Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

4 Nærmare om budsjettforslaget

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

200

Kunnskapsdepartementet

230 891

235 741

243 473

3,3

Sum kategori 07.10

230 891

235 741

243 473

3,3

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

3200

Kunnskapsdepartementet

9 084

1 751

1 805

3,1

Sum kategori 07.10

9 084

1 751

1 805

3,1

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

223 508

215 714

228 549

21

Særskilde driftsutgifter

6 454

17 311

12 148

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

929

2 716

2 776

Sum kap. 200

230 891

235 741

243 473

Innleiing

Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og driftsutgifter i departementet. Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter til arbeidet i regjeringa med forskingspolitikken, utgifter til drift av den norske UNESCO-kommisjonen og somme andre utgreiings- og utviklingsoppgåver. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet.

Mål for 2011

Måla for løyvinga over kap. 200 gjeld drift av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.

Måla for 2011:

  • Departementet skal sikre eit godt grunnlag for utforming av kunnskapspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal sikre god dialog med relevante aktørar i samfunnet.

Rapport for 2009

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken for barnehage, utdanning, livslang læring og forsking. I 2009–10 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd desse proposisjonane og meldingane til Stortinget:

  • Prop. 95 L (2009–2010) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (leksehjelp m.m.)

  • Prop. 105 L (2009–2010) Endringer i barnehageloven

  • Meld. St. 19 (2009–2010) Tid til læring

Departementet arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget for politikkutforminga. Det tiårige forskingsprogrammet om utdanningssektoren Utdanning 2020 er vel etablert i Forskingsrådet. Departementet har følgt opp strategien for utdanningsforsking blant anna med eigne utlysingar innanfor fag- og yrkesopplæring og barnehageforsking.

Internasjonalt prioriterer departementet EU, UNESCO, OECD og nordisk samarbeid. Kunnskapsdepartementet koordinerer det norske UNESCO-arbeidet. Noreg gjekk ut av UNESCO-styret i oktober 2009 etter ein periode på fire år. I styreperioden har Noreg prioritert arbeidet med utdanning for alle, betre samordning av UNESCOs arbeid med FN og global normsetjing innanfor undervisning, kultur, vitskap og kommunikasjon. Frå 2009 har Noreg leiarvervet i barnehagenettverket til OECD.

Arbeidet med å forbetre mål- og resultatstyringa har halde fram. Kunnskapsdepartementet har fått ei arbeidsgruppe med representantar frå universitet og høgskolar til å vurdere handlingsrommet for verksemdene i universitets- og høgskolesektoren. Arbeidsgruppa har vurdert om det er god balanse mellom økonomiske rammer, juridiske rammer og styringssignal frå departementet, og på den andre sida det sjølvstendige ansvaret verksemdene har. Rapporten frå utvalet og oppfølginga av han er meir inngåande omtalt under programkategori 07.60.

Regjeringa legg frå 2011 statstilskottet til barnehagane inn i rammetilskottet til kommunane. Endra finansieringsmåte endrar rammevilkåra for styring av barnehagesektoren. I 2009 og 2010 har departementet arbeidd med å førebu denne omlegginga. Utkast til nye lovføresegner og forskrifter om finansieringssystem for ikkje-kommunale barnehagar var ute til høring våren 2010. I 2009 har departementet hatt eit system for å følgje opp at dei einskilde kommunane innfrir retten til barnehageplass.

Senter for IKT i utdanninga vart etablert 1. januar 2010. Senteret skal sikre betre bruk av IKT for auka kvalitet, styrkt læringsutbytte og betre læringsstrategiar i utdanninga. Barn i barnehagen, elevar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa og studentar i førskolelærar- og lærarutdanninga er målgruppa for senteret.

Eit nytt og felles mål- og resultatstyringssystem for løyvingane til Noregs forskingsråd vart utarbeidd i 2009. Det nye systemet vart teke i bruk i tildelingsbreva til Forskingsrådet for 2010. Systemet vil bli vidareutvikla i samarbeid mellom departementa og Forskingsrådet.

Kunnskapsdepartementet har halde fram med det systematiske arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Departementet har lagt vekt på å vidareutvikle og systematisere arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i dei underliggjande verksemdene gjennom tildelingsbrev til verksemdene, rapportering og bruk av risiko- og sårbarheitsanalysar.

God og open kommunikasjon med dei viktigaste aktørane innanfor barnehage-, utdannings- og forskingssektoren vil alltid vere ei prioritert oppgåve for departementet. Kommunikasjonen skjer meir og meir gjennom nettbaserte kanalar, slik som regjeringa.no. Gjennom meir aktiv bruk av lyd- og biletfiler er målet å gjere sidene meir attraktive. Dertil er dei nye sosiale media vortne stadig viktigare. Dialog gjennom sosiale medium har mellom anna vore ein viktig del av arbeidet med å utvikle gode tiltak for å redusere fråfallet i vidaregåande opplæring.

Det blir også lagt til rette for god kommunikasjon gjennom reiser, møte og arrangement i heile landet. Til dømes har det vore faste møte med ungdomsskoleelevar frå heile Noreg, som har fått høve til å komme med innspel og synspunkt til den varsla stortingsmeldinga om ungdomsskolen. Regjeringa har varsla ei ny melding om kunnskapsbasert utdanning til velferdstenestene. Departementet legg også i dette arbeidet opp til direkte kommunikasjon med relevante grupper.

Mediehandtering er ein stor del av kommunikasjonsarbeidet i departementet, både fordi media sjølve viser stor interesse for saksområda til Kunnskapsdepartementet, og fordi media er ein viktig kanal for å nå ut til eit breitt publikum med informasjon. Dette gjeld både riksmedia og dei talrike lokalmedia rundt om i landet. Departementet har eit klart mål om at både barnehage, utdanning og forsking får brei dekning i media.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 200 post 01 med 5,2 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 200 post 21. Overføringa er del av ein gjennomgang av dei samla løyvingane på kapitlet. Departementet foreslår ei løyving på kap. 200 på om lag 243,5 mill. kroner, fordelt med om lag 228,5 mill. kroner på post 01, om lag 12,1 mill. kroner på post 21, og om lag 2,8 mill. kroner på post 45.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

02

Salsinntekter o.a.

582

05

Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a.

244

1 751

1 805

16

Refusjon av foreldrepengar

4 935

17

Refusjon for lærlingar

146

18

Refusjon av sjukepengar

3 177

Sum kap. 3200

9 084

1 751

1 805

Løyvinga gjeld refusjon etter rammeavtalen mellom NORAD og Kunnskapsdepartementet om utdanningsbistand. Rammeavtalen er avslutta, og løyvinga gjeld refusjon for nokre prosjekt som enno ikkje er ferdige.

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

220

Utdanningsdirektoratet

272 226

272 542

282 160

3,5

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

10 241

9 613

13 358

39,0

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

134 870

101 406

105 137

3,7

223

Sametinget

33 290

34 355

35 420

3,1

224

Senter for IKT i utdanninga

85 057

85 448

0,5

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 068 518

1 178 266

1 114 784

-5,4

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

1 012 078

1 043 566

1 194 716

14,5

227

Tilskott til særskilde skolar

60 372

65 240

66 039

1,2

228

Tilskott til private skolar o.a.

2 538 540

2 838 432

3 068 936

8,1

229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

13 033

21 499

22 212

3,3

230

Kompetansesenter for spesialundervisning

710 413

685 426

700 261

2,2

Sum kategori 07.20

5 853 581

6 335 402

6 688 471

5,6

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

3220

Utdanningsdirektoratet

9 466

10 020

10 331

3,1

3221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

336

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

9 337

4 309

4 443

3,1

3224

Senter for IKT i utdanninga

1 000

2 281

128,1

3225

Tiltak i grunnopplæringa

66 884

141 275

67 437

-52,3

3229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

2 386

2 459

3,1

3230

Kompetansesenter for spesialundervisning

78 066

64 561

66 562

3,1

Sum kategori 07.20

164 089

223 551

153 513

-31,3

Innleiing

Grunnopplæringa skal vere av høg kvalitet. Ho skal gi den einskilde og samfunnet naudsynte føresetnader for framtidig velferd, verdiskaping og ei berekraftig utvikling. Opplæringa skal medverke til å utvikle dei faglege dugleikane hos elevane, men også deira sosiale og kulturelle kompetanse og evne til kritisk tenking og medverknad i demokratiske prosessar. Opplæringa skal gi alle elevar dugleikar, holdningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv og delta i arbeids- og samfunnslivet. Alle skal ha moglegheit til å nå læringspotensialet sitt.

Dette er det omfattande og viktige mandatet som samfunnet har gitt grunnopplæringa. Samfunnsmandatet er nærmare konkretisert i formålsparagrafen for grunnopplæringa i opplæringslova og i privatskolelova og dei øvrige delane av lovverket. Kommunane, fylkeskommunane og dei private skolane som er godkjende etter privatskolelova, har fått i oppdrag å realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa.

Kvaliteten på grunnopplæringa blir vist gjennom graden av realisering av dei ulike måla i dette samfunnsmandatet. Sjølv om grunnopplæringa har mange positive sider, er det godt dokumentert at måloppnåinga ikkje er tilstrekkeleg høg innanfor sentrale område. Departementet vil derfor prioritere tiltak for kvalitetsutvikling retta mot tre sentrale sektormål:

  • Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet.

  • Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetanseprov som kan verdsetjast for vidare studium eller i arbeidslivet.

  • Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring.

Grunnopplæringa i statsbudsjettet

Grunnopplæringa blir i all hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskottet og skatteinntekter. Rammetilskottet blir løyvd over Kommunal- og regionaldepartementets budsjettkapittel 571 og 572. Programkategori 07.20 finansierer viktige stimuleringstiltak for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa, og løyvingane over denne kategorien kjem i tillegg til overføringane gjennom inntektssystemet til kommunane. Enkelte særskilde skolar og private skolar som er godkjende etter privatskolelova, blir også finansierte over kategori 07.20.

Hovudprioriteringar

I statsbudsjettet for 2011 foreslår regjeringa ei samla styrking av grunnopplæringa på om lag 630 mill. kroner. Dette gjeld følgjande tiltak:

Satsinga Ny GIV (Gjennomføring i vidaregåande opplæring) blir foreslått styrkt med 175 mill. kroner. Midlane skal mellom anna nyttast til tiltak retta mot overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring, til å gi eit etterutdanningstilbod for lærarar på ungdomstrinnet og til betre yrkesretting av den vidaregåande opplæringa.

Regjeringa foreslår å føre vidare på same nivå det midlertidige tiltaket frå tiltakspakken med auka tilskott til lærebedrifter, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet for 2009 med tiltak for arbeid, Innst. 12 S (2009–2010) og Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet. Tilskottet på 195 mill. kroner blir foreslått tildelt gjennom rammetilskottet til fylkeskommunane. Det er opna for at tilskottet kan bli brukt slik fylkeskommunane finn det mest formålstenleg for å stimulere bedriftene til å føre vidare eksisterande lærekontraktar og opprette nye læreplassar. Regjeringa foreslår å bruke om lag 425 mill. kroner til tiltak for auka gjennomføring i vidaregåande opplæring i 2011.

Regjeringa foreslår å innføre ein ny tilskottsmodell for finansiering av dei private grunnskolane som betre fangar opp kostnadsstrukturen i den offentlege skolen, som ifølgje privatskolelova skal liggje til grunn for tilskottet til private skolar. Den nye modellen inneber at løyvinga til dei private grunnskolane blir styrkt med 42,8 mill. kroner.

I budsjettet for 2009 vart det innført ei ny åtteårig ordning med rentekompensasjon for rehabilitering av og investering i skoleanlegg med ei investeringsramme på 15 mrd. kroner. I 2011 foreslår regjeringa å fase inn ytterlegare 2 mrd. kroner av ramma med ein budsjetteffekt på 30,5 mill. kroner. Ordninga blir forvalta av Husbanken.

Rett til skyss for elevar med nedsett funksjonsevne til og frå SFO vart innført frå og med 1. august 2010. Det blir foreslått å løyve 26,6 mill. kroner gjennom rammetilskottet til kommunane og fylkeskommunane til dette i 2011.

I budsjettet for 2010 vart timetalet auka med ein undervisningstime på barnetrinnet, og det vart innført ei ordning med gratis leksehjelp for 1.–4. trinn frå hausten 2010. I 2011 foreslår regjeringa å kompensere skoleeigarane for heilårseffekten av tiltaket. Kommunane blir foreslått kompensert med 93 mill. kroner for timetalsutvidinga og 263 mill. kroner for leksehjelpa.

Tilstandsvurdering

Måla for grunnopplæringa gjeld for alle elevar og lærlingar. Samstundes er elevsamansetjinga ei viktig forklaring på forskjellar i måloppnåing mellom skolar og kommunar, særleg den sosioøkonomiske bakgrunnen til elevane. Det betyr ikkje at effekten av elevbakgrunn er upåverkeleg. Fleire studiar viser at effekten av sosioøkonomisk bakgrunn er svakare i Noreg enn i mange andre land. Gode skolar løftar alle elevgrupper.

Det er vanskeleg å dokumentere direkte effektar av enkelttiltak for sektormåla. Mange av tiltaka i grunnopplæringa er dessutan generelle i den forstand at dei påverkar fleire eller alle sektormåla samstundes. Til dømes vil auka investeringar i lærarkompetanse påverke både læringsutbyttet til elevane og læringsmiljøet ved skolane. Departementet vil derfor understreke at tilstandsvurderinga er ein generell bakgrunn for vurderingar av effekten av eksisterande og nye tiltak.

Mål: Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet

Grunnleggjande dugleikar er eit naudsynt grunnlag for både fagkunnskap og læringsutbytte i vid forstand. Hovudårsaka til fråfall i vidaregåande opplæring er at dette grunnlaget er for svakt hos mange elevar. Både svake grunnleggjande dugleikar og ikkje fullført vidaregåande opplæring svekkjer grunnlaget for deltaking i vidare utdanning og i arbeids- og samfunnslivet vesentleg.

I 2007 vart det lagt fram fleire internasjonale undersøkingar, mellom anna PISA, av det faglege læringsutbyttet til elevane. Desse stadfesta resultata frå tidlegare undersøkingar. Samanlikna med elevar i andre land skåra norske elevar lågt innanfor sentrale fagområde, og det har vore ein tilbakegang i resultat over tid. PIRLS-undersøkinga av lesing på 4. og 5. trinn viser at norske elevar skårar lågt samanlikna med elevar i andre land, men at det faglege nivået er stabilt frå 2001 til 2006. I slutten av 2010 blir det lagt fram resultat frå den PISA-undersøkinga som vart gjennomført i 2009. Resultat frå neste PIRLS-undersøking blir lagde fram i 2011.

I 2008 vart resultat frå TIMSS-undersøkinga av elevars læringsutbytte i matematikk og naturfag på 4. og 8. trinn lagde fram. For første gong viser ei internasjonal undersøking klare forbetringar i norske elevars faglege prestasjonar. Det er klar framgang i prestasjonar både i matematikk og naturfag på 4. trinn. I tillegg er det klar framgang i matematikkprestasjonar på 8. trinn. Samstundes må det understrekast at forbetringane i elevprestasjonar skjer frå eit relativt lågt nivå, og at Noreg framleis har svært få elevar på dei høgste prestasjonsnivåa samanlikna med andre land.

Internasjonale undersøkingar av dugleikar i engelsk og demokratisk kompetanse som vart gjennomførte rundt starten av 2000-talet, viste at norske elevar skåra høgt samanlikna med elevar i mange andre land. I 2009 vart ICCS, ei internasjonal undersøking om medborgarskap, gjennomført. Resultata viser at norske elevar på 8. og 9. trinn har svært gode kunnskapar om og god forståing av medborgarskap samanlikna med dei andre landa, og at det ikkje har vore ei svekking i nivået samanlikna med den førre undersøkinga i 1999. Resultata av den kognitive testen om korleis elevar bruker kunnskap om demokrati, samfunn og politikk til å trekkje slutningar på grunnlag av eksempel, viser at norske elevar på 9. trinn ligg på 5. plass av i alt 38 land. Finland og Danmark gjer det betre enn Noreg, medan Sverige gjer det dårlegare.

I motsetnad til internasjonale undersøkingar kan ikkje endringar i nasjonal karakterstatistikk eller nasjonale prøver eintydig tolkast som endringar i faglege dugleikar frå eit elevkull til eit anna. Det skyldast at prøvene ikkje har eit felles utgangspunkt som endringar over år kan bli samanlikna med. Men karakterstatistikk og nasjonale prøver avdekkjer forskjellar mellom kommunar og skolar. Figur 4.1. og 4.2. viser at det er store variasjonar mellom kommunar i elevprestasjonar i lesing og rekning, og mange kommunar har stort potensial for å redusere delen elevar med svake grunnleggjande dugleikar.

Figur 4.1 Kommuneresultat frå nasjonale prøver i lesing 5. trinn.
Delen elevar på lågaste meistringsnivå 
(tredelt skala).

Figur 4.1 Kommuneresultat frå nasjonale prøver i lesing 5. trinn. Delen elevar på lågaste meistringsnivå (tredelt skala).

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Kvaliteten på opplæringa spelar ei stor rolle for forskjellane mellom kommunar når det gjeld elevprestasjonar. Samstundes viser figurane at tilfeldige variasjonar òg spelar ei rolle for forskjellane i elevprestasjonar. Fleire kommunar viser vesentlege variasjonar i delen elevar på lågaste nivået for meistring mellom 2008 og 2009. Dette er ofte små kommunar med relativt få elevar. I desse tilfella vil endringane i elevprestasjonar spegle endra elevsamansetjing snarare enn lågare kvalitet på opplæringa. I tillegg vil eksterne forhold, særleg den sosioøkonomiske bakgrunnen til elevane, òg kunne forklare forskjellar i elevprestasjonar mellom kommunar.

Figur 4.2 Kommuneresultat frå nasjonale prøver i rekning 8.
trinn. Delen elevar på dei to lågaste meistringsnivå (femdelt
skala).

Figur 4.2 Kommuneresultat frå nasjonale prøver i rekning 8. trinn. Delen elevar på dei to lågaste meistringsnivå (femdelt skala).

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Mål: Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetanseprov som kan verdsetjast for vidare studium eller i arbeidslivet

Fullført vidaregåande opplæring er ein føresetnad for opptak til høgre utdanning og er den plattforma all ungdom bør ha for å vere rusta for arbeidslivet. Det er stadig færre jobbar som ikkje krev vidaregåande eller høgre utdanning. I tillegg er personar utan vidaregåande opplæring spesielt sårbare for utstøyting frå arbeidslivet i økonomiske nedgangstider. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at arbeidsløysa blant ungdom (15–24 år) auka frå 7,5 pst. i 2008 til 9,1 pst. i 2009. Det fortel at den økonomiske nedgangsperioden etter 2008 også påverka arbeidsmarknaden for ungdom negativt. Andre kvartal 2010 var arbeidsløysa blant ungdom på 11,5 pst. Det inneber at rundt 43 000 ungdommar var arbeidslause.

Det er derfor ei stor utfordring at dagens nivå for gjennomføring av vidaregåande opplæring berre er i underkant av 70 pst. Gjennomføring av vidaregåande opplæring blir normalt definert som delen av dei som starta opplæringa som fullførte i løpet av fem år, jf. figur 4.3. For dei elevane som begynte vidaregåande opplæring i 2004, viser figuren kompetanseoppnåinga i 2009. Det er forskjellar mellom studieførebuande og yrkesførebuande utdanningsprogram. I 2004 fullførte rundt 83 pst. på studieførebuande utdanningsprogram, medan tilsvarande tal for yrkesførebuande utdanningsprogram var 56 pst.

Figur 4.3 Kompetanseoppnåing fem år etter påbegynt vidaregåande
opplæring.

Figur 4.3 Kompetanseoppnåing fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring.

Kjelde: SSB

Ein del av elevane som ikkje gjennomfører i løpet av fem år, kjem tilbake til vidaregåande opplæring på eit seinare tidspunkt. Dersom måletidspunktet blir sett til ti år, aukar delen elevar som gjennomfører og består vidaregåande opplæring, til rundt 80 pst. Gjennomføring viser dermed til den kompetansen ei elevgruppe oppnår innanfor ein ønskt tidsperiode, og gir primært informasjon om effektiviteten i utdanningssystemet.

Innanfor dette overordna biletet er det store forskjellar i kompetanseoppnåinga til elevane. Av dei elevane som starta vidaregåande opplæring i 2004, slutta 18 pst. undervegs i opplæringa. Fem år etter var resten av elevkullet anten framleis i vidaregåande opplæring (fem pst.), eller dei hadde gjennomført utan å ha bestått (åtte pst.). Det er viktig å skilje den elevgruppa som slutta undervegs, frå dei som gjennomførte utan å ha bestått. Sistnemnde elevgruppe manglar typisk berre nokre fag før dei ville ha gjennomført og bestått vidaregåande opplæring, eller dei har stroke til fagprøven.

Figur 4.4. viser tydelege forskjellar mellom fylka i gjennomføringa av vidaregåande opplæring. I figuren er gjennomføring på normert og meir enn normert tid etter fem år slåtte saman. Forskjellar mellom fylkeskommunar speglar i liten grad av forskjellar i skoleeksterne faktorar som elevsamansetjing, arbeidsmarknadsforhold eller lange reiseavstandar. Størst utfordringar er det i Nord-Noreg, Vestfold, Hedmark og Østfold. Landsgjennomsnittet for 2004-elevkullet var 69 pst.

Figur 4.4 Gjennomføring etter fem år på normert eller meir
enn normert tid. 2003.

Figur 4.4 Gjennomføring etter fem år på normert eller meir enn normert tid. 2003.

Kjelde: SSB

Mål: Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring

Eit godt læringsmiljø er ein rett for alle elevar. Dette inneber blant anna at alle elevar og lærlingar skal inkluderast i eit fellesskap der dei trivst og ikkje blir utsette for mobbing. Gode forhold for læring er også knytte til at elevane ikkje blir forstyrra av bråk og uro i undervisningstimane. Det er vidare viktig at alle elevar og lærlingar opplever meistring og framgang i læringa. Det er fellesskolen som skal vere ramma for opplæringa. Det inneber at både fagleg sterke og fagleg svake elevar skal få utfordringar og oppleve motivasjon og meistring i opplæringa.

Fleire studiar viser dessutan tydelege samanhenger mellom høge faglege elevprestasjonar og godt læringsmiljø. Med andre ord er det ikkje slik at gode elevprestasjonar står i motsetnad til eit godt læringsmiljø ved skolane.

Elevundersøkinga gir tilbakemelding på kva for oppfatning elevane har av sin eigen læringssituasjon, og er obligatorisk å gjennomføre for skoleeigarane ved 7. og 10. trinn i grunnskolen og for elevar på Vg1 i vidaregåande opplæring. For øvrige trinn er undersøkinga frivillig å gjennomføre for skoleeigarane. I figur 4.5. blir nokre spørsmål frå Elevundersøkinga presenterte.

Figur 4.5 Eigenrapportering om læringsmiljø. Prosentdelen elevar.

Figur 4.5 Eigenrapportering om læringsmiljø. Prosentdelen elevar.

Kjelde: Elevundersøkinga 2008 og 2010

Trivselen i skolen er generelt sett høg gjennom heile grunnopplæringa. Det er likevel rundt åtte til ni pst. som seier at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare på 7. og 10. trinn. Denne delen er noko lågare på første trinn av vidaregåande opplæring. Med mobbing meiner ein gjenteke negativ åtferd frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskeleg for å forsvare seg. Gjenteke erting på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing.

Når det gjeld motivasjon, skjer det ei tydeleg endring på ungdomstrinnet i delen elevar som liker skolearbeid godt eller svært godt. Medan 60 pst. liker skolearbeidet godt eller svært godt på 7. trinn i 2010, er det berre 37 pst. av elevane som opplever det same på 10. trinn. Dette er likevel ei forbetring samanlikna med ungdomstrinnet i 2008. I vidaregåande opplæring aukar delen elevar som liker skolearbeidet godt eller svært godt, samanlikna både med ungdomstrinnet og med tala for 2008, til 47 pst. i 2010.

Samanlikna med dei andre trinna kan ein også observere ein svak auke på ungdomstrinnet i delen elevar som ofte eller svært ofte blir forstyrra av bråk og uro. Denne delen er samstundes noko lågare i 2010 enn i 2008.

Vidare tyder Elevundersøkinga og annan dokumentasjon på at opplæringa generelt sett ikkje i tilstrekkeleg grad blir fagleg tilpassa både dei fagleg svake og dei fagleg sterke elevane. Det er ikkje alle elevar som opplever høge krav til læring. Det er berre rundt 55 pst. av elevane på 10. trinn og Vg1 som opplever at opplæringa er tilpassa nivået deira i mange eller dei fleste faga. Denne delen er noko høgre i 2010 enn i 2008. Den låge delen norske elevar som presterer på høgste nivå i dei internasjonale undersøkingane, tyder også på at opplæringa ikkje blir tilpassa i tilstrekkleg grad til verken dei fagleg sterke eller dei fagleg svake elevane.

Strategiar og tiltak

Sjølv om grunnopplæringa har mange sterke sider, viser tilstandsvurderinga av sektormåla at måloppnåinga ikkje er tilstrekkeleg høg innanfor sentrale område. Resultata frå TIMSS-undersøkinga i matematikk og naturfag kan tyde på at det faglege nivået til norske elevar har vorte forbetra i løpet av dei siste åra. Samstundes må det understrekast at forbetringane skjer frå eit relativt lågt internasjonalt nivå, og at Noreg framleis har svært få elevar på dei høgste prestasjonsnivåa samanlikna med andre land. Det er derfor tydeleg behov for å føre vidare tiltak som er sette i gang, og ta nye grep for å medverke til at måloppnåinga i grunnopplæringa aukar.

Boks 4.1 Grep for betre kvalitet i grunnopplæringa

Etter at resultata frå PISA-undersøkinga i 2006 vart offentleggjorde, har regjeringa teke ei rekkje store grep for å auke kvaliteten i grunnopplæringa.

  • I 2006 vart nye læreplanar i alle fag frå 1. til 13. trinn innførte i grunnopplæringa. Grunnleggjande dugleikar er integrerte i læreplanane i alle fag. Gjennom Kunnskapsløftet er det lagt til grunn at lese- og skriveopplæringa skal starte på 1. trinn.

  • Ny grunnskolelærarutdanning med to løp – 1.–7. trinn og 5.–10. trinn – er under innføring, jf. St.meld. nr. 11 (2008–2009) Læreren. Rollen og utdanningen. Alle nyutdanna lærarar skal få tilbod om rettleiing første året i jobb.

  • Frå 2009 er eit nytt varig system for vidareutdanning av lærarar innført. I tillegg er det etablert ei nasjonal rektorutdanning. Det er også etablert rettleiarkorps som skal støtte skolar med svake resultat i utviklingsarbeidet deira.

  • Vurderingskulturen i skolen er styrkt. Forskrifta om vurdering er forbetra, det er innført kartleggingsprøver i lesing og rekning i grunnskolen og i lesing på første vidaregåande trinn.

  • Det er innført ei ny lovføresegn om at skolane skal sette inn meir lærarstøtte til elevar på 1.–4. trinn som treng ekstra oppfølging i lesing og rekning. I tillegg er timetalet i grunnskolen auka. Utvidinga har ført til fleire timar i norsk, matte, engelsk, samt tid til fysisk aktivitet og leksehjelp.

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

Løyvingane til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa over budsjettet til Kunnskapsdepartementet skal støtte opp under den lokale kvalitetsutviklinga. Skoleeigarane har eit sjølvstendig ansvar for kvalitetsutvikling av opplæringa ved eigne skolar og i lærebedriftene. Tiltaka nedanfor viser korleis departementet vil prioritere løyvinga som er foreslått over kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. For meir utfyllande informasjon, sjå omtalen under kap. 226.

Å satse vidare på at lærarar og skoleleiarar aukar kompetansen sin, er eit sentralt mål i 2011. Forsking viser tydeleg at kompetansen til lærarane og skoleleiarane er blant dei viktigaste enkeltfaktorane for auka læringsutbytte for elevane. Samstundes viser mange evalueringar at norske lærarar og skoleleiarar har behov for vesentleg auka kompetanse. Departementet legg opp til å bruke om lag 400 mill. kroner på kompetanseutvikling i 2011. Departementet og partane som samarbeider om strategien Kompetanse for kvalitet har vurdert satsinga og gjort endringar som skal medverke til større fleksibilitet lokalt, styrkje samarbeidet med dei nye lærarutdanningsregionane og forenkle søknads- og opptaksprosedyrane slik at fleire lærarar lettare vil få høve til å nytte tilbodet. Departementet legg opp til at tildelinga til etterutdanningstilbod for lærarar blir styrkt i tråd med satsinga Ny GIV. Styrkinga vil gjelde etterutdanningstilbod for lærarar på ungdomstrinnet og yrkesretting i vidaregåande opplæring. Departementet legg opp til at tildelinga til skoleleiarutdanninga for rektorar blir ført vidare.

Satsinga på etter- og vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar inngår i GNIST – partnarskap for ei heilskapleg lærarutdanning, jf. nærmare omtale i programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Ein viktig del av satsinga er å føre vidare arbeidet med rekruttering til lærarutdanninga og til sjølve grunnopplæringa, inkludert personar med anna utdanning og annan yrkesbakgrunn. Departementet legg opp til å bruke om lag 15 mill. kroner til dette arbeidet i 2011.

Å forbetre den lokale kapasiteten til kvalitetsutvikling i sektoren gjennom statlege støttetiltak er også eit sentralt mål i 2011. Evalueringar viser store variasjonar i den evna skoleeigarane har til å utvikle kvaliteten på opplæringa, samstundes som føresetnadene for å drive effektiv kvalitetsutvikling er svært ulikt fordelte i sektoren. Departementet legg opp til å tildele om lag 290 mill. kroner til statlege støttetiltak i 2011. Dette finansierer mellom anna dei nasjonale sentra, vitensentra, rettleiarkorps, nasjonale strategiar, statlege utviklingsprogram og tilskott til tettare oppfølgjing i vidaregåande opplæring.

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem vil bli utvikla vidare. Arbeidet med innføring av eit kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa vil bli ført vidare. Departementet legg opp til å tildele om lag 170 mill. kroner til utvikling og drift av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem.

Ny GIV (Gjennomføring i vidaregåande opplæring)

Tilstandsvurderinga av sektormåla viser at gjennomføringa i vidaregåande opplæring har vore stabil på rundt 70 pst. i lang tid. Med andre ord: Sektoren har ikkje klart å auke gjennomføringa. Både dei samfunnsmessige og personlege konsekvensane er vesentlege. Personar utan vidaregåande opplæring har i gjennomsnitt lågare inntekt, svakare tilknyting til arbeidsmarknaden, meir omfattande bruk av offentlege trygde- og stønadsordningar, svakare helse og er i større grad involverte i kriminalitet, enn personar som har fullført vidaregåande opplæring. Viss gjennomføringa auka frå 70 til 80 pst., ville det innebere ein kostnadsreduksjon for samfunnet på mellom 5,4 og 8,8 mrd. kroner for kvart kull. Dessutan viser framskrivingar at behovet for arbeidskraft utan vidaregåande opplæring blir kraftig redusert framover, til om lag 3,5 pst. av arbeidsstyrken i 2025.

Det er derfor behov for ein omfattande nasjonal dugnad. I prosjektet Ny GIV har staten invitert alle fylkeskommunane til eit målretta samarbeid for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Departementet har i samarbeid med fylkeskommunane utvikla eit felles indikatorsett for gjennomføring som skal leggje grunnlaget for fastsetjing av nasjonale og lokale mål i dialogen mellom staten og fylkeskommunane om måloppnåing i prosjektet. Målet er ein betre koordinert og forsterka innsats mellom aktørane i grunnopplæringa. Arbeidet for auke gjennomføringa er høgt prioritert av regjeringa.

Departementet foreslår at det innanfor ramma av prosjektet Ny GIV blir løyvd 175 mill. kroner på følgjande hovudområde:

Auka kvalitet på ungdomstrinnet

Svake faglege forkunnskapar frå grunnskolen er enkeltfaktoren med størst effekt på graden av gjennomføring i vidaregåande opplæring. Mindre enn 25 pst. av elevane med eit karaktergjennomsnitt på under 3 frå grunnskolen gjennomfører vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Forsking viser at kompetansen til lærarar er blant dei viktigaste faktorane for læringsutbyttet til elevane. Departementet foreslår derfor at det blir innført etterutdanningstilbod for lærarar på ungdomstrinnet i lese- og rekneopplæring, klasseleiing og opplæring av minoritetsspråklege elevar. Det er også naudsynt å styrkje praksiselementa på ungdomstrinnet, gjennom både nye undervisningsopplegg og alternative opplæringsarenaer for opplæring i dei sentrale kompetansemåla i læreplanane.

Departementet vil også leggje fram ei melding om ungdomstrinnet våren 2011 med forslag til tiltak for å styrkje kvaliteten på opplæringa, auke trivselen og motivasjonen til elevane og gjere flest mogleg av dei førebudde på vidaregåande opplæring. Meldinga vil leggje vekt på auka læring for elevane gjennom betre relevans, auka vekt på praksiselementa i opplæringa i alle fag og ved å gi skolane tilstrekkeleg rom for å leggje til rette for ei slik undervisning. Meldinga vil også ta opp tiltak for å skape ein betre overgang mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring.

Tilrettelegging for overgangen til vidaregåande opplæring

Evna hos dei vidaregåande skolane til å ta imot elevar med svake forkunnskapar frå grunnskolen må styrkjast gjennom betre tilrettelegging av overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring. Departementet foreslår derfor at satsinga på elevar med svake grunnleggjande dugleikar blir styrkt. Satsinga vil vere målretta mot elevar med svake grunnleggjande dugleikar på obligatoriske kartleggingsprøver i Vg1, og elevar med svake grunnleggjande dugleikar og høgt fråvær allereie på ungdomstrinnet. Til dømes kan det bli gitt tilskott til sommarskole, ekstra støtte i ein intensiv periode eller leksehjelp. Dessutan skal det vurderast korleis rådgiving og karriererettleiing kan styrkjast, og ein skal prøve ut ulike samarbeidsmodellar mellom kommunane og fylkeskommunane til beste for elevar med svake faglege føresetnader. Den endelege utforminga av tiltaka vil bli utvikla i samarbeid med fylkeskommunane innanfor ramma av prosjektet Ny GIV.

Betre yrkesretting av vidaregåande opplæring

Fellesfaga på yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring er ei særleg utfordring. Det blir ofte rapportert at manglande opplevd relevans av opplæringa er ein viktig grunn til at mange elevar ikkje gjennomfører. Frå hausten 2010 blir det forskriftsfesta at fellesfaga skal yrkesrettast, og det blir gjort justeringar av læreplanane for å sikre dette. Samstundes trengst det meir kompetanse på området. Departementet foreslår derfor at det også blir løyvd midlar til kompetanseutvikling for yrkesretting. Dette har i liten grad vorte prioritert tidlegare av statlege styresmakter og skoleeigarane. I tillegg bør yrkesrettinga styrkjast ved at samarbeidet med arbeidslivet blir bygd ytterlegare ut. Aktuelle tiltak er å utvide tilbodet om elevbedrift og ungdomsbedrift og stimulere hospiteringsordningar mellom lærarar og arbeidslivet.

Det er betydelege utfordringar knytte til ungdom mellom 16 og 19 år som ikkje er i vidaregåande opplæring eller i arbeid. Det blir derfor lagt opp til ein felles innsats i regi av Kunnskapsdepartementet og Arbeidsdepartementet retta mot ungdom som fell ut av vidaregåande opplæring og blir ståande utanfor arbeidsliv og utdanning. Samarbeidet blir omtala under programkategori 09.30 i Prop. 1 S (2010–2011) for Arbeidsdepartementet. Innsatsen inneber at Kunnskapsdepartementet styrkjer innsatsen innanfor oppfølgingstenesta, og at Arbeids- og velferdsetaten samarbeider med oppfølgingstenesta om målgruppa med hensiktsmessige arbeidsretta tiltak. Det skal også greiast ut korleis praksisnære alternative opplæringsarenaer kan takast i bruk.

Departementet vil òg peike på at folkehøgskolane kan spele ei rolle i arbeidet for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Folkehøgskolen er ein sjølvstendig, ubunden og eksamensfri skole, og med sin eigenart vil dette skoleslaget kunne medverke til å motivere unge menneske til å gjennomføre vidaregåande opplæring.

Midlane til satsinga Ny GIV vil bli løyvde over kap. 226 post 21.

Departementet foreslår at det innanfor løyvinga til Ny GIV også blir løyvd 10 mill. kroner til lærlingar med særskilde behov, jf. kap. 225, post 70.

Fag- og yrkesopplæringa

Gode fagarbeidarar er ein føresetnad for eit berekraftig og velfungerande samfunns- og arbeidsliv i tida framover. Fag- og yrkesopplæringa er ein sentral leverandør av arbeidskraft. Eit viktig mål for regjeringa er derfor å sørgje både for høg kvalitet på opplæringa og at mange nok elevar vel ei fagopplæring.

Læreplassar

Forsking viser at elevar som får læreplass, har større sannsynlegheit for å gjennomføre vidaregåande opplæring enn elevar som ikkje får læreplass. Utviklinga i talet på lærekontraktar og delen elevar formidla til læreplass har vore positiv i dei seinare åra, men det er framleis mange elevar som ikkje får læreplass.

Regjeringa har derfor teke initiativ overfor aktuelle partar for å fornye samfunnskontrakten om å opprette læreplassar og vil utarbeide ein strategi for læreplassar i statlege verksemder, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Ein ny samfunnskontrakt vil understreke at lærlingordninga er viktig for arbeids- og samfunnslivet, forankre ansvaret til partane i utdannings- og kompetansepolitikken og medverke til at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. Innhaldet i samfunnskontrakten vil bli utforma i nært samarbeid med partane i arbeidslivet og vil starte hausten 2010. I tillegg er det viktig at det blir oppretta fleire læreplassar i offentleg sektor. Statlege styresmakter som arbeidsgivar, på lik linje med arbeidsgivarorganisasjonane, må ta ansvar for å framskaffe læreplassar for framtidige fagarbeidarar. Alle departement og underliggjande etatar og verksemder i statsforvaltninga har kartlagt kva for lærefag som er aktuelle for inntak av lærlingar, og har vurdert potensialet for å auke talet på lærlingar. Regjeringa vil følgje arbeidet nøye framover. Regjeringa vil òg greie ut korleis rett til læreplass eller fireårig forsterka opplæring som alternativ til læreplass kan gjennomførast.

I tillegg har Utdanningsdirektoratet fått i oppdrag å gjennomgå dei små og verneverdige faga. Formålet er mellom anna å tilpasse opplæringa i større grad til vaksne, som i hovudsak er dei som vel utdanning innanfor desse faga. Nordisk Ministerråd vil gjennomføre eit samarbeidsprosjekt om små handverksfag som skal resultere i samarbeidsmodellar for faga og informasjonsmateriell om samarbeid mellom utdanningstilbydarar i dei nordiske landa og sjølvstyrde område.

Læreplanar og kvalitetsvurdering

I St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja blir det foreslått ein gjennomgang av læreplanane for fellesfaga i vidaregåande opplæring som skal sikre at kompetansemåla kan tilpassast dei ulike utdanningsprogramma, og ei vurdering av om yrkesretting av opplæringa kan bli forskriftsfesta. Arbeidet skal vere gjennomført i løpet av 2010, jf. omtale under Ny GIV.

I skoleåret 2010–11 vil utprøving av ei gjennomgåande dokumentasjonsordning for fag- og yrkesopplæringa blir gjennomført. Dokumentasjonen er eit tillegg til vitnemål og fag- og sveinebrev og skal gi informasjon om dei læringsaktivitetane som elevane og lærlingane har fått opplæring i. I tillegg er det sett i gang eit arbeid for å utvikle eit kvalitetsvurderingssystem i fag- og yrkesopplæringa basert på statistikk om gjennomføring, kunnskap om læringsmiljøet, vurderingar av kvaliteten på opplæringa i lærebedriftene og vurderingar av sysselsetjingssituasjonen for nyutdanna fagarbeidarar og vurderinga til bedriftene av dugleiken deira.

Kompetanseutvikling

Kompetansen til det pedagogiske personalet er avgjerande for kvaliteten også på fag- og yrkesopplæringa. I 2009 vart det avsett midlar til etterutdanning for lærarar i yrkesfag, instruktørar og faglege leiarar i lærebedrifter og medlemmer av prøve- og klagenemnd innanfor tema læreplanforståing, vurdering og rettleiing. Midlane vart førte vidare også for 2010. I 2011 vil midlar til kompetanseutvikling for lærarar og instruktørar i fag- og yrkesopplæringa blir tildelt innanfor ramma av prosjektet Ny GIV.

Forsøk med praksisbrev

Praksisbrevet inneber at eleven kan oppnå godkjend kompetanse etter to år; praksisbrevet kan også brukast som grunnlag for vidare opplæring til fagbrev. I dag blir forsøket praktisert som ein del av lærekandidatordninga. Opplæringa skjer i lærebedrift allereie det første opplæringsåret. For mange elevar med lav motivasjon for vidare skolegang vil kortare løp kunne medverke til at dei ikkje avbryt opplæringa. Det er likevel sentralt at opplæringa kan utvidast til fullt fagbrev utan forseinkingar. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja varsla at departementet vil etablere praksisvegen som eit ordinært, men ikkje søkbart løp mot full fagutdanning. Den endelege reguleringa av tilbodet er ikkje fastsett.

Andre område

Regjeringa vil sikre ressursar for å oppretthalde og styrkje lærartettleiken i skolen. Regjeringa har som mål å lovfeste ein ressursnorm i grunnskolen. Kunnskapsdepartementet vil starte eit arbeid med å greie ut korleis ei lovfesting kan vere utforma. Midlar til ein slik norm vil bli vurdert i samband med budsjettproposisjonane for det enkelte år. Økonomiske og administrative konsekvensar for kommunesektoren vil bli kartlagt i samband med utgreiinga. Forslaget vil bli drøfta med dei partane det vedkjem og bli tatt opp i konsultasjonsordninga med KS.

Midtlyngutvalet vart oppnemnt i 2007 for å foreslå ei heilskapleg tiltakskjede for barn, unge og vaksne med behov for særskild hjelp og støtte i opplæringa. Utvalet leverte 2. juli 2009 NOU 2009: 18 Rett til læring. Utgreiinga var ute til brei høring, med frist 27. november 2009. 277 høringsinstansar gav til saman 317 høringsfråsegner. Departementet vil følgje opp utgreiinga med ei melding til Stortinget i 2011.

Læraren er den viktigaste ressursen i skolen, og det er avgjerande at dei får frigjort mest mogleg tid til primæroppgåvene sine. Departementet la 11. juni 2010 fram Meld. St. 19 (2009–2010) Tid til læring, som byggjer på det såkalla Tidsbrukutvalet, som vart sett ned for å foreslå tiltak som kunne føre til betre bruk av tida i skolen. Tiltak for å fremme betre skole- og klasseleiing står sentralt i meldinga. Stortingsmeldinga handlar primært om forslag som sentrale myndigheiter kan gjennomføre for å medverke til meir effektiv utnytting av tida til lærarane.

Utvalet for gjennomgang av opplæringstilbodet for minoritetsspråklege barn, unge og vaksne – Østbergutvalet – vart oppnemnt hausten 2008. Utvalet leverte 1. juni 2010 NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. Utgreiinga er send ut til høring, med frist 1. november 2010. Departementet vil vurdere vidare oppfølging av utgreiinga i etterkant av høringsrunden.

Kulturskoleutvalet vart oppnemnt i desember 2009. Utvalet leverte 7. september 2010 rapporten Kulturskoleløftet – Kulturskole for alle. Departementet vil følgje opp rapporten frå utvalet.

For tiltak på området opplæring for vaksne, sjå kap. 220.

Rapport 2009

For rapport for 2009, sjå rapporteringa under det einskilde budsjettkapittel. For rapportering på kvalitetsutviklinga i grunnopplæringa, sjå rapportdelen under kap. 226.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

222 403

221 380

227 793

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

9 033

3 632

3 745

70

Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

40 790

47 530

50 622

Sum kap. 220

272 226

272 542

282 160

Kap. 220 omfattar finansiering av faste driftsoppgåver i Utdanningsdirektoratet, jf. post 01, post 21 og post 70. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel, til dømes gjennomføring av eksamen, jf. kap. 225 post 01, og mellombelse oppgåver knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i grunnopplæringa, jf. kap. 226. Omtale av politikk og tilstandsvurdering er derfor dels plassert under andre kapittel i denne proposisjonen. Mål og oppgåver som er omtalte i innleiinga til programkategori 07.20, er førande for arbeidet til direktoratet.

Den kraftige volumauken og den auka kompleksiteten i barnehagesektoren i dei seinare åra gir utfordringar for det statlege apparatet for styring og kvalitetsutvikling. Det statlege apparatet må ha den kompetansen som er naudsynt for å møte dei nye utfordringane og for å kunne medverke til å sikre høg kvalitet i sektoren. Kunnskapsdepartementet tek sikte på å delegere oppgåver på barnehagefeltet til Utdanningsdirektoratet. Departementet vil nærmare greie ut kva for oppgåver som vil bli delegerte.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet er underlagt Kunnskapsdepartementet og skal medverke til at vedteken politikk for grunnopplæringa blir sett i verk. Direktoratet fremmer kvalitetsutvikling i heile grunnopplæringa. Gjennom fagleg arbeid, juridiske og økonomiske verkemiddel, rettleiing, informasjon og dialog medverkar direktoratet til å sikre at den nasjonale utdanningspolitikken blir sett i verk og gjennomført, slik at barn, unge og vaksne i heile landet kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring i eit inkluderande fellesskap. Direktoratet følgjer prinsippet om universell utforming i sitt arbeid. Verksemda medverkar til at den nasjonale utdanningspolitikken blir utvikla gjennom dokumentasjon og analyse av sektoren. Direktoratet utfører forvaltningsoppgåver knytte til grunnopplæringa. Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld

  • embetsstyringa av fylkesmannsembeta på utdanningsområdet, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

  • tilsynsarbeid som følgjer av opplæringslova, privatskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar og folkehøgskolelova

  • tolking av opplæringslova, privatskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar og folkehøgskolelova med forskrifter på nasjonalt nivå, og å gi god rettleiing om regelverket for grunnopplæringa

  • etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • tilskott til eksamensavvikling, privatskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 227, 228, 229 og 253

  • det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230

Mål for 2011

Hovudprioriteringane for arbeidet til Utdanningsdirektoratet i 2011 er knytte til målet om ei grunnopplæring med høg kvalitet og til sektormåla som er nemnde under kategoriinnleiinga.

Direktoratet skal leggje til rette for god kontakt og samhandling mellom relevante aktørar for å nå dei måla som er sette for grunnopplæringa.

Direktoratet skal følgje opp tiltak i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen og St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja.

Direktoratet skal halde fram med arbeidet med oppfølginga av NOU 2009: 18 Rett til læring med det formålet å sikre betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov.

Kunnskapsdepartementet skal leggje fram ei melding om ungdomstrinnet våren 2011. Direktoratet vil få ansvaret for å følgje opp tiltak i meldinga.

Direktoratet har ansvaret for å utvikle og vidareutvikle tiltak for å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring. Direktoratet skal i 2011 satse vidare på at lærarar og skoleleiarar får relevant kompetanseutvikling av høg kvalitet. Direktoratet har ansvaret for det rettleiarkorpset som skal gi rettleiing til skoleeigarar og skolar som treng hjelp for å komme i gang med å betre læreprosessane i skolen. Gjennom satsinga Betre læringsmiljø(2009–2014) skal direktoratet rettleie og støtte skoleeigarar og skolar i arbeidet med å sikre alle elevar eit godt læringsmiljø. Direktoratet skal òg medverke til at opplæringa innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma blir meir relevant for elevane.

Direktoratet skal føre vidare satsinga på grunnopplæring for vaksne etter kap. 4A i opplæringslova. Direktoratet skal arbeide vidare med å betre forståinga for vaksnes rett til grunnopplæring, medrekna rett til realkompetansevurdering. Direktoratet skal òg halde fram med arbeidet med å styrkje tilsynet med rettane til vaksne etter opplæringslova, og sørgje for tilgjengeleg og relevant statistikk, dokumentasjon og analyse av god kvalitet på vaksenfeltet.

Tilbakemelding frå det nasjonale tilsynet i 2009 viser framleis svak etterleving av regelverket. Direktoratet skal følgje opp desse resultata, mellom anna gjennom dialog med skoleeigarane og KS om korleis kommunane betre kan etterleve regelverket. Målet er å skape ei einskapleg forståing av regelverket og utvikle effektive metodar for risikobasert tilsyn og bruk av indikatorar. Lukking av avvik er ei prioritert oppgåve på tilsynsområdet i 2011.

Direktoratet skal gjennom fylkesmennene gjennomføre det nasjonale tilsynet med det psykososiale skolemiljøet til elevane som vart starta opp i 2010. Tilsynet skal sjåast i samanheng med plikta til skolane til å drive eit systematisk skolemiljøarbeid og plikta til skoleeigarane til å ha eit forsvarleg system for vurdering og oppfølging. Vidare skal det samiske tilsynet som vart starta opp i 2009, følgjast opp og førast vidare, jf. kap. 223.

Rapport for 2009

Rapporteringa på kap. 220 for 2009 må ein sjå saman med rapporteringa for kap. 226, som gjeld oppgåver direktoratet har ansvaret for knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i grunnopplæringa.

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

I 2009 har direktoratet arbeidd med å etablere eit varig system for vidareutdanning av lærarar. Det har vore variasjon i søkninga til dei ulike faga og variasjonar mellom fylka. Direktoratet har i 2009 følgt opp arbeidet med Kompetanse for kvalitet. Strategi for vidareutdanning av lærarar gjennom erfaringssamlingar med fylkesmennene og aktørane i universitets- og høgskolesektoren, og ved regelmessige møte med partane bak strategien. Direktoratet har òg informert om og motivert til deltaking i ordninga gjennom skriftleg informasjon til sektoren og informasjon på nettet. Direktoratet starta i 2009 opp arbeidet med å utvikle eit rapporteringssystem for bruk av midlar til vidareutdanning, og eit arbeid med evaluering og kompetansekartlegging.

Direktoratet har gitt midlar til skoleeigarar til etterutdanning av lærarar og rådgivarar og starta i 2009 opp eit arbeid med å utvikle eit rapporteringssystem for bruk av midlane til etterutdanning.

Det vart i 2009 lyst ut ein anbodskonkurranse om ei nasjonal skoleleiarutdanning.

I samband med utvidinga av mandatet til Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) frå 1. januar 2009, jf. kap. 221, har direktoratet i 2009 samarbeidd med FUG om å samle inn informasjon om ulike ordningar for foreldresamarbeid i vidaregåande opplæring, og har blant anna på bakgrunn av det innsamla materialet sendt forslag om endring i forskrift til opplæringslova kap. 20 og forskrift til privatskolelova kap. 4 om Foreldresamarbeid. Forskrifta er vedteken med verknad frå 1. august 2010.

Kvalitetsvurdering, dokumentasjon og analyse av grunnopplæringa

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å forvalte og føre vidare det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet (NKVS). I 2009 fullførte Agderforskning og Danmark sin Pædagogiske Universitetsskole første del av evalueringa: Evaluering av NKVS som konstruksjon – implementering, bruk og effekt av systemet. Sluttrapporten viser at holdningar til, erfaringar med og bruk av dei ulike delane av systemet er endra i positiv retning blant skoleeigarar, rektorar og lærarar i grunnopplæringa frå 2006 til 2009. Dette gjeld forståing for NKVS som både system og reiskap for lokal kvalitetsvurdering.

Forvaltningsoppgåver knytte til grunnopplæringa

Det nasjonale regelverket for grunnopplæringa skal medverke til at den enkelte eleven får ei trygg opplæring av god kvalitet. Tilsynsverksemda til fylkesmennene har i dei siste åra dokumentert manglande etterleving av regelverket. Tema for det felles nasjonale tilsynet i 2009 var organisering av elevar i grupper, sett i samanheng med kravet om tilpassa opplæring og krav til eit forsvarleg system. 67 pst. av kommunane og 29 pst. av dei private skolane hadde avvik. For tilsyn med rettane til samiske elevar etter opplæringslova blir det vist til omtale under kap. 223.

Utdanningsdirektoratet har på bakgrunn av erfaringar frå tilsyn sett i gang eit utviklingsarbeid for ytterlegare å styrkje effekten av tilsynet, mellom anna gjennom eit meir målretta og effektivt informasjonsarbeid og rettleiing om regelverket generelt. Rettleiingsverksemda er innretta slik at det direkte understøttar prioriterte område for tilsyn. Direktoratet starta i 2009 arbeidet med å konkretisere ein modell for utveljing og prioritering av tilsynstema og tilsynsobjekt som skal sikre større treffsikkerheit ut frå vurderingar av risikoen og av kva som er vesentleg.

Det vart i 2009 gjennomført pilottilsyn med vaksnes rett til grunnskole og vidaregåande opplæring etter kap. 4A i opplæringslova. Fylkesmannen i Oslo og Akershus (FMOA) og Fylkesmannen i Nord-Trøndelag (FMNT) førte tilsyn med ein fylkeskommune og to kommunar, og det vart avdekt til saman ti større og mindre avvik. Avvika var mellom anna knytte til at det ikkje fanst eit tilfredsstillande forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskrifta blir oppfylte, manglar ved sakshandsaminga i samband med inntak og avslag, samt at enkeltvedtak om spesialundervisning ikkje var i samsvar med krava i opplæringslova. Fristen for å rette opp avvika var våren 2010. Våren 2010 gjennomførte FMOA og FMNT tilsyn med ytterlegare ein fylkeskommune og to kommunar. Avvika som vart avdekte i dette tilsynet, var til dels like dei som vart avdekte i dei kommunane der det vart ført tilsyn i 2009. Fristen for å rette opp avvika er sett til hausten 2010.

Utdanningsdirektoratet har lagt ein plan både for å betre regelverkskompetansen hos skoleeigar, og for å betre kunnskapen om rettane til opplæring for vaksne i målgruppa. Det er mellom anna utarbeidd ein rettleiar om regelverk knytte til minoritetsspråklege elevar og opplæringssituasjonen til vaksne. På bakgrunn av forslag frå direktoratet har Kunnskapsdepartementet fastsett eit nytt kap. 4 i forskrift til opplæringslova om Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne. Utdanningsdirektoratet har i 2009 arbeidd med å forbetre registreringa av data om vaksne i VIGO. VIGO er ein sentral database for søkjarar til vidaregåande opplæring i skole og bedrift, fagskoleutdanning eller vaksenopplæring. Arbeidet skal medverke til ei meir lik oppfatning av og ein betre kvalitet på data om vaksne i vidaregåande opplæring.

I 2009 starta direktoratet ein gjennomgang av dei rettleiingane til læreplanverket for Kunnskapsløftet og Kunnskapsløftet – Samisk som vart utarbeidde i 2009, for å vurdere om vaksne som målgruppe for opplæringa er tekne hand om i rettleiingane.

Tilsynet med private skolar vart overført frå fylkesmannsembeta til direktoratet 1. august 2009. Direktoratet har sidan overføringa utarbeidd ein ny og meir effektiv metode for å kunne kontrollere måten dei private skolane forvaltar statstilskottet på, og har gjennomført tilsyn med ti private skolar der det vart avdekka avvik som må rettast opp i.

Utdanningsdirektoratet har myndigheit til å behandle søknader om godkjenning etter privatskolelova. Per 1. januar 2009 hadde direktoratet om lag 75 søknader til behandling. Våren 2009 kom det inn om lag 20 søknader om etablering av nye skolar etter privatskolelova. Hovuddelen av søknadene var behandla ferdig før 1. juli 2009. Utdanningsdirektoratet gav i 2009 godkjenning for åtte nye private skolar (alle grunnskolar) etter privatskolelova. Direktoratet har vidare avslått fire søknader og behandla nærmare 60 søknader om driftsendringar. Desse søknadene har mellom anna vore knytte til endringar av opplæringstilbod, læreplanar, høgre elevtal og skolepengar.

Hausten 2009 gjennomførte TNS Gallup på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet ei undersøking om godkjenning av skolar etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar m.v. Undersøkinga følgde opp ei tilsvarande kartlegging frå 2007. Kartlegginga i 2009 viser at det har vore ein auke i talet på godkjende skolar frå 50 pst. i 2007 til 68 pst. i 2009. Resultatet av undersøkinga gir grunnlag for det vidare arbeidet med å sikre alle elevar eit godt skolemiljø.

I Noreg har det heldigvis sjeldan vore alvorlege skolehendingar der til dømes elevar eller andre har komme med truslar eller faktisk hatt med våpen på skolen. Nokre hendingar ved norske skolar har likevel illustrert at det òg her er naudsynt å fokusere på førebuande arbeid på dette området. Hausten 2009 vart det starta eit samarbeid mellom Politidirektoratet og Utdanningsdirektoratet for å auke kunnskapen hos skoleeigarar og skoleleiarar om førebygging av alvorlege skolehendingar. Ei evaluering viser at 84 pst. av alle ungdomsskolar og 77 pst. av alle vidaregåande skolar fekk besøk av politiet. 54 pst. av kombinerte barne- og ungdomsskolar og 22 pst. av reine barneskolar fekk òg besøk. Ved 91 pst. av dei skolane som fekk besøk, meiner skoleleiarane at dei har fått betre innsikt i problemstillingar knytte til alvorlege hendingar.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 2 mill. kroner som følgje av frigjorde midlar etter at direktoratet flytta til nye lokale. Vidare blir det foreslått å auke løyvinga med om lag 0,8 mill. kroner i samband med flytting av lønsmidlar frå kap. 230 Kompetansesenter for spesialundervisning. Departementet foreslår ei løyving på om lag 227,8 mill. kroner i 2011.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan nyttast under post 21

Løyvingane på post 21 Særskilde driftsutgifter og post 70 Tilskott til læremiddel o.a. må ein sjå i samanheng. Løyvinga på post 21 er knytt til oppdrag. Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon. Dette kan omfatte læremiddel for smale fag og/eller små elevgrupper, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.

Kyrkje, utdannings- og forskingskomiteen bad i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) departementet om å gå gjennom nivået på og kriteria for tildeling av tilskottet, og om å gå gjennom korleis behova for utvikling av læremiddel samsvarer med tildelinga.

Rambøll har på oppdrag frå departementet evaluert ordninga og konkluderer med at tilskottsordninga blir forvalta i tråd med målsetjinga. Det vil seie at det blir utvikla og produsert trykte, elektroniske og kombinerte læremiddel der det ikkje er marknadsmessig grunnlag for dette, og saksgangen i og praktiseringa av ordninga blir vurdert å vere i tråd med retningslinjene frå departementet og i samsvar med den interne instruksen frå Utdanningsdirektoratet.

Rapporten understrekar òg det store behovet på områda språklege minoritetar og særskilt tilrettelagde læremiddel. Utdanningsdirektoratets eigne kartleggingar viser òg at det framleis er store behov for læremiddel innan smale fag og små elevgrupper, særleg i små yrkesfag.

Rapport for 2009

Det er gitt tilskott til produksjon av læremiddel for Vg1, Vg2 og Vg3 (basis-, parallell- og fellesspråklege utgivingar) innanfor yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Om lag 70 pst. av tilskottet gjekk til parallellutgåver på nynorsk.

Det er vidare gitt støtte til multifunksjonelle læremiddel for grunnskolen og vidaregåande opplæring, læremiddel for elevar med behov for stor grad av individuell tilpassing og til læremiddel for hørselshemma elevar.

Det er òg gitt tilskott til læremiddel i morsmål og til tospråkleg fagopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Det nordiske ordbokprosjektet LEXIN-N er ført vidare.

Læremidla skal i den grad det er mogleg, ha universell utforming og ta vare på det fleirkulturelle perspektivet. Det er utvikla både trykte og digitale læremiddel innanfor alle områda.

Samarbeid med faggrupper knytte til ulike målgrupper og fagområde er ført vidare.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 1,6 mill. kroner i 2011 for å medverke til auka produksjon av læremiddel.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Inntekter frå oppdrag

3 761

3 383

3 488

02

Salsinntekter o.a.

5 705

6 637

6 843

Sum kap. 3220

9 466

10 020

10 331

Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar.

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

10 241

9 613

13 358

Sum kap. 221

10 241

9 613

13 358

Løyvinga gjeld drift av Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) og Foreldreutvalet for barnehagar (FUB). FUB vart oppretta i august 2010, og namnet på kapitlet er derfor endra frå Foreldreutvalet for grunnopplæringa til Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane. FUB skal ha felles sekretariat med FUG.

FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom skole og heim. FUG skal arbeide for eit godt samarbeid mellom skole og heim, og skal ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng.

FUB er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom barnehage og heim. FUB skal arbeide for eit godt samarbeid mellom barnehage og heim, og skal ta i vare interessene til foreldra i barnehagesamanheng.

Frå 2010 deler sekretariatet til utvala lokale med Utdanningsdirektoratet. Dette skal gi praktiske fordelar, men skal ikkje påverke den uavhengige stillinga til utvala som rådgivande organ.

Mål for 2011

Eit overordna mål for FUG er at samarbeidet mellom heim og skole skal komme alle elevar til gode, slik at dei får eit best mogleg utbytte av opplæringa. Eit godt samarbeid kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar mellom elevar og til å hindre fråfall. For å nå dette målet skal FUG i 2011

  • medverke til å auke læringsutbyttet til elevane gjennom å arbeide for eit godt samarbeid mellom heim og skole

  • medverke til å auke kompetansen i heim–skole-samarbeid for dei tilsette i skolen

  • medverke til å få fleire foreldre engasjerte i opplæringa

Hovudmålet for FUB er at samarbeidet mellom barnehage og heim skal medverke til at alle barn i barnehage får eit best mogleg tilbod. Eit godt samarbeid kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar og føre til ein god overgang frå barnehage til skole.

For å nå dette målet skal Foreldreutvalet for barnehagar i 2011

  • arbeide med å etablere FUB som eit rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage og heim

  • utføre informasjonsarbeid og rettleiing overfor dei tilsette i barnehagane, foreldra og kommunane om verdien av samarbeid med foreldra for arbeidet i barnehagen

  • vere i dialog med relevante organisasjonar og institusjonar

Rapport for 2009

FUGs mandat vart utvida frå 1. januar 2009 til også å gjelde for det første året i vidaregåande opplæring. Våren 2009 arrangerte FUG eit fagseminar saman med Elevorganisasjonen om fråfall i vidaregåande skole.

FUG har i rolla si som rådgivande organ for departementet og direktoratet gitt innspel i aktuelle saker. Utvalet har delteke i fleire arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå.

Informasjonsmateriell retta mot både foreldre, lærarar og skoleleiarar er sendt til alle grunnskolar. FUG har gitt informasjon til skoleverket om den rolla foreldre har for opplæringa til elevane, dette for å auke kompetansen i heim–skole-samarbeid for dei tilsette i skolen. FUG har mellom anna halde ei rekkje foredrag i 2009, primært på lærarutdanningsinstitusjonar og i kommunar, men òg på enkeltskolar.

FUG har arbeidd for at alle foreldre engasjerer seg i opplæringa, uavhengig av sosial bakgrunn, mellom anna ved å spreie kunnskap om samanhengen mellom foreldrestøtte og motivasjon til elevane. Informasjon og rettleiing er gitt til foreldre, særleg tillitsvalde foreldre. Nye nettsider har vore prioriterte i 2009. På nettsida fug.no ligg det mykje informasjonsmateriell for gratis nedlasting. Ein del av materiellet er omsett til andre språk.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 221 post 01 med 3,4 mill. kroner som følgje av opprettinga av Foreldreutvalet for barnehagar.

Kap. 3221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

02

Salsinntekter o.a.

336

Sum kap. 3221

336

FUG har gjennom fleire år hatt inntekter frå sal av informasjonsmateriell til foreldre og skolar. Det er eit mål at alt informasjonsmateriell blir lagt ut på nettet for gratis nedlasting, slik at det blir tilgjengeleg for så mange som mogleg. Frå og med 2010 er det derfor ikkje stilt inntektskrav til FUG, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet.

Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

125 330

100 117

103 820

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

9 540

1 289

1 317

Sum kap. 222

134 870

101 406

105 137

Kapitlet omfattar hovudsakleg

  • drift av skole og internat ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal

  • undervisnings- og internattenester ved dei kommunale sameskolane i Snåsa og Troms

  • drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Mål for 2011

Målet for løyvinga av midlar til dei samiske skolane er mellom anna å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur. Opplæringa ved skolane følgjer Kunnskapsløftet – Samisk.

Rapport for 2009

Grunnskolar for samiske elevar

Sameskolen i Midt-Noreg er statleg. Sameskolane i Snåsa og Troms er kommunale, og staten ved Utdanningsdirektoratet gir særskild økonomisk stønad til drift av skolane og tilhørande internat. Det er ein kommunalt finansiert barnehage for samiske barn ved sameskolen i Snåsa. Til saman hadde skolane 38 faste elevar hausten 2009.

Det er ei utfordring for skolane å skaffe pedagogisk personale med formell undervisningskompetanse i samisk. Skolane tek i bruk ordninga med studieheimlar for å vidare- og etterutdanne lærarar, men har samstundes utfordringar med å skaffe vikarar med kompetanse i samisk.

I tillegg til den ordinære undervisninga gir skolane tilbod om fjernundervisning i nord- eller sørsamisk til elevar ved andre skolar i kommunen og i andre kommunar. Til saman vart det gitt fjernundervisning til 43 elevar i nord- eller sørsamisk ved skolane hausten 2009.

I 2009 starta Utdanningsdirektoratet opp eit pilotprosjekt i lulesamisk fjernundervisning. Fylkesmannen i Nordland har ført pilotprosjektet vidare ved å utvikle Drag skole til ein ressursskole for lulesamisk fjernundervisning i samsvar med Utdanningsdirektoratets plan for samisk fjernundervisning. Departementet tek sikte på at tildelinga til ressursskolen for 2011 blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Samiske vidaregåande skolar

Hausten 2009 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 116 fulltidselevar fordelte på fire utdanningsprogram, mot 99 elevar året før. Skolen gir også eksternt finansierte kurs. 22 elevar fekk fjernundervisning i samisk.

Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde hausten 2009 80 elevar i fem utdanningsprogram, mot 105 elevar året før.

Begge skolane er opne for samiske elevar frå heile landet. Begge skolane held fram med ordninga med vertsfamiliar primært for dei yngste tilreisande elevane. I tillegg til den ordinære undervisninga skal skolane gi tilbod om fjernundervisning i samisk.

Hausten 2010 sende Kunnskapsdepartementet eit oppdragsbrev til Statsbygg der departementet bad om ei utgreiing av behovet for ombygging og/eller nybygg ved dei samiske vidaregåande skolane. Saka er blant anna teke opp i etatsstyringssmøtet mellom styret for dei samiske vidaregåande skolane og Utdanningsdirektoratet våren 2010. Departementet har orientert Sametinget om oppdraget til Statsbygg.

Ein rapport om framtidig forvaltningsansvar for dei to samiske vidaregåande skolane vart behandla i Sametinget i 2008. Sametinget vedtok å setje i verk eit utgreiingsarbeid for å setje Sametinget i stand til å ta over forvaltningsansvaret for skolane. På bakgrunn av Sametingets utgreiing vil Kunnskapsdepartementet i samarbeid med andre aktuelle departement ta stilling til korleis vidareføringa av skolane kan sikrast på best mogleg måte. Utdanningsdirektoratet har inntil vidare forvaltningsansvaret for skolane.

Rettsvilkårsavtale og ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skolar og statsinternat i Finnmark blir det utbetalt midlar til tidlegare tilsette ved desse skolane og statsinternata. Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for utbetaling av midlane.

Budsjettforslag for 2011

I budsjettet for 2010 vart det løyvd midlar til å auke undervisningstimetalet frå 1. til 7. trinn med ein veketime frå hausten 2010 og å innføre åtte timar gratis leksehjelp frå 1. til 4. trinn. I 2011 er heilårseffekten av desse tiltaka lagd inn. Utover dette foreslår departementet at løyvinga for 2011 blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

02

Salsinntekter o.a.

8 334

4 309

4 443

61

Refusjon frå fylkeskommunar

1 003

Sum kap. 3222

9 337

4 309

4 443

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning.

Kap. 223 Sametinget

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

50

Tilskott til Sametinget

33 290

34 355

35 420

Sum kap. 223

33 290

34 355

35 420

Namnet på kapitlet er endra frå Samisk utdanningsadministrasjon til Sametinget.

Mål for 2011

Målet med tilskottet er å medverke med finansiering til drift av utdanningsadministrasjonen i Sametinget, utvikling og produksjon av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel, læreplanarbeid og -utvikling og tilskott til råd og rettleiing om samisk opplæring.

Det er eit høgt prioritert mål for tilskottet at dei samiske elevane skal få raskare og betre tilgang til læremiddel på sitt eige språk.

Rapport for 2009

Det er stadig stor mangel på samiske læremiddel. I 2009 vart det derfor oppretta ei arbeidsgruppe med representantar for Sametinget, Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. I juni 2010 la gruppa fram ein rapport med forslag til tiltak for meir effektiv utvikling og produksjon av samiske læremiddel. Sametinget har ansvaret for oppfølginga av rapporten. Kunnskapsdepartementet vil halde seg orientert om oppfølginga av rapporten blant anna i jamlege samarbeidsmøte med Sametinget.

I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) bad fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen Kunnskapsdepartementet om å vurdere tilsyn med korleis rettane til dei samiske elevane blir oppfylte, medrekna tilgangen til læremiddel. I samsvar med tildelingsbrevet til Utdanningsdirektoratet for 2009 har direktoratet lagt opp ein strategi for korleis tilsynet skal gjennomførast, og utarbeidd ein instruks for tilsynet. Fylkesmennene i Nordland, Troms og Finnmark var involverte i arbeidet, og det vart gjennomført tilsyn med fire kommunar. Tilsyna avdekte avvik i tre av fire kommunar. Avvika blir i stor grad knytte til manglande forsvarleg system for dei pliktane kommunane har til å gi samiske elevar opplæring på og/eller i samisk. Det er også rapportert at manglande tilgang på læremiddel er ei utfordring for opplæring i og på samisk. På bakgrunn av det låge talet på tilsynsobjekt er det vanskeleg å seie noko om den generelle tilstanden i sektoren om oppfylling av rettane til dei samiske elevane etter opplæringslova.

Kunnskapsdepartementet har i tildelingsbrevet til Utdanningsdirektoratet for 2010 bedt om at tilsynet med rettane til samiske elevar etter opplæringslova blir ført vidare. Tilsyn som vart gjennomført våren 2010 i åtte kommunar og ein fylkeskommune, avdekte avvik i tre kommunar og viser elles tilsvarande resultat som i 2009. I tillegg tyder resultatet frå våren 2010 på at det kan vere tilfelle der elevar med rett til opplæring i og på samisk ikkje får korrekt timetal i alle fag, jf. fag- og timefordelinga i Kunnskapsløftet. Det ser ut til å vere variasjonar i praksis mellom skoleeigarane knytte til timetal for samiskopplæringa.

Ei arbeidsgruppe med representantar for Sametinget, Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet skal vurdere behov for endringar i fag- og timefordelinga for elevar med samisk i fagkrinsen. Gruppa tek sikte på å levere rapporten sin hausten 2010.

Sametinget og Kunnskapsdepartementet har innført faste samarbeidsmøte to gonger i halvåret på administrativt nivå, i tillegg til konsultasjonar etter behov og nærmare avtale.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga for 2011 blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Kap. 224 Senter for IKT i utdanninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

51 034

50 370

21

Særskilde driftsutgifter

34 023

35 078

Sum kap. 224

85 057

85 448

Løyvinga gjeld drift av Senter for IKT i utdanninga.

Senter for IKT i utdanninga vart etablert 1. januar 2010 med hovudkontor i Tromsø og eit avdelingskontor i Oslo. Verksemda er ei samanslåing av tidlegare UNINETT ABC, Utdanning.no og ITU – forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanninga. Nokre oppgåver, ressursar og tilsette vart overførte frå Utdanningsdirektoratet.

Verksemda har i første halvår fokusert på organisasjonsbygging, strategiutvikling og nettverksbygging.

Senteret og Utdanningsdirektoratet har i fellesskap identifisert ei rekkje konkrete samarbeidsområde, blant anna heim-skole-samarbeid, standardisering, digitale læremiddel, vurderingsformer, og samordning av studiar og forskingsresultat om tilgang til og bruk av IKT. Senteret har òg gjennomført fleire workshops med breitt samansette grupper for barnehagen og lærarutdanninga. Feide – Felles elektronisk identitet – er ei løysing for sikker identifisering i utdanningssektoren. Arbeidet med innføring av Feide har hatt Spreiing til kommunar og Bidra til at fleire tenester brukar Feide som hovudfokus første halvår. Alle fylka er i gang med å implementere Feide, og 14 av fylka med om lag 73 pst. av elevane i vidaregåande opplæring har fullført. Arbeidet med å implementere Feide i kommunane er ført vidare.

Nettstaden ved Utdanning.no er ført vidare.

Mål for 2011

Senter for IKT i utdanninga skal medverke til å realisere og utvikle politikken til departementet på IKT-feltet og skal samarbeide med relevante offentlege og private verksemder. Senteret skal òg delta i internasjonalt samarbeid.

Verksemda skal utvikle og spreie kunnskap basert på forsking om bruk av IKT i utdanninga. Senteret skal mellom anna analysere og vurdere det pedagogiske potensialet som ny teknologi og digitale medium representerer, også med tanke på framtidig potensial. Senteret skal fremme digital dømmekraft i sektoren og følgje opp arbeid med universell utforming av IKT. Senteret skal fremme utvikling av IKT i utdanninga av lærarar og førskolelærarar, samt andre tilsette i barnehagane.

Senteret skal arbeide for at IKT medverkar til auka kvalitet, styrkt læringsutbytte og betre læringsstrategiar hos norske elevar, lærlingar og studentar. Ei viktig oppgåve blir å arbeide for å styrkje digital kompetanse for elevar, lærlingar og studentar uavhengig av deira sosiale bakgrunn og bustad. Eit utgangspunkt vil vere å styrkje arbeidet med innføring og fagleg bruk av IKT i utdanninga ut frå læreplanar og andre styrande dokument, og medverke til at IKT blir ein drivar for pedagogisk innovasjon.

Senteret skal greie ut om og kvalitetssikre læringsteknologiske løysingar og profesjonelle driftsløysingar for sektoren og sikre utvikling av infrastruktur for IKT i grunnopplæringa. Senteret skal følgje opp arbeidet med ei nasjonal identitetsforvaltning for utdanningssektoren basert på Feide, og delta i arbeidet med identitetsforvaltning i offentleg sektor.

Senteret skal samle og gjere tilgjengeleg informasjon om utdanning og yrke, og gi støtte for val av utdanning og karriere. Den nasjonale utdanningsportalen utdanning.no skal styrkjast for å utvikle innovative tenester som er i tråd med regjeringas satsing på digitalt førsteval.

Rapport for 2009

Verksemda vart etablert 1. januar 2010.

Budsjettforslag for 2011

Senter for IKT i utdanninga er ei bruttobudsjettert verksemd som ikkje betalar arbeidsgivarpremie til Statens pensjonskasse. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga over kap. 224 post 01 med 3,3 mill. kroner. Inntektsløyvinga til senteret blir foreslått auka med 1,25 mill. kroner, jf. omtalen under kap. 3224. Departementet foreslår at utgiftsløyvinga over kap. 224 post 01 blir auka tilsvarande.

Kap. 3224 Senter for IKT i utdanninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Inntekter frå oppdrag o.a.

1 000

2 281

Sum kap. 3224

1 000

2 281

Inntektsløyvinga blir foreslått justert opp med om lag 1,25 mill. kroner som følgje av forventa inntektsauke.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

143 551

131 110

157 411

60

Tilskott til landslinjer

163 377

168 512

173 567

63

Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

46 772

49 787

51 643

64

Tilskott til opplæring av unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar

96 104

261 618

141 973

66

Tilskott til leirskoleopplæring

38 371

40 172

41 377

67

Tilskott til opplæring i finsk

7 332

9 260

8 318

68

Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

183 338

216 404

218 776

69

Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

333 695

244 861

251 878

70

Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov

18 698

18 976

29 564

71

Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane

9 121

9 413

9 705

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

4 101

3 310

4 958

73

Tilskott til studieopphald i utlandet

9 130

9 437

9 730

74

Tilskott til organisasjonar

14 928

15 406

15 884

Sum kap. 225

1 068 518

1 178 266

1 114 784

Kap. 225 omfattar tilskott til målretta tiltak i grunnopplæringa.

Post 01 Driftsutgifter

Målet med løyvinga er å finansiere gjennomføringa av sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring samt den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.

Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-26 og Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Løyvinga dekkjer kostnader til trykking, pakking og distribusjon av eksamensoppgåver, Kopinoravgift, språkvask, nemndsamlingar, sensorskolering m.v. Løyvinga dekkjer også utgifter til sensur og klagesensur, som er kostnader til lærarar som har teke på seg oppdrag med å vere sensorar ved sentralt gitt eksamen. Midlane blir utbetalte via fylkesmannen.

Våren 2010 vart det avlagt om lag 75 000 eksamenar i grunnskolen og om lag 165 000 i vidaregåande opplæring. Totalt var det nesten 2 900 sensorar som deltok i vurderingsarbeidet. Totalt vart om lag 50 pst. av eksamenssvara leverte elektronisk i PGS.

Kvart år blir det gjennomført evaluering av eksamen i nokre utvalde fag, og for 2010 skal eksamen i norsk i vidaregåande opplæring evaluerast, herunder eksamen i norsk som andrespråk for språklege minoritetar.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å samle alle løyvingane til eksamen og nasjonale prøver på kap. 225 post 01. Det blir derfor foreslått å flytte 20 mill. kroner til prøvegjennomføringssystema frå kap. 226 post 21 til kap. 225 post 01. Grunna auke i talet på eksamenar foreslår departementet vidare å auke løyvinga med 2 mill. kroner i 2011.

Post 60 Tilskott til landslinjer

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å gi elevar frå heile landet eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring. Tilskottet går til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr.

Kapasiteten i skoleåret 2009–10 var på 1 430 heilårselevplassar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 83 pst. hausten 2009 og om lag 82 pst. våren 2010.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga for 2011 blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Regjeringa vil vurdere å innføre ei ny ordning for finansiering av nye landslinjetilbod frå 2012. Det blir vurdert å inkludere landslinjeordninga i trekk- og korreksjonsordninga for statlege og private skolar. Dette inneber at nye landslinjetilbod blir finansiert gjennom trekk i rammetilskottet til fylkeskommunane, og at kostnadane i hovudsak blir fordelt til fylkeskommunane med elevar på landslinjene. Det blir lagt opp til at fylkeskommunane skal bli høyrt før endeleg vedtak om nye landslinjetilbod blir fatta. Regjeringa vil komme nærmare tilbake til dette i samband med kommuneproposisjonen for 2012.

Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for samisk i grunnskolen, ei ordning med samiske studieheimlar for lærarar i grunnskolen og ei ordning for samisk i den vidaregåande opplæringa.

Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og private skolar som tilbyr samiskopplæring i samsvar med §§ 6-2 og 6-3 i opplæringslova. Opplæringa skal følgje læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk. Elevane får opplæring i samisk som førstespråk (Samisk 1) eller samisk som andrespråk (Samisk 2/Samisk 3).Tilskottet kan òg utbetalast til kommunar som ønskjer å styrkje kompetansen i samisk for lærarar i grunnskolen.

Tabellen under viser at det i dei siste åra har vore ein liten nedgang i talet på grunnskoleelevar som vel samisk som førstespråk og samisk som andrespråk.

Tabell 4.1 Tal på grunnskoleelevar som vel samisk som første- og andrespråk i perioden 2007–101

Skoleår

2007–08

2008–09

2009–10

Samisk som førstespråk

1 027

1 043

1 010

Samisk som andrespråk

1 515

1 474

1 326

Totalt

2 542

2 517

2 336

1Tala inkluderer elevar som utløyser tilskott over kap. 222.

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Talet på tildelte studieheimlar har vore på om lag same nivå i dei siste åra. Våren 2010 fekk i alt 250 elevar/lærlingar opplæring i samisk i vidaregåande opplæring ved fylkeskommunale og private vidaregåande skolar. Dette er ein auke i høve til 2009, da 242 elevar/lærlingar fekk opplæring i samisk.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med om lag 0,4 mill. kroner som følgje av endring i gruppesamansetjinga.

Post 64 Tilskott til opplæring av unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar

Målet med tilskottet er å medverke med finansiering til kommunar slik at unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar samt einslege mindreårige asylsøkjarar får grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 2-1, 2. ledd. Tilskottet skal nyttast til opplæring av barn og unge i grunnskolealderen og ungdom i alderen 16–18 år som ikkje har utdanning tilsvarande norsk grunnskole.

Under denne posten er det frå og med 2009 to tilskottsordningar. Tilskottssats for opplæring av unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar i statlege asylmottak er i 2011 sett til 70 978 kroner per barn per skoleår, og sats for opplæring i omsorgssenter er sett til 154 457 kroner per barn per skoleår.

Talet på asylsøkjarar varierer mykje frå år til år. I 2011 er det venta eit gjennomsnittleg belegg ved mottak og omsorgssenter på om lag 16 500 personar, ein nedgang frå 2010. Budsjettet for 2011 løyver midlar til opplæring hausten 2010 og våren 2011. Dette fordi tilskottet blir betalt ut etterskottsvis ut frå talet på elevar i opplæring. Hausten 2010 er det venta eit snitt på 1 763 som får opplæring i mottak, og 153 som får opplæring i omsorgssenter. Tilsvarande tal for våren 2011 er 1 684 i mottak og 116 i omsorgssenter.

Hausten 2009 mottok 1 677 asylsøkjarar i mottak opplæring. Av desse var 1 280 barn i grunnskolealderen og 397 i aldersgruppa 16–18 år. 241 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter fekk opplæring.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 142 mill. kroner på posten i 2011. Dette utgjer ein reduksjon i løyvinga på 119,6 mill. kroner frå saldert budsjett for 2010.

Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring

Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Tilskottet skal medverke til å dekkje lønnsutgifter til lærarane. Midlar til leirskoleopphald for elevane er lagde inn i rammetilskottet til kommunane.

Tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at om lag 10,5 pst. av alle elevane i grunnskolen planla å reise på leirskole i skoleåret 2009–10. Dette talet har lege på om lag ti pst. sidan 2001. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. planlegg å reise på leirskole kvart år, tyder dette på at dei aller fleste elevane får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga i 2011 blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 67 Tilskott til opplæring i finsk

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for opplæring i finsk som andrespråk i grunnskolen, ei ordning for opplæring i finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring og ei ordning for finske studieheimlar i grunnskolen.

Målet med tilskottet til grunnskolen er å medverke med finansiering til kommunar og private skolar i Troms og Finnmark som gir elevar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Tilskottet kan òg utbetalast til kommunar som ønskjer å styrkje kompetansen i finsk for lærarar i grunnskolen. Det er vidare eit mål å gi opplæring i finsk som andrespråk til elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn i vidaregåande opplæring som ønskjer det, og det blir gitt tilskott til fylkeskommunar og private skolar som gir slik opplæring.

Tabellen under viser ein nedgang i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk i dei siste åra.

Tabell 4.2 Utviklinga i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk

Skoleår

2007–08

2008–09

2009–10

Tal på elevar

840

826

761

Endring frå året før

-6 %

-2 %

-8 %

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Talet på tildelte studieheimlar har vore på om lag same nivå i dei siste åra. I vidaregåande opplæring vart det våren 2010 gitt opplæring i finsk til 19 elevar, mot 23 elevar året før.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med om lag 1,2 mill. kroner som følgje av nedgangen i talet på elevar.

Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

Om ordninga

Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunane slik at det blir gitt opplæring på grunnskolenivå til innsette eller lauslatne som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til innsette eller lauslatne som har rett til og ønskjer det. Mange har kort soningstid eller sit i varetekt. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike fangegrupper skal ha eit opplæringstilbod, er det også eit mål at det blir gitt kortare kurs, med ei primær målsetjing om kurs eller delkurs som er knytte til kompetansemål frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggjande dugleikar.

Rapport for 2009

Det er no etablert opplæring i alle dei 51 fengsla regjeringa har sagt det skal vere opplæring i. I tillegg er det oppfølgingsklasser ti stader i landet. I 2009 var talet på opplæringsplassar 1 584. Om lag 10 000 personar tok del i ei eller anna form for opplæring i løpet av 2009.

Fleire enn før tok eksamen og kompetansebevis (1 170 i 2009 mot 1 100 i 2008 og 678 i 2008). Det vart også avlagt fleire eksamenar enn tidlegare innanfor vidaregåande opplæring (frå 829 i 2008 til 844 i 2009). Talet på lærekontraktar som er inngått, har dobla seg i høve til året før (28 i 2009). Det er også ein auke i talet på elevar som har gjennomført fagprøve (frå 17 i 2008 til 27 i 2009). I tillegg har heile 1 212 innsette gjennomført korte arbeidskvalifiserande kurs som gir kompetanse for arbeidslivet. Talet på lærarar har også halde fram med å auke frå 2008 til 2009.

Skolane arbeider no i større grad med å leggje til rette for opplæring og rådgiving overfor innsette med korte dommar. Det skjer ved realkompetansevurdering, korte arbeidskvalifiserande kurs, rådgiving og planlegging av utdanning etter avslutta soning. I 2009 vart det gjennomført 212 realkompetansevurderingar. Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, har hatt ansvaret for eit nasjonalt prosjekt om realkompetansevurdering. Rapporten Din tur til å bevise (2007–09) viser mellom anna til at alle tilsette i skolane etter avslutta prosjektperiode har auka kunnskapen sin om realkompetanse som metode. Fylkesmannen i Hordaland vil gjennomføre ein toårig plan for oppfølging av realkompetansevurdering ved alle skolane i fengsla.

For å få ei betre oppfølging av straffedømde etter avslutta soning er prosjektet Tilbakeføring gjennom utdanning og arbeid (tilsvarande KrAmi i Sverige) etablert i Rogaland og Troms under leiing av Fylkesmannen i Hordaland. Dette er eit samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene, kriminalomsorga, NAV, kommunane og frivillige organisasjonar. Prosjektet skal avsluttast i 2012.

Budsjettforslag for 2011

Justisdepartementet etablerte Nye Halden fengsel i 2010. I budsjettet for 2010 vart det løyvd 26,3 mill. kroner over kap. 225 post 68 til følgjekostnader til drift av opplæringstilbodet og kostnader til utstyr og investeringar. Kostnadene på 4 mill. kroner til utstyr og investeringar var eingongskostnader. Kunnskapsdepartementet foreslår på denne bakgrunnen å redusere løyvinga i 2011 med 4 mill. kroner.

Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

Målet med tilskottsordninga er å kompensere kommunane for meirutgifter til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringar. Den samla investeringsramma var fastsett til 5 182,9 mill. kroner.

Ordninga med kompensasjon for investeringar i skolebygg vil halde fram til 2017. Per 31. desember 2010 er samla restgjeld på 1 397,8 mill. kroner, og per 31. desember 2011 vil restgjelda vere på 1 185,5 mill. kroner.

Investeringskompensasjonen er basert på den effektive renta på ni månaders statskassevekslar per 1. juli kvart år, med eit tillegg på 0,5 prosentpoeng. I 2010 var rentesatsen for ordninga 2,02 pst., og for 2011 er han fastsett til 2,83 pst.

Budsjettforslag for 2011

På grunn av endringa i rentesatsen foreslår departementet at løyvinga på posten blir auka med 7 mill. kroner i 2011 i høve til saldert budsjett for 2010.

Post 70 Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov

Målet med tilskottsordninga er å stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Særskilde behov viser her til manglande evne til å få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. I tillegg skal tilskottsordninga stimulere lærebedrifter til å gi kandidatar som er omfatta av forsøksordninga med praksisbrev, høve til å oppnå praksisbrev. Dette skal medverke til å styrkje høvet for ungdommane til å jobbe i det ordinære arbeidslivet.

Talet på søknader har auka vesentleg i dei siste åra. Søknader om tilskott for lærekandidatar, som vart innlemma i ordninga frå hausten 2007, utgjer om lag 40 pst. av søknadene.

Budsjettforslag for 2011

På bakgrunn av den auka søknadsmengda foreslår departementet å styrkje løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 71 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt. Tilskottsmottakar er Norsk kulturskoleråd, og målgruppa er musikk- og kulturskolar som gjennomfører prosjekt for å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane.

I 2009 vart det gitt tilskott til regionale prosjekt gjennom Kulturskolefokus i seks fylke. Desse prosjekta er retta inn mot kulturskolen fagleg og organisatorisk. Vidare er det gitt tilskott til utvikling av kulturskolen som ressurssenter gjennom treårige regionale nettverksprogram som Kreativt Oppvekstmiljø (KOM!) og KOM i FOKUS i til saman fem fylke. Andre tiltak var Kulturskoledagene i Sola med 550 kulturskolelærarar og -leiarar, IKT utviklings- og informasjonsarbeid, utvikling av heilskapleg leiarprogram for leiarar i kulturskolane, barne- og ungdomssymfoniorkester med deltaking av 165 barn/ungdommar frå heile landet, fylkesutstillingar innanfor visuelle kunstfag, nettbasert etterutdanning i musikkteknologi og Ungdommens Musikkmesterskap med 250 av landets fremste unge utøvarar innanfor klassisk musikk.

Utviklingsmidlane er også brukte til fagkoordinatorar innanfor kunstfaga og samarbeid med Den kulturelle skolesekken. Dei lokale utviklingsmidlane vart i 2009 fordelte til 37 kommunar etter søknad.

For omtale av 40 mill. kroner i øyremerkt stimuleringstilskott for kulturskolar og kulturtilbod, sjå omtale under kap. 226.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU-programma på området utdanning og opplæring.

Midlane på denne posten skal dekkje bidraget frå Noreg til Cedefop, utgifter til nasjonal ekspert ved Cedefop og nasjonal drift av Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP). Tilskottet skal medverke til at Noreg tek del i forpliktande samarbeid på tvers av landegrensene for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning. Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.

Kontingent til Cedefop

Cedefop er EUs utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring. Aktivitetane som er underlagde Cedefop, har som målsetjing å auke kunnskapen og kompetansen innanfor grunnleggjande yrkes- og profesjonsopplæring på alle nivå og auke kvaliteten på og tilgangen til etter- og vidareutdanning. Det er utbetalt kontingent til Cedefop, med fråtrekk for kostnader knytt til den nasjonale eksperten, etter fastsett regelverk.

Nasjonal ekspert

Den nasjonale eksperten er tilsett ved Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU), og det er EU som disponerer eksperten etter avtale. Tilskott blir utbetalt til SIU for å dekkje utgifter til den nasjonale eksperten etter fastsett regelverk.

Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP)

Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP) er ei parlamentssamling for ungdom frå over 30 land i Europa der globale og europeiske spørsmål blir diskuterte. Noreg har delteke i dei årlege sesjonane med ti ungdommar og to vaksne sidan EUP vart oppretta i 1987. Tilskottet til EUP skal dekkje utgifter til deltaking i EUP og drift av ein nasjonal komité. Ein del av løyvinga skal dekkje utgifter til informasjon om EUP, uttak av deltakarskolar og deltaking i nasjonale og internasjonale sesjonar i EUP.

Budsjettforslag for 2011

På grunn av endring i kontingenten til Cedefop og valutakursane foreslår departementet at posten blir styrkt med 1,6 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2010.

Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet

Målet med tilskottsordninga er å leggje til rette for at ungdom frå Noreg kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land og auka identitetsforståing. I tillegg skal ordninga gi fransklærarar frå Noreg høve til fagleg og kulturell oppdatering gjennom studieopphald i Frankrike.

Hausten 2009 gjekk 55 elevar frå Noreg på dei treårige franske vidaregåande skolane. Det kom inn 57 nye søknader for hausten 2009, og 20 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 22 elevar per årskull til dei tre skolane.

I 2009 vart det gitt tyske stipend til 17 elevar fordelte på fem heilstipend og tolv delstipend. Det var også ein norsk følgjelærar med delstipendiatane.

Hausten 2009 gjekk 78 elevar på UWC fordelte på to årskull. Det kom inn 113 nye søknader for hausten 2009, og 40 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 40 elevar per årskull til skolane.

I 2009 vart individuelle Trollstipend gitt til ni lærarar. 559 elevar frå grunnskolen og den vidaregåande skolen reiste saman med 56 lærarar på studieopphald og skoleutveksling med støtte frå Trollstipend.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 74 Tilskott til organisasjonar

Målet med tilskottsordninga er å stimulere offentlege og frivillige organisasjonar til å setje i verk tiltak som på ulike måtar medverkar til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø i opplæringa i tråd med strategiar og tiltak, slik dei er formulerte i programkategori 07.20 og i kap. 226.

Disponeringa av tilskottet blir fastsett i departementet ut frå føringar for løyvinga, faglege vurderingar og i høve til den totale løyvinga på posten.

I 2009 er det gitt tilskott til Norsk kulturskoleråd, Det norske hageselskap, Landslaget for nærmiljøskolen, Noregs Mållag, Rådet for folkemusikk og folkedans, Kristent Pedagogisk Forbund, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Norsk handverksutvikling, International Baccalaureate Organization, Elevorganisasjonen, Landslaget for norskundervisning, Friluftsrådets Landsforbund, Foreningen Norden, Magasinett og Pirion og Landslaget for fysisk fostring i skolen.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

66 884

141 275

67 437

Sum kap. 3225

66 884

141 275

67 437

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapport som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir foreslått løyvd over kap. 3225 post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er i 2011 på om lag 67,4 mill. kroner.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

1 008 450

1 043 566

1 136 724

60

Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

35 000

70

IKT-tiltak, kan nyttast under post 21

3 628

71

Tilskott til vitensenter

22 992

Sum kap. 226

1 012 078

1 043 566

1 194 716

Kap. 226 omfattar løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og skal medverke til at sektormåla som er omtalte i programkategorien, blir verkeleggjorde. Skoleeigarane har eit sjølvstendig ansvar for kvalitetsutvikling av opplæringa ved deira eigne skolar og i lærebedriftene. Løyvingane på kap. 226 finansierer i hovudsak dei statlege verkemidla som er nemnde under og som støttar opp under kvalitetsutviklinga til skoleeigarane. I tillegg kjem overføringane gjennom inntektssystemet til kommunesektoren.

Kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar blir finansiert over løyvinga på kapitlet. Forsking viser tydeleg at kompetansen til lærarane og skoleleiarane er blant dei viktigaste enkeltfaktorane for læringsutbyttet til elevane. Samstundes dokumenterer mange evalueringar at norske lærarar og skoleleiarar har behov for vesentleg auka fagleg og pedagogisk kompetanse. Det er derfor naudsynt med ekstra statleg stønad til kompetanseutvikling i sektoren. Kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar utgjer økonomisk sett det klart største verkemidlet som blir finansiert over kapitlet.

Ei rekkje former for statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling blir også finansiert over løyvinga. Evalueringar av grunnopplæringa viser store variasjonar i skoleeigarane si evne til kvalitetsutvikling, samstundes som føresetnadene for å drive effektiv kvalitetsutvikling er svært ulikt fordelt i sektoren. For å sikre effektiv ressursutnytting er det avgjerande at alle statlege støttetiltak er koordinerte og konsentrerte mot kjerneutfordringane i sektoren.

Løyvinga finansierer vidare aktivitetar knytte til forvaltning og utvikling av læreplanverket i Kunnskapsløftet. Utdanningsdirektoratet er delegert ansvaret for å forvalte og utvikle læreplanar fastsette av departementet samt, gje veiledning i samband med læreplanane.

Løyvinga over kapitlet finansierer òg eit nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. For å kunne setje i verk tiltak med effekt på sektormåla er god kunnskap om tilstanden i sektoren ein føresetnad. Systemet består av følgjande element: internasjonale undersøkingar, eit samanhengande nasjonalt prøve- og vurderingssystem, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk, forsking og evaluering og statleg tilsyn med sektoren.

I tillegg finansierer løyvinga verkemidla i satsinga Ny GIV. I programkategorien blir både prosjektet og tiltaka omtalte samla. Her blir tiltaka omtalte separat i samsvar med dei fire verkemidla som er omtalte ovanfor.

Ansvaret for å forvalte og gjennomføre dei verkemidla som blir finansierte av løyvingane på kap. 226, er i stor grad delegert til Utdanningsdirektoratet. Dei faste driftsoppgåvene til Utdanningsdirektoratet blir finansierte over kap. 220. I tillegg finansierer løyvinga over kap. 226 post 21 nokre mindre tiltak i barnehagesektoren.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Rapport for 2009

Kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar

Kompetanseutvikling for lærarar

Vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet. Strategi for vidareutdanning av lærarar er i sitt andre år. Departementet prioriterer fagområde innanfor strategien i samarbeid med partane. Studiet skal gi kunnskap i faget og fagdidaktisk kompetanse, korleis det kan undervisast i det enkelte fag, korleis dei grunnleggjande dugleikane kan styrkjast i arbeidet med faget og korleis faget kan inngå i relevante tverrfaglege samanhengar.

Rambølls aktivitetsrapportering om etter- og vidareutdanning gir eit svært positivt inntrykk av deltakinga til lærarane. 4 531 lærarar deltok i vidareutdanning i 2009–10. 1 438 deltok i vidareutdanning med statleg støtte, medan 3 093 deltok i vidareutdanning som er sett i gang av skoleeigarane. Dei alle fleste lærarane er svært godt eller godt nøgde med korleis skolen har lagt til rette for deltaking, og dei er i stor grad tilfredse med det faglege og fagdidaktiske innhaldet. Svært mange lærarar rapporterer at dei vil forandre på si eiga undervisning som følgje av vidareutdanninga.

I det første studieåret i strategiperioden vart det kjøpt studieplassar ved 57 vidareutdanningstilbod i dei nasjonalt prioriterte faga ved 21 institusjonar. For studieåret 2010–11 er talet på tilbod auka, slik at det til saman er 91 tilbod. Auken i tilbod kjem hovudsakleg fordi det i mange fag blir utvikla planar for påbyggingsstudium som skal gjennomførast og gi kompetanse opp til 60 studiepoeng. Dette gjeld matematikk, leseopplæring, fysikk, kjemi, rettleiing og dei praktisk-estetiske faga. I tillegg er det utvikla planar for fire nye tilbod innanfor yrkesfaglege programområde. Fylkesmennene er tildelt midlar til å dekkje statens del av vikarutgiftene. Fylkesmennene har fordelt plassar etter søknad frå skoleeigarane.

Etter studiestart hausten 2009 var meir enn 1 300 studentar som får dekt ein del av vikarmidla frå staten registrerte. Tilbodet frå hausten 2010 skulle dekkje opptil 2 500 deltidsstudentar, men det er registrert færre deltakarar enn ønskt, om lag 1 650 påmelde deltakarar, for studieåret 2010–11. Det er om lag tre firedelar som har søkt på dei statleg frikjøpte studieplassane, medan om lag ein firedel søkjer på andre sjølvvalde studiestader. Vel 300 skoleeigarar har søkt om midlar. 260 av desse er kommunar og fylkeskommunar, medan om lag 40 er private. Som følgje av at det er registrert færre deltakarar enn ønskt, er dei attverande midlane omdisponerte til utvikling av etterutdanningstilbod.

Talet på studieplassar som blir nytta i kvart fag varierer, og det er også variasjonar i oppslutninga mellom fylka. Begge åra har det vore høgst oppslutning om tilboda i rettleiing og leseopplæring. Det har også vore relativt godt samsvar mellom søkning og tilbod om plassar i engelsk, matematikk, norsk og nokre av dei yrkesfaglege studietilboda. Det har begge åra vore låg søkning til dei praktisk-estetiske faga.

Utdanningsdirektoratet har lagt føringar på det arbeidet fylkesmennene gjer innanfor vidareutdanninga, og har i tillegg følgt opp arbeidet gjennom dialog med dei partane som har underskrive strategien, og gjennom erfaringssamlingar med fylkesmennene og aktørane i universitets- og høgskolesektoren. Direktoratet har utvikla eit rapporteringssystem for bruken av midlane, og vil også gjennomføre ei deltakarevaluering av studietilboda.

Det ser ut som om strategien tilfredsstiller ønsket om kvalitet i vidareutdanninga. Lærarane får tid til å studere ved at det blir gitt tilskott til skoleeigaren til dekning av vikarutgifter. Dette sikrar også at elevane får god opplæring medan læraren deltek på vidareutdanning. Strategien dekkjer viktige fag og område der det er særleg behov for vidareutdanning. Talet på deltakarar er likevel lågare enn ein kunne ønskje seg, og denne utfordringa blir diskutert med partane.

Gjennom fylkesmennene er det òg tildelt midlar til skoleeigarane til etterutdanning av lærarar, rådgivarar og til aktørar innanfor fag- og yrkesopplæringa på nokre prioriterte område. Det er vidare utvikla etterutdanningstilbod på dei prioriterte områda. I samsvar med Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet er løyvinga til etterutdanning vesentleg redusert i 2010 i takt med oppbygginga av det varige systemet for vidareutdanning.

Det vart òg tildelt midlar til lærarutdanningsinstitusjonane i 2009 til tiltak knytte til rettleiing av nyutdanna lærarar, og det vart gitt ei særskild tildeling til rettleiarutdanning hausten 2009. To arbeidsgrupper har arbeidd med rammer både for ei nasjonal rettleiarutdanning og for vilkåra for å få på plass rettleiing for nyutdanna lærarar frå hausten 2010. Staten har i ein avtale med KS teke på seg oppgåva med å sørgje for at det blir utdanna rettleiarar med ei rettleiingsutdanning på inntil 30 studiepoeng, noko som er svært viktig for å få til god rettleiing av nyutdanna ved dei einskilde skolane.

Utdanningsdirektoratet tildelte i 2009 midlar til 13 lærarutdanningsinstitusjonar til etterutdanning i entreprenørskap og innovasjon. Ungt Entreprenørskap er tildelt midlar både i 2009 og i 2010 til arbeid på deira felt, i år med særskild vekt på inkludering av fag- og yrkesopplæringa.

Skoleleiarutdanning

Det vart i 2009 lyst ut ein anbodskonkurranse om ei nasjonal skoleleiarutdanning. Av ni tilbydarar er det gjennomført forhandlingar med seks av dei, og det er inngått kontrakt med fire tilbydarar. Dei fire tilbydarane har starta opp skoleleiarutdanning med 220 deltakande rektorar. I 2010 er det planlagt at kapasiteten skal utvidast med 500 nye skoleleiarar. Målgruppa er i hovudsak nytilsette rektorar, men også andre skoleleiarar med rektorfunksjonar kan søkje på utdanninga. Det er også oppretta ei ressursgruppe som skal støtte Utdanningsdirektoratet i arbeidet med å utvikle og forbetre rektorutdanninga.

Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling

Løyvinga over kap. 226 finansierer ei rekkje former for støtte til lokal kvalitetsutvikling, både verkemiddel som kjem heile sektoren til gode, og verkemiddel som er retta inn mot spesifikke skoleeigarar eller skolar.

Statlege utviklingsaktørar

Det er oppretta to hovudtypar av statlege utviklingsaktørar: nasjonale senter og rettleiingskorps. Formålet med begge utviklingsaktørane er å støtte den lokale kvalitetsutviklinga i sektoren.

Dei nasjonale sentra skal innanfor sine avgrensa fagområde støtte sektoren med lokal kvalitetsutvikling gjennom læreplanrelatert verksemd, formidling og rettleiing, samt kompetanseutvikling. Det er oppretta åtte senter innanfor sentrale fagområde i grunnopplæringa. Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking vart etablert i 2009. Direktoratet har ansvaret for den faglege styringa av sentra, og kan delegere oppgåver til dei. Arbeidet med fagstyring og utvikling av sjølve verksemdene er ført vidare i 2009 og 2010. Mellom anna har direktoratet fastsett nye og einskaplege mandat for dei nasjonale sentra. I tillegg skal dei nasjonale sentra fungere som ein ressurs i samband med gjennomføring av nasjonale satsingar, og har fått delegert ansvaret for dei nasjonale strategiplanane. Realfag, naturligvis, Likeverdig opplæring i praksis! og Språk åpner dører vart avslutta i 2009, medan Tiltaksplan for Nynorsksenteret 2009–2012 og Tiltaksplan for programfag innen fremmedspråk 2009–2013 er førte vidare. Strategien Realfag for framtida 2010–2014 er lansert.

Arbeidet med å etablere rettleiarkorps som skal støtte skoleeigarar og skolar med særlege behov for kvalitetsutvikling, er ført vidare. I 2009 og 2010 er det gjennomført eit pilotprosjekt i Vest-Agder og Hordaland som igjen skal leggje grunnlaget for å etablere eit landsdekkjande tilbod om rettleiarkorps. I prosjektet er tilbodet definert gjennom avtalar, og det er utvikla eit skoleringstilbod for rettleiarane, som også er rekrutterte frå dei aktuelle fylka. Fleire skoleeigarar og skolar uttrykkjer at rettleiinga har resultert i endring eller planar om endring av verksemda. Rettleiarkorps er ei vidareutvikling av den statlege satsinga Kunnskapsløftet – fra ord til handling. Formålet med denne satsinga har vore å styrkje evna i sektoren til å vurdere eigne resultat og gjennomføre endringsprosjekt i tråd med måla i Kunnskapsløftet. Til saman 82 kommunar har i perioden 2006–10 gjennomført 100 prosjekt der om lag 270 skolar, 40 barnehagar og 110 kompetansemiljø har vore med. Det er utvikla tre verktøy for skoleutvikling i programmet som er gjorde tilgjengelege gjennom nettportalen Skoleporten. Evalueringar viser at programmet har ført til at skolane i større grad har vorte lærande organisasjonar med auka evne til å forbetre sin eigen praksis. Samstundes har deltaking i programmet til no i mindre grad ført til endringar av sjølve undervisninga ved skolane.

Vitensentra skal òg medverke til betre kvalitetsutvikling i sektoren. Vitensentra blir omtalte under kap. 226 post 71.

I Innst. S. nr. 12 (2008–2009) bad kyrkje-, utdannings-, og forskingskomiteen regjeringa om å vurdere permanent drift av Senter for samisk i opplæringa som eit nasjonalt kompetansesenter ved Samisk høgskole. Det er i 2010 tildelt midlar for å føre senteret vidare som eit prosjekt. Kunnskapsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet tek sikte på å føre vidare tildelinga på same nivå i 2011. I løpet av prosjektperioden i 2010 og 2011 vil det bli vurdert om tildelinga til senteret bør førast vidare frå og med 2012. I vurderinga vil det bli teke særleg omsyn til senteret sitt samarbeid med institusjonar med ansvar for sør- og lulesamisk. I 2009 vart det løyvd midlar til samiske utviklingstiltak, mellom anna vidareutvikling av fjernundervisning og kompetanseutvikling i samisk. I tillegg samarbeider fylkesmennene i Troms og Finnmark om læremiddel- og kompetanseutvikling i finsk som andrespråk. Det er mellom anna oppretta ein ny nettstad som samlar alle læringsressursar for opplæring i faget. Fylkesmennene i Finnmark og Troms arrangerer årlege seminar for lærarar som underviser i finsk som andrespråk.

Statlege utviklingsprogram

Det er oppretta eller vidareført fleire statlege utviklingsprogram som skal medverke til at sektoren si evne til lokal kvalitetsutvikling blir styrkt:

Betre læringsmiljø (2009–2014) er den nasjonale satsinga for arbeid med læringsmiljø. Gjennom strategien er det utvikla og samla rettleiing og materiell som skolar og skoleeigarar kan bruke i arbeidet sitt med å sikre elevane retten til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø. Rettleiinga gjeld både praktisk arbeid med læringsmiljø og forståing og oppfølging av regelverket, jf. også at tema for felles nasjonalt tilsyn 2010 og 2011 er det psykososiale læringsmiljøet til elevane. Innanfor satsinga er det gitt tilskott til Olweus-programmet, LP-modellen, PALS, Zero og Connect, som alle er utviklingsprogram for betre læringsmiljø. Manifest mot mobbing, Dronning Sonjas skolepris for likeverdig og inkluderande opplæring og Benjaminprisen mot rasisme og diskriminering inngår også som ledd i strategien. Departementet har sett i gang eit arbeid med å vurdere fordelinga og bruken av midlar til arbeid med læringsmiljø og korleis statlege utdanningsstyresmakter meir effektivt kan støtte arbeidet til skoleeigarane og skolane med utvikling av læringsmiljøet.

Heilskapleg skoledag (2009–2012) er eit utviklingsprosjekt som skal prøve ut tre modellar for ein god samanheng mellom skolen og skolefritidsordninga (SFO). Målsetjinga er at skolefritidsordninga støttar opp under utviklinga av eit godt læringsmiljø og fagleg læring i skolen. Innhaldet i den utvida skoledagen er både fagleg styrking, leksehjelp, fysisk aktivitet og sunne måltid. Totalt deltek ni skolar i prosjektet i 2010. Prosjektet skal bli evaluert. Utviklingsprosjektet skal medverke til at utvidinga av timetalet for 1.–7. trinn frå hausten 2010 med ein veketime og innføringa av tilbod om til saman åtte veketimar gratis leksehjelp for elevane på 1.–4. trinn blir utnytta effektivt. I tillegg er det sett av 40 mill. kroner til eit øyremerkt stimuleringstilskott for kulturskolar og kulturtilbod som del av Kulturløftet II, og som vil bli ført vidare. Midlane skal nyttast til modellforsøk og utviklingstiltak, og målgruppa er kommunar, kulturskolar, organisasjonar og institusjonar.

Program for skolebibliotek (2009–2013) skal fremme lesedugleiken til elevane gjennom utvikling av skolebiblioteket som læringsressurs. Det er utvikla rettleiing i informasjonskompetanse tilpassa læreplanen for alle trinn og tilbod om etter- og vidareutdanning innanfor skolebibliotekkunnskap.

Det er oppretta eller vidareført fleire statlege utviklingsprogram innanfor rådgiving og karriererettleiing. Partnarskap for karriererettleiing skal utvikle modellar for karrieresenter baserte på lokale tilhøve, og det er oppretta karrieresenter i alle fylke. Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk har fått i oppdrag å etablere ei nasjonal koordinerande eining for karriererettleiing frå 2011. Eininga vil òg koordinere midlane til partnarskapa. Vidare er ein individuell utviklingsplan for utdannings- og yrkesrettleiing utvikla og prøvd ut i tre fylke. I tillegg har 15 skolar utvikla og prøvd ut ulike modellar for sosialpedagogisk rettleiing gjennom prosjektet God sosialpedagogisk rettleiing, som skal auke kvaliteten på rettleiinga. Noreg deltek dessutan i tre internasjonale ekspertnettverk som omhandlar karriererettleiing.

Forsøk med arbeidslivsfag er ei utprøving på ungdomstrinnet i utvalde kommunar. Formålet med forsøket er å utvikle den meir praksisorienterte delen av opplæringa. Utprøvinga vart utvida i 2010 med 76 kommunar og ca. 120 skolar. Forsøket skal evaluerast undervegs.

Strategiplanen Likeverdig opplæring i praksis! gjekk ut i 2009. Nokre av tiltaka skal førast vidare etter at planperioden er over. Det gjeld mellom anna prosjekta Språkløftet og Utviklingsprosjektet i skolar med meir enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar, som dessutan inngår i satsinga i Groruddalen og Søndre Nordstrand i Oslo. Samarbeidet med Sverige om digitale læringsressursar for morsmålsopplæringa er ført vidare. Ein nettstad vart publisert i 2009 og vil fram til hausten 2010 vere under utvikling.

Arbeidet med Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008–2010) og den vidare satsinga på likestilling i grunnopplæringa er omtalt i kap. 7.

I tillegg blir ein del mindre utviklingstiltak i sektoren finansierte over kap. 226.

Statleg tilskott til tettare oppfølging i vidaregåande opplæring

I revidert nasjonalbudsjett i 2009 vart det løyvd 35 mill. kroner til auka gjennomføring av vidaregåande opplæring. Av desse vart 32 mill. kroner tildelt som tilskott til fylkeskommunane for å følgje opp fagleg svake elevar på første trinn i vidaregåande opplæring. Rapportar frå fylkeskommunane viser stor breidd i dei lokale tiltaka som er finansierte av midlane. Av overordna tiltak kan nemnast utarbeiding av tiltaksplanar, etterutdanningstilbod for rektorar, lærarar og rådgivarar, etablering av regionale rettleiingssenter og samarbeid mellom ulike skoleslag. Nokre fylke har valt å styrkje bemanninga med tolærarordning, ekstra gruppedeling og tilsetjing av miljøarbeidarar. Av individretta tiltak kan nemnast identifisering, kartlegging og oppfølging av einskilde elevar både i grunnskolen og i vidaregåande skole, styrking av skolehelsetenesta, sommarskole, innføringskurs, førebuande kurs for minoritetsspråklege elevar, alternative læringsarenaer, praksisbrevordning og utvida bruk av lærekandidatordninga. Dei fleste fylka rapporterer at dei har nytta ei eller anna form for kartlegging av læringsresultata til elevane, i tillegg til fråvær, også frå ungdomsskolen.

Løyvinga vart ført vidare i 2010. 35 mill. vart fordelte til fylkeskommunar for å medverke til tettare oppfølging av elevar med svake resultat.

Læreplanar

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å forvalte læreplanverket og justere læreplanane ved behov. Departementet meiner at mindre og hyppigare justeringar er å føretrekkje framfor store endringar som blir gjennomførte gjennom ei læreplanreform. Direktoratet har gjennomgått læreplanar i fellesfag i vidaregåande opplæring for å vurdere om kompetansemåla lett lèt seg tilpasse opplæringa i dei ulike utdanningsprogramma, særleg for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Justeringane av læreplanane i fellesfaga norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag er fastsette med verknad frå inneverande skoleår.

Kunnskapsløftet legg til grunn at lokal dekomponering av kompetansemåla i læreplanane og val av lærestoff skal medverke til tilpassa opplæring i tråd med lokale forhold og prioriteringar. Lokalt læreplanarbeid vil også stimulere til diskusjon om faga og auka profesjonalisering blant lærarar. Samstundes viser evalueringar at sentrale styresmakter bør kunne gi langt meir rettleiing i korleis læreplanane kan omsetjast til praktisk undervisning. Derfor er det utvikla ei generell rettleiing for lokalt læreplanarbeid, og fagspesifikke rettleiingar i norsk, matematikk og kroppsøving. Til skolestart 2010 vil rettleiingar i faga samfunnsfag, naturfag, framandspråk, engelsk, samisk som andrespråk, finsk som andrespråk, morsmål for språklege minoritetar og grunnleggjande norsk for språklege minoritetar liggje føre. Rettleiing i samisk som førstespråk og faget mat og helse blir etter planen klare i løpet av 2010.

Forum for norskfaget har vore under etablering våren 2010. Forumet skal vera eit organ for kunnskaps- og erfaringsutveksling i arbeidet med gjennomføringa av læreplanane i norsk. Departementet har dessutan sett i gang eit forsøk i 2010–12 for å hauste røynsler med opplæring i framandspråk på 6.–7. trinn. Arbeidet med førebels læreplan er sett i gang i 2009.

Kvalitetsvurdering og forsking

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem består av internasjonale undersøkingar, eit samanhengande nasjonalt prøve- og vurderingssystem, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk, forsking og evaluering og statleg tilsyn med sektoren. Når det gjeld formidling av informasjon frå systemet til sektoren, er nettstaden Skoleporten eit sentralt verktøy.

Dei internasjonale undersøkingane er viktige både for å vurdere kvaliteten på norsk grunnopplæring i eit internasjonalt perspektiv og for å kunne følgje med på utviklinga av det faglege nivået til elevane. Dei fleste av studiane er trendstudiar, noko som gjer at ein kan samanlikne den faglege kompetansen til ulike elevkull i absolutt forstand. Nasjonal karakterstatistikk og nasjonale prøver kan ikkje eintydig tolkast som absolutte endringar i faglege dugleikar frå eitt elevkull til eit anna. Noreg deltek for tida i følgjande undersøkingar:

  • PISA (OECD) testar dugleikar i lesing, matematikk og naturfag for 15-åringar kvart tredje år. PISA vart sist gjennomført i 2009 med hovudvekt på lesing, og resultata blir presenterte i desember 2010.

  • PIRLS (IEA) testar lesedugleik på 4. og 5. trinn kvart femte år.

  • TIMSS (IEA) testar 4. og 8. trinn i matematikk og naturfag kvart fjerde år. Neste test i både TIMSS og PIRLS vil bli gjennomført i 2011.

  • TIMSS Advanced vart gjennomført i 2008, og resultata vart lagde fram hausten 2009. Denne studien testa matematikk og fysikk på høgste nivå i vidaregåande opplæring.

  • TEDS-M (IEA) er ein ny studie retta mot lærarstudentar i 16 land, og skal kartleggje korleis lærarstudentane er førebudde på å undervise i matematikk. Resultata frå studien vil bli lagde fram i løpet av 2010.

  • I tillegg har Noreg òg delteke i TALIS (OECD), som er ein survey retta mot lærarar og rektorar på ungdomstrinnet i 23 land. Resultata frå den første undersøkinga vart lagde fram i september 2009.

Det samanhengande nasjonale prøve- og vurderingssystemet består primært av nasjonale prøver og obligatoriske kartleggingsprøver. Formålet med nasjonale prøver er å gi styringsinformasjon til skolar og skoleeigarar, men skal også komme til nytte for den einskilde eleven si pedagogiske utvikling i samarbeid mellom lærar, elev og føresette. Formålet med obligatoriske kartleggingsprøver og anna prøve- og kartleggingsmateriell er å avdekkje behov for oppfølging og tilrettelegging på elev- og skolenivå. I skoleåret 2009–10 er det gjennomført nasjonale prøver på 5. og 8. trinn i lesing på norsk, rekning og engelsk. Det er vidare gjennomført obligatoriske kartleggingsprøver i talforståing og reknedugleik på 2. trinn, lesing på 1., 2. og 3. trinn og rekning som grunnleggjande dugleik på Vg1. Direktoratet har òg utvikla kartleggingsprøver til frivillig bruk i talforståing og reknedugleik på 3. trinn.

Formålet med brukarundersøkingane er at elevar, lærlingar, lærarar og føresette skal kunne gi tilbakemelding om læringsmiljøet på skolen eller i lærebedrifta si. Resultata frå undersøkingane blir brukte av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen i styringa av sektoren. Elevundersøkinga er vorten gjennomført i grunnskolen kvar vår sidan 2002. I 2009 svarte fleire enn 333 000 elevar frå og med 5. trinn til og med Vg3 på undersøkinga. Elevundersøkinga er obligatorisk å gjennomføre for skoleeigarane ved 7. og 10. trinn i grunnskolen og for elevar på Vg1 i vidaregåande opplæring. I tillegg tilbyr Utdanningsdirektoratet sektoren brukarundersøkingar retta mot lærarar, foreldre, lærlingar og instruktørar i lærebedrift. 9 000 lærarar og 48 000 foreldre har i 2009 gjennomført desse undersøkingane. Ti fylkeskommunar nytta i 2009 lærlingundersøkinga, og seks av desse nytta instruktørundersøkinga. Det blir arbeidd for å auke deltakinga også i desse brukarundersøkingane.

Når det gjeld utdanningsstatistikk, er Utdanningsdirektoratet delegert ansvar for utvikling og oppfølging av Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), statistikk om vidaregåande opplæring og vaksne med rett til grunnopplæring og nasjonal vitnemålsdatabase (NVB). Ansvaret blir delt med Statistisk sentralbyrå (SSB) og forskjellige representantar for sektoren. Det blir gjennomført eit kontinuerleg arbeid med å forbetre statistikkgrunnlaget og leggje til rette for utvikling av fleire indikatorar på tilstanden i sektoren. I samråd med fylkeskommunane, SSB og KS er det starta eit arbeid med å utvikle og forbetre indikatorar for vidaregåande opplæring og for vaksne i grunnopplæringa. Direktoratet har ført vidare samarbeidet med fylkeskommunane om utvikling av ein sentral database for søkjarane til vidaregåande opplæring i skole eller lærebedrift, fagskoleutdanning eller vaksenopplæring (VIGO).

Fire sentrale forskings- eller evalueringsprogram om grunnopplæringa blir heilt eller delvis finansierte over kap. 226. Forskingsprogrammet Utdanning 2020 skal betre kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming, forvaltning, profesjonsutdanning og profesjonsutøving gjennom utdanningsforsking på høgt vitskapleg nivå. Forskingsprogrammet PRAKUT 2010–2014 skal heve kvaliteten på den praksisnære utdanningsforskinga og styrkje kompetansen i lærarutdanningane. PIAAC er ei internasjonal undersøking av vaksne sine dugleikar som er under utvikling. Begge desse forskingsprogramma og PIAAC blir nærmare omtalte under programkategori 07.50. Den forskingsbaserte evalueringa av reforma Kunnskapsløftet gir god kunnskap om korleis skoleeigarar og skolar implementerar elementa i reforma. I tillegg finansierer kap. 226 ei rekkje mindre kartleggingar, evalueringar og forskingsbaserte analysar av ulike sider av grunnopplæringa, blant anna basert på nasjonale prøver og Elevundersøkinga. Hovudresultata blir presenterte i den årlege publikasjonen Utdanningsspeilet, som blir utarbeidd av Utdanningsdirektoratet. Forsking og evaluering er dessutan styrkte gjennom etablering av eit Kunnskapssenter for utdanning frå 2011. Senteret skal ha oversikt over nasjonal og internasjonal utdanningsforsking. Senteret blir nærmare omtalt under programkategori 07.50.

Statleg tilsyn med grunnopplæringa er også eit kjerneelement i nasjonalt kvalitetsvurderingssystem, men blir omtalt under kap. 220.

Det er sett i gang eit arbeid for å utvikle eit kvalitetsvurderingssystem i fag- og yrkesopplæringa basert på statistikk om gjennomføring, kunnskap om læringsmiljøet, vurderingar av kvaliteten på opplæringa i lærebedriftene og vurderingar av sysselsetjingssituasjonen for nyutdanna fagarbeidarar og vurderinga til bedriftene av deira dugleik, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja.

For å vidareutvikle grunnlaget for sjølve kvalitetsvurderingssystemet er vitskapleg kompetanse om pedagogiske målingar styrkt gjennom særskild institusjonsstønad. Vertsinstitusjonen skal medverke til kompetanseutvikling og formidling mot ulike brukargrupper og dermed styrkje grunnlaget for nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Støtta blir nærmare omtalt under programkategori 07.50.

Prosjektet Betre vurderingspraksis skal styrkje vurderingskulturen i skolen, blant anna på grunnlag av informasjon frå kvalitetsvurderingssystemet. Prosjektet vart avslutta i 2009. Departementet vil vurdere korleis arbeidet med å styrkje vurderingskulturen i grunnopplæringa skal førast vidare på grunnlag av erfaringane frå prosjektet. Auka kvalitet på vurderingsarbeidet i skolen er høgt prioritert. I forskrifta til opplæringslova er det derfor vedteke eit nytt felles kapittel for grunnskole og vidaregåande opplæring om individuell vurdering. For å sikre at forskrifta blir forstått og brukt riktig i sektoren, har Utdanningsdirektoratet gjennomført seminar i alle fylke og utvikla rettleiingsmateriell, inkludert ein ny nettstad, Vurdering for læring.

Mål for 2011

Sjølv om grunnopplæringa har mange sterke sider, viser tilstandsvurderinga av sektormåla at måloppnåinga ikkje er tilstrekkeleg høg innanfor sentrale område. Det er derfor tydeleg behov for å føre vidare tiltak som er sette i gang, og ta nye grep for å medverke til at måloppnåinga i grunnopplæringa aukar.

Å satse vidare på at lærarar og skoleleiarar aukar kompetansen sin, er eit sentralt mål i 2011. Departementet legg opp til å bruke om lag 400 mill. kroner på kompetanseutvikling. I tillegg kjem midlar til kompetanseutvikling gjennom Ny GIV. Departementet og partane som samarbeider om strategien Kompetanse for kvalitet har vurdert satsinga og gjort endringar som skal medverke til større fleksibilitet lokalt, styrkje samarbeidet med dei nye lærarutdanningsregionane og forenkle søknads- og opptaksprosedyrane slik at fleire lærarar lettare vil få høve til å nytte tilbodet. Departementet vil i samarbeid med partane drøfte andre verkemiddel for å auke deltakinga. Departementet legg opp til at tildelinga til etterutdanningstilbod for lærarar blir styrkt i tråd med satsinga Ny GIV. Satsinga blir omtalt samla i programkategorien. Styrkinga vil gjelde etterutdanningstilbod for lærarar på ungdomstrinnet og yrkesretting i vidaregåande opplæring. Departementet legg opp til at tildelinga til skoleleiarutdanninga for rektorar blir ført vidare på same nivået som i 2010.

Satsinga på etter- og vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar inngår i GNIST – partnarskap for ei heilskapleg lærarutdanning, jf. nærmare omtale i programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Ein viktig del av satsinga er å føre vidare arbeidet med rekruttering til lærarutdanninga og til sjølve grunnopplæringa, inkludert personar med anna utdanning og yrkesbakgrunn. Departementet legg opp til å bruke om lag 15 mill. kroner til dette arbeidet i 2011.

Å forbetre den lokale kapasiteten til kvalitetsutvikling i sektoren gjennom statlege støttetiltak er også eit sentralt mål i 2011. Evalueringar viser store variasjonar i skoleeigarane si evne til kvalitetsutvikling, samstundes som føresetnadene for å drive effektiv kvalitetsutvikling er svært ulikt fordelte i sektoren. Departementet legg opp til å tildele om lag 290 mill. kroner til statlege støttetiltak i 2011. Dette finansierer mellom anna dei nasjonale sentra, rettleiarkorps, dei nasjonale strategiane og dei statlege utviklingsprogramma, som til dømes Betre læringsmiljø. Satsinga på tettare oppfølging av elevar med svake dugleikar bli styrkt, og det skal prøvast ut samarbeidsmodellar mellom kommunane og fylkeskommunane om elevar med svake faglege føresetnader. Dessutan skal det vurderast korleis rådgiving og karriererettleiing kan styrkjast. I tillegg legg departementet opp til å bruke 40 mill. kroner til eit øyremerkt stimuleringstilskott for kulturskolar som del av Kulturløftet II. I 2009 vart det sett ned eit utval som skulle vurdere samarbeidet mellom kulturskolen, grunnskolen og SFO og komme med forslag til korleis ulike kulturskoleaktivitetar kan knytast til skoledagen. Utvalet la fram rapporten i september 2010. Departementet vil i løpet av hausten 2010 vurdere korleis forslaga kan følgjast opp, inkludert korleis stimuleringstilskottet skal bli fordelt.

Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet vil bli utvikla vidare. Arbeidet med innføring av eit kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa vil bli ført vidare. Systemet blir utarbeidd i samråd med partane i arbeidslivet og fylkeskommunane. Informasjonen frå systemet skal gjerast tilgjengeleg på nettstaden Skoleporten. Departementet legg opp til å tildele om lag 170 mill. kroner til utvikling og drift av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. I tillegg blir midlar til nasjonalt kvalitetsvurderingssystem løyvd over kap. 220.

Arbeidet med kvalitetsutvikling i grunnopplæringa krev særskild kompetanse på prioriterte område. Løyvinga blir derfor òg nytta til tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 226 post 21 med 165 mill. kroner til tiltak for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet utarbeida i 2010 nye retningslinjer for finansiering av oppgåver lagde til fylkesmannsembeta. Det blir derfor foreslått å flytte 21,6 mill. kroner til rettleiing og tilsyn i regi av fylkesmennene frå kap. 226 post 21 til kap. 1510 post 01 på budsjettet til Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Departementet foreslår å samle midlane til gjennomføring av eksamen på ein post, kap. 225 post 01. Det blir derfor foreslått å flytte 20 mill. kroner frå kap. 226 post 21 til kap. 225 post 01.

Løyvinga til tettare oppfølging av elevar med svake grunnleggjande dugleikar i vidaregåande opplæring blir foreslått flytta frå kap. 226 post 21 til kap. 226 post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar.

Det blir foreslått at tilskottet til vitensentra blir løyvd over ein eigen post, og at 23 mill. kroner blir flytta frå kap. 226 post 21 til kap. 226 post 71 Tilskott til vitensenter.

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på om lag 1 137 mill. kroner på posten i 2011.

Post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

Målet med løyvinga er å styrkje satsinga på tettare oppfølging av elevar med svake grunnleggjande dugleikar på obligatoriske kartleggingsprøver i Vg1, og elevar med svake grunnleggjande dugleikar og høgt fråvær allereie på ungdomstrinnet. Tilskottet inngår i satsinga Ny GIV. Til dømes kan tilskottet brukast til sommarskole, ekstra støtte i ein intensiv periode eller leksehjelp. Formålet med tilskottet er å styrkje kapasiteten i sektoren til tilrettelegging for overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring og dermed medverke til å auke gjennomføringa av vidaregåande opplæring.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å flytte det statlege tilskottet til tettare oppfølging i vidaregåande opplæring frå kap. 226 post 21 til ein eigen tilskottspost på same kapittel.

Departementet foreslår at det blir løyvd 35 mill. kroner på posten i 2011, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21. Dette inneber at tilskottet blir ført vidare på same nivå som året før.

Post 71 Tilskott til vitensenter

Målet med tilskottet er å medverke til å utvikle regionale vitensenter som eit tilbod for skoleverk (elevar, studentar, lærarar, foreldre) og allmenta på deira område. Eit vitensenter er eit populærvitskapleg opplevings- og læringssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkjarane lærer ved å eksperimentere. Saman skal dei regionale vitensentra utgjere eit heilskapleg nasjonalt tilbod. Vitensentra er eit viktig verkemiddel for å styrkje holdningar til og kunnskap i realfag, og for rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng både no og i framtida.

Vitensenterprogrammet (VITEN) vart starta opp i 2003 og vart lagt inn under realfagssatsinga. Vitensenterprogrammet er ført vidare for perioden 2010–14 som del av den nye realfagsstrategien Realfag for framtida. Arbeidet med utvikling av sentra og forvaltninga av tilskottet er lagt til Noregs forskingsråd.

I 2009 fekk åtte regionale vitensenter statleg støtte. Besøkstala auka med vel 100 000 til 520 000 besøkande i 2008. I 2009 auka talet til 597 300 besøkande. Dette utgjer meir enn ei dobling frå 2003, da talet på besøkjarar var 225 000.

Den statlege finansieringa utgjer ein del av den samle finansieringa av arbeidet til vitensentra. I 2009 var denne delen på om lag 20 pst. Også privat næringsliv og kommunar og fylkeskommunar mederkar, medan den største delen midlar er eigne inntekter frå verksemda ved sentra.

Budsjettforslag for 2011

Kunnskapsdepartementet har gått gjennom ordninga, slik det var varsla i Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å flytte det statlege tilskottet til vitensentra frå kap. 226 post 21 til ein egen tilskottspost på same kapittel. Departementet tek sikte på å utarbeide retningslinjer for tilskottet med verknad frå 1. januar 2011.

Kunnskapsdepartementet foreslår på denne bakgrunnen at det blir løyvd om lag 23 mill. kroner på posten i 2011, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21. Dette inneber at tilskottet blir ført vidare på same nivå som året før.

Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

60

Tilskott til Moskvaskolen

1 287

1 328

1 300

62

Tilskott til Fjellheimen leirskole

4 896

5 053

5 205

70

Tilskott til Den franske skolen i Oslo

5 200

6 266

6 460

71

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

20 988

21 660

22 331

72

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

26 470

27 317

28 164

73

Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia

1 531

3 616

2 579

Sum kap. 227

60 372

65 240

66 039

Kap. 227 omfattar tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønskjer å støtte fordi verksemda ved skolane dekkjer viktige behov.

Post 60 Tilskott til Moskvaskolen

Målet med tilskottsordninga er å gi elevar frå Noreg med kompetanse i russisk høve til å ta Vg3 ved Moskvaskolen. Tilskottet skal nyttast til å dekkje pliktene til Akershus fylkeskommune i høve til avtalen med Det statlege russiske vitskapsakademiet om driftsstønad til Moskvaskolen.

I skoleåret 2009–10 var det ingen elevar frå Noreg som tok Vg3 ved Moskvaskolen. Dette skyldast svingingar i etterspurnaden frå elevar frå Noreg etter skoleplassar ved skolen. Tala har i dei siste åra svinga frå null til elleve elevar, og dette er første året utan norske elevar. Tilskottet skal nyttast til å dekkje pliktene til Akershus fylkeskommune i høve til samarbeidsavtalen, irekna administrasjon, utstyr og pedagogisk personale, og blir derfor ikkje rekna ut frå elevtal og satsar per elev.

Kunnskapsdepartementet viser til merknad frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst. 12 S (2009–2010) vedrørande støtte til Murmansk-skolen. Støtta til Murmansk-skolen er ført vidare også i 2010, løyvd over kap. 226 post 21.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å løyve 1,3 mill. kroner på posten i 2011.

Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller med lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole.

Talet på deltakarar ved Fjellheimen leirskole i 2009 var totalt 1 012 personar. Ordinga vart evaluert av Utdanningsdirektoratet i 2008, og med bakgrunn i denne har departementet revidert retningslinjene for tilskottet. Mellom anna er modellen for utbetaling av tilskottet endra. Det er og opna for at tilskottet kan nyttast til alle kostnader ved drift av leirskolen, inkludert kapitalkostnader.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 70 Tilskott til Den franske skolen i Oslo

Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike i eige land legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg. Målet med tilskottsordninga er å styrkje samarbeidet med Frankrike, og å styrkje stillinga til det franske språket i Noreg.

I skoleåret 2009–10 hadde Den franske skolen i Oslo 263 elevar på barnetrinnet, 160 elevar på ungdomstrinnet og 53 elevar i vidaregåande opplæring, totalt 476 elevar. Dette ligg på same nivå som i skoleåret 2008–09, etter ein auke frå skoleåret 2007–08 på 29 elevar. I 2009 og 2010 er det til saman ni lærlingar frå Noreg som får opplæring innanfor restaurant- og matfaget i Frankrike.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

Målet med tilskottsordninga er å medverke til drifta av internatet ved Krokeide vidaregåande skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen, slik at vaksne som treng eit særskilt opplegg under skolegangen, kan få eit tilfredsstillande tilbod som kvalifiserer dei for arbeidslivet.

I 2009 var det totalt 159 elevar ved internatet, 77 elevar om våren og 82 elevar om hausten. Våren 2010 var det totalt 93 elevar ved internatet, ein auke på 19 elevar i høve til våren 2009.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC) er ein av ti UWC-skolar på fem kontinent. Skolen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen. Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering av Røde Kors Nordisk United World College, slik at dei nordiske landa kan halde fram med å ha ein UWC-skole plassert i Noreg. I ei stadig meir globalisert verd er det viktig å leggje til rette for auka forståing mellom folk frå ulike land.

Skoleåret 2009–10 hadde RKNUWC 200 elevar frå 84 land. 30 pst. av elevane kom frå nordiske land, fire pst. frå Nord-Amerika, ti pst. frå Vest-Europa, ti pst. frå Afrika, 24 pst. frå Asia, elleve pst. frå Aust- og Sentral-Europa og elleve pst. frå Latin-Amerika.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 73 Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at misjonærbarn frå Noreg i Kenya og Etiopia kan få god undervisning lokalt i staden for å måtte bu på skoleinternat langt frå foreldra. Tilskottet skal bidra til at misjonærskolane i Kenya og Etiopia skal kunne drive desentralisert undervisning for barneskoleelevar og ha ei samarbeidsordning med internasjonale skolar for ungdomsskoleelevar. Misjonærskolane er eigde av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Hausten 2009 fekk seks elevar på barnetrinnet og fem elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Etiopia. I same periode fekk tre elevar på barnetrinnet og ein elev på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Kenya. Våren 2010 fekk seks elevar på barnetrinnet og fem elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Etiopia. I Kenya fekk tre elevar på barnetrinnet og ein elev på ungdomstrinnet undervisning lokalt i same periode.

Budsjettforslag for 2011

Norsk Luthersk Misjonssamband har oppgitt at løyvinga i 2009 var for høg, og løyvinga vart justert ned i tråd med dette, jf. Innst. 36 S (2009–2010) og Prop. 36 S (2009–2010). Departementet foreslår på denne bakgrunnen å redusere løyvinga med om lag 1,1 mill. kroner i 2011.

Kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

70

Private grunnskolar, overslagsløyving

1 000 724

1 110 758

1 227 842

71

Private vidaregåande skolar, overslagsløyving

1 024 421

1 169 222

1 258 350

72

Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

177 653

201 822

196 086

73

Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

73 996

78 123

79 818

74

Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

18 802

20 155

22 141

75

Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

155 768

160 297

178 883

76

Andre private skolar, overslagsløyving

36 846

35 684

40 875

77

Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

1 976

9 858

10 799

78

Kompletterande undervisning, overslagsløyving

31 907

25 542

26 334

79

Toppidrett

14 272

24 796

25 565

80

Privatskoleorganisasjonar

609

609

628

81

Elevutveksling til utlandet

1 566

1 566

1 615

Sum kap. 228

2 538 540

2 838 432

3 068 936

Private skolar som er godkjende etter § 2-1 i privatskolelova og § 17 i kap. 4 i vaksenopplæringslova, har rett til tilskott og til å drive verksemd etter føresegnene i lova. I tillegg blir det gitt tilskott til kompletterande undervisning, jf. privatskolelova § 6-4. I tillegg til tilskott som blir gitt i samsvar med privatskolelova og vaksenopplæringslova, blir det over kapitlet gitt tilskott til den tyske skolen i Oslo, toppidrett, privatskoleorganisasjonar og til elevutveksling i utlandet.

Tabellen under viser korleis talet på elevar og private skolar som mottek tilskott, har endra seg frå skoleåret 2007–08 til skoleåret 2009–10. For grunnskolen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skole gjeld gjennomsnitt av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.3 Private skolar, tal på skolar og elevar

Skoletype

Skolar

Elevar

 

2007–08

2008–09

2009–10

2007–08

2008–09

2009–10

Skolar for funksjonshemma elevar

10

10

10

479

499

509

Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 6A

46

42

41

2 498

2 210

2 277

Andre private skolar1

-

-

2

-

-

166

Vidaregåande skolar

79

75

76

11 388

11 486

11 750

Grunnskolar

148

145

147

13 852

13 995

14 387

Grunnskolar i utlandet

16

14

14

690

776

836

Vidaregåande skolar i utlandet

6

6

6

198

189

189

Sum

305

292

296

29 105

29 155

30 114

1Desse skolane fekk tilskott per elev frå og med budsjettåret 2010.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Hausten 2009 gjekk 2,3 pst. av grunnskoleelevane i private skolar. Dette er same nivå som hausten 2008. Hausten 2009 gjekk seks pst. av elevane på vidaregåande nivå i private skolar. Hausten 2008 utgjorde talet til samanlikning 6,2 pst.

Tilskottssatsar

Satsane for tilskott til dei fleste private skolar byggjer på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. privatskolelova kap. 6. Satsane for 2011 blir rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk til skole i 2009, rapportert gjennom KOSTRA. Tilskottsgrunnlaget er korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal med i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførte kommunesektoren og ikkje dei private skolane. Satsane blir justerte for ein venta pris- og lønnsauke fram til og med 2011. Nærmare informasjon om utrekningsmåten ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.

Gjennomgang av systemet for finansiering av internasjonale skolar

Kunnskapsdepartementet har hatt ein gjennomgang av systemet for finansiering av internasjonale skolar, som ei oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 297, 27. april 2009 i Innst. S. nr. 202 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning:

«Stortinget ber Regjeringen foreta en gjennomgang av systemet for finansiering av internasjonale skoler som inkluderer både tilskuddsordningen og ordning for finansiering gjennom Lånekassen, for å se om dagens ordninger er formålstjenlige.»

Utdanningsdirektoratet har innhenta dokumentasjon på dei utgiftene skolane har knytt til internasjonal sertifisering og kontroll, rekruttering av internasjonale lærarar og pålagde fagkurs, det vil seie utgifter som kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen la særleg vekt på i innstillinga. Dokumentasjonen viser at desse kostnadene er marginale sett i høve til inntektsgrunnlaget (statstilskott og skolepengar) til skolane. Til dømes utgjer kostnader til sertifisering og kontroll i gjennomsnitt om lag 0,6 pst. av inntektsgrunnlaget eller 61 306 kroner per skole.

Når det gjeld kostnader til rekruttering og kurs, ligg dei kostnadene som offentlege skolar har på dette området, inne i KOSTRA. KOSTRA gir grunnlag for tilskott og nivå på skolepengar. Dette inneber at desse utgiftene delvis er finansierte gjennom statstilskottet og skolepengane.

På bakgrunn av gjennomgangen tilrår Kunnskapsdepartementet at tilskottsordninga ikkje blir endra.

Elevar ved internasjonale skolar som tek utdanning som er godkjend etter privatskolelova, har rett til utdanningsstøtte frå Lånekassen etter dei same reglane som gjeld for elevar ved offentlege vidaregåande skolar. Støtteordninga er bygd opp av stipend til naudsynt utstyr til opplæringa, eit grunnstipend som er behovsprøvd mot økonomien til forsørgjarane, og eit bustipend som blir gitt til elevar som må flytte heimafrå på grunn av lang avstand til skolen. Det kan òg bli gitt reisestipend til tre reiser heim kvart skoleår, og eit eige forsørgjarstipend til elevar med barn. Desse elevane kan òg få eit lån som blir behovsprøvd mot økonomien til forsørgjarane. Dersom eleven betaler skolepengar, kan han eller ho få lån for å dekkje desse. Kunnskapsdepartementet har ikkje funne grunn til å endre på desse reglane.

Post 70 Private grunnskolar, overslagsløyving

Private grunnskolar som er godkjende etter privatskolelova, får tilskott med 85 pst. av tilskottssatsen.

Kunnskapsdepartementet hadde i 2010 ein gjennomgang av modellen for utrekning av tilskott til private grunnskolar. Gjennomgangen vart gjort i samarbeid med privatskoleorganisasjonane. Konklusjonen frå gjennomgangen av tilskottsmodellen var at det finst modellar som betre kan fange opp kostnadsstrukturen i den offentlege skolen, og at regjeringa ville vurdere dette nærmare, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet.

Kunnskapsdepartementet har utforma ein ny modell for utrekning av satsar til private grunnskolar. Den nye modellen reknar ut satsar ved hjelp av ein regresjonsmodell som tek omsyn til kostnadsnivået i alle kommunane i landet, i motsetning til dagens modell, som baserer seg på data frå eit utval av kommunar. Slik blir kostnadsstrukturen i den offentlege skolen fanga opp på ein betre måte, og modellen blir mindre sårbar for feilføringar og endringar i KOSTRA. Departementet foreslår at ein ny modell blir innført frå og med budsjettet for 2011. Forslaget til løyving er basert på utrekningar etter den nye modellen. Alle private grunnskolar får auka tilskott som følgje av omlegginga av modellen. Forslaget er siste del av oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 545, 14. juni 2007 i Innst. O. nr. 88 (2006–2007), jf. Ot.prp. nr. 37 (2006–2007):

«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om tilskuddsordningene når gjennomgangen av utregningsmodellen er gjennomført.»

Budsjettforslag for 2011

I budsjettet for 2010 vart det løyvd midlar til å auke undervisningstimetalet frå 1. til 7. trinn med éin veketime frå hausten 2010 og å innføre åtte timar gratis leksehjelp frå 1. til 4. trinn. Departementet foreslår at heilårseffekten av desse tiltaka blir lagd inn i budsjettet for 2011. Den nye tilskottsmodellen inneber at løyvinga til dei private grunnskolane blir styrkt med 42,8 mill. kroner. På bakgrunn av ny tilskottsmodell, oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2011 foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 117 mill. kroner.

Post 71 Private vidaregåande skolar, overslagsløyving

Dei private vidaregåande skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. Posten omfattar eit årleg tilskott til Kongshaug Musikkgymnas som kjem i tillegg til det skolen får etter privatskolelova, jf. St.prp. nr. 1 (2003–2004) for Utdannings- og forskingsdepartementet. I 2011 vil skolen få 3,1 mill. kroner i særskilt tilskott.

Budsjettforslag for 2011

På bakgrunn av oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2011 foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 89,1 mill. kroner.

Post 72 Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

Vaksenopplæringslova kap. 4 tro i kraft 1. juli 2010 samtidig som kap. 6A i privatskolelova vart oppheva. Skolar som 30. juni 2010 var godkjende og i drift etter kap. 6A i privatskolelova, vart flytte over til kap. 4 i vaksenopplæringslova.

Vaksenopplæringslova slår fast at satsane for tilskott til desse skolane framleis skal reknast ut frå tilskottsgrunnlaget, som tilsvarer kostnader per elev i offentleg skole. Satsane til desse skolane er knytte til tre av satsane for private vidaregåande skolar. Unntak frå dette er Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, og musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova får 75 pst. av tilskottssatsane.

Følgjande skolar låg i budsjettet for 2010 under kap. 6A i privatskolelova, men fekk godkjenning etter fagskolelova i løpet av 2010: Designinstituttet, Fagskolen for bok og papir, Kunstskolen i Rogaland og Regnbuen bibelskole. Tilskottet til desse skolane er foreslått flytt til kap. 276 Fagskoleutdanning.

Budsjettforslag for 2011

På bakgrunn av at fire tidlegare 6A-skolar har fått godkjenning etter fagskolelova, oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2011 foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med om lag 5,7 mill. kroner til om lag 196,1 mill. kroner.

Post 73 Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

Forvaltninga av ordninga vart overført frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus til Utdanningsdirektoratet f.o.m. 1. januar 2010. Skolane får tilskott etter same grunnlag som private grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Satsane til desse skolane blir påverka av den nye modellen for utrekning av satsar til private grunnskolar som blir foreslått innført frå og med budsjettet 2011, jf. omtale under post 70.

Budsjettforslag for 2011

I budsjettet for 2010 vart det løyvd midlar til å auke undervisningstimetalet frå 1. til 7. trinn med éin veketime frå hausten 2010 og å innføre åtte timar gratis leksehjelp frå 1. til 4. trinn. Departementet foreslår at heilårseffekten av desse tiltaka blir lagd inn i budsjettet for 2011. På bakgrunn av ny tilskottsmodell, oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2011 foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,7 mill. kroner til om lag 79,8 mill. kroner.

Post 74 Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

Forvaltninga av ordninga vart overført frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus til Utdanningsdirektoratet f.o.m. 1. januar 2010. Norske private vidaregåande skolar i utlandet får statstilskott med 85 pst. av same grunnlag som for elevar i private vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift.

Budsjettforslag for 2011

På bakgrunn av oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2011 foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 2 mill. kroner til om lag 22,1 mill. kroner.

Post 75 Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar blir driftsutgifter dekte 100 pst. ved statstilskott etter ein normalsats per elev, jf. privatskolelova § 6-1 fjerde ledd. Skolane får i tillegg statstilskott til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Departementet har med verknad frå 1. august 2010 fastsett forskriftsføresegner for tilskottsordninga for desse skolane. Blant anna er det innført krav til dokumentasjon av funksjonshemminga til eleven. Det er ikkje gjort endringar i satsane til desse skolane.

Budsjettforslag for 2011

På bakgrunn av oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2011 foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 18,6 mill. kroner til 178,9 mill. kroner.

Post 76 Andre private skolar, overslagsløyving

Posten omfattar tilskott til Sørlandets Maritime Videregående skole (M/S Sjøkurs) og Rogaland videregående sjøaspirantskole (M/S Gann). Skolane får tilskott per elev etter sats for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon (TIP). Skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. I tillegg får desse skolane eit fast tilskott som blir prisjustert kvart år.

Budsjettforslag for 2011

M/S Sjøkurs og M/S Gann har hatt ein auke i utgiftene til skoledrift i dei seinare åra. Årsaka til auken er blant anna innkjøp av nye båtar som gir større utgifter til mannskap med meir. På bakgrunn av auka utgifter til drift foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 4 mill. kroner i 2011, fordelte på 1,5 mill. kroner til M/S Sjøkurs og 2,5 mill. kroner til M/S Gann. I tillegg foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,2 mill. kroner på bakgrunn av nye elevtalsprognosar og nye satsar for 2011. Samla foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 5,2 mill. kroner til 40,8 mill. kroner.

Post 77 Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

Ny avtale mellom Noreg og Tyskland om Den tyske skolen i Oslo vart godkjend av Stortinget 19. november 2009, jf. Innst. 43 S (2009–2010) og St.prp. nr. 92 (2008–2009). Utdanningsdirektoratet har hausten 2010 godkjent Den tyske skolen i høve til den nye avtalen, og tilskott etter ny avtale tro i kraft etter denne godkjenninga. Med den nye avtalen er tilskottet til Den tyske skolen i Oslo regelstyrt. Tilskottet blir rekna ut på same måte som tilskottet til private skolar som er godkjende etter privatskolelova, men med 54,4 pst. av tilskottssatsen. Satsane til grunnskoledelen av skolen blir påverka av den nye modellen for utrekning av satsar til private grunnskolar som blir foreslått innført frå og med budsjettet 2011, jf. omtale under post 70. Hausten 2009 var det 221 elevar ved Den tyske skolen i Oslo.

Budsjettforslag for 2011

På bakgrunn av ny tilskottsmodell, oppdatert elevtalsprognose og nye satsar for 2011 foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 0,9 mill. kroner til 10,8 mill. kroner.

Post 78 Kompletterande undervisning, overslagsløyving

Tilskottsordninga medverkar til finansiering av kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og religion, livssyn og etikk (RLE) for elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar. Forvaltninga av ordninga vart overført frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus til Utdanningsdirektoratet f.o.m. 1. januar 2010.

Hausten 2009 kom det inn 187 søknader. 133 søknader gjaldt foreldreundervisning og 40 gjaldt undervisning i grupper. Elevane held til i 46 ulike land. Det vart gitt 20 avslag i 2009. Vidare var seks søknader frå godkjende svenske og norske skolar, seks søknader var frå internasjonale skolar, og ein søknad var frå Globalskolen. Globalskolen er ein nettskole og har 924 elevar frå 96 forskjellige land.

Tilskottsordninga vart evaluert i 2006. Ein av konklusjonane var at det er vanskeleg å dokumentere at elevar som får opplæring i regi av foreldre eller i gruppeundervisning, får opplæring av tilfredsstillande kvalitet, og at midlane blir brukte etter intensjonen. På denne bakgrunnen vart tilskottsordninga lagt om frå og med skoleåret 2010–11 slik at berre verksemder (internasjonale og utanlandske skolar og nettskolar) kan få tilskott, jf. St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 og Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet. Det er innført ei overgangsordning for foreldre- og gruppeundervisning, det vil seie at tilskottet til slik undervisning blir redusert med ein tredel kvart skoleår i tre år frå og med hausten 2010, slik at tilskottet er heilt avvikla frå og med skoleåret 2012–13.

Kunnskapsdepartementet legg til grunn at fleire elevar vil velje nettskole når tilskottet til foreldre- og gruppeundervisning blir redusert.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 79 Toppidrett

Målet med tilskottet er å mederke til at dei skolane som er omfatta av ordninga, kan leggje betre til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Ordninga gjeld skolar som i tillegg til godkjenninga etter privatskolelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar følgjande skolar: NTG i Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Wang i Oslo, Moss og Stavanger, og Telemark toppidrettsgymnas. Det blir gitt eit fast tilskott til kvar av desse skolane. Det er ein føresetnad at skolane har elevar på tilbodet om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir fleire godkjende skolar med tilbod om slik opplæring, og som samtidig blir godkjende av NIF, vil dei ikkje automatisk bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskott.

Ordninga vart lagd om i budsjettet for 2010, frå eit tilskott per elev til NTG og Wang, avgrensa oppover til 815 elevar, til eit tilskott per skole. Omlegginga inkluderte fleire skolar i ordninga, og løyvinga på posten vart styrkt med 10 mill. kroner. Hausten 2009 var siste halvår med toppidrettstilskott for talet på elevar avgrensa til maksimalt 815 elevar. Denne hausten vart det gitt tilskott for 807,7 elevar i høve til elevteljing.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 80 Privatskoleorganisasjonar

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at privatskoleorganisasjonane kan drive samordningsoppgåver for medlemsskolane sine. Tilskott blir gitt til privatskoleorganisasjonar med medlemsskolar som er godkjende etter privatskolelova. I 2010 fekk fem organisasjonar tilskott ut frå at dei til saman hadde 232 godkjende medlemsskolar.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som i 2010.

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Statstilskott etter privatskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Denne tilskottsordninga gjeld for utveksling til utlandet for elevar i private vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Skolane kan søkje om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske private vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Følgjande private vidaregåande skolar er godkjende for å kunne bli tildelte slikt tilskott: Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad. I 2009 fekk kvar av skolane eit basistilskott på 100 000 kroner. Resten av tilskottsmidlane vart fordelt etter talet på elevar innanfor ordninga.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som i 2010.

Kap. 229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

20 499

21 190

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 000

1 022

70

Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar

13 033

Sum kap. 229

13 033

21 499

22 212

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten går til drift av Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar (Vea). Skolen har tre ulike fagskoletilbod: eittårig botanisk design, toårig grøn fagskole samt park og hagedrift, som er eit treårig nettstøtta deltidsstudium. Skolen kan framleis gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3229 post 61. I tillegg gir skolen tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.

Mål for 2011

Skolen er i ein omstillingsfase, og det er viktig å halde fram arbeidet med å utvikle ein fagskole med godt fagleg tilbod.

Kompetanseutviklingsprogrammet for dei tilsette som starta hausten 2005 med sikte på fagskoleutdanning, skal halde fram.

Skolen skal i 2011 arbeide for å auke studenttalet gjennom fleksible og tilpassa studieopplegg. Skolen skal også utvikle fagleg samarbeid med nasjonale og internasjonale miljø.

Rapport for 2009

Skolen hadde i skoleåret 2008–09 ni studentar på heiltidstilbod på fagskolenivå, mens det i skoleåret 2009–10 var fire heiltidsstudentar. For skoleåret 2008–09 var det 19 studentar som deltok på deltidstilbod på fagskolenivå, for skoleåret 2009–10 var det 23 studentar som deltok på deltidstilbod på fagskolenivå.

Skolen hadde ti elevar på vidaregåande nivå i skoleåret 2008–09, mens det i skoleåret 2009–10 var tolv elevar på vidaregåande nivå.

Når det gjeld vaksenopplæring, var det 29 deltidsstudentar og 15 heiltidsstudentar som deltok i skoleåret 2008–09, mens tilsvarande tal for skoleåret 2009–10 vart 38 deltidsstudentar og ni heiltidsstudentar.

I skoleåret 2008–09 vart det gjennomført to modular innanfor fagskoleutdanninga Grønn fagskole med til saman 15 studentar på deltid. I skoleåret 2009–10 var det gjennomført ein modul innanfor fagskoleutdanninga Grønn fagskole med til saman ni studentar.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga gjeld større utstyrsinnkjøp og vedlikehald ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar (Vea).

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Kap. 3229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

02

Salsinntekter o.a.

1 440

1 485

61

Refusjon frå fylkeskommunar

946

974

Sum kap. 3229

2 386

2 459

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar.

Kap. 230 Kompetansesenter for spesialundervisning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

641 234

626 360

639 433

21

Særskilde driftsutgifter

61 711

51 396

52 989

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

7 468

7 670

7 839

Sum kap. 230

710 413

685 426

700 261

Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped) er eit nettverk av spesialpedagogiske senter under Utdanningsdirektoratet. Statped skal mederke til at barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov får ei god og tilrettelagd opplæring og eit tilfredsstillande læringsutbytte som fører til meistring. I tillegg skal Statped utvikle kompetanse og formidle kunnskap om spesialundervisning og likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring til brukarar og fagmiljø.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga gjeld

  • drift av Statped med 13 statlege kompetansesenter og kjøp av tenester frå to private institusjonar, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige

  • Utdanningsdirektoratets råd for inkluderande opplæring

  • midlar som vil bli sette av på kapitlet til oppfølginga av NOU 2009: 18 Rett til læring (Midtlyngutvalet). prosjektretta støtte til organisasjonar for funksjonshemma

  • utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for European Agency for Development in Special Needs Education, internasjonalt samarbeid m.m.

  • utvikling, produksjon og distribusjon av spesialpedagogiske læremiddel

Mål for 2011

Statped skal arbeide mot følgjande mål i 2011:

  • å yte spesialpedagogiske tenester av god kvalitet til rett tid på individ- og systemnivå, på område der ein ikkje kan forvente at kommunane har kompetanse

  • å sikre skole- og miljøtilbod for hørselshemma elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring etter avtale med oppdragsgivar

  • å syte for mest mogleg lik tilgang på tenester i alle landsdelar

  • å utvikle høg spesialpedagogisk kompetanse og formidle dokumentert kunnskap

Utvalet for betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov (Midtlyngutvalet) leverte 2. juli 2009 NOU 2009: 18 Rett til læring. Rapporten vart send ut til høring hausten 2009. Utvalet har hatt eit omfattande mandat, og har blant anna gjort ein gjennomgang av kva plass spesialundervisninga har i norsk skole. Utvalet har vurdert i kor stor grad vi har eit system som sikrar tidleg intervensjon for barn, unge og vaksne med særskilde behov, og har komme med fleire forslag til tiltak som skal sikre tidleg innsats og livslang læring for denne gruppa. Departementet vil komme tilbake til korleis rapporten skal følgjast opp, i ei stortingsmelding i løpet av 2011.

Statped består i dag av 13 verksemder som er spreidde på enda fleire plassar. Midtlyngutvalet foreslo at Statped skulle samlast i fire regionsenter (Nord, Vest, Midt og Søraust), og at desse sentra skulle vere fleirfaglege. Departementet er einig i at det er naudsynt å få større og færre einingar i Statped. Det er framfor alt viktig for at kompetansen i Statped skal bli utnytta og utvikla vidare på best mogleg vis. Barn, unge og vaksne som brukar Statpeds tenester har oftast komplekse vanskar som det trengst samansett kompetanse for å møte. Det er derfor uheldig at kvart senter arbeider med delar av problemstillingar som bør sjåast som eit heile. Brukarane treng koordinerte tenester med breitt samansett kompetanse. Fleirfaglege regionsenter vil kunne leggje til rette for at Statpeds tenester blir best mogleg tilpassa behova til brukarane. Samtidig må den nye strukturen syte for at spisskompetansen i Statpedsystemet blir teke vare på.

Statpeds verksemder skal derfor organiserast som regionsenter som er fleirfaglege. Det vil gjere det mogleg for leiinga av regionsentra å styrkje heilskapen i kompetansen og tenestetilbodet slik at sentra kan utviklast og gi best moglege tenester til brukarane. Det er viktig at kompetansen og behova i ein region blir sette under eitt, slik at kompetansen i Statped blir utnytta på best mogleg vis. Det kan vere aktuelt med ulike løysingar for ulike regionar, og det kan bli naudsynt å leggje opp til å gjennomføre endringar i ulike fasar. Kompetansesentra Møller og Trøndelag er i gang med ei samanslåing etter eige initiativ. Kunnskapsdepartementet vil komme tilbake til konkrete løysingar for ei slik samorganisering i stortingsmeldinga som blir lagd fram i 2011.

Rapport for 2009

Statped har utført oppdraget sitt med ein tenesteprofil forankra i dei to hovudområda tenesteyting og utvikling av kompetanse og formidling av kunnskap.

Statped har hatt føringar om å prioritere områda tidleg innsats, betre gjennomføring i vidaregåande opplæring, kompetanseutvikling i PP-tenesta, forskingsbasert kunnskap, samt utvikling av Statped som eit nasjonalt nettverk og som ein meir synleg aktør i opplæringssektoren.

Verksemda til Statped har omfatta både individ- og systemretta arbeid. Tenesteytinga har hatt søkjelyset retta mot å fremme inkluderande opplæring og god spesialpedagogisk praksis.

Kommunane har ansvaret for å utarbeide individuelle planar for brukarar med behov for langvarige og omfattande tenester frå fleire instansar, og Statped har teke del i dette arbeidet omkring fleire brukarar. På fleire område har verksemdene i Statped eit nært samarbeid med spesialisthelsetenesta. I dette samarbeidet er det framleis utfordringar når det gjeld avklaringar av ansvarsforhold og tenesteyting.

Fleire av sentra melder om søknader om tenester til nye brukargrupper, og at det er ei utfordring med prioriteringar av innsatsen og utvikling av samhandlingsformer i høve til ansvarsområda til andre tenesteytarar.

Tenesteproduksjonen i Statped har hatt om lag same profil i 2009 som året før. Tabellen under viser prosentvis fordeling av ressursar i dei siste åra, fordelt på ulike vanskeområde.

Tabell 4.4 Ressursinnsatsen frå Statped på dei ulike vanskeområda (i pst.)

2007

2008

2009

Syn

17,0

18,6

18,4

Hørsel (inkludert skoledrift/internat for hørselshemma og døvblinde)

44,7

44,1

44,7

Språk- og talevanskar

11,4

10,8

11,8

Samansette lærevanskar og åtferdsvanskar

18,2

17,7

16,4

Spesialpedagogiske tenester i Nord-Noreg (inkludert samisk spesialpedagogisk stønad)1

8,4

8,5

8,4

Fellestiltak / andre tiltak

0,3

0,3

0,3

Sum

100,0

100,0

100,0

1 Nord-Noreg mottek i tillegg tenester frå kompetansesentra andre stader i landet.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Tabellen under viser prosentvis fordeling av ressursar i dei siste åra, fordelt på ulike typar tenester.

Tabell 4.5 Ressursinnsatsen frå Statped på dei ulike typane tenester (i pst.)

2007

2008

2009

Opplæring heiltid (over tolv veker) og deltid (under tolv veker)

18

19

20

Bu- og fritidstilbod

5

7

7

Utgreiingar

14

11

12

Rådgiving, konsultasjon

15

14

14

Kurs og kunnskaps-/informasjonsspreiing

21

27

24

FoU/kompetanseutvikling

13

11

11

Læremiddelarbeid/-produksjon

6

5

6

Anna

8

6

6

Sum

100,0

100,0

100,0

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Tilbakemeldingar frå dei einskilde kompetansesentra viser at kommunar, brukarar og foreldre gir gode tilbakemeldingar på tenestene frå sentra, det vil primært seie tenester innanfor områda rettleiing i barnehagar og skolar, observasjonar/utgreiingar, kurs for brukarar, foreldre/føresette og fagpersonar og skole- og miljøtilbod for hørselshemma. Det vil bli arbeidd vidare med utvikling av eit felles system for evaluering av tenester frå verksemdene i Statped. Det er òg under innføring eit nytt fagsystem for tenesteregistrering og rapportering.

Dei fleste hørselshemma elevane får opplæringstilbod i bustadkommunen/heimfylket. Ved kompetansesentra for hørselshemma var det ved utgangen av 2009 87 elevar som fekk opplæring på heiltid på grunnskoleområdet, og 63 innanfor vidaregåande opplæring. Deltidsopplæring (under tolv veker) omfatta 194 grunnskoleelevar og tolv elevar i vidaregåande opplæring. Kompetansesentra har samarbeidd med kommunane om tilrettelegging av opplæringa og drive deltidstilbod, elevkurs, rettleiing og nettverksarbeid samt kurs for foreldre og fagpersonar. Opplæringa til foreldra omfattar særleg programma Se mitt språk og Hør mitt språk, og mange foreldre får òg opplæring i bruk av norsk med støtte i teikn og teikn til tale.

Det er vorte starta opp eit arbeid med utgreiing av ei mogleg samordning av opplæringa for foreldra til synshemma barn, hørselshemma barn, og foreldra til barn som treng Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).

Som ei forsøksordning vil opplæringa for foreldre til hørselshemma barn frå skoleåret 2010–11 bli opna for andre foreldre dersom dei vil ha nytte av kursa.

Det arbeidet Statped gjer med tenester, kompetanseutvikling og formidling av kunnskap om tidleg språkutvikling for barn som har forseinka eller avvikande språkutvikling, er ført vidare. Det same gjeld tenester og kompetansetiltak knytte til matematikkvanskar, minoritetsspråklege, multifunksjonshemma og erverva hjerneskadar.

Utvikling, produksjon og distribusjon av særskilt til rettelagde læremiddel er ført vidare i regi av Statped. Det er framleis læremiddel for synshemma og hørselshemma elevar som har det største omfanget. Produksjonen har også i 2009 vore lågare enn etterspurnaden. For dei same elevgruppene har Statped medverka i tilrettelegginga av eksamensoppgåver og nasjonale prøver.

Arbeidet med programma Positiv atferd, støttende læringsmiljø og samhandling i skolen (PALS) og Læringsmiljø og pedagogisk analyse (LP-modellen) er ført vidare.

Statped deltek i forskingsarbeid; dette skjer etter avtalefesta samarbeid med universitet og høgskolar både nasjonalt og internasjonalt. Statped er òg bidragsytar i samband med utdanningstilbod på universiteta og høgskolane innanfor det spesialpedagogiske området. Etter oppdrag er fleire av Statpeds kompetansesenter engasjerte i internasjonale bistandsprosjekt.

Verksemdene i Statped har på oppdrag teke del i arbeidet med oppfølginga av rapporten NOU 2009: 18 Rett til læring frå Utvalet for betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov (Midtlyngutvalet).

Budsjettforslag for 2011

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet utarbeida i 2010 nye retningslinjer for finansiering av oppgåver delegert til fylkesmannsembeta. Det blir derfor foreslått å flytte 10,2 mill. kroner til oppfølging av spesialundervisning og tilpassa opplæring frå kap. 230 post 01, til kap. 1510 post 01 på budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Vidare foreslår departementet å flytte lønsmidlar tilsvarande ei stilling frå kap. 230 post 01 til kap. 220 post 01. Departementet foreslår ei løyving på kapitlet på om lag 700 mill. kroner i 2011.

Kap. 3230 Kompetansesenter for spesialundervisning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Inntekter frå oppdrag

61 696

51 396

52 989

02

Salsinntekter o.a.

16 370

13 165

13 573

Sum kap. 3230

78 066

64 561

66 562

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som kompetansesentra utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m.

Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs (kursmateriell, deltakarbetaling og opphaldsutgifter i samband med kurs).

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

231

Barnehagar

24 059 179

26 827 222

536 664

-98,0

Sum kategori 07.30

24 059 179

26 827 222

536 664

-98,0

Til og med 2010 er barnehagane i all hovudsak finansierte gjennom statleg tilskott løyvd over programkategori 07.30, frie midlar til kommunane og foreldrebetaling. I samband med behandlinga av kommuneproposisjonen for 2011 slutta Stortinget seg til forslaget frå regjeringa om å innlemme hovuddelen av dei statlege tilskotta til barnehagar i rammetilskottet til kommunane, jf. Innst. 345 S (2009–2010) og Prop. 124 S (2009–2010). Dette utgjer 28,1 mrd. kroner i 2011.

Innleiing

Målet til regjeringa er eit tilgjengeleg barnehagetilbod av høg kvalitet, og som gjennom tidleg innsats medverkar til sosial utjamning og livslang læring. Tidleg innsats inneber både eit godt pedagogisk tilbod frå barna er små, og at problem blir avdekte og tiltak sette inn tidleg i utdanningsløpet. I stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen har regjeringa gjort greie for sine ambisjonar for å sikre eit barnehagetilbod av høg kvalitet til alle barn, jf. St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen.

Når sektoren blir rammefinansiert frå 2011, vil kommunen som barnehagemyndigheit få eit større ansvar for barnehagane. For å sikre eit likeverdig tilbod av høg kvalitet i alle barnehagar må kommunane medverke med nok ressursar til barnehagesektoren. Departementet vil følgje utviklinga i kommunane nøye.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for høg og likeverdig kvalitet i både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar, og vil sikre dei ikkje-kommunale barnehagane gode og stabile rammevilkår i ein rammefinansiert sektor.

Hovudprioriteringar for 2011

Hovudmåla til regjeringa er likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, at alle barnehagar skal vere ein god læringsarena, og at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap.

Regjeringa vil føre vidare den sterke statlege satsinga på barnehagar sjølv om målet om full barnehagedekning er nådd og kommunane tek over finansieringsansvaret for barnehagane frå 2011. Totalt er det foreslått å auke løyvingane til barnehageformål med 454 mill. kroner i 2011.

Kunnskapsdepartementet vil styrkje kvaliteten i barnehagane, og foreslår å auke løyvinga med 25 mill. kroner til kvalitetsfremmande tiltak i barnehagesektoren.

Kompetansen til dei tilsette er avgjerande for kvaliteten på barnehagetilbodet. Mangel på pedagogar og låg formell kompetanse blant personalet i barnehagane krev vidare satsing på rekruttering av pedagogar og kompetanseheving for alle tilsette. Kunnskapsdepartementet ønskjer derfor å styrkje arbeidet med rekruttering og kompetanseheving. Budsjettforslaget for 2011 legg til rette for dette.

Ved overgang til rammefinansiering vil kommunen få meir ansvar som barnehagemyndigheit. Fylkesmannen sitt tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit vil vere viktig for å sikre kvaliteten på tilbodet. Kunnskapsdepartementet vil satse på kompetansetiltak for å utvikle kommunen som barnehagemyndigheit. Departementet vil òg auke kapasiteten hos fylkesmennene til å føre tilsyn med den lokale barnehagemyndigheita.

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 88 til 91 pst. frå 1. august 2011. Det er foreslått å løyve 92,5 mill. kroner til formålet i 2011. Dette vil leggje til rette for å jamne ut skilnadene i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Det er eit mål for regjeringa at alle barn skal få oppfylt sin lovfesta rett til barnehageplass. Departementet vil derfor føre vidare dei øyremerkte tilskotta til etablering av nye barnehageplassar, og foreslår å løyve 73 mill. kroner til utbygging av nye barnehageplassar i 2011.

Regjeringa vil at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare maksimalgrensa for foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2010. Det er foreslått å løyve 263,5 mill. kroner brutto til dette formålet i 2011.

Mål: Rett til barnehageplass blir innfridd

Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass frå 2009. Det overordna målet for regjeringa er at alle barn skal få oppfylt den lovfesta retten sin. Retten inneber at barn som har fylt eitt år innan 1. september, og som har søkt innan fristen for hovudopptaket, har rett til barnehageplass. Retten skal oppfyllast innan utgangen av august same året. Den individuelle retten er ei minimumsplikt for kommunane. Det er viktig at kommunane følgjer med på endringar i fødselstal, til- og fråflytting og andre faktorar som påverkar dimensjoneringa av barnehagetilbodet.

Tilstandsvurdering

I september 2010 rapporterte fylkesmennene at fire kommunar av ulike grunnar hadde særlege utfordringar og ikkje klarte å innfri retten til barnehageplass innan 1. september 2010. Dette omfattar til saman om lag 30 barn som må vente med oppstart i barnehagen til seinare på hausten. Departementet har bedt fylkesmennene om å gå i dialog med desse kommunane for å forsikre seg om at tiltak for å opprette dei naudsynte barnehageplassane blir sett i verk.

Ved utgangen av 2009 gjekk om lag 270 000 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. I tillegg gjekk om lag 6 950 barn i open barnehage. Barn under tre år utgjer no 36 pst. av alle barn i barnehage, mot 29 pst. i 2005.

Frå utgangen av 2005 og fram til utgangen av 2009 har nær 47 000 fleire barn fått plass i barnehage. Kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 58 500 nye heiltids barnehageplassar i same periode. Noko av kapasitetsauken i barnehagesektoren har i fleire år gått med til å auke opphaldstida til barn som allereie har plass i barnehage. Det har derfor vorte bygd fleire barnehageplassar enn det har komme nye barn i barnehagen, jf. omtale under rapport for 2009.

Tabell 4.6 Tal på barn i barnehage, auke i talet på barn i barnehage og barnehageplassar og gjennomsnittleg opphaldstid 2006–09

2006

2007

2008

2009

Tal på barn i barnehage

234 948

249 815

261 886

270 174

Auke i talet på barn i barnehage

11 447

14 867

12 071

8 288

Auke i talet på heiltids barnehageplassar

16 000

18 000

14 500

10 100

Dekningsgrad 1–5 år

80,4

84,3

87,2

88,5

Dekningsgrad 1–2 år

61,8

69,3

74,7

77,2

Dekningsgrad 3–5 år

92,8

94,5

95,6

96,2

Dekningsgrad 1 år

50,7

59,5

65,8

68,6

Dekningsgrad 2 år

72,8

79,3

83,6

85,9

Dekningsgrad 3 år

89,8

92,3

93,6

94,5

Dekningsgrad 4 år

93,8

95,3

96,4

96,9

Dekningsgrad 5 år

94,8

95,9

96,8

97,3

Gjennomsnittleg opphaldstid per veke

41,1

41,9

42,4

42,8

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Asplan Viak

I revidert nasjonalbudsjett for 2010 er det lagt løyvingsmessig til rette for at om lag 275 600 barn skal kunne ha eit barnehagetilbod ved utgangen av 2010, jf. Innst. 350 S (2009−2010) og Prop. 125 S (2009−2010). Det er 5 400 fleire barn enn ved utgangen av 2009. Behovet for nye barnehageplassar er estimert ut frå forventa folkeauke i alderen eitt til fem år i 2010 og forventa auke i etterspurnaden som følgje av at maksimalprisen er ført vidare på same nominelle nivå som i 2009.

Strategiar og tiltak

I samband med behandlinga av kommuneproposisjonen for 2011 slutta Stortinget seg til forslaget frå regjeringa om å innlemme hovuddelen av dei statlege tilskotta til barnehagar i rammetilskottet til kommunane, jf. Innst. 345 S (2009–2010) og Prop. 124 S (2009–2010). Følgjande tilskott vil bli innlemma i rammetilskottet til kommunane:

  • ordinært driftstilskott til barnehagar (kap. 231 post 60)

  • tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage (kap. 231 post 62)

  • skjønnsmidlar til barnehagar (kap. 231 post 65)

Totalt foreslår regjeringa å innlemme om lag 28 102 mill. kroner i rammetilskottet til kommunane. Midlane finansierer saman med foreldrebetalinga og dei frie inntektene til kommunane barnehageplassar for om lag 276 300 barn. Forslaget legg til rette for at kommunane skal kunne tilby plass til dei som har rett til det.

Regjeringa vil føre vidare investeringstilskottet og tilskottet til mellombelse lokale i 2011 for å leggje til rette for at kommunane skal kunne betre tilgangen på barnehageplassar.

Mål: Høg kvalitet

Det er tre mål for regjeringa si satsing på høg kvalitet i barnehagen: likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, at alle barnehagar skal vere ein god læringsarena, og at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap.

Likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar

Det er store variasjonar i barnehagesektoren i Noreg når det gjeld eigarskap, storleik, organisering og personale. Det er eit mål å jamne ut kvalitetsskilnader i barnehagetilbodet og å sikre eit likeverdig tilbod av høg kvalitet for alle barn.

Tilstandsvurdering

St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen, som vart behandla av Stortinget i 2010, jf. Innst. 162 S (2009–2010), gjer mellom anna greie for status for kvaliteten i barnehagane. Sjølv om det har vore ei høg utbygging av barnehageplassar i dei siste åra, ser det ikkje ut til at dette har gått utover kvaliteten i barnehagane generelt sett, jf. rapportar frå mellom anna NOVA og TNS Gallup i 2009. Mykje tyder likevel på at det er skilnader i kvaliteten mellom barnehagar, noko som gjer det naudsynt å følgje med på utviklinga.

Fleire undersøkingar som har vore gjennomførte dei siste åra (NOVA 2009, Rambøll Management 2008, Asplan Viak/Fafo 2008), viser at det er store variasjonar mellom kommunane i tilrettelegging for høg og likeverdig kvalitet i alle barnehagar. Riksrevisjonen sin forvaltningsrevisjon, jf. Dokument nr. 3:13 (2008–2009), og andre undersøkingar viser manglar ved tilsynet til fylkesmannen overfor kommunane og manglar i korleis kommunane handterer rolla som barnehagemyndigheit. Kompetansen i kommunane vil vere avgjerande for å sikre høg og likeverdig kvalitet i ein rammefinansiert sektor.

God styring av barnehagesektoren kan medverke til å redusere kvalitetsskilnadene mellom barnehagar i Noreg. Utviklinga i sektoren har gått raskare enn utviklinga i styrings- og forvaltningsapparatet i både staten og i kommunen. Kommunen som barnehagemyndigheit får ved overgang til rammefinansiering eit større ansvar for barnehagane. Kvalitetsskilnader mellom barnehagar kan i nokre tilfelle vere eit teikn på at regelverket blir tolka og praktisert ulikt. For å sikre eit likeverdig tenestetilbod med høg kvalitet i alle barnehagar har regjeringa i 2010 sett ned eit offentleg utval om styring av barnehagesektoren.

Riksrevisjonen sin rapport frå forvaltningsrevisjonen som vurderer om Kunnskapsdepartementet tek hand om det overordna nasjonale ansvaret for eit barnehagetilbod med høg kvalitet, vart behandla av Stortinget i desember 2009, jf. Innst. 72 S (2009–2010). Riksrevisjonen peiker på mange av dei same utfordringane i sektoren som òg vart omtalte i St.meld. nr. 41 (2008–2009). Dette gjeld mellom anna mangel på pedagogar i barnehagane, mangel på tid og ressursar til kompetansetiltak for dei tilsette og sviktande tilsyn med barnehagane.

Kostnadsanalysar utførte av Telemarksforskning og Fürst og Høverstad syner at ikkje-kommunale barnehagar har lågare kostnader enn kommunale barnehagar. Årsaka er i hovudsak at ikkje-kommunale barnehagar har lågare bemanning og lågare lønns- og personalkostnader enn kommunale barnehagar. For å jamne ut desse skilnadene har regjeringa varsla ein opptrappingsplan for økonomisk likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar, jf. omtale under strategiar og tiltak.

Det har vore ein sterk auke i forskingsinnsatsen på barnehageområdet i dei seinare åra. Forskingsprogrammet Praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning (PraksisFOU) blir avslutta i 2010, og avløyst av det nye forskingsprogrammet Praksisrettet utdanningsforsking 2010–2014 (PRAKUT). Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet evaluert førskolelærarutdanninga. Evalueringa viser at PraksisFOU har hatt stor betydning for utdanninga og medverka til auka kompetanseheving og publisering.

Det nasjonale kunnskapssenteret for utdanning som vil bli etablert i regi av Noregs forskingsråd i 2011, skal samanstille og formidle forsking om heile utdanningssektoren. Kunnskap om kva som gir god kvalitet i barnehagar, grunnopplæringa og lærarutdanningane, vil bli prioritert. Fleire relevante forskingsprosjekt om barnehagar er òg tildelte midlar gjennom ei ekstraordinær utlysing i 2010 i forskingsprogrammet Utdanning 2020. Den nasjonale nettverksbaserte forskarskolen for lærarutdanningane (NAFOL) vart etablert i 2009 med oppstart i 2010. Forskarskolen skal medverke til høg kvalitet på doktorgradsavhandlingar som er særleg relevante for profesjonspraksis. Fem av studentane i første kull har prosjekt knytte til barnehagen. Trass i at fleire tiltak er sette i verk for å styrkje barnehageforskinga i dei seinare åra, er det vurderinga til departementet at barnehagar framleis er eit underforska område sett i samanheng med storleiken på sektoren og den betydninga sektoren har for barn, foreldre og samfunn. Det er behov for ei vedvarande merksemd for å auke omfanget og kvaliteten på barnehageforskinga.

I St.meld. nr. 41 (2008–2009) vart det peikt på at det ikkje finst ei god nok oversikt over korleis regelverket om innhaldet og kvaliteten i barnehagen blir følgt opp i praksis. Overordna sektorovervaking er eit nasjonalt ansvar. Departementet har derfor sett i gang arbeidet med å utvikle eit betre system for å følgje med på kvalitetsutviklinga i sektoren.

Strategiar og tiltak

Rammefinansiering av barnehagesektoren ber med seg ei endring i dei statlege styringsverkemidla. For å sikre implementering av nasjonale mål i sektoren framover er det behov for å styrkje kompetansen hos barnehagemyndigheitene. Kunnskapsdepartementet vil styrkje tilsynskapasiteten til fylkesmannsembeta og setje i gang kompetansetiltak for å utvikle kommunane som barnehagemyndigheit. Brustadutvalet, som skal vurdere om styringsverktøya er godt nok tilpassa dagens og framtidas barnehagesektor, vil levere innstillinga si i oktober 2011.

Departementet sende våren 2010 ut til høring ei ny forskrift om likeverdig behandling av barnehagar ved tildeling av offentlege tilskott. Forskrifta vil gi nærmare reglar for finansiering av ikkje-kommunale barnehagar og må sjåast i samband med at barnehagesektoren blir rammefinansiert frå 2011. Departementet har lagt vekt på å forenkle det arbeidet kommunane har med å måle ut tilskott til ikkje-kommunale barnehagar, og gi ikkje-kommunale barnehagar meir påreknelege økonomiske vilkår. Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2011.

For å sikre likeverdig kvalitet i ikkje-kommunale og kommunale barnehagar og stabile rammevilkår for ikkje-kommunale barnehagar, tek regjeringa sikte på å trappe opp tilskotta i løpet av fem år. Hausten 2010 vart minimumstilskottet til dei ikkje-kommunale barnehagane auka frå 85 til 88 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentlege tilskott. Med forslaget til løying for 2011 vil dette bli justert vidare opp til 91 pst. frå 1. august 2011, jf. post 65. For å sikre at auka tilskott til ikkje-kommunale barnehagar kjem barna til gode, arbeider departementet med å regulere tilgangen til å ta ut verdiar frå barnehagane.

I samband med behandlinga av Ot.prp. nr. 57 (2007-2008), jf. Innst. O. nr. 103 (2008-2009), uttalte eit fleirtal i familie- og kulturkomiteen: «Det er viktig at offentlige midler går til driften av barnehagene. Flertallet mener en bør vurdere om det trengs tiltak som begrenser urimelig utbytte eller godtgjørelse. Med urimelig utbytte eller godtgjørelse menes at normal kompensasjon for arbeid og kapitalinnsats i barnehagen overstiges.»

Departementet sende derfor på høring forslag til ny § 14a i barnehagelova og ny forskrift om bruk av offentlege tilskott og foreldrebetaling i ikkje-kommunale barnehagar. Høringsinstansane har komme med mange viktige innspel til forslaget, og departementet ønskjer derfor å bruke meir tid på saka. Departementet tek sikte på å innføre reglar som regulerer tilgangen til å ta ut verdiar frå barnehageverksemda frå 1. januar 2012.

Departementet vil føre vidare forskingsinnsatsen på barnehagefeltet i 2011. Departementet ventar stor formidlingsaktivitet til praksisfeltet med presentasjon av resultat frå dei 13 barnehageprosjekta i programmet Praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning (PraksisFoU), som vart avslutta i 2010. Første utlysing i det nye forskingsprogrammet Praksisrettet utdanningsforskning 2010–2014 (PRAKUT) skjer i 2011. Den andre ordinære utlysinga i forskingsprogrammet Utdanning 2020 vil prioritere søknader knytte til underforska område, mellom anna barnehage. Departementet vil følgje med på korleis barnehagen som forskings- og kunnskapsfelt blir utvikla gjennom ulike tiltak innanfor utdanningsforskinga.

Av midlane som blir sett av til forsking over kap. 231 i 2011, vil 5 mill. kroner bli nytta til satsinga på Utdanning 2020, jf. nærmare omtale under programkategori 07.50.

Atferdssenteret vil i 2011 ferdigstille forskingsprosjektet Barnehagen og barns sosiale utvikling. Prosjektet vil mellom anna gi kunnskap om kva for forhold ved barnehagen som medverkar til utvikling av sosial kompetanse. Det vil òg liggje føre resultat frå Barnetilsynsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå i 2011. Undersøkinga, som er eit oppdrag frå Kunnskapsdepartementet i samarbeid med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, vil mellom anna gi kunnskap om barnehagebruk, brukartilfredsheit og foreldrebetaling sett i høve til den sosioøkonomiske bakgrunnen til familiar.

Departementet tek sikte på å arrangere ein nordisk forskarkonferanse våren 2011, med vekt på barnehagen som tverrfagleg forskingsfelt.

Departementet har sett i gang arbeidet med å utvikle eit system for å vurdere kvaliteten i barnehagane og vil halde fram med dette i 2011.

Kompetansen til personalet og rekruttering av fleire pedagogar er òg sentrale faktorar for å sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar. Forslag til tiltak på dette området er omtalte under målet om barnehagen som læringsarena.

Alle barnehagar skal vere ein god læringsarena

Førskolealderen er ein læringsintensiv fase, og grunnlaget for deltaking i sosiale fellesskap, for vennskap og for vidare utvikling og læring blir lagt i tidlege barneår. Barnehagen skal ta på alvor læringa og utviklinga til alle barn og ruste det einskilde barnet for livslang læring.

Kompetansen til personalet er avgjerande for at barnehagen kan oppfylle samfunnsmandatet sitt, og for at målet om høg og likeverdig kvalitet på barnehagetilbodet skal bli nådd. Kompetansen til personalet er den viktigaste ressursen i barnehagen og ein føresetnad for at barnehagen skal vere ein god arena for leik, omsorg, læring, danning og sosial utjamning.

Tilstandsvurdering

Det er framleis store utfordringar knytte til mangelen på pedagogar og til det varierande kompetansenivået hos personalet i barnehagane. Mangelen på førskolelærarar er framleis stor. Delen tilsette med førskolelærarutdanning i norske barnehagar har vore stabil i dei siste åra og er på nesten 33 pst. I Sverige er talet 49 pst. 23 pst. av dei tilsette i barnehagen i Noreg har berre grunnskoleutdanning. Tal frå Samordna opptak per april 2010 syner at talet på søkjarar som har førskolelærarutdanning som førsteval, er redusert med 15,2 pst. frå 2009 til 2010. Frå 2008 til 2009 var reduksjonen på 3,5 pst. Dette er ein relativt stor nedgang i søkninga til førskolelærarutdanninga. Tal frå august i år syner likevel at det er få ledige studieplassar på førskolelærarutdanninga. Alle kvalifiserte søkjarar har fått plass, men det er ingen særskilte kompetansekrav til opptak på førskolelærarutdanninga, slik det er for grunnskoleutdanninga. Departementet vil følgje nøye med på utviklinga framover.

Barnehagane må vere i stadig utvikling for å møte nye krav og utfordringar. Ein god leiarskap er naudsynt for å kunne møte pedagogiske og organisatoriske endringar på ein god måte. Styraren har ansvaret for å leie verksemda i heile barnehagen og har ei viktig oppgåve i å følgje opp det pedagogiske arbeidet. Leiarskap er ikkje eit eige fag i førskolelærarutdanninga, og det er berre ein pst. av førskolelærarane som har vidareutdanning i organisasjon og leiarskap.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har NOKUT evaluert førskolelærarutdanninga. Resultata avdekkjer fleire svakheiter og store skilnader i kvalitet mellom institusjonane. Førskolelærarutdanninga er prega av låg status i utdanningsinstitusjonane, har svak rekruttering og låg inntakskvalitet og det er ein låg del fagleg tilsette med førstestillingskompetanse. Kvaliteten på praksisopplæringa er varierande og mange praksislærarar har liten eller ingen rettleiingskompetanse.

NOKUT tilrår ei rekkje tiltak for å styrkje førskolelærarutdanninga sin plass og status i høgre utdanning: Styrkje rekrutteringa til førskolelærarutdanninga, vurdere minimumskrav til karakterpoeng ved opptak til utdanninga, initiere forsøk med femårig heilskapleg førskolelærarutdanning, gjere vidareutdanning for styrarar til ein føresetnad for fast tilsetjing i styrarstilling og halde fram med øyremerking av midlar til forsking som er relatert til barnehagar og førskolelærarutdanning.

Eit nasjonalt barnehageforum med sentrale aktørar i sektoren vart oppretta i 2010. Forumet skal medverke til dialog, debatt og kunnskapsdeling for å handtere utfordringane knytte til kvalitet, kompetanse og rekruttering.

St.meld. nr. 41 (2008–2009) varslar ei satsing på å styrkje læringsmiljøet i barnehagane. Det er store variasjonar i korleis utviklingsarbeid i barnehagar blir gjennomført. Utviklingsarbeid gjer det mogleg å involvere heile personalet og er viktig for kvalitetsutviklinga i barnehagen.

St.meld. nr. 41 (2008–2009) varslar fleire tiltak som gjer det naudsynt med ein grundig gjennomgang av rammeplanen for innhaldet og oppgåvene til barnehagen. Det gjeld mellom anna å vurdere om måla knytte til fagområda i rammeplanen kan gjerast tydelegare, og vurdere nye føresegner om dokumentasjon og vurdering av barn og det pedagogiske arbeidet i barnehagen.

Likestillingssenteret har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utarbeidd ein statusgjennomgang av likestillingsarbeidet i norske barnehagar i 2010. Likestillingssenteret tilrår at dette området òg i framtida blir lyft fram i nasjonale planar. Likestillingssenteret peiker på at ein bør leggje vekt på mellom anna kompetansetiltak, forsking, satsing på rekruttering av menn og spissing av måla knytte til likestilling i rammeplanen.

For å styrkje det samarbeidet barnehagen har med foreldra, vart det i 2010 oppretta eit foreldreutval for barnehagar (FUB), jf. kap. 221. Utvalet har ei funksjonstid på fire år. Formålet med FUB er å synleggjere foreldra og sikre at foreldrestemma blir hørt i aktuelle barnehagepolitiske saker. Samtidig vil departementet få eit rådgivande organ og ein høringsinstans som tek vare på foreldreperspektivet. Utvalet skal også medverke til å rettleie og informere foreldre om rettane deira.

Boks 4.2 Grep for betre kvalitet i barnehagen

Regjeringa har sidan 2005 teke grep for å styrkje kvaliteten i barnehagen. Barnehagen er det første trinnet i utdanningsløpet, og er sentral i regjeringa si satsing for sosial utjamning gjennom tidleg innsats.

  • I 2006 vart rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen revidert. For å støtte barnehagane i arbeidet med å innføre rammeplanen, har Kunnskapsdepartementet fått utarbeidd 11 temahefte knytt til sentrale temaområde.

  • Nasjonale strategiar for å styrkje rekrutteringa til barnehagane og kompetansen til barnehagepersonalet er etablert: Kompetanse i barnehagen - Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren 2007–2010 og Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen 2007–2011. Strategien for Likeverdig opplæring i praksis 2007–2009 og ei satsing på etterutdanning for barnehagetilsette i regi av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) har medverka til å heve kompetansen til dei tilsette i barnehagane på områda språkstimulering og fleirkulturelt arbeid.

  • Det har vore ein betydeleg auke i studieplassar for førskolelærarar, både i ordinær grunnutdanning og som deltids- og desentraliserte studium. Også studieplassar til vidareutdanning har auka.

  • Forskings- og utviklingsarbeid om og i barnehagane har blitt styrkt. 13 forskingsprosjekt i programmet PraksisFOU vil medverke med ny kunnskap om barnehagar. To nye program i regi av Noregs forskingsråd omfattar barnehageforsking: Utdanning 2020 og Praksisrettet utdanningsforskning 2010–2014 (PRAKUT).

  • Regjeringa la i 2009 fram ei stortingsmelding om kvalitet i barnehagane som skisserer status og utfordringar med å sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar. St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen peiker ut retninga for ei vidare satsing på å betre og utvikle kvaliteten i barnehagane.

  • Løyvingane til kvalitetsfremmande tiltak er auka med 64 mill. kroner i perioden 2006–10. For 2011 har regjeringa foreslått å auke løyvinga til kvalitetstiltak med ytterlegare 25 mill. kroner.

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil styrkje innsatsen for kvalitet og kompetanseutvikling i barnehagane, og foreslår å auke løyvinga med 25 mill. kroner i 2011 til ulike kvalitetsfremmande tiltak, jf. nærmare omtale under post 21. I 2011 vil det totalt over postane 21, 51 og 63 bli nytta over 130 mill. kroner til forsking, kvalitets- og rekrutteringstiltak. I tillegg vil delar av løyvinga over kap. 226 post 21 bli nytta til barnehageformål.

Regjeringa vil føre vidare satsinga på kompetansetiltak for etter- og vidareutdanning for alle grupper tilsette, jf. St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen. Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011) går inn i sitt siste år i 2011. Kunnskapsdepartementet tek sikte på å setje i gang ei evaluering av rekrutteringsstrategien. Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010) vil bli forlengd til å gjelde ut 2011.

Leiarkompetansen til styrarane bør styrkjast for å kunne sikre og vidareutvikle kvaliteten i barnehagen. I 2011 tek departementet sikte på å opprette ei leiarutdanning for styrarar med 280 studieplassar. Dette vil vere eit deltidsstudium på masternivå. Det har vore naudsynt å arbeide grundig med føringane på leiarutdanninga. Tiltaket vart derfor ikkje sett i verk som planlagt i 2010.

Departementet vil føre vidare satsinga på vidareutdanninga Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (PUB-studiet), som hadde ny oppstart med fagprofilerte studium hausten 2009.

Programmet Veiledning for nyutdannede lærere har til no omfatta om lag 500 nyutdanna førskolelærarar. Frå hausten 2011 vil programmet bli utvida, slik at alle nyutdanna førskolelærarar vil få tilbod om rettleiing.

Regjeringa har som mål å auke delen tilsette med barnehagefagleg og barnefagleg kompetanse i barnehagane (jf. St.meld. nr. 41 (2008–2009)), mellom anna gjennom tiltak som kan gi assistentgruppa barnefagleg kompetanse. Departementet vil setje i gang tilpassa vidareutdanning og kompetansetiltak for barnehageassistentar og vidareutdanning for fagarbeidarar. Dette vil medverke til å heve det formelle kompetansenivået i barnehagane og kan setje barnehagen betre i stand til å møte nye behov i sektoren. Tiltaka kan òg medverke til rekruttering til førskolelærarutdanninga.

Mangelen på førskolelærarar er framleis stor, og det har vore nedgang i søkjartala til førskolelærarutdanninga. Departementet foreslår å setje i verk tiltak for å auke rekrutteringa til førskolelærarutdanninga.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet evaluert førskolelærarutdanninga. Departementet vil vurdere tilrådingane i evalueringa og komme tilbake med eventuelle tiltak for førskolelærarutdanninga og ein eventuell revisjon av rammeplanen for førskolelærarutdanninga.

Departementet vil ta initiativ til pilotprosjekt for å styrkje barnehagen som læringsarena. Prosjekta vil involvere heile personalet, både pedagogisk leiing og assistentar.

Departementet vil i 2011 starte arbeidet med å revidere rammeplanen om innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.

I Handlingsplan for samiske språk er det eit mål at bruken av samiske språk skal styrkjast. Departementet vil setje av midlar til oppfølging av handlingsplanen og føre vidare tiltak som allereie er sette i gang.

Handlingsplanen for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010 blir avslutta ved årsskiftet. Det vidare arbeidet for å fremme kjønnslikestilling på barnehageområdet vil bli lagt inn i ein ny nasjonal handlingsplan. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil leie arbeidet, og planen skal gjelde i perioden 2011–14.

Alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap

Barnehagen skal inkludere alle, uavhengig av sosial bakgrunn og funksjonsnivå, og har særleg ansvar for å sikre god og tidleg hjelp til barn som har behov for særskild oppfølging.

Tilstandsvurdering

Ny formålsparagraf vart sett i verk 1. august 2010. Han slår fast at barnehagen i samarbeid med heimen skal sikre dei behova barn har for omsorg og leik, læring og danning. Barnehagen skal vere eit inkluderande fellesskap med plass for det einskilde barnet. Staten medverkar med midlar for å sikre barn med nedsett funksjonsevne og barn med minoritetsspråkleg bakgrunn eit godt tilrettelagt tilbod i barnehagen. Gode barnehagar kan førebyggje framtidige vanskar. I dei siste åra har det vore ein stor auke i deltakinga av minoritetsspråklege barn i barnehage. I 2009 gjekk 71 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage, mot 54 pst. i 2005. For alle barn i aldersgruppa var dekningsgraden 89 pst. i 2009.

I juni 2010 la Østbergutvalet fram innstillinga si NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. Flerspråklige barn, unge og voksne i opplæringssystemet. Utvalet foreslår mellom anna ei rekkje tiltak for tidleg innsats og for å betre språkstimuleringstilbodet for minoritetsspråklege barn i førskolealderen både i og utanfor barnehage. Utvalet peiker òg på behov for tiltak for å auke deltakinga av minoritetsspråklege barn i barnehage, for å betre den fleirkulturelle og fleirspråklege kompetansen til dei tilsette, og for å sikre at til dømes språkkartleggingsverktøy er tilpassa minoritetsspråklege barn.

I St.meld. nr. 41 (2008–2009) varslar regjeringa ein fagleg gjennomgang og vurdering av verktøy som blir nytta i barnehagane for å kartleggje språket til barna. Det eksisterer fagleg usemje om kvaliteten på ulike kartleggingsverktøy. Det er i 2010 oppretta ei ekspertgruppe, som vil komme med vurderinga si hausten 2011.

Strategiar og tiltak

Frå 2011 vil tilskottet til tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen bli innlemma i rammetilskottet til kommunane, jf. omtale under kap. 231 post 62. Departementet vil i åra framover følgje nøye med på at barn med nedsett funksjonsevne framleis vil få det tilrettelagde tilbodet dei etter barnehagelova § 2 har krav på i barnehagen. Kunnskapsdepartementet vil i 2011 leggje fram ei stortingsmelding som følgjer opp forslaga til Midtlyngutvalet i NOU 2009: 18 Rett til læring.

Det er framleis eit mål å auke talet på minoritetsspråklege barn i barnehagen og å styrkje kompetansen til barnehagen på området språkstimulering og fleirkulturell pedagogikk. Med bakgrunn i erfaringane frå kompetanseprosjekta i regi av Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) vil fylkesmennene føre vidare satsinga regionalt, i samarbeid med universitet/høgskolar og kommunar. Departementet vil halde fram med å gi kommunane øyremerkt tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.

Innstillinga til Østbergutvalet, NOU 2010: 7 Mangfold og mestring, vart sendt ut til høring sommaren 2010. Departementet vil vurdere tilrådingane til utvalet og komme nærmare tilbake til korleis desse skal følgjast opp. Departementet vil òg vurdere tilrådingane i innstillinga frå Brennautvalet, som har sett på det pedagogiske tilbodet til alle førskolebarn, og komme tilbake til eventuell oppfølging.

Ekspertgruppa som skal ha ein fagleg gjennomgang og vurdering av språkkartleggingsverktøy, skal vurdere kartleggingsverktøya i høve til majoritetsspråklege og minoritetsspråklege barn, og barn med nedsett funksjonsevne. Vurderinga vil leggje grunnlaget for å utarbeide ein rettleiar for arbeidet med språkkartlegging i barnehagen.

Regjeringa vil halde fram med arbeidet mot mobbing gjennom Manifest mot mobbing.

Mål: Prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage

Tilstandsvurdering

Maksimalprisen for foreldrebetalinga har vorte redusert frå 2 750 kroner per månad i 2005 til 2 330 kroner i 2010. Dette er ein reell reduksjon på om lag 30 pst.

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby barnefamiliane med lågast betalingsevne ein reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling. Kommunane skal ha ordningar for foreldrebetaling i barnehage som gjer barnehagetilbodet tilgjengeleg for alle. Undersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) om foreldrebetaling frå januar 2010 syner at 23 pst. av kommunane har inntektsgraderte satsar. Andre kommunar tilbyr friplassar eller andre rabattordningar utanfor det ordinære systemet for betaling til barnehagen. Alle kommunane tilbyr syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage.

Konsulentfirmaet Fürst og Høverstad ANS har utført ei utvalsundersøking av kostnadene i barnehagane i 2009. Undersøkinga syner at dei ordinære driftskostnadene i ikkje-kommunale barnehagar utgjer om lag 90 pst. av kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar. Frå 2008 til 2009 har kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar auka nominelt med 2,2 pst. I ordinære ikkje-kommunale barnehagar auka dei ordinære driftskostnadene nominelt med åtte pst. Den sterke kostnadsveksten i dei ikkje-kommunale barnehagane frå 2008 til 2009 skyldast mellom anna høgre bemanning og auka husleige- og avskrivingskostnader.

Rapporten Barn i barnehage – foreldrebakgrunn og utvikling de seneste årene, utarbeidd av SSB i 2010 på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, syner at dess høgre brutto inntekt hushaldet har, dess større er delen barn som går i barnehage. Samstundes syner rapporten at auken i delen som går i barnehage, har vore høgre for barn frå hushald med middels høg inntekt enn han har vore for barn frå hushald med svært låg og svært høg inntekt.

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå kvart år framover, til målet i Soria Moria-erklæringa om ei maksimalgrense for foreldrebetalinga på 1 750 kroner (2005-kroner) blir innfridd.

Foreldrebetalinga for eit ordinært heiltidstilbod vil i 2011 maksimalt utgjere 2 330 kroner per månad og 25 630 kroner per år. Det er foreslått å løyve 263,5 mill. kroner brutto til dette formålet i 2011.

Rapport for 2009

Full barnehagedekning

Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass frå 2009. Målet for 2009 var at alle barn skulle få oppfylt den lovfesta retten sin til barnehageplass.

Før 2009 hadde kommunane etter barnehagelova plikt til å sørgje for at det var tilstrekkeleg med barnehageplassar for barn i førskolealderen. Kravet til kommunane vart skjerpt da ein rett til barnehageplass vart innført, jf. Innst. O. nr. 69 (2007−2008) og Ot.prp. nr. 52 (2007−2008).

I tett samarbeid med fylkesmennene følgde departementet opp dei kommunane som var usikre på om dei kunne innfri retten til barnehageplass innan 1. september 2009. Departementet fekk våren 2009 månadlege rapportar frå fylkesmennene med deira vurdering av situasjonen. Det vart sett i verk fleire tiltak overfor kommunar som hadde særlege utfordringar. Kommunane fekk mellom anna rettleiing om dei statlege tilskotta for drift og etablering av barnehagar og råd om ulike løysingar for å få fortgang i barnehageutbygginga, til dømes etablering av faste barnehageplassar i mellombelse lokale. Fem kommunar hadde av ulike årsaker særlege utfordringar i høve til å innfri retten til barnehageplass frå 1. september. I desse kommunane måtte nokre av barna med rett til plass vente med oppstart i barnehage til seinare på hausten.

Måltalet for utbygging i 2009 var 11 500 nye barnehageplassar. Desse skulle gi rom for om lag 9 600 fleire barn i barnehage. Tal frå KOSTRA og Asplan Viak viser at det vart etablert om lag 10 100 nye heiltidsplassar, og dette gav nær 8 300 fleire barn barnehageplass i 2009. 50 pst. av plassane som vart oppretta i 2009, var for barn under tre år.

Som tidlegare år gjekk også ein god del av kapasitetsveksten i barnehagesektoren i 2009 med til å auke opphaldstida til barn som allereie hadde plass i barnehage. Både i 2009 og 2008 vart det etablert 1,2 heiltidsplassar for kvart nytt barn som kom inn i barnehage.

I 2009 hadde 85 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen, mot 83 pst. i 2008. Det vil seie avtalt opphaldstid i veka på 41 timar eller meir. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 42,4 til 42,8 timar per veke. I 2003, da barnehageforliket vart inngått i Stortinget, hadde 60,8 pst. av barna heiltidsplass i barnehage, og gjennomsnittleg avtalt opphaldstid var 38,1 timar per veke.

Ved utgangen av 2009 var det 6 675 barnehagar i Noreg. Om lag 54 pst. av desse var private. 43 pst. av veksten i talet på barn i barnehage i 2009 var i offentlege barnehagar, mot 59 pst. i 2008. Offentleg og privat del av barnehagesektoren er framleis relativt jamstore. I 2009 hadde 54 pst. av barna plass i ein offentleg barnehage, medan 46 pst. hadde tilbod i ein privat barnehage.

Høg kvalitet

Eit overordna mål for barnehagepolitikken til regjeringa i 2009 var at barnehagen skal gi barn eit pedagogisk tilbod av høg kvalitet. St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen vart lagd fram i 2009 og behandla i Stortinget 2. mars 2010, jf. Innst. 162 S (2009–2010). Regjeringa følgjer opp meldinga med ei rekkje tiltak for å sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar. Kompetanseheving for alle tilsette og rekruttering er høgt prioriterte oppgåver.

Førskolelærarane og kompetansen til dei andre tilsette i barnehagen er den viktigaste innsatsfaktoren for kvalitet i barnehagetilbodet. Tiltaka i Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2008–2011) har medverka til ein auke i talet på pedagogar i barnehagen.

Regjeringa sette i 2009 ned eit offentleg utval, Brennautvalet, som ser på pedagogiske tilbod til alle førskolebarn. Utvalet vurderer ulike pedagogiske tilbod, og skal gi tilrådingar om kva for tilbod som kan medverke til at alle barn stiller sterkare når dei startar på skolen. Utvalet leverte innstillinga si 1. oktober 2010.

Språkmiljø og språkstimulering i barnehagen er eitt av fire prioriterte område for kompetanseutvikling i Kompetanse i barnehagen – Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren 2007–2010. For å støtte barnehagen sitt arbeid med å leggje til rette for gode språkmiljø og språkstimulering har Universitetet i Stavanger, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, utarbeidd eit temahefte om språkmiljø og språkstimulering. Heftet er sendt ut til alle barnehagar. Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) har gitt ut eit ressurshefte om fleirspråkleg arbeid i barnehagen.

Ei viktig oppgåve for fylkesmennene er å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit. Tilsynet skal medverke til å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet ved at krava i barnehagelova med forskrifter blir oppfylte. Rapporteringa frå fylkesmennene for 2009 syner ein auke i talet på tilsyn. Fylkesmennene har gjennomført tilsyn i totalt 75 kommunar. Fokusområda for tilsyn har vore kommunane sitt tilsyn med barnehagane, godkjenningspraksisen til kommunane og korleis kommunane handterer regelverket om styrar og pedagogisk bemanning. Om ein ser på avvik for dei tre fokusområda samla, er det funne avvik i halvparten av tilsyna. Delen avvik er størst når det gjeld godkjenningspraksisen til kommunen, og færrast når det gjeld det tilsynet kommunane fører med barnehagane.

Vidare har fylkesmennene gjennomført ei rekkje tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane. Tiltaka er utforma og tilpassa regionalt i samarbeid med aktørane i sektoren. Fylkesmennene har forvalta midlar til lokale utviklingstiltak i kommunar og barnehagar, og gjennom samlingar, nettverk og konferansar om aktuelle tema har dei følgt opp arbeidet med kvalitet, kompetanse og rekruttering i kommunane. Embeta peiker på at godt samarbeid med høgskolar og universitet om kompetanseutviklinga lokalt er viktig for å fremme kvaliteten i barnehagane.

I 2009 vart det fordelt om lag 20 mill. kroner til barnehageforsking, jf. kap. 231 post 51, mellom anna til programma PraksisFOU og Utdanning 2020 i regi av Noregs forskingsråd. Forsking i og om barnehagar kan medverke til å utvikle praksisfeltet, og meir forskingsbasert kunnskap er ønskeleg for å støtte kvalitetsutvikling i sektoren. Ein porteføljeanalyse frå PraksisFOU syner at det har vore stor formidlingsaktivitet frå prosjekta ut mot sektoren i prosjektperioden.

Kunnskapsdepartementet har gitt støtte til Mor-barn-studien ved Folkehelseinstituttet og Atferdssenteret sin studie av barns sosiale utvikling. Desse longitudinelle studiane vil mellom anna kunne gi kunnskap om kva barnehagen betyr for språkleg og sosial utvikling hos barn.

Departementet har sidan 2009 leidd eit OECD-nettverk på barnehageområdet, der ein utvekslar røynsler på ulike område og gir råd til eit OECD-prosjekt om kvalitet i barnehagen. Før kvart møte i nettverket utarbeider deltakarlanda ein rapport med svar på ulike spørsmål knytte til tema for møta. På denne måten har OECD no mykje oppdatert kunnskap om barnehagesektoren i deltakarlanda. Noreg deltek òg i eit uformelt administrativt nordisk barnehagenettverk med representantar frå dei ulike styresmaktene. Deltaking i nettverket har medverka til at det no er sett i gang eit samarbeid mellom dei nordiske landa om indikatorar for kvalitet i barnehagen. Departementet arrangerte i 2009 ein nordisk konferanse om barnehageforsking der forskarar og representantar for styresmaktene i dei nordiske landa deltok. Tema for konferansen var nordisk barnehageforsking – kvalitet og relevans for politikkutvikling.

Personale og kompetanse i barnehagen

Eit av dei tre hovudmåla i St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen er å sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar. God kompetanse hos personalet i barnehagen og tilstrekkeleg med pedagogar er avgjerande for kvaliteten på barnehagetilbodet. I 2009 var det eit mål at talet på pedagogar i barnehagen skulle aukast. Talet på styrarar og pedagogiske leiarar med pedagogisk utdanning, det vil seie førskolelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning, auka med om lag 1 590 personar frå 2008 til 2009.

Det ser ut til at førskolelærarar frå andre sektorar kjem tilbake til barnehagane sidan auken i talet på førskolelærarar er vesentleg høgre enn talet på uteksaminerte studentar. Trass i dette har dei fleste fylka store utfordringar med å rekruttere nok pedagogar. Oslo og Akershus har framleis dei største vanskane.

Tabell 4.7 Personale i barnehagen

2007

2008

2009

Tal på tilsette

76 089

81 450

84 884

Tal på årsverk

60 525

65 155

68 096

Tal på barn per årsverk

4,1

4,0

4,0

– i offentlege barnehagar

4,0

3,9

3,9

– i private barnehagar

4,3

4,1

4,1

Tal på styrarar og pedagogiske leiarar

24 612

27 035

28 925

– i pst. av dei tilsette

32,3

33,2

34,1

Styrarar og pedagogiske leiarar med pedagogisk utdanning

21 727

23 931

25 525

– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar

88,3

88,5

88,2

Styrarar og pedagogiske leiarar med førskolelærarutdanning

20 432

22 637

24 139

– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar

83,0

83,7

83,5

Tilsette med pedagogisk utdanning

26 597

29 395

30 011

– i pst. av dei tilsette

35,0

36,1

35,4

Tilsette med førskolelærarutdanning

24 093

26 338

27 129

– i pst. av dei tilsette

31,7

32,3

32,0

Tilsette med barne- og ungdomsfagleg utdanning

7 183

8 758

9 363

– i pst. av dei tilsette

9,4

10,8

11,0

Kjelde: Kunnskapsdepartementet og Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2009 var det 84 884 tilsette som utførte 68 096 årsverk i barnehagane. Dette er ein auke på over 2 900 årsverk frå året før. Om lag 28 900 av dei tilsette var styrarar og pedagogiske leiarar. Sidan 2007 har talet på tilsette i sektoren auka med om lag 8 800 personar. Talet på barn per årsverk er uendra frå 2008 til 2009. Delen tilsette med barne- og ungdomsfagleg utdanning har auka med 1,6 prosentpoeng frå 2007 til 2009.

Talet på studentar som er tekne opp til førskolelærarutdanninga, har auka frå 2 091 i 2005 til 2 557 i 2009, jf. omtale under kategori 07.60. Ferdig uteksaminerte førskolelærarar har auka frå 1 365 i 2008 til 1 532 i 2009. I 2009 vart det nytta 25 mill. kroner til tiltak i Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011). I tillegg vart det sett av midlar på kap. 281. Studiekapasiteten auka med 940 studieplassar fordelte på ordinær førskolelærarutdanning, arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning, vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid for førskolelærarar og vidareutdanning i barnehagepedagogikk for pedagogar med minst tre års høgre utdanning. Tiltaka med desentralisert førskolelærarutdanning og rettleiingsprogrammet for nyutdanna førskolelærarar vart førte vidare og styrkte. Fem fylkesmannsembete i pressregionar har fått vidareført støtte til å utforme regionale tiltak i samarbeid med høgskolar/universitet, barnehagemyndigheit, barnehageeigarar og organisasjonar.

Departementet førte vidare satsinga på kompetanseutvikling i barnehagesektoren i 2009, jf. Kompetanse i barnehagen – Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010) (kompetansestrategien). Om lag 80 mill. kroner vart nytta til kompetanseutvikling og rekrutteringstiltak, sjå nærmare rapport under kap. 231 postane 21, 51 og 63. Asplan Viak og Fafo har fått i oppdrag frå departementet å kartleggje gjennomføringa av kompetansestrategien. Andre delrapport frå kartlegginga støttar funnet frå den første rapporten om at det er svært vanleg med kompetansetiltak i form av fellestiltak i barnehagesektoren. Slike tiltak er relativt rimelege, og blir opplevde som nyttige fordi fleire i same barnehage hører og lærer det same. Vidare tyder kartlegginga på at rolla til kommunen som organisator av tiltak er styrkt i dei siste åra, og at fleire vedtak om kompetanseutvikling blir trefte på kommunalt nivå eller på leiarnivå i barnehagane. Tilsette i dei 16 barnehagane som har delteke i denne andre kartlegginga av kompetansestrategien, rapporterer om auka bevisstheit blant dei tilsette om kva som blir gjort og kvifor i samspelet med barna. Fleire barnehagar har fått eit auka refleksjonsnivå om utviklinga hos barn. Tredje delrapport og sluttrapport frå evalueringa kjem i 2011.

NAFO fekk i 2009 midlar til å føre vidare kompetanseutvikling i språkstimulering og fleirkulturell pedagogikk for tilsette i barnehagar, jf. omtale under kap. 231 post 63. Barnehagar i alle fylke var omfatta av tiltak i 2009. NAFO har i samarbeid med universitet og høgskolar og fylkesmenn gitt tilbod om kompetanseutvikling gjennom kurs, rettleiing, praksisprosjekt og nettverk. Evalueringa av kompetanseutviklingsprosjekta til NAFO konkluderer med at denne langsiktige kompetansestrategien har vore vellykka både gjennom å auke kompetansen til dei tilsette i barnehagane og ved å utvikle samarbeidsstrukturar mellom universitets- og høgskolesektoren og fylkesmennene, jf. omtale under kap. 231 post 63. Høgskolen i Oslo og Universitetet i Tromsø fekk i 2009 tildelt midlar til vidareutdanning i fleirspråkleg utvikling for førskolelærarar, jf. omtale under kap. 231 post 63.

Eit godt samarbeid mellom barnehagen og barnevernet er svært viktig for å kunne oppdage barn som har behov for hjelp, og for å kunne setje inn tidleg innsats og målretta tiltak for barn og foreldre. Departementet har i samarbeid med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet utarbeidd ein rettleiar om samarbeid mellom barnehage og barnevernstenesta. Rettleiingsheftet er sendt til alle kommunar og barnehagar.

Sidan 2002 har regjeringa i samarbeid med sentrale nasjonale partar forplikta seg til å styrkje arbeidet mot mobbing i barnehage, skole og fritidsmiljø gjennom Manifest mot mobbing. Manifest mot mobbing 2009–2010 legg mellom anna vekt på å styrkje lærings- og omsorgsmiljøet i barnehagen i gjennomgangen av rammeplanen til barnehagen og å styrkje samarbeidet mellom barnehagen og foreldra, mellom anna ved å opprette eit nasjonalt foreldreutval for barnehagar i 2010 (sjå omtale under tilstandsvurdering og under kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane).

Likestilling

Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008–2010) har to hovudmål: Læringsmiljøet i barnehagen og grunnopplæringa skal fremme likestilling mellom gutar og jenter, og kjønnsbalansen blant dei tilsette i barnehagen og grunnopplæringa skal bli betre. Planen inneheld tiltak både for å auke kompetansen om likestilling i barnehagen og for å føre arbeidet vidare for å nå målet om 20 pst. mannlege tilsette i barnehagane.

I 2009 vart det etablert tolv demonstrasjonsbarnehagar der delen menn er minst 20 pst. Det er òg oppretta tolv team for rekruttering av menn på fylkesnivå. Både demonstrasjonsbarnehagane og teama har til formål å rekruttere og halde på menn i barnehagane. Resurssenteret for menn (REFORM) har, på oppdrag frå departementet, utarbeidd ein rettleiar for kvotering av menn i barnehagar.

Det har vore ein vekst i talet på menn i barnehagane frå 2008 til 2009 på om lag 780 personar. Det er ein auke på ti pst. Ved utgangen av 2009 var det om lag 8 400 menn i barnehagane. Om lag ti pst. av dei tilsette i barnehagane er menn. I 2009 hadde om lag 43 pst. av barnehagane ein eller fleire menn tilsette i basisverksemd. Dette er ein auke frå 40 pst. i 2008. Delen menn som fullfører førskolelærarutdanninga, har auka, men er framleis berre rundt elleve pst. av dei uteksaminerte studentane.

Barn med nedsett funksjonsevne

Barn med nedsett funksjonsevne kan trenge særskild tilrettelegging i barnehagen for at dei skal få eit godt pedagogisk tilbod. Staten gir derfor eit tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage, jf. kap. 231 post 62. Dette tilskottet vil bli innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 2011. Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp, jf. opplæringslova § 5-7.

I PraksisFOU er det av den årlege løyvinga på om lag 15,5 mill. kroner sett av vel 2,8 mill. kroner til forsking om barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen, jf. kap. 231 post 51. Fire av prosjekta omhandlar barn med nedsett funksjonsevne.

I juli 2009 la Midtlyngutvalet fram innstillinga si, NOU 2009: 18 Rett til læring, som vart sendt ut til høring hausten 2009. Innstillinga inneheld fleire forslag som vil kunne medverke til betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov.

Minoritetsspråklege barn

Talet på minoritetsspråklege barn i barnehagen har auka frå om lag 22 200 barn i 2008 til om lag 25 100 barn i 2009. I 2009 gjekk 70,6 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage. Det er ein auke på 3,2 prosentpoeng frå 2008. I 2009 gjekk 94,6 pst. av alle minoritetsspråklege femåringar i barnehage, mot 97,3 pst. av alle femåringar i befolkninga totalt. Staten gir eit øyremerkt tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder, jf. kap. 231 post 63.

For å rekruttere minoritetsspråklege barn til barnehage og betre språkopplæringa har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet forsøk med gratis kjernetid i barnehage. Tilbodet rettar seg mot alle fire- og femåringar i utvalde område med ein høg del minoritetsspråklege barn. Forsøket vart sett i gang i 2006, da bydel Stovner i Oslo fekk midlar til eit tilbod til alle femåringar. Tilbodet har gradvis vorte utvida. Sidan 2007 har forsøket omfatta alle fire- og femåringar i dei fire bydelane i Groruddalen og bydel Søndre Nordstrand i Oslo. Forsøket er ført vidare i 2010 i dei same bydelane. Det er løyvd 50 mill. kroner årleg til tiltaket sidan 2008. I tillegg er det i 2010 løyvd 10 mill. kroner til eit forsøk for treåringar i nokre område i Drammen og i bydel Gamle Oslo. Rapportering frå Oslo kommune viser at fleire barn enn tidlegare blir rekrutterte til barnehage, og fleire barn får eit språkstimuleringstilbod. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet setje i gang ei evaluering av tiltaket. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2010–2011) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Ved utgangen av 2009 var det 1 348 førskolelærarar med innvandrarbakgrunn med jobb i barnehage, mot 1 132 i 2008. I 2009 utgjorde dette 4,9 pst. av alle førskolelærarar som arbeidde i norske barnehagar. Hausten 2009 hadde 6,1 pst. av studentane i førskolelærarutdanninga innvandrarbakgrunn, sjå nærmare omtale i del III, Mål for inkludering i Prop. 1 S (2010–2011) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Låg pris

Målet i 2009 var at prisen skulle vere så låg at alle som ønskte det, hadde råd til å betale for ein barnehageplass av god kvalitet. Maksimalgrensa for foreldrebetalinga vart 1. januar 2009 ført vidare på same nominelle nivå som i 2008. Maksimalprisen for eit ordinært tilbod på heiltid var i 2009 2 330 kroner per månad og 25 630 kroner per år.

Ei undersøking gjennomført av Statistisk sentralbyrå i januar 2009 syner at den gjennomsnittlege betalingssatsen i både ikkje-kommunale og kommunale barnehagar for heile landet var lågare enn maksimalgrensa. Dette skyldast at ein del kommunar har gradert foreldrebetaling for ulike inntekter. For hushald med bruttoinntekt på 250 000 kroner, 375 000 kroner og 500 000 kroner var satsane for ein plass på heiltid i kommunal barnehage høvesvis 2 113 kroner, 2 265 kroner og 2 291 kroner i gjennomsnitt. For ikkje-kommunale barnehagar var den gjennomsnittlege betalingssatsen for heile landet per januar 2009 på 2 253 kroner. Maksimalprisen synest derfor å vere gjennomført i barnehagane.

Kap. 231 Barnehagar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

86 006

120 556

146 168

50

Tilskott til samiske barnehagetilbod

12 925

13 339

13 753

51

Forsking, kan nyttast under post 21

6 999

7 291

7 517

60

Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving

17 876 697

19 677 908

83 275

61

Investeringstilskott, overslagsløyving

193 037

189 600

137 000

62

Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

823 494

855 724

63

Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

111 149

115 098

118 551

64

Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving

46 701

42 000

30 400

65

Skjønnsmidlar til barnehagar

4 902 171

5 805 706

Sum kap. 231

24 059 179

26 827 222

536 664

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak, rekrutteringstiltak, informasjons- og erfaringsspreiing i barnehagesektoren og utviklingsbehov som oppstår gjennom året.

Mål for 2011

Målet med løyvinga i 2011 er å medverke til å auke kvaliteten i barnehagane og styrkje kunnskapsgrunnlaget gjennom forsking, undersøkingar og kunnskapsoversikter.

Rapport for 2009

Om lag 65 mill. kroner vart nytta til kompetanseutvikling over post 21 i 2009. I tillegg vart det løyvd midlar til dette formålet over post 51 og post 63. Samla vart om lag 80 mill. kroner nytta til kompetanseutvikling og rekrutteringstiltak i 2009. Av desse midlane vart om lag 29 mill. kroner tildelte fylkesmennene til fordeling til kompetanseutvikling i barnehagesektoren. Første delrapport frå evalueringa av Kompetanse i barnehagen – Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007−2010) syner at midlane som blir forvalta av fylkesmennene, når dei aller fleste kommunane i landet, og at det vart nytta meir midlar til kompetanseutvikling i 2009 enn åra før. Noregs forskingsråd vart tildelt 13 mill. kroner over post 21 til praksisretta forskings- og utviklingsarbeid (PraksisFOU), jf. omtale under post 51.

Totalt vart om lag 18 mill. kroner over post 21 nytta til oppfølging av Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007−2011). I tillegg vart det løyvd midlar til dette formålet over kap. 226 post 21. Om lag 13 mill. kroner vart nytta til arbeidsplassrelatert førskolelærarutdanning for barnehageassistentar. Til rettleiingsprogrammet for nyutdanna førskolelærarar vart det nytta 2 mill. kroner. Dessutan vart om lag 2,5 mill. kroner tildelte fylkesmenn i pressregionar for å leggje til rette for målretta rekrutteringstiltak til førskolelærarstudium og til barnehagane i samhandling med aktørar regionalt. Det vart i tillegg nytta midlar til rekruttering og gjennomstrøyming av tospråklege førskolelærarstudentar, jf. omtale under post 63. Tiltaka i rekrutteringsstrategien har medverka til ein auke i talet på pedagogar i barnehagen.

Vidare vart Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) tildelt midlar til språkstimulering og fleirkulturell pedagogikk, jf. omtale under post 63.

I tillegg til ordinære midlar til fylkesmennene vart embeta tildelte vel 13,5 mill. kroner til særskilde oppgåver på barnehagefeltet. Midlane vart nytta til informasjon, rettleiing, utviklingstiltak og kommunale nettverk.

Det vart vidare nytta om lag 3,6 mill. kroner i 2009 til barnehagetiltaka i Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008–2010).

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten til kvalitetstiltak med 25 mill. kroner i 2011. Midlane vil i hovudsak bli nytta til ein rekrutteringskampanje for førskolelærarutdanninga, vidareutdanning for assistentar, tiltak for læringsmiljøet i barnehagen, vidareutdanning for fagarbeidarar og til å styrkje tilsynskapasiteten til fylkesmennene og kommunen som lokal barnehagemyndigheit.

Det nyoppretta Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) skal ha felles sekretariat med foreldreutvalet for grunnopplæringa. Det er derfor foreslått å redusere løyvinga på posten med 3,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 221 post 01.

Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod

Formålet med tilskottet er å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen. Sametinget forvaltar tilskott til samiske barnehagar, tilskott til språktiltak i norskspråklege barnehagar med samiske barn og midlar til informasjons-, rettleiings- og utviklingsarbeid.

Rapport for 2009

Sametinget vart i 2009 tildelt om lag 13 mill. kroner i tilskott til samiske barnehagetilbod. 37 barnehagar med 789 barn fekk tildelt særskilt tilskott til samiske barnehagar i 2009. I tillegg fekk 34 norskspråklege barnehagar med til saman 94 barn tilskott til samisk opplæring. Det har vore ein nedgang frå 2008 til 2009 i talet på samiske barnehagar som får særskilt samisk tilskott. Dette skyldast at færre barnehagar oppfyller kriteria for tilskottet. Samstundes har talet på barnehagar som får tilskott til opplæring i samisk språk i norskspråklege barnehagar, auka.

Sametinget har arrangert fleire nettverksmøte som arena for informasjon, kompetanseheving, rettleiing og nettverksbygging for barnehagetilsette. Åtte prosjekt og utviklingsarbeid med vekt på å få fram pedagogisk materiell til bruk i barnehagar har fått tilskott frå Sametinget. Sametinget og Kunnskapsdepartementet har samarbeidd om tiltak for auka kompetanse og for rekruttering av førskolelærarar til barnehagane.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane blir nytta til forsking i og om barnehagar. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21.

Størsteparten av løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram.

Mål for 2011

Målet med løyvinga for 2011 er å styrkje forskinga i og om barnehagar.

Rapport for 2009

Forskingsprogrammet PraksisFOU skal fremme forskings- og utviklingsarbeid i lærarutdanningane, betre samanhengen mellom yrkesutdanning og yrkesutøving og medverke til at forskingsbasert kunnskap blir teken i bruk. I 2009 vart det løyvd om lag 15,8 mill. kroner til PraksisFOU, der om lag 2,8 mill. kroner vart løyvde over post 51. I alt inneheld programmet 13 prosjekt som rettar seg mot barnehagen. Prosjekta omhandlar tema som innhaldet i barnehagen, læring og utvikling, barnehagen som institusjon, førskolelærarutdanning, livslang læring, overgangen mellom barnehage og skole og barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen. Dei fleste prosjekta er inne i sin avsluttande fase. Endelege resultat frå barnehageprosjekta vil liggje føre i 2010–11. PraksisFOU blir i 2010 avløyst av PRAKUT (praksisrettet utdanningsforskning) – eit nytt praksisretta forskingsprogram som tek sikte på å skaffe til vegar ny praksisrelevant kunnskap og stimulere til kvalitet i FoU-verksemda i lærarutdanningane.

Utdanning 2020 er eit tiårig forskingsprogram om utdanningssektoren – frå barnehage til doktorgradsutdanning. Programmet finansierer forsking om undervisning og læring, styring, leiing og organisering og utdanning i samspel med arbeids- og samfunnsliv. Utdanning 2020 skal styrkje utdanningsforskinga ved å fremme forsking på eit høgt vitskapleg nivå og betre kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming, forvaltning, profesjonsutdanning og profesjonsutøving. I 2009 vart det løyvd 2,5 mill. kroner til programmet over post 51.

I tillegg er om lag 1,7 mill. kroner nytta til ulike tiltak for å fremme forsking i og om barnehagar.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 60 Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving

Til denne posten hører fire tilskottsordningar: ordinært driftstilskott, tilskott til drift av barnehagar på Svalbard, tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar og tilskott til lønnstillegg for førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms.

Ordinært driftstilskott til barnehagar

Det ordinære driftstilskottet har vore nytta til å nå måla om full barnehagedekning, lågare foreldrebetaling og god kvalitet i barnehagane. Driftstilskottet har vore øyremerkt og har vorte gitt til alle godkjende barnehagar. Tilskottet har vorte tildelt på grunnlag av det faktiske talet på barn i barnehagen, alderen til barna og avtalt opphaldstid per veke.

Rapport for 2009

Driftstilskottet har, saman med dei andre statlege tilskotta, vore viktig for å stimulere til auka utbygging av barnehageplassar og medverkar også til at barnehagane kan gi eit tilbod av god kvalitet til låg pris. Det vart i 2009 utbetalt om lag 17 877 mill. kroner i driftstilskott til barnehagar. Desse midlane gjekk i hovudsak til ordinært driftstilskott. Midlane medverka til at om lag 10 100 nye heiltidsplassar vart etablerte, noko som gav rom for om lag 8 300 fleire barn i barnehage. Totalt hadde om lag 270 000 barn plass i barnehage i 2009.

Budsjettforslag for 2011

Saldert budsjett for 2010 utgjer om lag 19 678 mill. kroner. Meirbehovet knytt til heilårseffekten av plassar som vart etablerte i 2009 og 2010, er 407,5 mill. kroner. Barnehagane må vidare få kompensasjon for meirutgifter som følgje av at maksimalprisen blir ført vidare på same nominelle nivå som i 2010. Det gir eit meirbehov på 234 mill. kroner. Vidare gir forventa pris- og kostnadsvekst i kommunesektoren eit meirbehov på om lag 602,5 mill. kroner. Totalt er det foreslått å auke løyvinga med 1 244 mill. kroner i 2011.

Frå 1. januar 2011 vil det ordinære driftstilskottet til barnehagar bli innlemma i rammetilskottet til kommunane, jf. Innst. 345 S (2009–2010) og Prop. 124 S (2009–2010). Det er derfor foreslått å overføre om lag 20 782 mill. kroner frå posten til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Ein del av post 60 som blir nytta til barnehagetilbod til barn av asylsøkjarar, blir halden utanfor rammeoverføringa sidan det er eit mindretal av kommunane som har statlege asylmottak og gir eit barnehagetilbod til barn av asylsøkjarar. Midlar til barnehageplassar for barn av asylsøkjarar er frå 2011 foreslått innlemma i vertskommunetilskottet, som Justis- og politidepartementet har ansvaret for. Det er derfor foreslått å redusere løyvinga på posten med 27,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 490 post 60 på budsjettet til Justis- og politidepartementet.

Det vil i 2011 vere behov for midlar på posten for å handtere klager på driftstilskott for tidlegare år og etterslep ved handsaming av søknader om driftstilskott for 2010. 83 mill. kroner blir derfor haldne utanfor overføringa til kap. 571 post 60.

Tilskott til drift av barnehagar på Svalbard

Tilskottet skal medverke til at barnehageeigarar på Svalbard kan gi eit tilbod av god kvalitet med låg foreldrebetaling til dei som ønskjer barnehageplass.

Rapport for 2009

Det vart i 2009 utbetalt om lag 10,5 mill. kroner i driftstilskott til barnehagane på Svalbard. 133 barn gjekk i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard ved utgangen av 2009. Dekningsgraden for barn i alderen eitt til fem år vart med det om lag 94 pst.

Budsjettforslag for 2011

I og med at det ordinære driftstilskottet frå 2011 vil bli innlemma i rammetilskottet til kommunane, og Svalbard ikkje er ein del av inntektssystemet, tek Justis- og politidepartementet over ansvaret for tilskottsordninga frå Kunnskapsdepartementet frå 1. januar 2011. Det er foreslått å redusere løyvinga på posten med 10,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 480 post 50 på budsjettet til Justis- og politidepartementet.

Tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar

Målet med tilskottet er å gjere kommunar og private barnehageeigarar i stand til å gi barn av nykomne flyktningar eit barnehagetilbod når familien skal etablere seg i busetjingskommunen etter opphald i mottak. Ordninga gjeld også for barn av personar som har fått opphald på humanitært grunnlag. Barn av asylsøkjarar er ikkje omfatta av ordninga. Tilskottet omfattar eit barnehagetilbod på 15 timar per veke i åtte månader.

Rapport for 2009

Det vart i 2009 utbetalt om lag 16,6 mill. kroner til dette formålet. 475 barn vart omfatta av ordninga i 2009. Dette er ein auke på 92 barn frå 2008.

Budsjettforslag for 2011

Det ordinære driftstilskottet vil bli innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 2011. Tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar er ikkje eit tilskott som alle kommunar gir tilbod om, og det er derfor halde utanfor rammeoverføringa. Frå 1. januar 2011 blir tilskottet ført over til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og vil inngå i ordninga med integreringstilskott. Det er foreslått å redusere løyvinga på posten med 17,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 821 post 60 på budsjettet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Lønnstillegg til førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms

Formålet med tilskottet er å betre tilgangen på pedagogisk personale i Finnmark og Nord-Troms. Løyvinga dekkjer lønnstillegg til styrarar og pedagogiske leiarar med godkjend utdanning i barnehagar og barnehageadministrasjonar i alle kommunane i Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms.

Rapport for 2009

Om lag 9,8 pst. av styrarane og dei pedagogiske leiarane i Finnmark var utan godkjend utdanning ved utgangen av 2009, mot 12,5 pst. i 2008. Tilsvarande tal for Troms var 14,2 pst. ved utgangen av 2009 og 14,4 pst. i 2008. Dette er ei positiv utvikling, særleg for Finnmark.

Lønnstillegget utgjorde 20 000 kroner per år i full stilling. Om lag 550 000 kroner vart nytta til dette formålet i 2009.

Budsjettforslag for 2011

Det ordinære driftstilskottet vil bli innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 2011. Lønnstillegget til pedagogisk personale i Finnmark og Nord-Troms er halde utanfor rammeoverføringa. Mangelen på førskolelærarar er lågare i Finnmark og Nord-Troms enn andre stader i landet, noko som gjer at det er mindre behov for dette tilskottet. Departementet foreslår derfor å redusere lønnstillegget frå 20 000 kroner til 10 000 kroner per år for tilsette i full stilling.

Post 61 Investeringstilskott, overslagsløyving

Tilskottsordninga er eit viktig verkemiddel for å stimulere til utbygging av nye barnehageplassar, og skal medverke til at kommunane kan oppfylle retten til barnehageplass. Investeringstilskottet er eit eingongstilskott til etablering av nye barnehageplassar. Tilskottet dekkjer delar av anleggskostnadene ved nybygg, tilbygg eller ombygging og reduserer dermed finansieringsbehovet ved etablering av nye plassar.

Rapport for 2009

Investeringstilskottet medverka til utbygging av om lag 10 100 nye heiltidsplassar, og det gav nær 8 300 fleire barn barnehageplass i 2009. Til saman vart det utbetalt om lag 193 mill. kroner i investeringstilskott i 2009.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å løyve 53 mill. kroner i investeringstilskott til nye barnehageplassar i 2011. I utrekninga av løyvingsbehovet er det lagt til grunn at 3 420 fleire barn vil få plass i ein permanent barnehage i 2011. Vidare legg departementet til grunn at det ved inngangen til 2011 vil vere eit etterslep av uhandsama søknader om investeringstilskott knytt til etableringa av barnehageplassar i 2010. Departementet foreslår derfor å løyve 29 mill. kroner til investeringstilskott til plassar etablerte i 2010.

Departementet legg til grunn at nokre barn som fekk fast plass i mellombelse lokale i 2008, 2009 eller 2010, vil bli flytte over i permanente lokale i 2011. Løyvingsbehovet knytt til dette utgjer 55 mill. kroner. Departementet foreslår at maksimalsatsane for investeringstilskottet blir førte vidare på same nominelle nivå som i 2010. Totalt er det foreslått å løyve 137 mill. kroner på posten i 2011.

Post 62 Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

Tilskottsordninga har medverka til at barn med nedsett funksjonsevne har kunna dra nytte av opphald i barnehagen. Barn med nedsett funksjonsevne kan trenge særskild tilrettelegging av fysiske og personalmessige forhold. Ei slik tilrettelegging vil ofte føre med seg ekstra kostnader for barnehageeigaren. Det har derfor vorte gitt eit ekstra tilskott frå staten til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen.

Rapport for 2009

I 2009 vart det tildelt om lag 823,5 mill. kroner i tilskott til kommunane. Tilskottet vart nytta til ekstra ressursar i barnehagar som gav barn med nedsett funksjonsevne eit barnehagetilbod. Ordninga omfatta 8 850 barn i 2009.

Budsjettforslag for 2011

Frå 1. januar 2011 vil tilskottet til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage bli innlemma i rammetilskottet til kommunane. Det er derfor foreslått å overføre om lag 881 mill. kroner til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Ein del av post 62 er nytta til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne på Svalbard, og i og med at Svalbard ikkje er ein del av inntektssystemet, blir desse midlane ikkje innlemma i rammetilskottet til kommunane. Departementet foreslår at midlane til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne på Svalbard blir innlemma i Svalbardbudsjettet, som Justis- og politidepartementet har ansvaret for. Det er derfor foreslått å redusere løyvinga på posten med 424 000 kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 480 post 50 på budsjettet til Justis- og politidepartementet.

Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

Tilskottet skal medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen. Barnehagen er ein god arena for integrering og språkopplæring. I tillegg skal ordninga medverke til at minoritetsspråklege barn går i barnehage, og at kommunane utarbeider heilskaplege tiltak på tvers av tenestetilboda. Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage.

Rapport for 2009

KOSTRA-tal for 2009 syner at om lag 9 300 minoritetsspråklege barn i barnehage fekk tilbod om særskild språkstimulering utover det ordinære arbeidet med språkutvikling i barnehagen. Dette er ein auke på vel 200 barn frå 2008.

Totalt vart om lag 111 mill. kroner nytta over posten i 2009. Om lag 103 mill. kroner vart fordelte til kommunane. Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) ved Høgskolen i Oslo fekk tildelt vel 3 mill. kroner til kompetanseutviklingsprogram og utviklingsprosjekt i eit utval fylke og barnehagar for barnehageåret 2009–10. Rambøll har på oppdrag frå departementet gjennomført ei evaluering av kompetanseutviklingsprosjektet til NAFO i perioden 2005–09. Evalueringa konkluderer med at denne langsiktige kompetansestrategien har vore vellykka både gjennom å auke kompetansen til dei tilsette i barnehagane og ved å utvikle samarbeidsstrukturar mellom universitets- og høgskolesektoren og fylkesmennene.

Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Oslo fekk tildelt totalt 1,7 mill. kroner for å utvikle og starte ei vidareutdanning i fleirspråkleg utvikling. Utdanninga er retta mot førskolelærarar/pedagogar som har kompetanse på området fleirkulturell pedagogikk, språkutvikling og språkstimulering, og vil medverke til å utvikle spisskompetanse på området. Studiet startar hausten 2010 og blir avslutta våren 2011. Sju fylke, som til saman har over 70 pst. av innvandrarbefolkninga i landet, fekk totalt om lag 2 mill. kroner til språkstimulering. Desse midlane skal uavkorta gå til kompetansetiltak for dei tilsette i barnehagane. Det vart i tillegg tildelt 1 mill. kroner til eit nettverk av høgskolar til eit prosjekt som starta i 2007 med det formålet å auke rekrutteringa og gjennomstrøyminga av tospråklege førskolelærarstudentar.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 64 Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving

Tilskottet til faste plassar i mellombelse lokale er eit sentralt verkemiddel for å auke kapasiteten i barnehagesektoren og skal medverke til at kommunane kan oppfylle retten til barnehageplass. Tilskottet blir gitt ved nyetablering av plassar i både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Storleiken på tilskottet er avhengig av opphaldstida til barnet. Satsen for heiltids- og deltidsplassar er høvesvis 20 000 kroner og 10 000 kroner. Berre ordinære barnehagar godkjende i samsvar med barnehagelova kan få tilskottet.

Rapport for 2009

Tilskottet har medverka til auka utbygging av barnehageplassar. Rapportering frå kommunane per 20. september 2009 syner at om lag 36 pst. av kommunane nytta mellombelse lokale i 2009. Totalt var det nær 10 900 faste plassar i mellombelse lokale per 20. september 2009. Dette utgjer ein auke på 2,8 pst. frå året før. Totalt vart det utbetalt om lag 47 mill. kroner i tilskott til faste plassar i mellombelse lokale i 2009.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å løyve 20 mill. kroner til nye barnehageplassar i mellombelse lokale i 2011. Det er lagt til grunn at om lag 1 470 barn vil få fast plass i mellombelse lokale etablerte i 2011. Vidare legg departementet til grunn at det ved inngangen til 2011 vil vere eit etterslep av søknader om tilskott til mellombelse lokale etablerte i 2010. Løyvingsbehovet i samband med dette utgjer om lag 10,5 mill. kroner.

Departementet foreslår at satsane for tilskottet blir førte vidare på same nominelle nivå som i 2010. Totalt foreslår departementet å løyve om lag 30,5 mill. kroner på posten i 2011.

Post 65 Skjønnsmidlar til barnehagar

Målet med skjønnsmidlane har vore å kompensere for dei auka netto meirutgiftene til kommunane som følgje av maksimalpris, kommunal plikt til likeverdig handsaming av ikkje-kommunale barnehagar og drift av nye barnehageplassar. Skjønnsmidlane er statlege midlar som har vorte overførte til kommunane og er øyremerkte barnehagedrift.

Rapport for 2009

Skjønnsmidlane medverka til at om lag 10 100 nye heiltidsplassar vart oppretta i 2009. Totalt vart det utbetalt om lag 4 902 mill. kroner i skjønnsmidlar i 2009.

Departementet gjennomførte i 2010 ein kontroll av korleis kommunane hadde brukt skjønnsmidlar tildelte i 2008, og fann ikkje grunnlag for reaksjonar.

Budsjettforslag for 2011

Saldert budsjett på posten for 2010 er om lag 5 805,5 mill. kroner. Meirbehovet på posten som følgje av at maksimalprisen er foreslått vidareført på same nominelle nivå som i 2010 er 29,5 mill. kroner netto. Meirbehovet ved å kompensere kommunane for meirutgifter til plassar som vart etablerte i 2009 og 2010, er totalt 223 mill. kroner. Det er vidare eit meirbehov knytt til heilårseffekten av auken i minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar i 2010 frå 85 til 88 pst. på 115 mill. kroner.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 92,5 mill. kroner som følgje av at ein i 2011 held fram med opptrappinga av økonomisk likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Samstundes tek departementet sikte på å auke minimumsplikta i forskrifta frå 88 pst. til 91 pst. frå 1. august 2011.

Justering for forventa pris- og kostnadsvekst i kommunesektoren i 2011 gir eit meirbehov på om lag 185,2 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 645,2 mill. kroner nominelt samanlikna med 2010.

Frå 1. januar 2011 vil skjønnsmidlane bli innlemma i rammetilskottet til kommunane. Totalt er det foreslått å overføre om lag 6 438,5 mill. kroner til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Ein del av midlane på post 65 som blir nytta til barnehagetilbod til barn av asylsøkjarar, er halden utanfor rammeoverføringa sidan det er eit tilbod som ikkje alle kommunar gir. Justis- og politidepartementet tek over ansvaret for desse midlane frå 1. januar 2011, og dette tilskottet blir ein del av vertskommunetilskottet for statlege asylmottak. Det er foreslått å redusere løyvinga på posten med 12,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 490 post 60 på budsjettet til Justis- og politidepartementet.

Programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

252

EUs program for livslang læring

203 037

215 381

183 525

-14,8

253

Folkehøgskolar

619 478

641 301

658 581

2,7

254

Tilskott til vaksenopplæring

198 952

205 335

211 700

3,1

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

52 897

56 806

62 567

10,1

256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

53 510

52 523

60 403

15,0

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

61 808

79 804

86 278

8,1

258

Tiltak for livslang læring

37 191

43 114

44 419

3,0

Sum kategori 07.50

1 226 873

1 294 264

1 307 473

1,0

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

3256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

9 541

10 614

10 943

3,1

Sum kategori 07.50

9 541

10 614

10 943

3,1

Innleiing

Eit høgt kunnskaps- og kompetansenivå i heile folket er grunnlaget for sosial utjamning og for at norske verksemder skal ha den kompetansen dei treng. Det er derfor viktig å leggje til rette for at fleire vaksne skal kunne tileigne seg ny kunnskap og oppgradere kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring.

Moglegheita til å lære gjennom heile livet er viktig for at menneske skal ha kontroll over sitt eige liv og meistre kvardagen sin. Utdanning stimulerer til demokratisk deltaking, kulturell utvikling og til sjølvkjensle og identitet hos den einskilde. Livslang læring finn stad på mange arenaer. Regjeringa ønskjer å vidareutvikle dei uformelle arenaene for læring.

Regjeringa vil arbeide for at fleire vaksne skal kunne kvalifisere seg til eit yrkesliv som er i stadig utvikling. Regjeringa ønskjer særleg å løfte kunnskapsnivået for dei som treng det mest. Motivasjon, god rettleiing og fleksible ordningar for læring på ulike arenaer er viktige tiltak.

Når det gjeld utdanningssystemet samla sett ønskjer regjeringa ein lærande utdannings- og opplæringssektor med brei rekruttering og med produktive og kvalitativt gode forskingsmiljø. Forskingsbasert kunnskap og praksis mellom anna i skolar og i lærarutdanninga er avgjerande for at utdanningssektoren skal kunne utvikle seg vidare i tråd med forventningane frå samfunnet.

Overskrifta for programkategorien er endra for å betre spegle kva løyvingane blir nytta til. Innhaldet i kategorien og kapitla er uendra.

Hovudprioriteringar for 2011

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Bedrifter og offentlege verksemder kan få tilskott til å gi tilsette opplæring i grunnleggjande dugleikar. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart programmet styrkt med 10 mill. kroner. Desse midlane er førde vidare i 2011.

Informasjon om og tilgang til god rettleiing om utdanning og arbeid er viktig for vaksne i ulike livshøve. Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 44 (2008–2009) skal det opprettast ei nasjonal eining for karriererettleiing som ein integrert del av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Dette er eitt av tiltaka for å motverke feilval og omval, som er belastande både for den einskilde og for samfunnet.

Departementet vil i 2011 følgje opp og auke satsinga på utdanningsforskinga, jf. strategien for utdanningsforsking Kunnskap for kvalitet 2008–2013, jf. St.prp. nr 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. Utdanningsforskingsprogramma i Noregs forskingsråd er sentrale verkemiddel. Departementet vil auke tildelinga til Utdanning 2020 med 11 mill. kroner og vidareføre satsinga på praksisretta forsking i det nye programmet PRAKUT som vil vare i perioden 2010–14.

Departementet ser det som viktig at resultata frå norsk og internasjonal utdanningsforsking kjem til nytte. Forskingsrådet har i denne samanheng fått i oppdrag å etablere Kunnskapssenter for utdanning frå 1. januar 2011. Departementet vil styrkje det vitskaplege grunnlaget for pedagogiske målingar og planlegg i løpet av hausten 2010 å inngå avtale med ein vertsinstitusjon om styrking av den psykometriske forskinga. Departementet vil følgje opp den nasjonale forskarskolen i lærarutdanningane for å utvikle kunnskapsgrunnlaget og heve kvaliteten i utdanningane.

For å få kunnskap om vaksnes dugleikar har Noreg saman med 23 andre land, og i regi av OECD, delteke i utviklinga og planlegginga av Programme for International Assessment of Adult Competencies (PIAAC). Den internasjonale undersøkinga vil etter planen bli gjennomført i 2011–12. Norsk deltaking vil bli avgjort etter at ein har analysert erfaringane frå felttesten i 2010.

Departementet legg i 2011 opp til å fastsetje eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring i nær kontakt med partane i arbeidslivet og andre relevante organisasjonar og institusjonar. Dette arbeidet er kopla til tilrådinga frå EU om eit europeisk kvalifikasjonsrammeverk (EQF).

Mål: Vaksne som treng det, får opplæring

Noreg er i dag det OECD-landet som har lågast del av arbeidsstyrken i yrke som består av enkle og rutineprega oppgåver og som ikkje stiller krav til utdanning. For å hindre sosial ulikskap, for at den einskilde skal ha tryggleik i arbeid og samfunnsdeltaking, og for at samfunnet skal få dekt kompetansebehova sine, ønskjer regjeringa å medverke til at alle har høve til læring gjennom heile livet.

Tilstandsvurdering

Lærevilkårsmonitoren er ei årleg kartlegging av læring og kompetanseutvikling blant vaksne. Han viser at omfanget av læringsaktivitetar blant vaksne har vore relativt stabilt i dei seinare åra. Av dei sysselsette svarte 50 pst. at dei har delteke på kurs og anna opplæring i 2009. Dette er ein nedgang frå fjoråret. I 2009 var delen av sysselsette i læringsintensivt arbeid på over 60 pst. Denne delen har vore stabil i dei siste åra. Den delen av befolkninga i alderen 22–66 år som deltek i formell vidareutdanning, har vore relativt jamn i dei siste åra, men i 2009 ser det ut til å vere ein liten nedgang samanlikna med 2008.

Tabell 4.8 Delen sysselsette som har delteke i kurs og opplæring, og som har læringsintensivt arbeid, og delen av befolkninga som har delteke i formell vidareutdanning (personar som er 22–66 år). 2003–09

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

Læringsintensivt arbeid

58,0 %

53,0 %

59,8 %

60,8 %

63,5 %

63,0 %

63,0 %

Kurs og opplæring

57,2 %

55,4 %

50,1 %

49,0 %

52,6 %

54,0 %

50,7 %

Formell vidareutdanning

6,6 %

7,6 %

6,2 %

7,6 %

6,2 %

8,2 %

7,3 %

Kjelde: SSB/Lærevilkårsmonitoren

Om lag 8 500 personar over 25 år avla fag- og sveineprøve i løpet av skoleåret 2008–09. Dette var om lag 500 fleire personar enn skoleåret før. Talet på fag- og sveineprøver har auka i dei to siste åra etter å ha vore stabilt åra før. Av dei som framstiller seg til fag- og sveineprøva, består over 90 pst. prøva. Det er ein høgre del av dei vaksne som består fag- og sveineprøve, enn blant dei som er under 25 år.

Framskriving av kunnskapsbehovet i framtida viser at arbeidsmarknaden vil bli stadig tøffare for dei med svake grunnleggjande dugleikar og lite utdanning. Gode grunnleggjande dugleikar er viktig for å kunne ta del i opplæring og for å oppgradere fagkunnskap, og gir den einskilde betre moglegheiter til å takle omstillingar på arbeidsmarknaden. Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) medverkar til å utvikle og nytte arbeidsplassen som læringsarena, jf. omtale under kap. 257.

Dei auka kunnskapskrava i arbeidslivet har gjort at fullført vidaregåande opplæring i stadig større grad har vorte nøkkelen til ei stabil tilknyting til arbeidsmarknaden. Forsking viser at det er ein klar samanheng mellom lågt utdanningsnivå og risikoen for å stå utanfor arbeidslivet.

Strategiar og tiltak

Kunnskapsdepartementet vil halde fram med å styrkje vaksnes lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Programmet er retta mot dei gruppene som manglar den grunnleggjande kompetansen dei treng for å fungere godt i arbeids- og samfunnslivet.

Utdanningsdirektoratet har på oppdrag frå departementet sett i gang forsøk i fire fylkeskommunar for å utvikle opplæringsmodellar på vidaregåande opplæringsnivå som kan byggje på og kombinerast med dei tilboda vaksne kan få gjennom arbeidsmarknadsopplæringa (AMO). Formålet er at målgruppa får eit tilpassa opplæringstilbod som fører fram til fag- eller sveinebrev. Departementet vil halde fram med å stimulere til at det blir utvikla tilbod i fag- og yrkesopplæringa som i større grad kan nyttast av arbeidssøkjarar utan fullført vidaregåande opplæring.

Ny vaksenopplæringslov vart vedteke av Stortinget 19. juni 2009. Formålet med lova er å fremme livslang læring ved å leggje til rette for organiserte læringsaktivitetar ved sida av det formelle utdanningssystemet. I lova og forskrifta er det fastsett ein overgangsperiode for studieforbund på tre år og for nettskolar på to år frå 1. januar 2010. Departementet og Vox vil i denne perioden følgje med på verknadene av den nye lova og forskrifta.

Regionale partnarskap for karriererettleiing er etablerte i alle fylka. Dei skal samarbeide om og samordne karriererettleiing mellom fylkeskommunar, kommunar, skolar, universitet og høgskolar og NAV, samt involvere partane i arbeidslivet og lokalt næringsliv. Vox har fått i oppdrag å etablere ei nasjonal koordinerande eining for karriererettleiing frå 1. januar 2011.

Mål: Kunnskap om samfunnets kompetansebehov

Norsk arbeidsliv er i stor grad kunnskapsbasert og stiller store krav til omstillingsevne og nyskaping. Aldringa av befolkninga og den økonomiske og teknologiske utviklinga gjer det naudsynt med god kunnskap om framtidas behov for kunnskap og kompetanse. Eit solid datagrunnlag, forsking og gode analysar er viktige verktøy for arbeids- og samfunnslivet generelt og for utdannings- og opplæringssektoren spesielt.

Tilstandsvurdering

Analysar er viktige for å kunne sjå behova for kunnskap og kompetanse i samanheng med utviklinga i arbeidsmarknaden. Fleire land har etablert eit systematisk arbeid med framskriving og formidling av framtidige kompetansebehov.

PIAAC, den internasjonale undersøkinga av vaksnes dugleikar, er utvikla vidare gjennom ei forlenging av forprosjektperioden på ni månader. I 2010 gjennomførte Noreg saman med 23 andre land, mellom andre Danmark, Finland og Sverige, den store felttesten som er ein del av utviklinga av PIAAC. Undersøkinga vil gjere det mogleg å samanlikne mellom deltakarlanda, sjå på utvikling i vaksnes dugleikar over tid, og gi data og innsikt som vil kunne målrette framtidige satsingar knytte til utdannings- og arbeidsmarknadspolitikken for vaksne.

Strategiar og tiltak

For å styrkje kunnskapen om samfunnets kompetansebehov vil departementet vurdere å opprette eit heilskapleg system for framskriving og analysar av framtidige kompetansebehov. Eit slikt system kan kombinere regelmessige framskrivingar for tilbod og etterspørsel etter forskjellige typar arbeidskraft med andre analysar av nasjonale og regionale kompetansebehov og utviklinga på arbeidsmarknaden.

Etter ein analyse av erfaringane frå felttesten i 2010 vil departementet mot slutten av 2010 avgjere om Noreg skal delta i PIAAC, og i tilfelle kva for ekstra modular som vil bli gjennomførte. Løyvinga til dette er plassert under kap. 226.

Mål: Solid kunnskap om utdannings- og opplæringssektoren

Forskingsbasert kunnskap og praksis er avgjerande for at utdannings- og opplæringssektoren skal kunne utvikle seg vidare i tråd med krava frå samfunnet og behova i sektoren. Kunnskapsdepartementet ønskjer derfor å leggje til rette for meir kunnskap om og for utdanningssektoren, og for at det vi veit om kvalitetsutvikling, kjem til nytte i politikkutforminga, lærarutdanningane og praksisfeltet. Utdanningsforsking er eit prioritert område for departementet.

Tilstandsvurdering

Kunnskapen om norske barnehagar, skolar og høgre utdanning, også i internasjonalt perspektiv, er styrkt, men framleis er det område der ein treng meir kunnskap. Det er behov for meir kunnskap om verknader og effektar av reformer og tiltak som blir sette i verk. Vidare er det behov for meir innsikt i delar av vidaregåande opplæring, kvaliteten i høgre utdanning og om kva som gir gode barnehagar. Gjennom dei langsiktige forskingsprogramma i Forskingsrådet er det sett i gang studiar som på lengre sikt vil kunne gi ny og viktig kunnskap.

Det ligg i dag føre mykje ny og relevant kunnskap om kva som er med på å gi god opplæring. Denne kunnskapen blir ikkje alltid teke i bruk og utnytta godt nok i praksis. Det nye kunnskapssenteret for utdanning vil vere eit sentralt verkemiddel for å nå ut med forsking til brukarane i sektoren.

Meir bruk av resultata frå utdanningsforskinga i sektorpolitikken og på praksisfeltet stiller aukande krav til kvaliteten i utdanningsforskinga og til at forskinga har relevans for sektorens mange og samansette kunnskapsbehov. Dei siste åra har utdanningsforskinga vorte eit meir fleirfagleg forskingsfelt. Programma i Forskingsrådet har vore med på å støtte opp under dette.

Strategiar og tiltak

I St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet vart det lagt fram ein strategi for å styrkje utdanningsforskinga, Kunnskap for kvalitet 2008–2013. Departementet held fram med å følgje opp strategien gjennom tiltak for å auke omfanget av og heve kvaliteten i norsk utdanningsforsking samt å betre relevansen for bruksretta forsking.

For å styrkje læringa og kvalitetsutviklinga i utdannings- og opplæringssektoren, og heve kvaliteten på og relevansen for norsk utdanningsforsking, vil departementet auke ramma til forskingsprogrammet Utdanning 2020 med 11 mill. kroner frå 2011. Delar av auken skal gå til forsking om kvalitet og læringsutbytte i høgre utdanning. Programmet vil i 2011 få ei ramme på 35 mill. kroner og vil bli finansiert over kapitla 226, 231, 258, 281 og 286.

Det nye praksisretta forskingsprogrammet PRAKUT skal heve kvaliteten på den praksisnære utdanningsforskinga og styrkje FoU-kompetansen i lærarutdanningane. Det skal stimulere til auka bruk av forskingsresultat, men også auka bruk av røynsler frå utviklingsarbeid i barnehage, skole og lærarutdanning. Programmet vil i 2011 bli finansiert over kapitla 226, 231 og 281.

Departementet har gitt Forskingsrådet i oppdrag å etablere Kunnskapssenter for utdanning frå 1. januar 2011. Kunnskapssenteret skal ha oversikt over nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdannings- og opplæringssystemet. Senteret skal formidle relevant forsking til målgruppene og medverke til ei meir kunnskapsbasert politikkutforming, forvaltning og praksis samt ein opplyst og kunnskapsbasert utdanningsdebatt. Forskingsrådet vil i 2011 bli tildelt 7 mill. kroner over kap. 226 til senteret.

Departementet vil styrkje den vitskaplege kompetansen om pedagogiske målingar. Satsinga skal medverke til at utdanning, forsking og kompetanseutvikling på dette området blir stimulert både med tanke på utvikling av ny bruksretta forsking og meir langsiktig grunnleggjande forsking. Vertsinstitusjonen skal medverke til nasjonal kompetanseutvikling og formidlingsinnsats mot ulike brukargrupper. Avklaring av vertsinstitusjonen vil venteleg vere klar i løpet av hausten 2010. Satsinga vil i 2011 bli finansiert over kap. 226.

Mål: Fremming av internasjonal mobilitet og forståing for menneskerettane og kultur

Departementet ønskjer å fremme forståing for menneskerettane og kultur gjennom å gi tilskott til vaksenopplæring, folkehøgskolar og freds- og menneskerettssentra.

Gjennom deltaking i EUs program for livslang læring, Action Programme in the field of Lifelong Learning 2007–13 (LLP), legg regjeringa til rette for mobilitet i utdanningssektoren.

Tilstandsvurdering

Internasjonalisering er ein viktig del av norsk utdanningspolitikk, og det er behov for å stimulere den faglege utviklinga til institusjonane, elevane og studentane på dette området. Kunnskap om språk og kultur er svært viktig for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi, og for at nyutdanna personar skal vere kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv.

Dei 78 folkehøgskolane i Noreg er eit alternativ og supplement til det formelle utdanningssystemet. I dei seinare åra har det totale elevtalet på folkehøgskolane lege på vel 6 000 årselevar, det vil seie rundt ti pst. av eit årskull 19-åringar. Eit år på folkehøgskole kan for mange unge gi moglegheit til å utvikle seg i ein modningsfase i overgangen til vaksenlivet.

Freds- og menneskerettssentra medverkar til opplæring i verdien av freds- og menneskerettane. Om lag 17 000 elevar og studentar vitja dei ulike sentra i 2009. Sentra har òg medverka til innsamling av tidsvitneskildringar og dokumentasjon frå andre verdskrig, og arbeider for å formidle materialet til nye generasjonar.

Strategiar og tiltak

Departementet vil medverke til at det skal vere mogleg for alle personar i utdanningssektoren i Noreg å ta delar av utdanninga i utlandet. Deltaking i EUs program for livslang læring, LLP, er her eit viktig verkemiddel.

Folkehøgskolane legg vekt på allmenndanning og folkeopplysning. Pedagogisk fridom er eit særtrekk ved folkehøgskolane, som er eksamensfrie og ubundne av pensum.

Departementet gir støtte til drift og utvikling av freds- og menneskerettssentra i Noreg. For 2011 foreslår departementet å gi støtte også til Raftostiftelsen.

Rapport for 2009

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) vart i 2009 styrkt med til saman 40 mill. kroner i samband med regjeringas tiltakspakke og revidert nasjonalbudsjett. Styrkinga av programmet gjorde Vox i stand til å gi støtte til fleire kvalifiserte søkjarar. Studieforbunda har vore viktige opplæringstilbydarar. Vox styrkte òg tiltaka for særskilde bransjar og utsette grupper.

Departementet har starta eit arbeid for å greie ut korleis ein kan få meir einsarta bruk av og meir samordning mellom dei ulike ordningane for realkompetanse.

Forskingsprogrammet Utdanning 2020 hadde hausten 2009 si første tildeling. Det vart gitt støtte til seks forskarprosjekt og åtte forprosjekt med fokus på grunnopplæringa og profesjonsutdanningar på høgre nivå, særleg lærarutdanningane.

Forskingsprogrammet PraksisFOU har gjennomført 32 ulike forskingsprosjekt som mellom anna vil styrkje FoU-kompetansen i lærarutdanningane og tilhøvet mellom yrkesutdanning og yrkesutøving.

I 2009 vart Setesdal folkehøgskole godkjend som den første nye folkehøgskolen på fleire år.

Den internasjonale undersøkinga av dugleikane til vaksne, Programme for International Assessment of Adult Competencies (PIAAC), har i 2009 vore i utvikling. Den nasjonale prosjektleiinga vart lagd til NIFU STEP, medan Statistisk sentralbyrå fekk i oppgåve å gjennomføre felttesten i 2010 og leggje til rette data.

Kap. 252 EUs program for livslang læring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

70

Tilskott

203 037

215 381

183 525

Sum kap. 252

203 037

215 381

183 525

Post 70 Tilskott

Om ordninga

Noreg deltek i EUs program for livslang læring, Action Programme in the field of Lifelong Learning 2007–13 (LLP).

LLP dekkjer heile utdanningsløpet frå barnehage til vaksenopplæring, og består av fire sektoraktivitetar: Comenius (barnehage, grunnskole og vidaregående opplæring), Erasmus (høgre utdanningsinstitusjonar), Leonardo da Vinci (fag- og yrkesopplæring) og Grundtvig (vaksenopplæring).

Målet med norsk deltaking i programmet er å etablere moglegheiter for mobilitet i heile utdanningssektoren, slik at dette medverkar til å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i heile utdanningssystemet. Norske aktørar får her sjansen til å samarbeide med elevar, studentar, instruktørar, lærlingar, lærarar og utdanningsinstitusjonar frå dei fleste landa i Europa.

Noreg har to medlemmer i den europeiske programkomiteen for LLP. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) er nasjonalkontor for programmet.

Rapport for 2009

LLP gjekk i 2009 inn i sitt tredje år. Som i tidlegare år vart nye tiltak føydde til programmet, denne gongen gjaldt det fleire og nye tiltak i Grundtvig-programmet.

I skolesamarbeidet Comenius vart 94 multilaterale eller bilaterale barnehage- og skolepartnarskap (med norsk deltaking) for perioden 2008–10 godkjende i 2009. 68 pst. av søknadene gjekk gjennom (utteljingsprosent). Fleirtalet av Comenius-partnarskapa dreier seg om språk og kulturforståing. Talet på søknader til partnarskap og utteljingsprosent er stabilt. At det samla talet innvilga partnarskap er noko lågare i år enn i fjor, skyldast at satsane auka i 2009, og kvart partnarskap blir dermed dyrare. Det er vidare ein betydeleg auke i talet på søknader til etterutdanningsstipend.

Nærmast alle norske høgskolar og universitet som er kvalifiserte, deltek i Erasmus. Erasmus-institusjonar har nå fått det såkalla Erasmus University Charter, som er inngangsbilletten til å søkje om midlar i programmet. Erasmus-mobiliteten hadde ein merkbar nedgang både i 2006–07 og 2007–08. For studieåret 2008–09 ser trenden ut til å vere broten, og vi ser nok ein gong at aktiviteten aukar. For innkommande Erasmus-studentar til Noreg har tala vore positive kvart einaste år. Når det gjeld talet på studentar som Noreg sender ut, er det òg ein auke der etter fleire år med nedgang.

I Leonardo da Vinci-programmet er det tre typar tiltak innanfor fag- og yrkesopplæring: partnarskapsprosjekt, vidareutviklingsprosjekt og mobilitetsprosjekt. Det er stor interesse for ordninga med partnarskapsprosjekt, og blant søkjarane er det brei geografisk, institusjonell og fagleg representasjon. I 2009 var det 38 søknader, som inkluderer mobilitet for minimum 384 personar, ein auke på tolv søknader samanlikna med i 2008. 19 av 38 søknader vart innvilga, der to blir koordinerte av norske deltakarar. I 2009 søkte elleve prosjekt om midlar i vidareutviklingsprosjekt, fem vart godkjende. Det var 20 fleire søknader til mobilitetsprosjekt og 780 fleire deltakarar i 2009 enn i 2008. For første gong var det søkjarar med spesielle behov og frå underrepresenterte grupper. Det er stor oversøkning i programmet, og dette gir grunn til å konstatere at interessa for denne typen prosjekt blant norske organisasjonar er aukande. Søknadstala viser ein auke på nesten 70 pst. for deltakarar i åra 2007–09.

Innanfor Grundtvig gjeld alle søknadene toårige partnarskap mellom organisasjonar som legg til rette for vaksnes læring. I løpet av 2009 har 60 Grundtvig-partnarskap vore i aktivitet i Noreg, derav 21 med prosjektstart hausten 2009. Hovudtyngda av partnarskapane var òg i 2009 retta mot utfordringar knytte til språkleg og kulturelt mangfald, noko som samsvarer godt med prioriteringane i programmet. Sidan starten av programmet har det jamt over i dei siste åra vore ein auke i mobilitet, noko som har medverka til å utvikle kvaliteten og styrkt den interkulturelle dialogen.

Budsjettforslag for 2011

Kontingenten for 2011 er berekna til om lag 175,7 mill. kroner. Vidare er det sett av 7,8 mill. kroner som skal dekkje kostnadene for fem norske nasjonale ekspertar under LLP. Departementet foreslår ei løyving på 183,5 mill. kroner i 2011. Endringa frå 2010 skyldast i hovudsak endring i valutakurs.

Kap. 253 Folkehøgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

70

Tilskott til folkehøgskolar

614 876

636 552

653 685

71

Tilskott til Folkehøgskolerådet

3 501

3 613

3 725

72

Tilskott til nordiske folkehøgskolar

1 101

1 136

1 171

Sum kap. 253

619 478

641 301

658 581

Post 70 Tilskott til folkehøgskolar

Om ordninga

Folkehøgskolane er eit supplement til den læringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet.

Målet med tilskottet er å fremme allmenndanning og folkeopplysning gjennom å medverke til at det kan opprettast og drivast folkehøgskolar.

Tilskottet er tredelt. Basistilskottet er likt for kvar folkehøgskole. Elevtilskottet blir fastsett på grunnlag av gjennomsnittleg elevtal for dei siste tre åra før det føregåande året. Tilskott til husleige blir fordelt etter innstilling frå Folkehøgskolerådet. I tillegg får fire folkehøgskolar, der ein stor del av elevane har redusert funksjonsevne, eit særskilt tilskott for desse elevane.

Ein skil mellom langkurs på 16,5 veker eller meir og kortkurs på minst tolv timar. Føresegner om kursordningar, elevrapportering, tilskottsmodell med vidare er gitt i forskrifta til folkehøgskolelova.

Under post 70 er det to tilskottsordningar – folkehøgskolar og folkehøgskolar med stor del av funksjonshemma elevar. Tilskott til folkehøgskolar (77 skolar) skal medverke til at det kan bli etablert og drive folkehøgskolar. Tilskott til folkehøgskolar med stor del av funksjonshemma elevar (fire skolar) skal medverke til å dekkje meirutgifter skolane har til desse elevane. Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling er godkjende som folkehøgskoleliknande tiltak, og får tilskott etter folkehøgskolelova.

Tabell 4.9 Elevtal i folkehøgskolane 2005–09

År

2005

2006

2007

2008

2009

Elevar langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker)

12 478

12 582

11 908

12 014

13 160

Elevar kortkurs (3 dagar–16 veker)

20 785

19 079

18 588

16 849

19 011

Sum elevar

33 263

31 661

30 496

28 863

32 171

Årselevar langkurs

6 422

6 407

6 130

6 291

6 539

Årselevar kortkurs

986

834

756

714

794

Sum årselevar

7 408

7 241

6 886

7 005

7 333

Sum godkjende årselevar / fastsett elevtal

7 345

7 215

6 879

6 851

7 280

Tilskottselevar

7 074

7 212

7 269

7 181

7 136

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Departementet godkjende hausten 2009 Setesdal folkehøgskole. Setesdal folkehøgskole er godkjend for inntil 40 elevplassar og starta opp i skoleåret 2010–11. Det er sjeldan at nye folkehøgskolar blir godkjende; av dei eksisterande skolane vart dei siste to godkjende i 1991. Setesdal folkehøgskole starta opp hausten 2010, og representerer eit nyskapande tilbod innanfor motorsport. Skolen vil dermed gi eit tilbod til ei ungdomsgruppe som elles har svært få skoletilbod.

Rapport for 2009

Det er fastsett eit normtal for elevtalet ved den einskilde skolen. Elevtalet på langkurs har auka med 9,5 pst. frå 2008 til 2009. Talet på deltakarar på kortkurs viser ein auke på 12,8 pst. frå 2008 til 2009.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår ei løyving på om lag 653,7 mill. kroner 2011.

Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskolane. Både Norsk Folkehøgskolelag og Noregs Kristelege Folkehøgskolelag har medlemmer i rådet. I tillegg har rådet eit fast sekretariat.

Tilskottet medverkar til at Folkehøgskolerådet kan ta hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å medverke til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling innanfor skoleslaget. Rådet har i tråd med oppdrag i tilskottsbrevet gitt innstilling til fordeling av husleigetilskott, og har dessutan avlasta departementet og Utdanningsdirektoratet ved å gi råd og rettleiing til skolane.

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar

Tilskottet medverkar til at det kan drivast nordisk folkehøgskoleverksemd. Tilskottet går til dekning av utgifter til norske lærarressursar ved Nordiska folkhögskolan i Kungälv og til norsk deltaking på kursa ved Den Nordiske Folkehøgskolen i Genève.

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

70

Tilskott til studieforbund

173 623

179 390

184 951

71

Tilskott til fjernundervisning

12 692

12 904

13 304

72

Tilskott til Studiesenteret Finnsnes

3 636

3 752

3 868

73

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

9 001

9 289

9 577

Sum kap. 254

198 952

205 335

211 700

Departementet har følgt opp NOU 2007: 11 Studieforbund – læring for livet (Tronutvalet), jf. Innst. O. nr. 114 (2008–2009) og Ot.prp. nr. 87 (2008–2009). Vaksenopplæringslova vart vedteken 19. juni 2009. I lova og forskrifta er det fastsett ein overgangsperiode for studieforbund på tre år og for nettskolar på to år frå 1. januar 2010.

Tilskottsforvaltninga under kapitlet er delegert til Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.

Post 70 Tilskott til studieforbund

Tilskott til studieforbund medverkar til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne.

I forskrifta til vaksenopplæringslova blir det fastsett ei ny tilskottsordning for studieforbunda. Den nye tilskottsordninga inneheld tre element: grunntilskott, opplæringstilskott og tilretteleggingstilskott. Det første elementet er nytt, mens dei to siste i stor grad liknar ordninga slik ho var, med tilskott til studiering og tilskott til særlege målgrupper. Eit vesentleg mål med grunntilskottet er å sikre studieforbunda eit fast årleg beløp til delvis dekning av utgifter til mellom anna medarbeidaropplæring, pedagogisk utviklingsarbeid, administrasjon og drift. Ein viss del av opplæringstilskottet kan nyttast til administrasjon. Departementet og Vox vil i overgangsperioden følgje med på verknadene av den nye lova og forskrifta.

Studieforbunda skal kvart år sende årsmelding og rekneskap med revisormelding til Vox, og rapportere til Vox og Statistisk sentralbyrå om gjennomført studieaktivitet. Vox gjennomfører kvart år tilsyn ved eit utval av studieforbunda.

21 studieforbund var godkjende med rett til statstilskott i 2009. Tabell 4.10 syner at det har vore ein jamn nedgang i aktiviteten dei seinare åra.

Tabell 4.10 Aktivitet i studieforbunda og endringar i 2007, 2008 og 2009

2007

2008

2009

Pst.- endring 2007–08

Pst.- endring 2008–09

Kurs

37 125

36 257

35 865

-2,3

-1,1

Deltakarar

489 722

483 421

469 669

-1,3

-2,8

Timar

1 314 537

1 226 260

1 201 573

-6,7

-2,0

Kjelde: Vox, SSB

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Post 71 Tilskott til fjernundervisning

Tilskottsordninga medverkar til at frittståande fjernundervisningsinstitusjonar kan gi eit variert og landsomfattande tilbod. Den nye tilskottsordninga, som går fram av forskrifta til vaksenopplæringslova, legg vekt på utvikling av metodar og kvalitet i fjernundervisninga. Aktivitetsbasert tilskott fell bort ved utgangen av 2011 etter ein overgangsperiode på to år.

Fjernundervisningsinstitusjonane skal kvart år sende årsmelding og rekneskap med revisormelding til Vox. Vox gjennomfører kvart år tilsyn ved eit utval av fjernundervisningsinstitusjonane.

Fjernundervisningsinstitusjonane rapporterte i 2009 om lag 18 376 fullførte kurs. Det var ein nedgang på 8,8 pst. i høve til 2008. I 2009 var det 2 8 normerte kurstimar. Dette var ein nedgang på 4,6 pst. samanlikna med 2008.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Post 72 Tilskott til Studiesenteret Finnsnes

Tilskottet skal medverke til drift av studiesenteret slik at det kan tilby kurs og andre vaksenopplæringstiltak som alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar. Aktivitetane ved studiesenteret skal vere særleg innretta mot behova i industri og næringsliv i ytre Midt-Troms og skal medverke til å styrkje kontakten mellom utdanningsinstitusjonar, næringsliv og offentleg forvaltning.

Studiesenteret Finnsnes har i 2009 gitt fleire studietilbod i samarbeid med Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Harstad og Høgskolen i Finnmark. Samla rapporterer Studiesenteret om 217 studentar i skoleåret 2009–10. Det toårige forskings- og mastergradsprosjektet i samarbeid med Universitetet i Tromsø starta hausten 2008 med sju studentar. Masterstudentane tek del i forskingsprosjektet Forutsetninger for regional vekst og utvikling, og Studiesenteret har i 2009 lagt til rette for studie- og arbeidsplassar for desse i forskingsperioden.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Tilskottet skal vere med på å sikre drifta av fellesorgana for studieforbunda og fjernundervisningsinstitusjonane, Voksenopplæringsforbundet (VOFO) og Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning (NFF). Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane, og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda.

VOFO er interesseorganisasjonen til studieforbunda og har regionkontor i fylka. Hovudmålet er å styrkje rammevilkåra til studieforbunda i arbeidet med å gi læringstilbod til vaksne.

NFF er ein medlems- og interesseorganisasjon for institusjonar som tilbyr fjernundervisning og fleksibel utdanning, og eit fellesorgan for offentleg godkjende nettskolar.

I samband med ny vaksenopplæringslov starta VOFO utviklinga av eit nytt kursadministrasjonsprogram for studieforbunda og etablerte VOFO Kvalitetsweb. VOFO er engasjert i fleire prosjekt og nettverk for vaksnes læring nasjonalt og internasjonalt. På oppdrag frå departementet fordeler dei reisestipend til medarbeidarar i studieforbund og er sekretariat for Læringsdagane for vaksne. Ein del av løyvinga er øyremerkt VOFO i Finnmark.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

70

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

22 481

23 200

25 919

71

Falstadsenteret

14 270

14 727

15 184

72

Stiftelsen Arkivet

5 354

5 525

5 696

73

Nansen Fredssenter

1 259

5 000

5 155

74

Narviksenteret

1 110

1 646

1 697

75

Det europeiske Wergelandsenteret

8 423

6 708

6 916

76

Raftostiftelsen

2 000

Sum kap. 255

52 897

56 806

62 567

Tilskottsforvaltninga under kapitlet er delegert til Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, unnateke for post 75 Det europeiske Wergelandsenteret, som får tilskott direkte frå departementet.

Post 76 Raftostiftelsen er ny i 2011.

Post 70 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) kan drive forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar.

Senteret hadde i 2009 tre mellombelse utstillingar som supplerte og utdjupa tema i den permanente utstillinga: Norske folketyper, Villa Wannsee – Melancholy Grandeur og I de forsvunnes fotspor.

HL-senteret har inngått samarbeid med Forsvarsmuseet og Politihøgskolen om ei permanent utstilling på Kongsvinger festning som byggjer på resultata frå forskingsprosjektet Nordmenn i Waffen SS. Utstillinga skal rettast mot allmenta, men skal òg inngå i politiopplæringa.

Utgreiingsprosjektet Livsfaseriter – religions- og livssynspolitiske utfordringer vart avslutta i 2009. Ei rekkje andre prosjekt vart førte vidare i 2009.

Senteret tok imot om lag 6 000 elevar frå ungdoms- og vidaregåande skole i 2009. Det er ein auke på om lag 30 pst. i høve til året før. Bibliotekverksemda auka med om lag 250 boktitlar frå 2008, slik at den registrerte samlinga hadde om lag 3 700 titlar i 2009. Senteret gav ut tre publikasjonar i 2009.

HL-senteret var i 2009 vertskap for to store internasjonale forskingskonferansar: Towards an integrated Perspective on Nazi Politics of Mass Murder og Families and Memories. Den første var i samband med at Noreg hadde formannskapen i Task Force for International Cooperation on Holocaust Education, ITF. HL-senteret er medlem av den norske delegasjonen.

Budsjettforslag for 2011

HL-senteret er ein viktig aktør i det pågåande arbeidet med å kjempe mot antisemittiske holdningar og fordommar mot minoritetar. Dette arbeidet nyt no stor merksemd, og det er viktig å ha tilstrekkelege ressursar til å arbeide vidare med dette. Ei styrking av løyvinga set senteret i stand til å utføre arbeidet sitt på ein tilfredsstillande måte, der informasjons- og formidlingsaspektet blir teke godt vare på. Etter forslag frå regjeringa gav Stortinget HL-senteret ei ekstraløyving på 2 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2010, jf. Innst. 350 S (2009–2010) og Prop. 125 S (2009–2010). Departementet foreslår å føre denne auken vidare også i 2011.

Post 71 Falstadsenteret

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter innanfor fangehistorie frå andre verdskrigen samt humanitær folkerett og menneskerettane. Falstadsenteret tilbyr opplæring, dokumentasjon og kunnskapsformidling for å fremme respekt for menneskerettane.

Falstadsenteret hadde om lag 12 000 besøkjarar i 2009, og 5 000 av desse var elevar, studentar og andre som tok del i undervisningsopplegg ved senteret. Senteret hadde i 2009 fem mellombelse utstillingar og har òg gjennomført ulike kurs og seminar.

Dokumentasjons- og forskingsarbeidet i 2009 var i hovudsak knytt til det treårige forskingsprosjektet Painful Heritage i samarbeid med NTNU Vitenskapsmuseet. Prosjektet handlar mellom anna om registrering av krigskulturminne og identifikasjon av austeuropeiske krigsgraver. På oppdrag frå Kulturdepartementet gjennomfører Falstadsenteret eit toårig prosjekt, Krigsgraver søker navn. Dette inngår i prosjektet Painful Heritage, og har som mål å identifisere sovjetiske krigsfangar og tvangsarbeidarar som er gravlagde på norsk jord.

I samarbeid med Vitenskapsmuseet vart det i 2009 gjennomført arkeologiske undersøkingar på det tidlegare leirområdet rundt Falstadbygningen og i Falstadskogen. Hensikta var å lokalisere moglege restar etter bygningar og finne ukjende graver i Falstadskogen. Vidare arbeid med undersøkingane vil kunne knytast til Painful Heritage.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Post 72 Stiftelsen Arkivet

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Arkivet speler rolla si som informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkeretten og menneskerettane og er eit senter for fredsskapande arbeid.

Senteret hadde i 2009 om lag 10 000 besøkjarar, og 5 900 av desse var skoleelevar. Om lag 8 900 elevar, studentar og lærarar har dessutan teke del i ulike undervisningsopplegg.

Samarbeidet mellom forskingsprosjektet Compassioni og Universitetet i Agder og EU-prosjektet Sharing European Memories vart ført vidare i 2009. Samarbeidet med Robben Island-museet i Sør-Afrika om utvekslingsprogrammet av omvisarar held òg fram. Arkivet har utvikla vidare forskingssamarbeidet med Documentation Center of Cambodia og har innleidd eit formelt samarbeid med Forum för levande historia i Stockholm.

Stiftelsen har eit bibliotek med to avdelingar. Den eine avdelinga er retta mot okkupasjonshistoria og har om lag 4 000 titlar, medan den andre er fredsbiblioteket med om lag 1 000 titlar.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Post 73 Nansen Fredssenter

Norsk Fredssenter og Nansen Dialog oppretta i 2010 eit felles senter, Nansen Dialog Norsk Fredssenter, under stiftelsen Nansenskolen. Senteret vil bruke kortnamnet Nansen Fredssenter. Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Nansen Fredssenter kan tilby kurs og opplæring for å fremme arbeidet for fred og menneskerettane som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.

Norsk Fredssenter hadde i 2009 eit aktivt år med mange og ulike aktivitetar, mellom anna eigne kurs og seminar for vaksne for å fremme arbeidet for fred og menneskerettane.

Om lag 1 200 personar har i 2009 fått kjennskap til arbeidet til Fredssenteret gjennom deltaking på seminar, forelesingar og opne møte. Nokre av høgdepunkta var ope møte på Litteraturhuset i Oslo våren 2009, Sri Lanka – hva nå?, samlingar med den somaliske gruppa G10 og første skandinaviske samling for unge afghanarar på Lillehammer i desember.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Post 74 Narviksenteret

Nordnorsk fredssenter og Nordland Røde Kors Krigsminnemuseum oppretta formelt 1. januar 2010 stiftelsen Narviksenteret, ein nordnorsk stiftelse for historieformidling, menneskerettane og fredsbygging. Narviksenteret er ein uavhengig og ideell stiftelse, og senteret har som visjon å medverke til fredsbygging gjennom kunnskap.

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Narviksenteret kan drive dokumentasjon og formidling med basis i krigs- og okkupasjonshistoria til Nord-Noreg, under dette fangehistoria spesielt.

Narviksenteret er den einaste institusjonen i Nord-Noreg med dokumentasjon og formidling av lokal krigshistorie som arbeidsområde og har stor støtte i lokalmiljøet. I 2009 vart kontakten og samarbeidet med skoleverket styrkt, både regionalt og lokalt. Så godt som alle vidaregåande skolar vart besøkte av stiftelsen.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret

Målet med tilskottsordninga er å gjere Det europeiske Wergelandsenteret til eit velfungerande ressurssenter for opplæring i interkulturell forståing, menneskerettane og aktivt medborgarskap. Senteret er organisert som ein stiftelse og er oppretta i samarbeid med Europarådet. Senteret skal støtte opp om det arbeidet som Europarådet og Noreg gjer på feltet.

Senteret skal drive med forsking om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettane og aktivt medborgarskap og tilby etter- og vidareutdanning for lærarar og lærarutdannarar. Vidare skal senteret spreie informasjon og vere eit knutepunkt for relevante aktørar på feltet.

Senteret er lokalisert i Oslo og er ope for alle land som er medlemmer i Europarådet. Arbeidsspråket er engelsk.

Det europeiske Wergelandsenteret vart offisielt opna i mai 2009 med ein stor konferanse i Oslo. Temaet var Building bridges: education for intercultural understanding, human rights and democratic citizenship, from policy to practice. Ein stor del av arbeidet i 2009 gjekk med til å bemanne og etablere senteret. Det er lagt ned mykje arbeid i å utvikle nettressursar til senteret, for på den måten å gjere arbeidet til senteret tilgjengeleg for eit breitt publikum på eit tidleg tidspunkt. Det vart arrangert to EWC-Pestalozzi-seminar i 2009. Det første seminaret vart gjennomført i september med temaet Training history teachers to deal with the Image of Other in history lessons. Det deltok 20 lærarar frå 13 forskjellige land. Det andre seminaret vart gjennomført i november, med 27 deltakarar frå 17 ulike land. Temaet var Democratic Governance of Schools.

Senteret starta eit arbeid med utvikling av sommarskole i samarbeid med det polske utdanningsdepartementet og Polsk senter for utdanning og utvikling. Sommarskolen vart for første gong gjennomført sommaren 2010, og skal etter planane finne stad også i 2011. Hovudtemaet er Democracy at School.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Post 76 Raftostiftelsen

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Raftostiftelsen kan tilby eit godt utdanningstilbod om menneskerettane for elevar, studentar, lærarar og andre grupper. Stiftelsen har i dei siste åra særleg arbeidd med å vidareutvikle formidlings- og undervisningsarbeidet. Løyvinga vil sikre at stiftelsen har evne til profesjonell kvalitetssikring, ivaretaking og vidareføring av kunnskap, kompetanse og kontaktnett som er bygde opp gjennom åra. Undervisning står sentralt i kjerneverksemda til stiftelsen. Stiftelsen er lokalisert i Bergen.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å løyve 2 mill. kroner til Raftostiftelsen i 2011.

Kap. 256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

41 381

37 987

45 416

21

Særskilde driftsutgifter

12 129

14 536

14 987

Sum kap. 256

53 510

52 523

60 403

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk skal vere eit kompetansepolitisk fagorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Vox har ansvaret for forvaltning av tilskott til vaksenopplæring, jf. kap. 254, tilskott til freds- og menneskerettssentra, jf. kap. 255, og Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), jf. kap. 257.

Vox arbeider for auka deltaking i samfunns- og arbeidsliv ved å heve kompetansenivået hos vaksne. I dei seinare åra har Vox lagt særleg vekt på grunnleggjande dugleikar og vaksnes læring, samt å betre dokumentasjonen på heile området i arbeidet sitt. Vox har hatt ansvaret for oppfølging av enkelte tiltak i St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Det har særleg vore arbeidd med å medverke til utvikling av god og relevant karriererettleiing og eit effektivt og heilskapleg system for vurdering av realkompetanse.

Departementet foreslår at løyvinga til administrasjon av BKA-programmet blir flytt frå kap. 257 post 21 til kap. 256 post 01.

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2011

Vox skal vere eit fagorgan for kompetansepolitikken. Måla for 2011:

  • Vox skal medverke i arbeidet med å utvikle kompetansepolitikken.

  • Vox skal ha oversikt over og formidle relevant og oppdatert kunnskap om det kompetansepolitiske området, nasjonalt og internasjonalt.

  • Vox skal medverke til høgre kompetanse blant vaksne.

  • Vox skal medverke til gode og relevante ordningar for karriererettleiing og realkompetansevurdering, og å forvalte tilskott til karrieresentra, jf. kap. 226.

  • Vox skal forvalte og utvikle tilskottsordningar.

  • Vox skal vere sekretariat for nasjonalt fagskoleråd.

Rapport for 2009

Vox har styrkt kunnskapsgrunnlaget ved mellom anna å ha gjennomført ei undersøking om deltaking i opplæring blant personar med låg utdanning. Vox har lansert ein statistikkbank som er ein nettressurs for feltet vaksnes læring. Saman med Statistisk sentralbyrå og VIGO, ein sentral database for søkjarar til vidaregåande opplæring, har Vox teke del i eit arbeid leidd av Utdanningsdirektoratet med å utvikle nye kravspesifikasjonar for innrapportering av statistikk frå fylkeskommunane om vaksne i grunnopplæringa.

Vox har sett i gang eit samarbeid med Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Vestfold om vidareutdanning for lærarar i mellom anna grunnleggjande dugleikar. Vox samarbeider òg med NAV og lokale opplæringsinstitusjonar i eit prosjekt for å få unge vaksne tilbake i utdanning og i prosjekt retta mot arbeidslause. Saman med Kunnskapsdepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Utdanningsdirektoratet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet arbeider Vox for å få meir kunnskap om vaksne innvandrarar og deira bruk av data og digital kompetanse.

Hausten 2009 fekk Vox ansvaret for eit toårig prosjekt for å få ei betre samordning mellom dei som har det formelle ansvaret for realkompetansevurdering, og andre aktørar og partane i arbeidslivet. Vox har arbeidd med å gjere BKA-programmet meir kjent i arbeidslivet. Vox har òg arbeidd for å standardisere rettleiingar, testar og pedagogiske verktøy. På oppdrag frå Arbeidsdepartementet har Vox arbeidd for fagleg og pedagogisk utvikling av norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga til administrasjon av BKA-programmet på 6 mill. kroner blir flytt frå kap. 257 post 21 til kap. 256 post 01. Departementet foreslår ei samla løyving på 60,4 mill. kroner i 2011.

Kap. 3256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Inntekter frå oppdrag

7 341

9 413

9 705

02

Salsinntekter o.a.

1 231

1 201

1 238

16

Refusjon av foreldrepengar

394

17

Refusjon lærlingar

55

18

Refusjon av sjukepengar

520

Sum kap. 3256

9 541

10 614

10 943

Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox. Inntektene på post 02 kjem frå sal av læremateriell.

Kap. 257 Program for basiskompetanse i arbeidslivet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

61 808

79 804

5 000

70

Tilskott, kan overførast

81 278

Sum kap. 257

61 808

79 804

86 278

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje grunnleggjande lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar, slik at færre fell ut av arbeidslivet og fleire kan ta del i opplæring og utdanning. Bedrifter og offentlege verksemder kan søkje om tilskott både til motivasjonsarbeid og til opplæring i lesing, skriving, rekning og IKT. Opplæringstilbydarar og organisasjonane i arbeidslivet kan òg søkje saman med ei bedrift eller offentleg verksemd. Programmet blir forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.

Som ei følgje av at programmet har vorte ei permanent ordning, foreslår departementet å flytte tilskottsmidlane til ein ny post 70, i og med at dei fleste tilskottsmottakarane er private aktørar. Løyvinga til administrasjon av BKA-programmet på 6 mill. kroner blir flytta til kap. 256 post 01.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål for 2011

For 2011 er det eit prioritert mål at opplæringa skal nå enda fleire vaksne med svake grunnleggjande dugleikar. Opplæringa skal halde høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne, slik at ho gir ein positiv effekt for den einskilde.

Det er eit mål at det blir utvikla gode modellar for samarbeid mellom NAV, fylkeskommunar og verksemder, slik at fleire arbeidssøkjarar kan få opplæring i grunnleggjande dugleikar.

Det er eit mål at fleire bransjar er representerte i programmet, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette bransjar, samt at programmet skal nå små og mellomstore verksemder.

Departementet legg opp til ei evaluering av programmet, jf. kap. 258.

Rapport for 2009

Ettersom størsteparten av løyvinga frå 2011 er overført til post 70, blir det ein samla rapport for 2009 under post 70.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å løyve 5 mill. kroner på post 21 til utviklingsarbeid.

Post 70 Tilskott, kan overførast

Rammeverket som er utarbeidd for grunnleggjande dugleikar for vaksne, ligg til grunn for alle kurs innanfor BKA. Utviklingsarbeidet blir finansiert over post 21.

Rapport for 2009

I 2009 var det 4 553 deltakarar på kurs, 85 pst. av dei hadde vidaregåande skole eller lågare som høgste fullførde utdanning.

Programmet har styrkt innslaget av lesing og skriving og kvardagsmatematikk, slik føringane frå departementet var. Opplæring i skriving og lesing føreset meir tidkrevjande rekruttering, mindre grupper og meir langvarig innsats, noko som gjer opplæringa meir kostbar per deltakar.

Det er utforma tiltak innanfor programmet som rettar seg spesifikt mot område der ein veit av erfaring at grupper med låg formell utdanning er tilsette. Samarbeidet med HSH, hovedorganisasjonen for handel og tenester i Noreg, er ført vidare. Det er i tillegg etablert eit programarbeid med Byggenæringens Landsforening for å stimulere til fleire søknader frå byggjenæringa. I desember 2009 inngikk Vox ein større samarbeidsavtale med Posten Noreg AS for å styrkje deltakinga i ein bransje med mange lågt utdanna.

Programmet er i framgang når det gjeld å få i gang opplæring i mindre verksemder. Dette er langsiktig og ressurskrevjande arbeid. Vegen til mindre verksemder går ofte gjennom tilbydarar, næringsforeiningar og bransjeforeiningar. Søknadene i 2010 inneheld mange gode eksempel på at ein søknad omfattar fleire mindre verksemder. Det er ikkje sannsynleg at desse enkeltvis ville ha søkt seg til BKA.

Frå 2009 har det vore ein klar auke i kvalifiserte søknader og i samla omsøkt beløp.

Vox har etablert ei ordning med kontaktpersonar i alle fylke. Desse informerer om programmet, arrangerer søkjarseminar og gir rettleiing i søkjeprosessen. Kontaktpersonane er presenterte på heimesida til Vox. Dei har jamlege møte med Vox.

Overgangen til elektronisk innsøking i 2009 førte til at kvaliteten på søknadene som kom inn ved hovudutlysinga, vart klart betre. Mengda kvalifiserte søknader auka, sjølv om mengda søknader ikkje gjorde det. Saman med rettleiande satsar har den elektroniske innsøkinga vore eit viktig bidrag til å gjere programadministrasjonen meir effektiv. Vox arbeider med å forenkle søknadsprosessane og å standardisere tilbodet ytterlegare.

Tabell 4.11 Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) 2006–09

År

2006

2007

2008

2009

Talet på søknader

167

208

270

343

Omsøkt beløp i mill. kroner

85

78

119

122

Talet på innvilga søknader

65

70

96

162

Talet på deltakarar

2 032

2 153

2 735

4 553

Kjelde: Vox

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å løyve 81,3 mill. kroner til programmet på post 70.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

3 740

3 809

3 896

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

33 451

39 305

40 523

Sum kap. 258

37 191

43 114

44 419

Kapitteloverskrifta er endra for å betre spegle kva løyvingane i kapitlet blir nytta til.

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2011

Departementet vil nytte løyvingane under post 01 for å få fram analysar, forsking, dokumentasjon og utgreiingar som kan medverke til ei kunnskapsbasert politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet.

Forskingsprogrammet Utdanning 2020 vil bli ført vidare i 2011.

Rapport for 2009

Senter for økonomisk forskning AS har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet levert tre rapportar om konsekvensane av fråfall i vidaregåande opplæring både for den einskilde og for samfunnet.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomført ein analyse av effekten av lekser. Rapporten er basert på norske data frå den internasjonale undersøkinga TIMSS 2007 i matematikk og naturfag.

Desse rapportane og andre utgreiingar og rapportar har medverka til eit godt grunnlag for kunnskapsbasert politikkutvikling på viktige område for departementet.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

Mål for 2011

Departementet vil nytte løyvinga til tiltak for livslang læring, statistikk, dokumentasjon samt forsking, som kan medverke til politikkutvikling på ansvarsområdet til departementet, med særskild prioritering av vaksnes læring. Målet er mellom anna å kartleggje framtidas kompetansebehov.

Departementet har gitt Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, i oppdrag å etablere ein nasjonal funksjon for karriererettleiing frå 1. januar 2011.

Departementet vil vidareføre forsøka med utvikling av opplæringsmodellar som er tilpassa vaksne arbeidssøkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring.

Departementet legg opp til ei evaluering av Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA).

Det er eit mål for departementet å vidareutvikle statistikk på vaksenfeltet, jf. Innst. 192 S (2009–2010) og St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja.

Departementet vil fordele delar av løyvinga vidare til Vox til utvikling av kunnskapsbasert og fleksibel vaksenopplæring.

Ein mindre del av løyvinga vil gå til studieforbunda og nettskolar som prosjektstøtte. Ein mindre del vil òg kunne bli nytta som tilskott til studieforbund som har vedteke samanslåing i samsvar med overgangsordningane i ny lov om vaksenopplæring.

Rapport for 2009

Løyvinga har gått til prosjekt og utgreiingar retta mot opplæring i eit livslangt læringsperspektiv, som omfattar unge og vaksne i og utanfor det ordinære utdanningssystemet.

Kunnskapsdepartementet er saman med Arbeidsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet oppdragsgivar for to forskingsprosjekt i SSB som skal gi auka forståing for endringar i tilbod og etterspurnad etter kompetent arbeidskraft. Det gjeld eit prosjekt om substitusjon av arbeidskraft og eit prosjekt om korleis ulike faktorar driv val av høgre utdanning.

NIFU STEP og Fafo samarbeidde om ein grundig analyse av marknaden for etter- og vidareutdanning i Noreg. Rapporten beskriv tilbodet av slik utdanning ved fagskolar, høgskolar og universitet, samt etterspurnaden etter slik utdanning frå arbeidsgivarar og arbeidstakarar.

NIFU STEP stilte òg ferdig ein synteserapport frå prosjektet Rammevilkår for kompetanseinvesteringar, som vurderer livslang læring og arbeidsrelatert opplæring i eit internasjonalt perspektiv.

Vox har gjennomført fleire prosjekt i 2009. Midlane har mellom anna vorte brukte til utgreiingar om karriererettleiing og realkompetanse, til prosjekt om opplæring i fengsel, og realkompetansevurdering og yrkesprøving i kriminalomsorga. eit kartleggingsprosjekt om studieforbund, og utvikling av hefte i praktisk rekning. Vox har òg vidareført informasjonskampanjen om BKA retta mot varehandelen, samt styrkt vox.no som informasjonskanal.

Ein del av løyvinga er fordelt vidare til pedagogisk utviklingsarbeid og særlege målgrupper hos studieforbunda og nettskolane gjennom Vox.

Departementet har ein avtale med Nasjonalt folkehelseinstitutt om å kartleggje omfanget av språkvanskar hos barn. Prosjektet byggjer på Mor og barn-studien.

Departementet har invitert fylkeskommunane til å delta i eit prosjekt for å utvikle opplæringsmodellar tilpassa vaksne arbeidssøkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Oppland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Finnmark fylkeskommune og Oslo kommune er valde ut til å delta. Formålet er at målgruppa får eit heilskapleg og tilpassa opplæringstilbod som fører fram til fag- eller sveinebrev. Det er ein føresetnad at deltakarane heile tida er disponible for arbeidsmarknaden, og at opplæringa kan kombinerast med arbeid dersom vedkommande kjem tilbake i arbeid før opplæringa er avslutta.

Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket (EQF) vart i mars 2009 innlemma i EØS-avtalen. I oktober etablerte Kunnskapsdepartementet eit koordinerande prosjekt med deltakarar frå organisasjonar og institusjonar med sikte på å utarbeide eit samla nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Prosjektet har mandat til 2011.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

260

Universitet og høgskolar

23 382 978

25 037 200

7,1

270

Studium i utlandet og sosiale formål for studentar

321 958

309 281

319 868

3,4

271

Universitet

13 405 723

272

Vitskaplege høgskolar

1 223 771

275

Høgskolar

7 936 671

276

Fagskoleutdanning

358 704

55 158

280

Felles einingar

119 700

321 147

168,3

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

1 126 272

689 767

443 303

-35,7

Sum kategori 07.60

24 373 099

24 501 726

26 176 676

6,8

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

3280

Felles einingar

20

2 020

10 000,0

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

2 125

10

37 250

372 400,0

Sum kategori 07.60

2 125

30

39 270

130 800,0

Innleiing

Noreg skal ha høgre utdanning, forsking og fagskoleutdanning av høg kvalitet for å utvikle kunnskap og kompetanse for individ og samfunn og medverke til framtidig velferd, verdiskaping og berekraftig utvikling.

Regjeringa vil styrkje Noreg som kunnskapssamfunn gjennom høg internasjonal kvalitet på utdanning og forsking. Vidareutvikling av universitet og høgskolar som kunnskapsbankar og lærestader er sentralt for å løyse samfunnsutfordringar og sikre velferd og verdiskaping. Innovasjon og formidling av kunnskap og forskingsresultat er vesentleg for å medverke til utvikling av velferdsstaten og verdiskaping. Det er naudsynt med ein mangfaldig og robust universitets- og høgskolesektor som kan medverke til nasjonal utvikling, omstilling og nyskaping basert på forsking og systematisk utvikling av kunnskap. Regjeringa vil sikre frie og dynamiske universitet og høgskolar som kan gi studentane forskingsbasert og relevant utdanning tilpassa eit internasjonalt kunnskapssamfunn. Kunnskapsdepartementet vil òg leggje til rette for meir samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon i universitets- og høgskolesektoren for å styrkje kvaliteten i utdanning og forsking i heile landet. Departementet vil setje universitetsmusea betre i stand til å forvalte og formidle felles kultur- og naturarv.

Samfunns- og arbeidslivet er i stadig endring og krev meir kunnskap, kompetanse og evne til å omstille seg i eit internasjonalt samspel. Større ungdomskull og fleire studentar gjer det mogleg å fylle kompetansebehovet i samfunnet i åra framover. Universitet og høgskolar utdannar morgondagens arbeidskraft samtidig som dei utviklar ny kunnskap, først og fremst gjennom forsking. I tillegg er høgre utdanning og forsking viktig for å medverke til at den einskilde utviklar kunnskap og kompetanse gjennom heile livet. Det må vere mogleg for alle å ta utdanning uavhengig av sosial bakgrunn, og velferdsordningar for studentar er viktige for å medverke til dette. Fagskoleutdanning er på si side viktig for å sikre korte, fleksible, yrkesretta tilbod tilpassa ny teknologi og nye trendar og krav i arbeidslivet.

Hovudprioriteringar for 2011

Nedanfor er eit kort oversyn over dei viktigaste satsingane i 2011. Ei meir utfyllande oversikt over strategiar og tiltak innanfor dei ulike områda følgjer i avsnittet Strategiar og tiltak etter omtale av Mål for høgre utdanning og forsking og Tilstandsvurdering nedanfor. I tillegg er forslag nærmare presiserte under dei einskilde kapitla i kategori 07.60.

Universitets- og høgskolesektoren har utvikla seg raskt og positivt i dei seinare åra. Søknadstala har auka og fleire studentar gjennomfører i samsvar med progresjonen som er avtalt i utdanningsplanane. Det er òg meir internasjonal utveksling og institusjonane har utvikla og omstilt studietilbod. Forskinga er i positiv utvikling både når det gjeld omfang og kvalitet i vitskapleg publisering, avlagde doktorgrader og internasjonalt forskingssamarbeid. Det er fleire prosessar i sektoren for auka samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon for å auke det faglege samarbeidet både innanfor utdanning og forsking, og på det administrative området. Det er viktig å halde fram med den positive utviklinga og vere budd på fleire omstillingar, auka kompetansekrav og auka vekst i talet på studentar. Regjeringa foreslår å auke opptakskapasiteten i sektoren med om lag 76 mill. kroner knytte til om lag 2 200 studieplassar. Det er behov innanfor både teknologi, naturvitskap, lærarutdanning, helse- og sosialfag og juss. Med vidareføring av fleirårige plassar gir dette opp mot 8 300 nye studieplassar i 2016.

Regjeringa vil òg styrkje grunnskolelærarutdanninga for å medverke til å nå dei ambisiøse måla med desse nye utdanningane. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at grunnskolelærarutdanning får høgre utteljing i finansieringssystemet samanlikna med allmennlærarutdanninga. Forslaget inneber ein auke på om lag 13 mill. kroner i 2011 og opp mot 114 mill. kroner i 2014. Det inneber ei betydeleg ressursheving for utdanningane på sikt. Departementet legg til grunn at ressursauken blir brukt til å følgje opp føresetnadene om høgre kvalitet, mellom anna gjennom ei meir integrert forskingsforankra utdanning og betre kvalitet i praksisopplæringa.

Regjeringa foreslår å føre vidare midlar til nye bygg, vedlikehald og utstyr i sektoren for å medverke til god og effektiv infrastruktur. Det omfattar mellom anna 469,7 mill. kroner i utstyrsmidlar til universitets- og høgskolesektoren og ei startløyving på 45 mill. kroner til andre fase i restaureringa av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo, sistnemnde over budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Universitets- og høgskolesektoren skal vere mangfaldig, robust og budd til å møte dei auka behova framover. Kunnskapsdepartementet vil medverke til prosessar som gir tydelegare arbeidsdeling og meir fagleg konsentrasjon gjennom samarbeid i sektoren, både innanfor utdanning og forsking og på det administrative området. Det inneber òg å føre vidare om lag 50 mill. kroner til slike prosessar i 2011. Departementet foreslår vidare å leggje til rette for strukturendring og samordning gjennom å styrkje dei felles administrative einingane i sektoren med om lag 19 mill. kroner. Samstundes må institusjonane òg ta ansvar for strategisk utvikling og for å møte nye og auka forventningar frå samfunnet og enkeltindivid.

Mål for høgre utdanning og fagskoleutdanning

Dei overordna måla for høgre utdanning og fagskoleutdanning omfattar høgre utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet, formidling, innovasjon og verdiskaping, samfunnsoppdraget, museumsoppdraget og fagskoleutdanning. Den overordna målstrukturen for universitet og høgskolar er fastsett med bakgrunn i universitets- og høgskolelova og er konkretisert i kap. 260 Universitet og høgskolar. Det overordna målet med fagskoleutdanning er fastsett med bakgrunn i fagskolelova og er presisert i kap. 276 Fagskoleutdanning. I tillegg er det sett mål for dei ulike postane under kap. 280 Felles einingar og kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar. Departementet vurderer i samarbeid med sektoren målstrukturen for universitet og høgskolar, men det blir ikkje lagt opp til endringar i 2011.

Tilstandsvurdering

Nedanfor blir det gitt ei samla tilstandsvurdering for programkategori 07.60 som òg viser utfordringar for å nå visjonen til regjeringa og mål for sektoren. Tilstandsvurderinga er knytt til følgjande overordna målområde: utdanning; forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid; formidling, innovasjon og verdiskaping; leiing, personale og ressursforvaltning; universitetsmusea; fagskoleutdanning. I tillegg er det ei særskild tilstandsvurdering av samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon, av internasjonalisering og av studentvelferd. Prosessar som gir auka samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon, er sentrale for å medverke til at vi kan nå dei overordna måla. Internasjonalisering er grunnleggjande for både utdanning og forsking i sektoren og er derfor vurdert særskilt. Tilsvarande er studentvelferd viktig for å leggje til rette for at utdanning skal vere tilgjengeleg for alle uavhengig av sosial bakgrunn. Forslag til tiltak er omtalte under avsnittet Strategiar og tiltak.

Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon

Noreg skal ha mangfald i universitets- og høgskolesektoren. Vi vil ha institusjonar som samla sett har eit variert utdanningstilbod og driv forsking av høg kvalitet som møter kunnskaps- og kompetansebehovet for den einskilde og samfunnet.

I dei siste åra har det vore auka merksemd rundt behovet for meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø gjennom samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK). Dei fleste universiteta og høgskolane er i gang med SAK-prosessar. Prosessane er frivillige og initierte av institusjonane sjølve i dialog med Kunnskapsdepartementet. Dei tek ulike former og har ulikt innhald, frå planar om samanslåing til fagleg samarbeid om utdanning eller forsking.

Mange institusjonar kan framleis synest å ha fleire utdanningstilbod og breiare faglege ambisjonar enn talet på søkjarar, ressursane og den samla økonomien ved institusjonen gir grunnlag for. Dette medverkar til å føre vidare små og sårbare fagmiljø. Nokre institusjonar har òg utfordringar med å finne ein høveleg balanse mellom satsing på forsking og utdanning innanfor gjeldande rammer og ansvarsområde.

Krava til administrative system, økonomistyring, rapportering og dokumentasjon har i tillegg auka i dei seinaste åra. Høg kvalitet i dei administrative funksjonane og dei andre støttefunksjonane for den faglege verksemda er viktig for å sikre ei effektiv forvaltning av ressursane ved institusjonane og for å støtte opp om den faglege verksemda. Det er derfor viktig med robuste og kostnadseffektive løysingar for bruk av infrastruktur og felles støttefunksjonar for mellom anna bibliotek, IKT og administrative system. Det er teke fleire initiativ til SAK-prosessar på det administrative området, til dømes mellom dei vitskaplege høgskolane i Oslo og høgskolane i Nordland.

Samla tilseier dette behov for større vekt på samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i sektoren, òg på det administrative området.

Det er i 2010 løyvd 50 mill. kroner til ulike SAK-tiltak. Hovuddelen av midlane er fordelte til større regionale samarbeidsprosessar der fleire institusjonar er involverte. Nokre har valt strukturendringar som verkemiddel for å oppnå robuste fagmiljø og styrkje seg som tilbydarar av relevant kunnskap. Andre aktørar kan ha valt andre innretningar og verkemiddel. Felles er at dei har som mål å heve kvaliteten i utdanning, forsking og formidling og styrkje institusjonane som regionale, nasjonale og internasjonale kunnskapsaktørar. 6 mill. kroner er fordelte til nasjonale prosessar som skal medverke til utvikling av meir robuste fagmiljø og betre nasjonal arbeidsdeling. Midlane skal nyttast til utvikling og samkjøring av leiarutviklingsprosjekt, og til koordinerande arbeid i teknologi- og ingeniørfag, økonomiske og administrative fag, helse- og sosialfag og humaniora.

Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus har eit mål om samanslåing frå 1. august 2011. Oslofjordalliansen, det vil seie Universitetet for miljø- og biovitskap, Høgskolen i Buskerud, Høgskolen i Vestfold og Høgskolen i Østfold, samarbeider innanfor teknologi og lærarutdanning. UH-nett Vest, det vil seie Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Volda, har etablert ein samarbeidsavtale for 2008–12. Gjennom Mørealliansen ønskjer høgskolane i Møre og Romsdal å utvikle vidare samarbeidet i regionen, og med universitet, høgskolar og andre institusjonar elles i landet. Prosjekt Innlandsuniversitetet, det vil seie Høgskolen i Hedmark, Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Gjøvik, har som målsetjing å bli ein moderne nettverksinstitusjon. Eit utval sett ned av Kunnskapsdepartementet la i 2010 fram rapporten Ta hele Nordland i bruk, som tilrådde fusjon mellom dei tre høgskolane i Nordland. Styra ved dei tre høgskolane er førebels imot ein fusjon, men institusjonane vil ha felles arbeidsgrupper knytte til ulike SAK-prosessar. Høgskolen i Harstad, Høgskolen i Finnmark og Universitetet i Tromsø har arbeidd med sikte på fusjon frå 1. januar 2011, men vil førebels leggje meir vekt på andre SAK-prosessar seg imellom.

Departementet har i 2010 i tillegg fordelt 15 mill. kroner for å fremme samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i lærarutdanninga. Departementet har òg hatt tett dialog med institusjonane om auka samarbeid mellom lærestadane om å utvikle robuste fagmiljø med kompetanse og storleik til å drive forsking og utdanning av høg kvalitet. For fleire av institusjonane kan det bli utfordrande å tilby begge dei nye grunnskolelærarutdanningane fullt ut.

Utdanning

Kapasitet i høgre utdanning

Den kommande auken i ungdomskulla og talet på studentar gjer det mogleg å møte og vere godt budd på kompetansebehovet framover.

Ifølge framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) aukar aldersgruppa 19–29 år med 55 000 personar innan 2015. Innan 2020 er auken på 80 000. På bakgrunn av den demografiske utviklinga vil talet på studentar med dagens studieåtferd auke med 13 000 i perioden 2010–14. Søknads- og opptakstala for 2009 og 2010 voks sterkt frå åra før og regjeringa vil nøye følgje den vidare utviklinga i etterspørselen etter høgre utdanning. Talet på registrerte studentar i høgre utdanning har auka betydeleg i dei siste tre åra. Ifølgje tal frå Database for statistikk om høgre utdanning er det våren 2010 registrert over 189 000 eigenfinansierte studentar. Dette er om lag 8 100 fleire enn på same tid i 2009 og 9 700 fleire enn i 2008. Om lag 61 pst. av studentane er kvinner.

Våren 2010 var det registrert 103 400 søkjarar til høgre utdanning gjennom Samordna opptak (SO). Dette er om lag same nivå som i 2009 og nesten 11 000 fleire søkjarar enn i 2008. Søkjartala har ikkje vore høgre sidan midten av 90-åra. Det er ein auke mellom anna for grunnskolelærarutdanninga, økonomisk-administrative fag, matematikk, natur- og teknologifaga, og noko lågare søkning til sjukepleiarutdanninga og førskolelærarutdanninga. Det er òg fleire studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn i høgre utdanning, særleg ved universiteta. Det er fleire kvinner enn menn som søkjer opptak gjennom SO, 59 mot 41 pst., men delen menn har auka noko i 2010.

Mange institusjonar og utdanningar har godt med kvalifiserte søkjarar til studieplassane. Dette gjeld særleg i dei store byane. Fleire høgskolar i distrikta kan samstundes vise til auke i tala på søkjarar i 2010, og mange har studietilbod der det er god konkurranse om studieplassane.

Næringsutviklinga og endra behov i arbeidsmarknaden kan tilseie at vi på kort og mellomlang sikt mellom anna vil trenge fleire lærarar, teknologar og realistar og enkelte grupper samfunnsvitarar. Innanfor helse- og sosialfagsektoren har nye studieplassar gradvis heva kandidatproduksjonen til eit nivå som nasjonalt sett verkar å tilfredsstille etterspørselen etter slikt personell i dei nærmaste åra. På dette området kan det likevel bli etterspørsel etter enkelte utdanningar.

Kvalitet i høgre utdanning

Eit hovudmål i Kvalitetsreforma var å utvikle og heve studiekvaliteten og medverke til at fleire studentar fullfører studia sine på normert tid.

Institusjonane har auka merksemd på å systematisere arbeidet med å følgje og betre talet på studiepoeng per student. På denne bakgrunnen kan det setjast i verk formålstenlege tiltak for å sikre ei god gjennomstrøyming. Det er positivt at stadig fleire studentar gjennomfører i samsvar med progresjon som avtalt i utdanningsplanane. Det er likevel framleis variasjonar mellom institusjonar og mellom fagområde.

Datakvaliteten som viser gjennomføring på normert tid, er gradvis i ferd med å betre seg. Felles studentsystem (FS) har utarbeidd eigne analysar som tyder på at det er skilnader mellom universiteta og høgskolane. Når det gjeld bachelorstudentar, har talet som fullfører på normert tid ved universiteta, auka, medan det har vore ein liten nedgang ved dei tolv høgskolane som nyttar FS. Likevel har høgskolane framleis ei høgre fullføringsgrad enn universiteta. Når det gjeld studentar på høgre grad, har gjennomføringa på normert tid betra seg for både universitet og høgskolar. Klarare krav og tettare oppfølging av studentane kan ha medverka til denne utviklinga. På dette studienivået er det ei betre fullføringsgrad for universiteta.

Utdanningstilbod av høg internasjonal kvalitet føreset at universiteta og høgskolane har kvalitetssikringssystem som medverkar til kontinuerleg forbetring. I dette arbeidet blir faktorar som innverkar på kvalitet i utdanninga, vurderte, for eksempel praksis, læringsmiljø og arbeids- og vurderingsformer. Universiteta og høgskolane har hovudansvaret for arbeidet med kvalitet. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) fører tilsyn med kvalitetssikringssystema og utdanningsverksemda ved institusjonane. I samsvar med evalueringa av verksemda har NOKUT i dei seinare år lagt auka vekt på evalueringar, utgreiingar og analysar med sikte på å stimulere til kvalitetsutvikling.

Departementet vedtok våren 2009 det overordna kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning med nivåskildringar for bachelor-, master- og doktorgrad. Kvalifikasjonsrammeverket omtaler det læringsutbyttet det er venta at alle kandidatar som har fullført utdanning på det aktuelle nivået, skal ha ved fullført utdanning. Institusjonane er godt i gang med å implementere kvalifikasjonsrammeverket slik at alle fag- og studieplanar er tilpassa ordninga innan utgangen av 2012. I dette arbeidet er det lagt vekt på godt samarbeid og erfaringsutveksling mellom institusjonane og ulike utdanningsprogram.

Mange institusjonar og fagmiljø samarbeider godt med arbeidslivet om utdanning og forsking, noko som har verka positivt på relevans og betra kvalitet i utdanningane. Likevel er slikt samarbeid framleis for personavhengig og for svakt forankra i leiinga ved og i langsiktige strategiar for institusjonane. Departementet har saman med sektoren i 2010 vurdert korleis ein kan bruke Råd for samarbeid med næringslivet for å auke samarbeidet mellom høgre utdanning og arbeidslivet, jf. Innst. 192 S (2009–2010) og St.meld. nr. 44 (2009–2010) Utdanningslinja. Sjå òg omtale under Strategiar og tiltak.

Profesjonsutdanningane

Dei korte profesjonsutdanningane (lærar-, ingeniør-, helse- og sosialfagutdanning) er sentrale for kvaliteten på og utviklinga av velferdsstaten. Evalueringar som er gjennomførte av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) dei siste åra, viser felles utfordringar når det gjeld å sikre at utdanningane er forskingsbaserte og praksisretta, og at dei medverkar til utvikling av kunnskapsgrunnlaget. NOKUT peikar på at det mellom anna er viktig å styrkje kompetansen til fagpersonalet og leggje til rette for kvalitetsutvikling av praksisopplæringa og for god profesjonsutøving.

I arbeidet med lærarutdanningsreforma har departementet lagt vekt på å utvikle ei forskingsbasert og profesjonsretta lærarutdanning av høg kvalitet og relevans, styrkje forskinga, auke rekrutteringa til utdanninga og yrket og leggje til rette for rettleiing av nyutdanna lærarar. Det er eit mål å styrkje relevansen og betre kvaliteten i praksisopplæringa gjennom tettare samarbeid mellom lærarutdanning og skole og barnehage.

Departementet har òg lagt vekt på auka samarbeid, ansvarsdeling og konsentrasjon for å oppnå meir robuste fagmiljø innanfor dei nye grunnskolelærarutdanningane. Grupperte i seks regionale samarbeidskonstellasjonar skal institusjonane samarbeide for å sikre at kvar region får nok lærarkandidatar med tilstrekkeleg brei kompetanse. Ein partnarskap mellom dei sentrale aktørane, GNIST, skal sikre god koordinering, formidling og gjennomføring av dei enkelte aktivitetane i lærarsatsinga.

Etter ei brei høring i sektoren fastsette departementet våren 2010 forskrift om rammeplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 og for trinn 5–10. Departementet har òg fastsett forskrift om nasjonal rammeplan for nye samiske grunnskolelærarutdanningar.

Dei nye grunnskolelærarutdanningane vart lyste ut for opptak frå hausten 2010 ved alle institusjonane som har allmennlærarutdanning. Departementet nemnde våren 2010 opp ei nasjonal følgjegruppe som skal medverke til å sikre at lærarutdanningsreforma blir gjennomført i tråd med intensjonane til Stortinget.

Departementet nemnde i februar 2010 opp eit utval som fekk i oppdrag å modernisere ingeniørutdanninga. Viktige mål for arbeidet var mellom anna å gjere utdanninga meir forskings- og utviklingsorientert, auke det internasjonale perspektivet og gjere utdanninga meir integrert for å tydeleggjere korleis teknologi, samfunnsperspektiv og realfag speler saman i ingeniørprofesjonen.

Det er framleis utfordringar innanfor realfag og teknologi, mellom anna når det gjeld rekruttering, fråfall, dugleik i matematikk frå grunnopplæringa og kjønnsbalansen. Departementet la i februar 2010 fram ein ny strategi for teknologi- og realfag – Realfag for framtida. Her har aktørane i Nasjonalt forum for realfag fått ei viktigare og meir forpliktande rolle. For å betre rekrutteringa til høgre utdanning er Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (RENATE-senteret) styrkt.

Noreg står overfor store utfordringar i utvikling av velferdssamfunnet, og kunnskap og kompetanse er avgjerande for å løyse desse. Dei pågåande reformene i helse- og sosialsektoren, som samhandlingsreforma, NAV-reforma og reforma i barnevernet, medfører nye og endra kompetansebehov. Reformene dokumenterer felles kompetanseutfordringar og behov for betre samspel mellom yrkesfelta og utdanningane. For å nå måla for desse reformene er det naudsynt at utdanningane samsvarer betre med kompetansebehova i velferdstenestene.

Universitets- og høgskolerådet leverte i mai 2010 ei omfattande kartlegging av praksisstudium innanfor 21 helse- og sosialfaglege utdanningar. Rapporten omtaler sterke og svake sider ved dagens ordningar.

Forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid

Meir enn 30 pst. av all forsking i Noreg skjer ved universiteta og høgskolane. Dei har eit særleg ansvar for grunnforskinga på områda der dei gir doktorgrad, og er den viktigaste arenaen for forskarinitiert forsking, og der ny kunnskap i seg sjølv er målet. Det er særleg dei store universiteta som har føresetnader for å drive langsiktig, grunnleggjande forsking i heile breidda av fagområda.

Grunnløyvinga frå Kunnskapsdepartementet skal sørgje for at institusjonane og dei einskilde forskarane har rom for å forfølgje eigendefinerte faglege spørsmål. Samstundes er det avgjerande at forskinga ved universitet og høgskolar medverkar til å løyse sentrale utfordringar for samfunnet knytte til dømes til klima, energi og helse, og medverkar til å skape ny næringsverksemd. Institusjonane må klare både å ta vare på den langsiktige fagutviklinga på faga sine eigne føresetnader, og å svare på samfunnet sin etterspørsel etter nye løysingar, produkt og tenester basert på forsking. Skal institusjonane lykkast med begge omsyna, må deira eigne faglege prioriteringar og nasjonale prioriteringar, slik dei mellom anna kjem til uttrykk i dei store programma til Forskingsrådet, spele godt saman.

Rammevilkåra til institusjonane er eit nasjonalt ansvar, medan vilkåra for den einskilde forskaren i høg grad er ansvaret til institusjonane. Ei samanlikning av statusen i dei europeiske landa syner at norske institusjonar har høg grad av autonomi i spørsmål knytte til økonomi og personale. Vitskapleg publisering er ein verdsett indikator på resultata frå forskinga. Publiseringa har i dei siste fem åra vakse med om lag åtte pst. årleg, og internasjonal samanlikning tyder på at norsk vitskapleg publisering i same periode voks raskare enn i noko av dei andre nordiske landa, bortsett frå Island. Prosentvis vekst i publiseringa i Noreg er større og raskare enn i dei store forskingsnasjonane i EU, til dømes Storbritannia, Frankrike og Tyskland. I fleire av dei nye og dei mindre EU-landa, til dømes Tsjekkia, Polen, Irland og Portugal, aukar omfanget av den vitskaplege publiseringa i same takt som eller raskare enn i Noreg. Målt i talet på artiklar per 1 000 innbyggjarar er Noreg blant dei mest produktive forskingsnasjonane i verda. Kvaliteten på publiseringa målt i talet på siteringar held seg på 20 til 25 pst. over verdssnittet.

Talet på avlagde doktorgrader i Noreg er nær dobla i dei ti siste åra. Auken har vore langt sterkare enn i dei andre nordiske landa, men Noreg ligg framleis bak Sverige og Finland målt i talet på doktorgrader per million innbyggjarar. I dei siste to åra har talet på avlagde doktorgrader i Noreg lege over målet om 1 100 grader per år, jf. Innst. S. nr. 91 (2002–2003) og St.meld. nr. 35 (2001–2002) Kvalitetsreformen: Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høyskolesektoren.

Dei store universiteta meiner det er naudsynt å sjå på balansen mellom ulike rekrutteringsstillingar som stipendiat og postdoktor, fordi det innanfor fleire fagmiljø er for få postdoktorstillingar i høve til stipendiatstillingar. Kunnskapsdepartementet har derfor frå hausten 2009 gitt dei institusjonane som tildeler doktorgrader, moglegheit til å omgjere inntil fem pst. av stipendiatstillingane sine til postdoktorstillingar.

Fråfallet i doktorgradsutdanninga i Noreg har vore for stort, og gjennomstrøyminga er for låg for dei som fullfører. Dei siste systematiske undersøkingane av fråfallet og gjennomstrøyminga tyder på at noko fleire enn før som byrjar på ei doktorgradsutdanning, fullfører, og tida dei bruker, er på veg ned.

Samfunnet har stort behov for personar med doktorgrad for å medverke til omstilling og verdiskaping.

Universiteta og helsesektoren har òg stort behov for fagleg personale med både doktorgrad og spesialistkompetanse. Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet arbeider derfor med utdanningsprogram som kombinerer forskarutdanning og spesialistutdanning i eit meir effektivt løp. Dobbeltkompetanseløp for psykologar er allereie i drift, og i 2010 er eit tilsvarande løp etablert for tannlegar.

Internasjonalisering

Internasjonalisering av utdanning og forsking er ikkje berre eit mål i seg sjølv, men også eit verkemiddel til å fremme auka kvalitet og relevans i norsk høgre utdanning og forsking. Evna vår til å trekkje til oss gode internasjonale samarbeidspartnarar innanfor utdanning og forsking er avgjerande for utviklinga av vårt eige kunnskapssystem i åra som kjem.

EUs rammeprogram for forsking er den klart viktigaste utanlandske kjelda til finansiering av forsking i universitets- og høgskolesektoren. Den norske deltakinga i rammeprogramma er stigande, og gjennomsnittleg støtte til kvar norske deltakar er aukande. Utteljinga for universiteta og høgskolane gjekk opp med om lag ti pst. i 2009. Samstundes aukar ikkje utbetalingane til norske deltakarar like sterkt som den norske kontingenten til rammeprogramma. Det er derfor viktig å stimulere til auka norsk deltaking, òg frå universitet og høgskolar, i konkurransen om midlar frå rammeprogramma for forsking. Forskingsrådet har ei økonomisk støtteordning for institusjonar som ønskjer å søkje om midlar mellom anna frå rammeprogramma. I tillegg byggjer universitet og høgskolar sjølve opp og utvidar kapasiteten til og kompetansen for å søkje midlar frå EU.

Gjennom eit eige europeisk forskingsråd – European Research Council (ERC) – er det etablert ein paneuropeisk konkurransearena for frontforsking som dekkjer alle fagområde. Gjennomslag i ERC er ein indikasjon på både kvalitet og grad av internasjonalisering. Norske søkjarar har samla sett hatt lågare suksessrate i ERC hittil enn snittet for alle europeiske søkjarar. Førebelse tal for 2010 tyder på at utviklinga no går i rett retning ved at fleire norske søkjarar enn før går vidare til siste søknadsrunde. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.70.

Tilsette ved norske universitet og høgskolar er ein del av større internasjonale faglege nettverk. Norske forskarar samarbeider med forskarar frå land i alle verdsdelar, og over halvparten av alle norske artiklar er no forfatta saman med utanlandske forskarar. Noreg har bilaterale avtalar om forskingssamarbeid med ei rekkje ulike land. Statistikken for sampublisering syner at USA framleis er det viktigaste einskildlandet norske forskarar samarbeider med, medan sampubliseringa med forskarar i nye og sterke forskingsnasjonar som Kina, India og Brasil er aukande.

Utdanninga blir òg meir internasjonal, med stadig fleire studietilbod på engelsk ved norske lærestader og fleire internasjonale fellesgrader. I tillegg aukar studentmobiliteten. Deltakinga i internasjonale utdanningsprogram, som Nordplus og EU-programma Erasmus Mundus og Livslang læringsprogrammet (LLP), er særs viktig for å leggje til rette for vidare internasjonalisering av norsk høgre utdanning. Noreg deltek mellom anna aktivt i Bolognaprosessen, ein alleuropeisk prosess med 47 europeiske land som har som mål å skape eit felles europeisk område for høgre utdanning, opphavleg innan 2010. Våren 2010 markerte ein etableringa av Det europeiske området for høgre utdanning. Det vart da peikt på at landa har komme svært langt når det gjeld innføringa av hovudmåla, men ein del står att. Det er mellom anna sett som mål at innan 2020 skal 20 pst. av dei som fullfører høgre utdanning i Europa, ha vore mobile i løpet av studiet.

Regjeringa har peikt ut nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i åra framover. Kunnskap er navet i nordområdestrategien til regjeringa, og innsatsen til universitet og høgskolar er sentrale for å nå måla i strategien. Institusjonane forvaltar ansvaret sitt på ein god måte gjennom å ta aktivt del i samarbeids- og programaktivitetar som byggjer opp under måla i strategien, mellom anna gjennom Universitetssenteret på Svalbard, Arktisk Universitet, Samarbeidsprogrammet med Russland, Nordområdestipendprogrammet, EnergiCampus Nord og ved å inngå bilaterale avtalar med institusjonar i naboland i nord.

Samarbeidet med Russland står i ei særstilling i nordområdesatsinga. Våren 2010 vart det underteikna ein intensjonsavtale om høgre utdanningssamarbeid mellom Noreg og Russland. Avtalen er på eit overordna nivå og har som siktemål å styrkje og utvikle vidare det bilaterale samarbeidet innanfor høgre utdanning.

Formidling, innovasjon og verdiskaping

Universitet og høgskolar skal medverke til å utvikle samfunnet mellom anna gjennom kunnskapsoverføring som kan spenne frå allmenn formidling til etablering av verksemder. FORNY-programmet i Forskingsrådet har heilt sidan 1995 vore eit av dei viktigaste verkemidla for kunnskapsoverføring og kommersialisering av forskingsresultat frå universitet og høgskolar. Mellom anna er teknologioverføringseiningane ved universiteta i stor grad finansierte av FORNY-midlar.

Bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) er ein indikator på omfanget av det samverket universitet og høgskolar har med samfunns- og næringslivet. Omfanget har vore relativt stabilt over tid, men inntektene veks ikkje like raskt som til dømes inntektene frå Forskingsrådet og EU. Norske universitet og høgskolar har i seinare år lagt sterkare vekt på å kommersialisere resultata av forsking og utviklingsarbeid. Talet på mottekne forretningsidear var over 600 i 2009, om lag ei tredobling sidan 2006. Tala for patent, lisensieringar og etablerte verksemder har òg auka, men er små samanlikna med mottekne forretningsidear. Storleiken på etablerte verksemder er låg sett i høve til samanliknbare tal frå universitet i Europa og USA. Dei fleste universiteta har no fått på plass ein institusjonspolitikk for immaterielle rettar, det vil seie handtering av rettane til resultat som dei tilsette kjem fram til i arbeidstida si. Noreg følgjer opp EUs råd om IPR-politikk (Intellectual Property Rights) og overføring av kunnskap.

Leiing, personale og ressursforvaltning

Leiing

Dei strategiske utfordringane i universitets- og høgskolesektoren er i stadig endring. Konkurransen om studentar og vitskapleg tilsette aukar, og det same gjeld konkurransen om eksterne midlar til forsking. Krava og forventningane frå andre aktørar i samfunnet blir òg større. Samla sett inneber det at leiinga ved institusjonane har nye og auka utfordringar i arbeid med strategiprosessar, samfunnskontakt, profilering og marknadsføring. Dei statlege institusjonane fekk auka sin autonomi etter Kvalitetsreforma, og lovverket og finansieringa gir stor institusjonell fridom. Det inneber at det har vore behov for auka vektlegging av strategisk tenking og omstillingsevne ved institusjonane, styret sitt ansvar, profesjonell fagleg og administrativ leiing, effektiv og rett forvaltning av ressursane til institusjonane og bruk av handlingsrommet.

Leiing er viktig for å leggje til rette for utvikling av kvalitet i den faglege verksemda. Nasjonale evalueringar av forskinga ved universitet og høgskolar har i mange år peikt på at styrkt leiarskap på alle nivå er naudsynt for å betre den faglege kvaliteten og byggje forskargrupper. Ei undersøking gjennomført av Noregs forskingsråd har avdekt at sju av ti forskarar meiner leiarskap av forsking er viktig. Institusjonane har sett i verk tiltak for å styrkje leiing og leiaropplæring. Det same har Universitets- og høgskolerådet (UHR), som no har auka engasjementet sitt i dette arbeidet. Departementet har i 2010 tildelt 3 mill. kroner til leiarskap og administrativ styrking som del av SAK-tildelingane.

Fleire institusjonar sender inn gode rapportar om verksemda, og tendensen er at fleire institusjonar får på plass betre system for mål- og resultatstyring og risikostyring. Ei utfordring for styra har vore å få styringssignala ut i organisasjonen. Utviklinga viser at fleire har fått på plass etiske retningslinjer. Institusjonane i sektoren har òg i hovudsak god styring på randsone og eigarskap i selskap.

Handlingsrom

Ei breitt samansett arbeidsgruppe innanfor utdanning og forsking la våren 2010 fram rapporten Handlingsrom for kvalitet, som vurderer handlingsrommet i universitets- og høgskolesektoren. Handlingsromgruppa har mellom anna peikt på oppgåver og utfordringar universitet og høgskolar står overfor, og vurdert rammer som er gitte for å nå måla og løyse oppgåvene. Gruppa har fleire tilrådingar, mellom anna knytte til finansiering av studieplassar og rekrutteringsstillingar, studiefinansiering, tidsutnytting, samspel mellom institusjonane og Forskingsrådet og styringsdialogen mellom departementet og institusjonane. Gruppa peiker òg på at institusjonane har eit stort rom for sjølve å setje rammer for styringa og leiinga si.

Rapporten legg eit godt grunnlag for vidare vurdering og felles forståing av kritiske og vesentlege faktorar i vidare utvikling av sektoren. Departementet har satt i gang oppfølging av rapporten, jf. omtale under strategiar og tiltak. Det er òg behov for at institusjonane sjølve bruker dei fullmaktene og ressursane dei har meir strategisk.

Arbeidsmiljø og personale

Eit godt arbeidsmiljø og god personalforvaltning, organisering, drift og ressursforvaltning ved universiteta og høgskolane er viktige føresetnader for at sektoren kan nå dei overordna sektormåla.

Gode arbeidsvilkår for dei tilsette ved universitet og høgskolar er naudsynt for å halde oppe og forbetre resultata i sektoren, og gjere institusjonane til attraktive arbeidsplassar for forskingstalent. Universitet og høgskolar har langt høgre del tilsette i mellombelse stillingar enn i arbeidslivet elles, sjølv når ein tek omsyn til mellombelse stipendiat- og postdoktorstillingar som skal vere avgrensa i tid. Nokre av tilsetjingane er knytte til særskilde behov i sektoren. Stort omfang av mellombelse tilsetjingar er ikkje ønskeleg fordi det kan gjere det vanskelegare å planleggje ein akademisk karriere for unge menneske.

Dei siste undersøkingane av tidsnyttinga til dei fagleg tilsette i sektoren vart gjennomførte ved universiteta i 2001 og høgskolane i 2006. Det har sidan vore fleire endringar i sektoren. Kvalitetsreforma er innført, med omlegging av studieopplegget. Høgskolane har vorte meir forskingsintensive. Forskarrolla er meir samansett, mellom anna med auka krav til internasjonalisering, kontakt med samfunnet, kommersialisering, ekstern finansiering og rapportering. Det er behov for auka kunnskap om tidsbruken på ulike oppgåver for dei fagleg tilsette, til dømes om dei får nok samanhengjande tid til forsking.

Kunnskapsdepartementet oppretta i 2004 ein komité (Kif-komiteen) som skal dokumentere, vere pådrivar og rådgivar for likestillingsarbeidet. Sjølv om utviklinga er positiv og delen kvinner i førstestilling gradvis stig, er han likevel jamt over låg. Han er høgst ved institusjonar som har overvekt av fag retta inn mot yrka i velferdsstaten, og lågast ved institusjonar med høgt innslag av matematikk, natur- og teknologifag (MNT-fag). Innanfor mange fagområde er kvinner framleis sterkt underrepresenterte i faglege stillingar, særleg på toppnivå. Det gjeld ikkje minst i MNT-fag, jamvel om delen kvinnelege doktorandar i desse faga har auka frå 20 pst. i 2007 til 30 pst. i 2009.

Høg kompetanse hos dei fagleg tilsette er ein føresetnad for at universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og utviklingsarbeid. Kompetansen aukar dels gjennom at ein større del av dei tilsette tek doktorgrad, og dels ved at tilsette i lektorstillingar kvalifiserer seg til førstelektor. Universiteta og dei vitskaplege høgskolane har jamt over høg kompetanseprofil, og høgskolane kan med få unntak vise til sterk fagleg kompetanseheving i dei siste åra.

Økonomiforvaltning og økonomisk stilling

Økonomiforvaltninga i universitets- og høgskolesektoren er omfattande, og det er utfordringar særleg knytte til lønnsforvaltning, innkjøp og prosjektadministrasjon. Sjølv om kvaliteten i forvaltninga har auka, har krava til administrative system og organisering av den administrative verksemda, økonomistyring, rapportering og dokumentasjon auka og utgjer ei utfordring ved dei fleste institusjonane. Det vil framleis vere naudsynt med god kompetanse, kvalitetssikring og kapasitet på dette området.

Dei økonomiske avsetningane for universiteta og høgskolane, som syner om institusjonen utfører dei oppgåvene det er løyvd midlar til, held seg relativt stabile. Rapporteringa syner at den økonomiske stillinga og forholdet mellom aktivitet og ressurstilfang varierer mellom institusjonane. Nokre institusjonar har måtta setje i verk særskilde tiltak for å tilpasse aktiviteten til dei økonomiske ressursane. Kunnskapsdepartementet har i oppfølginga av den økonomiske stillinga til institusjonane lagt vekt på at styret held aktivt auge med nivået på avsetningane og gjennomføringa av budsjettet, og at aktivitet og økonomisk bereevne er tilpassa kvarandre.

Finansieringssystemet

Finansieringssystemet for universitet og høgskolar vart evaluert i 2009, jf. Innst. 12 S (2009–2010) og Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet. Hovudtrekka i systemet er ført vidare der den økonomiske ramma til institusjonane omfattar både langsiktig og strategisk løyving og regelstyrt utteljing for resultat innanfor utdanning og forsking. Resultatindikatorane for utdanning er avlagde studiepoeng og utvekslingsstudentar. Frå 2010 er vidareutdanning innlemma i same kategori som tilsvarande grunnutdanning. Vidare kan alle institusjonane rapportere inn studiepoeng frå dei av studentane deira som tek studieprogram ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Resultatindikatorane for forsking er doktorgradskandidatar, midlar frå Forskingsrådet, midlar frå EUs sjuande rammeprogram og vitskapleg publisering, i tillegg til at ein i 2010 har innført indikatoren midlar frå regionale forskingsfond. I 2010 er doktorgradsindikatoren endra ved at universitet og høgskolar som medverkar i doktorgradsutdanninga, men som ikkje sjølve gir graden, vil rapportere inn dette og få resultatutteljing. I tillegg er kandidatar frå Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid innlemma i indikatoren for doktorgrader. Desse endringane vil ha budsjettverknad frå 2012.

Bygg og utstyr

Formålstenlege bygg er ein føresetnad for forsking og utdanning av høg kvalitet. Dette må òg sjåast i samanheng med at det er venta ein auke i studenttala i åra framover. Det er framleis behov for nybygg, oppgradering og vedlikehald av den eksisterande bygningsmassen i sektoren for at han skal vere tilpassa dagens krav og situasjon.

Bygningar og lokale utgjer ein stor utgiftpost for universitet og høgskolar. Institusjonane som forvaltar eigedommane sjølve, har aktivert bygningsmassen i rekneskapane for å synleggjere kostnadene og gi betre informasjonsgrunnlag for framtidig investeringsbehov. Aktivering av bygningsmassen viser at universitet og høgskolar forvaltar ein stor formue for samfunnet. Samstundes er store delar av eigedommane gamle og vil i åra framover gjere det særs krevjande for særleg universiteta å halde ved like verdien av desse eigedommane. På bakgrunn av dette har universiteta allereie teke grep for å betre forvaltninga av eigedommane.

Tilgang til det fremste innanfor vitskapleg utstyr er ein føresetnad for å liggje i forskingsfronten. Særleg i dei eksperimentelle faga er dette viktig. Undersøkingar gjennomført av Forskingsrådet syner at det er store udekte behov ved universitet og høgskolar.

I 2010 er ni ordinære byggjeprosjekt, i tillegg til nokre kurantprosjekt, under oppføring i universitets- og høgskolesektoren. Tre av dei ordinære prosjekta og to kurantprosjekt har vorte ferdigstilte eller blir ferdigstilte i løpet av 2010. Det gjeld bygg for lærarutdanning ved Høgskolen i Vestfold, andre byggjetrinn ved Kunsthøgskolen i Oslo, andre byggjetrinn for Informatikkbygget til Universitetet i Oslo (IFI2), nytt bygg for musikkfag ved Universitetet i Agder og nytt kontorbygg for humanistiske fag ved Høgskolen i Volda. Sjå vedlegg 3 tabell 3.14 og 3.15 for oversikt over dei prosjekta som held fram i 2011.

Statlege investeringar med ei forventa ramme på meir enn 500 mill. kroner skal gjennom ei utgreiing om konseptval med påfølgjande ekstern kvalitetssikring. Arbeidet omhandlar val av rett prosjekt, og sikring av at prosjektet blir planlagt på ein tilfredsstillande måte. Kunnskapsdepartementet og Universitetet i Oslo har i tråd med dette i 2010 starta arbeidet med grunnlagsdokumenta for kvalitetssikring av konseptval for Odontologisk fakultet og eit nytt forskings- og undervisningsanlegg for kjemi, farmasi og biomedisin.

Samorganisering av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap

Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap skal organiserast saman til eit nytt integrert universitet på Ås, jf. Innst. S. nr. 176 (2007–2008) og St.prp. nr. 30 (2007–2008) Framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole. Veterinærinstituttet skal mest mogleg tenleg lokaliserast saman med det nye universitetet.

Departementet sette i oktober 2008 ned eit interimstyre for å leie planlegginga av samorganiseringa. Interimstyret avslutta arbeidet 1. mars 2010 og la fram forslag til fagleg og administrativ organisering av det nye universitetet. Det har òg gitt ei tilråding om tomteval som departementet har gitt si tilslutning til.

Kunnskapsdepartementet nemnde 1. mars 2010 opp eit fellesstyre for det samorganiserte universitetet på Ås med eksternt oppnemnd styreleiar. Fellesstyret har fullmakt til å binde institusjonane i spørsmål om samanslåinga og har i oppgåve å arbeide for fellesskap og samarbeid på tvers av dei eksisterande institusjonsgrensene, og utarbeide opplegg for naudsynte omstillingsvedtak.

Universitetsmusea

Statusen for sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea er framleis ikkje tilfredsstillande. Rapportar frå institusjonane for 2009 bekreftar denne situasjonen. Mange av problema kan ikkje løysast innanfor dagens bygningsmasse. Fleire av musea har midlertidig måtta leige magasinlokale for å møte utfordringane knytte til sikring og bevaring.

Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo er i dag lokalisert på fire stader i ni ulike bygningar. I tillegg til manglande areal er lokala for utstillingar, undervisning og forsking, kontor og sørvisfunksjonar til dels i svært dårleg stand. Dette var grunnlaget for den utgreiinga som vart lagd fram for eit samla Kulturhistorisk museum. Forsking, formidling og bevaring av gjenstandar har vore utgangspunktet for konseptval. I 2010 er det arbeidd vidare med og gjort vurderingar mellom anna av trafikkanalyse for Bygdøy og, flytterisiko for vikingskipa.

Den eldste delen av Bergen Museum er frå 1865 med tilbygg frå 1896. Bygningen er eit monumentalbygg av stor kulturhistorisk og symbolsk verdi. Bygningen har husa naturhistoriske utstillingar, magasin og forskings- og undervisningsrom. Universitetet i Bergen har lagt fram ein plan for rehabilitering av Bergen Museum. I tillegg til å føre vidare delar av utstillingane vil Bergen Museum òg fungere som ein møtestad for universitetet og byen. Statsbygg har fått i oppdrag å realisere denne planen og er no i gang med å leggje ein plan for rehabiliteringa.

Studentvelferd

Gjennom lov om universitet og høgskolar har institusjonane eit ansvar for læringsmiljøet til studentane, og studentsamskipnadene for velferdsbehovet til studentane ved den enkelte lærestaden. Studentvelferda er organisert gjennom dei 25 studentsamskipnadene ved lærestadene i landet og Association of Norwegian Students Abroad (ANSA), som er studentsamskipnaden for norske studentar i utlandet. Dei 26 studentsamskipnadene hadde om lag 200 000 medlemmer i 2009 og samla driftsinntekter på 2,4 mrd. kroner og bokførte eigedelar på vel 8 mrd. kroner. Studentsamskipnadene varierer i storleik både når det gjeld talet på utdanningsinstitusjonar dei skal betene, talet på studentar, tilsette og omsetning, og graden av drift retta mot andre enn studentar.

Departementet fekk i 2009 eit eksternt revisjonsselskap til å gå gjennom aktivitetane og økonomien til alle studentsamskipnadene. Rapporten peiker på at studentsamskipnadene har utfordringar når det gjeld organisering, økonomisk styring og soliditet, men med nokre få unntak er driftssituasjonen for studentsamskipnadene tilfredsstillande.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til studentsamskipnadene er å tilby studentbustader. I dei seinare åra har løyvinga til bygging av studentbustader vorte auka, og det er gjennomført tiltak for å framskynde bygginga. I Soria Moria II-erklæringa heiter det at regjeringa har mål om å byggje 1 000 studentbustader i året. I 2009 vart det gitt tilsegn om statsstøtte til bygging av i alt 1 591 studentbustader og i 2010 til 983.

Fagskoleutdanning

Auken i talet på godkjende fagskoleutdanningar heldt fram i 2009, men noko langsammare enn åra før. Frå 1 058 godkjende fagskoletilbod i september 2008 voks talet til 1 321 i desember 2009. Av desse var 1 083, det vil seie 82 pst., private. Det var totalt om lag 16 200 registrerte studentar i fagskoleutdanning per desember 2009, det vil seie 11 400 i heiltidsekvivalentar. Av desse er det rekna med at om lag 65 pst. var ved private fagskolar og 35 pst. ved offentlege. Frå skoleåret 2008–09 til 2009–10 auka talet på registrerte studentar i offentleg teknisk fagskoleutdanning med 17 pst. Førebelse tal for skoleåret 2010–11 tyder òg på ein ytterlegare auke i søkjartala for desse fagskolane, og det er per august registrert 2 704 søkjarar, ein auke på ti pst. samanlikna med 2009–10. Tala for fagskoleutdanning er usikre, og det blir arbeidd med betre grunnlagsstatistikk.

I samband med Forvaltningsreforma, jf. Innst. S. nr. 345 (2008–2009) og St.prp. nr. 68 (2008–2009) Kommuneproposisjonen 2010, vart drifts- og finansieringsansvaret for fagskolane overført til fylkeskommunane frå 1. januar 2010. Tilskottet til fagskoleutdanning vart lagt inn i rammetilskottet til fylkeskommunane. Fylkeskommunane har ansvaret for at det finst eit godkjent fagskoletilbod i fylka som tek omsyn til lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov.

Kunnskapsdepartementet har framleis ansvaret for å utvikle fagskolepolitikken og for å føre tilsyn med at fagskolelova blir følgd. Det er etablert ei godt fungerande godkjenningsordning for nye tilbod i regi av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Det står likevel att ein del arbeid med å få på plass god statistikk og eit høveleg system for konsultasjon mellom alle relevante aktørar.

Eit nytt nasjonalt fagskoleråd vart oppretta i 2010, jf. Innst. 192 S (2009–2010) og St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Med etableringa har òg denne delen av utdanningssektoren fått eit felles talerøyr og ikkje minst ein felles møteplass. Fagskolerådet vil dessutan gi fagskolane ei styrkt rolle og medverke til ei meir målretta utvikling av fagskoletilbodet. Kunnskapsdepartementet finansierer ei stilling til sekretariatet for Fagskolerådet som er lagd til Vox.

Kap. 6A i privatskolelova slutta å gjelde 1. juli 2010, jf. privatskolelova § 8-2. Innan dette måtte skolane som hørde inn under daverande kap. 6A i privatskolelova (såkalla 6A-skolar), eventuelt ha søkt om anna lovtilknyting. 14 av desse skolane har søkt tilknyting til fagskolelova, og har fortløpande vorte lagde under denne. Dei som ikkje søkte om tilknyting til fagskolelova, kom under kap. 4 i den nye vaksenopplæringslova.

Strategiar og tiltak

Tilstandsvurderinga viser behov for å føre vidare og setje i verk nye tiltak for å auke måloppnåinga i sektoren. Fleire av tiltaka vil påverke fleire eller alle måla.

For å nå måla for sektoren foreslår Kunnskapsdepartementet følgjande strategiar og tiltak for 2011:

Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon

For at sektoren samla skal få ei god utvikling, må dei høgre utdanningsinstitusjonane ta omsyn til andre institusjonar og samfunnet når dei tek strategiske avgjerder og val. Departementet vil medverke til dette ved å synleggjere og støtte opp under SAK-arbeidet ved ulike institusjonar og gjennom styringsdialogen med institusjonane.

Universitet og høgskolar er fagleg autonome og avgjer i stor grad sjølve kva fagområde dei vil satse på, og kva for utdanningar dei vil tilby. I SAK-prosessane vil departementet halde fram med å medverke til at institusjonane utviklar klare profilar og sterke fagmiljø, slik at Noreg får ein mangfaldig sektor for forsking og høgre utdanning med høg kvalitet som svarer på behova i samfunnet omkring. Utvikling av samfunnskontraktar kan vere eit verkemiddel i den samanhengen. Departementet vil òg vise til dei erfaringane som er gjorde knytte til utvikling av regionalt samarbeid innanfor lærarutdanninga, der departementet medverka aktivt til samarbeid og arbeidsdeling. Departementet ser òg at det innanfor dagens styringssystem kan vere enklare å få til reell arbeidsdeling innanfor ein samanslått institusjon, og at fusjonar i nokre tilfelle kan vere eit godt verkemiddel for å nå måla for sektoren. Det er i dag 37 statleg eigde høgre utdanningsinstitusjonar i Noreg. Departementet vil òg i 2011 støtte SAK-arbeidet ved institusjonane med strategiske midlar, jf. budsjettforslag under kap. 260. Samanlikna med 2010 vil det bli lagt tydelegare vekt på samarbeidstiltak som fører til arbeidsdeling og konsentrasjon, og det vil bli stilt krav til resultat av tildelingane. Behovet for ytterlegare konsentrasjon og arbeidsdeling innanfor lærarutdanninga vil bli jamleg vurdert. SAK vil òg vere eit viktig perspektiv i den kommande stortingsmeldinga om kunnskapsbasert utdanning for velferdstenester, jf. omtale under avsnittet Strategi og tiltak for utdanning.

Utdanning

Kapasitet i høgre utdanning

I Soria Moria II-erklæringa blir det slått fast at større ungdomskull og fleire studentar gir gode høve for å fylle det behovet samfunnet har for kompetanse i åra framover. Framskrivingar av den demografiske utviklinga og ein vedvarande tendens til at fleire tek høgre utdanning, inneber behov for å opprette nye studieplassar. Regjeringa var tidleg ute for å møte auken i ungdomskulla. Studieplassane som vart oppretta i 2009, gir ein samla auke i talet på studieplassar i 2011 på om lag 8 900. For å leggje til rette for ein ytterlegare auke i opptakskapasiteten i universitets- og høgskolesektoren foreslår Kunnskapsdepartementet å løyve om lag 76 mill. kroner til om lag 2 200 nye studieplassar i 2011. I tillegg kjem om lag 31 mill. kroner for å dekkje dei auka kostnadene til Lånekassa. Ved fordeling av dei nye plassane vil departementet prioritere dei utdanningsområda der ein i arbeidsmarknaden allereie no ser eit behov. Det blir derfor foreslått å fordele om lag 280 plassar til realfag og teknologi, om lag 375 plassar til lærarutdanning, om lag 200 plassar til helse- og sosialfag og om lag 190 plassar til rettsvitskap. I tillegg blir det foreslått fordelt om lag 1 140 studieplassar som institusjonane òg kan bruke på andre strategiske fagområde ut frå rekruttering, behov og institusjonsprofil. Ved fordeling av studieplassar er det teke omsyn til rekrutteringsgrunnlaget til ulike studietilbod og kva moglegheiter universiteta og høgskolane har for å auke opptakskapasiteten på kort sikt. Sjå òg omtale under budsjettforslaget for kap. 260.

For å leggje til rette for ein auke i studentopptaket som medverkar til kvalitetsutvikling, vil departementet òg føre vidare midlar til nye bygg i sektoren, til vedlikehald og til utstyr.

I samband med auka tal på studentar er det òg viktig med robuste og kostnadseffektive løysingar for bruk av infrastruktur og felles støttefunksjonar i sektoren, til dømes IKT-infrastruktur, kvalitetssikring, administrative system og bibliotektenester. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga til fleire felles einingar i sektoren som mellom anna Samordna opptak, NOKUT, BIBSYS og UNINETT. Sjå omtale under kap. 280.

Kvalitet i høgre utdanning

For å utvikle studiekvaliteten og auke gjennomføringa til studentane legg departementet vekt på at institusjonane utviklar dei kvalitetssikringssystema som medverkar til kontinuerleg forbetring, slik at utdanningane har høg kvalitet, er internasjonalt innretta, forskingsbaserte og relevante.

NOKUT har i 2009 starta den andre runden med evaluering av kvalitetssikringssystemet. Det vil i dette arbeidet mellom anna bli lagt auka vekt på å vurdere korleis systema medverkar til kvalitetsutvikling. Departementet har gitt NOKUT i oppgåve å førebu etablering av ei ordning med senter for framifrå utdanning (SFU). Det skal etablerast eit pilotsenter i lærarutdanninga i 2011. På grunnlag av erfaringane med utlysing og oppstart av pilotsenteret skal SFU-ordninga deretter etablerast som ei fast ordning. Departementet legg vekt på at sentra skal ha framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga og planar for korleis metodar, resultat og god praksis kan komme heile sektoren til gode.

Statleg finansiert utdanning må vere relevant for seinare arbeidsliv. Tett og langsiktig samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv er naudsynt for å sikre slik relevans og for å oppnå viktige mål med kompetansepolitikken. Stortinget behandla i mars 2010 utdanningsmeldinga, jf. Innst. 192 S (2009–2010) og St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja, der dette behovet vart framheva. Departementet vil i 2011 medverke til at utdanningsinstitusjonane oppretter Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) med partane i arbeidslivet og studentrepresentantar for å utvikle strategiar for samarbeid. Den nye forskrifta om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høgre utdanning og fagskoleutdanning inneber at arbeidsrelevans òg skal vere eit kriterium i vurderinga av kvalitetssikringssystema til institusjonane. Forskrifta tro i kraft 1. februar 2010. Vidare er det gjennom det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket stilt krav til at alle studentar gjennom studia skal få kjennskap til innovasjon og nyskapingsprosessar.

Det er framleis naudsynt at både departementet og institusjonane har stor merksemd på arbeidet med å auke kvaliteten i utdanningane og betre det faglege utbyttet for studentane. Framgang på dette området er avhengig av ei rekkje verkemiddel. I tillegg til utvikling av kvalitetssikringssystem, etablering av SFU og auka samarbeid med arbeidslivet er det mellom anna naudsynt å utvikle meir robuste fagmiljø gjennom samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK). Utdanningane må òg vere meir forskingsbaserte og internasjonalt innretta, og leiinga ved institusjonane må arbeide langsiktig og strategisk. Sjå òg omtale under avsnittet Leiing, personale og ressursforvaltning. Departementet vil òg leggje vekt på at institusjonane fører vidare arbeidet med kompetanseutvikling av det faglege personalet, både fagleg og pedagogisk, og når det gjeld bruk av IKT og nye pedagogiske arbeids- og vurderingsmåtar.

Profesjonsutdanningane

Forskrift om rammeplan for grunnskolelærarutdanningane medfører høge krav om integrert, forskingsforankra profesjonsutdanning. Det er naudsynt å styrkje forskingsforankringa og relevansen i utdanningane og betre kvaliteten i praksisopplæringa. Regjeringa vil derfor setje av 13 mill. kroner i 2011, og opp mot 114 mill. kroner i 2014, for å heve innplasseringa av dei nye grunnskolelærarutdanningane i finansieringssystemet. Departementet legg til grunn at midlane vil bli brukte til å leggje til rette for at kvalitetskrava i dei nye lærarutdanningane kan oppfyllast og for ei meir integrert forskingsforankra utdanning og betre kvalitet i praksisopplæringa. Sjå òg budsjettforslaget under kap. 260.

Departementet vil i 2011 føre vidare satsingane på forskarskole i lærarutdanninga, forskingsprogram og rettleiing av nyutdanna lærarar, og leggje vekt på tiltak som kan styrkje samarbeidet mellom institusjonane for å oppnå klarare arbeidsdeling og konsentrasjon i utdanning av lærarar. Det vil også bli lagt vekt på å utvikle lærarutdanningane for trinn 8–13. Sjå òg omtale av einskilde tiltak under kap. 281 post 01.

Departementet vil vurdere vidare oppfølging av førskolelærarutdanninga på bakgrunn av NOKUTs evaluering, som blir sluttført hausten 2010.

Utvalet som har hatt i oppdrag å vurdere modernisering av ingeniørutdanninga, har saman med breitt samansette arbeidsgrupper komme med forslag til revidert rammeplan. Departementet har no ei forskrift om ny rammeplan ute til høring. Utvalet og arbeidsgruppene vil òg lage nasjonale retningslinjer og indikatorar for ingeniørutdanninga.

Departementet vil i løpet av hausten 2011 leggje fram ei stortingsmelding om ein samla nasjonal kunnskapspolitikk for framtidas helse- og sosialfagsutdanningar. Stortingsmeldinga skal omfatte både vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, høgre utdanning og forsking. Meldinga skal leggje grunnlaget for å oppdatere innhaldet i utdanningane og medverke til heilskapleg og effektiv styring, organisering og struktur. Det er mellom anna eit mål at ein får på plass betre samspel mellom velferdstenestene og utdanningane. Departementet vil ha ein open prosess og samarbeide med fleire aktørar, særleg utdanningsaktørane, yrkesfeltet og dei ansvarlege departementa for velferdsreformene.

Forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid

Departementet vil leggje vekt på samspelet mellom nasjonale prioriteringar og institusjonane sine eigne faglege prioriteringar. Viktige element i dette er at institusjonane må ta omsyn til at forskarane har tilstrekkelege driftsmidlar, og til organisering av arbeidet slik at dei har samanhengande tid til forsking. Lønn kan òg nyttast som middel for å rekruttere og halde på forskarar.

Forskingsrådet administrerte frå 2006 til 2010 ei mellombels ordning med små driftsmidlar til forskarane ved universitet og høgskolar. Ordninga omfattar 40 mill. kroner. Tilbakemelding frå institusjonane og einskildforskarar tyder på at ordninga har vore vellykka. Departementet vil derfor føre vidare midlane, men ønskjer samstundes å leggje midlane inn i rammene til institusjonane, og fordelte ut frå dei same fordelingskriteria som tidlegare. Sjå òg budsjettforslaget under kap. 260.

Den kommande undersøkinga av tidsnyttinga blant fagleg personale ved universitet og høgskolar vil kunne gi institusjonane betre grunnlag for å organisere verksemda meir effektivt for å gi betre tid til kjerneoppgåvene utdanning, forsking og formidling. Større grad av fast tilsetjing av fagleg personale vil gjere karrieren som forskar meir attraktiv og pårekneleg. Sjå òg omtale under Leiing, personale og ressursforvaltning om undersøking av tidsutnytting og kartlegging av bruken av mellombelse stillingar.

Departementet foreslår å føre vidare satsinga på nasjonale FoU-program i Forskingsrådet. Det gjeld mellom anna Strategiske høgskoleprogram (SHP), Praksisrettet utdanningsforskning 2010–2014 (PRAKUT) og Utdanning 2020, som er særleg viktig for høgre kvalitet på forskinga innanfor profesjonsfaga. Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) skal styrkje det regionalt forankra arbeidet med næringsretta FoU. Både for kunstnarleg FoU-arbeid og museumsforsking er det etablert eigne program. Sjå òg omtale av verkemidla under kap. 281 post 50.

Departementet er oppteke av å sikre at doktorgradsutdanningane held høg kvalitet, skjer i gode fagmiljø og ikkje taper internasjonalt ry. Departementet har derfor sendt ut til høring ei endring av forskrifta for akkreditering av nye doktorgradsutdanningar, noko som inneber å etablere krav til omfang på utdanningane.

Forskarskolar er eit anna tiltak som skal sikre doktorgradsstudentar i små og sårbare miljø tilgang til større faglege nettverk nasjonalt og internasjonalt. Departementet fører vidare ordninga med nasjonale nettverksforskarskolar gjennom Forskingsrådet.

Meir samarbeid og betre arbeidsdeling regionalt og nasjonalt i doktorgradsutdanninga for å styrkje den faglege basisen til desse utdanningane vil vere ein del av SAK-arbeidet i 2011. Sjå òg omtalen av SAK ovanfor.

Departementet legg vidare vekt på at institusjonane må sørgje for tett oppfølging av doktorgradsstudentane i fagmiljøa dei er knytte til, for å auka gjennomstrøyminga og redusere fråfallet.

Stortingsmeldinga om forsking vart behandla i Stortinget våren 2009, jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009) og St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning. Eitt av tiltaka var å gjennomføre ei ny internasjonal evaluering av kvaliteten i norsk forskarutdanning. Den førre evalueringa vart gjennomført i 2002, og evalueringspanelet gav mellom anna råd om å etablere nasjonale forskarskolar. Innretninga på den nye evalueringa av doktorgradsutdanninga vil bli avklart i løpet av 2010, med involvering frå sektoren. Evalueringsrapporten vil venteleg vere ferdig i 2012.

Internasjonalisering

Høg deltaking i EUs forskingsaktivitetar er viktig for å styrkje internasjonaliseringa av norsk forsking. Det gir tilgang på gode nettverk, framifrå forsking og utvikling av ny teknologi og innovative løysingar. Kunnskapsdepartementet vil arbeide for ei styrkt norsk deltaking i siste del av det sjuande rammeprogrammet, det vil seie i perioden 2010–13. Det er særleg viktig at aktivitetane i dei nasjonale forskingsprogramma til Forskingsrådet og i rammeprogrammet blir sette meir i samanheng. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.70.

Ministrane i dei landa som tek del i Bolognaprosessen, har gjennom etableringa av Det europeiske området for høgre utdanning forplikta seg på alle måla i prosessen. Dei legg særskild vekt på at utdanning er eit offentleg ansvar, og på den sosiale dimensjonen av prosessen. Noreg deltek mellom anna i tre arbeidsgrupper for å bringe prosessen vidare.

Stortinget har behandla internasjonaliseringsmeldinga, jf. Innst. S. nr. 14 (2008–2009) og St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning. Kunnskapsdepartementet legg dette til grunn for arbeidet med internasjonalisering av høgre utdanning og arbeider for å følgje opp tiltak som vart lagde fram i meldinga, mellom anna tiltak for å styrkje mobilitet i kortare profesjonsutdanningar. Sjå òg kap. 281 post 01.

Regjeringa vil òg føre vidare arbeidet med å følgje opp dei Memorandum of Understanding (MoU) som Noreg har med Argentina, Brasil, Chile, Russland, Kina og India.

Instituasjonane medverkar også i bistandssamarbeid for høgre utdanning, mellom anna gjennom å delta i Utanriksdepartementets program NUFU og NOMA. Desse programma har vorte evaluerte, og ein arbeider for ny programstart i 2011.

Formidling, innovasjon og verdiskaping

FORNY-programmet i Forskingsrådet vart evaluert i 2009, og på bakgrunn av evalueringa blir det etablert eit nytt FORNY-program frå 2011, FORNY 2020. Det nye programmet vil vere eit viktig verkemiddel framover for å verkeleggjere målet frå St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning om at forskingsresultat skal nyttast til beste for samfunnet. Sjå òg omtale under kap. 281.

Kunnskapsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å vurdere behov for nasjonale prinsipp for handtering av immaterielle rettar.

Regjeringa utarbeidde hausten 2009 ein ny handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga. Departementet vil føre vidare satsinga frå 2010 på tiltak i handlingsplanen. Det er mellom anna sett i verk eit følgjeforskingsprosjekt (HEntUt2014) for å skaffe fram meir informasjon om resultat og effektar av satsinga på entreprenørskap i utdanninga. Sjå òg omtale under kap. 281.

Leiing, personale og ressursforvaltning

Leiing

Styret ved den einskilde institusjonen skal syte for strategi og fagleg utvikling av institusjonen og for at han er i samsvar med dei måla styresmaktene har fastsett. Leiarskap på alle nivå er ei særleg utfordring i institusjonar som kombinerer høg grad av autonomi for dei fagleg tilsette, med overordna styring. Leiinga må leggje til rette for ein god dialog med tilsette for overordna avgjerder og prioriteringar. Leiinga må ta i bruk dei ressursane som institusjonen har for at dei tilsette skal få best mogleg vilkår for arbeidet sitt, men òg stille krav om resultat. Leiinga må medverke aktivt til å skaffe finansiering frå eksterne kjelder og knyte kontakt til aktørar utanfor institusjonen. Departementet vil støtte opp om den vidare utviklinga av strategisk leiarskap og leiaropplæring i sektoren gjennom SAK-midlar.

Universiteta og høgskolane har administrativt ei friare stilling enn statsforvaltninga elles. Det gjer at oppfølginga frå departementet må vere slik at ho ikkje svekkjer den frie stillinga og det ansvaret universiteta og høgskolane er gitte av Stortinget. Hovudstrategien til departementet er å sikre ansvarlege styre for institusjonane i sektoren, som tek ansvar for å halde lover og reglar, som har ei ansvarleg økonomiforvaltning og gir påliteleg rekneskapsinformasjon.

Departementet har derfor i si oppfølging av institusjonane lagt vekt på å utvikle eit godt overordna rammeverk og gode og tenlege administrative system. Departementet ser det slik at meir samarbeid og arbeidsdeling må til òg på dette området.

Styret har òg ansvaret for å følgje opp dei oppdraga og føringane dei får i dei årlege tildelingsbreva frå departementet. Risikostyring skal integrerast i mål- og resultatstyringa ved institusjonane. Styret må få styringssignala ut i organisasjonen.

Departementet vil leggje vekt på tiltak som styrkjer kompetansen til styra og evna deira til å ta ansvar for og følgje opp både fagleg og administrativ verksemd. Betre internkontroll er viktig for å sikre høg administrativ kvalitet. Departementet si forvaltning av sektoren er òg viktig, og ein tek derfor sikte på å greie ut nærmare både organisering og verkemiddelbruk, med mål om å finne betre og meir effektive løysingar for denne forvaltninga.

Handlingsrom

Norske universitet og høgskolar har i europeisk målestokk stor grad av fagleg og administrativ fridom. Nyttinga av dette handlingsrommet dreier seg ikkje berre om størrelsen på løyvingane, men òg om at institusjonane har vilje og evne til å handle. Institusjonane har ansvar for si eiga organisering, leiing og prioritering. Styret har ansvar for å handle strategisk innanfor rammene og prioritere verksemd. Gode prosessar i slike avgjerder krev godt leiarskap og involvering av tilsette.

Departementet har sett i gang oppfølging av handlingsromgruppa mellom anna i samband med mellombelse stillingar og tidsnytting, jf. omtale nedanfor. Vidare vil samspelet mellom Forskingsrådet og institusjonane bli vurdert ved evalueringa av Forskingsrådet, og det er nemnt opp eit ekspertutval (Fagerbergutvalet) som skal sjå på god måloppnåing i offentleg finansiert forsking, jf. omtale under programkategori 07.70. Universitets- og høgskolerådet og Forskningsinstituttenes fellesarena har utarbeidd nokre forslag til prinsipp for samarbeid, arbeidsdeling og tiltak for betre utnytting av moglegheiter og ressursar. Departementet vil vurdere desse innspela i oppfølginga av drøftinga i handlingsromgruppa av randsoneorganisering.

Mål- og resultatstyring er det overordna styringsprinsippet i staten. Det ligg dermed til grunn for Kunnskapsdepartementet si styring av universitets- og høgskolesektoren. Departementet meiner det er behov for å vurdere korleis den overordna målstrukturen er utforma gitt prinsippa og reglementet som gjeld for styring i statleg sektor. I samarbeid med sektoren vil departementet gjennomgå og vurdere målstrukturen for sektoren, og det er sett ned ei referansegruppe med representantar frå einskilde institusjonar, Universitets- og høgskolerådet og Nettverk for private høgskolar.

Dei overordna måla for verksemda til universitet og høgskolar er nedfelte i universitets- og høgskolelova og følgde opp i styringsdialogen mellom departementet og institusjonane. På eit overordna nivå kan ein seie at dette utgjer ein del av samfunnskontrakten til institusjonane. Departementet har signalisert at ein i samarbeid med sektoren vil sjå nærmare på korleis ein kan utvikle institusjonane si samfunnskontrakt i dei ulike strategiprosessane. Det kan vere aktuelt å be nokre fagmiljø om å prøve ut korleis ein kan utvikle formålet med samfunnskontrakt og samspelet med andre samfunnsaktørar for å nå dei overordna måla for den høgre utdannings- og forskingssektoren.

Arbeidsmiljø og personale

Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal kartleggje årsakene til den omfattande bruken av mellombelse stillingar i universitets- og høgskolesektoren. Gruppa skal vidare foreslå tiltak som departementet og institusjonane kan setje i verk for å redusere bruken av mellombelse tilsetjingar. I arbeidet skal gruppa leggje hovudvekt på tilsetjingar i undervisnings- og forskarstillingar. Gruppa skal levere rapporten sin innan 1. november 2010.

Det er grunn til å tru at arbeidssituasjonen for dei fagleg tilsette i sektoren er ein annan enn for nokre år sidan. Departementet vil i 2011 gjennomføre ei ny undersøking av tidsnyttinga blant fagleg personale i sektoren. Formålet er mellom anna å gi institusjonane betre grunnlag for å kunne planleggje verksemda, slik at både utdanning, forsking og formidling kan gjennomførast på ein optimal måte.

I Prop. 1 S (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet vart det varsla øyremerking av rekrutteringsstillingar til kvinner på fagområde der dei er sterkt underrepresenterte. EØS-regelverk om likebehandling av kjønna tillèt ikkje direkte øyremerking, og det er i staden innført ei insentivordning i 2010 for tilsetjing av kvinner i stillingane førsteamanuensis, førstelektor, professor og dosent innan MNT-fag. Ordninga gjeld institusjonar som har doktorgradsutdanning innanfor MNT-fag og har faglege organisasjonseiningar som fell inn under definisjonen MNT-fag, til saman ni institusjonar. Ramma for ordninga er 10 mill. kroner, avgrensa til maksimalt 300 000 kroner per tilsetjing, og utteljinga for tilsetjingar i 2010 kjem i 2012-budsjettet. Ordninga skal evaluerast etter tre år.

Finansieringssystemet

I etterkant av evalueringa av finansieringssystemet har departementet hatt ein gjennomgang av strukturen for kategoriane i utdanningsinsentiva. Basert på innspel frå ei breitt samansett referansegruppe frå sektoren fører departementet vidare dagens modell med seks kategoriar.

Byggjeprosjekt i 2011

Regjeringa foreslår startløyving på 45 mill. kroner i 2011 til fase to av restaurerings- og ombyggingsarbeidet av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Prosjektet har ei kostnadsramme på 371,8 mill. kroner (prisnivå juli 2011). Sjå omtale under kap. 260.

Departementet tek òg sikte på at kurantprosjektet for Noregs handelshøgskole (NHH) vil starte opp i 2010. NHH og dei tilknytta forskingsmiljøa Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF) og Administrativt forskningsfond (AFF) vil bli samlokaliserte i nybygget, noko som truleg vil gi synergieffektar i forskinga. Byggjeprosjektet har ein anslått kostnad på om lag 400 mill. kroner.

I tillegg til Sentrumsbygningane fase to foreslår regjeringa for 2011 i underkant av 1,2 mrd. kroner til vidareføring og avslutning av fem ordinære byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren, sjå tabell 3.14 i vedlegg 3, og etterbetalingar av avslutta prosjekt. To kurantprosjekt blir òg vidareførte i tillegg til NHH, sjå tabell 3.15. Dei av prosjekta som vart gitte startløyving i 2009, er omtalte nedanfor under Rapport 2009. Sjå òg Prop. 1 S (2010–2011) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Byggjeprosjekt under vurdering

Det er fleire nye byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren som er under vurdering. Fire av desse er førte fram til forprosjekt. Forprosjekt legg grunnlaget for fastsetjing av kostnadsramma til dei aktuelle prosjekta, og har derfor betydning for om regjeringa vil fremme forslag om realisering på eit seinare tidspunkt. Det gjeld andre byggjetrinn for bygg for medisin og helsefag (MH2) ved Universitetet i Tromsø, bygg for IT og matteknologi på Kalvskinnet ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, rehabilitering av Urbygningen ved Universitetet for miljø- og biovitskap og rehabiliteringa av Noregs idrettshøgskole. MH2 har allereie ei godkjend kostnadsramme og er klar for startløyving, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet. Andre byggjeprosjekt som er under vurdering for seinare igangsetjing, er enno ikkje førte fram til forprosjekt.

Stortinget løyver prosjekteringsmidlar på to budsjettpostar over budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet avhengig av om bygga tilhører institusjonar som forvaltar bygningsmassen sjølve (kap. 1580 post 30), eller institusjonar som betaler husleige til Statsbygg (kap. 2445 post 30).

I 2011 er det foreslått å avsetje prosjekteringsmidlar til åtte byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren på kap. 1580 post 30. Prosjekta er oppstilte i tabell 3.17 i vedlegg 3. Sjå tabell 3.18 for prosjekt departementet vil prioritere dersom det innanfor ramma på posten blir mogleg å prosjektere fleire bygg som tilhører institusjonar som forvaltar bygningsmassen sjølve.

Over kap. 2445 post 30 er det i 2011 foreslått prosjekteringsmidlar til kurantprosjekt og tre ordinære byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren, jf. tabell 3.19 og 3.20 i vedlegg 3. Regjeringa vil seinare ta stilling til realisering av prosjekta.

Utstyr til bygg

God tilgang på oppdatert vitskapleg utstyr og infrastruktur for forsking er avgjerande for at norsk eksperimentell forsking skal kunne ta del i den internasjonale forskingsfronten. Gjennomføring av Forskingsrådet sin strategi Verktøy for forsking frå 2008 skal betre nasjonal koordinering og utnytting av investeringar i utstyr, sjå omtale under kap. 285 post 52. I 2011 foreslår regjeringa å løyve 469,7 mill. kroner til utstyr og inventar til byggjeprosjekt under oppføring. Dette gjeld restaurering av Sentrumsbygningane fase ein ved Universitetet i Oslo, nytt bygg for odontologiutdanninga ved Universitetet i Bergen, samlokalisering av Høgskolen i Bergen på Kronstad, rehabilitering av det tidlegare Patologibygget ved Høgskolen i Oslo og Sentralbygget ved Høgskolen i Sogn og Fjordane. Sjå nærmare omtale under kap. 260.

Samorganisering av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap

Fellesstyret for det samorganiserte universitetet på Ås vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet arbeide vidare med den faglege samorganiseringa og samanslåinga av det nye universitetet på Ås.

Departementet har gitt Statsbygg i oppdrag å arbeide med vidare utvikling av planane for det samorganiserte og samlokaliserte universitetet på Ås. På bakgrunn av arbeidet i fellesstyret og i Statsbygg vil regjeringa leggje fram for Stortinget forslag til kostnadsramme for byggjeprosjektet.

Universitetsmusea

For ytterlegare å forbetre tilhøva for sikring og bevaring av samlingane ved musea foreslår Kunnskapsdepartementet å løyve 10 mill. kroner til dette formålet i 2011, jf. omtale under kap. 281 post 45.

I tillegg har departementet motteke forslag om utbetring av museumsbygg ved alle universiteta som har universitetsmuseum. Det er ulikt kor langt desse prosjekta har komme i prosess. I 2011 vil fire slike prosjekt vere under prosjektering hos Statsbygg. Det gjeld oppføring av Utstillingsveksthuset til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, Vitskapsmuseet ved NTNU, restaurering og ombygging av Bergen Museum ved Universitetet i Bergen og Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger. Det er òg arbeid i gang med å planleggje nye magasin, utstillingsområde og renovering av Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Utgreiinga av konseptval for Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo vart eksternt kvalitetssikra hausten 2009. Departementet vil i løpet av kort tid leggje fram eit forslag til lokalisering av eit samla museum, der ein òg legg vekt på risikovurdering for flytting av vikingskipa, trafikkanalysar for Bygdøy og total reguleringssituasjon for Bjørvika. Oppstart av forprosjekt vil bli vurdert etter dette. Sjå òg avsnittet om byggjeprosjekt under vurdering ovanfor.

Studentvelferd

Det er eit mål for regjeringa at alle skal ha ein reell lik rett til utdanning. Derfor er studentbustader eit viktig tiltak. Kunnskapsdepartementet legg opp til å finansiere om lag 1 000 nye hybeleiningar i 2011.

Departementet arbeider med å foreslå ei ny lovføresegn i lov om studentsamskipnader knytt til samanslåing av studentsamskipnader og innlemming av studentbustadstiftelsar i studentsamskipnader. Dette vil mellom anna innebere at det ikkje blir utløyst dokumentavgift ved overføring av eigedom ved denne typen samanslåing.

På bakgrunn av ein ekstern gjennomgang av aktiviteten og økonomien ved studentsamskipnadane, mellom anna økonomiske utfordringar ved Studentsamskipnaden i Narvik, har departementet vurdert alternative styringsmodellar for studentvelferda i landet som kan styrkje grunnlaget for sunn økonomisk drift av studentvelferdstenestene og departementets tilsyn og kontroll med verksemda. Departementet vil arbeide vidare med ein styringsmodell basert på dagens studentsamskipnadsmodell og dei justeringane som krev endringar i lov og forskrift.

Fagskoleutdanning

I eit pilotprosjekt ferdigstilt våren 2010 for å vurdere om det ville vere mogleg å utarbeide kvalifikasjonsrammeverk for fagskoleutdanninga, vart 15 ulike fagskoleutdanningar beskrivne ut frå ein felles mal, med det målet å få fram læringsutbyttet etter avslutta utdanning. Kunnskapsdepartementet la hausten 2010 fram forslag om å gi departementet rett til å fastsetje forskrift om eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for fagskolane, jf. Prop. 161 L (2009–2010) Endringer i fagskoleloven. I lovproposisjonen foreslår departementet mellom anna at ein kan fastsetje i forskrift eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for fagskolane som òg er tilpassa det overordna nasjonale kvalifikasjonsrammeverket som skal dekkje alle nivåa i utdanningssystemet. Departementet vil følgje opp saka vidare etter handsaminga av lovproposisjonen i Stortinget.

Våren 2010 var eit opplegg for innhenting av statistikk for fagskoleutdanning ute til brei høring. Høringsinstansane gav si tilslutning til behovet for ein sentral fagskolestatistikk. Departementet tek sikte på å få etablert eit eins opplegg for datainnhenting for heile fagskolefeltet. Kunnskapsdepartementet vil òg vidareutvikle samarbeidet med det nye Fagskolerådet og arbeide for at alle relevante aktørar gjer seg nytte av rådet for konsultasjonar og høringar.

I samband med forvaltningsreforma vart ei gruppe fagskolar, som alle tidlegare låg under kap. 6A i privatskolelova, overførte til fylkeskommunane, på lik linje med dei tekniske fagskolane. Kommunal- og regionaldepartementet og Kunnskapsdepartementet foreslår å opprette ei ny tilskottsordning over Kunnskapsdepartementets kap. 276 post 72 for å sikre vidare drift av desse fagskolane. Sjå omtale under kap. 276.

Rapport for 2009

I kategoriinnleiinga er rapporten relatert til hovudmåla for høgre utdanning og fagskoleutdanning for 2009 og omhandlar resultat av budsjettprioriteringar i 2009. Rapport for 2009 må òg sjåast i samanheng med Tilstandsvurdering ovanfor. Rapportering for 2009 utover dette er gitt i dei respektive budsjettkapitla.

I 2009 var saldert budsjett for kategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning på 23,9 mrd. kroner. I tillegg vart det for 2009 løyvd til saman 298 mill. kroner gjennom tiltakspakken for arbeid, jf. Innst. S nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringar i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid, og til saman om lag 226 mill. kroner gjennom revidert nasjonalbudsjett for 2009, jf. Innst. S nr. 355 (2008–2009) og St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjett for 2009.

Mål: Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet som er basert på det fremste innanfor forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap

I 2009 vart den langsiktige og strategiske løyvinga til universitet og høgskolar auka med 298,4 mill. kroner. Stortinget vedtok òg ei eingongsløyving på 80 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009. Bakgrunnen for å auke løyvingane var at sektoren framleis skulle kunne drive langsiktig oppbygging og forvaltning av kunnskap innanfor eit breitt spekter av fagområde og medverke ytterlegare til høgre utdanning og forsking som har høg kvalitet, er relevant og internasjonalt konkurransedyktig. Midlane vart fordelte pro rata til institusjonane. Løyvingane har medverka til at sektoren var budd på å møte den sterke auken i studenttala gjennom studietilbodet. Vidare vart det mogleg å styrkje forskingsaktivitet og generelt halde fram med arbeidet med å heve kvaliteten i utdanning, forsking og formidling.

Samstundes vart det løyvd midlar til å opprette til saman om lag 4 200 studieplassar innanfor nasjonalt prioriterte område som lærarutdanning, pedagogisk utdanning, helse- og sosialfag, matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT-fag) og innanfor studium der institusjonane i sektoren såg andre behov. Det vart løyvd midlar både til såkalla ordinære studieplassar, til desentralisert utdanning og til etter- og vidareutdanning. Tal frå Database for høgre utdanning (DBH) viser at talet på registrerte studentar (heiltidsekvivalentar) auka med 8 350 frå hausten 2008 til hausten 2009. Auken i talet på registrerte studentar i denne perioden er større enn auken i talet på studieplassar det vart løyvd midlar til i 2009. Det same gjeld når ein ser fordelinga innanfor kvart av dei prioriterte områda. Institusjonane har lagt stor vekt på å tilpasse seg auken i tilgang på studentar og dei nasjonalt prioriterte fagområda. Auken i talet på studieplassar har dermed medverka til å dekkje etterspørselen etter høgre utdanning og møte kompetansebehovet i samfunnet. Det er likevel framleis behov for å møte veksten i talet på studentar i høgre utdanning.

I tillegg til å auke kapasiteten innanfor lærarutdanning vart det i 2009 løyvd 100 mill. kroner for å styrkje kvaliteten i lærarutdanningane. Det er i tråd med dette mellom anna sett i verk fleire rekrutteringstiltak og ei utdanning for rettleiing av nyutdanna, nytilsette lærarar. Det har òg vore dialog og samarbeid mellom departementet og sektoren for å fremme samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) i dei nye grunnskolelærarutdanningane. Midlane til dette har medverka til å styrkje og utvikle det faglege og administrative samarbeidet mellom institusjonane i dei seks regionane. Det er òg etablert ein nasjonal forskarskole i lærarutdanning. Samla har tiltaka innanfor lærarutdanning vore og vil framleis vere viktige for å styrkje rekrutteringa og sikre kvalitet i utdanning og styrkje forskinga på fag- og yrkesopplæring.

På bakgrunn av evalueringa frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i 2008 er det sett i verk fleire tiltak for å styrkje kvaliteten på den to- og treårige ingeniørutdanninga. Departementet har mellom anna sett ned eit utval for å revidere rammeplanen for ingeniørutdanninga og gitt støtte til fleire nasjonale tiltak som lærestadene sjølve har teke initiativet til, for eksempel utvikling av kurs i ingeniørdidaktikk for tilsette i ingeniørutdanningane.

I 2009 var det ein auke både i talet på norske studentar som tok ein del av utdanninga si i utlandet, og i talet på utanlandske studentar ved norske lærestader. Norske utvekslingsstudentar held fram med å dra til USA, Australia og Storbritannia, medan Tyskland, Spania og Frankrike sender flest studentar til Noreg. Dei fleste utreisande utvekslingsstudentane er på bachelornivå og tek eitt semester i utlandet. Talet på norske gradsstudentar i utlandet viser ein liten auke i 2009, etter å ha gått noko ned over fleire år. For dei utreisande gradsstudentane er Storbritannia, Danmark og Australia dei tre mest populære landa. I tillegg aukar talet på norske studentar i Polen. Talet på studentar i Noreg med utanlandsk pass held fram med å stige, noko som òg kan sjåast i samanheng med den generelle innvandringa til Noreg i dei siste åra.

På det sjette ministermøtet i Bolognaprosessen, i april 2009, vart landa samde om å halde fram med samarbeidet også i tida etter 2010, og ministrane vedtok eit kommuniké som peiker ut retninga og hovudsatsingsområda i perioden fram mot 2020. Det vidare arbeidet vil framleis leggje vekt på hovudmåla i prosessen, og særskilt livslang læring og mobilitet for tilsette og studentar.

Mål: Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid

Forskinga i universitets- og høgskolesektoren er i større grad drive fram av forskarane si eige nyfikne enn i dei andre forskingssektorane, der relevans på kort sikt er ei sterkare føring på forskingsverksemda. Institusjonane dekkjer til saman ei stor breidd i fagfelt og forskingsinteresser. Særleg dei store universiteta kan vise til god utteljing på dei konkurransebaserte kvalitetsarenaene i Forskingsrådet, til dømes Open konkurransearena for framifrå forskning, (tidlegare fri prosjekt støtte) Senter for framifrå forsking (SFF) og Yngre framifrå forskarar (YFF). På nokre felt er norske forskarar og forskargrupper blant dei fremste i verda, og medverkar til å drive den globale forskingsfronten framover. Det syner at universiteta og høgskolane forvaltar ansvaret for grunnforsking av høg kvalitet på ein god måte.

Tilgang på personale med doktorgrad er ein føresetnad for å auke forskingsevna og dermed òg medverke til auka kvalitet i forsking og høgre utdanning. I tråd med dette vart det i 2009 oppretta stipendiatstillingar, postdoktorstillingar og stillingar for nærings-ph.d. Sistnemnde er oppretta innanfor matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT-fag) og medisin og i institusjonar med omfattande samarbeid med kompetansebedrifter.

Departementet vidareførte i 2009 løyvinga til dei fem nasjonale nettverksforskarskolane som vart oppretta i 2008. Alle universiteta, ni statlege høgskolar, fem sjukehus og fleire andre forskingseiningar er involverte. Det er enno for tidleg å rapportere om resultata. Ordninga skal evaluerast i 2012/13. Evalueringa skal gi svar på om ordninga har fungert etter hensikta.

Mål: Universitet og høgskolar skal medverke til å spreie og formidle resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og medverke til innovasjon og verdiskaping basert på desse resultata. Universitet og høgskolar skal òg leggje til rette for at tilsette og studentar kan delta i samfunnsdebatten

Ordninga med nærings-ph.d. vart første gong utlyst av Forskingsrådet i 2008, og er ført vidare i 2009. Stipendiatane er tilsette i verksemdene medan dei arbeider med doktorgraden, og med rettleiar frå både verksemda og den gradgivande institusjonen. Ordninga med nærings-ph.d. er godt motteken, men ordninga er stadig i ein utviklingsfase. Det har vist seg å ta lengre tid enn venta å få inn søknader frå næringslivet.

Departementet har i 2009 tildelt midlar innanfor realfag og entreprenørskap som har medverka til å utvikle utdanningstilbod og til kompetanseheving for fagpersonale innanfor innovasjon og entreprenørskap.

Mål: Statlege universitet og høgskolar skal ha ei personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane

Universitet og høgskolar har ein lovfesta fridom til sjølve å fastsetje den interne organiseringen av institusjonen. Det inneber at dei òg har eit ansvar for å organisere funksjonar og leiing slik at dei er tilpassa eigenart, behov og utfordringar ved institusjonen. På institusjonsnivå kan dei statlege universiteta og høgskolane ha anten delt leiing med valt rektor eller sameint leiing med tilsett rektor. Åtte av dei statlege institusjonane har sameint leiing på institusjonsnivå, med tilsett rektor og ekstern styreleiar. På avdelings- og instituttnivå er sameint leiing det vanlegaste. På dette nivået varierer det om det òg er eit valt styre eller råd.

Løyvingane frå Kunnskapsdepartementet utgjer i 2009 om lag 84,5 pst. av inntektene. Dette er to prosentpoeng lågare enn i 2008.

Universiteta og høgskolane er nettobudsjetterte verksemder. Dette gir desse institusjonane auka fleksibilitet med omsyn til å disponere sine eigne midlar i eit langsiktig perspektiv i form av avsetningar frå tidlegare budsjettår. Frå 2008 til 2009 har avsetningane til planlagde tiltak i kommande budsjettår auka med om lag 232 mill. kroner eller om lag elleve pst. Det skyldast at avsetningane til større fleirårige investeringsprosjekt og ikkje fullførte prosjekt som blir finansierte av grunnløyvinga, er noko høgre i 2009 enn i 2008. Dette viser at universiteta og høgskolane nytter det høvet til langsiktig disponering som ligg i nettobudsjetteringsordninga. Sjå tabell 4.12 i vedlegg 4, som viser forholdet mellom kontantbehaldning, påkomne kostnader og avsetningar i perioden 2007 til 2009.

Tildelingane frå Forskingsrådet til dei statlege universiteta og høgskolane har auka med 5,2 pst. frå 2008 til 2009, noko som er om lag eitt prosentpoeng lågare enn endringa frå 2007 til 2008. Bidrag frå offentlege og private kjelder har gått ned med 2,7 pst. frå 2008 til 2009. Inntektene etter inntektskjelde er vist i tabell 4.11 i vedlegg 4.

Dei statlege universiteta og høgskolane fekk fullmakt til å opprette aksjeselskap i 2003 der formålet mellom anna var å gi institusjonane høve til å organisere bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet som sjølvstendige rettssubjekt. Statlege universitet og høgskolar forvaltar eigarskapet i 95 selskap. Av desse har staten dominerande påverknad i 26 selskap. Departementet er i tillegg eineeigar eller har dominerande eigarskap i fire selskap. Aksjane i alle dei 99 selskapa har ein bokført verdi på 233 mill. kroner. Samla driftsinntekter for dei 30 selskapa der staten er eineeigar eller dominerande eigar, var 1,7 mrd. kroner i 2009 (2 mrd. kroner når konsern er medrekna), ordinært årsresultat var 28,6 mill. kroner (inkludert konsern 28,7 mill. kroner) og total eigenkapital per 31. desember 2009 var 612 mill. kroner (777 mill. kroner konsern medrekna). Det samla talet på selskap eigd av universitet, høgskolar og departementet har auka frå 56 i 2003 til 99 i 2009. Selskapa er i mange tilfelle små og har aksjekapital som ikkje er større enn minimumet i lova.

Bygg

I 2009 vart Samisk vitskapsbygg ferdigstilt, ni byggjeprosjekt fekk start- og eingongsløyvingar, og informatikkbygget ved Universitetet i Oslo fekk utvida kostnadsramme.

I samband med tiltakspakka for arbeid i 2009 vart det løyvd midlar som har medverka til å auke byggjeaktiviteten og vedlikehaldet i universitets- og høgskolesektoren. Byggjeprosjekta vil òg medverke til forsking av høg kvalitet ved institusjonane, og gjere sektoren betre i stand til å møte framtidig studentvekst. Følgjande ni byggjeprosjekt fekk løyving i tiltakspakka:

  • Nybygg for Institutt for klinisk odontologi ved Universitetet i Bergen, som skal vere ferdig hausten 2012. Prosjektet har ei kostnadsramme på 811,2 mill. kroner (prisnivå juli 2011).

  • Bygget for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo, som skal vere ferdig 2. kvartal 2012. Prosjektet har ei kostnadsramme på 745,3 mill. kroner (prisnivå juli 2011).

  • Samlokaliseringsprosjektet ved Høgskolen i Bergen, som skal vere ferdig i 2014. Det vart gjennomført ny ekstern kvalitetssikring av byggjeprosjektet i 2009. Kostnadsramma for prosjektet er på 2 375,5 mill. kroner (prisnivå juli 2011).

  • Sentralbygget ved Høgskolen i Sogn og Fjordane, som skal vere ferdig sommaren 2012. Prosjektet har ei kostnadsramme på 358 mill. kroner (prisnivå juli 2011).

  • Rehabilitering av bygg og infrastruktur til ECCSEL-prosjektet (European Carbon dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. NTNU har nytta midlane til full rehabilitering av kjemiblokk 4 og delar av kjemihallen.

  • Renovering og ombygging av høgblokkene på Blindern (SV- og HF-fakultetet) ved Universitetet i Oslo. Universitetet har hovudsakleg nytta midlane til ytre vedlikehald.

  • Renovering, ombygging og oppgradering av areal i Bergen Museum ved Universitetet i Bergen. Universitetet har nytta midlane til ytre vedlikehald og utskifting av vindauge ved museet. Sjå òg omtale under Tilstandsvurdering.

  • Prosjektering av nytt utstillingsveksthus ved Naturhistorisk museum i Oslo. Prosjektet er framleis under prosjektering.

  • Prosjektering av samlokaliseringa av Universitetet for miljø og biovitskap, Noregs veterinærhøgskole og Veterinærinstituttet på Ås. Sjå òg omtale under Tilstandsvurdering.

I 2009 fekk òg informatikkbygget ved Universitetet i Oslo (IFI2) utvida kostnadsramma med 151,5 mill. kroner til 1 358 mill. kroner (prisnivå juli 2009), jf. Innst. S. nr. 334 (2008–2009) og St.prp. nr. 87 (2008–2009) Om nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo.

Mål: Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Tromsø og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har eit særskilt ansvar for å byggje opp, drive og halde ved like museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum

Det har vore ei klar betring sidan Riksrevisjonen i 2004 peikte på store manglar ved magasinlokala. Riksrevisjonen avdekte i 2008 at tilstanden framleis ikkje er tilfredsstillande på områda sikring og bevaring. Dei universiteta som har eigne museum, fekk derfor 15 mill. kroner i 2009 til desse formåla. I alt har universiteta motteke om lag 158 mill. kroner til universitetsmusea sidan 2002, hovudsakleg for å utbetre dei manglane ved musea som vart påpeikte av Riksrevisjonen.

Det er òg utfordringar i rapportering av delen samlingar med tilfredsstillande sikring og bevaring. Delen av samlingane som er digitaliserte, og som er tilgjengelege på nettet, aukar for kvart år. Han er no om lag 90 pst. ved dei tre musea med høgst del digitalisert materiale. Publikumsbesøket viser ei svak positiv utvikling i dei siste åra.

Dei indikatorane departementet har i dag for å vurdere utviklinga for universitetsmusea, fangar ikkje i stor nok grad opp desse utbetringane. Departementet og musea er derfor i ein prosess for å utvikle betre indikatorar for tilstanden ved samlingane ved universitetsmusea.

I 2009 la ei arbeidsgruppe fram ei utgreiing om eit Norsk digitalt universitetsmuseum (NDU). I høringsrunden gav universiteta og musea uttrykk for motstand mot den modellen som vart fremd i utgreiinga. Departementet samarbeider no med MUSIT (IT-organisasjonen til universitetsmusea) og universitetsmusea sjølve om å utvikle ein alternativ modell for felles organisering av dei digitale samlingane.

For rapportering av dei byggjeprosjekta ved universitetsmusea som fekk løyving i tiltakspakken i 2009, sjå omtale under Bygg.

Mål: Godkjend fagskoleutdanning skal gi studentane fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod av høg kvalitet

I revidert nasjonalbudsjett for 2009 vart det løyvd 15,2 mill. kroner til oppretting av fleire fagskoleplassar. For skoleåret 2009–10 vart det registrert 4 072 studentar (rekna i heiltidsekvivalentar) ved tekniske og maritime fagskolar, ein auke på 587 heiltidsekvivalentar eller om lag 17 pst. samanlikna med skoleåret 2008–09. Auken viser at studieplassane som vart fordelte til fagskoleutdanning i samband med revidert nasjonalbudsjett 2009, er fylte opp, og at midlane som vart løyvde, har medverka til å møte den auka søkninga til fagskoleutdanning.

I november 2009 vart det etter ein nasjonal konferanse sett ned ei arbeidsgruppe for å utarbeide forslag til samansetjing og mandat for eit nytt råd for fagskolane. Eit nasjonalt fagskoleråd vart etablert i 2010. Sjå òg omtale under Tilstandsvurdering.

Kap. 260 Universitet og høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

50

Statlege universitet og høgskolar

22 554 756

24 157 242

70

Private høgskolar

828 222

879 958

Sum kap. 260

23 382 978

25 037 200

I 2009 vart løyvinga til universitet og høgskolar gitt over kap. 271 Universitet, kap. 272 Vitskaplege høgskolar og kap. 275 Høgskolar. For dei statlege institusjonane vart løyvingane gitte over post 50 Basisfinansiering, post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering og post 52 Forskingsfinansiering. For dei private institusjonane vart løyvingane gitte over post 70 Basisfinansiering, post 71 Resultatbasert undervisningsfinansiering og post 72 Forskingsfinansiering.

Frå 2010 omfattar kap. 260 den samla rammeløyvinga til universitet og statlege høgskolar over post 50 og til private høgskolar over post 70. Rammeløvinga omfattar både dei langsiktige og strategiske løyvingane, som er fastsette på bakgrunn av særskilde prioriteringar som er gjorde over tid for dei ulike institusjonane, og dei resultatbaserte utteljingane på utdanningsinsentiva og forskingsinsentiva. Utdanningsinsentiva har ei open ramme, og utteljinga blir rekna ut på grunnlag av indikatorane avlagde studiepoeng og talet på utvekslingsstudentar. Forskingsinsentiva har ei lukka ramme der utteljinga blir rekna ut på grunnlag av indikatorane doktorgradskandidatar, midlar frå Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond, midlar frå EUs sjuande rammeprogram og vitskapleg publisering.

Post 50 Statlege universitet og høgskolar og post 70 Private høgskolar

Mål for 2011

Dei statlege universiteta og høgskolane er statlege forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Institusjonane blir styrte gjennom mål- og resultatstyring med integrert risikostyring. Måla for institusjonane er utforma på eit overordna nivå, og institusjonane utformer i tillegg sine eigne mål og styringsparametrar tilpassa storleiken på og eigenarten til institusjonen. Den faglege delen av måla frå departementet gjeld òg for dei private høgskolane som er omfatta av universitets- og høgskolelova.

Departementet har sett følgjande mål for universiteta og høgskolane:

  • Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet som er basert på det fremste innanfor forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap.

  • Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.

  • Universitet og høgskolar skal medverke til å spreie og formidle resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og medverke til innovasjon og verdiskaping basert på desse resultata. Universitet og høgskolar skal òg leggje til rette for at tilsette og studentar kan delta i samfunnsdebatten.

  • Universitet og høgskolar skal organisere og drive verksemda på ein slik måte at samfunnsoppdraget blir best mogleg teke hand om innanfor ramma av disponible ressursar.

  • Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Tromsø og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har eit særskilt ansvar for å byggje opp, drive og halde ved like museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum.

Rapport for 2009 for tidlegare kap. 271, 272 og 275

På tidlegare kap. 271, 272 og 275 vart det i 2009 samla sett løyvd om lag 22,6 mrd. kroner. Av dette utgjorde den langsiktige og strategiske løyvinga over postane 50 og 70 samla sett om lag 13,8 mrd. kroner, ein auke på 857 mill. kroner samanlikna med 2008. Den resultatbaserte utteljinga for utdanning over post 51 og post 71 utgjorde samla sett om lag 5,3 mrd. kroner, som var ein auke på 172 mill. kroner samanlikna med 2008, og som speglar ein auke i avlagde studiepoeng i sektoren. Den resultatbaserte utteljinga for forsking og dei strategiske forskingsmidlane over postane 52 og 72 utgjorde samla sett om lag 3,5 mrd. kroner.

Mykje av rapporteringa for tidlegare kap. 271, 272 og 275 går fram av Rapport for 2009 i kategoriinnleiinga. Tilstandsvurdering i kategoriinnleiinga gir òg eit bilete av resultata for 2009 for universitets- og høgskolesektoren. Rapporteringa nedanfor er derfor ei oversikt over enkelte andre tiltak i 2009.

For å betre rekrutteringa til læraryrket løyvde Stortinget i 2006 midlar til oppretting av 500 studieplassar innanfor allmennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar- og praktisk-pedagogisk utdanning. Midlane til plassane er førte vidare, og dei siste plassane er fullt utbygde i 2011. Det har medverka til å halde oppe opptakskapasiteten på desse plassane ved universiteta og ved dei statlege og dei private høgskolane. Søkninga til lærarutdanninga har hatt ei positiv utvikling i dei siste to åra, blant anna på grunn av rekrutteringsarbeidet til partnarskapen GNIST. Departementet held i samarbeid med sektoren fram med arbeidet med å utvikle lærarutdanning av høg kvalitet og relevans, og å auke rekrutteringa til utdanninga.

Odontologiutdanninga ved Universitetet i Tromsø vart starta opp i 2004 og vil vere fullt utbygd i 2012. Bakgrunnen for oppbygging av odontologiutdanninga i Tromsø var det behovet ein såg for ulike personellgrupper innanfor helse- og omsorgssektoren, mellom anna i odontologi. Tilbodet har medverka til å møte dette behovet.

For å opprette visuell kunstutdanning i Nord-Noreg vedtok Stortinget i 2006 etablering av 15 studieplassar i denne studieretninga ved tidlegare Høgskolen i Tromsø. Midlane er førte vidare ved Universitetet i Tromsø, og det vart i 2009 teke opp ni studentar ved dette studiet.

Universitetet i Tromsø starta i 2008 bachelorutdanning i luftfartsfag. Dei første studentane frå 2008 og 2009 får undervisning ved Trafikkhögskolan (TFHS) ved Lunds universitet i Sverige. Stortinget vedtok i 2009 å gi løyving til ei offentleg finansiert trafikkflygarutdanning ved Universitetet i Tromsø. Hausten 2010 tek universitetet opp tolv studentar på bachelorutdanning i luftfartsfag, og neste kull blir teke opp våren 2011.

I 2008 vart det oppretta 270 stipendiatstillingar ved universiteta, 15 ved dei vitskaplege høgskolane og 62 ved høgskolane. Midlar til heilårsverknad vart løyvd i 2009 og innebar at stillingane kunne førast vidare. I tillegg vart det løyvd ytterlegare stipendiatstillingar i 2009. Da vart satsen auka til 800 000 kroner. Som ei følgje av nye tildelingar av stipendiatstillingar etter 2005 vil talet på avlagde grader halde fram med å auke. Universitet og høgskolar har no meir enn 3 000 øyremerkte rekrutteringsstillingar frå Kunnskapsdepartementet. På sektornivå er alle dei øyremerkte rekrutteringsstillingane i bruk hausten 2009. Stipendiatstillingane har medverka til å auke forskingskapasiteten ved institusjonane.

Dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forsking (REK) fekk nye og meir omfattande oppgåver i tråd med den nye helseforskingslova, som vart sett i verk 1. juli 2009. Det vart løyvd midlar til universiteta som bidrog til å dekkje auka utgifter til dette.

Etableringa av mettingsdykkarutdanninga, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kunnskapsdepartementet, vart sett i gang som eit spleiselag mellom staten og oljeselskapa. Etableringa har komme i store finansieringsproblem fordi investeringane har vorte vesentleg dyrare enn opphavleg planlagt. Departementet har bedt Høgskolen i Bergen i samarbeid med oljeselskapa om å finne ei løysing på den naudsynte restfinansieringa. Dersom dette ikkje fører fram, vil departementet komme tilbake til Stortinget med saka.

Lokala til Samisk høgskole hadde ikkje tilstrekkeleg standard til å drive utdanning og forsking, og nytt Samisk vitskapsbygg vart ferdigstilt våren 2009. Samisk vitskapsbygg i Kautokeino er ei samlokalisering av fleire samiske institusjonar som vart ferdigstilte i november 2009. Kostnaden var om lag 20 mill. kroner under styringsramma. Følgjande institusjonar er no samla i Samisk vitskapsbygg: Samisk høgskole, Samisk arkiv, avdelingskontoret for Sametinget, Gáldu – Kompetansesenter for urfolks rettigheter, Studentsamskipnaden og International Centre for Reindeer Husbandry.

Arkeologisk museum i Stavanger vart 1. januar 2009 innlemma i Universitetet i Stavanger, og museet fekk dermed status som universitetsmuseum. Innlemminga har medverka til å integrere museet i FoU-arbeidet til universitetet.

Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Tromsø fusjonerte 1. januar 2009. Institusjonane arbeidde i 2009 for å etablere éin felles institusjon fagleg og administrativt.

Våren 2009 fekk Høgskolen i Bodø akkreditert den fjerde doktorgradsutdanninga ved institusjonen, og søkte deretter om akkreditering som universitet. Den faglege komiteen som har vurdert søknaden, og styret i NOKUT, har konkludert med at høgskolen fyller dei fastsette kriteria for akkreditering som universitet. Kunnskapsdepartementet vil behandle søknaden om endring av institusjonskategori når denne er motteken.

Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen vart akkrediterte som vitskaplege høgskolar frå 1. juni 2009. Dei har dermed fått rett til å opprette nye bachelorstudium. Handelshøyskolen BI har òg fått rett til å opprette masterstudium i økonomiske fag og leiing, og Misjonshøgskolen masterstudium i teologi.

Budsjettforslag for 2011 for post 50–70

Statens pensjonskasse har varsla dei statlege institusjonane i sektoren om at arbeidsgivardelen av pensjonspremien blir redusert frå 13 til 11,15 pst. frå 2010 til 2011. Kostnadsreduksjonen for desse institusjonane utgjer til saman om lag 300 mill. kroner for 2011 samanlikna med 2010.

Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare satsinga på samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) i universitets- og høgskolesektoren med 50 mill. kroner i 2011. Departementet vil leggje vekt på samarbeid som fører til ytterlegare konsentrasjon og arbeidsdeling, jf. nærmare omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga. Departementet vil komme tilbake til fordelinga av midlane i 2011.

Nye studieplassar er avgjerande for at studiestadene skal kunne ta imot den kommande auken i talet på søkjarar og halde oppe kvaliteten i høgre utdanning. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å auke kap. 260 med 74,3 mill. kroner. Det blir foreslått å fordele om lag 375 studieplassar til lærarutdanningane, om lag 200 studieplassar til helse og sosialfag, om lag 190 studieplassar til rettsvitskap og om lag 260 studieplassar til realfag og teknologi. Det blir vidare foreslått fordelt om lag 1 140 frie studieplassar som universiteta og høgskolane kan bruke på andre fagområde.

Ved fordelinga av midlane til studieplassar til dei enkelte institusjonane vil departementet mellom anna ta omsyn til rekrutteringsgrunnlaget til ulike studietilbod og kva moglegheiter universiteta og høgskolane har for å auke opptakskapasiteten på kort sikt.

Enkelte av studieplassane innanfor dei særskilte fagområda nemnd ovanfor vil departementet tildele med gitt lengde og innplassering i gjeldande kategori for studiet. Dette gjeld studieplassar der det er eit særskilt nasjonalt behov for fleire kandidatar i yrket og der departementet set aktivitetskrav. Dei resterande plassane innanfor dei særskilte fagområda vil departementet tildele som uspesifiserte plassar. Midlane til plassane vil bli tildelte i kategori D og vil trappast opp over fire år. Departementet vil leggje til grunn at institusjonane opprettar minst så mange plassar som dei er tildelte innanfor eit fagområde, og at styret ved dei enkelte institusjonane avgjer korleis dei fordelar plassane.

Dei om lag 1 140 frie studieplassane vil departementet foreslå at universiteta og høgskolane sjølve kan bruke i tråd med eigne strategiar, for å spisse fagprofilen i fag der det er god rekruttering og eit nasjonalt og regionalt behov. Departementet vil leggje til grunn at òg midlane til desse plassane blir tildelte i kategori D og blir trappa opp over fire år.

Departementet foreslår på bakgrunn av dette å auke post 50 med 70,6 mill. kroner og post 70 med 3,7 mill. kroner. I tillegg kjem om lag 1,6 mill. kroner til om lag 20 studieplassar ved Universitetssenteret på Svalbard, jf. kap. 280 post 71. For omtale av utgiftene til Lånekassen, sjå kap. 2410 post 50 og post 70. Departementet vil komme med nærmare omtale av fordelinga i Orientering om forslag til statsbudsjettet 2011 for universiteter og høgskoler.

Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare den offentleg finansierte trafikkflygarutdanninga ved Universitetet i Tromsø med 24 plassar i 2011 og i den samanhengen auke løyvinga til universitetet med 10 mill. kroner.

Det er sett ambisiøse mål for dei nye grunnskolelærarutdanningane, jf. Innst. S. nr. 185 (2008–2009) og St.meld. nr. 11 (2008–2009) Læreren. Rollen og utdanningen. Dei nye grunnskolelærarutdanningane skal medverke til å betre dei grunnleggjande dugleikane og dei faglege resultata til elevane. Fagleg og pedagogisk dyktige lærarar er utpeikte som ein av dei viktigaste faktorane for å betre det utbyttet elevane har av skolen. For å kunne nå måla for dei nye grunnskolelærarutdanningane må det vere eit godt økonomisk grunnlag ved dei institusjonane som skal utvikle og drive desse nye utdanningane. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at dei nye grunnskolelærarutdanningane frå 2011 blir innplasserte i kategori D i finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Det vil innebere ein auke på 16 000 kroner per studieplass samalikna med allmennlærarutdanninga. Dei institusjonane som tek opp studentar i desse utdanningane, får samla auka grunnløyvinga med 13 mill. kroner i 2011, og får ei vidare opptrapping til om lag 114 mill. kroner fram mot 2014. Innplasseringa vil òg gi høgre utteljing samanlikna med allmennlærarutdanninga når det blir avlagt studiepoeng. For 2011 foreslår departementet å fordele auken i grunnløyvinga mellom institusjonane ut frå talet på registrerte studentar hausten 2010 i dei nye utdanningane. Dette talet vil vere klart i løpet av oktober, og departementet vil derfor fordele midlane i endeleg tildelingsbrev til institusjonane.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 469,7 mill. kroner i 2011 til utstyr og inventar til fem byggjeprosjekt under oppføring. Byggjeprosjekta ved høgskolane i Oslo og i Sogn og Fjordane og ved Universitetet i Bergen er planlagde å stå ferdige til studiestart hausten 2012. Departementet foreslår at midlar til utstyr og inventar til desse prosjekta blir løyvde i 2011, høvesvis 106,5 mill. kroner, 53,7 mill. kroner og 164,5 mill. kroner. Nybygg for Høgskolen i Bergen er planlagt ferdigstilt til studiestart hausten 2014. Departementet legg opp til ei samla utstyrsramme til prosjektet på 340 mill. kroner fordelte over tre år, og foreslår ei løyving på 85 mill. kroner i 2011. For fase ein av restaurering og ombygging av Sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo legg departementet opp til ei samla utstyrsramme på 80,2 mill. kroner fordelte over to år, og foreslår ei løyving på 60 mill. kroner i 2011.

I 2011 er det 200 år sidan Universitetet i Oslo vart etablert. Det blir foreslått ei startløyving på 45 mill. kroner i 2011 til andre fase i restaureringa av sentrumsbygningane ved universitetet over budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Fase to av prosjektet har ei godkjend kostnadsramme på 371,8 mill. kroner (prisnivå juli 2011). Det er behov for løyving til utstyr og inventar på om lag 15 mill. kroner i framtidige statsbudsjett.

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke den resultatbaserte utteljinga knytt til utdanning med om lag 190 mill. kroner i 2011, fordelte med om lag 175 mill. kroner over post 50 og om lag 15 mill. kroner over post 70. Auken kjem i hovudsak som følgje av auka studentopptak hausten 2009, mellom anna på grunn av oppretting av fleire studieplassar i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009. Det er òg ein auke i talet på registrerte studentar totalt i sektoren frå 2008 til 2009.

Den resultatbaserte utteljinga knytt til forsking utgjer om lag 1,4 mrd. kroner i 2011. På bakgrunn av dei oppnådde resultata på indikatorane for forskingsinsentiva foreslår departementet å auke post 50 med 828 000 kroner og redusere post 70 tilsvarande.

Stortinget løyvde 40 mill. kroner frå og med 2006 til ei ordning for små driftsmidlar til forskarar i universitets- og høgskolesektoren. Forskingsrådet har vore ansvarleg for fordelinga til dei einskilde universiteta og høgskolane. Ordninga er evaluert i 2010, og Forskingsrådet har i si vurdering konkludert med at midlane bør tildelast direkte til institusjonane. Ordninga støttar enkeltforskarar utanom dei store forskingssatsingane. Midlane famnar alle universitet og høgskolar med ti eller fleire årsverk i førstestilling, til saman 37 statlege institusjonar og åtte private institusjonar. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare midlane og halde fast ved dei kriteria som hittil er lagde til grunn for fordeling av midlane. For å forenkle søknadsprosessane for ordninga foreslår departementet å leggje midlane inn i rammene til institusjonane over kap. 260. Forslaget inneber dermed å overføre 40 mill. kroner frå kap. 285 Noregs forskingsråd til kap. 260 Universitet og høgskolar, fordelte med om lag 38,2 mill. kroner på post 50 og om lag 1,8 mill. kroner på post 70.

Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet foreslår å etablere eit større nasjonalt system for forskingsinformasjon, CRISTIN (Current Research Information System in Norway). CRISTIN skal medverke til å auke verdien av forskinga ved å leggje til rette for at forskinga i fleire sektorar blir sett i samanheng. Publikasjonsdatabasen Norsk vitenskapsindeks (NVI) inngår i CRISTIN og skal mellom anna nyttast i finansieringssystemet for universitets- og høgskolesektoren, helsesektoren og instituttsektoren. Stortinget vedtok i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2010 at seks stillingar og oppgåvene knytte til konsortieavtalar mot universitets- og høgskolesektoren skal overførast frå ABM-utvikling til CRISTIN, jf. Innst. 350 S (2009–2010) og Prop. 125 S (2009–2010). Departementet foreslår å leggje drift og administrative tenester for CRISTIN til Universitetet i Oslo, med heimel i lov om universitet og høgskolar, § 1-4 fjerde ledd. Kostnaden ved etablering av CRISTIN vil vere om lag 19,2 mill. kroner, og departementet foreslår at midlane i 2011 blir løyvde over kap. 281 post 01. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere ramma til universitet og høgskolar med om lag 7,7 mill. kroner. Det inneber ein reduksjon i ramma på om lag 7,4 mill. kroner over kap. 260 post 50 og 219 000 kroner over kap. 260 post 70. I tillegg blir det foreslått ei rammeoverføring på 3 mill. kroner frå Helse- og omsorgsdepartementets kap. 732 postane 72, 73, 74 og 75 og ei rammeoverføring på 4,5 mill. kroner frå Kulturdepartementets kap. 325 post 01 til kap. 281 post 01. I samband med flytting av oppgåver frå ABM-utvikling blir det i tillegg foreslått ein auke på om lag 37,2 mill. kroner på kap. 281 post 01 og ein tilsvarande auke på kap. 3281 post 02, til finansiering av lisens- og konsortieavtalar mot universitets- og høgskolesektoren. Kunnskapsdepartementet foreslår å fordele midlane til CRISTIN over kap. 281 post 01 i 2011, jf. omtale under kap. 281.

I budsjettet for 2010 vart det løyvd 20 mill. kroner til eit klimaforskingssenter ved Universitetet i Bergen. Midlane blir i 2010 tildelte frå Kunnskapsdepartementet via Forskingsrådet. Departementet foreslår at midlane blir tildelte direkte til Universitetet i Bergen.

Det er for 2011 lagt til grunn 23 mill. kroner i husleigekompensasjon for byggjetrinn II av samlokaliseringa av Kunsthøgskolen i Oslo. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 16,5 mill. kroner i husleigekompensasjon for bygg for lærarutdanninga ved Høgskolen i Vestfold. Kunnskapsdepartementet føreset at høgskolen finansierer resterande kostnader til husleige innanfor eksisterande budsjettramme.

Odontologiutdanninga ved Universitetet i Tromsø vart etablert i 2004 og er framleis under opptrapping til ho blir ferdig utbygd i 2012. Utdanninga har eit årleg opptak på 40 studieplassar. For å føre vidare oppbygginga foreslår departementet å auke løyvinga til universitetet med om lag 4,4 mill. kroner frå 2011.

Midlar til vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage, 150 studieplassar i førskolelærarutdanning og 150 deltidsstudieplassar i barnehagepedagogikk blir i dag tildelte over kap. 281 post 01. Departementet foreslår at løyvingane blir lagde inn i rammene til dei aktuelle institusjonane. Dermed vil post 50 auke med om lag 26,8 mill. kroner og post 70 auke med om lag 3,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.

Det vart oppretta om lag 4 200 studieplassar i 2009 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Vidareføring og opptrapping av desse plassane inneber ein auke til om lag 8 900 studieplassar i 2011. Kunnskapsdepartementet foreslår ein auke i løyvinga på kap. 260 post 50 med om lag 142,2 mill. kroner og ein auke i løyvinga på kap. 260 post 70 med om lag 2,7 mill. kroner til opptrapping med nye kull i 2011.

Vidare foreslår departementet å flytte om lag 3,7 mill. kroner i midlar til einskilde tiltak som tidlegare vart tildelte over kap. 281 post 01, inn i rammene til institusjonane på kap. 260 post 50 og post 70.

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på om lag 25 mrd. kroner over kap. 260 i 2011, fordelt med om lag 24,2 mrd. kroner til universitet og statlege høgskolar over post 50 og om lag 880 mill. kroner til private høgskolar over post 70. Dette omfattar både den langsiktige og strategiske løyvinga og den resultatbaserte utteljinga knytt til utdanningsinsentiva og forskingsinsentiva.

Kap. 270 Studium i utlandet og sosiale formål for studentar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

71

Tilrettelegging av studium i utlandet

10 853

13 262

14 673

74

Tilskott til velferdsarbeid

68 048

68 137

70 249

75

Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

243 057

227 882

234 946

Sum kap. 270

321 958

309 281

319 868

Kap. 270 omfattar finansiering av tilrettelegging av studium i utlandet og tilskott til sosiale formål for studentar, jf. post 71, post 74 og post 75.

Post 71 Tilrettelegging av studium i utlandet

Posten omfattar tilskott til Fulbright-programmet og Association of Norwegian Students Abroad (ANSA).

Målet med tilskottet er å leggje til rette for studium i utlandet for studentar og forskarar.

Rapport for 2009

Tilskottet til Johan Jørgen Holsts minnefond vart gitt over kap. 270 post 71 i 2009, og rapport blir derfor gitt her. Frå 2011 blir tilskottet gitt over kap. 280 post 50.

I 2009 vart det løyvd 5,7 mill. kroner til Fulbright-programmet over dette kapitlet. Løyvinga har gått til stipendprogrammet og medverka til å støtte særleg kvalifiserte søkjarar i studium på master- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. Det er om lag 45 norske studentar i året som får stipend over dette programmet for å studere i USA.

Det vart løyvd 61 000 kroner til Johan Jørgen Holsts minnefond og 5,1 mill. kroner til ANSA i 2009. Løyvinga til ANSA har gått til informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet og til utgifter til tilrettelegging for studium i utlandet.

Budsjettforslag for 2011

Den norske auken av tilskottet til Fulbright Foundation over kap. 281 post 01 har ført med seg ein permanent auke til programmet på amerikansk side. Departementet foreslår at den norske auken òg blir gjord permanent, og at 1 mill. kroner i tråd med dette blir flytta frå kap. 281 post 01 til kap. 270 post 71. Departementet foreslår dermed ei samla løyving til Fulbright Foundation på om lag 7 mill. kroner i 2011.

Departementet foreslår òg å føre vidare løyvinga til ANSA med om lag 7,6 mill. kroner i 2011.

Departementet foreslår dermed å løyve om lag 14,7 mill. kroner over kap. 270 post 71 i 2011.

Post 74 Tilskott til velferdsarbeid

Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Tilskottet til ANSA vart flytta frå post 74 til post 71 i 2010.

Målet med tilskottsordninga er å leggje til rette for studentvelferd ved utdanningsinstitusjonane, og fremme interessene til studentane. Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane.

Rapport for 2009

Tilskottet til samskipnadene blir gitt som grunntilskott og tilskott per student. For 2009 vart det ikkje løyvd øyremerkte tilskott til studentbarnehagar, men det vart teke særskilt omsyn til studentbarnehagane i tråd med tidlegare fordelingsnøkkel. Samla vart det utbetalt om lag 68 mill. kroner i 2009. Av desse vart det utbetalt om lag 62,1 mill. kroner til 26 studentsamskipnader (inkludert ANSA) med om lag 200 000 medlemmer. I tillegg vart det utbetalt om lag 3,7 mill. kroner til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Det vart utbetalt om lag 2,3 mill. kroner for kjøp av gjennomgang av aktiviteten og økonomien ved studentsamskipnadene. Rapporten frå denne gjennomgangen låg føre hausten 2009, og departementet er i gang med å vurdere tiltak for å følgje han opp. Sjå omtale under tilstandsvurdering og strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Studentsamskipnaden i Narvik er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og departementet arbeider med ei løysing for sikring av studentvelferda til studentane i Narvik.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at ein ved utrekninga av tilskott for 2011 til studentsamskipnadene skal føre vidare ordninga frå 2009 i høve til studentbarnehagar. Departementet foreslår å løyve 70,2 mill. kroner over kap. 270 post 74 i 2011.

Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

Målet med tilskottsordninga er å sikre bygging av studentbustader og medverke til å sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar. Studentbustadene skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden.

Rapport for 2009

Ved utgangen av 2009 disponerte studentsamskipnadene totalt 30 750 hybeleiningar, ein auke på 303 hybeleiningar i høve til 2008. I ordinær fordeling 2009 gav departementet tilsegn om 227,9 mill. kroner til 964 nye hybeleiningar og rehabilitering av hybeleiningar. I samband med tiltakspakken for arbeid, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Tiltak for arbeid, vart det gitt ei ekstraløyving i 2009 på 75 mill. kroner til bygging av studentbustader. Kunnskapsdepartementet gav tilsegn om støtte til 321 nye hybeleiningar i tiltakspakken for arbeid. Vidare gav departementet tilsegn om 76,5 mill. kroner til 306 nye hybeleiningar gjennom bruk av tilsegnsfullmakta for 2009. I sum vart det gitt tilsegn om støtte til 1 591 hybeleiningar i 2009. Dekningsgraden var 16 pst. ved utgangen av 2009. Departementet endra finansieringsmodellen for studentbustadbygging i statsbudsjettet for 2008, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Kunnskapsdepartementet. I statsbudsjettet for 2009, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) og St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet, vart kostnadsramma ytterlegare auka med inntil 100 000 kroner når behovet for auke av ramma er knytt til miljø- og energifremmande tiltak samt universell utforming. Tiltaket har medverka til å nå målet om at alle skal ha lik rett til utdanning uavhengig av økonomisk og sosial situasjon.

Budsjettforslag for 2011

Det er eit mål for regjeringa at alle skal kunne ta utdanning. Derfor er studentbustader eit viktig tiltak. For at studentsamskipnadene skal kunne byggje studentbustader med god kvalitet med omsyn til miljø og energi samstundes som bustadene har god tilgjengelegheit for alle, foreslår departementet at den ordinære kostnadsramma aukar med 100 000 kroner i heile landet. Søknad om økt ramme til miljø- og energifremmande tiltak samt universell utforming vil såleis bortfalle, og studentsamskipnadene får dermed frigitt tid til bustadbygging. Den øvre kostnadsramma i pressområda Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Drammen blir 700 000 kroner per hybeleining, der 250 000 kroner er fast statstilskott. Den øvre kostnadsramma i landet elles blir 600 000 kroner per hybeleining, der 200 000 kroner er fast statstilskott.

Departementet har som føresetnad at husleiga på bustader for funksjonshemma studentar ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa éin person. Departementet understrekar at det er viktig at kvar studentsamskipnad har eit tilfredsstillande tilbod til studentar med nedsett funksjonsevne.

Kunnskapsdepartementet legg opp til å finansiere om lag 1 000 nye hybeleiningar i 2011, og foreslår derfor å løyve om lag 235 mill. kroner over kap. 270 post 75 i 2011.

Kap. 271 Universitet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

50

Basisfinansiering statlege universitet

7 642 832

51

Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege universitet

2 766 836

52

Forskingsfinansiering statlege universitet

2 996 055

Sum kap. 271

13 405 723

Rapport for 2009

Frå og med budsjettåret 2010 blir løyvinga til universitet gitt over kap. 260 Universitet og høgskolar, post 50 Statlege universitet og høgskolar. Rapport for 2009 for tidlegare kap. 271 går fram av kategoriinnleiinga og omtale under kap. 260.

Kap. 272 Vitskaplege høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

50

Basisfinansiering statlege vitskaplege høgskolar

582 812

51

Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar

222 126

52

Forskingsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar

154 874

70

Basisfinansiering private vitskaplege høgskolar

101 693

71

Resultatbasert undervisningsfinansiering private vitskaplege høgskolar

109 522

72

Forskingsfinansiering private vitskaplege høgskolar

52 744

Sum kap. 272

1 223 771

Rapport for 2009

Frå og med budsjettåret 2010 blir løyvinga til vitskaplege høgskolar gitt over kap. 260 Universitet og høgskolar, post 50 Statlege universitet og høgskolar og post 70 Private høgskolar. Rapport for 2009 for tidlegare kap. 272 går fram av kategoriinnleiinga og omtale under kap. 260.

Kap. 275 Høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

50

Basisfinansiering statlege høgskolar

5 139 464

51

Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege høgskolar

1 978 886

52

Forskingsfinansiering statlege høgskolar

283 852

70

Basisfinansiering private høgskolar

293 712

71

Resultatbasert undervisningsfinansiering private høgskolar

231 063

72

Forskingsfinansiering private høgskolar

9 694

Sum kap. 275

7 936 671

Rapport for 2009

Frå og med budsjettåret 2010 blir løyvinga til høgskolar gitt over kap. 260 Universitet og høgskolar, post 50 Statlege universitet og høgskolar og post 70 Private høgskolar. Rapport for 2009 for tidlegare kap. 275 går fram av kategoriinnleiinga og omtale under kap. 260.

Kap. 276 Fagskoleutdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

70

Teknisk fagskoleutdanning

325 535

72

Annan fagskoleutdanning

33 169

55 158

Sum kap. 276

358 704

55 158

I samband med Forvaltningsreforma, jf. Innst. S nr. 345 (2008–2009) og St.prp. nr. 68 (2008–2009) Kommuneproposisjonen 2010, vart drifts- og finansieringsansvaret for fagskoleutdanning overført til fylkeskommunane frå 1. januar 2010.

Frå og med budsjettåret 2010 vart derfor midlane til fagskoleutdanning som tidlegare vart løyvde over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, førte over til kap. 572 Rammetilskott til fylkeskommunar på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Flyttinga gjaldt tilskottet til både teknisk fagskoleutdanning og dei andre fagskolane, som tidlegare låg under kap. 6A i privatskolelova.

Det overordna målet er fagskoleutdanning av høg kvalitet. Godkjend fagskoleutdanning skal gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod som byggjer på fullført vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.

Post 70 Teknisk fagskoleutdanning og post 72 Annan fagskoleutdanning

Rapport for 2009

På kap. 276 vart det samla sett løyvd 359 mill. kroner i 2009. Av dette utgjorde løyvinga over post 70 Teknisk fagskoleutdanning 325,5 mill. kroner og løyvinga over post 72 Anna fagskoleutdanning om lag 33 mill. kroner. Midlane på kap. 276 post 72 gjaldt dei ti skolane (tidlegare 6A-skolar) som hadde søkt tilknyting til fagskolelova.

Stortinget vedtok ein auke til fagskoleutdanning over budsjettet til Kunnskapsdepartementet på 15,2 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009, jf. Innst. S nr. 355 (2008–2009) og St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjett for 2009. Sjå òg omtale under tilstandsvurdering og rapport i kategoriinnleiinga.

I tillegg blir det løyvd midlar til helse- og sosialfagleg fagskoleutdanning over kap. 761 post 60 Tilskott til omsorgstenester under Helse- og omsorgsdepartementet. For 2009 var løyvinga på 50 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2011

I samband med forvaltningsreforma vart ei gruppe fagskolar, som alle tidlegare låg under kap. 6A i privatskolelova, overførte til fylkeskommunane, på lik linje med dei tekniske fagskolane. Denne gruppa fagskolar har eit nasjonalt nedslagsfelt og er økonomisk sårbare. Gruppa omfattar 13 skolar med godkjende utdanningstilbod innanfor ulike fag som kunst og film, kristent livssyn, design, byggfag og jordbruk, og skil seg såleis frå dei tekniske og helse- og sosialfaglege fagskoletilboda. Kommunal- og regionaldepartementet og Kunnskapsdepartementet ønskjer å sikre den vidare drifta til desse fagskolane, og foreslår derfor å opprette ei ny tilskottsordning på kap. 276 post 72. Tilskottsordninga vil gjelde dei skolane som låg under tidlegare kap. 6A i privatskolelova, og som har meldt overgang til fagskolelova. Det inneber at midlane til 13 fagskolar blir tekne ut av rammetilskottet til fylkeskommunane, og at tilskott til desse skolane vil bli gitt over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, sjå òg Prop. 1 S (2010–2011) for Kommunal- og regionaldepartementet. I tillegg blir tilskottet til ein slik fagskole foreslått flytta frå kap. 228 Tilskott til private skolar o.a. til kap. 276.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve om lag 55,2 mill. kroner til fagskolar over kap. 276 post 72 i 2011.

For å få ei samla oversikt over talet på fagskolestudentar tek departementet sikte på etablere eit eins opplegg for ein sentral fagskolestatistikk.

Kap. 280 Felles einingar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

49 100

57 161

21

Særskilde driftsutgifter

70 600

78 789

50

Senter for internasjonalisering av høgre utdanning

45 154

71

Tilskott til UNIS

97 217

72

Tilskott til UNINETT

23 247

73

Tilskott til NORDUnet, kan overførast

19 579

Sum kap. 280

119 700

321 147

Kap. 280 omfattar løyvinga til felles einingar som tek hand om og legg til rette for nasjonale fellesoppgåver for sektoren. I 2010 vart tilskotta til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningane, Samordna opptak, Noregsuniversitetet, BIBSYS og Artsdatabanken overførte frå kap. 281 til kap. 280. Det er fleire aktørar i universitets- og høgskolesektoren som utgjer slike felles einingar. Kunnskapsdepartementet ønskjer å samle desse aktørane på same kapittel og flytte einskilde tilskott som i dag blir gitte over kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar. Departementet foreslår i tråd med dette at tilskott til Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU) blir flytt frå kap. 281 post 51 til kap. 280 ny post 50. Tilskott til Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) blir flytt frå kap. 281 post 74 til kap. 280 ny post 71. Tilskott til UNINETT blir flytt frå kap. 281 post 75 til kap. 280 ny post 72. Tilskott til NORDUnet blir flytt frå kap. 281 post 76 til kap. 280 ny post 73.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar løyving til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). NOKUT er eit statleg forvaltningsorgan som er fagleg uavhengig, og som skal kontrollere og medverke til å utvikle kvaliteten ved norske universitet, høgskolar og fagskolar. NOKUT handsamar òg enkeltsøknader om generell godkjenning av utanlandsk utdanning.

Det er sett følgjande mål for verksemda til NOKUT i 2011:

NOKUT skal vere eit anerkjent kvalitetssikringsorgan på høgt internasjonalt nivå. NOKUT skal vere ein kvalitetsutviklar som medverkar til å styrkje kvaliteten i utdanninga. NOKUT skal vidare gi allmenta informasjon om kvalitet og kvalitetsutvikling i høgre utdanning og fagskoleutdanning og godkjenning av utanlandsk utdanning.

Rapport for 2009

I 2009-budsjettet tildelte departementet 48,1 mill. kroner over kap. 281 post 01 til NOKUT. Dette inkluderte ein auke på 6 mill. kroner til tiltak for å følgje opp Utvalet om godkjenning og godskriving av utanlandsk utdanning (Brautasetutvalet).

For å medverke til å sikre kvaliteten og stimulere til utvikling av utdanningane har NOKUT lagt auka vekt på å styrkje dialogen med partane.

Departementet byrja i 2009 andre trinn i oppfølginga av evalueringa av NOKUT, og har vurdert endringar i forskriftene om NOKUTs verksemd og oppgåver. Forslag til endra forskrift om kvalitetssikring i høgre utdanning og fagskoleutdanning tro i kraft 1. februar 2010. Det har vore viktig å leggje vekt på rolla til NOKUT som bidragsytar til kvalitetsutviklinga i norsk utdanning på tertiærnivå for å finne den rette balansen mellom denne rolla og rolla som kontrollør.

For å følgje opp forslag frå Brautasetutvalet har NOKUT mellom anna oppretta eit informasjonssenter som vart opna våren 2010, og arbeidd med å utvikle GSU-lista (Generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar).

Budsjettforslag for 2011

NOKUT skal vidareføre arbeidet med den andre runden av evaluering av kvalitetssikringssystem.

NOKUT fekk i 2008 i oppdrag frå departementet å starte evaluering av førskolelærarutdanninga. NOKUT vil sluttføre evalueringa av førskolelærarutdanninga i løpet av hausten 2010. Departementet vil da vurdere nærmare oppfølging av denne utdanninga.

Departementet foreslår å auke løyvinga til NOKUT med 6,1 mill. kroner for å føre vidare og styrkje rolla som kvalitetssikrar og kvalitetsutviklar og dei pågåande evalueringane. Departementet vil i samarbeid med NOKUT vurdere ei betre arbeidsdeling på felta analyse og utgreiing. Auken er òg knytt til at NOKUT får fleire søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning enn tidlegare. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart inntektsløyvinga til NOKUT over kap. 3280 auka med 2 mill. kroner med ein tilsvarande auke i utgiftsløyvinga. Dette blir foreslått ført vidare frå og med 2011, jf. kap. 3280. Departementet foreslår på bakgrunn av dette ei løyving til NOKUT på om lag 57,2 mill. kroner i 2011. Dette omfattar midlane til vidare oppfølging av Brautasetutvalet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Frå statsbudsjettet for 2010 omfattar posten løyvingane til Samordna opptak (SO), Noregsuniversitetet (NUV), BIBSYS og Artsdatabanken. Desse er statlege forvaltningsorgan som administrativt er lagde til høvesvis Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Sams for verksemdene er at dei er felles administrative einingar for sektoren eller handsamar meir langvarige nasjonale fellesoppgåver som skal medverke til utvikling av høg kvalitet i sektoren.

Følgjande mål gjeld for dei ulike einingane:

SO skal koordinere opptak til høgre utdanning i ein nasjonal opptaksmodell. SO skal administrere og utvikle den nasjonale vitnemålsdatabasen i vidaregåande opplæring.

NUV skal medverke til å gjere høgre utdanning meir tilgjengeleg, ved å gi alle studentar tilgang til relevant utdanning uavhengig av tid, stad og alder.

BIBSYS skal medverke til å sikre universitet og høgskolar gode og kostnadseffektive bibliotektenester gjennom samarbeid om bibliotekfaglege fellessystem.

Artsdatabanken skal utvikle tenester og produkt som gir samfunnet oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald, og som sikrar eit vitskapleg grunnlag for miljøforvaltninga.

Rapport for 2009

SO vart tildelt 23,8 mill. kroner i 2009. Verksemda har arbeidd etter hovudformålet å leggje til rette for og gjennomføre eit effektivt studentopptak ved hjelp av den nasjonale opptaksmodellen. I 2009 vart det nye regelverket for opptak til høgre utdanning, som mellom anna følgde av Kunnskapsløftet, implementert. Ved hjelp av nettbasert informasjon, elektronisk søknad og elektronisk dokumentasjon har SO medverka til meir effektivt studentopptak. Søkjarane finn i tillegg lettare informasjon om dei ulike studiealternativa.

NUV vart tildelt 22,4 mill. kroner i 2009. NUV har medverka til utvikling av fleksible utdanningstilbod ved universitet og høgskolar. I 2009 fekk 21 prosjekt støtte. Fagområda som fekk størst utteljing, var helse- og sosialfag og realfag, med 5 mill. kroner kvar. Vidare vart resultata frå den første IKT-monitoren for høgre utdanning presenterte. NUV har òg arbeidd med å følgje opp tilrådingane frå evalueringa av organet.

BIBSYS driv biblioteksystemet BIBSYS for biblioteka på universitet og høgskolar, og for Nasjonalbiblioteket og fagbibliotek i Noreg. Det er i stor grad ei brukarfinansiert ordning. Departementet tildelte 3 mill. kroner til BIBSYS i 2009. Ei viktig sak for BIBSYS har vore innkjøp av eit nytt biblioteksystem for å medverke til meir effektive bibliotektenester.

Artsdatabanken vart tildelt 20,8 mill. kroner frå departementet i 2009, inkludert ei eingongstildeling på 1 mill. kroner. I 2009 presenterte Artsdatabanken Naturtypar i Noreg (NiN). Dette er eit vitskapleg grunnlag for ei ny heilskapleg naturtypeinndeling i Noreg, og det blir eit sentralt verktøy for handsaminga av den nye naturmangfaldlova. Vidare vart Artsnamnebasen lansert, med 120 000 vitskaplege og 21 500 norske namn. Artsdatabanken har ført vidare arbeidet med rapporteringsverktøyet Artsobservasjonar, og det er lagt inn 1,8 millionar nye artsfunn i 2009. I den nettbaserte karttenesta Artskart er det no registrert 8,2 millionar artsfunn. Denne tenesta gjer tilgjengeleg data frå 66 ulike databasar, mellom anna frå universitetsmusea og fleire forskingsinstitutt. I tillegg er arbeidet med ny raudliste for truga og sårbare artar godt i gang. Ny raudliste vil bli lagd fram hausten 2010.

Budsjettforslag for 2011

SO har eit omfattande behov for vedlikehald, opprydding og langsiktig vidareutvikling av IT-systema sine. For å lette overgangen til elektroniske løysingar og medverke til varige innsparingar for søkjarar og institusjonar foreslår departementet å auke løyvinga til SO med 2 mill. kroner til 28,2 mill. kroner i 2011.

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til NUV med 23,1 mill. kroner i 2011 for å medverke til vidare utvikling av fleksibel utdanning.

BIBSYS medverkar til å hjelpe biblioteka i sektoren med å bytte ut eit forelda biblioteksystem. Innføringa av det nye systemet krev omstillings- og endringsprosessar, og departementet foreslår å løyve 2 mill. kroner til dette formålet i 2011. Departementet foreslår dermed ei samla løyving på 5,1 mill. kroner i 2011.

Artsdatabanken tilbyr tenester for å auke formidlinga av naturvitskapleg forsking ved universiteta. Kapasiteten på IKT-sida er så kritisk at det er vanskeleg for Artsdatabanken å handtere etterspørselen frå universiteta. Departementet foreslår å auke løyvinga til Artsdatabanken med 2 mill. kroner til 22,4 mill. kroner i 2011.

Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 78,8 mill. kroner over kap. 280 post 21.

Post 50 Senter for internasjonalisering av høgre utdanning

Departementet foreslår å opprette ein ny post 50 Senter for internasjonalisering av høgre utdanning. Tilskottet skal gå til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU), som har fem hovudarbeidsområde: programdrift, profilering av Noreg som studie- og forskingsland overfor utlandet, informasjon og kommunikasjon, kompetansebygging og rådgiving. Departementet foreslår at posten omfattar den tidlegare løyvinga over kap. 281 post 51 og tildelinga SIU tidlegare har motteke over kap. 226 post 21.

Det er sett følgjande mål for SIU:

  • SIU skal motivere og stimulere utdannings- og forskingssektoren til å leggje vekt på internasjonalisering som verkemiddel for auka kvalitet i utdanning og forsking.

  • SIU skal sørgje for god og brei deltaking i dei programma senteret forvaltar, og medverke til at ulike aktørar bruker program og ordningar aktivt som verkemiddel for dei internasjonale strategiane og måla sine.

  • SIU skal medverke til å auke Noregs evne til å konkurrere om gode studentar og forskarar ved å profilere Noreg som studie- og forskingsland i utlandet.

Rapport for 2009

SIU har ein stor programportefølje, og det er i all hovudsak god søkning til dei programma som SIU forvaltar. For omtale av resultata for til dømes EUs program for livslang læring (LLP) og Erasmus Mundus, sjå kap. 252 og kap. 281 post 73.

SIU arbeider aktivt med dei ulike programma som institusjonen forvaltar og har tiltak for å auke kunnskapen om og deltakinga i programma. I hovudsak verker det som om deltakinga i programma er god, men det er framleis rom for auka deltaking i og meir kunnskap om fleire av programma. SIU legg stor vekt på kvalitet i programforvaltninga og vart ISO-sertifisert i 2009.

SIU har ei viktig rolle som samarbeidspartnar og rådgivar for universitet og høgskolar i arbeidet for auka internasjonalisering i høgre utdanning.

SIU medverker i arbeidet med internasjonalisering og internasjonalt samarbeid, mellom anna gjennom informasjon, analyse, utgreiing og rådgiving. SIU har ei viktig rolle i oppfølginga av St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning og av det bilaterale samarbeidet med til dømes Argentina, Brasil, Chile, Canada og USA.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 298, 27. april 2009, jf. Innst. S. nr. 202 (2008–2009) og St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning:

«Stortinget ber Regjeringen sørge for at virksomheten til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) blir gjenstand for en evaluering tilsvarende den som ble foretatt for NOKUTs virksomhet.»

Ei gruppe leidd av NIFU STEP har i 2010 evaluert SIU på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. I rapporten gir gruppa SIU i hovudsak gode tilbakemeldingar, samtidig som ho gir forslag om korleis institusjonen kan utviklast vidare. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølging av evalueringsrapporten.

Frå 2010 har SIU fått utvida oppgåver med å vere eit sørvis- og kompetansesenter òg for skolar og skolestyresmakter. SIU skal arbeide for å auke norsk deltaking i tilgjengelege program på grunnopplæringsområdet.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår ei løyving på om lag 45,2 mill. kroner i 2011. Det er ei vidareføring av løyvinga som tidlegare vart gitt over kap. 281 post 51, og tilskottet på 2,3 mill. kroner frå kap. 226 post 21 til oppgåvene på grunnopplæringsområdet. Det er vidare overført 325 000 kroner frå kap. 285 post 52 knytt til at SIU frå 2011 tek over forvaltninga av ei stipendordning for norske studentar ved College of Europe, som er ein uavhengig høgre utdanningsinstitusjon for europastudium.

Post 71 Tilskott til UNIS

Departementet foreslår å opprette ein ny post 71 Tilskott til UNIS. Posten vil omfatte tilskottet til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS), som tidlegare vart gitt over kap. 281 post 74.

UNIS er eit statsaksjeselskap, der Kunnskapsdepartementet forvaltar eigarinteressene. Målet med tilskottet er å medverke til at UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking av høg internasjonal kvalitet med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. Emna det blir undervist i, inngår i ordinære studieløp fram til grader på bachelor-, master- og doktorgradsnivå ved eit av fastlandsuniversiteta. Slik fungerer UNIS som ein arktisk feltstasjon for fastlandsuniversiteta som spesialiserer seg på grunnforsking og utdanning innanfor dei høgarktiske disiplinane. Det er naudsynt at UNIS og universitet og høgskolar utviklar samarbeidet vidare. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og det er eit mål at om lag halvparten av studentane er utanlandske. Tilskottet skal medverke til at talet på studentårsverk ved UNIS utgjer om lag 170 heilårsekvivalentar i 2011, året sett under eitt.

Rapport for 2009

Det vart tildelt 83,7 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2009, inkludert 1,5 mill. kroner til 20 nye studieplassar frå revidert nasjonalbudsjett for 2009. UNIS er ei aktiv og utoverretta verksemd, som leverer utdanning og forsking av høg kvalitet, som har eit både nasjonalt og internasjonalt nedslagsfelt. Gjennom dette har UNIS fått ein vesentleg plass på kunnskapsplattforma Svalbard. Studentar og tilsette ved UNIS utgjer ein stadig viktigare del av lokalsamfunnet. UNIS har ein stram økonomi, men har sett i verk tiltak slik at verksemda gjekk med overskott på om lag 1,7 mill. kroner i 2009. Studentaktiviteten i 2009 var 119 studentårsverk, mot 127 i 2008. 35 pst. av studentane var norske. 43 pst. av studentane var kvinner.

Budsjettforslag for 2011

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på om lag 97,2 mill. kroner i 2011. Det omfattar òg om lag 3,2 mill. kroner til vidareføring av studieplassar tildelte i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009. Vidare omfattar det om lag 1,6 mill. kroner til 20 nye studieplassar frå 2011.

Post 72 Tilskott til UNINETT

Departementet foreslår å opprette ein ny post 72 UNINETT. Posten vil omfatte tilskottet til UNINETT AS, som tidlegare vart gitt over kap. 281 post 75. UNINETT AS er eit statsaksjeselskap, der Kunnskapsdepartementet forvaltar eigarinteressene. Tilskottet skal medverke til å utvikle eit landsomfattande elektronisk datanett og avanserte tenester for forsking og utdanning, i samspel med internasjonale forskingsnett i Europa og verda elles. Målet er at IKT skal vere eit viktig verkemiddel for å nå måla om best mogleg forsking, utdanning og formidling.

Rapport for 2009

Det vart i 2009 tildelt om lag 21,8 mill. kroner til UNINETT AS over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. I 2009 har utbygginga av forskingsnettet halde fram, med gigabitkapasitet til universiteta og høgskolane, noko som inneber at målet om gigabitkapasitet til heile universitets- og høgskolesektoren snart er nådd. Denne infrastrukturen har no vorte så kritisk for brukarane at det er naudsynt å halde fram med utbygging for å sikre tilgang og møte stadig aukande kapasitetskrav.

Gigacampusprogrammet – eit teknologilyft for å ruste opp kvaliteten på og tilgangen til campusnett i universitets- og høgskolesektoren – vart ført vidare, finansiert gjennom auka tenesteavgift frå brukarane.

Budsjettforslag for 2011

UNINETT AS driv kontinuerleg vidareutvikling av forskingsnettet og satsar på ny teknologi.

UNINETT AS har utvikla eCampus, eit program for utbygging av ny og moderne IKT-infrastruktur i sektoren. Programmet inneber utbygging av ein felles overordna arkitektur med standardiserte løysingar og felles grensesnitt. Tiltaket skal medverke til å effektivisere investeringane i IKT ved universitet og høgskolar gjennom å få på plass standardiserte løysingar. Det overordna målet er å gjere tilgjengeleg eksisterande utdanningstilbod og læringsressursar. For å vidareføre verksemda foreslår departementet ei løyving på om lag 23,2 mill. kroner i 2011. I tillegg blir det foreslått eit tilskott på om lag 3,5 mill. kroner over kap. 281 post 01 for å stimulere til vidare utvikling knytt til oppstart av eCampus.

Post 73 Tilskott til NORDUnet AS, kan overførast

Departementet foreslår å opprette ein ny post 73 Tilskott til NORDUnet AS. Posten vil omfatte tilskottet til NORDUnet AS, som tidlegare vart gitt over kap. 281 post 76.

Dei nasjonale nettverksorganisasjonane eig NORDUnet AS, og selskapet er underlagt dansk lov. UNINETT AS forvaltar dei norske interessene i selskapet. Kostnadene knytte til samarbeidet i NORDUnet AS blir delte mellom medlemslanda etter brutto nasjonalprodukt.

Tilskottet skal medverke til at NORDUnet AS skal sikre felles nettverksinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane, samt knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester. Målet med tilskottet er tilgang til det nordiske samarbeidet om ein IKT-struktur i verdsklasse.

Rapport for 2009

Det vart tildelt om lag 19 mill. kroner til NORDUnet AS over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2009.

NORDUnet AS har i dei siste åra gjennomført ei omfattande nettverksoppgradering, som vart fullført etter planen i 2009. Det nordiske stamnettet har operert meir enn tilfredsstillande i 2009 med berre mindre problem som ikkje har ført til tenesteavbrot. NORDUnet AS etablerte i 2009 eit nytt transatlantisk samband, i samarbeid med internasjonale partnarar. Desse kopla Island til det nordiske forskingsnettet og resten av verda med gigabitkapasitet. Dette gjer det òg mogleg for høghastigheitssamband til Grønland og Færøyane, og det gir NORDUnet AS tilgang til den grøne jordvarmeenergien på Island for eventuell utplassering av nordisk datamaskinutstyr.

Budsjettforslag for 2011

For å føre vidare aktiviteten foreslår Kunnskapsdepartementet ei løyving på om lag 19,6 mill. kroner i 2011.

Kap. 3280 Felles einingar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Inntekt ved oppdrag o.a.

10

10

02

Salsinntekter o.a.

10

2 010

Sum kap. 3280

20

2 020

Post 01 omfattar inntekter ved oppdragsverksemd ved Samordna opptak, Noregsuniversitetet, BIBSYS og Artsdatabanken. Løyvinga på post 02 gjeld inntekter til NOKUT frå kurs og konferansar og sal frå kantine.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart inntektsløyvinga til NOKUT over kap. 3280 auka med 2 mill. kroner med ein tilsvarande auke i utgiftsløyvinga. Departementet foreslår å føre dette vidare frå og med 2011, jf. kap. 280 post 01.

Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

556 702

294 272

313 795

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

18 000

15 508

15 849

50

Tilskott til Noregs forskingsråd

71 500

68 628

80 755

51

Senter for internasjonalisering av høgre utdanning

38 951

41 299

73

Tilskott til internasjonale program

17 735

18 800

18 800

74

Tilskott til UNIS

82 183

89 553

75

UNINETT

21 849

22 548

76

Tilskott til NORDUnet, kan overførast

19 007

18 990

78

Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

13 256

13 680

14 104

79

Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast

287 089

106 489

Sum kap. 281

1 126 272

689 767

443 303

Kap. 281 omfattar løyving til felles tiltak innanfor sektoren. Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte løyvingane til aktørar som er felles einingar og tek hand om fellesoppgåver for sektoren, frå kap. 281 til kap. 280. Dette gjeld Senter for internasjonalisering av høgre utdanning, Universitetssenteret på Svalbard AS, UNINETT AS og NORDUnet AS. Sjå òg omtale under kap. 280.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar tilskott til ulike tiltak og prosjekt innanfor mellom anna realfag og entreprenørskap, maritim utdanning, lærarutdanning, kunstnarleg utvikling, internasjonalisering og nordområdestrategi, forsking og formidling og dokumentasjon, statistikk og analyse knytt til universitets- og høgskolesektoren. I 2009 vart òg tilskotta til felleseiningane Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, Samordna opptak, Noregsuniversitetet, Artsdatabanken og BIBSYS fordelte over kap. 281 post 01. Einingane er i år omtalte under kap. 280, som tilskotta vart flytte til i 2010.

Målet med midlane som blir løyvde over posten, er å medverke til kvalitetssikring og -utvikling, samordning av prioriterte område og andre fellestiltak for å nå sektormåla.

Rapport for 2009

Realfag og entreprenørskap

Departementet tildelte i 2009 om lag 36 mill. kroner til tiltak innanfor realfag og entreprenørskap over kap. 281 post 01, medrekna 20,8 mill. kroner til drift av Artsdatabanken.

Kunnskapsdepartementet fastsette i 2009 i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet ein Handlingsplan for entreprenørskap i utdanningen – fra grunnskole til høyere utdanning 2009–2014. Entreprenørskap, innovasjon og nyskaping har i dei siste ti åra fått fotfeste i høgre utdanning. Gjennom det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket er det stilt krav til at alle studentar gjennom studia sine skal få kjennskap til innovasjon og nyskapingsprosessar. Rapporteringa viser tydeleg auka mangfald i slike utdanningstilbod, men framleis er ikkje omfanget og breidda av slike utdanningar tilfredsstillande.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (RENATE-senteret) speler ei viktig rolle som ressurssenter for utdanningssektoren i arbeidet med å nå regjeringas mål om fleire kandidatar med realfagleg kompetanse. Renate-senteret er i gang med ei rekkje prosjekt. Dei største og mest profilerte er ENTER-prosjektet og rollemodellbyrået Alpha. ENTER-prosjektet fekk våren 2010 internasjonal merksemd gjennom tildeling av prisen Global Best Awards for beste europeiske prosjekt for samarbeid mellom utdanning og næringsliv.

Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) skal medverke til å sikre rekrutteringa til norsk romverksemd og auke interessa for teknologi- og realfaga. Det vart i 2009 gjennomført 56 tiltak innanfor opplæring, seminar og ekskursjonar der 2 370 studentar, lærarar og elevar frå alle utdanningsnivå deltok.

Maritim strategi

Departementet tildelte 18,5 mill. kroner i 2009 til utdanningsinstitusjonar med maritimorienterte utdanningar som ledd i den maritime strategien til regjeringa, Stø kurs. Tilskottet har medverka til ulike kompetanseutviklingstiltak for lærarar, auka erfaringsutveksling og samarbeid, tilpassing av bachelor- og masterstudium, professor II- og lektor II-stillingar og stipendordningar for utanlandske studentar.

Lærarutdanning

Departementet tildelte i 2009 om lag 100 mill. kroner til ulike tiltak innanfor lærarutdanning. Midlane har lagt grunnlaget for å styrkje rekrutteringa og utvikle kvalitet og relevans i utdanning og forsking innanfor lærarutdanning.

Eit breitt samansett utval har utarbeidd forslag til forskrift til rammeplan for dei nye grunnskolelærarutdanningane og nasjonale retningslinjer for faga. Eit forslag vart sendt ut til høring hausten 2009. Det regionale samarbeidet og ansvarsdelinga i dei nye grunnskolelærarutdanningane har vorte stimulerte gjennom ei tildeling på 22,4 mill. kroner. Sjå òg omtale i tilstandsvurderinga i kategoriinnleiinga.

Den nasjonale satsinga på å auke kvaliteten i praksisopplæringa i lærarutdanninga (PIL) har medført eit systematisk utviklingsarbeid og god erfaringsutveksling mellom dei partane som er med i prosjektet. Det er sett i gang utvikling av vidareutdanning for å kvalifisere rettleiarar for nyutdanna og nytilsette lærarar og ei nasjonal satsing på dette feltet.

Finansieringa gjennom Utdanningsdirektoratet av det treårige prosjektet for å utvikle modellar for samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og skole- og barnehageeigarar er avslutta, og erfaringar frå prosjektet vil no bli spreidde.

Departementet har sett i verk fleire tiltak for på lengre sikt å betre rekrutteringa til samiske språk og samisk lærarutdanning.

Kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid

Departementet tildelte i 2009 om lag 28 mill. kroner til tiltak innanfor kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid er ein parallell til doktorgradsprogram og skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis. I 2009 tildelte departementet om lag 17 mill. kroner til stipendiatstillingar, drift av programmet og prosjektstøtte. Ei sjølvevaluering av stipendprogrammet frå 2008 viser at arbeidet til stipendiatane held høg fagleg kvalitet. Dei som har fullført programmet, er jamt over tilsette i stillingar med høg fagleg relevans for den kunstnarlege profilen deira.

Oppgåva med å utbetale stipendmiddel til institusjonane vart frå 1. januar 2009 overført til Kunsthøgskolen i Bergen, som er operatør for programmet. Ramma til drift og prosjektstøtte blir no sett under eitt, for å auke den økonomiske fleksibiliteten til programmet.

I samband med evalueringa av finansieringssystemet for universitet og høgskolar foreslo departementet at kunststipendiatar skal gi utteljing tilsvarande doktorgrader. Endringa vil gjelde dei som fullfører programmet frå og med 2010, med budsjettverknad frå 2012.

Det er òg mellom anna tildelt midlar for å føre vidare talentutviklingsprogrammet i musikk ved Noregs musikkhøgskole, utdanningstilbodet Unge Talenter ved Barratt Due musikkinstitutt og eit professorat i biletkunst ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Forsking og formidling

Departementet tildelte om lag 6,6 mill. kroner til forskings- og formidlingstiltak over kap. 281 post 01 i 2009. Tiltaka omfattar utgreiing av Nasjonalt digitalt universitetsmuseum og integrasjonsprosessen mellom Arkeologisk museum i Stavanger og Universitetet i Stavanger. Museet er innlemma i universitetet frå 1. januar 2009. Vidare tildelte departementet prisar for likestilling og utdanningskvalitet til personar som har medverka til å stimulere arbeidet med likestilling og utdanningskvalitet i sektoren. Eit forskingsprogram om forsking og innovasjon vart etablert i regi av Forskingsrådet for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken.

Internasjonalt samarbeid

Departementet tildelte 64 mill. kroner i 2009 til tiltak innanfor internasjonalt samarbeid, nordområdestrategien og strategi for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika, medrekna 40,5 mill. kroner til Nordisk ministerråd knytt til avtale om tilgang til høgre utdanning.

Midlane har mellom anna medverka til oppstart av EnergiCampus Nord. Vidare har det vorte tildelt midlar til Arktisk Universitet, som har medverka til å støtte urfolksnettverket, arbeidet med utvikling av felles mastergrad i nordlege studium mellom norske og russiske miljø og styrking av lærarutveksling i north2north-programmet. Det har òg vore ført vidare tilskott til International Council for Open and Distance Education (ICDE), som har medverka til det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring.

Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika gjeld for perioden 2008–11. Så langt viser tiltaka under strategien gode resultat. Hovudtiltaket i strategien er Partnarskapsprogrammet, som gir finansiering til tolv prosjekt over fire år frå 2008. I 2009 vart det i tillegg lyst ut 1,5 mill. kroner i prosjektmidlar til etablering av nye samarbeidsrelasjonar mellom norske og nordamerikanske institusjonar og til styrking av eksisterande samarbeid. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning mottok 73 søknader, og 16 prosjekt fekk støtte. Det er stor interesse blant norske universitet og høgskolar for å samarbeide med institusjonar i Nord-Amerika, og det har vore ein auke i studentmobiliteten sidan lanseringa av strategien. Departementet vil særskilt nemne auken i talet på norske studentar til USA.

Tilskott til organ

Departementet tildelte i 2009 om lag 100 mill. kroner i tilskott over kap. 281 til organ som no får tilskott over kap. 280. For rapportering av tildelinga, sjå omtale under kap. 280.

Dokumentasjon, statistikk og analyse

Departementet tildelte i 2009 om lag 21 mill. kroner til tiltak innanfor dokumentasjon, statistikk og analyse. Tiltaka har medverka til å føre vidare og auke kunnskapsgrunnlaget for sektoren.

Av midlane til tiltak innanfor dokumentasjon, statistikk og analyse tildelte departementet i 2009 om lag 9,5 mill. kroner til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) for drift av Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). NSD er eit statsaksjeselskap under Kunnskapsdepartementet, medan DBH er eit datavarehus for informasjon om norske universitet og høgskolar som mellom anna inneheld grunnlagsmaterialet for den årlege tilstandsrapporten for universitets- og høgskolesektoren.

Andre tiltak

Departementet tildelte om lag 182 mill. kroner til andre tiltak i 2009. Mellom anna vart det tildelt om lag 115 mill. kroner til oppbygging av nye studieplassar som var løyvde i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2009, jf. Innst. S. nr. 355 (2008–2009) og St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2009. Andre tilskott har mellom anna medverka til prosessen med samlokaliseringa av Noregs veterinærhøgskole, Veterinærinstituttet og Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås, til å føre vidare oppbygginga av dobbeltkompetanseutdanning for tannlegar, til oppstart av trafikkflygarutdanning ved Universitetet i Tromsø og til operautdanning og oppstart av repetitørutdanning i samarbeid mellom Noregs musikkhøgskole og Kunsthøgskolen i Oslo.

Budsjettforslag for 2011

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve om lag 313,8 mill. kroner til fellestiltak for universitet og høgskolar i 2011. Dette er ein auke på 19,5 mill. kroner i høve til 2010 og er mellom anna knytt til at seks stillingar og tilhørande oppgåver knytte til ABM-utvikling er ført over frå Kulturdepartementet til Kunnskapsdepartementet, jf. budsjettforslaget under Dokumentasjon, statistikk og analyse. Vidare er det ein reduksjon i løyvinga på posten som følgje av at forslag om at tiltak som vart tildelte midlar over kap. 281 post 01 i 2010, får midlar over andre budsjettkapittel frå 2011. I dei tiltaka som er flytte, inngår studieplassar, tilskott til dobbelkompetanseutdanninga i odontologi, enkelte forskingstiltak og styrking av Fulbright Foundation. Samstundes er det overført midlar til kap. 281 post 01 knytte til opprettinga av CRISTIN.

Realfag og entreprenørskap

Departementet foreslår ei samla tildeling på 17,6 mill. kroner til tiltak innanfor realfag og entreprenørskap i 2011.

Midlane vil mellom anna nyttast til å følgje opp tiltak i handlingsplanen for entreprenørskap. Kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning slår fast at alle kandidatar med høgre utdanning skal ha kompetanse innanfor innovasjon og nyskaping. Dette skal implementerast innan 2012, og tiltaka i handlingsplanen skal medverke til dette. Departementet vil i 2011 òg lyse ut midlar til å utvikle utdanningstilbodet, styrkje kompetansen til fagpersonalet og leggje til rette for etterutdanning i entreprenørskap for lærarar. Vidare vil departementet følgje opp ein ny strategi for teknologi- og realfag – Realfag for framtida – som vart fastsett i 2010. Det vil framleis vere ei prioritert oppgåve å følgje opp NOKUTs evaluering av ingeniørutdanninga. Departementet legg særleg vekt på å styrkje utviklings- og innovasjonskompetanse, pedagogisk kompetanse, internasjonalisering, betre forskingsforankring i utdanningane, kvalitetssikring og sluttkompetanse, rekruttering og opptak. Departementet tek ansvar for oppfølging på nasjonalt nivå, medan institusjonane følgjer opp lokalt. Departementet tek sikte på at ingeniørutdanningane kan starte opp etter revidert rammeplan hausten 2011.

Departementet foreslår at tilskottet til NAROM blir ført vidare med 6 mill. kroner i 2011 på kap. 281 post 01. Det blir òg gitt tilskott til NAROM over kap. 226 post 26.

Maritim strategi

Departementet foreslår å føre vidare tildelinga på 18,5 mill. kroner i 2011 for å halde oppe satsinga på maritim utdanning som ledd i den maritime strategien til regjeringa, Stø kurs. Høgskolen i Vestfold koordinerer i 2010 eit samarbeid mellom dei fire høgskolane som tilbyr høgre maritim profesjonsutdanning. Det blir arbeidd for tydelegare samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) i dei maritime profesjonsutdanningane. Rapporten om maritim profesjonsutdanning, som er utarbeidd av ei arbeidsgruppe nedsett av MARUT (Maritim utvikling), vil bli følgd opp.

Lærarutdanning

Departementet foreslår ei samla tildeling på om lag 53 mill. kroner til tiltak innanfor førskolelærar- og lærarutdanning. Reduksjonen i høve til 2009 er i hovudsak knytt til at løyvingar til studieplassar innan førskolelærarutdanning, barnehagepedagogikk og pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen er foreslått flytta til kap. 260 post 50 og 70, og løyvinga til Nasjonal forskarskole i lærarutdanning (NAFOL) til kap. 281 post 50.

Departementet vil i 2011 halde fram med satsinga på å gjennomføre reforma i lærarutdanninga, styrkje profesjonsrettinga, heve den faglege kvaliteten i praksisopplæringa, styrkje rettleiinga av nyutdanna lærarar og sikre ei utviklingsorientert og forskingsbasert lærarutdanning.

Departementet vil òg føre vidare tiltak for å betre rekrutteringa til samiske språk og samisk lærarutdanning.

Kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid

Departementet foreslår ei samla tildeling på om lag 31 mill. kroner til tiltak innanfor kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid i 2011.

Midlane vil finansiere Program for kunstnarleg utviklingsarbeid, som omfattar Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid og Prosjektprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid. Midlane skal óg finansiere ulike talentprogram ved høvesvis Barratt Due musikkinstitutt og Noregs musikkhøgskole.

Forsking og formidling

Departementet foreslår ei samla tildeling på om lag 6,5 mill. kroner til tiltak innanfor forsking og formidling.

Midlane vil finansiere utdanningskvalitetsprisen og tiltak for å auke delen kvinner i forskinga. I tillegg skal departementet setje i gang ei evaluering av forskarutdanninga, jf. omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Internasjonalt samarbeid

Departementet foreslår ei samla tildeling på om lag 64 mill. kroner til tiltak innanfor internasjonalt samarbeid, medrekna om lag 40 mill. kroner til Nordisk ministerråd til avtale om tilgang til høgre utdanning.

Forutan midlane til Nordisk ministerråd vil løyvinga gå til tiltak som følgjer opp internasjonaliseringsmeldinga, jf. Innst. S. nr. 202 (2008–2009) og St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning. Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika og tilskottet til International Council for Open and Distance Education (ICDE) blir òg førte vidare. Midlane vil òg bli nytta til oppfølging av ulike internasjonale samarbeidsavtalar. Sjå òg kap. 281 post 73 for omtale av tilskott til internasjonale program.

Tidlegare tilskott til EnergiCampus Nord (ECN) var oppstartsløyvingar til studietilboda i Hammerfest og blir ikkje ført vidare i 2011. Kunnskapsdepartementet legg til grunn at dei samarbeidande institusjonane no vil dekkje drifta innanfor sine eigne rammer.

Dokumentasjon, statistikk og analyse

Departementet foreslår ei samla tildeling på om lag 83 mill. kroner til tiltak innanfor dokumentasjon, statistikk og analyse. Auken i høve til tidlegare år er knytt til oppstart av CRISTIN (Current Research Information System in Norway), overføring av oppgåver frå ABM-utvikling og ein auke i tilskottet til DBH (Database for statistikk om høgre utdanning). Vidare gjeld det midlar til å etablere ein ny nasjonal database for godkjenning av utanlandsk høgre utdanning (NAG). Etableringa er ei oppfølging av Brautasetutvalet, jf. òg kap. 280 post 01.

Frå 2011 foreslår Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet i samråd med sektoren å opprette CRISTIN, som er eit større system for forskingsinformasjon, jf. òg omtale under kap. 260. I 2011 foreslår ein at 19,2 mill. kroner for å finansiere systemet blir tildelte over kap. 281 post 01.

I samband med overføring av oppgåver frå ABM-utvikling til CRISTIN blir det i tillegg foreslått ein auke på om lag 37,2 mill. kroner på kap. 281 post 01 og ein tilsvarande auke på kap. 3281 post 02. Dette er midlar til finansiering av lisens- og konsortieavtalar mot universitets- og høgskolesektoren, som tidlegare vart løyvde over Kulturdepartementets budsjett. Sjå òg kap. 260.

DBH samlar informasjon og lagar statistikk om høgre utdanning, og har i 2010 fått ei rekkje nye oppgåver. Departementet foreslår på det grunnlaget å auke tilskottet til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste i 2011.

Andre tiltak

Departementet foreslår om lag 40 mill. kroner til andre tiltak. Dei omfattar mellom anna eCampus, som er eit tiltak for utbygging av ny og moderne IKT-infrastruktur i sektoren. Sjå omtale under kap. 280 post 72.

I tillegg er det tiltak knytte til oppfølging av St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Det blir òg foreslått å føre vidare tildelingar til mellom anna fusjonsprosessen mellom Universitetet for miljø- og biovitskap og Noregs veterinærhøgskole, levekårsundersøkinga for studentar og tiltak knytte til studentar med nedsett funksjonsevne i høgre utdanning.

Midlane er vidare knytte til at departementet har sett ned eit utval som skal klargjere korleis forsking og høgre utdanning kan medverke til utvikling av det samiske samfunnet. Utgreiinga skal vurdere dette i eit breitt regionalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Studiesenteret.no tilbyr tenester for å leggje til rette for desentralisert utdanning. Departementet foreslår å løyve 2 mill. kroner til studiesenteret.no i 2011. Dette er ein auke på 1 mill. kroner i høve til 2010.

Departementet vil òg i løpet av 2011 leggje fram ei stortingsmelding om framtidas helse- og sosialfagsutdanningar for å leggje grunnlaget for å oppdatere innhald i utdanningane og medverke til heilskapleg og effektiv styring, organisering og struktur.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga over posten går til større investeringar ved universitet og høgskolar. Målet med tilskottet er å medverke til vedlikehald og større utstyrsinnkjøp i sektoren.

Rapport for 2009

Kunnskapsdepartementet tildelte til saman 18 mill. kroner over posten i 2009. Midlane vart fordelte til utstyr ved Universitetet i Agder, Høgskolen i Volda, Høgskolen i Buskerud, Kunsthøgskolen i Oslo, Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Bergen og Høgskolen i Oslo, og utstyr i samband med integrasjonsprosessen mellom Arkeologisk museum i Stavanger og Universitetet i Stavanger.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår ei løyving på om lag 15,8 mill. kroner over kap. 281 post 45 i 2011. Av dette foreslår departementet om lag 10 mill. kroner til sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø, Universitetet i Stavanger og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Departementet vil komme tilbake til fordeling i tildelingsbrev til institusjonane.

Departementet foreslår at resterande del av midlane over posten går til å løyse andre behov for vedlikehald og utstyr i sektoren.

Post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd

Posten omfattar tilskott til program og prosjekt i Noregs forskingsråd. Måla med tilskottet er mellom anna å styrkje universitet og høgskolar som innovasjonsaktørar, medverke til meir og betre forsking i høgskolane og i profesjonsfaga, og fremme forsking ved universitetsmusea.

Rapport for 2009

Gjennom Forskingsrådet er det i dei siste åra utvikla fleire satsingar, særleg retta mot høgskolane. Desse programma medverkar til regional utvikling og styrking av profesjonsutdanningane. Dei omfattar mellom anna Verkemiddel for regional FoU (VRI), Strategiske høgskoleprogram (SHP) og FORNY-programmet. Departementet har samla tildelt 56 mill. kroner til desse programma i 2009.

FORNY-programmet medverkar til auka verdiskaping gjennom kommersialisering av forskingsbaserte forretningsidear. Programmet rettar seg i hovudsak mot forsking og utvikling som blir utførte ved universitet, høgskolar, helseføretak og institutt. Forskingsrådet gjennomførte i 2009 ei ekstern evaluering av den tredje programperioden, frå 2002 til 2009. Evalueringa viser at FORNY trefte kommersialiseringsaktivitet i høgteknologiske prosjekt godt, men at resultata samla sett er for svake. Evalueringa har inngått som grunnlag i Forskingsrådets vurdering av korleis aktiviteten bør utviklast vidare og rettast inn i ei ny satsing på kommersialisering av forskingsresultat frå og med 2011. Gjeldande programperiode vart derfor forlengd ut 2010.

Forskingsrådet etablerte i 2009 eit eige FoU-program retta mot universitetsmusea. Programmet medverkar til betre samordning av forsking på natur- og kulturarven. Rekruttering av nye forskarar til desse små og spesialiserte felta er ei viktig målsetjing for programmet. Departementet tildelte 5 mill. kroner til strategisk forsking og fagleg utvikling ved universitetsmusea.

I 2009 vart det over denne posten sett av 8 mill. kroner til eit nytt program som skal føre vidare NFR-programmet Praksisretta FoU i barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning. Programmet vart ikkje sett i verk i 2009, og midlane vart mellom anna omdisponerte med 2 mill. kroner til eit forskingsprogram om forsking og innovasjon og 5 mill. kroner til Nasjonal forskarskole i lærarutdanninga (NAFOL). Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet er vertsinstitusjon, og lærarutdanningsinstitusjonar landet over deltek i nettverket.

Departementet tildelte òg 2 mill. kroner til programmet Utdanning 2020 over denne posten. Programstyret har teke initiativ for å styrkje forskinga på fag- og yrkesopplæringa samt barnehageforskinga. Sjå òg omtale under programkategori 07.50.

Budsjettforslag for 2011

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på om lag 80,8 mill. kroner over kap. 281 post 50 i 2011. Departementet foreslår å føre vidare tilskottet til VRI, SHP, FORNY, Utdanning 2020 og Praksisrettet utdanningsforskning 2010–2014 (PRAKUT) på om lag same nivå som i 2010. Sistnemnde avløyser forskingsprogrammet Praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning (PraksisFOU), som vart avslutta i 2010.

Det nye FORNY-programmet, FORNY 2020, skal forbetre systemet med kunnskapsoverføring og kommersialiseringsaktørar. Programmet skal medverke til å finansiere eit kommersialiseringsapparat knytt til offentleg finansierte forskingsmiljø og stimulere til profesjonalisering, effektivisering og spesialisering av dette. Programmet skal leggje større vekt på dei beste kommersialiseringsmiljøa og skal koordinerast betre med andre offentlege verkemiddel for kommersialisering. Målet er at resultata samla sett medverkar til auka verdiskaping og auka velferd gjennom å utgjere basisen for nye produkt, tenester og kunnskapsintensive næringar.

Departementet foreslår å auke posten med 5 mill. kroner til strategisk forsking og fagleg utvikling ved universitetsmusea og 5 mill. kroner til den nasjonale forskarskolen i lærarutdanninga (NAFOL), mot tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01. Desse løyvingane er vidareføringar av program som vart oppretta i 2009.

Post 51 Senter for internasjonalisering av høgre utdanning

Rapport for 2009

Frå og med budsjettåret 2011 blir tilskottet til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning gitt over kap. 280 ny post 50. Rapport for 2009 for tidlegare kap. 281 post 51 går fram under den nye posten.

Post 73 Tilskott til internasjonale program

Tilskottet over posten går til å dekkje medlemskontingenten for å delta i internasjonale utdanningsprogram og andre internasjonale utdanningstiltak av mindre omfang. Målet er å medverke til det internasjonale samarbeidet innanfor høgre utdanning.

Rapport for 2009

I 2009 vart det løyvd 17,7 mill. kroner over kap. 281 post 73 til å dekkje medlemskontingenten for å delta i Erasmus Mundus og andre internasjonale utdanningstiltak av mindre omfang. Erasmus Mundus omfattar fellesgrader på master- og ph.d.-nivå og stipendprogram for studentar og forskarar frå land utanfor EU/EØS.

Samarbeidet i Erasmus Mundus gjekk godt i 2009. Åtte norske høgre utdanningsinstitusjonar deltek i 15 av til saman 150 felles Erasmus Mundus-mastergrader, og dei koordinerer to. I tillegg deltek norske universitet og høgskolar i fire nettverk som skal vise partnarar frå land utanfor Europa at europeisk høgre utdanning er attraktiv.

Det vart òg tildelt midlar til bilateralt samarbeid. Midlane vart mellom anna nytta til å arrangere eit seminar om høgre utdanningssamarbeid mellom Sør-Afrika og Noreg i samband med statsbesøket til Sør-Afrika hausten 2009, til oppretting av ein møteplass for norske universitet og høgskolar som har eller som ønskjer samarbeid med kinesiske institusjonar, og til høgre utdanningssamarbeid med India.

Det vart vidare tildelt midlar til Samisk høgskole for å dekkje drift av hovudkontoret for World Indigenous Nations Higher Education Consortium (WINHEC). Høgskolen sitt driftsansvar går over tre år fram til 2011.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å løyve 18,8 mill. kroner på post 73 for å dekkje deltakinga i EU-programmet Erasmus Mundus og dei mindre aktivitetane på posten.

Post 74 Tilskott til UNIS

Rapport for 2009

Frå og med budsjettåret 2011 blir tilskottet til UNIS gitt over kap. 280 ny post 71. Rapport for 2009 for tidlegare kap. 281 post 74 går fram av omtale under den nye posten.

Post 75 UNINETT

Rapport for 2009

Frå og med budsjettåret 2011 blir tilskottet til UNINETT gitt over kap. 280 ny post 72. Rapport for 2009 for tidlegare kap. 281 post 75 går fram av omtale under den nye posten.

Post 76 Tilskott til NORDUnet, kan overførast

Rapport for 2009

Frå og med budsjettåret 2011 blir tilskottet til NORDUnet AS gitt over kap. 280 ny post 73. Rapport for 2009 for tidlegare kap. 281 post 76 går fram av omtale under den nye posten.

Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

Posten omfattar tilskott til Universitets- og høgskolerådet (UHR), som er eit fellesorgan for institusjonsakkrediterte statlege og private institusjonar innanfor høgre utdanning. Tilskottet til UHR skal fremme samordning og arbeidsdeling i universitets- og høgskolesektoren innanfor prioriterte arbeidsområde.

Rapport for 2009

UHR fekk i 2009 eit tilskott på 13,3 mill. kroner, og av dette 4,5 mill. kroner til utgiving av lærebøker.

I 2009 har ein viktig del av arbeidet til UHR vore oppfølging av evalueringa av Kvalitetsreforma, av NOKUTs evaluering av allmennlærarutdanninga og reakkrediteringa av sjukepleiarutdanninga. Vidare har ein stor del av arbeidet til UHR vore å utarbeide og formidle innspel til fleire stortingsmeldingar. UHR har ført vidare arbeidet med oppfølging av bruken av den nye bokstavkarakterskalaen.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på posten med 14,1 mill. kroner i 2011, inklusive 4,7 mill. kroner til utgiving av lærebøker.

Post 79 Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast

Stortinget vedtok i 2002 å starte utbygging av ny universitetsklinikk i Trondheim. Formålet med tilskottet er å finansiere universitets- og høgskoleareala i klinikken.

Rapport for 2009

Byggjefase to vart starta i 2005 og omfattar alt som ikkje er fullført i første byggjefase av nybygg, rehabilitering og infrastruktur. Dette gjeld rehabilitering av 1902-bygget, andre fase av Forsyningssenteret, Bevegelsessenteret, Gastrosenteret, Akutten og Hjerte-lungesenteret og Kunnskapssenteret. Sommaren 2010 er det meste ferdigstilt, og universitetsklinikken vart formelt opna i juni 2010.

Universitets- og høgskoleareala i fase to er finansierte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i høve til delen av totalt areal i universitetsklinikken, men avgrensa til maksimalt 1 135 mill. kroner (prisnivå desember 2004), jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005) og St.prp. nr. 65 (2004–2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005. Arealramma for universitets- og høgskoledelen av byggjeprosjektet utgjer 49 500 kvm. I tillegg kjem areal til felles teknisk infrastruktur.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Høgskolen i Sør-Trøndelag vil samarbeide om eit felles integrert bibliotek for medisin og helsefag i Kunnskapssenteret i universitetsklinikken. Arealet i Kunnskapssenteret aukar med 500 kvm for å kunne realisere eit slikt felles bibliotek. Etter denne auken vil samla arealramme for universitets- og høgskoledelen i universitetsklinikken utgjere 50 000 kvm funksjonsareal. Byggjekostnadene blir finansierte over kap. 260 post 50. Regjeringa ønskjer å stimulere til meir og betre samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i universitets- og høgskolesektoren, og eit felles integrert bibliotek i universitetsklinikken er eit bidrag til eit meir robust fagmiljø og forpliktande samarbeid mellom universitetet og høgskolen.

Kunnskapsdepartementet tildelte om lag 287,1 mill. kroner til utbygginga i 2009. Sjå også omtale av byggjeprosjektet i Prop. 1 S (2010–2011) for Helse- og omsorgsdepartementet, under kap. 732 post 81 Tilskott til regionale helseføretak.

Budsjettforslag for 2011

Arbeidet som står att, er riving, utvendig arbeid og bygging av Kunnskapssenteret, som er venta ferdigstilt i 2013. Kunnskapsdepartementet har i 2010 finansiert byggjekostnadene fram til ferdig bygg i 2013. Kunnskapsdepartementet foreslår på denne bakgrunnen at post 79 blir sett til 0 i 2011.

Kap. 3281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

02

Salsinntekter o.a.

1 269

10

37 250

16

Refusjon av foreldrepengar

187

18

Refusjon av sjukepengar

669

Sum kap. 3281

2 125

10

37 250

Post 02 omfattar ymse inntekter knytte til dei tiltaka som får løyving under kap. 281 post 01. Desse gjaldt for 2009 i hovudsak inntekter frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

I samband med flytting av oppgåver frå ABM-utvikling blir det foreslått ein auke på om lag 37,2 mill. kroner på kap. 3281 post 02 frå 2011 mot ein tilsvarande auke på kap. 281 post 01. Sjå òg kap. 281 post 01.

Programkategori 07.70 Forsking

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

283

Meteorologiformål

322 646

301 932

319 506

5,8

285

Noregs forskingsråd

1 514 791

1 461 705

1 440 422

-1,5

286

Forskingsfond

12 934 580

6 261 860

4 426 573

-29,3

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

211 213

227 623

235 286

3,4

288

Internasjonale samarbeidstiltak

1 407 464

1 463 301

1 374 822

-6,0

Sum kategori 07.70

16 390 694

9 716 421

7 796 609-19,8

Budsjettforslaget for utgifter under kategori 07.70 utgjer 7,8 mrd. kroner. Reduksjonen er på 2 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2010 og skriv seg frå at kapitalinnskottet i Fondet for forsking og nyskaping i 2011 er lågare enn i 2010.

Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

3286

Forskingsfond

3 373 280

3 770 560

3 944 960

4,6

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

21 562

21 500

21 500

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 233

4 752

4 794

0,9

Sum kategori 07.70

3 399 075

3 796 812

3 971 254

4,6

Budsjettforslaget for inntekter under kategori 07.70 utgjer om lag 4 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 174 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2010. Auken skriv seg i all hovudsak frå den auka avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping.

Innleiing

Samfunnet i dag krev forskingsbasert kunnskap på stadig fleire område. Forsking skal i tillegg gi oss grunnleggjande ny erkjenning. Forskingsinnsats er både ein føresetnad og eit verkemiddel for å møte dei globale utfordringane, for å utvikle velferda i samfunnet og for at vi skal ha eit framtidsretta og nyskapande næringsliv. Noreg gjer det bra på mange område. Dette tyder på at den linja regjeringa har valt med vektlegging av forsking og kunnskap, er riktig. Regjeringa vil derfor halde fram med å satse på forsking i åra framover.

Samstundes er regjeringa oppteken av å vri merksemda over på resultata og effektar av forskinga og ikkje berre sjå på ressursinnsatsen.

Regjeringa har sett fem strategiske og fire tverrgåande mål for forskingspolitikken. Forsking knytt til dei fem strategiske måla skal medverke til å møte globale utfordringar, velferdsutfordringar og leggje grunnlaget for verdiskaping i framtida. Dei fire tverrgåande måla er retta mot forskingssystemet: eit velfungerande forskingssystem, høg kvalitet i forskinga, auka internasjonalisering av forskinga og effektiv utnytting av ressursar til og resultat frå forskinga.

Figur 4.6 Måla i forskingspolitikken

Figur 4.6 Måla i forskingspolitikken

Kunnskapsdepartementet har som forskingskoordinerande departement eit særleg ansvar for dei fire tverrgåande måla, og det er derfor desse måla som blir omtalte i denne programkategorien. For ein næmare omtale av alle måla, sjå del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.

Størstedelen av forskingsløyvingane under denne kategorien omfattar løyvingar over Kunnskapsdepartementets budsjett til forsking gjennom Noregs forskingsråd der Kunnskapsdepartementet har eit særleg ansvar for å sikre midlar til grunnleggjande forsking. Vidare blir norsk deltaking i EUs rammeprogram og norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar finansierte innanfor denne kategorien. Kategorien omfattar også løyvingar til Meteorologisk institutt. Direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar er omtalte under kategori 07.60. Alle departementa finansierer forsking på sine område og skal gjennom forskingsløyvingane sine medverke til å nå dei forskingspolitiske måla som regjeringa har sett. Del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet inneheld ein meir heilskapleg omtale av dei ni forskingspolitiske måla og den samla satsinga på forsking i statsbudsjettet.

Hovudprioriteringar for 2011

Regjeringa foreslår at den opne konkurransearenaen for framifrå forsking gjennom Forskingsrådet (tidlegare Fri prosjektstøtte) blir styrkt med minst 60 mill. kroner for å sikre at fleire innovative og grensesprengande forskingsprosjekt får midlar.

Regjeringa foreslår å følgje opp Det internasjonale polaråret med eit nytt program for polarforsking med ei årleg ramme på minst 45 mill. kroner. Programmet er ein del av oppfølginga av Svalbardmeldinga, Klimaforliket og Nordområdestrategien, og vil særleg leggje vekt på forsking knytt til Svalbard.

Regjeringa vil fortsette satsinga på forskingsinfrastruktur og foreslår at det i 2011 blir løyvd om lag 280 mill. kroner til investering i nasjonal og internasjonal forskingsinfrastruktur.

Tilstandsvurdering

Dei tverrgåande måla i forskingsmeldinga gjeld for heile det norske forskingssystemet. Desse måla er omfattande, og dei er i stor grad overlappande og avhengige av kvarandre. Når ein skal seie noko om tilstanden i norsk forsking, vil det derfor vere slik at fleire indikatorar er relevante for meir enn eitt av måla.

Publiseringsdata og siteringsdata er mykje nytta som indikatorar for å måle produktivitet og kvalitet av forskinga på makronivå. Medan talet på publikasjonar i renommerte tidsskrift er eit uttrykk for omfanget av den vitskaplege produksjonen, seier siteringar noko om kor stor innverknad denne forskinga har hatt på anna forsking. For at ein artikkel skal kunne publiserast i eit internasjonalt vitskapleg tidsskrift, må han vurderast og godkjennast av fagfellar på området. På denne måten sikrar ein at publiseringa har god kvalitet.

Tal frå NIFU STEP over vitskaplege artiklar i forhold til folketalet i 18 utvalde land i perioden 2006–09 viser at norske forskarar publiserte om lag sju artiklar per tusen innbyggjarar, noko som plasserer Noreg på ein sjetteplass av dei 18 landa. Sjå også del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet. Samstundes viser statistikken at talet på publikasjonar i Noreg veks raskare enn i dei andre nordiske landa bortsett frå Island og raskare enn gjennomsnittet for verda. Delen artiklar som følgje av internasjonalt samarbeid har også auka monaleg i alle dei nordiske landa, inklusive Noreg. Omtrent halvparten av alle artiklar frå Danmark, Finland, Noreg og Sverige er eit resultat av internasjonalt samarbeid.

Relativ siteringsindeks seier om publikasjonane til eit land er meir eller mindre siterte enn verdsgjennomsnittet. Noreg har gått frå ein posisjon under verdsgjennomsnittet i starten av 1980-åra til i dag å liggje over snittet. Noreg rangerer som nummer elleve av dei 18 europeiske landa som er med i samanlikninga, med ein siteringsindeks på 123,4. Dette vil seie at dei norske artiklane vart siterte om lag 23 pst. over verdsgjennomsnittet i perioden 2006–09.

Forskingsrådets sentersatsingar er eit verkemiddel for å stimulere til forskingsmiljø i internasjonal klasse. Viktige satsingar er ordningane med senter for framifrå forsking (SFF), senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og forskingssenter for miljøvennleg energi (FME).

Midtvegsevalueringa som vart gjennomført av den første runden med SFF- utlysingar, kan tyde på at SFF-ordninga er vellykka på dei fleste område. Sentra har medverka til å få fram forsking i internasjonal toppklasse og til å gjere norsk forsking meir synleg. Senterordninga har òg trekt til seg yngre framifrå forskarar både frå Noreg og utlandet. I 2009 har sentra publisert til saman 1 100 publikasjonar i vitskaplege tidsskrift med fagfellevurdering, i tillegg til fleire andre publikasjonar. Forskingsrådet planlegg òg ei midtvegsevaluering av dei sentra som kom med i den andre utlysingsrunden. Denne evalueringa skal vere ferdig i løpet av 2011. I tilegg til desse undervegsevalueringane har Forskingsrådet òg sett i gang ei evaluering av ordninga der ein særleg skal sjå på dei finansielle sidene ved ordninga og kor stor meirverdien av ordninga er.

SFI-ordninga bidreg til forskarrekruttering innanfor sine nærings- og fagområde og utdannar forskarar som har fått viktig kontakt med næringslivet gjennom forskarutdanningsperioden sin. Forskarane knytte til sentra har publisert mange fleire artiklar mv. i 2009 enn i 2008. Forskingsrådet har også setje i gang ei evaluering av SFI-ordninga, der målet er at evalueringa skal vere ferdig i løpet av 2010.

Satsinga på FME har som mål å medverke til å løyse utfordringar på miljø- og energiområdet. I sentra går utvalde forskingsmiljø og næringslivet saman slik at det blir ein konsentrert og langsiktig forskingsinnsats. Utveljinga skjer i ein open konkurranse der fordelinga av midlar på ulike forskingsområde ikkje er bestemt på førehand. Dei åtte sentra som er etablerte, arbeider med temaområda karbonfangst og -lagring, offshorevindkraft, bioenergi, solceller, energieffektive og miljøvennlege bygningar og designløysingar for fornybar energi. Satsinga, som blir administrert av Noregs forskingsråd, er i hovudsak finansiert av Olje- og energidepartementet. For å auke vektlegginga av samfunnsvitskapen innanfor miljøvennleg energi er det i 2010 lyst ut midlar som gir rom for tre nye forskingssenter innanfor dette feltet.

Som ledd i satsinga på klima- og energiforsking blir det oppretta eit klimaforskingssenter ved Universitetet i Bergen, med Nansensenteret, Havforskingsinstituttet og Uni Research som partnarar. I 2010 var løyvinga på 20 mill. kroner. Senteret skal vidareutvikle den kompetansen som er bygd opp ved Bjerknes senter for framifrå forsking, og får ei funksjonstid på tolv år om det utviklar seg som venta.

Ei anna spiss-satsing er ordninga med yngre framifrå forskarar (YFF). YFF skal gi yngre talentfulle forskarar innanfor alle fagområde ekstra gode rammevilkår, slik at dei kan nå internasjonalt nivå. YFF-ordninga kan vise til mange vitskaplege publikasjonar sidan ordninga vart oppretta.

Gjennom eit eige europeisk forskingsråd – European Research Council (ERC) – er det etablert ein paneuropeisk konkurransearena for frontforsking som dekkjer alle fagområde. Gjennomslag i ERC er ein indikasjon på både kvalitet og grad av internasjonalisering. Det er to ulike stipendtypar: ein som rettar seg mot erfarne forskingsleiarar (advanced grants), og ein som rettar seg mot yngre forskarar som ønskjer å etablere seg som uavhengige forskarar (starting grants). Når ein ser dei to stipendordningane under eitt, var det åtte norske søkjarar som nådde heilt til topps og fekk stipend i perioden 2007–09. Sett i lys av talet på søknader gir dette låg utteljing så langt for dei norske miljøa med ein suksessrate på under fem pst., mot ein gjennomsnittleg suksessrate for alle dei deltakande landa på i underkant av sju pst. Ser ein på dei to stipendordningane kvar for seg, blir biletet noko meir nyansert. Det er suksessraten for starting grants som er svak, medan suksessraten for advanced grants er på nivå med snittet for alle landa. For advanced grants har utviklinga vidare vore positiv frå 2008 til 2009. Medan Noreg hadde ein suksessrate under snittet i 2008, låg han i 2009 over snittet, på høvesvis 17 pst. og 15 pst. Foreløpige tal for 2010 tyder på at utviklinga no er positiv for begge typar stipend, både når ein ser på talet på søknader, og på kor mange som kjem vidare til siste runde. Av dei totalt 77 norske søknadene har 25 gått vidare til siste runde. Sjølv om utviklinga er positiv, er fordelinga framleis noko ujamn mellom dei to stipendordningane. Av dei som foreløpig har søkt om starting grants, har 25 pst. gått vidare til siste runde, medan dette gjeld for 40 pst. av dei som søkjer om advanced grants. Kunnskapsdepartementet meiner likevel det er eit potensial for å auke både talet på søkjarar og kor mange som får stipend.

Tilstrekkeleg tilgang på gode forskarar med relevant kompetanse er viktig for å sikre eit velfungerande forskingssystem. Talet på avlagde doktorgrader i Noreg er nær dobla i dei siste ti åra. Gjennom at det har vorte øyremerkt midlar til stipendiatstillingar i perioden etter 2005, har Kunnskapsdepartementet sikra at talet på avlagde doktorgrader også vil auke i nokre år framover. Auken har vore langt sterkare enn i dei andre nordiske landa, men Noreg ligg framleis bak Sverige og Finland målt i talet på doktorgrader per millionar innbyggjarar. I dei siste to åra har talet på avlagde doktorgrader i Noreg lege over det målet om 1 100 grader per år som vart sett i St.meld. nr. 35 (2001–2002) Kvalitetsreformen: Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høyskolesektoren.

Kvinner er i fleirtal blant studentar og stipendiatar, men blir færre dess høgre ein kjem på den akademiske karrierestigen. Blant professorane er det berre 19 pst. kvinner. Det er store skilnader mellom fagområda. I matematikk og naturvitskap er berre 14 pst. av professorane kvinner. I teknologi er talet sju pst.

God forskingsinfrastruktur er viktig for å sikre høg kvalitet på forskinga. Det er etablert ein finansieringsmekanisme gjennom øyremerking av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping som sikrar ei langsiktig planlegging og investering i forskingsinfrastruktur. Frå 2011 vil det årleg vere om lag 280 mill. kroner til investeringar i nasjonal og internasjonal forskingsinfrastruktur, og det har dermed vore ei kraftig opptrapping av løyvingane til forskingsinfrastruktur i dei siste to åra. Mange forskingsfelt er tilgodesette med viktig forskingsinfrastruktur, og tildelingane frå dei første utlysingane viser at forskarmiljøa har klart å samle seg om felles søknader i tråd med regjeringas mål om betre samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon i forskingssektoren.

Det er vidare på plass eit nasjonalt vegkart for forskingsinfrastruktur. Vegkartet er eit strategisk verktøy for å fremme norske investeringar i storskala infrastruktur. Vegkartet gir ei oversikt over a) finansierte storskala infrastrukturprosjekt under etablering og b) klart støtteverdige og investeringsklare storskala prosjekt, som alle har oppnådd svært god evaluering av internasjonale fagekspertar, og som alle er vurderte som strategisk svært viktige av Forskingsrådet. Vidare gir vegkartet tilrådingar om norsk deltaking i prosjekt på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur som er utarbeidd av the European Strategy Forum for Research Infrastructure (ESFRI). Alle prosjekt er plukka ut etter skarp konkurranse basert på vitskapleg kvalitet.

To av dei tre norskleidde ESFRI-prosjekta, SIOS (integrert observasjonssystem for Arktis) og ECCSEL (karbonfangst og -lagring), har fått støtte frå EUs sjuande rammeprogram for forsking og utvikling til ein treårig førebuande fase (preparatory phase). Det tredje prosjektet, CESSDA (samfunnsvitskaplege dataarkiv), er no ferdig med denne fasen. Ein intensjonsavtale om det vidare samarbeidet mellom deltakarlanda har vorte underteikna, og ei styringsgruppe med norsk styreleiar er oppretta. Ingen av dei tre norskleidde ESFRI-prosjekta har komme så langt at det er aktuelt å inngå juridisk forpliktande avtalar. Når dette blir aktuelt, vil Kunnskapsdepartementet komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Ein høg grad av internasjonalisering er viktig for kvalitet og fornying i norsk forsking. Noreg samarbeider med stadig fleire land, men tyngdepunktet i samarbeidet ligg på dei fremste landa innanfor forsking og teknologi. I EUs sjuande rammeprogram for forsking samarbeider norske deltakarar med forskarar frå 100 av dei 158 landa som deltek i programmet. Norske forskarar er også aktive i samarbeidet med andre land utanfor Europa og USA, inkluderte nye forskingsnasjonar som Kina, India og Sør-Afrika. Publiseringsstatistikk syner at USA framleis er det viktigaste enkeltlandet for samarbeid om forskingsartiklar, følgd av Sverige, Storbritannia, Tyskland og Danmark. Utanfor Europa og Norden har det særleg vore ein auke i samarbeid om artiklar med Russland, Japan, Australia og Kina.

EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007–13) er verdas største internasjonale forskingsprogram. Norsk deltaking i rammeprogrammet er viktig for å sikre internasjonalisering og høg kvalitet i norsk forsking. Deltaking i rammeprogrammet gir impulsar til innovasjon og er slik sentralt for å medverke til innovasjon i næringslivet.

Noregs deltaking i det sjette rammeprogrammet (2002–06) og første del av det sjuande rammeprogrammet (2007–08) er evaluert av NIFU STEP. Evalueringsrapporten vart lagt fram tidleg i 2010. Evalueringa konkluderer med at den norske deltakinga har vore vellykka. Rapporten seier vidare at norske deltakarar når opp i konkurransen, men at resultata varierer relativt mykje innanfor dei ulike delprogramma.

Delen av prosjektsøknader med norsk deltaking som får støtte, har lege godt over snittet for alle søknader som mottek støtte frå programmet gjennom heile perioden. I sjette rammeprogram var suksessraten på 25 pst., mot 18 pst. for alle deltakarlanda i programmet. Tilsvarande tal for sjuande rammeprogram er på 23 og 22 pst.

Rapporten viser at det er god norsk deltaking innanfor område som klima/miljø, mat og energi. Små og mellomstore verksemder har godt gjennomslag, medan søknader med norsk deltaking har lågare gjennomslag innanfor område som helse, bioteknologi og IKT, og i utlysingane til det nye europeiske forskingsrådet – ERC. Den gjennomsnittlege støtta frå EU per norsk deltakar har auka frå sjette til sjuande rammeprogram.

Evalueringa viser at samanlikna med dei andre søkjarlanda når dei norske søkjarane opp i konkurransen om midlar. Utfordringa for norsk deltaking er å få fleire miljø til å søkje om midlar slik at det blir ei større breidd i forskingsmiljøa som får støtte.

Fagevalueringane til Forskingsrådet seier noko om forskingskvaliteten innanfor einskilde fag og kva for ein posisjon faget har i ein internasjonal samanheng. Evalueringane viser gjennomgåande at Noreg har fleire gode forskingsmiljø, men at mange er små og fragmenterte. Evalueringane peiker også på behovet for meir tydeleg forskingsleiing.

Open tilgang til forskingsdata og forskingsresultat er naudsynt for å auke tilgangen til noverande kunnskap og sikre samfunnet ein uavhengig og brei kunnskapsbase. Open tilgang til forskingsdata og resultat er også viktig ut frå effektivitetsvurderingar. Noreg har ei stor mengd tilgjengelege forskingsdata og databankar, inkludert lange tidsseriar – noko som er unikt i internasjonal samanheng. Noregs forskingsråd har i ein rapport konkludert med at både universitets- og høgskolesektoren, forskingsinstitutta og helseføretaka har utfordringar når det gjeld tilgang til data. Det er stor variasjon både mellom ulike fagområde og mellom institusjonane når det gjeld kva for eit system ein har for deling av data.

I teksten over er det presentert nokre indikatorar om tilstanden i norsk forsking. Det er krevjande å finne indikatorar som gir eit fullstendig bilete av korleis det står til med forskinga i Noreg. Det er mellom anna ei utfordring å finne fram til indikatorar som seier noko om resultata av forskinga og ikkje berre om innsatsen. Departementet har sett i gang eit arbeid for å finne fram til gode indikatorar, sjå nærmare omtale i del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet, men har foreløpig ikkje eit fullgodt indikatorsett å presentere. Departementet meiner likevel at indikatorane over, supplerte med meir kvalitative vurderingar, kan nyttast til å gi eit heilskapleg bilete av tilstanden for norsk forsking.

Strategiar og tiltak

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til den opne konkurransearenaen for framifrå forsking gjennom Forskingsrådet med i alt 60 mill. kroner. Dette vil gjere at fleire av dei aller beste forskingsmiljøa får finansiering til dei mest innovative og risikofylte prosjekta sine. Slik innovativ frontforsking er mellom anna viktig for å finne løysingane på dei samfunnsutfordringane Noreg står og vil stå overfor i framtida, mellom anna innanfor klima og miljø.

Som ei oppfølging av Svalbardmeldinga, Klimaforliket og Nordområdestrategien, foreslår departementet å auke løyvingane til polarforsking med 20 mill. kroner over kap. 285 post 52. I tillegg til denne auken skal det innanfor løyvinga på kap. 286 post 50 nyttast minimum 25 mill. kroner til polarforsking, slik at det til saman vil bli ei ramme på minst 45 mill. kroner til eit nytt polarforskingsprogram. Forsking knytt til Svalbard skal ha særleg vekt. For å sikre koordinering av forskingsinnsatsen og redusere slitasjen på miljøet, vil det bli øyremerkt 5 mill. kroner til informasjonsverksemd og fagleg og praktisk forskingskoordinering i regi av Svalbard Science Forum. For å utvikle eit klimaøkologisk observasjonssystem for arktiske tundraøkosystem (KOAT), foreslår regjeringa at det innanfor midlane er ei særskilt eittårig løyving på 3 mill. kroner til Universitetet i Tromsø og Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).

Regjeringa fører vidare satsinga på infrastruktur med ei foreslått løyving på om lag 280 mill. kroner i 2011. Det nasjonale vegkartet for forskingsinfrastruktur, jf. omtale over, skal liggje til grunn for utveljing av kva for infrastrukturprosjekt det skal investerast i. Regjeringa ønskjer å halde fram arbeidet med å sikre god nasjonal koordinering av investeringar i avansert forskingsinfrastruktur ved å følgje den ansvarsdelinga som ligg i strategien Verktøy for forsking. Forskingsrådet skal derfor framleis ha ansvaret for forskingsinfrastruktur over 2 mill. kroner, medan basisutstyr skal vere ansvaret til institusjonane.

Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3 mrd. kroner frå 1. januar 2011. Samla kapital blir da 80 mrd. kroner. Dersom renta held seg på same nivået som i dag, vil dette gi ein årleg auke i avkastninga på om lag 100 mill. kroner frå 2012.

Regjeringa meiner det er viktig å ha høg merksemd rundt resultata av forsking og kvaliteten i forskinga. Regjeringa har derfor sett ned eit utval, Fagerbergutvalet, for god måloppnåing i forskingssektoren; utvalet skal sjå på samanhengen mellom mål, ressursar og resultat for offentleg finansiert forsking. Utvalet skal mellom anna sjå på om det er behov for endringar i den offentleg finansierte forskinga som kan gi høgre kvalitet og betre utnytting av ressursane knytte til dei ni nasjonale forskingspolitiske måla. Utvalet skal levere innstillinga si innan 1. mai 2011.

For å auke talet på kvinner i fag der dei er særleg underrepresenterte, sette departementet i 2010 i verk ei eiga insentivordning, sjå omtale under kategori 07.60.

Forskingsrådet skal evaluerast i løpet av stortingsperioden 2009–13. Evalueringa skal gi ei samla vurdering av Forskingsrådet ut frå dei overordna måla som er sette for verksemda til rådet, og sjå desse i lys av nye utviklingstrekk. Regjeringa vil utarbeide mandatet for evalueringa, og lyse ut oppdraget internasjonalt i løpet av første kvartal 2011.

Evalueringa av norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking i perioden 2002–08 syner at det store fleirtalet av norske aktørar meiner deltaking i programmet har vore vellykka, mellom anna når det gjeld etablering av faglege nettverk. Nærmare halvparten av dei spurde seier at prosjektet dei har teke del i, har medverka til auka publisering, og 60 pst. meiner at det har vore viktig for framtidige forskings- og innovasjonsaktivitetar.

Samstundes peiker rapporten på at dei norske kontingentinnbetalingane til EU aukar meir enn omfanget av midlar som norske aktørar får tilbake i form av prosjektstøtte. Sjølv om Noregs deltaking i EUs rammeprogram for forsking i perioden har vore vellykka, seier evalueringa at det er eit potensial for styrkt norsk deltaking. Utvikling av eit europeisk forskingsområde gir dessutan nye moglegheiter og utfordringar som må møtast.

Regjeringa vil arbeide for ei styrkt norsk deltaking i siste del av det sjuande rammeprogrammet, det vil seie perioden 2010–13. Det er særleg viktig at aktivitetane i dei nasjonale forskingsprogramma og i rammeprogrammet blir sette meir i samanheng. Noregs forskingsråd må derfor føre vidare og styrkje arbeidet sitt for å integrere deltaking i rammeprogrammet i heile verksemda i Forskingsrådet. Verkemiddel i Noregs forskingsråd for god norsk deltaking i rammeprogrammet vil bli førte vidare, jf. kap. 285 post 52. For å finne fram til tiltak som kan styrkje deltakinga i det sjuande rammeprogrammet, er Noreg, i likskap med andre land, i dialog med ulike representantar frå dei forskingsutførande sektorane og Noregs forskingsråd. Kunnskapsdepartementet er òg i dialog med EU-kommisjonen om behovet for forenkling i dei administrative forholda knytte til deltaking i rammeprogrammet. Evalueringa peiker på at dette vil kunne styrkje norsk deltaking.

Regjeringa meiner vidare det er viktig med ei aktiv norsk deltaking i utviklinga av det europeiske forskingsområdet – European Research Area. Ei hovudsatsing er styrkt europeisk samarbeid om dei store samfunnsmessige utfordringane gjennom etablering av felles europeisk forskingsprogram, såkalla Joint Programming. Noreg arbeider aktivt i etableringa av eit felles program om sunne og produktive hav, og vil også delta i arbeidet om felles program om mellom anna neurodegenerative sjukdommar, mat og helse, landbruk og klimaendringar.

Ei anna hovudsatsing er samarbeid om forskingsinfrastruktur av felleseuropeisk interesse, den såkalla ESFRI-prosessen. Her leier Noreg arbeidet med dei tre prosjekta SIOS, ECCSEL og CESSDA. Samarbeidet om forskingsinfrastruktur er basert på nasjonale prioriteringar og ressursar, og har nasjonal leiing. EU har ei rolle som tilretteleggjar. Norske forskingsmiljø deltek i utviklinga av mange ESFRI-prosjekt. Infrastruktursamarbeidet vil bli konkretisert ytterlegare i 2011, og gir eit behov for norske prioriteringar for deltaking. Noregs forskingsråd må medverke til dette og til god norsk oppfølging av dei norske prioriteringane.

Fragmenterte og små forskingsmiljø er ei utfordring i Noreg. For å stimulere til samarbeid og konsentrasjon har Forskingsrådet mellom anna tiltaket Institusjonsforankra strategiske prosjekt der målet er å hjelpe institusjonen med å følgje opp dei tilrådingane og løyse dei utfordringane som dei ulike fagevalueringane peiker på. Dette vil òg vere eit viktig tiltak framover. Forskingsrådet vil vidare fortsette linja med å leggje vekt på samarbeid i prosjekta som blir lyste ut og med å tildele midlar til større framfor mindre forskingsprosjekt. God nasjonal koordinering av investeringar i forskingsinfrastruktur er eit av dei viktigaste grepa regjeringa har teke for å skape gode tyngdepunkt i forskingsmiljøa. Den ansvarsdelinga som ligg i strategien Verktøy for forsking skal derfor liggje fast.

Frå 2011 vil det bli oppretta eit nasjonalt forskingsinformasjonssystem, Current research information system in Norway (CRISTIN). CRISTIN skal medverke til å auke den samfunnsmessige verdien av forskinga ved å leggje til rette for at forsking i fleire sektorar blir sette i samanheng. Publikasjonsdatabasen Norsk vitskapsindeks (NVI) inngår i CRISTIN og skal mellom anna dokumentere, presentere og kvalitetssikre data om publikasjonar slik at dei er ope tilgjengeleg i ein felles nasjonal database. Desse opplysningane skal mellom anna nyttast i finansieringssystemet for universitets- og høgskolesektoren, helsesektoren og instituttsektoren.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 502, 17. juni 2009 i samband med handsaminga av St.meld. nr. 30 (2008–2009), jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009):

«Stortinget ber Regjeringen gjennomgå forskingsetiske regler for master- og doktorgradsprogrammer når det gjelder forskning på barn og unge innenfor skjæringspunktet helse- og sosialforskning, og komme tilbake til Stortinget med dette på egnet måte.»

Kunnskapsdepartementet har motteke ei overordna utgreiing frå dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Utgreiinga er no til vurdering i departementet.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 171, 16. februar 2010 i samband med handsaminga av Innst. 135 S (2009–2010), jf. Dokument 8:7 S (2009–2010):

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag som på egnet måte tydeliggjør den akademiske frihet for forskere ved institusjoner som ikke omfattes av universitets- og høyskoleloven.»

Kunnskapsdepartementet bad Forskingsrådet om ei vurdering av korleis Forskingsrådets vilkår for tilskott kunne bli nytta til å klargjere den akademiske fridommen for forskarar ved institusjonar som ikkje er omfatta av universitets- og høgskolelova. Forskingsrådet sende vurderinga si til departementet i juni 2010. Forslaget frå Forskingsrådet vil bli sendt ut til høring. Departementet kjem tilbake til Stortinget etter høringa.

Rapport for 2009

På grunn av ny målstruktur vil rapporteringa relatere seg til ein annan målstruktur enn det som vil vere måla for 2011. I 2009 var måla for forskinga under denne kategorien samla i eitt overordna mål – høg kvalitet i forskinga. Dette målet var delt inn i tre delar: kvalitet i breidda, kvalitet i spiss og kvalitet på satsingsområde. Det vart vidare framheva at forskarrekruttering, forskingsinfrastruktur og internasjonalt forskingssamarbeid var særleg sentrale område for å arbeide for auka kvalitet i forskinga. Rapporteringa under skal svare på det overordna målet om høg kvalitet.

Noreg er eit av dei landa i verda som bruker mest offentlege midlar per innbyggjar på forsking. Dei offentlege løyvingane til forsking og utvikling har snart nådd ein pst. av BNP, som er det langsiktige ressursmålet. Regjeringa sette i desember 2009 ned eit utval, Fagerbergutvalet, som skal sjå nærmare på kva vi får ut av dei ressursane samfunnet investerer i forsking. Fagerbergutvalet skal vurdere om det er ein samanheng mellom dei ressursane som blir sette inn, og resultata, om kvaliteten er høg nok, og om forskingsresultata gir svar på dei store samfunnsutfordringane. Vidare har Kunnskapsdepartementet leidd arbeidet med å få på plass eit felles mål- og resultatstyringssystem for tildelingane frå departementa til Noregs forskingsråd. Systemet, som vart teke i bruk i tildelingsbreva for 2010, inneber felles retningslinjer for styringa av Forskingsrådet, ein felles målstruktur for tildelingsbreva frå departementa og eit sett rapporteringsindikatorar. Formålet er at Forskingsrådet får fridom til å avgjere kva for verkemiddel som skal brukast for å nå dei fastsette måla, sjå nærmare omtale i del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.

I 2009 vart avkastninga av to tredelar av kapitalauken på 6 mrd. kroner i Fondet for forsking og nyskaping øyremerkte til forskingsinfrastruktur. Dette har gitt om lag 140 mill. kroner til investeringar i forskingsinfrastruktur i ulike forskingsmiljø. Både biobankane, offshorevindkraft, mikro- og nanoforsking og datalagring har fått solide lyft.

Implementering av Forskingsrådets strategi Verktøy for forsking har vore det viktigaste grepet for å få til ei best mogleg nasjonal koordinering av investering i forskingsinfrastruktur. Ut frå dei investeringsprosjekta som har fått midlar i 2009 kan ein konkludere med at mange norske forskingsmiljø har samla seg om felles søknader, i tråd med ambisjonen om betre samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i sektoren.

Senterdanningar (senter for framifrå forsking – SFF, senter for forskingsdriven innovasjon – SFI og forskingssenter for miljøvennleg energi – FME) medverkar til å skape konsentrasjon og tyngdepunkt i norsk forsking samtidig som det også er viktige spiss-satsingar. I 2009 vart aktiviteten innanfor SFF-ordninga og SFI-ordninga halden oppe.

FME-ordninga skal stimulere til ein langsiktig og konsentrert forskingsinnsats som bidreg til å løyse sentrale utfordringar på miljø- og energifeltet. Sentra skal skape eit aktiv samarbeid mellom næringsliv, forvaltning og forskingsmiljø. Sju av dei åtte sentra kom i gang med verksemda si i 2009, medan det siste først kom i gang i 2010. Samla representerer sentra eit nasjonalt lyft på området, og ordninga har vekt svært positiv interesse internasjonalt. Ordninga bidreg òg til å lyfte investeringsnivået på infrastruktur innanfor miljø og energi, og til å auke talet på doktorgrader innanfor miljøvennleg energi.

Generelt er tilgang på personale med doktorgrad ein føresetnad for å betre forskingsevna og dermed òg medverke til auka kvalitet i forsking og høgre utdanning. I budsjettet for 2009 vart det løyvd midlar til å opprette over 200 stipendiatstillingar, postdoktorstillingar og og nærings-ph.d.-stillingar, og satsinga vart styrkt ytterlegare i tiltakspakken for arbeid i 2009 med ei løyving til om lag 60 stipendiatstillingar. Nærings-ph.d.-ordninga blir omtalt under denne programkategorien, medan satsinga på dei andre rekrutteringsstillingane blir omtalt under kategori 07.60. Det er løyvd midlar til om lag 70 nærings-ph.d.-stillingar over Kunnskapsdepartementets budsjett, sjå nærmare omtale på kap. 285 post 52. I tillegg kjem løyvinga over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.

Komité for integreringstiltak – Kvinner i forsking (Kif-komiteen) starta sitt arbeid i 2004 og har verka i to periodar. Komiteen har som mål å medverke til auka likestilling mellom kvinner og menn i universitets- og høgskolesektoren og i instituttsektoren. For at komiteen betre skulle spegle at han arbeider for likestilling blant både kvinner og menn, vart namnet på komiteen endra til Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif). Det vart sett av 3 mill. kroner til komiteen i 2009, halvparten vart tildelt gjennom Forskingsrådet.

I 2009 vart det etablert eit nytt finansieringssystem for forskingsinstituttsektoren. Systemet er utforma for å medverke til auka produktivitet, samstundes som det motiverer til høg kvalitet og relevans. Det første året var det berre nye midlar som vart fordelte etter oppnådde resultat. Først i 2010 vart delar av eksisterande grunnløyving fordelte etter resultat. For dei samfunnsvitskaplege institutta har delen til resultatbasert omfordeling vore ti pst.

Noregs deltaking i det sjette rammeprogrammet (2002–06) og første del av det sjuande rammeprogrammet (2007–08) er evaluert av NIFU STEP. Evalueringa konkluderer med at den norske deltakinga har vore vellykka. Rapporten seier vidare at norske deltakarar når opp i konkurransen, men at resultata varierer relativt mykje innanfor dei ulike delprogramma. Ved utgangen av 2009 hadde Noreg ein suksessrate på 23 pst., medan snittet for deltakarane i rammeprogrammet totalt var på 22 pst. Tal for 2009 viser at forskingsinstitutta står for om lag 37 pst. av den norske deltakinga i rammeprogrammet, bedriftssektoren står for om lag ein tredel medan universitets- og høgskolesektoren står for 20 pst. I tillegg kjem gruppa helseføretak, frivillige organisasjonar og «andre».

Kap. 283 Meteorologiformål

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

50

Meteorologisk institutt

271 431

244 337

261 911

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt

51 215

57 595

57 595

Sum kap. 283

322 646

301 932

319 506

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt er den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Oppgåvene til Meteorologisk institutt er mellom anna å varsle vêret, studere klimaet, drive forskings- og utviklingsarbeid og formidle resultata av arbeidet. Varsling av ekstreme vêrtilhøve og dermed sikring av liv og verdiar har aller høgste prioritet. Meteorologisk institutt har òg andre viktige beredskapsoppgåver, mellom anna varsling ved atomulykker som gir utslepp til luft eller hav.

Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Instituttet har folk i arbeid på Jan Mayen, Bjørnøya, Hopen og Svalbard. Den aukande aktiviteten i nordområda krev gode vêrmeldingar. Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.

Mål for 2011

Meteorologisk institutt skal:

  • auke kvaliteten på varsla for vêr, hav og miljø.

  • utvikle vidare sitt observasjonssystem for vêrvarslings- og klimaformål.

  • utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta.

  • betre kunnskapen om klimaet i Noreg no, og om klimautviklinga i fortid og framtid.

  • vere påliteleg, tilgjengeleg og relevant i all kommunikasjon.

Rapport for 2009

Meteorologisk institutt auka kvaliteten på vêrvarsla sine i 2009, og kan til dømes dokumentere høgre kvalitet på modellberekna bølgjevarsel, vind- og temperaturvarsel. Instituttet vil arbeide vidare med å gjere vêrvarsla betre. Særleg når det gjeld nedbørprognosane, er dette ei svært utfordrande oppgåve.

Det er utført eit stort arbeid med å utvikle formålstenleg IT-verktøy til kvalitetssikring av modellane. For 2009 var det god regularitet i modellkjøringar og IT-system.

Mellom anna for å sikre framleis god regularitet på dette området vart det starta eit forprosjekt for å realisere eit nytt databygg i 2008. I 2009 vart det løyvd 40 mill. kroner til nytt bygg, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009), og prosjektering vart starta. Grunnarbeidet byrja i august og vart ferdigstilt i desember. Sjølve bygget er planlagt ferdigstilt i første halvdel av 2011.

Meteorologisk institutt har i 2009 utført forsking av høg kvalitet som har betra den offentlege meteorologiske tenesta. Utbetringane av prognosemodellane er eit resultat av instituttet si eiga forsking, men også av forsking som er utført ved andre samarbeidande institutt.

Medarbeidarane ved instituttet har leiarverv i viktige nasjonale og internasjonale aktivitetar. Meteorologisk institutt er langt framme internasjonalt med å utarbeide detaljerte landsdekkjande kart over temperatur og nedbør for kvart døger. Instituttet har hatt hovudansvaret for klimautgreiingane i den norske oppfølginga av Arktisk råd-prosjektet Arctic Climate Impact Assessment (NorACIA). Det er utarbeidd oversyn over klimautviklinga i norsk Arktis i løpet av dei siste 100 åra, og over klimascenario fram til år 2100. Det er utvikla ein regional klimamodell med fokus på Svalbard-området.

Ved utgangen av 2009 vart det dagleg samla inn observasjonar frå 258 vêrstasjonar og 381 enkle manuelle nedbørstasjonar. Åtte vêrradarar er operative.

Instituttet har inngått ein ny avtale som regulerer samarbeidet med AVINOR om flyvêrtenester fram til utgangen av 2012.

Utviklinga av vêrportalen yr.no gjekk etter planen i 2009. Auken i talet på brukarar heldt fram. Medarbeidarane ved instituttet møtte dessutan publikum i samband med forelesingar, foredrag, presentasjonar eller anna rundt 300 gonger i 2009. Dette kjem i tillegg til dei ordinære presentasjonane av vêret i radio og TV.

Meteorologisk institutt vart for fjerde år på rad kåra til den statsetaten som har best omdømme i Noreg.

Departementet er nøgd med måloppnåinga til Meteorologisk institutt i 2009.

Budsjettforslag for 2011

For at Meteorologisk institutt skal kunne starte bygginga av ein ny vêrradar ved Gednje på Varangerhalvøya, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 10 mill. kroner. Kostnaden ved å byggje vêrradaren er om lag 20 mill. kroner og vil bli finansiert over to år. Med byggjestart i 2011 vil radaren kunne settast i drift sommaren 2012. Når radaren på Varangerhalvøya kjem i drift, vil heile kysten av Finnmark og Troms vere dekt av vêrradarnettet. Vêrradaren på Varangerhalvøya vil medverke til betre varsling av farleg vêr, som til dømes polare lavtrykk, intense byer og plutseleg sterk vind. Betre vêrvarsling i området vil medverke til å betre tryggleiken for ferdsel til havs, både for fiskefartøy og for den aukande skipstrafikken langs kysten og inn mot russisk område. Radaren vil òg medverke til betre varsling av flyvêret i området, og dermed til betre flytryggleik.

Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Målet med ordninga er å medverke til at Meteorologisk institutt kan ta del i internasjonale meteorologiske organisasjonar og prosjekt, og på den måten utvikle og forbetre dei meteorologiske tenestene i Noreg. Mellom anna skjer det mykje internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar. Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT)

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, ECOMET, EuroGOOS og Hirlam)

Rapport for 2009

I 2009 vart kvaliteten på tenestene frå Meteorologisk institutt auka mellom anna gjennom eit nytt system i WMO for utveksling av data mellom medlemslanda. Vidare oppgraderte ECMWF modellkjøringane sine med høgre horisontal oppløysing. Dette gir eit mykje betre og nøyaktigare grunnlag for varslingstenestene. Meteorologisk institutt legg dessutan forholda til rette for at kommersielle aktørar i Noreg kan bruke produkta frå ECMWF i størst mogleg grad. EUMETNET vart i 2009 omdanna frå eit nettverk til ein Economic Interest Grouping (EIG) underlagd belgisk lov. Samarbeidet i EUMETNET er viktig for vidare utforminga av den meteorologiske strukturen og tenestene i Europa. I 2009 arrangerte instituttet eit møte om dette som førte til ei felles erklæring som fekk namnet Oslo Declaration, og som peiker mot ein meir open datapolitikk, i tråd med norsk politikk på området.

Budsjettforslag for 2011

EUMETSAT planlegg å setje i gang eit program for ein ny generasjon geostasjonære satellittar (Meteosat Third Generation). I 2011 vil det bli teke viktige avgjerder om instrumenteringa og rammene for neste generasjon satellittar i polar bane, noko som er av stor interesse for Noreg. Dette vil sannsynlegvis medverke til auka utgifter til EUMETSAT i åra som kjem. For 2011 legg departementet opp til at det auka finansieringsbehovet blir dekt ved bruk av ca. 4 mill. kroner frå fondsmidlane i EUMETSATs Working Capital Fund. Dette fondet er heimla i EUMETSATs statuttar og består av akkumulert budsjettoverskott. Kvart medlemsland har råderett over sin del.

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

52

Forskingsformål

1 271 845

1 210 985

1 181 930

55

Administrasjon

242 946

250 720

258 492

Sum kap. 285

1 514 791

1 461 705

1 440 422

Post 52 Forskingsformål

Forskingsrådet har i oppgåve å fordele midlar til forskingsprosjekt av høg kvalitet og relevans. Forskingsrådet har ei sentral rolle som forskingspolitisk rådgivar og har òg ein viktig møteplassfunksjon. Noregs forskingsråd er slik det viktigaste verkemiddelet regjeringa har for å sikre gjennomføring av forskingspolitikken.

Forskingsrådet har ansvaret for forsking innanfor alle fagområde og har eit breitt spekter av verkemiddel frå grunnforsking til innovasjon. Nokre verkemiddel er retta mot den einskilde forskaren eller verksemda, medan andre støttar senterdanningar og infrastruktur.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for Forskingsrådet er å sikre kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført, gjennom å nytte nasjonal konkurranse i fordelinga av forskingsmidlar. Dette skjer gjennom at midlane i hovudsak blir tildelte etter konkurranse etter ei vurdering av søknadene i internasjonale fagpanel. Berre dei prosjekta som får best vurdering, blir tildelte støtte. Forskingsrådet har vidare ei viktig rolle i å sjå ulike forskingsområde i samanheng, mellom anna ved å knyte saman anvend forsking og grunnforsking.

Forskingsrådet får løyvingar over budsjetta til 16 ulike departement, og finansierer i 2010 forsking for om lag 6,5 mrd. kroner. Det er utvikla ein felles målstruktur som skal gjelde for tildelingane frå alle departementa til Forskingsrådet. Målstrukturen byggjer opp under dei forskingspolitiske måla som vart presenterte i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning og handsama i Innst. S. nr. 354 (2008–2009). Dei forskingspolitiske måla og den nye målstrukturen til Forskingsrådet er nærmare omtalte i del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet. Dette kapitlet viser òg den samla satsinga på forsking i statsbudsjettet.

Omtalen under gjeld Kunnskapsdepartementets løyvingar til Forskingsrådet. Løyvingar frå dei største andre departementa er presenterte i del III kap. 5. På grunn av ny målstruktur vil rapportering om korleis Forskingsrådet har nytta løyvingane sine i 2009, relatere seg til ein annan målstruktur enn strukturen som gjeld for 2011.

Løyvingane til forsking over Kunnskapsdepartementets budsjett til Forskingsrådet går i all hovudsak over to kapittel: kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50. I tillegg tildeler departementet midlar til basisfinansiering til forskingsinstitutta over kap. 287 post 57 og til forsking om forsking over kap. 287 post 21. Løyvingane til utdanningsforsking over Kunnskapsdepartementets budsjett er omtalte under kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51 og kap. 258 post 21. Særskilde satsingar retta mot universitets- og høgskolesektoren er omtalte under kap. 281 post 50.

Kap. 285 post 52 er Kunnskapsdepartementets løyving til grunnforsking innanfor alle fagområde. Posten dekkjer midlar til den opne konkurransearenaen for framifrå forsking (tidlegare Fri prosjektstøtte), forskingsprogram, vitskapleg utstyr, internasjonaliseringstiltak og strategi- og informasjonsarbeid i Forskingsrådet. Forskingsløyvingane over denne posten er særleg retta inn mot å fremme kvalitet i breidda, det vil seie forsking av god kvalitet uavhengig av fagområde.

Kap. 286 post 50 gjeld overføring frå Fondet for forsking og nyskaping til Noregs forskingsråd, og finansierer m.a. tverrgåande hovudprioriteringar i forskingspolitikken. Nokre av programma til Forskingsrådet blir finansierte med midlar frå både kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50.

Mål for 2011

Målstrukturen for tildelingane til Forskingsrådet består av eit overordna mål (visjon), som er operasjonalisert i tre mål, med tilhørande delmål:

Overordna mål

Forskingsrådet skal medverke til at Noreg utviklar seg som kunnskapssamfunn. Noreg skal vere blant dei fremste samfunna når det gjeld å utvikle, dele og ta i bruk ny kunnskap. Forskinga skal skaffe kunnskap som kan auke verdiskaping og velferd, svare på samfunnsutfordringane og utvide grensene for erkjenninga.

Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

  • styrkt forsking på nasjonalt prioriterte område

  • styrkt breidd av langsiktig, grunnleggjande forsking og konsentrasjon av ressursar rundt den beste forskinga

  • styrkt breidd av forskingsbasert innovasjon og konsentrasjon av ressursar rundt dei beste forskings- og innovasjonsmiljøa

  • meir forsking i næringslivet, både i breidd og i spiss

  • styrkt forsking i tråd med kunnskapsbehovet til sektorane og forvaltninga

  • styrkt utbytte frå internasjonalt forskingssamarbeid

Mål 2: God ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

  • god samanheng mellom nasjonal forskingsinnsats og internasjonalt forskingssamarbeid

  • meirverdi gjennom effektiv utnytting av forskingsløyvingane

  • dynamisk og effektiv samhandling og arbeidsdeling i forskingssystemet

  • ivaretaking av eit strategisk ansvar for forskingsinstitutta

Mål 3: Resultata til forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

  • god og tilpassa forskingsformidling til allmenta og gode læringsarenaer mellom føretak, institutt, universitets- og høgskolesektoren, helseføretaka og forvaltninga

  • styrkt kommersialisering av forskingsresultat og auka innovasjonsevne og -takt i næringsliv og offentleg sektor

  • styrkt kunnskapsgrunnlag i det forskingsstrategiske og rådgivande arbeidet

Den felles mål- og resultatstrukturen er sett i verk frå og med budsjettåret 2010. På basis av desse måla er det også utvikla eit sett med styringsparametrar som er grunnlaget for den rapporteringa Forskingsrådet arbeider fram for departementa. Styringsparametrane er utvikla i forbindelse med tildelingsbreva for 2010. Departementa vil i samarbeid med Forskingsrådet utvikle det nye mål- og resultatstyringssystemet vidare.

Rapport for 2009

Mål 1: Å sørgje for at dei beste forskingsmiljøa får gode vilkår uavhengig av fagområde

Tildeling av midlar utelukkande gjennom kvalitativ konkurranse og utan å ta omsyn til tematiske prioriteringar gjer at dei beste forskingsmiljøa og dei beste forskarane får drive fram forskinga si. På denne måten sikrar ein at forskinga blir prega av høg kvalitet og mangfald.

Forskingsrådet sørgjer for dette gjennom å tildele midlar til verkemiddel som senter for framifrå forsking (SFF), senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), yngre framifrå forskarar (YFF), brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) og ved å tildele midlar til den opne konkurransearenaen for framifrå forsking (tidlegare fri prosjektstøtte). Ordninga med gåveforsterking er òg open for alle fagområde og bidreg likeins til ein viss grad til dette målet.

Kunnskapsdepartementet tildeler midlar til desse verkemidla over to postar: kap. 286 post 50 og kap. 285 post 52. Tabell 4.12 viser korleis dei ulike verkemidla blir finansierte over Kunnskapsdepartementets budsjett. Fleire av verkemidla får òg midlar frå andre departement. Til saman vart det løyvd 986 mill. kroner til finansiering av slike forskingsprosjekt over desse to kapitla i 2009. Dette utgjer om lag 47 pst. av den samla løyvinga over denne programkategorien frå Kunnskapsdepartementet. Dette er om lag på same nivå som i 2008, da delen var 48 pst.

Tildelinga av midlar gjennom Forskingsrådets opne konkurransearena for framifrå forsking sikrar at det er dei beste forskarane som får midlar – uavhengig av tema. Dette blir sikra ved at vurderinga av kva for prosjekt som skal få støtte, skjer etter nasjonal konkurranse. Dette verkemiddelet utgjer likevel berre ein liten del av den samla løyvinga til forskarinitiert forsking. Slik forsking blir i stor grad finansiert gjennom grunnløyvingane til universiteta og høgskolane. I tillegg er både dei ulike sentersatsingane og fleire program i Forskingsrådet viktige finansieringskjelder for den forskarinitierte forskinga.

Tildelinga til den opne konkurransearenaen for framifrå forsking er samla sett auka med 6 mill. kroner frå 2008 til 2009, og var i 2009 på om lag 454 mill. kroner. Midlane går til alle fagområde, der dei største er biologi og biomedisin og naturvitskap og teknologi. Det vart totalt søkt om midlar til 945 prosjekt, ein auke på ti pst. sidan 2008. Om lag 14 pst. av prosjekta vart tildelte midlar, noko som er på om lag same nivå som året før, da 15 pst. av prosjekta fekk tildelt midlar. Ser ein på søknadsbeløp, er delen på nær elleve pst., også dette på om lag same nivå som året før. Den høge kvaliteten på søknadene og omfanget av søknader viser at verkemiddelet er ein viktig nasjonal konkurransearena som bidreg til kvalitet.

Ordninga yngre framifrå forskarar (YFF) skal gi yngre talentfulle forskarar innanfor alle fagområde ekstra gode rammevilkår, slik at dei kan nå internasjonal toppklasse. Vitskapleg kvalitet på høgt internasjonalt nivå, og at prosjekta er nyskapande, er viktige kriterium for tildeling av midlar. Prosjekta kan vise til mange vitskaplege utgivingar i 2009, mellom anna 264 artiklar i vitskaplege tidsskrift med fagfellevurdering. Tilsvarande produksjon i 2008 var 179 artiklar. Eit anna teikn på høg kvalitet er at gjennom denne ordninga har ein ung norsk forskar nådd opp i konkurransen i den europeiske ordninga European Young Investigators Awards.

Ordninga senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) har til formål å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, samt å støtte langsiktig forsking som fremmer innovasjon og konkurransekraft i næringslivet. Ordninga starta opp i 2007 med 14 senter, og alle sentra har komme godt i gang med forskingsaktivitetar, det internasjonale samarbeidet og samarbeidet mellom partnarane i senteret. Ordninga legg til rette for at forskingsmiljøa på høgt internasjonalt nivå får samarbeide med verksemder innanfor ulike område, slik at innovasjonsevna i verksemda blir betre. Det skal i løpet av 2010 gjennomførast ei midtvegsevaluering av dei sentra som starta opp i 2007, og ein vil da kunne seie noko meir om korleis ordninga har verka.

Ordninga med senter for framifrå forsking (SFF) er eit av dei mest sentrale tiltaka for å fremme kvalitet og fornying i dei norske forskingsmiljøa. Både dei 13 opphavlege sentra frå 2002 og dei åtte nye sentra som vart etablerte i 2007, har vist stor aktivitet i 2009. Senterordninga har medverka til å få fram forsking i internasjonal toppklasse, og sentra har trekt til seg yngre framifrå forskarar frå inn- og utland. 21 pst. av det vitskaplege personalet er utlendingar.

Ordninga med brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) er ein open konkurransearena der fordelinga av midlane blir bestemd ut frå ei vurdering av forskingsinnhald, innovasjonsgrad, samfunnsnytte og verdiskapingspotensial. Kunnskapsdepartementet finansierer berre ein liten del av dette verkemiddelet. Størstedelen blir finansiert over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet, sjå Prop. 1 S (2010–2011) for Nærings- og handelsdepartementet.

Tabell 4.12 Noregs forskingsråds tildeling til dei ulike verkemidla under mål 1 i 2009

i 1 000 kroner

Verkemiddel

Kap. 285 post 52

Kap. 286 post 50

Senter for framifrå forsking

250 960

Senter for forskingsdriven innovasjon

140 000

Yngre framifrå forskarar

30 400

11 000

Brukarstyrt innovasjonsarena

20 000

Gåveforsterkingsordninga

80 000

Open konkurransearena for framifrå forsking (fri prosjektstøtte)

454 155

Sum

484 515

501 960

Gåveforsterkingsordninga skal stimulere til privat medfinansiering av langsiktig, grunnleggjande forsking, og fungerer slik at staten bidreg med 25 pst. gåveforsterking for private gåver på 3 mill. kroner eller meir til slik forsking ved eit universitet, ein høgskole med rett til å tildele doktorgrad, Noregs forskingsråd eller Det Norske Videnskaps-Akademi.

Tabellen under viser summen av gåver og gåveforsterking fordelt på mottakarar i 2009.

Tabell 4.13 Gåver og gåveforsterking per mottakar i 2009

(i 1 000 kroner)

Mottakar

Gåvebeløp

Gåveforsterking

Universitetet i Bergen

12 000

3 000

Universitetet i Tromsø

6 517

1 629

Universitetet i Stavanger

6 500

1 625

Universitetet i Oslo

28 500

7 125

Bedriftsøkonomisk institutt

3 600

900

Det Norske Videnskaps-Akademi

15 000

3 750

Noregs handelshøgskole

7 885

1 971

Noregs forskingsråd

12 408

3 102

Universitetet i Agder

8 000

2 000

Sum

100 410

25 102

Gåveforsterkingsordninga hadde i 2009 ei ramme på 80 mill. kroner. I 2009 utbetalte Forskingsrådet 25,1 mill. kroner i gåveforsterking for private gåver på til saman 100,4 mill. kroner. Omfanget av private gåver vil variere frå år til år. I tidlegare år har det vore fleire spesielt store gåver, derfor ser tala for 2009 noko låge ut. Ubrukte midlar innanfor ramma for 2009, 60 mill. kroner, har derfor vorte overførte til bruk for forskingsinfrastruktur. Dersom budsjettramma eitt år viser seg å vere for lita, blir det laga ei køordning, slik at ein gir gåveforsterking så snart det er midlar innanfor ramma. Tilsvarande som i budsjetta for 2009 og 2010 vil regjeringa også for 2011 foreslå at eventuelle ubrukte midlar i ordninga eitt år nyttast til investeringar i forskingsinfrastruktur året etter.

Mål 2: Å følgje opp dei tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingsmeldinga

Gjennom handsaminga av den førre forskingsmeldinga, St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning, jf. Innst. S. nr. 232 (2004–2005) vart det slått fast at dei tematiske områda energi og miljø, hav, mat og helse, og dei teknologiske områda bioteknologi, informasjons- og kommunikasjonsteknologi og nye materialar og nanoteknologi, er viktige prioriteringar i norsk forsking. Noregs forskingsråd følgjer opp dei tematiske og teknologiske prioriteringane og sørgjer for finansiering innanfor målretta verkemiddel. Dette er verkemiddel som har til hovudformål å styrkje forskinga innanfor eitt av dei tematiske eller teknologiske satsingsområda. I tillegg vil det også vere innsats der hovudformålet er eit anna, men der prosjektet likevel fell inn under desse områda. Tabell 4.14 viser kun den målretta innsatsen.

Dei tematiske og teknologiske prioriteringane blir mellom anna følgde opp gjennom Forskingsrådets bruk av løyvingane frå kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50. Ser ein på løyvingane frå alle departementa, var om lag 2,8 mrd. kroner brukte til målretta innsats på dei tematiske områda i 2009, og om lag 1 030 mill. kroner vart brukte til målretta innsats på dei teknologiske prioriteringane i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning.

Når det gjeld den målretta innsatsen over Kunnskapsdepartementets budsjett, vart om lag 692 mill. kroner brukte til oppfølging av dei tematiske områda i 2009, og om lag 453 mill. kroner til dei teknologiske prioriteringane. Innsatsen fordeler seg på fleire ulike målretta verkemiddel. Desse løyvingane speler slik ei sentral rolle på dei prioriterte områda, særleg innanfor bioteknologi, nye materialar, nanoteknologi og helse.

Tabell 4.14 Noregs forskingsråds målretta innsats på dei tematisk og teknologisk prioriterte områda1, kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50.

   

(i mill. kroner)

Område

Målretta innsats over kap. 285 post 52

Målretta innsats over kap. 286 post 50

Energi og miljø

95,5

208,9

Hav

11,9

24,2

Mat

9,6

48,8

Helse

176,9

116,1

IKT

61,3

31,1

Nye materialar og nanoteknologi

30,8

29,8

Bioteknologi

156,7

142,3

1 Det er noko overlapping mellom tala for løyvingar til tematiske område og løyvingar til teknologiske prioriteringar. Til dømes er det slik at nokre av løyvingane til bioteknologi også vil vere løyvingar til helse.

Over Kunnskapsdepartementets budsjett er dei tematiske områda energi og miljø og helse dei største, og dei som har auka mest.

Temaet helse dekkjer forsking innanfor mange fagområde, samt forsking for næringsretta verksemd og innovasjon. Over Kunnskapsdepartementets budsjett blir temaet helse støtta gjennom open konkurransearena for framifrå forsking, FUGE, NevroNor og EMBL-noden. I tillegg blir det nytta midlar til kommersialisering av FoU-resultat (FORNY). Forskingsrådet har også utarbeidd ein rapport om norske biobankar, Potensial for kommersiell utnyttelse av humane biobanker. Rapporten er ei oppfølging av rapporten Gode biobanker – bedre helse, som kom i 2008. Det har vore eit lavt forbruk av midlane til forsking om årsaker til sjukefråver, global helse og til dels stamceller. Dette skyldast først og fremst forseinkingar i oppstarten av programma.

Temaet energi og miljø dreier seg om utfordringane med å kombinere eit aukande energibehov med målet om reduserte utslepp av klimagass og miljøgifter. I 2009 gjekk i alt 304,4 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementets budsjett til målretta forsking på energi og miljø over kap. 285 og kap. 286, noko som er om lag 40 mill. kroner meir enn i 2008. Dette har gitt meir grunnforsking, rekruttering og vitskapleg utstyr på energi- og miljøfeltet. I tillegg kjem energi- og miljøforsking finansiert gjennom den opne konkurransearenaen for framifrå forsking, som ikkje er tematisk målretta. Om lag 24 mill. kroner av den målretta løyvinga frå Kunnskapsdepartementet til energi og miljø er direkte knytte til oppfølging av satsinga på fornybar energi og karbonfangst og -lagring i samband med klimaforliket. Som følgje av midlar frå tiltakspakken for arbeid i 2009, jf. Innst. S nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009), har Forskingsrådet fått til ei særskild satsing på offshore vindenergi, mellom anna gjennom forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) og RENERGI-programmet. Desse midlane gjekk også til å auke tildelinga til NORKLIMA-programmet og slik til meir kunnskap om klimautviklinga, konsekvensar av og tilpassing til klimaendringar.

Sterke nasjonale og globale utfordringar og interesser er knytte til dei polare områda. Det internasjonale polaråret (IPY) og den sterke norske kompetansen på feltet har gjort polarforskinga meir synleg og gitt viktige resultat i form av auka datatilfang, meir kunnskap og større kapasitet. Forskingsrådet har utarbeidd Policydokument for norsk polarforskning 2000–2012. Midlane frå Kunnskapsdepartementet bidreg også på temaområdet Hav, som dekkjer marin og maritim forsking på felt der Noreg òg ligg i internasjonal forskingsfront.

Innanfor dei teknologiske felta er bioteknologi det klart største området. Løyvinga frå Kunnskapsdepartementet fordeler seg ujamt på ulike verkemiddel innanfor prioriteringane, men for alle områda er grunnforskingsprogram, handlingsretta program og store program dei mest sentrale målretta verkemidla. Løyvinga til Simulasenteret (inkludert forskarskolen) er eit av dei viktigaste elementa som byggjer oppunder den teknologiske satsinga IKT. Her blir det også nytta midlar til programma VERDIKT, Kommunikasjon, IKT og medier (KIM) og eVitenskap, og fagkomiteen for teknologifag. Midlar til forsking på bioteknologi blir i hovudsak dekte gjennom det store programmet FUGE, Sars-senteret, EMBL-noden og open konkurransearena for framifrå forsking. For nye materialar og nanoteknologi er NANOMAT det viktigaste verkemiddelet, men også den opne konkurransearenaen for framifrå forsking blir nytta her.

I 2009 fekk Forskingsrådet gjennomført ei evaluering av Simula Research Laboratory, som er ein grunnpilar for IKT-forsking i Noreg. Komiteen som har evaluert Simula, er imponert over utviklinga i senteret sidan evalueringa i 2004 og gir det generelt ei framifrå vurdering. Evalueringsrapporten er send til Noregs forskingsråd, som skal leggje fram vurderinga si av Simula på grunnlag av evalueringa.

Mål 3: Å medverke til god og balansert rekruttering til norsk forsking, med vekt på postdoktornivået

Forskingsrådet bidreg til målet om god og balansert rekruttering gjennom særskilde verkemiddel for rekruttering og gjennom dei prosjekta Forskingsrådet finansierer. Rekrutteringsinnsatsen blir finansiert både av Kunnskapsdepartementet og av andre departement. Dette avsnittet omtaler den rekrutteringa som er finansiert av Kunnskapsdepartementet.

Samanlikna med 2008 har det vore ein auke på 17 pst. i talet på doktorgradsårsverk og ti pst. på postdoktorårsverk. Det vil seie at talet på doktorgradsårsverk har auka mykje meir enn talet på postdoktorårsverk, og at målsetjinga om ei rekruttering med vekt på postdoktornivået ikkje er oppfylt i den grad ein kunne ønskje. Ein god balanse mellom doktorgradsstipend og postdoktorstipend er viktig for å sikre tilstrekkeleg med kandidatar til dei toppstillingane som etter kvart blir ledige mange stader i forskingssystemet. For å sikre gode arbeidstilhøve for unge rekruttar er det også ei viktig målsetjing at flest mogleg blir tilsette som postdoktorar heller enn i andre og kortare former for midlertidige tilsetjingar.

For nokre fagområde er det vanskeleg å rekruttere på postdoktornivå, og nokre gonger må slike stipend gjerast om til doktorgradsstipend for at prosjektet skal kunne gjennomførast. Innanfor den opne konkurransearenaen for framifrå forsking er personlege postdoktorstipend prioriterte.

Delen kvinner blant stipendiatar og postdoktorar finansierte innanfor verkemidla til Kunnskapsdepartementet varierer stort mellom fagområda. Kvinnedelen er 30–45 pst. innanfor MNT-faga og 60 pst. eller høgre innanfor humaniora, samfunnsvitskap, medisin og helse.

Analysane til NIFU STEP viser at stipendiatar finansierte av Forskingsrådet gjennomfører på kortare tid, og at ein større del av dei fullfører innan fem år samanlikna med stipendiatar som blir finansierte direkte over universitets- og høgskolebudsjetta. Ei mogleg forklaring er at stipendiatar med midlar frå Forskingsrådet er knytte til prosjekt og forskargrupper med høg fagleg kompetanse som har vunne fram i ein konkurranse der berre dei beste oppnår finansiering. Dette gir stipendiatane eit godt læringsmiljø.

Fem rekrutteringsstipend er tildelte forsking i og for nordområda: to innanfor samisk forsking, to innanfor den opne konkurransearenaen for framifrå forsking og eitt innanfor romforsking.

Ordninga med nærings-ph.d. starta opp i 2008 og har vorte godt motteken av både næringsliv og akademia. Ordninga vart kraftig trappa opp i 2009 som ein del av tiltakspakken for arbeid og omfattar no alle bransjar og fagområde. I 2009 vart det løyvd midlar til om lag 70 nærings-ph.d.- stillingar over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Ordninga er framleis i ein utviklingsfase, og det har vist seg at det tek lengre tid enn venta å få inn søknader frå næringslivet. Forskingsrådet har sett i verk tiltak for å gjere ordninga meir kjend blant verksemdene og har som mål at talet på nærings-ph.d.-stillingar skal auke framover.

Mål 4: Å syte for hensiktsmessig nasjonal arbeidsdeling og prioritering i samband med store investeringar i vitskapleg utstyr og infrastruktur

For å få nytta ressursane best mogleg er god nasjonal koordinering av investeringar i avansert forskingsinfrastruktur viktig. Det viktigaste grepet Forskingsrådet har gjort for å nå målet om ein slik nasjonal arbeidsdeling, er implementeringa av strategien Verktøy for forsking. Strategien vart vedteken av Forskingsrådet i 2008, og vart i hovudtrekk stadfesta i St.meld. 30 (2008–2009) Klima for forskning. Gjennom denne strategien søkjer Forskingsrådet å få til ei betre samordning av investeringane slik at ressursane blir utnytta best mogleg. I budsjettet for 2009 vart det vedteke at delar av avkastninga frå den auka kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping skulle øyremerkjast til forskingsinfrastruktur for å setje i verk den nye strategien. Desse midlane vart lyste ut i 2009. Forskingsrådets ramme for den første utlysinga til forskingsinfrastruktur var på 500 mill. kroner. Resultata frå utlysinga er svært gode. Tildelingane i kategoriane for avansert vitskapleg ustyr (137 mill. kroner), e-infrastruktur (37 mill. kroner), vitskaplege databasar (65 mill. kroner) og ikkje minst storskala infrastruktur (210 mill. kroner) viser at den nye utstyrsstrategien har fått mange norske forskingsmiljø til å samle seg om felles søknader med gode planar for koordinert drift, godt i tråd med regjeringas ambisjon om betre samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i sektoren.

Måloppnåinga av satsinga på infrastruktur er med andre ord svært god.

Mål 5: Å medverke til styrkt internasjonalisering av norsk forsking

Internasjonalisering av norsk forsking pregar Forskingsrådets arbeid på fleire område. Satsinga på internasjonalisering av norsk forsking famnar blant anna om samarbeid innanfor EU, andre europeiske organisasjonar og bilaterale samarbeid. Forskingsrådet har laga ein internasjonal strategi i 2009 som vart send ut til høring i 2010. Her er eit av hovudmåla at internasjonalt samarbeid skal vere ein integrert del av all verksemd som blir finansiert av Forskingsrådet. I 2009 hadde Forskingsrådet ein samla prosjektportefølje på 6,5 mrd. kroner, der 26 pst. vart vurdert å medverke til internasjonalisering. Dette er ein auke frå 22 pst. i 2007.

Det har vore høg aktivitet knytt til norsk deltaking i EUs sjuande rammeprogram Forskingsrådet informerer og gir råd til aktørane. Forskingsrådet skaper møteplassar, koordinerer aktivitetar og rapporterer resultat frå deltakinga. Arbeidet omfattar i aukande grad aktivitetar og initiativ i randsona av det sjuande rammeprogrammet retta mot å medverke til utviklinga av det europeiske forskingsområdet – European Research Area. Forskingsrådet medverkar òg aktivt i arbeidet med å fylgje opp nye satsingar i EU på bakgrunn av ei grønbok frå 2007 om vidareutviklinga av det felleseuropeiske forskingsområdet. Noregs forskingsråd er nasjonal koordinator for den europeiske mobilitetsportalen EURAXESS, og har vidareutvikla denne portalen i samarbeid med forskingsinstitusjonane, Utlendingsdirektoratet, Skatteetaten og NAV. Eit viktig verkemiddel i Forskingsrådet for auka norsk deltaking i det sjuande rammeprogrammet er prosjektetableringsstøtta (PES), som er midlar som blir gitte i samband med utarbeiding av prosjektsøknader til rammeprogrammet. Denne ordninga har, per utgangen av 2009, gitt løyvingar på til saman 146,2 mill. kroner fordelt på 1 157 prosjekt.

Forskingsrådet har søkt å auke samspelet mellom nasjonale og europeiske satsingar, mellom anna gjennom deltaking i såkalla ERA-NET og initiativ baserte på artikkel 169 i EU-traktaten. Dette inneber koordinering av nasjonale forskingsaktivitetar ved at program med nasjonal finansiering blir knytte saman. Noregs forskingsråd deltek i 28 av 31 aktive ERA-NET med norsk deltaking. Åtte av desse er frå det sjuande rammeprogrammet. Resten er frå det sjette rammeprogrammet. Det er frå norsk side så langt totalt lagt inn 217,5 mill. kroner i felles utlysingar innanfor ERA-NET, og med store bidrag frå særleg RENERGI- og FUGE-programma.

Noregs forskingsråd sette i 2008 i verk tiltak for å styrkje norsk deltaking og utbytte av deltakinga i utlysingane til det nye europeiske forskingsrådet – European Research Council (ERC). Det vart etablert ei ordning med nasjonal finansiering av norske søkjarar som når heilt opp i den europeiske konkurransen men der det ikkje er tilstrekkeleg med midlar innanfor ERC til å tildele midlar. Ordninga gjeld berre den stipendtypen som rettar seg mot yngre forskarar, sjå kategoriinnleiinga for nærmare omtale av dei to ulike ERC-stipendtypane. Denne satsinga vart ført vidare i 2009, og resulterte i at tre søkjarar fekk slikt stipend. Ei ordning for auka norsk utnytting av mobilitetsordningane i det sjuande rammeprogrammet vart òg vidareført.

Auka deltaking av næringslivet står sentralt i det sjuande rammeprogrammet. Forskingsrådet har arbeidd for å fremme norsk deltaking i europeiske initiativ retta mot industrien, både innanfor det sjuande rammeprogrammet og i initiativ som ligg i randsona til rammeprogrammet. Eksempel på desse er teknologiplattformer og store felleseuropeiske teknologiinitiativ, såkalla «Joint Technology Initiatives», som sameiner privat og offentleg finansiering. EU har òg tiltak som skal hjelpe næringsliv og akademia med å omsetje resultat frå forsking og utvikling, mellom anna det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT), sjå kap. 288 post 74.

Det er aukande samarbeid mellom dei nordiske landa og EU og med Europa elles. I 2009 opna Forskingsrådet for søknader frå nordiske forskingsutførande institusjonar finansierte frå Nordisk Ministerråd eller frå forskingsinstitusjonar finansierte frå minst tre nordiske land, inkludert Noreg.

Forskingsrådet har i 2009 følgt opp det bilaterale samarbeidet med dei prioriterte landa USA, Canada, Kina, Japan, India, Russland, Sør-Afrika, Frankrike, Chile, Brasil og Argentina, mellom anna ved å medverke til planlegging og gjennomføring av møte under forskingsavtalane og andre faglege arrangement. Det bilaterale forskingssamarbeidet har òg vorte styrkt gjennom særskilde ordningar som BILAT-ordninga, retta mot dei prioriterte landa, og Internasjonale Stipend (IS), som har eit breiare nedslagsfelt. I 2009 vart eit nytt mobilitetsprogram for inngåande student- og forskarmobilitet frå 57 land (Yggdrasil) etablert, og eit treårig pilotprogram retta mot doktorgradsstipendiatar (Nordic Research Opportunity) oppretta.

Forskingsrådet skal sørgje for eit best mogleg utbytte av den norske medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar og anna samarbeid om stor infrastruktur. I 2009 finansierte Forskingsrådet følgjeforsking til CERN-relatert verksemd på i alt 20,5 mill. kroner, fordelte på tre langsiktige prosjekt. Noreg har tilsett ein Industry Liason Officer for å fremme industrikontraktar og teknologioverføring, og industrireturen har i 2009 auka til 22 pst., frå to pst. i 2005. Forskingsrådet har også etablert eit program for synkrotronforsking som bidreg til aktiv utnytting av medlemskapen i ESRF og ei sveitsisk-norsk strålelinje (SNBL).

Mål 6: Å drive systematisk fag- og disiplinevaluering

Forskingsrådet har følgt opp den femårsplanen som er utvikla for gjennomføring av evalueringar. I 2009 vart evalueringane av kjemi og rettsvitskap publiserte.

Fagevalueringane identifiserer mange gode norske forskingsmiljø, men peiker samstundes på at mange av miljøa er for små. Dette gjer at forskinga blir fragmentert. Behovet for ei tydeleg strategisk forskingsleiing blir også understreka i mange av evalueringane.

For oppfølging av fagevalueringane, er det laga ein systematikk med oppnemning av eit oppfølgingsutval eller ein fagplankomité. Det har også vorte vanleg å allokere budsjettmidlar til oppfølging, ofte som strategiske prosjekt som er forankra i institusjonane (ISP). I 2009 vart det utlyst ISP-midlar til oppfølging av fagevalueringane innanfor økonomi, historie og farmasi.

Mål 7: Å arbeide aktivt for likestilling

Det er eit mål at Forskingsrådet skal arbeide aktivt for likestilling. Forskingsrådet vedtok i 2007 eit policydokument for likestilling og kjønnsperspektivet i forsking. Dokumentet gjeld for perioden 2007–12 og inneheld mål for å fremme likestilling utanfor og i eigen organisasjon. I 2009 vart det fokusert på auka kompetanse og profilering internt og eksternt.

I fleire næringsretta program er det sett måltal for kvinnedelen blant prosjektleiarar og stipendiatar. Det er også utarbeidd kjønnsdelt statistikk over prosjektleiarar fordelte på fagområde, den opne konkurransearenaen for framifrå forsking og på doktorgrads- og postdoktorårsverk. Data syner at kjønnsfordelinga på søkjarane er skeiv, særleg på enkelte fagområde og i somme sektorar. Delen kvinnelege prosjektleiarar har auka frå 24 pst. til 26 pst. i løpet av perioden 2005 til 2009.

For dei styra i Forskingsrådet som har fullmakt til å løyve midlar, er delen kvinner 45 pst. Forskingsrådets rullerande handlingsplan for likestilling skal medverke til å betre statistikken og kunnskapen om kjønnsprofilen i verkemidla til og tildelingane frå rådet.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 285 post 52 med om lag 29 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2010. Reduksjonen er i hovudsak knytt til at løyvinga på 40 mill. kroner til ordninga med små driftsmidlar blir foreslått flytta til programkategori 07.60, sjå nærmare omtale under denne kategorien. Det er samstundes gjort tekniske endringar på posten som inneber ein reduksjon på 20,3 mill. kroner. Dette skriv seg frå at det blir flytt 20 mill. kroner frå kap. 285 post 52 til kap. 260 post 50 som følgje av at klimaforskingssenteret som skal opprettast i Bergen no skal høre inn under Universitetet i Bergen. Det blir òg foreslått flytta 325 000 kroner frå denne posten til kap. 280 post 50 for å samle løyvingane frå Kunnskapsdepartementet til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) på ein felles post. Departementet foreslår å redusere tildelinga til nærings-ph-d-ordninga med om lag 13,7 mill. kroner på grunn av lågare forbruk enn venta.

Innanfor løyvinga på posten foreslår regjeringa ein auke på 20 mill. kroner til den opne konkurransearenaen for framifrå forsking. Auken må sjåast i samanheng med den styrkinga på minst 40 mill. kroner som regjeringa foreslår innanfor løyvinga på kap. 286 post 50.

Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga til polarforsking med 20 mill. kroner som ei oppfølging av Svalbardmeldinga, Klimaforliket og Nordområdestrategien. Auken vil innebere at det totalt blir ei ramme på minst 45 mill. kroner til eit nytt Polarforskingsprogram, sjå kap. 286 post 50. Forsking knytt til Svalbard skal ha særleg vekt. Mellom anna har infrastruktursatsinga Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) styrkt Svalbard som ein plattform for norsk og internasjonal polar-, miljø- og klimaforsking. Samstundes er det naudsynt å koordinere forskingsinnsatsen for å unngå overlapp og redusere slitasjen på miljøet. Derfor er 5 mill. kroner av midlane øyremerkte til informasjonsverksemd og fagleg og praktisk forskingskoordinering i regi av Svalbard Science Forum.

Innanfor midlane til polarforskning vil det vere ei særskilt eittårig løyving på 3 mill. kroner til Universitetet i Tromsø og Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) for å utvikle eit klimaøkologisk observasjonssystem for arktiske tundraøkosystem (KOAT).

Vidare er det ein auke på 5 mill. kroner til å finansiere forskingssatsingar knytte til grunnlovsjubileet i 2014.

Post 55 Administrasjon

Administrasjonsløyvinga til Noregs forskingsråd blir finansiert av Kunnskapsdepartementet på vegner av alle departementa. I tillegg til denne løyvinga finansierer Forskingsrådet administrasjonsutgifter som er knytte til dei ulike programma, gjennom å bruke av det einskilde programbudsjettet.

Mål for 2011

Målet med løyvinga er at Forskingsrådet skal ha ei god personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane i høve til måla i Forskingsrådet.

Rapport for 2009

Løyvingane over posten var på 250,7 mill. kroner i 2009. I tillegg til denne løyvinga finansierer Forskingsrådet dei administrasjonsutgiftene som er knytte til dei ulike programma, gjennom å bruke av det einskilde programbudsjettet. Dei samla administrasjonsutgiftene var dermed på 386 mill. kroner i 2009. Dette utgjorde om lag seks pst. av dei samla løyvingane frå departementa til Forskingsrådet, noko som er på om lag same nivå som i dei to siste åra.

I perioden frå 2004 til 2009 har utgiftene til administrasjon nominelt vakse med 113 mill. kroner, der auken frå 2008 til 2009 var på nær 33 mill. kroner. I hovudsak skriv auken i dei siste åra seg frå nye årsverk, mellom anna knytte til Forskingsrådets oppfølging av klimaforliket og utviding av ordninga med regionale representantar. Forskingsrådet har i dei siste åra prioritert å få på plass gode IKT-løysingar. Systema for søknadshandsaming er no heilelektroniske. På denne måten er samhandlinga med søkjarar og andre brukarar effektivisert og forbetra. Jamlege undersøkingar sidan 2002 syner at brukarane i Forskings-Noreg er godt nøgde med tenestene.

I 2009 var 383,3 årsverk knytte til administrasjonen. Det er ein auke på 9,6 årsverk i høve til 2008. Delen kvinner er på same nivå som i 2008, med om lag 61 pst.

Det har i dei siste åra vore merksemd kring nivået på den likviditeten Forskingsrådet har i Noregs Bank. Tabell 4.16 i vedlegg 4 viser utviklinga i likviditeten for dei tre siste rekneskapsåra.

Likviditeten består i hovudsak av tre element:

  • Avsetning til dekning av påkomne kostnader som blir utbetale året etter

  • Avsetning av midlar til forskingsaktivitet som er utført, men som ikkje blir utbetalt før året etter (prosjektgjeld til utførte forskingsprosjekt)

  • Midlar som er inntektsført i Forskingsrådet men som ikkje fullt ut er sett i aktivitet i det året midlane vart løyvd, altså ei forskyving i bruken av midlane. Denne forskyvinga i bruken av midlane skyldast to forhold:

    • forseinkingar ute i forskingsprosjekta (mellom anna ute ved universiteta og høgskolane) slik at utbetalingane kjem i eit anna tempo enn budsjetteringa hadde lagt opp til

    • at midlar ikkje er fordelte vidare til det einskilde forskingsprosjekt

Merksemda kring overføring av likviditet frå eitt budsjettår til eit anna har vore knytt til dei midlane som er sette av til planlagd forskingsaktivitet. Ved utgangen av 2009 utgjorde dette i underkant av 1 mrd. kroner av Forskingsrådets totale likviditet på vel 2 mrd. kroner. Dette er på om lag same nivå som året før, men langt lågare enn ved utgangen av 2006 og 2007. I 2009 er beløpet i all hovudsak knytt til forseinkingar ute i forskingsprosjekta. Departementet er nøgd med utviklinga, men vil halde fram med å følgje opp Forskingsrådet på dette punktet.

Departementet understrekar at det er naturleg at Noregs forskingsråd har nokon overførte midlar frå år til år. Den viktigaste rolla til Forskingsrådet er å fordele forskingsmidlar vidare ut i forskingssektoren etter nasjonal konkurranse og slik sørgje for kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført. Dette krev god planlegging og strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging. Gode prosessar krev igjen tid, og frå utlysing av eit program til utbetaling, via søknad og kvalitetsvurdering og tildeling, går det nærmare eitt år.

Som ein del av forvaltningsrevisjonen til Riksrevisjonen av dei handlingsretta programma i Forskingsrådet hadde Riksrevisjonen merknader til styring av og formidling av resultata i desse programma. Forskingsrådet har sett i verk fleire tiltak som oppfølging av desse merknadene. Mellom anna har Forskingsrådet utarbeidd eit styringssystem for verksemda og laga ein kommunikasjonsstrategi.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga til administrasjon av Noregs forskingsråd blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Kap. 286 Forskingsfond

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

50

Fondet for forsking og nyskaping, overføring til Noregs forskingsråd

934 580

1 049 460

1 207 573

60

Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

212 400

219 000

95

Fondskapital – Fondet for forsking og nyskaping

6 000 000

5 000 000

3 000 000

96

Fondskapital – Regionale forskingsfond

6 000 000

Sum kap. 286

12 934 580

6 261 860

4 426 573

Post 50 Fondet for forsking og nyskaping, overføring til Noregs forskingsråd

Mål for 2011

Måla for kap. 286 post 50 er i stor grad overlappande med måla for kap. 285 post 52. For nærmare omtale av måla, sjå derfor dette kapitlet. Eit viktig mål for løyvinga er å gi rom for å finansiere dei overordna forskingspolitiske prioriteringane slik dei er omtalte i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning.

Rapport for 2009

Måla for kap. 286 post 50 er i stor grad overlappande med måla for kap. 285 post 52. Rapportering om måloppnåing og ei oversikt over kva for mål som gjeld for 2011, er derfor omtalte samla under kap. 285 post 52.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å auke løyvinga over kap. 286 post 50 med 158,1 mill. kroner. Auken kjem som følgje av auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. også kap. 3286 post 85.

Både i 2009 og 2010 vart avkastninga av to tredelar av kapitalauken i fondet øyremerkt til forskingsinfrastruktur. Som følgje av dette blir det ein auke i løyvinga til forskingsinfrastruktur på 136,3 mill. kroner gjennom Forskingsrådet i 2011. Av dette skriv om lag 132 mill. kroner seg frå 2010-innskottet, medan resten er heilårsverknad av 2009-innskottet. Løyvinga skal nyttast både nasjonalt og internasjonalt i tråd med den ansvarsdelinga som gjeld mellom institusjonane og Noregs forskingsråd.

Vidare blir 5,6 mill. kroner av auken foreslått nytta til programmet Utdanning 2020. Denne løyvinga skal liggje fast gjennom heile programperioden. Sjå også omtale under programkategori 07.50. Innanfor løyvinga på posten skal òg den opne konkurransearenaen for framifrå forsking styrkjast med minst 40 mill. kroner slik at den samla auken blir på minst 60 mill. kroner, sjå også omtale på kap. 285 post 52. Departementet foreslår i tillegg at løyvinga skal dekkje ei ny utlysing av ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Innanfor løyvinga skal vidare minst 25 mill. kroner nyttast til i gangsetjing av eit nytt polarforskingsprogram, sjå omtale på kap. 285 post 52.

På grunn av ny rente på dei to første kapitalinnskotta i Fondet for forsking og nyskaping blir overføringa frå fondsavkastninga til Forskingsrådet redusert med 36,6 mill. kroner i 2011, sjå omtale under kap. 3286 post 85.

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

Mål for 2011

Dei regionale forskingsfonda skal styrkje forskingsevna gjennom regional forsking og innovasjon. Fonda skal medverke til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til auka kvalitet i forskinga. Fonda skal møte FoU-behov i fylka ved å støtte FoU-prosjekt initierte av offentlege og private aktørar.

Rapport for 2009

Dei regionale forskingsfonda vart oppretta 1. januar 2009 med ein fondskapital på 6 mrd. kroner. Avkastninga var i 2010 på 212,4 mill. kroner. Det er etablert følgjande fondsregionar:

Tabell 4.15 Fondsregionar, vertsfylkeskommunar og deltakande fylkeskommunar

Fondsregion

Vertsfylkeskommune

Fylkeskommunar

Nord-Noreg

Troms

Finnmark, Troms og Nordland

Midt-Noreg

Sør-Trøndelag

Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal

Innlandet

Hedmark

Hedmark og Oppland

Hovudstaden

Akershus

Oslo og Akershus

Oslofjordfondet

Vestfold

Østfold, Vestfold, Buskerud og Telemark

Agder

Aust-Agder

Aust-Agder og Vest-Agder

Vestlandet

Hordaland

Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane

Ved behandlinga av statsbudsjetta for 2009 og 2010 slutta Stortinget seg til forslaga frå regjeringa om styring og administrasjon av dei regionale forskingsfonda. Stortinget slutta seg vidare til forslaget om reglar for fordeling av midlane mellom fondsregionane.

Styring og administrasjon av dei regionale forskingsfonda skjer på grunnlag av ein modell for vertskommunesamarbeid som er nedfelt i kommunelova § 28c. Denne modellen blir nytta i anna interkommunalt samarbeid og inneber at dei fylkeskommunane som deltek i samarbeidet, delegerer myndigheit til å forvalte dei regionale forskingsmidlane til ei felles folkevald nemnd. Nemnda blir i ordninga kalla fondsstyre.

Kunnskapsdepartementet fastsette i 2009 retningslinjer for dei regionale forskingsfonda. Retningslinjene gir styringslinjer og omtaler aktørane i ordninga, deira oppgåver og ansvarsområde samt grunnleggjande krav til administrering og styring av midlane i ordninga.

I løpet av 2009 og 2010 har kvar fondsregion oppretta fondsstyre, peikt ut vertsfylkeskommune og etablert eit fondssekretariat. Fondsstyra har lyst ut forskingsmidlar, og dei første tildelingane har skjedd hausten 2010.

Noregs forskingsråd har i samarbeid med fondssekretariata utvikla felles IKT-løysingar for elektronisk søknadsbehandling og levert andre støttetenester til dei regionale fondsstyra.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å løyve 219 mill. kroner på denne posten. Det er 6,6 mill. kroner meir enn løyvinga i 2010. Auken skriv seg frå at fondskapitalen i 2010 har forrenta seg eit heilt år slik at talet på rentedagar blir høgre enn i 2009.

Tabell 4.16 Fordeling av midlane til fondsregionar og Noregs forskingsråd

(i 1 000 kroner)

Mottakar og formål

Vertsfylkeskommune

Beløp

Noregs forskingsråd for dekning av årlege administrative meirutgifter knytte til ordninga

8 700

Noregs forskingsråd for fordeling til samarbeidsprosjekt i regionane

31 545

Fondsregionar:

– Nord-Noreg

Troms

31 920

– Midt-Noreg

Sør-Trøndelag

24 959

– Innlandet

Hedmark

15 416

– Hovudstaden

Akershus

28 190

– Oslofjordfondet

Vestfold

33 833

– Agder

Aust-Agder

13 685

– Vestlandet

Hordaland

30 752

Totalt

219 000

Fem pst. av midlane er sette av til dei tre nordlegaste fylka som ein del av nordområdesatsinga til regjeringa. Om lag 15 pst. av midlane blir fordelte til dei fonda som har best kvalitet på FoU-prosjekta, og til samarbeidsprosjekt mellom fleire fond. Om lag 80 pst. av samla avkastning blir fordelt etter faste kriterium på denne måten: Halvparten blir fordelt mellom fondsregionane som ei lik fordeling per fylke, og halvparten blir fordelt mellom fondsregionane etter folketal.

Til frådrag i samla årleg avkastning kjem midlar som blir tildelte direkte frå Kunnskapsdepartementet til Forskingsrådet. Forskingsrådet skal mellom anna sørgje for kvalitetssikring av søknadsbehandlinga til dei regionale fondsstyra og medverke til læring og erfaringsutveksling mellom dei ulike fondsregionane. Dei regionale representantane til Forskingsrådet skal yte hjelp til fondsstyra i arbeidet deira. Dei årlege meirutgiftene til Forskingsrådet er på om lag 8,7 mill. kroner. Desse utgiftene er trekte frå dei midlane som blir stilte til disposisjon for fondsstyra.

Om lag 15 pst. av den resterande avkastninga skal finansiere forsking i dei fondsregionane som har best kvalitet på prosjekta sine, og samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane. Midlane skal fordelast gjennom Forskingsrådet. I 2011 skal midlane nyttast til samarbeidsprosjekt og til eventuell utlysing av regionale problemstillingar i nasjonale forskingsprosjekt.

I dei to første driftsåra skal maksimalt ti pst. av dei midlane som blir tildelte direkte frå Kunnskapsdepartementet til kvar fondsregion, gå til å dekkje administrasjonskostnadene til fylkeskommunane. Omfanget av administrasjonsutgifter skal reduserast til maksimalt sju pst. etter eit par års drift.

Post 95 Fondskapital – Fondet for forsking og nyskaping

Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå 1. januar 2010 ein fondskapital på 77 mrd. kroner. Fondet skal medverke til å oppfylle dei overordna prioriteringane i forskingspolitikken, og midlane blir nytta til mange ulike formål og løyvde på mange ulike budsjettkapittel. Fondet har i dei siste åra vore eit viktig instrument for å styrkje løyvingane til forsking. Framfor alt har midlane gått til satsingar som betrar kvaliteten i norsk forsking.

Departementet foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3 mrd. kroner frå 1. januar 2011, slik at samla kapital blir 80 mrd. kroner. Dersom renta held seg på same nivå som i dag, vil dette gi ein årleg auke i avkastninga på om lag 100 mill. kroner.

Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping er plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarer renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.

Post 96 Fondskapital – Regionale forskingsfond

Regionale forskingsfond vart oppretta frå 1. januar 2009 med ein kapital på 6 mrd. kroner. Kapitalen er plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarer renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.

Avkastninga skal fordelast til regionale einingar, jf. omtale under post 60.

Kap. 3286 Forskingsfond

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

85

Avkastning – Fondet for forsking og nyskaping

3 373 280

3 558 160

3 725 960

86

Avkastning – Regionale forskingsfond

212 400

219 000

Sum kap. 3286

3 373 280

3 770 560

3 944 960

Kapitlet gjeld avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping og avkastning frå Regionale forskingsfond, jf. kap. 286.

Post 85 Avkastning – Fondet for forsking og nyskaping

Avkastninga i Fondet for forsking og nyskaping aukar med 167,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2010. Avkastninga aukar isolert sett med 197,8 mill. kroner som følgje av kapitalauken på 5 mrd. kroner i 2010. Samstundes blir avkastninga frå både det første og det andre kapitalinnskottet redusert med til saman 36,6 mill. kroner. Dette skriv seg frå at det er ti år sidan desse innskotta vart sette inn, slik at det blir fastsett ei ny rente i tråd med renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid. I tillegg er det teke omsyn til at kapitalinnskottet frå 2009 på 6 mrd. kroner no får full heilårsavkastning, noko som gir 6,6 mill. kroner meir i avkastning samanlikna med 2010. Avkastninga frå Forskingsfondet vil i 2011 bli fordelt på følgjande måte:

  • 765,7 mill. kroner i forskingsløyvingar til universitet og høgskolar over kategori 07.60

  • 1 207,6 mill. kroner til Noregs forskingsråd over kap. 286 post 50

  • 1 005,8 mill. kroner til Noregs forskingsråd over kap. 285 post 52

  • 711 mill. kroner til ulike internasjonale kontingentar over kap. 288, postane 72, 73 og 74

  • 35,9 mill. kroner til Noregs forskingsråd over kap. 920 post 50 på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet

Post 86 Avkastning – Regionale forskingsfond

Avkastninga frå regionale forskingsfond blir på 219 mill. kroner i 2011. Dette er ein auke på 6,6 mill. kroner frå 2010 og skriv seg frå at fondskapitalen som vart sett inn i 2009, har forrenta seg eit heilt år slik at talet på rentedagar blir høgre enn i 2009. Løyvinga blir utgiftsført med same beløp på kap. 286 post 60, jf. omtale på denne posten.

Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

21

Særskilde driftsutgifter

4 766

8 657

8 925

53

NUPI

3 250

3 954

4 077

56

Ludvig Holbergs forskingspris

9 126

9 100

9 100

57

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

136 689

147 128

168 858

58

Strategisk løyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

15 410

15 903

71

Tilskott til andre private institusjonar

29 536

30 481

31 926

73

Niels Henrik Abels matematikkpris

12 436

12 400

12 400

Sum kap. 287

211 213

227 623

235 286

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Målet med løyvinga er å medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken.

I 2009 er løyvinga mellom anna nytta til å finansiere arbeidet med St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, som vart lagd fram i april 2009, og til evaluering av Noregs deltaking i EUs sjette og delar av sjuande rammeprogram for forsking.

Løyvinga er òg nytta til å finansiere forskingssatsinga Forskning, innovasjon og økonomisk vekst (Vekstforsk), som skal styrkje samfunnsøkonomiske og innovasjonsteoretiske forskingsmiljø. Vekstforsk blir avslutta i 2011.

Nokre av midlane er dessutan nytta til å støtte forskingsprosjektet Et kunnskapsbasert Norge. Prosjektet studerer næringar og regionar og samspelet mellom kunnskap, kapital og industrielle aktørar og kartlegg kor viktig FoU-aktørar og kunnskapsmessige koplingar er for sterke næringsklynger. Prosjektet vil vere ferdig i 2011.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Post 53 NUPI

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har til formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale tilhøve. Grunnløyvinga til NUPI er frå og med 2009 flytt til kap. 287 post 57. Frå same år blir post 53 nytta til å finansiere NUPIs nasjonale informasjonsoppgåver, mellom anna instituttet si rolle som formidlar til barn og unge i alderen 15–25 år. Målet for denne ordninga er å medverke til at NUPI skal vere eit leiande miljø for presentasjon av og diskusjon om internasjonal politikk.

I tråd med målsetjinga for informasjonsarbeidet legg NUPI stor vekt på å vere synleg og å delta i det offentlege ordskiftet. NUPI arrangerte nærmare 90 seminar og konferansar i 2009. Av desse var 33 større konferansar eller seminar med meir enn 70 deltakarar. Forskarane ved NUPI har også i 2009 vore mykje nytta som kjelder, kommentatorar og ved å setje dagsordenen i media og har i snitt hatt to aviskronikkar kvar på trykk i 2009.

NUPI legg særleg vekt på å spreie informasjon til barn og unge i alderen 15–25 år. Den viktigaste kanalen i dette arbeidet er nettstaden hvorhenderdet.nupi.no. Nettstaden har eit nyhendebrev som ved utgangen av året hadde over 4 000 mottakarar. I tillegg er det oppretta ei eiga Facebook-gruppe for nettstaden. Besøk frå vidaregåande skolar frå heile landet er også ein viktig kanal for rekruttering til nettstaden, ved sida av verdien den direkte formidlinga overfor målgruppa har i seg sjølv.

Departementet er nøgd med måloppnåinga til NUPI i 2009.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2010.

Post 56 Ludvig Holbergs forskingspris

Løyvinga blir finansiert av avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 3287 post 86. Midlane over posten blir tildelt Universitetet i Bergen.

Ludvig Holbergs forskingspris er ein internasjonal, vitskapleg pris innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisen skal auke merksemda kring samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking og medverke til kvalitetsheving og internasjonalisering av forskinga på desse områda.

Prisen vart delt ut for første gong i 2004, og skal auke merksemda kring samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking og fremme kvalitet og internasjonalisering av desse fagområda. Prisen blir delt ut kvart år, og prisbeløpet er på 4,5 mill. kroner. Fondsavkastninga finansierer òg ulike arrangement i samband med prisutdelinga, ein eigen nordisk pris for yngre forskarar på same fagområde (Nils Klimprisen) og arrangement retta mot barn og unge. I 2009 gjekk Holberg-prisen til professor Ian M. Hacking for banebrytande arbeid innanfor filosofi og vitskapsteori.

Budsjettforslag for 2011

Den avkastninga frå Holbergfondet som er opparbeidd i 2010 til bruk i 2011, vil vere på 9,1 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 86.

Post 57 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Ordninga med basisløyving til forskingsinstitutta vart innført i 2009, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet, som eit ledd i å styrkje forskingsevna i denne delen av det norske forskingssystemet.

Basisløyvinga til forskingsinstitutta kan bestå av to element: ei grunnløyving og ei strategisk satsing. Tidlegare var det ein post for kvar av desse to elementa. Frå 2011 er dei strategiske midlane til dei samfunnsvitskaplege institutta gjorde om til grunnløyving. For nærmare omtale av bakgrunnen for denne endringa, sjå post 58.

På bakgrunn av endringa blir rapporten om grunnløyvinga og den strategiske løyvinga for 2009 gjort samla, det vil seie i tråd med den nye poststrukturen.

Grunnløyvinga består av ein fast del og ein resultatbasert del. Den resultatbaserte delen skal medverke til å stimulere til god balanse mellom kvalitet og relevans, og blir fordelt etter oppnådde resultat på følgjande indikatorar:

  • vitskapleg publisering

  • samarbeid med universitet og høgskolar (avlagde doktorgrader og bistillingar)

  • internasjonale inntekter

  • inntekter frå Noregs forskingsråd

  • nasjonale oppdragsinntekter

Alle indikatorane blir vekta mot ein relevanskomponent. Denne er definert som summen av internasjonale inntekter, inntekter frå Forskingsrådet og nasjonale oppdragsinntekter som del av dei samla forskingsinntektene ved institutta (eksklusive finansinntekter).

Det einskilde sektordepartementet kan løyve midlar til strategiske satsingar i tilfelle der det er naudsynt å utvikle langsiktig kunnskap og kompetanse på forskingsfelt av spesiell interesse for sektorane, og som ikkje lèt seg realisere gjennom andre finansieringsordningar. Den strategiske satsinga kan utgjere inntil ti pst. av basisløyvinga. Sjå også omtale under post 58 under.

Kunnskapsdepartementet har det overordna finansieringsansvaret for grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta. For å kunne delta i ordninga må eit institutt vere kvalifisert etter dei faglege kriteria som er fastsette i retningslinjer for statleg basisfinansiering av forskingsinstitutt av 19. desember 2008, og det må stillast ei basisløyving til rådvelde. Det er Noregs forskingsråd som på oppdrag frå departementet vurderer kva institutt som er fagleg kvalifiserte når ei slik løyving er på plass.

Oversikt over kva for institutt som mottek statleg basisløyving, går fram av vedlegg 5.

Mål for 2011

Formålet med basisløyvinga er å sikre ein sterk instituttsektor som kan tilby næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet. Basisløyvinga skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging, og skal medverke til at forskinga får auka kvalitet, at institutta styrkjer si rolle som leverandør av anvendt forskning og den internasjonale verksemda, og at institutta samarbeider betre med norske universitet og høgskolar.

I 2011 vil ti pst. av grunnløyvinga til institutta bli omfordelte etter oppnådde resultat på dei indikatorane som er nemnde over.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å løyve om lag 168,9 mill. kroner over denne posten. Av dette skriv om lag 16,4 mill. kroner seg frå at løyvinga på kap. 287 post 58 er foreslått lagd inn i grunnløyvinga. I tillegg er det rammeoverført 773 000 kroner frå kap. 920 post 50 på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet til denne posten. I tillegg kjem grunnløyvinga til Christian Michelsens Institutt på om lag 13,4 mill. kroner, som blir løyvde over kap. 165 post 70 på budsjettet til Utanriksdepartementet. Kunnskapsdepartementet kan nytte denne løyvinga gjennom ei ordning med årleg belastningsfullmakt.

Post 58 Strategisk løyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

I Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet varsla regjeringa at prioriteringane framover skulle bli meir heilskaplege, og at ein skulle vurdere ein eventuell utlysing av nye strategiske satsingar etter at dei eldre kontraktane om strategiske satsingar var løpte ut, tidlegast i 2011.

Noregs forskingsråd har ei rekkje finansieringsordningar som er strategisk styrte, og som blir tildelte etter institusjonsnøytral konkurranse. Regjeringa foreslår derfor at den strategiske delen av basisløyvinga til dei samfunnsfaglege institutta blir fordelt som grunnløyving over kap. 287 post 57 frå 2011.

Budsjettforslag for 2011

Med bakgrunn i at midlane på posten frå 2011 går inn i grunnløyvinga, er heile løyvinga flytt til kap. 287 post 57.

Rapport for 2009 post 57 og 58

Regjeringa innførte i 2009 eit nytt basisfinansieringssystem for instituttsektoren, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet.

Formålet med basisfinansieringa er å fremme kvalitet og gi institutta rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Grunnløyvinga skal nyttast til dei kvalitetsfremmande formåla og aktivitetane slik dei er fastsette i «Retningslinjer for statlig basisfinansiering av forskningsinstitutter».

I oppstartsåret 2009 var det berre nye midlar på om lag 3 mill. kroner som vart fordelte mellom institutta etter oppnådde resultat. Fordelinga førte til at grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta gjennomsnittleg vart styrkt med 2,6 pst. samanlikna med løyvinga i 2008. Samfunns- og næringslivsforsking AS (SNF) fekk størst auke med 6,3 pst., og dernest kom Agderforskning med 3,8 pst. auke. Minst styrking hadde NUPI med 0,4 pst. og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) med 1 pst.

Post 71 Tilskott til andre private institusjonar

Posten dekkjer tilskott til Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Norske Videnskabs-Akademi i Oslo (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim (DKNVS Akademi), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse (DKNVS Stiftelse), vitskaplege fond og Egede Instituttet.

Mål for 2011

Målet med tilskotta er at dei skal medverke til at forskingsinstitusjonane held fram med eller styrkjer den faglege verksemda si og kompetansenivået sitt. Tilskottet til DNVA har også som mål å medverke til auka merksemd om forsking generelt og til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar. DNVA har i tillegg ansvaret for å administrere utdelinga av Abelprisen og dei tre Kavliprisane innanfor astrofysikk, nevrovitskap og nanovitskap. Utgifter til Abelprisen blir løyvde over kap. 287 post 73.

Rapport for 2009

Rapporteringa for 2009 viser at alle forskingsinstitusjonane har halde fram med den faglege verksemda si.

Senter for grunnforskning har auka tilskottet til forskargruppene sine og har dessutan betra kontakten og gjort senteret meir synleg for publikum, offentlege styresmakter og andre samarbeidspartnarar. DNVA har delteke aktivt i den offentlege debatten om forskingspolitikk og har mellom anna slik auka merksemda om forsking generelt. Gjennom etableringa av Den internasjonale akademiforelesinga i humaniora og samfunnsfag og eit internasjonalt symposium innanfor humaniora og samfunnsfag har Akademiet medverka til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar. DNVA har ansvaret for å administrere utdelinga av Abelprisen i matematikk, jf. omtale under post 73, og Kavliprisane innanfor astrofysikk, nevrovitskap og nanovitskap. Kavliprisane skal fremme grensesprengjande frontforsking og internasjonalt samarbeid. Dei tre prisane blir tildelte annakvart år, sist i september 2010, da dei vart delte mellom åtte ulike forskarar.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å auke løyvinga til DNVA med 500 000 kroner knytt til at DNVA frå 2011 tek over ansvaret for kostnader til fagkomiteane for Kavliprisen.

(i 1 000 kroner)

Institusjon

2009

2010

2011

Senter for grunnforskning

16 080

16 590

17 100

Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo

12 230

12 620

13 516

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim

355

366

375

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse

380

395

410

Vitskaplege fond

150

155

160

Egede Instituttet

341

355

365

Sum

29 536

30 481

31 926

Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris

Løyvinga blir finansiert av avkastninga frå Niels Henrik Abels minnefond, jf. kap. 3287 post 85. Løyvinga går til å dekkje sjølve prisbeløpet og ulike arrangement knytte til prisutdelinga. Avkastninga blir disponert av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Abelprisen er ein internasjonal pris for framifrå matematisk forsking. Prisen skal medverke til å auke interessa for matematikk og realfag i samfunnet, særleg blant barn og unge.

Abelprisen har vorte delt ut kvart år sidan 2003. Prisen er på 6 mill. kroner. Resten av avkastninga blir nytta til ulike arrangement i samband med prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for matematikk i samfunnet. I 2009 gjekk prisen til Mikhail Leonidovich Gromov for hans revolusjonerande bidrag til geometri.

Budsjettforslag for 2011

Den avkastninga frå Abelfondet som er opparbeidd i 2010 til bruk i 2011, vil vere på 12,4 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 85.

Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

85

Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond

12 436

12 400

12 400

86

Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond

9 126

9 100

9 100

Sum kap. 3287

21 562

21 500

21 500

Kapitlet gjeld avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond og Niels Henrik Abels minnefond, jf. kap. 287 postane 56 og 73.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

21

Særskilde driftsutgifter

5 092

6 564

6 817

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

197 151

196 887

203 312

73

EUs rammeprogram for forsking, kan overførast

1 187 004

1 235 864

1 136 673

74

Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast

1 125

4 977

8 627

75

UNESCO

17 092

19 009

19 393

Sum kap. 288

1 407 464

1 463 301

1 374 822

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Det er eit mål at Noreg deltek aktivt innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. Løyvinga skal mellom anna dekkje kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD, samt til utgifter knytte til deltaking i UNESCO. Løyvinga vil òg bli nytta til å dekkje utgifter i forbindelse med rehabiliteringa av Noregs hus i Paris, Cité Universitaire Internationale de Paris (CIUP).

I desember 2008 vart det åttande høgnivåmøtet Utdanning for alle gjennomført i Oslo, og ein del av løyvinga har vore nytta til etterarbeid i forbindelse med møtet. Det vart også gitt løyving til World Science Forum Bergen, som vart arrangert i mai 2009. Arbeidet med rehabiliteringa av Noregs hus i Paris vart starta i 2009 og skal etter planen vere ferdig i løpet av hausten 2010. Den siste betalinga vil skje i 2011.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som i 2010.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Mål for 2011

Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til å nå overordna mål for norsk forskingspolitikk, inkludert styrkt kvalitet, rekruttering og internasjonalisering av norsk forsking.

Rapport for 2009

Medlemskapen i Organization for Nuclear Research (CERN), European Molecular Biology Laboratory (EMBL), European Molecular Biology Conference (EMBC), European Syncrothron Radiation Facility (ESRF) og International Agency for Research on Cancer (IARC) sikrar norske forskarar tilgang på avansert forskingsinfrastruktur. Forskingsrådet har eit særleg ansvar for norsk deltaking, inkludert oppfølging og spreiing av resultat av deltakinga, jf. omtale under kap. 285.

Følgjeforsking knytt til medlemskapen i desse organisasjonane blir finansiert over kap. 285 post 52.

CERN er eit av dei største laboratoria i verda for eksperimentelle studium innanfor kjerne- og elementærpartikkelfysikk. Verdas kraftigaste partikkelakselerator – Large Hadron Collider/LHC – vart starta opp i 2009. Om lag 70 norske studentar, stipendiatar og forskarar og elleve tekniske studentar arbeidde ved CERN i 2009, og 14 nordmenn var tilsette ved hovudkvarteret i Genève. I tillegg har Noreg tre doktorgradsstudentar og åtte fellows som blir finansierte av CERN. Forskingsrådet finansierte følgjeforsking for til saman 20,5 mill. kroner, fordelte på tre langsiktige prosjekt. Evalueringar gjennomførte i 2009 viser at dei norske CERN-prosjekta held høg kvalitet.

EMBL er den viktigaste europeiske organisasjonen innanfor molekylærbiologi, og medlemskapen er av stor verdi for norske forskingsmiljø innanfor livsvitskapane. EMBL har opna for partnarskapsavtalar med framifrå forskingsmiljø i medlemslanda, og Noreg er representert ved to av seks partnarskapsavtalar gjennom Sars International Centre for Marine Molecular Biology og Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM), som utgjer den norske noden i ein nordisk partnarskapsavtale med EMBL. Dei første gruppeleiarane vart tilsette ved den norske noden i 2009, og sju norske forskarar fekk status som NCMM Associate Investigators. Kontingenten til EMBC finansierer mellom anna stipendprogram, kurs, workshops og konferansar, og i 2009 tok 35 nordmenn del i ulike aktivitetar.

Medlemskapen i ESRF er organisert gjennom eit nordisk konsortium (NORDSYNC) og gjer at norske forskarar får drive materialforsking og livsvitskap som krev avansert røntgenstråling. Gjennom ESRF er norske forskarar også med i eit sveitsisk-norsk samarbeid om ei eiga strålelinje (SNBL). Forskingsrådet finansierte i 2009 norsk følgjeforsking ved ESRF og SNBL for til saman 5,5 mill. kroner, og elleve prosjekt vart finansierte. Medlemskapen i ESRF blir godt utnytta av Noreg og dei andre nordiske partnarane i konsortiet.

IARC er eit internasjonalt kreftinstitutt knytt til Verdas helseorganisasjon. Den største nasjonale nytta av Noregs medlemskap ligg i det generelle bidraget organisasjonen gir til kreftforskinga, som spenner frå laboratoriebasert til epidemiologisk forsking. Norske forskarar samarbeider med fleire av forskargruppene ved instituttet, og Noregs delegat til IARC vart i 2009 vald opp att som leiar for styret til IARC.

Budsjettforslag for 2011

Kontingentane for dei enkelte medlemslanda blir fastsette ved avtalefesta formlar for utrekning, der bruttonasjonalprodukt er ein nøkkelfaktor. Kontingentkrava for 2011 er enno ikkje fastsette. Budsjettforslaget for 2011 er derfor i stor grad basert på vedtekne kontingentar for 2010. Departementet foreslår at løyvinga blir nominelt auka med 6,4 mill. kroner. Auken er knytt til at Noregs del av kontingenten for deltaking i EMBL har auka, og til kostnader Noreg må dekkje for å ta del i oppgraderinga i ESRF. I tillegg skriv ein del av auken seg frå valutakursutviklinga.

Post 73 EUs rammeprogram for forsking, kan overførast

Løyvinga dekkjer norsk kontingent for deltaking i EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar.

Mål for 2011

Hovudmåla for Noregs deltaking i EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar er å fremme internasjonalisering og kvalitet i norsk forsking, å styrkje nasjonalt prioriterte FoU-område og å medverke til kunnskapsbasert innovasjon og fornying i norsk nærings- og samfunnsliv. Dette skjer mellom anna gjennom at norske forskarar deltek i tverrnasjonalt prosjektsamarbeid, gjennom mobilitet av forskarar og ved at det blir etablert internasjonale forskarnettverk. Ei viktig målsetjing for den norske deltakinga i programmet er å auke samspelet mellom nasjonale FoU-satsingar og satsingane i rammeprogrammet og å utvikle ei betre arbeidsdeling mellom aktivitetane på dei to nivåa. Noreg legg stor vekt på deltakinga i EUs forskingssamarbeid.

Rapport for 2009

EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007–13) er verdas største internasjonale forskingsprogram, og er ope også for land utanfor Europa. Det sjuande rammeprogrammet har som overordna mål å medverke til at det europeiske forskingsområdet – European Research Area (ERA) – blir verdsleiande for forsking. Rammeprogrammet skal òg medverke til at måla i EU-strategien for eit kunnskapssamfunn og ein berekraftig, kunnskapsbasert økonomi i Europa blir nådde. Rammeprogrammet skal òg medverke til at Europa kjem ut av den økonomiske krisa.

Med basis i EØS-avtalen deltek norske forskingsmiljø og verksemder i EUs sjuande rammeprogram for forsking på lik linje med medlemslanda i EU. Rammeprogrammet er det mest omfattande internasjonale forskingssamarbeidet Noreg er med i, både fagleg og økonomisk. Kunnskapsdepartementet tok i 2008 initiativ til ei evaluering av Noregs deltaking i EUs rammeprogram for forsking i perioden 2002–08. Evalueringsrapporten, som vart overlevert departementet i tidleg i 2010, konkluderer med at Noregs deltaking har vore vellykka. Samstundes peiker han på betydeleg uutnytta potensial og gir konkrete tilrådingar, sjå meir omtale i kategoriinnleiinga.

Det sjuande rammeprogrammet inneheld fem såkalla særprogram: 1) Samarbeid (Cooperation), 2) Idear (Ideas), 3) Menneske (People), 4) Kapasitet (Capacities) og 5) EUs felles forskingssenter (Joint Research Centre). Så langt har det vore norsk deltaking i 1 923 prosjektsøknader i særprogramma Samarbeid og Kapasitet. Noregs forskingsråd anslår at desse prosjekta involverer om lag 2 000 norske forskarar. Ein femdel av desse søknadene har norsk koordinator. Dei innstilte prosjekta vil gi ein støtte på til saman 1,7 mrd. kroner.

I delprogramma Idear og Menneske deltek Noreg i 53 prosjekt. I tillegg deltek norske forskarar i 41 prosjekt under såkalla randsoneaktivitetar i rammeprogrammet, og vil få ytterlegare om lag 100 mill. kroner i støtte til forsking gjennom desse prosjekta.

Norske deltakarar samarbeider her med forskarar frå rundt 100 land. Deltakarane hevdar seg særleg innanfor kategorien energi og miljø. I tillegg gjer norske deltakarar i rammeprogrammet det særs godt på dei tematiske områda samfunn og vitskap, sikkerheit og i programmet for forsking for små og mellomstore bedrifter.

23,4 pst. av søknadene med norsk deltaking er innstilte til finansiering. Det er litt over gjennomsnittet for EU-landa som har eit gjennomslag på 22,4 pst. Tal for 2009 viser at forskingsinstitutta står for om lag 37 pst. av den norske deltakinga i rammeprogrammet, bedriftssektoren står for om lag ein tredel medan universitets- og høgskolesektoren står for 20 pst. I tillegg kjem gruppa helseføretak, frivillige organisasjonar og «andre».

EU har sett i gang ei midtvegsevaluering av det sjuande rammeprogrammet. Evalueringsrapporten vil bli lagt fram hausten 2010. Noreg har ein representant i evalueringspanelet.

Budsjettforslag for 2011

Samla budsjett for det sjuande rammeprogrammet er på om lag 50,5 mrd. euro. Den totale norske kontingenten vil vere om lag 10 mrd. kroner med valutakursen i dag. Kontingenten for det enkelte året blir bestemd av budsjettprofilen til rammeprogrammet, utviklinga i Noregs bruttonasjonalprodukt (BNP) i forhold til BNP i dei andre deltakarlanda og utviklinga i valutakursen. Dei norske utbetalingane vil i 2011 omfatte dei utbetalingane som står att for det sjette rammeprogrammet, og utbetalingar til det sjuande rammeprogrammet. Den norske kontingenten er i 2011 anslått til om lag 1,1 mrd. kroner. Departementet foreslår å redusere løyvinga med om lag 99,2 mill. kroner i høve til 2010. Reduksjonen er i all hovudsak knytt til endra valutakurs.

Post 74 Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast

Løyvinga dekkjer norsk kontingent for deltaking i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT).

Mål for 2011

Deltaking i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) skal medverke til å utvikle internasjonal innovasjonsevne i norske miljø og utvikle samspel mellom utdanning, næringsliv og forsking.

Rapport for 2009

Norsk deltaking i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, EIT, fekk tilslutning frå Stortinget våren 2008, jf St.prp. nr. 56 (2007–2008) og Innst. S. nr. 251 (2007–2008). EIT er del av utviklinga av det europeiske forskingsområdet (ERA) og har som mål å fremme den europeiske innovasjonsevna gjennom å utvikle samarbeid på tvers av Europa mellom utdanning, næringsliv og forsking – det såkalla kunnskapstrianglet. Slikt samarbeid skal skje gjennom oppretting av kunnskaps- og innovasjonsnettverk, kalla KICs (Knowledge and innovation communities). Desse står fram som ei ny form for innovasjons- og kunnskapsdeling og skal bringe fram dei beste ressursane i høgre utdanning, forsking, næringsliv og entreprenørskap i Europa. EIT har eit styre samansett av 18 medlemmer frå ulike land, inkludert eit norsk medlem, og har hovudkontoret sitt i Budapest.

Blant dei tre europeiske nettverka som vann fram i den endelege utveljinga i 2009 var det inga norsk deltaking. Det norske miljøet som deltok i ein søknad fram til sluttrunden, meiner at det likevel vil ha stor nytte av det internasjonale nettverket som dei har vorte ein del av gjennom søknadsarbeidet. Ved utveljinga vart det mellom anna lagt vekt på kvalitet i forretningsplanen, profesjonell leiing, forpliktande samarbeid i eit nettverk, klare mål om innovasjon og involvering frå næringsliv. EIT står for 25 pst. av finansieringa, resten må nettverket sjølv sørgje for å dekkje. Med det blir eit sterkt engasjement frå aktørane ein viktig føresetnad.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å auka løyvinga nominelt med 3,7 mill. kroner for å dekkje forpliktingane til kontingent i 2011.

Post 75 UNESCO

UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Medlemslanda deltek på UNESCOs generalkonferanse og eksekutivråd, og kan dermed vere med og påverke UNESCOs arbeid. Tilskottet er eit vilkår for norsk medlemskap og deltaking i UNESCO.

Basert på menneskerettsprinsipp og prinsippet om berekraftig utvikling skal Noreg støtte politikkutforming og tiltak i UNESCO som legg vekt på felles innsats og ansvar for å møte overnasjonale og globale utfordringar. Noregs innsats i UNESCO skal fremme demokratiutvikling, likestilling, reduksjon av fattigdom, styrking av fredsarbeid og reduksjon av konfliktar og utvikling av kunnskap som skaper gjensidig forståing og respekt.

Rapport for 2009

Løyvinga har vore nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje medlemskontingenten og tilskott til World Heritage Fund. Noreg har i perioden 2006–09 vore medlem av UNESCOs styre. Sentrale prioriteringar for Noregs arbeid i UNESCOs styre har vore utdanning for alle, lærarutdanning, ekstern evaluering av UNESCO, oppfølging av vedtekne konvensjonar på kulturområdet, fornying av arbeidet innom vitskap og reformarbeid internt i UNESCO og i FN-systemet.

Budsjettforslag for 2011

Departementet foreslår å løyve om lag 19,4 mill. kroner til å dekkje forpliktingane til kontingenten og tilskottet til World Heritage Fund i 2011.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

4 233

4 752

4 794

Sum kap. 3288

4 233

4 752

4 794

Løyvinga på post 04 gjeld innanlandske kostnader som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.

Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

2410

Statens lånekasse for utdanning

29 088 893

26 071 415

28 195 101

8,1

Sum kategori 07.80

29 088 893

26 071 415

28 195 101

8,1

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

5310

Statens lånekasse for utdanning

14 055 940

11 965 178

12 076 723

0,9

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

4 958 891

3 788 500

4 606 550

21,6

Sum kategori 07.80

19 014 831

15 753 678

16 683 273

5,9

Innleiing

Utdanningsfinansieringa skal gi alle lik moglegheit til utdanning og medverke til at samfunnet og arbeidslivet har tilgang på kompetanse og utdanna arbeidskraft. Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer utdanningsstøtteordningane, som er heimla i lov av 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte.

Utdanning og kompetanse er viktig for å gi kvar einskild utvikling og identitet, evne til å tenkje kritisk og ta del i demokratiske prosessar. Utdanningsstøtta legg såleis til rette for nyskaping og eit kunnskapsbasert samfunn, der den einskilde kan nytte evnene sine og medverke til å skape verdiar. Vidare er utdanningsstøtta eit sentralt verkemiddel for å nå visjonar og mål for Kunnskapsdepartementet. Utdanningsstøtta medverkar til dømes til å sikre utdanna personale i barnehagen og i skolen, og gjer det mogleg for enkeltmenneske å nytte retten til vidaregåande opplæring og ta høgre og anna utdanning. Gode støtteordningar er eit sentralt verkemiddel for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning og for å leggje til rette for livslang læring. Støtteordningane legg òg til rette for rekruttering til forsking.

Utdanningsstøtta legg til rette for eit samfunn med høgt kunnskapsnivå og internasjonal orientering. Utdanning og kompetanse er stadig viktigare for at arbeidsmarknaden skal fungere godt. Utdanningsstøtteordningane bør derfor raskt fange opp endringar i etterspurnaden etter arbeidskraft og utdanning.

Utdanningsstøtta skal ha høg kvalitet og relevans og leggje til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat. I tillegg til generelle støtteordningar som dekkjer behova til majoriteten av støttemottakarane, må utdanningsfinansieringa også vere målretta mot grupper og personar med særskilde behov.

Kunnskapsdepartementet viser til oppmodingsvedtak nr. 299 (2008–2009) i Innst. S. nr. 202 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning:

«Stortinget ber Regjeringen om å forlenge gjeldende praksis i Lånekassen for tildeling av støtte til studenter ved Gründerskolen til og med undervisningsåret 2009/2010, og samtidig vurdere hensiktsmessigheten av gjeldende regelverk.»

Departementet har bedt Lånekassen føre vidare praksisen til og med undervisningsåret 2010–11, medan departementet i samråd med Nærings- og handelsdepartementet vurderer om ein bør endre regelverket som følgje av denne saka.

Mål: Utdanningsstøtteordninga medverkar til at kvar einskild står fritt i val av utdanning. Alle kan ta utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og økonomiske og sosiale forhold

Tilstandsvurdering

Fleirtalet av studentar og elevar nyttar støtteordningane gjennom Lånekassen. I undervisningsåret 2009–10 var det om lag 453 000 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning. Om lag 346 000 personar mottok stipend og/eller lån til utdanning. Fleirtalet av støttemottakarane i høgre utdanning er i aldersgruppa 20–24 år, men om lag 1000 personar var i alderen 50 år og oppover i 2009–10. Kvinnene er i fleirtal blant støttemottakarane, og delen kvinner aukar med stigande alder. Det er òg eit fleirtal av kvinner blant studentane i høgre utdanning generelt. Fleirtalet av elevane i vidaregåande opplæring, 78 pst. av dei som har rett til stipendet, nytta i 2009–10 ordninga med stipend til naudsynt individuelt utstyr (utstyrsstipend). Dette året var første året ordninga gjaldt alle dei tre åra i det studieførebuande utdanningsprogrammet, slik at det er grunn til å vente ein auke i talet på mottakarar av stipendet i åra som kjem.

Endringar over tid i samansetninga av gruppa studentar og elevar gjer at dei ulike innretningane av støtteordninga må bli vurderte frå tid til anna. Behova ulike grupper har for økonomisk støtte og tryggleik, må departementet la komme til uttrykk i støtteordninga på ein tenleg måte. I all hovudsak er ordninga ei universell velferdsordning som skal medverke til at alle har eit likt grunnlag for livsopphald under utdanninga. Kunnskapsdepartementet arbeider for tida med å undersøkje kva for vilkår, mellom anna økonomiske, studentane i høgre utdanning lever under. Dette vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere generelle forbetringstiltak for fleirtalet av studentane.

I dei seinaste åra har det vore ein klar profil på tiltaka departementet har foreslått for Stortinget om utdanningsstøtteordninga. Departementet ser at einskilde grupper kan ha behov for meir tilrettelegging enn det ein har i dag, for at dei skal ha ei reell moglegheit til fritt å velje utdanning. Dette gjeld mellom anna søkjarar med redusert funksjonsevne, studentar som er sjuke over lang tid, og studentar med barn. Når det gjeld arbeid med forbetringar for einskilde grupper, må ein òg sjå situasjonen i samanheng med dekninga frå andre velferdsordningar som skal sikre sosial utjamning, som ytingar frå folketrygda eller ytingar frå fylkeskommunen eller kommunen.

Mål: Utdanningsstøtteordninga medverkar til internasjonalisering av utdanning og forsking ved å sikre at dei som ønskjer det kan ta heile eller delar av utdanninga i utlandet

Tilstandsvurdering

For å nå dei måla om auka internasjonalisering som er nedfelte mellom anna i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning, er det ein føresetnad at det er tilstrekkeleg mange som har økonomisk moglegheit til å ta utdanning utanfor Noreg. Utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassen er eit sentralt verkemiddel for å få til dette. I internasjonal målestokk har Noreg svært gode økonomiske ordningar for studentar, elevar og lærlingar som vel å ta utdanning i utlandet. Det er likevel grunn til å arbeide vidare med å byggje ned dei barrierane som finst for å velje utdanning i utlandet. Sjølv om ein trygg økonomisk basis er viktig for å velje utdanning i utlandet, vil utdanningsstøtteordninga aldri kunne vere det einaste verkemiddelet for å få nokon til å velje utdanning i utlandet framfor utdanning i Noreg. Ein må sjå dei økonomiske støtteordningane i samanheng med mellom anna styrkt satsing på informasjon og meir praktisk hjelp til å søkje seg til utdanning i utlandet.

I dei seinaste åra har talet på studentar i høgre utdanning i utlandet auka etter nokre år med nedgang i studenttalet. Det samla talet på støttemottakarar i Lånekassen har òg auka i den same perioden. I perioden etter 2004–05 har det ikkje vore monalege endringar i støtteordninga for studentar i utlandet. Talet på studentar i utlandet har endra seg i perioden, i takt med talet på støttemottakarar generelt. Dette tyder på at generelle endringar i talet på studentar blir reflekterte i søkjartala til støtte til utdanning i utlandet.

Kunnskapsdepartementet vil framover arbeide vidare med å følgje opp dei tiltaka for utdanningsstøtteordninga som vart varsla i St.meld. nr. 14 (2008–2009). Tiltaka gjeld både grunnopplæringa og høgre utdanning, og har kvalitet som fellestrekk. I grunnopplæringa er hovudmålsetjinga å auke talet på grupper av elevar som får finansiering gjennom Lånekassen til eitt år ved ein utanlandsk vidaregåande skole, men samstundes få på plass eit kvalitetssikringssystem for dei opplegga som blir godkjende. Deltaking frå yrkesfaglege studieprogram og alle delar av landet skal sikrast. For høgre utdanning skal det løne seg å velje utdanning av høg kvalitet, og stipenddelen av støtta til skolepengar for kvar einskild student skal avhenge av dette valet. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med saka.

Mål: Utdanningsstøtteordninga medverkar til livslang læring

Tilstandsvurdering

For å opne for kombinasjonen av større ungdomskull og auka interesse for å studere i åra framover har Kunnskapsdepartementet varsla tiltak som auka fleksibilitet i den høgre utdanninga og betre samarbeid mellom arbeidslivet og den høgre utdanningssektoren, jf. Innst. 192 S (2009–2010) og St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Det vart òg foreslått ei utvikling av fagskoleutdanninga. I byrjinga av 2000-talet vart utdanningsstøtteordninga gjort meir fleksibel med betre høve til å kombinere fleire utdanningar over tid, og med høve til å ta opp utdanningslån uavhengig av økonomi. Dette vart gjort for at personar i etter- og vidareutdanning og andre som vil kombinere jobb og utdanning, òg skal kunne nytte ordninga.

Delen støttemottakarar i Lånekassen som er 25 år og eldre, var i 2008–09 om lag 20 pst. Dette tyder på at utdanningsstøtteordningane framfor alt blir nytta til å skaffe seg ei første kompetansegivande utdanning. Få vaksne tek opp lån for å skaffe seg ei grunnopplæring eller ei vidaregåande opplæring. Utdanning på deltid er meir utbreidd blant dei eldre studentane i høgre utdanning, og delen som vel deltidsutdanning, stig med alderen. I aldersgruppa 20–24 år var det berre 2,4 pst. som valde deltidsutdanning i 2009–10, medan heile 42 pst. av dei som tok høgre utdanning i aldersgruppa 40–44 år, tok utdanning på deltid. Sjølv om talet på deltidsstudentar har vore stabilt i dei seinare åra, har delen som desse studentane representerer av alle støttemottakarane, gått ned.

Det vil vere sentralt framover å utvikle vidare støtteordninga i tråd med satsinga på kompetanseutvikling, som varsla i St.meld. nr. 44 (2008–2009). Auka fleksibilitet i utdanningssektoren må følgjast opp med omstilling av støtteordninga der det er naudsynt.

Strategiar og tiltak

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve om lag 14 mill. kroner for å betre studiefinansieringa for studentar med redusert funksjonsevne. Departementet foreslår eit ekstra månadleg stipend og støtte i tolv månader for studentar som på grunn av redusert funksjonsevne ikkje kan ta arbeid ved sida av utdanninga. Eit ekstra stipend per månad på 3 200 kroner kombinert med støtte i to månader ekstra per år (tolv månader) vil til saman gi kvar student ei utbetaling gjennom Lånekassen på om lag 147 000 kroner i året. Tiltaket skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne får økonomisk høve til å ta høgre utdanning. Vidare skal personar med redusert funksjonsevne, og som ikkje har støtte frå folketrygda som er meint å dekkje utdanninga, få heile basisstøtta som stipend ved forseinking i utdanninga utover eitt år. Forseinkinga må skyldast den nedsette funksjonsevna. Studentar med redusert funksjonsevne har ofte større utfordringar enn andre studentar med å følgje normert studieprogresjon. Den auka stipenddelen skal hindre at desse studentane får høgre gjeld etter fullført utdanning enn andre studentar på grunn av den reduserte funksjonsevna.

Regjeringa meiner det er viktig å halde oppe kjøpekrafta i støtta til elevar, studentar og lærlingar, og har regulert satsane i utdanningsstøtteordningane i takt med prisstigninga kvart år. Basisstøtta har auka frå 80 000 kroner for undervisningsåret 2005–06 til 90 800 kroner for undervisningsåret 2011–12. Justeringa frå undervisningsåret 2010–11 til 2011–12 er på to pst.

Departementet foreslår vidare mindre justeringar av støtteordninga, som til saman medverkar til eit meir smidig regelverk. Vidare skal ei gruppe tiltak redusere hindringar for å ta utdanning i utlandet, med ei målsetjing om å få til auka internasjonalisering av utdanninga som omtalt i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning. Forslaga er nærmare omtalte under kap. 2410.

Rapport for 2009

I 2009 vart tre forbetringar av utdanningsstøtteordninga gjennomførte. Det vart innført ei ny ordning for avskriving av utdanningsgjeld for studentar som fullfører visse lærarutdanningar. Formålet med ordninga var å medverke til å betre rekrutteringa av lærarar i realfag og framandspråk. Det er for tidleg å seie kva for verknad tiltaket isolert sett har hatt på rekrutteringa til læraryrket, sidan det vart lansert samstundes med ei rekkje andre tiltak med den same målsetjinga. Ordninga er ført vidare også for 2010, og bør få verke nokre år før ein kan måle resultat. Per juni 2010 har til saman 184 studentar fått ettergitt delar av utdanningsgjelda med grunnlag i fullførte lærarutdanningar i 2009.

Vilkåra for utvida støtte til forseinking i utdanninga for studentar med nedsett funksjonsevne vart justerte i 2009. Det skulle ikkje lenger vere slik at denne gruppa vart definert ved at dei mottok støtte frå folketrygda, men heller ved at dette gjaldt dei som ikkje fekk god nok tilrettelegging ved lærestaden til at dei kunne studere uavhengig av nedsett funksjonsevne. Lånekassen har rapportert at det har vore få slike saker, om lag 20, og at sakene har vore godt dokumenterte.

Den tredje endringa var å utvide perioden med fødselsstipend frå 42 til 44 veker, for å jamstelle med regelverket for foreldrepengar i folketrygda.

Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. Lånekassen hadde per 1. januar 2010 om lag 870 000 kundar. Av desse er om lag 538 000 i tilbakebetalingsfasen. I undervisningsåret 2009–10 var det om lag 453 000 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning. Om lag 346 000 personar mottok støtte frå Lånekassen.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2009–10 på 18,9 mrd. kroner. Av dette vart i overkant av 3 mrd. kroner utbetalte som stipend, sjå tabell 4.18 for fordeling på dei ulike stipendformene. Om lag 15,7 mrd. kroner vart i undervisningsåret 2009–10 utbetalte som lån.

I kalenderåret 2009 vart om lag 3,2 mrd. kroner betalte ut som stipend. I tillegg vart om lag 4,1 mrd. kroner konverterte frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla utgiftene knytte til stipend i 2009 vart dermed på om lag 7,3 mrd. kroner.

I dei tre tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i tala på kundar i Lånekassen og kunderelevante forhold både for dei kundane som får støtte, og for dei som er i ein tilbakebetalingsfase.

Tabell 4.17 Hovudtal for tildeling dei fire siste undervisningsåra

2006–07

2007–08

2008–09

2009–10

Tal på elevar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning1

433 771

441 463

449 658

453 140

Tal på støttemottakarar

271 273

289 575

303 468

345 959

Tal på støttesøkjarar

296 000

314 886

329 666

359 859

Tal på stipendmottakarar2

143 457

166 980

183 636

223 030

Tal på lånesøkjarar3

187 659

181 127

180 394

190 754

Tal på lånemottakarar

195 336

188 278

186 752

196 386

Totalt utbetalt stipend og lån (i mill. kroner)

17 212

17 062

17 361

18 898

Sum stipend (i mill. kroner)

3 060

3 049

3 035

3 226

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

21 333

18 260

16 523

14 466

Sum lån (i mill. kroner)

14 152

14 013

14 349

15 671

Gjennomsnittslån (i kroner)

72 084

74 007

76 438

79 797

1 Talet er basert på tal på elevar i vidaregåande opplæring, tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) over studentar i Noreg, og Lånekassens eigne tal på studentar i utlandet.

2 Dette er talet på stipendmottakarar eksklusive dei som mottek konverteringsstipend. Tal for mottakarar av konverteringsstipend er ikkje med her fordi konvertering skjer i ettertid, sjå omtale under kap. 2410 post 50.

3 Dei som berre søkjer om utdanningsstipend, får støtta utbetalt som lån. Desse søkjarane blir registrerte som låntakarar og ikkje som lånesøkjarar. Dette er årsaka til at det er fleire lånemottakarar enn lånesøkjarar i tabellen.

Tabellen under gir ei oversikt over kor mange som har motteke ulike stipendtypar dei to siste undervisningsåra, samt kor mykje Lånekassen har tildelt i stipend.

Tabell 4.18 Fordeling av ulike stipendformer dei to siste undervisningsåra

Tal på stipend

Stipend i mill. kroner

2008–09

2009–10

2008–09

2009–10

Grunnstipend

63 846

67 208

898

993

Bustipend

30 834

30 602

1 032

1 051

Læremiddelstipend

27 285

0

95

0

Utstyrsstipend

85 274

150 490

99

189

Flyktningstipend

1 060

982

54

61

Stipend til skolepengar / gebyrstipend

10 186

11 467

244

291

Tilleggsstipend

703

727

18

19

Stipend til skolepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar.

366

427

23

29

Språkstipend

509

461

8

7

Reisestipend, innland og Norden

43 805

45 127

53

54

Reisestipend, utanfor Norden

17 325

18 587

93

101

Reisestipend i Noreg for utanlandsstudentar

5 257

7 009

5

6

Reisestipend under kvoteordninga

820

800

5

5

Omgjering av lån til stipend ved sjukdom 1

700

663

16

15

Fødselsstipend/foreldrestipend 1

3 923

3 836

214

230

Forsørgjarstipend

11 258

10 900

178

175

Totalt

303 151

349 286

3 035

3 226

1 Omgjering av lån til stipend ved sjukdom og fødsel skjer i ettertid. Det betyr at det ikkje føreligg endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2008–09 vart det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 29 mill. kroner, og ved fødsel 243 mill. kroner.

Tabellen under gir informasjon knytt til kundar i Lånekassen som er i ein tilbakebetalingsfase, og informasjon om rentestønad under utdanning m.m.

Tabell 4.19 Hovudtal for tilbakebetaling dei siste fire åra

2006

2007

2008

2009

Tal på tilbakebetalande låntakarar

506 241

519 297

530 700

538 494

Renteberande lån (i mill. kroner)

64 036

68 282

72 594

76 407

Betalte renter (i mill. kroner)

2 326

2 907

3 945

3 694

Avdrag (i mill. kroner)

5 021

5 235

4 877

4 819

Ettergive/avskrive (i mill. kroner)

299

271

206

232

Rentestønad (i mill. kroner)

929

1 231

1 586

1 388

Uteståande lån (i mill. kroner)

89 227

93 600

98 468

104 074

Uteståande renter

2 269

2 460

2 906

2 627

Fram til 2010 har Lånekassen i statsrekneskapsrapporteringa periodisert renter og gebyr på grunnlag av kalenderåret. Frå 2010 blir gebyr definert som ei ordinær inntekt, og skal derfor følgje kontantprinsippet. For Lånekassen oppstår det ein eingongseffekt knytt til endra periodisering for gebyra, som reduserer bokført verdi av dei samla utlåna i Lånekassen per 1. januar 2010 med om lag 79 mill. kroner. Denne eingongseffekten er reint rekneskapsmessig, og har ikkje nokon innverknad på den reelle økonomiske situasjonen til staten. Stortinget ga i Innst. 12 S (2009–2010), jf. Prop. 1 S (2009–2010), Kunnskapsdepartementet fullmakt til å regulere inngåande balanse i kapitalrekneskapen for utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning per 1. januar 2010 mot konto for forskyving i balansen, tilsvarande totale utlån til kunden eksklusive påkomne gebyr, basert på endra føringsprinsipp som ei overgangsordning ved omlegging til føring av opptente renter baserte på kalenderår for statlege utlån.

Lånekassen hadde per 31. desember 2009 ei portefølje av uteståande lån og renter på 106,7 mrd. kroner. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette skyldast både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til støtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som skyldast at kundane ikkje oppfyller betalingsforpliktingane sine. Som det vart varsla i Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet, har det vore arbeidd med å anslå den verkelege verdien av dei fordringane staten har i låneordningane i Lånekassen. For å anslå den verkelege verdien av utlånsporteføljen er det laga ein modell som skil mellom kostnader knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i støtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Tabell 4.20 syner kva for element det er justert for når ein har berekna verkeleg verdi av porteføljen. På grunnlag av denne modellen og ein føresetnad om ei rente på fire pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2009 anslått til om lag 96,7 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og anslått verkeleg verdi utgjer om lag 10 mrd. kroner. Av dette er om lag 8,8 mrd. kroner knytte til stipend, rentestøtte og avskrivingar, medan om lag 1,2 mrd. kroner skyldast forventa tap som følgje av kredittrisiko. Den verkelege verdien er dermed anslått til å vere om lag 90,6 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2009.

Tabell 4.20 Verkeleg verdi

Verdi i mill. kroner

Opphavleg portefølje

  • Tilbakebetalarar

78 460

  • Studentar

28 242

Justeringar

  • omgjering til stipend

3 308

  • rentefritak studentar

1 797

  • rentefritak tilbakebetalarar

1 902

  • ettergitt dødsfall

366

  • ettergitt sjukdom

659

  • ettergitt bustad

512

  • ettergitt Aust-Europa/u-land

293

Justert portefølje

97 865

  • nedskriving

1 202

Verdi

96 663

Ved å leggje til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein anslå noverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabell 4.21 syner at staten kan forvente å få tilbake om lag 63 øre for kvar nye krone som blir lånt ut frå Lånekassen. Av dei 37 øra av kvar krone som ein ikkje kan forvente blir betalt tilbake, utgjer stipend, rentestøtte og avskrivingar over 36 øre. Under ein øre per nye krone i nytt utlån blir forventa tapt som følgje av at låntakaren ikkje oppfyller betalingsforpliktingane sine. Berekninga gjeld alle nye utlån i Lånekassen, og skil ikkje på dei ulike typane av lån og låntakarar. Ikkje alle typar lån frå Lånekassen kan gjeras om til stipend ved bestått utdanning. Sjå tabell 4.26 for nærare oversikt.

Tabell 4.21 Noverdien av 1 krone i nytt utlån

Verdi i kroner

Opphavleg portefølje

  • Tilbakebetalarar

0,00000

  • studentar

1,00000

Justeringar

  • omgjering til stipend

0,28645

  • rentefritak studentar

0,05144

  • rentefritak tilbakebetalarar

0,01248

  • ettergitt dødsfall

0,00240

  • ettergitt sjukdom

0,00432

  • ettergitt bustad

0,00336

  • ettergitt Aust-Europa/u-land

0,00192

Justert portefølje

0,63763

  • nedskriving

0,00676

Verdi

0,63087

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 45

290 797

305 620

321 315

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

82 181

173 851

133 612

50

Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

4 288 300

4 428 439

4 661 211

70

Utdanningsstipend, overslagsløyving

2 704 510

2 733 815

2 793 512

71

Andre stipend, overslagsløyving

512 991

451 576

532 741

72

Rentestønad, overslagsløyving

1 387 828

861 700

1 100 690

73

Avskrivingar, overslagsløyving

256 624

370 120

404 420

74

Tap på utlån

333 462

334 900

350 000

76

Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving

7 518

7 751

90

Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

19 232 200

16 403 876

17 889 849

Sum kap. 2410

29 088 893

26 071 415

28 195 101

Postane 01 og 45 omfattar løyvingar til drift og modernisering av Lånekassen, medan løyvingane på postane 50–90 omfattar stipend, lån, rentestøtte, avskrivingar og andre delar av utdanningsstøtteordninga.

Ein stor del av utdanningsstøtta blir gitt i form av lån som kan bli gjorde om til stipend ved bestått utdanning (konverteringsordninga). Alt lån som blir utbetalt, blir løyvd over post 90. I tillegg blir det løyvd midlar til avsetning til konverteringsfondet på post 50 tilsvarande det beløpet som ein anslår vil bli gjort om frå lån til stipend ved fullført utdanning, sjå nærmare omtale under kap. 2410 post 50. Etter kvart som utdanning blir bestått, blir det overført midlar frå dette fondet til Lånekassen. Løyvinga på kap. 2410 post 50 dekkjer altså avsetning til forventa framtidige utgifter til stipend, medan rekneskapen på kap. 5310 post 93 viser den faktiske omgjeringa av lån til stipend for det aktuelle året.

Utgiftene til dei andre stipenda, slik dei kjem fram på kap. 2410 postane 70 og 71, inkluderer altså ikkje lån som er konverterte til stipend under konverteringsordninga. Skal ein få oversikt over dei samla årlege stipendutgiftene, må lån som er gjorde om til stipend, leggjast til dei stipendutgiftene som kjem fram i Lånekassens rekneskap. Ved å sjå kap. 5310 post 93 og kap. 2410 postane 70 og 71 i samanheng ser ein dette.

For 2011 er det anslått at om lag 3,3 mrd. kroner vil bli utbetalte som stipend, og at det vil bli konvertert lån til stipend tilsvarande om lag 4,7 mrd. kroner. Dei samla utgiftene til stipend er med dette anslått til om lag 8 mrd. kroner i 2011.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 og Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 omfattar midlar til drift av Lånekassen. Løyvinga på post 45 gjeld midlar til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, mellom anna kostnader i samband med moderniseringsarbeidet i Lånekassen.

Mål for 2011

Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane på ein effektiv, sikker og kvalitetsmessig god måte. Samtidig skal Lånekassen tilby kundane effektive og tilgjengelege løysingar. Lånekassen skal nå måla for moderniseringsarbeidet innanfor dei tids- og kostnadsrammene som er fastsette i gjeldande styringsdokument.

Rapport for 2009

Samla sett hadde Lånekassen ei god måloppnåing i 2009. Mål knytte til sakshandsaminga og til kontakten med studentar, elevar, lærlingar og dei som er i ein tilbakebetalingsfase, vart i all hovudsak nådde. Målet for gjennomsnittleg sakshandsaming vart sett til ti dagar, medan resultatet vart åtte dagar for søknad om tildeling av støtte og sju dagar for søknad om betalingsutsetjing. Talet på studentar, elevar og lærlingar som søkjer støtte og som får svar før eller ved starten av utdanninga, auka med 22 pst. i 2009 i høve til 2008.

Det vart sett mål om at 80 pst. av dei som ringde Lånekassen i 2009 skulle få svar. Resultatet vart 85 pst. Gjennomsnittleg svartid vart to dagar for førespurnad per e-post, medan kravet var tre dagar.

Lånekassen kan òg vise til gode resultat knytte til effektiv sakshandsaming og til digitalisering av sakshandsaminga. 88 pst. av søknadene om lån og stipend som Lånekassen mottok i 2009 var nettsøknader. Frå undervisningsåret 2009–10 er nettsøknad tilgjengeleg for alle som søkjer om lån og stipend. I 2009 vart òg informasjon frå lærestadene levert digitalt, og tryggleiksnivået for kundanes pålogging i sjølvbeteningsløysingane vart heva ved at Lånekassen i 2009 tok i bruk MinID. Desse tiltaka har gitt fleire moglegheiter for elektronisk kommunikasjon, som mellom anna inneber at Lånekassen på førehand kan fylle ut nettsøknader for kundane sine.

Lånekassen fekk i 2009 tildelt Statens klarspråkpris for breitt og systematisk arbeid med å betre språket i brev, brosjyrar og skjema til nettkommunikasjon, på både bokmål og nynorsk.

Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) fekk i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å gå gjennom lista over institusjonar i utlandet der det blir gitt tilleggsstipend til å dekkje skolepengar, slik at departementet fekk fastsett ei revidert tilleggsstipendliste frå undervisningsåret 2010–11.

Når det gjeld Lånekassens moderniseringsprogram LØFT, oppstod det ei forseinking i 2009 i den første av i alt tre hovudfasar i prosjektet. Planen for det vidare moderniseringsprogrammet er revidert i 2010, og planlagt sluttidspunkt er flytt til medio 2013. Kunnskapsdepartementet har i 2010 tildelt Lånekassen 87 mill. kroner av usikkerheitsavsetninga innanfor vedteken kostnadsramme. Dette inneber at usikkerheitsavsetninga i LØFT-programmet blir redusert frå 125 mill. kroner til 38 mill. kroner. Den auka tildelinga til Lånekassen på 87 mill. kroner vil bli fordelt over dei enkelte budsjettåra i den gjenståande perioden. Kostnadsramma for programmet er ikkje endra, jf. Innst. 350 S (2009–2010) og Prop. 125 S (2009–2010).

Budsjettforslag for 2011

Det er stilt eit ambisiøst krav til Lånekassen si eiga finansiering av moderniseringsarbeidet, der nær halvparten av styringsramma skal finansierast gjennom omdisponeringar og gevinstrealisering innanfor budsjettramma til Lånekassen. For å sikre at Lånekassen har driftsrammer som gjer at han samtidig med ei høg eigenfinansiering kan halde fram med å nå gode resultat knytt til forvaltning av støtteordningane, foreslår departementet å auke løyvinga på post 01 med om lag 5 mill. kroner i høve til 2010. Som tidlegare vil delar av løyvinga på posten bli disponert av departementet og mellom anna bli nytta til departementet sitt arbeid i samband med oppfølging av moderniseringsarbeidet.

Lånekassen har inngått avtale med Senter for statleg økonomistyring (SSØ) om at SSØ skal levere tenester innanfor budsjett og rekneskap for Lånekassen. I samband med dette foreslår departementet å overføre 0,4 mill. kroner frå kap. 2410 post 01 til kap. 1605 Senter for statleg økonomistyring post 01 Driftsutgifter. I samband med innføring av eID på høgt tryggleiksnivå foreslår departementet å overføre 0,8 mill. kroner frå kap. 2410 post 01 til kap. 1560 Direktoratet for forvaltning og IKT post 22 (ny) Betaling av eID til private leverandørar, jf. omtale i Prop. 1 S (2010–2011) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 5310 post 03, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Løyvinga på post 45 blir foreslått redusert med om lag 44 mill. kroner i høve til 2010. Mindrebehovet i 2011 skyldast faseforskyving i moderniseringsarbeidet som følgje av at sluttidspunktet for prosjektet er flytt til 2013, sjå omtale under rapport for 2009 for kap. 2410 postane 01 og 45. Lånekassen vil i 2011 ha behov for å inngå avtalar som krev at Lånekassen forpliktar seg økonomisk ut over den løyvinga som er foreslått for 2011. Departementet foreslår at Lånekassen får fullmakt til å inngå avtalar ut over løyvinga for 2011, sjå forslag til vedtak IV nr. 4.

Kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvinga på desse postane utgjer Lånekassens støttebudsjett. Endringar i Lånekassens støtteordningar har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla. I tillegg blir dei enkelte postane omtalte separat lenger nede i teksten.

Mål for 2011

Departementet har følgjande mål for utdanningsstøtteordningane:

  • Utdanningsstøtteordninga medverkar til at kvar einskild står fritt i val av utdanning. Alle kan ta utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og økonomiske og sosiale forhold.

  • Utdanningsstøtteordninga medverkar til internasjonalisering av utdanning og forsking ved å sikre at dei som ønskjer det kan ta heile eller delar av utdanninga i utlandet.

  • Utdanningsstøtteordninga medverkar til livslang læring.

Sjå nærmare omtale av måla for 2011 og rapport for 2009 under kategori 07.80.

Budsjettforslag for 2011

Forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, som skal gjelde frå undervisningsåret 2011–12, og forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar, som skal gjelde frå 1. januar 2011, blir sende ut til alminneleg høyring i løpet av høsten 2010. Forslaget til forskrift er i tråd med budsjettforslaget.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve om lag 14 mill. kroner for å betre studiefinansieringa for studentar med redusert funksjonsevne. Departementet foreslår vidare at alle satsane i utdanningsstøtteordningane blir auka med to pst. frå undervisningsåret 2010–11. Sjå nærmare omtale av forslaga under kategoriinnleiinga.

Departementet foreslår å løyve 60 000 kroner til å utvide grunnlaget for unntak frå kravet om generell studiekompetanse i Noreg for å få støtte til høgre utdanning i land utanfor Norden. Målet er å oppnå ei større grad av jamstilling med krava om opptak til høgre utdanning i Noreg. Kunstfaget utøvande og skapande musikk skal bli handsama likt med dei andre kunstfaga som i dag kan gi grunnlag for unntak. Vidare vil det komme ein heimel for å gjere unntak i dei tilfella studenten ikkje har greidd å få generell studiekompetanse på grunn av varig sjukdom, redusert funksjonsevne og liknande.

For å få til eit meir fleksibelt språkstipend foreslår departementet å løyve 151 000 kroner til å endre vilkåra. Timane i språkkurset skal ikkje lenger måtte bli fordelte over dei fem dagane måndag til og med fredag for at kurset skal gi rett til støtte. Dette vilkåret har ført til nokre urimelege utslag. Det skal i staden vere tilstrekkeleg at timane blir fordelte over minst tre dagar per veke. Endringa skal opne for at fleire studentar kan få støtte til gode språkkurs enn dei gjer i dag.

Departementet foreslår å løyve 0,2 mill. kroner til å sikre retten til støtte til utdanning på masternivå ved College of Europe, lokalisert i Belgia og i Polen. Heimelen for støtterett skal vere ei forsøksordning over fem år. Det blir foreslått at forvaltninga av det norske stipendprogrammet for utdanning ved lærestaden blir overført frå Forskingsrådet til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU), sjå omtale under kap. 280 post 50.

For å styrkje internasjonalisering i vidaregåande opplæring foreslår departementet å løyve 0,2 mill. kroner til å gi inntil éi elevgruppe ved Foss videregående skole i Oslo høve til å ta delar av den vidaregåande opplæringa ved York College i England med støtte frå Lånekassen. Vidare foreslår departementet at elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram skal få støtte til eitt år i utlandet gjennom godkjend utvekslingsorganisasjon, når året i utlandet blir godkjent av skolen i Noreg som likeverdig med eittårig studieførebuande påbygging. Dette krev ei løyving på 1,2 mill. kroner. Elevar ved vidaregåande skolar i utlandet som er godkjende etter privatskolelova, skal få høve til å ta opp lån til skolepengar på lik linje med elevane ved slike skolar i Noreg. Dette sikrar lik handsaming av skolar i Noreg og i utlandet som er godkjende etter privatskolelova.

Vidare vil departementet gjere reglane for rett til støtte ved forseinking i utdanninga enklare. Alle studentar skal få støtte til forseinking med inntil 60 studiepoeng eller tilsvarande, uavhengig av studiebelastninga. Målet med forenklinga er mellom anna å gjere dei vedtaka Lånekassen fattar, enklare å forstå og etterprøve for studentane. Forenklinga skal òg føre til at nokre studentar på deltid får ei noko utvida rett til støtte til forseinking. I dag mister også desse studentane, på grunn av utrekningsmåten, retten til støtte til forseinking når det har gått eitt år. Departementet foreslår å løyve 50 000 kroner til tiltaket.

Kunnskapsdepartementet foreslår å fjerne den større utbetalinga i byrjinga av kvart semester slik at studentane mottek same stønadsbeløp kvar månad. I dag mottek studentane 17 800 kroner i august, og 6 675 kroner dei andre månadene. Ved at det blir betalt ut same beløp kvar månad, vil ein kunne unngå likviditetsproblem i slutten av undervisningsåret. Den større utbetalinga i byrjinga av semesteret er komplisert og ressurskrevjande å forvalte. Ved å betale ut same beløpet kvar månad vil ein sikre betre likebehandling, enklare regelverk og administrativ forenkling. Det blir foreslått å redusere løyvinga til rentestønad med 5,2 mill. kroner.

Kunnskapsdepartementet foreslår to mindre justeringar for å betre samordninga mellom ytingar gjennom utdanningsstøtteordninga og andre ytingar frå det offentlege.

Den første justeringa er å redusere foreldrestipendet i dei tilfella ein student som får barn i utdanningstida har ein ektefelle eller sambuar som tek ut graderte foreldrepengar. I dag får studenten fullt foreldrestipend når ektefelle eller sambuar samstundes tek ut opp mot 100 pst. foreldrepengar. Departementet meiner at ei slik dobbel dekning frå det offentlege av utgifter til same formål både gjennom folketrygda og utdanningsstøtteordninga er urimeleg. Departementet foreslår at foreldrestipendet skal bli gitt med 50 pst. når ektefellen eller sambuaren tek ut graderte foreldrepengar med uttak frå 50 til 90 pst. Den andre halvdelen av støtta for perioden skal bli gitt som ordinært lån og stipend. Departementet foreslår som følgje av dette å redusere løyvinga til stipend med 2,3 mill. kroner.

Den andre justeringa er at det ikkje lenger skal vere høve til å kombinere flyktningstipendet med introduksjonsstønad etter reglane i lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nykomne innvandrarar (introduksjonslova). Målsetjingane for forslaget er at elevar som er i introduksjonsprogrammet, og samtidig har rett til flyktningstipend frå Lånekassen, ikkje skal komme betre ut økonomisk enn andre studentar. Det er òg eit mål å redusere ulik behandling av denne gruppa søkjarar samanlikna med andre grupper som mottek ytingar frå det offentlege, som trygdeytingar. Med dette vil ein unngå at det offentlege dekkjer same formål to gonger. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga til stipend med til saman 1,7 mill. kroner.

Departementet foreslår å redusere løyvinga til stipend med 140 000 kroner ved å innføre ein heimel for å behovsprøve grunnstipend og bustipend for elevar i vanleg vidaregåande opplæring mot inntekta og formuen til personar som har overteke foreldreansvaret for eleven. Dette vil gjelde personar som etter barnelova har forsørgingsplikt på lik linje med biologiske foreldre. Målet med tiltaket er lik behovsprøving for elevar i same situasjon.

Departementet foreslår at ikkje-betalte renter frå 2011 skal bli kapitalisert ved kvart forfall, det vil seie fire gonger i året. I dag blir ikkje-betalte renter kapitalisert to gonger i året. Forslaget inneber at løyvinga på kap. 5617 post 80 blir auka med 5,9 mill. kroner.

Forslaget om å opprette om lag 2 200 nye studieplassar gir ein auke i behovet på Lånekassens støttebudsjett på om lag 31 mill. kroner. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning, og kap. 2410 postane 50, 72 og 90.

Foreslåtte løyvingsendringar ut over dei som er omtalte over kjem av endra tal på støttemottakarar og/eller endra renteføresetnader. I undervisningsåret 2011–12 er det forventa å vere om lag 6 200 fleire studentar i høgre utdanning enn i undervisningsåret 2010–11. Dette gir eit auka løyvingsbehov på kap. 2410 postane 50, 70, 71, 72 og 90.

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Heile basisstøtta til studentar i høgre utdanning m.m. blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Løyvinga på post 50 dekkjer avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekkjer midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend. Ved budsjettering av posten blir det lagt til grunn at elleve pst. av utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje blir bestått og derfor ikkje gir omgjering frå lån til stipend. Utdanningsstipendet blir behovsprøvd mot inntekt og formue. Ved budsjettering av posten er det òg føresett at delar av stipenda blir gjorde om til lån att etter den etterskottsvise behovsprøvinga mot inntekt og formue. Avsetninga på posten er altså redusert for den delen av låna som ikkje er forventa å bli konverterte fordi utdanninga ikkje blir gjennomført, og for den delen av stipenda som er forventa å bli rekonverterte til lån i samband med likningskontrollen. For 2011 er det anslått at om lag 620 mill. kroner vil bli gjort om frå stipend til lån i likningskontrollen.

Forslaget om å opprette om lag 2 200 nye studieplassar gir ein auke i behovet på posten på om lag 30 mill. kroner. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Det blir foreslått ei løyving på 4 661 mill. kroner for 2011.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld utstyrsstipend, grunnstipend og bustipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, samt flyktningstipend, fødselsstipend, sjukestipend og forsørgjarstipend for alle grupper. Det blir foreslått ei løyving på om lag 2 794 mill. kroner for 2011.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekning av reise, skolepengar og språkkurs i innland og utland. Det blir foreslått ei løyving på om lag 533 mill. kroner for 2011.

Post 72 Rentestønad, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer kostnaden med at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.

Tidlegare vart også rentefritak i tilbakebetalingsperioden ført på denne posten. Frå 2010 er dette flytt til post 73, da rentefritaket under tilbakebetalinga blir sett i samanheng med andre avskrivingar studentar etter forskrifta har rett på, jf. omtale under post 73.

Forslaget om å opprette om lag 2 200 nye studieplassar gir ein auke i behovet på posten på om lag 1 mill. kroner. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Det blir foreslått ei løyving på om lag 1,1 mrd. kroner for 2011.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Avskrivingane på post 73 er heimla i forskriftene til Lånekassen og i lov om utdanningsstøtte nr. 37 av 3. juni 2005. Avskrivingane på posten omfattar blant anna avskriving grunna død og sjukdom. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar og for personar som er busette og arbeider i Finnmark. Restgjeld blir automatisk avskrive når restbeløpet er under minimumsbeløpet for innkrevjing i forskriftene.

Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:

Tabell 4.22 Post 73 Avskrivingselement

Tiltak

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Sjukdom

62 001

46 000

61 000

Dødsfall

50 109

51 000

52 000

Automatisk avskriving

1 389

1 400

1 400

Avskriving for lærarutdanning

5 915

21 500

21 540

Finnmarks-avskriving

105 512

115 600

110 700

Avskriving kvoteordninga

31 698

28 600

32 980

Rentefritak

106 000

124 800

Sum

256 624

370 100

404 420

Rentefritak som blir gitte i den perioden lånet er under tilbakebetaling, vart fram til 2010 førte under post 72. Slike rentefritak blir frå 2010 førte under post 73 og blir sette i samanheng med dei andre avskrivingane på posten som studentar etter forskrifta har rett på. For 2011 er dette beløpet berekna til om lag 125 mill. kroner. Kostnaden med å gi rentefrie lån under utdanninga blir framleis ført på post 72.

Tabell 4.23 Post 73 Avskrivingar

Tap på opphavleg hovudstol

254

Tap på årets renter

18

Tap på tidlegare opptente renter

132

Sum

404

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga på posten dekkjer avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne rekneskapsmessig som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).

Oversikta under viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:

Tabell 4.24 Post 74 Tapselement

Tiltak

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

SI-permanent

277 496

300 000

310 000

Lån etter gjeldsordning

47 049

30 600

30 600

Andre forhold

8 917

9 400

9 400

Sum

333 462

340 000

350 000

Kundar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom SIs arbeid fører fram og kunden kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet og handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet rekneskapsmessig blir overført til SI. Frå 1996 til og med 2009 har 51 233 kundar fått gjelda permanent overført til SI med eit samla beløp på 5,46 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn 1,8 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2009 for permanent overførte studielån vart på 207 mill. kroner mot 209 mill. kroner i 2008 og 216,8 mill. kroner i 2007. Det vart overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 277 mill. kroner i 2009, 306 mill. kroner i 2008 og 285 mill. kroner i 2007. Innkrevjinga til SI av overførte studielån er berekna til 250 mill. kroner i 2011.

Gjeldsslette etter gjeldsordning er berekna til om lag 31 mill. kroner i 2011. Andre tapselement, mellom anna forelda renter, utanrettsleg gjeldsordning samt heil og delvis ettergiving av fordringar som det er uråd å drive inn, er berekna til om lag 9 mill. kroner.

Tabell 4.25 Post 74 Tap på utlån

Tap på opphavleg hovudstol

239

Tap på årets renter

10

Tap på tidlegare opptente renter

101

Sum

350

Post 76 Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer utbetaling av stipend til kvotestudentar tilsvarande basisstøtte i to månader når dei kjem til lærestaden i Noreg for første gong.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer Lånekassens samla nye utlån i 2011, og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.

Tidlegare vart berekna renter som vart betalte i året, også førte på denne posten, med ein tilsvarande motpost på inntektssida under kap. 5310 post 90. Dette vart endra frå 2010 ved at begge løyvingane blir nedjusterte, slik at det berre er dei rentene som ikkje blir betalte ved utgangen av budsjettåret, som er synlege på denne posten som auke i låneløyvinga. Endringa inneber ikkje endringar for korleis renteinntektene blir førte på kap. 5617 post 80. Varsla gebyr blir ikkje lenger førte på post 90.

Nye utlån til kundar samt omgjeringar er berekna til å utgjere om lag 16,4 mrd. kroner, medan utlån til ubetalte renter er berekna til å utgjere om lag 1,5 mrd. kroner, slik at den totale løyvinga på posten blir om lag 17,9 mrd. kroner i 2011.

Forslaget om å opprette om lag 2 200 nye studieplassar gir ein auke i behovet på posten på om lag 87,6 mill. kroner. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Det blir foreslått at ordninga med ekstra lån til studentar som tek eit sommarsemester, blir ført vidare i 2011, jf. forslag til vedtak III nr. 4.

Tabell 4.26 Post 90 Oppsplitting i låntypar

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Konverteringslån1

5 581

5 935

Utdanningslån

8 280

8 819

Skole-/reiselån

1 336

1 673

Diverse utlån til omposteringar

197

66

Utlån til opptente, ikkje-betalte renter

1 010

1 397

Sum

16 404

17 890

1 Rekneskapen inneheld ikkje oppsplitting i låntypar. Oppsplittinga er berekna størrelsar.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

03

Diverse inntekter

456

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

24 000

24 000

24 000

16

Refusjon av foreldrepengar

1 007

18

Refusjon av sjukepengar

3 680

29

Termingebyr

30 602

29 478

27 265

89

Purregebyr

90 183

92 000

93 409

90

Redusert lån og rentegjeld

9 332 483

7 685 500

7 220 800

91

Tap og avskrivingar

462 177

93

Omgjering av studielån til stipend

4 111 352

4 134 200

4 711 249

Sum kap. 5310

14 055 940

11 965 178

12 076 723

Kapitlet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane og ulike refusjonar.

Post 03 gjeld i hovudsak refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.

Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flytter til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).

Post 29 gjeld gebyr på 35 kroner for førstegongsvarsling ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura blir ikkje belasta med gebyr ved førstegongsvarsel. Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved andregongsvarsel og 490 kroner ved tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing).

Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er frå 2010 splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar. Avskriving av ikkje-renteberande lån samt avskriving av renteberande lån over kap. 2410 postane 73 og 74, som tidlegare vart førte på post 91, blir frå 2010 førte på post 90. Tilbakebetaling av opphavleg hovudstol er berekna til å utgjere om lag 5,5 mrd. kroner i 2011. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til å utgjere om lag 1 mrd. kroner i 2011.Tilbakebetaling frå tap/kostnadsløyvingar utgjer om lag 720 mill. kroner (omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410 postane 73 og 74). Innbetalte gebyr og rentefritak blir frå 2010 ikkje lenger førte på denne posten.

Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, sjå omtale under kap. 2410 post 50.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

80

Renter

4 958 891

3 788 500

4 606 550

Sum kap. 5617

4 958 891

3 788 500

4 606 550

Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskottspostar til å dekkje statens kostnader på lån som er rentefrie under utdanninga, og på lån som er avskrivne.

Belasta gebyr blir frå 2010 ikkje lenger førte på denne posten.