Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

Arbeidsforskningsinstituttet AS

Dagleg leiar fekk i 2009 ei samla godtgjering på 810 169 kroner samt del av pensjonspremie på 93 986 kroner. Ved overgang til aksjeselskap vart dei opparbeidde rettane i Statens pensjonskasse førte vidare. Dei årlege innbetalingane til Statens pensjonskasse skal dekkje plikta til selskapet.

Birkeland innovasjon AS

Det vart utbetalt 720 254 kroner i lønn og andre godtgjeringar til dagleg leiar i 2009. Selskapet har pensjonsordning i Statens pensjonskasse som dekkjer kravet til obligatorisk tenestepensjon.

Styret i selskapet har vedteke ei insentivordning for dei tilsette. Føresetnaden er at maksimal utbetaling til kvar person ikkje overskrid ei månadslønn, og at tilsette gjennom arbeidsavtalar fråskriv seg rettar til eventuelle oppfinningar og meirverdi som blir til gjennom arbeidet med nyskapingsprosjekt i Birkeland innovasjon AS. Insentiv til administrerande direktør vil bli rekna ut ifrå oppnåing av mål.

NCE Subsea drift AS

Dagleg leiar fekk 861 485 kroner i lønn i 2009, og 26 539 kroner i anna godtgjering. Selskapet har ei tenestepensjonsordning som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS

Administrerande direktør fekk 854 968 kroner i lønn og 7 352 kroner i andre godtgjeringar i 2009. Pensjonskostnader vart dekte med 74 482 kroner.

Administrerande direktør har ikkje rett på bonus, overskottsdeling eller opsjonar, og heller ikkje særlege ytingar ved opphør av tilsetjingsforholdet.

NTNU samfunnsforskning AS

Dagleg leiar fekk 731 045 kroner i lønn i 2009. Pensjonsutgifter vart dekte med 87 203 kroner.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 122 353 kroner i lønn og 101 404 kroner i andre godtgjeringar i 2009. Selskapet har ei pensjonsordning for alle tilsette som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Sem gjestegård AS

Dagleg leiar fekk 643 501 kroner i lønn og 90 181 kroner i andre godtgjeringar i 2009. Dei tilsette i selskapet er omfatta av lov om obligatorisk tenestepensjon, og dei samla pensjonsutgiftene var 72 941 kroner.

Senter for økonomisk forskning AS

Dagleg leiar har i 2009 fått utbetalt honorar på 150 000 kroner.

UNINETT AS

Administrerande direktør fekk 1 040 798 kroner i lønn og 8 872 kroner i andre godtgjeringar i 2009. Til finansiering av førtidspensjon for administrerande direktør vart det oppretta ei livrente med innskott på 3 mill. kroner i 2003.

Unirand AS

Administrerande direktør fekk 188 243 kroner i lønn i 2009. Administrerande direktør har ikkje avtale om sluttvederlag, og selskapet har ikkje bonus- eller opsjonsordning. Det er ikkje gitt lån eller stilt sikring for administrerande direktør.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Lønn til administrerande direktør er i 2009 utbetalt med 948 773 kroner. Delen til selskapet til pensjon er ført som utgift med 88 236 kroner.

Selskapet har tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse. Pensjonsordninga er ein ytingsplan for selskapet. Det er ikkje rekna eit eige fiktivfond for selskapet.

Vangslund AS

Dagleg leiar fekk 194 951 kroner i lønn og 4 000 kroner i andre godtgjeringar i 2009. Selskapet er ikkje pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

HiST kompetanse AS

Dagleg leiar fekk 11 346 kroner i lønn i 2009.

Følgjande heileigde selskap har ingen tilsette

Rya gods og skoger AS, Universitetet i Bergen eiendom AS.