved forseinking i utdanninga utover eitt år.

Regjeringa meiner det er viktig å halde oppe kjøpekrafta i støtta til elevar, studentar og lærlingar og har regulert satsane i utdanningsstøtteordningane i takt med prisstigninga kvart år. Basisstøtta har auka frå 80 000 kroner for undervisningsåret 2005–06 til 90 800 kroner for undervisningsåret 2011–12. Justeringa frå undervisningsåret 2010–11 til 2011–12 er på to pst.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

230 891

235 741

243 473

3,3

Sum kategori 07.10230 891235 741243 4733,3

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

272 226

272 542

282 160

3,5

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

10 241

9 613

13 358

39,0

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

134 870

101 406

105 137

3,7

223

Sametinget

33 290

34 355

35 420

3,1

224

Senter for IKT i utdanninga

85 057

85 448

0,5

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 068 518

1 178 266

1 114 784

-5,4

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

1 012 078

1 043 566

1 194 716

14,5

227

Tilskott til særskilde skolar

60 372

65 240

66 039

1,2

228

Tilskott til private skolar o.a.

2 538 540

2 838 432

3 068 936

8,1

229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

13 033

21 499

22 212

3,3

230

Kompetansesenter for spesialundervisning

710 413

685 426

700 261

2,2

Sum kategori 07.205 853 5816 335 4026 688 4715,6

Barnehagar

231

Barnehagar

24 059 179

26 827 222

536 664

-98,0

Sum kategori 07.3024 059 17926 827 222536 664-98,0

Vaksenopplæring m.m.

252

EUs program for livslang læring

203 037

215 381

183 525

-14,8

253

Folkehøgskolar

619 478

641 301

658 581

2,7

254

Tilskott til vaksenopplæring

198 952

205 335

211 700

3,1

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

52 897

56 806

62 567

10,1

256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

53 510

52 523

60 403

15,0

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

61 808

79 804

86 278

8,1

258

Tiltak for livslang læring

37 191

43 114

44 419

3,0

Sum kategori 07.501 226 8731 294 2641 307 4731,0

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

260

Universitet og høgskolar

23 382 978

25 037 200

7,1

270

Studium i utlandet og sosiale formål for studentar

321 958

309 281

319 868

3,4

271

Universitet

13 405 723

272

Vitskaplege høgskolar

1 223 771

275

Høgskolar

7 936 671

276

Fagskoleutdanning

358 704

55 158

280

Felles einingar

119 700

321 147

168,3

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

1 126 272

689 767

443 303

-35,7

Sum kategori 07.6024 373 09924 501 72626 176 6766,8

Forsking

283

Meteorologiformål

322 646

301 932

319 506

5,8

285

Noregs forskingsråd

1 514 791

1 461 705

1 440 422

-1,5

286

Forskingsfond

12 934 580

6 261 860

4 426 573

-29,3

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

211 213

227 623

235 286

3,4

288

Internasjonale samarbeidstiltak

1 407 464

1 463 301

1 374 822

-6,0

Sum kategori 07.7016 390 6949 716 4217 796 609-19,8

Utdanningsfinansiering

2410

Statens lånekasse for utdanning

29 088 893

26 071 415

28 195 101

8,1

Sum kategori 07.80

29 088 893

26 071 415

28 195 101

8,1

Sum utgifter

101 223 210

94 982 191

70 944 467

-25,31

1 Nedgangen på budsjettet til Kunnskapsdepartementet skyldast i hovudsak innlemminga av tilskotta til barnehagar i rammetilskottet til kommunane over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Dette utgjer 28,1 mrd. kroner i 2011.

Utgifter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

01-29

Driftsutgifter

3 547 787

3 556 565

3 725 400

4,7

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

118 118

202 034

162 415

-19,6

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

29 104 979

30 079 694

32 092 993

6,7

60-69

Overføring til kommunesektoren

24 828 421

27 895 431

1 517 263

-94,6

70-89

Overføring til private

12 391 705

11 844 591

12 556 547

6,0

90-99

Utlån, avdrag o.a.

31 232 200

21 403 876

20 889 849

-2,4

Sum under departementet

101 223 210

94 982 191

70 944 467

-25,3

Inntekter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

9 084

1 751

1 805

3,1

Sum kategori 07.109 0841 7511 8053,1

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

9 466

10 020

10 331

3,1

3221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

336

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

9 337

4 309

4 443

3,1

3224

Senter for IKT i utdanninga

1 000

2 281

128,1

3225

Tiltak i grunnopplæringa

66 884

141 275

67 437

-52,3

3229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

2 386

2 459

3,1

3230

Kompetansesenter for spesialundervisning

78 066

64 561

66 562

3,1

Sum kategori 07.20164 089223 551153 513-31,3

Vaksenopplæring m.m.

3256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

9 541

10 614

10 943

3,1

Sum kategori 07.509 54110 61410 9433,1

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

3280

Felles einingar

20

2 020

10 000,0

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

2 125

10

37 250

372 400,0

Sum kategori 07.602 1253039 270130 800,0

Forsking

3286

Forskingsfond

3 373 280

3 770 560

3 944 960

4,6

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

21 562

21 500

21 500

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 233

4 752

4 794

0,9

Sum kategori 07.703 399 0753 796 8123 971 2544,6

Utdanningsfinansiering

5310

Statens lånekasse for utdanning

14 055 940

11 965 178

12 076 723

0,9

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

4 958 891

3 788 500

4 606 550

21,6

Sum kategori 07.80

19 014 831

15 753 678

16 683 273

5,9

Sum inntekter

22 598 745

19 786 436

20 860 058

5,4

Inntekter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

247 814

293 230

260 616

-11,1

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

8 444 919

7 673 506

8 667 393

13,0

90-99

Utlån, avdrag o. a.

13 906 012

11 819 700

11 932 049

1,0

Sum under departementet

22 598 745

19 786 436

20 860 058

5,4

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

I denne proposisjonen omtaler Kunnskapsdepartementet følgjande oppmodingsvedtak:

Vedtak nr. 545, 14. juni 2007. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20, kap. 228 post 70.

«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om tilskuddsordningene når gjennomgangen av utregningsmodellen for skolene er gjennomført.»

Vedtak nr. 297, 27. april 2009. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20, kap. 228.

«Stortinget ber Regjeringen foreta en gjennomgang av systemet for finansiering av internasjonale skoler som inkluderer både tilskuddsordningen og ordning for finansiering gjennom Lånekassen, for å se om dagens ordninger er formålstjenlige.»

Vedtak nr. 298, 27. april 2009. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.60, kap. 280 post 50.

«Stortinget ber Regjeringen sørge for at virksomheten til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) blir gjenstand for en evaluering tilsvarende den som ble foretatt for NOKUTs virksomhet.»

Vedtak nr. 299, 27. april 2009. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.80.

«Stortinget ber Regjeringen om å forlenge gjeldende praksis i Lånekassen for tildeling av støtte til studenter ved Gründerskolen til og med studieåret 2009/2010, og samtidig vurdere hensiktsmessigheten av gjeldende regelverk.»

Vedtak nr. 502, 17. juni 2009. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.70.

«Stortinget ber Regjeringen gjennomgå forskningsetiske regler for master- og doktorgradsprogrammer når det gjelder forskning på barn og unge innenfor skjæringspunktet helse- og sosialforskning, og komme tilbake til Stortinget med dette på egnet måte.»

Vedtak nr. 171, 16. februar 2010. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.70.

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag som på egnet måte tydeliggjør den akademiske frihet for forskere ved institusjoner som ikke omfattes av universitets- og høyskoleloven.»